Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla
Kap. 0001 Svalbard kyrkje
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 1 776 | 3 144 | 3 250 |
Sum kap 0001 | 1 776 | 3 144 | 3 250 |
Det blir utført tre årsverk ved Svalbard kyrkje. Foreslått løyving skal dekkje husleige, lønnsutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil og snøskuter, leige av helikopter, og drift av bustad med meir. Drifts- og vedlikehaldskostnader for kyrkja blir dekte over Moderniseringsdepartementet kap. 2445 Statsbygg.
Kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard | 960 | 960 | 960 |
Sum kap 0002 | 960 | 960 | 960 |
Forslaget til løyving skal i tråd med praksis fordelast mellom befolkninga i Barentsburg og dei norske busetnadene. Det er foreslått at Longyearbyen lokalstyre får løyvd 0,8 mill. kr til støtte til velferdsformål. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte slik at dei også kjem den norske befolkninga i dei andre norske busetnadene til gode. Løyvinga skal bl.a. dekkje tilskot til samfunns- og kulturutvalet, løyving til Svalbard Museum og til Longyearbyen folkebibliotek. Vidare er velferdsarbeidet i Ny-Ålesund foreslått støtta med kr 25 000. Til befolkninga i Barentsburg er det foreslått sett av kr 100 000.
Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå Nordpolets sal av alkoholhaldig drikk overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fordeler i 2005 overskotet for 2004 som utgjorde om lag 6,6 mill. kr. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane. Desse midlane inngår ikkje i Longyearbyen lokalstyres budsjett.
I tillegg er det over Kulturdepartementets budsjett for 2006 foreslått å løyve til saman om lag 0,6 mill. kr til kulturformål på Svalbard, jf. omtale i punkt 4.9.
Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | 51 530 | 66 810 | 60 923 |
Sum kap 0003 | 51 530 | 66 810 | 60 923 |
For 2006 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre på til saman 60,9 mill. kr. Dette skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd.
Lokalstyret har gjennom Svalbard Samfunnsdrift AS ansvar for produksjon og distribusjon av elektrisk kraft og fjernvarme. Dei seinare åra har det vore løyvd midlar til investeringar i fjernvarmenettet. For 2005 vart det løyvd 7,1 mill. kr til dette formålet. Denne løyvinga er vidareført for 2006. Longyearbyen lokalstyre har ein plan for framdrift og finansiering av investeringane. Det er lagt til grunn at investeringane i fjernvarmenettet skal finansierast ved hjelp av låneopptak og vere ferdigstilte i løpet av 2007.
Det er behov for eit nytt reservekraftanlegg i Longyearbyen, då anlegget i dag ikkje har tilstrekkelig kapasitet til å dekkje det staden treng. Justisdepartementet vil derfor utarbeide ulike modellar for brukarfinansiering i samarbeid med Longyearbyen lokalstyre.
Svalbard Forskingspark opnar hausten 2005. Longyearbyen lokalstyre har ansvar for den delen av forskingsparken som utgjer Svalbard Museum. I tildelinga for 2006 er lokalstyret kompensert for heilårsverknad av husleige. Det er i tildelinga til lokalstyret for 2006 trekt ut 11 mill. kr som var sett av til eingongsinvesteringar i 2005. For meir omtale av forskingsparken sjå pkt. 4.3.
Etter planen skulle ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skule bli overført til Longyearbyen lokalstyre frå 01.01.2006. Justisdepartementet samarbeider med Utdannings- og forskingsdepartementet og Moderniseringsdepartementet om saka, som viser seg å vere noko meir tidkrevjande enn venta. Arbeidet med overføringa held fram og vil venteleg finne stad 01.01.2007.
Longyearbyen lokalstyre har gjennom forhandlingar med Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK), fått avtalefesta disposisjonsrett til gardsnummer 22, bruksnummer 1 Longyeardal. Målet er å sikre at lokalstyret har dei nødvendige verkemidla i styringa av samfunnsutviklinga innan sitt geografiske ansvarsområde. Avtalen har likevel økonomiske konsekvensar ved at lokalstyret frå 2006 må betale festeavgift til SNSK for sine eigedommar. Forslaget til løyving er som ein følgje av dette auka noko for å kompensere for ein del av desse meirutgiftene.
Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 21 370 | 26 240 | 26 600 |
Sum kap 0005 | 21 370 | 26 240 | 26 600 |
I 2004 vart det utført 30 årsverk ved sysselmannskontoret. Inkludert i dette talet er engasjement av ekstrabetjentar og feltinspektørar i sommarmånadene. Åremålet for tilsette ved sysselmannskontoret er seks år.
Det er for 2006 foreslått å løyve 26,6 mill. kr over kap. 5 Sysselmannen. Løyvinga skal dekkje utgifter til lønn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, bl.a. terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er nødvendig for å kontrollere og halde oppsyn med den 62 700 km2 store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg nødvendig for redningsberedskapen på øygruppa. I tillegg har Sysselmannen òg mange representasjonsoppgåver.
I samband med etableringa av eit kulturhistorisk magasin i Svalbard Forskingspark, er Sysselmannen kompensert for heilårsverknad av husleige, og eingongsinvesteringar. Det er i tildelinga til Sysselmannen trekt ut 5 mill. kr som var sett av til eingongsinvesteringar i 2005. For meir omtale av forskingsparken sjå pkt. 4.3.
Justisdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2006 kan bestille varer for inntil 3 mill. kr ut over løyvinga som er gitt under kap. 5 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.
Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 5)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Diverse inntekter | 362 | 200 | 200 |
02 | Refusjonar m.v. | 569 | 0 | 0 |
Sum kap 3005 | 931 | 200 | 200 |
Kapitlet korresponderer med kap. 5 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevingssentral, men inntektsførte Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Omfanget av refusjonane varierer frå år til år, og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Av praktiske grunnar blir det derfor budsjettert med 0 kr på post 02. Det er foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 5 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.
Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 57 952 | 62 200 | 63 800 |
Sum kap 0006 | 57 952 | 62 200 | 63 800 |
Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetnadene og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla er òg heilt nødvendige for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan helikopter og skip vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa. I 2004 utførte Sysselmannen 29 søk- og redningsoppdrag og 30 ambulanseoppdrag. I dei fleste av desse nytta ein Sysselmannens helikopter.
Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter. Sysselmannen inngjekk ein ny kontrakt med Airlift AS om leige av helikopterteneste frå 01.04.2004. Kontrakten gjeld leige av eit Super Puma AS 332 L1 AW SAR helikopter og eit AS 365 Dauphin N2 helikopter, begge med avansert redningsutstyr. Denne samansetjinga gir etter departementets vurdering Sysselmannen stor fleksibilitet når ulike SAR (search and rescue)-oppdrag skal utførast. Samtidig er samansetjinga særs godt eigna i forhold til den kombinasjonsløysinga det er lagt opp til på Svalbard. Helikoptra skal fungere både i rednings- og beredskapsoppdrag og som tenestehelikopter for Sysselmannens ulike oppdrag. Auken i tildelinga skuldast i hovudsak auka leigepris og auke i drivstoffkostnadene. Utleige til andre brukarar blir inntektsført Sysselmannen, jf. kap. 3006.
Vidare dekkjer kapitlet utgifter til leige av tenestefartøy med helikopterdekk. Justisdepartementet har ein kontrakt med Rana Ship Service AS om å leige inn eit fartøy (Nordsyssel) omlag sju månader kvart år. Dette skipet er eit isgåande fartøy og er svært viktig både i den generelle beredskapen og for oljevernberedskapen.
Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Leigeinntekter | 1 021 | 1 100 | 1 100 |
02 | Refusjonar | 243 | 0 | 0 |
Sum kap 3006 | 1 264 | 1 100 | 1 100 |
Kapitlet korresponderer med kap. 6 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse blir nytta av andre. Inntektene knyter seg til utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.
For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det blir foreslått løyvd 0 kr på post 02, då refusjonane varierer frå år til år og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Det blir foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 6 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.
Kap. 0007 Tilfeldige utgifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 4 196 | 4 100 | 4 100 |
Sum kap 0007 | 4 196 | 4 100 | 4 100 |
Løyvinga under denne posten er disponert av Justisdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til utgreiingar, bokprosjekt og liknande, og mindre ikkje føresette utgifter.
Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard er dekte over denne posten. Dei årlege utgiftene utgjer 3,5 mill. kr. Sjå omtale under pkt. 4.5.
Kap. 0009 Kulturminnetiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 2 053 | 2 050 | 2 050 |
Sum kap 0009 | 2 053 | 2 050 | 2 050 |
Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ivareta kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, halde ved like og forvalte kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie, og kulturmiljø og vernetiltak i tilknyting til dette.
Kulturminneplan for Svalbard 2001–2010 låg føre i 2001. Planen dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard.
Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, bl.a. gjennom ein serie med informasjonshefte.
Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ) er utvikla som eit verktøy for miljøforvaltninga på Svalbard. MOSJ hentar data frå ei rekkje lokalitetar på Svalbard og spenner over alle relevante temaområde. Sysselmannen sit i styringsgruppa for systemet og har òg ansvaret for å samle inn, arbeide vidare med og levere data om jakt, ferdsel, forsøpling og kulturminne.
Kap. 0011 Bergmeisteren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 1 386 | 1 430 | 1 290 |
Sum kap 0011 | 1 386 | 1 430 | 1 290 |
Bergmeisteren for Svalbard og Bergvesenet vart slått saman i 2003. I dag har Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard hovudkontor i Trondheim, eit eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. Det er for 2006 foreslått å løyve 1,3 mill. kr til driftsutgifter. Reduksjonen skuldast i hovudsak innsparingar etter administrative tilpassingar i samband med samanslåing av dei to etatane. Sjå elles omtale av Bergmeisteren under pkt. 4.2.
Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Refusjon | 2 700 | 2 700 | 2 750 |
Sum kap 0017 | 2 700 | 2 700 | 2 750 |
Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr og rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltingsorgan. Det meste av budsjettmidlane til instituttets verksemd på Svalbard blir dekte over Miljøverndepartementets budsjett, kap. 1471.
Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over Svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltingsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk bistand til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard, jf. pkt. 4.1.
Kap. 0018 Fyr og radiofyr
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 3 350 | 3 350 | 3 400 |
Sum kap 0018 | 3 350 | 3 350 | 3 400 |
Løyvinga skal dekkje utgifter til innkjøp og vedlikehald til navigasjonshjelpemiddel for sjø- og lufttrafikken, bl.a. 11 fyrlykter, 27 navigasjonslys, 17 seglingsmerke og 2 radarfyr. I dei seinare åra har talet på seglingsmerke blitt utvida for å betre merkinga av leia inn til Svea som ei følgje av auka utskiping av kol. Det har vist seg vanskeleg å halde denne merkinga ved lag i eit farvatn med mykje straum og drivis, noko som har påført fyrtenesta til dels store meirkostnadar. Anlegga er drivne og haldne ved like av Norsk Polarinstitutt.
Fyrtenesta er kombinert med instituttets ekspedisjonsverksemd på Svalbard, slik at transportkostnadene blir reduserte. Kapitlet dekkjer lønnskompensasjon for engasjert personell, driftsutstyr, bl.a. batteri, fyrlamper og anna teknisk utstyr, og utgifter knytte til synfaringane.
Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 0 | 5 450 | 5 353 |
Sum kap 0019 | 0 | 5 450 | 5 353 |
Det vart i 2005 oppretta eit nytt kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Målet er å gjere synlege utgiftene til husleige for statens bygningar. Løyvinga på kapitlet er overført frå kap. 20 Statens bygningar i Longyearbyen. Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen vart innlemma i den statlege husleigeordninga frå 01.01.2004. Drifts- og vedlikehaldskostnader for eigedommane blir derfor dekte over Moderniseringsdepartementet kap. 2445 Statsbygg.
Kap. 0020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 18 410 | 13 756 | 11 354 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 275 | 900 | 100 |
Sum kap 0020 | 18 685 | 14 656 | 11 454 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje utgifter til vedlikehald og drift av bygningsmassen som ikkje er innlemma i den statlege husleigeordninga, slik som inventar, lys, fjernvarme, vatn, avløp, renovasjon, vegar og veglys. Vidare skal den dekkje lønn og drift for lokaladministrasjonen til Statsbygg. Det vart i 2004 utført 8,8 årsverk ved kontoret til Statsbygg i Longyearbyen, av dette 5,3 årsverk som er dekte over kap. 20. For 2006 er løyvinga til stillingar redusert til 3,8 årsverk som følgje av at det er innført husleigeordning for fleire av eigedommane.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga skal gå til ekstraordinært vedlikehald av hyblar og husvære.
