St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTåret 2007 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

200

Kunnskapsdepartementet

179 929

192 699

203 841

5,8

204

Foreldreutvalet for grunnskolen

5 857

5 751

7 192

25,1

206

Samisk utdanningsadministrasjon

28 549

29 453

30 572

3,8

Sum kategori 07.10

214 335

227 903

241 605

6,0

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

3200

Kunnskapsdepartementet

8 260

2 873

2 982

3,8

3204

Foreldreutvalet for grunnskolen

724

244

253

3,7

Sum kategori 07.10

8 984

3 117

3 235

3,8

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

173 626

185 577

196 488

21

Særskilde driftsutgifter

5 067

4 696

4 874

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

1 236

2 426

2 479

Sum kap. 200

179 929

192 699

203 841

Resultatrapport for 2005–06

Kunnskapsdepartementet har ansvar for utviklinga av kunnskapssamfunnet gjennom barnehage, utdanning, vidare læring og forsking.

I perioden 2005–06 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd følgjande meldingar og proposisjonar som er lagd fram for Stortinget:

  • Ot.prp. nr. 43 (2005–2006) Om lov om endringer i friskoleloven og fagskoleloven

  • Ot.prp. nr. 58 (2005–2006) Om lov om behandling av etikk og redelighet i forskning

  • Ot.prp. nr. 59 (2005–2006) Om lov om endringar i opplæringslova

  • Ot.prp. nr. 79 (2005–2006) Om lov om endring i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler

Ansvaret for barnehageområdet er overført til Kunnskapsdepartementet. Regjeringa ønskjer med det å medverke til større heilskap og samanheng i opplæringa til barn og unge, og samstundes setje søkjelyset på den kompetansen som ein treng og tileignar seg i førskolealderen.

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om rammeplan om innhaldet i og oppgåvene i barnehagen, jf. omtale under kategori 07.30.

Kunnskapsløftet, reforma i grunnopplæringa, er i rute, og vart innført hausten 2006 for 1.–9. trinn i grunnskolen og 1. trinn i vidaregåande opplæring. Arbeidet med nye læreplanar har vore ei av hovudprioriteringane i 2006. Utdanningsdirektoratet har starta arbeidet med evaluering av Kunnskapsløftet. Evalueringa er ein prosess som skal gå fram til 2010. Nettstaden kunnskapsloeftet.no er omarbeidd, og har i tillegg vorte ein integrert del av departementet si ODIN-side, dette for å sikre best mogleg informasjon om reforma.

Det er utarbeidd ein ny strategi for styrking av realfaga for perioden 2006–09. For å auke kvaliteten i realfagsopplæringa har departementet i 2006 sett i gang tiltak for relevant kompetanseheving av lærarar i realfaga, både innanfor grunnutdanning og etter- og vidareutdanning.

Departementet har utvida kommunikasjonseininga for å styrkje kommunikasjonen mot dei viktigaste sektorane og brukarane til departementet. Departementet har vidareført arbeidet med samordning av informasjon på ulike nettstader i utdanningssektoren.

Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa omfattar nasjonale prøver for elevar. Regjeringa valde å ta ein pause i gjennomføringa av prøvene i 2006, dette for å forbetre kvaliteten på prøvene. Nye prøver skal haldast på 5. og 8. trinn hausten 2007 i faga norsk, engelsk og matematikk.

Etter forslag frå Regjeringa vedtok Stortinget våren 2006 endringar i friskolelova, som mellom anna innebar at høvet til å godkjenne nye friskolar vart mellombels oppheva.

Det er sett i gang ei evaluering av Kvalitetsreforma innanfor høgre utdanning, sjå også omtale under kategori 07.60. Ei ekstern arbeidsgruppe fekk i 2005 i oppgåve å greie ut problemstillingar knytte til studentsamskipnadsordninga. Gruppa leverte innstillinga si til departementet i november 2005.

Hausten 2004 sette departementet ned eit utval som skulle sjå på rolla til universitetsmusea i den nasjonale museumspolitikken. Utvalet la fram innstilling NOU 2006:8 Kunnskap for fellesskapet til departementet i mars 2006, sjå omtale under kategori 07.60.

Departementet har ansvaret for å koordinere forskingspolitikken til Regjeringa, og har derfor eit særskilt ansvar for at den nasjonale forskingspolitikken blir gjennomført. St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning og handsaminga av ho i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 232 (2004–2005), gir eit sentralt grunnlag for den nasjonale forskingspolitikken.

For å styrkje kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken har departementet starta fleire prosessar. Det er sett i verk ein brei strategisk prosess for å styrkje arbeidet knytt til forskingssamarbeidet med EU. Prosjektet er leia av Kunnskapsdepartementet og involverer departementa, Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og andre sentrale aktørar.

Departementet har hatt eit godt samarbeid med Noregs forskingsråd, NIFU STEP og Statistisk sentralbyrå (SSB) for å sikre ein god nasjonal statistikk innanfor forskingsområdet. Det er sett i verk tiltak som skal gi raskare og betre prognosar for forskingsinnsatsen.

Departementet har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap i sektoren. Departementet har bedt verksemdene i sektoren om å lage gode og oppdaterte planar for kriser og katastrofar i fredstid, og har innført eit rapporteringssystem frå verksemdene.

I 2005–06 har Riksrevisjonen hatt tre forvaltningsrevisjonsprosjekt under arbeid på forvaltningsområdet til Kunnskapsdepartementet. Departementet har oversendt 31 meldingar for 2005 om forvaltninga av statens eigarinteresser i selskap der staten er dominerande eigar. Saksporteføljen knytt til Riksrevisjonen har eit betydeleg omfang, jf. også omtale av saker under kategoriane 07.20, 07.60 og 07.70.

Målet om kjønnsbalanse på alle nivå i organisasjonen blir integrert i departementets utviklingsarbeid. Departementets arbeid for likestilling mellom kjønna er nærmare omtalt i del V, kap. 8.

Departementet er ei inkluderande arbeidslivsverksemd, og har arbeidd med gjennomføring av tiltak i samsvar med avtalen. Departementet har eit legemeldt sjukefråvær på om lag 4 pst.

1. januar 2006 var 283 årsverk lønte under kap. 200 og åtte årsverk lønte under fagkapittel knytte til einskilde prosjekt over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Det er ein auke i årsverk lønte under kap. 200 frå året før. Grunnen er at ansvaret for forvaltninga av barnehagepolitikken vart flytt frå Barne- og familiedepartementet til Kunnskapsdepartementet i samband med St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005–2006).

Resultatmål for 2007

Måla for løyvinga over kap. 200 er knytt til drift av departementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.

Mål: Effektivt og kompetent departement

Departementet skal sikre at Regjeringa har eit godt grunnlag for å utforme ein god politikk for barnehage-, utdannings- og forskingssektoren.

Departementet skal ha kunnskap som set det i stand til å vurdere utfordringane i kunnskapspolitikken og korleis desse best kan løysast. Departementet vil leggje vekt på eit meir systematisk analyse- og utviklingsarbeid.

Departementet skal auke kunnskapen om korleis ein gjennom utdanning, arbeids- og samfunnsliv kan skape eit inkluderande og nyskapande kunnskapssamfunn. Departementet vil sjå på kva forhold som medverkar til eit velfungerande kompetansetilbod slik at både samfunnet og den einskilde får god avkastning på investeringar i utdanning. Noreg skal delta aktivt i fleire internasjonale nettverk og prosjekt for å betre kunnskapsgrunnlaget på desse områda, og for å styrkje integreringa av internasjonalt arbeid i nasjonal politikkutforming.

Departementet vil leggje fram ei stortingsmelding om utdanning og sosial utjamning. Meldinga vil mellom anna byggje på den kunnskapen ein har fått om sosial ulikskap i utdanninga.

Departementet skal vidareføre arbeidet med å utvikle betre heilskap og samanheng i departementsarbeidet og meir formålstenleg oppgåveløysing. Målsetjinga er at departementet skal samarbeide, samordne og samhandle betre på tvers av organisasjonen og ut mot omverda. Departementet skal arbeide vidare med tiltak som skal sikre gode læringsvilkår for medarbeidarane og at organisasjonen tilpassar seg nye krav og behov. Ein skal vidareføre arbeidet med å tydeleggjere leiarroller og medarbeidarroller og krav til desse. Departementet skal halde fram med å vidareutvikle rekrutteringsarbeidet, og vil i 2007 setje søkjelyset på arbeidet med rekruttering til stillingar og utvikling av hospiteringsordningar i utlandet. Formålet er å tiltrekje, utvikle og behalde kompetanse i departementet.

Departementet skal ha ein god livsfasepolitikk. Alle medarbeidarar skal oppleve å bli tekne vare på. Departementet vil mellom anna setje i verk særlege tiltak slik at kompetansen til seniormedarbeidarane vert nytta betre. Departementet skal òg sjå nærmare på sjukefråvær og god oppfølging av sjukemelde. Dette er i samsvar med avtalen om inkluderande arbeidsliv.

Mål: Målretta styring av barnehage-, utdannings- og forskingssektoren

Departementet skal sikre at den nasjonale barnehage-, utdannings- og forskingspolitikken blir formidla ut til aktørane i og brukarane av sektoren, og sjå til at politikken blir gjennomført i tråd med føresetnadene.

Departementet vil sjå på ansvars- og oppgåvedeling på barnehageområdet.

Kunnskapsdepartementet har ansvar for styring av enkeltverksemder og styring av heile sektorar. Departementet skal styrkje arbeidet med etatsstyring i departementet og utvikle meir målretta etatsstyringspraksis. Ein skal i denne samanhengen leggje vekt på risikostyring og evaluering som element i kvalitetssikring og utvikling. Vidare skal ein medverke til at økonomistyringa i departementet og i sektoren ligg på eit høgt nivå.

Regjeringa vil leggje fram forslag om ny lov om offentleg støtte til private skolar og endring i fagskolelova våren 2007.

Arbeidet med utvikling av læreplanar er framleis ei viktig oppgåve.

Regjeringa har sett ned eit utval, Bostadutvalet, som skal gjennomgå formålet med opplæringa og formål for barnehagen.

Departementet har bedt Noregs forskingsråd om å gjennomføre ei eigenevaluering på bakgrunn av dei forventningane til Forskingsrådet som er komne fram i St.meld. nr. 20 (2004–2005). Evalueringa skal vere ferdig i slutten av oktober 2006.

Regjeringa vil komme attande til Stortinget med ei stortingsmelding for å følje opp resultata frå evalueringa av Kvalitetsreforma i høgre utdanning.

Det er sett ned eit utval som skal sjå på strukturen i høgre utdanning, Stjernø-utvalet. Sjå nærmare omtale under kategori 07.60.

Eit breitt internasjonalt samarbeid er nødvendig for å styrkje kvaliteten i norsk høgre utdanning og forsking. Departementet skal derfor utvikle og leggje til rette for gode rammevilkår for slikt samarbeid.

Mål: Sikre at barnehage-, utdannings- og forskingspolitikken blir godt kommunisert og samordna

Departementet skal ha eit nært samspel med dei ulike brukargruppene innanfor barnehage-, utdannings- og forskingssektoren. God kommunikasjon og dialog står sentralt i eit slikt arbeid. Departementet skal styrkje kommunikasjonen mot relevante sektorar. Mellom anna skal ein utvikle eit nytt elektronisk nyhendebrev som skal dekkje alle sektorane til departementet og gå til alle institusjonar og brukargrupper innanfor området til Kunnskapsdepartementet.

Innføringa av Kunnskapsløftet frå skoleåret 2006–07 fører med seg store utfordringar knytte til informasjon. Departementet skal til kvar ei tid ha eit nært samspel med brukargruppene rundt gjennomføringa. Departementet ser det som ei hovudoppgåve å medverke til at brukargruppene skal ha tilgjengeleg informasjon om utviklinga i reforma.

Kunnskapsdepartementet skal vere ein interessant, konstruktiv og aktiv deltakar i internasjonale fora. Det same gjeld norsk deltaking i det bilaterale forskingspolitiske samarbeidet. Departementet skal òg koordinere bruken av FoU-fasilitetar i Noreg på ein god måte, med særskilt søkjelys på anlegga på Svalbard.

Budsjettforslag for 2007

Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og drift av departementet. Ansvaret for forvaltninga av barnehagepolitikken vart i samband med St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005–2006) flytt frå daverande Barne- og familiedepartementet til Kunnskaps­departementet. Det vart i samband med dette overført 10,3 mill. kroner knytte til personal- og husleigekostnader frå Barne- og likestillings­departementets til Kunnskapsdepartementets budsjettområde. For 2007 blir det foreslått å overføre ytterlegare kr 970 000 frå Barne- og likestillingsdepartementets til Kunnskapsdepartementets budsjettområde. Regjeringas mål for barnehagesektoren er full barnehagedekning med høg kvalitet til låg pris i løpet av 2007, sjå omtale under kategori 07.30. Den historisk høge aktiviteten i barnehagesektoren still høge krav til den sentrale forvaltninga av barnehagepolitikken. For å sikre ei god forvaltning av barnehagepolitikken i departementet blir det foreslått å auke løyvinga på post 01 med 2,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 231 post 21.

Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter knytte til arbeidet i Regjeringa med forskingspolitikken og utgifter knytte til drift av den norske UNESCO-kommisjonen. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet. Løyvingane blir foreslått ført vidare på same nivå som i 2006.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

02

Salsinntekter o.a.

1 675

05

Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a.

2 193

2 873

2 982

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 984

17

Refusjon for lærlingar

85

18

Refusjon av sjukepengar

2 323

Sum kap. 3200

8 260

2 873

2 982

Kap. 204 Foreldreutvalet for grunnskolen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

5 857

5 751

7 192

Sum kap. 204

5 857

5 751

7 192

Etter opplæringslova § 11–9 er det Kongen i statsråd som oppnemnar medlemmene til Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG). I følgje forskrifta § 20–1 er FUG eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim. FUG skal arbeide for godt samarbeid mellom skole og heim, og skal ta i vare interessene til foreldra i skolesamanheng.

FUG skal gjennom informasjon, skolering og rettleiing arbeide for å styrkje påverkingskrafta og engasjementet til foreldra i grunnskolen. Utvalet har eit særleg ansvar for å stimulere dialogen mellom heim og skole. Det er ei viktig oppgåve for utvalet å medverke til å få alle foreldre med i samarbeidet med skolen.

Funksjonstida til det noverande utvalet går ut 31. desember 2007.

Foreldremedverking og samarbeid mellom heim og skole er etter departementets oppfatning svært viktig for utviklinga i norsk skole. I denne samanhengen spelar FUG ei viktig rolle. Departementet er saman med FUG i ferd med å foreta ein gjennomgang av oppgåvene og ressursane til FUG, og vil komme tilbake til dette og spørsmålet om eventuelle endringar i modellen for oppnemning av utvalet. Regjeringa vil allereie i 2007 styrkje sekretariatet i FUG, sjå budsjettforslaget nedanfor.

Resultatrapport for 2005–06

Også i 2005 har interessa for nettstadene til FUG, www.fug.no og www.foreldrenettet.no, vore aukande. FUG har satsa offensivt på informasjon og kommunikasjon, og på nettsidene har det heile året vore lagt ut oppdatert informasjon om mellom anna Kunnskapsløftet. FUG deltok òg i arbeidet med departementets informasjonsbrosjyre om Kunnskapsløftet, som vart send til alle foreldre med barn i grunnskolen (med unntak av tiande klasse) hausten 2005. FUG har gitt innspel til utkast til nye læreplanar og ny fag- og timefordeling for Kunnskapsløftet, og har oppfordra foreldre til å delta i høringsarbeidet.

FUG har i 2005 sendt ut omfattande informasjonsmateriell til foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved kvar enkelt grunnskole, mellom anna skolestartpakke, serviceerklæring frå FUG, fire nummer av magasinet Foreldrekontakten og informasjon om kartleggingsverktøyet Foreldreundersøkelsen – Si din mening om skolen!

FUGs årlege konferanse for representantar frå kommunale foreldreutval (KFU) omhandla i 2005 forsking om samarbeid mellom heim og skole, særleg i samband med korleis foreldre spelar ei viktig rolle for læringsutbyttet og motivasjonen til barna. I samarbeid med KS arrangerte FUG konferansen Med læring på plakaten. Vi løfter sammen!

FUG har i 2005 delteke i ulike arbeids- og referansegrupper, mellom anna i samband med Kunnskapsløftet. FUG har òg levert høringsinnspel til ei rekkje ulike dokument.

Ein viktig del av arbeidet til FUG har vore oppfølginga av Manifest mot mobbing 2004–06. FUG har følgt opp gjennom artiklar i media, foredrag, informasjon på nettsida og råd til enkeltpersonar som har teke kontakt. FUG har lagt vekt på korleis FAU ved den enkelte skolen kan få foreldre meir involverte i arbeidet med læringsmiljøet. Dette er framleis ei stor utfordring.

FUG har hatt ei informasjonsrolle i samband med strategiplanane Gi rom for lesing, Realfag naturligvis, Likeverdig utdanning i praksis, Språk åpner dører og Program for digital kompetanse. Til dei to første har FUG utarbeidd to hefte til foreldre med tips om korleis ein kan hjelpe barna med matematikk og lesing. Når det gjeld Likeverdig utdanning i praksis, har erfaringsspreiing frå prosjektet Minoritetsspråklege foreldre – ein ressurs for elevane si opplæring i skolen vore viktig. Handboka Broer mellom hjem og skole inneheld mange nyttige eksempel og tips som òg har generell overføringsverdi. Evalueringa av prosjektet syner at foreldra var godt nøgde med tiltaka, og dei opplyser at dei har vorte betre kjende med skolen og lærarane, og på den måten fått betre innblikk i kvardagen til barna. Også lærarane gir ei positiv vurdering av prosjektet. Den største gevinsten ser ut til å vere at prosjektet får lærarane til å bli meir medvitne om roller og samanhengar.

I april 2006 arrangerte FUG for første gong ein konferanse for samiske foreldre. Temaet var rettar og styresmaktenes ansvar.

Resultatmål for 2007

Den viktigaste rolla for FUG er framleis å vere rådgivar for departementet i saker som gjeld samarbeid mellom heim og skole. Utvalet skal prioritere sentrale satsingsområde for grunnopplæringa, som innføringa av Kunnskapsløftet, betring av læringsresultat og læringsmiljø og arbeidet med utjamning av sosiale forskjellar. I saker som gjeld informasjon og rettleiing til foreldre, skal FUG samordne sine aktivitetar med andre aktørar, som Utdanningsdirektoratet og fylkesmannsembeta.

Sentrale arbeidsoppgåver for FUG i 2007 er:

  • Å arbeide for å styrkje foreldreengasjementet gjennom informasjon og rettleiing av foreldre, særleg foreldrerepresentantar på skolane.

  • Å samarbeide med Utdanningsdirektoratet i saker der foreldreperspektivet er til stades, mellom anna den vidare satsinga på leksehjelp og oppfølginga av dei nasjonale strategiplanane.

I arbeidet for utjamning av sosiale forskjellar mellom elevane skal FUG medverke til å spreie kunnskap om den viktige rolla foreldre har for læring og skolemotivasjon, jf. resultata frå prosjektet Minoritetsspråklige foreldre – en ressurs for elevenes opplæring i skolen.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,25 mill. kroner for styrkje FUG. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3204 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3204 Foreldreutvalet for grunnskolen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

02

Salsinntekter o.a.

724

244

253

Sum kap. 3204

724

244

253

Kap. 206 Samisk utdanningsadministrasjon

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Tilskott til Sametinget

28 549

29 453

30 572

Sum kap. 206

28 549

29 453

30 572

Kapitlet omfattar:

  • tilskott til drift av Sametingets avdeling for opplæring, språk og kulturproduksjon og utvikling av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel

  • læreplanarbeid og -utvikling

  • råd og rettleiing til lærarar som gir opplæring til samiske elevar i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring

Sametinget har ansvar for utvikling av alle dei tre samiske språka og har rådgivingsoppgåver overfor kommunar og fylkeskommunar om samisk opplæring. Sametinget har eit særskilt ansvar for å følgje opp grunnopplæringa i kommunar som blir innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk. Frå 1. januar 2006 vart Tysfjord kommune innlemma. Sametinget si avdeling for opplæring, språk og kultur deltek på møte som departementet og/eller Utdanningsdirektoratet har med den statlege utdanningsadministrasjonen. Sametinget er også sikra deltaking ved tilsynsbesøk i kommunar innanfor det samiske forvaltningsområdet.

Resultatrapport for 2005–06

Sametinget

  • gav midlar til utvikling av læreverk for begyn­naropplæring i lesing på nordsamisk, jf. erfaringar frå prosjektet Samisk begynnaropplæring. Sametingets strategiske plan for samisk læremiddelutvikling 2001–05 låg til grunn. Her la ein særskilt vekt på utvikling av digitale/nettbaserte læremiddel.

  • arbeidde med utvikling av Samisk læringsnett. Ny design vart utvikla, og arbeidet med å leggje ut stoff på nettstaden tok til. Samisk læringsnett er Sametingets nettstad for skolar og barnehagar.

  • fastsette samisk innhald i dei nasjonale læreplanane for grunnskolen og i vidaregåande opplæring i faga norsk, engelsk, naturfag og kroppsøving. Læreplanane vart fastsette av departementet i august 2006.

  • utarbeidde forslag til samisk læringsplakat og samiske læreplanar i faga samisk som førstespråk, samisk som andrespråk, norsk for elevar med samisk som førstespråk, norsk for elevar med samisk som andrespråk, naturfag, duodji, samfunnsfag, musikk, mat og helse og kristendoms-, religions- og livssynskunnskap. Det var høringskonferanse for desse læreplanane i desember 2005. Planane blir fastsette i 2007.

  • arbeidde med nasjonale læreplanar for vidaregåande opplæring i fellesfaga samfunnsfag, historie, geografi og religion og etikk, felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram vidaregåande trinn 2–3, og felles programfag i yrkesførebuande utdanningsprogram vidaregåande trinn 1. Planane vert fastsette i 2006.

  • starta arbeidet med samiske læreplanar for samisk historie og samfunn, ein samisk delplan innanfor utdanningsprogram for musikk, dans og drama, ein samisk delplan innanfor programområdet for formgiving, fellesfaget historie. Planane blir fastsette i 2007.

  • starta arbeidet med samiske læreplanar for reindrift Vg2 og design og duodji Vg2. Planane skal fastsetjast i 2006.

Resultatmål for 2007

Departementet legg vekt på god kommunikasjon med Sametinget i saker som gjeld opplæring generelt og opplæring i høve til det samiske folket spesielt. Departementet føreset at Sametinget arbeidar vidare med mellom anna desse oppgåvene:

  • informasjon, kompetanseutvikling, rettleiing og utviklingstiltak i tråd med intensjonane i Ku­nnskapsløftet – samisk

  • faglege råd og støtte til lærarar

  • utvikling, kvalitetssikring og tilskott til produksjon av samiske læremiddel

  • vidareutvikling av Samisk læringsnett og medverking til å integrere utvikling av samiske elektroniske læremiddel i nasjonale prosjekt

  • utarbeiding av gjennomgåande samisk opplæringsplan for vidaregåande opplæring og utvikling av læreplanar for spesielle samiske fag i vidaregåande opplæring

  • stimulering til vaksenopplæring og samarbeid med kommunar og fylkeskommunar om informasjonsverksemd retta mot vaksne samar om retten deira til grunnskole og vidaregåande opplæring

  • stimulering til kompetanseheving som kan fremme samisk språk og kultur hos lærarar

  • stimulering til forsøks-, forskings- og utviklingsarbeid og til nordisk samarbeid i samiske opplæringsspørsmål

  • utvikling og/eller omsetjing av læremiddel på/til samisk for alle fag i grunnopplæringa i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. Dette arbeidet byrjar i 2006 og skal vere fullført i første halvår av 2008.

Budsjettforslag for 2007

Løyvinga under kapitlet blir ført vidare på same nivå som i 2006. For løyvingar til andre samiske utdanningsformål, sjå omtale under kategori 07.20.

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

220

Utdanningsdirektoratet

190 278

183 410

190 327

3,8

222

Statlege grunn- og vidaregåande ­skolar og grunnskoleinternat

140 077

129 946

115 056

-11,5

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 741 398

1 772 246

1 002 966

-43,4

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

742 898

949 419

986 941

4,0

227

Tilskott til særskilde skolar

54 460

56 176

61 513

9,5

228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

1 909 742

2 031 539

2 191 621

7,9

229

Andre tiltak

9 988

11 000

11 418

3,8

230

Kompetansesenter for spesialundervisning

674 419

639 657

623 267

-2,6

Sum kategori 07.20

5 463 260

5 773 393

5 183 109

-10,0

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

3220

Utdanningsdirektoratet

23 500

17 417

17 079

-1,9

3222

Statlege grunn- og vidaregåande ­skolar og grunnskoleinternat

13 673

5 294

6 493

22,6

3225

Tiltak i grunnopplæringa

31 267

26 400

24 120

-8,6

3230

Kompetansesenter for spesialundervisning

74 401

55 611

53 724

-3,4

Sum kategori 07.20

142 841

104 722

101 416

-3,2

Regjeringa foreslår å styrkje grunnopplæringa med om lag 400 mill. kroner. Dette inneber at Regjeringa følgjer opp målsetjinga om gratis læremiddel i vidaregåande opplæring, styrking av rentekompensasjonsordninga for skoleanlegg og tiltak mot fattigdom og for integrering og inkludering. I tillegg blir det foreslått å vidareføre løyvinga til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa med i underkant av 1 mrd. kroner.

Kunnskapsløftet

Regjeringa innfører Kunnskapsløftet etter planen, og vidarefører og forsterkar dei hovudtrekka som det var brei semje om i Stortinget under handsaming av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring.

Nye læreplanar for fag vart tekne i bruk av 1.–9. trinn i grunnskolen og 1. trinn i vidaregåande opplæring ved skolestart i haust. Nemningane på trinna i videregåande opplæring er endra til Vg1, Vg2 og Vg3. Hausten 2007 blir nye læreplanar for fag tekne i bruk på 10. trinn i grunnskolen og Vg2, og frå hausten 2008 på Vg3.

Den nye strukturen i vidaregåande opplæring inneber at tidlegare 15 ulike studieretningar blir redusert til tolv ulike utdanningsprogram (Vg1). Vidaregåande opplæring skal ha tre studieførebuande og ni yrkesfaglege utdanningsprogram. Andre året i vidaregåande opplæring blir tidlegare 102 ulike yrkesfaglege VKI-kurs redusert til 53 programområde (Vg2). Målet med strukturendringane i vidaregåande opplæring er mellom anna å medverke til færre omval, slik at gjennomføringa blir betre.

Regjeringa føreset at skoleeigarar og skolar utnyttar den lokale handlefridommen slik at dei finn gode lokale løysingar for å realisere reforma.

Regjeringa vil i 2007 løyve om lag 1,4 mrd. kroner til gjennomføringa av Kunnskapsløftet. Av dette vil til saman 986 mill. kroner bli løyvde til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, jf. kap. 226. Om lag 670 mill. kroner av løyvinga over kap. 226 blir prioriterte til kompetanseutvikling og utviklingstiltak. Dette gir rom for oppfølging av Strategi for kompetanseutvikling 2005–2008 og andre høgt priorterte tiltak som allereie er sette i gang i tråd med intensjonane i reforma. Av løyvinga til kompetanseutvikling vil 375 mill. kroner gå direkte til skoleeigar. Kompetanseutviklingsstrategien blir løpande evaluert av Forskingsstiftinga Fafo. Innføring av nye læreplanar i alle fag krev ei raskare utskifting av læremidla enn normalt. Dei 400 mill. kronene som blei løyvd innanfor veksten i dei frie inntektene til kommunane i kompensasjon for meirutgifter i samband med utskifting av læremiddel i grunnskolen i 2006 er derfor vidareført i 2007.

I perioden 2006–11 blir det gjennomført ei forskingsbasert evaluering av Kunnskapsløftet. Evalueringa skal undersøkje og dokumentere i kva grad utfordringane for grunnopplæringa og intensjonane med reforma blir følgde opp og gir resultat i praksis.

Ny mellombels utgåve av Læreplanverket for Kunnskapsløftet vart trykt og send ut til skolane ved skolestart i august 2006. Læreplanverket omfattar: generell del, prinsipp for opplæringa, læreplanar for fag og fag- og timefordeling.

Generell del av læreplanverket er vidareført frå dei tidlegare læreplanverka for grunnskolen og vidaregåande opplæring. Prinsipp for opplæringa samanfattar og går nærmare inn på bestemmingar i opplæringslova og forskrift til lova og er ein del av eit forpliktande grunnlag for grunnopplæringa. Læringsplakaten er ein del av Prinsipp for opplæringa og legg vekt på sosial og kulturell kompetanse, motivasjon for læring og læringsstrategiar, elevmedverknad, tilpassa opplæring og samarbeid med heim og lokalsamfunn. Læreplanar for fag omfattar dei planane som er fastsette for grunnskolen og gjennomgåande fag for heile grunnopplæringa. Fag- og timefordelinga er fastsett for heile grunnopplæringa, og denne delen av læreplanverket beskriv også tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring.

Det blir utvikla eit eige Læreplanverk for Kunnskapsløftet – Samisk. Dei parallelle likeverdige planane for grunnskolen og gjennomgåande planar er fastsette.

Møreforsking har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomført ei kartlegging av erfaringar ved skolar som starta opp med nye læreplanar hausten 2005. Formålet med kartlegginga var å få kunnskap om førebuinga, planlegginga og iverksetjinga av reforma i grunnskolen. Evalueringa viser at erfaringane med tidleg oppstart jamt over er gode. Fridommen og fleksibiliteten som ligg i dei nye læreplanane, blir for det meste vurdert som positiv. Behovet for kompetanseheving i samband med Læreplanverket for Kunnskapsløftet (L06) omfattar både fagkunnskap, undervisningsmetode og elevvurdering. Iverksetting av nye læreplanar krev at det blir lagt til rette for læreplanarbeid og utviklingsarbeid på skolen.

Frå skoleåret 2006–07 skal alle elevar på 8. årstrinn anten ha eit nytt framandspråk i tillegg til engelsk eller språkleg fordjuping i samisk, norsk eller engelsk. Innføringa av framandspråk og språkleg fordjuping blir gjort gradvis over tre år. Framandspråk og språkleg fordjuping er likestilte fag og skal vere like krevjande for elevane. Elevane skal ha standpunktkarakter og skal kunne trekkjast ut til munnleg lokalt gitt eksamen høvesvis i framandspråk eller i språkleg fordjuping etter 10. trinn. Karakteren skal telje ved inntak til vidaregåande opplæring frå og med inntaket til skoleåret 2009–10.

Gratis læremiddel i vidaregåande opplæring

Regjeringa vil innføre gratis læremiddel for elevar i vidaregåande opplæring. Regjeringa har lagt vekt på å finne ei ordning som i best mogleg grad stimulerer til utviklingsorienterte og kvalitetsmedvitne skoleeigarar og skolar. Ein viktig føresetnad er også tilrettelegginga av Kunnskapsløftet for lokal valfridom når det gjeld bruk av læremiddel. For elevane skal læring vere utfordrande, interessant og motiverande, og Regjeringa kjem dette i møte ved å leggje til rette for auka bruk av digitale læremiddel. På den måten kan elevane tileigne seg læring på nye måtar og sjå nye dimensjonar av det dei skal lære.

Frå hausten 2007 blir det innført ei todelt ordning der fylkeskommunen får ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel. I tillegg får elevane eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Lånekassen som skal vere med og dekkje utgifter elevane har til andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr. Ordninga blir innført for elevar på Vg2 frå hausten 2007. I 2007 er det foreslått løyvd 373,3 mill. kroner til ordninga. Av dette vil 287,4 mill. kroner bli lagde inn i rammetilskottet til fylkeskommunane som kompensasjon for meirutgifter fylkeskommunane får som følgje av denne omlegginga. Kompensasjonen til fylkeskommunane inkluderer midlar til dekning av administrative utgifter. Vidare blir 70,3 mill. kroner løyva over kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning. Dette inkluderer 5,3 mill. kroner til administrering av ordninga i Lånekassen. Ordninga administrert av Lånekassen er nærmare omtalt under kategori 07.80. 15,6 mill. kroner blir lagde på kapitla for tilskott til frittståande skolar og statlege skolar, jf. hhv. kap. 228 og 222.

Regjeringa vil våren 2007 fremme forslag om endring av m.a. opplæringslova som fastset ansvaret for fylkeskommunane. Ordninga blir innført for Vg3 hausten 2008 og for Vg1 hausten 2009.

Ressursar i grunnopplæringa

Grunnopplæringa blir i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskott og skatteinntekter. I kommunane og i fylkeskommunane er høvesvis grunnskolen og den vidaregåande opplæringa ein stor og viktig sektor. Netto driftsutgifter til grunnskoleopplæring utgjer om lag 31 pst. av dei samla netto driftsutgiftene i kommunane, mens netto driftsutgifter til vidaregåande opplæring utgjer om lag 64 pst. av dei samla netto driftsutgiftene i fylkeskommunane.

Ressursbruken i grunnopplæringa har lenge vore relativt stabil, både når det gjeld dei totale ressursane og ressursane per elev. Departementet har likevel merka seg ein svak nedgang for nokre av ressursindikatorane frå 2004 til 2005. For å medverke til å gi kommunane gode rammevilkår slik at dei kan gi tilpassa opplæring for alle, er kommuneøkonomien styrkt i 2006. Regjeringa foreslår òg ein vekst i kommuneøkonomien i 2007.

I del IV blir det gitt ein nærmare omtale av ressurssituasjonen i grunnopplæringa. Omtalen inneheld mellom anna tal på elevar og lærlingar, ein gjennomgang av skolestrukturen og tal på kor mykje ressursar som blir brukte i grunnopplæringa.

Mål: Grunnleggjande dugleik, brei basiskompetanse og styrkt arbeid for sosial utjamning

Omtalen under dette målet er delt i tre tema: Grunnleggjande dugleik og brei basiskompetanse, Gjennomføring i vidaregåande opplæring og Skolen som organisasjon – læring og utvikling. Kvart tema har tilstandsvurdering og omtale av strategiar og tiltak.

Grunnleggjande dugleik og brei basiskompetanse

Tilstandsvurdering

I dei seinare åra har både internasjonale undersøkingar som Program for International Student Assessment ( PISA) og Trends in International Mathematics and Science Study (TIMSS) frå 2003 samt nasjonale kartleggingar og studiar understreka behovet for å heve kompetansen til alle elevar i grunnopplæringa. Dette gjeld særleg i grunnleggjande dugleik i lesing og rekning. Undersøkingar viser òg at mange elevar strevar med motivasjon og med å utvikle gode læringsstrategiar.

Forsking peiker på kor viktig det er at barn tidleg utviklar god språkforståing og godt talemål. Vidare legg god lesedugleik grunnlaget for vidare arbeid med skolefag. Ifølgje den internasjonale undersøkinga Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS) har norske elevar på 4. årssteget i barneskolen dårlegare lesedugleik enn elevane i land det er naturleg å samanlikne seg med.

Det er til dels store sosiale skilnader i læringsutbytte i den norske skolen. Prestasjonane til elevane heng i sterk grad saman med familiebakgrunn. Ein analyse av karakterane elevane får ved avslutta grunnskole, viser at jo meir utdanning foreldra har, jo høgre grunnskolepoengsum oppnår elevane. Elevar med foreldre med lang universitetsutdanning oppnår i gjennomsnitt 50,4 grunnskolepoeng. Tilsvarande for dei som har foreldre med høgskoleutdanning eller kortvarig universitetsutdanning, er 47,2 grunnskolepoeng. Dei som har foreldre med vidaregåande utdanning, får i gjennomsnitt 41,9 grunnskolepoeng, og dei som har foreldre med utdanning på grunnskolenivå oppnådde i gjennomsnitt 37,9 grunnskolepoeng.

Det er krevjande for skolen å medverke til å redusere utslaget av det ulike utgangspunktet elevane har. Eit godt og inkluderande læringsmiljø i skolen, kombinert med realistiske og klare forventningar til den einskilde eleven, kan vere avgjerande for den faglege og sosiale utviklinga til eleven. Målretta satsing på tilpassa opplæring og styrking av grunnleggjande dugleikar i mange kommunar og skolar dei siste åra ser no ut til å gi resultat i lesing.

Ei utprøving av obligatorisk kartlegging av lesedugleik på andre trinn er gjennomført i perioden 2000–05. Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger hentar inn resultat frå eit representativt utval frå dei årlege undersøkingane. Prøva er utvikla for å kunne identifisere elevar som treng ekstra oppfølging for å komme godt i gang med leseutviklinga. Resultata frå desse kartleggingsundersøkingane har i perioden 2000–05 vist ei positiv utvikling. Delen elevar som har alt rett på prøvene, har auka monaleg, samtidig som delen elevar som ligg på eller under bekymringsgrensa, er redusert. Gjennomføringa av kartleggingsprøvene i lesing har gitt eit viktig grunnlag for å vurdere korleis ulike tiltak verkar. Resultata er følgde opp av skoleeigarar og skolar, og den auka merksemda på lesing lokalt og nasjonalt har truleg medverka til å forbetre elevanes sin dugleik i lesing tidleg i opplæringa. Eksempel på auka merksemd på lesing er at det har vorte vanleg med skole- og kommunebaserte planar for leseopplæringa med integrert kompetanseutvikling, der systematisk kartlegging av dugleik er viktige verkemiddel.

Rapportering undervegs frå evalueringa av strategiplanen Gi rom for lesing! viser at planen har verka som ein ekstra pådrivar i arbeidet med leseopplæringa i mange skolar og kommunar.

Dei nasjonale prøvene i 2004 og 2005 vart kritiserte. Resultata frå nasjonale prøver kan likevel gje informasjon om dei grunnleggjande dugleikane til elevane. Resultata frå prøvene i 2005 viser at jentene i gjennomsnitt skårar betre enn gutane i lesing på norsk og engelsk, mens skilnadene er små i matematikk. Elevar som har foreldre med høg utdanning, skårar i gjennomsnitt betre på nasjonale prøver enn andre elevar. Elevar som er første- eller andregenerasjons innvandrarar skårar i gjennomsnitt ein god del lågare enn andre elevar på dei nasjonale prøvene i lesing, særleg på 10. trinn.

OECD har i ein studie av PISA-resultata frå 2003 analysert korleis første- og andregenerasjons innvandrarelevar skårar i matematikk og lesing samanlikna med ikkje-innvandrarar. I tillegg ser rapporten på desse innvandrarane sine haldningar til skolen og til læring. Første- og andregenerasjons innvandrarelevar i Noreg oppnår svake resultat samanlikna med innvandrarelevar i andre OECD-land. Andregenerasjons innvandrarar i Noreg, Austerrike, Belgia, Danmark, Tyskland og Russland har lågast gjennomsnittleg skår i lesing og i matematikk av dei OECD-landa som er representerte i rapporten. Dei same landa (unnateke Russland) har også det største gapet i prestasjonar mellom ikkje-innvandrarar og innvandrarelevar. Av førstegenerasjons innvandrarar er det berre elevane i Sverige og Belgia som skårar lågare i matematikk enn elevane i Noreg.

I dei fleste land i undersøkinga går elevar med innvandrarbakgrunn på skolar med høg del elevar med låg sosioøkonomisk status. Fem land skil seg ut frå dette mønsteret. Det er Noreg, Sverige, Australia, New Zealand og Canada, der det er mindre segregering. Men desse resultata er usikre på grunn av eit lågt tal innvandrarelevar i det norske utvalet.

Første- og andregenerasjons innvandrarelevar er like motiverte for å lære som andre, og dei har generelt positive haldningar til skolen. I ti av 17 land, deriblant Noreg, viser andregenerasjons innvandrarar større interesse for matematikk enn kva ikkje-innvandrarar gjer.

Utdanning er eit svært sentralt innsatsområde for å sikre at barn og unge med innvandrarbakgrunn blir inkluderte og integrerte i samfunnet. Som eit ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 49 (2003–2004) Mangfold gjennom inkludering og deltakelse er det utarbeidd konkrete mål for arbeidet med inkludering av språklege minoritetar på ei rekkje område. Det er utvikla indikatorar for å måle resultatoppnåinga. På området utdanning vart det utarbeidd fire mål:

  1. Barn og unge med innvandrarbakgrunn skal meistre norsk språk så tidleg som mogleg i skolegangen for å sikre godt læringsutbytte.

  2. Ein like stor del av minoritetsspråklege elevar skal fullføre vidaregåande opplæring som i befolkninga totalt.

  3. Den delen innvandrarar som kom til landet i ungdomsskolealder eller vidaregåande alder, og som fullfører vidaregåande opplæring, skal auke.

  4. Delen tilsette i grunnskolen og vidaregåande opplæring med innvandrarbakgrunn skal auke.

For meir informasjon om dette og ein presentasjon av indikatorane som er knytte til måla, sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Det er sett i verk ei rekkje tiltak for å nå desse måla, mellom anna gjennom strategiplanen Likeverdig opplæring i praksis!, jf. omtale under Strategiar og tiltak.

Grunnopplæringa tek i stadig større grad i bruk IKT til administrative og pedagogiske formål. Dei fleste vidaregåande skolar har teke i bruk digitale læringsplattformer, og IKT blir i større grad også teke i bruk ved eksamen. Likevel er det per i dag avgrensa med digitale læremiddel av god kvalitet innanfor dei fleste fag. Dei læremidla som finst, er heller ikkje alltid lett tilgjengelege for brukarane.

I dei nye læreplanane som trådde i kraft i haust, er grunnleggjande dugleikar i bruk av digitale verktøy integrerte på linje med andre grunnleggjande dugleikar og integrerte i kompetansemåla i alle fag. Eit rikt tilfang av digitale læremiddel av høg kvalitet er ein føresetnad for at denne integreringa skal lykkast.

OECD har gjennomført ein analyse av likeverd (equity) i norsk grunnopplæring. Resultata er presenterte i rapporten Equity in Education (Country Note) Thematic review. OECD rår til at Noreg byggjer vidare på dei sterke sidene i det norske systemet, som strukturen i opplæringa, det livslange læringsperspektivet og den høge ressursbruken. Samstundes bør Noreg leggje meir vekt på tilpassa opplæring og styrkje innsatsen retta mot elevar som tidleg i opplæringa står i fare for å underprestere. OECD rår også til at det blir sett i gang eit arbeid for å undersøke korleis ein kan heve ambisjonane for kva elevane kan lære. Det har vore gjennomført ein nasjonal konferanse der ulike tilrådingar vart diskuterte. I 2007 vil OECD leggje fram ein internasjonal rapport og i samarbeid med norske utdanningsmyndigheiter arrangere ein internasjonal konferanse om likeverd i utdanninga.

Strategiar og tiltak

Stimulering av barns læring startar i heimen og held fram i barnehagen. Sjå kategoriomtale 07.30 for arbeidet med tidleg stimulering i barnehagen. Finland er eit av dei landa som kan vise til mindre forskjellar i læringsutbytte for elevane i grunnskolen enn det Noreg har, og det er grunn til å tru at noko av årsaka til dette er tidleg innsats når elevar ikkje lærer det dei er forventa å lære. Kunnskapsdepartementet vil derfor medverke til, til dømes gjennom utviklingstiltak, at elevar som strevar i dei første åra på barnetrinnet, skal få tidleg støtte sjølv om det ikkje er behov for sakkunnig vurdering og spesialundervisning.

Læraren er den mest avgjerande einskildfaktoren som påverkar læring til elevane. Det blir vist til omtale av ulike tiltak for å styrkje kompetansen til lærarane under overskrifta Skolen som organisasjon – utvikling og læring.

Departementet vil framleis delta i internasjonale undersøkingar som eit ledd i å følgje utviklinga av læringsutbyttet for norske elevar sett i eit internasjonalt perspektiv. Noreg skal delta i TIMSS 2007, som omfattar elevar på fjerde og åttande trinn.

Noreg vil delta i IEA International Civic and Citizenship Education Study (ICCES). Våren 2007 vil ein pilotstudie bli gjennomført. Undersøkinga blir gjennomført hausten 2008 og våren 2009. ICCES-undersøkinga er ei oppfølging av CIVED-studien frå 1999–2002, der Noreg deltok. Den nye studien vil kartleggje elevane sin demokratiske beredskap og haldningar til utfordringane som ligg i auka globalisering og internasjonalisering. ICCES- studien vil også gi oss informasjon om den demokratiske beredskapen elevane har etter innføringa av dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet.

I dei seinare åra er det utvikla nasjonale strategiar innanfor sentrale område i grunnopplæringa. Strategiane blir reviderte og tilpassa måla for Kunnskapsløftet og inneheld tiltak for å styrkje dei grunnleggjande dugleikane og den faglege utviklinga hos elevane og arbeidet med kompetanseheving for lærarane, jf. omtale under overskrifta Skolen som organisasjon utvikling og læring. Her følgjer ein kort presentasjon av dei nasjonale strategiane:

Gi rom for lesing – Strategi for stimulering av leselyst og lesedugleik 2003–2007er revidert og knytt nær til måla i Kunnskapsløftet. Arbeidet blir evaluert av SINTEF-IFEM fram mot 2008. Departementet støttar det nasjonale senteret for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger som ein del av arbeidet for å styrkje leseopplæringa og dermed leggje grunnlaget for god fagleg utvikling både i norskfaget og andre fag. For å medverke til utviklinga av lesedugleik og eit godt munnleg og skriftleg språk vil departementet støtte utviklingsarbeid for tidleg innsats. Det vil bli utvikla kriterium for tildeling av støtte.

Et felles løft for realfagene – Strategi for styrking av realfagene 2006–2009 er nyutvikla og blir ført vidare gjennom årlege tiltaksplanar. I 2007 vil ein leggje særleg vekt på utvikling av samarbeid med næringslivet, arbeidsmåtar i opplæringa og spreiing av gode erfaringar. Det nasjonale senteret for matematikk ved NTNU i Trondheim og det nasjonale senteret for naturfag ved Universitetet i Oslo har sentrale oppgåver i dette arbeidet. Det blir utvikla eigne prosjekt i leksehjelp for rekruttering til realfag, mellom anna for å nå grupper som elles vel bort realfaga. Jenter vel i mindre grad høgre utdanning og yrke innan desse faga. Å snu denne trenden er ei sentral oppgåve i strategien. For å auke interessa for realfag blir støtta til regionale vitensenter utvida, mellom anna ved at det blir gitt støtte til regionalt vitensenter i Grenland.

Likeverdig opplæring i praksis – Strategi for betre læring og større deltaking av språklege minoritetar i barnehage, skole og utdanning 2004–2009 er revidert. Strategien legg mellom anna vekt på tidleg språkstimulering, ulike tiltak for å betre språkopplæringa i skolen og tiltak for å styrkje samarbeidet med foreldra. Opplæring kan til dømes omfatte både barn og foreldre. Vidare legg planen til rette for å auke talet på minoritetsspråklege lærarar både gjennom stipendordning og ved å tilby tilrettelagde ordningar for minoritetsspråklege studentar i lærarutdanninga. Det er presisert ei fordeling av ansvar for tiltaka i planen.

Se mulighetene og gjør noe med dem – Strategi for entreprenørskap i utdanninga2004–2008 blir ført vidare som grunnlag for arbeidet med å styrkje entreprenørskap i heile grunnopplæringa. Strategien er revidert og blir også omsett til engelsk. Det blir mellom anna utvikla ein læreplan for eit nytt programfag for entreprenørskap innanfor utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for samfunnsfag og økonomi. Læreplanen skal følgje dei same retningslinjene som dei andre læreplanane for Kunnskapsløftet. Læreplanen skal fastsetjast og gjerast tilgjengeleg for alle fylkeskommunar frå skolestart hausten 2007. Det blir lyst ut midlar til etterutdanning. Arbeidet med strategien skjer i tett samarbeid med andre departement og organisasjonar, mellom anna Ungt Entreprenørskap.

Språk åpner dører – Strategi for styrking av fremmedspråk i grunnopplæringen2005–2009 er utvikla i tråd med måla i Kunnskapsløftet. Strategien vil stimulere til auka mangfald og praktisk tilnærming til språkopplæring, og auke kunnskapen om behovet for kompetanse i framandspråk og fremme forsking og utviklingsarbeid. Det nasjonale senteret for framandspråk ved Høgskolen i Østfold er ein sentral aktør i planen.

Ved handsaminga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring vart det slått fast at det framleis skal vere obligatorisk opplæring i skriftleg sidemål både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Ei arbeidsgruppe som har sett på norskfaget i skolen, peiker på at opplæringa i nynorsk treng merksemd både som hovudmål og sidemål. Det blir utarbeidd ein strategiplan for nynorsk i opplæringa for perioden 2007–11. Den blir lagt til grunn for arbeidet ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som er lagt til Høgskolen i Volda. Strategiplanen skal vere eit verkemiddel for å styrkje opplæringa for elevar som har nynorsk som hovudmål, og vidareutvikle fagdidaktikken og grunngivinga for nynorsk som sidemål.

Regjeringa vil etablere eit nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa og ein tilhørande strategiplan for arbeidet. Det nye senteret og strategiplanen for perioden 2007–10 har som mål å styrkje kunst og kultur i grunnopplæringa. 15 høgskolar har søkt om å bli nasjonalt senter. I byrjinga av november tek departementet sikte på å utpeike det nasjonale senteret for kunst og kultur i opplæringa.

Tiltaka i Strategi for digitale læringsressurser2006–2008 skal syte for auka tilfang på pedagogisk tilrettelagt digitalt innhald. Tiltaka skal òg medverke til at eksisterande digitalt innhald blir lettare tilgjengeleg, og dermed setje lærarane betre i stand til å gi elevane tilpassa opplæring. Utdanningsdirektoratet i samarbeid med andre aktørar har ansvar for dei tiltaka som rettar seg mot grunnopplæringa.

I ei tid da IKT blir ein stadig større og viktigare del av daglegliv og utdanning, vil elevar som har dårleg tilgang til IKT, og som ikkje er fortrulege med bruk av IKT verken heime eller på skolen, stå i fare for å prestere dårlegare enn andre elevar. For å redusere digitale forskjellar og sikre like vilkår for alle elevar er det viktig å leggje til rette for ein betre bruk av IKT i skolen.

Det er naudsynt å styrkje kunnskapsgrunnlaget for bruk av IKT i opplæringa. Departementet vil sjå nærmare på korleis ein kan få auka utbytta av pedagogisk IKT-forsking, mellom anna om samhandlinga mellom IKT-modulen innanfor Noreg forskingsråds program Kompetanse, utdanning og læring og verksemda til ITU bør bli betre.

Gjennomføring i vidaregåande opplæring

Tilstandsvurdering

Skoleåret 2004–05 var det 61 396 elevar på 10. trinn i grunnskolen (GSI), og tal frå Utdanningsdirektoratet viser at om lag 97 pst. av desse søkte om opptak til ein fylkeskommunal vidaregåande skole for skoleåret 2005–06. Blant 16–18-åringar i heile befolkninga har deltakinga i vidaregåande opplæring vore nokså stabil frå 1994, med noko stigning fram til i dag. Særleg delen minoritetsspråklege 16–18-åringar (førstegenerasjons innvandrarar og etterkommarar) har stege noko.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at av dei som begynte i vidaregåande opplæring i 1997, 1998 og 1999, fullførte om lag 75 pst. på allmennfaglege studieretningar på normert tid, og rundt 84 pst. fullførte i løpet av ein periode på fem år. For elevane på yrkesfaglege studieretningar fullførte rundt 40 pst. på normert tid, mens om lag 60 pst. hadde fullført i løpet av fem år.

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at delen elevar og lærlingar som fullfører vidaregåande opplæring har gått noko ned. Av dei elevane som starta på grunnkurs for første gong i 2000, fullførte 67 pst. utdanninga på fem år.

Delen som avbryt opplæringa varierer mellom studieretningane. Studieretningane musikk, dans og drama, allmenne, økonomiske og administrative fag og idrettsfag hadde det lågaste fråfallet i 2000-kullet, med høvesvis 9, 15 og 17 pst. På studieretning for trearbeidsfag braut fleire enn halvparten av elevane av utdanninga, medan ein av tre ikkje fullførte på studieretning for helse- og sosialfag.

Det er òg forskjellar mellom fylka i høve til gjennomføringsgrad i vidaregåande opplæring. For 1999-kullet finn ein den høgaste gjennomføringsgraden på rundt 75 pst. i Vest-Agder, Oppland og Sør-Trøndelag. Finnmark hadde lågast del som gjennomførte, med 52 pst.

Utdanningsnivået til foreldra og karakterane til elevane påverkar om elevane sluttar i vidaregåande opplæring eller ikkje. Det er òg ein sterk samanheng mellom den sosioøkonomiske statusen til foreldra og karakterane til dei unge. Elevar med svake karakterar frå GK og VK1 bruker lengre tid og fullfører i mindre grad enn elevar med sterke karakterar. Gutar har gjennomsnittleg eit lågare karakternivå enn jenter, og det gir seg utslag i at gutane har lågare optimal gjennomføring enn jentene. Gutar med ikkje-vestleg bakgrunn har dårlegare karakterar og dårlegare progresjon enn andre elevar.

Det er fleire elevar med ikkje-vestleg bakgrunn som har optimal progresjon no enn i 1990-åra, men det er likevel ein lågare del av elevar med ikkje-vestleg bakgrunn enn med norsk bakgrunn som fullfører. Ein del av denne skilnaden har samanheng med sosioøkonomiske bakgrunn.

Læring skal vere utfordrande, interessant og motiverande for elevane. Regjeringa har komme dette i møte ved å leggje til rette for auka bruk av digitale læremiddel. Etter forslag frå Regjeringa vedtok Stortinget å løyve 50 mill. kroner til digitale læremiddel i vidaregåande opplæring, jf. Innst. S. nr. 205 (2005–2006) og St.prp. nr. 66 (2005–2006). Midlane blir forvalta av fylkeskommunane og skal nyttast til kjøp og lokal utvikling av digitale læremiddel. Måla for denne satsinga er mellom anna å betre tilbodet av digitale læremiddel. Satsinga i 2006 skal også betre kompetansen ved dei vidaregåande skolane til å skaffe og utvikle digitale læremiddel, betre samarbeidet mellom fylkeskommunane og opplæringsregionane og styrkje metodefridommen i vidaregåande opplæring.

Strategiar og tiltak

Målet for Regjeringa er at flest mogleg søkjer og fullfører vidaregåande opplæring, da det vil gjere det lettare for den einskilde å få innpass i arbeidslivet, og samfunnsressursane blir utnytta på ein god måte. Det er ønskeleg at flest mogleg får studie- eller yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå.

Kunnskapsløftet er ein del av svaret på utfordringane i vidaregåande opplæring. Målet med strukturendringane i vidaregåande opplæring er mellom anna å medverke til færre omval og avbrot, slik at gjennomføringa blir betre.

På ungdomstrinnet skal elevane få tilbod om programfag til val og om fag på vidaregåande nivå. På denne måten skal elevane tidleg kunne gjere seg kjende med nokre av tilboda i vidaregåande opplæring og slik få betre grunnlag for å gjere val av utdanningsprogram.

Rådgivingstenesta på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring er eit viktig område i strategien Kompetanse for utvikling 2005–2008. Utvikling av kompetanse i denne tenesta er viktig for betre rettleiing av dei unge elevane.

Kunnskapsdepartementet sette i januar 2006 ned ei breitt samansett arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å vurdere konkrete tiltak for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Arbeidsgruppa la fram innstillinga si 30. august 2006. I rapporten legg dei også vekt på å auke merksemda på læringsutbyttet frå grunnskolen. Gruppa har fleire forslag til tiltak: å vidareutvikle lærekandidatordninga, betre tilgangen til varierte opplæringsplassar i bedrift og skole, satse på karriererettleiing, styrkje kompetansen omkring eleven og betre innsatsen for fleirkulturell opplæring.

Departementet vil vurdere framlegga frå arbeidsgruppa som har foreslått ulike tiltak for gjennomføringa i vidaregåande opplæring, mellom anna når det gjeld rådgiving og karriererettleiing. Oppfølging av rapporten vil skje i samarbeid med fylkeskommunane og partane i arbeidslivet. Departementet vil i 2007 prioritere utviklingsmidlar til tiltak som kan medverke til at elevane gjer meir medvitne val av utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Departementet vil byggje på positive erfaringar som er gjorde mellom anna ved tiltak finansierte gjennom handlingsplanen mot fattigdom og fylkesvise forsøk.

Bruk av digitale læremidlar kan vere med på å auke motivasjonen for læring hos elevane slik at gjennomføringa blir betre. Frå hausten 2007 blir det innført ei todelt ordning med gratis læremiddel for elevar i vidaregåande opplæring, der fylkeskommunen får ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel. I tillegg til gratis trykte og digitale læremiddel får elevane eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Lånekassen som skal vere med på å dekkje utgifter elevane har til andre læremiddel og nødvendig utstyr. Ordninga blir innført for elevar på Vg2 frå hausten 2007.

Ein viser til fleirtalsmerknad om små og verneverdige fag i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006), der komiteen ber departementet arbeide vidare med å utvikle ein modell som kan sikre rekrutteringa til desse faga.

For å komme inn under definisjonen små og verneverdige fag må faget liggje under opplæringslova eller vere godkjent som forsøk, ta i vare tradisjonelle handverksfaglege teknikkar og materiale og ikkje ha fleire enn 15 nye kontraktar i løpet av ein treårsperiode, dvs. i snitt fem nye kontraktar per år. Blir det fleire, blir faget teke ut av lista etter ytterlegare eitt kalenderår.

Talet på nye lærekontraktar i små og verneverdige fag har vore nokså stabilt sidan 1997. I gjennomsnitt er det teikna om lag 45 kontraktar i året, med det høgaste talet i 2002 og det lågaste i 2001. Det er store variasjonar mellom fag og fylkeskommunar om ein går inn på dei einskilde åra, men i følgje Sekretariatet for små og verneverdige fag er situasjonen i dei fleste faga nokså bra om ein ser gjeldande og nye kontraktar under eitt. Departementet meiner det ikkje er nødvendig å styrke den samla rekrutteringa til små og verneverdige fag. Sekretariatet for små og verneverdige fag melder likevel at det er einskilde fag ein må halde eit særskilt auge med, til dømes gravør, sølvsmed og tredreiar. Det blir sett av midlar på kap. 226 for å gje økonomisk støtte til rekrutteringstiltak på særleg utsette einskilde fag.

Departementet vil gi Utdanningsdirektoratet og Sekretariatet for små og verneverdige fag i oppdrag å rapportere til departementet kvart tredje år om utviklinga i dei ulike faga og å samarbeide nærare med fylkeskommunane om dei særleg utsette faga. Departementet vil òg leggje til rette for samarbeid med partane i arbeidslivet og relevante departement for å registrere og stimulere behovet for arbeidskraft innan dei verneverdige faga.

Skolen som organisasjon – læring og fornying

Tilstandsvurdering

Nokre sider ved opplæringa i grunnskolen og kommunanes oppfølging av arbeidet i skolen er undersøkte av Riksrevisjonen. Undersøkinga er mellom anna basert på ei spørjeundersøking blant rektorar. Riksrevisjonen peiker på utfordringar ved tilrettelegginga og oppfølginga av opplæringa ved ei rekkje skolar. Rapporten frå Riksrevisjonen er oversend Stortinget, jf. Dokument nr. 3:10 (2005–2006).

Rapporten til Riksrevisjonen om opplæringa i grunnskolen syner at ein del kommunar ikkje har system som gir skoleeigar eit godt nok informasjonsgrunnlag til å ta i vare ansvaret sitt.

Undersøkinga viser at kompetansen til lærarane når det gjeld å leggje til rette for og gjennomføre tilpassa opplæring er ein sentral faktor for å sikre elevane god opplæring og tilfredsstillande læringsutbytte. Nesten halvparten av rektorane som inngår i undersøkinga, er ikkje fornøgd med kompetansen til lærarane på dette området. Mange rektorar peiker også på talet på lærarar som ein sentral faktor.

I Skolelederundersøkelsen2005 blir det undersøkt korleis det pedagogiske utviklingsarbeidet blir leidd i skolen. Undersøkinga tyder på at dei fleste rektorane har etablert gode rutinar for å sikre kvaliteten på arbeidet i skolen. Over halvparten av rektorane svarer at lærarane samarbeider når det gjeld læreplanar i fag, vurderingskriterium, prøver, undervisningsmetodar med meir. Det er ein klar auke i talet på rektorar i grunnskolen som har rutinar for å følgje opp nytilsette lærarar og lærarar som ikkje fungerer tilfredsstillande. Satsing på erfaringsutveksling mellom skolar ser ut til å ha fått auka vekt. Det er likevel framleis mellom 25 og 30 pst. av skolane som ikkje har samarbeid med andre skolar om innhaldet i skolen. Dette er eit for høgt tal og er ei utfordring for skoleeigarane. Det er òg ei utfordring at elleve pst. av rektorane seier at det ikkje er fagleg samordning om vurderingskriterium mellom lærarane på skolen.

Det er stor semje blant rektorane, særleg i grunnskolen, om at faglege kartleggingsprøver medverkar til å forbetre opplæringa. Rektorane har størst tru på førebudde elevsamtalar og konferansetimar som effektive evalueringsverktøy for å forbetre læringsutbyttet til elevane. Synet på nasjonale prøver var mest positivt på barnetrinnet i grunnskolen. Det er likevel for tidleg å sjå effektar av dei nasjonale prøvene på innhald, arbeidsmåtar og kompetanseutvikling. Nettstaden Skoleporten.no er i liten grad i bruk som verktøy for leiinga. Dette må sjåast i lys av at systemet hadde vore tilgjengeleg i kort tid da undersøkinga vart gjennomført.

I rapporten Teachers Matter: Attracting, Developing and Retaining Effective Teachers frå OECD 2005 blir det understreka at det å auke kvaliteten på skoleleiing står svært sentralt for å møte dei utfordringane lærarane står framfor.

Skoleleiarundersøkinga viser ein viss nedgang frå 2001 når det gjeld den delen av skoleleiarar som har ei positiv vurdering av den skolefaglege kompetansen hos skoleeigaren. Mange kommunar har gått over til såkalla tonivå-modell, der rektorane er resultatansvarlege verksemdleiarar som rapporterer direkte til rådmannen. 20 pst. av rektorane i desse kommunane oppgir at leiarane på kommunalt/fylkeskommunalt nivå manglar skolefagleg kompetanse. Undersøkinga viser til tross for dette ei positiv utvikling i engasjementet til skoleeigarane for innhaldet i skolane. Det er ein klar auke i talet på rektorar som har underskrive leiaravtale med skoleeigar, og mange opplyser at faglege mål inngår i avtalen. 59 pst. av rektorane svarer at dei er heilt eller delvis samde i at kommunen og fylkeskommunen er pådrivarar for at skolane skal drive med pedagogisk utviklingsarbeid. 70 pst. av skoleleiarane meiner at skoleeigaren er ei støtte i arbeidet deira som leiar.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå KS, Utdanningsforbundet, Nasjonalt Råd for Lærerutdanning og Studentenes Landsforbund har på oppdrag frå departementet utarbeidd ein rapport om attraktivitet i læraryrket. Denne rapporten understrekar også kor viktig skoleleiing er for utvikling av skolen som lærande organisasjon.

For å stimulere kommunar og fylkeskommunar som driv bevisst utvikling av skolane sine, har Kunnskapsdepartementet i samarbeid med KS etablert Skoleeigarprisen. I kriteria for prisen blir det lagt vekt på at skoleeigar over tid har lagt til rette for at elevar og lærlingar får opplæring av høg kvalitet, uavhengig av kjønn, bustad, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og økonomien til foreldra.

Grunnopplæringa tek i aukande grad i bruk digitale tenester til både administrative og pedagogiske formål. Dei fleste skolar har teke i bruk digitale læringsplattformer, og IKT blir i større grad også teke i bruk ved eksamen. Samstundes aukar behovet for betre handsaming av personopplysningar ved bruk av slike digitale tenester.

Fleire skoleeigarar er i gang med å organisere og leggje til rette for ordningar som betre kan sø­rgje for at elevar og lærarar på ein enkel og sikker måte kan logge seg på og nytte digitale tenester. Med ein personleg elektronisk identitet (eID) kan elevane få tilgang til tenester og ressursar på nettet. Leverandørar av digitale tenester skal berre ha tilgang til dei opplysningane dei treng, og ikkje meir, for å kunne levere tenestene sine. Elevar og lærarar skal ha innsikt i og råderett over opplysningane om dei som skal sendast til leverandørar av digitale tenester.

Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet vart etablert i 2003 og er ein del av ein samla strategi for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Skolar og skoleeigarar har plikt til å følgje opp resultata av lokale og nasjonale vurderingar, jf. opplæringslova § 13-10.

Dei nasjonale prøvene er ein viktig del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Prøvene i 2004 og 2005 vart til dels sterkt kritiserte. Forskarane som evaluerte prøvene, peikte mellom anna på at det ikkje var utvikla felles rammer for utforming av prøvene, og både oppdraget og formålet med prøvene var uklart. Den faglege kvaliteten på prøvene er derfor vorte kritisert. Brukarundersøkingar blant lærarar, skoleleiarar og elevar syner at lærarane og rektorane ikkje er nøgde med den informasjonen som vart gitt om gjennomføringa av prøvene. Lærarane er stort sett nøgde med den skoleringa dei har fått i samband med gjennomføringa av nasjonale prøver, men dei meiner at dei har fått for lite kunnskap om korleis dei kan følgje opp resultata. Erfaringane frå desse to åra viser at nasjonale prøver kan vere eit nyttig verkemiddel i arbeidet med å vurdere kvaliteten på opplæringa på den einskilde skole for både skoleeigarane og for nasjonale myndigheiter. Samstundes har problema med gjennomføringa og bruken av resultata frå prøvene gjort det naudsynt å gjennomgå mellom anna formålet, utforminga og andre sider ved prøvene.

All sentral informasjon om grunnopplæringa har til no vore samla i nettportalen Skoleporten.no. Nettportalen har hatt mykje å seie for kvalitetsutviklinga, men er ikkje teke i bruk fullt ut. Resultata frå dei nasjonale prøvene i 2004 og 2005 har vorte offentleggjorde på Skoleporten.no, saman med annan informasjon om læringsutbytte, læringsmiljø og ressursar. Resultata frå 2004 vart gjorde offentlege på skolenivå. Erfaringa er at desse resultata vart brukte til å rangere skolane på ein måte som ikkje fremmer det som er formålet med prøvene, nemleg kvalitetsutvikling. Resultata frå 2005 er derfor berre offentleggjorde på skoleeigarnivå.

Strategiar og tiltak

Kravet om internkontroll i opplæringslova § 13-10 skal medverke til å sikre at skoleeigar har system for å sikre forsvarlig informasjon. Dette kravet vart eit særleg satsingsområde for det nasjonale tilsynet i 2006, med tilhørande kompetanseoppbygging for det statlege tilsynet.

Tilsynet til fylkesmannsembeta er i hovudsak retta mot skoleeigar og ikkje mot enkeltskolar. Denne systemtilnærminga i tilsynet er i samsvar med det oppdraget som er gitt fylkesmannsembeta. Dette tilsynet skal kombinerast med hendingsbasert tilsyn eller risikobaserte kontrollar mot enkelte skolar som sjølvstendige tiltak eller som ledd i tilsyn med systemet til skoleeigar. Tilsynet er primært innretta mot skoleeigar som ledd i å ansvarleggjere skoleeigar og medverke til at skoleeigar oppfyller pliktene sine for grunnskolen i kommunen.

Det er sett i verk fleire tiltak for å styrkje tilsynet til Fylkesmannen og for å betre styringa og koordineringa av tilsynsverksemda på nasjonalt nivå. Det vil i 2007 bli arbeidd for å målrette og effektivisere tilsynet gjennom utviklingsarbeid, kompetanseutvikling og rettleiing.

Det er brei semje om at den viktigaste enkeltfaktoren for at eleven skal ha godt utbytte av opplæringa, er læraren. Arbeidet med kompetanseutvikling blir ført vidare i tråd med intensjonane i Kompetanse for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008. Ein føresetnad for målretta kompetanseutvikling er at ho er forankra i utfordringane og behova i den einskilde verksemda. Departementet legg vekt på at denne føresetnaden er oppfylt ved tildeling av midlar, og Fylkesmannen vil bli bedt om å følgje opp dette ved tildelinga. Regjeringa set kommunane og fylkeskommunane i stand til å prioritere lærarane både ved å styrkje kommuneøkonomien generelt og ved å tildele statlege midlar til kompetanseutvikling. I samband med utvikling av skoledagen og tiltak for tidleg støtte vil grunnskolen ha bruk for fleire lærarar i åra som kjem. Departementet vil derfor rette merksemda mot rekruttering av lærarstudentar og rettleiing og støtte til nyutdanna lærarar, jf. omtale i kategori 07.60.

Departementet vil vurdere tiltak for å betre grunnutdanninga for lærarar, jf. omtale i kategori 07.60. Det blir også sett i gang revidering av forskrifta om krav til kompetanse for lærarar i grunnskolen. Formålet med revideringa er mellom anna å vurdere krav om særskilt fagleg kompetanse for tilsetting på ungdomstrinnet.

Noreg deltek saman med 20 andre land i OECDs program Improving School Leadership. I 2006 og 2007 blir det gjennomført internasjonale verkstader og utvikla nasjonale rapportar som grunnlag for OECDs rapport. Programmet rettar merksemda mot skoleleiing, rekruttering av leiarar, arbeidsvilkår og utdanning for leiarar. Forsking og praksis som er gjennomført med tanke på å styrkje leiarskap i skolen, blir samanstilt som grunnlag for ny politikk på dette området.

Noreg skal også delta i OECDs planlagde studie Teachers, Teaching and Learning (TALIS), som blir pilotert i 2007 og gjennomført i 2008. Dette er ein survey retta mot lærarar og skoleleiarar og tek opp tema som profesjonell utvikling for lærarar, læringskultur og metodar for læring.

Det er inngått ein avtale mellom Kunnskapsdepartementet og KS om kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Partane vil i fellesskap arbeide for å vidareutvikle verktøy som kan brukast av kommunar og fylkeskommunar for å kunne analysere og vurdere verksemda i skolen. Vidare vil partane utvikle nettverk mellom skoleeigarar og lærarutdanningsinstitusjonar for å betre samarbeidet mellom praksis og forsking, og for å styrkje den generelle kontakten mellom sektorane.

Forsking har dokumentert at skolar som utviklar felles kultur, tydeleg pedagogisk leiing og høgt ambisjonsnivå, lykkast betre med kjerneoppgåvene sine enn andre skolar. God organisering og godt samspel i kollegiet gjer skolane betre rusta til å etablere ein ny praksis i møte med endra krav til dagens og morgondagens skole.

Med bakgrunn i denne kunnskapen har Utdanningsdirektoratet, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, sett i gang Program for skoleutvikling. Målet er å setje fleire skolar i stand til å skape eit betre læringsmiljø og større fagleg og sosial framgang for elevane. Hovudaktivitetane i programmet er utvikling og gjennomføring av utviklingsprosjekt og utviklingstiltak på skolane. Skolane som har fått støtte, fokuserer på tilpassa opplæring, nye arbeidsformer og nye måtar å organisere opplæringa på. Nokre eksempel er bruk av digitale mapper, mentorar og coachar for lærarar og elevar, vekt på klasseleiing og praksisen til den enkelte læraren i klasserommet.

Kunnskapsdepartementet vil også føre vidare programmet Praksisretta FoU i grunnopplæring og lærarutdanning, som blir administrert av Noregs forskingsråd. Programmet har tre prioriterte forskingsområde: læringsprosessar og læringsutbytte, organisering for læring og yrkespraksis og lærarutdanning. Programmet skal betre samanhengen mellom profesjonsutdanning og profesjonsutøving og styrkje kvaliteten både i skolen og lærarutdanninga. Erfaringar frå programmet går inn som ein viktig del av arbeidet for å styrkje samhandlinga mellom lærarutdanninga og skolen, og skal føre til læring for begge sektorane.

Regjeringa vil gjennomføre nasjonale prøver frå hausten 2007 i rekning, og i lesing på norsk og engelsk på 5. og 8. trinn. Formålet med prøvene er å kartleggje dei grunnleggjande dugleikane hos elevane slik dei er omtalte i læreplanane. På den måten skal prøvene bli brukte som grunnlag for kvalitetsutvikling i skolen. Målet er å utvikle prøver av høg fagleg kvalitet. Prøvene skal bli enklare å rette enn dei tidlegare prøvene, og den tekniske utforminga skal bli betre. Departementet har fastsett eit felles rammeverk for prøvene.

Resultata frå dei nasjonale prøvene er offentlege, men departementet legg ikkje til rette for rangering av skolar. Resultata skal vere tilgjengelege for dei som skal bruke resultata.

I tillegg til dei nasjonale prøvene blir det utvikla prøver i skriving på norsk og engelsk for eit nasjonalt representativt utval elevar i grunnskolen.

Karakter- og læringsstøttande prøver undersøkjer kva eleven kan innanfor sentrale område av eit fag, og ut frå dette kan ein avgjere kvar kreftene må setjast inn for at eleven skal meistre faget betre. Bruk av kartleggingsmateriell avdekkjer også behov for individuell oppfølging og tilrettelegging på individ- og skolenivå. Dette er viktige verktøy for lærarane i deira arbeid med å tilpasse opplæringa til kvar einskild elev. Det blir derfor no vurdert å utvikle nytt kartleggingsmateriell og diagnostiske prøver til støtte for læringsarbeidet. Vidare skal det gjennomførast obligatorisk kartleggingsprøve i lesing for 2. trinn og i rekning og talforståing.

Informasjon om opplæringa samt tilgang til rettleiingsressursar for best mogleg bruk av informasjonen er nødvendig for vidare kvalitetsutvikling. Departementet vil vurdere nærmare korleis ein best kan informere og rettleie om det kunnskapsgrunnlaget som nasjonalt kvalitetsvurderingssystem gir. Utdanningsdirektoratet har derfor fått i oppdrag å greie ut Skoleporten.no og ulike andre modellar for eit nettbasert verktøy som samlar relevant informasjon om situasjonen i skolen, saman med rettleiingsmateriell med meir. Departementet vil på bakgrunn av denne utgreiinga ta stilling til vidareutvikling av eit nasjonalt nettbasert informasjonsverktøy.

Departementet vil leggje til rette for ei elektronisk identitetsforvaltning for grunnopplæringa (Felles Elektronisk Identitet–FEIDE). FEIDE er i tråd med person­opplysningslova, det betrar konkurransesituasjonen for både tilbydarar og brukarar av digitale tenester, det byggjer på opne standardar og vil vere i tråd med den statlege løysinga for elektronisk identifisering (eID). Departementet vil styrkje arbeidet med FEIDE i grunnopplæringa.

Regjeringa har som sentral målsetjing å styrkje fellesskolen. Det store fleirtalet av norske barn og ungdom skal få opplæringa si i offentlege skolar som speglar mangfaldet i det norske samfunnet. Regjeringa vil gå gjennom regelverk og støtteordningar for private skolar for å stramme inn utbreiinga av private skolar som ikkje utgjør eit religiøst eller pedagogisk alternativ til den offentlege skolen.

Regjeringa vil leggje fram eit forslag til lov som i hovudsak byggjer på hovudprinsippa i den tidlegare privatskolelova. Departementet har starta arbeidet med omfattande og heilskaplege lovendringar. Forslag til endringar i friskolelova blir sendt på høring hausten 2006 og lagt fram for Stortinget våren 2007.

For å stoppe veksten i friskolar inntil meir permanente lovendringar er på plass, var det naudsynt med mellombelse lovendringar. Etter forslag frå Regjeringa vedtok Stortinget våren 2006 endringar i friskolelova som blant anna inneber at høvet til å godkjenne nye friskolar mellombels er oppheva. Berre godkjende skolar som var i drift 13. desember 2005, får drive verksemd etter friskolelova.

Mål: Godt læringsmiljø som stimulerer læring og positiv samhandling

Tilstandsvurdering

Det er godt dokumentert at både dei skolefaglege prestasjonane og den sosiale utviklinga til elevane har samanheng med faktorar i læringsmiljøet. Dette gjeld det fysiske og det psykososiale miljøet på skolen og tilhøve som motivasjonen til elevane, medverknad og tilhørsel på skolen.

Fråvær av problemåtferd som mobbing, uro, hærverk og vald er viktig for eit godt læringsmiljø. Kapittel 9a i opplæringslova peiker på at alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø som fremmer helse, trivsel og læring. Ingen skal bli utsett for mobbing, diskriminering, vald eller rasisme. Det inneber at alle som arbeider på skolen, har plikt til å passe på at slikt ikkje skjer, og at skoleleiinga har plikt til å sjå til at rutinane på skolen er gode nok til å avsløre krenkingar, og setje i verk effektive tiltak mot dei.

I fleire undersøkingar og i skoledebatten blir det framheva at det er lite arbeidsro i skolen i Noreg. Resultata frå Elevinspektørane viser at ein stor majoritet av elevane rapporterer så stor mangel på ro og disiplin at dei tykkjer det er plagsamt. Nær 70 pst. av elevane oppgir i Elevinspektørane at dei sjeldan eller aldri forstyrrar dei andre elevane når dei arbeider. Resultata kan såleis tyde på at det er ein relativt liten del av elevane som står for mykje av det bråket og den uroa i arbeidsøktene som elevane gir uttrykk for.

Rogalandsforskning viste i evalueringa si av Manifest mot mobbing at mobbinga blant norske elevar vart redusert i perioden 2002–04, etter ein lang periode med auke. Analysen av resultata frå Elevinspektørane 2005 viser ingen vidare nedgang i førekomsten av mobbing. I Elevinspektørane svarer 4,5 pst. av elevane at dei blir mobba éin eller fleire gonger i veka. Litt færre elevar oppgir at dei sjølve har vore med på å mobbe andre, 2,4 pst. av elevane svarer at dei har gjort det éin eller fleire gonger i veka. Gutane opplever meir mobbing enn jentene, og det er noko meir mobbing på mellomsteget og ungdomssteget enn i vidaregåande opplæring.

På bakgrunn av analysar som viste at problemåtferd må sjåast i samanheng med læringsmiljøet på den einskilde skolen og korleis undervisninga fungerer, vart modellen Læringsmiljø og pedagogisk analyse (LP-modellen) utvikla. Lillegården kompetansesenter har hatt ansvar for utviklingsarbeidet, medan Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) har hatt ansvaret for evalueringa. I denne modellen arbeider lærarane med å utvikle si eiga leiing av grupper, gi undervisninga meir struktur, etablere gode relasjonar til elevane, leggje vekt på ros og oppmuntring og samarbeide betre med foreldra. Evalueringa av utprøvinga i 14 grunnskolar viser at lærarane på desse skolane meinte dei fekk meir struktur i form av ro, orden og punktleg framferd. Resultata til elevane i faga norsk, matematikk, engelsk og natur- og miljøfag viste ei jamt over positiv utvikling.

Analysen av interesse og engasjement i skolearbeidet gir ikkje noko eintydig svar på motivasjonen hos norske elevar. Forskarar finn at over halvparten av elevane er interesserte i å lære i dei fleste faga, og om lag ein firedel er interesserte i å lære i mange fag. Men svaralternativa som elevane fekk, kor mange fag dei er interesserte i å lære i, seier ingenting om styrken på motivasjonen i dei enkelte faga.

Sterk samanheng mellom motivasjonen hos elevane og interessa for å lære og deira prestasjonar på dette området er påvist i matematikk. I PISA-studien ser motivasjon for å lære matematikk ut å vere ein sterk forklaringsfaktor for prestasjonane til elevane i dette faget. Resultata frå same studie viser også at det kan vere kjønnsforskjellar i motivasjonen elevane viser i dei enkelte faga. No­rske gutar viser tydelig større interesse og m­otivasjon i matematikk enn jenter.

Resultat frå Elevinspektørane vitnar om at elevane i den norske skolen tykkjer dei har relativt liten innverknad på eller medråderett i det faglege arbeidet på skolen. Elevmedverknad inneber at skolen gir elevane opplæring i og høve til å setje mål for eige arbeid, lage planar og vurdere eigen innsats og prestasjonar. Analysen peiker særleg på at halvparten av elevane opplever at dei ikkje har medråderett i arbeidsplanar i noko fag. Om lag ein tredel av elevane opplever at det ikkje er mogleg å medverke i vurderinga av eige arbeid i noko fag.

Våren 2006 vart det oppretta ei arbeidsgruppe som fekk i mandat å greie ut og vurdere ulike sider ved skolemåltid. Arbeidsgruppa har vurdert ulike modellar for skolemåltid og kostnadar knytte til dette. Gruppa leverte rapporten sin i juni 2006, og tilrår der at det blir innført gratis mjølk og frukt eller grønsaker til alle elevane i grunnskolen. Arbeidsgruppa meiner også at dette tilbodet på le­ngre sikt bør bli utvida til eit komplett brødmåltid, først og fremst for ungdomssteget, men gjerne for heile grunnskolen.

Tilgang til PC i opplæringssituasjonen er ein viktig faktor ved det fysiske læringsmiljøet på skolen. Tal frå grunnskolestatistikken GSI og Utdanningsdirektoratet syner at talet på elevar per PC i grunnskolen har gått ned frå 6,5 til 5,4. Vel 85 pst. av PC-ane er kopla til Internett. Små kommunar med god økonomi har best PC-dekning, medan dei store kommunane, inkludert dei fire største byane, har den lågaste dekninga. I vidaregåande opplæring viser dei siste tala (2004) at det er 2,5 elevar per PC. 96 pst. av PC-ane er kopla til Internett.

Sjølv om fleire grunnskolar har fått breiband, har mange ein heller låg kapasitet samanlikna med andre skolar. Kapasiteten på breiband varierer frå mindre enn to til over 200 Mbps, uavhengig av kor store skolane er. 50 pst. av elevane i vidaregåande opplæring har tilgang til breiband med kapasitet på frå ti til over 100 Mbps.

Departementet vil peike på at utviklinga er positiv, men at det framleis er ønske om betre PC-dekning og breiband i grunnskolen. Skilnadene skolar og kommunar imellom er framleis for store.

I Elevinspektørane vurderer elevane på mellomsteget kor fornøgde dei er med undervisningsromma, lærebøker, materiell og utstyr, dei andre romma på skolen, skoleplassen og toaletta og dusjane. Elevane på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring vurderer luftkvaliteten på skolen, lærebøker, materiell og utstyr, undervisningsromma, skolebiblioteket, sanitære rom (toalett og dusj), skolebygget, reinhaldet og uteområda til skolen.

Det viser seg at vurderinga av dei fysiske forholda varierer sterkt. To tilhøve skil seg ut ved at over halvparten av elevane ikkje er fornøgde. Det gjeld dei sanitære forholda (uttrykt som toalett og dusj på mellomsteget) og luftkvaliteten (som det vart spurt om berre på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring). Elevane i vidaregåande opplæring er elles meir fornøgde med dei fysiske forholda enn elevane i grunnskolen. Vurderinga til elevane av dei fysiske forholda ved skolen har likevel lite å seie for den sosiale og faglege trivselen deira på skolen og for motivasjonen og arbeidsinnsatsen deira.

Menneskerettar, demokrati og kamp mot diskriminering og rasisme står sentralt i skolen og er verdiar barn og unge skal tileigne seg. Temaet inngår i mange fag, og skolane markerer mellom anna Holocaustdagen 27. januar kvart år. Da blir Benjaminprisen delt ut til ein skole som har jobba spesielt godt mot rasisme og diskriminering. Utdanningsdirektoratet administrerer arbeidet med Benjaminprisen på vegne av departementet og utviklar kvart år nye læringsressursar knytte til temaet som blir formidla til skolane.

Strategiar og tiltak

Strategiar for å utvikle læringsmiljøet til elevane må sjåast i tett samanheng med utviklinga av dei grunnleggjande dugleikane til elevane og med strategiar for utvikling av skolen som lærande organisasjon. Arbeidet for eit godt læringsmiljø er forankra i Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa (2005–2008) med årlege tiltaksplanar og Manifest mot mobbing. For å understreke kor viktig det er at arbeidet mot mobbing er langsiktig, og at engasjementet blir halde oppe, har Regjeringa, KS, Utdanningsforbundet og Foreldreutvalet for grunnskolen skrive under på eit nytt Manifest mot mobbing(2006–2008). Skolane vil framleis få tilbod om program mot mobbing og modellar for førebygging og meistring av problemåtferd.

