Del 2
Omtale av Miljøverndepartementet sine resultatområde
6 Resultatområde 1: Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar bevaring av biologisk mangfald gjennom berekraftig bruk, vern og restaurering. Hovudårsakene til tap av biologisk mangfald er knytte til tap av biologiske nøkkelområde og endringar i arealbruk, klimaendringar, forureining, spreiing av framande arter og overutnytting. Resultatområdet omfattar òg arbeidet med å motverke negative miljøeffektar på det biologiske mangfaldet av desse påverknadene, med unntak av klimaendringar og forureining som blir dekte av resultatområde 4-8. Nedbygging, bruk og bruksendring av areal er rekna som den viktigaste trusselen mot det biologiske mangfaldet i Noreg. Summen av mange tilsynelatande ubetydelege inngrep kan få alvorlege følgjer for arter og populasjonars evne til å overleve og for økosystemas produksjonsevne. Det er derfor ei klar kopling mellom innsatsen for å bevare det biologiske mangfaldet, og den nasjonale arealpolitikken som er omtala i resultatområde 9. Bevaring av verdifulle geologiske førekomstar og ulike landskapskvalitetar inngår òg i resultatområdet. I tillegg dekkjer resultatområdet internasjonalt arbeid, blant anna oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk, vern og rettferdig fordeling av biologisk mangfald.
Strategisk mål
Naturen skal forvaltast slik at arter som finst naturleg blir sikra i levedyktige bestandar, og slik at variasjonen av naturtypar og landskap blir halden ved lag og gjer det mogleg å sikre at det biologiske mangfaldet får halde fram med å utvikle seg. Noreg har som mål å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar, og statusbeskriving
Tabell 6.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar. | 1.1. Implementere arbeidsprogram om områdevern frå Konvensjonen om biologisk mang fald (vedteken på COP7 i 2004) ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010. | Kvalitativ vurdering av arbeidet. |
1.2. Sluttføre fylkesvise/tematiske verneplanar i løpet av år 2007. | Talet på vedtekne fylkesvise verneplanar. | |
1.3. Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004). | Sum verna areal produktiv skog fordelt på naturgeografiske regionar. Areal produktiv skog som er vedteke verna etter 2002. | |
1.4. Gjennomføre nasjonalpark planen gjennom å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010. | Sum verna areal fordelt på natur geografiske regionar. Talet på nye verneområde som er vedtekne. | |
1.5. Etablere eit nettverk av marine verneområde innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda innan 2012. | Talet på representative, særeigne, truga og sårbare naturtypar som inngår i dei marine verna områda i kvar biogeografiske region. | |
1.6. Sikre at naturverdiane i verneområda blir oppretthaldne. | Del av verneområde som har tilfredsstillande forvaltningsplan. Del av verneområde med tilfredsstillande skjøtsel. Del av verneområde som har tilfredsstillande oppsyn/tilsyn. | |
2. I truga naturtypar skal ein unngå inngrep, og i omsynskrevjande naturtypar skal ein halde oppe viktige økologiske funksjonar. | 2.1. Leggje til rette for kartlegging og overvaking av svært viktige område (A-område) og viktige område (B-område) for biologisk mangfald. | Areal og talet på A- og B-område for biologisk mangfald som er kartlagde. Areal av A- og B-område fordelt på naturgeografisk variasjon. |
2.2. I samarbeid med sektorane (jf. St.meld. nr. 42 (2000-2001) og St.meld. nr. 21 (2004-2005) gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. | Kvalitativ vurdering av arbeidet. Auka mengd kvalitetssikra data i forhold til det talfesta målet om lokalitetsopplysingar i naturbasen. | |
2.3. Sikre at attverande naturområde med urørt preg blir tekne vare på. | Areal av inngrepsfrie naturområde. | |
2.4. Medverke til å halde ved lag truga, sårbare og omsynskrevjande marine naturtypar. | Talet på truga, sårbare og omsynskrevjande naturtypar som er blitt kartlagde. Omfang av marine naturtypar som er dokumentert skadde eller øydelagde (kvalitativ vurdering). | |
2.5. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at forvaltninga av vassdrag og kystnære marine vassførekomstar tek omsyn til biologisk mangfald. | Overvakingsparameter under rammedirektivet for vatn. | |
2.6. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø, ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område. | Talet på dispensasjonar som er gitt. Talet på personar som er melde for brot på motorferdslelova. Omfanget av førebygging av ulovleg motorferdsel. | |
3. Forvalte kulturlandskapet slik at kulturhistoriske og estetiske verdiar, biologisk mangfald og tilgjenge blir halde ved lag. | 3.1. Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag. | Tilstand og utvikling for dei nasjonalt prioriterte kulturlandskapa. |
4. Hausting og annan bruk av levande ressursar skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir utrydda eller truga. | 4.1. Sikre at forsvarlege nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane blir baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar. | Omfanget av bestandar som er truga av overutnytting. |
4.2. Sikre at forvaltninga av vilt- og fiskeressursar som kan utnyttast som hovudregel blir basert på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar. | Delen av hjortevilt felt på vald med driftsplan/bestandsplan. Talet på driftsplanar for laksefisk som er lagt til grunn for forvaltninga. | |
5. Menneskeskapt spreiing av organismar som ikkje høyrer naturleg heime i økosystema skal ikkje skade eller avgrense økosystema sin funksjon. | 5.1. Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande arter og negative effektar av eksisterande og tilsikta nye introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid. | Talet på kjende introduksjonar som er årsak til skade på miljøet. |
5.2. Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar, ut frå best mogleg kunnskap slik at det ikkje oppstår skade på miljø og helse. | Kvalitativ vurdering av arbeidet. | |
6. Halde oppe eller byggje opp att truga arter og ansvarsarter til livskraftige nivå. | 6.1. Medverke til å redusere presset på truga arter og ansvarsarter gjennom samarbeid med andre involverte partar. | Talet på raudlistearter totalt og raudlistearter som endrar raudlistekategori i utvalde naturtypar. Talet på truga arter med utarbeidd handlingsplan. Inngrep i villreinområde. |
6.2. Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn. | Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, jerv, bjørn og ulv siste år fordelt på dei åtte rovviltregionane. Talet på hekkingar av kongeørn siste år fordelt på dei åtte rovviltregionane. Talet på dokumenterte ulovlege fellingar av rovvilt fordelt på rovviltart. | |
6.3. Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå. | Talet på vaksne individ av fjellrev. Talet på ynglingar av fjellrev. | |
6.4. Sikre dei ville laksebestandane. | Endringar i bestandstilstand etter kategorisystemet for laksevassdrag. | |
7. Arbeidsmål som dekkjer alle dei nasjonale resultatmåla 1-6. | 7.1. Medverke til sektordepartementa sitt arbeid med vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald. | Kvalitativ vurdering av arbeidet. |
7.2. Leie og samordne det norske arbeidet med Konvensjonen om biologisk mangfald og andre internasjonale konvensjonar og prosessar som er relevante for å ivareta biologisk mangfald. | Kvalitativ vurdering av arbeidet. | |
7.3 Utvikle tilfredsstillande oppsynsordningar som sikrar at område og arter blir tekne vare på og at hausting og annan bruk av naturen ikkje kjem i strid med nasjonale resultatmål som gjeld biomangfald. | Omfanget av oppsyn med truga og sårbare arter og naturtypar. Talet på personar som er melde for brot på regelverket. | |
8. Disponere dei jordressursane som har potensial for produksjon av matkorn slik at ein tek omsyn til framtidige generasjonar sine behov. |
Statusbeskriving
Regjeringa prioriterer høgt å ta vare på norsk natur og verne om det biologiske mangfaldet. Av dei ca. 15 000 artene som er vurderte i arbeidet med den norske raudlista vart 20 pst. plassert på raudlista. Omlag 45 pst. av desse er knytte til skog, 30 pst. til kulturlandskap, 20 pst. til ferskvatn og våtmark/myr, 7 pst. til kyst og 3 pst. til fjell. Vern av eit representativt utval område etter naturvernlova er eit viktig verkemiddel for å sikre framtida for artene.
Pr. 1. januar 2006 er i overkant av 12,5 pst. av fastlands-Noreg verna etter naturvernlova.
Tabell 6.2 Oversikt over område verna etter naturvernlova pr. 1. januar 2006.
Tal | Areal km2 (inkl. ferskvatn)1 | pst. av Noregs landareal2 | |
---|---|---|---|
Nasjonalparkar | 25 | 22 196 | 6.9 |
Landskapsvernområde | 159 | 14 179 | 4.4 |
Naturreservat | 1 753 | 3 846 | 1.2 |
Naturminne | 1023 | 2 | 0.0 |
Andre fredingsområde4 | 98 | 125 | 0.0 |
Sum | 2 137 | 40 3475 | 12.5 |
1 Frå og med 01.01.2004 er arealtala baserte på ein digital arealanalyse mellom verneområda og kartgrunnlaget N50. Dette gir meir nøyaktige arealtal.
2 Fastlandet ekskl. Svalbard (verneområde på Svalbard er oppretta i medhald av svalbardmiljølova).
3 99 av desse naturminna er geologiske. I tillegg er ca. 180 tre/tregrupper freda som botaniske naturminne.
4 Gjeld plante-, fugle- og dyrefredingsområde med biotopvern. Artsfreding utan biotopvern er innført på enkelte andre lokalitetar.
5 I tillegg kjem 12 område på om lag 300 km2 som er verna etter viltlovas §7.
Arbeidsmål 1.1. Implementere arbeidsprogram om områdevern frå konvensjonen om biologisk mangfald (vedteke på COP7 i 2004) ved å etablere nettverk av terrestriske verneområde innan 2010.
Arbeidsprogrammets overordna mål er å etablere og halde ved lag effektivt forvalta og økologisk representative nasjonale og regionale system av verneområde. Dette skal vere på plass innan 2010 for landlege (terrestre) område og innan 2012 for marine område. Etablering, forvaltning og overvaking av verneområde bør skje med full og effektiv deltaking og respekt for urfolk og lokale samfunn. På siste partsmøte under Konvensjonen om biologisk mangfald i Brasil i mars 2006 var det stort fokus på implementering av dette programmet.
Tiltak som står sentralt i Noregs oppfølging av vedtaket om områdevern er i hovudsak knytte til gjennomføring av dei fylkesvise/tematiske verneplanane, auka skogvern, gjennomføring av nasjonalparkplanen, marin verneplan, sikring av naturverdiane i verneområda og analyse av gjennomført vern av naturtypar. I arbeidet med verneplanane vil det òg bli teke omsyn til klimaendringar. Det vil bli lagt vekt på å sikre tilstrekkeleg store område som, dersom det er mogleg, inneheld økologiske gradientar som gir ei ekstra forsikring for arter i eit endra klima.
Arbeidet med analyse av gjennomført vern av naturtypar blir ført vidare i 2006 og 2007. Arbeidet vil omfatte alt vern, og tek utgangspunkt i måla for naturvernarbeidet i St.meld. nr. 68 (1980-81) Vern av norsk natur:
Å sikre eit utval av naturområde som til saman utgjer eit representativt utsnitt av variasjonsbreidda i norsk natur.
Bevaring av økologiske nøkkelområde, ved å verne område som har ein særdeles viktig funksjon for store konsentrasjonar av arter eller individ.
Bevaring av artsmangfaldet i naturen, ved å sikre leveområda for truga dyre- og plantearter.
Oppfølginga av områdevernet og gjennomføring av nytt vern er omtalt under arbeidsmåla 1.2 – 1.6.
Internasjonale plikter i andre konvensjonar står òg sentralt for å følgje opp dette arbeidsprogrammet, blant anna Ramsarkonvensjonen om våtmarker, Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur og Oslo-Paris-konvensjonen om vern av det marine miljøet i det nord-austlege Atlanterhavet (OSPAR). Direktoratet for naturforvaltning står sentralt i dette arbeidet i Noreg.
Det er brei europeisk semje om å opprette gode europeiske nettverk av verneområde. Under Bernkonvensjonen om vern av europeisk natur er dette følgt opp gjennom at partane skal peike ut område til eit europeisk nettverk av verneområde kalla Emerald Network. Nettverket har mykje til felles med EUs nettverk av verneområde kalla Natura2000, som er viktig for oppfølging av deira habitat- og fugledirektiv. I 2006 vil Direktoratet for naturforvaltning ferdigstille eit pilotprosjekt om dette. Pilotprosjektet dannar grunnlaget for vidare fagleg utvikling og for å vurdere talet på norske område som bør meldast inn. Tilhøvet til EUs habitat- og fugledirektiv og deira verneområdenettverk Natura 2000 vil òg bli vurdert. Norge medverkar òg med eit utval av allereie verna eller på anna måte skjerma område til nettverket av marine verneområde under OSPAR-konvensjonen.
Innan den paneuropeiske biomangfald- og landskapsstrategien (PEBLDS) under «Miljø for Europa»-prosessen pågår arbeid for å etablere eit paneuropeisk økologisk nettverk av verneområde (PEEN). På nasjonalt nivå skal det blant anna gjerast analysar av kva slag naturtypar som er mangelfullt dekte opp av vern. Det skal rapporterast på dette i løpet av 2006.
Arbeidsmål 1.2. Sluttføre fylkesvise/tematiske verneplanar i løpet av år 2007.
