Forslag til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2006
II
§ 1 Bruksområde for vedtaket
Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2006 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.
Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2006. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.
§ 2 Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
Personleg skattepliktig og dødsbu: 0,0 pst. av dei første kr 190 000 av stipulert formue 0,9 pst. av det overskytande beløpet
Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er friteke for formuesskatteplikt etter skattelova kapittel 2: 0,0 pst. av dei første kr 10 000 av stipulert formue 0,3 pst. av overskytande beløp
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
Inntekt som blir skattlagt ved likning etter svalbardskattelova § 3-1: 10 pst. av alminneleg inntekt Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt på kr 10 000
Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2: 12 pst.
§ 4 Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.
Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.
§ 5 Skjermingsrenta for fastsetjing av berekna personinntekt for sjølvstendig næringsdrivande
Skjermingsrenta som nemnt i skattelova § 12-12 tredje ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
§ 6 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.