Åtferdssenteret i Stavanger har gjennomført utprøving og evaluering av det skoleomfattande tiltaksprogrammet PALS (Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling i skolen). Målet med PALS er å styrkje den sosiale kompetansen til elevane og førebyggje og meistre deira problemåtferd. Programmet er evidensbasert praksis og har systemorientert tilnærming. Evalueringa viser at skolar som slit mykje med problemåtferd, har best utbytte av PALS. Elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn har òg stort utbytte av programmet, både i høve til sosial og fagleg kompetanse. Departementet vil leggje til rette for at fleire skolar skal ta del i dette utviklingsarbeidet som ledd i arbeidet for betre læringsmiljø.

20 land deltek i OECD-nettverket International Network on School Bullying and Violence, som Noreg leiar. Det er etablert ein eigen nettstad for kommunikasjon og spreiing av effektive tiltak og strategiar.

Departementet vidarefører samarbeidet med andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar. Dette arbeidet blir sett i samanheng med direktoratets samla strategi for eit godt læringsmiljø og omfattar mellom anna området psykisk helse, arbeid mot rus og kriminalitet og kampen mot rasisme. Det blir utarbeidd ei kartlegging av haldningane til og kunnskapen om rasisme, holocaust og menneskerettar hos dei norske elevane. På bakgrunn av denne kunnskapen vil ein vurdere kva vi treng av ny forsking.

Det vil bli lagt fram resultat frå kartlegginga av noverande tiltak på leksehjelp. Utprøving av ulike modellar for leksehjelp blir gjennomført i samarbeid med skolar, organisasjonar og høgskolar. Ulike modellar inneber at ein vinn erfaringar med ulike leksehjelparar, til dømes studentar. Evaluering av prosjektet vil liggje føre i 2008. Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) deltek i prosjektet, der det mellom anna skal bli prøvd ut tiltak for å gjere foreldra medvitne om rolla si som ressurs for læringa hos barna.

Regjeringa vil prioritere det fysiske skolemiljøet gjennom rentekompensasjonsordninga for investeringar i skoleanlegg. Gjennom ordninga blir det stilt til rådvelde ei investeringsramme for kommunar og fylkeskommunar på i alt 15 mrd. kroner over ein periode på åtte år. Berekning av rentekompensasjonen skjer med utgangspunkt i eit serielån med 20 års løpetid i Husbanken. Kommunane står fritt til å velje om finansieringa skal skje med eller utan opptak av lån, og dei vel fritt kva låneinstitusjon som skal nyttast. Ordninga vart forvalta av Husbanken, jf. også omtale under kap. 582 post 60 i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Kommunal- og regionaldepartementet. Ordninga, som vart innført i 2002, skal stimulere kommunar og fylkeskommunar til å byggje nye skoleanlegg og rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg. Kommunar og fylkeskommunar har vist stor interesse for ordninga etter at ho vart innført i 2002. I løpet av dei fem første åra med ordninga, til og med 2006, er det fasa inn i alt 13 mrd. kroner av den føresette investeringsramma på 15 mrd. kroner. Til og med første halvår 2006 hadde i alt 379 kommunar og 19 fylke søkt om midlar. Totalt har Husbanken registrert 1 340 prosjekt, om lag 120 fleire prosjekt enn på same tid i fjor. Breiband inngår i 436 prosjekt, og behova til funksjonshemma er tekne i vare i 660 prosjekt (registrerte frå 2003), i samsvar med forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar.

Regjeringa foreslår å utvide ordninga med rentekompensasjon for investeringar i skoleanlegg med ytterlegare 2 mrd. kroner i 2007. Det betyr at ein har fasa inn heile investeringsramma på 15 mrd. kroner to år før det som var planlagt.

Departementet har samarbeidd med FUG om ein informasjonsbrosjyre som er send til alle med barn i grunnopplæringa, og FUG vil sørgje for aktuell informasjon på nettstaden sin om reforma.

Departementet viser til fleirtalsmerknad frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006) om skolefritidsordninga. Skolefritidsordninga er eit kommunalt ansvar. Ordninga skal leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Målet er å utvide den tida elevane er på skolen, og leggje fysisk aktivitet og leksehjelp inn i den utvida tida, og skape ein heilskapeleg og fleksibel skoledag for dei yngste elevane. Skolefritidsordninga må sjåast i samanheng med dette.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

140 142

136 673

146 314

21

Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70

16 010

7 899

5 199

70

Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21

34 126

38 838

38 814

Sum kap. 220

190 278

183 410

190 327

Hovudoppgåvene for direktoratet er å:

  • fremme kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

  • fremme kvalitetsvurdering, analyse og dokumentasjon av grunnopplæringa

  • utføre forvaltningsoppgåver knytte til grunnopplæringa

Utdanningsdirektoratets råd for inkluderande opplæring har ein rådgivande funksjon overfor direktoratet i saker som gjeld grunnopplæringa. Rådet skal særleg ha fokus på barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov.

Direktoratet har ansvar for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped), jf. kap. 230. Vidare har direktoratet ansvar for etatsstyringa av statlege skolar som gir grunnopplæring, jf. kap. 222, og embetsstyringa av fylkesmannsembeta på utdanningsområdet, jf. St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Direktoratet har òg oppgåver i samband med det samiske utdanningsområdet, jf. kap. 206, 222 og 225. Vidare har direktoratet ansvar for forvaltning av tilskott til friskolar, jf. kap. 228, folkehøgskolar, jf. kap. 253, og tilskottsordningar under kap. 225, 227 og 229 i statsbudsjettet. Direktoratet har styringsansvar for Forskings- og kompetansenettverket for IT i utdanninga (ITU). Vidare har direktoratet sekretariatsfunksjonen for Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY), som er eit samarbeidsråd for partane i arbeidslivet og utdanningsmyndigheitene, og sekretariatsfunksjonen for dei ni yrkesfaglege råda. Desse råda har eit overordna ansvar for fag- og yrkesopplæringa.

Frå 1. januar 2007 overtek Arbeids- og inkluderingsdepartementet totalansvaret for opplæringa i norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar, inkludert ansvaret for språkprøva, jf. kap. 225 og kap. 256.

Frå 1. januar 2007 blir direktoratet sentral instans for godkjenning av yrkeskvalifikasjoner for lærarar frå utlandet. I samband med dette får direktoratet ansvaret for sekretariatet for ei klagenemnd.

Post 01 Driftsutgifter

Resultatrapport for 2005–06

Ved årsskiftet 2005–06 hadde Utdanningsdirektoratet 247 tilsette.

Ei av dei største oppgåvene i 2005 har vore arbeidet med Kunnskapsløftet, som mellom anna har omfatta:

  • utvikling og fastsetjing av nye læreplanar i grunnopplæringa

  • oppfølging av Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008

  • vidareutvikling av det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering, særleg nasjonale prøver og nettstaden Skoleporten.no

Direktoratet har arbeidd med oppgåver innanfor elev- og lærlingvurdering, kompetanseutvikling, lærings- og oppvekstmiljø, IKT-tiltak i opplæringa, kvalitetsvurdering, dokumentasjon og analyse og internasjonalt arbeid. For nærmare resultatrapport, sjå kap. 226.

Direktoratet har utført forvaltningsoppgåver som tilsyn og oppfølging av regelverk, gjennomføring av eksamen og prøver, og forvaltning av tilskottsordningar. Mykje av dette arbeidet skjer gjennom embetsstyringa av Fylkesmannen. For nærmare omtale av tilskottsordningane, sjå kapitla 225, 227, 228, 229 og 253. Direktoratet har òg handsama friskolesøknader og søknader om rettferdsvederlag. Når det gjeld Fylkesmannens tilsyn i 2005, tyder årsrapportane på at ressursbruk og resultatoppnåing for fleire embete ikkje var i samsvar med kravet om at tilsyn skulle utgjere hovudtyngda av oppgåveporteføljen på opplæringsområdet. Utdanningsdirektoratet har starta oppfølginga av dette. Vidare sette direktoratet i 2005 i gang arbeidet med eit felles nasjonalt tilsyn på opplæringsområdet, og Fylkesmannen gjennomførte dette tilsynet våren 2006. Temaet var § 13-10 i opplæringslova om at skoleeigar skal ha eit forsvarleg system for vurdering og oppfølging av om krav i lova blir oppfylte. For resultatrapport, sjå programkategori 07.20.

Direktoratet publiserer kvart år rapporten Utdanningsspeilet, som gir eit bilete av tilstanden i grunnopplæringa.

Resultatmål for 2007

Resultatmåla for kap. 220 er knytte til drifta av direktoratet. For nærmare omtale av oppgåver, sjå programkategori 07.20, kap. 226 og kap. 230.

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

Utdanningsdirektoratet skal initiere, utarbeide og følgje opp ulike utviklingstiltak, strategiar og planar, og medverke til at analysar og vurderingar blir formidla til sektoren på ein slik måte at dei kan føre til kvalitetsutvikling av grunnopplæringa. Det er viktig at ein ser mangfaldet av aktivitetane og heile utdanningssystemet i samanheng, slik at dei samla får størst mogleg effekt.

Kvalitetsvurdering, analyse og dokumentasjon av grunnopplæringa

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for nasjonal statistikk på området til grunnopplæringa, og skal belyse sektoren gjennom dokumentasjon, analyse, forsking, evaluering, internasjonale undersøkingar o.a. av høg kvalitet og relevans. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, og skal utvikle og gjennomføre nasjonale prøver og kartleggingsprøver, samt vidareutvikle eit nettbasert verktøy for utvikling av grunnopplæringa.

Forvaltningsoppgåver

Utdanningsdirektoratet har ansvar for utvikling og fastsetjing av dei gjenståande læreplanane i Kunnskapsløftet. Direktoratet har også ansvar for å forvalte det sentrale lov- og forskriftsverket, gjennomføre eksamen og prøver, tilskottsforvaltning, fag- og embetsstyring og etatsstyring. I 2007 skal direktoratet prioritere arbeidet med vidareutvikling og målretting av tilsynet med sektoren. Forvaltningsoppgåvene til direktoratet skal gjennomførast på profesjonelt vis med høg kvalitet i oppgåveløysinga.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 blir ført vidare på om lag same nivå som i 2006, justert for utvida oppgåver med opplæring innanfor kriminalomsorg og for ny oppgåve med godkjenning av yrkeskvalifikasjonar for lærarar frå utlandet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70, og Post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på post 21 og 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel til alle elevgrupper, også dei som er så små at det ikkje er grunnlag for kommersiell utvikling. Tilskottet kan bli gitt til produksjon av læremiddel for barn i barnehagar, elevar i grunnskole, vidaregåande opplæring, teknisk fagskole, vaksenopplæring på grunnskoleområdet og på vidaregåande nivå, opplæring for vaksne innvandrarar og for studentar i lærarutdanning. Tilskottsordninga blir forvalta av Utdanningsdirektoratet.

Rapport for 2005

Det er løyvd tilskott til produksjon av læremiddel for Vg1 og Vg2 (basis- og parallellutgivingar). Det er sett i gang eit pilotprosjekt knytt til utvikling av nettbaserte læremiddel i utdanningsprogrammet for design og handverk, med overføringsverdi til læremiddelutvikling innanfor fag- og yrkesopplæringa. Det er gitt støtte til multifunksjonelle læremiddel for grunnskolen, læremiddel for hørselshemma og læremiddel for synshemma. Det er også gitt tilskott til nynorske læremiddel etter læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Det er utvikla både trykte og digitale læremiddel innanfor alle områda.

Det nordiske ordboksprosjektet LEXIN-N er ført vidare. Fire illustrerte nettordbøker i MINI-utgåver er ferdigstilte: norsk–tigrinja, norsk–arabisk, norsk–tyrkisk og norsk–persisk. Det er laga handlingsplanar for utvikling og produksjon av læremiddel for små elevgrupper og smale fagområde, læremiddel for elevar med særskilde behov og læremiddel for språklege minoritetar.

Resultatmål for 2007

Direktoratet skal medverke til utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel og læringsressursar for små elevgrupper og smale fagområde, og til produksjon av særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.

Nordisk samarbeid om LEXIN-N skal førast vidare.

Budsjettforslag for 2007

Som følgje av at inntektskravet på kap. 3220 post 01 blir redusert med 3 mill. kroner, foreslår departementet at løyvinga på post 21 blir redusert med 3 mill. kroner i 2007.

Departementet foreslår at løyvinga på post 70 blir redusert med 1,5 mill. kroner i 2007, dette som ein konsekvens av at ansvaret for språkprøva for vaksne innvandrarar blir overført til Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå 1. januar 2007.

Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3220 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd på kap. 3220 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2. I tillegg kan løyvinga på post 21 nyttast under post 70 og motsett.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Inntekter frå oppdrag

6 647

7 743

5 037

02

Salsinntekter o.a.

12 599

9 674

12 042

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

969

18

Refusjon av sjukepengar

3 285

Sum kap. 3220

23 500

17 417

17 079

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 blir redusert med 3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 220 post 21.

Kap. 222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

134 944

125 849

110 869

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

5 133

4 097

4 187

Sum kap. 222

140 077

129 946

115 056

Kapitlet omfattar mellom anna:

  • drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal

  • undervisnings- og internattenester ved dei kommunale sameskolane i Snåsa og Målselv

  • drift av Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino

  • drift og vedlikehald av Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole, Vea

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege vidaregåande skolar

  • ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Longyearbyen skole blir frå 1. januar 2007 overført til Longyearbyen lokalstyre.

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Longyearbyen skole

Talet på elevar ved Longyearbyen skole varierer i løpet av skoleåret. Det kjem av at familiar flyttar til og frå Svalbard heile året. I 2005 var det i gjennomsnitt 195 elevar i grunnskolen. Det er om lag som året før. I vidaregåande avdeling var det 45 elevar i skoleåret 2005–06 (35 året før). I tillegg til studieretning for allmenne fag gav skolen tilbod i grunnkursa mekaniske fag og helse- og sosialfag. Skolen driv òg skolefritidsordning med om lag 45 barn og kulturskole med om lag 130 barn. I løpet av året deltok om lag 50 vaksne på kurs i norsk med samfunnsfag for framandspråklege. Skolen hadde 19 framandspråklege elevar. Ved slutten av året hadde skolen 52 tilsette i til saman 40 årsverk. Om lag to tredelar av dei tilsette var kvinner.

Longyearbyen skole spela ei aktiv rolle i lokalsamfunnet og hadde samarbeid med næringslivet, m.a. om grunnkurs i mekaniske fag. I oktober 2005 tok skolen i bruk nytt tilbygg, og ombygginga for ungdomstrinnet og den vidaregåande avdelinga var ferdig til skoleåret 2006–07.

Longyearbyen skole blir frå 1. januar 2007 overførd til Longyearbyen lokalstyre, som tek over styrings- og driftsansvaret for skolen og arbeidsgivaransvaret for dei tilsette. Frå same tid fell det statlege styret for skolen, som er oppnemnt av departementet, bort.

Grunnskolar for samiske elevar

Sameskolen i Midt-Noreg hadde i skoleåret 2005–06 tolv faste elevar mot åtte elevar året før. Skolen gav i skoleåret 2005–06 fjernundervisningstilbod i sørsamisk til 25 elevar ved 18 skolar i tolv kommunar. 28 elevar nytta seg av tilbod om integreringsopphald/språkleir ved skolen med internatopphald i åtte veker à 30 timar. Skolen har ambulerande lærar som besøkjer skolar med elevar som skal ha opplæring i sørsamisk og andre samiske emne. Det blir òg gitt rettleiing til foreldre, lærarar og skoleleiinga.

Sameskolen i Snåsa hadde i skoleåret 2005–06 13 elevar. Av dei var tre frå andre kommunar. Året før hadde skolen 15 elevar, og fem av dei var frå andre kommunar. 15 elevar fekk fjernundervisning i sørsamisk (20 elevar året før).

Sameskolen i Målselv hadde i skoleåret 2005–06 17 elevar. Fem av dei var frå andre kommunar. Året før hadde skolen 15 elevar, og da var 13 frå andre kommunar. Tre elevar ved Sameskolen i Snåsa fekk fjernundervisning i nordsamisk.

Med grunnlag i rapporten frå sørsameprosjektet, som vart avslutta i 2004, tilrådinga frå prosjektleiar, som var utdanningsdirektøren i Nordland, og evalueringsrapporten frå Nordlandsforsking arbeider Utdanningsdirektoratet med ei utgreiing om framtidig organisering og tilrettelegging av undervisningstilbod i sørsamisk. Før denne utgreiinga ligg føre og er behandla, må skole- og fjernundervisningstilboda i si noverande form halde fram.

Statens samiske vidaregåande skolar

I skoleåret 2005–06 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 110 elevar fordelte på seks studieretningar (114 elevar i fire studieretningar året før). Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde 90 elevar i fem studieretningar (120 elevar i fem studieretningar året før). I tillegg hadde begge skolane 45 delkurselevar. Begge skolane har lagt til rette ei vertsfamilieordning for elevar som må bo borte frå foreldreheimen mens dei går på skolen. Ordninga er primært for 16- og 17-åringar. Dette er eit positivt tiltak som fører til mindre fråvær og mindre fråfall av elevar. Skolane dekkjer ei godtgjering til vertsfamiliane, mens elevane sjølve betaler for hybel og kost.

Dei samiske vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino er eit tilbod for samiske elevar frå heile landet. For å sikre eit godt butilbod for tilreisande elevar må ordninga med vertsfamiliar halde fram. For elevar som vel å ta vidaregåande opplæring i heimefylket, må skolane utvikle tilbod til heimeskolen/heimefylket om fjernundervisning i samisk. Dei to skolane, som har felles styre, må samarbeide om innføring av Kunnskapsløftet med nye læreplanar, og om kompetanseutvikling for lærarane. Dei bør også nytte tilboda som Finnmark fylkeskommune legg til rette i fylket. Skolane skal framleis utvikle og tilby vaksenopplæringskurs og relevante kurs for næringslivet.

Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea

Skolen hadde i skoleåret 2005–06 42 elevar frå 13 fylke på heiltidstilbod for blomsterdekoratørar. 24 elevar frå sju fylke deltok på den modulbaserte gartnarutdanninga. I tillegg kjem deltakarar på ulike korte kurs. Fleire elevar har vidaregåande opplæring før dei tek utdanning på Vea. 17 vaksne fekk i samsvar med eige ønske undervisning etter førebels planar for fagskoleutdanning. Desse hadde vidaregåande opplæring frå før og stetta elles opptakskrava i planane. Skolen hadde også i 2005 internasjonal mobilitet for elevar og lærarar/instruktørar til og/eller frå ni ulike land. Skolen rapporterer at utvekslingsstudentane har hatt godt læringsutbytte, både gjennom pedagogiske og kulturelle program. Skolen ser det internasjonale arbeidet som eit viktig satsingsområde. I oktober 2005 vart skolen vald til hovudsenter for Flornet, som er eit internasjonalt samarbeidsprogram for blomsterdekoratørutdanning. 24 utdanningsinstitusjonar i 17 land er med i Flornet.

Skolen heldt fram med miljøsatsinga, og vart tildelt miljøsertifikat i desember 2005. Miljøleiing vart etablert, og skolen la vekt på haldnings­skapande arbeid blant elevar og tilsette. Skolen gjennomførte ulike tiltak for å redusere energibruken, og tiltaka gav økonomisk gevinst.

Det har vore gjennomført omfattande vedlikehald av bygningsmassen i 2005. Omstillings- og utviklingsarbeidet heldt fram, m.a. med kompetanseutvikling for dei tilsette, og i april 2006 godkjende NOKUT planane for fagskoleutdanningane Botanisk design og Grøn fagskole. Planen for Park- og hagedrift blir behandla av NOKUT hausten 2006.

Frå 1. august 2006 er skolen lagt om til fagskole, med tre ulike fagskoletilbod (1-årig Botanisk design, 2-årig Grønn fagskole og, dersom NOKUT godkjenner, Park og hagedrift, som er eit 3-årig nettstøtta deltidsstudium tilsvarar 1½ år heiltid). Elevar som er i gang med vidaregåande opplæring, får fullføre ho ved Vea. Skolen kan framleis gi vidaregåande tilbod for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 322 post 61.

Kompetanseutviklingsprogrammet for dei tilsette, som starta hausten 2005 med sikte på fagskoleutdanning, skal halde fram. Det same gjeld det faglege samarbeidet og det internasjonale arbeidet. Departementet vil arbeide vidare med å avklare framtidig forvaltningsansvar for skolen.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med om lag 22,7 mill. kroner. Beløpet blir rammeoverført til Svalbardbudsjettet kap. 480 post 50, fordi Longyearbyen lokalstyre tek over ansvaret for Longyearbyen skole frå 1. januar 2007.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 2,6 mill. kroner til mellom anna styrking av utdanninga ved dei statlege samiske vidaregåande skolane, jf. vedtak ved behandlinga av St.prp. nr. 66 (2005–2006), jf. Innst. S. nr. 205 (2005–2006). Løyvinga blir dekt ved å overføre midlar frå kap. 230 post 21. Vidare foreslår departementet å auke løyvinga på posten med om lag 0,4 mill. kroner til gratis læremiddel i vidaregåande opplæring, jf. orientering om ordninga i kategoriomtalen.

EFTA Surveillance Authority (ESA) har godkjent at Noreg kan ta opp att ei ordning med differensiert arbeidsgivaravgift. Avgifta tek utgangspunkt i staden der verksemda ligg, og ikkje, slik tilfellet var tidlegare, i bustadkommunen til arbeidstakaren. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med om lag 0,7 mill. kroner.

Løyvingsramma på kap. 222 post 01 og kap. 3222 post 02 blir parallelt nedjustert med 0,5 mill. kroner grunna overføringa av Longyearbyen skole til lokalstyret. Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 1,5 mill. kroner med tilsvarande auke av inntektskravet under kap. 3222 postane 02 (1 mill. kroner) og 61 (0,5 mill. kroner), jf. omtale under kap. 3222.

Løyvinga på kap. 222 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3222 post 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Løyvinga på post 45 kan overførast.

Kap. 3222 Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

02

Salsinntekter o.a.

7 785

4 447

5 116

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

532

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

495

18

Refusjon av sjukepengar

2 279

61

Refusjon frå fylkeskommunar

2 582

847

1 377

Sum kap. 3222

13 673

5 294

6 493

Post 02 gjeld inntekter frå m.a. kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine og hybelutleige, og betaling frå heimeskolane for fjernundervisning.

Departementet foreslår at løyvinga på kap. 3222 post 02 blir redusert med 0,5 mill. kroner i samband med at Longyearbyen skole frå 1. januar 2007 blir overført til Longyearbyen lokalstyre, jf. ordninga med nettobudsjettering.

Departementet foreslår at løyvinga på post 02 blir auka med 1 mill. kroner i samsvar med auka salsinntekter ved dei samiske skolane.

Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea.

Departementet foreslår at løyvinga på post 61 blir auka med 0,5 mill. kroner da fylkeskommunar dei siste to åra har kjøpt fleire elevplassar ved Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

115 261

120 686

119 596

60

Tilskott til landslinjer

140 520

144 841

150 055

63

Tilskott til samisk i grunnopplæringa , kan overførast

42 262

46 705

47 775

64

Tilskott til opplæring av barn og unge i statlege ­asylmottak

856 759

836 035

66 905

65

Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring

27 970

28 842

29 880

66

Tilskott til leirskoleopplæring

35 371

34 539

35 782

67

Tilskott til opplæring i finsk

8 764

10 479

9 507

68

Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

108 874

139 199

160 860

69

Kompensasjon for investeringskostnader ved ­grunnskolereforma

332 621

326 087

344 287

70

Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med ­særskilde behov

5 364

7 696

7 988

71

Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane

7 820

8 070

8 377

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

42 584

49 059

4 260

73

Tilskott til studieopphald i utlandet

7 840

8 091

8 398

74

Tilskott til organisasjonar

7 488

8 956

9 296

75

Stiftelsen Arkivet

1 900

2 961

Sum kap. 225

1 741 398

1 772 246

1 002 966

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga gjeld i hovudsak arbeid knytt til utarbeiding og gjennomføring av avgangsprøva i grunnskolen og sentralt gitte prøver i vidaregåande opplæring.

Resultatrapport for 2005–06

Løyvinga dekte arbeid knytt til utarbeiding og gjennomføring av alle sentralt gitte avgangsprøver i grunnskolen og eksamensoppgåver i vidaregåande opplæring. Arbeidet omfatta i tillegg mellom anna utarbeiding av vurderingsrettleiingar, skolering av fagnemnder, gjennomføring av førehandssensur og sentral sensur av totalt om lag 300 000 elevsvar, klagehandsaming og skolering av sensorar.

Våren 2006 var om lag 60 000 elevar oppe til avgangsprøva i grunnskolen. I vidaregåande opplæring var det om lag 170 000 avlagde eksamenar våren 2006. Utdanningsdirektoratet har ansvar for å organisere og administrere totalt om lag 330 fagnemnder med til saman over 800 medlemmer. Det var utarbeidd totalt 535 oppgåvesett våren 2006, og om lag 2 800 sensorar var involverte i vurderingsarbeidet.

I tillegg til gjennomføring av avgangsprøver og eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvar for å setje i gang fagleg utviklingsarbeid på vurderingsfeltet, og har mellom anna arbeidd med å utvikle og gjennomføre forsøk med nye dokumentasjons- og vurderingsformer, m.a. forsøk med digital eksamen.

Resultatmål for 2007

Følgjande oppgåver skal utførast:

  • utarbeiding av sentrale prøver og sentralt prøvemateriell med vurderingsrettleiingar etter tidlegare læreplan og etter læreplan i Kunnskapsløftet, samt skolering av fagnemndene

  • gjennomføring av sentral sensur, klagebehandling og skolering av sensorar

  • gjennomføring av informasjonstiltak overfor Fylkesmannen, kommunar og fylkeskommunar

  • vidareutvikling av det samanhengande prøve- og vurderingssystemet

  • gjennomføring av arbeid med utvikling av og forsøk med nye dokumentasjons- og vurderingsformer og alternative vurderingsuttrykk

  • vidareføring i 2007 av forsøket Den digitale skole.Prosjektet skal integrerast i arbeidet med å utvikle nytt Prøveadministrasjonssystem (PAS) og Prøvegjennomføringssystem (PGS)

  • gjennomføring av analysar av læringsresultat på systemnivå, inkludert utarbeiding av statistikkar

Ei viktig oppgåve for direktoratet i 2007 er å utvikle og betre kvaliteten på alle elementa i det samanhengande prøve- og vurderingssystemet. Dette systemet inneheld ulike former for prøver og materiell som har ulike formål.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 5,4 mill. kroner fordi totalansvaret for opplæring i norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar blir overført til Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå 1. januar 2007.

Departementet foreslår å føre vidare prøveavgifta for privatistar som melder seg opp til eksamen, og kandidatar som melder seg opp til fag- og/eller sveineprøve etter opplæringslova § 3-5, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.

Post 60 Tilskott til landslinjer

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å gi elevar frå heile landet eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opp­læring.

Regjeringa ønskjer å sikre landslinjene stabil og langsiktig statleg finansiering.

I skoleåret 2005–06 var kapasiteten 1 400 heilårselevplassar, og våren 2006 var det 1 192 elevar ved landslinjene. Av desse kom 590 elevar frå vertsfylkeskommunen og 602 elevar frå andre fylkeskommunar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 82 pst.

Departementet tar sikte på at Nord-Trøndelag fylkeskommune skal få tilskott til eit landslinjetilbod innan utdanningsprogram for naturbruk ved Grong vidaregåande skole. Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 63 Tilskott til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det to tilskottsordningar, ei for grunnskolen og ei for den vidaregåande opplæringa.

Grunnskolen

Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i grunnskolar i samsvar med rettane slik dei går fram av § 6-2 i opplæringslova. Tilskottet går òg til å styrkje kompetansen til lærarane i samisk språk og kultur.

I skoleåret 2005–06 fekk om lag 3 050 elevar i grunnskolen opplæring i samisk, dette er ein auke på om lag 1 pst. frå skoleåret 2004–05. Talet på studieheimlar har vore på om lag same nivå dei siste åra.

Vidaregåande opplæring

Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i samisk for samar i vidaregåande opplæring i samsvar med rettane slik dei går fram av § 6-3 i opplæringslova.

Våren 2006 fekk totalt 310 elevar/lærlingar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring, det same som våren 2005. Av desse fekk 305 elevar/lærlingar opplæring i fylkeskommunale skolar og fem elevar/lærlingar opplæring i frittståande sk­olar.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 64 Tilskott til opplæring av barn og unge i statlege asylmottak

I 2006 var det to tilskottsordningar under denne posten.

Særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring

Målet med tilskottsordninga har vore å medverke med finansiering av særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring i grunnskolen.

I skoleåret 2005–06 fekk om lag 37 600 elevar særskild norskopplæring, dette er ein auke på om lag 5 pst. i høve til skoleåret 2004–05. I skoleåret 2005–06 fekk om lag 20 700 elevar morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring, ein auke på om lag 5 pst. i høve til skoleåret 2004–05.

Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til eleven har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje ordinær opplæring. Forskrift til opplæringslova §1-1 femte ledd seier at elevar i grunnskolen som har rett til særskild opplæring i norsk, skal få opplæring etter tilpassing til læreplanen i norsk eller opplæring etter læreplanen i norsk som andrespråk. Retten til særskild norskopplæring er ikkje knytt til ein særskild læreplan. Eit øyremerkt tilskott kan leggje utilsikta føringar på organiseringa av denne opplæringa. Det er viktig å gi kommunar og skolar større moglegheiter til sjølve å finne fram til gode pedagogiske og organisatoriske modellar for språkopplæring og inkludering.

Som varsla i St.prp. nr. 61 (2005–2006), foreslår Regjeringa at det øyremerka tilskottet til minoritetsspråklege elevar i grunnskolen blir innlemma i rammetilskottet i 2007. Tilskottet til minoritetsspråklege elevar i 2006 gjeld for kommunane sin aktivitet i skoleåret 2005–06. Når løyvinga blir innlemma i rammetilskottet i 2007, vil aktiviteten som kommunane utførar i budsjettåret 2007, bli dekt av dette. Midlane blir fordelte etter rekneskapstall for 2004. Som følgje av dette vil kommunane ikkje få utbetalt tilskott for første halvdel av skoleåret 2006–07 (hausten 2006). Bortfall av tilskott for fø­rste halvdel av skoleåret 2006–07 inneber at kommunane sjølve må finansiere aktiviteten i denne perioden. Dette er berekna til knapt 350 mill. kr­oner. Bortfall av tilskott vil isolert sett innebere at kommunane sitt netto driftsresultat i 2006 blir redusert tilsvarande. Departementet vil i denne samanheng også peike på at ein reknar med at kommunane sine skatteinntekter i 2006 blir om lag 2,5 mrd. kroner høgre enn dei vart anslått til i Revidert nasjonalbudsjett 2006. Kommunane sin finansielle situasjon blir dermed betre enn berekna i 2006.

Departementet foreslår derfor at tilskottet til særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring for barn med anna morsmål enn norsk og samisk blir innlemma i rammetilskottet til kommunane med 842 mill. kroner. Midlane blir fordelte etter rekneskapstall for 2004. I samband med innføring av nytt inntektssystem fra 2009, vil det bli vurdert kva for kriterium som bør leggjast til grunn for fordeling av tilskottet i inntektssystemet.

Tilskott til grunnskoleopplæring av barn og unge i statlege asylmottak

Målet for tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at barn og unge i statlege asylmottak får grunnskoleopplæring så snart som mogleg etter at dei har komme til landet.

Talet på barn og unge i statlege asylmottak varierer mykje. Løyvinga på posten er vanskeleg å rekne ut på førehand, fordi ho avheng av internasjonale tilhøve som varierer frå år til år.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt ekstra språkopplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring.

Våren 2006 vart det utbetalt tilskott for 6 535 minoritetsspråklege elevar og lærlingar. Dette er om lag det same som våren 2005.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring

Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eitt leirskoleopphald i løpet av skoletida.

Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) per 1. oktober 2005 viste at om lag 62 600 elevar planla å reise på leirskole i skoleåret 2005–06. Dette utgjer om lag 10 pst. av alle elevar i grunnskolen, noko som skulle tyde på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskolen.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 67 Tilskott til opplæring i finsk

Under denne posten er det to tilskottsordningar, ei for grunnskolen og ei for den vidaregåande opplæringa.

Grunnskolen

Målet med ordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i finsk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Tilskottet skal også medverke til å styrkje kompetansen til lærarane i finsk.

I skoleåret 2005–06 fekk om lag 1 000 elevar i grunnskolen opplæring i finsk, dette er på om lag same nivå som i skoleåret 2004–05. Det er gitt mi­dlar til to heile studieheimlar for å studere finsk i 2006.

Departementet foreslår ein svak reduksjon av løyvinga som ei følgje av at anslag viser ein reduksjon av talet på elevar.

Vidaregåande opplæring

Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring i finsk i vidaregåande opplæring for elevar og lærlingar med finsk bakgrunn.

I vidaregåande opplæring fekk 26 elevar opplæring i finsk våren 2006. Våren 2005 fekk 27 elevar opplæring i finsk.

Departementet foreslår ein svak reduksjon av løyvinga som ei følgje av at anslag viser ein reduksjon av talet på elevar.

Post 68 Tilskott til opplæring i kriminalomsorga

Målet med tilskottsordninga er å medverke til finansiering slik at det blir gitt opplæring på grunnskolenivå til innsette eller lauslatne som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til innsette eller lauslatne som har rett til og ønskjer det. Fordi mange har kort soningstid, eller sit i varetekt, er ofte formalkompetansegivande kurs i høve til læreplanar ikkje eit reelt tilbod. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit opplæringstilbod, er det også ei målsetjing at det blir gitt kurs som ikkje er formelt kompetansegivande.

Frå 1996 til 2005 har talet på opplæringsplassar auka frå 810 til 964. Det blir gitt opplæring i 34 av 47 anstaltar i Noreg, og det er etablert oppfølgingsklassar ti stader i landet. Om lag 4 000 personar (3 558 i fengsel og 430 i oppfølgingsklassar) tok del i ei eller anna form for opplæring i løpet av 2005. Hovudtyngda av elevane (68 pst.) var i alderen 23–40 år. Fleire enn før tok ei eller anna form for eksamen (644 i 2005 mot 543 i 2004). Det var også auke i talet på elevar som tok ikkje-kompetansegivande kurs, frå 1 190 i 2004 til 1 344 i 2005. Det var ei dobling av lærekontraktar, og det var også auke i talet på personar som tok fagprøve.

Utdanningsdirektoratet skal i 2007 følgje opp kvalitetsutvikling av opplæringa innanfor kriminalomsorga, m.a. med betre tilpassa opplæring i tråd med Kunnskapsløftet, og gjennom det medverke til kvalifisering som gjer den einskilde betre i stand til å få arbeid og meistre eit liv utan kriminalitet etter avslutta soning, jf. St.meld. nr. 27 (2004–2005) Om opplæringen innenfor kriminalomsorgen.

Departementet ønskjer at fleire innsette skal få tilbod om opplæring, og vil nytte 10 mill. kroner til dette. Tiltaket må sjåast i lys av Handlingsplanen mot fattigdom. I tillegg foreslår departementet å auke løyvinga med om lag 7 mill. kroner som følgje av utvida soningskapasitet.

Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma

Tilskottet skal kompensere for meirutgifter kommunane hadde til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringane. Den samla investerings­ramma er fastsett til 5 182,9 mill. kr­oner.

Investerings­kompensasjonen er basert på den effektive renta på 9 månaders statskassevekslar per 3. juli kvart år tillagd ein margin på 0,5 prosent­poeng.

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten for å kompensere for høgre rentesats.

Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov

Tilskottsordninga skal stimulere lærebedrifter til å ta inn lærlingar med behov for særskilt tilrettelagd opplæring. Hendsikta er å medverke til å styrkje dei moglegheitene ungdom med særskild behov for tilrettelagd opplæring har til å ta fagutdanning, eller delar av ei fagutdanning, som lærling i ei bedrift og dermed auke sjansane deira til å få arbeid i det ordinære arbeidslivet.

I 2005 vart det gitt tilskott til 198 lærlingar fordelte på 17 fylke.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 71 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt.

I 2005 vart det gitt tilskott til to nye nettverksbaserte program for kulturskolar, Kreativt oppvekstmiljø (KOM!) og Kulturskolefokus. Midlane har òg gått til andre prosjekt, mellom anna lokale og regionale utviklingstiltak, informasjonsarbeid, leiing og kvalitetsutvikling, etterutdanning og utviklingsarbeid, samt norsk musikkskoleorkester.

Ei evaluering av tilskottsordninga blir ferdig hausten 2006.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram

Om ordninga

Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i alle EU-programma på området utdanning og opplæring. Midlane på denne posten har til og med 2006 dekt deltaking i utdanningsprogrammet Leonardo da Vinci, Noregs bidrag til Europass, Cedefop og Det europeiske ungdomsparlamentet og lønn til nasjonale ekspertar. I tillegg dekkjer midlane tilskott til drift og stipend knytte til den bilaterale utvekslingsavtalen mellom Noreg og Tyskland, Gjør det!.

Hovudformålet for samarbeidsaktivitetane er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.

Tilskottsposten dekkjer i 2007 midlar til Cedefops ReferNet, Cedefop studiebesøksprogrammet og Det europeiske ungdomsparlamentet.

Rapport for 2005–06

Den norske deltakinga i Leonardo da Vinci-programmet stimulerer til internasjonal aktivitet me­llom eit breitt spekter av yrkesopplæringsmiljø, og til betre kunnskap i framandspråk. I 2006 fekk fem prosjekt med norsk koordinator tilsegn om 14,5 mill. kroner i støtte under Leonardo da Vinci-programmet. Noreg tek òg del i prosjekta til andre land. I 2005 fekk 69 mobilitetsprosjekt tilsegn om i overkant av 11 mill. kroner, og i søknadsrunden i 2006 fekk 88 prosjekt tilsegn om over 13 mill. kr­oner frå Leonardo da Vinci-programmet. I skoleåret 2005–06 er det meldt om 740 personar (per medio mai) som har reist ut gjennom mobilitetsprosjekta.

Det nye Europasset vart lansert november 2005. Det er delt ut 439 nye Europass Mobilitetsdokument per 1. mai 2006.

Teknologisk Institutt har ansvaret for den nasjonale rapporteringa til Cedefop ReferNet ut 2006. Fylkesmannen i Østfold koordinerer den no­rske deltakinga i studiebesøksprogrammet til Cedefop.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår å overføre kontingenten for dei programma Noreg deltek i i dag, og som vil gå inn i det nye handlingsprogrammet, til det nye budsjettkapitlet 252 EUs handlingsprogram for livslang læring, post 70.

Departementet foreslår vidare at midlane til drift av Leonardo da Vinci og Europass, lønnsmidlane for nasjonale ekspertar og midlane til drift og stipendutbetalingar knytte til den bilaterale utvekslingsavtalen mellom Noreg og Tyskland, Gjør det!, blir overført til Senter for Internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) på kap. 281 post 51.

Cedefop-samarbeidet inkludert ReferNet og studiebesøksprogrammet samt midlar til Det europeiske ungdomsparlamentet blir ført vidare i 2007.

På denne bakgrunnen blir løyvinga på posten redusert med 42,2 mill. kroner. Midlane blir overførte til kap. 252 post 70 og kap. 281 post 51.

Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet

Målet med tilskottsordninga er å leggje til rette for at norsk ungdom kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskap om kultur og språk i andre land, og auka forståing for deira eigen og andres identitet. I tillegg skal ordninga gi norske fransklærarar høve til fagleg og kulturell oppdatering. Ordninga omfattar:

  • Franske lycé: Det er høve til å ta treårig vidaregåande utdanning (lycé) og fransk baccalauréat i Rouen, Bayeux og Lyon. I tillegg er det mogleg å ta eittårig utdanning tilsvarande allmenne fag grunnkurs, toårig utdanning innanfor kokk-/servitørfag og toårig utdanning innanfor akvakultur.

  • Tyske stipend: Kvart år tilbyr tyske myndigheiter ein del stipend til å delta på kurs i Tyskland.

  • United World Colleges (UWC): Norske ungdommar kan få plass ved ein av ti skolar der utdanninga tilsvarer dei to siste åra på vidaregåande skole. Elevane får Internasjonal Baccalaureat (IB) etter ferdig skolegang. Ein ny skolestad er kommen til i løpet av 2006 ved at det frå hausten 2006 også blir tilbydd plass ved UWC i Costa Rica.

  • Trollstipend: Stipenda skal brukast til studieopphald i Frankrike og skal gå til norske fransklærarar, elevar i grunnskolen og elevar i den vidaregåande skolen.

Hausten 2005 gjekk det 39 jenter og 20 gutar ved dei 66 plassane fordelte på tre årskull ved dei treårige franske lycéa. Det kom inn 63 søknader for hausten 2005, og 14 jenter og sju gutar fekk plass.

I 2005 vart det gitt tyske stipend til 19 elevar fordelte på 15 jenter og fire gutar.

Hausten 2005 gjekk 50 jenter og 22 gutar ved dei 72 plassane ved UWC fordelte på to årskull. Det kom inn 108 søknader for hausten 2005, og 26 jenter og ti gutar fekk plass.

I 2005 vart individuelle Trollstipend gitt til 37 lærarar, og 435 elevar frå grunnskolen og vidaregåande skolar reiste saman med 47 lærarar på studietur med støtte frå Trollmidlar.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 74 Tilskott til organisasjonar

Målet med tilskottsordninga er å fremme tiltak i regi av offentlege og frivillige organisasjonar som på ulike måtar medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø i opplæringa.

I 2006 vart det gitt tilskott til Norsk Kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for nærmiljøskolen (LUFS), Noregs Mållag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Kristent pedagogisk forbund, Dissimilis kultur- og kompetansesenter, Norsk handverksutvikling, Elevorganisasjonen, Landslaget for norskundervisning, Fossum-kollektivet og Skolen ved Tyrili-stiftelsen.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 75 Stiftelsen Arkivet

Målet med tilskottsordninga er å medverke med finansiering, slik at Stiftelsen Arkivet tek i vare rolla si som informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkerett og menneskerettar, og som eit senter for fredsskapande arbeid.

Totalt har meir enn 11 000 personar delteke på ulike aktivitetar i 2005. 6 441 personar har fått omvisning på Arkivet, omtrent 5 000 av desse var skoleelevar. I 2005 har det vore ein betydeleg aktivitet på huset. Institusjonar som Røde Kors, FN-Sambandet, Amnesty International, Redd Barna, Fredskorpset m.m. har saman med Stiftelsen Arkivet vore ansvarlege for meir enn 400 undervisningstimar. Det er utarbeidd fleire rapportar om tema fred, forsoning, demokrati og menneskeverd, eit uttal av artiklar om dei same tema er skrivne for fagblad og aviser, og Arkivet har starta å byggje sin nye bibliotekavdeling med fredslitteratur. Stiftelsen Arkivet har også utvikla og underskrive ein samarbeidsavtale med Robben Island Museum i Sør-Afrika.

Departementet foreslår at løyvinga blir overført til kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssenter.

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

31 267

26 400

24 120

Sum kap. 3225

31 267

26 400

24 120

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225 post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvt på kap. 3225 post 04.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70

742 898

946 209

983 609

70

IKT-tiltak , kan nyttast under post 21

3 210

3 332

Sum kap. 226

742 898

949 419

986 941

Kapitlet omfattar i stor grad løyvingar som er direkte knytte til gjennomføringa av Kunnskapsløftet og til utvikling av kvalitet og kompetanse. Det omfattar læreplanar, kompetanseutvikling for lærarar, skoleleiarar, instruktørar og ansvarlege for opplæring i lærebedrifter, vidareutvikling av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet og evalueringar. Vidare omfattar kapitlet løyvingar til tiltak for kvalitetsutvikling i tråd med intensjonane i reforma, som til dømes dei nasjonale strategiplanane og arbeidet for eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Skolen skal spele ei viktig rolle i arbeidet med sosial utjamning, og kapitlet gir også rom for tiltak i samsvar med dette. Innanfor løyvinga vil Kunnskapsdepartementet særleg prioritere å auke ressursane til tidleg innsats og tiltak for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring. Regjeringa foreslår at løyvinga blir auka med 11 mill. kroner for å styrkje tiltak for integrering og inkludering.

Utvikling av læreplanar til Kunnskapsløftet

Resultatrapport for 2005–06

Arbeidet med nye læreplanar til Kunnskapsløftet starta hausten 2004, heldt fram i 2005 og har vore ei hovudprioritering i 2006. Arbeidet er bygd på dei prinsippa som går fram av stortingshandsaminga av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. Arbeidet med dei nasjonale planane er gjennomført i ein open og inkluderande prosess.

Læreplanverket for Kunnskapsløftet er teke i bruk frå skolestart hausten 2006 for 1.–9. trinn i grunnskolen og Vg1. Det nye læreplanverket er samansett av generell del, prinsipp for opplæringa, der Læringsplakaten er inkludert, læreplanar for fag og fag- og timefordeling. Prinsipp for opplæringa er fastsett og tydeleggjer mellom anna det ansvaret som skolane og lærebedriftene har for at elevar, lærlingar og vaksne får ei opplæring som fremmer utvikling av sosial kompetanse, læringsstrategiar og motivasjon. Prinsippa inkluderer Læringsplakaten og gjeld for alle fag og på alle nivå i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Fag- og timefordeling for grunnopplæringa med tilbodsstruktur er fastsett og gjeld frå skoleåret 2006–07. Ny nasjonal læreplan i KRL vart innført frå august 2005.

Læreplanverk for Kunnskapsløftet – Samisk med parallelle og likeverdige læreplanar for grunnskolen og gjennomgåande fag er fastsett i samråd med Sametinget. Det har vore konsultasjonsmøte i tråd med konsultasjonsavtalen mellom Regjeringa og Sametinget.

Ei kartlegging frå Møreforsking om erfaringar ved skolar som starta opp med nye læreplanar hausten 2005, viser at erfaringane med tidleg oppstart i hovudsak er gode.

Frå skoleåret 2006–07 skal elevar på 8. årstrinn anten ha eit nytt framandspråk i tillegg til engelsk eller fordjuping i engelsk eller norsk. Denne endringa gjeld for 9. årstrinn frå skoleåret 2007–08 og for 10. årstrinn frå skoleåret 2008–09. Læreplan for fordjuping i samisk blir utarbeidd og teken i bruk frå 2008.

Resultatmål for 2007

Arbeidet med nye læreplanar til Kunnskapsløftet er framleis ei viktig oppgåve i 2007. Læreplanane for Vg2 skal fastsetjast i 2006–07 og innførast frå skoleåret 2007–08. Læreplanane for Vg3 skal utviklast og fastsetjast i perioden 2006–08.

Utvikling av nye nasjonale læreplanar for yrkesfaglege utdanningsprogram i Vg3 startar opp i 2006, med planlagd fastsetjing 2007–08. Innføringa skjer frå skoleåret 2008–09 saman med læreplanar for studieførebuande utdanningsprogram i Vg3.

Samiske parallelle og likeverdige læreplanar for vidaregåande opplæring skal fastsetjast. Det same gjeld læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar og læreplan i morsmål for språklege minoritetar.

Dokumentasjon og analyse som grunnlag for kvalitetsutvikling

Resultatrapport for 2005–06

Prioriteringane i strategien Kunnskap for utvikling – Strategi for forsking, dokumentasjon og analyse 2005–2008 er følgde opp i 2006 med omsyn til forskingsbaserte evalueringar av Kunnskapsløftet, Kompetanse for utvikling, det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet og dei nasjonale strategiane som Gi rom for lesing! og Realfag, naturligvis. Som del av evalueringa av Kunnskapsløftet er det lagt fram statusrapportar som beskriv tilstanden på viktige område ved innføringa av Kunnskapsløftet.

Utdanningsdirektoratet fekk sommaren 2006 i oppdrag å komme med framlegg til utvikling av eit nettbasert verktøy som samlar relevant informasjon om situasjonen ved den einskilde skolen og på skoleeigarnivå, saman med rettleiingsmateriell.

Utdanningsspeilet er ein årleg publikasjon frå Utdanningsdirektoratet som omtalar område som ressursar, læringsutbytte, læringsmiljø og kvalitetsutvikling.

Det er oppretta eit program for statistikk og indikatorutvikling med vekt på utvikling av område der vi i dag har eit svakt statistikkgrunnlag. Programmet legg særleg vekt på kunnskap om elevar med særskilde behov, lærarar og fagopplæring. Arbeidet med å betre datagrunnlaget held fram, mellom anna når det gjeld statistikk for vidaregåande opplæring og statistikk over lærarar og private skolar.

Noreg tek del i fleire internasjonale undersøkingar som PISA, TIMSS og IEAInternational Civic and Citizenship Education Study (ICCES) 2007–09, som skal kartleggje den demokratiske forståinga hos elevane, mellom anna etter innføringa av dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet. Noreg deltek òg i ei OECD-undersøking om lærarar.

Utdanningsdirektoratet er representert i ei arbeidsgruppe under OECD (SENDDD). Det overordna målet for arbeidet er å vise fleire moglege framgangsmåtar for å betre det læringsmessige og sosiale utbyttet for elevar med funksjonsnedsetting, lærevanskar og for dei som er ugunstig stilte på andre måtar (Disability, learning difficulties and disadvantage (DDD)).

Eit nytt rammeverk for dei nasjonale prøvene er fastsett. Rammeverket viser kva som er formålet med prøvene, og set krav til utforming og gjennomføring av prøvene, samt til rapportering av resultat frå prøvene.

Elevinspektørane, den nettbaserte undersøkinga om læringsmiljø for elevar, endra våren 2006 namn til Elevundersøkinga. Undersøkinga blir gjennomført kvar vår, og er obligatorisk for 7. og 10. klassetrinn i grunnskolen og grunnkurs i vidaregåande opplæring. Det er òg utvikla frivillige undersøkingar for foreldre og lærarar og for lærlingar og instruktørar i fagopplæringa.

Som ledd i å styrkje kunnskapsgrunnlaget om IKT og læring er arbeidet med å utvikle ein treårig spreiingsstrategi for digital kompetanse sett i gang. I tilknyting til prosjektet Lærande nettverk er det i 2006 avsett midlar til ekstern vurdering. Det er òg sett i verk innsamling av dokumentasjon av pågåande arbeid og erfaringar frå prosjektet gjennom universitets- og høgskolesektoren.

Kompetansenettverk for IT i utdanninga (ITU) har i 2005 gjennomført spørjinga ITU-monitor på ulike nivå i utdanninga. Ho viser små endringar frå 2003-spørjinga. ITU Monitor er ei undersøking som skal teikne eit bilete av den digitale kompetansen til elevar og lærarar. ITU har òg ansvaret for det tverrfaglege forskingsprogrammet Digitale læringsarenaer, og i 2006 vart det nye tidsskriftet Digital Kompetanse etablert.

I 2006 vart støtte til IKT-modulen i utdanningsforskingsprogrammet Kunnskap, utdanning og læring (KUL) i Noregs forskingsråd ført vidare på same nivå som før.

Resultatmål for 2007

Styrkinga av kunnskapsgrunnlaget om grunnopplæringa vil halde fram. Arbeidet vil følgje prioriteringane i strategien Kunnskap for utvikling – Strategi for forsking, dokumentasjon og analyse 2005–2008, mellom anna med omsyn til dei forskingsbaserte evalueringane av Kunnskapsløftet, Kompetanse for utvikling, det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet og dei nasjonale strategiplanane. Det er òg eit mål å systematisere kunnskapen og formidle han på ein god måte til dei ulike nivåa i utdanningssystemet.

Det skal hausten 2007 gjennomførast nasjonale prøver på 5. og 8. trinn. Prøvene skal kartleggje om elevane har tileigna seg måla i læreplanane for dei grunnleggjande dugleikane i rekning og i lesing på norsk og engelsk etter 4. og 7. årstrinn. Dei nasjonale prøvene blir utvikla på grunnlag av det fastsette felles faglege rammeverket for dei nasjonale prøvene. Prøvene skal gi informasjon til elevar, lærarar, føresette, skoleeigarar, dei regionale myndigheitene og det nasjonale nivået som grunnlag for forbetrings- og utviklingsarbeid. Ved offentleggjeringa av resultata frå framtidige nasjonale prøver skal det ikkje leggjast til rette for rangering av skolar.

Det skal bli gjennomført obligatoriske kartleggingsprøver i lesing for 2. klassetrinn og kartleggingsprøver i rekning/talforståing frå skoleåret 2006–07.

Elevundersøkinga og dei andre brukarundersøkingane vil bli reviderte i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. Departementet vil arbeide vidare med utvikling av nettbasert verktøy for kvalitetsvurdering.

Som ledd i å skape oversikt over kvalitet, innsatsfaktorar og resultat i grunnopplæringa og formidle dette på ein god måte vil Utdanningsdirektoratet vidareutvikle og publisere den årlege rapporten Utdanningsspeilet. Rapporten skal gi eit bilete av tilstanden i grunnopplæringa på grunnlag av statistikk og forsking.

Noreg deltek i dei internasjonale undersøkingane PISA 2006, TIMSS 2007 og ICCES 2009, som vil kartleggje den demokratiske beredskapen hos elevane, mellom anna etter innføringa av dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet. Resultata frå PISA 2006 vil bli offentleggjorde i desember 2007, medan resultata frå TIMSS 2007 vil bli offentleggjorde i hausten 2008. Noreg skal òg delta i TIMSS Advanced 2008, som er retta mot matematikk- og fysikkelevar på Vg3. Noregs deltaking i OECD-undersøkingane held fram.

Arbeidet i OECD i prosjektet SENDDD om likeverd i utdanninga legg vekt på innsamling av samanliknbar statistikk for dei ulike landa som deltek. Noreg vil sende inn data til OECD og halde fram med utviklinga av eit godt statistikkgrunnlag for elevar med særskilde behov.

Noreg deltek i Second Information Technology in Education Studies (SITES) 2006 i regi av International Association for the Evaluation of Educational Achivement (IEA), som kartlegg bruk av IKT i utdanninga i skolar over heile verda. Undersøkinga er ein kvantitativ studie som ser på bruk av IKT i undervisnings- og læringspraksis.

Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid

Resultatrapport for 2005–06

Kompetanse for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008 har vore styrande for prioriteringane innanfor kompetanseutvikling i 2006 i samband med Kunnskapsløftet. 375 mill. kroner er i 2006 tilført kommunar, fylkeskommunar og eigarar av frittståande skolar for å styrkje arbeidet med kompetanseutvikling for målgruppa for strategien, som omfattar lærarar, skoleleiarar, instruktørar og ansvarlege for opplæring i bedrift. Fafo, Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning, evaluerar strategien og lager årleg aktivitetsrapport. Delrapportane syner mellom anna at strategien har skapt stor aktivitet, og at hovudprioriteringane blir følgde. Evalueringa syner at skoleeigar ikkje involverer den lokale skolen og den einskilde læraren i tilstrekkelig grad.

Kunnskapsdepartementet har ført vidare programmet Praksisretta FoU i grunnopplæring og lærarutdanning, som blir administrert av Noregs forskingsråd. Det er tildelt midlar til prosjekt som skal betre samanhengen mellom profesjonsutdanning og profesjonsutøving og styrkje kvaliteten både i skolen og lærarutdanninga.

Prosjektet Lærande nettverk har som formål å spreie røynsler om pedagogisk bruk av IKT blant lærarar og skoleleiarar og stø opp om målsetjingane i Program for digital kompetanse og innføringa av Kunnskapsløftet. Det vart starta opp nye nettverk i 2005 og 2006. I løpet av 2006 har 28 lærarinstitusjonar og ca. 500 skolar vore involverte i Lærande nettverk. Evaluering av prosjektet starta opp i 2006.

Forsøksprosjektet Den digitale skole ble våren 2006 utvida slik at i alt om lag 5 000 elevar ved 23 grunnskolar og 38 vidaregåande skolar gjennomførte digitale eksamenar. Vidare vart det sett i gang eit prosjekt for å etablere ei felles plattform for prøveadministrasjon (PAS) og prøvegjennomføring (PGS) for alle typar sentralgitte eksamenar og prøver.

Gi rom for lesing! – Strategi for stimulering av leselyst og lesedugleik 2003–2007 er ført vidare. Den reviderte utgåva av strategien er knytt tett til måla i Kunnskapsløftet. Strategien blir evaluert av SINTEF, og delrapport 2 viser at planen har medverka til betre lesedugleik, auka leselyst og meir lesing hos elevane. Det nasjonale senteret ved Høgskolen i Volda arbeider med å utvikle nynorskdelen av faget.

Et felles løft for realfagene – Strategi for styrking av realfaga 2006–09 vart lagt fram i juni 2006. Strategien legg vekt på samarbeid med næringslivet og utviklingsarbeid i realfaga og tek omsyn til evalueringa av den førre strategien Realfag, naturligvis. Kunnskapsløftet med nye læreplanar og kompetanseutvikling for lærarar i matematikk og naturfag er eit sentralt element i strategien. Dei nasjonale sentra for matematikk i opplæringa og for naturfag i opplæringa har sentrale oppgåver i gjennomføringa. For å auke interessa for realfag er det gitt støtte til regionale vitensenter.

Likeverdig utdanning i praksis – Strategi for betre læring og større deltaking av språklege minoritetar i barnehage, skole og utdanning 2004–2009 er revidert. Utdanningsdirektoratet har hatt ansvar for revideringa, og arbeidet er utført i samarbeid med ulike departement, Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved Høgskolen i Oslo, Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet og Foreldreutvalet for grunnskolen ( FUG). Den reviderte utgåva av Likeverdig opplæring i praksis! var ferdig hausten 2006. Det er utarbeidd ein statusrapport for tiltaka.

Se mulighetene og gjør noe med dem – Strategi for entreprenørskap i utdanninga 2004–2008 er utvikla i samarbeid Utdanningsdirektoratet, med Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Strategien er no under revidering og blir lagt fram samstundes med at Noreg hausten 2006 står som vertskap for Den europeiske konferansen om entreprenørskap i utdanninga. Evalueringsrapporten Entreprenørskapskompetanse i grunnskolen viser at mål om samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv i stor grad er nådde.

Språk åpner dører – Strategi for styrking av framandspråk i grunnopplæringa 2005–2009 har blitt følgt opp av Nasjonalt senter for framandspråk ved Høgskolen i Østfold i juni 2005. Senteret har utvikla nettstad for framandspråk og informasjonsbrosjyrar om val av framandspråk i reforma. Det er mellom anna starta forsøk med tidleg start med framandspråk i grunnskolen.

Program for skoleutvikling 2005–2008 starta hausten 2005. Programmet gir støtte til heilskaplege utviklingsprosjekt der skolane samarbeider med skoleeigar og eksterne kompetansemiljø om å løyse problem som er avdekte i skolens arbeid med elevane. Utdanningsdirektoratet administrerer programmet, rettleier søkjarane og ser til at gode verktøy og framgangsmåtar frå prosjekta blir formidla til andre skolar. Både skolar med stor utviklingserfaring, skolar med mindre utviklingserfaring og skolar som har store utfordringar, er med i programmet. Om lag 25 skoleeigarar med til saman 80 skolar har fått godkjent utviklingsprosjekt i 2006.

Utdanningsdirektoratet sende ut framlegg til nasjonal strategi for kvalitet i fag- og yrkesopplæringa til høring våren 2006. Hovudmålet i strategien Kompetanse 2010 er å sikre godt læringsutbytte for alle lærlingar og elevar og utvikle relevant kompetanse for arbeidslivet.

Eit vedvarande høgt tal elevar gjennomfører ikkje vidaregåande opplæring. Ei arbeidsgruppe leverte hausten 2006 ein rapport om gjennomføring i vidaregåande opplæring. Prosjekta Satsing mot fråfall i vidaregåande opplæring og Betre oppfølging av språklege minoritetar som treng særskilt tilrettelagd opplæring er ført vidare. Det er gitt støtte til etablering av utviklings- og effektiviseringsnettverk for vidaregåande opplæring.

Arbeidet med karriererettleiing for ulike grupper er vidareført gjennom oppfølging av pilotprosjektet Regionale partnarskap for karriererettleiing og oppfølging av Nettverk for karriererettleiing for høgre utdanning. Arbeidet med utvikling av vi­lbli.no er vidareført.

Ordninga med demonstrasjonsskolar er ført vidare. I 2006 vart det for første gong utpeikt to demonstrasjonskulturskolar. Vidare vart det utpeikt seks demonstrasjonsskolar og fire demonstrasjonsbedrifter. Skoleeigarprisen har vore delt ut i samarbeid med KS sidan 2003. Programmet Veiledning av nyutdannede lærere har vore vidareført og utvida. Alle fylke har det siste året hatt deltakarar i programmet som er evaluert av SINTEF. Evalueringa syner at lærarane som har delteke i programmet, er svært godt nøgde, og satsinga får positiv omtale. Programmet ser ut til å føre til læring både for studentane og skolane, blant anna gjennom utviklinga av lokale eller regionale mentorar.

Samisk fjernundervisning vart ført vidare. Det blir utarbeidd ein rapport om det vidare arbeidet innan utgangen av 2006. Arbeidet med å leggje til rette for kvensk språk som fag i skolen er starta opp. Kunnskapsdepartementet har over fleire år gitt tilskott til prosjektet Romani/taterfolket – fra barn til voksen.

Tiltak retta mot dei vaksne har halde fram, mellom anna ved stønad til Seniornett. I 2005–06 har utbygginga av lokale Seniornettklubbar (LOSEK) vore prioritert, og 18 klubbar er etablerte. Vidare er 30 klubbar under etablering. Seniorsurfdagen og Seniornett-avisa er òg tiltak.

Digital kompetanse er nødvendig for at vaksne skal vere fullverdige deltakarar i arbeidslivet og samfunnet elles. Utvikling av kriterium for digital kompetanse for vaksne er eit av tiltaka i eNorge 2009, som Kunnskapsdepartementet har ansvar for å følgje opp. Ei arbeidsgruppe leidd av Vox har utarbeidd forslag til rettleiande kriterium for digital kompetanse for vaksne.

I fase 2 av utgreiinga Digital tilstand i UH-sektoren har ein sett nærmare på kva det er ved dei organisatoriske strukturane ved tre ulike studiestader som fremmer og/eller hindrar fruktbar nytte av digital teknologi i utdanninga. Bruk av fagleg tilsette som støttepersonar samt støttepersonell med både teknisk og pedagogisk kompetanse er nemnde som tilhøve som fremmer pedagogisk bruk av IKT. Manglande bruk av incentiv og manglande kunnskap om moglege positive verknader av IKT-bruk i undervisninga bland dei tilsette er nemnde som faktorar som verkar hemmande.

Utdanningsportalen Utdanning.no er ført vidare. I 2005–06 har portalen fokusert på arbeidet med å betre utdanningsinformasjon for å gjere val av utdanning lettare for den einskilde brukaren, blant anna gjennom eit prosjekt for å skildre ulike typar yrke. CDM-prosjektet, som er eit prosjekt for utvikling og implementering av standardar for utdanningsinformasjon, skal medverke til å gjere utdanningsinformasjon betre. Utdanning.no har òg gjort eit omfattande arbeid for å samle og gjere lettare tilgjengeleg digitale læremiddel for å hjelpe den enkelte til læring.

Utdanning.no fungerer som sekretariat for Samordningsgruppa for nettstader i utdanningssektoren (SANU), som vart oppretta i 2005. I regi av SANU har det blitt sett i gang eit større samarbeidsprosjekt mellom ulike nettstader om å utveksle og gjere tilgjengelig digitale læringsressursar. I tillegg har det innanfor SANU vorte oppretta eit redaktørnettverk som skal arbeide for større samordning av alle typar digitalt innhald for utdanningssektoren.

Departementet har vedteke å leggje til rette for ei identitetsforvaltning for grunnopplæringa som byggjer på FEIDE-prosjektet. UNINETT ABC har fått ein sentral plass i arbeidet med å implementere FEIDE i grunnopplæringa. Arbeidet er i gang, og ein har i første omgang fokusert på vidaregåande opplæring. Allereie hausten 2006 har dei to første fylkeskommunane starta å bruke FEIDE. Det er oppretta ei samrådsgruppe der mellom anna sentrale aktørar som Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Utdanningsdirektoratet, KS og Utdanningsforbundet deltek.

Gjennom UNINETT ABC har departementet følgt opp innsatsen for å auke kompetansen til skoleeigarane innanfor drift og innkjøp av IKT-infrastruktur. Verksemda har samordna arbeidet med FEIDE i grunnopplæringa.

Gjennom eStandard-prosjektet har departementet spreidd informasjon om standardar for læringsteknologi og digitale læremiddel for å sikre at innhald, verktøy og teknologi kommuniserer med kvarandre for å fremme gjenbruk. Noreg har også delteke i internasjonale nettverk gjennom standardiseringsorganisasjonane ISO og CEN og gjennom medlemskap i industrikonsortiet IMS. eStandard-prosjektet har saman med IKT-Noreg etablert eit samarbeid med leverandørane av læringsteknologi om å jobbe meir målretta for å få teke i bruk standardar. eStandard-prosjektet vart avslutta i 2006 og erstatta av Nasjonalt sekretariat for standardisering av læringsteknologi, NSSL. NSSL er knytt til Forskings- og kompetansenettverket for IT i utdanninga (ITU).

Resultatmål for 2007

Kompetanse for utvikling – Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008 blir vidareført etter hovudlinjene i 2007. 375 mill. kroner blir tilført kommunar, fylkeskommunar og eigarar av frittståande skolar for å styrkje arbeidet med etter- og vidareutdanning for målgruppa for strategien, som omfattar lærarar, skoleleiarar, instruktørar og ansvarlege for opplæring i bedrift. Ein føresetnad for målretta kompetanseutvikling er at ho er forankra i utfordringane og behova i den einskilde skolen og læreverksemda. Strategien peiker difor på at det er skoleeigars ansvar og oppgåve å sørgje for at den einskilde skolen og læreverksemda vurderer kva for kompetanseutviklingstiltak dei bør prioritere for å kunne gjennomføre reforma i den einskilde verksemda. Departementet vil streke under tydinga av at denne føresetnaden er oppfylt ved tildeling av midlar, og Fylkesmannen vil bli bedt om å følgje opp dette ved tildelinga. Departementet vil satse vidare på vidareutdanning i fag med særlege behov. Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid innanfor samisk grunnopplæring er knytt til innføring av Kunnskapsløftet. Sametinget og dei samiske forvaltningskommunane fører dette arbeidet vidare i samarbeid med Samisk høgskole.

Program for skoleutvikling blir ført vidare og utvikla i samsvar med Regjeringas hovudprioriteringar innanfor utdanning. Programmet skal gjere fleire skolar i stand til å skape eit betre læringsmiljø og større fagleg og sosial framgang for elevane.

Departementet vil føre vidare programmet Praksisretta FoU i grunnopplæring og lærarutdanning. Erfaringar frå programmet skal bli brukte til å styrkje samhandlinga mellom lærarutdanninga og skolen.

Regjeringa vil leggje meir vekt på grunnutdanninga som verkemiddel for sosial utjamning. Departementet vil derfor støtte utviklingsarbeid som gjer skolen betre i stand til å setje inn tiltak dei første åra i skoletida med fokus på skolar med særskilde behov. Regjeringa vil setje i gang tiltak for å fremme tidleg språkutvikling, mellom anna i Groruddalen. Utviklingsarbeidet retter seg mot barn som har behov for oppfølging basert på språkleg kartlegging på helsestasjonen. Formålet er å fremme god dugleik i norsk og sosial kompetanse ved kartlegging av språkutvikling, språkstimulering og spesielt tilrettelagd opplæring på eit tidleg tidspunkt.

Kunnskapsdepartementet vil setje i gang utviklingsprosjekt ved skolar som har meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar, mellom anna i Groruddalen. Formålet med ordninga er å stimulere skolar med mange minoritetsspråklege elevar til å arbeide på ein god måte med dei særlege utfordringane som desse skolane har, og å betre elevanes utbytte av opplæringa og resultat.

Dei nasjonale strategiane vil bli førte vidare med kompetanseutviklingstiltaka sine knytte til Kunnskapsløftet. Strategiane blir reviderte ved behov på grunnlag av årlege statusrapportar. For å auke interessa for realfag blir støtta til regionale vitensenter utvida, mellom anna ved at det blir gitt støtte til regionalt vitensenter i Grenland. Det skal utviklast ein læreplan for eit nytt programfag om entreprenørskap innanfor utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for samfunnsfag og økonomi. Utkast til strategi for likestilling vil bli følgt opp. Strategien tek sikte på å jamne ut forskjellar i skoleprestasjonar, utbytte av utdanninga og å påverke forskjellar i val av utdanning.

Det blir utarbeidd ein strategiplan for nynorsk i skolen i 2007 som vil danne grunnlag for arbeidet ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Strategiplanen skal vere eit verkemiddel til å styrkje opplæringa for nynorskelevar og vidareutvikle fagdidaktikken og grunngivingane for nynorsk som sidemål.

For å styrkje opplæringa i kunst og kultur, jf. Innst. S. nr. 131 (2002–2003) og St.meld. nr 39 (2002–2003), blir det etablert eit nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Samstundes vil det føreliggje ein strategiplan for kunst og kultur i opplæringa for perioden 2007–10. Det nasjonale senteret og den nasjonale strategiplanen har som mål å styrkje kunst og kultur i grunnopplæringa.

I samband med Den kulturelle skolesekken har talet på konsertar frå Rikskonsertane auka. Kyrkje- og kulturdepartementet tek over det administrative ansvaret for turnéplanlegginga frå og med 1. januar 2007.

I tråd med evalueringa av programmet Veiledning av nyutdannede lærere vil departementet utvikle dette arbeidet vidare og leggje til rette for ordinære ordningar med tilbod om rettleiing for nyutdanna lærarar det første året dei er i arbeid.

Departementet vil arbeide vidare i samarbeid med skoleeigarane og partane i arbeidslivet for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring, mellom anna ved å utvikle rådgivingstenesta, utvikle av programfag til val på ungdomstrinnet og vidareføre samarbeidet med KS på området. Tiltaka Satsing mot fråfall i vidaregåande opplæring og Betre oppfølging av språklege minoritetar som treng særskilt tilrettelagd opplæring vil bli ført vidare slik at dei inngår i ei samla satsing for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Arbeidet med yrkes- og studierettleiing for ulike grupper blir ført vidare. Kunnskapsdepartementet vil føre vidare ordninga med demonstrasjonsskolar, -kulturskolar, -bedrifter og skoleeigarpris. Ordninga blir òg vidareutvikla.

Departementet vil føre vidare arbeidet med berekraftig utvikling. Ramma for samarbeidet vil vere FNs utdanningstiår for berekraftig utvikling 2005-15 og det nasjonale dokumentet for berekraftig utvikling i grunnopplæringa. Det tverrdepartementale og internasjonale samarbeidet vil bli ført vidare. Utdanningsdirektoratet vil følgje opp nettverk for miljølære gjennom vurdering og vidareutvikling med omsyn til globale utviklingsperspektiv, verdas miljødag i 2007 og den engelske versjonen av nettverk for miljølære.

Prosjektet Grenseløst i Nord blir ført vidare i 2007 i tråd med revidert strategi. Dette omfattar å styrkje statusen til grensespråka, samordne opplæringstiltak, utvikle nettverk, stimulere til ny samhandling og leggje auka vekt på det eksisterande samarbeidet i grenseområda i nord.

Arbeidet med samisk fjernundervisning blir vidareutvikle på grunnlag av tilrådingar frå ei arbeidsgruppe som har vurdert ordninga.

UNINETT ABC blir vidareført i 2007. Ved sida av arbeidet med å implementere FEIDE vil komplementære oppgåver framover vere å vidareutvikle og følgje opp innsatsen for å auke kompetansen til skoleeigarane innanfor drift og innkjøp av IKT-infrastruktur.

Departementet har vedteke å leggje til rette for ei elektronisk identitetsforvaltning for grunnopplæringa der arbeidet i første fasen hovudsakleg vil rettast inn mot vidaregåande opplæring. I dette arbeidet vil UNINETT ABC vere ein sentral aktør.

Erfaringane frå forsøksprosjektet Den digitale skole blir ført vidare ved utvikling av dei nye systema for prøveadministrasjon (PAS) og prøvegjennomføring (PGS) som blir planlagde for bruk første gong ved nasjonale prøver hausten 2007 og ved eksamenar i 2008. Vidare vil ein leggje til rette for forsøksverksemd også våren 2007, parallelt med utvikling og pilotering av nye løysingar.

Departementet vil halde fram med arbeidet med opne standardar, fri programvare og tenesteorientert arkitektur i samarbeid med mellom anna Fornyings- og administrasjonsdepartementet. I 2007 skal ein arbeide for å få til ei betre samordning av arbeidet med læringsteknologi i sektoren.

Departementet og Utdanningsdirektoratet syter gjennom prosjektet Lærande Nettverk for at røynslene frå tidlegare IKT-prosjekt kjem mange til gode. Satsinga Lærande Nettverk skal medverke til å skape nyttige læringsarenaer og nettverk for IKT og læring i skolen med deltaking frå skolar, skoleeigarar, lærarutdanningar og andre FoU-miljø.

Tiltak mot dei vaksne vil halde fram, mellom anna med arbeid for vidare etablering av lokale seniornettklubbar. Utdanningsportalen Utdanning.no vil i 2007 vidareføre arbeidet med å leggje til rette for samling og tilgjengeleggjering av digitale læringsressursar utvikla i sektoren, og vidareføre arbeidet med å samle utdanningsinformasjon slik at den enkelte får eit nøytralt og komplett informasjonstilbod.

Samordningsgruppa for nettstader i utdanningssektoren (SANU) vil halde fram med arbeidet med samordning av digitalt innhald med fokus på digitale læringsressursar og standardar for utdanningsinformasjon gjennom læringsressursprosjektet og CDM-prosjektet.

Departementet vil styrkje arbeidet med standardisering av læringsteknologi gjennom Nasjonalt sekretariat for standardisering av læringsteknologi (NSSL).

Lærings- og oppvekstmiljø

Resultatrapport for 2005–06

Regjeringa har sett i gang, ført vidare og støtta ei rekkje tiltak for å betre læringsmiljøet i grunnopplæringa. Arbeidet har vore forankra i Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa (2005–2008) og Manifest mot mobbing. Mellom anna har Utdanningsdirektoratet støtta implementering av skoleomfattande program for eit godt læringsmiljø og program mot mobbing.

Prosjekt Leksehjelp har starta opp og blir gjennomført i perioden 2006–08. Kartlegging av tiltak som er i gang, blir gjord i 2006.

Fire forskargrupper har utarbeidd Forebyggende innsatser i skolen, ein kunnskapsstatus om skoleprogram for rusførebygging, åtferdsproblematikk, sosial kompetanse, klasseleiing og implementeringsstrategiar. Vidare er det under arbeid ein kunnskapsstatus om kjønnsrelatert mobbing.

Noreg har fått ansvar for å koordinere OECD-nettverket International Network on School Bullying and Violence. Det er etablert ein eigen nettstad for kommunikasjon og spreiing av erfaringar. 20 land deltek i nettverket. Prosjektet Skolebesteforeldre er avslutta. Ti skolar deltok i prosjektet.

Departementet samarbeider med fleire andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar. Arbeidet mot rasisme og diskriminering og for menneskerettar og toleranse er vidareført, og Benjaminprisen er delt ut.

Departementet har ført vidare samarbeidet med Helsedepartementet om prosjektet Fysisk aktivitet og måltid i skolen. Om lag 350 skolar har arbeidd med prosjekt i 2005–06. Prosjektet blir evaluert. Det blir lagt til rette for spreiing av gode erfaringar frå prosjektet. Ei arbeidsgruppe har levert rapporten Skolemåltidet i grunnskolen.

Departementet samarbeider mellom anna med Justisdepartementet om prosjektet Narkotikaprogram med domstolskontroll og handlingsplanen Sammen mot barne- og ungdomskriminalitet.

For å rettleie skoleeigarane har Utdanningsdirektoratet oppretta ei nettbasert teneste for å gi skolar råd når det gjeld opprusting av skoleanlegga. Den nettbaserte rettleiingstenesta for skoleanlegg og arbeidsmiljø er i 2006 supplert med eit verktøy som skoleeigar/skoleleiar kan nytte for å vurdere kvaliteten på det arbeidet skolen gjer knytt til helse, trivsel og læring hos elevane, medrekna skolens arbeid med miljøutvalet.

Det er gitt støtte til Elevorganisasjonen til fleire tiltak, mellom anna skolepolitisk kampanje og skolering av tillitsvalde. Utdanningsdirektoratet samarbeider vidare med Elevorganisasjonen om Operasjon Dagsverk og Internasjonal Uke.

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) arbeider på ulike vis med å styrkje rolla til foreldra i skolen, bl.a. ved utsendingar av informasjonsmateriell til foreldreråda sine arbeidsutval og til kommunale foreldreutval. Prosjektet Minoritetsspråklige foreldre – en ressurs for barnas læring er vidareført og utvida til fire nye kommunar. Saman med andre arbeider FUG for eit godt læringsmiljø på skolen gjennom Manifest mot mobbing.

Resultatmål for 2007

Arbeidet med lærings- og oppvekstmiljø vil bli ført vidare for å medverke til verkeleggjering av Prinsipp for opplæringa i Kunnskapsløftet.Strategi for læringsmiljø i grunnopplæringa 2005–2008 legg grunnlag for arbeidet, og det er utarbeidd ein tiltaksplan for 2006–07. Ein legg vekt på at tiltaka er kunnskapsbaserte, og rapporten Forebyggende innsatser i skolen blir send alle skoleeigar, skolar og fagmiljø. I samarbeid med partane blir Manifest mot mobbingført vidare for perioden 2006–08. Skolane vil framleis få tilbod om program mot mobbing. Det er sett i gang ein nasjonal implementering av dei skoleomfattande programma, LP og PALS, jf. programkategori 07.20. Programma har som mål å leggje til rette for eit godt læringsmiljø og førebygging og meistring av problemåtferd. Gjennom deltaking i det internasjonale OECD-nettverket mot vald og mobbing i skolen vil ein mellom anna spreie erfaringar om effektive tiltak og strategiar. På bakgrunn av ein kunnskapsstatus om kjønnsrelatert mobbing vil ein vurdere eventuelle nye tiltak.

Leksehjelp er eit viktig verktøy i arbeidet som skolen gjer for sosial utjamning, og skal femne alle grupper av elevar. Prosjekt leksehjelp vil bli ført vidare med utprøving av ulike modellar for leksehjelp i samarbeid med skolar og ulike frivillige og faglege organisasjonar. Tiltak for leksehjelp frå studentar i realfag blir vidareført. Prosjektet blir evaluert og resultata vil liggje føre i 2008. Det blir lagt til rette for spreiing av gode erfaringar frå prosjektet. Utdanningsportalen Utdanning.no har i samarbeid med Skolenettet.no lansert nye nettsider for digitale læremiddel som vil syte for leksehjelp på nett og betre læring.

Departementet vidarefører samarbeidet med fleire andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar. Tiltaka blir sette i samanheng med Utdanningsdirektoratets strategi for læringsmiljø, til dømes på områda psykisk helse, rus og kriminalitet. I 2007 skal Utdanningsdirektoratet samle og systematisere rettleiingsmateriale om handsaming av kriser. Det rus- og tobakksførebyggjande arbeidet blir følgt opp i samarbeid med Helse- og sosialdirektoratet. Det haldningsskapande arbeidet mot diskriminering og rasisme og for menneskerettar og toleranse blir vidareført i samarbeid med ulike organisasjonar. Tildeling av Benjaminprisen held fram. Det blir utarbeidd ei kartlegging av forsking om norske skoleelevars haldningar og kunnskap knytte til rasisme, holocaust og menneskerettar. På bakgrunn av denne skal behovet for ny forsking vurderast. Utdanningsdirektoratet formidlar erfaringar frå verdiprosjekta Verdier i skolehverdagen og Skal–skal ikke til alle skolar. Dronning Sonjas skolepris for likeverdig og inkluderande opplæring vart delt ut for første gong i 2006 og blir vidareført i 2007. Departementet vil vidareføre samarbeidet med Elevorganisasjonen og fortsette arbeidet for å hjelpe til med god medverknad frå elevane i opplæringa.

Læreplanane inneber at fysisk aktivitet blir styrkt ved den enkelte skolen, og auke kvaliteten i kroppsøvingsfaget. Det er eit mål for 2007 at alle elevane i grunnutdanninga skal ha fysisk aktivitet kvar dag. Prosjektet Fysisk aktivitet og måltid i skolen blir evaluert. For skoleåret 2006–07 blir det satsa på dei skolane som utmerkjar seg som modellskolar, samt på spreiing av dei gode modellane til inspirasjon for alle skolar som ledd i Regjeringa si satsing på dagleg fysisk aktivitet.

Som ein del av tiltaka med å sikre det fysiske arbeidsmiljøet til elevane, blir den nettbaserte rettleiingstenesta for skoleanlegg vidareført og vidareutvikla.

FUG har samarbeidd med departementet om ein informasjonsbrosjyre som er send til alle foreldre med barn i grunnopplæringa. FUG sørgjer for aktuell informasjon om reforma på sine nettsider og ved jamlege utsendingar til arbeidsutvala til foreldreråda. FUG deltek i Prosjekt Leksehjelp for å gjere foreldra merksame på korleis dei kan vere ein ressurs i barnas læring, og for å medverke til utjamning av sosiale forskjellar. FUG medverkar til å følgje opp Manifest mot mobbing.

Internasjonalt samarbeid

Resultatrapport for 2005–06

Noreg deltek i internasjonalt samarbeid om utdanning på ulike nivå, mellom anna i nordisk samanheng, EU, Europarådet, OECD, UNESCO, IEA og i ulike bilaterale prosjekt. I samband med at Noreg hadde formannskapet i Nordisk råd, vart nordisk samarbeid vektlagt.

Innanfor fag- og yrkesopplæringa har det internasjonale samarbeidet innanfor EU frå dei seinare åra vore vidareført. Noreg har også i 2006 delteke i internasjonale komparative undersøkingar.

Departementet har fått utarbeidd eit nasjonalt dokument for utdanning for berekraftig utvikling i grunnopplæringa. Dokumentet er utarbeidd i tråd med tilrådingane frå UNECE (United Nations Economic Commission for Europe). Saman med Barne- og likestillingsdepartementet og Miljøverndepartementet følgjer departementet opp arbeidet med å implementere FNs utdanningstiår for berekraftig utvikling 2005–15.

Det første ordinære driftsåret for prosjektet Grenseløst i Nord var 2006. Prosjektet har som målsetjing å lette samarbeidet over riksgrensa mellom Finland og Noreg.

Noreg har delteke i EUs eLearning Programme 2004–06, som skal støtte effektiv bruk av IKT for å auke kvaliteten i utdanninga og fremme tilpassing til livslang læring. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er norsk operatør for programmet. Norske skolar og utdanningsinstitusjonar har høve til å delta i ulike utdanningsprogram innanfor EU. Deltaking i samarbeidsprosjekt skal medverke til bruk av IKT for å fremme betre kvalitet på utdanninga.

Noreg tek del i arbeidet med Northern eDimension Action Plan (NeDAP), eit program i samarbeid mellom EU, Nordisk Ministerråd og Austersjørådet retta særleg mot Nordvest-Russland og dei baltiske landa. Dette programmet har som mål å fremme samarbeidet på IKT-feltet i området. I 2006 har Noreg leidd arbeidet med NeDAP. Noreg har òg leidd den delen av programmet som omhandlar utbygging og styrking av Internett-forsking i dette området. Departementet vil følgje opp arbeidet med å utvide Nordunet 3, det nordiske forskingssamarbeidet knytt til det nordiske forskingsnettet Nordunet, til også å inkludere dei ikkje-nordiske Austersjø-landa.

Utdanningsdirektoratet deltek i samarbeidet omkring Det europeiske skolenettet, ein samskiping av utdanningsstyresmakter i 26 europeiske land. Dette har gitt høve til innsikt og erfaringsutveksling om IKT i utdanninga på europeisk plan, og har gjort synleg norsk satsing på dette området. Så vel eTwinning som Det europeiske skolenettet har gitt norske skolar høve til samarbeid med skolar i andre land.

Resultatmål for 2007

Internasjonalt samarbeid om utdanning vil bli ført vidare i nordisk samanheng, EU, Europarådet, OECD, UNESCO, IEA og i ulike bilaterale prosjekt.

