St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTåret 2007 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 5
Særskilde tiltak

7 Fornying og organisasjonsendringar

Regjeringa har satt ned eit utval som skal vurdere om gjeldande kategoriar, standardar og kriterium for akkreditering av universitet og høgskular er tilpassa dei overordna måla for utdannings- og forskingspolitikken. Regjeringa sitt mål om å styrkje det regionale og universitets- og høgskolesystemet skal være ein sentral premiss for arbeidet. Utvalet skal levere innstillinga si seinast 31. desember 2007. Regjeringa vil ta stilling til oppfølginga av utgreiinga etter at den er levert.

Felles lov for universitet og høgskular, med eit samla rammeverk for offentleg godkjende høgre utdanningar, gjeld frå 1. april 2006. Kunnskaps­departementet har følgt opp med å fastsetje nye forskrifter for å få felles regelverk for statlege og private institusjonar under lova. Dette er til dømes forskrift om kriterium for tilsetjing og opprykk i undervisning- og forskarstillingar og forskrift om vilkår for tilsetjing i stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskaplig assistent og spesialistkandidat. Det er òg fastsett forskrift om eigenbetaling som styrkjer gratisprinsippet i lova, jf. kategori 07.60.

Organisasjonen BIBSYS driv eit felles biblioteksystem for fag- og forskingsbibliotek. Dei biblioteka som deltek, betaler i stor grad drifta sjølve. I tillegg er det er gitt eit årleg statstilskott på 3 mill. kroner. Utvalet som utgreidde BIBSYS si framtidige organisering, foreslo å gjere BIBSYS om til eit aksjeselskap. Departementet har kome til at BIBSYS skal vidareførast som eit forvaltningsorgan. Departementet vil ta endeleg stilling til organiseringa og styringa av verksemda etter å ha hatt ein dialog med sektoren, jf. kap. 281.

8 Likestilling i barnehage-, utdannings- og forskingssektoren

Barnehage-, utdannings- og forskingspolitikken skal medverke til å fremme likestilling mellom kjønna i det norske samfunnet. Kunnskapsdepartementet har som strategiske likestillingsmål i politikkområdet å arbeide for at likestilling blir ein del av verdigrunnlaget i barnehagen, i utdanningane og i forskinga.

Desse måla søkjer departementet å integrere i styringa av sektoren og i utforminga av barnehage-, utdannings- og forskingspolitikken.

Barnehagane er omtalte under kategori 07.30. Arbeidet med Handlingsplan for likestilling i barnehagen 2004–2007 har fått forsterka fokus etter at den nye rammeplanen vart vedteken. I handlingsplanen inngår det viktige arbeidet med å rekruttere fleire menn til barnehagen.

Kategori 07.20 gir omtale av kjønnsforskjellar i læringsutbytte og -resultat i grunnopplæringa, og om tiltak for å få til ei tilpassa opplæring som kan jamne ut forskjellar og gi best mogleg læringsutbytte. Under kap. 226 er det gitt oversikt over tiltak for å utvikle yrkes- og studierettleiinga og for å betre lærings- og oppvekstmiljøet til elevane. Utkastet til strategi for likestilling i utdanninga vil bli følgt opp.

Vedlegg 2 gir omtale av kjønnsbalansen i ulike høgre utdanningar. Ei gledeleg utvikling er at tala på kvinner som får tilbod om å byrje på masterstudiane i teknologi, har auka frå 20 pst. i 2005 til i overkant av 27 pst. i år, jf. tal frå Samordna opptak.

Arbeidet for å rekruttere fleire kvinner til forsking er omtala i kategoriane 07.60 og 07.70. Komité for integreringstiltak – kvinner i forsking har hjelpt institusjonane med å integrere likestillingsarbeid i den langsiktige og strategiske utviklinga av forskingsmiljøa. Ein ressursbank for dette formålet finst på www.kvinneriforskning.no. Komiteen som tiltak skal evaluerast hausten 2006.

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga i samfunnet. Derfor har departementet som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn.

64 pst. av dei tilsette i departementet er kvinner. Departementet vil i arbeidet med rekruttering vurdere korleis delen menn kan aukast.

Som i samfunnet elles er delen kvinner størst i dei lågaste stillings­kategoriane, medan menn har ein forholdsmessig større del av dei høgast lønte stillingane i verksemda. Snittlønna for kvinner låg i januar 2006 på om lag 89 pst. av snittlønna for menn. Statistikken for januar 2006 syner at 17 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling medan det same gjeld for 6 pst. av dei mannlege tilsette. Analysar av forholdet mellom lønn og kjønn i 2005, gjorde av Likestillingsutvalet i departementet, tyder ikkje på at det ligg kjønnsdiskriminerande forhold bak lønnsskilnader mellom kvinner og menn i departementet.