Kap. 3020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Inntekter | 3 136 | 3 440 | 2 881 |
Sum kap 3020 | 3 136 | 3 440 | 2 881 |
Kapitlet korresponderer med kap. 20. Inntektene refererer seg til inntekter frå statlege selskap og etatar som Telenor, Posten, Avinor, Norsk Polarinstitutt og sjukehuset. Alle desse deltek i bustadpoolen som vart oppretta i 2001. Kap. 3020 omfattar også mindre inntekter frå sal av kassert materiell og utstyr, pluss inntekter frå overnattingar på Statsbygg-riggen.
Kap. 0022 Likningsforvaltninga for Svalbard
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 2 252 | 2 155 | 2 400 |
Sum kap 0022 | 2 252 | 2 155 | 2 400 |
Forslaget til løyving skal gå til lønns- og driftsmidlar for likningskontoret i Longyearbyen. Kontoret har to tilsette i åremål. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til likningsnemnda og overlikningsnemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Troms fylkesskattekontor. Auken i tildelinga skuldast i hovudsak større kontrollaktivitet, kjøp av nødvendig utstyr, samt utgifter ved tilsetjing av ny likningssjef.
Mål- og resultatstyring av likningskontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.
Kap. 3030 Skattar og avgifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Skattar m.m. | 69 833 | 50 000 | 83 000 |
71 | Utførselsavgift | 1 714 | 3 500 | 3 500 |
72 | Utmålsgebyr, årsavgift | 1 266 | 1 090 | 1 090 |
Sum kap 3030 | 72 813 | 54 590 | 87 590 |
Post 70 Skattar m.m.
Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2006. Regjeringa foreslår nokre endringar for å innrette skattereglane på Svalbard etter skattereforma, bl.a. innføring av ei lempa skjermingsmetode, auka skattesats i lønnstrekkordninga frå 8 pst. til 12 pst., og lette i formueskattereglane tilsvarande som på fastlandet, jf. St.prp. nr. 1 (2005–2006) og Ot.prp. nr. 1 (2005–2006) frå Finansdepartementet. Regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærmare på skatte- og avgiftssystemet på Svalbard.
Det er venta auke i skatteinngangen samanlikna med skatteoverslaget for 2005. Dette skuldast at skatteanslaget over forventa inntekt er heva, auke i skatteprosenten på inntekt frå 8 pst. til 12 pst., og generelt auka aktivitet. Forventa meirinntekt ved auke i skatteprosenten er ca. 13 mill. kr i 2006.
Post 71 Utførselsavgift
Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard. Satsane for berekning av avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard vart endra med verknad frå 01.01.2004.
Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum av kol og kolprisen på verdsmarknaden. Det er ikkje venta auke i mengda av utskipa kol i 2006, og venta inntekt er om lag 3,5 mill. kr.
Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift
Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten er knytte til avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kr.
Det vart i 2004 ikkje tildelt nye utmål. Pr. januar 2005 vart det vidareført 380 utmål, av desse 219 avgiftspliktige.
Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard hausten 2003 har Nærings- og handelsdepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at aktivitet i utmåla ikkje kan gjennomførast. Utmålsavgifta er sett til 1 500 kr i året pr. utmål. Etter ei førebels oversikt gjeld dette 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift då det er opna for bergverksaktivitet i desse utmåla.
I forslaget for 2006 er det lagt til grunn at talet på avgiftspliktige utmål blir uforandra i forhold til 2005.
Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskot | 90 701 | 135 915 | 96 559 |
Sum kap 3035 | 90 701 | 135 915 | 96 559 |
Dette inntektskapitlet tilsvarer det tilskotet som er foreslått løyvd på Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet. Den foreslegne løyvinga er redusert frå vedteke budsjett 2005, hovudsakelig som ei følgje av eit auka skatteanslag, auke i skatteprosenten på inntekt frå 2006, og generelt auka aktivitet. Dessutan er eingongsinvesteringar knytte til etableringa av Svalbard Forskingspark i 2005 trekte ut.