Ansvaret for gjeldande europeiske handlingsplanar innanfor språk og språkopplæring og implementering av den nasjonale framandspråkstrategien Språk åpner dører, ligg hos Utdanningsdirektoratet.

Internasjonalt samarbeid på IKT-området vil bli vidareført. Utdanningsprogrammet Lifelong Learning Programme 2007–2013 har ei tverrgåande aksjonslinje for IKT i utdanninga. Departementet vil, i samarbeid med Senter for Internasjonalisering av utdanning (SIU), som er programoperatør, søkje å styrkje norsk deltaking i internasjonalt samarbeid på IKT–området. Utdanningsdirektoratet vil halde fram som nasjonalt kontaktpunkt for eTwinning-prosjektet, som blir vidareført i det nye programmet. Utdanningsdirektoratet vil arbeide for at enda fleire skolar deltek i eTwinning-prosjektet.

Northern eDimension Action Plan (NeDAP) vil etter planen bli vidareført i retning av færre og meir fokuserte område for betre å styrkje samarbeidet på IKT-feltet blant Austersjø-landa. For den delen av NeDAP som Noreg leier, er det inngått avtalar som gjer at det nordiske forskingssamarbeidet, Nordunet 3, knytt til det nordiske forskingsnettet Nordunet, framover kan inkludere også dei baltiske landa. Eit viktig mål i 2007 er å inkludere også Nordvest-Russland i Nordunet 3.

Andre oppgåver

Arbeidet med Kunnskapsløftet krev ekstra ressursar i departementet, og løyvinga over kap. 226 finansierer nokre få stillingar i departementet i samband med dette arbeidet.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår at løyvinga på kap. 226 post 21 blir ført vidare på same høge nivå som i 2006. Om lag 670 mill. kroner skal nyttast til kompetanseutvikling og utviklingsarbeid, av dette vil 375 mill. bli fordelte direkte til skoleeigar. Det blir òg foreslått ei tilsegnsfullmakt på 120 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 227 Tilskott til særskilde skolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

60

Tilskott til Moskvaskolen

1 108

1 142

1 183

61

Tilskott til Nordland kunst- og filmskole

2 288

2 359

2 444

62

Tilskott til Fjellheimen leirskole

4 214

4 345

4 501

70

Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo

6 165

6 343

6 584

71

Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole

17 992

18 568

19 274

72

Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

22 693

23 419

24 309

73

Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia

3 218

Sum kap. 227

54 460

56 176

61 513

Post 60 Tilskott til Moskvaskolen

Målet med tilskottsordninga er å gi norske elevar med kompetanse i russisk høve til å ta vidaregåande kurs II på Moskvaskolen. Kriteriet for måloppnåing er at skolen skal halde oppe eit tilbod for inntil 15 norske elevar med kompetanse i russisk til å ta vidaregåande kurs II.

I skoleåret 2005–06 gjekk det tre norske elevar ved den norsk-russiske skolen i Moskva.

I St.prp. nr. 1 (2001–2002) forUtdannings- og forskingsdepartementet vart det varsla at denne ordninga skulle evaluerast før skoleåret 2007–08. Departementet har bedt Akershus fylkeskommune om å evaluere og gi ein rapport av tilbodet ved den norsk-russiske vidaregåande skolen i Moskva for perioden 1994–2006.

Den norsk-russiske vidaregåande skolen i Moskva vart starta i august 1994 som eit samarbeidsprosjekt mellom Akershus fylkeskommune og det statlege russiske vitskapsakademiet. Hovudintensjonen frå russisk side var å skape ein arena for pedagogisk forsking og utvikling som byggjer på den skandinaviske utdanningsmodellen, samt å sikre russisk ungdom tilgang til det norske og vestlege universitets- og høgskolesystemet. Frå norsk side vart initiativet vurdert som interessant både ut frå moglegheita til pedagogisk utvikling og for å få utdanna norsk ungdom med kompetanse i russisk språk og kultur. Russland har i dei seinare åra vore eit hovudsatsingsområde i norsk utanrikspolitikk. I dette ligg både forventningar om potensielle marknader for norsk næringsliv i Russland og behovet for å medverke til stabilisering og demokratisering av det russiske samfunnet. Det er mogleg å ta opp 20 russiske elevar og 15 norske elevar på kvart trinn.

Mange av dei uteksaminerte russiske elevane har tatt høgre utdanning i Noreg i ettertid. Dei fleste av desse elevane har fått finansiert den høgre utdanninga gjennom den kvoteordninga Statens lånekasse for utdanning har for studentar frå m.a. tidlegare sovjetstatar. Fram til 2006 har 20 norske elevar fullført og bestått eksamen ved den norsk-russiske vidaregåande skolen i Moskva. Desse elevane kjem frå fylkeskommunane Oslo, Akershus, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Troms og Finnmark. Til skoleåret 2006–07 er elleve elevar tekne inn ved skolen. Dei kjem frå Oslo, Akershus, Hordaland, Troms og Finnmark.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 61 Tilskott til Nordland kunst- og filmskole

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt tilbod om kunst- og filmutdanning i Nord-Noreg ved tilskott til drifta av Nordland kunst- og filmskole.

Skolen hadde 49 heilårselevar ved skolestart hausten 2005, derav 30 elevar på kunstlinjene og 19 elevar på filmlinja. Ved elevrapportering våren 2006 var det 46 elevar som fullførte skoleåret 2005–06, totalt 28 elevar på kunstlinjene og 18 elevar på filmlinja.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at barn, unge og vaksne med psykisk utviklings­hemming eller med lærevanskar kan få eit opphald ved Fjellheimen leirskole.

Elevtalet ved leirskolen var i 2005 på 986 elevar, og talet på elever har vore stabilt dei siste åra.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 70 Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo

Målet med tilskottsordninga er å styrkje samarbeidet med Frankrike og Tyskland, og å styrkje stillinga til det franske og det tyske språket i Noreg.

I skoleåret 2005–06 hadde den franske skolen i Oslo 247 elevar på barnesteget, 139 elevar på ungdomssteget og 54 elevar i vidaregåande opplæring.

I skoleåret 2005–06 hadde den tyske skolen i Oslo 134 elevar på barnesteget og 40 elevar på ungdomssteget.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 71 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole

Målet med tilskottsordninga er å medverke til drifta av internatet ved Krokeide yrkesskole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen.

I 2005 var det totalt 277 elevar ved internatet, 132 elevar om våren og 145 elevar om hausten. Våren 2006 var det totalt 139 elevar ved internatet, ein auke på sju elevar i høve til våren 2005.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 72 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College

Målet med tilskottsordninga er å medverke til drifta av Røde Kors Nordisk United World College.

Skoleåret 2005–06 var det 201 elevar frå 89 land ved skolen. 26 pst. av elevane kom frå nordiske land, 34 pst. frå Balkan, andre europeiske land og Midtausten, 16 pst. frå Amerika, 14 pst. frå Asia og 10 pst. frå Afrika. Dei andre nordiske landa finansierte i 2005 rundt 24 pst. av drifta ved skolen.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 73 Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia

Ved handsaminga av Ot.prp. nr. 43 (2005–2006) hadde kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen følgjande merknad, jf. Innst. O. nr. 45 (2005–2006):

«Komiteen viser til at de norske skolene i Kenya og Etiopia gjennom en del år har fått godkjent av departementet prøveordninger med desentralisert undervisning for småskoleelever, og en samarbeidsordning med internasjonal skole for ungdomsskoleelever. Denne undervisningen gjør at en kan få god undervisning lokalt istedenfor å benytte skoleinternat. Prøveordningen har vært godkjent etter § 1-5. Komiteen ønsker i påvente av ny lov at forsøksordningen med desentralisert undervisning for småskoleelever, og en samarbeidsordning med internasjonal skole for ungdomsskoleelever, ved de norske skolene i Kenya og Etiopia, får fortsette.»

Misjonærskolane i Kenya og Etiopia er eigde av Norsk Luthersk Misjonssamband. Statstilskottet til skolane er til nå blitt løyvd over kap. 228 post 70 Tilskott til frittståande skolar. For å få løyving over denne posten må tilskottsmottakar ha rett til tilskott etter friskolelova. Etter endringane i friskolelova har desse skolane ikkje lenger rett til tilskott, jf. Ot.prp. nr. 43 (2005–2006).

Departementet foreslår at skolane får halde fram med ei drift som svarer til den organisasjonsforma som har vore nytta under forsøksperioden ved skolen i Kenya, og som var planlagd ved skolen i Etiopia.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen å løyve 3,2 mill. kroner på kap. 227 ny post 73 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 228 post 70. Dette beløpet tilsvarer statstilskottet skolane fekk i skoleåret 2005–06.

Kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Tilskott til frittståande skolar , overslagsløyving

1 883 720

2 031 000

2 191 062

71

Tilskott til friskoleorganisasjonar

522

539

559

72

Tilskott til kapitalkostnader

25 500

Sum kap. 228

1 909 742

2 031 539

2 191 621

Post 70 Tilskott til frittståande skolar, overslagsløyving

Om ordninga

Skolar som er godkjende etter friskolelova, og som var i drift 13. desember 2005, har rett til tilskott og til å drive verksemd etter lova. Skolane må drive i tråd med friskolelova, jf. §§ 2-1, 2-2 og 6A-1. Norske skolar i utlandet får tilskott til dekning av utgifter til skyss og innlosjering, jf. friskolelova § 6-1 andre punkt. I tillegg blir det gitt tilskott til kompletterande undervisning og til delvis dekning av skolepengar, jf. friskolelova § 6-5.

For å stoppe veksten i friskolar vedtok Stortinget i vårsesjonen 2006 endringar i friskolelova som gjer at det mellombels ikkje er høve til å godkjenne nye friskolar. Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå dette. Unntaksordninga er særleg aktuell for grendeskolar.

Regjeringa vil i vårsesjonen 2007 leggje fram eit lovforslag for Stortinget som i hovudsak byggjer på hovudprinsippa i den tidlegare privatskolelova.

Rapport for 2005–06

Tabellen under viser korleis talet på elevar og frittståande skolar har endra seg frå skoleåret 2003–04 til skoleåret 2005–06.

Tabell 4.1 Frittståande skolar, tal skolar og elevar (gjennomsnitt haust og vår)

 

Skolar

Elevar

2003–04

2004–05

2005–06

2003–04

2004–05

2005–06

Skolar for funksjonshemma

10

10

10

456

455

460

Vidaregåande skolar utan parallellar i offentlege skolar

53

55

51

3 244

3 327

2 693

Fagskolar

2

72

Vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar

63

63

78

8 428

8 793

9 616

Grunnskolar i Noreg

115

131

144

11 955

12 577

13 249

Grunnskolar i utlandet

17

16

17

830

708

695

Vidaregåande skolar i utlandet

5

6

6

161

241

212

Sum

263

281

308

25 074

26 101

26 997

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Det er godkjent 59 nye frittståande grunnskolar etter at den nye friskolelova tok til å gjelde hausten 2003. Av desse er det 23 skolar med same læreplan som dei offentlege grunnskolane og fem internasjonale skolar. 17 av dei nye godkjenningane vart ramma av lovvedtaket i Stortinget, som innebar at skolar som ikkje var i drift 13. desember 2005, ikkje får starte opp etter friskolelova.

Hausten 2005 gjekk om lag 2,1 pst. av grunnskole­elevane i frittståande skolar, det same som hausten 2004. Hausten 2005 gjekk om lag 5,4 pst. av elevane i frittståande vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar. Hausten 2004 var talet til samanlikning i underkant av 5 pst.

Dei frittståande grunnskolane som er godkjende etter friskolelova, skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet, jf. friskolelova § 2–3. Dette inneber at frittståande grunnskolar frå 1. august 2006 skal følgje læreplanen for Kunnskapsløftet eller annan godkjend plan som sikrar jamgod opplæring.

Tilskottssatsar

Satsane for tilskott til dei frittståande skolane byggjer i hovudsak på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. friskolelova. Satsane for 2007 blir rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skole i 2005, rapportert gjennom KOSTRA. Satsane blir justerte for den faktiske pris- og lønnsauken frå 2004 til 2005, og for ein venta pris- og lønnsauke frå 2005 til 2006 og frå 2006 til 2007.

Ei oversikt over satsane til dei frittståande skolane ligg på nettsida til Utdanningsdirektoratet, www.utdanningsdirektoratet.no, under temaet Friskoler. På nettsida finn ein òg informasjon om korleis satsane til dei frittståande skolane er rekna ut.

Frittståande grunnskolar

Grunnlaget for utrekninga av satsar til frittståande grunnskolar er korrigerte brutto driftsutgifter til skolesektoren per kommune henta frå KOSTRA. Grunnlaget er vidare korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte kommunane, ikkje dei frittståande skolane. Det er utarbeidd ein modell der tilskottssatsen avheng av storleiken på den frittståande skolen. Små skolar får eit høgre tilskott per elev enn store skolar. Satsane blir justerte slik at ein tek omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den kommunen skolen ligg i, og utgiftene på landsbasis. Endringane i tilskottet skal liggje innanfor ei maksimal ramme på +/– 7 pst. i høve til det tilskottet skolen ville fått ut frå dei nasjonale satsane. Tilskott blir gitt med 85 pst. av normalsatsen. Frittståande grunnskolar skal, etter friskolelova, ha dekt 100 pst. av dei gjennomsnittlege utgiftene til pensjonsinnskott i offentlege skolar.

Frittståande grunnskolar i utlandet

Norske frittståande grunnskolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under opplæringslova. Skolane får tilskott etter same satsar som frittståande grunnskolar i Noreg, korrigerte for meirverdiavgift. Noreg har samarbeidsavtale med Sverige og Finland om dekning av utgifter for barn som får opplæring i skolar i utlandet som er drivne av dei andre landa.

Frittståande skolar for funksjonshemma elevar

For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar blir driftsutgifter dekte ved statstilskott etter ein normalsats per elev per skoleår, jf. friskolelova § 6-6.

Frittståande vidaregåande skolar med parallellar i den offentlege skolen

Våren 2007 vil vidaregåande kurs 2 (Vg2) og vidaregåande kurs 3 (Vg3) følgje gammal tilbodsstruktur. Det same vil gjelde for Vg3 hausten 2007 (skoleåret 2007–08). Satsane for tilskott i 2007, for gammal tilbodsstruktur, blir fastsette på grunnlag av gjennomsnittleg utgift per elev på dei ulike studieretningane i offentleg skole. Dette blir rapportert i KOSTRA. Grunnlaget er vidare korrigert for salsinntekter, avskrivingar av bygg og for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet fordi desse utgiftene blir påførte fylkeskommunane, ikkje dei frittståande skolane. Satsane for dei nye programfaga er rekna ut på grunnlag av satsane for 2007 i gammal tilbodsstruktur, men da vekta for andel av element i dagens studieretningar i dei nye programfaga. Dei frittståande skolane får 85 pst. av normalsatsen.

Særskilte tilskott

I tillegg til det tilskottet Kongshaug Musikkgymnas får etter friskolelova, vil skolen i 2007 få 2,7 mill. kroner i særskilt tilskott. Skolane til Wang og Noregs Toppidrettsgymnas vil, i tillegg til tilskottet etter friskolelova, få om lag kr 15 000 i særskilt toppidrettstilskott per elev. Tilskottet blir gitt for maksimalt 810 elevar.

Frittståande vidaregåande skolar i utlandet

Norske frittståande vidaregåande skolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av same tilskottssatsen som for elevar i frittståande vidaregåande skolar i Noreg, korrigert for meirverdiavgift.

Frittståande vidaregåande skolar utan parallellar i den offentlege skolen

Satsane til vidaregåande skolar med yrkesretta opplæring, utanom det offentlege skoleverket, er knytte til tre av satsane for vidaregåande skolar med parallellar i offentlege skolar. Unntak frå dette er Norsk Yrkesdykkerskole. Dei tre satsane er knytte til linjene for Allmenne, økonomiske og administrative fag, Idrettsfag og Musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar utan parallellar i det offentlege skoleverket får 75 pst. av tilskottssatsane. For å få statstilskott må skolane ha minst sju elevar i snitt per skoleår på dei to teljetidspunkta.

Andre frittståande skolar

Norges Byggskole, Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Maritime vidaregåande skole får tilskott tilsvarande 85 pst. av eit godkjent budsjett.

Kompletterande undervisning

Statsborgarar i grunnskolealder frå Noreg eller ein annen EØS-stat, og som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i Noreg eller i utlandet, kan få tilskott til kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL). Statstilskottet blir gitt med 85 pst. av fastsett sats per time.

I 2005 vart det behandla 773 søknader, og av desse fekk 701 tilskott.

Fagskolar

Hald Internasjonale Senter og Menighetsbibelskolen, som tidlegare fekk tilskott som frittståande vidaregåande skolar utan parallellar, vart frå hausten 2005 godkjende etter fagskolelova. Tilskott til desse skolane blir utbetalt etter reglane i friskolelova.

Budsjettforslag for 2007

Regjeringa venter ikkje auka elevtall i frittståande skolar. Departementet foreslår derfor at løyvinga på kap. 228 post 70 blir ført vidare på same nivå som i 2006, justert ned med 3,2 mill. kroner, som er overførte til kap. 227 ny post 73 Tilskott til opplæring i Kenya og Etiopia. Vidare foreslår departementet å auke posten med 15,2 mill. kroner til g­ratis læremidldel i vidaregåande opplæring, jf. orientering om ordninga i kategoriomtalen.

EFTA Surveillance Authority (ESA) har godkjent at Noreg kan ta opp att ei ordning med differensiert arbeidsgivaravgift. Avgifta tek utgangspunkt i staden der verksemda ligg, og ikkje, slik tilfellet var tidlegare, i bustadkommunen til arbeidstakaren. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med om lag 0,7 mill. kroner.

Post 71 Tilskott til friskoleorganisasjonar

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at friskoleorganisasjonane kan drive samordningsoppgåver for medlemsskolane sine på friskole­feltet. Tilskott blir gitt til friskoleorganisasjonar med medlemsskolar som er godkjende etter friskolelova.

I 2005 fekk fem friskoleorganisasjonar tildelt tilskott ut frå at dei til saman hadde 218 godkjende medlemsskolar. I 2006 var det 231 godkjende medlemsskolar for dei same organisasjonane.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 72 Tilskott til kapitalkostnader

Tilskottsordninga vart oppretta i 2005, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005). Målet med tilskottsordninga var å medverke til å dekkje husleige- og kapitalutgiftene til frittståande skolar. Det vart utbetalt tilskott til frittståande skolar hausten 2005 på grunnlag av elevteljing per 1. oktober 2005.

Løyvinga på posten vart avvikla frå 1. januar 2006.

Kap. 229 Andre tiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar

9 988

11 000

11 418

Sum kap. 229

9 988

11 000

11 418

Post 70 Tilskott til tryggleiksopplæring for fiskarar

Målet med tilskottsordninga er å medverke til å finansiere tryggleiksopplæring for fiskarar. I 2005 gjennomførte 1 233 deltakarar denne opplæringa, ein reduksjon på 198 frå året før. Kursfartøyet hadde 792 deltakarar på sine grunn- og repetisjonskurs. På dei stasjonære tryggleikssentra var det 441 deltakarar på dei same kursa. På grunnkursa vart 42 pst. av kapasiteten nytta, og på repetisjonskursa 76 pst.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Kap. 230 Kompetansesenter for spesialundervisning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

612 808

582 389

570 532

21

Særskilde driftsutgifter

53 382

50 420

45 736

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

8 229

6 848

6 999

Sum kap. 230

674 419

639 657

623 267

Kapitlet omfattar mellom anna:

  • Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped) med 13 statlege verksemder og kjøp av / avtalar om tenester frå fem andre institusjonar

  • utvikling, produksjon og distribusjon av spesialpedagogiske læremiddel

  • andre utviklingsoppgåver innanfor spesialundervisning

  • nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for foreldre

  • prosjektretta støtte til organisasjonar for funksjonshemma

  • nasjonal koordinator for European Agency for Development in Special Needs Education, internasjonalt samarbeid m.m.

  • ventelønn for personale som er overtalige frå nedlagde eller omorganiserte senter

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale som er overtalige

  • førtidspensjon for personale frå kompetansesentra der dette er godkjent

Ansvaret for å gi alle elevar tilpassa opplæring, og dei som har behov for det spesialundervisning, ligg etter § 5 i opplæringslova hos kommunar og fylkeskommunar. Statped skal gi rettleiing og støtte til dei opplæringsansvarlege instansane lokalt. Målet er at barnehage- og skoleeigarar og dei som arbeider i barnehagen og skolen, skal få betre føresetnader til sjølv å ta hand om barn, unge og vaksne som treng spesialpedagogisk hjelp.

Hovudmåla for Statped er:

  • å yte spesialpedagogiske tenester på individ- og systemnivå som fremmer tilpassa, likeverdig og inkluderande opplæring

  • å vidareutvikle spesialpedagogisk kompetanse som skal komme elevar med spesielle behov, føresette, lærarar og andre fagfolk i skoleverket til nytte

  • å spreie spesialpedagogisk kunnskap og kompetanse til brukarar, fagfolk og samfunnet

  • ved behov sikre skole- og miljøtilbod for hørselshemma elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring, etter avtale med oppdragsgivar

Resultatrapport for 2005

Dei 15 statlege spesialpedagogiske sentra har i samsvar med resultatmåla for 2005 prioritert bistand til brukarar med store og samansette vanskar der det ikkje var nødvendig kompetanse lokalt, og gitt råd og rettleiing til barnehagar og skolar og barnehage- og skoleeigarar når det var behov for dette. Det var også samarbeid med helse- og sosialsektoren og på tvers av fagområde, både generelt for systemretta arbeid og i samband med utarbeiding av planar for brukarar som trong langvarige og omfattande tenester frå fleire instansar.

Det individretta arbeidet til sentra skjedde på det aktuelle senteret eller lokalt i kommunen eller fylkeskommunen. Utgreiingsarbeidet kunne gjelde både den enkelte og miljøet på heimstaden, det lokale nettverket og det lokale hjelpeapparatet. Rådgivinga var oftast tiltaksretta mot fagfolk, men kunne òg omfatte brukaren sjølv og foreldre/føresette.

Ressursinnsatsen frå Statped på dei ulike vanskeområda speglar langt på veg behovet i kommunesektoren for spesialisert hjelp og støtte, som er størst for dei lågfrekvente gruppene. I 2005 fordelte ressursane i Statped seg med 16,2 pst. på synssektoren (16,1 pst. i 2004), 44,6 pst. (44,1 pst. i 2004) på hørselssektoren (inkl. skoledrift / internat for hørselshemma og døvblinde), 11,0 pst. (10,7 pst. i 2004) på språk-/talesektoren, 14,7 pst. (14,2 pst. i 2004) på samansette lærevanskar og åtferdsvanskar, 5,5 pst. (6,6 pst. i 2004) på skolane ved dei sosiale og medisinske institusjonane, 7,0 pst. (6,3 pst. i 2004) på spesialpedagogiske tenester i Nord-Noreg (inkl. Samisk spesialpedagogisk støtte) og 0,3 pst. (0,3 pst. i 2004) på Autismenettverket. Ansvaret for den statlege finansieringa av Frambu barnehage og skole og Nasjonalt kompetansesenter for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi vart i 2005 overført til Helse- og omsorgsdepartementet.

Hovudtyngda av tenesteproduksjonen i Statped i 2005 fordelte seg slik i høve til ulike typar arbeid (2004-prosenttal i parentes):

  • 30,3 pst. (32,5) til utgreiingar, rådgiving, konsultasjon og nettverksarbeid o.a.

  • 19,4 pst. (18,5) til innhenting, systematisering og vidareutvikling av spesialpedagogisk kompetanse

  • 20,0 pst. (21,1) til formidling av spesialpedagogisk kompetanse

  • 30,2 pst. (27,9) til skole- og miljøtilbod (opplæring, internat og miljøtilbod o.a. i hørselssektoren)

Tenesteproduksjonen i Statped hadde med små variasjonar om lag same profil og innretning i 2005 som året før.

Den geografiske spreiinga av tenestene til Statped var også i 2005 nokolunde jamn sett i høve til folketala i fylka, likevel slik at Oslo fekk minst og Sør-Trøndelag mest tenester relativt sett.

Teiknspråkopplæring for foreldre til sterkt tunghørte og døve barn heldt fram i samsvar med programmet på dette området. Det var også kurs for brukarar innanfor ulike vanskegrupper ved kompetansesentra, anten individuelt tilrettelagde eller i grupper, og for foreldre og føresette til brukarar som inngår i målgruppene til sentra.

Fleire av sentra hadde samarbeid med universitet og høgskolar og andre forskingsmiljø om ulike kompetansehevingstiltak og FoU-arbeid. Dette samarbeidet med UH-sektoren er avtalebasert og praksisretta. Kompetansesentra var òg bidrags-ytarar i samband med internasjonalt bistandsarbeid. Ytingane, som var i tråd med norsk bistandspolitikk, vart koordinerte av Utdanningsdirekto­ratet.

Frå 1. august 2005 overtok Hordaland fylkeskommune ansvaret for Bjørkåsen vidaregåande skole. Skolen vart inkludert i Slåtthaug vidaregåande skole, som vart ein knutepunktskole for hørselshemma. Det vart også arbeidd vidare med å få til eit utvida tilbod for hørselshemma ved Sandefjord vidaregåande skole, men forhandlingane med Vestfold fylkeskommune er ikkje sluttførde. Arbeidet vil halde fram i 2007.

Det er også i 2005 lagt ned eit omfattande arbeid i Statped for å sikre god brukarmedverknad, både ved dei einskilde verksemdene og på nasjonalt plan.

Samla sett har det statlege spesialpedagogiske støttesystemet også i 2005 arbeidd i tråd med dei sentrale føringane frå departementet og Utdanningsdirektoratet. I samsvar med måla har det skjedd utvikling på fleire område. Kompetansesentra har delteke med kompetansehevingstiltak i samband med førebuing av Kunnskapsløftet.

Kompetansesystem for særskilde grupper funksjonshemma har vorte endra siste året. Oppgåver som Statped tidlegare utførte etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (Statleg kompetansesystem for døvblinde og Autismenettverket), tok departementet sjølv ansvaret for frå 1. januar 2006.

Resultatmål for 2007

I St.prp. nr. 1 (2005–2006) vart det som svar på oppmodningsvedtak nr. 152 av 13. desember 2004 og nr. 539 av 16. juni 2005 oppsummert sentrale ut­viklingstrekk i det statlege spesialpedagogiske støttesystemet med grunnlag i dei føringane som vart lagde i St.meld. nr. 23 (1997–98) Om opplæring av barn, unge og vaksne med særskilde behov, jf. Innst. S. nr. 228 (1997–98). Vidare vart det gjort greie for mål, hovudtiltak, organisering og ressursbruk. I samsvar med dei føringane som er gitte der, skal noverande mål og fagprofil for støttesystemet vidareførast, og tenestetilbodet justerast etter brukarbehov og fag­utvikling.

Fagprofilen for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet skal framleis vere forankra i dei to hovudområda tenesteyting og fagutvikling og formidling, med høg og spesialisert kompetanse i høve til ulike grupper med særskilte opplæringsbehov. Statped skal prioritere hjelp til brukarar med dei største og mest samansette vanskane, og leggje vekt på meistring, likeverd og inkludering, og det skal vere mest mogleg lik tilgang på tenester i alle landsdelar.

Statped skal prioritere ressursbruk og innsats for å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å gi tilpassa opplæring og spesialundervisning med god kvalitet etter behovet til elevane og ønsket til foreldra, slik at elevane kan få størst mogleg fagleg og sosialt utbytte av opplæringa.

Statped skal vidareføre kompetanseutvikling, kunnskapsformidling, læremiddelutvikling og læremiddelproduksjon, brukarmedverknad, samarbeidsrelasjonar og internasjonalt arbeid. Vidare skal Statped delta i oppfølginga av nasjonale satsingar knytte til Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa (2005–2008). I samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet skal Statped delta i oppfølging av rapport frå Utdanningsdirektoratet om barn og unge med ADHD og liknande åtferdsvanskar, framlagd i april 2006.

Med utgangspunkt i noverande organisering og tenesteomfang skal arbeidet innanfor Statped vidareførast. Tenesteområdet inngår i evalueringa av Kunnskapsløftet. Ein samla gjennomgang av tilpassa opplæring og spesialundervisninga i skolen er ein viktig del av denne evalueringa. Det same gjeld ressursbruk og resultat, oppgåvene til det statlege spesialpedagogiske støttesystemet og til PP-tenesta, og rollefordelinga og samhandlinga mellom skoleeigar og PP-tenesta på den eine sida og Statped på den andre. Gjennom denne evalueringa vil ein få oppdatert kunnskap om PP-tenesta og det statlege spesialpedagogiske støttesystemet, noko som vil kunne gi grunnlag for eventuelle endringar og tiltak.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 230 post 01 med 32,4 mill. kroner. Dette er midlar som i dag medverker til å dekkje opplæring ved fem helseinstitusjonar under statlege helseføretak. Det er fylkeskommunen der institusjonen ligg som har ansvaret for opplæringa ved desse institusjonane. Som følgje av dette blir 32,4 mill. kroner innlemma i rammetilskottet til fylkeskommunane med ei overgangsordning.

Dette skjer i samband med at ansvaret for opplæring etter opplæringslova for beboarar/pasientar i barnevernsinstitusjonar og i private helseinstitusjonar blir overført frå bustadskommune/-fylkeskommune til den fylkeskommunen der helseinstitusjonen ligg, jf. Innst. O. nr. 51 (2005–2006) og Ot.prp. nr. 59 (2005–2006). Dette førar med seg ei innsparing for kommunane og ei tilsvarande meirutgift for fylkeskommunane. Departementet foreslår derfor at 50 mill. kroner blir trekt frå rammetilskottet til kommunane og fordelt til fylkeskommunane etter kostnadsnøkkelen i inntektssystemet.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 230 post 21 med 4 mill. kroner på grunn av lågare oppdragsaktivitet ved kompetansesentra. Årsaka til dette er m.a. at Autismenettverket frå 1. januar 2006 vart overført til Sosial- og helsedirektoratet. Vidare er oppdragsverksemda noko redusert som følgje av at Bjørkåsen vidaregåande skule er overført til Hordaland fylkeskommune, og at internatdrifta for vidaregåande opplæring ved A C Møller skole er overført til stiftinga Signo. Vidare foreslår departementet å overføre 2,6 mill. kroner frå posten til kap. 222 post 01, jf. omtale der.

EFTA Surveillance Authority (ESA) har godkjent at Noreg kan ta opp att ei ordning med differensiert arbeidsgivaravgift. Avgifta tek utgangspunkt i staden der verksemda ligg, og ikkje, slik tilfellet var tidlegare, i bustadkommunen til arbeidstakaren. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med om lag 0,1 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga på kap. 230 postane 01, 21 og 45 elles blir ført vidare på tilsvarande nivå som i 2006.

Post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230 post 02, jf. forslag til ve­dtak II nr. 1.

Post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, kap. 3230 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Løyvinga på post 45 kan overførast.

Kap. 3230 Kompetansesenter for spesialundervisning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Inntekter frå oppdrag

51 102

50 236

48 145

02

Salsinntekter o.a.

3 609

3 275

5 579

11

Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning

3 239

2 100

15

Refusjon av arbeidsmarknadstiltak

912

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

3 838

17

Refusjon lærlingar

160

18

Refusjon av sjukepengar

11 541

Sum kap. 3230

74 401

55 611

53 724

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som kompetansesentra utførar for kommunar, fylkeskommunar, høgskolar, universitet m.m. Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale og inntekter frå hjelpemiddeltilpassing, og inntekter frå kurs (kursmateriell, deltakarbetaling og opphaldsutgifter i samband med kurs). Tidlegare vart kursinntekter budsjetterte under post 11, men dette blir endra frå 2007. Løyvinga på post 02 er derfor auka med 2,18 mill. k­roner, som er overførte frå post 11. Denne posten blir avvikla frå 2007.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 3230 post 01 med 4 mill. kroner på grunn av lågare oppdragsaktivitet ved kompetansesentra, jf. omtale under kap. 230 post 01.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

231

Barnehagar

14 848 438

18 023 293

21,4

Sum kategori 07.30

14 848 438

18 023 293

21,4

Kap. 231 Barnehagar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 51

71 292

71 301

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

11 435

11 870

51

Forsking , kan nyttast under post 21

6 250

6 488

60

Driftstilskott til barnehagar , overslagsløyving

11 701 619

13 692 105

61

Investeringstilskott , overslagsløyving

250 000

255 000

62

Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

736 173

762 675

63

Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

98 960

102 523

64

Tilskott til mellombelse lokale , overslagsløyving

40 000

65

Skjønnsmidlar til barnehagar

1 972 709

3 081 331

Sum kap. 231

14 848 438

18 023 293

Barnehageløftet står sentralt i Regjeringas politikk for å skape gode og trygge oppvekst- og opplæringsvilkår for barn og unge. Barnehagane er ein viktig sosialiseringsarena utanfor heimen og staden der mange barn tek sine første steg på det livslange læringsløpet. Frå 1. januar 2006 er barnehageforvaltninga inkludert i Kunnskapsdepartementet. Regjeringa ønskjer med det å medverke til større heilskap og samanheng i opplæringstilbodet til barn og unge, og samstundes setje søkjelyset på den kompetansen som ein treng og tileignar seg i førskolealderen.

Målet for Regjeringa er at alle som ønskjer barnehageplass, skal få tilbod om det. Eit godt barnehagetilbod sikrar barna omsorg og læring, samstundes som det er ein viktig føresetnad for at småbarnsforeldre kan ta del i yrkeslivet. Mange kommunar har stor etterspurnad etter barnehageplassar og lange ventelister. Lange ventelister og lang ventetid for ein barnehageplass er kostbart både for den einskilde og for samfunnet. Regjeringa vil derfor i det komande året prioritere å fjerne køane og få kontroll med ventelistesituasjonen. Regjeringa har høge ambisjonar og fører ein aktiv politikk på barnehageområdet. Målet for Barnehageløftet er full barnehagedekning, høg kvalitet og låg pris i løpet av 2007.

Mål: Full barnehagedekning

Tilstandsvurdering

Utbygginga av nye barnehageplassar i 2005 vart rekordhøg. Målet var å etablere 11 200 nye heiltidsplassar, noko som skulle gi plass til om lag 8 000 nye barn i barnehage. Endelege KOSTRA-tal for 2005 syner at kapasitetsauken vart på vel 13 500 heiltidsplassar, og at heile 10 400 nye barn fekk plass i ein ordinær barnehage. I tillegg gjekk 500 fleire barn i open barnehage i fjor. Til saman gjekk dermed 10 900 fleire barn i barnehage i 2005 samanlikna med 2004. Det betyr at fleire barn enn nokon gong har tilbod om plass i barnehage.

Ved utgangen av 2005 gjekk 223 500 barn i ein ordinær barnehage eller familiebarnehage. Det utgjer ei dekning på 76,2 pst. for barn i alderen eitt–fem år og er ein auke på om lag 10 400 barn sidan utgangen av 2004. Størst var auken for barn under tre år. Vel 8 000, eller 78 pst., av dei nye barna var småbarn. Barn under tre år utgjer no om lag 29 pst. av alle barna i barnehage, mot 26 pst. i 2004. I tillegg gjekk 7 900 barn i open barnehage i 2005.

Auken i kapasiteten var på om lag 13 500 heiltidsplassar. Det vil seie at det i 2005 vart etablert 1,29 heiltidsplassar for kvart nytt barn som kom inn i barnehage. Tilsvarande tal for 2004 var 1,43. Kapasitetsveksten har såleis i mindre grad enn tidlegare år gått med til å auke opphaldstida til barn som allereie har plass, og i større grad gitt plass til nye barn. Barn med heiltidsplass har auka med over 16 600 i 2005. I 2005 hadde 70 pst. av barna tilbod om heiltidsplass i barnehagen, mot 65 pst. i 2004. Gjennomsnittleg opphaldstid har i same periode auka frå 39,1 timar til 40,0 timar per veke.

Den største veksten har gått føre seg i privat del av barnehagesektoren. Av landets 6 278 barnehagar er 3 420 private barnehagar, og heile 80 pst. av dei nye barna fekk i fjor tilbod om plass i ein privat barnehage. I 2005 hadde 55 pst. av barna tilbod om plass i offentleg barnehage, medan 45 pst. hadde tilbod i ein privat barnehage. Tilsvarande tal for 2004 var høvesvis 56,5 pst. og 43,5 pst.

Tabell 4.2 Tal på barn i ordinære barnehagar og familiebarnehagar etter alder og opphaldstid

Barn null til to år

Barn tre til seks år

I alt

Opphaldstid

Offentleg

Privat

Offentleg

Privat

Offentleg

Privat

Sum

0–8 timar

131

64

158

33

289

97

386

9–16 timar

345

329

821

749

1 166

1 078

2 244

17–24 timar

3 207

2 432

6 370

4 242

9 577

6 674

16 251

25–32 timar

4 409

3 848

13 465

9 616

17 874

13 464

31 338

33–40 timar

2 231

1 759

8 402

5 391

10 633

7 150

17 783

41 timar eller meir

22 472

22 952

60 444

49 631

82 916

72 583

155 499

Sum

32 795

31 384

89 660

69 662

122 455

101 046

223 501

Kjelde: Statistisk sentralbyrå per 15. desember 2005

Den samla dekningsgraden, målt i del av befolkninga i alderen eitt til fem år, har gått opp med 4 prosentpoeng, frå 72,2 pst. ved utgangen av 2004 til 76,2 pst. ved utgangen av 2005. Dekningsgraden har auka både for barn i alderen eitt–to år og tre–fem år, men barnehagedekninga er framleis ujamn mellom barn over og under tre år. For barn i alderen eitt–to år var barnehagedekninga på 54 pst. i 2005 mot 48 pst. i 2004. For barna i alderen tre–fem år var dekningsgraden på 91 pst. i 2005 mot 88 pst. året før.

Dekningsgraden varierer også på landsbasis. Rapportar frå kommunane over tal på barn i barnehage og på venteliste per 20. september 2005, samt rapportar frå fylkesmennene, syner at mange kommunar allereie har full barnehagedekning, medan andre har lange ventelister. Det gjeld i særleg grad for storbyane og storbynære kommunar. Mangel på tomter som er eigna til barnehageformål, og stor auke i talet på innbyggjarar i førskolealder, har blitt nemnt som nokre av problema for bygginga av tilstrekkeleg med nye barnehageplassar. Ei felles utfordring for både små og store kommunar er mangelen på småbarnsplassar. Den største veksten i etterspurnaden etter barnehageplass er for barn i alderen null–tre år.

Anslaget for 2006 er at utbygginga av barnehageplassar svarar til utbygginga i 2005. Stortinget vedtok i behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett for 2006 ei auke i løyvinga på til saman 695 mill. kroner ut over saldert budsjett 2006, til mellom anna utbygging av nye barnehageplassar i 2006, jf. Innst. S. nr. 205 (2005–2006) og St.prp. nr. 66 (2005–2006).

Sjukehusbarnehagar

I St.prp. nr. 66 (2005–2006) blei det svart følgjende på ein fleirtalsmerknad i Budsjett-innst. S. nr. 2 (2005–2006) om sjukehusbarnehagar:

«Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet arbeider i fellesskap med å kartlegge situasjonen for sykehusbarnehager. Departementene vil i lys av kartleggingen vurdere behovet for tiltak og løsninger. Regjeringen vil komme tilbake til saken i St.prp. nr. 1 (2006–2007).»

Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har i samarbeid gjennomført ei kartlegging av situasjonen for sjukehusbarnehagane i utvalde fylke og regionale helseføretak. Det er henta inn informasjon om den økonomiske situasjonen for sjukehusbarnehagane frå fylkesmennene i Troms, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Buskerud og Telemark. Det er i tillegg henta inn opplysningar om sjukehusbarnehagane frå dei regionale helseføretaka. Vurderinga til departementa, på bakgrunn av tilbakemeldingane frå fylkesmennene og dei regionale helseføretaka, er at situasjonen for sjukehusbarnehagane ikkje er av ein slik karakter at han bør følgjast opp av tiltak på nasjonalt nivå. Departementa legg til grunn at dei aktuelle kommunane og helseføretaka ut frå dei lokale behova finn løysingar som sikrar nødvendige barnehageplassar. I denne vurderinga må kommunane sjå hen til målsetjinga om full barnehagedekning. Helseføretaka har eit ansvar for å sikre helsetenester til befolkninga, og såleis rekruttering av helsepersonell for å kunne utføre desse tenestene.

Vidareføring av dei økonomiske verkemidla

Dei statlege tilskottsordningane vart vidareførte i 2005. Tilskotta har vore vesentlege for å stimulere til auka utbygging av barnehageplassar. Investeringstilskottet er eit viktig verkemiddel for å etablere nye plassar og nå målet om full barnehagedekning, medan skjønnsmidlane dekkjer auka netto meirutgifter til kommunane knytte til drift av nye barnehageplassar, redusert maksimalpris og økonomisk likeverdig behandling av godkjende barnehagar. Driftstilskottet vart vidareført med prisjusterte satsar i 2005. I saldert budsjett for 2005 utgjorde dei statlege tilskotta til barnehagane til saman om lag 12 mrd. kroner.

Finansieringsordninga for barnehagar vart i februar 2005 klaga inn for EFTAs overvakingsorgan, ESA. Klaga, som er frå Private Barnehagars Landsforbund (PBL), inneheld påstand om at ordninga handsamar private og kommunale barnehagar ulikt, med det resultat at tilskottet er ulovleg konkurransevridande etter EØS-avtalens reglar. PBL har òg støtta eit søksmål mot norske myndigheiter av liknande høve. Stat og kommune vann på alle punkt i tingretten. Saka er anka.

Strategiar og tiltak

Full barnehagedekning er eit overordna mål for barnehagepolitikken til Regjeringa i 2007. Å få full barnehagedekning innan utgangen av 2007 vil truleg krevje ei enda høgre og raskare utbygging av nye plassar enn den utbygginga som fant stad i 2005. Etterspurnaden etter barnehageplassar er aukande, og særleg er behovet for nye småbarnsplassar stort.

Faktiske tal for barn på venteliste per 20. september 2006 vil først ligge føre i midten av oktober, men ei prognose kan tyde på at om lag 15 800 barn vil stå på venteliste ved inngangen til 2007. Prognosen er basert på talet barn som sto på venteliste per 20. september 2005, prognose for utbygging i 2006 og eit anslag på den auka etterspurnaden etter barnehageplassar som følgje av redusert maksimalpris for foreldrebetaling til kr 2 250 per månad frå 1. januar 2006. Denne prognosen er svært usikker, noko som i hovudsak kjem av at etterspurnaden etter barnehageplassar er vanskeleg å anslå. Regjeringa vil stimulere til ein vesentleg auke i utbyggingstakta og foreslår å leggje løyvingsmessig til rette for etablering av 13 500 nye plassar i 2007. Desse skal gi plass til om lag 11 100 nye barn. I tillegg foreslår Regjeringa å løyve midlar til å leggje til rette for etablering av om lag 5 800 faste plassar i mellombels barnehagelokale, noko som vil gi plass til om lag 4 700 nye barn. Løyvingsforslaget vil samla leggje til rette for at alle barn som er forventa å stå på venteliste ved inngangen av 2007, skal få plass i barnehage i løpet av året. Mange stader, og kanskje særleg i sentrale strok, vil det ta tid å etablere permanente barne­hageplassar dersom dei ikkje allereie er påbyrja. Det gjer det nødvendig å setje i verk ekstraordinære tiltak.

Regjeringa vil leggje til rette for ei etablering av faste plassar i mellombels lokale inntil dei permanente barnehagebygga er ferdigstilte, gjennom å opprette ei særskild tilskottsordning for dette formålet. Dette vil vere eit ytterligare verkemiddel for å auke kapasiteten i barnehagesektoren. Målet er å gi alle kommunar høve til å nå full barnehagedekning i løpet av 2007. Barnehagebygging er ei tidkrevjande prosess, og fleire kommunar har god erfaring med å etablere faste plassar i mellombels lokale for å få til ein raskare oppstart av barnehagedrift enn det ein ordinær byggjeprosess skulle tilseie. Regjeringa ønskjer å stimulere fleire kommunar til å ta slike løysingar i bruk. Tilskottsordninga skal innførast frå 1. januar 2007. Sjå nærmare omtale under post 64.

Regjeringa foreslår å vidareføre dei sterke økonomiske verkemidla i statsbudsjettet for 2007. Tilskottsordningane skal sikre påreknelege vilkår for aktørane i sektoren. Ordninga med skjønnsmidlar blir vidareført, maksimalsatsane for investeringstilskottet blir vidareført på same nominelle nivå som i 2006, og satsane for driftstilskottet blir prisjusterte. Full barnehagedekning er ei nasjonalt prioritert målsetjing der det er nødvendig at staten, gjennom blant anna øyremerkte statlege tilskott, tar initiativ til at dette målet blir nådd. Inntil full barnehagedekning er nådd, vil statstilskotta til barnehagar derfor vere øyremerkte.

Regjeringa vil med dette løyvingsforslaget medverke til ei auka utbygging av nye barnehageplassar i 2007. Barnehageutbygging står høgt på dagsordenen i dei fleste kommunar, og departementet vil vere i nær dialog med dei kommunane som har lange ventelister. Regjeringa er heilt avhengig av felles innsats og eit godt samarbeid med både kommunale og private aktørar om ein skal kunne gi alle som ønskjer og treng det, eit godt barnehagetilbod. Regjeringa har i den samanheng inngått ein samarbeidsavtale med KS om mellom anna utvikling og utbygging på barnehageområdet. Kommunane har i barnehagelova plikt til å sørgje for eit tilstrekkeleg tal på barnehageplassar, og Regjeringa legg opp til at løyvinga i statsbudsjettet for 2007 vil medverke til at målet om full barnehagedekning blir nådd innan utgangen av året, i alle kommunar.

Mål: Høg kvalitet

Tilstandsvurdering

Rettidig regelverk

Stortinget vedtok i 2005 ny lov om barnehagar. Lova tok til å gjelde 1. januar 2006. Kunnskapsdepartementet har 1. mars 2006 med heimel i § 2 i lova fastsett forskrift om rammeplan om innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Forskrifta tok til å gjelde frå 1. august 2006. Rammeplanen legg vekt på omsorg, leik og læring i den pedagogiske verksemda, og på å bevare barnehagens eigenart. Planen er meir oversiktleg enn tidligare og legg til rette for betre samanheng mellom barnehage og skole. Planen identifiserer sju fagområde som er sentrale for oppleving, utforsking og læring. Sjølv om heimen, barnehagen og skolen er ulike som læringsarenaer, bør det vere ein viss kontinuitet. Fagområda er derfor i stor grad dei same som barn seinare vil møte igjen som emne i grunnskolen. Lova og rammeplanen er viktige reiskapar for å sikre barn eit likeverdig barnehagetilbod med god kvalitet. Rammeplanen gir styraren, dei pedagogiske leiarane og personalet elles forpliktande retningslinjer for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere verksemda til barnehagen. Barnehageeigarane kan fastsetje retningslinjer for lokal tilpassing av rammeplanen. Vidare rettar rammeplanen seg mot kommunen som tilsynsstyresmakt og gir informasjon til foreldra. Rammeplanen er sendte ut til alle barnehagar, kommunar og fylkesmenn. Foreldra er informerte gjennom ein informasjonsfoldar.

Pedagognorma er uendra i forskrift til den nye barnehagelova. Forskriftene om pedagogisk bemanning og dispensasjon frå utdanningskravet er forenkla og harmoniserte. Høve til dispensasjon er skjerpa frå to til eitt år. Anna høgskoleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse, blir likestilt med førskolelærararutdanning for stilling som styrar. For stilling som pedagogisk leiar er det krav om førskolelærarutdanning eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. For både styrar og pedagogisk leiar omfattar dette utdanning som allmennlærar og faglærar. Stilling som pedagogisk leiar kan i tillegg omfatte spesialpedagogar og barnevernspedagogar.

Departementet har utarbeidd og sendt ut ei rettleiing til kommunane om godkjenning av barnehagar. Vidare vil det bli laga rettleiing om kommunens tilsyn med barnehagane og om fylkesmennenes tilsyn med kommunen som barnehagestyresmakt.

Personale og kompetanse i barnehagen

Tabell 4.3 Personalet i barnehagane 2003–05

2003

20041

2005

Tal på tilsette

58 422

60 470

64 728

Tal på årsverk

44 388

46 540

50 331

Tal på barn per årsverk

4,6

4,6

4,4

–offentlege barnehagar

4,4

4,4

4,3

–private barnehagar

4,9

4,8

4,6

Tal på styrarar og pedagogiske leiarar

18 088

19 064

20 649

–i pst. av dei tilsette

33,3

31,5

31,9

Tilsette med godkjend førskolelærarutdanning

19 442

20 320

21 801

–i pst. av dei tilsette

33,2

33,5

33,7

Anna pedagogisk personale

5 218

5 366

5 639

–i pst. av dei tilsette

8,9

8,9

8,7

Styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend førskolelærarutdanning

1 570

2 036

2 244

–i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar

8,9

10,7

10,9

2004-tala er korrigerte i forhold til rapporteringa i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Barne- og familiedepartementet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2005 var det om lag 64 700 tilsette som utførte vel 50 300 årsverk i barnehagane. Det er ein auke på i underkant av 4 000 årsverk frå året før. Talet på tilsette aukar i samband med auken i talet på barn. Personaltettleik målt i talet på barn per årsverk er relativt stabil. Talet på førskolelærarar har auka med nærmare 1 500 personar frå 2004 til utgangen av 2005. Dei utgjer om lag 34 pst. av dei tilsette, og delen har vore stabil i dei seinare åra. I tillegg har nær 9 pst. anna pedagogisk utdanning, som til dømes allemenlærar- og spesialpedagogutdanning.

Statistisk sentralbyrå har gjort ei framskriving av tilbod og etterspurnad i arbeidsmarknaden for lærarar. Denne viser at det i perioden fram mot 2015 vil vere eit overskott av førskolelærarar. Berekningane tek m.a. utgangspunkt i kor førskolelærarane arbeidde i slutten av 2003, og i utdanningskapasiteten per 2004. Sidan dette har føresetnadene for framskrivinga endra seg. Dette skuldast mellom anna at utbygginga av barnehage-plassar i 2005 var mykje høgre enn rekna med. Dette får verknad for behovet for førskolelærarar. I tillegg synest det som om fråfallet frå yrket som førskolelærar i barnehagen er høgre enn det berekningane legg opp til. Departementet ønskjer å følgje opp dette i dialog med Statistisk sentralbyrå.

Talet på tilsette i barnehagane med godkjend førskolelærarutdanning i dag skal i utgangspunktet vere tilstrekkeleg for å oppfylle krava i barnehagelova om pedagogisk bemanning. Frå 2004 til 2005 vart det likevel 208 fleire styrarar og pedagogiske leiarar som ikkje hadde førskolelærarutdanning. Dette kan forklarast ut frå store regionale skilnader i rekrutteringa. Nokre fylke har problem med å skaffe nok førskolelærarutdanna personell til å fylle krava til pedagogisk bemanning, mens andre fylke ikkje har dette problemet. Oslo og Akershus har høvesvis 18 pst. og 17 pst. av styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend førskolelærarutdanning, mot berre 2,6 pst. i Aust-Agder. Finnmark (15,1 pst.) og Sogn og Fjordane (15,6 pst.) er også blant fylka med størst mangel på førskolelærarutdanna personale.

Tabell 4.4 Utdanning av førskolelærarar ved statlege og private høgskolar

2003

2004

2005

Opptak til førskolelærarutdanning

1 915

1 943

2 091

- av dette menn

203

250

316

- del menn (i pst.)

10,6

12,9

15,1

Uteksaminerte førskolelærarar

1 314

1 289

1 331

- av dette menn

72

74

99

- del menn (i pst.)

5,5

5,7

7,4

Kjelde: Norsk samfunnsvitskapleg datateneste

Talet på uteksaminerte førskolelærarar har vore relativt stabilt i dei siste åra. Tal frå samordna opptak viser at søkjarar som hadde førskolelærarutdanning som første val, auka med 32 pst. i 2006. Det er oppretta 80 nye studieplassar i 2006, og det desentraliserte studietilbodet er styrkt. I tråd med det nye utdanningskravet i barnehagelova er det sett av midlar til nye studieplassar for vidareutdanning i barnehagepedagogikk for personar med anna treårig pedagogisk utdanning, som ønskjer å arbeide som pedagogisk leiar i barnehagane.

I 2005 vart det tildelt midlar for å auke kvaliteten i barnehagane. Midlane vart forvalta av fylkesmennene. Videre vart det nytta midlar til kompetansetiltak i regi av Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring.

I 2006 vart midlane til kompetanseutvikling styrkte med om lag 50 mill. kroner. Det er fordelt om lag 60 mill. kroner i 2006 til barnehageforsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving for personalet i samband med innføring av den nye rammeplanen for barnehagane. Av desse midlane er om lag 29 mill. kroner tildelte fylkesmennene for fordeling til kompetanseutvikling i barnehagesektoren. Om lag 15 mill. kroner er avsette til praksisretta forskings- og utviklingsarbeid i barnehagane, i regi av Noregs forskingsråd. Midla blir òg nytta til kompetanseheving og utviklingsarbeid for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn, på å betre tilbodet til barn med nedsett funksjonsevne eller andre særskilde behov, og på å intensivere arbeidet med likestilling i barnehagane. Kompetansemidlar er vidare nytta til ein serie temahefte om sentrale delar av rammeplanen, for å støtte barnehagen i arbeidet med innføring av den nye planen. Hefta handlar om IKT, natur og miljø, dei minste barna, barns medverknad, språkleg og kulturelt mangfald, samisk kultur og likestilling.

Handlingsplan for likestilling

Ein betre kjønnsbalanse i personalet og eit aktivt likestillingsarbeid i samsvar med rammeplanen for barnehagen er eit ledd i arbeidet for kvalitet. Noreg har ligge langt framme når det gjeld dette arbeidet. Svært få land i Europa arbeider planmessig for å auke delen menn i barnehagane. I Handlingsplan for likestilling i barnehagen2004–2007 er det satt som mål at 20 pst. av dei tilsette i barnehagen skal vere menn. I handlingsplanperioden er det så langt vorte 1 109 fleire menn i barnehagane. Som følje av at barnehagesektoren er i vekst, gjer det ikkje så store utslag i prosentdelen. Ved utgangen av 2005 var 8,8 pst. av dei tilsette menn, ein auke på nær eitt prosentpoeng frå året før. Det er regionale forskjellar bak desse landstala, der til dømes Oslo med over 1 000 mannlege tilsette har ein auke i delen mannlige tilsette frå 2004 til 2005 på 1,6 prosentpoeng. Vidare vart det teke opp 15 pst. menn til førskolelærarutdanninga i 2005. Denne auka interessa blant menn tyder på ei positiv utvikling for å betre kjønnsbalansen blant personalet i barnehagane.

Tabell 4.5 Menn i barnehagane 2003–05

2003

2004

2005

Menn i alt

4 606

4 845

5 715

- i pst. av tilsette

7,9

8,0

8,8

Styrarar og pedagogiske leiarar

1 053

1 112

1 263

Assistentar1

1 688

1 896

2 387

Andre stillingsgrupper

1 865

1 837

2 065

Inkludert tospråklege assistentar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Barn med nedsett funksjonsevne

Barn med nedsett funksjonsevne er ei ueinsarta gruppe. Det dei har til felles, er at dei treng ekstra bistand og merksemd som støtte for utvikling og fellesskap med andre barn. På oppdrag frå daverande Barne- og familiedepartementet leverte Norsk senter for barneforsking (NOSEB) rapporten Funksjonshemmede barn i barnehage. Kunnskapsstatus og forskningsutfordringer i april 2005. Rapporten blir nærmare omtalt i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Barne- og familiedepartementet. Rapporten tilrår forskingsinnsats om barnehagen som førebyggjande og integrerande arena, samt innsats for å auke tverretatleg samarbeid. Departementet har i 2006 følgt opp desse tilrådingane i samband med fordelinga av kompetansemidlane. Det er fordelt midlar til fylkesmennene som skal nyttast til tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, og for å setje i verk regionale utviklingsprogram for å betre tilbodet til barn med nedsett funksjonsevne. Tilrådingane er også tekne med i oppdraget til Noregs forskingsråd om praksisretta forsking i barnehagesektoren. For nærmare omtale av tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne, sjå post 62.

Minoritetsspråklege barn

Tal på minoritetsspråklege barn i barnehage, minoritetsspråklege tilsette og kor mange minoritetsspråklege som tek førskolelærarutdanning syner ei positiv utvikling mot større mangfald i barnehagane.

Talet på minoritetsspråklege barn (dvs. barn med ein annen språk- og kulturbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk) i barnehage har auka frå om lag 9 000 i år 2000 til i underkant av 14 000 i 2005. I 2005 var om lag 54 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt–fem år i barnehage. I 2004 gjekk om lag 52 pst. av dei minoritetsspråklege barna i barnehage. Dette talet er korrigert etter St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Barne- og familiedepartementet. Deltakinga i barnehagane aukar med alderen. I 2005 gjekk 82 pst. av alle minoritetsspråklege femåringar i barnehage, mot 93 pst. av alle femåringar i befolkninga elles.

Ved utgangen av 2005 var det 676 førskolelærarar med innvandrarbakgrunn med jobb i barnehage, mot 603 i 2004. I 2005 utgjorde dette 3,1 pst. av alle førskolelærarar som arbeidde i norske barnehagar. Til samanlikning var 6,2 pst. av alle barnehagebarn minoritetsspråklege same år. Hausten 2005 hadde 5,5 pst. av studentane i førskolelærarutdanninga innvandrarbakgrunn, mot 4,8 pst. i 2004. Det visast òg til vedlegget Mål for inkludering av innvandrerbefolkningen i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Med midlar over budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet er det i 2006 sett i gang eit forsøk med tilbod om gratis kortidstilbod i barnehage til alle fire- og femåringar i bydel Stovner i Oslo. Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å utvide dette tiltaket i 2007. For nærmare omtale, sjå St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet kap. 651 post 62.

For ytterlegare resultatrapport, sjå post 63.

Barne- og familiedepartementet mottok oppmodningsvedtak nr. 494 frå Stortinget i stortingssesjonen 2004–2005, jf. Innst. O. nr. 117 (2004–2005):

«Stortinget ber Regjeringen kartlegge barnepassvirksomhet i asylmottakene og vurdere om denne virksomheten skal inngå i lov om barnehager.»

Barne- og familiedepartementet svara på vedtaket i St.meld. nr. 4 (2005–2006). Kunnskapsdepartementet, som tok over forvaltninga av barnehageområdet 1. januar 2006, har vurdert om barnepassordning i asylmottak bør inngå i lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar.

Kunnskapsdepartementet viser til kartlegginga som Utlendingsdirektoratet har gjort av barnepassordningane i asylmottaka. Den syner at mange asylmottak skaffar barna barnehageplassar framfor å drifte eigne ordningar, da det er ein nedgang i talet på asylbarn i barnehagealder og dermed ikkje eit stort behov for barnepass. Utlendingsdirektoratet betaler òg for barnehageplass for barn over fire år.

Bebuaranes opphald i mottaka er av mellombels karakter inntil asylsøknaden er avgjort. Asylmottak er eit frivillig bustadtilbod til asylsøkjarar som kjem til Noreg, og mange asylsøkjarar finn seg andre bustader. Dette betyr at behovet for barnepass i mottaka vil vere mellombels og kortsiktig, og avhenge av kven som bur på mottaket til kvar ei tid.

Barn under opplæringspliktig alder har behov for stabile rammer og ein strukturert kvardag. Departementet meiner det vil vere ein fordel å gi barna tilbod i ordinære barnehagar framfor å opprette barnehagar på asylmottaka. Mange barnefamiliar er busette utanfor asylmottaka, og eit tilbod i nærmiljøet vil derfor vere ein fordel. Kunnskapsdepartementet kan ikkje tilrå at barnepassordningar skal følgje barnehageloven sitt krav til pedagogisk innhald, tilrettelegging for kvart enkelt barn med vidare når opphaldet er mellombels. Departementet meiner på bakgrunn av dette at barnepassordningane på asylmottaka ikkje skal inngå i barne­hagelova.

Strategiar og tiltak

Barnehagane er for stadig fleire barn det første steget i eit livslangt læringsløp. Det er eit frivillig pedagogisk tilbod, og for mange småbarnsforeldre ein viktig føresetnad for at dei kan delta i arbeidslivet og samstundes vere trygge på at barna har ein god stad å vere. Regjeringa meiner det er viktig å styrkje samanhengen mellom barnehage og skole for å gjere læringsløpet mest mogleg samanhengande. Både barnehagen og grunnskolen er institusjonar for omsorg, rettleiing, leik og læring. Dei skal stimulere til lærelyst, innsatsvilje og nyfikne hos barna, og gi dei sjansen til å utvikle evnene sine individuelt og i samarbeid med andre. I samarbeid skal dei også leggje til rette for ein god overgang frå barnehage til skole.

Styrkinga av midlane til kompetanseutvikling med om lag 50 mill. kroner i 2006, vil bli ført vidare på same nivå i 2007. Departementet vil hausten 2006 starte arbeidet med ein strategi for kompetanseheving i barnehagesektoren. Strategien skal byggje på behovet for kompetanseheving i alle ledd av sektoren, og vil bli utarbeidd i samvirke med aktørane i sektoren. Tiltaka i strategiplanen vil byggje vidare på kompetansesatsinga i 2006, men ha eit meir langsiktig perspektiv. For eksempel er fleire av tilrådingane frå rapporten Klar, ferdig, gå! Tyngre satsing på de små, utarbeidd på oppdrag frå daverande Barne- og familiedepartementet, gitte som føringar for arbeidet med kompetanseutvikling i 2006 og vil bli vidareførte i arbeidet med ein strategi for kompetanseheving. Resultata frå ei forskingsbasert kartlegging av tilbod om og etterspurnaden etter etter- og vidareutdanning i barnehagesektoren, utført av Høgskolen i Vestfold på oppdrag av daverande Barne- og familiedepartementet, skal også takast med i det vidare arbeidet med strategien. I denne undersøkinga kjem det fram at prioriteringane for kompetansemidlane i 2006 treffer ganske godt med dei utviklingsbehova sektoren sjølv peiker ut.

Regjeringa vil betre kunnskapsgrunnlaget om rekruttering til og fråfall frå førskolelæraryrket i barnehagane, samt behovet for førskolelærarar i ein fullt utbygd sektor. På grunnlag av denne kunnskapen vil det bli utarbeidd ein todelt tiltaksplan for å auke talet på førskolelærarar når målet om full barnehagedekning er nådd. Formålet er at delen pedagogar i barnehagen blir halden ved lag og er i tråd med dagens krav, og at delen pedagogar deretter kan aukast reelt.

Det er oppretta ei nettbasert vidareutdanning i barnehagepedagogikk for personar med anna treårig pedagogisk utdanning (30 studiepoeng) frå hausten 2006. Det kan på lengre sikt medverke til å betre pedagogsituasjonen i barnehagane.

Departementet vil vidareføre både barnehageforsking i regi av Program for velferdsforsking 2004–2008 og praksisretta forsking i Noregs forskingsråd jf. rapporteringa på post 51. Forsking med vekt på innhaldet og kvaliteten i barnehagane vil bli prioritert. Det praksisretta forskingsprogrammet skal medverke til å utvikle forskingsbasert kunnskaps- og kompetanseutvikling om verksemda i barnehagane, mellom anna til bruk i førskolelærarutdanninga. Det skal leggjast opp til ein strategi for aktiv formidling, utveksling av erfaringar og spreiing av kunnskap.

Likestilling i barnehagane er viktig, både blant dei tilsette og blant barna. Det er i førskolealderen at kjønnsrollemønsteret blir lagt. Den nye rammeplanen for barnehagane stadfester at arbeidet for likestilling er ein del av samfunnsmandatet til barnehagane. Resultata frå arbeidet med Handlingsplan for likestilling i barnehagane 2004–2007 vil bli oppsummert, og departementet vil vurdere korleis arbeidet skal førast vidare. Arbeidet med likestilling vil også inngå i kompetansestrategien for barnehagesektoren og i tiltaksplanen for å auke delen førskolelærarar. Vidare er området med i Noregs forskingsråds program for praksisretta FoU.

Som omtala under programkategorien om grunnopplæringa er det viktig at arbeidet mot mobbing er langsiktig, og at engasjementet blir halde oppe. Regjeringa har derfor i samarbeid med KS, Foreldreutvalet for grunnskolen og Utdanningsforbundet underteikna eit nytt Tiltaksplan mot mobbing 2006–2008. Partane forpliktar seg der til å arbeide for at alle barn og unge skal ha eit godt fysisk og psykososialt miljø i barnehagen og skolen.

Fylkesmennene vil i 2007 få i oppdrag å vidareføre og vidareutvikle det tverrfaglege og tverretatlege samarbeidet knytte til barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. Dette området er òg med i Noregs forskingsråd program for praksisretta FoU.

Barnehagar av god kvalitet er eit viktig verkemiddel for integrering og for å betre språkforståinga til minoritetsspråklege barn før dei begynner i skolen. Det er eit mål i 2007 å auke talet på minoritetsspråklege barn i barnehage.

Mål: Låg pris

Tilstandsvurdering

Prisen på foreldrebetalinga for ein heildagsplass vart redusert 1. januar 2006 frå kr 2750 til kr 2 250 per månad. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at reduksjonen i maksimalpris er gjennomført både i dei kommunale og i dei private barnehagane. Ei undersøking gjennomført av Statistisk sentralbyrå i januar 2006 syner at for hushald med ei bruttoinntekt på kr 250 000, kr 375 000 og kr 500 000 er satsane for ein heildagsplass i kommunal barnehage på landsbasis høvesvis kr 2 010, kr 2 199 og kr 2 257 i snitt. Per januar 2006 er den gjennomsnittlege betalingssatsen i private barnehagar på landsbasis kr 2 332, men oppdaterte tal frå Statistisk sentralbyrå syner at dei private barnehagane i snitt reduserte satsane med 3,3 pst. i perioden januar–august 2006.

Forskrifta om foreldrebetaling seier at kommunen skal ha ordningar som kan tilby barnefamiliar med lågast betalingsevne ein reduksjon i eller fr­itak frå foreldrebetaling. Ordningane skal òg omfatte dei ikkje-kommunale barnehagane. Det er opp til kommunen å finne eigna løysingar. I merknadene til forskrifta er det angitt at kommunen bør føre vidare eller innføre ei viss form for inntektsgradert betaling.

Under behandlinga av St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Barne- og familiedepartementet bad familie-, administrasjons- og kulturkomiteen om følgjande, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (2005–2006):

«Komiteen ber Regjeringa legge fram for Stortinget i egnet form en situasjonsbeskrivelse som også inneholder en økonomisk beskrivelse av bruken av inntektgradering i komunene.»

TNS Gallup gjennomførte sommaren 2006 ei undersøking av omfanget av, og endringar i, ordningar for dei med lågast betalingsevne på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet . Resultata frå undersøkinga syner at kommunane i utvalet har fleire ordningar for dei med lågast betalingsevne (økonomisk sosialhjelp, friplassar, inntektsgradering og andre ordningar) enn før maksimalprisen vart innført. Økonomisk sosialhjelp og inntektsgradert foreldrebetaling er dei ordningane som blir nytta mest. Resultata frå undersøkinga syner vidare at ordningane for dei med lågast betalingsevne samla sett er gunstigare no enn før 1. mai 2004.

I 58 pst. av kommunane i undersøkinga er ordningane på same nivå som før maksimalprisen vart innført, mens 29 pst. svarar at dei er gunstigare enn tidligare. I 7 pst. av kommunane er ordningane mindre gunstige enn tidligare. I 86 pst. av kommunane med private barnehagar gjeld ordningane også for private barnehagar. Når det gjeld inntektsgradering isolert, svarar 40 pst. av kommunane med inntektsgradering at ordninga med inntektsgraderte satsar er gunstigare enn før 1. mai 2004. Av kommunane med inntektsgradering svarar 44 pst. at ordninga er på same nivå som før maksimalprisen vart innført, mens 11 pst. svarar at ordninga er mindre gunstig enn før.

I St.prp. nr. 1 (2004–2005) for Barne- og familiedepartementet var målet at tilskottet frå kommunane til dei ikkje-kommunale barnehagane vart minst 85 pst. av det som tilsvarande kommunale barnehagar i gjennomsnitt fekk. I august 2005 vart dette kravet sett i kraft, jf. § 3, tredje ledd i forskrift om likeverdig behandling av barnehagar når det gjeld offentleg tilskott.

Konsulentfirmaet Fürst og Høverstad har analysert kostnadene i barnehagane i 48 utvalskommunar i 2005. Tilsvarande analysar er gjennomførde i 2002, 2003 og 2004 på oppdrag frå daverande Barne- og familiedepartementet. Analysen syner at kostnadene til ordinær drift er 15,4 pst. høgre i dei kommunale barnehagane enn dei private. I 2004 var tilsvarande tal 19 pst. Medan dei kommunale barnehagane hadde ei nominell auke i kostnadene på 1 pst. frå 2004 til 2005, hadde dei private barnehagane samstundes ein nominell kostnadsauke på ordinær drift på 4 pst.

Strategiar og tiltak

Målet til Regjeringa er at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, har råd til å betale for ein barnehageplass av god kvalitet.

Regjeringa vil derfor føre vidare foreldrebetalinga på same reelle nivå som i 2006. I tråd med anslaget for forventa pris- og kostnadsauke i kommunesektoren vil dette innebere at maksimalgrensa for foreldrebetaling for eit ordinært heiltidstilbod vil utgjere kr 2 330 per månad og kr 25 630 på årsbasis. Sjå forslag til vedtak IV nr. 4.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiinger, kompetansetiltak og informasjons- og erfaringsspreiing. Midlane blir mellom anna nytta til kompetanseheving i barnehagesektoren, jf. omtalen under kategoriinnleiinga.

Fylkesmennene fekk tildelt 11 mill. kroner i 2005 for å løyse særskilde oppgåver på barnehagefeltet. Desse midlane kjem i tillegg til dei ordinære midlane til fylkesmannsembeta, løyvde over budsjettet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Midlane er mellom anna nytta til arbeid med informasjon, utviklingstiltak, nettverkssamlingar, rettleiing, iverksetjing og oppfølging knytte til gjennomføring av barnehagereforma. Fylkesmennene har vidare ei sentral rolle i arbeidet med å auke barnehageutbygginga i kommunane.

I 2005 vart det nytta 1 mill. kroner til oppfølging av Handlingsplan for likestilling i barnehagane 2004–2007. I 2006 vart det sette av 3 mill. kroner til formålet. Midlane er nytta til regionalt arbeid, til prosjekt for å fremme likestilling i barnehagen, ein landskonferanse og støtte til ei nettside for menn i barnehagen.

I 2006 vart løyvingane til barnehageforsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving for personalet styrkt med om lag 50 mill. kroner. For ytterlegare omtale, sjå tilstandsvurderinga i kategoriomtalen. Departementet har sett i verk fleire utgreiingar og støtta ulike forskings- og uviklingsprosjekt. Ei arbeidsgruppe utarbeidde i 2005 forslag til ny rammeplan for barnehagen. Departementet sitt vidare arbeid med rammeplanen gjekk føre seg gjennom ein open og omfattande prosess. I mars 2005 leverte ei breitt samansett arbeidsgruppe rapporten Klar, ferdig, gå! Tyngre satsing på de små. Rapporten ser på kvalitet i barnehagen og barnehagesektoren, og kjem med forslag til tiltak for å styrkje denne. Sjå nærmare omtale av desse arbeidsgruppene i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Barne- og familiedepartementet. Ei kartlegging av tilbod om og etterspurnad etter etter- og vidareutdanning i barnehagesektoren som er utført av Høgskolen i Vestfold, vart gitt til departementet i juni 2006. Kartlegginga syner at barnehagane har lite høve til å finansiere eigne tiltak, og at knappe økonomiske rammer styrer den gjeldande organiseringa av og forma på kompetanseutviklinga.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nominelle nivå som i 2006. Av den totale løyvinga på posten skal om lag 50 mill. kroner gå til vidare satsing på kompetanseutvikling i barnehagesektoren. For å styrkje departementet si forvaltning av barnehagesektoren, foreslår departementet at løyvinga på posten blir redusert med 2,7 mill. kroner, med ein tilsvarande auke i løyvinga på kap. 200 post 01, jf. omtale under kap. 200.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Formålet med tilskottet er å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle språket sitt og kulturbakgrunnen sin i barnehagen. Sametinget har utarbeidd eigne retningslinjer for tilskottet. Det blir forvalta av Sametinget og omfattar tilskott til samiske barnehagar, samiske barn i norske barnehagar og midlar til informasjons- og utviklingsarbeid. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har årlege samarbeids- og informasjonsmøte.

Sametinget har i 2005 fordelt midlar til 47 samiske barnehagar. Det er vidare tildelt midlar til samiskopplæring i barnehagen til 18 norske barnehagar. I tillegg har fire barnehagar fått prosjektmidlar.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane blir nytta til forsking i og om barnehagar. Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd, gjennom Program for velferdsforsking 2004–2008, og til delar av satsinga på praksisretta forsking (2006–09).

Løyvinga til forsking i og om barnehagar vart tidligare gitt over kap. 846 post 50 og kap. 856 post 21. I 2005 vart løyvinga tildelt Program for velferdsforskingog vart nytta til prosjekt med vekt på innhaldet og kvaliteten i barnehagane. Det vart gjennomført eit prosjekt ved Norsk senter for barne­forsking (NOSEB) og eit fellesprosjekt mellom Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Høgskolen i Oslo. Posten vart oppretta i 2006, og i 2006 var løyvinga på om lag 6,3 mill. kroner. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21. Over post 21 er det i 2006 sett av om lag 13 mill. kroner til praksisretta forskings- og utviklingsarbeid i barnehagen. I samband med dette er 2,5 mill. kroner over post 51 øyremerkte til forsking om barn med nedsett funksjonsevne i barnehage.

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 60 Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving

Under denne løyvinga er det fire tilskott: eit ordinært driftstilskott, eit tilskott til drift av barnehagar på Svalbard, eit tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar og eit tilskott som gjeld lønnstillegg for førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms.

Ordinært driftstilskott til barnehagar

Det ordinære driftstilskottet skal nyttast til å nå måla om full barnehagedekning, lågare foreldrebetaling og høg kvalitet i barnehagane.

Tilskottet er øyremerkt og blir gitt på like vilkår til alle godkjende barnehagar. Tilskottet blir utbetalt etter gjeldande satsar, avhengig av alderen til barnet og avtalt opphaldstid per veke. Tilskottet er differensiert mellom private og offentlege barnehagar. Det er eigne satsar for barn med tilbod i open barnehage.

Driftstilskottet blir berekna kvart år på grunnlag av årsmeldingane frå barnehageeigar per 15. desember året før. Nye barnehagar får driftstilskott frå og med opningsmånaden. Fylkesmennene forvaltar dei statlege tilskotta til barnehagane. Kommunane vidareformidlar tilskottet til dei private barnehageeigarane. Nærmare tildelingskriterium vil bli gitt i rundskriv frå departementet.

Det vart i 2005 utbetalt om lag 9 551 mill. kroner i driftstilskott til barnehagar. I hovudsak gjekk desse midlane til å utbetale ordinært driftstilskott, som i 2005 omfatta om lag 231 500 barn i barnehage, inkludert barn i open barnehage.

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med om lag 1 990 mill. kroner nominelt i 2007. Av dette er om lag 440 mill. kroner knytte til at for driftstilskottet er justert opp med ein faktor for forventa pris- og kostnadsvekst i kommunal sektor. Ved utrekning av løyvingsbehovet på posten for kapasitetsvekst i 2007 er det lagt til grunn at 20 pst. av dei nye barna som får plass i barnehage er over tre år, og at 24 pst. av alle nye barn startar i kommunal barnehage. Vidare er det i utrekninga av løyvingsbehovet lagt til grunn ein auke på 13 500 nye heiltidsplassar, som er anslått til å gi plass til 11 100 nye barn i ordinære barnehagar. Løyvingsbehovet knytt til nye barn i barnehage i 2007 er anslått til 394 mill. kroner. Vidare er det lagt til grunn at det blir oppretta om lag 5 800 permanente plassar i mellombels barnehagelokale, som er pårekna å gi plass til om lag 4 700 nye barn i barnehage. Løyvingsbehovet for driftstilskott til desse plassane er anslått til 168,5 mill. kroner i 2007. Vidare er posten auka med 987 mill. kroner knytte til å dekkje heilårseffekten av barnehageplassar som er etablerte i 2005 og 2006.

Tabell 4.6 Statleg driftstilskott til ordinære barnehagar og familiebarnehagar for 2007. Offentlege barnehagar. Kroner per år.

Ukentleg opphaldstid for barna

Barn fødde 2003 og tidlegare

Barn fødde 2004 og seinare

0–8 timar

8 080

15 545

9–16 timar

16 290

31 280

17–24 timar

24 685

47 085

25–32 timar

33 010

62 930

33–40 timar

35 235

67 055

41 timar og meir

44 375

81 000

Tabell 4.7 Statleg driftstilskott til ordinære barnehagar og familiebarnehagar for 2007. Private barnehagar. Kroner per år.

ukentleg opphaldstid for barna

Barn fødde 2003 og tidlegare

Barn fødde 2004 og seinare

0–8 timar

8 950

17 350

9–16 timar

18 070

34 870

17–24 timar

27 300

52 490

25–32 timar

36 530

70 115

33–40 timar

38 885

74 630

41 timar og meir

49 010

90 105

Tilskott til drift av barnehagar på Svalbard

Tilskottet skal medverke til at barnehageeigarar på Svalbard kan gi eit kvalitativt godt tilbod med låg foreldrebetaling til dei som ønskjer barnehageplass. Ordninga blir forvalta av departementet.

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det var to godkjende barnehagar på Svalbard ved utgangen av 2005. Totalt hadde 107 barn eit tilbod om plass i ordinær barnehage. I tillegg hadde tolv barn plass i open barnehage. Sysselmannen på Svalbard skal frå 2007 gjennomføre synfaring og tilsyn med barnehagane. Desse oppgåvene har tidlegare vorte utførde av Longyearbyen lokalstyre.

Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2006.

Tilskott til tiltak for barn av nykomne flyktningar

Målsetjinga med tilskottet er å gjere kommunar og private barnehageeigarar i stand til å gi barn av nykomne flyktningar eit barnehagetilbod når familien skal etablere seg i busetjingskommunen etter opphald i mottak. Ordninga gjeld også for barn av personar som har fått opphald på humanitært grunnlag. Barn av asylsøkjarar er ikkje omfatta av ordninga. Tilskottet omfattar eit 15 timars barnehagetilbod per veke i åtte månader. Det må vere minst tre barn i gruppa for at tilskott skal delast ut. Fylkesmannen kan forlengje tilskottet ut nærmaste barnehage- eller kalenderår. Som hovudregel skal det vere tilsett ein tospråkleg assistent for at tilskott skal delast ut.

Kommunen har som barnehagestyresmakt ansvar for å kontrollere at tilskottet blir nytta etter føresetnadene. Fylkesmannen kan foreta stikkprøvekontroll.

Det vart i 2005 gitt tilskott til 448 barn. Dette er ein reduksjon med om lag 150 barn frå 2004.

Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2006.

Lønnstillegg til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms

Formålet med tilskottet er å betre tilgangen på førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms. Løyvinga dekkjer lønnstillegg til førskolelærarar tilsette som styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagar og barnehage­administrasjonar i alle kommunane i Finnmark og sju i Nord-Troms Det blir gitt tilskott dersom meir enn 30 pst. av dei aktuelle stillingane er opptekne av personar utan godkjend førskolelærarutdanning.

Om lag 15,1 pst. av styrarar og pedagogiske leiarar i Finnmark var utan førskolelærarutdanning ved utgangen av 2005. I Troms var 12,8 pst. utan godkjend førskolelærarutdanning på same tidspunkt. Landsgjennomsnittet ved utgangen av 2005 var 10,9 pst. I 2005 vart det utbetalt om lag kr 116 000 i lønnstillegg til førskolelærarar i kommunane Gamvik og Hasvik i Finnmark.

Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same måte som i 2006.

Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving

Tilskottsordninga er eit viktig verkemiddel for å nå målet om full barnehagedekning. Investeringstilskottet er eit eingongstilskott til etablering av nye barnehageplassar. Tilskottet skal dekkje delar av anleggskostnadene (tomte- og byggekostnader) ved nybygg, tilbygg eller ombygging slik at investeringstilskottet reduserer finansieringsbehovet (lånebehovet eller behovet for eigenkapital) ved etablering av nye plassar.

Investeringstilskottet blir gitt til etablering av plassar som bringer nye barn inn i ordinære barnehagar. Med ordinær barnehage meiner ein i denne samanhengen ein bygning spesielt tilpassa barnehageformål, og som er godkjend til denne bruken. Nærmare tildelingskriterium vil bli gitt i rundskriv frå departementet.

Investeringstilskottet medverka til at det vart oppretta om lag 13 500 nye barnehageplassar i 2005. Til saman vart det utbetalt 216 mill. kroner i 2005.

Departementet foreslår at satsane for investeringstilskottet blir ført vidare på same nominelle nivå som i 2006. Det er lagt til grunn at det blir etablert 13 500 nye barnehageplassar ved ordinær utbygging i 2007, som er berekna til å gi om lag 11 100 nye barn plass i barnehage. På denne bakgrunnen foreslår departementet å løyve 255 mill. kroner til investeringstilskott til nye plassar i barnehage.

Post 62 Tilskott til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Tilskottsordninga skal medverke til at barn med nedsett funksjonsevne skal kunne dra nytte av opphald i barnehage. Barn med nedsett funksjonsevne skal i høve til barnehagelova ha prioritet ved opptak. Kommunen har ansvaret for at barn med rett til prioritet får plass i barnehage. Barn med nedsett funksjonsevne kan ha behov for særskild tilrettelegging av dei fysiske tilhøva og personalomsyn i barnehagen for at dei skal kunne ha nytte av opphaldet. Ei slik tilrettelegging vil ofte føre med seg ekstra kostnader for barnehageeigaren. Det blir derfor gitt eit ekstra tilskott frå staten til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage. Kommunen må i tillegg yte det som er nødvendig av eigne midlar for å gi desse barna eit godt og forsvarleg tilbod i barnehage. Tilskottet er fordelt på kommunane etter talet på barn i alderen eitt til fem år i kommunen. Tilskottet blir handsama av kommunane. Nærmare tildelingskriterium vil bli gitt i rundskriv frå departementet.

I 2005 vart det tildelt om lag 736 mill. kroner knytte til barn med nedsett funksjonsevne i barnehage. For nærmare omtale, sjå kategoriinnleiinga.

Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

Om ordninga

Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder. Eit delmål med ordninga er å medverke til at minoritetsspråklege barn går i barnehage, då barnehagen er ein god arena for integrering og språkopplæring. Eit anna delmål er å medverke til at kommunane utarbeider heilskaplege tiltak på tvers av tenestetilboda.

Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn i barnehage. Kommunane kan nytte tilskottet fleksibelt og utforme tiltak med utgangspunkt i lokale behov og ressursar. Tilskottet følgjer ikkje barnet. Nærmare tildelingskriterium vil bli gitt i rundskriv frå departementet.

Rapport for 2005–06

KOSTRA-tal for 2005 viser at over 6 000 minoritetsspråklege barn i barnehage fekk tilbod om særskilt språkstimulering utover det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen, jf. rammeplanen for barnehagen. I 2004 vart det rapportert om i underkant av 5 000 som fekk særskilt språkstimulering. Over 1 000 barnehagar oppgir at dei har samarbeidd systematisk med andre tenester for å betre språkforståinga til minoritetsspråklege barn.

Hausten 2005 vart det sett i gang eit utviklingsprosjekt i fire bydelar i Oslo for å gi særskild språkstimulering til fire- og femåringar som ikkje har barnehageplass. Prosjektet er vidareført i 2006 med midlar frå departementet til to ambulerande pedagogar. Det vil bli sett i verk ei evaluering av prosjektet. Prosjektet skal etter planen bli avslutta sommaren 2007. Vidare er det i 2006 nytta 5,8 mill. kroner til Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) for å initiere kompetanseutviklingsprogram og utviklingsprosjekt i eit utval fylke og barnehagar, og til fylkesmennene til opplæring og lokalt utviklingsarbeid.