I 2006 er det fatta vernevedtak for Hovedøya (Oslo), Hasseltangen (Aust-Agder), og Verneplan for Oslofjorden – delplanar for Telemark og Vestfold. I løpet av hausten 2006 og i 2007 er det planlagt vernevedtak for Smøla (Møre og Romsdal), verneplan for Oslofjorden – delplanar for Buskerud, Østfold, Oslo/Akershus og ein samordna sjøfugldelplan for alle fylka kring Oslofjorden, verneplan for Vikanbukta (Nord-Trøndelag), verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal, verneplan for myr i Finnmark, verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane, verneplan for rik lauvskog i Finnmark og verneplan for rik lauvskog i Troms. I løpet av 2007 vil ein ha nådd målet i St.meld. nr. 68 (1980-81) om gjennomføring av fylkesvise, tematiske verneplanar for tema edellauvskog, myr, våtmark og sjøfugllokalitetar – totalt 70 verneplanar.
Det skal gjennomførast ei evaluering av korleis ulike naturtypar er fanga opp i verneplanarbeidet. Evalueringa vil gi godt grunnlag for å vurdere oppnåinga av nasjonalt resultatmål nr. 1 for biologisk mangfald, og vil gi grunnlag for internasjonal rapportering til Konvensjonen om biologisk mangfald, til Bern-konvensjonen og til PEBLDS ( Den paneuropeiske biomangfald- og landskapsstrategien).
Arbeidsmål 1.3. Auke skogvernet i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, jf. Innst. S. nr. 46 (2003-2004).
Hausten 2006 er det bl.a. planlagt vernevedtak for ei rekkje frivillig vern-område, blant anna kystgranskog. Dette er ein skogtype som Noreg har internasjonalt ansvar for. Regjeringa vil ta stilling til verneomfang for Trillemarka-Rollagsfjell i 2006, og leggje saka fram for Stortinget tidleg i 2007. Hovudstrategien i arbeidet for auka skogvern er å sikre kvalitet i vernearbeidet. I dette arbeidet blir dialog og samhandling med skogeigarar og andre partar vektlagt. For 2007 er følgjande prioritert:
Vernevedtak for Trillemarka-Rollagsfjell.
Vernevedtak for fleire frivillig vern-område, og oppstart av arbeidet med nye frivillig vern-område.
Vernevedtak for skog på statsgrunn og oppstart av nye verneprosessar på statsgrunn, blant anna i Nordland fylke.
Oppstart av verneprosessar for skogareal eigd av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar).
Systematiske, naturfaglege registreringar i prioriterte skogtypar, og registreringar av verneverdig skog på statsgrunn.
Regjeringas forslag om fritak for skatt på erstatning ved vern er viktig for skogvernarbeidet, og vil bidra til vidareføring av frivillig vern. Vi viser til St.prp. nr. 1 (2006-2007) Skatte-, avgifts- og tollvedtak frå Finansdepartementet, avsnitt 2.3.5.
Det er verna i overkant av 1 000 km2 produktiv skog i Noreg pr. september 2006, tilsvarande ca. 1,4 pst. av skogarealet i landet.
Arbeidsmål 1.4. Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 40 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010.
Pr. 1. september 2006 er 31 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. I løpet av hausten 2006 og i 2007 er følgjande område planlagd verna: Reinheimen, Hallingskarvet, Seiland, Varangerhalvøya, Øvre Dividal (utviding), Naustdal/Gjengedal, Ålfotbreen, og Rondane Sør (Hemmeldalen). Ein legg stor vekt på å gjennomføre demokratiske og tillitvekkjande planprosessar. Samarbeidet med Sametinget for å sikre at samiske interesser på best mogleg måte skal komme inn i planlegginga (jf. avtala om konsultasjon mellom Staten og Sametinget) blir ført vidare.
Pr. 1. juli 2006 er det autorisert 14 nasjonalparksenter etter at senteret i Lierne vart etablert og autorisert. Dermed er den opphavelege nasjonalparksenterplanen gjennomført.
Arbeidsmål 1.5. Etablere eit nettverk av marine verneområde innan dei ulike biogeografiske regionane i kyst- og havområda innan 2012.
Under biomangfaldkonvensjonen har Noreg tilslutta seg målet om å ha på plass eit nettverk av marine verneområde innan 2012. Eit nasjonalt, tverrsektorielt rådgivande utval la fram ei felles tilråding om område og restriksjonsnivå i ein marin verneplan i juni 2004. Totalt 36 område er tilrådd inkludert i planen. Det formelle verneplanarbeidet skal startast ved årsskriftet 2006/2007. Forslaget skal etter planen konsekvensutgreiast og ferdigstillast for høyring i 2007-2008. Vedtak vil etter planen komme i 2008. Eit viktig prinsipp i arbeidet er at naturvernlova skal supplerast med anna lovverk, f.eks. eigna fiskerilovverk.
Arbeidsmål 1.6. Sikre at naturverdiane i verneområda blir oppretthaldne.
Det er eit stort etterslep i arbeidet med oppsyns- og skjøtselstiltak. Innsatsen i oppsyn og sjøtselstiltak har vore auka dei siste åra, særleg når det gjeld oppsynsstillingar. Regjeringa fortset opptrappinga i 2007 med mellom anna fleire oppsynsstillingar og auka ressursar til skjøtselstiltak både i nasjonalparkar og for å ta vare på det biologiske mangfold i andre verneområde. Statens naturoppsyn gjennomførte i 2005 fleire store tilretteleggingstiltak for brukarar av nasjonalparkane og andre naturområde, bl.a. tok ein til med steinlegging av stiane opp til Besseggen i Jotunheimen. Totalt gjennomførte SNO 64 større eller mindre tilretteleggingstiltak i 43 av verneområda, inkludert nasjonalparkar. Det vart organisert 67 ulike aksjonar der ein rydda for søppel i verneområde. Vedlikehald av grensemerke og informasjonsskilt er ei kontinuerleg oppgåve, og i 2005 vart det sett opp i alt 1 600 grensemerke og små og store informasjonsskilt i verneområda. I tillegg til dette kjem skjøtsel organisert gjennom fylkesmennene og kommunane. For status på oppsyn, sjå arbeidsmål 7.3.
Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde skal gi nærare retningslinjer for korleis verneverdiane kan forvaltast best mogleg innan det enkelte verneområdet. Det er behov for forvaltningsplanar i alle dei 25 nasjonalparkane og landskapsvernområda våre, og i om lag 500 av dei mindre verneområda. Berre 3 av nasjonalparkane har i dag godkjende forvaltningsplanar. I tillegg kjem at mange eksisterande forvaltningsplanar må reviderast. Det går no føre seg arbeid med nye forvaltningsplanar og revidering av eldre planar for 14 store verneområde. Noreg har òg store utfordringar i høve til pliktene i Ramsarkonvensjonen, ikkje minst knytt til dei 37 norske internasjonalt viktige våtmarksområda (Ramsarområda). Det er blant anna behov for forvaltningsplanar for fleire av desse områda.
Noreg manglar eit landsdekkjande system for overvaking av verneområde. Direktoratet for naturforvaltning utarbeidde i 2005 eit forslag til samla overvakingsprogram for verneområde. Systematisk overvaking i utvalde verneområde starta i 2006.
Det er nedsett ei arbeidsgruppe som skal gi råd til Miljøverndepartementet om nødvendige tiltak for å styrkje forvaltning og skjøtsel av verneområda, og avklare rammevilkåra for verksemd i og knytt til verneområde. Arbeidet skjer i samarbeid med fleire departement og andre aktørar. Ei viktig føring for arbeidet er at nasjonalparkane skal utviklast som ein ressurs for lokalsamfunna og for lokal verdiskaping.
I dag har om lag 50 kommunar ansvar for forvaltning av naturreservat, naturminne og/eller landskapsvernområde. I tillegg er det som eit prøveprosjekt delegert forvaltningsmynde til kommunar for nokre større verneområde i nasjonalparkplanen. Til saman er det om lag 70 kommunar som har fått delegert forvaltningsmynde for verneområde. Interessa frå nye kommunar synest no liten, med unntak av nokre få kommunar med store landskapsvernområde i nasjonalparkplanen, blant anna Brattefjell-Vindeggen, Frafjordheiane og Lyngsalpan.
Arbeidsmål 2.1. Leggje til rette for kartlegging og overvaking av svært viktige område (A-område) og viktige område (B-område) for biologisk mangfald.
Om lag 90 pst. av kommunane har no gjennomført ei første gongs kartlegging av område på land med stor verdi for biologisk mangfald. Det står enno att mykje kartleggingsarbeid på lokalitetar for raudlistearter, særleg i saltvatn og i ferskvatn. Kvaliteten på data frå den kommunale kartlegginga er dessutan svært variabel. Det blir viktig i tida framover å kvalitetssikre og supplere data frå førstegongskartlegginga, og å gjennomføre neste fase i den kommunale kartlegginga, under dette kartlegging i sjø.
Data frå den kommunale kartlegginga inngår i nasjonale fagsystem og vil vere offentleg tilgjengelege. Det er førebels lagt inn naturtypedata frå 216 kommunar i Naturbasen. Det ligg pr. 1. mai 2006 inne data frå 75 000 lokalitetar spreidde over heile landet i Naturbasen. Av dette er om lag 2/3 artsdata, og 1/3 er naturtypedata. Dei fleste artsdata stammar frå viltkartlegginga. Datagrunnlaget er førebels for lite til å vise fordelinga av A- og B-område på naturgeografiske regionar. I kartlegginga er areal som er truga av inngrep prioriterte, og det er derfor kartlagt lite i fjellområda.
Arbeidsmål 2.2 I samarbeid med sektorane gjennomføre eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald.
Eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er etablert. Programmet initierer kartleggingsaktivitetar både på land, i ferskvatn og i saltvatn. Resultata frå kartleggingsaktivitetane blir lagra i databasar som er offentleg tilgjengelege over Internett. Regjeringa er i gang med å planleggje ei vidareføring av dette programmet, i første omgang fram til 2010.
Artsdatabanken spelar ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om biologisk mangfald tilgjengelege for brukarar i areal- og ressursforvaltninga.
Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter vil styresmaktene få eit bilete av utviklinga i det biologiske mangfaldet, om verkemidla fungerer etter formålet og om Noreg klarer å ivareta målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald innan 2010. Regjeringa vil no vurdere korleis vi kan utvikle endå betre verktøy for å måle utviklingstrendar i norsk natur.
Våren 2005 starta Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet sjøfuglprogrammet SEAPOP. Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Målet er å skaffe betre kunnskap om sjøfuglarter i Noreg, særleg med omsyn til utbreiing, tilstand og utvikling. Programmet vil gi eit betre grunnlag for å ta avgjerder i spørsmål som gjeld tilhøvet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona, f.eks. innafor petroleumsverksemda.
Det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet MAREANO kom i gang for alvor i 2006. Dette er ei felles satsing mellom Miljøverndepartementet, Fiskeri- og Kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. MAREANO-programmet skal kartleggje og gjennomføre grunnleggjande studiar av havbotnens fysiske, biologiske og kjemiske miljø i norske sjøområde. Data skal systematiserast i ein marin internettbasert arealdatabase.
Arbeidsmål 2.3. Sikre at attverande naturområde med urørt preg blir tekne vare på.
Dei siste hundre åra er dei villmarksprega områda i Noreg reduserte frå omkring halvparten av landarealet til 12 pst. i Nord-Noreg og 5 pst. i Sør-Noreg. Status for inngrepsfrie naturområde (område som ligg meir enn ein kilometer unna tyngre tekniske inngrep) i Noreg (INON) vart sist oppdatert i januar 2003, og ajourførte kart og statistikk vart lagt ut på nettet i 2004 (www.dirnat.no/inon). Denne oversikta blir ajourført med 5 års mellomrom, og viser blant anna utviklinga for desse områda og kva for sektorar som er ansvarlege for bortfall av område. I perioden 1998-2003 stod vegbygging i landbruket for over 80 pst. av bortfallet av inngrepsfri natur. Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket skal gjennomgåast for å forby kommunane å gi tilskot til vegbygging i skog som gir tap av inngrepsfri natur. I løpet av 2007 startar arbeidet med ein ny periodisk oppdatering av INON-databasen med sikte på avslutning i 2008.
Arbeidsmål 2.4. Medverke til å halde ved lag truga, sårbare og omsynskrevjande marine naturtypar.
Metode for kartlegging av marine naturtypar etter handbok for kommunane er under revisjon. Handboka omfattar 16 naturtypar. Kartlegginga er viktig for at kommunane skal kunne ta omsyn til desse naturtypane i arealplanlegginga. Så langt er kartlegginga starta gjennom pilotprosjekt i nokre kommunar.
Havforskingsinstituttet arbeider med kartlegging av korallrev langs norskekysten og har anslått at 30-50 pst. av Lophelia-reva i norske farvatn er skadde eller øydelagde, truleg på grunn av fiske med botntrål. Det er elles gjort lite kartlegging av skadar på marine naturtypar.