Menn og kvinner er omtrent like ofte heime med sjuke barn. I 2005 var mennene sin del av fråværet knytte til omsorg for sjuke barn på 36 pst. Til samanlikning utgjorde mennene ved utgangen av fjoråret 33 pst. av dei tilsette i aldersgruppa 25–49 år. Av fråværet knytt til fødselspermisjon sto menn for 20 pst. i fjor. Dette er ein auke frå året før, da det tilsvarande talet var 6,6 pst. Departementet vil i sin lønnspolitikk spesielt vere merksam på om fødsels- og omsorgspermisjonar verkar hindrande med omsyn til lønnsutviklinga.

Overtidsbruken i departementet er nedadgåande. I 2005 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 27 timar overtid. Det tilsvarande for ein mann var 37 timar.

Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Dette har vist seg å vere vellykka. I januar 2006 var 48 pst. av leiarane i Kunnskaps­departementet kvinner. Mens kvinne­representasjonen i toppleiar­gruppa fram til 2004 låg på 20–30 pst., er han i dag på 50 pst. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe den gode kjønnsbalansen på leiarnivå.

9 Miljø

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme.

I barnehagane og på skolane er formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet ein integrert del av det pedagogiske opplegget. Omsorg, oppseding og læring i barnehagen skal fremme menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom, toleranse, helse og forståing for berekraftig utvikling. I dette inngår kjærleik til naturen, forståing for samspelet i naturen og mellom menneska og naturen. Natur, miljø og teknikk er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagen, jf. Rammeplan for barnehagen. Vidare har norsk skole gått føre med å integrere miljølære i læreplanverka. Dette er det teke omsyn til i dei nye læreplanane for grunnopplæringa. Opplæringa skal gi mest mogleg heilskaplege kunnskapar og forståing. Opplæringa skal òg utvikle evne og vilje til å arbeid for eit samfunn som er i samsvar med naturressursgrunnlaget.

Universiteta og høgskolar er også viktige institusjonar for kunnskapsformidling, men òg for forsking på miljøet. Miljøretta forsking er viktig for å få god forståing for miljøet og for korleis miljøet utviklar seg; dette er ein viktig føresetnad for god og fornuftig miljøpolitikkutforming. I St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning er energi og miljø peikte ut som eit av fire tematiske satsingsområde i norsk forsking dei kommande åra. Kunnskapsdepartementet støttar òg oppunder miljørelevant fors­king mellom anna gjennom løyvingar frå Fondet for forsking og nyskaping til programma RENERGI og NORKLIMA under Noregs forskingsråd. Løyvingane til desse programma er fore­slått auka med 15 mill. kroner. I tillegg finansierer Kunnskapsdepartementet forsking innanfor EUs rammeprogram, og store delar av denne er miljørelatert. Eit anna viktig tiltak er finansieringa av kontingenten for norsk medlemskap i Global Biodiversity Information Facility (GBIF), som er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til biodata for forskarar og andre interesserte over heile verda. Noregs forskingsråd representerer Noreg i GBIF.

Universitetsmusea utspeler òg ei viktig rolle i å forvalte vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. Desse musea har òg ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til deira samlingar. Universitetsmusea er mellom anna pålagde ei rekkje forvaltningsoppgåver etter kulturminnelova.

Hausten 2003 vart det oppretta ein eigen nasjonal artsdatabank lokalisert i Trondheim, knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Artsdatabanken starta arbeidet sitt i januar 2005 og er ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar for og omfang av biologisk mangfald i Noreg både når det gjeld naturtypar, artar og populasjonar (genetisk variasjon). Artsdatabanken er til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. I dei første åra skal artsdatabanken prioritere sårbare og trua artar, trua naturtypar og introduserte problemartar.

UNESCO har fått i oppgåve å koordinere tiltak som vil fremme FNs utdanningstiår for berekraftig utvikling (2005–14). UNESCO ser denne oppgåva i samanheng med FNs alfabetiseringstiår (2003–12), og har utvikla eit nasjonalt dokument for utdanning for berekraftig utvikling i grunnopplæringa. Kunnskapsdepartementet vil følgje opp det vidare arbeidet med FNs utdanningstiår for berekraftig utvikling i tida framover.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar òg ei viktig rolle som kartleggjar av de klimatiske endringane. Meteorologisk institutt skal følgje den globale og nasjonale klimautviklinga og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig vern om miljøet.