Rambøll Management har evaluert tilskottsordninga for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen etter oppdrag frå dåverande Barne- og familiedepartementet. I evalueringa blir det peikt på at tilskottsordninga overordna sett har verka positivt. Resultata frå evalueringa syner at kommunane og barnehagane generelt sett vurderar at innsatsen for språkstimulering har hatt god effekt på dugleiken i norsk og språkforståinga generelt. Vidare syner resultata at samarbeidet mellom instansane i kommunen på dette feltet aukar og at helsestasjonen er ein sentral samarbeidspart. Evalueringa peiker vidare på at det er dei store kommunane som forsøker å auke talet på minoritetsspråklege barn i barnehage, medan små kommunar med få minoritetsspråklege barn ikkje har det same fokuset.

Budsjettforslag for 2007

Tilskottsordninga vart innført i noverande form i 2004. Resultata frå evalueringa gir ikkje grunnlag for å endre tilskottsordninga no. Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Kompetansetiltaka til NAFO som vart påbegynte i 2006, og utviklingsprosjektet i Oslo for å gi særskild språkstimulering til fire- og femåringar som ikkje har barnehageplass, vil bli vidareført i 2007.

Post 64 Tilskott til mellombels barnehagelokale, overslagsløyving

Tilskott til etablering av faste barnehageplassar i mellombels lokale inntil permanente barnehagebygg er ferdig, er eit verkemiddel for å auke kapasiteten i barnehagesektoren. Departementet føreslår at tilskottsordninga blir innført frå 1. januar 2007. Ordninga er ei mellombels ordning som skal stimulere barnehageeigarar til å leggje til rette lokale som gir barn fast plass i ein barnehage før den planlagde barnehagen er på plass, og såleis medverke til at ein når målet om full barnehagedekning i løpet av 2007.

Tilskottet til faste plassar i mellombels barnehagelokale vil gjelde for nye barnehageplassar som blir oppretta i 2007, og vil bli gitt med ein frist for utbyggjar til å flytte barn og tilsette over i ny og permanent barnehage. Det vil vidare vere eit krav for tildeling at det er konkrete planar om etablering av ein permanent barnehage, med plass til alle barna som blir gitte plass i dei mellombels lokala. Departementet legg opp til at det ordinære investerings­tilskottet blir utbetalt etter søknad på vanleg vis etter at barna er overførde til den permanente barnehagen.

Det er ein føresetnad at barnehagane i mellombels lokale skal tilfredsstille dei same krava til kvalitet og innhald som permanente barnehagar. Barn og tilsette bør i utgangspunktet bli flytta samla, slik at det behovet barna har for tryggleik og tilhørsle, blir teke i vare. Det kan være eit alternativ å fire noko på kravet til uteareala i mellombels barnehagar, men det blir presisert at sikkerheita på uteareala må vere tilstrekkeleg.

Tilskottsordninga vil bli administrert av fylkesmennene. Departementet foreslår ein tilskottssats på kr 8 400 per barn som får heiltidsplass (33 timar eller meir per veke) og kr 4 200 per barn som får deltidsplass (under 33 timar per veke). Nærmare reglar for ordninga vil bli gitte i rundskriv frå departementet.

Departementet foreslår å løyve 40 mill. kroner på posten. Auken i kapasiteten i sektoren knytt til dette formålet gir i tillegg eit løyvingsbehov for driftstilskott og skjønnsmidlar, jf. post 60 og post 65. Med denne løyvinga blir det lagt til rette for at om lag 4 700 nye barn kan få eit fast barnehagetilbod i mellombels lokale. Dette svarar til at nærmare 5 800 nye plassar blir oppretta.

Post 65 Skjønnsmidlar til barnehagar

Om ordninga

Målet med skjønnsmidlane er å kompensere for dei auka netto meirutgiftene til kommunane som følgje av maksimalpris, kommunal plikt til likeverdig behandling og drift av nye barnehageplassar. Skjønnsmidlane er statlege midlar som blir overførte til kommunane og er øyremerkte barnehagedrift.

Barnehageforliket, jf. Innst. S. nr. 250 (2002–2003), slår fast at den samla bruken av frie midlar til kommunane i sektoren skal vidareførast på same nominelle nivå som da forliket vart inngått. All auke i offentleg finansiering skal komme gjennom auke i dei statlege tilskotta. Behovet for auka statlege midlar varierar mykje mellom kommunane, og avheng av barnehagedekning, tidlegare kommunal eigenfinansiering og nivået på foreldrebetalinga. Gjennom tildelinga av skjønnsmidlar er det i større grad enn ved generelle tilskott mogleg å tilpasse tildelinga av midlar til behova i den einskilde kommunen.

Rapport for 2005–06

KOSTRA-tala for 2005 syner at netto driftsutgifter til barnehagar i kommunane nominelt vart reduserte med 0,3 pst. eller om lag 10 mill. kroner frå 2003 til 2005. Ein del kommunar har auka eigenfinansieringa, medan ei rekkje kommunar har redusert eigenfinansieringa. Reduksjon i eigenfinansieringa er i strid med føresetnadene i barnehageforliket og rundskrivet om tildeling av skjønnsmidlar for 2005. Departementet vil derfor følgje opp dette overfor kommunane.

Skjønnsmidlane medverka til at det vart oppretta om lag 13 500 nye barnehageplassar i 2005. Til saman vart det utbetalt om lag 1 263 mill. kr­oner i 2005.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår å løyve om lag 3 080 mill. kroner i skjønnsmidlar til kommunane i 2007. Løyvinga på posten er auka med om lag 1 109 mill. kr­oner nominelt i høve til 2006. Av dette er om lag 75 mill. kroner prisjustering. Det er lagt til grunn at auken i kapasiteten i sektoren i mindre grad enn i 2006 vil gå med til å utvide opphaldstida for barn som allereie har plass i barnehage. Det er lagt til grunn at forholdet mellom talet på nyetablerte plassar og nye barn vil vere 1,22. Auken på posten skal dekkje utbygging av nye barnehageplassar i 2007. Dette er anslått til 265 mill. kroner i 2007. I tillegg er løyvinga auka med 113,5 mill. kroner til auke i kapasiteten i samband med utbygging av nye barnehageplassar i mellombels lokale. Midlane dekkjer vidare dei auka utgiftene som følgje av plassar som er utbygde i 2005 og 2006. Løyvinga er foreslått auka med 655 mill. kroner til dette formålet.

Programkategori 07.40 Andre tiltak i utdanninga

Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

248

Særskilde IKT-tiltak i utdanninga

99 389

249

Andre tiltak i utdanninga

2 163

Sum kategori 07.40

101 552

Kap. 248 Særskilde IKT-tiltak i utdanninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70

98 739

70

Tilskott til IKT-tiltak , kan nyttast under post 21

650

Sum kap. 248

99 389

Løyvinga på kap. 248 vart i budsjettet for 2006 flytta til kap. 226.

Kap. 249 Andre tiltak i utdanninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

2 163

Sum kap. 249

2 163

Løyvinga på kap. 249 vart i budsjettet for 2006 flytta til kap. 200 og kap. 258.

Programkategori 07.50 Tiltak for å fremme kompetanseutvikling

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

251

Fagskoleutdanning

266 187

252

EUs handlingsprogram for livslang læring

141 652

253

Folkehøgskolar

535 405

552 627

552 374

0,0

254

Tilskott til vaksenopplæring

184 352

131 688

189 496

43,9

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

37 521

256

Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet

53 810

55 136

52 300

-5,1

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

24 490

35 421

44,6

258

Analyse og utviklingsarbeid

38 574

41 986

37 083

-11,7

259

Kompetanseutviklingsprogrammet

20 778

Sum kategori 07.50

1 099 106

805 927

1 045 847

29,8

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

3256

Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet

8 018

9 100

9 446

3,8

Sum kategori 07.50

8 018

9 100

9 446

3,8

Regjeringa legg eit breitt syn på kunnskap til grunn for arbeidet sitt med å vidareutvikle kompetansepolitikken. Kunnskap og kompetanse blir tileigna på fleire vis, og er eit resultat av røynsle og læring både innanfor og utanfor det formelle utdanningssystemet, på arbeidsplassen og i kultur- og organisasjonslivet. Regjeringa vil medverke til læring på alle desse arenaene. Det vil bli sett ned eit offentleg utval som skal vurdere studieforbunda si rolle, jf. omtale under kap. 254 post 70.

Gode høve for livslang læring er eit gode i seg sjølv. Samstundes er arbeidskrafta den viktigaste ressursen Noreg har. For å forvalte denne ressursen best mogleg er det naudsynt å leggje til rette for ein velfungerande kompetansemarknad med godt samspel mellom utdanning og arbeidsliv, og gjere god nytte av kompetansen til den einskilde. Samstundes må arbeidslivet sjølv bli meir læringsorientert, investere i kunnskap, utvikle lærande organisasjonar og arbeide for auka flyt av kompetanse mellom arbeidsplassar, sektorar og land.

I tillegg til arbeidslivsretta kompetanse vil Regjeringa òg leggje til rette for utvikling av kulturell og demokratisk kompetanse.

Mål: Fleire vaksne med grunnleggjande dugleikar

Regjeringa ønskjer å skape eit inkluderande kunnskapssamfunn og eit arbeidsliv med rom for alle. Ingen skal bli støytt ut av eit stadig meir kunnskapsbasert arbeids- og samfunnsliv grunna manglande grunnleggjande dugleikar innanfor lesing, skriving, rekning og bruk av IKT. Alle må ha høve til å tileigne seg slik basiskompetanse.

Resultata frå OECD-undersøkinga Adult Literacy and Lifeskill Survey (ALL) om grunnleggjande dugleikar som vart lagde fram våren 2005, viste at over 400 000 personar i den vaksne befolkninga i Noreg har så svake lesedugleikar eller så dårleg forståing av tal at dei har vanskar med å møte krava i eit moderne samfunns- og arbeidsliv. Samstundes syner forsking at dei med svake dugleikar i langt større omfang enn andre er uføretrygda eller på annan måte står utanfor arbeidslivet. Mangel på grunnleggjande dugleikar er derfor eit problem både for den einskilde og for samfunnet.

Mange av dei som har lågast kompetanse, er gjerne lite motiverte for tradisjonell skolegang. Det er derfor behov for tilrettelagd opplæring og alternative tiltak for å motverke utstøyting som skyldast mangel på kompetanse. Erfaringane frå Kompetansereforma viste at nye rettar til grunnopplæring og vidaregåande opplæring ikkje resulterte i auka deltaking blant dei som ikkje hadde slik utdanning. Det er svakheiter både i etterspurnad og tilbod til opplæring i grunnleggjande dugleikar. ALL-undersøkinga viser at mange med svake dugleikar ikkje sjølve tykkjer dei har behov for opplæring. Arbeidstakarar med lite utdanning føretrekkjer ofte å tileigne seg ny kompetanse på jobb eller i nær tilknyting til arbeidsoppgåvene, og slik opplæring gir ofte gode resultat. Tal frå Lærevilkårsmonitoren (sjå nærmare omtale under kap. 258) syner at verksemdene legg betre til rette for kompetanseutvikling for dei som har høg utdanning, enn for tilsette med lågare formell kompetanse. Tilstandsrapporten frå Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet frå 2006 om læringa til vaksne peikar på at Noreg ikkje har eit offentleg utbygd system av tilbydarar for å heve grunnleggjande dugleikar blant vaksne, slik ein del andre land har. Kommunane har ansvaret for opplæring på grunnskolenivå, men driv i svært liten grad med opplæring i grunnleggjande dugleikar for norskspråklege. Vox understrekar at det er naudsynt med ei brei satsing som omfattar opplæringstiltak, forsking, utviklingsarbeid og kunnskaps- og erfarings­speiing.

På bakgrunn av dette er det i 2006 oppretta Program for basiskompetanse i arbeidslivet retta mot dei gruppene som manglar den grunnleggjande kompetansen dei treng for å fungere godt i arbeids- og samfunnslivet. Programmet styrkjer etterspurnaden frå arbeidslivet etter slik opplæring, og gjer det mogleg for kommunar og andre opplæringstilbydarar å utvikla kompetansen sin, sjå nærmare omtale i kap. 257. Både i tilknyting til programmet og som del av satsinga i kap. 258 blir det satsa på utviklingsarbeid og kunnskapsutvikling om grunnleggjande dugleikar. Vox har eit nasjonalt ansvar og ei sentral rolle i dette arbeidet, sjå nærmare omtale i kap. 256 og kap. 258.

Mål: Å medverke til livslang læring

Regjeringa har som mål at den einskilde gjennom heile livet skal ha høve til å tileigne seg den kunnskapen og kompetansen som er naudsynt for å kunne fungere tilfredstillande i samfunns- og arbeidslivet. Viktige føresetnader for å nå dette målet er auka merksemd om samanhengane mellom dei ulike delane av utdanningssystemet, og ei styrkt samhandling mellom utdanningssektoren og arbeidslivet. Departementet vil utarbeide ein tilstandsrapport om livslang læring.

Ei grunnutdanning av høg kvalitet legg grunnlaget for vidare læring og utvikling gjennom heile livet. For dei som ikkje har tileigna seg naudsynte grunnleggjande dugleikar gjennom det tradisjonelle utdanningssystemet, vil tilrettelagd opplæring for vaksne vere viktig.

Eit viktig ledd i arbeidet med livslang læring er formell verdsetjing av realkompetanse. Erfaringar gjorde i åra etter at realkompetanseprosjektet vart avslutta i 2002, viser at fleire utfordringar står att. Målet er at fleire skal dra nytte av ordninga for dokumentasjon og verdsetting av realkompetanse, og at ein får ein felles praksis som sikrar alle lik handsaming same kor i landet ein bur. I 2007 vil Noreg ta del i ein OECD-gjennomgang av dette arbeidet. Arbeidet med å utvikle eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk vil òg kunne fremme arbeidet med godkjenning av realkompetanse, sjå nærmare omtale under Hovudprioriteringar i programkategori 07.60.

Individet står overfor stadig meir komplekse val når det gjeld utdanning og karriere. Det er eit mål at alle skal ha tilgang til kvalifisert og tilpassa rettleiing om utdanning og karriere gjennom heile livet. Departementet har sett i verk forsøk med regionale partnarskap for karriererettleiing. I 2007 vil departementet setje i verk tiltak for å styrkje kunnskapen om korleis ein kan byggje ut tilbodet på dette området, sjå nærmare omtale i kap. 256 og kap. 258.

Det er naudsynt med fleksible former for læring, mellom anna fjernundervisning. Utvikling av IKT og fleksible e-læringsprogram vil gjere fjernundervisning til eit viktig verktøy for å dekkje framtidige behov for etter- og vidareutdanning på alle nivå, jf. kap. 254.

Læring skjer i alle stadium i livet, i ulike former og på ulike arenaer. I eit mangfaldig samfunn der individuelle ønske og behov varierer, vil det òg vere etterspørsel etter opplæringstilbod innanfor geografiske og tematiske område der det ordinære utdanningssystemet ikkje har tilbod. Vidare handlar livslang læring òg om menneskeleg utvikling og utvikling av kulturell og demokratisk kompetanse. Regjeringa støttar derfor opp om opplæringstilbod som er supplement og alternativ til den læringa som finn stad gjennom det ordinære utdanningssystemet og i arbeidslivet, jf. kap. 253 og 254.

Mål: Ein velfungerande kompetansemarknad

Departementet vil arbeide for å skape ein velfungerande kompetansemarknad som gjer at arbeidslivet får tilført kompetent arbeidskraft, at verksemdene blir meir læringsorienterte, og at den einskilde får styrkt omstillingskompetansen sin og får høve til stadig å skaffe seg ny fagkompetanse.

Noreg står overfor ei rekkje kompetanseutfordringar i åra som kjem. Kompetent arbeidskraft kan bli ein knapp ressurs, mellom anna som følgje av eldrebølgja. Dei yrkesaktive vil utgjere ein mi­ndre del av befolkninga. Samstundes vil det bli auka behov for kompetent arbeidskraft mellom anna innanfor helse- og omsorgssektoren, utdannings- og forskingssektoren og innanfor kunnskapsintensive næringar der Noreg har fortrinn. Import av kompetent arbeidskraft og mobilisering av dei som i dag er utanfor arbeidsmarknaden, kan løyse nokre, men truleg ikkje alle kompetansebehova.

Som følgje av globalisering og internasjonal arbeidsdeling må norske bedrifter i aukande grad konkurrere på nyskaping og kunnskapsbasert produksjon. For at norsk næringsliv skal hevde seg i denne konkurransen, er det avgjerande at ny kunnskap blir utvikla, og at eksisterande kunnskap blir anvend og flyt effektivt i bedrifter, og mellom næringsliv og kompetansemiljø regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Ein aldrande arbeidsstyrke inneber òg at ein mindre del av kompetansebehova i framtida vil bli løyste gjennom å fylle på med nyutdanna ungdom. Verksemdene må derfor bli betre til å utnytte og utvikle dei menneskelege ressursane som allereie er i arbeidslivet. Omstilling og nye krav til kunnskap inneber at mange av kompetansebehova i framtida er ukjende. Både utdanning og arbeidsliv må leggje til rette for at den einskilde utviklar omstillingskompetanse og betre evne til å styre sin eigen karriere- og kompetanseutvikling, og samhandlinga mellom arbeidsliv og utdanning må styrkjast.

Departementet vil starte eit arbeid for å greie ut desse utfordringane, sjå nærmare omtale i kap. 258.

Erfaringane frå Kompetanseutviklingsprogrammet viser at det framleis er naudsynt å få kompetansemarknaden til å fungera betre, mellom anna ved å styrkje samarbeidet mellom verksemder med felles kompetansebehov, og betre samarbeidet mellom arbeidslivet og utdanningstilbydarane, sjå nærmare omtale i kap. 259.

Mål: Å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget

Regjeringa har som mål å heile tida utvikle og oppdatere kunnskapsgrunnlaget for kompetansepolitikken.

I dei siste åra har kunnskapsgrunnlaget vorte vidareutvikla gjennom forsking og utgreiingar, gjennom deltaking i internasjonale nettverk og prosjekt, og gjennom utprøving av nye læringsmetodar og læringsformer på ulike arenaer. Denne verksemda har resultert i auka kunnskap om deltaking i opplæring, kva som gir god læring, og korleis rammevilkåra for læring blir praktiserte og blir opplevde av befolkninga.

Ein framtidsretta kompetansepolitikk og tiltak for å utvikle og nytte kunnskap og kompetanse må byggje på solid kunnskap om behova i samfunnet, og om korleis kompetansebehova kan bli dekte gjennom ulike former for læring på ulike læringsarenaer. Det trengst òg kunnskap om korleis kompetansemarknaden fungerer, og om kva forhold som gjer at kunnskap og kompetanse blir omsette til verdiar for den einskilde, for verksemdene og for samfunnet.

Departementet vil auke kunnskapen om korleis arbeidslivet kan bli meir læringsorientert og kva rolle utdanningssystemet skal ha i møte med utfordringar knytte til framtidige kompetansebehov. Det er også behov for meir kunnskap om korleis ein gjennom underliggjande einingar kan styrkje og få meir kontinuitet i arbeidet med kunnskapsgrunnlaget på desse områda, og korleis ein kan få betre innspel og koordinering av arbeidet med vidareutviklinga av Noreg som kunnskapsnasjon.

Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i internasjonalt samarbeid om livslang læring gjennom EUs handlingsprogram for livslang læring. Programmet er berebjelken i EUs utdanningssamarbeid. Det bidreg til elev-, lærar- og studentutveksling som legg til rette for fleirnasjonalt samarbeid om nyskapande prosjekt i utdanninga.

Det er eit mål at både den einskilde og norske verksemder skal ha tilgang på relevant informasjon om moglegheiter og rettar knytte til læring og opplæringstilbod. Gode modellar for opplæring og kompetanseutvikling må spreiast. I 2006 har Vox arbeidd med dette på fleire måtar (sjå kap. 256 og kap. 258), og arbeidet tyder på at det er stort behov for både informasjon og rettleiing. Vox skal halde fram som rettleiar og støttespelar for opplæringstilbydarar og offentlege og private verksemder.

Kap. 251 Fagskoleutdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Teknisk fagskole

266 187

Sum kap. 251

266 187

Hausten 2003 vart finansieringa lagd om frå rammefinansiering via fylkeskommunane til tilskott per student i eiga ordning. I undervisningsåret 2001–02 var det om lag 2 700 studentar i teknisk fagskole på landsbasis. Frå hausten 2003 auka talet på studentar til 3 160, og vidare til 3 320 i undervisningsåret 2003–04. Talet på innrapporterte heiltidsstudentar var 3 416 hausten 2004. I 2005 vart det ein nedgang til 3 072 rapporterte heiltidsstudentar per 10. oktober 2005.

Fagskoleutdanning er ein del av det formelle utdanningssystemet og byggjer på vidaregåande opplæring. Tilskottsordninga vart derfor frå 2006 overført til kap. 276 under kategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Kap. 252 EUs handlingsprogram for livslang læring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Tilskott , kan overførast

141 652

Sum kap. 252

141 652

Regjeringa går inn for norsk deltaking i EUs handlingsprogram for livslang læring 2007–13 (LLP). Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i fleire av EUs program på utdanningsområdet. Det nye programmet fører vidare og utvidar dagens program. Det består av fire sektoraktivitetar:

  • barnehage/førskole,

  • grunnskole og vidaregåande opplæring (Comenius),

  • høgre utdanning (Erasmus),

  • yrkes- og fagopplæring (Leonardo da Vinci)

  • vaksenopplæring og alternative utdanningsvegar (Grundtvig)

Programmet skal òg støtte området som politikkutvikling på udanningsområdet, statistikkinnsamling, framandspråkopplæring og IKT.

Noregs deltaking i LLP føreset tilslutning frå Stortinget, og det vil bli fremma ein stortingsproposisjon om saka, truleg i løpet av hausten 2006.

Om ordninga

For EU er LLP eit viktig verkemiddel for å nå målet om å bli ein konkurransedyktig og kunnskapsbasert region. Hovudformålet for det europeiske utdanningssamarbeidet er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.

Tilskottet skal dekkje medlemskontingenten for å delta i utdanningsprogrammet. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) skal være nasjonalkontor for programmet.

Internasjonalisering er ein viktig del av norsk utdanningspolitikk for å stimulere til den faglege utviklinga til institusjonane og elevane og studentane. Kompetanse i språk og kunnskap om kultur er svært viktig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi, og for at nyutdanna skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv. Regjeringa legg vekt på at Noreg skal føre ein aktiv Europa-politikk, mellom anna skal det vere mogleg for alle studentar som tek ein universitetsgrad i Noreg, å ta delar av utdanninga i utlandet. Deltaking i EUs nye utdanningsprogram er eit viktig verkemiddel for å få til dette.

Noreg vil ha to medlemmer i den europeiske programkomiteen for LLP. Bruken av kontingentmidlar innanfor EUs utdanningsprogram blir kontrollert av Europakommisjonen. Dette gjeld også for midlar som blir utbetalte til nasjonalkontora for programmet (stipend- og prosjektmidlar som skal fordelast vidare nasjonalt). Europakommisjonen vil skjerpe krava til rutinar og revisjon i denne programperioden.

Rapport for 2005–06

For rapport om dagens utdanningsprogram sjå omtale under kap. 281 post 73 for Sokrates og Erasmus Mundus og under kap. 225 post 72 for Leonardo da Vinci.

Budsjettforslag for 2007

Den samla ramma for heile programmet er 6,97 mrd. euro. Fordelinga mellom medlemslanda og EFTA-landa blir årleg berekna ut frå BNP. Den endelege fordelinga per år i programperioden er enno ikkje avklart, men for 2007 er det anslått at Noregs kontingent vil vere 141,7 mill. kroner, inkludert utgifter til nasjonale ekspertar i Europakommisjonen.

Det er anslått at det nye programmet medfører ein auke i forhold til tilskottet i 2006 på 44,7 mill. kroner.

Regjeringa foreslår derfor ein auke på 37,2 mill. kroner til kontingent til programmet, og 2,5 mill. kroner til to nasjonale ekspertar. I tilegg skal det løyvast 5 mill. kroner til å styrkje administrasjonen av programmet, sjå omtale under kap. 281 post 51.

Kap. 253 Folkehøgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Tilskott til folkehøgskolar

528 198

547 393

548 516

71

Tilskott til Folkehøgskolerådet

6 607

4 615

3 215

72

Tilskott til nordiske folkehøgskolar

600

619

643

Sum kap. 253

535 405

552 627

552 374

Post 70 Tilskott til folkehøgskolar

Under denne posten er det to tilskottsordningar: tilskott til folkehøgskolar og tilskott til folkehøgskolar med stor del av funksjonshemma elevar.

Målet med tilskott til folkehøgskolar er å medverke til at det kan bli etablert og drive folkehøgskolar. Målet med tilskott til folkehøgskolar med stor del av funksjonshemma elevar er å medverke til å dekkje meirutgifter skolane har til desse elevane. Det er fastsett eit normtal for elevtalet ved den einskilde skolen.

Elevtalet på langkurs har ein svak nedgang frå 2004 til 2005. Talet deltakarar på kortkursa heldt seg om lag uendra frå 2004 til 2005. Om lag 54 pst. av deltakarane på kortkursa var 50 år eller eldre.

Tabell 4.8 Elevtal i folkehøgskolane 2001–05

År

2001

2002

2003

2004

2005

Elevar langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker)

11 252

11 878

12 662

12 924

12 478

Elevar kortkurs (3 dagar–16 veker)

19 083

20 727

20 709

20 715

20 785

Sum elevar

30 335

32 605

33 371

33 639

33 263

Årselevar langkurs

6 161

6 260

6 331

6 358

6 422

Årselevar kortkurs

897

1 049

1 045

1 037

986

Sum årselevar

7 058

7 309

7 376

7 395

7 408

Sum godkjende årselevar/fastsett elevtal

6 999

7 112

7 245

7 339

7 345

Tilskottselevar

7 247

7 280

7 172

7 001

7 074

Kjelde: 2001: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Statistisk sentralbyrå. 2002–05: SSB og Folkehøgskolerådet.

Regjeringa foreslår ein reduksjon i løyvinga på 20 mill. kroner. Reduksjonen vil føre til lågare statsstøtte til skolane frå hausten 2007.

EFTA Surveillance Authority (ESA) har godkjent at Noreg kan ta opp att ei ordning med differensiert arbeidsgivaravgift. Avgifta tek utgangspunkt i staden der verksemda ligg, og ikkje, slik tilfellet var tidlegare, i bustadkommunen til arbeidstakaren. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med om lag 0,5 mill. kroner.

Post 71 Tilskott til Folkehøgskolerådet

Tilskottet skal medverke til at Folkehøgskolerådet kan ivareta fellesoppgåver for folkehøgskolane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Vidare er det eit mål å medverke til at Folkehøgskolerådet kan fremme kunnskap om og utvikling innanfor skoleslaget.

Tilskottet gjeld driftstilskott til Folkehøgskolerådet. Rådet har i tråd med oppdrag i tilskottsbrevet gitt innstilling til fordeling av husleigetilskott, og har dessutan avlasta departementet og Utdanningsdirektoratet ved å gi råd og rettleiing til sk­olane.

Departementet foreslår å redusere posten med om lag 1,6 mill. kroner, som er heilårsverknaden av oppgåver som fall bort frå 1. mai 2006.

Post 72 Tilskott til nordiske folkehøgskolar

Målet med ordninga er å medverke til at det kan drivast nordisk folkehøgskoleverksemd.

Departementet foreslår å føre løyvinga vidare i 2007 på same nivå som i 2006.

Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Tilskott til studieforbund

155 847

101 771

159 638

71

Tilskott til fjernundervisning

10 720

11 063

11 483

72

Tilskott til kvinneuniversiteta og Studiesenteret Finnsnes

8 155

8 916

8 059

73

Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

9 630

9 938

10 316

Sum kap. 254

184 352

131 688

189 496

Frå 2006 har Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet teke over forvaltningsansvaret for tilskotta under kap. 254.

Post 70 Tilskott til studieforbund

Tilskott til studieforbunda skal medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne.

Det blir gitt eit særskilt tilskott til opplæring for vaksne som av ulike ikkje-økonomiske årsaker møter hindringar når det gjeld å ta del i opplæringstilbod, og som dermed treng særleg tilrettelagd opplæring. Prioriterte målgrupper er funksjonshemma, vaksne innvandrarar, personar med særleg svak førstegongsutdanning, og personar med særlege omsorgsplikter.

Det vil bli sett ned eit offentleg utval som mellom anna skal vurdere studieforbunda si rolle for den einskilde, for arbeidsliv og for samfunnsliv i eit breitt perspektiv knytt til kultur, folkeopplysing, likeverd, integrering, inkludering, deltaking og demokrati. Det kan bli aktuelt å bruke ein mindre del av løyvinga på posten til å finansiere utvalet sitt arbeid.

Studieforbunda gjennomførte om lag 42 800 kurs i 2005, med til saman om lag 600 000 deltakarar. Talet på kurs har minka i dei siste åra, det var 4 125 færre kurs i 2005 enn i 2004. Også talet på deltakarar og talet på kurstimar har minka. I 2005 var det om lag 38 500 færre deltakarar og om lag 112 000 færre kurstimar enn i 2004. Reduksjonen i kurstilbodet har vore ein trend gjennom fleire år.

Regjeringa ønskjer å medverke til å stoppe utviklinga med redusert tilbod i studieforbunda. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til studieforbund med 58 mill. kroner nominelt samanlikna med saldert budsjett 2006. Regjeringa har med dette lagt til rette for at aktiviteten i studieforbunda kan halde fram på same nivå som i 2005.

Post 71 Tilskott til fjernundervisning

Tilskottsordninga skal medverke til at frittståande fjernundervisningsinstitusjonar kan gi eit variert og landsomfattande tilbod.

Fjernundervisningsinstitusjonane rapporterte i 2005 om 20 160 fullførte kurs. Dette var ein nedgang på 7 pst. i høve til 2004. Det vart òg rapportert om lag 1 500 færre kurstimar i 2005 enn året før.

Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2005.

Post 72 Tilskott til kvinneuniversiteta og Studiesenteret Finnsnes

Tilskottet skal medverke til drift av Kvinneuniversitetet på Løten, Kvinneuniversitetet Nord og Studiesenteret Finnsnes, slik at desse institusjonane kan tilby kurs og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.

I 2006 er det løyvd midlar over posten til Kvinneuniversitetet på Løten, Kvinneuniversitetet Nord, Studiesenteret Finnsnes, Norsk Fredssenter og Nord-Norsk Fredssenter. Frå 2007 er løyvinga til Norsk Fredssenter og Nord-Norsk Fredssenter foreslått overført til nytt kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

Kvinneuniversiteta har i 2005 gjennomført kurs og seminar på ulike nivå i og utanfor det formelle opplæringssystemet. Ved Kvinneuniversitetet i Løten har 23 personar gjennomført høgskolestudium i leiing. I tillegg har om lag 1 500 personar teke del i ulike seminar, kurs og foredrag. Ved Kvinneuniversitetet Nord har opplæringa i 2005 hovudsakleg skjedd utanfor det formelle skolesystemet. Dette er kompetansebygging innanfor mellom anna etablering, nettverksbygging, rettleiing, likestilling og vaksenpedagogikk. Begge kvinneuniversiteta har delteke i prosjekt- og utviklingsarbeid som er relevante for likestilling og kvinners situasjon.

Prioritert målgruppe for Norsk Fredssenter var i 2005 unge flyktningar. Den viktigaste aktiviteten har vore prosjektet Afghanistan – håp om ei framtid. Hovudaktivitetane i prosjektet er sommarskole for afghanske unge. Det har også for første gong vore arrangert sommarskole/ungdomsseminar i Afghanistan med afghanske flyktningar busette i Noreg som kursleiarar.

Studiesenteret Finnsnes har i 2005 gjennomført fleire studietilbod i samarbeid med høgskolane i Troms og Finnmark, mellom anna sjukepleiarutdanning og lærarutdanning.

Budsjettforslaget inneber at løyvingane til kvinneuniversiteta og Studiesenteret Finnsnes blir ført vidare på same nivå som i 2006. Det blir foreslått å overføre løyvingane til Norsk Fredssenter og Nord-Norsk Fredssenter til nytt kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a. Sjå omtale under kap. 255 postane 73 og 74 for budsjettforslag for Norsk Fredssenter og Nord-Norsk Fredssenter.

Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar

Tilskottet skal vere med på å sikre drifta av fellesorgana for studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane, Voksenopplæringsforbundet og Norsk Forbund for Fjernundervisning, samt til det internasjonale fellesorganet International Council for Open and Distance Education (ICDE). Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane og overfor departementet, og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda.

Voksenopplæringsforbundet og Norsk Forbund for Fjernundervisning har fungert som kommunikasjonskanalar mellom medlemsorganisasjonane og Vox. Voksenopplæringsforbundet har hatt hovudansvaret for Uka for vaksnes læring, som i 2005 hadde som tema læring for endring. Forbundet har på oppdrag frå departementet stått for fordeling av reisestipend til lærarar på vaksenopplæringsfeltet. ICDE har hovudsakleg eit internasjonalt fokus, og har i 2005 mellom anna delteke i utdanningsprosjekt i regi av FN.

Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Holocaustsenteret

20 646

71

Falstadsenteret

12 605

72

Stiftelsen Arkivet

3 074

73

Norsk Fredssenter

677

74

Nord-Norsk Fredssenter, Narvik

519

Sum kap. 255

37 521

I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006) sa fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen:

«Flertallet mener det er viktig at en i større grad koordinerer arbeidet mellom Nord-Norsk Fredssenter i Narvik, Stiftelsen Arkivet, Falstadsenteret og Holocaustsenteret, og ber departementet ta initiativ til et slikt arbeid.»

Utdanningsdirektoratet er koordineringskontakt for sentra i spørsmål som er aktuelle for grunnopplæringa, og har etablert møteplass for desse. Det er planlagt eit møte på Falstadsenteret i 2007 som ei vidareføring av den kontakten som er etablert. Departementet foreslår vidare å samle løyvingane til Nord-Norsk Fredssenter, Norsk Fredssenter, Stiftelsen Arkivet, Falstadsenteret og Holocaustsenteret til nytt kap. 255 Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a. Dette vil leggje betre til rette for at institusjonane si samla verksemd innanfor freds- og menneskerettsarbeid blir tydelegare.

Post 70 Holocaustsenteret

Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (Holocaustsenteret) driv verksemd knytt til forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Barn og unge er ei særskild målgruppe for formidlingsverksemda ved senteret. Holocaustsenteret flytta i 2005 inn i Villa Grande på Bygdøy. Senteret vart offisielt opna 23. august 2006. I 2006 fekk senteret ei løyving på 22 mill. kroner over kap. 271 post 50. Av dette var 5 mill. kroner ei eingongsløyving til dekning av kostnader knytte til utstillinga ved senteret og den offisielle opningsseremonien. For 2007 blir det foreslått ei løyving på 20,6 mill. kr­oner til senteret. Dette inneber ei styrking av det ordinære driftstilskottet til senteret med 3 mill. kr­oner i 2007.

Post 71 Falstadsenteret

Stiftinga Falstadsenteret driv eit opplærings- og dokumentasjonssenter for fangehistoria frå andre verdskrigen, samt for humanitær folkerett og menneskerett. Tilskottet til Falstadsenteret vart i 2006 gitt over kap. 275 post 50. Det blir foreslått ei løyving på 12,6 mill. kroner for 2007, som inneber ei styrking på 3 mill. kroner.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Stiftelsen Arkivet tek i vare rolla si som informasjons- og dokumentasjonssenter om krigshistoria, folkerett og menneskerettar og å vere eit senter for fredsskapande arbeid. Tilskottet til Stiftelsen Arkivet vart i 2006 gitt over kap. 225 post 75. For resultatrapport for 2005, sjå omtale under kap. 225 post 75. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 73 Norsk Fredssenter

Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Norsk Fredssenter kan tilby kurs og opplæring for å fremme arbeidet for fred og menneskerettar som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar. Tilskottet til Norsk Fredssenter vart i 2006 gitt over kap. 254 post 72. For resultatrapport for 2005, sjå omtale under kap. 254 post 72. Det blir foreslått å vidareføre løyvinga på same nivå som i 2006.

Post 74 Nord-Norsk Fredssenter, Narvik

Nord-Norsk Fredssenter er ein uavhengig ideell stiftelse med visjon om å bidra til fredsbygging gjennom kunnskap. Fredssenteret skal bidra til positive prosessar med tanke på fredsskaping, mellommenneskeleg forståing og internasjonalt samarbeid. Det blir foreslått ei løyving på kr 519 000 til senteret i 2007, noko som er ei vidareføring av løyvingsnivået frå 2006.

Kap. 256 Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

44 470

42 675

39 365

21

Særskilde driftsutgifter

9 340

12 461

12 935

Sum kap. 256

53 810

55 136

52 300

Vox – Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet skal arbeide for auka deltaking i samfunns- og arbeidsliv ved å styrkje og synleggjere kompetansen hos vaksne med særleg vekt på grunnleggjande dugleikar og realkompetanse. Vox skal utvikle, analysere og formidle kunnskap om læring hos vaksne for å tilfredsstille kompetansebehov i arbeidslivet og for kvar enkelt.

Ordninga med eige styre for Vox er avvikla med verknad frå 1. juli 2006, jf. St.prp. nr. 66 (2005–2006).

Resultatrapport for 2005–06

Vox har i perioden hatt eit utstrakt samarbeid med offentlege og private aktørar og interessentar. Informasjon, praktisk bistand, koordinering mellom ulike instansar og spreiing av modellar har vore sentrale oppgåver. Det er i 2006 utvikla forslag til rammeverk for lese-, skrive- og reknedugleik og for digital kompetanse hos vaksne. Rammeverket er utvikla i samarbeid med fagmiljø nasjonalt og internasjonalt. Rammeverket er ei nivåinndeling av dei grunnleggjande dugleikane.

Spørjeundersøkinga til Vox-barometeret har i år omhandla grunnleggjande dugleikar. Undersøkinga viser at arbeidsgivarar og arbeidstakarar har ulike oppfatningar av kva som er eit tilstrekkeleg nivå i grunnleggjande dugleikar. Undersøkinga våren 2005 tok for seg arbeidsgivarsida, medan undersøkinga hausten 2005 tok for seg arbeidstakarsida.

Vox har i samarbeid med Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) oppretta eit norsk nettverk for familielæring. Modellen blir oftast nytta til opplæring for innvandrarar og barna deira i Noreg, men kan enkelt tilpassast andre målgrupper.

Vox har utvikla Reknehjelpa for vaksne, eit læringsprogram på Internett. Programmet gir mellom anna innblikk i matematikkpensum for barn på fjerde og sjuande skoletrinn slik at foreldra betre kan hjelpe med lekser.

Vox har arbeidd med kunnskapsinnhenting frå prosjekta i Kompetanseutviklingsprogrammet. Ein har systematisert erfaringer frå opplæringsprosjekt i grunnleggjande dugleikar, og laga ein presentasjon av einskilde prosjekt i programmet som har lykkast uavhengig av bransje, nivå og innhald. Det ligg føre eigne rapportar frå begge undersøkingane.

Vox deltek i the Grundtvig Working Group, som er EUs policyorgan for læring for vaksne. Vox fungerer som kontaktpunkt for EØS-finansieringsordningane på sitt område. Søkarar frå EUs nye medlemsland kan ta kontakt med Vox for å finne fram til partnarar for potensielle samarbeidsprosjekt. I tillegg deltek Vox i EU-prosjekt om grunnleggjande dugleikar og realkompetanse.

For å synleggjere resultat av kompetansetiltak har Vox gitt ut læremateriell, rapportar og trykksaker. I tillegg er nettsida til Vox vidareutvikla, og det er i 2006 utarbeidd nytt informasjonsmateriell som omhandlar grunnleggjande dugleikar.

Vox har på oppdrag frå departementet vore sekretariat ved konferansen til UNESCO i samband med den internasjonale vaksenopplæringsveka 2005, og det har vore halde fleire seminar og konferansar. Tema har mellom anna vore grunnleggjande dugleikar, digital kompetanse og integrering av språklege minoritetar.

Vox har utarbeidd rapporten Basis! Rapporten inneheld tilstandsvurdering, utfordringar og tilrådingar innanfor følgjande opplæringsområde: grunnleggjande lese-, skrive- og reknedugleikar samt digital kompetanse, dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse. I tillegg gir rapporten tilstandsvurdering, utfordringar og tilrådingar når det gjeld vaksnes rett til grunnskole og vidaregåande opplæring og norskopplæring for vaksne innvandrarar. For alle desse områda framhevar Vox behovet for tydelege strukturar og finansieringsordningar, lik praksis nasjonalt og betre koordinering mellom offentlege instansar.

Vox har på oppdrag frå departementet forvalta Program for basiskompetanse i arbeidslivet og Kompetanseutviklingsprogrammet. Sjå nærmare omtale under kap. 257 og kap. 259. Vox har òg hatt forvaltningsansvar for tildeling av tilskott til vaksenopplæringa under kap. 254.

Resultatmål for 2007

Vox skal særleg medverke til at fleire vaksne med lav kompetanse tek del i læring og kompetanseutvikling, og at det blir utvikla tilbod med høg kvalitet som er tilpassa behova til vaksne. I 2007 skal Vox utvikle eit innhaldsgrunnlag for eit nasjonalt tilbod for vaksne innanfor grunnleggjande lese-, skrive- og reknedugleikar og digital kompetanse bygd på det rammeverket som Vox har utvikla i 2006, og foreslå tiltak overfor departementet som gjer at ein kan få bygd ut eit kvalitetsmessig godt tilbod i heile landet. Vidare skal Vox arbeide med å styrkje motivasjonen hos vaksne som manglar grunnleggjande dugleikar, for å skaffe seg slike dugleikar.

Gjennom kunnskapsutveksling, spreiing av kunnskap, påverknad og samarbeid med aktørane som har myndigheit på dei ulike felta, skal Vox òg arbeide for å utvikle tilpassa opplæringstilbod til vaksne på vidaregåande nivå, spesielt til unge vaksne med svak formell utdanning. Vox skal arbeide for at systemet for vurdering av realkompetanse blir forbetra og bygd ut, spesielt at det blir felles praksis i fylkeskommunane, at fleire arbeidssøkjarar får vurdert realkompetansen sin, og at fleire får dokumentert kompetansen sin frå arbeidslivet og tredje sektor. Vidare skal Vox styrkje statistikk- og kunnskapsgrunnlaget om læringa til vaksne, utvikle betre tenester for karriererettleiing for vaksne og styrkje samarbeidet med Utdanningsdirektoratet om læringa til vaksne.

Budsjettforslag for 2007

I St.prp. nr. 66 (2005–2006) vart det varsla at det faglege ansvaret for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar skal overførast frå Kunnskapsdepartementet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå 1. januar 2007. På bakgrunn av dette foreslår ein å redusere løyvinga på posten med 5 mill. kroner i 2007.

Løyvingane på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Kap. 3256 Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Inntekter frå oppdrag

5 128

8 070

8 377

02

Salsinntekter o.a.

898

1 030

1 069

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 085

18

Refusjon av sjukepengar

907

Sum kap. 3256

8 018

9 100

9 446

Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved Vox. Inntektene på post 02 kjem mellom anna frå sal av læremateriell.

Kap. 257 Program for basiskompetanse i arbeidslivet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

24 490

35 421

Sum kap. 257

24 490

35 421

Program for basiskompetanse i arbeidslivet skal sørgje for at fleire vaksne skaffar seg dei dugleikane i lesing, skriving, rekning og IKT som dei treng for å meistre krav og utfordringar i arbeids- og samfunnsliv. Det langsiktige målet, som programmet skal medverke til saman med andre tiltak, er at ingen vaksne skal bli støytte ut av arbeidslivet på grunn av manglande basiskompetanse. Programmet er retta mot å stimulere til opplæring i kombinasjon med arbeid både for arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. Erfaringane skal nyttast i vidare vurderingar av tilbod til vaksne og av korleis det offentlege kan leggje betre til rette for å nå personar med lave kvalifikasjonar. Programmet blir forvalta av Vox.

Resultatrapport for 2005–06

I 2006 vart det utarbeidd eit overordna programdokument i samarbeid med partane i arbeidslivet, og etablert ei strategigruppe som skal drøfte prosjekterfaringane og gi innspel til vidare strategi og tildelingskriterium i programmet. Den første utlysinga av tilskott til opplæring vart gjennomført i mars 2006. Utlysinga retta seg mot verksemder som har tilsette med svak basiskompetanse, og som ønskjer å leggje til rette for tilpassa opplæring. Behovet for programmet er stort. Det kom inn i alt 167 søknader med eit samla omsøkt beløp på 85,5 mill. kroner. Det vart tildelt 14,5 mill. kroner til 64 verksemder. Om lag 10 000 tilsette er omfatta av opplæringa. Flest tildelingar er gitte til verksemder i kommunal sektor (13), industrien (tolv) og til næringsmiddelbransjen. Dei fleste tilskottsmottakarane skal gi opplæring i lesing/skriving med IKT som verktøy og støtte.

For øvrig blir midlane tildelt gjennom eit samarbeid med arbeids- og velferdsetaten. Arbeidsledige er den viktigaste målgruppa for dette. I tillegg nyttast midlar til utviklingsarbeid og kunnskapsutvikling, til dømes fagleg støtte til å utvikle gode opplæringsopplegg, til å utveksle erfaringar mellom prosjekta og til å kartleggje dugleikane til dei som skal delta i opplæringa.

Resultatmål for 2007

Programmet skal bidra til å forebygge utstøting frå arbeidslivet og til å hjelpe arbeidsledige tilbake. I løpet av 2007 skal Vox ha lyst ut og fordelt tilskott til private og offentlege verksemder som prøver ut ulike opplæringsopplegg innanfor grunnleggjande dugleikar. Det skal utarbeidast ein rapport som samanfattar røynslene frå og gir ei vurdering av opplæringstiltaka som programmet har delfinansiert i 2006. Vox skal utvikle grunnlag og hjelpemiddel for å lage gode opplæringsopplegg i dei ulike grunnleggjande dugleikene som kan nyttast av arbeidssøkarar og andre utanfor arbeidslivet. Vox skal utvikle og prøve ut samarbeidsmodellar mellom NAV, fylkeskommune og verksemder som gir grunnlag for erfaringsoverføring til andre fylke/regionar.

Eit mål med arbeidet i 2007 er å skaffe eit betre grunnlag for å vurdere det framtidige arbeidet med å styrkje basiskompetansen i arbeidslivet. Som ledd i utviklinga av opplæringsopplegg med høg kvalitet innanfor basiskompetanse skal Vox i løpet av 2007 gjennomføre ei måling av læringsutbytte og andre effektar innanfor eit utval ulike opplæringstiltak, utvikle opplæringsopplegg på alle nivåa av grunnleggjande dugleikar og prøve ut desse opplegga, utvikle kriterium for kvalitetssikring av opplæringstilbydarar og foreslå tiltak som skal styrkje det offentlege opplæringstilbodet innanfor grunnleggjande dugleikar.

Budsjettforslag for 2007

For 2007 foreslår departementet å styrkje Program for basiskompetanse i arbeidslivet med 10 mill. kr­oner. Dette er ledd i Regjeringa si satsing mot fattigdom. Auken vil bli brukt til ei utviding av programmet slik at fleire kan delta, og til å utvikle tilpassa opplæringsopplegg. Det vil òg kunne vere aktuelt å nytte ein mindre del av dei ekstra midlane til finansiering av livsopphald for deltakarar som treng dette for å kunne ta del i opplæringa. Budsjettforslaget inneber ei løyving på om lag 35 mill. kroner til programmet.

Kap. 258 Analyse og utviklingsarbeid

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

3 310

3 437

21

Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 01

38 574

38 676

33 646

Sum kap. 258

38 574

41 986

37 083

Kapitlet omfattar midlar til analysar og utviklingsarbeid innanfor utdannings, forskings- og kompetansepolitikken.

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 01

Løyvinga skal nyttast til utgreiingar, analysar og FoU på ansvarsområdet til departementet. Hovudmålet vil vere å få eit betre kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av utdannings- og forskingspolitikken. Løyvinga skal medverke til å gi godt grunnlag for det vidare arbeidet med livslang læring og utviklinga av kompetansepolitikken.

Resultatrapport for 2005–06

Gjennom forsking, utgreiingar og dokumentasjon, forsøk og utviklingsarbeid søkjer departementet å utvikle kunnskap, nye verktøy og læremateriell og fremme samarbeid om ulike former for læring.

Ein del av midlane har vore disponert av Vox. Vox har utarbeidd ulike læringsressursar for å styrkje opplæringa blant ulike grupper vaksne. For å sikre implementering av krava til norsk med samfunnskunnskap som følgjer av introduksjonslova, er det utarbeidd læremateriell til bruk for instruktørar og lærarar. Det er utarbeidd ein pilottrailer om vaksenpedagogikk og læringsressursar på nett til bruk i heving av digital kompetanse.

Vox har halde kurs og samlingar med fylka for å sikre eins praksis i handsaminga av den retten vaksne har til opplæring og dokumentasjon og verdsetting av realkompetanse. Det er òg oppretta eit nettverk av prosjekt med utdanningsinstitusjonar innanfor høgre utdanning for å komme fram til betre prosedyrar for inntak til og avkorting i høgre utdanning. Vox har innleidd eit samarbeid med Aetat der siktemålet er samordning av arbeidsmarknadspolitikk og utdanningspolitikk. Det er behov for å styrkje samarbeidet mellom Aetat og skoleverket i fylka for at fleire arbeidssøkjarar skal få vurdert og dokumentert realkompetansen sin. Tre fylke er pilotfylke og har fått prosjektmidlar.

Vox har samarbeidd med Fornyings- og administrasjonsdepartementet i utvikling av modellar for å behalde statleg tilsette seniorar i arbeid lenger, særleg ved omstillingar. Prosessrettleiing og kompetanseattest samt informasjon generelt og om vaksnes rett spesielt har vore sentrale arbeidsoppgåver.

Vox har justert programvara Kompetanseattest ut frå dei røynslene som er gjorde til no, og har organisert ei open kursrekkje for organisasjonar som ønskjer å ta i bruk dette verktøyet. Vox har gitt direkte rettleiing til einskilde kommunar som har teke verktøyet i bruk.

Hausten 2006 kjem resultata frå Eurostat-undersøkjinga Continuing Vocational Training Study, som er ein samanliknande studie av etter- og vidareutdanning i fleire europeiske land.

For å få naudsynt kunnskap for arbeidet med å nå måla for kompetansepolitikken har departementet gitt fleire forskingsoppdrag. Mellom anna er det sett i gang eit forskingsprosjekt om lærande verksemder som vil sjå på korleis rammevilkår av ulike slag verkar inn på korleis private og offentlege verksemder utviklar og utnyttar kompetansen hos dei tilsette. Eit anna prosjekt analyserer effektar av ulike former for samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv.

På grunnlag av resultata frå OECD-undersøkinga Adult Literacy and Lifeskill Survey (ALL) blir det utarbeidd ein serie monografiar. Målet med rapportserien er å få presentert eit breiare og meir detaljert bilete av lese- og meistringskompetansen i den norske vaksne befolkninga enn det som var siktemålet med den nasjonale rapporten frå prosjektet som vart lagt fram i september 2005. Fleire forskingsmiljø har medverka. I 2005–06 er det lagd fram fem rapportar.

Noreg var hausten 2005 vertskap for International Adult Learners Week (IALW) i samarbeid med UNESCO Institute for Education i Hamburg. Hovudtemaet var behov for stadig nye opplæringstilbod for vaksne i ei ustabil tid. Konferansen hadde 150 deltakarar og er omtalt som svært vellykka i årsrapporten til UNESCO og i årsrapporten til UNESCO Institute for Education.

Departementet har finansiert Lærevilkårsmonitoren, som blir utført av Fafo, og som i år legg vekt på å få fram kunnskap om kjelder til læring i arbeidslivet. I dette ser ein på organiseringa av læring på arbeidsplassen så vel som på kva krav og forventningar til læring gjer med læring i arbeidslivet. Læring gjennom det daglege arbeidet blir opplevd like nyttig som deltaking i kurs, og det er eit ganske stabilt mønster i deltakinga i læring dei siste åra. Kvardagslæringa viser seg vel så viktig for å kvalifisere seg til anna arbeid enn det deltaking i kurs og anna opplæring gjer. Dette støttar målet om å stimulere til utvikling av fleire lærande verksemder.

Departementet har starta opp arbeidet med å utarbeide ein tilstandsrapport for livslang læring som skal beskrive status og utfordringar på området.

Noreg skal i november 2006 vere vertskap for Nordisk konferanse om lærande verksemder. Konferansen vil fokusere på korleis dei nordiske landa kan få meir ut av sine høge kunnskapsinvesteringar gjennom å skape fleire lærande verksemder.

Resultatmål for 2007

Departementet vil setje i gang eit arbeid med å auke kunnskapen om korleis ein kan få til ein velfungerande kompetansemarknad, og korleis sjansane for den einskilde til å ta del i livslang læring kan styrkjast. Aktuelle aktørar vil bli inkluderte i arbeidet med å få fram kunnskap om kva kompetanse den einskilde og samfunnet vil ha behov for i framtida, og korleis samspel og samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv på alle nivå kan få fram denne kompetansen.

For å styrkje kunnskapen om det norske systemet for vurdering og godkjenning av realkompetanse vil Noreg delta i ein tematisk gjennomgang om dette organisert gjennom OECD.

For å få fleire vaksne til å ta del i tilpassa opplæring må ein ha kunnskap om dei som tek del i opplæring, behova hos den einskilde, kunnskap om kva som finnast av opplæringstilbod, kva for opplæringsopplegg som fungerer godt for dei einskilde målgruppene, og kva som er hindringane for tilpassa opplæring for vaksne. I 2007 vil departementet vidareutvikle kunnskap og verktøy på dette området. Vox vil utarbeide ein samla oversikt over tilbydarar og deltakarar innanfor offentleg og p­rivat vaksenopplæring, og identifisere område der det er behov for å styrkje innsatsen. Det vil bli laga ein plan for korleis data om tilbydarar og deltakarar kan bli oppdaterte kvart år. Vox skal òg undersøkje læringsutbyttet i ulike opplæringsopplegg i grunnleggjande dugleikar og gi tilrådingar til tilbydarar og styresmakter om kva slags opplegg som bør nyttast for dei ulike målgruppene. Erfaringar og kunnskap om ulike modellar for opplæring for innsette i fengsel skal kartleggjast, og på grunnlag av dette vil det bli utarbeidd forslag til ein heilskapleg opplæringsmodell for dei innsette.

Det vil bli utvikla og prøvd ut verktøy for å kartleggje digitale dugleikar i den vaksne befolkninga og utvikla testverktøy for å sertifisere grunnleggjande digital kompetanse hos vaksne.

Vox skal undersøkje kor mange som får vurdert realkompetansen sin kvart år, kor mange av desse som får tilpassa opplæring, og undersøkje nytte og kostnader av å tilpasse opplæringa til realkompetansen hos den einskilde.

Budsjettforslag for 2007

Det blir foreslått å løyve om lag 37 mill. kroner over dette kapitlet. I St.prp. nr. 66 (2005–2006) vart det varsla at det faglege ansvaret for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar skal overførast frå Kunnskapsdepartementet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå 1. januar 2007. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på kapitlet med 6,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i Arbeids- og inkluderingsdepartementets budsjett.

Kap. 259 Kompetanseutviklingsprogrammet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast

20 778

Sum kap. 259

20 778

Resultatrapport for 2005–06

Kompetanseutviklingsprogrammet har i perioden 2000–05 delfinansiert i alt 741 prosjekt fordelte på ulike bransjar i offentleg og privat sektor. Hovudtyngda av prosjekta er utviklingsprosjekt innanfor ramma av den opphavlege målsetjinga for programmet. I tillegg kjem fleire spreiingsprosjekt som i det vesentlege går ut på å overføre resultat og erfaringar frå utviklingsarbeidet ut over det enkelte prosjektet med sikte på å oppnå varig effekt av utviklingstiltaka i programmet. Dei prosjekta som har fått tilskott for 2005–06, har vore særskilde satsingar frå programstyret si side retta mot utvalde målgrupper eller bransjar som tradisjonelt ikkje søkjer kompetanseheving. I perioden 2000–05 er det i alt løyvd 329 mill. kroner til programmet.

Evalueringa viser så langt at resultata frå programmet i hovudsak er i samsvar med intensjonane, og at meir enn 50 000 personar har fått opplæring i dei prosjekta som har fått støtte. Ein viktig suksessfaktor har vore at opplæringa har gått føre seg på arbeidsplassen, eller har teke utgangspunkt i arbeidsoppgåvene. Evalueringa syner at det framleis er mange hindringar for å skape ein velfungerande marknad for etter- og vidareutdanning. Mellom anna er det for dårleg samordning av kompetansebehova mellom verksemdene, og ein har ikkje greidd å skape ein velfungerande marknad for dei som har lågast kompetanse.

Kompetanseutviklingsprogrammet fekk i 2005 i oppdrag å gjennomføre utprøving av modellar for finansiering av livsopphald under etter- og vidareutdanning. Formålet med utprøvinga var å skaffe til vegar eit grunnlag for å avgjere ei eventuell innføring av ei varig finansieringsordning. Det vart lyst ut 12 mill. kroner, og programstyret vedtok støtte til i alt 17 utprøvingsprosjekt. Samla løyving til prosjekta var 10,6 mill. kroner. Utprøvingsprosjekta var baserte på ei trepartsfinansiering der partane i arbeidslivet og staten skulle hjelpe til med kvar sin del av lønnsutgiftene under etter- og vidareutdanning. Evalueringa av denne utprøvinga konkluderer førebels med at formål, rammer og kriterium for utprøvinga er i samsvar med det som ligg føre av kunnskap om korleis staten bør rette inn tilskotta. Det er gitt støtte til relativt få og til dels små utprøvingsprosjekt. Denne satsinga synest å ha nådd dei målgruppene som både treng opplæring, og som lettare vil kunne få opplæring gjennom ei offentleg delfinansiering av lønn under utdanning.

Erfaringar, evalueringar og dokumentasjon frå Kompetanseutviklingsprogrammet er lagde til grunn for arbeidet med Program for basiskompetanse i arbeidslivet, jf. kap. 257.

Sluttrapporten frå evalueringa vil liggje føre i desember 2006. Programmet vil bli avslutta med ein konferanse i januar 2007.

Programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

260

Universitetet i Oslo

3 173 663

261

Universitetet i Bergen

1 879 648

262

Noregs teknisk-naturvitskaplege ­universitet

2 568 846

263

Universitetet i Tromsø

1 101 942

264

Noregs handelshøgskole

249 963

265

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

86 883

268

Noregs idrettshøgskole

113 637

269

Noregs musikkhøgskole

150 534

270

Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

141 205

196 791

181 126

-8,0

271

Universitet

10 229 793

10 557 653

3,2

272

Vitskaplege høgskolar

873 983

908 902

4,0

273

Statlege kunsthøgskolar

246 379

274

Statlege høgskolar

7 389 146

275

Høgskolar

7 896 521

8 224 948

4,2

276

Fagskoleutdanning

274 705

285 144

3,8

278

Universitetet for miljø- og biovitskap

472 108

279

Noregs veterinærhøgskole

202 309

281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar

872 724

870 963

763 121

-12,4

282

Privat høgskoleutdanning

621 428

Sum kategori 07.60

19 270 415

20 342 756

20 920 894

2,8

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

3281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar

19 497

10

10

0,0

Sum kategori 07.60

19 497

10

10

0,0

Kategoriomtalen for programkategori 07.60 har først ei innleiing om nokre sentrale tema i høve til 2006 og budsjettet for 2007. Vidare kjem ei kort omtale av hovudprioriteringane i statsbudsjettet for 2007 for kategorien. Deretter er hovudmål på overordna nivå som er sette for universitet og høgskolar, omtalte. Under dei einskilde måla vil tiltak og resultat bli rapporterte. Kategoriinnleiinga inneheld òg ein omtale av bygg og lokale, som tidligare har vore omtalte under kap. 281 post 01. Til slutt kjem ei oppsummering av den gjennomgangen departementet har hatt av økonomien ved dei private høgskolane.

Hovudmåla på overordna nivå for universitet og høgskolar er:

  • Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet.

  • Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.

  • Universitet og høgskolar skal møte behova i samfunnet og skal spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.

  • Universitet og høgskolar skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane.

Målformuleringane er fastsette i samsvar med lov om universitet og høgskolar. På budsjettkapitla for universitet, vitskaplege høgskolar og statlege høgskolar er hovudmåla utdjupa og tilpassa dei tre institusjonskategoriane.

For fagskoleutdanningar er det sett følgjande hovudmål:

  • Godkjend fagskoleutdanning skal gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod som byggjer på avslutta vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.

Målformuleringa er fastsett i samsvar med lov om fagskoleutdanning.

Innleiing

I statsbudsjettet for 2006 vart organiseringa av budsjettkapitla endra, sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskningsdepartementet. Rapportering for aktiviteten frå 2005 er lagd til dei utgåtte kapitla. Dette er siste året med ei slik deling, slik at rapporteringa til neste år vil liggje under den nye strukturen.

Universitet og høgskolar utdannar for alle posisjonar og funksjonar i samfunnet. Dei er mo­torar i utviklinga av kunnskapssamfunnet.

I budsjettet for 2004 vart Kvalitetsreforma jf. Innst. S. nr. 337 (2000–2001) og St.meld. nr. 27 (2000–2001), fullfinansiert med 1 144 mill. kroner. Desse midlane er seinare prisjustert og vidareført i budsjetta til universitet og høgskolar. Noreg ligg høgt blant OECD-landa i ressursar per student i høgre utdanning.

Arbeidet med å vidareføre Kvalitetsreforma er framleis ei prioritert oppgåve for dei høgre utdanningsinstitusjonane. I dei siste åra er det brukt mykje ressursar på å leggje om utdanningane i tråd med dei føringane som vart lagde gjennom innføringa av Kvalitetsreforma. Institusjonane legg stor vekt på å få implementert alle sidene av reforma, og å få dei nye systema over i ein driftsfase.

Samstundes med at Kvalitetsreforma vart innført, sette daverande Utdannings- og forskningsdepartementet i gang ei evaluering i regi av Noregs forskingsråd. Sluttrapport er venta ved utgangen av 2006, og Regjeringa vil komme med resultat frå evalueringa og ei vurdering av moglege tiltak i ei stortingsmelding.

Frå 2002 til 2006 er det til saman løyvd midlar til oppretting av i overkant av 1 000 nye stipendiatstillingar finansierte over grunnbudsjetta til universitet og høgskolar.

Det er eit viktig mål for Regjeringa at innbyggjarane i distrikta får moglegheit til utdanning, og å sikre kommunane og næringslivet tilgang på høgt kvalifisert arbeidskraft. Regjeringa foreslår derfor å vidareføre løyvinga til desentralisert utdanning på 16,7 mill. kroner. Midlane er fordelte til institusjonane på bakgrunn av rapportering på desentraliserte studietilbod hausten 2005 i helse-, omsorgs- og realfag, samt innan lærarutdanningane. Løyvinga er i 2007 lagd inn i ramma til institusjonane for på den måten å sikre stabilitet i arbeidet med desentraliserte tilbod.

Riksrevisjonen gjennomførde i 2004 ei undersøking om styring ved universiteta, og kom med fleire merknader. Departementet har sidan etablert og utvikla etatsstyringa overfor universiteta og høgskolane etter ein mål- og resultatstyrings­modell der departementet set dei overordna måla og styringskrava, medan styret ved institusjonane skal følgje opp desse gjennom eit planverk og styring som syter for at vedtaka i Stortinget blir sette i verk i praksis.

Universiteta og høgskolane har eit omfattande samfunnsansvar og skal forvalte humankapital og økonomiske ressursar til beste for samfunnet. Internkontrollsystem ved institusjonane som avdekkjer avvik frå fastlagde mål, er derfor heilt vesentleg for å sikre at ressursane blir forvalta på ein effektiv måte. Økonomireglementet stiller krav til at systema for mål- og resultatsstyring skal identifisere kva for faktorar som er kritiske for måloppnåinga, og vurdere kva for kontrolltiltak som bør etablerast for å sikre god risikostyring. Departementet vil følgje opp dette i styringsdialogen med sektoren.

Budsjettprioriteringar

Budsjettforslaget for kategori 07.60 utgjer 20,9 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 600 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2006, tilsvarande 2,8 pst. auke. Forslaget til statsbudsjett for 2007 inneber likevel ein realnedgang for universiteta og høgskolane.

Den resultatbaserte undervisningskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskolar justerast årlig for endringar i avlagde studiepoeng og talet på utvekslingsstudentar. På denne bakgrunn aukar undervisningskomponenten med 68,9 mill. kroner frå 2006 til 2007.

I samband med revidert nasjonalbudsjett vart det løyvd 4 mill. kroner til private høgskolar, jf. Innst. S. nr. 205 (2005–2006) og St.prp. nr. 66 (2005–2006). Midlane er vidareførte med heilårs­effekt i 2007.

Det vart i budsjettet for 2006 løyvd midlar til oppretting av 350 stipendiatsstillingar. Budsjettet for 2007 er auka med 103,6 mill. kroner for å dekkje heilårsverknaden av desse stillingane.

I ei satsing på lærarutdanningane vart budsjettet for 2006 auka med 12,5 mill. kroner til 500 nye studieplassar i allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar- og praktisk-pedagogisk utdanning. I 2007 er budsjettet auka med 20,3 mill. kroner for heilårseffekten av desse studieplassane.

Regjeringa vil styrkje dei regionale komiteane for medisinsk forskingsetikk (REK) og foreslår å auke løyvingane til REK-systemet med til saman 7,1 mill. kroner i 2007, sjå omtale under kap. 271 og innleiinga til kategori 07.70.

I 2006 vart det tildelt 30 mill. kroner i forskingsprogrammet Strategiske høgskoleprosjekt. Programmet skal styrke kvaliteten og omfanget av forskingsverksemda ved dei statlege høgskolane. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til prosjektet med 10 mill. kroner i budsjettet for 2007, sjå nærmare omtale under kategori 07.70. Midlane blir fordelte etter mellom anna ei vurdering av behovet for profesjonsretta forsking på området, eller at det er utviklingsarbeid av høg kvalitet.

Budsjettramma for institusjonane er auka med 65 mill. kroner fordi løyvinga til dei tidlegare bedriftsinterne vidareutdanningane i sjukepleie (ABIOK-utdanningane) no er ført over frå Helse- og omsorgsdepartementet til utdannings­institusjo­nane.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa å redusere budsjettramma for universitet og høgskolar med 274,3 mill. kroner i 2007. Budsjettreduksjonen er teken i basisløyvinga til universitet og høgskolar, og ikkje i form av eit kutt i studieplassar. Reduksjonen er fordelt med 180,2 mill. kroner på universiteta, og 94,1 mill. kroner på høgskolane. Delar av budsjettreduksjonen er fordelt på dei institusjonane som ikkje retta seg etter Stortingets pålegg om studieplasskutt i budsjettet for 2005. Budsjettreduksjonen må òg sjåast i samanheng med avsetningsnivået i sektoren. Delar av reduksjonen er knytte til omdisponeringar innanfor budsjettrammene til universiteta og høgskolane for å dekkje husleigekompensasjon samt prioriterte område som til dømes tiltak i lærarutdanninga.

Mål: Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet

Universitet og høgskolar skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet. Undervisninga skal vere forskingsbasert og institusjonane skal nytte lærings- og vurderingsformer som legg til rette for at studentane gjennomfører studia på normert tid.

Gratisprinsippet er viktig for å sikre lik rett til utdanning for alle og høg kompetanse i befolkninga. Prinsippet er fastsett i universitets- og høgskolelova, og inneber at ein ved statlege universitet og høgskolar ikkje kan ta eigenbetaling for studieprogram som fører fram til ein grad eller yrkesutdanning. Departementet har fastsett ei ny forskrift som utfyller og presiserer reglane i lova. Det skal ikkje opnast for nye former for eigenbetaling. For private institusjonar er prinsippet om at eigenbetaling skal komme studentane til gode, utdjupa og konkretisert.

Det blir kontinuerleg arbeidd med å vidareutvikle studentaktive lærings- og vurderingsformer og tilpasse desse til ulike fagstudium. Arbeidet med å gjere individuelle utdanningsplanar til ein meir systematisk reiskap både for den einskilde studenten og for institusjonen, er ført vidare og intensivert, men noko står framleis att. Tal for ferdige kandidatar, avlagde studiepoeng og strykprosent har hatt ei positiv utvikling etter innføringa av Kvalitetsreforma, jf. seinare omtale og tabellane 2.8 til 2.19 i Vedlegg 2.

All offentleg godkjend høgre utdanning har dei same kvalitetskrava, og studentane er sikra like rettar og pliktar utan omsyn til eigarskapet til institusjonane.

Departementet har sett i gang eit arbeid for å utvikle eit kvalifikasjons­rammeverk for høgre utdanning, med deltaking frå sektoren og andre interesserte partar. Rammeverket skal gi ei systematisk framstilling av nivåa i utdanningssystemet med vekt på framstilling av læringsutbyttet og sluttkompetansen på det enkelte nivå. Målet er å gjere kvalifikasjonane tydelegare og meir forståelege og vise moglege vegar for å nå dei resultata ein ønskjer. Tilsvarande rammeverk blir utvikla i andre land og på europeisk nivå, slik at det skal bli lettare å få godkjent kvalifikasjonar over landegrensene.

Noregs forskingsråd har fått ansvaret for evalueringa av Kvalitetsreforma. Fagmiljø frå NIFU STEP (Studier av innovasjon, forsking og utdanning) og Rokkansenteret i Bergen står for gjennomføringa. Evalueringa skal vere ferdig ved årsskiftet 2006–07. Sjølv om arbeidet ikkje er ferdig, har det i det siste året blitt publisert ei rekkje delpublikasjonar rundt ulike sentrale tema som gir eit bilete av haldningar og resultat. Delrapportane gjeld mellom anna dei haldningane som dei fagleg tilsette har til reforma, studiefråfall og studiestabilitet, institusjonelle kvalitetssystem og resultatbasert finansiering av forsking.

Det kjem mellom anna fram at reforma har utløyst stor kreativitet i høve til nye studieprogram, og det har blitt fleire og mindre slutteksamenar. Vidare ser ein meir vurdering undervegs og bruk av nyare vurderingsformer. Det er oppretta ei rekkje nye studieprogram, noko som kan tyde på at institusjonane nyttar den auka faglege fridomen og søkjer å tilpasse tilbodet til etterspørselen.

Dei fagleg tilsette meiner at kåra for forskinga etter Kvalitetsreforma er meir pressa, og dei peiker spesielt på tidsklemma mellom undervisning og forsking. Dette er eit alvorleg signal. Samstundes ser ein at talet på studentar per vitskapleg tilsett har vorte sterkt redusert. I 2002 var talet på studentar per fagleg tilsett ved universiteta på 10,6 mot 8,9 i 2005.

Delrapporten om studiefråfall og studiestabilitet syner at Kvalitetsreforma førebels har hatt ei avgrensa effekt på studieintensiteten, studiefråfall og inntektsgivande arbeid for studentar ved sida av studia. Det er enno tidleg å trekkje konklusjonar, mellom anna fordi knapt to kull er uteksaminerte. Dette er utfordringar ein må sjå nærmare på i tida framover.

Gjennom reforma har det vore meir merksemd om kvalitet. Det ser ut til å vere dei interne systema for kvalitetssikring og dei kollegiale diskusjonane dei fører med seg, som så langt har medverka mest til dette. I delrapporten om institusjonelle kvalitetssystem går det fram at strukturen for kvalitetssikringssystema ved institusjonane er på plass, men at det er framleis mykje som kan forbetrast. Mellom anna viser det seg at det er utfordrande å tilpasse systema til dei einskilde verksemdene, samt å få dei forankra i dei faglege miljøa.

Departementet merkjer seg dei utfordringane evalueringa så langt har peikt på, og vil vurdere eventuelle justeringar, endringar og langsiktige konsekvensar av funna. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med resultat frå evalueringa og ei vurdering av moglege tiltak i ei stortingsmelding.

Fleire av institusjonane i sektoren har satt i gang eigne evalueringar for å kartlegge verknaden av kvalitetsreforma ved eigen institusjon. Departementet vil også ta omsyn til resultata av desse evalueringane i sitt vidare arbeid.

Regjeringa sette ned eit utval leia av Steinar Stjernø i mai 2006, sjå omtale seinare. Utvalet skal mellom anna fokusere på korleis ein kan sikre eit balansert studietilbod og tilgang på kvalifisert arbeidskraft i alle delar av landet, robuste institusjonar og fagmiljø som kan levere utdanning, forsking og fagleg og kunstnarisk utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå, og best mogleg bruk av dei til saman om lag 20 mrd. kronene som kvart år blir løyvde til universitet og høgskolar.

Noreg er eitt av i alt 24 land som deltek i OECD sin gjennomgang av høgre utdanning ( Thematic Review of Higher Education). Målet med gjennomgangen er å undersøkje korleis høgre utdanning kan medverke til å nå økonomiske og sosiale mål for samfunnet. Landrapporten frå Noreg var ferdig i 2005, og OECDs rapport om Noreg vil bli offentleggjort hausten 2006. Heile gjennomgangen er venta å bli ferdig i 2007. I rapporten om Noreg gir OECD råd på dei fleste områda av relevans for høgre utdanning, alt frå institusjons­struktur og organisering til sosiale og regionale spørsmål. Departementet vurderer nærmare oppfølging av rapporten, og vil samstundes sjå desse resultata i lys av Stjernø-utvalet sine anbefalingar.

Kvalitet i utdanninga

Kvalitetssikringssystem er no etablerte ved alle statlege og private institusjonar for høgre utdanning, jf. ovanfor. NOKUT har evaluert kvalitetssikringssystema ved ei rekkje institusjonar, og det er laga ein plan for vidare sakkunnig vurdering av kvalitets­sikringssystema for alle institusjonane i ein seksårig syklus. NOKUT reknar med å avslutte den første syklusen i 2007. Departementet vil følgje nøye med på arbeidet til institusjonane på dette feltet i åra som kjem. Sjå omtale av det internasjonale arbeidet med kvalitetssikringssystem seinare.

Resultatet av revideringa av akkrediteringa av alle sjukepleiarutdanningane og to masterstudium i sjukepleiarvitskap vart gjort kjent i november 2005. Dei to masterstudia i sjukepleiarvitskap vart reakkrediterte. 30 av 31 sjukepleiarutdanningar vart i utgangspunktet ikkje reakkrediterte, og institusjonane har fått to år på seg for å rette opp manglane. Hovudproblemet er manglande førstestillingskompetanse i fagmiljøa. Det er løyvd 11,9 mill. kroner til kompetansehevingstiltak for å hjelpe institusjonane med å nå krava. Vidare har NOKUT sett i gang ein revisjon av akkreditering av dei femårige masterstudia og doktorutdanningane i farmasi, odontologi og juss. Departementet har i 2006 bede NOKUT starte ei evaluering av fagmiljøa som tilbyr ingeniørutdanning etter rammeplanen av 1. desember 2005. Målsetjinga er å fremme kvalitet og relevans ved desse utdanningane. Sluttdato for evalueringa er sett til 1. juni 2008.

Kunnskapsdepartementet har i 2006 endra bruken av midlane til praksisrettleiing til høgskolane, sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet. Rammeplanane har ved dei siste revisjonane blitt stuttare, mindre detaljerte og meir retta inn mot læringsmål. Departementet vil revidere rammeplanen for sjukepleiarutdanninga for å tilpasse føresegnene om praksis til ei helseteneste i rask endring. Revisjonen vil tre i kraft frå hausten 2007.

Ved at løyvinga til dei tidlegare oppdragsfinansierte vidareutdanningane i sjukepleie (ABIOK-utdanningane) no er førte over til utdannings­institusjonane, er det lagt betre til rette for kontinuitet i opptaket og kompetanseheving av undervisningspersonalet. Overføringa frå Helse- og omsorgsdepartementet er på 65 mill. kroner.

Utdanningskapasitet

Kapasiteten i høgre utdanning er dimensjonert slik at om lag halvparten av årskulla kan ta høgre utdanning. Den einskilde institusjonen har ansvar for å utnytte den studiekapasiteten det er gitt løyving til. Dersom institusjonar over tid har uutnytta kapasitet, vil departementet vurdere omfordeling av ressursar mellom institusjonar.

Tal frå Samordna opptak syner ein svak nedgang (2,2 pst.) i talet på søkjarar frå 2005 til 2006. I alt søkte 94 200 om opptak i 2006. Av desse søkte 4 414 personar om opptak på bakgrunn av realkompetanse. Dette er og ein reduksjon i høve til 2005. Utdanningsområda lærar- og lektorutdanning har størst framgang i talet på førsteprioritetssøkjarar med 14,6 pst. Allmennlærarutdanninga har ein framgang på 5,1 pst. og er tilbake på det søkjarnivået utdanninga hadde før det vart innført skjerpa opptakskrav. Talet på søkjarar til førskole­lærarutdanninga går fram heile 32 pst. i høve til mai 2005. Teknologifag, ingeniørfag og arkitektur har ein auke på 10,7 pst. Matematikk og naturfag har ein tilbakegang på 8,1 pst.

I 2005 var det registrert 195 190 studentar. Dette er ein svak auke frå 2004, jf. tabell 2.5–2.7 i Vedlegg 2. Auken kom i all hovudsak ved dei statlege høgskolane. I tillegg fekk om lag 13 000 no­rske studentar støtte frå Statens lånekasse for utdanning for å ta heile gradsutdanninga i utlandet i studieåret 2005–06, sjå kategori 07.80. Tildelt skolepengestøtte og lån til skolepengar utgjorde om lag 527 mill. kroner. Noreg er såleis ein stor importør av utdanning. Tal på kandidatar ved universitet og høgskolar er på same nivå som i 2005.

Ein ser no ein viss tendens til at kvinner i større grad søkjer tradisjonelt mannsdominerte utdanningar, mens det motsette ikkje er tilfellet. Dette blir omtalt i ein rapport om det kjønnsdelte arbeidsliv frå Institutt for samfunnsforskning. Samtidig er kvinner klart overrepresenterte i utdanningar innanfor omsorg og undervisning, medan menn er i fleirtal i utdanningane innanfor teknologifag. Den skeive kjønnsdelinga er størst i helsefaga, sjå tabell 2.15 i Vedlegg 2. Innnanfor førskolelærarutdanninga er det òg skeiv kjønnsdeling. Talet på menn som fekk tilbod om studieplass, var på om lag 15 pst. i 2005 og 2006. Regjeringa har som mål å auke talet på menn i barnehagane. For å nå målet må mellom anna rekrutteringa av menn til førskolelærarutdanninga bli betre og talet på menn som gjennomførar utdanninga bli høgre. Også ved lærarutdanningane er det ei skeiv kjønnsdeling. Menn er i fleirtal innanfor teknologiske studium. Innan realfag utgjer kvinnelege søkjarar omlag 50 pst. av dei som har fått tilbod om studieplass i 2006. Samstundes utgjer kvinnedelen blant primærsøkjarar til sivilingeniørstudiet 26,8 pst. og til ingeniørstudiet om lag 14 pst.

Lisboa-strategien frå 2000 har som mål å gjere EU til verdas mest konkurransedyktige og kunnskapsbaserte økonomi innan 2010. Noreg tek del i Lisboa-strategien. Eit av måla i Lisboa-strategien er å auke talet på kandidatar i matematikk og realfag med minst 15 pst. innan 2010, og samtidig redusere ubalansen mellom kvinner og menn.

Det er utarbeidd ein ny strategi for styrking av realfaga for perioden 2006–09. Regjeringa legg i denne strategien langt sterkare vekt på samarbeid med nærings- og arbeidsliv enn tidlegare. Det er eit overordna mål at norsk arbeidsliv får tilført den realfaglege kompetansen det er behov for. For å styrke kontakten mellom utdanning og nærings-/arbeidsliv er det i 2006 for første gong etablert eit toppforum, ein fast nasjonal møteplass mellom Regjering, næringsliv og utdanningssektor for å følgje utviklinga i realfaga, styrke samarbeidet og foreslå tiltak. Tiltaka i strategien vil bli vidareutvikla årleg.

Innanfor høgre utdanning er det viktig å auke rekrutteringa til dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske studia, mellom anna ved satsinga på Nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE), sjå kap. 281 for nærmare omtale. Ei kartlegging som RENATE har gjennomført, syner at forkurs i 2006 har mykje å seie for rekrutteringa til ingeniørutdanninga. Auken på 4,1 mill. kroner til forkurs vil derfor verte ført vidare i 2007. Via høgskolane i Gjøvik og Hedmark er det i tillegg løyvd kr 300 000 til forkurs lagd til rette for kvinner ved Kvinneuniversitetet. Det er gitt tilsegn om midlar i 2007. Departementet vil òg vurdere å utvikle vidare ordningane med forkurs og forsøksordning med opptak til utdanninga med grunnlag i relevant fagutdanning. 2- og 3-årig ingeniørutdanning skal evaluerast, og rekrutteringstiltaka vil få ein sterkare kvinneprofil, sjå også omtale under programkategori 07.20 og kap. 226. Som ledd i resultatoppfølginga har NIFU STEP evaluert ordninga med tilleggspoeng for fordjuping i realfag i vidaregåande opplæring. Undersøkinga syner at det førebels er vanskeleg å sjå effektar av ordninga.

Det er framleis lågare utdanningsnivå blant innvandrarar enn i befolkninga elles, men det er store skilnader mellom dei ulike innvandrargruppene. Det er ei positiv utvikling for utdanningsnivået til andre-generasjons innvandrarar. Av dei som fullfører vidaregåande opplæring med studiekompetanse, ligg studiefrekvensen på om lag same nivå som befolkninga elles. Fråfallet i studietida er litt høgre enn i befolkninga elles.

Regjeringa ønskjer å auke utdanningsnivået blant ungdom med innvandrar­bakgrunn og arbeide for at dei kjenner til og vel det same breie fagtilbodet som andre. Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo har blant anna drive med systematisk informasjon og motivasjonsarbeid og prøvd ut metodar for å leggje studia til rette og motverke fråfall. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) har fått ansvaret for å sjå til at røynsler frå slike tiltak er tilgjengelege for alle høgre utdanningsinstitusjonar.

Ni høgskolar samarbeider om ei felles ramme for bachelorstudium for å vidarekvalifisere minoritetsspråklege som lærarar. Dette tilbodet tek i bruk fjernundervisning og er organisert slik at det når store delar av landet. Saman med ei stipendordning for minoritetsspråklege som arbeider i barnehage eller skole utan formell kompetanse for tilsetjing, vil dette gi mange skolar kompetente lærarar med innsikt i dei utfordringane norsk skole har i møtet med elevar med anna språkleg og kulturell bakgrunn.

I handsaminga av Budsjett-innst. S. nr. 12 (2004–2005) gjorde Stortinget følgjande vedtak, jf. Oppmodingsvedtak nr. 153, 13. desember 2004:

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for å etablere et kiropraktorstudium i Norge.»

Helse- og omsorgsdepartementet har motteke ein rapport om behovet for etablering av kiropraktikarutdanning i Noreg. Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet vil i samarbeid vurdere oppfølging av rapporten.

Nettverket Midt i Norden er eit nettverk av studiesentra i Noreg. Nettverket har som formål å gi folk i distrikta like god tilgang til høgre utdanning og livslang læring som folk har i byane.

Ein fleksibel, desentralisert høgskolestruktur sikrast best gjennom at institusjonane sjølv prioriterer kva for og kor slike tilbod skal finne stad. Dagens høgskolestruktur er forholdsvis desentralisert, og ein rekke statlege høgskolar tilbyr studieprogram på desentraliserte studiestader. Disse studiestadene er ein viktig del av utdanningstilbodet i distrikta, og for mange av høgskolane utgjør slike desentaliserte studiestader eit rekrutteringspotensial av stor tyding. Desentralisert utdanning kan likevel innebere meirkostanader for institusjonane, og på bakgrunn av dette er løyvinga på 16,7 mill. kroner til desentraliserte utdanningstilbod foreslått vidareført, jf. omtale i kategoriinnleiinga og under kap. 271, 272, 275 og 281.

På bakgrunn av dette foreslår departementet at det ikkje løyvast midlar til Nettverket Midt i Norden i 2007.