Det er dokumentert at sukkertaren har gått sterkt tilbake på 90 pst. av undersøkte lokalitetar der den naturleg høyrer heime på kyststrekninga svenskegrensa-Lindesnes. Bortfall av sukkertare kan få store konsekvensar for kystmiljøet, inkludert for arter som det kan haustas av og som har oppvekst- og leveområde i tareskogen. Det kan vere fleire årsaker til at sukkertaren har blitt borte, men forskarane trur at klimaendringar i kombinasjon med forureining er hovudårsaka. Statens forureiningstilsyn har i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning arbeidd med å kartleggje omfanget og årsaka til tareskogdøden slik at ein kan vurdere nødvendige tiltak. Dei er òg i gang med å greie ut kva slag konsekvensar tapet av tareskog vil få for det biologiske mangfaldet i kystsona og ressursane knytte til tareskogen.
Det skal utarbeidast nasjonale handlingsplanar for utvalte naturtypar, under dette tareskog og korallrev. Arbeidet med ein tverrsektoriell handlingsplan for korallrev er starta, og skal ferdigstillast i 2007.
Arbeidsmål 2.5. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at forvaltninga av vassdrag tek vare på omsynet til biologisk mangfald.
Gjennomføringa av EUs rammedirektiv for vatn vil vere det viktigaste verktøyet for å gjere norsk vassforvaltning meir heilskapleg og økosystembasert. I samarbeid med relevante sektorar skal miljøstyresmaktene medverke til gjennomføring av direktivet, vidare drift av Samla plan for vassdrag, medverke til suppleringar av Verneplan for vassdrag og gjennomføre ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Ved oppfølging gjennom planrettleiing både ved kommuneplanlegginga og den regionale planlegginga, er det eit mål at verneverdiane i verna vassdrag blir tekne omsyn til. Gjennom konsesjonssystemet vil miljøstyresmaktene både sentralt og regionalt arbeide for at biologisk mangfald blir teke omsyn til i ulike former for bruk av vassressursane. Dette gjeld òg ved revisjon av eldre konsesjonar. Det er starta eit arbeid med å betre avgjerdsgrunnlaget for miljømessige vurderingar av små vasskraftprosjekt. Dette vil gi fagleg grunnlag for å starte arbeidet med fylkesvise planar for småkraftverk.
Rammedirektivet for vatn skal sikre god miljøtilstand i vassførekomstane. Overvakinga av biologisk mangfald i ferskvatn er nødvendig for å avgjere kva slag tiltak som skal setjast i verk kvar, og få bekrefta om tiltaka gir effekt. Det er teke sikte på å gjennomføre direktivet i norsk rett i løpet av 2006.
DN leier ei tverrsektoriell arbeidsgruppe som skal utvikle koordinert nasjonal overvaking slik rammedirektivet for vatn krev. Ved oppfølgjing av direktivet vil biologisk mangfald bli tillagt større vekt innan nasjonal vassovervaking i framtida enn i dag.
Arbeidsmål 2.6. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.
Det totale talet på snøskuterar pr. 31. desember 2003 var 53 599. Pr. 31. desember 2005 hadde talet stige til 55 776. Det har vore ein jamn auke i talet på snøskutarar i fleire år. Talet på barmarkkøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til 14 097 pr. 31. desember 2005 (alle tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk). Dette indikerer at omfanget av motorferdsel i utmark har auka.
Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdsellova og den nasjonale forskrifta er tilgjengeleg som KOSTRA-rapportering. Det er god grunn til å gi barmarkkøyringa større merksemd framover. Statens naturoppsyn har gjennomført målretta oppsyns- og kontrolltiltak, oftast i samhandling med lokalt politi. Barmarkskøyring har hatt særleg prioritet. I 2005 vart totalt 137 tilfelle av ulovleg motorferdsel meldt til politiet, etter kontrollar av SNO (inkl. Fjelltenesta i Nord-Noreg). Av desse var det 78 tilfelle av ulovleg barmarkskøyring. Kontrollen med barmarkskøyring skal styrkjast i samarbeid mellom politiet og Statens naturoppsyn.
Forsøksordninga med planstyrt motorferdselforvaltning som vart avslutta i mai 2005 er blitt evaluert av Norsk institutt for naturforsking (NINA). Forsøkskommunane har fått høve til å føre vidare forsøksregelverket mens evalueringa og vurderinga av moglege endringar i regelverket held fram.
Prosjektet Motorferdsel og samfunn, som skal identifisere viktige føresetnader for å utvikle den framtidige politikken for motorferdsel, blir avslutta i løpet av 2006. Målet med prosjektet er å etablere eit best mogeleg kunnskapsbasert avgjerdsgrunnlag for utforming av strategiar, regelverk og verkemiddel for regulering av motorferdsle i utmark, med vekt på avveging mellom nytte- og verneverdiar. I 2007 vil arbeidet fokusere på oppfølging av dei konklusjonane og tilrådingane som kjem fram gjennom prosjektet.
Arbeidsmål 3.1. Medverke til at verdifulle kulturlandskap blir tekne vare på og haldne ved lag.
Endringane i jordbrukets kulturlandskap dei seinare tiåra er store. Særleg er gjengroinga i utmark no svært tydeleg, både i fjellet, på kysten og i låglandet. Kulturlandskap med større areal av ulike typar seminaturlege naturtypar minkar òg. Det er aukande behov for å halde oppe drift og skjøtsel i dei høgast prioriterte områda (ca. 300) i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. I samarbeid med Statens landbruksforvaltning er det gjennomført tiltak for å få dei stadfesta kulturlandskapa og kartlagte naturtypane i kulturlandskapet i Naturbasen inn på gardskart på Internett. I 2006 har landbruksstyresmaktene, i samarbeid med miljøvernstyresmaktene, starta arbeidet med å operasjonalisere landbruksstyresmaktenes mål «Spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått særskilt forvaltning innan 2010». Dette arbeidet vil bli ført vidare i 2007. Miljøvernforvaltningas arbeid med å utvikle alternative strategiar for ta vare på jordbrukets kulturlandskap og det biologiske mangfaldet i dette landskapet vil halde fram i 2007. Viktige verkemiddel er supplerande kartlegging av biologisk mangfald i kulturlandskapet, og betre overvaking. Mykje av arbeidet knytt til å halde ved lag verdifulle kulturlandskap er elles integrert i andre resultatmål og oppgåver.
Arbeidsmål 4.1. Sikre at fastsetjing av forsvarlege nasjonale, regionale og lokale rammer for hausting av vilt- og fiskeressursane er baserte på best mogeleg kunnskap om arter og bestandar.
Vilt- og fiskeressursane i Noreg er forvalta etter føre var-prinsippet og ut frå eit berekraftperspektiv. Det er få, om nokon, av dei artene som blir hausta som er truga av overutnytting.
Gjennom nasjonalt overvakingsprogram for hjortevilt og helseovervakingsprogram for hjortevilt følgjer ein bestandsutviklinga i eit representativt utval av hjorteviltbestandar. Veterinærinstituttet og Direktoratet for naturforvaltning har i 2006 arbeidd med å etablere eit rammeverk for felles helseovervaking av viltbestandar, og ein tek sikte på at eit overvakingssystem er på plass i 2007. Behovet er aktualisert ved den sterke merksemda som har vore omkring fuglevirus og moglege konsekvensar av dette i Noreg. I tillegg er hjorteviltregisteret eit viktig verkemiddel for dei som skal ta avgjerder.
Regulering av laksefisket er i dag basert på vitskapeleg rådgiving, kunnskap om tilstanden til bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. I 2003 vart det innført eit nytt reguleringsregime som skal gjelde for fem år. Prosessen med å førebu ny regulering av laksefisket for perioden 2008-2012 vil bli gjennomført i 2007.
Arbeidsmål 4.2. Sikre at forvaltninga av vilt- og fiskeressursar som kan utnyttast, som hovudregel blir basert på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar.
Den driftsplanbaserte forvaltinga av vilt- og fiskeressursane krev at rettshavarane er organiserte i høvelege einingar som kan ivareta interessene deira. Slike einingar må vere juridisk og økonomisk forpliktande, slik at styresmaktene kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde. Det er gjennomført ei omfattande evaluering av omlegging til ei meir lokal, driftsplanbasert forvalting av dei anadrome fiskeressursane. Evalueringa konkluderer med at omlegginga samla sett er vurdert som svært vellukka. Øvrige konklusjonar og forslag vil bli følgde opp i samarbeid med dei sentrale organisasjonane på fiskerettshavar- og brukarsida.
I forvaltninga av elg er det no om lag 47 prosent av valda som har driftsplan/bestandsplan. Driftsplanbasert elgforvaltning skjer først og fremst innan dei store valda, dvs. vald med fellingskvote over 20 dyr.
Arbeidsmål 5.1. Førebyggje utilsikta introduksjonar av framande organismar, og negative effektar av eksisterande og tilsikta nye introduksjonar gjennom meir dekkjande regelverk, tiltak, informasjon og sektorsamarbeid.
Vi står overfor store utfordringar knytte til introduksjon og spreiing av framande organismar. Auka handel, turisme, reising og nedbygging av grensekontroll mellom land og kontinent gjer at mange organismar blir spreidde til nye område der dei ikkje høyrer heime. Globalt er menneskeskapt spreiing av organismar i dag ein av dei største truslane mot mangfaldet i naturen. FN-konvensjonen om biologisk mangfald pålegg oss, så langt det er mogleg og føremålstenleg, å hindre innføring av og kontrollere eller utrydde arter som trugar økosystem, leveområde eller arter.
Framande organismar kan ha effektar som grip over mange sektorar. Det er sett i gang arbeid med ein tverrsektoriell nasjonal strategi som vil gi ei felles plattform for korleis sektorane skal førebyggje og handtere både tilsikta og utilsikta introduksjonar av framande organismar. Artsdatabanken vil tidleg i 2007 leggje fram ei liste over framande arter som trugar eller kan komme til å truge økosystem, habitat eller arter i Noreg.
Det regjeringsoppnemnde lovutvalet for biologisk mangfald har foreslått nytt regelverk på dette området som del av ei ny naturmangfaldlov. Forslag til ny naturmangfaldlov skal etter planen leggjast fram for Stortinget ved utløpet av 2007.
Konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn i skip og sediment krev at skip skal gjennomføre utskifting av ballastvatn for å redusere risikoen for introduksjon av framande organismar. Utskifting av ballastvatn er berre eit mellombels tiltak, og alle skip skal frå eit gitt tidspunkt oppfylle krav til reining av ballastvatn etter ein nærare definert standard. Krav til slik reining av ballastvatn vil bli fasa inn i perioden frå 2009 til 2016. I forslag til ny skipstryggleikslov som nyleg er fremja for Stortinget er det foreslått eit nytt lovgrunnlag for tiltak retta mot skipsfarten, for å redusere risikoen for slike introduksjonar frå ballastvatn. Noreg vil ratifisere IMO-konvensjonen så raskt som mogleg, og arbeide for at konvensjonen skal tre i kraft internasjonalt.
Arbeidsmål 5.2. Handtere reguleringa av utsetjing og omsetning av genmodifiserte organismar ut frå best mogleg kunnskap, slik at det ikkje oppstår skade på helse og miljø.
Talet på land som set ut genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet aukar. I 2005 vart genmodifisert soya, mais, bomull, raps, squash og papaya dyrka på 90 millionar hektar fordelt på 21 land. Meir enn ein tredel blir dyrka i utviklingsland. Det er framleis stor usemje om bruk og regulering av GMO mellom dei landa som produserer og eksporterer GMO og andre land. På partsmøtet under Cartagena-protokollen om GMO i mars 2006 vart det likevel semje om detaljerte reglar for merking av GMO ved transport over landegrensene.
Noregs GMO-regelverk og -politikk er blant dei mest restriktive i verda. Både genteknologilova og våre internasjonale plikter (EØS-avtala, Cartagena-protokollen og WTO-avtala) stiller strenge krav til vitskapeleg risikovurdering for vedtak om godkjenning av eller forbod mot GMO. For at vi skal kunne halde fram med vår GMO-politikk, og vurdere eit stadig aukande tal på komplekse GMO-søknadar best mogleg, er det naudsynt å medverke til å sikre forsking på miljøkonsekvensar av GMO og bistand frå best mogleg fagleg ekspertise i behandlinga av GMO-søknader. For å oppnå dette er det mellom anna viktig å samordne midlane til Institutt for Genøkologi.
Av 45 omsøkte produkt i EU/EØS under direktivet om utsetjing av GMO i miljøet (tidlegare 90/ 220/EØF, no 2001/18/EF) er 20 godkjende i EU. Noreg har gjennom ei tilpassing i EØS-avtala sagt nei til åtte produkt. Produkta er forbodne hovudsakleg fordi dei inneheld genar som kan gi resistens mot antibiotika. EU godkjende i 2004 den første GMO sidan 1998, og har i perioden juli 2004 – august 2006 godkjent fire nye GMO-produkt under direktiv 2001/18/EF. Noreg må no ta stilling til om desse skal vere forbodne etter genteknologilova.
EU har vedteke nye reglar om utsetjing i miljøet av GMO, bruk av GMO til mat og fôr, merking og høve til sporing av GMO og høve til sporing av genmodifisert mat og fôr. EU-reglane har nærma seg dei norske i vesentleg grad. Regjeringa forhandler med EU om å innlemme desse reglane i EØS-avtala med ei vidareføring av EØS-tilpassinga vi har i dag. Tilpassinga gir oss rett til å forby GMO som EU godkjenner, dersom vi meiner det er nødvendig ut frå genteknologilova.
Arbeidsmål 6.1. Medverke til å redusere presset på truga arter og ansvarsarter gjennom samarbeid med andre involverte partar.
I den nasjonale raudlista er det ført oversikt over arter som er truga av utrydding, arter som er sårbare og arter som krev omsyn. Artsdatabanken, som vart etablert i januar 2004, vil vere viktig i raudlistearbeidet framover. Arbeidet med revisjon av raudlista i regi av Artsdatabanken er planlagt ferdig hausten 2006. Her skal òg marine arter vurderast, så langt det ligg føre tilstrekkeleg kunnskap for dette.
Det vil i tida framover bli utarbeidd og sett i verk handlingsplanar for utvalde, truga arter. Ein handlingsplan for orkideen raud skogfrue vart ferdigstilt i mai 2006. Det blir òg arbeidd med handlingsplanar for bl.a. stor salamander, damfrosk, åkerrikse og elvemusling. Dverggås er ein art som er klassifisert som direkte truga på raudlista. Noreg har eit spesielt ansvar for å medverke til å bevare den fennoskandiske restbestanden av dverggås. Bevaringsarbeidet i Noreg og internasjonalt er krevjande, og innsatsen vil bli fortløpande vurdert i tida framover.
Resultat frå Det nasjonale overvakingsprogrammet for sjøfugl viser at fleire sjøfuglarter langs Norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang, og somme er i ein alvorleg situasjon. Særleg gjeld dette lomvi og nordleg sildemåke. Nordleg sildemåke er klassifisert som direkte truga på raudlista, og lomvi står i fare for å forsvinne som hekkefugl i mange fuglefjell langs kysten. Sjøfuglprogrammet SEAPOP dekkjer behovet for kartlegging, overvaking og prosessorienterte studiar av sjøfugl, og vil gi betre kunnskapsgrunnlag for å ta avgjerder i spørsmål som gjeld tilhøvet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona. Gjennom forvaltningsplanen for Barentshavet er det sett i gang fleire tiltak, så som påbodne skipsleier og rammer for petroleumsverksemda, bl.a. av omsyn til sjøfugl.
Villreinen er ein norsk ansvarsart. Noreg er det einaste landet i Europa som har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein. Villreinen skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida, og det er derfor eit arealpolitisk mål å sikre leveområda for arta. Dette vil skje gjennom regionale planar, og villreinområde som er spesielt viktige for arta si framtid i Noreg vil få status som nasjonale villreinområde. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2006 vart det løyvd midlar til etablering og drift av to informasjons- og kompetansesenter for villrein; sjå omtale i avsnittet om samla framstilling av satsinga på villrein under kap. 1427. For dei store rovviltartene og laks viser ein til eigne omtaler.
Ferskvasskrepsen er lista som omsynskrevjande i den norske raudlista. Det er utarbeidd eit forslag til overvaking av 27 representative krepsebestandar. I 2005 vart det påvist krepsepest i Glomma, og det er sett i gang tiltak for å hindre vidare spreiing av sjukdommen.
I St.meld. nr 8 (2005-2006 ) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten går det fram at det òg er aktuelt å utarbeide og setje i verk handlingsplanar for utvalde naturtypar i nordområda som ein del av arbeidet med å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Direktoratet for naturforvaltning vil i samarbeid med relevante sektorar ha ei leiande rolle i oppfølginga av dette.
Arbeidsmål 6.2. Sikre levedyktige bestandar av rovvilt gjennom målet om 65 årlege ynglingar av gaupe, 39 årlege ynglingar av jerv, 15 årlege ynglingar av bjørn, 3 årlege ynglingar av ulv og 850-1200 årlege hekkingar av kongeørn.
Det nasjonale bestandsovervakingsprogrammet for rovvilt rapporterer at det vinteren 2005-2006 (oktober – februar) vart registrert to ynglingar av ulv i Noreg (i Kynna og Julussa), av totalt 15 ynglingar i Skandinavia. Det nasjonale målet er sett til tre årlege ynglingar i Noreg innafor eit nærare definert forvaltningsområde for ynglande ulv i Hedmark, Akershus, Østfold og Oslo. Grensebestandar kjem i tillegg. Tre av dei femten familiegruppene i Skandinavia vart registrerte i grenseområde mot Sverige. DNA-analysar av dei skandinaviske ulvane viser eit nært slektskap, noko som på lang sikt kan gi innavlsdefektar dersom det ikkje år om anna kjem inn nye individ gjennom naturleg innvandring frå Finland/Russland. Forskarane ventar likevel ein vekst i den skandinaviske ulvebestanden dei næraste åra.
Det nasjonale målet for bjørn er sett til 15 årlege ynglingar. Registreringar kan tyde på ein viss vekst i bestanden, men det er enno langt igjen til bestandsmålet er nådd. Reproduktive binner er påviste i Finnmark (Sør-Varanger), Nord-Trøndelag (Lierne) og Hedmark (Trysil). Det er behov for betre bestandstal for bjørn. Frå 2006 er bestandsovervakinga av bjørn derfor betra ved hjelp av DNA-sampling. Innsamlinga vil bli gjennomført ved hjelp av lokale elgjegerar.
For jerv viser førebelse bestandsregistreringar at det er 57 ynglingar i Noreg i 2006. Det nasjonale målet er sett til 39 årlege ynglingar. Bestandsreguleringa skal skje ved lisensfelling. I skadeutsette område der lisensfelling ikkje gav tilstrekkeleg bestandsregulerande effekt vart det våren 2006 sett i verk ekstraordinære uttak av jerv.
For gaupe vart det vinteren 2006 registrert 62-65 familiegrupper. Det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege ynglingar er no nådd. Ei yngling tilsvarer ei familiegruppe.
Målet for kongeørn er sett til 850-1200 hekkande par, og bestanden på landsbasis er rekna for å vere stabil på omlag dette nivået. Frå 2006 inngår kongeørn i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt.
Frå og med 1. april 2005 er det oppretta åtte regionale rovviltnemnder. Rovviltnemndene har hovudansvaret for forvaltninga av gaupe, jerv, bjørn og ulv. Rovviltnemnda skal utarbeide ein forvaltningsplan, i nært samarbeid med aktuelle partar, som skal vise korleis nemnda vil gjennomføre den vedtekne nasjonale rovviltpolitikken i sin region. Dette arbeidet er godt i gang i alle regionane.
Arbeidsmål 6.3. Byggje opp att bestanden av fjellrev til eit livskraftig nivå.
Situasjonen for fjellreven i Noreg er svært alvorleg. Det er no om lag 50 vaksne fjellrevar att i Noreg (utanom Svalbard), og arta er klassifisert som «direkte truga» på raudlista.
Regjeringa har ført vidare arbeidet med å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. I 2006 vart det sett av om lag 4,9 mill. kroner til formålet, det same som i 2005. Arbeidet med fjellreven skjer med utgangspunkt i Handlingsplan for fjellrev (Direktoratet for naturforvaltning, 2003).
Genetisk forsking har nyleg avdekt at alle DNA-prøver frå «fjellrev» på Hardangervidda og omland etter 1997 er av farmrevtypen. Inntil vidare må ein derfor rekne alle fjellrevar på Hardangervidda som anten farmrevar eller ei kryssing mellom farmrev og fjellrev. Ei rekkje observasjonar av farmrev på vandring i høgfjellet har ført til at Direktoratet for naturforvaltning i 2005 for første gongen gav Statens naturoppsyn i oppdrag å avlive slike dyr.
I 2004 vart det sett i gang eit fleirårig forsøk med raudrevkontroll på Varangerhalvøya. Prosjektet har som målsetjing å få redusert raudrevbestanden slik at raudreven konkurrerer mindre med fjellreven på Varangerhalvøya, og slik at uttak av raudrev som metode kan bli grundig evaluert. Kartlegging av raudrevbestanden i Børgefjell starta i 2006. Dette prosjektet vil samtidig fungere som ein referanse for den ekstraordinære raudrevutskytinga som skjer i Jämtland og Vesterbotten i Sverige, slik at effekten av dette tiltaket kan bli evaluert.
Vidare pågår det eit prosjekt med avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. I juni 2006 vart det fødd seks fjellrevkvelpar på avlsstasjonen i Oppdal.
Overvaking av fjellreven blir gjennomført årleg. Det er oppretta ein nasjonal database over hi for fjellrev. Denne inneheld detaljert omtale av nesten alle kjende fjellrevhi i Noreg. Fjellrevhia kan bli fleire hundre år gamle. Basen inneheld no over 500 fjellrevhi.
Arbeidsmål 6.4. Sikre dei ville laksebestandane.
Laksefisket omkring årtusenskiftet var totalt sett betre enn på mange år som følgje av betre temperaturforhold i havet og gode føresetnader for oppvandring i elvane i fiskesesongen. Sesongane 2004 og 2005 gir likevel inntrykk av at den positive utviklinga har stogga, men dette vil bli klarare dei nærmaste åra. Omlag ein femdel av bestandane er framleis truga eller sårbare, mens 45 bestandar har gått tapt.
Lakseforvaltninga har dei seinare åra fått nye krav og premissar gjennom nasjonale politiske vedtak og gjennom vedtak i NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organisation). Stortingsvedtaket om å innføre ordninga med nasjonale lakselvar og -fjordar vart gjort for å gi dei viktigaste laksebestandane i Noreg eit betre vern (Innst. S. nr. 134 (2002-2003)). Ein stortingsproposisjon om vern av villaksen og ferdigstilling av ordninga med nasjonale lakseelvar og laksefjordar vil bli lagt fram i løpet av hausten 2006. I samband med Stortingsvedtaket er det stilt krav om at ordninga skal evaluerast. Dette vil skje gjennom eit eige evaluerings- og overvakingsprogram. Direktoratet for naturforvaltning utarbeidde ein heilskapleg plan for den framtidige lakseovervakinga i 2005. Denne planen blir sett i verk i løpet av 2006.
Arbeidet med å utrydde Gyrodactylus salaris er styrkt i 2006. Det vart i revidert nasjonalbudsjett løyvt 8 mill. kroner til nedkjemping av Gyrodactylus salaris slik at totalbudsjettet for 2006 er på 30,5 mill. kroner. Våren 2006 vart det gjennomført ein avsluttande utryddingsaksjon i Lærdalselva i Sogn og Fjordane der den nye og meir miljøvennlege aluminiumsmetoden var hovudmetode. I 2006 er det òg sett i gang kartlegging og planlegging av utryddingstiltak i Steinkjervassdraga og ein vil starte kjemiske behandling i førebuingar og planarbeid i Vefsna-regionen. I 2007 vil hovudfokus bli retta mot gjennomføring av utryddingstiltak i Steinkjervassdraga, og ein vil starte kjemisk behandling i Vefsna-regionen. I Romsdalsregionen vil planleggingsarbeidet bli ført vidare med sikte på å setje i gang konkrete utryddingstiltak så snart som mogleg. Ein viser elles til omtale og framtidig plan for nedkjemping av Gyrodactylus salaris i del IIB, kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning.
I revidert nasjonalbudsjett vart kalkingsløyvinga auka med 18 mill. kroner slik at kalkingsaktiviteten kunne halde fram i alle elvar der kalking er sett i gang. Det går i dag føre seg kalking i 24 laksevassdrag i Sør-Noreg. Også dei lokale kalkingsprosjekta i regi av frivillige organisasjonar har halde fram på høgt nivå. Kalking har ført til at laksebestanden er bygd opp att i mange forsuringsskadde elvar, og til ein vesentleg auke i laksefangstane på Sør- og Sørvestlandet. Kalkingsaktiviteten skal haldast oppe på nåverande nivå også i åra som kjem.
Levande genbank er eit tiltak som er sett i verk for å redde stammer som ikkje lenger kan overleve i vassdraga. I genbanken blir stammene tekne vare på til faren i vassdraga er over. Ni av dei 29 laksestammene som har vore tekne vare på i genbanken er blitt tilbakeførte til elvane sine; sju er tekne ut av genbanken, mens to er tekne vare på som sikringsstamme. I tillegg er 12 stammer under tilbakeføring i dag, mens sju ventar på å bli tilbakeførte når Gyrodactylus salaris er utrydda i elvane deira.
Arbeidsmål 7.1. Medverke til sektordepartementa sitt arbeid med vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald.
Miljøverndepartementet har ei viktig oppgåve i å medverke til dei andre departementa sitt arbeid med vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald. Hovuddelen av det biologiske mangfaldet finst utanfor verneområda og blir forvalta av andre sektorar enn miljøvernforvaltninga. Bevaring av biologisk mangfald er derfor ei sektorovergripande utfordring som krev samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane. Dei siste åra har fleire sektorar gjort framsteg i å medverke til ei berekraftig forvaltning av det biologiske mangfaldet. Bl.a. er departementa si deltaking i det nasjonale programmet for å kartleggje og overvake verdifulle naturtypar og truga arter svært verdifull. Sektorane har ansvar for miljøretta kunnskapsinnhenting innafor ansvarsområdet for eigen sektor, både langsiktig kompetanseoppbygging og meir forvaltningsretta forskingsaktivitetar. Miljøverndepartementet vil halde fram med arbeidet for betre samordning av blant anna verkemiddelbruk og kunnskap i arbeidet med å ta vare på det biologiske mangfaldet.