Styring av kapasitet for einskilde utdanningar

Departementet stiller aktivitetskrav ved nokre utdanningar, medan det for kunsthøgskolane blir sett måltal for studentar og kandidatar, jf. tabell 2.22 i Vedlegg 2. Årsaka er at kunsthøgskolane ikkje er inkluderte i finansieringssystemet.

Det er naudsynt å sikre tilgong på kandidatar innanfor yrke som er viktige for Noreg. Dei fleste helsefagutdanningane har aktivitetskrav. Krava er innfridde med unntak for fysioterapi, tannteknikk, medisin og psykologi, men resultata der ligg tett oppunder krava. Departementet legg til grunn at opptaksnivået for realfags- og ingeniørutdanningane blir halde på minst same nivå som tidlegare. Opptaket til ingeniørutdanningane er ikkje så høgt som ønskeleg, til tross for at opptaket i 2005 var noko høgre enn i 2004, jf. tabell 2.15 i Vedlegg 2.

Som i 2006 blir det ikkje stilt aktivitetskrav for allmenn- og førskolelærarutdanningane i 2007. Institusjonane må primært disponere eventuell ledig kapasitet på dette området til ulike grunnutdanningar for lærarar eller til vidareutdanning av lærarar i sentrale skolefag. Departementet vil følgje nøye med på rekrutteringa til grunnutdanninga av lærarar ved kvar enkelt institusjon.

Aktivitetskrava for 2007–08 er vidareført frå 2006–07. Sjå også tabell 2.34 i Vedlegg 2.

Kompetanseutvikling av lærarar

Universitet og høgskolar har i 2005 og 2006 arbeidd for å fremme kompetanseutvikling av lærarar, instruktørar og skoleleiarar som følgjer av Kunnskapsløftet, jf. kap. 226. Institusjonane har på regionalt nivå inngått samarbeid og nettverk med skoleeigarar og Fylkesmannen. Dette skal gi relevante, fleksible og praksisnære kompetansetilbod av høg kvalitet som er tilpassa reforma i grunnopplæringa og behova i sektoren. Utdanningsdirektoratet, KS, lærarorganisasjonane og Universitets- og høgskolerådet ved Nasjonalt råd for lærarutdanning er sentrale partnarar i det vidare arbeidet. Departementet tildelte 2 mill. kroner til institusjonar som gir lærarutdanning i 2005. Midlane vart nytta til å arrangere regionale konferansar for tilsette i lærarutdanninga om Kunnskapsløftet og konsekvensar for lærarutdanninga og ny rammeplan for barnehagen.

NOKUT leverte sluttrapporten frå evalueringa av allmennlærarutdanninga i september 2006. Panelet som evaluerte allmennlærarutdanninga peiker på ei rad utfordringar på heilt sentrale kvalitetsindikatorar i utdanninga. Dei fleste av desse må institusjonane sjølve ta tak i. Det gjeld m.a. kravnivået i studiet, studentvurdering, motivasjonen og arbeidsinnsatsen til studentane. Vidare er panelet kritisk eller spørjande til måten lærarutdanninga er organisert på og styrt internt i høgskolane. Også dette er spørsmål høgskolane må ta opp i organisasjonen. Eit hovudområde for kritikk frå panelet er lærarprofesjonaliteten hos kandidatane, at opplæringa ikkje er tilstrekkeleg praksisnær, at det er for dårleg kontakt mellom lærarutdanningsmiljøa og skolen, uklar eller fragmentert forankring av ansvaret for praksisopplæringa og svak samanheng mellom teori, fagdidaktikk, praksis og forsking. Lærarutdanninga må vere kunnskapsbasert, men òg yrkesnær og relevant for skole og barnehage. Her ligg det store utfordringar som kvart lærarutdanningsmiljø må ta tak i og finne ei løysing på.

Departementet vil på nasjonalt nivå særleg prioritere tiltak retta mot tilhøvet mellom utdanning og yrkesutøving. Innanfor ei samla ramme på 36,7 mill. kroner på kap. 281 til ulike tiltak innafor lærarutdanning i 2007 gjeld om lag 11 mill. kroner nye utviklingsprosjekt. Saman med relevante aktørar vil departementet setje i gang to typar pilotprosjekt: den eine typen for å utvikle nye modellar for kontakt og samhandling mellom skole-/barnehageeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane på eit breitt felt av felles oppgåver; det andre for å få opp gode organisasjonsmodellar for praksis, der ansvars- og samarbeidsrelasjonar er klare. Før ein set i verk utviklingsprosjekt i praksis, vil det vere ønskjeleg å hente inn kunnskap om korleis øvingslæraravtalane blir praktiserte, og om kvalitet og finansiering. Også dette arbeidet må gjerast saman med samarbeidspartane.

Noregs forskingsråd har arbeidd med eit fireårig yrkesretta FoU-program. Midlar til programmet vart utlyste i 2006, og det har vore stor interesse frå fagmiljøa. Det vart fordelt 52,2 mill. kroner til ti prosjekt. Det blir òg planlagt ei tilsvarande satsing på barnehagesektoren, sjå omtale under kategori 07.30.

Departementet har gitt støtte til årlege konferansar om praksisretta FoU-arbeid i dei siste fire åra for dei som arbeider med lærarutdanning.

Kunnskapsdepartementet har støtta utviklinga av eit nytt kurs for lærarar i lærarutdanninga som blir tilbode av NTNU frå 2006. Målet er å styrkje praksisdimensjonen i lærarutdanninga ved å bringe saman lærarar i praksisskole og høgskole/universitet i eit felles studieopplegg. Kurset vil kombinere relevant teori med praktiske erfaringar og utviklingsarbeid. Det vil også medføre internasjonalt samarbeid.

Gjennomføring av studia

Gjennomføring av studia på normert tid og mindre fråfall undervegs i studia er viktig både for den einskilde studenten og for å betre tilgangen på arbeidskraft.

Ved mange utdanningar har låg gjennomføring vore eit problem. Fleire rapportar synar at mange studentar bruker få timar i veka på studia i høve til kva ein bør vente i fulltidsstudium. Undersøkingane viser òg at det er stor skilnad i tidsbruk me­llom dei ulike faga. Kvalitetsreforma skal leggje til rette for at studentane gjennomfører studia på normert tid. Høg fagleg kvalitet, nye lærings- og vurderingsformer, auka undervisningsmengd og betre utnytting av studieterminane er viktige faktorar for å nå dette målet. Endringar i tidsbruk vil bli nærmare undersøkte i evalueringa av Kvalitetsreforma.

I 2005 vart det i snitt avlagt 42 studiepoeng per student i høgre utdanning. Flest studiepoeng, 47,6 studiepoeng per student per år, vart avlagde ved dei vitskaplege høgskolane. Talet for dei statlege høgskolane er 44,9 og 39,1 ved universiteta. Talet for dei private høgskolane er 40,5. Det er ein liten auke i talet på avlagde studiepoeng per student når ein ser på alle institusjonane under eitt.

Internasjonalisering

Kvalitetsreforma legg til rette for at dei uteksaminerte kandidatane er kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt og fleirkulturelt samfunns- og næringsliv. Internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid er i tillegg eit sentralt satsingsområde for norsk bistandsarbeid. Aktiv deltaking i internasjonale utdannings- og forskingsprogram og institusjonsavtalar med partnarinstitusjonar i andre land er sentrale verkemiddel for å auke internasjonalt samarbeid, sjå òg omtale under kategori 07.70. Like viktig er deltaking i Bologna-prosessen, Lisboa-prosessen, Nordisk Ministerråd, OECD, UNESCO og andre internasjonale fora.

Noreg tek del i Bologna-prosessen saman med dei aller fleste landa i Europa (i alt deltek 45 land). Prosessen har som mål å skape eit felles europeisk område for høgre utdanning innan 2010. Den fjerde ministerkonferansen i prosessen, som vart halden i Bergen i mai 2005, gjorde vedtak som inneber at viktige element i eit slikt felles område no er på plass. Eit overordna europeisk rammeverk for kvalifikasjonar i høgre utdanning vart vedteke, og landa forplikta seg til å utvikle nasjonale rammeverk som byggjer opp under det. Dermed blir det lettare å ta med seg kvalifikasjonar over landegrensene. Dette kjem i tillegg til eksisterande instrument for godkjenning, først og fremst Lisboa-konvensjonen, og byggjer vidare på arbeidet med å harmonisere gradsstrukturen i høgre utdanning i dei ulike landa. Eit anna viktig vedtak gjaldt felles europeiske retningslinjer og standardar for kvalitetssikring i høgre utdanning. Vidare vart det vedteke å setje ned arbeidsgrupper for å framskaffe data om arbeids- og levekåra til studentane og om studentmobilitet som ledd i å styrkje den sosiale dimensjonen i prosessen.

Etter norsk initiativ vedtok ministrane å styrkje samarbeidet mellom Bologna-prosessen og andre delar av verda. Ein arbeider med å utvikle ein strategi for korleis dette kan gjerast, og Noreg leier dette arbeidet. I den samanhengen vart det arrangert eit seminar i Oslo i september 2006 med om lag 150 deltakarar frå heile verda. Mellom anna som følgje av Kvalitetsreforma er Noreg eitt av dei landa som har komme lengst i å nå hovudmåla for prosessen. Eit viktig tema på den neste ministerkonferansen i London i mai 2007 vil vere korleis det europeiske samarbeidet om høgre utdanning skal førast vidare etter 2010.

I løpet av 2005 vedtok både OECD og UNESCO felles retningslinjer for kvalitet i transnasjonal høgre utdanning (Guidelines for quality provisions in cross-border higher education). Departementet vil følgje opp dette arbeidet i ulike internasjonale fora.

Auka aktivitetsnivå i det internasjonale utdannings- og forskingssamarbeidet er viktig for kvaliteten i norsk høgre utdanning og forsking, sjå òg kategori 07.70. Lærestadene har utvikla eigne planar for det internasjonale arbeidet. Dei fleste har eigne einingar med ansvar for feltet, og mange samarbeidsavtalar med institusjonar i andre land. Det blir òg lagt vekt på å utvikle studietilbod spesielt retta mot innreisande studentar. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) skal vere til hjelp for lærestadene i dette arbeidet og vitja derfor alle universiteta og høgskolane i 2005. Fleire institusjonar klarar likevel enno ikkje å sikre alle studentar som ønskjer det, eit studieopphald i utlandet.

Det er ein samla auke i talet på studentar som har reist ut i 2005 samanlikna med dei siste åra, jf. tabell 2.23 i Vedlegg 2. Det har vore vekst i talet på innreisande studentar ved universiteta. Ved dei statlege høgskolane og ved dei vitskaplege høgskolane har det vore nedgang i talet på innreisande studentar samanlikna med 2004.

Særleg viktig er det at det blir lagt til rette for at unge forskarar tidleg i karrieren knyter internasjonale kontaktar. Talet på utreisande tilsette var mykje høgre i 2005 enn i 2004, og det var også fleire innreisande i same periode. Dette er ei positiv utvikling.

I 2004 la departementet fram ein strategiplan for forskingssamarbeid med Nord-Amerika, og i juni 2006 gjorde ei nasjonal arbeidsgruppe framlegg om ein liknande satsingsplan for utdanningssamarbeid. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å leggje fram ein endeleg plan rundt årsskiftet 2006–07.

Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i EU-programma på utdannings- og forskingsområdet. Programma er viktige for den faglege utviklinga ved universiteta og høgskolane. For omtale av utdanningsprogramma Sokrates og Erasmus Mundus, sjå kap. 281 post 73. For omtale av Leonardo da Vinci, Cedefop og Europass, sjå kap. 225 post 72. For omtale av EUs nye handlingsprogram for livslang læring for perioden 2007–13, sjå kap. 252 post 70. Forskingssamarbeidet i EU er omtalt under kategori 07.70.

Gjennom verksemda i Nordisk Ministerråd og rådgivingsgruppa for høgre utdanning (HØGUT) under rådet er det eit omfattande nordisk samarbeid om høgre utdanning og forsking. Kjerneaktivitetar er knytte til Nordplus, til arbeidet for gjensidig nordisk godkjenning av høgre utdanning (Reykjavikerklæringa) og til nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning. Denne avtalen vart drøfta på ministermøtet 1. september i år. Dei nordiske utdanningsministrane tek sikte på å forlengje avtalen formelt for nye tre år på neste ministermøte i november 2006. På utdanningssida er det sett i gang eit pilotarbeid for å utvikle felles nordiske mastergradar, med sikte på utlysing av prosjektet ved årsskiftet. I 2006 har Noreg formannskapet i Nordisk Ministerråd, og legg opp til å føre vidare nordisk-arktisk samarbeid på utdannings- og forskingsområdet mellom anna ved å leie ei arktisk arbeidsgruppe med dei åtte medlemslanda i Arktisk råd.

Universitet og høgskolar vil spele ei sentral rolle i nordområdestrategien til Regjeringa. Utdanning og forsking er nøkkelen til god samfunnsutvikling og styrkt ressursforvaltning. Det er naudsynt med eit felles kunnskapsgrunnlag for at det felles ansvaret for nordområda skal forvaltast på ein god måte. Dette skal utviklast i samarbeid med institusjonar i nabolanda våre, mellom anna gjennom eit styrkt samarbeid med Russland. Norske aktivitetar under Arktisk universitet skal òg tilretteleggjast for å følgje opp ambisjonane i strategien.

Godkjenning av utanlandsk utdanning

Regjeringa vil gjere det enklare og raskare å få godkjent høgre utdanning som er teken i andre land. Mange innvandrarar med høg utdanning opplever at det er vanskeleg å få godkjent den utdanninga dei har med seg frå utlandet. Dette representerer ei barriere for at arbeidsgivarar og samfunnet skal kunne dra nytte av kompetansen deira. Det er viktig at innvandrarar raskt får innpass i arbeidslivet slik at ressursane deira kjem til nytte, og dei kan bli inkluderte i samfunnet.

Kunnskapsdepartementet har nedsett eit utval som skal greie ut problemstillingar knytte til dagens system for godkjenning og godskriving av høgre utdanning i Noreg. Utvalet skal mellom anna foreslå tiltak som kan gjere saksbehandlinga enklare, raskare og meir brukarvennleg, og samtidig sikre at ho er rettferdig. Utvalet skal spesielt vurdere behov for endringar som kan medverke til betre integrering av innvandrarar i den norske arbeidsmarknaden. Utvalet skal levere innstillinga si innan 1. desember 2006.

Om regelverk og undervisningskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskolar

Dei overordna måla for den resultatbaserte undervisningsfinansieringa er å premiere dei institusjonane som er prega av kvalitet, og som får studentane til å lykkast. Finansieringssystemet legg òg til rette for at institusjonane kan omstille kapasitet raskare og gi tilbod om dei studia som møter studieønske eller dei behova samfunnet har for arbeidskraft. For 2007 utgjer undervisningskomponenten om lag 25 pst. av total løyving for sektoren samla. Kvalitetsreformevalueringa vil inkludere ei evaluering av finansieringssystemet, og departementet vil mellom anna leggje denne til grunn for vidare oppfølging. For nærmare omtale av finansieringssystemet, sjå St.prp. nr. 1 (2002–2003) for Utdannings- og forskingsdepartementet.

Lov av 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskolar er eit felles rammeverk for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar når det gjeld faglege fullmakter, kvalitetssikring av utdanningstilbod og rettar og plikter for studentane. Dette skal sikre kvaliteten på utdanninga ved alle utdanningsinstitusjonar, både statlege og private.

Departementet har gått gjennom sentrale forskrifter med sikte på å forenkle og oppdatere det samla regelverket under lova. Departementet har samla reglane om opptak av søkjarar til høgre utdanning i ei forskrift. Endringar i vidaregåande opplæring, jf. Kunnskapsløftet, fører til at fagkrav i generell studiekompetanse må endrast, og departementet har derfor sett i gang arbeidet med å gå gjennom opptaksforskrifta.

Mål: Universitet og høgskolar skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid

I samband med handsaminga av St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning, sjå Innst. S. nr. 232 (2004–2005), ga Stortinget støtte til at styrking av grunnforskinga er eitt av tre prioriteringsområde. Forskinga skal vere prega av kvalitet i breidda med nokre spissmiljø, ho skal vere samansett og ha eit stort mangfald, omfatte disiplinbasert og tverrfagleg forsking. Ho skal òg vere original og solid og omfatte både forsking prega av vitehug og forsking med konkrete formål.

Høgre utdanning i Noreg med universitet, vitskaplege høgskolar og høgskolar sikrar arbeidsdeling og tilrettelegging for god flyt av studentar, tilsette og ikkje minst kunnskap og forsking mellom dei ulike institusjonane.

Universiteta er berebjelken i kunnskaps- og forskingsnasjonen Noreg. Gjennom universiteta sikrar ein fagleg breidd, forskingsmessig djupn, forskarutdanning og vekt på innovasjon. Universiteta har hovudansvaret for og utførar det meste av den akademiske grunnforskinga i Noreg. Fleire sentre for framifrå forsking er etablerte for å styrkje langsiktig grunnforsking på høgt internasjonalt nivå og heve kvaliteten på norsk forsking, sjå omtale under kategori 07.70.

Universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim har store natur- og kulturmuseumseiningar. Dei vitskaplege samlingane dannar basis for forsking, undervisning og formidling innanfor mange fagområde. Dei skal mellom anna opplyse allmenta gjennom utstillingar, forelesingar og andre formidlingstiltak. Dei kulturhistoriske museumseiningane er viktige aktørar i det arkeologiske forvaltningsarbeidet, medan dei naturhistoriske samlingane er viktige kjelder for naturvitskapleg forsking. Dei har også ei viktig rolle som artsdatabank og miljøarkiv. Sjå nærmare omtale av Artsdatabanken under kap. 281.

Dei vitskaplege høgskolane er profesjonsorienterte, men med ei klar forskings- og teoretisk forankring. Denne kombinasjonen gjer at desse institusjonane har nokre av dei mest populære studia, og dei har ein sentral posisjon i fag- og yrkesmiljøa sine.

Gjennom forskingsbasert undervisning sikrar høgskolane at Noreg får høgt kompetent personell til dømes innanfor ingeniør-, helse- og læraryrka. Kunsthøgskolane har ei tilsvarande rolle i høve til dei kunstnarlege profesjonane. Dei har òg ansvar for utvikling av og forankring i kunstnarleg utøving, utviklingsarbeid og forsking. Utviklings- og innovasjonsorientering saman med forankring i regionane gjer høgskolane til eit særs viktig fundament i det kunnskapsbaserte samfunnet i dag og i framtida.

Fagevalueringane i regi av Noregs forskingsråd syner at norske universitet har vore prega av for svak fagleg leiing og manglande langsiktig planlegging for å styre ressursfordelinga. Mobiliteten er for låg, både innanfor Noreg og internasjonalt. Ei rekkje fag har stor bruk for internasjonalt leiande forskarar som kan vere drivkraft for å få fram den faglege kvaliteten ved institusjonane. Sjå nærmare omtale under kategori 07.70.

Gjennom forskingsevalueringar og betre oversikt over vitskapleg publisering har institusjonane fått auka kunnskap om kvaliteten på forskinga ved sin eigen institusjon. Institusjonane er òg i ferd med å styrkje samarbeidet med andre institusjonar i sektoren, både nasjonalt og internasjonalt, og dei knyter tettare kontaktar med arbeids- og næringsliv. Internasjonalt samarbeid og EUs rammeprogram for forsking er viktig for å sikre og betre kvaliteten i det faglege arbeidet.

Regjeringa vil styrkje dei regionale komiteane for medisinsk forskingsetikk (REK). Komiteane er organiserte etter helseregion, men universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø har forvaltningsansvaret, inkludert ansvar for infrastruktur. Arbeidsmengda for komiteane har auka kraftig dei siste åra. Frå 1. juli 2006 vart det derfor oppretta ein ny komité i region sør, og departementet foreslår å auke løyvingane til REK-systemet med til saman 7,1 mill. kroner i 2007, jf. også omtale under kategori 07.70. Midlane skal nyttast til å opprette ein ny komité i region aust, innføring av ein nasjonal fordelingsfunksjon og frikjøpsordningar for leiarane. Departementet vil komme attende til korleis forvaltningsansvaret for komiteane skal organiserast, seinast i St.prp. nr. 1 (2007–2008).

Departementet oppnemnde hausten 2005 eit utval for akademisk fridom. Utvalet er ei oppfølging av Stortingets behandling av ny lov om universitet og høgskolar, jf. Innst. O. nr. 48 (2004–2005). Stortinget bad da departementet greie ut problemstillingar kring behovet og høve til å lovfeste den akademiske fridommen for kvar enkelt tilsett i undervisnings- og forskarstilling. Utvalet leverte ei utgreiing 2. oktober 2006. Utvalet meiner det er gode grunnar til å lovfeste individuell akademisk fridom. Utgreiinga skal ut på høring. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med forslag om oppfølging.

Forskingsomfang

Tal frå NIFU STEP viser at dei totale utgiftene til forsking og utviklingsarbeid ved universitet og høgskolar var på 8,6 mrd. kroner i 2005 mot 6,3 mrd. kroner i 2001. Tal for FoU-midlane som er løyvde over statsbudsjettet, utanom inntekter frå oppdrag, syner at universiteta og høgskolane som primærmottakarar fekk løyvd om lag 5,7 mrd. k­roner i 2005 mot om lag 4,2 mrd. kroner i 2001.

Publiseringsaktiviteten har auka jamt frå nittiåra. Målt som talet på artiklar publiserte per 1 000 innbyggjarar ligg Noreg framfor land som USA, Tyskland og Japan, men kjem dårlegare ut enn dei andre nordiske landa. Ein indikasjon på kvaliteten på artiklane er talet på siteringar i høve til verdsgjennomsnittet. Dette aukar raskare i Noreg enn i dei andre nordiske landa, og norske artiklar ligg no på same nivå som svenske og finske.

Det er klare skilnader i publiseringsaktiviteten mellom forskjellige institusjonskategoriar, men òg innanfor same kategori. Som venta publiserer universiteta flest artiklar. Universitetet i Stavanger (UiS) har mange profesjonsfagmiljø som ikkje berre publiserer vitskaplege artiklar, men også utførar utviklingsarbeid i samband med profesjonsfeltet. UiS ligg derfor i ei mellomstilling, men også UiS har auka publiseringa monaleg i 2005. Det er ein aukande publiseringsaktivitet i høgskolesektoren.

Forskarutdanning

Regjeringa har som mål å utdanne 1 100 doktorandar årleg, i tråd med mål sett i St.meld. nr. 35 (2001–2002) om rekruttering til undervisnings- og forskarstillingar. Målet omfattar alle doktorander, uavhengig av finansieringskjelde og tilsettingsstad. For åra 2002 til 2006 er det til saman løyvd midlar til oppretting av i overkant av 1 000 nye stipendiatstillingar finansierte over grunnbudsjetta til universitet og høgskolar, jf. nærmare omtale i budsjettforslag for dei einskilde åra.

Tabell 2.25 i Vedlegg 2 gir oversikt over talet på avlagde doktorgradar fordelte på universitet og høgskolar i perioden 1996–2005. I 2005 var det 855 kandidatar som tok doktorgraden mot 782 i 2004. Talet på avlagde doktorgradar var 42 pst. høgre i 2005 enn i 1996. Sjølv om talet på doktorgradar aukar, er fullføringsgraden framleis for låg og gjennomføringstida i doktorgradsutdanninga framleis for lang. For å nå Regjeringas mål må dette bli betre. Kvinner utgjer 40 pst. av doktorandane. Tabell 2.26 i Vedlegg 2 har oversikt over oppnådde doktorgradar etter fagområde og kjønn i 1995 og 2005. Samfunnsvitskap, humaniora, landbruksvitskap/veterinærmedisin og medisin er no fag med rimeleg kjønnsbalanse på rekrutteringsnivå. Innanfor matematisk-naturvitskaplege fag vart kjønnsbalansen betre i perioden 1995–2005, men er framleis skeiv. Prosentdelen kvinner innanfor teknologifag er låg, og er også redusert samanlikna med 1995.

Universitet og høgskolar har hovudansvaret for å auke talet på stipendiatstillingar. Noregs forskingsråd har hovudansvaret for å auke talet på postdoktorstillingar og utover dette halde finansieringa av stipendiatstillingar på minimum nivået i dag. Institusjonar med rett til å tildele graden ph.d. kan nytte postdoktorstillinga der dei finn det naudsynt.

Teknologi og realfag er prioriterte ved at institusjonar med tyngd innanfor naturvitskap og teknologi var spesielt tilgodesette ved fordeling av dei 350 stipendiatstillingane som vart løyvde i budsjettet for 2006. Det er lagt inn heilårsverknad for desse stillingane i budsjettet for 2007.

Noregs forskingsråd har saman med universitets- og høgskolerådet greidd ut ei ordning med nasjonale forskarskolar. Departementet arbeider med å følgje opp denne utgreiinga.

Forskingsrådet er i ferd med å utarbeide ei ordning med nærings-ph.d. på oppdrag frå departementet. Målet med ei slik ordning er å styrkje samspelet mellom universitet og høgskolar på den eine sida og forskingsinstitutt og næringsliv på den andre, gjennom at forskarutdanninga byggjer på samarbeid mellom fleire partar. Utgreiinga vil liggje føre 1. desember 2006 og skal utformast i samspel med instituttsektor, samfunns- og næringsliv.

Perioden for rekrutteringssatsinga går ut i 2007, jf. St.meld. nr. 35 (2001–2002). Departementet har i samarbeid med Noregs forskingsråd eit prosjekt i regi av NIFU STEP som skal sjå på kva som er oppnådd gjennom satsinga på forskarrekruttering, og korleis vidare satsing bør bli utforma. Departementet førebur ein brei dialog om dette, ikkje berre med universitet og høgskolar, men også med andre partar i samfunns- og næringslivet som treng arbeidstakarar med doktorgrad.

Departementet har sett i verk ein gjennomgang av FoU-resultata ved statlege høgskolar, som varsla i budsjettproposisjonen for 2005. Formålet er mellom anna å undersøkje om satsinga på doktorgradsutdanning ved høgskolane har vore vellykka. I samband med dette har NIFU STEP fått i oppdrag å analysere FoU-situasjonen ved høgskolane nærmare. NIFU STEP skal levere rapporten hausten 2006.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Regjeringa har som mål å auke internasjonaliseringa av forskinga. Universitet og høgskolar har omfattande samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, samt gjennom bilaterale avtalar. Internasjonal sampublisering aukar. I 2005 hadde meir enn halvparten av dei norske vitskaplege publikasjonane også ein forfattaradresse i andre land. Talet på artiklar med utanlandske medforfattarar har sidan åttiåra auka dobbelt så raskt som talet på artiklar utan. Om lag 20 pst. av doktorgradane i Noreg blir avlagde av utanlandske statsborgarar.

Noreg tek med fulle rettar del i EUs sjette rammeprogram for forsking (2002–06). Institusjonane har vore svært aktive i siste fase av det sjette rammeprogrammet. Forskningsrådet sine tal synes at norske universitet og høgskolar per 1. mars 2006 deltok i 223 prosjekt som er innstilte til sluttforhandling om kontrakt. Sjå elles kategori 07.70 om internasjonalt forskingssamarbeid og EUs sjuande rammeprogram.

Om forskingskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskolar

Dei overordna måla for resultatbasert omfordeling (RBO) av forskingsmidlar er å stimulere til auka forskingsaktivitet og fordele ressursar til miljø som kan dokumentere gode forskingsresultat. RBO inneber å omfordele midlar mellom institusjonane etter oppnådde resultat på utvalde indikatorar. Midlane blir dermed fordelte etter relativ resultatoppnåing.

I samband med budsjettet for 2006 vart det gjort endringar i RBO, jf. St.prp. nr. 1 (2005–2006). Indikatorane doktorgradskandidatar, inntekter frå EU og frå Noregs forskingsråd er vidareførte. Samstundes er den nye indikatoren vitskapleg publisering gjort gjeldande for alle institusjonane, med unntak for Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og Noregs musikkhøgskole. I budsjettet for 2007 er indikatorane for EU-midlar og midlar frå Noregs forskingsråd heller ikkje nytta, da dette er lite eigna mål for forskingsresultat ved desse to institusjonane.

Regjeringa la i budsjettforslaget for 2006 opp til å fase inn endringane som følge av RBO gradvis, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005–2006). Potten som vart omfordelt, vart derfor halvert, men ein tok sikte på å fase inn resterande midlar i budsjettet for 2007. Midlane vart mellombels lagde inn i den strategiske forskingskomponenten. På bakgrunn av dette foreslår Regjeringa full innfasing i budsjettet for 2007.

Departementet har sett ned eit utval som skal sjå på om det er mogleg å finne indikatorar for kunstnarleg utviklingsarbeid. Det er Universitets- og høgskolerådet som leier arbeidet, og arbeidsgruppa representerer breidda innanfor fagfeltet. Utvalet tek sikte på å levere si instilling innan utgangen av 2006.

Mål: Universitet og høgskolar skal møte behova i samfunnet og skal spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid

Formidling er ved sida av utdanning og forsking ei av kjerneoppgåvene for utdanningsinstitusjonane, men det har ikkje vore knytt indikatorar til denne delen av aktiviteten til institusjonane i det resultatbaserte finansieringssystemet. Formidling har eit stort mangfald av resultatformer og prosessar, og det er ei utfordrande oppgåve å samle seg om nokre få indikatorar. Kunnskapsdepartementet vil arbeide vidare med ein eigen komponent for formidling. Departementet har sendt eit forslag om formidlingskomponent frå Universitets- og høgskolerådets formidlingsutval på høring.

I mai 2006 sette Regjeringa ned eit utval, Stjernø-utvalet, for å vurdere den vidare utviklinga av norsk høgre utdanning i eit tidsperspektiv på ti til 20 år. Utvalet skal vurdere korleis ein kan sikre at strukturen på universitet og høgskolar i Noreg held fram med å gi god regional balanse i studietilbod og tilgang på kompetanse. Det skal òg vurdere om institusjonane møter dei krava som følgjer av auka internasjonalisering av så vel utdanning som arbeidsliv. Mandatet peiker på at det er naudsynt med fagleg sterke, livskraftige institusjonar med evne til omstilling og fornying og med kvalitativt gode og robuste forskingsmiljø, og sett søkjelyset på den rolla høgre utdanning spelar for samfunnsutviklinga i vid forstand. Samspelet mellom dei høgre utdanningsinstitusjonane og samfunnet ikring står derfor sentralt. Regjeringa sitt mål om å styrkje det regionale universitets- og høgskolesystemet vil vere ein viktig premiss for arbeidet. Utvalet skal leggje fram innstillinga si innan utgangen av 2007.

Museum

Riksrevisjonen har i ein rapport til Stortinget peikt på at fleire av samlingane ikkje vart oppbevarte under gode nok tilhøve, og at styringa, ved universitetsmusea, ikkje var god nok. Sjå Dokument nr. 3:9 (2002–2003).

Kunnskapsdepartementet har i dei siste åra løyvd 72 mill. kroner i ekstraordinære tildelingar til universitetsmusea. Midlane er nytta til å betre magasintilhøva og til sikring, konservering og digitalisering.

Universiteta skal sikre forsvarleg oppbevaring og sikring av museumssamlingane. Universitetsmusea har utarbeidd ein felles metode for registrering av samlingane ved universitetsmusea. Metoden saman med rapportering på mål og resultatindikatorar vil gjere departementet og universiteta betre i stand til å sette gode mål.

Hausten 2004 sette departementet ned eit utval som skulle greie ut rolla til universitetsmusea i den nasjonale museumspolitikken. Utvalet la fram innstillinga NOU 2006:8 Kunnskap for fellesskapettil departementet 31. mars 2006. Utvalet tilrår mellom anna at formidlinga, forskinga og arbeidet med bevaring og digitalt tilgjenge må styrkjast. Utvalet er delt i synet på om universitetsmusea i framtida bør organiserast som universitetseiningar eller som institusjonar med ei friare tilknyting til universiteta. Utgreiinga har vore på høring med frist til Kunnskaps­departementet 1. oktober 2006. Departementet vil følgje opp dette overfor Stortinget. Spørsmål om bygningar vil vere med i ei slik vurdering. Nytt bygg for kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo er under utgreiing, sjå tabell 2.37 i Vedlegg 2. I samband med dette blir òg magasinbehov vurdert. Vidare har Universitetet i Bergen gjort ei utgreiing om magasinbehova.

Samarbeid med samfunns- og arbeidsliv

Universitet og høgskolar skal vere lærestader og forskingsinstitusjonar som tek ansvar for eiga utvikling. Samfunnsrolla til institusjonane har vorte stadig viktigare, og institusjonane må delta aktivt i samfunns- og arbeidsliv gjennom utdanningssamarbeid, forskingssamarbeid, teknologioverføring og anna formidling, sjå også Del I kap. 1 Hovudprioriteringar.

Universitet og høgskolar samarbeider i aukande grad med samfunns- og næringsliv, om studietilbod, etter- og vidareutdanning, FoU og innovasjon. Universiteta og høgskolane har ulik aktivitet på området, og graden av samarbeid varierer òg er avhengig av fagområde. Institusjonane utviklar strategiar og ulike modellar for å møte utfordringar i eit meir utstrakt samspel med nærings- og samfunnsliv.

Mange universitet og høgskolar har kurstilbod innanfor bedriftsretta område, som t.d. etablerarkunnskap. Fleire av institusjonane har slike kurs som obligatoriske i studieprogram og har eigne gründerskolar. Høgskolane er sentrale bærebjelkar i arbeidet med regional utvikling, og det ser ut som eksterne representantar i institusjonsstyra i mange høve har vore viktige i dette arbeidet.

Noregs forskingsråd, Selskapet for industrivekst (SIVA) og Innovasjon Noreg har etablert programmet Norwegian Centers of Expertise (NCE) og har i år peikt ut seks nye senter. Universitet og høgskolar medverkar i alle sentra. Målet er å støtte teknologisterke bedrifter og forskingsmiljø som har moglegheiter for vekst basert på innovasjon, og som kan gi ein betre grobotn for nye verksemder og til kommersialisering av nye forskingsidear. Sjå også kap. 552 post 72 i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Kommunal- og regionaldepartementet.

Innovasjon

Regjeringa har som ambisjon at Noreg skal vere eit av dei mest nyskapande landa i verda. Det overordna målet er å leggje til rette for auka verdiskaping over heile landet. Utdannings- og forskingspolitikken er sentral i denne politikken fordi menneske, kompetanse og kreativitet er avgjerande for innovasjonsevna i næringslivet.

Auka kommersialisering av forskingsresultat er viktig for å nå ambisjonen til Regjeringa. Kommersialisering av forskingsresultata gir nye idear, nye produkt og nye bedrifter, og er viktig for omstilling av norsk næringsliv. Særleg universiteta arbeider aktivt med kommersialisering av forskingsresultat og har utvikla organisasjonar, system og rutinar og samarbeider nært med sjukehus, helseføretak, næringsliv og andre forskingsmiljø.

FORNY-programmet i Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for kommersialisering av forsking. MOBI-programmet er viktig for å mobilisere FoU-relatert innovasjon. Sjå omtale under kategori 07.70.

Regjeringa har sette i verk ei ordning med etablerarstipend for å gjere det lettare for forskarar å flytte seg mellom forsking og arbeidet med kommersialisering av forskingsresultat. Stipendet kan gi lønn for opptil eit år og mellombels permisjon frå stillinga ved universitet, høgskole eller institutt, og gjer det mogleg å bruke heile eller delar av tida til å kartleggje og/eller utvikle det kommersielle potensialet i eit forskingsresultat eller ei oppfinning. Noregs forskingsråd administrerer ordninga.

For å styrkje den langsiktige grunnleggjande forskinga i næringslivet er det sette i gang ei ny ordning kalla Senter for forskingsdriven innovasjon, sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet og kategori 07.70.

Randsoneinstitusjonar

Institusjonane har gjennom Kvalitetsreforma fått større fullmakter til å opprette selskap eller andre einingar i randsona til institusjonen. Slik kan dei medverke til innovasjon og verdiskaping, og i større grad samarbeide med andre institusjonar, lokalt og regionalt arbeidsliv og offentleg forvaltning. Det er eit krav at slik verksemd må vere av fagleg interesse for institusjonane. Institusjonane må ikkje avgrense sjølvstendet sitt i faglege spørsmål, og kan ikkje skilje ut ordinære undervisnings- og forskingsoppgåver. Institusjonane kan berre nytte overskottet frå eksternt finansiert verksemd til kapitalinnskott. Institusjonane kan heller ikkje nytte grunnløyvinga til å subsidiere slik verksemd.

Institusjonane har nytta fullmaktene til å opprette einingar for oppdragsforsking og selskap som skal medverke til kommersialisering av forskingsresultat. Departementet legg til grunn at institusjonane følgjer prinsippa for god eigarstyring og dei overordna krava som er sette til forvalting av eigarinteressene til staten.

Departementet og institusjonar under departementet forvaltar per 31. desember 2005 statlege eigarinteresser i 85 aksjeselskap, jf. tabell 3.5 i St.meld. nr. 3 (2005–2006). Dette er ein auke på 13 frå 31. desember 2004. I perioden har fem selskap vorte avvikla. Staten, ved Kunnskapsdepartementet eller institusjonane, har gjennom aksjeeige eller på annan måte ei dominerande rolle i 31 selskap. For desse selskapa rapporterer departementet særskilt til Riksrevisjonen.

For å sikre at fullmaktene blir forvalta i samsvar med dei krava som følgjer av departementets rundskriv F-35-02, vil departementet gjennomgå heile selskapsporteføljen, og særskilt vurdere formål, avtalar og at prinsipp for god eigarstyring blir etterfølgde. Samstundes tek departementet sikte på ei evaluering og revisjon av regelverket.

Mål: Universitet og høgskolar skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane

Universiteta og høgskolane er kunnskapsverksemder som har eit særleg ansvar for å forvalte humankapital og økonomiske ressursar til beste for samfunnet. Dei tilsette er den viktigaste ressursen institusjonane rår over, og god personalpolitikk og god leiing blir derfor viktig. Det blir på ulike måtar lagt til rette for god leiing og personalpolitikk i sektoren. Lov om universitet og høgskolar opnar for større valfridom når det gjeld organisering av den øvste leiinga ved dei statlege institusjonane.

For å sikre betre rettar for tilsette har Regjeringa i Ot.prp. nr. 79 (2005–2006) gjort framlegg om å oppheve høvet til å tilsetje på åremål i undervisnings- og forskarstilling når vedkommande skal delta i prosjekt. Departementet har forenkla regelverket under universitets- og høgskolelova. Det er fastsett forskrifter om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar (forskrift 9. februar 2006 nr. 0129) og forskrift om vilkår for tilsetjing i stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent og spesialistkandidat (forskrift 31. januar 2006 nr. 0102). I denne samanhengen har stipendiatane fått betre sikring ved sjukdom.

Gjennom ei avgjerd i retten har departementet fått støtte for ei tolking av lova som inneber at fordelinga av arbeidstid for vitskapleg tilsette kan delegerast til institusjonane. Dei fleste av fagforeiningane har som tilsvar sagt opp særavtalen om lønns- og arbeidstilhøve, og departementet vurderer no korleis dette skal følgjast opp.

Tabell 2.24 i Vedlegg 2 syner det samla talet på vitskapleg og fagleg tilsette ved statlege institusjonar. Det var i 2005 totalt 15 512 årsverk i undervisnings- og forskarstillingar. Talet på kvinner i undervisnings- og forskarstillingar aukar, og var i 2005 på 41 pst. Talet på kvinner i vitskaplege toppstillingar aukar, men er framleis lågt. Til dømes var 17 pst. av professorane i 2005 kvinner, ein liten auke frå 2004. 32 pst. av dei tilsette i førsteamanuensis-/førstelektorstillinga var kvinner. Det er stor skilnad mellom fagområda. Institusjonane har utarbeidd handlingsplanar for å styrkje likestillingsarbeidet. Komiteen Kvinner i forsking er sett ned for å hjelpe institusjonane med å innlemme likestillingsarbeidet i den langsiktige og strategiske utviklinga av forskingsmiljøa. Komiteen vart oppnemnd i januar 2004 for ei treårsperiode. Tiltaket skal evaluerast i løpet av hausten 2006. Dei har oppretta ein langsiktig nettbasert ressursbank for arbeidet med å fremme likestilling i akademia. Institusjonane har utarbeidd handlingsplanar for å styrkje like­stillings­­arbeidet.

Institusjonane arbeider med heving av den faglege kompetansen for dei tilsette. Spesielt viktig er det at dei tilsette i faglege stillingar ved dei statlege høgskolane får høve til å kvalifisere seg for førstestillingar. Eit fleirtal av høgskolane har utarbeidd førstelektorprogram. Dette tiltaket er spesielt viktig for kvinner, fordi dei er i fleirtal i dei lågare stillingskategoriane.

I samband med omdanninga til forvaltningsorgan med særskilde fullmakter har departementet gjennomført fleire tiltak for å utvikle økonomiforvaltninga ved institusjonane og tilpasse ho til nye prinsipp for føring av rekneskapa. Tilbakemeldingane frå Riksrevisjonen og eigne røynsler i departementet gjennom styringsdialogen syner at det framleis gjenstår utfordringar på fleire område.

Fleire av institusjonane har hatt ein auke i avsetningar til løyvingsfinansiert verksemd som følgje av at planlagde tiltak er førte vidare til kommande budsjettperiode. Departementet har i dialogen med institusjonane understreka det ansvaret styret har for å gjennomføre budsjett i samsvar med føresetnadene for løyvingane.

Departementet har sett i verk fleire tiltak for å få eit klart skilje mellom ekstern- og løyvingsfinansiert verksemd. Sjølv om regelverket og rutinane er på plass, står det att arbeid for å sikre at dei blir etterlevde, og departementet vil framleis følgje opp dette området særskilt.

Departementet legg vekt på at rekneskapen til verksemdene skal avleggjast i rett tid og med tilstrekkeleg kvalitet, og har sett i verk tiltak for å auke kvaliteten i rekneskapsrapporteringa. Desse vil bli førte vidare til kvaliteten er tilfredsstillande.

Når det gjeld offentlege innkjøp, er det enkelte institusjonar som på grunn av manglande innføring eller praksis bryt regelverket. Alle institusjonar skal etablere elektroniske innkjøpstøttesystem, og innkjøpsrutinane må etterlevast.

Mål: Godkjend fagskoleutdanning skal gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod som byggjer på avslutta vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse

Fagskoleutdanning er korte, yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse og har eit omfang tilsvarande minimum eit halvt studieår og maksimum to studieår. Frå 1. januar 2004 fekk NOKUT ansvaret for å godkjenne fagskoleutdanning. NOKUT-godkjende fagskoleutdanningar har auka monaleg i løpet av 2006, frå elleve ved årsskiftet til 276 per 1. september.

For dei med yrkesfagleg utdanning betyr fagskoleutdanning mykje i eit livslangt læringsperspektiv. Fagskoleutdanningane er viktige for å møte dei auka behova for arbeidskraft, både i offentleg sektor og i det private næringslivet. Våren 2007 blir det lagt fram forslag til endringar i friskolelova og lov om fagskoleutdanning. Regjeringa vil i proposisjonane mellom anna drøfte verkeområde for dei to lovene. Ein drøfting av omgrepet yrkesretta vil her stå sentralt. Finansieringsordninga blir òg vurdert i samanheng med denne prosessen.

Bygg og lokale

I juni 2004 vart det sett ned eit interdepartementalt utval under leiing av daverande Moderniseringsdepartementet, sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet. Utvalet foreslo mellom anna å innlemme universitet og høgskolar som forvaltar bygningar, i ei husleigeordning. I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006) ber komitéfleirtalet om at ei ny vurdering av spørsmåla blir lagd fram i samband med statsbudsjettet for 2007. Departementet vurderer å aktivere bygningsmassen i verksemdenes interne rekneskap ved dei institusjonane i universitets- og høgskolesektoren som forvaltar eigne bygningar, med balanseføring etter periodiseringsprinsippet. Dette vil gi eit betre oversyn og informasjonsgrunnlag for framtidig investeringsbehov. Rekneskapa vil seinare vise om desse verksemdene held oppe verdiane dei disponerar. Det er framleis eit etterslep når det gjeld realisering av nye bygg og oppgradering og vedlikehald av eksisterande bygningsmasse i universitets- og høgskolesektoren. Samtidig utgjer bygningar og lokale ein stor utgiftspost for universitet og høgskolar. Det er derfor viktig at alle institusjonar i sektoren går nøye gjennom arealbehovet sitt og dei lokalløysingane som er valde, med sikte på størst mogleg kostnadseffektivitet på dette feltet.

Statsbygg har gjort ei vurdering av vedlikehaldssituasjonen ved Noregs idrettshøgskole. Departementet har bede høgskolen om ei prioritering av dei ulike tiltaka som er foreslått i rapporten frå Statsbygg.

I St.prp. nr. 65 (2004–2005) vart det gjort greie for vurdering og status i saka om framtidig organisering av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap. Departementet har i dialog med institusjonane utarbeidd eit grunnlagsmateriale som skal kvalitetssikrast av eit eksternt konsulentfirma i tråd med rutinane for kvalitetssikring av store statlege investeringsprosjekt. Ein tar sikte på å leggje fram saka for Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2007.

Løyvingar til byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren blir gitte over budsjettet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet, jf. kap. 1580 og kap. 2445.

Status for byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren vart det også gjort greie for i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet.

Når det gjeld byggjesakene for kunsthøgskolane i Oslo og Bergen, viser vi til omtale under kap. 273.

Følgjande bygg er eller vil bli ferdigstilte i 2006: nybygg i Førde for Høgskolen i Sogn og Fjordane, nybygg på Remmen i Halden for Høgskolen i Østfold, nybygg på Evenstad for Høgskolen i Hedmark, tilbygg og oppføring av Sentralbygget for Universitetet i Stavanger, nybygg og ombygging for Høgskolen i Nesna og Noregs musikkhøgskole. I tillegg vart byggeprosjekta Forskningsvegen 3 ved Universitetet i Oslo, Sentralbygg ved Høgskolen i Gjøvik og Svalbard Forskningspark offisielt opna våren 2006. Prosjekta har ei samla brutto arealramme for nybygg og ombygging på vel 74 000 m2.

Kunnskapsdepartementet har gitt Statsbygg i oppdrag å utarbeide ein landsverneplan for dei kulturhistoriske eigedommane under departementet sitt ansvarsområde. Det blir no arbeidd med eit forprosjekt som skal vere ferdig hausten 2006.

Ved vurdering av kompensasjon for auka husleige til nybygg, ombygging og rehabiliteringsprosjekt er prinsipp for husleigekompensasjon som er nedfelte i Kgl.res. av 7. oktober 1997 lagde til grunn. Resolusjonen seier at som hovudregel skal husleige dekkjast innanfor dei gjeldande driftsrammene. I nokre saker bør det likevel vurderast husleigekompensasjon, men som hovudregel bør det heller ikkje for desse byggeprosjekta bli gitt kompensasjon utover 75 pst. av auka husleigeutgifter. Spørsmålet om husleigekompensasjon må vurderast konkret i den einskilde saken.

I 2007 er det lagt til grunn 75 pst. husleigekompensasjon for nybygget ved Høgskolen i Østfold. For Høgskolen i Nesna og Noregs musikkhøgskole er det ut frå ei samla vurdering lagt til grunn høgre husleigekompensasjon enn 75 pst.

Regjeringa foreslår i budsjettet for 2007 følgjande løyvingar til avslutning og vidareføring av byggjeprosjekt: Høgskolen i Østfold 126,1 mill. kroner, Universitetet i Stavanger 42,7 mill. kroner, Noregs musikkhøgskole 30,4 mill. kroner, Universitetet i Bergen/Studentsenteret 39,9 mill. kroner, Universitetet i Oslo/Institutt for informatikk 360 mill. kroner, Universitetet for miljø og biovitskap/ Sørhellingabygget 105 mill. kroner, Høgskolen i Vestfold 60 mill. kroner og Samisk vitenskapsbygg 80 mill. kroner. Sjå kap. 1580 og kap. 2445 i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Departementet vil trekkje fram følgjande byggjeprosjekt i nemnte rekkjefølgje: bygg for odontologisk fakultet ved Universitetet i Bergen (DOF), bygg for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo i Pilestredet Park, samlokalisering av Høgskolen i Bergen, byggjetrinn to for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø og samlokalisering av Kunsthøgskolen i Bergen. Byggjeprosjekta har komme ulikt i framdrift, og prioriteringa må derfor også vurderast i høve til kor langt dei er komne i prosjekteringsarbeidet.

Tabell 2.36 i Vedlegg 2 gir oversikt over prosjekt som krev vedtak i Stortinget om startløyving etter at kostnadsramma er fastsett. For høgskolar innanfor husleigeordninga er det for desse prosjekta behov for midlar til auka husleige.

Det er godkjend kostnadsramme for byggjeprosjektet for odontologiutdanninga ved Universitetet i Bergen (DOF), prosjektet for ombygging og rehabilitering av Patologibygget i Pilestredet Park for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og prosjektet for samlokalisering av Høgskolen i Bergen. Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av alle tre byggjeprosjekta.

Løyvingsnivå for private høgskolar

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet bad Stortinget departementet om å vurdere kva som vil vere eit rimeleg nivå på statlege tilskott til private høgskolar for at desse ikkje-kommersielle skolane skal kunne utføre viktige samfunnsoppdrag, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006). Ei arbeidsgruppe med deltakarar frå departementet og Nettverk for private høgskolar har arbeidd med dette spørsmålet. Arbeidsgruppa har sett på den rolla dei private høgskolane spelar i samfunnet, gjennomgått økonomien ved desse institusjonane og samanlikna dei statlege tilskotta til private høgskolar med tilskotta til statlege høgskolar.

Dei private høgskolane er viktige alternativ til dei statlege utdanningstilboda. Dei er nødvendige for å sikre kapasitet på vesentlege område, ikkje minst når det gjeld å sikre nok arbeidskraft til velferdsyrka. Tilboda ved dei private høgskolane spelar mellom anna ei viktig rolle for å nå målsetjingane i Kunnskapsløftet og målet om auka kapasitet i pleie- og omsorgstenestene.

I dei siste åra har det vore ei utvikling mot stadig større grad av likebehandling mellom statlege og private utdanningsinstitusjonar. Lov om universitet og høgskolar av 1. august 2005 slår fast at private høgskolar som tilbyr offentleg godkjende eksamenar og gradar, skal handsamast på same måte som statlege institusjonar. Dette inneber at det blir stilt same krav til private institusjonar som til statlege, mellom anna når det gjeld dei rettar og plikter studentane har. Gjennom ei endring i lov om private høgskolar i 2003 fekk private høgskolar høve til å bli akkrediterte som høgskole, vitskapleg høgskole eller universitet. Dei kan dermed få faglege fullmakter til å endre og opprette nye studietilbod utan å måtte søkje om godkjenning av NOKUT.

Den auka likebehandlinga av private og statlege utdanningsinstitusjonar avspeglar seg i den statlege løyvinga. Det finansieringssystemet for universitet og høgskolar som vart innført i 2002, gir budsjettmessig utteljing for resultat ved private høgskolar basert på same indikatorar som ved statlege institusjonar. Nivået på det statlege tilskottet til private høgskolar er dermed dels fastsett på bakgrunn av aktiviteten ved institusjonane.

Nivået på basiskomponenten er derimot stabilt og ikkje resultatstyrt, og det varierer både mellom statlege og private utdanningsinstitusjonar. Det er ikkje formålstenleg å dekomponere basisfinansieringa fordi variasjonen mellom institusjonane reflekterer mange ulike omsyn, t.d. ulikskapen i oppgåveportefølje, storleik, distriktsomsyn, husleigenivå og ulike politiske prioriteringar over tid. Det er dermed ikkje berre eitt rimeleg nivå på tilskotta til private høgskolar, men desse varierer frå institusjon til institusjon, og er basert på mange ulike omsyn.

Det har vore ein vesentleg vekst i tilskottet til private høgskolar i dei siste åra. Sidan 2003 har tildelinga til dei private høgskolane auka med 24,2 pst. justert for tekniske endringar. Både dei resultatbaserte komponentane og basiskomponenten har auka; undervisningskomponenten har t.d. auka med 13,9 pst. I samband med budsjettet blir dei private institusjonane no behandla saman med dei statlege institusjonane som hører til same institusjonskategori, og ikkje i eit kapittel for seg, slik dei vart tidligare. Når midlane blir fordelte, vil dei private institusjonane bli samanlikna med institusjonane i same kategori i staden for med dei andre private høgskolane.

Kap. 260 Universitetet i Oslo

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

3 173 663

Sum kap. 260

3 173 663

Resultatrapport for 2005–06

Utdanning

Talet på registrerte studentar ved Universitetet i Oslo (UiO) er nær uendra frå 2004 til 2005, medan talet for opptak er redusert med 1 884 studentar. Universitetet vart i budsjettet for 2005 pålagt å redusere talet på studieplassar med 683. Universitetet har ein liten nedgang i talet på søkjarar. Talet på studiepoengseiningar per student har auka frå 34,7 til 36,3. Strykprosenten er 7,5 i 2005, dvs. ue­ndra frå 2004.

Det har vore auke i det totale talet på 60-studiepoengseiningar på nesten 900 frå 2004 til 2005. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 1 031 i 2004 til 1 288 i 2005. I tillegg var det 193 utvekslingsstudentar på individbaserte avtalar i 2005. I statsbudsjettet for 2006 vart det lagt inn midlar til heilårsverknad av auka opptak knytte til 13 studieplassar i psykologi og 28 studieplassar i medisin. Vidare vart det lagt inn midlar til 40 studieplassar til lærarutdanning. Universitetet i Oslo har følgt opp Kvalitetsreforma på ein god måte. Arbeidet med å vidareutvikle kvalitetssikringssystemet held fram. Det same gjeld arbeidet med å få utdanningsplanen som er fastsett for kvar student til å fungere som ein reiskap til betre oppfølging av studentane og dermed auke gjennomstrøyminga.

Universitetet i Oslo, Institutt for informatikk, fekk i 2006 førstepremie i Utdanningskvalitetsprisen for prosjektet Frå mikrofag til makroindustri korleis gjere mikroelektronikkfaget meir tilgjengeleg for studentar og norsk industri.

Realfagssatsinga for 2002–07 inneber mellom anna eigne nasjonale senter for realfag. Eit av desse er lokalisert til Universitetet i Oslo og skal vere med på å styrkje rekrutteringa til naturvitskaplege fag.

Forsking

Universitetet i Oslo er ein institusjon med utdanningstilbod og forskingsaktivitet innafor eit breitt spekter av fagområde. Universitetet prioriterer kvalitet og spissar forskinga ved å støtte dei tre sentra for framifrå forsking: Centre of Physics of Geological Prosesses (PGP), Centre of Mathematics for Applications (CMA), Centre of Molecular Biology and Neuroscience (CMBN). Resten av finalistane frå konkurransen om å få status som senter for framifrå forsking får òg særskilt stønad. Det blir òg satsa på eit nordisk senter for framifrå forsking. Universitetet har i tillegg fire institusjonelle satsingar der ein ønskjer å koordinere intern forsking og samstundes utvikle eksternt samarbeid: ETIKK (etikk-program), EMBIO (mole­kylærbiologi, bioteknologi og bioinformatikk), FUNMAT (funksjonelle materiale og nanoteknologi) og CULCOM (kulturell kompleksitet i det nye Noreg).

Det er oppretta 17 lokale forskarskolar ved Universitetet i Oslo. Universitetet har ein auke på 53 avlagde doktorgradar frå 2004 til 2005 og uteksaminerte 319 doktorandar i 2005. Trass i ein monaleg auke er gjennomstrøyminga framleis for svak. Universitetet har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving for.

Universitetet i Oslo prioriterer deltaking i EU-finansierte forskingsprosjekt. Dette opnar for nettverksbygging og samarbeid med dei beste fagmiljøa, samt at det er ei viktig ekstern finansiering. I EUs sjette rammeprogram har om lag 70 prosjekt ved UiO fått støtte. 14 av prosjekta er koordinerte frå Universitetet i Oslo.

Det er tidlegare gjennomført fleire fagevalueringar ved Universitetet i Oslo. Universitetet arbeider med ein strategi for oppfølging av fagevalueringar, samstundes som dei førebur nye evalueringar.

Universitetet i Oslo hadde i 2005 høge tal for vitskapleg publisering samanlikna med gjennomsnittet for universiteta. På grunn av større endringar i publiseringskanalar som vart inkluderte, kan data for 2004 og 2005 ikkje samanliknast.

Det naturhistoriske museum og botanisk hage (UNM) ved UiO er det største arkivet i landet for botaniske, zoologiske og geologiske data. Samlingane tener som basis for forsking, undervisning og formidling. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som blir oppbevarte i magasin og publikumsutstillingar. Universitetet i Oslo har etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingane. Departementet har i budsjetta i dei siste åra tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea. Begge musea ved Universitetet i Oslo er i gang med prosjekt for å betre tilhøva ved samlingane.

Formidling

Universitetet i Oslo legg vekt på å formidle forskingsresultat til allmenta og ulike interessegrupper og bruker mellom anna incentivmidlar til å fremme formidling av forsking. Formidling skjer gjennom bøker, populærvitskaplege forelesingar, konferansar, museumsverksemd, utstillingar, samt ved bruk av nettsidene til institusjonen. Universitetet arbeider aktivt i høve til media og prioriterer deltaking i den offentlege debatten.

Universitetet er vertskap for eit Senter for forskingsbasert innovasjon (SFI) og er forskingspartnar i fire andre senter.

Universitetets kulturhistoriske museum (UKM) med Historisk museum og Vikingskiphuset er det mest vitja museet i Noreg.

Det er eit omfattande samarbeid mellom Universitetet i Oslo og andre kunnskapsinstitusjonar i regionen. Universitetet arbeider for å fremme entreprenørskap og innovasjon, både gjennom universitetets teknologioverføringskontor (TTO), Birkeland innovasjon AS, samt aktivitet ved Gründerskolen. Verksemda ved universitetets TTO er framleis i ein tidleg fase, og det er for tidleg å evaluere resultat av satsinga.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 271.

Kap. 261 Universitetet i Bergen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

1 879 648

Sum kap. 261

1 879 648

Resultatrapport for 2005–06

Utdanning

Universitetet i Bergen har ein nedgang i registrerte studentar på 377 frå 2004 til 2005. Talet for opptak har òg gått ned. Universitetet vart i budsjettet for 2005 pålagt å redusere talet på studieplassar med 400. Universitetet har ein auke i talet på søkjarar, og da til lågare grad. Talet på studiepoeng per student har auka frå 38,1 i 2004 til 39,7 i 2005. I same periode har universitetet òg ein nedgang i strykprosent frå 7,8 pst. til 6,9 pst.

Det har vore auke i det totale talet på 60-studiepoengseiningar på 226 frå 2004 til 2005. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 886 i 2004 til 986 i 2005. I tillegg var det 92 utvekslingsstudentar på individbaserte avtalar i 2005.

Universitetet har følgt opp Kvalitetsreforma på ein god måte. Det er lagt ned mykje arbeid for å fø­lgje opp intensjonane, kvalitetssikre og evaluere innføringa av reforma og auke det internasjonale samarbeidet.

Historisk-filosofisk fakultet ved universitetet fekk i 2006 andrepremie av Utdanningskvalitetsprisen for prosjektet Akademisk skriving.

Forsking

Universitetet i Bergen vidarefører dei to hovudsatsingane sine: marin forsking og utviklingsrelatert forsking. Det same gjeld særskilde tematiske satsingar, som er Medisin og helse, IKT og Kristen antikk. Universitetet har også tre senter for framifrå forsking (SFF), som er Senter for middelalderstudier, Centre for Integrated Petroleum Research og Bjerknes Centre for Climate Research. I 2005 er også seks nye tverrfaglege satsingar prioriterte, mellom anna for å følgje opp fagevalueringane ved universitetet: Translasjonell medisinsk forskning, Nanoteknologi, Region og regionalisering, Demokrati og rettsstat, Europeisk integrasjon og De store folkesykdommene. Universitetet har i 2005 opna for støtte til prosjekt av høg vitskapleg kvalitet som ikkje har nådd opp i konkurransen om midlar frå det frie grunnforskingsprogrammet til Noregs forskingsråd.

Forskarutdanning er ei hovudsatsing for Universitetet i Bergen. Universitetet har utvikla felles rammeverk og etablert forskarskolar med tematiske fokus på fleire område. I 2005 uteksaminerte universitetet 157 doktorandar. Dette er på nivå med 2004. Tala for gjennomstrøyming for stipendiatar er framleis for svake, og universitetet har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving for. Universitetet i Bergen har etablert 12 forskerskolar.

Universitetet prioriterer deltaking i EU-finansierte forskingsprosjekt. Dette opnar for nettverksbygging og samarbeid med dei beste fagmiljøa, samt at det er ei viktig kjelde til ekstern finansiering. I EUs sjette rammeprogram har om lag 40 prosjekt fått støtte. 13 av prosjekta er koordinerte frå Universitetet i Bergen.

Universitetet i Bergen følgjer opp fagevalueringane med ulike tiltak, både ved institutta og sentralt.

Universitetet i Bergen hadde i 2005 høge tal for vitskapleg publisering samanlikna med gjennomsnittet for universiteta. På grunn av større endringar i publiseringskanalar som vart inkluderte, kan data for 2004 og 2005 ikkje samanliknast.

Bergen Museum forvaltar unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som blir oppbevarte i magasin og publikumsutstillingar. Universitetet i Bergen har etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingane. Det er i budsjetta dei siste åra tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane til universitetsmusea. Bergen Museum er i gang med å betre tilhøva.

Formidling

Universitetet i Bergen har utarbeidd ein strategi for formidling som er forankra i universitetets overordna strategi. Tilsette ved universitetet medverkar på mange måtar til populærvitskapleg formidling i form av foredrag, bøker, kronikkar, konferansar, utstillingar, museumsverksemd, bruk av nettsidene til institusjonen, samt gjennom deltaking i radio- og TV-program. Bergen Museum er ein viktig del av universitetets formidlingsarbeid.

Universitetet i Bergen samarbeider med ei rekkje aktørar i regionen om utdanning, forsking, formidling og innovasjon. Bergen teknologioverføring vart etablert i 2005 i samarbeid med Helse Bergen og Havforskingsinstituttet. Universitetet er forskingspartnar i eit Senter for forskingsbasert innovasjon (SFI).

Universitetet arbeider for å fremme entreprenørskap og innovasjon gjennom sitt teknologioverføringskontor (TTO). Verksemda er framleis i ein tidleg fase, og det er for tidleg å evaluere resultatet av satsinga.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 271.

Kap. 262 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

2 568 846

Sum kap. 262

2 568 846

Resultatrapport for 2005–06

Utdanning

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har ein auke i talet på registrerte studentar på 192 frå 2004 til 2005. Tala for opptak syner ein auke på 359 frå 2004 til 2005. Universitetet vart i budsjettet for 2005 pålagt å redusere talet på studieplassar med 544. Det har òg vore ein auke i talet på søkjarar til institusjonen. Talet på studiepoengseiningar per student har auka frå 39,2 til 40,6 i perioden, medan strykprosenten har gått ned frå 10,2 til 9,8.

Det har vore auke i det totale talet på 60-studiepoengseiningar frå 2004 til 2005. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 1 062 i 2004 til 1 084 i 2005. I tillegg var det 102 utvekslingsstudentar på individbaserte avtalar i 2005.

I samband med at ordninga med kjøp av utanlandsplassar i medisin er avvikla, er auka opptak på 20 ordinære studieplassar i medisin vidareført i budsjettet for 2006. I budsjettet for 2006 vart det lagt inn midlar til 30 nye studieplassar til lærarutdanning.

Universitetet har følgt opp Kvalitetsreforma på ein god måte. Det er lagt ned mykje arbeid for å fø­lgje opp intensjonane, samt kvalitetssikre og e­valuere innføringa av reforma.

Realfagssatsinga for 2002–07 inneber mellom anna eigne nasjonale senter for realfag. To av desse er lokaliserte til NTNU og skal vere med på å styrkje rekrutteringa til realfag og teknologiutdanningane.

Forsking

NTNU har desse satsingsområda: energi og miljø, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, marin og maritim forsking, materiale, medisinsk teknologi, samt globalisering. Ved fleire av satsingsområda er det tverrfagleg samarbeid mellom teknologifag, humaniora og samfunnsfag. Universitetet har tre senter for framifrå forsking (SFF). Sentra er innanfor tenestekvalitet i datakommunikasjon, skip og havstrukturar, samt hukommelsesbiologi. NTNU har i 2004 etablert eit forskingssenter for nanoteknologi, NTNU NanoLab. Universitetet har fått 16 mill. kroner frå Noregs forskingsråd til vidare oppbygging av NanoLab.

NTNU har forsterka det forskingsstrategiske samarbeidet med SINTEF. Dei samarbeider om 13 Gemini-senter som både ligg innanfor og utanfor dei tematiske satsingsområda. Dei samarbeider òg om Senter for fornybar energi og Gass-senteret.

NTNU driv eller tek del i fire forskerskolar. I 2005 tildelte universitetet 218 doktorgradar, det høgste talet nokon gang. Tilsvarande tal i 2004 var 191. Talet på doktorandar i teknologiske fag har ikkje auka, og ligg på same nivå som ved tusenårsskiftet. Gjennomstrøyminga i forskarutdanninga er framleis for låg, samt at avbrott blant eksternt finansierte stipendiatar er for høgt.

NTNU har gjennomført einskapleg leiing på alle nivå. Dei tidligere instituttstyra og fakultetsstyra er lagde ned, og styringa er overført til instituttleiarar og dekanar.

NTNU prioriterer deltaking i EU-finansierte forskingsprosjekt. Dette opnar for nettverksbygging og samarbeid med dei beste fagmiljøa, samt at det er ei viktig ekstern finansiering. I EUs sjette rammeprogram leiar NTNU om lag 20 prosjekt, og fire av prosjekta er koordinerte frå NTNU.

NTNU hadde i 2005 låge tal for vitskapleg publisering samanlikna gjennomsnittet for universiteta. På grunn av større endringar i publiseringskanalar som vart inkluderte, kan data for 2004 og 2005 ikkje samanliknast.

Dei vitskaplege samlingane er basis for verksemda ved Vitskapsmuseet. Samlingane er resultat av vitskaplege undersøkingar, og dei skal vere tilgjengelege for brukarar innanfor forsking, forvaltning og samfunnet elles. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale. Vitskaps-museet har rapportert om etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingane. Det er i budsjetta dei siste åra tildelt ekstraordinære midlar til sikring og bevaring av samlingane ved universitetsmusea. Vitskapsmuseet er i gang med å betre tilhøva.

Formidling

NTNU har eit utstrakt samarbeid med samfunn og næringsliv. Eit døme på tett samarbeid er at universitetet er vertskap for tre Senter for forskingsbasert innovasjon (SFI). NTNU er òg forskingspartnar i sju andre senter.

Formidling til allmenta skjer mellom anna gjennom bøker, populærvitskaplege forelesingar, konferansar, museumsverksemd, utstillingar, bruk av nettsidene til institusjonen, samt gjennom deltaking i radio- og TV-program. Universitetet har oppretta ei eiga gruppe for forskingsformidling, og har planar om ytterlegare styrking ved blant anna å byggje ut forskingsportalen og opprette ein eigen webportal for institusjonens samarbeid med og tilbod til næringslivet. Vitskapsmuseet er ein viktig del av formidlingsarbeidet til NTNU.

Universitetet arbeider for å fremme entreprenørskap og innovasjon, både gjennom teknologioverføringskontoret ved universitetet, NTNU Norwegian Technology Transfer AS, samt gjennom samarbeidsprosjekt med Innovasjon Midt-Noreg og små- og mellomstore bedrifter i regionen. Verksemda ved teknologioverføringskontoret er framleis i ein tidleg fase, og det er for tidleg å evaluere resultat av satsinga.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 271.

Kap. 263 Universitetet i Tromsø

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

1 101 942

Sum kap. 263

1 101 942

Resultatrapport for 2005–06

Utdanning

Talet på registrerte studentar ved Universitetet i Tromsø har auka med 270 frå 2004 til 2005. Universitetet vart i budsjettet for 2005 pålagt å redusere talet på studieplassar med 242. Talet på søkjarar har gått ned i perioden, især i matematisk-naturvitskaplege fag, men opptaket har auka. Talet på studiepoeng per student har gått ned frå 38,4 i 2004 til 37,9 i 2005. Strykprosenten har gått ned frå 10,2 til 9,7 i 2005.

Det totale talet på 60-studiepoengseiningar har auka med om lag 100 frå 2004 til 2005. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 254 i 2004 til 290 i 2005. I budsjettet for 2006 vart det lagt inn midlar til 15 studieplassar i medisin og 30 studieplassar i odontologi.

Universitetet har følgt opp Kvalitetsreforma på ein god måte. Det er lagt ned mykje arbeid for å følgje opp intensjonane, samt kvalitetssikre og evaluere innføringa av reforma. Universitetet arbeider vidare med å få utdanningsplanen som er fastsett for kvar student, til å fungere som ein god reiskap for oppfølging av studentar. Kvalitetssikringssystemet ved universitetet vart godkjent av NOKUT våren 2006, og universitetet er i gang med oppfølginga.

Forsking

I dei faglege prioriteringane legg Universitetet i Tromsø stor vekt på å vere universitet for Nord-Noreg. Universitetet satsar strategisk innafor marine fag, biologi, medisin, teknologi, fysikk, samiske spørsmål, urfolks- og minoritetsspørsmål, og språk. Universitetet har eit senter for framifrå forsking (SFF) i lingvistikk. Ei utfordring for universitetet er å ta aktivt del i forsking og utvikling knytte til den auka aktiviteten i nordområda, mellom anna Snøkvit-utbygginga.

Universitetet i Tromsø prioriterer deltaking i EU-finansierte forskingsprosjekt. I 2005 var universitetet med i 17 prosjekt i EUs sjette rammeprogram. Dette opnar for nettverksbygging og samarbeid med dei beste fagmiljøa, og er ei viktig kjelde til ekstern finansiering. Rekneskapen syner ein vesentleg auke i EU-midlar i 2005.

Universitetet har etablert fem forskarskolar og nyttar også fordeling av stipendiatar ved institusjonen i den strategiske FoU-satsinga. Talet på doktorandar har gått ned frå 70 i 2004 til 60 i 2005. Gjennomstrøymingstida for stipendiatane er lang. Særleg gjeld dette historisk-filosofiske fag og juss. Universitetet har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving til. Universitetet har vurdert forskarutdanninga i utdanningsmeldinga si, og sett i verk tiltak for å sikre betre kvalitet.

Evalueringar dei siste åra syner at Universitetet i Tromsø har gode fagmiljø på viktige område, men også at nokre miljø har utfordringar. Universitetet i Tromsø hadde i 2005 låge tal for vitskapleg publisering samanlikna gjennomsnittet for universiteta. På grunn av større endringar i publiseringskanalar som vart inkluderte, kan data for 2004 og 2005 ikkje samanliknast.

Hovudoppgåvene til Tromsø Museum er å bevare vitskaplege samlingar og drive forsking og formidling. Museet har særleg ansvar for fagområda botanikk, geologi, zoologi, arkeologi, nyare kulturhistorie, og samisk etnografi i Nord-Noreg og nordområda. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale. Universitetsmusea har rapportert om etterslep i arbeidet med dokumentasjon og bevaring i samlingane. Departementet har i budsjetta dei siste åra tildelt ekstraordinære midlar til dette arbeidet. Tromsø Museum er i gang med å betre tilhøva.

Formidling

Universitetet i Tromsø hadde ein omfattande formidling i 2005. Forskarane formidlar til allmenta i mange ulike former: gjennom artiklar og monografiar av både vitskapleg og populærvitskapleg art, konferansar, seminar og andre opne arrangement. Viktige aktivitetar har vore Laurdagsuniversitetet og det paneuropeiske arrangementet Researchers’ Night. Tromsø Museum er ein viktig del av universitetets formidlingsarbeid.

Universitetet er vertskap for eit Senter for forskingsbasert innovasjon (SFI) og er forskingspartnar i to andre senter.

Universitetet har saman med Norut-gruppa og Universitetetssjukehuset Nord-Noreg etablert eit felles teknologioverføringsselskap (TTO). TTO har som mål å auke verdiskapinga ved å overføre idear frå nordnorske FoU-institusjonar til samfunns- og næringsliv. Universitetet samarbeider også med andre institusjonar både regionalt og nasjonalt om kommersialisering av forskingsresultat. Verksemda ved universitetets TTO er framleis i ein tidleg fase, og det er for tidleg å evaluere resultat av satsinga.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 271.

Kap. 264 Noregs handelshøgskole

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

249 963

Sum kap. 264

249 963

Resultatrapport for 2005–06

Talet på kandidatar gjekk ned frå 683 i 2004 til 595 i 2005, medan studiepoeng per student auka frå 47,1 i 2004 til 47,3 i 2005. Talet på registrerte studentar gjekk ned frå 2 551 i 2004 til 2 537 i 2005, og talet på søkjarar gjekk også noko ned i denne perioden. Høgskolen vart i budsjettet for 2005 pålagd å redusere talet på studieplassar med 56. Strykprosenten ved Noregs handelshøgskole (NHH) er låg, 2,4. Frå 2004 til 2005 auka opptaket av nye studentar frå 716 til 822.

Det har vore nedgang i det totale talet på 60-studiepoengseiningar frå 2004 til 2005. Talet på utvekslingsstudentar ligg stabilt. Noregs handelshøgskole har følgt opp Kvalitetsreforma på ein god måte, og bachelor- og mastergradane er godt implementerte og tilpassa ny studiestruktur.

Talet på doktorgradar gjekk ned frå elleve i 2004 til ti i 2005. Talet på kvinner blant stipendiatane har auka i dei siste åra. Gjennomstrøyminga i doktorgradsutdanninga er god.

NHH hadde i 2005 låge tal for vitskapleg publisering samanlikna med gjennomsnittet for universiteta og dei andre vitskaplege høgskolane. På grunn av større endringar i publiseringskanalar som vart inkluderte, kan data for 2004 og 2005 ikkje samanliknast.

NHH har eit aktivt samarbeid med arbeids- og samfunnslivet, mellom anna gjennom bruk av professor II-stillingar.

Det er ein svært god internasjonal studentmobilitet ved Noregs handelshøgskole samanlikna med dei andre vitskaplege høgskolane.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 272.

Kap. 265 Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

86 883

Sum kap. 265

86 883

Resultatrapport for 2005–06

Opptaket av nye studentar og talet på registrerte studentar var lågare i 2005 enn i 2004. Høgskolen vart i budsjettet for 2005 pålagd å redusere talet på studieplassar med seks. Reduksjonen vart ikkje ført vidare i statsbudsjettet for 2006. Talet på kandidatar var 62 i 2005, ein monaleg auke i høve til 35 kandidatar i 2004. Dette er forventa da det låge talet i 2004 var mellombels lågt. Talet på studiepoeng per student auka frå 48 i 2004 til 50,7 i 2005. Dette er betre enn gjennomsnittet for dei vitskaplege høgskolane. Strykprosenten har gått noko opp frå 5,7 i 2004 til 6,3 i 2005. Det er ein nedgang i talet på inn- og utreisande utvekslingsstudentar frå 58 i 2004 til 35 i 2005. I tillegg var det 17 utvekslingsstudentar på individbaserte avtalar i 2005. Det er fleire innreisande enn utreisande studentar. Det samla talet på inn- og utreisande studentar er framleis lågt.

Det har vore ein auke på 17 i det totale talet på 60-studiepoengeseiningar frå 2004 til 2005.

Høgskolen følgjer opp Kvalitetsreforma på ein god måte.

Høgskolen har lagt vekt på tiltak for å auke FoU-aktiviteten. I 2005 vart fire doktorandar ferdige. Dette talet er lågt i høve til det ein kunne venta etter det totale talet på doktorgradsstipendiatar, men høgskolen har sett i verk tiltak for å betre gjennomstrøyminga. Høgskolen har framleis ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving til.

I ordinær generalforsamling 30. juni 2005 vart det fatta vedtak om avvikling av høgskolens selskap Berkano AS. Bakgrunnen for dette var tapt aksjekapital og manglande dekning for underskott i selskapet. Endeleg vedtak om avvikling vart fatta i ekstraordinær generalforsamling 22. desember 2005. Som følgje av avviklinga har Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo avskrive fordringa si mot selskapet, vidare vart statens aksjekapital på kr 100 000 avskrive. Begge delar skjedde med samtykke frå Stortinget, jf. Innst. S. nr. 57 (2005–2006) og St.prp. nr. 10 (2005–2006). Departementet har trekt tilbake fullmakta til å opprette nye selskap eller kjøpe aksjar i eksisterande selskap frå Arkitektur- og designhøgskolen. Departementet vurderer fullmaktene til institusjonen.

Høgskolen har eit stort potensial for betre å utnytte samarbeid med samfunns- og næringsliv.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, så kap. 272.

Kap. 268 Noregs idrettshøgskole

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

113 637

Sum kap. 268

113 637

Resultatrapport for 2005–06

Talet på søkjarar gjekk opp frå 2004 til 2005, medan det vart teke opp 661 studentar i 2005 mot 672 i 2004. Talet på registrerte studentar gjekk ned frå 881 i 2004 til 859 i 2005. Høgskolen vart i budsjettet for 2005 pålagd å redusere talet på studieplassar med 25. Talet på studiepoeng per student gjekk opp frå 39,1 i 2004 til 41,9 i 2005. Noregs idrettshøgskole (NIH) ligg under snittet for vitskaplege høgskolar når det gjeld studiepoengsproduksjon. Talet på kandidatar var vesentleg høgre i 2005 enn tidlegare år, og auka frå 39 i 2004 til 152 i 2005. Dette kan forklarast med innføringa av Kvalitetsreforma. Strykprosenten gjekk opp frå 8,1 i 2004 til 9,8 i 2005. Det har vore ein auke på 25 i totalt avlagde 60-studiepoengseiningar frå 2004 til 2005.

Studieprogramma ved Noregs idrettshøgskole (NIH) er tilpassa ny studiestruktur, og er utvikla slik at dei skal vere tilpassa behova i samfunnet. Studentane har praksis i idrettslag, krinsar og forbund. NIH har etablert Senter for oppdragsforskning (SOK) mellom anna for å møte behovet for samarbeid med samfunns- og næringsliv.

Talet på doktorgradar gjekk ned frå åtte i 2004 til fire i 2005. Dette talet er for lågt. Det er derfor positivt at høgskolen arbeider for å auke gjennomstrøyminga og talet på doktorgradar i dei kommande åra.

Høgskolen hadde i 2005 høge tal for vitskapleg publisering samanlikna med gjennomsnittet for universiteta og dei andre vitskaplege høgskolane. På grunn av større endringar i publiseringskanalar som vart inkluderte, kan data for 2004 og 2005 ikkje samanliknast.

Noregs idrettshøgskole har potensial for å auke utvekslinga av studentar. Talet på inn- og utreisande utvekslingsstudentar gjekk ned frå 20 i 2004 til tolv i 2005. I tillegg var det tre utvekslingsstudentar på individbaserte avtalar i 2005. Høgskolen arbeider for å auke talet på utvekslingsstudentar. Arbeidet med å auke utveksling av vitskapleg tilsette vil også bli prioritert.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 272.

Kap. 269 Noregs musikkhøgskole

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

150 534

Sum kap. 269

150 534

Resultatrapport for 2005–06

Talet på søkjarar gjekk noko ned frå 2004 til 2005, men opptaket av nye studentar og registrerte studentar auka frå 2004 til 2005. Høgskolen vart i budsjettet for 2005 pålagd å redusere talet på studieplassar med ni. Reduksjonen vart ikkje ført vidare i statsbudsjettet for 2006. Talet på studiepoeng per student gjekk ned frå 50,3 i 2004 til 48,7 i 2005. Talet på studiepoeng per student i 2005 er som for gjennomsnittet for dei vitskaplege høgskolane. Det var òg ein nedgang på kandidatar frå 110 i 2004 til 95 i 2005. Strykprosenten ved høgskolen er låg samanlikna med andre institusjonar, men strykprosenten gjekk noko opp frå 3,4 2004 til 3,7 2005. Talet på inn- og utreisande utvekslingsstudentar auka frå 38 i 2004 til 47 i 2005. Det er fleire inn enn utreisande studentar.

Det har vore ein auke på 14 i det totale talet på 60-studiepoengseiningar frå 2004 til 2005.

Noregs musikkhøgskole har gjennomført dei ulike elementa i Kvalitetsreforma på ein god måte. Studentane får god, individuell oppfølging og rettleiing gjennom heile studiet.

Dei vitskapleg tilsette driv med tradisjonell forsking og kunstnarleg verksemd som komponistar eller utøvande musikarar. Høgskolen har sett i verk tiltak med sikte på å betre forskingsvilkåra og kvaliteten på forskinga. I 2005 har det vore auka merksemd om tverrfagleg verksemd og samarbeid innanfor FoU.

I 2005 var 16 personar med i doktorgradsprogrammet, men ingen kandidatar disputerte. Skapande verksemd og høgskolepedagogisk forsking er prioriterte område. Noregs musikkhøgskole hadde i 2005 fire stipendiatar i Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid, tre av dei var finansierte over programmet og ein over høgskolens ordinære budsjett.

Noregs musikkhøgskole har eit breitt og aktivt samarbeid med samfunnslivet. Kontakten er retta mot det profesjonelle musikklivet, amatørmusikklivet og musikkutdanningsinstitusjonar på alle nivå. Høgskolen har òg ei omfattande formidlingsverksemd mellom anna gjennom konsertar og deltaking på festivalar nasjonalt og internasjonalt.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 272.

Kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

71

Tilrettelegging av studium i utlandet

4 860

5 016

5 207

74

Tilskott til velferdsarbeid

77 685

67 684

57 493

75

Tilskott til bygging av studentbustader , kan overførast

58 660

124 091

118 426

Sum kap. 270

141 205

196 791

181 126

Post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet

Tilskottet til Fulbright-programmet blir løyvd over kap. 270 post 71. Fulbright-programmet er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkjarar i studium på master- og doktorgradsnivå i USA, og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. I 2006 blir det utbetalt 5 mill. kroner til Fulbright-programmet. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga med om lag 5,2 mill. kroner i 2007.

Post 74 Tilskott til velferdsarbeid

Posten omfattar tilskott til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene samt tilskott til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Målet med tilskottsordninga er å leggje grunnlag for studentvelferda ved utdanningsinstitusjonane og fremme interessene til studentane. Velferdsarbeidet som studentsamskipnadene gjer, skal supplere det generelle velferdstilbodet elles på studiestaden. Det skal vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Tilskottet til studentorganisasjonane skal leggje grunnlaget for arbeid for interessene til studentar.

Rapport for 2005–06

Tilskottet til studentsamskipnadene har blitt gitt som grunntilskott, eit tilskott per student og eit tilskott per år per studentbarnehageplass. Tilskott til studentbarnehagar vart i 2005 overført frå post 73 til post 74. Samla vart det utbetalt om lag 77,7 mill. kroner i 2005. Av desse vart det utbetalt om lag 70,3 mill. kroner til 26 studentsamskipnader (inkludert ANSA) med om lag 190 000 medlemmer. I tillegg vart det utbetalt om lag 3 mill. kroner til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar. Vidare vart det gjennomført ei undersøking av levekåra til studentar som Statistisk sentralbyrå har utført for daverande Utdannings- og forsk­ningsdepartementet.

Ei ekstern arbeidsgruppe fekk i 2005 i oppgåve å greie ut problemstillingar knytte til studentsamskipnadsordninga, blant anna studentsamskipnadane sitt samarbeid med utdanningsinstitusjonane, kva som skal vere oppgåvene til studentsamskipnadane, og departementets tilsynsfunksjon overfor studentsamskipnadane. Gruppa leverte innstillinga til departementet i november 2005. Innstillinga har vore på allmenn høring, og departementet tek sikte på å følgje opp innstillinga innan utgangen av 2006, ved å greie ut, vurdere og foreslå endringar og presiseringar i regelverket om studentsamskipnader.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår ein reduksjon i løyvinga på posten med om lag 10 mill. kroner. Forslaget må mellom anna sjåast i samanheng med gjennomføringa av Barnehageløftet. Kommunane har, som følgje av reforma, finansieringsplikt til å sikre at studentbarnehagane skal kunne tilby same moderasjon som det foreldre med barn i kommunale barnehagar får. Kommunane er forplikta til å etablere ei minsteordning for syskenmoderasjon og ordningar som sikrar lågare betaling, eller fritak for å betale, for foreldre med dårleg betalingsevne. I tilegg er det lagt til grunn at kommunane bør ha inntektsgradering. Dersom kommunane har inntektsgradering, skal ho òg gjelde ikkje-kommunale barnehagar. Elles står samskipnadane fritt, dersom dei ser grunnlag for det, til å prioritere tiltak overfor studentbarnehagane av dei samla inntektene som mellom anna genererast ved det generelle velferdstilskottet eller semesteravgifta frå studentane.