Arbeidsmål 7.2. Leie og samordne det norske arbeidet med Konvensjonen om biologisk mangfald, og å sikre at Noreg følgjer opp sine nasjonale plikter under denne og andre internasjonale konvensjonar og avtaler som er relevante for å ivareta biologisk mangfald.
Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) har tre målsetjingar; bevaring av biologisk mangfald, berekraftig bruk av biologisk mangfald og rettferdig fordeling av utbyttet av genetiske ressursar. Sentralt i arbeidet står korleis konvensjonen best kan følgje opp si leiande rolle i å nå målet om ein betydeleg reduksjon i tapet av biologisk mangfald innan 2010. I den paneuropeiske regionen er alle landa samde i at målet er å stogge tapet av biologisk mangfald innan 2010.
Noreg arbeider for å utvikle ein legalt bindande protokoll under biomangfaldkonvensjonen med fokus på utvikling av ordningar som kan sikre ei meir rettferdig fordeling av goda frå utnyttinga av genressursar.
Noreg har medverka aktivt til ei operasjonalisering og vidareutvikling av CBD, blant anna gjennom Trondheimskonferansane om biologisk mangfald som Noreg har arrangert saman med FN. Regjeringa vil halde ein ny Trondheimskonferanse om biologisk mangfald i 2007, knytt til målet om ein betydeleg reduksjon i tapet av biologisk mangfald innan 2010 og med fokus på kva rolle biologisk mangfald har i fattigdomsreduksjon og oppfølging av FNs tusenårsmål. FNs generalforsamling vil hausten 2006 venteleg vedta at 2010-målet om biologisk mangfald blir eit mellommål for FNs Tusenårsmål nr. 7.
Det er framleis ei hovudutfordring å samordne arbeidet mellom relevante internasjonale fora og konvensjonen om biologisk mangfald. Det globale utgreiingsprosjektet Millennium Ecosystem Assessment (2005) gir samla kunnskap om økosystema i verda. Noreg vil arbeide for at denne kunnskapen blir brukt i relevante fora, og medverke til at denne typen vitskapelege vurderingar blir fast etablerte for å betre internasjonale avgjerder.
Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse. Det tredje partsmøtet for protokollen vart halde i mars 2006. Partsmøtet vart då etter fleire års usemje samde om detaljerte merkereglar. Miljøverndepartementet hadde ei sentral rolle ved forhandlingane om desse reglane. Det er oppretta ei arbeidsgruppe som skal forhandle fram internasjonale reglar om ansvar og erstatning for skadar som skuldast GMO. Det er òg sett ned ein komité som skal kontrollere at protokollen blir etterlevd i praksis. Noreg vil i samarbeid med EU halde fram med å vere pådrivar for å styrkje protokollen, bl.a. gjennom reglar om ansvar og erstatning.
7.3 Utvikle tilfredsstillande oppsynsordningar som sikrar at område og arter vert tekne vare på og at hausting og annan bruk av naturen ikkje kjem i strid med nasjonale resultatmål som gjeld biomangfald.
Statens naturoppsyn er no til stades i mange av dei store nasjonalparkane og landskapsvernområda i Sør-Noreg og i Finnmark fylke. Oppsyn blir òg utført gjennom tenestekjøp frå Statskog Fjelltenesta i Troms og Nordland, frå fjellstyra sitt fjelloppsyn og andre samarbeidspartnarar. Statens naturoppsyn hadde i 2005 ansvaret for naturoppsyn i 1 685 av landets 2 137 verna område. Totalt melde Statens naturoppsyn til politiet 101 saker knytte til brot på naturvernlova i 2005. Nokre av dei nye nasjonalparkane og store verneområda har likevel ikkje tilstrekkeleg oppsyn. Det er òg behov for ei satsing på oppsyn knytt til det auka skogvernet.
Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn har kontrollen med ulovleg jakt og fangst på sårbare og truga arter blitt stadig betre. Statens naturoppsyn har òg styrkt lakseoppsynet gjennom organisatoriske endringar og effektivisering. Gjennom samarbeid og samordning med politiet, Kystvakta og andre aktørar blir utviklingstrekk i viktige lakseområde fanga betre opp, og kontrollen med ulovleg fiske blir styrkt. Totalt melde Statens naturoppsyn til politiet 455 tilfelle av brot på lakse- og innlandsfisklova i 2005.
Statens naturoppsyn samarbeider med villreinutvala og lokalt politi om kompetanseoppbygging og gjennomføring av villreinoppsynet, slik at dette skjer på ein einsarta og effektiv måte i alle villreinområda. Innsatsen i høve til sjøfugljaktoppsyn og målretta tilsyn med dei freda områda for sjøfugl er auka dei siste åra. I 2005 er det meldt fleire brot til politiet innafor dette virkeområdet.
Statens naturoppsyn gjennomførte i 2005 i samarbeid med politiet og Økokrim særskilde kontrolltiltak i ulveområda. Det vart òg gjennomført målretta kontrolltiltak med rovdyr og skotplassar under lisens- og kvotejakta på desse artene, og fleire saker er melde til politiet.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 721,7 mill. kroner. Finansieringa er i hovudsak dekt av budsjettramma for Direktoratet for naturforvaltning, jf. kap. 1427, og fagkapitla 1425 og 1426, men òg kapitla 1400, 1410, 1429 og 1441 inneheld budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2006. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 1. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Naturvernlova, viltlova, lakse- og innlandsfisklova, genteknologilova og plan- og bygningslova er dei viktigaste juridiske verkemidla for miljøvernforvaltninga innan resultatområdet. Friluftslova har innverknad på arealforvaltning og naturbruk. Vernearbeidet etter naturvernlova skjer i det alt vesentlege gjennom tematiske fylkesvise verneplanar, nasjonalparkplanen, marin verneplan og verneplanar for utvida skogvern. Område med særleg store natur- og kulturverdiar kan òg fredast etter kulturminnelova, eventuelt i kombinasjon med naturvernlova og plan- og bygningslova. Plan- og bygningslova er det viktigaste generelle verkemidlet for å ta vare på omsynskrevjande naturtypar og arter på dei ca. 85 pst. av areala som ikkje er omfatta av vern.
Lov om statleg naturoppsyn har som mål å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. Lova har lagt grunnlaget for etablering av Statens naturoppsyn. Evalueringa av Statens naturoppsyn våren 2005 peiker på nye tiltak for å styrkje og utvikle organisasjonen vidare. Som eit ledd i gjennomføringa av finnmarkslova vart 14 stillingar i Statskog Fjelltjenesta i Finnmark overførte til SNO 1. juni 2006.
Administrasjonen av storviltjakt i statsallmenning vart overført frå Statskog SF til fjellstyra i 2004.
Motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er regulert av motorferdsellova og nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark. Også her er det stort behov for målretta og samordna oppsyns-, kontroll- og førebyggingstiltak.
Framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) er regulert i genteknologilova, i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling. Forvaltninga i Miljøverndepartementet skjer i samråd med andre aktuelle departementet.
I utgreiing NOU 2004:28 Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold(naturmangfaldlova) fremja Biomangfaldlovutvalet forslag til endringar i erstatningsordninga ved vern etter naturvernlova. Miljøverndepartementet har i brev av 22. desember 2005 bestemt at grunneigarar og rettshavarar som har fått område verna som nasjonalpark eller landskapsvernområde, og der den ordinære fristen for å krevje erstatning ikkje gjekk ut 1. januar 2002, skal få utsetjing av fristen til 31. desember 2007, jf. naturvernlova 20b.
Ulike internasjonale konvensjonar og avtaler står sentralt i utvikling og oppfølging av norsk arbeid med biologisk mangfald, med konvensjonen om biologisk mangfald som den mest sentrale av desse. Det er no stort fokus på oppfølging av konvensjonen for å nå 2010-målet om å stanse tapet av biologisk mangfald. Konkretisering av nødvendige tiltak og rapportering er derfor prioritert. Biologisk mangfald er eit prioritert tema i Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Gjennom arbeidet i PEBLDS og EEA er det ei regional tilnærming til dette arbeidet som Noreg òg vil prioritere. Resultatområde 8 gir ei omtale av anna internasjonalt samarbeid som òg omfattar biologisk mangfald, bl.a. i høve til arktisk samarbeid, naturvernsamarbeid med Russland og miljøretta bistand.
Internasjonalt blir det arbeidd i ulike fora med problema kring avskoging i tropiske land, og ulovleg og ikkje berekraftig hogst og handel med tropisk tømmer. Det er bestemt at staten ikkje skal kjøpe inn produkt av tropisk tømmer som anten er ulovleg eller produsert på ein ikkje berekraftig måte. Dette betyr at tropiske tømmerprodukt som blir kjøpte inn av staten må vere sertifiserte gjennom ei godkjent sertifiseringsordning.
Landbruksstyresmaktene etablerte i 2006 særskilte føresegner for arealtilskot retta mot å ta vare på kortnebbgjæs og kvitkinngjæs i Nordland og Nord-Trøndelag. Det er òg løyvd særskilte tiltaksmidlar frå Direktoratet for naturforvaltning til dei same områda. Dette arbeidet vil òg bli ført vidare i 2007 etter den same ordninga.
7 Resultatområde 2: Friluftsliv
Definisjon og avgrensing
Arbeidet på dette resultatområdet skal sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Areal for friluftsliv, grunnlaget for jakt og fiske og natur- og kulturopplevingar ved friluftsliv blir òg tekne vare på gjennom arbeidet på resultatområda 1, 3 og 9. Andre miljøkvalitetar som har innverknad på friluftslivet er ivaretekne gjennom resultatområda 1, 3, 4, 6 og 7. Friluftsliv i polare område er dekt av resultatområde 8.
Strategisk mål
Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 7.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 Friluftsliv
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Friluftsliv basert på alle- mannsretten skal haldast i hevd i alle lag av folket. | 1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar. | Statistikk om folks deltaking i friluftsliv, under dette: Dagsturar og overnattingsturar i naturomgivnader. Bruk av nærområde i byar og tettstader. Bærplukking, fritidsfiske og jakt. |
2. Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv. | 2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark. | Kunnskap om allemannsretten, fjellreglane og sjøvettreglane innan fylte 18 år. Prosentdelen av barn og unge under 18 år som har delteke i friluftsaktivitetar dei siste 12 månadene. Talet på medlemmer i ungdomsorganisasjonar dominerte av aktivitetar retta mot natur- og friluftsliv (som t.d. speidarforeiningar og DNTs ungdomsgrupper). |
3. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting blir fremja og naturgrunnlaget teke vare på. | 3.1. Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde. | Talet på nye område pr. år. |
3.2. Alle statleg sikra friluftslivsområde (inkl. skjergardsparkar) og markaområde i alle større kommunar, skal inngå i forvaltningsplanar. | Prosentdelen av friluftsområde med slikt forvaltningsopplegg. | |
3.3. Viltressursar og fiskeressursar i ferskvatn som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta. | Prosentdelen av område som kan utnyttast (dvs. fiskeførande vatn og vassdrag og jaktterreng for småvilt) i eit utval kommunar med sal av kort for fiske og småviltjakt. | |
4. Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og saman hengande grønstruktur med godt samband til naturområde omkring. | 4.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur. | Prosentdelen slike bygningar med rekreasjonsareal og tilknyting til grønstruktur innan 500 meter. |
Statusbeskriving
Stortinget behandla våren 2002 St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet. Meldinga gir ei brei oversikt over verdiar, utbreiing, trendar, mål og tiltak i friluftslivet. Hovudarbeidet innan friluftsliv vil framleis vere å følgje opp dei tiltaka som ligg i meldinga.
Som ein del av innsatsen for friluftsliv og natur vil Regjeringa utarbeide ei eiga lov for vern av Oslomarka.
Som ein del av innsatsen for friluftsliv og natur vil regjeringa utarbeide ei eiga lov for vern av Oslomarka.
Undersøkingar viser at ungdom si deltaking i friluftsliv er betydeleg redusert dei seinaste tiåra. Dette gjer ungdom til ei svært viktig målgruppe for motivasjonsarbeidet. Ein vil òg følgje opp arbeidet med friluftsliv og folkehelse (fysisk aktivitet og psykisk helse) og ha særskilt fokus på nye målgrupper, under dette etniske minoritetar og funksjonshemma.
I 2007 vil prosjektet Motorferdsel og samfunn vere ein viktig premissleverandør for friluftslivet gjennom dei tiltaka som blir foreslått for å ivareta folks høve til å ha det stille og roleg rundt seg.
Verkemiddel skal setjast inn der vi ser at allemannsretten er under press. Det vil derfor vere ekstra fokus på utviklinga i strandsona framover. I arbeidet med plan- og bygningslova vil det bli foreslått endringar for å ivareta vernet av strandsona på ein betre måte.
Arbeidsmål 1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar.
I 2005 vart Friluftslivets år arrangert, og arbeidet med å følgje opp og utvikle vidare dei gode røynslene frå tiltak retta mot barn og unge i dette året vil fortsetje. Regjeringa vil bidra til at organisasjonane også i 2007 kan ha eit høgt aktivitetsnivå. Eit viktig grunnlag for dette er evalueringa av Friluftslivets år som vart avslutta hausten 2006.
Det er gjennomført ei rekkje landsomfattande undersøkingar om friluftsliv sidan 1970. Statistisk sentralbyrås siste levekårsundersøking syner relativt stabil og høg oppslutning om dei mest sentrale friluftslivsaktivitetane. Samla sett har den delen av befolkninga over 16 år som utøvar friluftsliv auka med 9 prosentpoeng dei siste 30 åra. Dette er gledeleg, og viser at ein har lukkast med dei tiltaka som har vore sette inn.
Den tilsynelatande stabiliteten i aktivitetsmønsteret skjuler likevel ei urovekkjande utvikling i ungdomsgruppa (16-24 år). Tal frå 2004 viser at sviktande oppslutning blant ungdommen om dei tradisjonelle friluftslivsaktivitetane no ser ut til å vere ei vedvarande utvikling. Dette vil kunne resultere i sviktande deltaking blant dei vaksne (over 24) om nokre tiår. Dette blir ytterlegare forsterka av tal som viser at veksten i friluftslivsdeltakinga blant vaksne allereie ser ut til å ha stoppa opp etter ein lang vekstperiode. Både av miljø- og folkehelseomsyn er det derfor naudsynt å rette ein særskilt stimuleringsinnsats mot ungdommen (16-24 år).
Arbeidsmål 2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark.
Gjennomtenkt satsing ved ei rekkje førskular og skular har ført til at fleire barn no tek del i friluftslivsaktivitetar. Bak denne satsinga står blant anna helse-, idretts- og miljøstyresmaktene og friluftsorganisasjonane. Fleire av friluftslivsorganisasjonane har eigne barneorganisasjonar, til dømes Barnas Turlag, Fiskeklubben, KFUM-KFUK-speidarane og Norske 4H.
Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering, og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen. Det er derfor gledeleg å konstatere at friluftslivsdeltakinga blant dei aller yngste (6-15 år) ligg på eit svært høgt nivå og heller har gått opp enn ned sidan 1997. Men det er viktig å vere klar over at tala frå SSBs barneundersøkingar (6-15 år) i 1997 og 2004 er langt meir usikre enn tala frå hovudundersøkingane (16-79 år) frå dei same åra.
Forum for friluftsliv i skulen er etablert og kan medverke til at friluftsliv i større grad blir nytta som pedagogisk og helsefremjande verkemiddel i skulen. Departementet har starta eit samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet for å fremje friluftsliv og fysisk aktivitet blant barn i fritid og skule.
For ungdomsgruppa (16-24 år) har det vore ein nedgang i oppslutninga om friluftslivsaktivitetar heilt sidan 1970. Dette kan i stor grad tilskrivast auka konkurranse frå andre fritidsaktivitetar som til dømes fjernsyn og data. Det er dei tradisjonelle friluftslivsaktivitetane som har hatt nedgang. Meir moderne friluftslivsaktivitetar er i vekst. Auken i nye aktivitetar blant ungdom er likevel ikkje nok til å kompensere for fråfallet frå dei tradisjonelle friluftslivsaktivitetane.
For skiturar er det til dømes ein samla nedgang i oppslutninga på 38 prosentpoeng mellom 1970 og 2004, og 6 prosentpoeng av nedgangen kjem frå tida etter 1997. Dette medfører at berre 44 pst. av norsk ungdom går på skiturar. Sportsfiske blant ungdom viser ein liknande negativ tendens.
Fotturane har ein liten nedgang på 5 prosentpoeng mellom 1970 og 2004. Men mykje tyder på at også oppslutninga om fotturar er på veg ned ettersom oppslutninga har falle frå 83 pst. til 79 pst. mellom 1997 og 2004.
Ei rekkje nye og spesialiserte aktivitetar som terrengsykling, skisegling og elvepadling har fått auka oppslutning. Bruk av alpinanlegg har auka frå ei oppslutning på 14 pst. i 1970 til 50 pst. i 2004. Samtidig har frikøyring i fjellet auka frå ingenting til 14 pst.
I Miljøverndepartementets samarbeid med dei andre departementa til fremje av friluftsliv og fysisk aktivitet er det eit særskilt fokus på ungdomsgruppa.
Arbeidsmål 3.1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for formålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde.
Det er sikra om lag 2 000 område til friluftslivsformål ved kjøp eller avtaler om bruk av eigedom. Fleire område er sikra ved omstillingar i staten, bl.a. ved overtaking av forsvarseigedommar og fyrstasjonar. Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde, særleg område i kystsona. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. I tillegg til å auke innsatsen for sikring, tilrettelegging og drift av særskilte friluftsområde, vil det òg bli lagt vekt på å opne ulike typar statseigedom for allmenta. Dette gjeld særleg dei områda som Forsvaret, Kystverket og andre statlege grunneigarar ikkje lenger har bruk for.
I 2005 vurderte Direktoratet for naturforvaltning Forsvarets eigedomsportefølje for å identifisere eigedommar som framleis bør vere i offentleg eige, med utgangspunkt i allmenne friluftslivsinteresser. Gjennom behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2005 og 2006 vart det stilt ekstra midlar til disposisjon for statleg kjøp av eit utval forsvarseigedommar. Direktoratet følgjer avhendingsprosessen tett og vil medverke til å sikre ytterlegare eigedommar. Etter nye rutinar for offentleg avklaring kan dette gjerast gjennom kjøp av heile eigedommar, gjennom kjøp av delar av eigedommar og gjennom klausuleringar formulerte i kjøpekontrakten. Eit døme på klausulering kan vere at ein privat kjøpar forpliktar seg til å la kommunen leggje ein kyststi over eigedommen.
Direktoratet for naturforvaltning vurderer friluftslivsinteressene knytte til fyreigedommar med tanke på allmenne friluftsformål. Samarbeidet mellom Friluftsrådas Landsforbund og Direktoratet for naturforvaltning om sikring og tilrettegging av friluftsområde vil halde fram. Samarbeidet med Stavanger, Bergen, Oslo og Trondheim kommunar for å sikre viktig grønstruktur vil bli ført vidare i 2007. Det kan òg vere aktuelt å gå inn i slikt samarbeid med andre større byar og tettstader.
Strandsonearbeidet vart i 2006 følgt opp med 2,5 mill. kroner til kystsonenettverk og juridisk bistand til kommunane. Det er framleis sterkt fokus på å hindre uheldig utbygging i strandsona, og leggje til rette for allmenta gjennom sikring, god arealplanlegging og juridisk bistand. Satsinga vil bli ført vidare i 2007, og det skal setjast auka fokus på å styrkje avgjerds- og kunnskapsgrunnlaget, bl.a. gjennom innsats for kartlegging av friluftslivsverdiar i kystkommunane.
Arbeidsmål 3.2. Alle statleg sikra friluftslivsområde (inkl. skjergardsparkar) og markaområde i alle større kommunar skal inngå i forvaltningsplanar.
For å skape tilgjenge for fleire brukargrupper, blant anna funksjonshemma, har fylkesmennene i samarbeid med friluftsråd og kommunar utarbeidd enkle planar for forvaltninga av dei viktigaste statleg sikra friluftslivsområda i kvart fylke. I tillegg er det utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som blant anna omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for størsteparten av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Skjergardstenesta er etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland. Denne tenesta er resultatet av eit samarbeid mellom fleire aktørar på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Statleg medverknad utgjer ein viktig del av grunnlaget for verksemda, knytt til både driftsmidlar og investeringsmidlar til båt.
Kysten byr på gode høve til naturopplevingar og friluftsliv. Kystlandskapet har særpreg og det er mange kulturhistoriske spor som er svært attraktive for friluftslivet. Kjenneteiknet på kystfriluftslivet er aktivitetar som bading, soling, båtliv og fritidsfiske, men her som i innlandet er det likevel fotturar som er den vanlegaste aktiviteten.
Kystleiprosjektet i regi av Den norske turistforeining (DNT), Friluftsrådas Landsforbund (FL) og Forbundet Kysten er eit tiltak for å stimulere og leggje til rette for eit ikkjemotorisert friluftsliv langs kysten.
Det er utarbeidd ein «Marka-rettleiar» som eit tilbod til dei kommunane som forvaltar viktige bymarker.
Status for bygging i strandsona er omtalt under resultatområde 9 – resultatmål 2 om kommunal arealplanlegging.
Arbeidsmål 3.3. Viltressursar og ressursar av ferskvassfisk som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.
Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område opna for allmenta. Dette fører til at aktiviteten aukar på dette feltet.
For å auke tilgjenget til innlandsfisk har det sidan 2002 berre vore fiskeavgift for fiske etter anadrom laksefisk. I 2005 vart det òg mogleg å betale fiskeavgift for familiar. Dette for å stimulere foreldre med barn mellom 16 og 18 til å delta på laksefiske.
Talet på jegerar aukar svakt for kvart år. Delen kvinner aukar mest og utgjer snart 6 pst. av jegerane. Talet på dei som har løyst jegeravgiftskort har stabilisert seg omkring 190 000 norske og 2 000 utanlandske jegerar. I jegerregisteret er det no registrert over 400 000 personar.
Betring av tilgangen for allmenta til jakt og innlandsfiske vil i aukande grad skje ved at rettshavarane utarbeider driftsplanar for dei vilt- og fiskeressursane som kan haustast, jf. arbeidsmål 4.1 under resultatområde 1.
Arbeidsmål 4.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 pst. av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur.
Stortingsmeldinga om friluftsliv foreslår at kartlegging av grønstrukturen blir lagt til grunn i den kommunale planlegginga og forvaltninga, og blir ein premiss for vidare tettstadutvikling. Statistisk sentralbyrå har utvikla ein metode for å overvake arealstorleikar og tilgjenget til slike nære, grøne lunger. Resultat frå dette arbeidet underbyggjer at dette målet er naudsynt. Tilgangen til slike areal er god på landsbasis, men tilgangen til nærturterreng minkar ved aukande storleik på tettstaden.
Arbeidet med kartlegging og rettleiing blir ført vidare som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv – Ein veg til høgare livskvalitet og St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 98,1 mill. kroner. Finansieringa blir i hovudsak dekt av Direktoratet for naturforvaltnings budsjettramme jf. kap. 1427, og delar av kapitla 1425 og 1426. Vidare inneheld delar av Miljøverndepartementets budsjettkapittel 1400 og 1410 òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i år 2006. Fylkesmannen har òg oppgåver under resultatområde 2. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er frå og med 2001 budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Statlege midlar er med å sikre regionalt og nasjonalt viktige friluftslivsområde. Statlege midlar er òg viktige for å motivere kommunane til å realisere vedtekne planar for å bevare grønstruktur og leggje til rette for friluftsliv, jf. St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder. Løyvingane til sikring av friluftslivområde vart auka i statsbudsjettet for 2006. Også for 2007 blir det auka løyvingar til sikring av område og til andre tiltak for å fremje friluftslivet.
Plan- og bygningslova er det generelle verkemidlet som kommunane har for å utvikle gode område for friluftsliv for alle folkegrupper og interesser.
I samarbeid med kommunane medverkar staten til finansiering av driftsordningar for skjergardsparkane. I kystsona frå Østfold til og med Hordaland er dette samordna gjennom Skjergardstenesta, der staten gjennom Statens naturoppsyn har det nasjonalt overordna ansvaret og gir økonomiske bidrag til driftsutgifter, båtinvesteringar mv. Statens naturoppsyn arbeider òg med å integrere naturoppsyn i den daglege drifta av skjergardstenesta.
Det blir vidare gitt driftsstøtte til Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), Den Norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Friluftsrådas Landsforbund. Dette gjeld blant anna til arbeidet i Forum for natur og friluftsliv som er organisert i alle fylke. Det blir dessutan gitt tilskot til stimuleringstiltak i regi av dei frivillige organisasjonane. Desse midlane vil vere knytte til aktivitetsretta prosjekt med formål å stimulere nye grupper, især barn og unge, til å utøve friluftsliv.
Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar sitt arbeid med tilrettelegging for fritidsfiske og jakt.
I tillegg til plan- og bygningslova er friluftslova, lakse- og innlandsfisklova og viltlova dei viktigaste juridiske verkemidla. Miljøverndepartementet har gitt ut eit rundskriv om friluftslova med oversikt over dei oppgåvene kommunane har når det gjeld å fremje allmenta sine friluftsinteresser. I 2007 er det 50 år sidan friluftslova vart til. Departementet vil nytte dette jubileumsåret til å markere den betydning lova har hatt for framveksten av det tradisjonelle friluftslivet i Noreg. Ein vil overfor alle lag av folket formidle intensjonane i lova knytte til mellom anna rettar og plikter ved ferdsel i utmark, og sjå nærare på om det er naudsynt å styrkje og forenkle lova.
Informasjon/kommunikasjon er eit viktig strategisk verkemiddel for å nå måla under resultatområde 2 Friluftsliv. Prinsippa for universell utforming er lagt til grunn for resultatområdet.
8 Resultatområde 3: Kulturminne og kulturmiljø
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. I arbeidet inngår arkeologiske kulturminne på land og under vatn, kulturminne og kulturmiljø som er freda gjennom vedtak etter kulturminnelova, og verneverdige fartøy. Sikring og aktiv bruk av kulturhistoriske verdiar og kvalitetar i våre fysiske omgivnader skjer i stor grad gjennom privat innsats frå eigarar og frivillige, offentleg forvaltning, gjennom kommunalt planarbeid og arbeidet med by- og tettstadsutviklinga, sjå òg resultatområde 9. Resultatområdet dekkjer òg internasjonalt samarbeid og oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale avtaler for å sikre kulturminne og kulturmiljø. Landskapsarbeidet er i hovudsak dekt av resultatområde 9.