EFTA Surveillance Autorithy (ESA) har godkjent at Noreg kan ta opp att ei ordning med differensiert arbeidsgivaravgift. Avgifta tek utgangspunkt i staden der verksemda ligg, og ikkje, slik tilfellet var tidlegare, i bustaden til arbeidstakaren. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 2,4 mill. kroner.

Samla blir det foreslått å løyve 57,4 mill. kroner på kap. 270 post 74.

Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast

Tilskottsordninga skal sikre bygging av studentbustader, samt ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustader skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden.

Rapport for 2005–06

Ved utgangen av 2005 disponerte studentsamskipnadene totalt 29 098 hybeleiningar. Det er ein auke på 258 hybeleiningar i høve til 2004. 753 hybeleiningar er lagde til rette for funksjonshemma studentar. Dette svarar til om lag 2,6 pst. av studentbustadene, og er i høve til 2004 ein auke på 98 hybeleiningar. Departementet har som føresetnad at husleiga på bustader for funksjonshemma studentar ikkje skal vere høgre enn det andre studentar betaler for ei hybeleining tilpassa ein person.

I 2006 gav departementet tilsegn om støtte til 606 nye hybeleiningar fordelte på følgjande stader: Buskerud, Ås, Stavanger, Oslo og Akershus, Be­rgen, Trondheim, Stord/Haugesund, Oppland og Romsdal og Nordmøre.

Husbanken har gått gjennom tilsegn gitte i perioden 1996–2005. Gjennomgangen syner at det er om lag 400 urealiserte tilsegner frå perioden. Husbanken har kontakta dei samskipnadene som har urealiserte tilsegner, og nokre av dei eldre tilsegnene vil ikkje bli nytta. Dei nyare tilsegnene som ikkje er realiserte, er under prosjektering og vil bli sette i gang i 2006 og 2007. Departementet vil i samarbeid med samskipnadene vurdere ei omfordeling av dei urealiserte tilsegnene.

Forvaltninga av tilskottsordninga til bygging av studentbustader vart overført til Husbanken 1. januar 2004. I løpet av 2007 vil Kommunal- og regionaldepartementet ta initiativ til ei evaluering av organiseringa av tilskottsordninga.

Departementet viser til tidlegare vedtak om å nytte inntektene frå sal av hybelhus i Schultzgate 7 i Oslo til bygging av nye studentbustader, jf. bl.a. St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet.

Departementet finn det framleis lite tenleg å stå som eigar av bygget. Departementet arbeider med å sjå på alternative løysingar til sal av hybelhuset i Schultz gate 7 i Oslo. Utgreiinga skal danne grunnlaget for ei vurdering av vidare drift av Schultzgate 7 i Oslo. Kunnskapsdepartementet venter derfor med sal av Schultz gate 7 i Oslo til ei nærmare utgreiing av alternative driftsformer er klar. Departementet vil leggje fram saka for Stortinget på nytt når utgreiingsarbeidet er avslutta.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår ein reduksjon i løyvinga med om lag 6 mill. kroner. Reduksjonen må sjåast i samanheng med det samla budsjettopplegget for 2007. Departementet foreslår å løyve om lag 118,4 mill. kroner til bygging av studentbustader i 2007 og ei tilsegnsfullmakt på 120 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1. Dette gir om lag 460 nye hybeleiningar, avhengig av kor i landet dei blir bygde. Departementet understrekar at det er viktig at kvar studentsamskipnad har eit tilfredsstillande tilbod til funksjonshemma studentar. Øvre kostnadsgrense er vidareført i 2007 med kr 400 000 per hybeleining, der kr 200 000 er fast statstilskott. Det er òg vidareført ei høgre kostnadsramme på kr 500 000, der kr 250 000 er fast statstilskott for pressområde som Bergen, Oslo og Trondheim. Husbanken har på oppdrag frå departementet gjort overslag som viser at Stavanger er å rekna som eit pressområde. Studentsamskipnaden i Stavanger vil derfor få høgre kostnadsramme på kr 500 000 per hybeleining, der kr 250 000 er fast statstilskott. Dette gjeld for eventuelle nye tilsegner frå 2007.

Departementet foreslår at samskipnadene, innan fire år frå tilsegnene er gitte, skal ha sett i gang bygginga av studentbustadene. Urealiserte tilsegner vil etter fire år bli omfordelte til andre samskipnader som kan setje i gang bygginga av studentbustader.

Tabell 4.9 Løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i 2006–07 (i 1 000 kr)

Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2006

130 000

Ramme for nye tilsegner 2007

108 426

Løyving

118 426

Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2007

120 000

Tabellen over gir ei oversikt over løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i perioden 2006–07. Midlar til studentbustader blir normalt utbetalte over tre år. Tilsegnsfullmakta per 31. desember 2006 fortel kor store økonomiske forpliktingar Kunnskapsdepartementet har knytte til tilsegner som er gitte fram til og med 2006. Departementet vil fordele nye tilsegner innanfor ei ramme på 108 mill. kroner i 2007. Departementet foreslår å løyve 118 mill. kroner til bygging av studentbustader for budsjettåret 2007.

Kap. 271 Universitet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Basisfinansiering statlege universitet

5 767 387

5 796 978

51

Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege universitet

2 111 575

2 263 044

52

Forskingsfinansiering statlege universitet

2 350 831

2 497 631

Sum kap. 271

10 229 793

10 557 653

Kapitlet inneheld mål og budsjettforslag for universiteta i Oslo, Bergen, Stavanger og Tromsø, samt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Universitetet for miljø- og biovitskap.

Universiteta forvaltar Noregs kulturarv og har internasjonal spisskompetanse på fagområde som er avgjerande for samfunnsutviklinga i landet. Fagområda er viktige for vidare utvikling av Noreg som kultur- og kunnskapsnasjon. Universiteta tek vare på kunnskapsbasen vår og utviklar han vidare gjennom aktiv og utstrakt grunnforsking.

Universiteta har såleis eit stort samfunnsansvar. Det er først og fremst desse institusjonane som utdannar forskarar og framtidig undervisningspersonale til høgre utdanning. Gjennom fagleg overføring, kunnskapsutvikling og formidling har universiteta eit ansvar for å vidareutvikle Noreg som ein demokratisk og moderne kultur- og kunnskapsnasjon. Universiteta samarbeider breitt med samfunns- og arbeidsliv, offentleg forvaltning og internasjonale institusjonar og organisasjonar.

Med generelt større krav frå samfunnet om nytte og resultat endrar universiteta seg. Dei har meir kontakt med omgivnadene sine, noko som òg pregar arbeidet med studieprogram og fagportefølje. I tillegg byggjer dei ut lærarutdanninga og andre profesjonsutdanningar.

Tradisjonelt er universiteta fagleg breie og forskingsbaserte høgre utdanningsinstitusjonar med nasjonalt ansvar for å utvikle og halde i hevd breidda av natur-, kultur- og samfunnsfag. Med dei to nye universiteta har Noreg fått fagleg meir spissa universitetsinstitusjonar med større vekt på spesialisert eller profesjonsretta kompetanse og sterkare regional forankring. Dette er i tråd med utviklinga internasjonalt, der ein finn ulike typar universitet.

Universiteta har til saman over 80 000 registrerte studentar og utgjer omtrent halvparten av statleg høgre utdanning i Noreg. Universiteta kan utan akkreditering frå NOKUT opprette studietilbod på alle nivå.

Universiteta står for omtrent 84 pst. av vitskapleg publisering i Noreg og utdannar 96 pst. av doktorane.

Universiteta og dei tilsette driv formidling til allmenta og gir såleis viktige bidrag til offentleg debatt. Universiteta har ei samla ekstern finansiering på om lag 3 mrd. kroner, da er midlar frå Noregs forskingsråd inkluderte. Universiteta er òg viktige samarbeidspartnarar for offentlege institusjonar som helseføretaka og for næringslivet.

I St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskningsdepartementet varsla departementet ei ekstern evaluering av statleg bruk av midlar overfor Universitetsstudia på Kjeller (UniK). Statskonsult har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet evaluert tilskottsordninga til UniK. I statsbudsjettet for 2003 vart forvaltninga av det generelle tilskottet til UniK lagd til Universitetet i Oslo. UniK er sterkt fagleg knytt til Universitetet i Oslo. NTNU har òg fagleg samarbeid med UniK, men i mykje mindre omfang. Departementet foreslår derfor å oppretthalde tilskottet til Universitetet i Oslo. Det blir ikkje foreslått å øyremerkje tilskottet. Universitetet må sjølv sjå aktiviteten ved UniK i samanheng med annan aktivitet ved universitetet og ut frå dette vurdere omfanget av aktivitet og tilskott til UniK.

Departementet har med utgangspunkt i målformuleringane i lov om universitet og høgskolar sett hovudmål for kap. 271 Universitet. Måla er felles for alle universiteta på kapitlet, men departementet vil ta omsyn til faktorar som storleik, profil og finansieringsnivå når måloppnåinga skal vurderast.

  • Universiteta skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet som er basert på det fremste innanfor forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap.

  • Universiteta skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid. Universiteta har eit nasjonalt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning på dei fagområda der dei tildeler doktorgrad.

  • Universiteta skal medverke til å spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid, og medverke til innovasjon og verdiskaping baserte på desse resultata. Universiteta skal òg leggje til rette for at tilsette og studentar kan delta i samfunnsdebatten.

  • Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har eit særskilt ansvar for å byggje opp, drive og vedlikehalde museum med vitskaplege samlingar og utstillingar for publikum.

  • Universiteta skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane.

Post 50 Basisfinansiering statlege universitet

Posten inneheld midlar til basisfinansiering av universiteta. Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonane i stand til å utføre verksemda samt sikre stabilitet og langsiktig tenking, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning og forsking.

Dei fleste universiteta har hatt auke i talet på søkjarar. Hovudtendensen har vore ein auke i studiepoeng per student. Strykprosenten har gått ned. Forskarskolar for doktorgradsstudentane er oppretta ved fire av universiteta. For å fremme entreprenørskap og innovasjon har fleire universitet oppretta såkalla Technology Transfer Offices (TTO). Sjå kapitla 260, 261, 262, 263, 274 og 278 for meir utførleg resultatrapport.

Budsjettforslag for 2007

Utdanning i genetisk rettleiing ved medisinsk fakultet ved Universitetet i Bergen vart etablert som eit fireårig (2001–04) prøveprosjekt gjennom Nasjonal Kreftplan, finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet. Studiet er nå evaluert og har fått gode referansar. Tiltaket blir gjort permanent frå og med opptak hausten 2006, jf. tilråding i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Helse- og omsorgsdepartementet.Kunnskapsdepartementet foreslår på bakgrunn av dette å auke løyvinga med kr 800 000, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 728 post 70 under Helse- og omsorgsdepartementet.

Norsk senter for menneskerettar (SMR) er eit tverrfagleg nasjonalt senter for menneskerettar. Senteret har tidlegare fått årleg tildeling gjennom Universitetet i Oslo. For å sikre senteret sitt sjølvstende foreslår departementet å overføre løyvinga knytt til senteret sine nasjonale funksjoner til Utanriksdepartementet. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 271 post 50 med 6,1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 100 post 71 under Utanriksdepartementet.

I budsjettet for 2005 fekk universitetsmusea ei løyving på til saman 6,5 mill. kroner for å sikre organiserte grupper av skoleelevar gratis inngang til universitetsmusea. Dette vart gjort ved å øyremerke 4 mill. kroner på kap. 226 post 21 og 2,5 mill. kroner på kap. 281 post 01. Departementet foreslår at desse midla blir lagde inn i rammene til universiteta.

Universitetet i Oslo rapporterte inn 41 stipendiatstillingar for mykje i samband med etablering av ny finansieringsmodell slik at den strategiske forskingskomponenten blei litt for høg. På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke kap. 271 post 50 med 25,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 271 post 52.

I 2006 vart det løyvd 16,7 mill. kroner til desentralisert høgskoletilbud over kap. 281 post 01, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006). I 2007 blir det foreslått å leggje desse midlane inn i ramma til institusjonane. Med bakgrunn i dette foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga til Universitetet i Stavanger med kr 225 000 på kap. 271 post 50.

EFTA Surveillance Autorithy (ESA) har godkjent at Noreg kan ta opp att ei ordning med differensiert arbeidsgivaravgift. Avgifta tek utgangspunkt i staden der verksemda ligg, og ikkje, slik tilfellet var tidligare, i bustaden til arbeidstakaren. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 39,3 mill. kroner.

ABIOK-utdanningane (anestesi-, intensiv-, operasjons- og kreft- og barnesjukepleie) blir endra frå oppdragsfinansierte utdanningar til ordinære høgskolestudium. For nærmare omtale, sjå kap. 275 post 50. I denne samanhengen blir det overført 4,2 mill. kroner til Universitetet i Stavanger.

Forsking

Regjeringa vil styrkje dei regionale komiteane for medisinsk forskingsetikk (REK). Komiteane er organiserte etter helseregion, men universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø har forvaltningsansvaret, inkludert ansvar for infrastruktur. Arbeidsmengda for komiteane har auka kraftig i dei siste åra. Frå 1. juli 2006 vart det derfor oppretta ein ny komité i region sør, og departementet foreslår å auke løyvingane til REK-systemet med til saman 7,1 mill. kroner i 2007, jf. også omtale under kategori 07.70. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2006 vart det i tillegg løyva 1,4 mill. kroner til Universitetet i Oslo, sjå Innst. S. nr. 205 (2005–2006). Midlane skal nyttast til å opprette ein ny komité i region aust, innføring av ein nasjonal fordelingsfunksjon og frikjøpsordningar for leiarane. Departementet vil komme attende til korleis forvaltningsansvaret for komiteane skal organiserast, seinast i St.prp. nr. 1 (2007–2008).

Samfunnskontakt

Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. Regjeringa foreslår å løyve 1,5 mill. kroner til Universitetet i Stavanger til oppbygging av eit teknologioverføringskontor. Universitetet skal samarbeide med høgskolane i regionen om oppfinningar frå desse institusjonane.

Løyvinga til freds- og menneskerettssentra Holocaustsenteret, Falstadsenteret, Stiftelsen Arkivet, Norsk Fredssenter og Nord-Norsk Fredssenter blir samla på same kap. 255 post 71. I samband med dette blir løyvinga til Holocaustsenteret ved Universitetet i Oslo overført til kap. 255 post 71. Løyvinga på kap. 255 post 71 aukar med om lag 17,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i kap. 271 post 50.

I budsjettet for 2006 vart det lagt inn ei eingongsløyving på 5 mill. kroner til Holocaustsenteret. Løyvinga skulle dekkje utgifter til ferdigstilling av utstillinga og kostnader knytte til den offisielle opningsseremonien i 2006. Desse midlane blir fasa ut i 2007.

Bygg og lokale

I 2006 vart det løyvd 100 mill. kroner til NTNU til kjøp av utstyr til ny universitetsklinikk i Trondheim. Dei resterande 42 mill. kronene blir løyvde i budsjettet for 2007. Budsjettramma til NTNU er derfor redusert med 58 mill. kroner.

I samband med at universitetsfunksjonen ved Akershus Universitetssjukehus (AHUS) er gjenoppretta, foreslår departementet å auke løyvinga til Universitetet i Oslo med 36,4 mill. kroner knytte til utstyrsmidlar til nytt bygg ved Akershus Universitetssjukehus i 2007. Samla løyving blir med dette 42,1 mill. kroner i 2007.

Resterande utstyrsmidlar til nybygg ved Universitetet i Stavanger vart løyvd i 2006. Regjeringa foreslår derfor å trekkje ut 17,7 mill. kroner for 2007 i samband med utfasing av desse midla.

Resterande utstyrsmidlar til Studentsenteret ved Universitetet i Bergen vart løyvd i 2006. Regjeringa foreslår derfor ein reduksjon på 21,3 mill. kroner i 2007 i samband med at desse midla blir fasa ut.

I statsbudsjettet for 2006 vart det gitt startløyving til rehabilitering av Sørhellingabygget ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB). Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til Universitetet for miljø- og biovitskap med 15,4 mill. kroner i 2007 til utstyr i nytt bygg.

I samband med behandlinga av St.prp.nr. 65 (2004–2005) vart det gitt startløyving til bygg for informatikk ved Universitetet i Oslo (UiO). Regjeringa foreslår ei løyving på 28,2 mill. kroner i 2007 til inventar og utstyr i bygget.

Undervisning

Etter forslag i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005–2006) vart det løyvd 12,5 mill. kroner til 500 nye studieplassar innanfor allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar- og praktisk-pedagogisk utdanning. I samband med dette er det lagt inn 14,3 mill. kroner i heilårsverknad og vidareføring av 235 studieplassar ved universiteta i budsjettet for 2007.

Universitetet i Tromsø fekk i 2004-budsjettet ei løyving på 17,5 mill. kroner til å starte opp ny odontologiutdanning med ti studentar. Opptaket er gradvis trappa opp til 40 studentar årleg frå 2007. Helse- og omsorgsdepartementet gir tilskott til utvikling, etablering og drift av det odontologiske kompetansesenteret i Tromsø. Senteret er eit viktig element i oppbygginga av den nye utdanningsstaden for tannlegar i Tromsø. I samband med ny odontologiutdanning foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Universitetet i Tromsø med 19,2 mill. kroner i 2007.

NTNU administrerer ordninga med utanlandsplassar i medisin. I samband med avviklinga av opptak i utlandet er auka opptak på ordinære studieplassar i medisin på 15 studieplassar ved Universitetet i Tromsø og 20 studieplassar ved NTNU, vidareført. Budsjettramma ved den einskilde institusjonen er justert i tråd med dette.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Høgskolen i Sør-Trøndelag skal starte opp ei treårig yrkesfaglærarutdanning som eit samarbeidsprosjekt. Regjeringa foreslår å løyve kr 800 000 til dette prosjektet.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er budsjettramma for universitet og høgskolar redusert med 274,3 mill. kroner i 2007. Budsjettreduksjonen er teken i basisløyvinga til universitet og høgskolar, og ikkje i form av eit kutt i studieplassar. For universiteta er reduksjonen 180,2 mill. kroner, jf. omtale i kategoriinnleiinga.

Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege universitet

Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved universiteta, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.

Studiepoeng per student ved universiteta har auka frå 37,6 i 2003 og 38,0 i 2004 til 39,1 i 2005. Strykprosenten har gått ned frå 10,1 i 2003 og 8,7 i 2004 til 8,5 i 2005. Totalt avlagde 60-studiepoengseiningar i finansieringssystemet har auka frå 51 569 i 2004 til 53 241 i 2005. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 3 602 i 2004 til 3 991 i 2005. Individbaserte avtalar er ikkje inkluderte.

Resultatbasert undervisningsfinansiering for universiteta aukar med 71,2 mill. kroner frå 2006 til 2007.

Post 52 Forskingsfinansiering statlege universitet

Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av doktorgradsstillingar, særskilde midlar til vitskapleg utstyr og andre strategiske løyvingar.

Posten er redusert med 25,2 mill. kroner som følgje av at Universitetet i Oslo rapporterte inn 41 stipendiatstillingar for mykje i samband med etablering av ny finansieringsmodell, sjå òg omtale under post 50.

For 2007 er det foreslått å fase inn heil effekt av resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane, og blant universiteta er det særleg Universitetet i Oslo og Universitetet for miljø- og biovitskap som har gode resultat i omfordelinga.

Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar reduserer løyvinga til universiteta med om lag 1,3 mill. kroner i 2007.

I budsjettet for 2006 vart det oppretta 350 nye doktorgradsstillingar ved universitet og høgskolar. For universiteta er det lagt inn om lag 82 mill. kroner til heilårsverknad av 277 doktorgradsstillingar i budsjettet for 2007.

Departementet foreslår å auke løyvinga til Universitetet i Stavanger med 2 mill. kroner i strategiske forskingsmidlar.

Tabell 4.10 Oppsummering av løyvingsforslaget på kap. 271 post 50–52 (i 1000 kr)

Universitet

Basis

Utdanning

Forsking

Sum

Noregs teknisk-naturvitenskapelige ­universitet

1 498 244

577 829

611 0412 687 114

Universitetet for miljø- og biovitskap

310 666

88 768

117 315

516 749

Universitetet i Bergen

1 000 370

472 516

536 486

2 009 372

Universitetet i Oslo

1 829 219

769 077

927 265

3 525 561

Universitetet i Stavanger

447 167

181 641

45 645

674 453

Universitetet i Tromsø

711 312

173 213

259 879

1 144 404

Sum

5 796 978

2 263 044

2 497 631

10 557 653

Kap. 272 Vitskaplege høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Basisfinansiering statlege vitskaplege høgskolar

501 158

522 782

51

Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar

185 556

196 140

52

Forskingsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar

141 616

138 096

70

Basisfinansiering private vitskaplege høgskolar

17 396

16 714

71

Resultatbasert undervisningsfinansiering private vitskaplege høgskolar

17 418

20 794

72

Forskingsfinansiering private vitskaplege høgskolar

10 839

14 376

Sum kap. 272

873 983

908 902

Kapitlet inneheld mål og budsjettforslag til dei vitskaplege høgskolane Noregs handelshøgskole, Arkitektur- og designhøgskolen, Noregs idrettshøgskole, Noregs musikkhøgskole, Noregs veterinærhøgskole og Det teologiske Menighetsfakultetet.

Dei vitskaplege høgskolane fungerer som fagleg smale og spesialiserte institusjonar. Dei vitskaplege høgskolane oppfyller funksjonen sin ved å vere forskingsbaserte og profesjonsorienterte.

Desse utdanningsinstitusjonane har eit særskilt nasjonalt ansvar innanfor fagporteføljen sin og tilbyr i hovudsak integrerte studieløp til masternivået og doktorgradsprogram innanfor forskings- og fagområda sine. Ved å kombinere teoretisk fundert kunnskapsutvikling, profesjonsnær fagutvikling samt forsking har dei vitskaplege høgskolane ei viktig nasjonal rolle for kunnskapsoppbygging og samfunnsutvikling. Gjennom kunstnarleg eller forskingsbasert fagleg utvikling har fleire av dei vitskaplege høgskolane fått eit godt internasjonalt renommé.

Dei vitskaplege høgskolane har til saman 4 772 registrerte studentar. Vitskaplege høgskolar kan utan akkreditering frå NOKUT opprette studietilbod innanfor sitt eige spesialområde.

Vitskaplege høgskolar og tilsette ved institusjonane driv formidling til allmenta og gir viktige bidrag til offentleg debatt. Statlege vitskaplege høgskolar har samla ekstern finansiering på om lag 120 mill. kroner, da er midlar frå Noregs forskingsråd ikkje inkluderte. Vitskaplege høgskolar er viktige samarbeidspartnarar for andre offentlege institusjonar, næringsliv og kulturliv.

Departementet har, med utgangspunkt i målformuleringane i lov om universitet og høgskolar, sett hovudmål for kap. 272 Vitskaplege høgskolar. Måla er felles for alle dei vitskaplege høgskolane på kapitlet, men departementet vil ta omsyn til faktorar som storleik, profil og finansieringsnivå når måloppnåinga skal vurderast.

  • Dei vitskaplege høgskolane skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet som er basert på det fremste innanfor forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap på fagområda sine.

  • Dei vitskaplege høgskolane skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid. Dei vitskaplege høgskolane har eit særskilt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning på dei fagområda der dei tildeler doktorgrad.

  • Dei vitskaplege høgskolane skal medverke til å spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid, og medverke til innovasjon og verdiskaping baserte på desse resultata. Dei vitskaplege høgskolane skal òg leggje til rette for at tilsette og studentar kan delta i samfunnsdebatten.

  • Dei vitskaplege høgskolane skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane.

Post 50 Basisfinansiering statlege vitskaplege høgskolar

Posten inneheld midlar til basisfinansiering av dei statlege vitskaplege høgskolane. Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonane i stand til å utføre verksemda, samt sikre stabilitet og langsiktig tenking, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning og forsking.

Dei vitskaplege høgskolane har gjennomgåande god søkning til studia, og talet på avlagde studiepoeng ligg høgt. Fleire av dei vitskaplege høgskolane publiserer for få vitskaplege artiklar, og talet på avlagde doktorgradar er for lågt i høve til talet på stipendiatar. Omfanget av internasjonal mobilitet varierer mykje mellom institusjonane. Sjå kap. 264, 265, 268, 269 og 282 for meir utførleg resultatrapport.

Budsjettforslag for 2007

Nasjonalt råd for utøvande musikkutdanning har administrert to stipendiatstillingar innanfor fagområda direksjon og komposisjon, som er delte mellom Universitetet i Stavanger, NTNU, Universitetet i Bergen, Høgskolen i Tromsø og Høgskolen i Agder. For å lette administrasjonen av desse midlane er det foreslått at Noregs musikkhøgskole får ansvar for å fordele midlane. På bakgrunn av dette er løyvinga til Noregs musikkhøgskole foreslått auka med kr 648 000 mot tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.

Forsking

Noregs musikkhøgskole og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo er frå 2007 ikkje inkluderte i indikatorane knytte til midlar frå EU og Noregs forskingsråd. Midlane knytte til indikatoren er derfor overført frå kap. 272 post 52 til kap. 272 post 50.

Bygg og lokale

Departementet foreslår 15,6 mill. kroner til auka husleige for Noregs musikkhøgskole i 2007.

Resterande midlar til utstyr i nytt bygg for Noregs musikkhøgskole vart løyvde i 2006. På bakgrunn av dette er det foreslått å redusere løyvinga med 19,4 mill. kroner til utstyr ved Noregs musikkhøgskole i 2007.

Undervisning

I samband med Stortingets vedtak om utviding av siviløkonomutdanninga til fem år er budsjettramma til Noregs handelshøgskole auka med 7,2 mill. kroner, jf. Innst. S. nr. 188 (2001–2002) og St.meld. nr. 11 (2001–2002).

Etter forslag i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005–2006) vart det tildelt 12,5 mill. kroner til halvårseffekt av 500 nye studieplassar innanfor allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar- og praktisk-pedagogisk utdanning. Det er foreslått å tildele dei vitskaplege høgskolane nærmare 1,3 mill. kroner til vidareføring av desse studieplassane.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er budsjettramma for universitet og høgskolar redusert med 274,3 mill. kroner i 2007. Budsjettreduksjonen er teken i basisløyvinga til universitet og høgskolar, og ikkje i form av eit kutt i studieplassar. For dei statlege vitskaplege høgskolane er reduksjonen 6,7 mill. kroner , jf. omtale i kategoriinnleiinga.

Post 51 Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar

Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved statlege vitskaplege høgskolar, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.

Studiepoeng per student ved statlege vitskaplege høgskolar har auka frå 44,4 i 2003 og 46,7 i 2004 til 47,6 i 2005. Strykprosenten har endra seg frå 4,2 i 2003 og 4,0 i 2004 til 4,3 i 2005. Totalt avlagde 60-studiepoengseiningar i finansieringssystemet har auka frå 3 704 i 2004 til 3 776 i 2005. Talet på utvekslingsstudentar har gått ned frå 486 i 2004 til 464 i 2005. Dette inkluderer ikkje individbaserte avtalar.

Resultatbasert undervisningsfinansiering for statlege vitskaplege høgskolar aukar med 3,5 mill. kroner frå 2006 til 2007.

Post 52 Forskingsfinansiering statlege vitskaplege høgskolar

Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av doktorgradsstillingar, særskilde midlar til vitskapleg utstyr og andre strategiske løyvingar.

For 2007 er det foreslått å fase inn full effekt av resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane. Sjå også tabell 2.27 i Vedlegg 2.

I budsjettet for 2006 vart det oppretta 350 nye doktorgradsstillingar ved universitet og høgskolar. For dei statlege vitskaplege høgskolane er det lagt inn om lag 5,6 mill. kroner til heilårsverknad av 19 doktorgradsstillingar i budsjettet for 2007.

Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar reduserer løyvinga til statlege vitskaplege høgskolar med 10 mill. kroner i 2007.

Midla knytt til indikatorane for midlar frå EU og frå Noregs forskingsråd er for Noregs musikkhøgskole og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo overført frå kap. 272 post 52 til kap. 272 post 50.

Tabell 4.11 Oppsummering løyvingsforslaget på kap. 272 post 50–52 (i 1000 kr)

Statlege vitskaplege høgskolar

Basis

Utdanning

Forsking

Sum

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

57 469

30 240

9 348

97 057

Noregs handelshøgskole

153 254

70 058

51 916

275 228

Noregs idrettshøgskole

77 582

21 060

23 546

122 188

Noregs musikkhøgskole

110 428

36 826

7 711

154 965

Noregs veterinærhøgskole

124 049

37 956

45 575

207 580

Sum

522 782

196 140

138 096

857 018

Post 70 Basisfinansiering private vitskaplege høgskolar

Posten inneheld midlar til basisfinansiering av Det teologiske Menighetsfakultet som er einaste private institusjon med akkreditering som vitskapleg høgskole (frå 1. januar 2005). Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonen i stand til å utføre verksemda si og ta vare på omsynet til stabilitet og langsiktig tenking, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning og forsking.

Sjå nærmare omtale av resultat under kap. 282 og i tabellvedlegg.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er budsjettramma for universitet og høgskolar redusert med 274,3 mill. kroner i 2007. Budsjettreduksjonen er teken i basisløyvinga til universitet og høgskolar, og ikkje i form av eit kutt i studieplassar. For Det teologiske Menighetsfakultet er reduksjonen 1,3 mill. kroner, sjå omtale i kategoriinnleiinga.

Post 71 Resultatbasert undervisningsfinansiering private vitskaplege høgskolar

Posten inneheld resultatbaserte midlar til undervisning ved Det teologiske Menighetsfakultetet, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonen og stimulere institusjonen til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod. Alle studium er inkluderte i undervisningskomponenten, og tilskottsprosentsatsen er sett til 100. Sjå også omtale for andre private høgskolar under kap. 275 post 71.

Studiepoeng per registrert student ved Det teologiske Menighetsfakultet er redusert frå 35,4 i 2003 og 35,3 i 2004 til 33,7 i 2005. Strykprosenten er tilnærma uendra frå 5,6 i 2003 til 5,5 i 2005.

Sjå nærmare omtale av resultat under kap. 282 og i tabellvedlegg.

Resultatbasert undervisningsfinansiering for private vitskaplege høgskolar aukar med 2,7 mill. kroner frå 2006 til 2007.

Post 72 Forskingsfinansiering private vitskaplege høgskolar

Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av doktorgradsstillingar.

For 2007 er det foreslått å fase inn heil effekt av resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane. Blant private institusjonar med forskingsmidlar i 2005 har Det teologiske Menighetsfakultetet eit godt resultat i omfordelinga.

I budsjettet for 2006 vart det oppretta 350 nye doktorgradsstillingar. For Det teologiske Menighetsfakultet er det lagt inn om lag 1,2 mill. kroner til heilårsverknad av fire doktorgradsstillingar i budsjettet for 2007.

Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar løyvinga til Det teologiske Menighetsfakultetet med 1,9 mill. kroner i 2007.

Tabell 4.12 Oppsummering løyvingsforslaget på kap. 272 post 70–72 (i 1000 kr)

Privat vitskaplege høgskole

Basis

Utdanning

Forsking

Sum

Det teologiske Menighetsfakultetet

16 714

20 794

14 376

51 884

Sum

16 714

20 794

14 376

51 884

Kap. 273 Statlege kunsthøgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

246 379

Sum kap. 273

246 379

Kapitlet finansierte i 2005 drift av Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen.

Resultatrapport for 2005–06

Kunsthøgskolen i Oslo har tre fakultet: Fakultet for scenekunst, Fakultet for visuell kunst og Fakultet for design.

Kunsthøgskolen i Bergen har tre avdelingar: Avdeling for design, Avdeling for spesialisert kunst og Avdeling kunstakademiet.

Begge kunsthøgskolane oppfylte måltalet for studentar samla sett i 2005. Kunsthøgskolen i Oslo har fleire uteksaminerte kandidatar enn måltalet. Kunsthøgskolen i Bergen har oppfylt måltalet for kandidatar. Begge kunsthøgskolane har hatt reduksjon i studiepoeng frå 2004 til 2005.

Begge kunsthøgskolane har lagt om studia til 3-årige bachelor- og 2-årige masterstudium. Det er venta at alle studentane vil vere over på ny ordning våren 2006. Kunsthøgskolen i Oslo har fått akkreditering for masterstudium innanfor følgjande område: design, biletkunst, kunstfag, opera, koreografi og regi. Kunsthøgskolen i Oslo fekk midlar til å setje i gang bachelorstudium i scenografi i samarbeid med Høgskolen i Lillehammer. Kunsthøgskolen i Bergen er akkreditert for å gi mastergrad i kunst og i design.

Begge kunsthøgskolane har nedgang i studentmobiliteten. Det har òg vore nedgang i mobiliteten blant dei tilsette ved kunsthøgskolane. Både Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen har gode avtalar med utanlandske miljø.

Kunsthøgskolane driv med både kunstnarleg verksemd og kunstnarleg utviklingsarbeid, samt meir tradisjonell forsking. Kunsthøgskolane arbeider med å styrkje FoU-verksemda ved institusjonane og å auke kompetansen til dei tilsette.

Kunsthøgskolen i Bergen har operatøransvar for det nasjonale stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid i skapande og utøvande kunst, som er ein parallell til vanlege doktorgradsstipend. I 2005 var i alt 17 stipendiatar knytte til stipendprogrammet, tolv av dei er finansierte over programmet, og fem av dei er finansierte over det ordinære budsjettet til institusjonane. Programmet vart i budsjettet for 2006 styrkt med fem nye stipendiatar. Kunsthøgskolen i Bergen har to stipendiatar på programmet, medan Kunsthøgskolen i Oslo har fire, av desse var ein finansiert over det ordinære budsjettet.

Kunsthøgskolane er ikkje inkluderte i det resultatbaserte finansieringssystemet for universitet og høgskolar. God kvalitet på data for studiepoeng og relevante indikatorar for FoU-verksemd ved institusjonane er ein føresetnad for å inkludere kunsthøgskolane i finansieringssystemet. Ei arbeidsgruppe under leiing av Universitets- og høgskolerådet har sett i gang eit arbeid med å sjå på mogligheita for å utvikle indikatorar for kunstnarleg utviklingsarbeid. Dette arbeidet skal vere ferdig hausten 2006.

I 2005 vart det teke opp 315 studentar ved dei to kunsthøgskolane mot 307 studentar i 2004 og 317 studentar i 2003. Talet på kandidatar ved kunsthøgskolane var 279 i 2003, 295 i 2004 og 274 i 2005. Talet på utvekslingsstudentar har gått ned frå 91 i 2004 til 81 i 2005. Dette inkluderer ikkje individbaserte avtalar. Sjå også tabell 2.20 og 2.21 i Vedlegg 2.

Det er lagt fram eit forprosjekt for byggetrinn II for Kunsthøgskolen i Oslo, jf. St.prp. nr. 66 (2005–2006). Forprosjektet er til ekstern kvalitetssikring og forhandling om leigekontrakt. Kunnskapsdepartementet vil komme attende til saka på eit seinare tidspunkt.

Statsbygg har lagt fram eit skisseprosjekt for samlokalisering av Kunsthøgskolen i Bergen. Kostnadene ved det konseptet som det er arbeidd med, er betydelege. Departementet har likevel valt å be Statsbygg, i samarbeid med kunsthøgskolen og arkitekten, vurdere prosjektet nærmare med føresetnad om at det kjem eksterne bidrag. Kunsthøgskolen i Bergen vil arbeide med å finne eksterne bidrag. Ut frå resultatet av dette arbeidet vil Regjeringa ta stilling til om prosjektet skal fremjast for Stortinget.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 275.

Kap. 274 Statlege høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

7 389 146

Sum kap. 274

7 389 146

Resultatrapport for 2005–06

Utdanning

Universitetet i Stavanger fekk løyving over kap. 274 i 2005. Resultatrapporteringa for 2005–06 inkluderer derfor også Universitetet i Stavanger.

Hovudstrukturen i Kvalitetsreforma er på plass, og reforma er no under evaluering. Evalueringsarbeidet starta opp i 2003 og vil vere avslutta ved årsskiftet 2006–07. Tre delrapportar frå evalueringa vart lagde fram våren 2006. Dei statlege høgskolane arbeider no vidare med å setje i verk, justere og tilpasse dei ulike elementa i alle ledd i organisasjonen. Det blir mellom anna lagt vekt på å innføre nye vurderingsformer og ta i bruk studentaktive undervisningsopplegg, noko som styrkjer kvaliteten i utdanninga. Nokre høgskolar må utvikle systemet vidare for at utdanningsplanane kan bli ein god reiskap for studentane og institusjonane.

Det er etablert kvalitetssikringssystem ved alle høgskolane. Institusjonane utarbeider rapportar på bakgrunn av datamateriale frå kvalitetssikringssystemet. Denne informasjonen kan gi grunnlag for justeringar og forbetringar av kvaliteten i utdanningstilboda. Somme institusjonar erfarer at det er ei utfordring å få studentane til å ta i bruk system med studentevalueringar.

NOKUT har revidert alle akkrediterte sjukepleiarutdanningar, og berre ein institusjon, Diakonhjemmet høgskole, vart reakkreditert. To høgskolar har påklaga vedtaket, og klagenemnda i NOKUT har gitt klagarane medhald i at dei kriteria NOKUT har nytta er uklare, og har sendt vedtaka attende til NOKUT for ny handsaming. Reakkrediteringa viste at den største utfordringa er å auke delen tilsette med førstestillingskompetanse til 20 pst. Reakkrediteringa viste òg at undervisninga ikkje er tilstrekkeleg forskingsbasert, og at det er uklare krav til kva som gir bestått karakter ved eksamen. Vidare vart det for mange av institusjonane peikt på at det er for dårleg kontakt mellom utdanninga og praksisfeltet. Institusjonane har to år på seg til å oppfylle påboda frå NOKUT.

Departementet har bedt NOKUT evaluere tilboda i allmennlærarutdanninga. Ein midtvegsrapport vart lagd fram i september 2005, og sluttrapporten kom i september 2006, jf. kategoriinnleiinga. Funna tyder på at det er store utfordringar for allmennlærarutdanningane, særleg når det gjeld forholdet mellom teori og praksis i utdanninga.

I perioden juni 2003–april 2006 har NOKUT akkreditert 53 mastergradstilbod ved dei statlege høgskolane. Med godkjenning av doktorgradsstudium i profesjonsstudium ved Høgskolen i Oslo er det frå 2005 etablert tilbod på doktorgradsnivå ved Høgskolen i Agder, Høgskolen i Bodø, Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Molde.

Departementet har i 2006 ført vidare tildelinga til Utdanningsdirektoratet på 11,5 mill. kroner til rettleiing av nyutdanna lærarar og 2,8 mill. kroner til styrking av kvaliteten i praksisopplæringa. SI­NTEF har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet evaluert prosjektet rettleiing av nyutdanna lærarar. Ein evalueringsrapport frå mai 2006 viser at både dei nyutdanna lærarane, dei involverte barnehage- og skoleleiarane og dei lokale rettleiarane vurderer prosjektet på ein positiv måte. Vidare har Noregs forskingsråd etablert eit fireårig forskingsprogram med ei total ramme på 92 mill. kroner om praksisretta FoU i grunnopplæring og lærarutdanning. Det er ein føresetnad i programmet at lærarutdanningsinstitusjonar og skoleeigarar samarbeider. I den første utlysingsrunden mottok Forskingsrådet 59 prosjektsøknader. Ti prosjekt er tildelte midlar, og i tillegg er det gitt prosjektetableringsstøtte til elleve prosjekt. Gjennom ei ekstra løyving i 2006 er programmet utvida til å omfatte praksisretta forskings- og utviklingsarbeid i barnehagesektoren. Satsing på forskingsprogrammet må òg sjåast i samanheng med Program for skoleutvikling, som blir administrert av Utdanningsdirektoratet. Dette programmet varer i fire år frå 2005, og har ei samla løyvingsramme på rundt 100 mill. kroner.

Opptaket til allmennlærarutdanninga vart redusert i 2005 som følgje av skjerpa opptakskrav. Også yrkesfaglærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning hadde ein liten reduksjon, medan førskolelærarutdanning og faglærarutdanning hadde ein auke. Tal frå Samordna opptak viser ein total auke på meir enn 500 tilbod til lærarutdanningane frå 2005 til 2006. Helse- og sosialfaglege utdanningar held omtrent same nivå på opptaket som i 2004, medan opptak til sjukepleiarutdanninga har ein mindre auke. Også opptaket til ingeniørutdanninga viser ein liten auke frå 2004 til 2005.

Strykprosenten ved dei statlege høgskolane har auka noko, frå gjennomsnittleg 8,0 i 2004 til 8,4 i 2005. Tal på registrerte studentar ved dei statlege høgskolane viser ein auke frå 89 706 i 2004 til 90 484 i 2005. Høgskolane vart i budsjettet for 2005 pålagde å redusere talet på studieplassar med 1 732.

Det har vore ein auke i talet på 60-studiepoengseiningar ved statlege høgskolar frå 67 607 i 2004 til 67 675 i 2005. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 2 204 i 2004 til 2 473 i 2005. Dette inkluderer ikkje individbaserte avtalar. Kunsthøgskolane er ikkje inkluderte i desse tala.

Departementet fastset måltal for registrerte studentar og kandidatar ved Kunsthøgskolen i Be­rgen og Kunsthøgskolen i Oslo, sjå tabell 2.22 i Vedlegg 2.

Departementet har trekt tilbake fullmakta til å opprette nye selskap eller kjøpe aksjer i eksisterende selskap frå Høgskolen i Bodø. Departementet vurderer fullmakten til institusjonen.

Kunnskapsdepartementet kan gi høgskolane utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 2.

FoU-verksemd

Det er store variasjonar i omfanget av FoU-verksemda mellom høgskolar, og mellom fagområde ved desse institusjonane. FoU-innsatsen er mellom anna avhengig av kompetanseprofilen til dei ulike institusjonane.

Den faglege leiinga er styrkt ved at ein legg større vekt på strategisk arbeid. Tildeling av FOU-midlar skjer i større grad ut frå vedtekne satsingsområde. Det blir òg lagt vekt på å styrkje fagmiljø som dokumenterer god vitskapleg produksjon. Om lag halvparten av desse institusjonane har implementert bruk av resultatbasert fordeling av forskingsmidlar i organisasjonen. Det blir arbeidd systematisk med å utvikle FoU-strategiar og byggje sterke forskingsmiljø. Det er òg ein tendens til at høgskolane i større grad ser oppbygging av FOU-miljø i samanheng med etablering av mastergradsstudium.

Høgskolane har i lengre tid arbeidd for å heve den formelle kompetansen til undervisnings- og forskingspersonalet, men innanfor fleire fagområde er det framleis få tilsette med førstestillingskompetanse.

Dei statlege høgskolane har fått tilført 247 stipendiatstillingar sidan år 2000. Rapporteringa frå mange av institusjonane viser framleis svak gjennomstrøyming av stipendiatar. Fleire høgskolar har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving til.

Ein del av løyvingane til strategiske satsingar innanfor forsking og utviklingsarbeid er lagd til Strategisk høgskoleprosjekt, eit prosjekt administrert av Noregs forskingsråd. Løyvinga til prosjektet har årleg vore 30 mill. kroner, sjå også omtale på kap. 281.

Samfunnsrolla

Høgskolane samarbeider i samfunns-, arbeids- og næringsliv, særleg for å fremme regional utvikling. Samarbeidsområde varierer institusjonane imellom, avhengig av fagportefølje. Fagmiljøa innanfor helse- og sosialfag, lærarutdanning, ingeniørfag, IKT, økonomi og administrasjon er gjerne trekte fram som eksempel på fagmiljø som samarbeider med andre institusjonar og eksterne aktørar. Fleire av institusjonane har teke entreprenørskap inn i studietilboda.

I 2005 var det registrert i alt 10 376 eksternt finansierte kursstudentar ved dei statlege høgskolane. Dette er om lag 570 studentar færre enn i 2004.

Internasjonalt samarbeid

Fokus på arbeidet med internasjonalisering har auka også ved dei statlege høgskolane, men graden av engasjement varierer framleis mykje mellom institusjonane. Talet på utvekslingsstudentar har auka, medan talet på utvekslingsopphald blant dei tilsette har blitt noko mindre.

Det var nesten like mange studentar som reiste ut som kom inn i 2005. Det var i alt 2 473 utvekslingsstudentar, eksklusive individbaserte avtaler. I tillegg var det 160 studentar på individbaserte avtalar.

Fleire av institusjonane har avtalar med mange utanlandske institusjonar, men ikkje alle avtalane er i bruk. Dei fleste avtalane gjeld undervisning, medan forsking ofte ikkje er inkludert. Departementet vil sjå nærmare på rutinar for registrering av institusjonsavtalar.

Høgskolane arbeider med å innlemme opphald i utlandet på ein god måte i studieopplegg i Noreg. Institusjonane tilbyr i stadig større grad studietilbod på engelsk for innreisande studentar.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 275.

Kap. 275 Høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Basisfinansiering statlege høgskolar

5 012 384

5 199 124

51

Resultatbasert undervisningsfinansiering statlege høgskolar

2 039 667

2 111 665

52

Forskingsfinansiering statlege høgskolar

241 439

269 818

70

Basisfinansiering private høgskolar

304 665

329 802

71

Resultatbasert undervisningsfinansiering private høgskolar

266 099

278 981

72

Forskingsfinansiering private høgskolar

32 267

35 558

Sum kap. 275

7 896 521

8 224 948

Kapitlet omfattar to kunsthøgskolar, 25 statlege høgskolar og 25 private høgskolar. I 2005 vart løyvinga til desse institusjonskategoriane gitt på hhv. kap. 273, 274 og 282.

Høgskolane står for eit breitt tilbod av utdanningar i hovudsak på bachelornivå, men òg mange på masternivå. Desse er ofte anten profesjonsretta eller meir generelt yrkesførebuande. Nokre høgskolar har rett til å tildele doktorgrad innanfor bestemte fagområde. Høgskolane har særskilt ansvar for å drive med FoU knytt til utdanningstilboda sine, men òg for å medverke til regional utvikling og innovasjon. Høgskolane fyller såleis ei viktig rolle som katalysator for regional utvikling og vekst og som aktør i profesjonsretta FoU. Dei statlege kunsthøgskolane har eit viktig nasjonalt ansvar for å gi kunstutdanning på bachelor- og masternivå. Dei har ansvar for internasjonalt samarbeid om ulike kunstfag og for forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid. Høgskolane hadde i 2005 til saman over 108 000 registrerte studentar.

Høgskolane er svært ulike i storleik, forskingsintensitet og studenttilstrøyming. Mange høgskolar har lærar-, ingeniør-, helse- og sosialfagutdanningar. Høgskolane utdannar såleis studentar til stillingar som er avgjerande for eit velfungerande samfunn.

Fleire av høgskolane har gjennom langsiktig strategisk arbeid bygd opp solide fagmiljø med kompetanse til å tilby utdanning utover bachelorgraden. Det er ei gledeleg utvikling at høgskolane styrkjer potensialet sitt gjennom målretta utvikling av undervisnings- og forskingskvalitet.

Høgskolar driv formidling til allmenta og gir viktige bidrag til offentleg debatt. Statlege høgskolar har samla ei ekstern finansiering på i overkant av 600 mill. kroner. Da er midlar frå Noregs forskingsråd inkluderte. Høgskolane er ein viktig samarbeidspartnar for kommunar, fylkeskommunar og regionalt arbeidsliv.

Høgskolen i Narvik eig om lag 3,9 pst. av aksjane i selskapet NORUT Gruppen AS. Aksjane er verdsette til 3 mill. kroner. Høgskolen ønsker å selje aksjeposten i NORUT Gruppen AS til Nordland fylkeskommune og bruke midlane frå salet til å kjøpe aksjar i Norut Teknologi AS. Formålet med oppkjøpet i Norut Teknologi AS er å etablere eit formelt samarbeid mellom selskapet og høgskolen, med hovudvekt på ekstern verksemd, særleg innafor næringsretta forsking. Sjå forslag til vedtak IV nr. 3.

Departementet har med utgangspunkt i målformuleringane i lov om universitet og høgskolar sett hovudmål for kap. 275 Høgskolar. Måla er felles for alle høgskolane på kapitlet, men departementet vil ta omsyn til faktorar som storleik, profil og finansieringsnivå når måloppnåinga skal vurderast.

  • Høgskolane skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet som er basert på det fremste innanfor forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap.

  • Høgskolane skal oppnå resultat av høg internasjonal kvalitet i forsking og i fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid. Høgskolane har ansvar for utvikling av praktisk retta forsking og utviklingsarbeid på fagområda sine. Høgskolane som kan tildele doktorgrad, har eit særskilt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning innanfor dei fagområda der dei tildeler doktorgrad.

  • Høgskolane skal medverke til å spreie og formidle resultat frå forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid, samt medverke til innovasjon og verdiskaping basert på desse resultata. Høgskolane skal òg leggje til rette for at tilsette og studentar kan delta i samfunnsdebatten.

  • Høgskolane skal ha personal- og økonomiforvaltning som sikrar effektiv utnytting av ressursane.

Post 50 Basisfinansiering statlege høgskolar

Posten inneheld midlar til basisfinansiering av kunsthøgskolane og 25 statlege høgskolar. Saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa skal basisfinansieringa setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si samt sikre stabilitet og langsiktig tenking, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Basisfinans-iering inneheld løyvingar til både undervisning og forsking.

Tal frå Samordna Opptak viser at utdanningsområdet lærar- og lektorutdanning har størst framgang i talet på førsteprioritetssøkjarar ved opptaket i 2006. Innanfor dette utdanningsområdet har allmennlærarutdanninga ein framgang på 5,1 pst. og er no tilbake på nivået det var på før dei skjerpa opptakskrava vart innførte i 2004. Førskolelærarutdanninga har ein auke i talet på søkjarar på heile 32,1 pst. i forhold til i 2005. Andre utdanningsområde med framgang er teknologi, ingeniørfag og arkitektur med 10,7 pst.

Departementet vil vurdere om det er mogleg å utvikle gode indikatorar for kunstnarleg utviklingsarbeid. Universitets- og høgskolerådet er på oppdrag frå departementet i gang med ei utgreiing om dette som vil vere ferdig hausten 2006.

Budsjettforslag for 2007

ABIOK-utdanningane (anestesi-, intensiv-, operasjons- og kreft- og barnesjukepleie) blir endra frå oppdragsfinansierte utdanninger til ordinære høgskolestudiar. Dette inneber at institusjonane får det faglege, administrative og finansielle ansvaret for utdanningene. I samband med dette er det overført 65 mill. kroner frå kap. 232 under Helse- og omsorgsdepartementet. Det er ikkje lagt inn midlar til tilbod Høgskolen i Oslo har finansiert over eiga ramme. Ved fordeling av beløp på institusjonar er det teke utgangspunkt i avlagd studiepoengproduksjon og motteke informasjon frå institusjonane.

Det har tidligare vore gitt midlar til Møre og Romsdal fylkeskommune for husleige til teknisk fagskole i Fogd Greves vei 9 i Ålesund over kap. 281 post 01. Desse midlane blir no lagde inn i ramma til Høgskolen i Ålesund, som vil forvalte husleigeavtalen. På bakgrunn av dette aukar budsjettramma til høgskolen med 3,4 mill. kroner i 2007.

I 2006 vart det tildelt om lag 4 mill. kroner til forkurs til ingeniørutdanninga. I 2007 blir midlane lagde inn i ramma til dei respektive institusjonane. På bakgrunn av dette aukar budsjettramma til høgskolane i Agder, Bergen, Sør-Trøndelag og Vestfold med 1 mill. kroner ved kvar institusjon. Løyvinga på kap. 275 post 50 aukar mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 281 post 01.

Løyvinga til freds- og menneskerettssentra Holocaustsenteret, Falstadsenteret, Stiftelsen Arkivet, Norsk Fredssenter og Nord-Norsk Fredssenter Narvik blir samla på same kapittel 255. I samband med dette blir løyvinga til Falstadsenteret ved Høgskolen i Nord-Trøndelag overført til kap. 255 post 71. Løyvinga på kap. 255 post 71 aukar med om lag 9,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i kap. 275 post 50.

EFTA Surveillance Autorithy (ESA) har godkjent at Noreg kan ta opp att ei ordning med differensiert arbeidsgivaravgift. Avgifta tek utgangspunkt i staden der verksemda ligg, og ikkje, slik tilfellet var tidlegare, i bustaden til arbeidstakaren. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 37,3 mill. kroner.

Samfunnskontakt

Nordisk Ministerråd skal trappe ned finansieringa til Nordisk-samisk institutt. Nedtrappinga skjer over ein periode på fire år, og 2007 er det tredje året med nedtrapping. Totalt skal det norske bidraget til Nordisk-samisk institutt aukast med 3,6 mill. kroner i perioden 2005–07. Tildelinga vart auka med 1,2 mill. kroner både i 2005 og 2006. Det er foreslått ein ytterlegere auke av løyvinga på kap. 275 post 50 med 1,2 mill. kroner i 2007.

Bygg og lokale

I samband med statsbudsjettet for 2006, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006), vart det gitt startløyving til Samisk vitskapsbygg i Kautokeino. I budsjettet for 2007 foreslår departementet 15,7 mill. kroner til utstyr til den delen av bygget som einingar under Kunnskapsdepartementet skal bruke.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2005, jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005), vart det gitt eit startløyving til nytt bygg for Høgskolen i Vestfold. Departementet foreslår å auke budsjettramma til Høgskolen i Vestfold med om lag 45,6 mill. kroner til inventar og utstyr i nytt bygg for 2007.

Høgskolen i Stord/Haugesund fekk i 2006 kr 800 000 til utstyr for nybygget for sjukepleiar- og lærarutdanning på Stord. Midlane var ei eingongsløyving og blir fasa ut i 2007.

Høgskolen i Buskerud fekk i 2006 3 mill. kroner til utstyr i samband med flytting til Kunnskapsparken Drammen, jf. St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskningsdepartement. Midlane var ei eingongsløyving og blir fasa ut i 2007.

Høgskolen i Østfold vart i 2005 tildelt 50 mill. kroner i utstyr og inventar til nytt bygg. I 2006 fekk høgskolen resterande utstyrsmidlar på 32,2 mill. kroner. I samband med dette foreslår departementet å redusere løyvinga til Høgskolen i Østfold med 32,2 mill. kroner i budsjettet for 2007.

Nytt bygg for Høgskolen i Nesna vart ferdigstilt i mai 2006. I 2005 vart høgskolen tildelt 16,7 mill. kroner til utstyr, og i 2006 vart resterande utstyrsmidlar på 5,5 mill. kroner tildelte. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga til Høgskolen i Nesna med 5,5 mill. kroner i budsjettet for 2007.

Det er foreslått 2,2 mill. kroner til auka husleige for Høgskolen i Nesna og 14,4 mill. kroner til auka husleige for Høgskolen i Østfold.

Undervisning

Statens dykkarskole vart ført over til Høgskolen i Bergen frå 1. januar 2005. Høgskolen har dermed ansvaret for å føre vidare og vidareutvikle dykkarutdnninga som fagskoleutdanning, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2004–2005). Stortinget løyvde hausten 2003 10,5 mill. kroner for å finansiere staten sitt bidrag til kjøp av mettingsdykkarutstyr (klokkedykkarutstyr), jf. St.prp. nr. 63 (2003–2004) og Innst. S. nr. 250 (2003–2004). Dei føresetnadene som låg til grunn for departementets opphavlege forslag, har endra seg på avgjerande punkt, jf. omtale i St.prp. nr. 66 (2005–2006). Departementet har vurdert behov og organisering av mettingsdykkarutdanninga på nytt. Ut frå behovet for fagleg kompetanse og eit integrert utdanningstilbod i Noreg planlegg departementet å etablere mettingsdykkarutdanning ved Høgskolen i Bergen. Ut­danninga er planlagd etablert frå hausten 2007 og skal bli organisert innanfor Høgskolen i Bergen. Organiseringa baserer seg på eit samarbeid med selskapet NUI AS om bruk av trykkammeret til selskapet. NUI AS er eigd av oljeselskapa Norsk Hydro og Statoil. Denne løysinga inneber investeringskostnader på om lag 40 mill. kroner og årlege driftskostnader på ca. 4,5 mill. kroner.

Departementet foreslår at totalt 12,5 mill. kr­oner som tidlegare er løyvde til Høgskolen i Be­rgen til dette formålet, blir nytta til investering i utstyr. Departementet foreslår vidare at staten dekkjer dei årlege driftskostnadene på om lag 4,5 mill. kroner. I samband med dette foreslår departementet å setje av 1,75 mill. kroner av løyvinga på kap. 281 post 01 for å dekkje halvårseffekten av driftskostnadene. Norsk Hydro og Statoil vil saman med ExxonMobil og Norske Shell støtte etableringa med inntil 27,5 mill. kroner. Oljeselskapa føreset at utstyret blir kjøpt og brukt i samsvar med rapporten Samarbeid mellom Høgskolen i Bergen og NUI AS. Departementet vil ta kontakt med dei involverte aktørane for vidare organisering og framdrift i arbeidet med etablering av mettingsdykkarutdanning ved Høgskolen i Bergen.

I statsbudsjettet for 2006 vart det foreslått å etablere ei visuell kunstutdanning ved Høgskolen i Tromsø. Det er lagt inn 1,8 mill. kroner i heilårsverknad og vidareføring av 15 studieplassar i budsjettet for 2007.

Etter forslag i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005–2006) vart det løyvd 12,5 mill. kroner til halvårseffekt av 500 nye studieplassar innanfor allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar- og praktisk-pedagogisk utdanning. I samband med dette er det lagt inn 13,9 mill. kroner til heilårsverknad og vidareføring av 195 plassar ved høgskolane i budsjettet for 2007.

Høgskolen i Nord-Trøndelag er i fleire år tildelt kr 300 000 til sørsamisk språk og kultur. I 2006 vart det tildelt kr 100 000 til Høgskolen i Nord-Trøndelag over kap. 281 post 01, slik at ein ikkje tek eigenbetaling for studentar som studerar sørsamisk ved høgskolen. I 2007 blir det foreslått å leggje desse midlane inn i ramma til høgskolen. Med bakgrunn i dette foreslår kunnskapsdepartementet å auke løyvinga på kap. 275 post 50 med kr 100 000, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 281 post 01.

I samband med utvidinga av siviløkonomutdanninga er budsjettramma til Høgskolen i Agder og Høgskolen i Bodø auka med samla 4,4 mill. kroner i budsjettet for 2007.

I 2006 vart det løyvd 16,7 mill. kroner til desentraliserte høgskoletilbod over kap. 281 post 01, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006). I 2007 blir det foreslått å leggje desse midlane inn i ramma til institusjonane. Den nye fordelinga i 2007 er basert på same prinsipp som i 2006, men med oppdatert rapportering etter innspel frå høgskolesektoren. Med bakgrunn i dette foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga på kap. 275 post 50 med om lag 15,9 mill. kroner.

Handlingsplan mot rasisme og diskriminering2002–2006 slår fast at Kunnskapsdepartementet har

«ansvaret for å sikre eit betre og meir stabilt utdanningstilbod for tolkar på høgre utdanningsnivå og medverke til å utvikle tilboda».

Hovudmålet er å auke utdanninga av tolkar til rettsvesen, helsevesen og andre offentlege tenester slik at borgarar med annan språkleg bakgrunn blir sikra dei rettane dei har krav på. Regjeringa foreslår å løyve 6 mill. kroner til Høgskolen i Oslo i 2007 til å byggje opp eit eige fagmiljø for å sikre eit permanent tilbod om tolkeutdanning. Høgskolen må samarbeide med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) og med andre universitet og høgskolar for å sikre tilbod i fleire delar av landet. Nettbasert utdanning vil vere ein viktig metode i dette arbeidet.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er budsjettramma for universitet og høgskolar redusert med 274,3 mill. kroner i 2007. Budsjettreduksjonen er teken i basisløyvinga til universitet og høgskolar, og ikkje i form av eit kutt i studieplassar. For dei statlege høgskolane er reduksjonen 82,5 mill. kroner, sjå omtale i kategoriinnleiinga.

Post 51 Resultatbasert undervisnings­finansiering statlege høgskolar

Posten omfattar resultatbaserte midlar til undervisning ved statlege høgskolar, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Løyvinga på posten skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.

Studiepoeng per student ved statlege høgskolar er endra frå 44,5 i 2003 og 45,2 i 2004 til 44,9 i 2005. Strykprosenten har gått ned frå 9,1 i 2003 og 8,0 i 2004 til 8,4 i 2005. Totalt avlagde 60-studiepoengseiningar i finansieringssystemet har auka frå 62 166 i 2004 til 62 291 i 2005. Talet på utvekslingsstudentar har auka frå 2 083 i 2004 til 2 320 i 2005. Dette inkluderer ikkje individbaserte avtalar. Kunsthøgskolane er ikkje inkluderte i desse tala.

Samla er løyvinga til resultatbasert undervisningsfinansiering for statlege høgskolar redusert med 5,5 mill. kroner frå 2006 til 2007.

Post 52 Forskingsfinansiering statlege høgskolar

Posten omfattar midlar knytte til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga omfattar midlar til særskild finansiering av stipendiatstillingar og særskilde midlar til vitskapleg utstyr. For omtale av Strategisk høgskoleprogram administrert av Noregs forskingsråd, sjå omtale under kap. 281.

For 2007 er det foreslått å fase inn heil effekt av resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane, og blant dei statlege høgskolane er det mellom anna høgskolane i Agder, Bodø, Hedmark og Oslo som har gode resultat i omfordelinga.

I budsjettet for 2006 vart det oppretta 350 nye stipendiatstillingar. For statlege høgskolar er det lagt inn om lag 10 mill. kroner for å dekkje heilårsverknad av 34 stipendiatstillingar i budsjettet for 2007.

Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar løyvingane til statlege høgskolar med om lag 9,1 mill. kroner i 2007.

Tabell 4.13 Oppsummering løyvingsforslaget på kap. 275 post 50–52 (i 1 000 kr)

Statlege høgskolar

Basis

Utdanning

Forsking

Sum

Høgskolen i Agder

459 734

191 424

33 979

685 137

Høgskolen i Akershus

155 870

76 024

6 833

238 727

Høgskolen i Bergen

335 465

160 193

11 056

506 714

Høgskolen i Bodø

247 257

94 736

22 589

364 582

Høgskolen i Buskerud

144 354

63 322

9 078

216 754

Høgskolen i Finnmark

122 527

44 205

4 464

171 196

Høgskolen i Gjøvik

105 353

41 405

6 956

153 714

Høgskolen i Harstad

71 457

31 048

4 034

106 539

Høgskolen i Hedmark

219 546

100 277

16 407

336 230

Høgskolen i Lillehammer

123 457

69 759

11 850

205 066

Høgskolen i Molde

84 106

35 623

9 126

128 855

Høgskolen i Narvik

107 390

26 686

6 678

140 754

Høgskolen i Nesna

73 069

21 616

3 714

98 399

Høgskolen i Nord-Trøndelag

220 250

82 833

7 960

311 043

Høgskolen i Oslo

607 011

294 414

28 651

930 076

Høgskolen i Sogn og Fjordane

148 027

57 448

7 369

212 844

Høgskolen Stord/Haugesund

141 230

65 251

5 781

212 262

Høgskolen i Sør-Trøndelag

352 312

178 869

12 913

544 094

Høgskolen i Telemark

285 903

121 458

15 886

423 247

Høgskolen i Tromsø

161 732

75 515

5 088

242 335

Høgskolen i Vestfold

233 544

73 735

11 373

318 652

Høgskolen i Volda

126 278

68 042

9 508

203 828

Høgskolen i Østfold

263 182

98 928

9 645

371 755

Høgskolen i Ålesund

101 700

35 329

4 119

141 148

Samisk høgskole

47 651

3 525

4 761

55 937

Kunsthøgskolen i Bergen

75 144

75 144

Kunsthøgskolen i Oslo

185 575

185 575

Sum

5 199 124

2 111 665

269 818

7 580 607

Post 70 Basisfinansiering private høgskolar

Basisfinansieringa skal, saman med den resultatbaserte undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa, setje institusjonane i stand til å utføre verksemda si og ta vare på omsynet til stabilitet og langsiktig tenking, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Basisfinansieringa inneheld løyvingar til både undervisning og forsking. I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005–2006) vart det løyvd 12,5 mill. kroner til halvårseffekt av 500 nye studieplassar innanfor allmennlærar-, førskolelærar-, faglærar-, yrkesfaglærar- og praktisk-pedagogisk utdanning. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 1,5 mill. k­roner til vidareføring av 20 plassar ved Dronning Mauds Minne.

I 2006 vart det løyvd 16,7 mill. kroner til desentraliserte høgskoletilbod over kap. 281 post 01, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006). Departementet foreslår å leggje desse midlane inn i ramma til institusjonane. Med bakgrunn i dette foreslår Kunnskapsdepartementet å auke kap. 275 post 70 med kr 322 000 til Diakonhjemmet Høgskole, Rogaland.

I samband med vedtaket til Stortinget om utviding av siviløkonomutdanninga til fem år er budsjettramma til Handelshøyskolen BI auka med 4,7 mill. kroner til 78 nye studieplassar, jf. Innst. S. nr. 188 (2001–2002) og St.meld. nr. 11 (2001–2002).

I samband med revidert nasjonalbudsjett vart det løyvd 4 mill. kroner til private høgskolar, jf. St.prp. nr 66 (2005–2006). Midlane er vidareførte med heilårseffekt i 2007.

ABIOK-utdanningane (anestesi-, intensiv-, operasjons- og kreft- og barnesjukepleie) blir endra frå oppdragsfinansierte utdanninger til ordinære høgskolestudiar. Dette inneber at institusjonane får det faglege, administrative og finansielle ansvaret for utdanningene. I samband med dette er det overført 65 mill. kroner frå kap. 732 under Helse- og omsorgsdepartementet. Ved fordeling av beløp på institusjonar er det teke utgangspunkt i avlagd studiepoengproduksjon og motteke informasjon frå institusjonane.

Ansgar teologiske høgskole og Fjellhaug misjonshøgskole inkluderast i finansieringssystemet og det er etablert ein utgangsposisjon for undervisningskomponenten. Det er flyttet høvesvis 3,6 mill. kroner for Ansgar teologiske høgskole, og 2,3 mill. kroner for Fjellhaug misjonshøgskole frå basis- til undervisningskomponenten i budsjettet for 2007. Post 70 reduserast derfor med 5,9 mill. kroner mot tilsvarande auke på post 71.

NOKUT har vedteke å gjennomføre ei reakkreditering av studia ved Den Norske Balletthøgskole.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er budsjettramma for universitet og høgskolar redusert med 274,3 mill. kroner i 2007. Budsjettreduksjonen er teken i basisløyvinga til universitet og høgskolar, og ikkje i form av eit kutt i studieplassar. For dei private høgskolane er reduksjonen 4,5 mill. kroner, jf. omtale i kategoriinnleiinga.

Post 71 Resultatbasert undervisningsfinansiering private høgskolar

Posten omfattar resultatbaserte midlar til undervisning ved private høgskolar, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Løyvinga skal saman med basistilskottet finansiere undervisninga ved institusjonane og stimulere institusjonane til å nå dei måla som er sette for undervisning og studietilbod.

Talet på studiepoeng per student ved private høgskolar er redusert frå 41,2 i 2004 til 40,5 i 2005. Strykprosenten var 7,3 i 2005 mot 8,8 i 2003 og 8,7 i 2004. Totalt tal på avlagde 60-studiepoengseiningar i finansieringssystemet er redusert frå 15 194 i 2004 til 14 983 i 2005. Talet på utvekslingsstudentar er redusert frå 676 i 2004 til 651 i 2005. Dette inkluderer ikkje individbaserte avtalar.

I samband med at Ansgar teologiske høgskole og Fjellhaug misjonshøgskole blir inkluderte i finansieringssystemet reduserast post 70 med 5,9 mill. kroner mot tilsvarande auke på post 71, sjå omtale under post 70.

Samla er løyvinga til resultatbasert undervisningsfinansiering for private høgskolar redusert med 3,1 mill. kroner frå 2006 til 2007.

Post 72 Forskingsfinansiering private høgskolar

Posten inneheld midlar til strategisk forskingsløyving og midlar knytte til den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar. Den strategiske forskingsløyvinga inneheld midlar til særskild finansiering av stipendiatstillingar.

For 2007 er det foreslått å fase inn heilårseffekten av resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar, sjå nærmare omtale i kategoriinnleiinga. Det er ulik grad av resultatoppnåing på dei ulike indikatorane mellom institusjonane. Med unntak av Handelshøyskolen BI er det blant dei private høgskolane låge resultat på forskingsindikatorane.

I budsjettet for 2006 vart det oppretta 350 nye stipendiatstillingar. For private høgskolar er det lagt inn om lag 1,8 mill. kroner for å dekkje heilårsverknad av seks stipendiatstillingar i budsjettet for 2007.

Den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar aukar løyvingane til private høgskolar med om lag 0,3 mill. kroner i 2007.

Tabell 4.14 Oppsummering løyvingsforslaget på kap. 275 post 70–72 (i 1 000 kr)

Private høyskoler

Basis

Undervisning

Forsking

Sum

Ansgar teologiske høgskole

5 530

3 526

67

9 123

Baptistenes teologiske seminar

1 957

0

0

1 957

Barratt Due Musikkinstitutt

7 593

5 445

0

13 038

Bergen Arkitekt Skole

3 864

7 059

0

10 923

Betanien diakonale høgskole

11 902

7 992

0

19 894

Den Norske Balletthøyskole

752

6 808

0

7 560

Den norske Eurytmihøyskole

1 441

1 183

0

2 624

Diakonhjemmet høyskole, Oslo

29 280

30 149

1 185

60 614

Diakonissehjemmets høgskole

10 008

8 751

140

18 899

Dronning Mauds Minne høgskolen

38 296

22 502

577

61 375

Fjellhaug Misjonshøgskole

3 879

2 716

40

6 635

Handelshøyskolen BI

69 075

66 369

26 678

162 122

Høyskolen Diakonova

19 957

11 432

935

32 324

Høgskolen i Staffeldtsgate

8 497

0

0

8 497

Høgskulen landbruk og bygdenæringar

1 226

723

138

2 087

Lovisenberg diakonale høgskole

34 331

19 599

139

54 069

Mediehøgskolen Gimlekollen

5 897

5 329

28

11 254

Misjonshøgskolen

4 528

6 950

3 874

15 352

Norges Informasjonsteknologiske ­Høgskole

10 700

5 027

124

15 851

Norsk lærerakademi, Bachelor- og ­masterstudier

16 604

16 470

708

33 782

Norsk lærerakademi, Lærerhøgskolen

22 994

17 233

653

40 880

Norsk Reiselivshøyskole

1 863

5 984

40

7 887

Oslo markedshøyskole

813

9 250

103

10 166

Diakonhjemmet høyskole, Rogaland

14 196

13 834

129

28 159

Rudolf Steinerhøyskolen

4 619

4 650

0

9 269

Sum

329 802

278 981

35 558

644 341

Kap. 276 Fagskoleutdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Teknisk fagskoleutdanning

274 705

285 144

Sum kap. 276

274 705

285 144

Lov om fagskoleutdanning, som trådde i kraft i juni 2003, gjeld for korte yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse, og som har eit omfang som svarar til minimum eit halvt studieår og maksimum to studieår. Fagskoleutdanning skal vere eit sjølvstendig alternativ til høgre utdanning. Lova er ei overordna rammelov som gir tilbydarane stor fridom til å fastsetje innhaldet i utdanninga og å etablere formålstenlege ordningar lokalt.

Løyvinga på dette kapitlet gjeld teknisk fagskoleutdanning. Fagskolar som er godkjende etter lov om fagskoleutdanning og som får tilskott etter § 8.2, vil få tildelt midlar frå kap. 228 Tilskott til frittståande skolar o.a.

Fagskolar som var godkjende etter den tidlegare lova om teknisk fagskole, må ha søkt om godkjenning etter lov om fagskoleutdanning innan 10. november 2006 dersom dei ønskjer å drive vidare på same vilkår som tidlegare.

I Innst. O. nr. 1 (2004–2005) ber komiteen departementet vurdere om all yrkesretta utdanning ut over vidaregåande opplæring bør forankrast i fagskolelova. Komiteen bad vidare departementet leggje fram eiga sak for Stortinget med ei vurdering av finansieringsordninga for alle godkjende fagskolar og med klargjering av forholdet mellom vidaregåande skolar og fagskolar. Departementet vil fremme ein lovproposisjon for Stortinget våren 2007 og vil vurdere finansieringsordninga i samanheng med denne prosessen, slik det er varsla i Ot.prp. nr. 43 (2005–2006).

Post 70 Teknisk fagskoleutdanning

Teknisk fagskole er eit toårig tilbod om fagskoleutdanning i fylkeskommunal regi. Formålet med tilskottsordninga er å medverke til å utvikle korte, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningar ved å yte tilskott til fylkeskommunar som gir tilbod om teknisk fagskoleutdanning godkjend etter lov om fagskoleutdanning. Opplæring på fagskolenivå skal vere i samsvar med definerte behov i arbeidslivet. Opplysningar som skal innhentast for å klargjere måloppnåinga, er studenttal og fagområde som blir gitte innanfor teknisk fagskole. Tilskott blir gitt til fylkeskommunar som tilbyr teknisk fagskoleutdanning. Tilskottet blir utrekna på grunnlag av innrapporterte studenttal. Tilskottsmottakar må sende inn oversikt over studenttal før tilskottet blir rekna ut. Dei skal rapportere rekneskap og endeleg elevtal gjennom KOSTRA.

Talet på innrapporterte heiltidsstudentar i teknisk fagskoleutdanning var hausten 2005 3 072 studentar. Dette er ein nedgang med 340 heiltidsstudentar sidan hausten 2004. Pr. 19. september 2006 har 26 styrer for tilbydarane av dei tekniske fagskoleutdanningane søkt NOKUT om godkjenning av om lag 130 tilbod innanfor teknisk fagskoleutdanning. Av desse er 115 godkjende. NOKUT har fatta åtte negative vedtak, og sju saker er enno ikkje behandla.

Departementet foreslår ei løyving på 285,1 mill. kroner på kap. 276 post 70.

Kap. 278 Universitetet for miljø- og biovitskap

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

472 108

Sum kap. 278

472 108

Resultatrapport for 2005–06

Universitetet for miljø- og biovitskap har tilpassa studia til ny studiestruktur i tråd med Kvalitetsreforma. Det er ein svak nedgang i talet på studiepoeng per student frå 2004 til 2005, men tala har vore relativt stabile dei tre siste åra. Strykprosenten gjekk opp frå 6,5 i 2004 til 7,1 i 2005.

Det er ein auke på 61 i talet på kandidatar frå universitetet, frå 603 i 2004 til 664 i 2005.

Tala for opptak og søkning til studia ved universitetet har tilsynelatande auka monaleg. Auken kjem av at universitetet har endra registreringsprosedyren for opptak. I 2005 vart 916 studentar tekne opp, mot 743 i 2004. Talet på registrerte studentar ved universitetet auka frå 2 635 i 2004 til 2 784 i 2005. Universitetet vart i budsjettet for 2005 pålagt å redusere talet på studieplassar med 106.

Det har vore auke i totalt avlagde 60-studiepoengseiningar på 68 frå 2004 til 2005. Talet på utvekslingsstudentar har gått ned frå 248 i 2004 til 190 i 2005. I tillegg var det 41 utvekslingsstudentar på individbaserte avtalar i 2005. Det er talet på reisande inn som har gått ned.

Universitetet for miljø- og biovitskap har følgt opp Kvalitetsreforma på ein god måte. Universitetet har vedteke ny strategisk plan for forskinga, og hovudprioriteringane er mat, natur og helse. Universitetet tildeler planmessig forskingsressursar til prioriterte område. Universitetet er vertskap for SFF Aquaculture Protein Centre og FUGE-senteret Centre for integrative genetics. Institusjonen hadde i 2005 tal for vitskapleg publisering på nivå med gjennomsnittet for dei vitskaplege høgskolane og universiteta. På grunn av større endringar i publiseringskanalar som vart inkluderte, kan data for 2004 og 2005 ikkje samanliknast.

I 2005 vart det avlagt 49 doktorgradar ved universitetet, og dette er ein auke på ni frå 2004. Gjennomstrøyminga er likevel framleis for låg, og universitetet har ikkje tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving til. Universitetet samarbeider i stor grad med omkringliggjande utdannings- og forskingsinstitusjonar og har lagt godt til rette for kommersialisering av forskingsresultat. Universitetet har lange tradisjonar for internasjonalisering, og særleg for utdanningssamarbeid med utviklingsland. Potensialet i utveksling av studentar og fagleg tilsette er likevel framleis stort.

Universitetet har oppretta teknologioverføringskontor (TTO) og samarbeider lokalt med andre institusjonar for å kommersialisere forskingsresultat. Verksemda ved TTO ved universitetet er framleis i ein tidleg fase, og det er for tidleg å evaluere resultat av satsinga.

Departementet har trekt tilbake fullmakta til å opprette nye selskap eller kjøpe aksjar i eksisterande selskap for Universitet for miljø- og biovitskap. Departementet vurderer fullmaktene til institusjonen.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 271.

Kap. 279 Noregs veterinærhøgskole

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Statstilskott

202 309

Sum kap. 279

202 309

Resultatrapport for 2005-06

Talet på studiepoeng per student ved Noregs veterinærhøgskole (NVH) er høgt og auka frå 55,1 i 2004 til 56,6 i 2005. Søkninga til studium ved høgskolen er framleis høg, og talet på registrerte studentar auka frå 385 i 2004 til 399 i 2005. Talet på opptak av nye studentar gjekk ned frå 109 i 2004 til 85 i 2005. Dette skriv seg frå reduksjon i talet på studieplassar i statsbudsjettet for 2005 og feil i innrapporterte tal hausten 2004. Talet på kandidatar gjekk ned frå 67 i 2004 til 55 i 2005. Strykprosenten ved høgskolen auka frå 6,9 i 2004 til 7,9 i 2005. Mannlege søkjarar får to ekstra studiepoeng ved opptak til studia. Delen menn blant studentane har auka, sjølv om fleirtalet av kvinner framleis er stort. Det har vore ein auke i totalt avlagde 60-studiepoengseiningar på 20 frå 2004 til 2005.

Utveksling av studentar ved Noregs veterinærhøgskole er låg, og studentane manglar høve til å avleggje eksamenar i utlandet. Dette er ikkje i tråd med intensjonen i Kvalitetsreforma. Når det gjeld dei vitskapleg tilsette, er utvekslinga betre. Høgskolen har følgt opp dei øvrige intensjonane i Kvalitetsreforma på ein god måte.

Gjennomføringa av studia ved NVH er god. Veterinærutdanninga ved Noregs veterinærhøgskole har unntak frå den ordinære studiestrukturen. For å sikre meir lik arbeidsbelastning og progresjon i studia har høgskolen gjennomført modulisering av studia.

Noregs veterinærhøgskole har gjort tydelege grep for å følgje opp konklusjonane i fleire evalueringar som viser at høgskolen har for mange små og sårbare faggrupper innanfor forsking. Høgskolen har mellom anna slått saman fleire institutt, etablert tverrfaglege grupper og styrkt fagleg leiing på instituttnivå.

Talet på avlagde doktorgradar gjekk ned med ein frå 2004 til 2005. Høgskolen vil arbeide med å betre gjennomstrøyminga. Høgskolen har tilsett stipendiatar i alle stillingane dei har løyving til. Høgskolen hadde i 2005 låge tal for vitskapleg publisering samanlikna med gjennomsnittet for universiteta og dei andre vitskaplege høgskolane. På grunn av større endringar i publiseringskanalar som vart inkluderte, kan data for 2004 og 2005 ikkje samanliknast.

Noregs veterinærhøgskole har eit breitt samarbeid med sentrale organisasjonar og aktørar på fagfeltet og har òg sett i gang eit arbeid med å utvikle infrastruktur for mellom anna kommersialisering av forskingsresultat.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 272.

Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter

336 654

327 260

309 808

21

Særskilde driftsutgifter

17 391

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

10 800

13 064

14 151

51

Senter for internasjonalisering av høgre utdanning

21 800

36 897

70

Tilskott til utgiving av lærebøker

4 000

73

Tilskott til internasjonale program

65 088

72 106

11 200

74

Tilskott til UNIS

77 668

94 885

75 474

75

UNINETT

20 900

34 169

22 867

76

Tilskott til NORDUnet , kan overførast

12 859

16 279

16 898

78

Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

7 364

11 728

12 174

79

Ny universitetsklinikk i Trondheim , kan overførast

320 000

279 672

263 652

Sum kap. 281

872 724

870 963

763 121

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten skal nyttast til fellestiltak i universitets- og høgskolesektoren som medverkar til kvalitetsutvikling, kvalitetssikring og samordning av prioriterte områder.

I høve til budsjettet for 2006 er det gjort me­llom anna følgjande tekniske endringar:

  • Løyvinga på post 01 er redusert med 2,5 mill. kroner i samband med at midlar til gratis inngang til universitetsmusea er lagde inn i ramma til universiteta over kap. 271 post 50.

  • Post 01 er redusert med 30,9 mill. kroner i samband med at midlar til 500 nye studieplassar i lærarutdanningane blir fordelte på dei respektive rammene til institusjonane.

  • Post 01 er redusert med 3,4 mill. kroner i samband med at midlar til husleige til Møre og Romsdal fylkeskommune (Fogdegården) blir løyvde over kap. 275 post 50.

  • Post 01 er redusert med 16,4 mill. kroner i samband med at midlar til desentralisert utdanning er lagde inn i ramma til dei respektive institusjonane.

  • Post 01 er redusert med kr 648 000 mot tilsvarande auke på kap. 272 post 50 i samband med at Norges musikkhøgskole får ansvar for å fordele midlar til to musikkstipendiatstillingar.

  • Post 01 er redusert med 4,1 mill. kroner i samband med at midlar til forkurs i ingeniørutdanning blir løyvde over kap. 275 post 50.

  • Post 01 er redusert med kr 100 000 mot tilsvarande auke på kap. 275 post 50 i samband med at Høgskolen i Nord-Trøndelag får auka løyving for å dekkje eigendel for studentar som studerer sørsamisk ved HiNT.

Resultatrapport for 2005–06 og budsjettforslag for 2007

Realfagsatsing

Ei kartlegging som RENATE har gjennomført, syner at forkurs har mykje å seie for rekrutteringa til ingeniørutdanninga. Departementet tildelte i 2006 4 mill. kroner over kap. 281 post 01 for å auke omfanget av forkurs. Midlane er vidareført og lagde inn i rammene til den einskilde institusjonen i 2007.

Via høgskolane i Gjøvik og Hedmark er det i tillegg tildelt kr 300 000 til forkurs tilrettelagde for kvinner ved Kvinneuniversitetet, jf. omtale under kategoriinnleiinga. Med atterhald om Stortingets vedtak er det gitt tilsegn om midlar òg i 2007.

Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) på Andøya er eit senter for alle utdanningsnivå. Det har som mål å medverke til å sikre rekruttering i norsk romverksemd, samt skape auka interesse for real- og teknologifag.

NAROM vart tildelt 5 mill. kroner i 2006. Departementet foreslår å føre tildelinga vidare i 2007.

Lærarutdanning

Departementetforeslår å tildele 36,7 mill. kroner til ulike tiltak innanfor lærarutdanning i 2007. Om lag 11 mill. kroner av dette gjeld nye utviklingsprosjekt. Saman med relevante aktørar vil departementet setje i gang to typar pilotprosjekt: den eine for å utvikle nye modellar for kontakt og samhandling mellom skole-/barnehageeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane på eit breitt felt av felles oppgåver, den andre for å få opp gode organisasjonsmodellar for praksis, der ansvars- og samarbeidsrelasjonar er klare.