Strategisk mål
Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 8.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø som følgje av fjerning, øydelegging eller forfall skal minimerast og skal innan 2020 ikkje overstige 0,5 pst. årleg. | 1.1. Gi private eigarar, lokal og regional forvaltning god tilgang til kunnskap om kulturminna. | Talet på kommunar med kartfesta arkeologiske kulturminne i Askeladden. Talet på kommunar og statlege sektorstyresmakter som nyttar Askeladden. Bruk av kulturminnefaglege kunnskapsnettverk. Meir dokumentert kunnskap om samanhengar mellom verdiskaping og kulturminne. Talet på kommunar med vedteken kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø. Talet på reguleringsplanar med område regulert for bevaring. Talet på sektorvise landsverneplanar. |
1.2. Stimulere kommunal sektor og andre samfunnsektorar til å ta ansvar for kulturminne og kulturmiljø. | Iverksett sektorsamarbeid og utviklingssamarbeid med kommunane. | |
1.3. Stimulere eigarar, lokale, regionale og statlege aktørar til å bruke kulturminne og kulturmiljø aktivt i utviklinga av levande lokalsamfunn. | Talet på kommunar som har drive metodisk tettstadsutvikling med utgangspunkt i kulturarven. Verdiskaping med utgangspunkt i verdiskapingsprogrammet. | |
1.4. Halde fortløpande oversikt over tap og endringar av kulturminne og kulturmiljø. | Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar. Talet på freda bygningar lagt inn i tilstandsdatabasen. Prosentvis årleg tap av registrerte arkeologiske kulturminne. Del registrerte arkeologiske kulturminne utan nye skadar. Tilstand og utvikling i jordbrukslandskapet ifølgje overvakingsprogrammet 3Q. Kvalitativ vurdering av utviklinga for kulturminne og kulturmiljø. | |
1.5. Leggje til rette for at kulturminnefondet skal vere ei viktig finansieringskjelde i forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, og at grunnkapitalen i fondet aukar. | Talet på prosjekt som har fått tilskot over kulturminnefondet og dokumentert effekt av desse. | |
2. Freda og fredingsverdige kulturminne og kulturmiljø skal vere sikra og ha ordinært vedlikehaldsnivå i 2020. | 2.1. Gi gode og føreseielege rammevilkår for eigarar av freda bygningar og anlegg, og for andre særleg verdifulle kulturminne og kulturmiljø. | Talet på fredingsvedtak frå før 1979 som er gjennomgått. Talet på fredingsaker som er sette i gang før 01.01.2005 som er ferdigbehandla. Delen av freda bygningar og anlegg med ordinært vedlikehaldsnivå. Oppdatert strategi og kriterium for tildeling av tilskot til å dekkje antikvarisk fordyrande tiltak. Talet på tilskot til å dekkje antikvarisk fordyrande tiltak. |
2.2. Føre ei tydeleg og føreseieleg forvaltning av arkeologiske kulturminne og gi gode rammevilkår for eigarar. | Det er utarbeidd ein strategi og klare faglege kriterium for å sikre arkeologiske kulturminne i eit langsiktig perspektiv. Talet på tilskot gitt etter nye retningslinjer. | |
2.3. Følgje opp Noregs plikter i forhold til UNESCOs verdsarvkonvensjon for dei norske verdsarvområda. | Talet på tiltak gjennomførte på grunnlag av faglege evalueringar. | |
3. Den geografiske, sosiale, etniske og tidsmessige breidda i dei vedtaksfreda kulturminna og kulturmiljøa skal betrast, og eit representativt utval kulturminne skal vere freda innan 2020. | 3.1. Utarbeide ein overordna fredingsstrategi for nye fredingar fram til 2020. | Auke i talet på fredingar innafor svakt representerte hovudgrupper. Talet på fredingar i samsvar med verneplaner. |
Statusbeskriving
Denne rapporten viser til arbeidsmåla som gjaldt for 2006.
Arbeidsmål 1.1. Kommunal sektor og andre samfunnsektorar tek auka ansvar for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Det er gjennomført kontrollregistreringer av 2 504 SEFRAK-bygningar i fire kommunar i 2000 og på nytt i 2005. Resultatet viser gjennomsnittleg årleg tap på 0,66 pst. Det er store variasjoner i tala. For eksempel har Kautokeino kommune eit årleg tap på 1,8 pst.
Det er òg gjort tapsananlysar for SEFRAK-registrerte bygningar i GAB-registeret. Desse tala reflekterer i hovudsak rivemeldingar og tek ikkje med tap grunna forfall, brann og ulovleg fjerning. Tala er altså ikkje absolutte, men indikerer aktivitet i bygningssektoren som medfører riving av eldre bygningar. I 2002 var det årlege tapet nede på 0,3 pst., men i 2005 vart 0,8 pst. av SEFRAK-bygningane rivne. Det er store regionale forskjellar. Lågast er Finmark, der 0,4 pst. av bygningane vart rivne, mens Vest-Agder er høgast med 2,4 pst.
Ved kontroll av 1 155 fornminne i tre kommunar er det registrert tap av 13 i løpet av 7 år. Tap som følgje av lovlege tiltak og dispensasjon er ikkje rekna inn. Talmaterialet gir eit årleg tap på 0,18 pst. Same undersøking har òg kartlagt skade. Årleg blir 1,5 pst. av fortidsminna utsette for skade. Dette er urovekkjande fordi eit skadd kulturminne lett kan bli utsett for total øydelegging.
Riksantikvaren følgjer opp arbeidet med statlege landsverneplanar ved å delta i styringsgruppa for prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar.
Direktoratet deltek òg i arbeidet med landsverneplanene til dei enkelte etatane, og blir trekt inn i langt fleire vedlikehalds- og ombyggingsprosjekt enn tidlegare. Samtidig blir det samarbeidd fortløpande med dei største statlege eigarane for å sikre god kvalitet på arbeidet med restaurering og istandsetjing.
Riksantikvaren medverkar òg til kurs og opplæring på området.
Talet på kommunar som har vedteke plan med spesiell fokus på kulturminne og kulturmiljø er relativt stabilt: 116 i 2003, 121 i 2004 og 118 i 2005. 18 kommunar vedtok nye planar i 2005.
Talet på reguleringsplanar med spesialområde bevaring viser ein liten årleg auke: 208 i 2002, 221 i 2003, 224 i 2004 og 232 i 2005.
Arbeidsmål 1.2. Verdiane og høva som kulturarven representerer i by- og tettstadsutvikling skal ha stor merksemd.
Det er i gang eit eige prosjekt for å kartleggje og avklare nasjonale kulturminneinteresser i byar. Målet er å levere ei oversikt 1. halvår 2008.
Interregprosjektet «Sustainable Historic Towns» er fullført og har blant anna utvikla nye verktøy for kulturhistoriske tettstadsanalysar. Skriftleg rapport med rettleiing for lokal analyse og planlegging er distribuert. Verktøya er tekne i bruk i førebuingane til utviding av verdsarvområdet på Røros.
Etterutdanningstilbodet «Hus og landskap i kulturhistorisk perspektiv» vart gjennomført i 2005 i samarbeid med Universitet i Oslo.
Det er førebels vanskeleg å hente ut presise data for talet på kommunar som har drive metodisk tettstadsutvikling med utgangspunkt i kulturarven.
Det er eit mål å medverke til at eigarar vel å ta vare på bygningar og anlegg i staden for å rive dei. Riksantikvaren har samla inn ei rekkje døme på god gjenbruk av bygningar og publiserer frå og med 2006 eit utval som inspirasjon for eigarar. Så langt savnar ein likevel ei meir heilskapeleg oversikt over kor mykje som blir bevart og i kva grad eigarar klarer å løyse endringar utan å rive.
Arbeidsmål 1.3.Leggje til rette for aktiv bruk av kulturminne og kulturmiljø som grunnlag for verdiskapingsprogram, bl.a. i kystsona.
Miljøverndepartementet og Riksantikvaren har starta eit verdiskapingsprogram for å stimulere til at kulturminne og kulturmiljø i større grad blir tekne i bruk som ressurs for utvikling av lokalsamfunn og næringsliv.
Dei tre første pilotprosjekta starta våren 2006: Kyststrekninga Bud-Kristiansund i Møre og Romsdal, fiskeværet Hamningberg i Finmark og Oppland med Nord-Gudbrandsdalen og Valdres som innsatsområde. Det vil bli utvikla nettverk for å dele kunnskap, erfaringar og idear og inspirere til nye tiltak.
I samarbeid med Noregs forskingsråd set Riksantikvaren i verk følgjeforsking knytt til pilotprosjekta og evaluering av heile programmet. Samanstilling og vurdering av verdiskapingsresultat, prosesserfaringar, flaskehalsar og suksessfaktorar vil vere viktige element i dette.
Prosjektet Den verdifulle kystkulturen i Nordland starta i forkant av verdiskapingsprogrammet. Prosjektet har bl.a. medverka til utvikling av Nusfjord som eit komplett historisk reiselivsanlegg, med ein omsetningsauke frå 2,5 mill. kroner til 9 mill. kroner siste år. Innovasjon Noreg og Nordland fylkeskommune samarbeider om å aktivisere kulturarven i næringsutvikling.
Arbeidsmål 1.4. Leggje til rette for at kulturminnefondet skal vere ei viktig finansieringskjelde i forvaltning av kulturminne og kulturmiljø, og at grunnkapitalen til fondet blir auka.
Grunnkapitalen til Norsk kulturminnefondet vart auka med 400 mill. kroner i 2006 til i alt 800 mill. kroner. Første tildeling av midlar frå fondet skjedde hausten 2003. I tida 2003-2005 er ca. 27,5 mill. kroner fordelt til i alt 153 prosjekt. I 2005 vart det behandla totalt 228 søknader og det vart løyvd til saman 11,9 mill. kroner fordelt på 63 prosjekt.
Arbeidsmål 1.5. Styrkje omfang av og tilgang til forvaltningsretta kunnskap om kulturminne.
Riksantikvaren målrettar informasjon bl.a. mot private eigarar av freda hus og anlegg, fylkeskommunar og kommunar. Det gjeld òg direktoratets nettsider. Årleg blir det publisert eit eige informasjonsblad til dei nemnde eigarane. To gonger i året blir det utgitt informasjonsblad med relevante tema for kommunesektoren. Det er utarbeidd bortimot hundre informasjonsark med praktiske råd om istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne. Dei aller fleste er tilgjengelege på internett.
Riksantikvaren samarbeider med universitet og høgskular om målretting og marknadsføring av utdanningstilbod som kan medverke til at kommunane får auka kunnskap om kulturminneforvaltning.
Det blir gjennomført kurs og andre opplæringstiltak for ulike forvaltarar, bl.a. kyrkjeverjer. Riksantikvaren deltek òg i handverksnettverk og liknande arenaer for å auke kunnskapen og tilgangen på kompetanse i utførande og prosjekterande ledd.
Fleire større prosjekt er no viktige opplæringsarenaer for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Stavkyrkjeprosjektet, ruinprosjektet, vidareføring av bergkunstarbeidet og brannsikringsarbeidet er eksempel på slikt arbeid.
Talet på kommunar som har knytt til seg kulturminnefagleg kompetanse er relativt stabilt, men har hatt ein liten nedgang frå 133 i 2004 til 124 i 2005. Nedgangen kan ha fleire forklaringar, bl.a. kan det ha vore prosjekt med innleigd fagkompetanse som no er avslutta.
Kulturminnedatabasen Askeladden blir utvikla vidare, bl.a. med sikte på å kunne følgje utviklinga av tilstanden til kulturminna. Basen har no 1 952 registrerte brukarar, blant dei 670 frå 238 kommunar. Blant statlege sektorstyresmakter er det ca. 200 brukarar, bl.a. på samferdsels- og landbrukssektoren.
102 kommunar har kartfesta data for meir enn 95 pst. av sine registrerte arkeologiske kulturminne i Askeladden. 46 kommunar har mindre enn 10 pst. av slike kulturminne i Askeladden og 12 kommunar har inga registrering inne.
Arbeidsmål 1.6. Auka bruk av kulturminne og kulturmiljø som kjelde til kunnskap og opplevingar.
Aktiv formidling gir betre tilgang til kunnskap og opplevingar. Formidling inngår derfor som ein viktig komponent i arbeidet med større istandsetjingsprosjekt, som stavkyrkje- og ruinprosjekta. Det same er tilfellet for større arkeologiske undersøkingar.
Haldbar bruk er ofte ein føresetnad for å bevare kulturminne og gjere dei tilgjengelege for allmenta. Gjennom rettleiingsmateriale og andre informasjonstiltak formidlar Riksantikvaren gode eksempel på vern og bruk av kulturminne og kulturmiljø. Lokal medverknad og haldbar bruk er òg sentrale premissar for direktoratets arbeid med verdiskaping og by- og tettstadsutvikling.
Arbeidsmål 2.1. Betre rammevilkår for freda kulturminne i privat eige.
Riksantikvaren har starta prosjektet som skal gjennomgå alle fredingsvedtak fatta før 1979 og sluttføre fredingssaker som er sette i gang før 2005. Aust-Agder og Vest-Agder er valt ut som pilotfylke. Prosjektet er omfattande og vil måtte strekkje seg over lengre tid.