I 2005 og 2006 er tildelinga til Utdanningsdirektoratet på 11,5 mill. kroner til rettleiing av nyutdanna lærarar, 4,7 mill. kroner for etterutdanning av lærarar og 2,8 mill. kroner til styrking av kvaliteten i praksisopplæringa ført vidare. Noregs forskingsråd er tildelt 23 mill. kroner til eit forskingsprogram om praksisretta FoU i grunnopplæring og lærarutdanning, jf. omtale under kap. 274. I tillegg har departementet tildelt midlar til blant anna studietilbod for minoritetsspråklege lærarar, ein FoU konferanse for fagpersonale i lærarutdanningane og eit nettbasert vidareutdanningstilbod for å kvalifisere personar med minst treårig pedagogisk utdanning som manglar førskolelærarkompetanse. Noregs teknisk-naturvitenskaplege universitet og Høgskolen i Sør-Trøndelag er tildelt midlar for å førebu og prøve ut oppstart av eit samarbeidsprosjekt om treårig yrkesfaglærarutdanning.

Kunstutdanningar

Departementet har oppretta eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid i tråd med St.meld. nr. 18 (2001–2002). Programmet er ope for alle kunst- og musikkfaglege miljø i Noreg. Hausten 2006 er det midlar til 17 stipendiatstillingar under dette programmet. Programmet er ein parallell til det ordinære doktorgradsprogrammet og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis. For dei fem stipendiatstillingane som vart oppretta i 2006 er det lagt inn midlar for å dekkje heilårsverknaden i 2007.

Departementet tildelte 4 mill. kroner i 2006 til eit talentutviklingsprogram i musikk jf. St.meld. nr. 18 (2001–2002). Programmet er eit treårig forsøksprosjekt mellom Noregs musikkhøgskole, dei tidlegare konservatoria, musikk- og kulturskolar, samt vidaregåande opplæring, der dei høgre lærestadene får ansvar for å ta vare på musikktalent under 19 år. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga i 2007.

Internasjonalisering

Bologna-prosessen er eit samarbeid mellom 45 land der målet er å etablere eit europeisk område for høgre utdanning innan 2010. Ministermøtet i Bergen i 2005 var eit viktig steg på vegen, med ei rekkje vedtak og prioriteringar som er styrande for utviklinga vidare. Noreg held fram med å spele ei aktiv rolle i prosessen fram mot det neste minister­møtet i London i mai 2007.

Den nordiske avtalen om åtgang til høgre utdanning vart drøfta på ministermøtet 1. september i år. Dei nordiske utdanningsministrane tek sikte på å forlengje avtalen formelt for nye tre år på neste ministermøte i november 2006. Avtalen inneber at søkjarar som er busette i eit anna nordisk land, skal ha tilgjenge til offentleg høgre utdanning på same eller likeverdige vilkår som søkjarane i landet. Partane skal betale godtgjering for sine eigne studentar i andre land. Departementet utbetalte 32 mill. kroner i samband med avtalen i 2006.

Forsking og formidling

Hausten 2004 vart det sett ned eit utval som skal greie ut rolla til universitetsmusea i den nasjonale museumspolitikken. Utvalet har no avgitt innstillinga si. Sjå kategoriinnleiinga for nærmare omtale.

Museumsprosjektet har medverka til å gi nasjonal tilgang til informasjon om kultur- og naturarven vår gjennom å digitalisere vitskaplege samlingar ved universiteta. Museumsprosjektet vart tildelt 3 mill. kroner i 2005, og tildelinga vart ført vidare i 2006. Departementet avviklar tildelinga i budsjettet for 2007, og midlane blir nytta til styrking av Artsdatabanken, jf. omtale under.

Artsdatabanken vart etablert i 2003 og er ei uavhengig eining ved Vitskapsmuseet ved NTNU. Artsdatabanken skal gi ei elektronisk oversikt med informasjon om biologiske artar i Noreg til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke tildelinga til Artsdatabanken med 3 mill. kroner i 2007, til totalt 12,8 mill. kroner.

Departementet tildelte 2,5 mill. kroner over kap. 281 til forskingsprogrammet Kunnskap, utdanning og læring i regi av Noregs forskingsråd i 2006. Departementet foreslår å føre tildelinga vidare i 2007.

Det vart tildelt 30 mill. kroner til forskingsprogram for statlege høgskolar i 2006. Programmet er administrert av Noregs forskingsråd. Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga med 10 mill. kroner i 2007, jf. kap. 286 post 50.

Departementet tildelte 3,5 mill. kroner til forskingsprogrammet Mobilisering av FoU-relatert innovasjon (MOBI) i 2006. Tiltaket blir ført vidare i det nye forskingsprogrammet Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) frå 2007.

Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. I samband med endringane i universitets- og høgskoleloven har universitet og høgskolar fått auka ansvar for kommersialisering av oppfinningar frå tilsette ved institusjonane. Departementet tildelte 6 mill. kroner til FORNY-programmet over kap. 281 i 2006. Departementet foreslår å føre løyvinga vidare i 2007.

I perioden 2006–08 finansierer Kunnskapsdepartementet tre strategiske instituttprogram ved NIFU STEP. Desse er Kompetansebygging og kunnskapsbehov i arbeidslivet, Individuelle val og institusjonelle strategiar i høgre utdanning og Studiar av internasjonale utviklingstendensar i høgre utdanning. Prosjektet som vurderer arbeidsmarknaden for kandidatar med høgre utdanning, og programmet for å måle fullføringsgraden i utdanningssystemet i regi av NIFU STEP, vart førte vidare i 2006. Programma vil bli førte vidare i 2007.

Departementet samarbeidde også i 2006 med Statistisk sentralbyrå (SSB) om modellar for framtidige tilbod og behov i arbeidsmarknaden. Samarbeidet mellom departementet og Statisktisk sentralbyrå vil bli halde fram i 2007.

Andre utdanningstiltak

Departementet foreslår å løyve 4,5 mill. kroner til drift av trafikkflygarutdanning ved Norwegian Aviation College (NAC) i Bardufoss i 2007. Tildelinga til NAC i 2005 vart klaga inn for EFTA Surveillance Authority (ESA), jf. St.prp. nr. 66 (2005–2006). Departementet er i kontakt med ESA for å sikre at framtidige utbetalingar til NAC er i samsvar med EØS-avtala.

Noregsuniversitetet (NUV) skal fremme utviklinga av fleksibel og livslang læring, samt kunnskapsgenerering, kunnskapsspreiing og informasjon om slike tilbod. Noregsuniversitetet skal vidare arbeide for å styrkje og utvikle nettverk og samhandling mellom høgre utdanning og arbeidslivet, greie ut spørsmål av nasjonal interesse på oppdrag frå departementet, samt gi råd til sentrale styresmakter innanfor virkeområdet sitt.

NUV vart tildelt 19 mill. kroner over kap. 281 post 01 i 2006. Det er nytta 11 mill. kroner til 40 prosjekt ved norske lærestader til utvikling av fleksible studietilbod. Det er òg brukt midlar til informasjonsspreiing, samt møteplass- og nettverksbygging blant anna gjennom Nettverk for fleksibel og livslang læring, som vart etablert i 2005. Departementet foreslår å tildele 19,4 mill. kroner til NUV i 2007. Løyvinga skal finansiere prosjektmidlar, særskilde tiltak som spesialkompetansegrupper, arbeid med dei fire funksjonsområda som er omtalte ovanfor, samt dekkje utgifter til sekretariatet og arbeidet til styret.

Samordna opptak (SO) koordinerer opptak til høgre utdanning. SO er lagt til Universitetet i Oslo, men er organisert i samsvar med § 1-4 (4) i universitets- og høgskoleloven. SO vart tildelt 22,1 mill. kroner i 2006. Departementet foreslår å tildele 22,8 mill. kroner til SO i 2007. Tildelinga skal også dekkje eit halvt årsverk knytt til SO sin Vurderingsteneste.

Organisasjonen BIBSYS driv eit felles biblioteksystem for fag- og forskingsbibliotek. Deltakarbiblioteka betaler i stor grad sjølv drifta av BIBSYS, men departementet har gitt eit årleg tilskott på 3 mill. kroner. Totalomsetninga for BIBSYS var om lag 34 mill. kroner i 2005. Det har vore gjennomført ei utgreiing av BIBSYS’ framtidige organisering av eit utval med representantar frå biblioteka i universitets- og høgskolesektoren, Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling. Utgreiingsutvalet foreslo å gjere om BIBSYS til aksjeselskap. Departementet har gått gjennom utgreiinga og høringsutsegnene og tek sikte på å vidareføre BIBSYS som eit forvaltingsorgan, men vil etter dialog med sektoren ta nærmare stilling til organisering og styring av verksemda.

Kvalitet i høgre utdanning

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er eit uavhengig statleg organ som har til formål å utvikle og kontrollere kvaliteten ved norske høgre utdanningsinstitusjonar, både statlege og private. NOKUT har i 2005 handsama søknader om akkreditering av studietilbod både ved private og statlege høgre utdanningsinstitusjonar, samt søknader om godkjenning av fagskoleutdanning. I tillegg har NOKUT handsama søknader om endring av institusjonskategori for fleire institusjonar, gjennomført evaluering av kvalitetssikringssystem for ei rekkje institusjonar og avslutta ei større fagevaluering. NOKUT har dessutan informert om kvaliteten på utanlandsk utdanning og gitt generell godkjenning av høgre utdanning som er teken i utlandet. Det vil i 2007 bli gjennomført ei ekstern evaluering av NOKUT. For nærmare omtale av verksemda, sjå kategoriinnleiinga.

NOKUT vart tildelt til saman 40,8 mill. kroner i 2006. Departementet foreslår å tildele 41,6 mill. kroner til NOKUT i 2007.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga blir nytta til større investeringar. Departementet fordeler løyvinga på universitet og høgskolar. I 2005 vart 6,3 mill. kroner tildelte ulike vedlikehaldstiltak ved Universitetet i Oslo, Universitetet for miljø- og biovitskap og Noregs veterinærhøgskole. Vidare fekk Høgskolen i Hedmark 3 mill. kroner til kjøp av utstyr, og Noregs idrettshøgskole fekk 1,5 mill. kroner til utbygging av kontorareal.

Departementet foreslår ei løyving på 14,2 mill. kroner til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald i 2007.

Post 51 Senter for internasjonalisering av høgre utdanning

Resultatrapport for 2005–06

Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) har fem hovudområde for virket sitt: programdrift, profilering av norsk høgre utdanning og norske universitet og høgskolar i utlandet, informasjon, kompetansebygging og rådgiving. SIU er nasjonalkontor for EU-programma Sokrates, Erasmus Mundus og E-læringsprogrammet og har fleire andre mindre oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. I tillegg forvaltar SIU fleire utdannings- og forskingsprogram for Utanriksdepartementet og NORAD.

SIU driv programma på ein god måte, og EU-programma som SIU administrerer, har ei god og dels stigande deltaking i 2005. For omtale av resultata for Sokrates og Erasmus Mundus, sjå kap. 281 post 73; for e-læringsprogrammet, sjå omtale under kap. 226 post 21.

Profileringsarbeidet har komme godt i gang, og SIU har utarbeidd ein ny nettstad for profilering av høgre utdanning. Han vart opna 31. oktober 2005 og har adresse www.studyinnorway.no. Vidare har SIU i 2005 gitt ut ein informasjonsbrosjyre Guide to Higher Education in Norway, oppdatert katalogen over engelskspråklege mastergradsprogram ved norske universitet og høgskolar og delteke på ei rekkje utdanningsmesser i utlandet.

På informasjonsområdet har SIU gitt ut magasina Itinera og Global Knowledge og arbeider med å oppgradere nettsidene sine for at dei skal bli meir målgrupperetta og nyheitsorienterte. SIU har arrangert ei rekkje konferansar og kontaktseminar for sektoren, samt programretta erfarings- og søkjarseminar.

Frå 1. januar 2006 vart SIU omdanna til forvaltningsorgan med særskilde fullmakter.

Løyvinga til SIU vart styrkt med 1,6 mill. kr­oner i 2006, og SIU vart tildelt i alt 21,8 mill. kroner i 2006.

Resultatmål for 2007

SIU skal syte for god og brei deltaking i dei utdanningsprogramma SIU har ansvaret for. I 2007 er det særleg viktig å få til ein god overgang frå dei noverande utdanningsprogramma til det nye EU-programmet for livslang læring. Utvikling av eit programadministrativt system som vil gjere det lettare å få ut betre styringsinformasjon, er òg viktig.

Profileringsarbeidet må byggjast ut ved oppdatering og utviding av studyinnorway-nettsidene, utvikling av nytt materiell, deltaking på messer og andre tiltak. På informasjonssida er det viktig med betre nettsider og meir informasjon om nyhende av relevans for feltet SIU har ansvaret for. Meir kompetansebygging for institusjonane i sektoren er også naudsynt. I tillegg bør SIU medverke til å utvikle betre styringsinformasjon om internasjonaliseringsarbeidet i sektoren.

Budsjettforslag for 2007

Regjeringa går inn for at Noreg skal delta i EU sitt handlingsprogram for livslang læring (LLP) 2007–13. Det er ei vidareføring og vidareutvikling av samtlege av dei EU-programma på utdanningsområdet som Noreg deltek i i dag, sjå omtale under kap. 252. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) skal vere nasjonalkontor for LLP. Midlane som i dag blir brukte til å administrere Leonardo da Vinci-programmet, blir derfor overførte frå Stiftelsen Teknologisk Institutt (TI) til SIU frå 1. januar 2007. Dei medarbeidarane ved TI som i dag arbeider med dette programmet, har fått tilbod om stilling ved SIU frå same tidspunkt. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 281 post 51 med 7,4 mill. kroner mot ein motsvarande reduksjon på kap. 225 post 72.

Av forslaget til løyving er 0,4 mill. kroner knytt til administrasjon av programma Europass og E-læring er overført frå kap. 226 post 21.

1 mill. kroner for ein nasjonal ekspert knytt til Sokrates-programmet er overført til kap. 252 EUs handlingsprogram for livslang læring.

EUs handlingsprogram for livslang læring medfører auka administrasjonsutgifter for dei nasjonale kontora. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga til SIU med 5 mill. kroner i budsjettet for 2007.

Departementet foreslår å overføre 2,5 mill. kr­oner knytt til Gjør det!-programmet frå kap. 225 post 72.

Departementet foreslår ei løyving til SIU på til saman 36,9 mill kroner.

Post 73 Tilskott til internasjonale program

Frå 2007 er målet med tilskottet å leggje til rette for norsk deltaking i Erasmus Mundus-programmet og nokre mindre aktivitetar på utdanningsområdet for å oppnå internasjonalisering av norsk høgre utdanning. Midlane til kontingent for Sokrates og mindre tiltak Noreg deltek på gjennom EØS-avtalen, er overførde til EUs nye program for livslang læring, sjå omtale under kap. 252 post 70.

Rapport for 2005–06

Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i alle EUs utdanningsprogram. 31 land er med i programma. I 2005 var norsk tilskott til EU-kontingent for programma Sokrates og Erasmus Mundus, Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004, generelle EU-tiltak i utdanningspolitikken og andre mindre aktivitetar på 62,3 mill. kroner. For omtale av Leonardo da Vinci, sjå kap. 225 post 72. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er nasjonalkontor for Sokrates og Erasmus Mundus, sjå omtale under post 51.

I Erasmus Mundus, som omfattar fellesgradar på masternivå og stipendprogram for studentar og forskarar frå land utanfor EU/EØS, går det svært godt frå eit norsk synspunkt. Frå hausten 2006 deltek norske institusjonar som partnarar i elleve konsortium. Universitetet i Oslo koordinerer konsortiet Higher Education Erasmus Mundus Mastergrad. I tillegg koordinerer NTNU og UiT kvart sitt nettverk som skal syne partnarar frå Russland, Canada og USA at europeisk høgre utdanning er attraktiv.

Sokrates omfattar samarbeid på alle nivå i utdanningssystemet.

I skolesamarbeidet, Comenius, fekk i alt 217 norske skolar støtte i 2005–06: 157 til europeiske skolepartnarskap, 15 til språkprosjekt og 45 til skoleutviklingsprosjekt, det vil seie det same nivået som i 2004–05. Dette omfattar i alt om lag 10 800 elevar og 1 300 lærarar. I tillegg fekk 96 lærarar stipend for etterutdanning i utlandet (56 i framandspråk og 40 i andre fag).

I Grundtvig (vaksenopplæring og alternative utdanningsvegar) var norske institusjonar med i 21 lærings­partnarskap i 2004–05 og 36 i 2005–06.

I Erasmus (høgre utdanning) var det i 2004–05 igjen auke både i talet på inn- og utreisande studentar og i lærarutvekslinga, sjå tabell 4.15 og 4.16. Tabellane følgjer det akademiske året som ligg til grunn for EU-kommisjonens budsjett.

Tabell 4.15 Erasmus-studentar

År

Inn

Ut

1992–93

155

474

1994–95

554

980

1995–96

727

1 212

1998–99

983

1 101

2001–02

1 100

970

2002–03

1 244

1 010

2003–04

1 523

1 156

2004–05

1 841

1 279

Tabell 4.16 Lærarutveksling gjennom Erasmus

År

Inn

Ut

2000–011

165

171

2002–03

175

233

2003–04

197

245

2004–05

290

295

1  2001–01 er første året lærarutvekslinga vart administrert nasjonalt.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår ei løyving på 11,2 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje kontingentutgiftar til EU-programmet Erasmus Mundus og andre mindre aktivitetar på utdanningsområdet. 64,8 mill. kroner knytte til kontingentutgift for Sokrates-programmet er overførde til kap. 252 post 70.

Post 74 Tilskott til UNIS

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) vart oppretta som eit statleg aksjeselskap 29. november 2002. Selskapet avløyste stiftinga Universitetsstudia på Svalbard, som vart oppretta av dei fire daverande norske universiteta i 1994. Eigarinteressene til staten blir forvalta av Kunnskapsdepartementet.

Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at UNIS kan gi studietilbod på universitetsnivå og drive forsking med utgangspunkt i at Svalbard er geografisk plassert i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til universiteta på fastlandet.

Universitetssenteret på Svalbard har gitt gode resultat med omsyn til undervisning, forsking og bidrag til lokalsamfunnet i Longyearbyen. UNIS har fire studieretningar: arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. Studentaktiviteten utgjorde 126 60-studiepoengseiningar i 2005. 46 pst. av studentane var norske. I 2005 var det 39 studentar som arbeidde med masteroppgåve og 31 registrerte doktorgradsstudentar ved UNIS.

Svalbard Forskingspark er ei samlokalisering av alle dei akademiske miljøa i Longyearbyen og omfattar mellom anna kontor, undervisningsrom og laboratorium for UNIS, Svalbard Museum, samt felles lager og verkstader for UNIS og Norsk Polarinstitutt. I november 2005 vart lokala i Svalbard Forskingspark tekne i bruk.

Resterande utstyrsmidlar til nytt bygg vart løyvd i 2006. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 23,6 mill. kroner i samband med at midla blir fasa ut i 2007. For fem stipendiatstillingar oppretta i 2006 er det lagt inn midlar til heilårsverknad i budsjettet for 2007. Departementet foreslår ei løyving på 75,5 mill. kroner til UNIS i 2007.

Post 75 Tilskott til UNINETT

UNINETT AS er organisert som eit statleg aksjeselskap, der Kunnskapsdepartementet forvaltar eigarinteressene til staten.

Formålet med tilskottsordninga er å vidareutvikle eit landsomfattande elektronisk datanett for forsking og utdanning.

Den primære målgruppa er institusjonar i universitets- og høgskolesektoren som er underlagde Kunnskapsdepartementet, samt andre institusjonar som får høve til å nytte tenestene til selskapet. Vidare kan UNINETT tene andre institusjonar av ikkje-kommersiell art som har tilknyting til forsking og/eller utdanning.

UNINETT Sigma AS vart stifta 2. desember 2004 og sett i operativ drift frå 1. januar 2005. UN­INETT Sigma AS er eit dotterselskap av UN­INETT AS og har ansvar for operativ drift og utvikling av norsk tungrekning. Ved utgangen av 2005 hadde UNINETT AS 42 tilsette. I konsernet var det totalt 64 tilsette. Ved utgangen av 2005 hadde UNINETT 208 institusjonar tilslutta forskingsnettet. Dette er ein auke på fem institusjonar sidan slutten av 2004. UNINETT har vidareført arbeidet med utbygging av gigabitkapasitet i forskingsnettet. Nokre få står att, mens dei tyngste langdistansetrekka med gigabitkapasitet står framfor nye oppgraderingar.

Gigacampus-prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom UNINETT og universitets- og høgskolesektoren. Prosjektet skal gi standardisert opprusting av den lokale campusinfrastrukturen og den lokale IKT-kompetansen ved institusjonane. Departementet legg til grunn fortsatt utbygging av nettinfrastrukturen ved norske forskingsinstitusjonar. Ei satsing på 10 mill. kroner til utbygging av forskingsnettet til gigabit-kapasitet blir ført vidare. I 2006 øyremerkte departementet totalt 15 mill. kroner av løyvinga til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren til Gigacampus-prosjektet, jf. St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet. Midlane vil bli øyremerkte i rammene til institusjonane også i 2007. I 2006 vart 12,6 mill. kroner lagde inn som eingongsløyving til Gigacampus-prosjektet gjennom UNINETT. Denne løyvinga blir tatt ut i 2007. Departementet foreslår ei løyving på 22,9 mill. kroner til UN­INETT i 2007.

Post 76 Tilskott til NORDUnet, kan overførast

NORDUnet AS er ein nordisk nettverksorganisasjon som skal sikre felles nettinfrastruktur for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane, samt knyte dei til internasjonale nett og nett-tenester. Siktemålet er å gi nettbrukarane i dei nordiske landa høgre kvalitet og lågare pris på nett og nett-tenestene enn det dei nasjonale nettverksorganisasjonane kan realisere på eiga hand.

NORDUnet er organisert som eit aksjeselskap, som dei nasjonale nettverksorganisasjonane eig. Aksjeselskapet er underlagt dansk lovgiving. UN­INETT AS forvaltar dei norske interessene i sel­skapet.

Kostnadene knytte til samarbeidet i NORDUnet blir delte mellom medlemslanda etter brutto nasjonalprodukt.

Den årlege veksten i nettverkstrafikken var på om lag 51 pst. i 2005. Den store kapasiteten og dubleringane i nettet sikra pålitelege og raske tenester. I 2005 arbeidde NORDUnet med å førebu nettverket NORDUfibre basert på fiberoptisk kommunikasjon. NORDUnet og dei nordiske forskingsnetta deltek aktivt i den europeiske nettutviklinga.

Departementet foreslår ei løyving på 16,9 mill. kroner til NORDUnet i 2007.

Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet

Universitets- og høgskolerådet (UHR) er eit fellesorgan for statlege institusjonar innanfor høgre utdanning. Formålet med tilskottet er å fremme koordinering og arbeidsdeling i universitets- og høgskolesektoren innanfor prioriterte arbeidsområde knytte til forsking, utdanning og internasjonalisering.

Ein viktig del av arbeidet i UHR i 2005 har vore å etablere om lag 50 karakterpanel for nasjonal harmonisering av karakterbruk. UHR har i 2005 også arbeidd med utvikling av eit system for ein ny formidlingskomponent. Departementet foreslår ei løyving på 12,2 mill. kroner til Universitets- og høgskolerådet i 2007, hvorav 4,2 mill. kroner er øremerka tilskott til utgiving av lærebøker.

Post 79 Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast

Stortinget vedtok våren 2002 å setje i gang utbygging av ny universitetsklinikk i Trondheim. Utbygginga er delt inn i to byggefasar og skal innehalde areal til sjukehus-, universitets- og høgskoleformål i en integrert universitetsklinikk. Formålet med tilskottet er å finansiere universitets- og høgskoledelen av klinikken.

Første byggefase blir ferdig hausten 2006 og omfattar mellom anna Laboratoriesenteret, Kvinne–barn–senteret og Nevrosenteret. Det er forventa at kostnadene for byggfase ein blir realisert innanfor styringsramma, dvs. under vedteken kostnadsramme.

Byggefase to er sett i gang og omfattar Administrasjonsbygget, Bevegelsessenteret, Gastrosenteret, Kunnskapssenteret, Akuttsenteret/Hjerte–lungesenteret og andre fase av Laboratoriesenteret.

Det er lagt til grunn at universitets- og høgskoleareala i fase to blir finansiert over Kunnskapsdepartementets budsjett i høve til delen av totalt areal i dei ulike fasane, men avgrensa til maksimalt 1 135 mill. kroner (prisnivå desember 2004), jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005) og St.prp. nr. 65 (2004–2005). Arealramma for universitets- og høgskoledelen av byggprosjektet utgjer 49 500 kvm der om lag 22 500 kvm skal realiserast i fase to i tillegg til felles teknisk infrastruktur.

Departementet utbetalte i 2005 320 mill. kroner til Helse Midt-Noreg RHF til utbygging av universitets- og høgskoledelen av St. Olavs hospital.

Sjå også omtale av byggjeprosjektet i St.prp. nr. 1 (2006–2007) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 732.

Forslaget til løyving for 2007 til utbygging av universitets- og høgskoledelen av universitetsklinikken i Trondheim i 2007 er på om lag 263,7 mill. kroner. For omtale av utstyr til universitets- og høgskoledelen av klinikken, sjå kap. 271.

Kap. 3281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Inntekter frå oppdrag

17 433

02

Salsinntekter o.a.

1 463

10

10

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

43

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

337

18

Refusjon av sjukepengar

221

Kap. 282 Privat høgskoleutdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

70

Tilskott

621 428

Sum kap. 282

621 428

Rapport for 2005–06

Det teologiske Menighetsfakultet fekk løyving over kap. 282 i 2005. Resultatrapporteringa for 2005–06 inkluderer derfor også Det teologiske Menighetsfakultet.

1. januar 2003 vart det innført ei ordning med institusjonsakkreditering av dei private høgskolane. NOKUT har ansvaret for denne ordninga. Akkrediteringsordninga er ei generell godkjenningsordning, som legg til rette for at private høgskolar kan få fagleg eigenforvaltning på linje med den som statlege institusjonar har. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2004–2005) for Utdannings- og forskingsdepartementet.

I budsjettet for 2006 fekk Handelshøgskolen BI fire doktorgradsstillingar og Misjonshøgskolen i Stavanger to. Sjå elles omtale under kap. 275.

Diakonhjemmet Høgskole og Rogaland Høgskole vart frå 1. januar 2006 organiserte som ein høgskole med to studiestader, Oslo og Rogaland. Det nye namnet er Diakonhjemmet Høgskole Oslo-Rogaland.

Rogaland Høgskole fekk 1,3 mill. kroner til nye studieplassar til vernepleiarutdanninga, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006).

I forbindelse med handsaminga av St.prp. nr. 65 (2005–2006) jf. Innst. S. nr. 205 (2005–2006), vart det løyvd 4 mill. kroner for å styrkje helse- og omsorgs- og lærarutdanningane. Midlane vart fordelte til Høgskolen Diakonova med 1 mill. kroner, til Lovisenberg diakonale høgskole med 2 mill. kroner, kr 200 000 til Norsk Lærerakademi Bachelor- og masterstudier, kr 200 000 til Norsk Lærerakademi Lærerhøgskolen, kr 500 000 til Betanien diakonale høgskole og kr 100 000 til Dronning Mauds Minne, høgskole for førskolelærarutdanning.

Talet på studiepoeng per student ved private høgskolar er redusert frå 40,8 i 2004 til 40,5 i 2005. Strykprosenten var 7,3 i 2005 mot 8,8 i 2003 og 8,3 i 2004. Totalt tal på avlagde 60-studiepoengseiningar har auka frå 15 490 i 2004 til 16 503 i 2005. Talet på utvekslingsstudentar er redusert frå 687 i 2004 til 667 i 2005. Dette inkluderer ikkje individbaserte avtalar.

Sjå elles omtale under kap. 272 og 275 om endringar i 2006.

Budsjettforslag for 2007

For budsjettforslag og målformuleringar for 2007, sjå kap. 272 og 275.

Programkategori 07.70 Forsking

Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

283

Meteorologiformål

267 662

251 967

255 026

1,2

285

Noregs forskingsråd

1 153 592

1 312 000

1 310 534

-0,1

286

Fondet for forsking og nyskaping

3 841 438

14 707 760

10 939 560

-25,6

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

131 209

134 030

140 937

5,2

288

Internasjonale samarbeidstiltak

668 613

902 735

807 529

-10,5

Sum kategori 07.70

6 062 514

17 308 492

13 453 586

-22,3

Budsjettforslaget for utgifter under kategori 07.70 utgjer om lag 13,5 mrd. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 3,9 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2006. Reduksjonen skriv seg frå at kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping ikkje aukar så mykje i 2007 som i 2006.

Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

3283

Meteorologiformål (jf. kap. 283)

89

3286

Fondet for forsking og nyskaping

1 989 017

2 134 060

2 653 460

24,3

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

21 570

21 500

21 500

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

3 530

5 073

3 445

-32,1

Sum kategori 07.70

2 014 206

2 160 633

2 678 405

24,0

Budsjettforslaget for inntekter under kategori 07.70 utgjer om lag 2,7 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 518 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2006; han skriv seg frå auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping.

For omtale av norsk forsking generelt, sjå under del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

Regjeringa ønskjer at norsk forsking skal gi ny kunnskap og føre til framtidig verdiskaping. For å gjere dette må forskingsinnsatsen vere langsiktig og ha høg kvalitet, forskingssystemet må leggje til rette for god forsking, og norske forskarar må ta aktivt del i det internasjonale forskingssamarbeidet.

Mål: Langsiktig og god forsking

Regjeringa vil styrkje grunnforskinga, betre kvaliteten i norsk forsking og auke rekrutteringa til norsk forsking.

Styrkt finansiering av grunnforsking

God grunnforsking er avgjerande for den samla kunnskapsutviklinga og verdiskapinga i samfunnet. Grunnforskinga i Noreg blir først og fremst driven ved universitet og vitskaplege høgskolar. Dei viktigaste kanalane for finansiering av grunnforsking er direkte løyvingar til universitet og høgskolar og løyvingar gjennom Noregs forskingsråd. I begge høve blir midlane i ulik grad utsette for konkurranse, slik at dei gode forskarane og dei gode forskingsprosjekta får støtte. Det nye finansieringssystemet for universitet og høgskolar premierer vitskapleg kvalitet. Sjå kategori 07.60 for omtale av evalueringa av Kvalitetsreforma. Finansiering gjennom Noregs forskingsråd utgjer ein nasjonal konkurransearena og ei komplementær kjelde til offentleg finansiering av grunnforsking. Forskingsrådet sikrar òg at nasjonale perspektiv og heilskapsvurderingar blir lagde til grunn. Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping er ei viktig kjelde til finansiering av langsiktig forsking og nye kvalitetstiltak, sjå kap. 286.

Kapitalen i fondet vart auka med 14 mrd. kroner i 2006. Den auka avkastninga i 2007 skal nyttast til å realisere dei overordna forskingspolitiske prioriteringane frå St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning. Grunnforsking med vekt på kvalitet og realfag er ei av hovudprioriteringane til Regjeringa. Regjeringa foreslår å auke kapitalen med ytterlegare 10 mrd. kroner i 2007, slik at samla kapital blir 60 mrd. kroner.

Løyvingane til grunnforsking skal særleg styrkje forsking i matematikk og naturvitskaplege fag. Departementet har bedt Forskingsrådet om å lage eit utkast til nasjonal strategi for å styrkje grunnforskinga i matematikk, naturvitskap (medrekna biomedisin) og teknologi. Strategien vil bli lagd fram innan utgangen av 2006.

For å styrkje den private finansieringa av forsk­ing vart det i 2006 innført ei ordning med offentleg gåveforsterking av gåver frå privatpersonar og verksemder til grunnforsking. Det vart sett av 50 mill. kroner til dette i 2006. Grunna særskilde behov i oppstartåret vart 100 mill. kroner av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping i 2006 omdisponerte til dette formålet, jf. Innst. S. nr. 205 (2005–2006) og St.prp. nr. 66 (2005–2006). Frå 2007 vil ordninga også omfatte gåver frå andre private givarar, m.a. ideelle organisasjonar. Utvidinga er venta å særleg styrkje medisinsk forsking med hovudvekt på kreftforsking. Regjeringa foreslår å auke dei øyremerkte løyvingane til ordninga med 30 mill. kroner frå 2007, sjå omtale under kap. 286 post 50.

Betre kvalitet i forskinga

Høg kvalitet i forsking er viktig for å få fram gode, relevante og tillitvekkjande resultat. Regjeringa har som mål å auke kvaliteten i norsk forsking. Regjeringa vil både satse på tiltak som skal få nokre norske forskarar og forskingsmiljø opp i internasjonal toppklasse, og tiltak for auka kvalitet i breidda.

For å styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking i næringslivet vart det etablert ei ny ordning kalla Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Etter ein omfattande kvalifiseringsrunde er 14 senter peikte ut innanfor ei rekkje ulike fagområde og næringar. Ordninga har til formål å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, samt å støtte langsiktig forsking som fremmer innovasjon og konkurransekraft i næringslivet. Ordninga blir finansiert med midlar frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50. Ordninga vil tre i kraft så snart ho blir godkjend av EFTAs kontrollorgan EFTA Surveillance Authority (ESA).

Ordninga Senter for framifrå forsking er eit viktig tiltak for å auke kvaliteten i norsk forsking. Ordninga blir forvalta av Noregs forskingsråd og er finansiert med midlar frå avkastninga frå Forskingsfondet, jf. kap. 286 post 50. Det går no føre seg ei evaluering av dei 13 sentra som er etablerte. Frå 2007 skal ordninga utvidast. Av 98 nye søkjarar har 26 gått vidare til andre kvalifiseringsrunde.

Noregs forskingsråd har gjennomført ei rekkje fagevalueringar, som gir eit godt bilete av kvaliteten på norsk grunnforsking. Evalueringane nyttar internasjonal ekspertise og konkluderer med at kvaliteten på norsk forsking er varierande. Nokre miljø held høgt internasjonalt nivå, men det er eit generelt behov for forskingsleiing, konsentrasjon av ressursane, arbeidsdeling og fornying. Tilrådingane frå evalueringane dannar grunnlag for forskingspolitiske vurderingar og prioriteringar i departementet, i Forskingsrådet og hos dei involverte institusjonane. Fagevalueringane skal vidareførast, utviklast og styrkjast. Siktemålet er å lage eit system der evalueringane kan nyttast ved fordeling av midlar. Forskingsrådet skal syte for systematisk oppfølging av evalueringane og stimulere forskingsinstitusjonane til oppfølging.

Noreg har oppretta to internasjonale vitskaplege prisar på same prisnivå som nobelprisane: Abel-prisen i matematikk og Holberg-prisen i humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisane er viktige tiltak for å synleggjere framifrå forsking og forskarar. For meir omtale av Abel-prisen og Holberg-prisen, sjå kap. 287. Gjennom ein samarbeidsavtale med the Kavli Foundation og Det Norsk­e Videnskaps-Akademi (DNVA) skal Kunnskapsdepartementet medverke til utdeling av ytterlegare tre prisar for framifrå forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Kavli-prisane skal delast ut annakvart år og første gongen i 2008. Kvar av prisane vil vere på 1 mill. USD. I samband med førebuing av utdelinga av Kavli-prisane i 2008 foreslår departementet å auke løyvinga til DNVA med 2,63 mill. kroner. Sjå kap. 287 post 71 for meir omtale.

Auka rekruttering til forsking

Det er ein aukande etterspurnad etter forskarkompetanse både i næringslivet og i offentleg sektor. Samstundes er gjennomsnittsalderen blant forskarar ved institusjonane høg, og på nokre fagområde er rekrutteringa sviktande. Det er eit sentralt forskingspolitisk mål å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar på alle fagområde.

I alt vart det gjennomført 855 doktordisputasar ved norske institusjonar i 2005; det er fleire enn nokon gong tidlegare. I dei siste 15 åra har talet på avlagde doktorgradar i Noreg fordobla seg, men samanlikna med nabolanda våre har auken vore svak.

Målet om vekst i stipendiatstillingar er sett til 200 i 2003 og 350 årleg for perioden 2004–07, jf. St.meld. nr. 35 (2001–2002) og St.meld. nr. 20 (2004–2005). Målet gjeld alle stipendiatar, uavhengig av finansieringskjelde og tilsettingsstad. Regjeringa har oppretta 350 nye stipendiatstillingar frå hausten 2006. Departementet foreslår å løyve 103,6 mill. kroner i 2007 for å dekkje heilårsverknaden av desse nye stillingane, jf. kategori 07.60.

Departementet vil gjere opp status for opptrappinga av stipendiatstillingar fram til 2007 og vurdere behova for vidare opptrapping i åra framover. Kunnskapsdepartementet har derfor i samarbeid med Noregs forskingsråd sett i gang ei utgreiing som skal evaluere satsinga på forskarrekruttering, og vurdere framtidige behov for rekruttering av forskarar fram til 2020. Utgreiinga skal vere ferdig innan 1. mars 2007. Den vidare opptrappinga av stipendiatstillingar vil bli sett i lys av denne utgreiinga.

Det er viktig å halde på gode forskarkandidatar og sikre rekruttering til faste stillingar. Gode verkemiddel for dette er postdoktorstillingar, som gir gode tilhøve for vidare kvalifisering etter avlagd doktorgrad og fleksible ordningar for tilsetjing. Forskingsrådet skal halde fram med å finansiere postdoktorstillingar.

Det er eit stort fleirtal av menn i faste vitskaplege stillingar i universitets- og høgskolesektoren. Talet på kvinner i slike stillingar har auka i dei siste åra, men i høgre faglege stillingar er talet framleis lågt. Det er eit viktig mål å auke talet på kvinner, både blant rekruttar og i det faste forskarpersonalet. Utfordringa er størst innanfor realfaga, jf. kategori 07.60. Sentrale aktørar i arbeidet for auka kvinnedeltaking i norsk forsking er Forskingsrådet og Komité for integreringstiltak – Kvinner i forsking. Komiteen vart oppnemnd i januar 2004 for ein treårsperiode. Kunnskapsdepartementet vil evaluere tiltaket i løpet av hausten 2006.

Arbeidet for å auke delen av kvinner på fagområde med få kvinner, og for å kvalifisere kvinner til faste akademiske stillingar, særleg toppstillingar, skal førast vidare. Noregs forskingsråd skal også arbeide aktivt for å få fleire kvinner med i internasjonalt forskingssamarbeid.

Mål: Eit velfungerande forskingssystem

Det er eit mål at institusjonane i forskingssystemet blir innretta slik at dei fremmer kvalitet, synergi og effektivitet, og at overordna forskingspolitiske prioriteringar blir gjennomførde. Noregs forskingsråd er det overordna utøvande forskingsstrategiske organet i Noreg. Rådet er organisert etter funksjon i tre divisjonar: vitskap, store satsingar og innovasjon. I St.meld. nr. 20 (2004–2005) er det gjort nærmare greie for korleis evalueringa av Noregs forskingsråd er følgd opp. Det er òg gjort greie for forventningane til Noregs forskingsråd. Departementet har bedt Forskingsrådet om å gjennomføre ei eigenevaluering m.a. i lys av korleis desse forventningane skal innfriast. Evalueringa skal vere ferdig i slutten av oktober 2006.

Kunnskapsdepartementet har bede Forskingsrådet om å utarbeide forslag til nytt finansieringssystem for forskingsinstitutta og forslag til nye retningslinjer for statleg finansiering av institutta. Tildeling av grunnløyving bør vere resultatbasert, og dei nye retningslinjene bør bli sterkare knytte til korleis Forskingsrådet skal ta hand om det strategiske ansvaret sitt. Forskingsrådet skal levere rapporten sin i oktober 2006.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomgår Forskingsrådet dei institutta som arbeider innanfor det arbeids- og sosialpolitiske området og området for utanriks- og tryggleikspolitikk. Siktemålet er å få oversikt over status og eventuelt forslag til korleis denne delen av instituttsektoren kan utviklast vidare. Gjennomgangen skal vere ferdig innan 1. januar 2007.

Riksrevisjonen har gjennomført ei undersøking av handlingsretta program i Forskingsrådet. Undersøkinga syner at administrasjonen av desse programma kan bli betre på nokre område, mellom anna målformulering, rapportering og brukarorientert formidling. Riksrevisjonen var òg kritisk til at forskingsresultat i for liten grad er gjorde tilgjengelege på nettsidene til Forskingsrådet. Forskingsrådet har gjennomført fleire forbetringstiltak. Dei er ikkje avgrensa til handlingsretta program, men femner om alle programma. Strategiar for den brukarretta og den allmennretta formidlinga til Forskingsrådet skal vere ferdige i løpet av 2006.

Det er i dag seks regionale komitear for medisinsk forskingsetikk. Komiteane skal gi ei etisk vurdering av alle biomedisinske forskingsprosjekt som involverer menneske. Arbeidsmengda til komiteane har auka kraftig i dei siste åra, og for å redusere talet på saker per komité vart det frå 1. juli 2006 oppretta ein ny komité i helseregion sør. Vidare sette departementet ned ei arbeidsgruppe for å vurdere organisering av komitésystemet. På bakgrunn av forslag frå denne gruppa foreslår departementet å auke løyvingane til dei regionale komiteane for medisinsk forskingsetikk med 7,1 mill. kroner, jf. kap. 271 post 50. Midlane skal m.a. nyttast til å opprette ein ny komité i region aust, til innføring av ein nasjonal fordelingsfunksjon og frikjøpsordningar for leiarane. Departementet vil komme attende til korleis forvaltningsansvaret for dei forskingsetiske komiteane skal organiserast, seinast i St.prp. nr. 1 (2007–2008).

Både dei regionale og dei nasjonale forskingsetiske komiteane er no lovfesta gjennom forskingsetikklova, som vart vedteken av Stortinget 13. juni i år, jf. Innst.O. nr. 70 (2005–2006) og Ot.prp. nr. 58 (2005–2006). Det skal utarbeidast forskrifter til lova, og departementet tek sikte på at lova blir sett i verk 1. juli 2007. Samstundes vil det bli oppnemnt eit nytt nasjonalt utval som skal granske påstandar om fusk i forsking, i samsvar med proposisjonen.

Regjeringa ønskjer at forsking skal gå føre seg så ope som mogleg. Dette er særleg viktig innanfor oppdragsforsking. Kunnskapsdepartementet har derfor utarbeidd ein standardkontrakt for oppdragsforsking som m.a. legg vekt på at forskingsresultat som hovudregel skal offentleggjerast.

Mål: Auka internasjonalisering i forskinga

Auka internasjonalisering av norsk forsking er viktig for kvaliteten i forskinga og for å styrkje innovasjon i norsk næringsliv og offentleg sektor. Internasjonalt forskingssamarbeid skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom personar og mellom miljø. I tillegg kjem eit aukande formalisert samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtalar på statleg nivå. Noreg tek del i fleire internasjonale fellessatsingar, m.a. EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling og fleire internasjonale grunnforskingsorganisasjonar, jf. kap. 288 postane 72 og 73.

Norsk forsking utgjer om lag fire promille av den totale forskinga i OECD-området. Regjeringa har som mål å auke internasjonaliseringa av norsk forsking, og arbeide aktivt for å tiltrekkje og halde på framifrå forskarar og kunnskapsbasert næringsliv i Noreg. Dette er ei gjennomgåande prioritering i St.meld. nr. 20 (2004–2005).

Departementet vil arbeide for at langt fleire utanlandske forskarar tek arbeid ved norske forskingsinstitusjonar og verksemder, at den utanlandske finansieringa av norsk forsking aukar, og at samarbeidet mellom norske og leiande internasjonale forskingsinstitusjonar blir utvida og styrkt.

EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling

Deltakinga i EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling er det mest omfattande internasjonale samarbeidet norske forskarar, forskingsmiljø og næringsliv deltek i. Rammeprogrammet skal styrkje veksten og konkurranseevna i Europa, og medverke til auka livskvalitet i befolkninga, i tråd med måla i den såkalla Lisboa-strategien om økonomisk vekst og sysselsetjing. Programmet skal òg medverke til etablering av eit europeisk forskingsområde, European Research Area (ERA), som er eit vidare samarbeid med vekt på m.a. betre samspel og samarbeid mellom nasjonale forskingsprogram og utvikling av nettverk for framifrå forsking. EU har som mål å auke FoU-investeringane til tre pst. av BNP innan 2010. To tredelar av investeringane skal komme frå næringslivet. Noreg har ei lik målsetjing. Rammeprogrammet har ei viktig oppgåve i å medverke til å realisere ambisjonane i EU.

EUs sjette rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling starta opp i 2003. Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg med fulle rettar. EU har starta førebuingane til eit sjuande rammeprogram (2007–13). Noreg har delteke med fleire innspel til prosessen med utforminga av det nye programmet. For å styrkje det nasjonale arbeidet som er knytt til forskingssamarbeidet med EU, er det blitt sett i verk ein brei strategisk prosess som involverer departementa, Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og andre sentrale aktørar. Formålet er å sikre ei koordinert og strategisk tilnærming i den offentlege innsatsen i forhold til EUs sjuande rammeprogram, og dermed medverke til god norsk deltaking også i dette rammeprogrammet. Arbeidet er ei oppfølging av St.meld. nr. 20 (2004–2005). Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Spørsmålet om norsk deltaking vil bli lagt fram for Stortinget, venteleg rundt årsskiftet. For nærmare omtale av rammeprogramma, sjå kap. 288 post 73.

For å sikre eit godt samarbeid og ein nær dialog med relevante aktørar har departementet etablert eit norsk EU-kontor for forsking i Brussel. Forskingsrådet har det administrative ansvaret for kontoret. Kontoret assisterar forskarar og andre aktørar og skal styrkje den norske deltakinga i rammeprogrammet.

Nordisk forskingssamarbeid

Forsking er òg ein integrert del av det organiserte nordiske samarbeidet. For å stimulere det nordiske forskingssamarbeidet ytterlegare har Nordisk Ministerråd gått inn for å utvikle Norden til ein leiande region for forsking og innovasjon (NORIA) innan 2010. NordForsk, som vart oppretta 1. januar 2005, har fått ansvaret for å styrkje forskingssamarbeidet mellom dei nordiske landa. NordForsk skal gi felles nordisk økonomisk støtte til forsking; saman med nasjonale midlar kan dette gi stor effekt på prioriterte område.

Bilateralt forskingssamarbeid

Bilateralt forskingssamarbeid er ein viktig reiskap for å styrkje internasjonaliseringa av og betre kvaliteten på norsk forsking. Noreg er part i bilaterale avtalar om forsking og teknologi med land som er høgt prioriterte frå norsk side. Bilaterale avtalar er viktige for å gi forskingssamarbeidet eit løft og styrkje samarbeid innanfor område av felles interesse. I 2005 vart ein ny bilateral forskings- og teknologiavtale med USA inngått. Samstundes skal strategien for forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika medverke til ei langsiktig opptrapping av forskingssamarbeidet med USA og Canada. Dette skal m.a. skje i form av auka utveksling av forskarar gjennom Leiv Eiriksson mobilitetsprogram i regi av Noregs forskingsråd. Noreg har ein bilateral forskingsavtale med Japan, og samarbeidet på fagområde av felles interesse, som matvaretryggleik, nanoteknologi og energi, skal styrkjast. Forskingsavtalar med India og Frankrike blir truleg underteikna i løpet av 2006, og ein avtale med Kina truleg i 2007.

Det internasjonale polaråret (IPY) og Svalbards rolle

Forsking og overvaking i nordområda er viktig for Noreg både politisk, fagleg og forvaltningsmessig. Det internasjonale polaråret (IPY) 2007–08 er ei stor internasjonal satsing innanfor polarforsking der mange nasjonar har gjort kjent at dei vil delta, og der store ressursar blir sette inn. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Regjeringa foreslår å øyremerkje 80 mill. kroner av den auka avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping til arbeidet med IPY, jf. kap. 286 post 50. IPY vil medverke til ein kraftig auke i internasjonalt forskingssamarbeid i nordområda. Innsatsen i IPY vil kunne gi resultat som vil få mykje å seie for ressurs-, natur- og kulturminneforvaltning og for teknologi- og næringsutvikling. Regjeringa ventar at denne satsinga vil styrkje oppbygginga av grunnleggjande forskingskompetanse ved dei norske miljøa, og at norsk polar forskingsinfrastruktur blir betre utnytta. Dette gjeld både i Antarktis og ikkje minst på Svalbard.

Regjeringa ønskjer å vidareutvikle Svalbard som arena for internasjonalt forskingssamarbeid. Forskingsrådet har ei viktig rolle i dette. Vidare ønskjer Regjeringa å styrkje samarbeidet med Russland om forsking på Svalbard, jf. omtale under kap. 285 post 52.

Andre tiltak for auka internasjonalisering

Forskarmobilitet er ei viktig drivkraft for å internasjonalisere norsk forsking. Auka utveksling av forskarar krev at norske miljø opnar seg meir mot omverda. Noregs forskingsråd har eit nasjonalt ansvar for disiplinutvikling og mobilitet i forskinga. Noregs forskingsråd har styrkt innsatsen sin ved å etablere eit informasjonssenter for forskarmobilitet, som ein del av European Network of Mobility Centres. Senteret er tilpassa behova til forskarar både i og utanfor Europa. Samstundes oppmodar departementet universitet, høgskolar og andre institusjonar til å utlyse forskarstillingar internasjonalt.

Regjeringa har som mål at doktorgradsstipendiatar har minst eitt lengre opphald i utlandet i løpet av stipendiatperioden. For å styrkje det individbaserte samarbeidet er det viktig å etablere gode internasjonale nettverk tidleg i karrieren. Forskingsrådet skal i samarbeid med institusjonane sjå nærmare på korleis dette kan gjerast.

Noregs forskingsråd skal arbeide for å auke samspelet mellom nasjonale og internasjonale satsingar, med sikte på gradvis opning av nasjonale program. Alle større nasjonale satsingar bør ta omsyn til kva som skjer internasjonalt på det aktuelle området.

Kap. 283 Meteorologiformål

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Meteorologisk institutt

221 151

203 826

212 538

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

46 511

48 141

42 488

Sum kap. 283

267 662

251 967

255 026

Kapitlet omfattar tilskott til drift av Meteorologisk institutt og tilskott til internasjonalt meteorologisk samarbeid.

Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Instituttet skal arbeide for at styremakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar, for planlegging og for vern av miljøet.

Post 50 Meteorologisk institutt

Oppgåvene til Meteorologisk institutt er mellom anna å varsle vêret, studere klimaet, drive forskings- og utviklingsarbeid, og å formidle resultata av arbeidet sitt. Meteorologisk institutt har òg viktige beredskapsoppgåver. Beredskapstenestene omfattar m.a. varsling ved atomulykker som gjev utslepp til luft eller hav. Instituttet har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Bergen og Tromsø. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile fastlandet og i Arktis.

Meteorologisk institutt driv tre vêrstasjonar i Arktis: Jan Mayen, Bjørnøya og Hopen. Desse stasjonane har viktige funksjonar utover dei reint meteorologiske. På Bjørnøya og Hopen er instituttet aleine om å ha fast personell, og sikrar i så måte norsk nærvere. I tillegg sikrar stasjonane vernebuing for den norske fiskerisona, samt for eksisterande og framtidige olje- og gassaktivitetar i Barentshavet.

Meteorologisk institutt er frå 1. januar 2005 organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. I St.prp. nr. 1 (2005–2006) Tillegg nr. 1 varsla Regjeringa at ho ikkje ville føre vidare arbeidet med å greie ut ei utskilling av den kommersielle verksemda ved Meteorologisk institutt i eit eige selskap. Regjeringa ville i staden vurdere alternativ innanfor rammene av nasjonalt og internasjonalt regelverk. Departementet foreslår å føre vidare dagens organisering av Meteorologisk institutt, men tek sikte på å gå gjennom kva for delar av den meteorologiske tenesta som skal løysast innanfor den offentleg finansierte verksemda, og kva for delar som skal løysast av den kommersielle marknaden.

Resultatrapport for 2005–06

Resultatmåla for 2005 er i hovudsak nådde. Systematisk evaluering syner at instituttet har ein treffprosent på 89,5 på varsel om vind i styrke liten kuling eller sterkare, sende ut 18 timar før vêret kjem. For dei kystnære fiskebankane er treffprosenten 93,6.

Instituttet har teke i bruk ein ny vêrvarslingsmodell for Noreg og dei tilgrensa havområda. Modellen har svært høg oppløysing på berekningspunkta, og han har spesielt gode eigenskapar i terreng med bratte fjell og anna komplisert topografi. Den nye vêrvarslingsmodellen er spesielt god når det gjeld varsling av situasjonar med mykje vind eller nedbør, det vil seie vêrsituasjonar med risiko for liv og materielle verdiar.

Meteorologisk institutt har arbeidd for betre spreiing av informasjon gjennom elektroniske informasjonskanalar, både overfor offentlege samarbeidspartnarar og overfor allmenta. Talet på unike brukarar av instituttets informasjonsteneste på Internett er fordobla på to år.

Instituttet har etablert elleve automatiske vêrstasjonar i 2005, og har starta arbeidet med å byggje vêrradar på Andøya. Vêrradaren skulle etter planen stå ferdig i 2006. Arbeidet er vorte forseinka på grunn av uhell ved montering av radaren.

Forskinga ved instituttet er i all hovudsak knytt til varsling og klima. Instituttets klimaforskarar deltek i ei rekkje sentrale prosjekt for studiar av norsk klima i fortid og framtid, og det er publisert fleire rapportar og artiklar om emnet i 2005. Samarbeidsprosjektet RegClim har dessutan produsert ei popularisert brosjyre Norges klima gjennom 100 år - Usikkerheter og risiko. Brosjyren er mellom anna distribuert til alle vidaregåande skolar.

Meteorologisk institutt arbeider for å auke delen kvinner ved instituttet og praktiserer moderat kjønnskvotering ved tilsetjingar. Blant søkjarane til ledige stillingar i 2005 var berre 19 pst. kvinner. Likevel var 41 pst. av alle nytilsette kvinner.

Resultatmål for 2007

Dette er resultatmåla for Meteorologisk institutt i 2007:

  • Meteorologisk institutt skal auke kvaliteten på regionale og lokale vêrvarsel.

  • Meteorologisk institutt skal utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta.

  • Meteorologisk institutt skal vere påliteleg, relevant og tilgjengeleg i all kommunikasjon.

  • Markedsavdelinga ved Meteorologisk institutt skal gå med overskott.

Budsjettforslag for 2007

Løyvinga på post 50 skal m.a. dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald. Løyvinga må ikkje nyttast til subsidiering av den kommersielle verksemda ved instituttet.

I Innst. S. nr. 12 (2005–2006) ber fleirtalet i komiteen Regjeringa leggje fram ein plan for auka tempo i utbygginga av vêrradarnettet, slik at heile landet kan vere dekt av vêrradar innan rimeleg tid.

Eit godt utbygd vêrradarnett er ein føresetnad for at Noreg skal ha ei fullverdig landsdekkjande vêrvarsling. Vêrradarar utfyller andre observasjonssystem og gir nøyaktige korttidsvarel av vind og nedbør. Eit fullt utbygd vêrradarnett vil gi betre førebygging mot tap av menneskeliv og vil medverke til annan samfunnsøkonomisk gevinst, til dømes ved at talet på leiteaksjonar vil gå ned.

Noreg har dårleg vêrradardekning samanlikna med dei fleste andre land i Europa. Fem vêrradarar er oppførte og sette i drift, medan ein vêrradar er under oppføring. Etter dette står det att å byggje seks nye radarar for at vêrradarnettet for heile landet med kystområda skal vere komplett. Kostnadene ved å byggje ein vêrradar er om lag 17 mill. kroner.

Det er ikkje funne rom for å løyve særskilte middel til utbygging av vêrradarnettet i budsjettet for 2007. Departementet legg til grunn at Meteorologisk institutt prioriterer utbygging av den neste vêrradaren på Sørøya ved Hammerfest innafor løyvinga på kap. 283 post 50, slik at radaren blir sett i drift seinast i 2009.

EFTA Surveillance Authority (ESA) har godkjent at Noreg kan ta opp att ei ordning med differensiert arbeidsgivaravgift. Avgifta tek utgangspunkt i staden der verksemda ligg, og ikkje i arbeidstakarens bustadkommune slik tilfellet var tidlegare. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med kr 480 000.

Som følgje av at satsane for innskott til Statens pensjonskasse for dei tilsette ved Meteorologisk institutt blir auka frå 2007, blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 1,2 mill. kroner.

Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Om ordninga

Formålet med ordninga er å medverke til at Noreg kan ta del i internasjonale meteorologiske organisasjonar og prosjekt og slik medverke til og dra nytte av utvikling og forbetring av meteorologiske tenester. Mellom anna skjer det mykje internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar.

Midlane går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar og samarbeidsprosjekt:

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT)

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, EGOS, EuroGOOS og HIRLAM)

Meteorologisk institutt utnemner norske delegatar til dei styrande organa ved organisasjonane. Delegatane kontrollerer om verksemda er i samsvar med gjeldande formål, og institutttet rapporterer til departementet.

Rapport for 2005–06

Meteorologisk institutt deltek aktivt i fleire internasjonale meteorologiorganisasjonar og hadde mellom anna presidentvervet i fire internasjonale organisasjonar i 2005.

Det nordiske samarbeidet gav gode resultat i 2005. Det vart mellom anna etablert felles nordiske rutinar for kvalitetskontroll av klimadata og felles nordisk klimadatasett. Gjennom ECOMET har Noreg vore ein av pådrivarane for ein lågprispolitikk for meteorologiske data. EUMETSAT skaut i desember 2005 opp den andre satellitten i organisasjonens andregenerasjons geostasjonære satellittprogram.

Budsjettforslag for 2007

Budsjettforslaget byggjer på budsjettforslag frå organisasjonane. Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med om lag 5,7 mill. kroner i høve til 2006. Reduksjonen er knytt til lågare kontingent til EUMETSAT i 2007. Dette skyldast faseforskyving av kostnadskrevjande aktivitetar til seinare år.

Kap. 3283 Meteorologiformål

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

89

Sum kap. 3283

89

Post 04 har gjeldt refusjon av ODA-godkjende utgifter, dvs. utgifter som kan godkjennast som utviklingshjelp etter retningslinjene frå OECD. Frå 2006 er denne posten avvikla.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

52

Forskingsformål

943 000

1 094 521

1 087 421

55

Administrasjon

210 592

217 479

223 113

Sum kap. 285

1 153 592

1 312 000

1 310 534

Kapittelet omfattar løyvingar til forskingsformål gjennom Noregs forskingsråd og administrasjonskostnader til Noregs forskingsråd.

Post 52 Forskingsformål

Løyvinga til Forskingsrådet over post 52 blir nytta til å finansiere grunnforsking innanfor alle fagområde. Posten dekkjer òg midlar til vitskapleg utstyr, internasjonaliseringstiltak, strategiske fellesfunksjonar og informasjon. Teksten omtalar ulike verkemiddel Forskingsrådet nyttar, generelle føringar for løyvinga og fordeling av midlane på ulike fagområde.

Bruk av ulike verkemiddel

Løyvinga blir fordelt på fleire verkemiddel. Dei viktigaste er fri prosjektstøtte og støtte til ulike program. God grunnforsking er avgjerande for den samla kunnskapsutviklinga og verdiskapinga i samfunnet. Den forskarinitierte grunnforskinga som skjer gjennom fri prosjektstøtte, er eit hovudverkemiddel for å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga. Fri prosjektstøtte kan inkludere midlar til mange ulike formål, t.d. doktorgradsstipend og postdoktorstipend og utveksling av forskarar.

Tabell 4.17 Del fri prosjektstøtte som prosent av den faglege løyvinga til Forskingsrådet fordelt på fagområde (jf. kap. 285 post 52)

2003

2004

2005

2006

Humaniora

50

49

51

53

Samfunnsvitskap

38

42

52

52

Medisin og helse

76

77

76

77

Miljø og utvikling

48

47

50

51

Naturvitskap og teknologi

41

42

40

43

Tabell 4.17 viser at delen fri prosjektstøtte varierer mellom dei ulike fagområda. Han er lågast for naturvitskap og teknologi og høgst for medisin og helse.

Programløyvingar har til hovudformål å byggje opp kompetanse og utvikle kunnskap på tematisk avgrensa felt der Noreg har særskilde behov eller særskilde føresetnader. Løyvinga frå departementet går til grunnforskingsprogram og til delfinansiering av såkalla handlingsretta, eller anvende, program. Forskingsrådet starta opp eit nytt verkemiddel kalla Store program i 2004. Dei store programma er tverrgåande, målretta satsingar som skal dekkje heile spekteret frå grunnforsking til næringsretta forsking. Midlar frå Kunnskapsdepartementet over denne posten går per 2006 inn i programma FUGE, NANOMAT, NORKLIMA og VERDIKT, jf. også omtale under kap. 286 post 50.

Strategiske universitetsprogram og støtte til avansert vitskapleg utstyr er tiltak som skal leggje til rette for auka kvalitet i norsk forsking og støtte opp under forskingsstrategiar ved institusjonane. Forskingsrådet gir òg støtte til kontingentar, informasjon, formidling, evalueringsverksemd samt stimuleringstiltak og nettverksbygging. For meir omtale av forskingsverksemda og andre tiltak som blir finansierte av Noregs forskingsråd, sjå www.forskningsradet.no.

Overordna føringar

For 2005 la departementet til grunn at arbeidet med internasjonalisering av norsk forsking skulle prioriterast høgt og integrerast i arbeidet i alle divisjonane i Forskingsrådet. Førebels tal frå Forskingsrådet viser at internasjonalisering i 2005 inngjekk i 42 pst. av aktivitetane til Forskingsrådet og utgjorde 16,3 pst. av det totale FoU-budsjettet. Forskingsrådet skal i 2007 framleis prioritere arbeidet med internasjonalisering av norsk forsking.

For 2005 bad departementet Forskingsrådet halde fram arbeidet med å evaluere norske forskingsmiljø. I 2005 har Forskingsrådet arbeidd med å systematisere gjennomføringa av fagevalueringane, og med å finne gode ordningar for å følgje dei opp i samarbeid med forskingsinstitusjonane. Forskingsrådet har etablert eit internt evalueringsnettverk for å styrkje evalueringsfunksjonane og forbetre koordinering og erfaringsutveksling. Det er vidare teke initiativ til nye fagevalueringar innanfor økonomi, historie, farmasi og utviklingsforsking. Forskingsrådet arbeider særleg i forhold til evalueringane av medisin og helseforsking, ingeniør- og teknologiforsking og pedagogikk. I tillegg blir institusjonar/organisasjonar og verkemiddel evaluerte. Forskingsrådet skal i 2007 halde fram arbeidet med aktiv oppfølging av evalueringane, jf. kategoriinnleiinga.

Departementet bad i 2005 Forskingsrådet om å prioritere postdoktorstipend, og at arbeidet med å få fleire kvinner i akademia skulle halde fram. I 2005 vart over 585 postdoktorårsverk finansierte av Forskingsrådet, ein auke på om lag 100 årsverk frå 2004. Om lag 40 pst. av doktorgradsstipendiatane og postdoktorstipendiatane var i 2005 kvinner. Dette talet har halde seg rimeleg konstant i dei siste åra. Likestillingsperspektivet vart tydeleg understreka i den nye utlysingsrunden for Senter for framifrå forsking (SFF) i 2005. Forskingsrådet skal i 2007 framleis prioritere postdoktorstipend. Forskingsrådet skal arbeide aktivt for å få fleire kvinner i akademia, jf. kategoriinnleiinga.

Formidling av kunnskap er eit sentralt krav til dei faglege løyvingane. Løyvinga på posten er ei hovudkjelde for fagutvikling i alle disiplinar. Konkurranse og fagfellevurderingar etter beste internasjonale praksis sikrar at midlane fremmer kvalitet. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med tiltak som fremmer kvalitet i forsking. Forskingsrådet skal som hovudregel konsentrere tildelingane sine i større prosjekt, for å medverke til meir langsiktig finansiering, meir samarbeid og betre fagleg leiing.

For 2005 la departementet til grunn at midlar til frie prosjekt skulle prioriterast. Rapportering om tildeling til dei frie prosjekta er lagd fram under kvart fagområde. For 2007 skal Forskingsrådet framleis prioritere frie prosjekt.

Løyvinga over post 52 er fordelt på følgjande fagområde og formål:

Tabell 4.18 Faglege løyvingar til Noregs forskingsråd. Fordeling på fagområde og særskilde formål (i mill. kroner)

Fagområde

2005

2006

2007

Humaniora

107

116

116

Samfunnsvitskap

87

95

97

Medisin og helse

132

144

144

Miljø og utvikling

48

51

50

Naturvitskap og teknologi

328

373

373

Rekruttering

35

46

46

Vitskapleg utstyr

20

21

10

Internasjonalisering1

76

95

103

FUGE

49

51

51

Ordning for finansiering av små driftsmidlar

40

40

Kommersialisering av forskingsresultat

8

7

7

Strategiske fellesfunksjonar og informasjon1

49

51

46

Tverrfaglege tiltak2

4

4

4

SUM

61 943

1 094

1 087

 Kategoriane er noko endra i høve til tabellen i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet. 8 mill. kroner er flytte frå Strategiske fellesfunksjonar til Internasjonalisering, som ei teknisk endring.

2 Løyvinga gjeld Divisjon for store satsingar.

Humanistisk forsking

Resultatrapport for 2005–06

Av løyvinga på posten gjekk 107 mill. kroner til humanistisk forsking i 2005. I 2006 er tildelinga 116 mill. kroner.

I 2005 gjekk vel 53 mill. kroner til fri prosjektstøtte innanfor humanistisk forsking. Midlane gjekk til 94 prosjekt. Humaniora er i første rekkje eit fagområde ved universiteta, og 93 pst. av midlane gjekk dit, medan fem pst. gjekk til høgskolane.

Forsking i nordisk språk og litteratur ved universiteta og nokre høgskolar vart evaluert i 2005. Hovudformålet med evalueringa var å fremme fagutvikling og auke forskingskvaliteten. Evalueringa viste at det er mykje forsking på høgt nivå, men ikkje alle delar av faget er like godt dekte.

Publiseringsstøtteordninga for humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking skal stimulere til auka vitskapleg publisering og fremme kvalitetsutvikling av relevante publiseringskanalar. Av vel 5 mill. kroner i 2005 gjekk om lag 50 pst. til tidsskriftstøtte og 40 pst. til bokutgivingar. Ordninga skal også fremme internasjonal publisering blant norske forskarar, og om lag 60 pst. av bokutgivingane var på andre språk enn dei nordiske.

Program for kulturforsking er den største programsatsinga innanfor humanistisk forsking. Programmet har som mål å utvikle den teoretiske og allmenne forståinga av samfunn og kultur. Godt og vel midtvegs i programperioden er det ein merkbar auke i publisering og formidling frå prosjekta.

Satsing på samisk forsking i Forskingsrådet har sitt tyngdepunkt i Program for samisk forsking. Programmet har lagt særleg vekt på rekruttering og formidlingsaktivitetar. Programmet er avslutta i 2006. Forskingsrådet har starta planlegginga av eit nytt program for samisk forsking frå 2007.

Ei rekkje program har delt finansiering med samfunnsvitskap. Det gjeld Program for samisk forsking, Kjønnsforsking og Kommunikasjon, IKT og medier. Midlar til humanistisk forsking går også inn i programma Etikk, samfunn og bioteknologi, Velferdsprogrammet og Innvandrings- og migrasjonsforsking (IMER).

Innanfor fri prosjektstøtte vart det i humanistisk forsking løyvd midlar til 34 doktorårsverk (53 pst. kvinner) og 29 postdoktorårsverk (45 pst. kvinner) i 2005.

Resultatmål for 2007

Tildelinga til humanistisk forsking skal i 2007 vere på om lag 116 mill. kroner. Delen fri prosjektstøtte skal førast vidare på minst same nivå som i 2006. Forskingsrådet skal starte opp eit nytt program for samisk forsking. Arbeidet med kvalitetsfremmande tiltak skal halde fram.

Samfunnsvitskapleg forsking

Resultatrapport for 2005–06

Av løyvinga på posten gjekk 87 mill. kroner til samfunnsvitskapleg forsking i 2005. I 2006 er tildelinga om lag 95 mill. kroner.

For 2005 la departementet til grunn at nivået på fri prosjektstøtte skulle haldast oppe, og at grunnforskingsprogramma skulle førast vidare.

Samfunnsvitskap finansierte 97 prosjekt innanfor fri prosjektstøtte i 2005, med statsvitskap som det største enkeltfaget. Løyvinga til grunnforskingsprogram gjekk til Program for kvinne- og kjønnsforsking, Program for samisk forsking og Kommunikasjon, IKT og medier. Programma får også midlar frå løyvinga til humanistisk forsking. For å medverke til rekruttering og grunnforsking gjekk løyvinga frå Kunnskapsdepartementet òg til samfinansiering av handlingsretta program. Dei programma som har størst finansiering, er Velferdsprogrammet, Arbeidslivsforsking, samt Innvandrings- og migrasjonsforsking. Midlane til samfunnsvitskapleg forsking finansierer dessutan basisløyvinga til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste og institusjonsstøtte til ARENA (Advanced Research on the Europeanisation of the Nation-State).

Innanfor fri prosjektstøtte vart det i samfunnsvitskapleg forsking løyvd midlar til 26 doktorårsverk (38 pst. kvinner) og ti postdoktorårsverk (70 pst. kvinner) i 2005.

Resultatmål for 2007

Tildelinga til samfunnsvitskapleg forsking skal i 2007 vere om lag 97 mill. kroner. Fri prosjektstøtte skal prioriterast. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med tiltak som fremmer kvalitet i forsking, mellom anna ved å gjennomføre fleire fag­evalueringar.

Medisinsk og helsefagleg forsking

Resultatrapport for 2005–06

Av løyvinga på posten gjekk 132 mill. kroner til medisinsk og helsefagleg forsking i 2005. Forsking av høg kvalitet skulle prioriterast, mellom anna gjennom støtte til frie prosjekt og internasjonal forskarutveksling. Nokre av midlane vart omprioriterte frå fri prosjektstøtte til studentstipend. I 2006 var tildelinga 144 mill. kroner.

Programperioden for åtte helsefaglege program gjekk ut i 2005. Seks av desse vart finansierte over løyvinga på denne posten. Totalt har dei åtte programma hatt ei løyving på 581 mill. kroner i ein femårsperiode. Helse- og omsorgsdepartementet har vore den største finansieringskjelda, medan Kunnskapsdepartementet har medverka med om lag 15 pst. Vel 1500 søknader vart handsama i perioden, og i snitt har 19 pst. av desse fått støtte. Av fleire sluttrapportar går det fram at resultat frå prosjekta raskt blir tekne i bruk m.a. i samband med klinisk behandling, førebyggjande helsearbeid, politikkutforming eller offentleg debatt. I 2006 er det starta nye program med nye prioriteringar, men òg vidareføring av tidlegare tema og prioriteringar.

I 2005 har Forskingsrådet arbeidd vidare med å følgje opp tilrådingane i biofagevalueringa om å etablere ei nasjonal satsing innanfor nevrovitskapleg forsking, NevroNor, i første omgang innanfor epidemiologi og biletdiagnostistikk. Ei slik satsing vart starta opp i 2006.

Rekrutteringa er framleis ei stor utfordring innanfor medisin og helsefag. Forskingsrådet følgjer derfor nøye med på rekrutteringa av forskarar med bakgrunn i medisin, odontologi og psykologi. Dette gjeld både forskarutdanning og studentforsking. I 2005 vart 89 doktorårsverk (60 pst. kvinner) og 61 postdoktorårsverk (50 pst. kvinner) finansierte innanfor tildelinga til fri prosjektstøtte. I 2005 vart det løyvd 11,4 mill. kroner til studentforsking, mot 8,4 mill. kroner i 2004.

Resultatmål for 2007

Tildelinga til medisinsk og helsefagleg forsking skal vere om lag 144 mill. kroner. Forskingsrådet skal prioritere forsking av høg kvalitet m.a. gjennom støtte til frie prosjekt.

Miljø- og utviklingsforsking

Resultatrapport for 2005–06

Av løyvinga på posten gjekk 48 mill. kroner til miljø- og utviklingsforsking i 2005. I 2006 er tildelinga på om lag 51 mill. kroner. For 2005 la departementet til grunn at aktivitetane i hovudsak skulle førast vidare på same nivå som i 2004 med hovudvekt på langsiktig, grunnleggjande forsking. Frie prosjekt og opparbeiding av tverrfagleg kompetanse var prioriterte område.

Programmet Utviklingsvegar i sør har hatt til formål å medverke til langsiktig kompetansebygging som kan tene som grunnlag for utforming av ein integrert sør-politikk og internasjonalt utviklingssamarbeid. Publiseringa frå prosjekt i programmet låg på eit svært høgt nivå i 2005.

Sentrale miljøspørsmål som klimaendringar og tap av biologisk mangfald er nært knytte til utviklingsspørsmål. Forskingsrådet finansierer fleire prosjekt med fokus på sistnemnde tema i programmet Biologisk mangfald.

Norske forskingsmiljø har gitt viktige bidrag til den internasjonale kunnskapen om klimasystemet og om verknaden av klimaendringar, mellom anna på det arktiske miljøet. NORKLIMA finansierer forsking på desse felta, jf. kap 286 post 50.

Innanfor forskingsprogrammet Rammebetingelser for bærekraftig utvikling (RAMBU) har ein i 2005 lagt særskild vekt på internasjonalt samarbeid.

Fagkomiteen innanfor miljø- og utviklingsforsking finansierte 67 prosjekt i 2005. Om lag 49 pst. av midlane gjekk til instituttsektoren, medan om lag 41 pst. gjekk til universiteta. Innanfor fri prosjektstøtte vart det i 2005 finansiert 17 doktorårsverk (35 pst. kvinner) og to postdoktorårsverk (50 pst. kvinner).

Resultatmål for 2007

Tildelinga til forsking på området miljø og utvikling skal i 2007 vere om lag 50 mill. kroner. Langsiktig, grunnleggjande forsking skal stå i fokus, og opparbeiding av tverrfagleg kompetanse skal halde fram. Fri prosjektstøtte skal skjermast.

Naturvitskapleg og teknologisk forsking

Resultatrapport for 2005–06

Av løyvinga på posten gjekk 328 mill. kroner til naturvitskapleg og teknologisk forsking i 2005. I 2006 er tildelinga om lag 373 mill. kroner.

I 2005 gjekk 108,4 mill. kroner til fri prosjektstøtte innanfor naturvitskapleg og teknologisk forsking. Midlane gjekk til 243 prosjekt. Innanfor fri prosjektstøtte vart det i naturvitskapleg og teknologisk forsking løyvd midlar til 96 doktorårsverk (25 pst. kvinner) og 55 postdoktorårsverk (30 pst. kvinner) i 2005.

I 2005 finansierte Kunnskapsdepartementet følgjande grunnforskingsprogram knytte til internasjonale forskingsorganisasjonar: Kjerne- og partikkelforsking (CERN), Romforsking (European Space Agency) og ESRF-følgjeforsking (European Synchrotron Radiation Facility). I tillegg vart følgjande grunnforskingsprogram finansierte: Katalyse og organisk syntetisk kjemi, Berekningsorientert matematikk, Grunnleggjande næringsretta bioteknologi. Grunnforskingsprogrammet eVitenskap – Infra­struktur, Teori og Anvendelser (eVITA) vart oppretta hausten 2005. Programmet er eit forskings- og infrastrukturprogram innretta mot bereknings- og dataintensive utfordringar i naturvitskap, teknologi og medisin.

Eit handlingsretta program for marine ressursar, miljø og forvaltning vart også finansiert over denne posten. Forskinga her vart vidareført i programmet Havet og kysten frå 2006.

NANOMAT skal styrkje kompetansen innanfor nanoteknologi og nye materialar. Arbeidet med ein nasjonal strategi for nanovitskap og nanoteknologi starta i 2005, og strategien er forventa å vere ferdig i løpet av 2006.

Løyvinga til IKT-senteret Simula på Fornebu vart i 2005 ført vidare med ei samla ramme på 49 mill. kroner. Av desse kom 29 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet. I ei rangering gjord av det velrenommerte tidsskriftet Journal of Systems and Software vart Software Engineering-avdelinga ved Simula Research Laboratory rangert som nummer 14 i verda og på tredjeplass i Europa. I same tidsskrift vart ein av seniorforskarane rangert som nummer tre i verda og nummer ein i Europa.

Formidlingsprogrammet gir støtte til nettstader, skolekonkurransar og tv-formidling av forsking til barn. I 2005 vart det løyvd 3 mill. kroner til formidling. Eit viktig prosjekt i 2005 har vore å støtte opp under den nasjonale gjennomføringa av Verdas fysikkår.

Resultatmål for 2007

Tildelinga til naturvitskapleg og teknologisk forsking skal i 2007 vere om lag 373 mill. kroner. Kvalitet i forskinga må stå i fokus, og Forskingsrådet skal leggje særskild vekt på kvalitetsfremmande tiltak. Midlar til frie prosjekt er eit viktig verkemiddel for å sikre kvalitet og fagleg fornying, og skal framleis prioriterast. Løyvingane til Simula-senteret skal vidareførast på same nivå som i 2006. Løyvingane til programmet for tungrekning skal vidareførast på same nivå som i 2006. Vidare skal løyvinga nyttast til auka kontingent til EISCAT og til å styrkje programmet eVITA.

Rekruttering

Tildelinga til rekruttering gjeld ordninga med Yngre framifrå forskarar og rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren.

Resultatrapport for 2005–06

Tildelinga til ordninga Yngre framifrå forskarar (YFF) var 20 mill. kroner i 2005 og 30 mill. kroner i 2006. Ordninga gir yngre, særskilt talentfulle forskarar på alle fagområde ekstra gode rammevilkår for at dei skal kunne nå internasjonal toppklasse og utvikle seg til gode framtidige forskingsleiarar. Etter vurdering av utanlandsk fagekspertise peikte Noregs forskingsråd i 2004 ut 26 forskarar frå ulike fagområde som fekk inntil 2 mill. kroner i årleg støtte. Av desse er fire kvinner. Gjennom YFF tek Forskingsrådet dessutan del i ei europeisk ordning kalla European Young Investigators (EURYI). Det norske bidraget er 2 mill. kroner årleg i ein femårsperiode.

Av løyvinga på posten gjekk 15 mill. kroner til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren i 2005. I 2006 var tildelinga 16 mill. kroner. I 2006 har midlane finansiert om lag 40 stipendiatårsverk på desse innsatsområda: 24 årsverk på fiskeri- og havbrukssektoren og 16 årsverk på landbrukssektoren. Delen kvinner har vore over 50 pst. sidan 2000.

Resultatmål for 2007

Av løyvinga på posten skal om lag 46 mill. kroner nyttast til rekruttering i 2007. Tildelinga til ordninga Yngre framifrå forskarar skal vere om lag 30 mill. kroner. Tildelinga til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren skal vidareførast med om lag 16 mill. kroner.

Vitskapleg utstyr

Resultatrapport for 2005–06

I 2005 løyvde departementet 20 mill. kroner til innkjøp av vitskapleg utstyr gjennom utstyrsutvalet. I 2006 var tildelinga 21 mill. kroner.

Midlane blir forvalta av utstyrsutvalet i Forskingsrådet. Utvalet har i perioden 2003–06 representantar frå universiteta, dei vitskaplege høgskolane og dei statlege høgskolane. Utvalet skal fordele midlar til vitskapleg utstyr, utarbeide ein nasjonal utstyrsstrategi og samordne innkjøp mellom institusjonane.

Kvaliteten på det vitskaplege utstyret og databasane betyr mykje for kvaliteten i forskinga. Dette gjer satsing på vitskapleg utstyr og infrastruktur naudsynt. Samstundes er kvaliteten på utstyret ein føresetnad for internasjonalt samarbeid.

Midlane gjekk til å dekkje forpliktingane frå tidlegare år på 18 mill. kroner medrekna løyvinga til Norsk laboratorium for akseleratordatering ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet for perioden 2004–06.

Resultatmål for 2007

Tildelinga til vitskapleg utstyr over denne posten skal vere om lag 10 mill. kroner i 2007. I tillegg foreslår departementet at 12 mill. kroner av den auka avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skal nyttast til slikt utstyr, jf. kap. 286 post 50.

Internasjonalisering

Løyvinga gjeld det arbeidet Forskingsrådet gjer for å styrkje norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, og omfattar mellom anna EU-samarbeid, bilateralt samarbeid og nordisk samarbeid.

Resultatrapport for 2005–06

Løyvinga til internasjonalisering var 76 mill. kroner i 2005 og 95 mill. kroner i 2006. Tiltak for å stimulere norske miljø til deltaking i EUs sjette rammeprogram har hatt høg prioritet. Verkemidla i det sjette ramme­programmet er meir omfattande og krevjande enn tidlegare. Nasjonal tilleggsfinansiering er vurdert som naudsynt for å sikre og auke deltakinga frå norske forskingsmiljø. Institutt som er tildelte finansiering gjennom EUs rammeprogram, har sidan 2004 motteke delfinansiering frå Forskingsrådet for å følgje opp EU-prosjekta best mogleg. Ordninga har vore sentral for norsk suksess i sjette rammeprogram. Forskingsrådet har i tillegg nytta store ressursar på prosjektførebuing og på å rettleie forskingsmiljøa i spørsmål om EU-prosjekt. Norske forskingsmiljø har så langt gjort det godt innanfor sjette rammeprogram, jf. omtale under kap. 288 post 73.

I tråd med tilrådingar i rapporten om forskarmobilitet til Noreg frå 2003, har Forskingsrådet teke på seg ansvaret for å vere eit mobilitetssenter i det europeiske nettverket av mobilitetssenter (NORMOB). Forskingsrådet har òg fått støtte frå EU til å etablere ein norsk nettportal som er kopla opp mot EUs eigen nettportal for forskarmobilitet, www.eracareers.com. Gjennom å gi strukturert informasjon om reglar o.a. skal det norske mobilitetssenteret og portalen vere eit hjelpemiddel for både norske og utanlandske forskarar som ønskjer eit opphald utanfor sitt eige land.

Forskingsrådet har i 2005 og 2006 arbeidd med oppfølging av strategien for å styrkje forskings- og teknologisamarbeidet med Nord-Amerika, mellom anna i samarbeid med Innovasjon Noreg. Vidare har rådet lagt til rette for auka forskingssamarbeid med Japan, Kina, India, Frankrike og Tyskland.

Resultatmål for 2007

Tildelinga til internasjonaliseringstiltak skal i 2007 vere om lag 103 mill. kroner. Forskingsrådet skal fremme internasjonalt forskingssamarbeid og forskarmobilitet. EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling (2007–13) vil starte opp i 2007. Forskingsrådet skal arbeide for god norsk deltaking også i dette rammeprogrammet.

Ordninga med delfinansiering av eigendelen når norske forskingsinstitutt får tildelt prosjekt frå EU, skal førast vidare. Forskingsrådet skal forvalte midlane som ei felles ordning, sjølv om løyvingane kjem frå ulike departement.

For at Noreg skal få best mogleg nytte av deltakinga i rammeprogrammet, er det naudsynt å ha nasjonale ekspertar i Europa-kommisjonen. Desse skal medverke til å auke kunnskapen om EUs forskingspolitikk og rammeprogrammet. Forskingsrådet skal medverke aktivt til å rekruttere og finansiere fleire norske ekspertar.

Forskingsrådet skal i samarbeid med Innovasjon Noreg vidareutvikle bilateralt samarbeid mellom Noreg og andre land. Innanfor tildelinga skal Forskingsrådet styrkje løyvinga til samarbeidet mellom Noreg og Russland om polarforsking med 1 mill. kroner. Vidare skal Forskingsrådet følgje opp dei forslaga som ligg i strategien for auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika, jf. nærmare omtale i kategoriinnleiinga, samt den bilaterale forskings- og teknologiavtalen med USA. Forskingsrådet skal også følgje opp det bilaterale forskingssamarbeidet med Japan, Kina, India og Sør-Afrika.

Ordninga med internasjonale stipend til individuelle studieopphald, prosjektførebuingar og forskarutveksling med utlandet, med auka vekt på prioriterte samarbeidsland, skal førast vidare.

Forskingsrådet skal halde fram med å utvikle det nordiske forskings- og innovasjonsarbeidet vidare, jf. kategoriinnleiinga. Nye satsingar på områda stamcelleforsking, velferdsforsking med fokus på arbeidsmarknad og den skandinaviske modellen, samt mat, ernæring og helse, skal finansierast av Forskingsrådet saman med NordForsk og nasjonale forskingskjelder i dei andre nordiske landa.

FUGE (funksjonell genomforsking)

FUGE er oppretta for å styrkje forsking og kompetanseutvikling innanfor funksjonell genomforsking i Noreg, og for å medverke til at Noreg kan bli ein likeverdig internasjonal partnar på feltet. Løyvinga over denne posten var på 51 mill. kroner i 2006. I tillegg har Forskingsrådet i 2006 tildelt til saman 120 mill. kroner til FUGE av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50.

FUGE starta i 2002 og skal avsluttast i 2011. Programmet inkluderer fleire fagområde: biologisk grunnforsking, IKT (bioinformatikk), medisinsk og marin forsking. Ei hovudsatsing hittil har vore å etablere elleve teknologiplattformer, som er nasjonale service- og kompetansesenter innanfor ulike spesialområde. Plattformene skal vere ein ressurs både for forskingsmiljø og bedrifter. FUGE har i 2005 inngått samarbeid med FORNY og Innovasjon Noreg for å styrkje norsk næringsutvikling i bioteknologi. Internasjonalt deltek FUGE i tre ERA-nett (jf. kap 288 post 73) og i ulike samarbeidsaktivitetar med Nord-Amerika og Norden. Rekruttering er ein viktig del av satsinga, og programmet finansierer 47 doktorårsverk (53 pst. kvinner) og 33 postdoktorårsverk (36 pst. kvinner), i tillegg til 15 karrierestipend (33 pst. kvinner). FUGE gjennomgår no ei midtvegsevaluering som skal vere avslutta hausten 2006.

Departementet legg til grunn at den samla satsinga på FUGE blir ført vidare på om lag same nivå som i 2006, jf. òg kap. 286 post 50.

Ordning for finansiering av små driftsmidlar

I 2006 var det løyvd 40 mill. kroner til ei mellombels ordning for å auke tilgangen på små driftsmidlar til vitskapleg tilsette ved universitet og høgskolar. I samsvar med forslaget i St.meld. nr. 20 (2004–2005) er ordninga meint å vare til 2010. Sjå nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet. Institusjonane i universitets- og høgskolesektoren har handsama og prioritert søknader, og sendt ei samla innstilling til Forskingsrådet, som vurderer om søknadene tilfredsstiller gjeldande krav. I 2006 vart det gitt midlar til alle dei 41 institusjonane som søkte ordninga. Totalt vart det gitt driftsmidlar til 1 378 forskarar. Tildelinga til denne ordninga skal førast vidare på same nivå som i 2006.

Kommersialisering av forskingsresultat

Den forskinga som går føre seg ved dei offentlege forskingsinstitusjonane, bør komme samfunnet til gode. Auka kommersialisering av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet og høgskolar er derfor eit prioritert mål for Regjeringa, sjå også kategori 07.60 (om innovasjon og randsoneinstitusjonar). I 2005 vart det i alt løyvd om lag 14 mill. kroner til programmet FORNYover budsjettet til Kunnskapsdepartementet. 8 mill. kroner av løyvinga gjekk over denne posten. Løyvinga gjekk til teknologioverføringskontora ved universiteta, infrastrukturtiltak ved institusjonane i universitets- og høgskolesektoren og til Innovasjon 2010-prosjektet i Midt-Noreg. Tildelinga til kommersialisering av forskingsresultat over denne posten var i 2006 7 mill. kroner. I 2007 skal tildelinga vere om lag 7 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet har i samråd med Kunnskapsdepartementet sett i gang eit arbeid for å greie ut og vurdere dei ulike offentlege aktørane og verkemidla innanfor kommersialisering av forsking. Målet er å sjå på behovet for auka samarbeid, arbeidsdeling og forenkling med sikte på auka verdiskaping. Arbeidet skal vere ferdig i løpet av våren 2007.

Strategiske fellesfunksjonar og informasjon

Dei strategiske fellesfunksjonane i Forskingsrådet omfattar m.a. forskingspolitisk rådgiving, styrking av kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken, formidlingstiltak og arbeid med å styrkje den rolla Forskingsrådet har som møteplass for aktørane i forskingssystemet.

Resultatrapport for 2005–06

Av løyvinga på posten gjekk 49 mill. kroner til strategiske fellesfunksjonar og informasjon i 2005. I 2006 er tildelinga 51 mill. kroner.

Nasjonal FoU-statistikk er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken. Statistikken blir laga av NIFU STEP og Statistisk sentralbyrå (SSB) med finansiering frå Forskingsrådet. I samarbeid med NIFU STEP og Statistisk sentralbyrå utarbeider Forskingsrådet rapporten Det norske forsknings – og innovasjonssystemet- statistikk og indikatorer annakvart år. Den siste kom ut i februar 2006. Rapporten gir eit samla bilete av tilgjengeleg statistikk for FoU og innovasjon, forutan analysar og internasjonale samanlikningar.

Det daverande Utdannings- og forskingsdepartementet oppretta i 2004 Komité for integreringstiltak – Kvinner i forsking, og det vart avsett til saman 3 mill. kroner til dette arbeidet i 2005. Kunnskapsdepartementet vil evaluere tiltaket i løpet av hausten 2006.

Satsinga på teknologiframsyn (CREATE) som starta i 2002, vart fullført i 2005. Det har vore gjennomført fem framsynsprosjekt innanfor områda bioteknologi, material- og nanoteknologi, IKT, energisystem og havbruk. Det er òg laga ein analyserapport om behovet for nye former for tverrfagleg samspill basert på dei fem prosjekta. Satsinga har vore eit nybrottsarbeid med breie medverknadsprosessar. Målet har m.a. vore å finne metodar og arbeidsformer for å identifisere strategiske forskingsfelt. Forskingsrådet arbeider med å følgje opp prosjekta og dei faglege tilrådingane. Satsinga vil bli evaluert internt i Forskingsrådet i løpet av hausten 2006 som ein del av grunnlaget for det vidare arbeidet med teknologiframsyn.

Forskingsrådet har forvaltningsansvar for KILDEN (Informasjons- og dokumentasjonssenter for kvinne- og kjønnsforsking i Noreg), Teknologirådet og dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane for medisin, naturvitskap og samfunnsvitskap og humaniora (NEM, NENT og NESH). KILDEN som tenesteytande organ vart evaluert av Statskonsult i 2005. Hovudkonklusjonen er positiv. Statskonsult tilrår at Forskingsrådet framleis skal ha ansvar for senteret, men at styringsdialogen bør styrkjast. Ei arbeidsgruppe skal vurdere eventuelle endringar i m.a. eigartilhøve, finansiering og lokalisering. Gruppa skal leggje fram alternative forslag til vidare organisering innan utgangen av 2006.

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane er no lovfesta, jf. Ot.prp. nr. 58 (2005–2006). Ei evaluering av verksemda i komiteane vil bli gjennomført i 2006.

Forskingsrådet har halde fram med utvikling av formidlingstiltak retta mot allmenta. Formidlinga skjer m.a. gjennom bladet Forskning og nettstaden forskning.no. Bladet Forskning har auka opplaget med 20 pst. Nettstaden forskning.no aukar òg kraftig, og hadde i 2005 4,2 millionar unike besøk, mot 2,8 millionar unike besøk året før. Forsk­ning.no blir dagleg sitert av ei rekkje andre medium, og blir mykje brukt som kjelde av journalistar. Som oppfølging av St.meld. nr. 20 (2004–2005) vil Forskingsrådet i samarbeid med andre forskingsinstitusjonar utvikle ein ekspertbase, kalla EkspertSvar som skal vere operativ i 2007. Forskingsrådet deler òg ut ein formidlingspris og ein pris for framifrå forsking.

Forskingsdagane 2005 hadde fysikk og design som tema og fekk god mediedekning. Den internasjonale kontakten om slike forskingsformidlingstiltak har vore aukande, m.a. gjennom EU, og det blir stadig utvikla nye arrangementsformer. Aktiviteten innanfor Nysgjerrigper­-prosjektet har vore høg, og prosjektet har vekt interesse også utanfor Noreg. Framtidig rekruttering til forskaryrket er eit viktig mål. Nettstaden nysgjerrigper.no er lansert, med eigne sider på engelsk, og har vorte ein viktig kanal mot brukarane. Forskingsrådet samarbeider med Stiftelsen ungdom og forsking om konkurransen Unge forskarar, der målgruppa er ungdom frå 14 til 20 år.

Resultatmål for 2007

Tildelinga til strategiske fellesfunksjonar og informasjon skal vere om lag 46 mill. kroner i 2007. Forskingsrådet skal vidareføre arbeidet med koordinering av FoU-statistikken og utvikling av Forskingsrådet som møteplass i forskingssystemet. Arbeidet for likestilling i forsking skal halde fram. Arbeidet med forskingsformidling skal førast vidare.

Tildelinga til etikkarbeidet skal styrkjast med minst 2,4 mill. kroner. Auken gjeld dels NEMs koordineringsfunksjon for dei regionale komiteane for medisinsk forskingsetikk, dels oppretting av eit nasjonalt utval for gransking av påstander om forskingsfusk, jf. Innst. O. nr. 70 (2005–2006) og Ot.prp. nr. 58 (2005–2006). Forvaltningsansvaret for det nye utvalet skal inntil vidare liggje hos Forskingsrådet.

Budsjettforslag for 2007

Budsjettforslaget for kap. 285 post 52 viser totalt ein reduksjon på 7,1 mill. kroner i forhold til 2006. I tillegg til løyvingane over post 52 blir tilsegnsfullmakta ført vidare på same nivå som i 2006, dvs. 37,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 55 Administrasjon

Resultatrapport for 2005–06

Administrasjonsutgiftene til Noregs forskingsråd blir finansierte av Kunnskapsdepartementet på vegner av alle departementa. Løyvinga på denne posten utgjorde om lag 4,7 pst. av dei samla løyvingane frå departementa til Forskingsrådet. I 2005 var 339 årsverk knytte til administrasjonen. Det er ein auke på sju årsverk i høve til 2004. 61 pst. av årsverka blir utførte av kvinner, om lag same nivå som dei siste åra.

I 2005 har Forskingsrådet arbeidd med å implementere og vidareutvikle den organisasjonsstrukturen som vart lagd gjennom omorganiseringa av rådet i 2003. Innovasjonsdivisjonen er omorganisert i tråd med etableringa av ny verkemiddelportefølje for innovasjon. Staben til administrerande direktør vart utvida i 2005, for å styrkje arbeidet med strategiske tema, internasjonalisering og FoU-administrasjon.

Gjennom betre bruk av IT-verktøy har Forskingsrådet auka effektiviteten og kvaliteten på tenestene sine. Den elektroniske søknadsordninga (eSak) vart hausten 2005 oppgradert for å få betre kapasitet og bli meir driftssikker. Forskingsrådet sette også i drift ei løysing for sjølvbetent innlevering av framdriftsrapportar og elektroniske fagekspertvurderingar.

I perioden 2003–05 gjennomførte Riksrevisjonen ei undersøking av handlingsretta program i Forskingsrådet. Riksrevisjonen peikte på at programma må bli betre når det gjeld målstyring og formidling. Forskingsrådet har gått gjennom krava til målstyring i programma og nedfelt desse i relevante dokument. Rådet har også laga hjelpeverktøy for det arbeidet programma skal gjere med formidling og rapportering. Formidlinga på nettsidene til Forskingsrådet er forbetra, mellom anna gjennom betre verktøy for navigasjon og søk. Frå 2006 vil årsrapportane frå alle programma i Forskingsrådet bli lagde ut på nettet. Sjå òg omtale i kategoriinnleiinga.

Resultatmål for 2007

Den administrative verksemda skal omfatte oppgåver for alle departementa, og inkludere forvaltning og fordeling av heile budsjettet til Forskingsrådet. I 2007 skal Forskingsrådet særleg arbeide med oppfølging av St.meld. nr. 20 (2004–2005). Forskingsrådet skal styrkje rolla si som forskingspolitisk rådgivar. Administrasjonen skal òg arbeide med tiltak for å redusere budsjettmessige overføringar.

Budsjettforslag for 2007

Løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd blir ført vidare på om lag same nominelle nivå som i 2006.

Kap. 286 Fondet for forsking og nyskaping

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

50

Overføring til Noregs forskingsråd

641 438

707 760

939 560

95

Fondskapital

3 200 000

14 000 000

10 000 000

Sum kap. 286

3 841 438

14 707 760

10 939 560

Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå 1. januar 2006 ein fondskapital på 50 mrd. kroner. Fondet skal sikre langsiktige og stabile forskingsløyvingar og skal medverke til å oppfylle dei overordna forskingspolitiske måla. Fondet har i dei siste åra vore eit viktig instrument for å styrkje løyvingane til forsking. Framfor alt har midlane gått til satsingar som betrar kvaliteten i norsk forsking. I samsvar med St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning vil den auka avkastninga frå fondet kunne bli nytta til å følgje opp alle dei forskingspolitiske prioriteringane til Regjeringa.

Post 50 Overføring til Noregs forskingsråd

Resultatrapport for 2005–06

Noregs forskingsråd er ansvarleg for fordelinga av den delen av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping som blir løyvd over kap. 286. Midlane er i 2005 nytta i tråd med resultatmåla. Løyvinga gjekk i 2005 til følgjande formål:

Tabell 4.19 Midlar frå Fondet for forsking og nyskaping. Fordeling etter verkemiddel. 2005

Verkemiddel

mill. kroner

Store program

272

Andre programsatsingar

55

Frittståande prosjekt

84

Infrastruktur og institusjonsstøtte

218

Nettverkstiltak

7

Diverse FoU

4

Sum

641

Kvalitet er det fremste kriteriet for tildeling av midlar frå Forskingsfondet. Forskarutdanning og internasjonalisering er sentrale element i dei ulike satsingane. Fondet medverkar til målet om å auke talet på rekrutteringsstillingar. 205 doktorårsverk og 117 postdoktorårsverk vart finansierte med midlar frå fondet i 2005.

Drygt 40 pst. av fondsmidlane er i 2005 nytta til tematiske satsingar gjennom dei sju store programma i Forskingsrådet: FUGE, NANOMAT, VERDIKT, HAVBRUK, NORKLIMA, RENERGI og PETROMAKS. Dei store programma er særleg viktige for realisering av dei tematiske og teknologiske prioriteringane i forskingspolitikken.

  • FUGE (funksjonell genomforsking) dekkjer fagleg breitt innanfor biologisk grunnforsking, bioinformatikk samt marin og medisinsk forsking. Programmet har i 2005 inngått samarbeid med FORNY og Innovasjon Noreg for å styrkje næringsutviklinga av bioteknologiverksemder i oppstartingsfasen.

  • HAVBRUKskal sikre og vidareutvikle det faglege grunnlaget for marknadsretta, miljø- og ressursvennleg produksjon av akvatiske organismar. Laks og torsk er dei høgst prioriterte artane i programmet.

  • NANOMAT tek sikte på å skaffe ny kunnskap for industriutvikling innanfor energi- og miljøteknologi, nanostrukturerte materialar, materialar for IKT, sensorar og smarte materialar, og for å utnytte nye materialar og nanoteknologi innanfor helse og velferd. Arbeidet med ein nasjonal strategi for nanovitskap og nanoteknologi vart starta i 2005 og skal vere ferdig i 2006.

  • NORKLIMA skal framskaffe kunnskap om klimasystemet, framtidige klimaendringar og korleis dette gir nye vilkår for samfunnsutvikling, internasjonale forhold og ressursforvaltning. Den marine klimaforskinga i programmet har i 2005 m.a. vore omtalt i fleire artiklar i tidsskriftet Science.

  • PETROMAKS skal gjennom styrkt kunnskapsutvikling, næringsutvikling og internasjonal konkurransekraft medverke til at petroleumsressursane skapar auka verdi for samfunnet. I 2005 har programmet m.a. medverka spesielt til å etablere samarbeid med USA og Russland.

  • RENERGI skal utvikle kunnskap og løysingar som grunnlag for miljøvennleg, økonomisk og rasjonell forvaltning av energiressursane i Noreg. Sentrale forskingsområde er m.a. energipolitikk, energibruk, fornybar energiproduksjon, hydrogen og naturgass. Programmet har i 2005 etablert samarbeid med sterke utanlandske miljø og delteke i fleire store EU-finansierte prosjekt.

  • VERDIKT skal medverke til at Noreg blir leiande i å utvikle og bruke kunnskap for samhandling, innovasjon og verdiskaping i eit IKT-basert nettverkssamfunn. Programmet starta opp i 2005.

Under kategorien Andre programsatsingar ligg òg FIFOS, som er ei satsing på innovasjon og fornying av offentleg sektor, og programmet Kunnskapsutvikling for norsk språkteknologi (KUNSTI).

Fondsfinansieringa innanfor Frittståande prosjekt er dominert av STORFORSK, som skal styrkje den frie grunnforskinga ved å støtte større prosjekt enn det vanlegvis er rom for innanfor den frie prosjektstøtta. I 2005 vart det delt ut i overkant av 250 mill. kroner til 17 grunnforskingsprosjekt over ein fireårsperiode. Dei frittståande prosjekta inneheld òg ei bioprospekteringssatsing som mellom anna skal utvikle forskargrupper som har føresetnader for å hevde seg internasjonalt, og som har potensial til å framstå som attraktive samarbeidspartnarar for industrien.

Over ein tredel av fondsmidlane vart i 2005 brukte til Infrastruktur og institusjonsstøtte. I denne kategorien ligg m.a. Senter for framifrå forsking (SFF), som er ei av hovudprioriteringane innanfor fondsmidlane. SFF-ordninga er viktig for å auke kvaliteten i forskingsmiljøa. Den vitskaplege publiseringa syner at dei fleste av dei 13 sentra, som vart oppretta i 2002–03, er i internasjonal toppklasse. I løpet av 2005 hadde sentra til saman 467 publikasjonar i vitskaplege tidsskrift med referee-ordning, deriblant fleire i Science og Nature. Dette er ein auke på 87 publikasjonar frå 2004. Internasjonalisering er eit viktig mål for sentra. I tillegg til å ha rekruttert fleire utlendingar til den vitskaplege staben har sentra eit utstrekt samarbeid med forskargrupper i andre land. 720 gjesteforskarar har vore på kortare opphald ved sentra i løpet av 2005. Noregs forskingsråd skal gjennomføre ei midtvegsevaluering av sentra i 2006, som grunnlag for vedtak om vidare drift dei siste fem åra, eventuelt avvikling etter dei første fem åra. I 2005 hadde Forskingsrådet ei ny utlysning av SFF-ordninga. Av 98 nye søkjarar har 26 gått vidare til andre kvalifiseringsrunde. Forskingsrådet har sett av midlar til åtte–ti nye senter med oppstart i 2007.

Den nye ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon(SFI) blir finansiert over denne posten. Sjå omtale i kategoriinnleiinga. 14 senter vart valde ut i 2006:

  • Center for e-Field and Integrated Operations for Upstream Petroleum Activities (NTNU)

  • COIN – Concrete Innovation Centre (SINTEF)

  • CREATE – CRI in Aquaculture Technology (SINTEF Fiskeri og havbruk)

  • Information Access Disruptions (FAST asa)

  • Innovative Natural Gas Processes and Products (Universitetet i Oslo)

  • MabCent; Marine bioactives & drug discovery (Universitetet i Tromsø)

  • Medical Imaging Laboratory for Innovative Future Healthcare (NTNU)

  • Multiphase Flow Assurance Innovation Centre (Institutt for energiteknikk)

  • Norwegian Manufacturing Future (SINTEF)

  • Statistics for Innovation (Norsk reknesentral)

  • Stem Cell Based Tumor Therapy (Rikshospitalet)

  • Structural Impact Laboratory (NTNU)

  • The Michelsen Centre for Industrial Measurement Science and Technology (Christian Michelsen Research)

  • Tromsø Telemedicine Laboratory (Universitetssjukehuset i Nord-Noreg)

Kategorien Infrastruktur og institusjonstøtte gjeld òg satsingar på grunnleggjande sjukdomsmekanismar og medisin- og helsegrupper. Desse satsingane skal mellom anna utvikle særleg sterke forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå. Kategorien inneheld òg omstruktureringsmidlar for instituttsektoren, løyvingar til vitskapleg utstyr, og kompetansefelt for næringsutvikling som gjeld nasjonale kompetansemiljø som er særleg relevante for framtidig næringsutvikling.

Kategorien Nettverkstiltak går til Europauniversitetet i Firenze, Leiv Eiriksson mobilitetsprogram og anna internasjonalt samarbeid.

Resultatmål for 2007

Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skal nyttast i tråd med dei overordna prioriteringane i forskingspolitikken. Kvalitet skal vere det fremste kriteriet for tildeling av midlar frå fondet.

I 2007 aukar løyvinga over denne posten med om lag 232 mill. kroner. Den auka avkastninga skal nyttast i tråd med tabell 4.20:

Tabell 4.20 Fordeling av auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping (i mill. kroner)

Det internasjonale polaråret

80

Energi og miljø

40

Mat

10

Hav

10

Helse

20

Brukarstyrt innovasjonsarena

20

Strategiske høgskoleprosjekt

10

Vitskapleg utstyr

12

Utvida gåveforsterkingsordning

30

Sum

232

Regjeringa foreslår at 80 mill. kroner av avkastninga skal nyttast til ei stor satsing på Det internasjonale polaråret (IPY), jf. omtale i kategoriinnleiinga. Den norske innsatsen skal m.a. rettast mot betre samarbeid i nordområda, meir presise klimaprognosar, betre observasjons- og analyseevne for fysiske, kjemiske og biologiske forhold i Arktis, og auka interesse for og rekruttering til realfag.

Av den auka løyvinga på posten skal 80 mill. kroner nyttast til temasatsingar, jf. St.meld. nr. 20 (2004–2005). 40 mill. kroner av dette skal nyttast til ei stor satsing på forsking innanfor energi og miljø, gjennom 25 mill. kroner til Gassmaks og 15 mill. kroner til NORKLIMA og RENERGI. Den tematiske satsinga Mat skal styrkjast med 10 mill. kroner, gjennom auka løyvingar til programmet Norsk mat frå sjø og land. 10 mill. kroner skal nyttast til satsingsområdet Hav, gjennom auka løyvingar til programma HAVBRUK og HAVKYST. Forsking innanfor helseområdet skal styrkjast med 20 mill. kroner. 10 mill. kroner av dette skal nyttast til ei ny heilskapleg forskingsatsing knytt til sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet. Sjå under del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet for meir omtale. Satsinga skal òg styrkje stamcelleforsking og global helseforsking.

Avkastninga frå fondet kan frå 2007 også nyttast til tiltak for å styrkje FoU-innsatsen til næringslivet, jf. St.meld. nr. 20 (2004–2005). 20 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA). Vidare skal 10 mill. kroner nyttast til strategiske høgskoleprosjekt.

12 mill. kroner av den auka avkastninga skal nyttast til vitskapleg utstyr, særleg innanfor matematisk-naturvitskaplege og teknologiske fag. I 2006 vart det innført ei ordning med offentleg gåveforsterking av gåver frå privatpersonar og verksemder til grunnforsking. Det vart sett av 50 mill. kroner til dette i 2006. Forskingsrådet skal nytte 30 mill. kroner til å auke tildelinga slik at samla ramme for ordninga blir 80 mill. kroner. Ordninga skal frå 1. januar 2007 også omfatte gåver frå andre private givarar, m.a. ideelle organisasjonar, jf. også omtale i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet. For meir omtale av satsingane over, sjå del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

Satsinga på FUGE og ordningane med Senterforframifråforsking og Senterforforskingsdriveninnovasjon skal finansierast av fondsmidlar. I tillegg foreslår departementet å løyve 51 mill. kroner til FUGE over kap. 285 post 52. I 2007 skal det etablerast eit nordisk senter i molekylær medisin knytt til EMBL. Universitetet i Oslo skal ha ein knutepunktfunksjon. Tildelinga til FUGE i 2007 skal gi rom for å støtte dette. Senteret skal ha fokus på å overføre resultata frå grunnleggjande forsking til å anvende desse klinisk. 51 mill. kroner av avkastninga skal nyttast til langsiktig, grunnleggjande forsking retta mot petroleumssektoren.

Budsjettforslag for 2007

Løyvinga over kap. 286 post 50 aukar med om lag 232 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2006. Auken kjem som følgje av større avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping på grunn av kapitalauke i 2006, jf. kap. 3286.

Post 95 Fondskapital

Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 10 mrd. kroner frå 1. januar 2007, slik at samla kapital blir 60 mrd. kroner. Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping blir plassert som kontolån til staten med ei rente som tilsvarer renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid.

Kap. 3286 Fondet for forsking og nyskaping

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

80

Avkastning

1 989 017

2 134 060

85

Avkastning

2 653 460

Sum kap. 3286

1 989 017

2 134 060

2 653 460

Kapittelet gjeld avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286. Regjeringa ønskjer å skilje mellom renteinntekter og andre inntekter over 80-postar. Frå budsjettet for 2007 skal postane 80–84 nyttast til renteinntekter, og postane 85–89 skal nyttast til andre inntekter. Departementet foreslår derfor å overføre løyvinga på post 80 til post 85.

Avkastninga aukar med 519 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2006, på grunn av kapitalauken på 14 mrd. kroner i 2006.

Avkastninga frå Forskingsfondet vil i 2007 bli fordelt med 505,3 mill. kroner i direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar over kategori 07.60, 939,6 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50, 988,7 mill. kroner til Forskingsrådet over kap. 285 post 52, 184 mill. kroner til EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling over kap. 288 post 73 og 35,9 mill. kroner over kap. 920 post 50 på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

21

Særskilde driftsutgifter

3 224

4 202

3 362

50

NOVA

23 195

52

Norsk Utanrikspolitisk Institutt

16 623

53

NOVA og NUPI

41 094

42 656

54

Forskingsstiftelsar

46 584

48 075

49 902

56

Ludvig Holbergs forskingspris

9 127

9 100

9 100

71

Tilskott til andre private institusjonar

18 565

19 159

23 517

72

Til disposisjon for departementet

1 448

73

Niels Henrik Abels matematikkpris

12 443

12 400

12 400

Sum kap. 287

131 209

134 030

140 937

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga skal nyttast til å dekkje utgifter til utgreiingar o.a. som vil medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken. I 2005 er løyvinga i hovudsak nytta til å finansiere utarbeiding og oppfølging av St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning, som vart lagd fram i mars 2005. Midlar frå posten har i 2005 òg vore nytta til å styrkje to strategiske instituttprogram ved NIFU STEP: eitt om internasjonalisering av forsking og høgre utdanning og eitt om politikk for kunnskapssamfunnet.

Budsjettforslag for 2007

For 2007 foreslår departementet at løyvinga blir redusert med kr 840 000 i høve til saldert budsjett for 2006.

Post 53 NOVA og NUPI

Forskinga og utviklingsarbeidet ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skal føre til auka kunnskap om sosiale tilhøve og endringsprosessar. Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) har til formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve.

Resultatrapport for 2005–06

NOVA har vedteke ein ny strategisk plan for perioden 2007–09. I hovudsak studerer NOVA det norske samfunnet. Men det er naudsynt å sjå norske tilhøve i internasjonal samanheng, og utviklinga av disiplinar, teori og metode skjer i eit internasjonalt forskingsfellesskap. I den strategiske planen har NOVA som ambisjon at forskinga ved instituttet skal ha eit internasjonalt nivå. Det er òg ein ambisjon å styrkje det komparative aspektet ved forskinga ved NOVA. Auka fokus på internasjonalt samarbeid vil vere avgjerande for at NOVA skal nå målet om auka internasjonal finansiering.

Forskarane ved NOVA utførde 67 årsverk i 2005. NOVA er blant dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som har flest forskarar med doktorgrad per forskarårsverk. Den vitskaplege publiseringa har auka noko frå 2004 til 2005, og talet på artiklar i internasjonale tidsskrift med fagfellevurdering har stige i 2005 samanlikna med i 2004. Basisløyvinga over kap. 287 stod for 34 pst. av dei samla inntektene til NOVA i 2005. Dette er noko lågare enn i 2004.

Forskinga ved NUPI er organisert i fire avdelingar: Internasjonal politikk, Internasjonal økonomi, Utviklingsstudier og Russlandsstudier. I tillegg driv instituttet eit program for Persiabukta, eit FN-program og eit program for opplæring av afrikanske sivile for deltaking i fredsoperasjonar ( Training for Peace). Eit energiprogram med fokus på Barentsregionen og eit program om utforminga av tryggleikssektoren i Bosnia er under oppbygging. Instituttet har òg ei informasjonsavdeling.

Forskinga ved NUPI var i 2005 for ein stor del bygd rundt to strategiske instituttprogram. Det eine programmet er European Security: Europe as Actor and Arena, som til og med 2005 var program finansiert av Noregs forskingsråd om utviklingstrekk i europeisk utanriks- og sikringspolitikk i tida etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001. Målet har blant anna vore å sjå på terrortrusselen sin påverknad på utviklinga i forholdet mellom USA og Europa, for utviklinga i EUs utanriks- og sikringspolitikk og for utviklinga i ulike europeiske statars utanriks- og sikringspolitikk. Programmet har blitt gjennomført i samarbeid med eit tilsvarande program ved Institutt for fredsforskning (PRIO). Programmet vart avslutta i desember 2005. Det andre programmet er Hegemoni og global politisk orden, som NUPI har i samarbeid med mellom anna NTNU i Trondheim. Treårsperioden gjekk ut i 2005, men Noregs forskingsråd har gitt to års forlenging av programmet. Målet med programmet er todelt. På den eine sida blir spesifikke, aktuelle og samtidige utviklingstrekk i internasjonal politikk analysert, særleg i lys av stormaktspolitikk i det internasjonale statssystemet. På den andre sida blir det nytta ei teoretisk og historisk tilnærming til hegemoni og globale makropolitiske utviklingstrekk.

Forskarane ved NUPI utførde 35,1 årsverk i 2005. I likskap med NOVA er NUPI blant dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som har flest forskarar med doktorgrad per forskarårsverk. NUPI gir ut tre tidsskrift og artikkelserien Hvor hender det? Samanlikna med andre samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt har NUPI få kvinnelege forskarar, sjølv om talet har auka noko dei siste åra. NUPI har ikkje klart å auke delen kvinnelege tilsette i forskarstaben i 2005 trass i at fleire tiltak er sette i verk. Basisløyvinga over kap. 287 utgjorde 29,7 pst. av dei samla inntektene til instituttet i 2005. Dette er om lag på same nivå som året før.

Resultatmål for 2007

NOVA skal utvikle posisjonen sin som eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal framleis arbeide for å styrkje det internasjonale samarbeidet og auke den internasjonale finansieringa.

NUPI skal vere eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal arbeide for å styrkje finansieringa frå internasjonale finansieringskjelder. NUPIs arbeid for å rekruttere fleire kvinner til forskarstillingar skal halde fram.

Budsjettforslag for 2007

Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 54 Forskingsstiftelsar

Forskingsrådet har eit strategisk ansvar for instituttsektoren og har derfor fått ansvaret for å tildele basisløyvingane til forskingsinstitutta over denne posten. Basisløyvingane skal nyttast til å byggje opp langsiktig kompetanse på særskilde område. Dei skal ikkje nyttast til å subsidiere oppdragsforsking. Den årlege tildelinga av basisløyvingar gjer Forskingsrådet i stand til å følgje utviklinga både i sektoren og ved kvart einskilt institutt. Forskingsrådet arbeider for å fremme kvalitet i forskinga ved institutta, betre samarbeidsrelasjonar og fremme ei formålstenleg arbeidsdeling i sektoren. Arbeidet skjer gjennom kontakt med instituttleiarane, dialogmøte med institutta, systematiske instituttevalueringar, årleg rapportering frå institutta og tildelingar av strategiske instituttprogram.

Resultatrapport for 2005–06

Posten finansierte i 2005 basisløyvingane til følgjande fem frittståande forskingsinstitutt: Institutt for fredsforsking (PRIO), Fridtjof Nansens Institutt (FNI), Institutt for samfunnsforsking (ISF), Forskingsstiftelsen Fafo og NIFU STEP Studier av innovasjon, forsking og utdanning.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomgår Forskingsrådet dei institutta som arbeider innanfor det arbeids- og sosialpolitiske området og området for utanriks- og tryggleikspolitikk. Arbeidet skal kartleggje korleis denne delen av instituttsektoren står seg, finne fram til moglege forbetringspunkt og foreslå tiltak for forbetring. Gjennomgangen skal vere ferdig innan 1. januar 2007.

For 2005 la departementet mellom anna til grunn at Forskingsrådet skulle arbeide for å auke rekrutteringa av kvinnelege forskarar ved dei institutta der delen av kvinner er låg. For alle dei samfunnsvitskaplege institutta har delen forskarårsverk utførte av kvinner auka frå 37 pst. i 1997 til 43 pst. i 2005. Den tematiske fordelinga av strategiske instituttprogram har sikra at det er vidareutvikla eller utvikla nye og sentrale kjerneområde ved institutta.

PRIO og FNI er utanrikspolitiske institutt. PRIO er vertskap for eitt av sentra for framifrå forsking, Center for the Study of Civil War. I 2005 tildelte Forskingsrådet totalt 17,6 mill. kroner i basisløyvingar til desse institutta over denne posten. Dei to institutta hadde til saman 56 forskarårsverk i 2005.

NUPI og Senter for klimaforskning (CICERO) fekk vidare 2,3 mill. kroner til strategiske instituttprogram over denne posten.

Fafo og Institutt for samfunnsforsking (ISF) driv hovudsakleg forsking om arbeidsmarknaden, arbeidslivet, velferd, veljaråtferd samt levekår i land i konflikt. I 2005 var den samla basisløyvinga til desse institutta 17,3 mill. kroner over denne posten. Institutta utførte 102 forskarårsverk i 2005.

I 2005 fekk NIFU STEP 9,4 mill. kroner i basisløyving over denne posten, og det vart utført 60 forskarårsverk i 2005.

Resultatmål for 2007

Eit sentralt mål for Forskingsrådet er å medverke til å byggje opp den langsiktige fagutviklinga ved institutta. Forskingsrådet skal vidare medverke til å styrkje den internasjonale profilen og verksemda til institutta, m.a. gjennom samarbeid innanfor EUs rammeprogram for forsking.

Forskingsrådet skal innan 1. oktober 2006 levere ei utgreiing med forslag til nytt finansieringssystem for forskingsinstitutta. Av den grunn blir det ikkje sett i gang nye strategiske instituttprogram i 2007 for dei institutta som mottek basisløyving på denne posten.

Innanfor løyvinga til dei utanrikspolitiske institutta vil departementet framleis stimulere til strategiske satsingar. Særleg skal Forskingsrådet leggje vekt på at satsingane styrkjer samarbeidet mellom institutta.

NIFU STEP er eit sentralt nasjonalt kunnskapsmiljø for studiar og evalueringar av utdannings-, forskings- og innovasjonspolitikk. Forskingsrådet skal arbeide for å ta vare på og vidareutvikle kompetansen til instituttet.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006. På same måten som FNI og PRIO kan NUPI søkje om midlar til strategiske instituttprogram frå denne posten.

Senter for klimaforskning (CICERO) kan i samarbeid med eitt eller fleire av dei andre utanrikspolitiske institutta òg søkje om midlar til slike program.

Post 56 Ludvig Holbergs forskingspris

Ludvig Holbergs forskingspris er ein internasjonal vitskapleg pris innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi, og vart første gong delt ut i 2004. Prisen skal auke merksemda kring samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og medverke til kvalitetsheving og internasjonalisering av forskinga på desse områda. Holberg-prisen er finansiert av avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 3287 post 86. Prisbeløpet er på 4,5 mill. kroner. I 2005 gjekk prisen til den tyske filosofen og sosiologen Jürgen Habermas. Avkastninga finansierer også ulike arrangement i samband med prisutdelinga, ein nordisk pris, for yngre forskarar på dei same fagområda, Nils Klim-prisen og arrangement retta mot barn og unge.

Avkastninga blir disponert av Universitetet i Bergen. Avkastninga frå Holberg-fondet i 2006 til bruk i 2007 vil vere 9,1 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 86.

Post 71 Tilskott til andre private institusjonar

Målet for ordninga er å medverke til at bestemte forskingsinstitusjonar held fram med eller styrkjer den faglege verksemda si og kompetansenivået sitt. Posten dekkjer tilskott til Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Norske Videnskabs-Akademi i Oslo (DNVA), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse (DKNVS Stiftelse), vitskaplege fond, Egede Instituttet og Christian Michelsens Institutt.

Rapport for 2005–06

Senter for grunnforsking skal vere eit felles miljø for særs dyktige norske og utanlandske forskarar og er viktig for å heve kvaliteten i grunnforskinga. Senteret fører vidare ei rekkje seminar som utgjer ein fast del av den tverrfaglege verksemda ved senteret. Våren 2005 hadde 26 forskarar lengre opphald ved senteret, av desse 13 norske forskarar og 13 utanlandske forskarar. Hausten 2005 arbeidde 35 forskarar ved senteret.

DNVA, DKNVS Akademi og DKNVS Stiftelse har til oppgåve å fremme norsk vitskap, m.a. ved å gi ut vitskapleg litteratur, forvalte vitskaplege fond og skape kontakt med utanlandske miljø og organisasjonar. Det har også i 2005 vore stor aktivitet i form av konferansar og fagseminar. DNVA har i tillegg ansvaret for å administrere utdelinga av Abel-prisen, jf. omtale under post 73. Frå 2008 vil akademiet òg ha ansvaret for utdeling av dei nye Kavli-prisane, jf. omtale nedanfor. Tilskottet til Vitskaplege fond gjeld administrasjon av Nansenfondet, Det vitenskapelige forskningsfond av 1919 samt Institutt for sammenlignende kulturforskning. Tilskottet til Christian Michelsens Institutt går til menneskerettsforskinga ved instituttet. Hovudprioriteringane i 2005 har vore publikasjonar, seminar og foredrag for å skape debatt i det offentlege rom omkring menneskerettsspørsmål. Egede Instituttet skal drive forsking og gi informasjon om misjon og tilgrensande fagområde. Instituttet skal vidare tene kyrkjer, organisasjonar, teologiske fakultet og institusjonar for utdanning av misjonærar. Instituttet har i 2005 m.a. sett i gang ein studie kalla Møter mellom muslimer og kristne. Refleksjoner over erfaringar. Instituttet har i 2005 òg delteke som medarrangør i ei rekkje arrangement på Det teologiske Menighetsfakultetet.

Kavli-prisane

Kavli-prisane er tre internasjonale vitskaplege prisar for framifrå forsking på felta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisane vart innstifta 3. mai 2005, da daverande Utdannings- og forskingsdepartementet, the Kavli Foundation og Det Norske Videnskaps-Akademi underteikna ein samarbeidsavtale om tildeling av Kavli-prisane. Prisane vil bli delte ut annakvart år, første gong i 2008. Prisbeløpet for kvar pris vil vere på 1 mill. USD, og vil bli dekt av the Kavli Foundation. I tillegg til å gi påskjønning til framifrå forsking på dei nemnde felta, skal Kavli-prisane auke merksemda omkring forsking generelt og medverke til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar. Alle kan nominere kandidatar til Kavli-prisane. Vinnarane vil bli peikte ut av tre faglege komitear med deltakarar frå leiande internasjonale forskingsmiljø på dei relevante felta. Det Norske Videnskaps-Akademi skal oppnemne dei tre priskomiteane, og vil ha ansvar for førebuing og gjennomføring av prisseremoni, forelesingar, symposium og andre arrangement i samband med tildelinga av Kavli-prisane.

Budsjettforslag for 2007

Departementet foreslår å auke løyvinga til DNVA med kr 3 750 000 for ei generell styrking av verksemda og for å dekkje opptrappinga av arbeidet med Kavli-prisane. For dei andre institusjonane foreslår departementet at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Tabell 4.21 Løyvingar til private vitskaplege institusjonar og tiltak (i 1 000 kroner)

Institusjon

2005

2006

2007

Senter for grunnforsking

14 070

14 214

14 770

Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo

2 450

2 900

6 650

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim

180

180

184

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse

205

205

208

Vitskaplege fond

135

135

140

Christian Michelsens Institutt

1 220

1 220

1 250

Egede Instituttet

305

305

315

Sum

18 565

19 159

23 517

Post 72 Til disposisjon for departementet

Målet med ordninga har vore å støtte arrangement av og deltaking i nasjonale og internasjonale forskingskonferansar, og å støtte andre forskingsrelevante tiltak.

Løyvinga på posten har i 2005 i hovudsak gått til eit svensk-norsk bokprosjekt i samband med 100-årsmarkeringa av unionsoppløysinga i 1905. Prosjektet er no ferdigstilt. Løyvinga har òg finansiert husleige til Nordisk forskarutdanningsakademi (NorFA), tilskott til jubileumsverket for Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo og tilskott til utstillingsprosjektet Polar-Norge 2005 ved Universitetet i Tromsø.

NorFA er innlemma i den nye organisasjonen NordForsk, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Frå 2006 blir husleiga til NordForsk finansiert av Noregs forskingsråd over kap. 285 post 52. Posten vart avvikla i 2006.

Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris

Niels Henrik Abels minnefond vart oppretta 1. januar 2002 med det formål å dele ut ein internasjonal vitskapleg pris for framifrå matematisk forsking. Fondet skal òg medverke til å auke interessa for matematikk og realfag i samfunnet, særleg blant barn og unge. Prisbeløpet er på 6 mill. kroner og blir dekt av avkastninga frå fondet. Resten av avkastninga skal nyttast til ulike arrangement i samband med prisutdelinga, og til aktivitetar retta mot barn og unge. Avkastninga blir disponert av Det Norske Videnskaps-Akademi. Den fjerde Abel-prisen vart delt ut i Oslo 23. mai 2006. Prisen gjekk til professor Lennart Carleson frå Sverige.

Avkastninga frå Abel-fondet i 2006 til bruk i 2007 vil vere på 12,4 mill. kroner, jf. kap. 3287 post 85.

Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

80

Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond

12 443

12 400

81

Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond

9 127

9 100

85

Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond

12 400

86

Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond

9 100

Sum kap. 3287

21 570

21 500

21 500

Kapittelet gjeld avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond og Ludvig Holbergs minnefond, jf. kap. 287 postane 56 og 73.

Regjeringa ønskjer å skilje mellom renteinntekter og andre inntekter over 80-postar. Frå budsjettet for 2007 skal postane 80–84 nyttast til renteinntekter, og postane 85–89 skal nyttast til andre inntekter. Departementet foreslår derfor å overføre løyvinga på postane 80 og 81 til høvesvis post 85 og 86.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

21

Særskilde driftsutgifter

4 022

3 825

3 970

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

117 702

119 094

131 991

73

EUs rammeprogram for forsking

532 767

764 320

657 786

75

UNESCO

14 122

15 496

13 782

Sum kap. 288

668 613

902 735

807 529

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga har vore nytta til ulike tiltak innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Midlane har m.a. dekt tilskott til Foreningen Norden, kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD og norsk deltaking i den årlege teikne- og stilkonkurransen Europa i skolen. Løyvinga har òg vore nytta til tiltak knytte til deltakinga i UNESCO.

Løyvinga vil bli nytta på utdanningsområdet til nordisk og internasjonalt samarbeid og til utgifter knytte til deltaking i eksekutiv-rådet i UNESCO.

Løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2006.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Om ordninga

Målet med satsinga er dels å gjere det mogleg for norske forskarar å ta del i særs ressurskrevande og avansert forsking, og dels å kunne vere med i utviklinga av nye forskingsområde. Satsinga er eit sentralt verkemiddel for å styrkje kvaliteten på norsk forsking, og deltakinga skal medverke til verdiskaping i norsk nærings- og samfunnsliv. Løyvinga skal dekkje den norske kontingenten for deltaking i:

  • Organisation européenne pour la recherche nucléaire (CERN)

  • European Molecular Biology Laboratory (EMBL)

  • European Molecular Biology Conference (EMBC)

  • European Synchrotron Radiation Facility (ESRF)

  • International Agency for Research on Cancer (IARC)

Det er ei viktig oppgåve for Noregs forskingsråd å sørgje for best mogleg fagleg utbytte av medlemskapen i desse organisasjonane. Mellom anna er det viktig å rekruttere fleire nordmenn til dei internasjonale laboratoria. Forskingsrådet gir midlar til norsk forsking i samband med medlemskapen, såkalla følgjeforsking. Desse midlane går inn i løyvingane til Forskingsrådet på kap. 285 post 52.

Rapport for 2005–06

Arbeidet ved CERN har i dei siste åra vore prega av bygginga av den nye partikkelakseleratoren, Large Hadron Collider (LHC). Anlegget vil gjere det mogleg for vitskapen å bringe fram grunnleggjande ny kunnskap om dei grunnpartiklane og fundamentale kreftene som formar materien og universet. Akseleratoren vil bli klar for drift i 2007, to år seinare enn den opphavlege planen frå 1996.

Dei totale midlane til følgjeforsking om CERN-relatert verksemd var på 12 mill. kroner i 2005. I løpet av året var sju doktorgradsstipendiatar (ei kvinne) og to postdoktorstipendiatar (begge menn) knytte til programmet. Det var 16 norske tilsette ved den faste staben ved hovudkvarteret i Genève i 2005. 13 teknologistudentar nytta ei ordning med opphald ved CERN i samband med diplomoppgåvene sine. Denne ordninga har stigande interesse, og dei norske studentane utgjer no om lag 10 pst. av alle teknologistudentane ved CERN. Om lag 50 norske forskarar (om lag 20 pst. kvinner) har reist til CERN for å ta del i forskingsprosjekt i løpet av året, i stor grad takk vere midlane til følgjeforsking. Noregs forskingsråd skal oppmode norsk næringsliv til å konkurrere for å levere varer og tenester til CERN. Ein person er tilsett som Industry Liaison Officer (ILO) for å formidle kontakt mellom CERN og norsk industri med tanke på kontraktar og teknologioverføring. Ei rekkje norske verksemder har inngått samarbeidskontraktar med CERN i 2005–06 om utvikling av nye teknologiar.

EMBL er den viktigaste europeiske organisasjonen innanfor molekylærbiologi, og EMBC gir støtte til program for utveksling av forskarar innanfor området. Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen har samarbeidsavtale med EMBL knytt til PhD-utdanning. Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi i Bergen har eit institusjonelt partnarskap med EMBL, som det første i sitt slag i Norden. I 2007 skal det etablerast eit nordisk senter i molekylær medisin knytt til EMBL. Universitetet i Oslo skal ha ein knutepunktfunksjon. Sjå òg kap. 286 post 50.

Forsking ved ESRF, det europeiske anlegget for synkrotronstråling, gir grunnleggjande informasjon om stoff, heilt ned på molekylær og atomær skala. Såleis er ESRF eit viktig laboratorium for mange fagdisiplinar – m.a. fysikk, kjemi, materialforsking, krystallografi, biologi, geologi og medisin. Medlemskapen er organisert gjennom eit nordisk konsortium (NORDSYNC). Norske forskarar er i tillegg med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje (SNBL). Saman med dei andre nordiske partnarane i NORDSYNC har Noreg høg utnytting av ESRF-medlemskapen. Kring 40 norske forskarar reiser årleg til ESRF og SNBL for å gjere eksperiment. To norske postdoktorstipendiatar (begge menn) arbeidde ved ESRF i 2005. ESRF arbeider med langtidsplanar som vil innebere ei betydeleg oppgradering av hovudanlegget, med tilhørande nye investeringar.

IARC, som er tilknytt Verdas helseorganisasjon (WHO), fokuserer på epidemiologisk så vel som laboratoriebasert forsking, med vekt på studiar av det globale omfanget av kreft og årsaker til og førebygging av sjukdommen. I den nye femårige strategiplanen for IARC er søkjelyset retta mot område som har større nytte av globalt tverrfagleg samarbeid enn av arbeid på nasjonalt nivå. IARC har m.a. teke initiativ til å styrkje arbeidsforma si med betre etiske vurderingar, og ei større merksemd på habiliteten til alle deltakarane. I Noreg er det i første rekkje Forskingsrådet, Kreftregisteret, Nasjonalt folkehelseinstitutt og Radiumhospitalet som tek del i samarbeidet. Norske miljø har vore aktive både i forskings- og styrearbeid i IARC. Den norske delegaten, helsedirektør Lars Hanssen, vart i 2006 utpeikt til styreleiar for IARC.

Budsjettforslag for 2007

Kontingentkrava for 2007 er ennå ikkje fastsette, og budsjettforslaget for 2007 er derfor basert på vedtekne kontingentar for 2006. Kontingentane avheng m.a. av bruttonasjonalproduktet til medlemslanda. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på posten noko i høve til saldert budsjett 2006.

Tabell 4.22 Løyvingar til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar (i 1 000 kroner)

Organisasjon

2005

2006

2007

CERN

96 398

97 685

109 893

EMBL

10 301

10 524

10 366

IARC

5 745

5 582

6 491

ESRF

3 514

3 571

3 448

EMBC

1 744

1 732

1 793

117 702

119 094

131 991

Post 73 EUs rammeprogram for forsking

Om ordninga

EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling er det mest omfattande internasjonale forskingsprogrammet Noreg tek del i. Med basis i EØS-avtalen deltek norske forskingsmiljø og verksemder på lik linje med EUs medlemsland. Den norske kontingenten utgjer om lag 75 pst. av dei totale kontingentforpliktingane til samarbeidsprogram Noreg deltek i under EØS-avtalen.

Hovudformåla med EUs rammeprogram er å styrkje det vitskaplege og teknologiske grunnlaget for EUs industri og politikkutforming, fremme utviklinga av eit meir konkurransedyktig næringsliv og å medverke til å auke livskvaliteten for den europeiske befolkninga.

Målet med norsk deltaking er å fremme internasjonalisering og kvalitet i norsk forsking og medverke til kunnskapsbasert innovasjon i norsk nærings- og samfunnsliv. Vidare skal Noreg medverke til avansert forsking i internasjonale forskingsmiljø og -institusjonar.

Rapport for 2005–06

Førebels tal frå Noregs forskingsråd tyder på at norske forskingsmiljø har fått god utteljing i det sjette rammeprogrammet (2002–06). Per juni 2006 deltek norske forskarar i om lag 781 prosjekt med rundt 7 000 deltakarar frå nærmare 100 land. Noreg deltek i elleve pst. av alle prosjekt i rammeprogrammet. Når det gjeld suksessrate, dvs. forholdet mellom innsende søknader og godkjende søknader, ligg søknader med norsk deltaking ti pst. høgre enn snittet for EU-landa (hhv. 28 mot 18 pst.). Dette tilsvarer om lag 2 mrd. kroner i samla støtte frå EU for den perioden prosjekta varer.

For norske forskingsmiljø og norsk næringsliv er det av stor nytte å delta i rammeprogrammet. Deltakinga gir tilgang på internasjonale nettverk og inneber at norske forskarar tek del i den internasjonale kunnskapsutviklinga. Næringslivet får òg nye kommersielle utsikter. Ein prognose frå Forskingsrådet tyder på at den direkte, økonomiske tilbakeføringa frå det sjette rammeprogrammet til norske deltakarar vil vere tilfredsstillande og på linje med det vi betaler inn i kontingent.

Deltaking i EUs rammeprogram inneber også auka kontakt mellom forskingsprogramma i dei ulike landa. Noreg deltek i 32 (av om lag 60) såkalla ERA-nettverk. Dette verkemiddelet i rammeprogrammet skal medverke til koordinering, samspel og samarbeid mellom nasjonale forskingsaktivitetar ved at program med nasjonal finansiering blir knytte saman. Det er i første rekkje dei forskingsfinansierande organa i Europa som deltek i desse aktivitetane.

Noreg har god deltaking i det sjette rammeprogrammet for forsking og teknologisk utvikling. Det er eit mål å sikre god deltaking i det sjuande rammeprogrammet òg, både med omsyn til finansielt og kunnskapsmessig utbytte. Sjå omtale i kategoriinnleiinga.

Eit nytt rammeprogram 2007–13

Europakommisjonen lanserte i april 2005 forslag til eit nytt, sjuårig rammeprogram for perioden 2007–13. Forslaget må vedtakast av både Ministerrådet og Europaparlamentet, og dette skjer venteleg før årsskiftet. EFTA-landa kan slutte seg til etter vedtak i EØS-komiteen, truleg tidleg i 2007. Deltaking i det sjuande rammeprogrammet for forsking og teknologisk utvikling krev endring i protokoll 31, art. 1 i EØS-avtalen, og inneber ei langsiktig økonomisk forplikting for Noreg. Norsk deltaking føreset derfor tilslutning frå Stortinget. Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling og vil leggje fram ein eigen proposisjon om norsk deltaking etter at endeleg vedtak er treft i EU, venteleg rundt årsskiftet. Løyvinga over posten føreset derfor tilslutning frå Stortinget etter at Statsbudsjettet for 2007 er vedteke.

I utkast til nytt rammeprogram foreslår Kommisjonen å føre vidare innsatsen i og byggje på resultata frå det sjette rammeprogrammet, som til dømes innsatsen for å utvikle eit europeisk forskingsområde (ERA). EU ønskjer òg å styrkje og nytte kunnskapsbasen sin betre for å oppnå Lisboa-måla om auka berekraftig økonomisk vekst og sysselsetjing i Europa. For å nå måla meiner Kommisjonen at det er avgjerande å satse på kunnskapstriangelet utdanning, forsking og innovasjon. Rammeprogrammet for forsking og teknologisk utvikling er eit sentralt verkemiddel i denne samanhengen.

Rammeprogrammet består av fire såkalla særprogram: Samarbeid, Idear, Personar og Kapasitetsbygging, samt eit program for EUs felles forskingssenter, Joint Research Centre.

Samarbeid omfattar tverrnasjonalt forskingssamarbeid innanfor ni tematiske område:

  • helse

  • mat, landbruk og bioteknologi

  • informasjons- og kommunikasjonsteknologi

  • nanovitskap, nanoteknologiar, materialar og ny produksjonsteknologi

  • energi

  • miljø (inkl. klimaendringar)

  • transport

  • samfunnsøkonomi og humaniora

  • tryggleiks- og romforsking

Forslaget om ei satsing på tryggleiks- og romforsking er nytt med det sjuande rammeprogrammet. Satsinga byggjer vidare på eit førebuande program for tryggleiksforsking, som Noreg har delteke i.

Forskingssamarbeidet innanfor dei tematiske områda skal gjennomførast ved fire former for samarbeid:

  • forskingssamarbeid

  • felles teknologiinitiativ

  • samordning av nasjonale forskingsprogram

  • internasjonalt samarbeid

På same måte som i det sjette rammeprogrammet vil det tverrnasjonale forskingssamarbeidet utgjere hovuddelen av den forskinga som EU finansierer. Samarbeidet blir gjennomført av ulike nettverk av forskingsinstitusjonar og verksemder i dei ulike deltakarlanda. Reglane for samarbeid og spreiing av forskingsresultata blir vedtekne av Ministerrådet i eit eige vedtak.

Idear er eit nytt tiltak, der ein foreslår å opprette eit nytt forskingsråd på europeisk nivå, European Research Council. Rådet skal fremme dynamikk og kvalitet i europeisk forsking, og gjere Europa meir attraktivt for dei beste forskarane i verda. Rådet skal finansiere grunnforsking innanfor alle disiplinar, med kvalitet som einaste kriterium for finansiering. Rådet skal etablerast som ei sjølvstendig eining.

Personar skal auke dei menneskelege ressursane innanfor forsking og teknologi i Europa, ved å stimulere til at fleire vel ein forskarkarriere, at fleire forskarar blir i Europa, og at fleire utanlandske forskarar kjem til Europa. Kommisjonen foreslår fleire mobilitetstiltak, såkalla MarieCurie-aktivitetar, retta mot forskarar på alle nivå i karrieren.

Innanfor programmet Kapasitetsbygging foreslår Kommisjonen å støtte utnyttinga og utviklinga av forskingsinfrastruktur av europeisk interesse, styrkje forskingsutbyttet og innovasjonskapasiteten i dei små og mellomstore europeiske føretaka, og forskingspotensialet i regionane i Europa. Dette programmet skal òg bringe vitskapen og samfunnet nærmare kvarandre.

Budsjettforslag for 2007

Samla budsjett for det sjuande rammeprogrammet for perioden 2007–13 er på om lag 50,5 mrd. euro. Den samla norske kontingenten er berekna til om lag 8,5 mrd. kroner. Kontingenten er avhengig av utviklinga av bruttonasjonalproduktet i deltakarlanda og endringar i valutakurs. Kvart rammeprogram har til nå dekt om lag fire år, medan prosjekta ofte strekkjer seg over ein lengre periode. Dei norske utbetalingane i 2007 vil omfatte utbetalingar som står att for det fjerde, femte og sjette rammeprogrammet, og eit førebuande program for tryggleiksforsking, samt utbetalingar for deltaking i det sjuande rammeprogrammet. Dei norske kostnadene i 2007 vil utgjere om lag 658 mill. kroner. Av dette gjeld 184 mill. kroner det sjuande rammeprogrammet. For denne delen av løyvinga tek departementet atterhald om at Stortinget sluttar seg til norsk deltaking.

Post 75 UNESCO

UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, har til hovudoppgåve å medverke til fred og utvikling ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen.

UNESCOs eksekutivråd møter to til tre gonger i året og er høgste instans mellom generalkonferansane, som blir haldne kvart anna år. Dei nordiske landa er normalt representerte i eksekutivrådet gjennom ei nordisk rotasjonsordning. Under UNESCOs generalkonferanse hausten 2005 vart Noreg vald inn i eksekutivrådet som ein av 58 statar. Noreg har plass i rådet fram til hausten 2009 og samarbeider nært med dei andre nordiske landa om å fremme ei felles nordisk linje i viktige saker.

Tilskottet er eit vilkår for norsk medlemskap og deltaking i UNESCO. Tilskottet medverkar til å finansiere drifta av UNESCO. Gjennom medlemskapen kan Noreg ta i vare nasjonale synspunkt i UNESCO-arbeidet. Tilskottsmottakar er UNESCO, som har hovudkontor i Paris.

Rapport for 2005–2006

Løyvinga har vorte nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje den norske medlemskontingenten. I 2006 har Noreg vore medlem i dei to vitskaplege programma Intergovernmental Oceanographic Commission (IOC) og International Bioethics Committee (IBC). Løyvinga har òg gått til tilskott til World Heritage Fund. Noreg har elles vore særleg aktiv for å fremme UNESCOs koordinerande arbeid med det globale utdanningsinitiativet Education for All (EFA). Noreg deltek òg som einaste nordiske representant i ei ekspertgruppe som går gjennom UNESCO sitt arbeid med vitskap i 2006 og 2007.

Budsjettforslag for 2007

Løyvinga dekkjer forpliktingane til kontingent i 2007.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

3 530

5 073

3 445

Sum kap. 3288

3 530

5 073

3 445

Løyvinga på post 04 gjeld innanlandske kostnader som etter statistikkdirektivar til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp

Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

2410

Statens lånekasse for utdanning

25 896 416

26 626 430

28 492 010

7,0

Sum kategori 07.80

25 896 416

26 626 430

28 492 010

7,0

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

5310

Statens lånekasse for utdanning

11 962 652

13 139 594

14 052 098

6,9

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

2 977 372

3 146 220

4 243 000

34,9

Sum kategori 07.80

14 940 024

16 285 814

18 295 098

12,3

Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer stipend- og låneordningane som er heimla i lov 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte. Formålet med utdanningsstøtteordningane er mellom anna å medverke til like høve til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne, økonomiske og sosiale forhold.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 45

285 982

275 626

274 118

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

21 934

108 785

31 621

50

Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving

4 377 774

4 413 280

4 529 561

70

Utdanningsstipend , overslagsløyving

2 305 781

2 640 285

2 817 917

71

Andre stipend , overslagsløyving

553 431

523 161

460 941

72

Rentestønad , overslagsløyving

773 739

994 220

1 317 000

73

Avskrivingar , overslagsløyving

415 453

311 000

270 780

74

Tap på utlån

389 578

444 000

504 100

75

Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet

5 513

5 753

5 972

90

Lån til Statens lånekasse for utdanning , overslagsløyving

16 767 231

16 910 320

18 280 000

Sum kap. 2410

25 896 416

26 626 430

28 492 010

Resultatrapport for undervisningsåret 2005–06

Lånekassen har om lag 770 000 kundar. Av desse er om lag 492 000 tilbakebetalarar. Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. I undervisningsåret 2005–06 var det om lag 420 300 elevar og studentar i utdanning med støtterett i Lånekassen. Av desse fekk 276 672 støtte frå Lånekassen. Dette er 2 234 fleire enn i undervisningsåret 2004–05. Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var i undervisningsåret 2005–06 på 16 895 mill. kroner. Av dette vart 3 133 mill. kroner utbetalte som stipend, og 13 762 mill. kroner vart utbetalte som lån.

Tabell 4.23 Hovudtal for støttetildelinga dei fire siste undervisningsåra

2002–03

2003–04

2004–05

2005–06

Tal på elevar/studentar i utdanning med rett til å søkje støtte

391 000

404 000

413 000

420 300

Tal på støttemottakarar

242 774

262 885

274 438

276 672

Tal på stipendsøkjarar

264 370

285 564

298 455

300 726

Tal på stipendmottakarar

232 352

254 893

171 089

145 386

Tal på lånesøkjarar

173 888

180 232

189 324

191 470

Tal på låntakarar1

188 485

195 248

203 978

201 643

Totalt utbetalt stipend og lån (i mill. kroner)

14 985

16 122

16 798

16 895

Sum stipend (i mill. kroner)

5 662

6 376

3 224

3 133

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

24 369

25 015

18 841

21 549

Sum lån (i mill. kroner)

9 323

9 746

13 574

13 762

Gjennomsnittslån (i kroner)

49 460

49 916

66 547

67 912

1   Talet på låntakarar er høgre enn talet på lånesøkjarar, hovudsakleg grunna at dei som er omfatta av støtteordninga for høgre utdanning mm. og som berre søkjer utdanningsstipend, får støtta utbetalt som lån. Desse blir registrert som låntakarar, men ikkje som lånesøkjarar i Lånekassen sine system.

Frå undervisningsåret 2004–05 blir heile basisstøtta for dei som er omfatta av støtteordninga for høgre utdanning m.m. utbetalt som lån. Inntil 40 pst. av støttebeløpet kan bli konvertert til stipend når utdanninga er gjennomført. Dette er ei av årsakene til at talet på stipendmottakarar, stipendutbetalingar og gjennomsnittsstipend gjekk ned i 2004–05 og 2005–06, medan låneutbetalingane gjekk opp i dei same åra. Delar av låna vil bli gjorde om til stipend på eit seinare tidspunkt når utdanninga er gjennomført. I 2005 vart om lag 3,8 mrd. kroner konvertert frå lån til stipend innanfor denne ordninga, sjå kap. 5310 post 93. Avsetning til framtidig konvertering av lån til stipend for utdanning gjennomført i 2007 blir budsjettert på kap. 2410 post 50.

Tabell 4.24 Hovudtal for tilbakebetaling dei fem siste åra

2001

2002

2003

2004

2005

Tal på tilbakebetalande låntakarar

468 968

464 951

466 745

476 130

492 077

Renteberande lån (i mill. kroner)

50 064

51 193

53 400

56 222

60 066

Renter (i mill. kroner)

3 035

3 298

3 200

2 704

2 337

Avdrag (i mill. kroner)

3 559

4 124

4 100

4 125

4 413

Ettergitt/avskrive (i mill. kroner)

434

444

439

455

402

Rentestønad (i mill. kroner)

1 444

1 494

1 589

882

774

Uteståande lån (i mill. kroner)

66 060

69 427

73 578

79 579

84 826

Uteståande renter (i mill. kroner)

3 009

3 187

3 193

2 699

2 408

Administrasjonsutgifter (i mill. kroner)

243

263

270

271

277

Tabell 4.25 Fordeling av ulike stipendformer dei to siste undervisningsåra

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner
 

2004–05

2005–06

2004–05

2005–06

Grunnstipend

57 114

60 842

735

794

Bustipend

33 681

34 859

1 083

1 116

Læremiddelstipend

59 137

62 702

197

208

Flyktningstipend

1 035

1 209

41

51

Stipend til skolepengestøtte/gebyrstipend

11 030

10 449

370

295

Tilleggsstipend

457

421

16

13

Språkstipend

906

872

14

13

Reisestipend, innland og Norden

66 698

36 4911

139

53

Reisestipend utanfor Norden

18 622

17 878

109

110

Reisestipend i Noreg til utanlands- studentar

8 965

4 019

9

4

Reisestipend, kvoteordninga

761

769

3

5

Omgjering av lån til stipend ved sjukdom

1 157

938

23

19

Fødselsstipend

3 658

3 681

193

190

Forsørgjarstipend

19 526

17 145

292

262

Totalt

282 747

252 275

3 224

3 133

 Frå undervisningsåret 2005–06 vart det innført ein ny modell for utrekning av reisestipend i støtteordninga for høgre utdanning m.m. Dette førte til at færre vart omfatta av reisestipendordninga for reiser innanlands og i Norden.

Budsjettforslag for 2007

Endringar i støttebudsjettet for Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla nedanfor. Administrasjonsbudsjettet i Lånekassen er behandla under kap. 2410 post 01, medan moderniseringa av verksemda er behandla under kap. 2410 post 45. Forslag til endringar i forskriftene til utdanningsstøtteloven som skal gjelde frå 1. januar 2007 (forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettigheter) og frå undervisningsåret 2007–08 (forskrift om tildeling av utdanningsstøtte) blir sende på alminneleg høyring medio oktober 2006.

Departementet viser til omtale av Regjeringas satsing på gratis læremiddel for elevar i vidaregåande opplæring under programkategori 07.20. Satsinga inneber at det blir innført eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Lånekassen som skal vere med å dekkje utgifter elevane har til læremiddel og nødvendig individuelt utstyr. Stipendordninga vil gjelde elevar som er omfatta av støtteordninga for unge elevar som tek vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1 og nokre andre grupper. Lærlingar vil ikkje bli omfatta av ordninga. Stipendet vil bli gitt med tre ulike satsar på kr 800, kr 1 800 og kr 2 600 per undervisningsår avhengig av studieprogram. Stipendet vil bli utbetalt i byrjinga av undervisningsåret. Ordninga med gratis læremiddel blir innført gradvis, først for elevar i vidaregåande trinn 2 (Vg2) frå undervisningsåret 2007–08, deretter for elevar i vidaregåande trinn 3 (Vg3) frå 2008–09, og til sist for elevar i vidaregåande trinn 1 (Vg1) frå 2009–10. Den gjeldande ordninga med behovsprøvd læremiddelstipend vil bli avvikla suksessivt for det trinnet som blir omfatta av den nye ordninga. Kostnaden ved det nye læremiddelstipendet utgjer 65 mill. kroner i 2007. Samstundes inneber avviklinga av det behovsprøvde læremiddelstipendet for Vg2 ei innsparing på 40 mill. kroner. Løyvinga på kap. 2410 post 70 blir på bakgrunn av dette foreslått auka med 25 mill. kroner.

Regjeringa foreslår at alle satsar i utdanningsstøtteordningane blir prisjusterte med 1,75 pst. frå undervisningsåret 2007–08, tilsvarande den forventa auken i konsumprisindeksen.

Første året av bachelorutdanning i ein del land i Asia, Afrika, Sør-Amerika og i USA kvalifiserer etter dagens regelverk ikkje til støtte frå Lånekassen. Grunnen til dette er at studia ikkje fyller kravet om at utdanninga skal vere på nivå med norsk høgre utdanning. Støtte har likevel i nokre tilfelle tidlegare vorte tildelt. I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006) uttalte kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen:

«Komiteen mener at det avgjørende kriterium for støtte både for gradsstudier og delgrads­studier må være at studiene er godkjent av NOKUT, og ber derfor departementet vurdere om ovennevnte endringer i praksis kan reverseres.»

Departementet har vurdert ordninga, men har ikkje funne økonomisk rom for å utvide ho i tråd med merknaden frå komiteen.

Ved behandlinga av Ot.prp. nr. 48 (2004–2005) Om lov om utdanningsstøtte, jf. Innst. O. nr. 75 (2004–2005), fatta Stortinget følgjande vedtak 9. mai 2005, jf. oppmodningsvedtak nr. 333 (2004–2005):

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak vedrørende organisering og finansiering av ulike former for videregående opplæring i utlandet. Det forutsettes at saken også omhandler studietur for 10. trinn i grunnskolen.»

I St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet melde departementet at ein hadde sett i gang eit arbeid med å sjå på organiseringa og finansieringa av ulike former for vidaregåande opplæring i utlandet, og at departementet ville komme tilbake til saka. Departementet meiner at det er ønskjeleg å gjere støtteordningane gjennom Lånekassen tilgjengelege for fleire unge elevar som tek delar av den vidaregåande opplæringa i utlandet. Mellom anna bør det bli enklare for skolar som etablerer samarbeid med skolar i utlandet, og som får i stand utvekslingsordningar gjennom desse samarbeida, å få støtterett for dei elevane som tek del i ordninga. Departementet har likevel ikkje funne økonomisk rom i dette budsjettforslaget for å utvide støtteordningane for vidaregåande opplæring i utlandet.

Den såkalla kvoteordninga gir studentar frå utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia høve til å studere i Noreg med støtte frå Lånekassen. Studentane får støtte på om lag same vilkår som norske studentar, men kvotestudentane får lånet ettergitt dersom dei reiser til heimlandet for å busette seg der etter fullført utdanning. Målsetjinga med ordninga er å kunne tilføre studentar relevant kompetanse som kan komme heimlandet til gode når studentane reiser heim etter fullført utdanning. Samtidig medverkar ordninga til å styrkje norske lærestaders deltaking i det globale kunnskapssamarbeidet.

Det er 1 100 kvoteplassar per undervisningsår. Av desse er 800 for studentar frå utviklingsland og 300 for studentar frå Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia. Dei landa frå Sentral- og Aust-Europa som frå 1. mai 2004 er medlemmar i EU, er ikkje lenger omfatta av kvoteordninga, jf. St.prp. nr. 1 (2003–2004). Departementet foreslår at Bulgaria og Romania blir tekne ut av kvoteordninga med verknad frå haustsemesteret 2007 dersom landa går inn i EU frå våren 2007. Det vil etter departementet sitt syn vere unaturleg å vidareføre ei bistandsordning for statsborgarar frå EU-land. Arbeidstakarar frå EU som arbeider i Noreg og familiemedlemmane deira vil ha rett til støtte frå Lånekassen gjennom EØS-avtalen. Kvotestudentar frå Bulgaria og Romania som allereie er i gong med utdanning i Noreg, skal få høve til å fullføre utdanninga si på same vilkår som ved byrjinga av studiet.

Under behandlinga av St.meld. nr. 40 (2002–2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer, jf. Innst. S. nr. 162 (2003–2004), vedtok Stortinget oppmodningsvedtak nr. 320, som lyder:

«Stortinget ber Regjeringa fremme forslag som sikrer at studiefinansieringsordningane ikkje påfører studentar ekstra utgifter som er knytte til nedsett funksjonsevne.»

Departementet har vurdert ulike løysingar, mellom anna om det kunne opprettast ei stipendordning som kunne gjere det mogleg for studentar med nedsett funksjonsevne som blir forseinka ut over eitt år, å ta igjen forseinkinga utan å ta opp lån. Departementet har ikkje funne økonomisk rom for å foreslå å opprette ei slik stipendordning i 2007.

Budsjettforslaget for postane 50–90 gjeld for budsjettåret 2007, men Lånekassen må gi tilsegn om utdanningsstøtte for heile undervisningsåret 2007–08. Det er såleis ein føresetnad at Stortinget ved behandlinga av budsjettet for 2007 tek stilling til heile undervisningsåret 2007–08, og at Lånekassen kan gi tilsegn om slik støtte, jf. forslag til vedtak III nr. 2.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45

Posten omfattar midlar til lønn og godtgjeringar samt til innkjøp av varer og tenester.

Tabell 4.26 Tildeling av lån og stipend

Resultat 2005

Mål 2006

Prognose 2006

Mål 2007

Kuransgrad/automatiseringsgrad (tal på søknader der avgjerder blir fatta utan manuell behandling)

52 pst.

55–60 pst.

55–58 pst.

55–58 pst.

Sjølvbeteningsgrad (delen av søknadene som er nettsøknader)

47 pst.

60–65 pst.

50–52 pst.

50–52 pst.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid (tida frå søknader er registrerte til avgjerd er fatta)

9 dagar

11–12 dagar

11 dagar

11 dagar

Tabell 4.27 Ordinær tilbakebetaling

Resultat 2005

Mål 2006

Prognose 2006

Mål 2007

Sjølvbeteningsgrad (tal på søknader der avgjerder blir fatta utan manuell behandling)

30 pst.

15–18 pst.

38–40 pst.

42–44 pst.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid (tida frå søknader er registrerte til avgjerd er fatta)

12 dagar

11–12 dagar

11 dagar

11 dagar

Resultatrapport for 2005–06

Lånekassen har i all hovudsak oppfylt resultatkrava for 2005 som var stilte i St.prp. nr. 1 (2004–2005) for Utdannings- og forskingsdepartementet og i tildelingsbrev for 2005. I 2005 var gjennomsnittleg saksbehandlingstid for både tildelings- og tilbakebetalingssaker betydeleg kortare enn i 2004. Gjennomsnittleg behandlingstid for søknader om tildeling av utdanningsstøtte var ni dagar i 2005, mot 14 dagar i 2004. Gjennomsnittleg behandlingstid for søknader om betalingsutsetjing og rentefritak var tolv dagar i 2005, mot 15 dagar i 2004.

Lånekassen har bygd ut fleire brukarretta tenester dei siste åra. Talet på kundar som bruker desse tenestene har auka. Til dømes har delen som bruker nettsøknad auka frå 39 pst. i 2004 til 47 pst. i 2005. Målet på 60–65 pst. sjølvbeteningsgrad for tildelingssaker, stilt i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet, var basert på ei forventning om at det frå hausten 2006 ville bli innført nettsøknad for elevar i vidaregåande opplæring. Denne forventninga er endra på bakgrunn av ein nærmare analyse av kostnader, nytteverdi og risiko knytte til tilpassingar i Lånekassens IKT-system. Ein slik nettsøknad er planlagd etablert som ledd i innføring av ny IKT-løysing. Målet i St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet når det gjeld sjølvbeteningsgrad knytt til tilbakebetalingssaker i 2006, er vesentleg lågare enn både prognose for 2006 og forslag til mål for 2007. Årsaka til dette er at fleire enn forventa har nytta sjølvbeteningstenestene, noko som er ei positiv utvikling. Om lag 20 pst. av tilbakebetalarane bruker e-faktura; dette er nesten dobbelt så mange som i 2004. Lånekassen har i 2005 vurdert utkontraktering av støttefunksjonar, og har sett ut drift og vedlikehald av lønns- og personalsystem til Senter for statleg økonomistyring (SSØ). I tillegg har Statens innkrevjingssentral overteke ansvaret for ein del innkrevjingsrelaterte oppgåver frå Lånekassen.

Resultatmål for 2007

Eit overordna mål for verksemda er å sørgje for påliteleg saksbehandling samtidig som denne er brukarretta og effektiv.

Lånekassen skal prioritere å byggje ut dei mest kostnadseffektive kanalane for kundebehandling. Saksbehandlingstida for tildelings- og tilbakebetalingssaker skal ikkje vere lengre enn det resultatkrava for 2006 legg opp til, jf. oversikta ovanfor.

Budsjettforslag for 2007

Den nye stipendordninga som blir innført i samband med Regjeringas forslag om gratis læremiddel til elevar i vidaregåande opplæring, gir ein betydeleg auke i talet på kundar i Lånekassen. Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 5,3 mill. kroner for å dekkje dei administrative kostnadane ved den nye stipendordninga.

Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 16 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på post 45, sjå omtale under post 45.

EFTA Surveillance Authority (ESA) har godkjent at Noreg kan ta opp att ei ordning med differensiert arbeidsgivaravgift. Avgifta tek utgangspunkt i staden der verksemda ligg, og ikkje i bustadkommunen til arbeidstakaren, slik tilfellet var tidlegare. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 0,4 mill. kroner.

Ein legg som tidlegare opp til at nokre av midlane på posten skal disponerast av departementet, og mellom anna nyttast til arbeid i samband med oppfølging av moderniseringsprosjektet for Lånekassen.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Ved behandlinga av St.meld. nr. 12 (2003–2004) Om modernisering av Statens lånekasse for utdanning slutta Stortinget seg til at nye kvalitetskrav i tråd med Høykvalitetsalternativet skulle leggjast til grunn for forvaltninga av utdanningsstøtta, og at desse skulle realiserast gjennom moderniseringsstrategien Kjernelånekassen, jf. Innst. S. nr. 152 (2003–2004). Moderniseringa av Lånekassen omfattar organisasjonsutvikling, prioritering av kjerneoppgåver, utvikling av IKT-systema, tilpassing av arbeidsprosessar og vidareutvikling av regelverket for utdanningsstøtte. Dei største utfordringane i moderniseringsprosjektet er knytte til innføring av ei ny IKT-løysing.

I 2004 og 2005 vart det gjennomført eit forprosjekt for moderniseringa av Lånekassen i tråd med føringane nemde ovanfor. Samla kostnadsramme for moderniseringsprosjektet vart i forprosjektet fastsett til 319 mill. kroner per 1. juli 2006 og med 85 pst. sikkerheit mot overskridingar. Kostnadsramma og dei sentrale styringsdokumenta som vart lagde til grunn, vart kvalitetssikra i tråd med krava og metodane som gjeld ved ekstern kvalitetssikring av store investeringsprosjekt i staten. Konklusjonen frå kvalitetssikringa var mellom anna at kostnadsramma var godt dokumentert. Det vart lagt til grunn at 144 mill. kroner av kostnadsramma skulle finansierast gjennom omdisponeringar på Lånekassens ordinære driftsbudsjett og gjennom uttak av gevinstar som følgje av at meir effektive system blir implementerte. Resterande kostnader på 175 mill. kroner skulle finansierast gjennom tilleggsløyvingar over statsbudsjettet i 2006 og 2007. I statsbudsjettet for 2006 vart det løyvd 93,5 mill. kroner i startløyving til moderniseringa av Lånekassen.

Resultatrapport for 2005–06

Det blir vist til omtale av moderniseringsprosjektet i Lånekassen i revidert nasjonalbudsjett for 2006, jf. St.prp. nr. 66 (2005–2006). Etter ein anbodskonkurranse hausten 2005 inngikk Lånekassen avtale med ein leverandør om detaljspesifisering av ei ny IKT-løysing for Lånekassen, i tråd med hovudlinjene i St.meld. nr. 12 (2003–2004). Avtalen gav òg Lånekassen opsjon på levering av ny IKT-løysing. Detaljspesifiseringa vart gjennomført fram til våren 2006. Gjennom detaljspesifiseringa vart det ikkje oppnådd resultat som gjer det mogleg å implementere ei ny IKT-løysing innafor dei tids- og kostnadsrammene som vart lagde til grunn for Stortingets løyvingsvedtak i statsbudsjettet for 2006, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2005–2006) og St.prp. nr. 1 (2005–2006) for Utdannings- og forskingsdepartementet.På denne bakgrunnen har Lånekassen avslutta avtaleforholdet med leverandøren og vil ikkje nytte opsjonen på levering av ny IKT-løysing. Dette inneber at ein må fravike framdriftsplanen i moderniseringa som tidlegare er lagt til grunn. Lånekassen har byrja å utarbeide eit nytt styringsdokument og ny kostnadsramme for moderniseringsprosjektet, i tråd med målbiletet som vart skissert i St.meld. nr. 12 (2003–2004). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med saka når ei ny kostnadsramme er utarbeidd og kvalitetssikra.

Budsjettforslag for 2007

Som følgje av forseinkinga i moderniseringsprosjektet blir det foreslått å redusere løyvinga på posten med 93,5 mill. kroner i høve til 2006. Regjeringa vil komme tilbake til dei løyvingsmessige konsekvensane av forseinkinga for 2006 i samband med ny saldering av statsbudsjettet for 2006.

Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 16 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på post 01. Midlane skal dekkje utgifter i samband med vidare arbeid med IKT-fornyinga og til vidareføring av utviklingstiltak som er uavhengige av arbeidet med IKT-fornyinga. Dette gjeld mellom anna arbeidet med å sentralisere og digitalisere Lånekassens kundearkiv og arbeidet med ulike kunderetta forbetringar i det eksisterande IKT-systemet.

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Heile basisstøtta til elevar og studentar blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Ordninga gjeld ikkje for unge elevar i vanleg vidaregåande opplæring. Løyvinga på post 50 skal dekkje avsetning til framtidige utgifter ved å konvertere lån til stipend ved gjennomført utdanning.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten skal dekkje utdanningsstipend i støtteordninga for unge elevar som tek vanleg vidaregåande opplæring med rett etter opplæringslova § 3-1, samt forsørgjarstipend, fødselsstipend, sjukestipend og flyktningstipend. Sjå kapittelinnleiing for omtale av gratis læremiddel til elevar i vidaregåande opplæring.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld tilskott til reiser (reisestipend), skolepengar i land utanfor Norden (skolepengestøtte og tilleggsstipend) og førebuande språkkurs i utlandet. Det blir foreslått å vidareføre ordningane i undervisningsåret 2007–08.

Post 72 Rentestønad, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer kostnaden av at studielåna er rentefrie i studietida, og av at regelverket gir høve til rentefritak på særskilde vilkår i samband med tilbakebetalinga. Rentestønaden er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med.

Løyvinga på posten blir justert i samband med endringar i rentesatsar.

Det blir foreslått å vidareføre rentemarginen på eitt prosentpoeng.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer utgifter i samband med ulike ordningar med avskriving av utdanningslån i Lånekassen, jf. kap. 5310 post 91. Til dømes kan ein få avskrive delar av utdanningslånet etter den såkalla Finnmarksordninga. Undervisningsåret 2006–07 er det siste året ein kan få avskriving på grunnlag av langvarig utdanning.

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga blir nytta til avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån i Lånekassen.

Post 75 Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet

Løyvinga blir nytta til informasjonstiltak retta mot norske studentar i utlandet, mellom anna tilskott til informasjonsarbeidet til Association of Norwegian Students Abroad (ANSA). Løyvinga skal òg dekkje utgifter knytte til tilrettelegging for studium i utlandet.

Post 90 Lån til Statens lånekasse for utdanning, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer det totale behovet som Lånekassen har for innlån frå staten til alle låneordningar. Det blir foreslått at ordninga med ekstra lån til studentar som tek eit sommarsemester, blir ført vidare i 2007, jf. forslag til vedtak III nr. 4.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

03

Diverse inntekter

407

94

98

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

13 000

9 500

18 000

15

Refusjon for arbeidsmarknadstiltak

7

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

3 110

18

Refusjon av sjukepengar

4 219

72

Gebyr

136 473

129 000

124 000

90

Avdrag og renter

7 371 989

8 067 000

8 879 000

91

Tap og avskrivingar

639 353

581 000

567 000

93

Omgjering av studielån til stipend

3 794 094

4 353 000

4 464 000

Sum kap. 5310

11 962 652

13 139 594

14 052 098

Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.

Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA). Det blir foreslått å auke løyvinga med 8,5 mill. kroner i høve til 2006.

Post 72 gjeld gebyr i Lånekassen. Ein foreslår at alle gebyra blir førte vidare med dei same satsane i 2007. Kundar som vel e-faktura, blir ikkje belasta gebyret ved førstegongsvarsel. Dei som vel papirfaktura, blir belasta eit førstegongsvarsel på kr 35, andregongsvarsel på kr 280 og tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing) på kr 490. Gebyra ved andre- og tredjegongsvarsel vil vere dei same for kundar som bruker e-faktura som for kundar som vel papirfaktura.

Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og renter frå kundane til Lånekassen.

Løyvinga på post 91 gjeld tap og avskriving i Lånekassen, jf. kap. 2410 post 73 og 74.

Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (Konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, jf. kap. 2410 post 50.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

80

Renter

2 977 372

3 146 220

4 243 000

Sum kap. 5617

2 977 372

3 146 220

4 243 000

Løyvinga på posten gjeld renter frå Lånekassen til staten, jf. kap. 2410 post 72.