Askeladdens tilstandsmodul for freda bygningar er sett i drift. Tilstand på freda bygningar i privat eige er ferdig kartlagt i 2 fylke, og ytterlegare 10 blir kartlagte i 2006. Frå neste år kan progresjon i tilstandsgrad (ordinært vedlikehaldsnivå) rapporterast.
Hausten 2006 vil analysen av behovet for tilskot til istandsetjing og vedlikehald av freda og andre særleg verdifulle kulturminne og -miljø bli oppdatert.
Arbeidsmål 2.2. Betre rammevilkår for forvaltning av arkeologiske kulturminne.
Det vil bli utarbeidd retningslinjer for forvaltninga av automatisk freda kulturminne. Faglege program og budsjettrutinar for dei arkeologiske musea og sjøfartsmusea vil vere viktig grunnlagsmateriale i dette arbeidet, som vil pågå frå og med hausten 2006. Fylkeskommunene og Sametinget er bedne om å utarbeide langtidsplanar for skjøtsel og vedlikehald av arkeologiske kulturminne. Det er venta at det vil liggje føre planar frå alle i løpet av 2006. Dette vil gi Riksantikvaren høve til å gi rammetilskot og overlate ansvarleg styring og prioritering av konkrete tiltak til kulturminneforvaltninga regionalt.
I 2006 er det sett i gang eit tiårig prosjekt for å ta vare på ruinar frå mellomalderen.
300 av dei mest utsette bergkunstlokalitetane i Noreg er sikra og vil bli følgde opp med planmessig skjøtsel. Det vil vere ei særleg utfordring å ta vare på og utvikle vidare kompetanse på området.
Arbeidsmål 2.3.Kompensasjon for utgifter til arkeologiske arbeid som følgjer av mindre, private tiltak skal aukast.
Det har vore ein auke i talet på saker der eigar har fått kompensasjon for utgifter til mindre, private tiltak. Det er under utarbeiding klarare tildelingskriterium som skal gi betre informasjon til eigarane. Etter kvart som ordninga blir betre kjent, er det å vente at talet på saker vil auke ytterlegare.
Arbeidsmål 2.4.Følgje opp Noregs plikter i forhold til UNESCOs verdsarvkonvensjon gjennom forvaltninga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet på verdsbasis på lista.
Dei norske verdsarvområda er: Urnes Stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Røros Bergstad, bergkunsten i Alta, Vegaøyane, Vestnorsk fjordlandskap og tre punkt i Struves meridian.
Alle områda med unntak av dei nye innskrivingane frå 2005 er evaluerte, og rapport om tilstanden er oversendt UNESCO. Tilrådingane i rapportane blir følgde opp.
På Røros og Bryggen i Bergen går det føre seg langsiktige istandsetjingar. Begge prosjekta har betydning for kompetanseutvikling blant handverkarar.
Det er utarbeidd forvaltningsplanar for helleristningsfeltet i Alta, Vega og Vestnorsk fjordlandskap.
Arbeidsmål 3.1.Utarbeide ein overordna fredingsstrategi for nye fredingar fram til 2020.
Arbeidet med å sluttføre pågåande og gjennomgå eksisterande vedtaksfredingar er sett i gang, jf. arbeidsmål 2.1. Erfaringar frå dette arbeidet vil vere ein viktig del av grunnlaget for å utarbeide ein overordna fredingsstrategi.
I 2005 vart det freda 223 kulturminne. 175 av dei inngår i kulturmiljøfredinga i Sogndalstrand, mens fredinga av Sjønstå gard i Nordland omfattar 22 enkeltobjekt. Våren 2006 vart det vedteke ei kulturmiljøfreding av Birkelunden i Oslo. Fredinga omfattar 199 bygningar, inklusive 135 bygardar. Desse fredingane medverkar til å betre både den sosiale, geografiske og tidsmessige breidda i dei vedtaksfreda kulturminna og kulturmiljøa.
Arbeidsmål 3.2. Samarbeide med andre sektorar for at dei skal ta større ansvar for kulturminne knytte til eiga verksemd.
Det er utarbeidd fem landsverneplanar for statlege bygninger og anlegg. For tre av planane er det gjennomført fredingar. Også verneplanen Kulturminne i norsk kraftproduksjon er ferdigstilt og publisert.
17 nye sektorvise landsverneplaner er under arbeid. I tillegg har Avinor og Posten starta arbeid med verneplanar og Entra har snart ferdigstilt sin.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 504,9 mill. kroner i 2007-budsjettet. Finansieringa er i hovudsak dekt av Riksantikvarens budsjettramme, jf. kap. 1429 og budsjettramma som omfattar avkastninga frå kulturminnefondet, jf. kap. 1432. Dei økonomiske verkemidla innan Riksantikvarens budsjett skal i første rekkje nyttast til dei nasjonalt viktige kulturminna: freda hus frå mellomalderen og nyare tid, fartøy og verdsarv. Samtidig skal brannsikring og sikring og skjøtsel av arkeologiske kulturminne prioriterast. Tilskotsmidla skal gå til konkrete tiltak for å sikre og setje i stand kulturminna. Det er kulturminne med private eigarar som skal prioriterast med tilskotsmidlar. Prinsippa for universell utforming skal vurderast i forhold til relevante tilskot og i utviklingsarbeidet på resultatområdet.
Det kan gi både økonomisk, kulturell, sosial og miljømessig meirverdi å ta vare på kulturarven. Stader med godt bevarte kulturmiljø har òg konkurransefortrinn med omsyn til anna næringsverksemd og busetnad.
Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet er eit verkemiddel for å medverke til at kulturarven blir nytta aktivt som ressurs i samfunnsutviklinga. Programmet skal gi resultat i form av verdiskaping i lokalsamfunn og næringsliv, istandsetjing og tilrettelegging av kulturminne for bruk, og utvikling og spreiing av kunnskap om bruk av kulturarven som ressurs. Kystens kulturminne, kulturmiljø og landskap vil bli prioriterte i den første fasen av programmet.
Mens Riksantikvarens økonomiske tilskotsmidla er retta mot eigarane av fredete kulturminne og kulturmiljø, har kulturminnefondet ei viktig rolle gjennom aktivitet og økonomiske verkemiddel i høve til eigarar av verneverdige kulturminne. Fondet skal ha ei rolle som pådrivar for å stimulere og utløyse prosjekt med potensial for verdiskaping. Styret for kulturminnefondet gjer vedtak om tildeling av midlar innafor ramma av gjeldande vedtekter og føresegner. Føresetnaden er at fondsmidlane skal løyse ut midlar frå privatpersonar, næringsliv og andre. Tilskotstildelinga viser at tilskota frå fondet løyser ut betydeleg meirinnsats og midlar frå dei private aktørane.
Dei viktigaste kulturminna og kulturmiljøa av nasjonal verdi skal sikrast gjennom freding etter kulturminnelova. Samtidig er lokal deltaking eit viktig strategisk verkemiddel for å nå resultatmåla i resultatområde 3. Forvaltninga av det store mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skjer i stor grad innafor rammene av plan- og bygningslova. Det er derfor viktig å få fram opplysningar tidleg i planarbeidet for å unngå dyre og tidkrevjande prosessar, jf. resultatområde 9 Regional planlegging.
Ulike sektorer har stor innverknad på kulturminne, kulturmiljø og landskap gjennom næringsverksemd, byggje- og anleggstiltak og eigedomsforvaltning. Det er derfor etablert eit omfattande samarbeid mellom Riksantikvaren og sektorar med verksemd som kan ha særleg effekt på kulturminna. Siktemålet er å styrkje sektoransvaret og påverke utforming av eksisterande og nye verkemiddel.
Kunnskap om kulturminne og kulturmiljø er grunnleggjande for ei god forvaltning og for å skape forståing for vernearbeidet. Viktige verkemiddel i denne samanhengen er bl.a. praktisk opplæring og vidareutdanning av handverkarar, undervisningstilbod i kulturminneforvaltning, rettleiing for statlege eigarar og kommunesektoren, og regelmessig informasjon til eigarar og allmenta.
Systematisk miljøovervaking og forskingsbasert kunnskap er nødvendig for å ivareta internasjonale forpliktingar og nå nasjonale resultatmål. Både oppdragsforsking og forsking i regi av Noregs forskingsråd gir den offentlege kulturminneforvaltninga viktig kunnskap som medverkar til fagleg utvikling og betre grunnlag for strategiske val.
Internasjonalt samarbeid om å bevare kulturminne og kulturmiljø skjer gjennom nordiske fora, i norskrussisk samarbeid, innan Europarådet, gjennom EØS-samarbeidet og innafor UNESCO. Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation) skal støtte gjennomføringa av UNESCOs verdsarvkonvensjon (World Heritage Convention) av 1972, og vere med å utvikle modellar for berekraftig forvaltning av kulturminne. Riksantikvaren er fagsenter for kulturminneforvaltning i bistandsarbeidet og skal i samarbeid med NORAD syte for at kulturminneinteressene blir tekne vare på i norske bistandsprosjekt. Ein viser elles til omtale under resultatområde 8.
9 Resultatområde 4: Overgjødsling og oljeforureining
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av partiklar, næringssalt (nitrogen og fosfor) og olje til ferskvatn og marine område. Kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining frå olje og kjemikaliar er òg dekt av dette resultatområdet. Resultatområdet omfattar vidare internasjonalt havmiljøarbeid, slik som oppfølging av bl.a. Nordsjø-deklarasjonane, OSPAR-konvensjonen, London-konvensjonen og konvensjonar innan den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO), så vel som relevante EU-direktiv.
Strategisk mål
Det skal sikrast ein vasskvalitet i ferskvatn og marine område som medverkar til å halde oppe arter og økosystem, og som tek omsyn til helse og trivsel for menneska.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving
Nedanfor følgjer ei oversikt over dei nasjonale resultatmåla og miljøvernforvaltningas eigne sektorvise arbeidsmål og miljøvernforvaltningas resultatindikatorar innafor resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining.
Tabell 9.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Utsleppa av næringssalta fosfor og nitrogen til eutrofipåverka delar av Nordsjøen skal vere reduserte med om lag 50 pst. innan 2005 rekna frå 1985. | 1.1 Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i forureiningsforskrifta del IV. | Talet på anlegg med gjennomført primær, sekundær og tertiær reining blir vurdert mot talet på anlegg som skal ha dei ulike reinsetypane. |
2. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje medføre uakseptabel helse- eller miljøskade. Risikoen for miljøskade og andre ulemper som følgje av akutt forureining skal liggje på eit akseptabelt nivå. | 2.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp). | Mengd utslepp av olje i vatn frå petroleumsverksemda. Talet på og mengd akutte utslepp av olje frå petroleumsverksemd, skip og landbaserte utslepp. |
2.2. Innan 2006 skal det etablerast ordningar som sikrar at utsleppskrav til skipsfarten blir overhaldne i samarbeid med relevante sektorstyresmakter. | Talet på mottaksordningar for avfall frå skip. Talet på og mengd oppdaga ulovlege utslepp av olje frå skip. | |
2.3. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining. | Talet på godkjende private og kommunale beredskapsplanar. |
Det nasjonale resultatmålet for overgjødsling byggjer på Nordsjømålet som er 50 pst. reduksjon av utsleppa av næringssalta fosfor og nitrogen til dei eutrofipåverka delane av Nordsjøen innan 2005, rekna frå 1985. I perioden 1985 til 2004 har Noreg redusert dei menneskeskapte tilførslene av fosfor til kyststrekninga svenskegrensa-Lindensnes med over 60 pst. Utsleppa av fosfor frå befolkninga (avløp) og jordbruket har hatt ein jamn nedgang sidan basisåret, mens industriutsleppa er forholdsvis stabile. Jordbruket er no den største kjelda til utslepp av fosfor, med ein del på noko over 40 pst. av dei menneskeskapte tilførslene.
For nitrogen er dei menneskeskapte utsleppa til same kyststrekning i perioden 1985 til 2004 redusert med i overkant av 40 pst. I overkant av 55 pst. av tilførslene av nitrogen kjem frå jordbrukssektoren, 35 pst. frå befolkninga, mens industri utgjer under 10 pst. For nitrogen har reduksjonane vore sterkast når det gjeld tilførsler frå befolkninga.
Målet om 50 pst. reduksjon av dei norske utsleppa av næringssalta nitrogen og fosfor til eutrofipåverka delar av Nordsjøen er såleis nådd for fosfor, mens det ikke fullt ut er nådd for nitrogen. På tilsvarende måte som Noreg har dei aller fleste andre Nordsjølanda nådd målet om 50 pst. reduksjon av utsleppa av fosfor. Ingen av dei andre Nordsjølanda har førebels nådd målet om 50 pst. reduksjon av nitrogen, med unntak av Danmark.
Det nasjonale resultatmålet for overgjødsling dekkjer berre delar av Nordsjøområdet og er tidsavgrensa til 2005. Det er derfor teke sikte på å revidere målet i førstkommande stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Ved utarbeidinga av nytt resultatmål vil det i tillegg i større grad bli lagt vekt på at det nasjonale resultatmålet skal sikre vasskvaliteten i alle ferskvassførekomstar og alle marine område i Noreg. Det vil òg bli vurdert behov for nye arbeidsmål og tiltak ut frå nye mål.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i forureiningsforskrifta del IV.
Målet inneber at utsleppa frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med det nye avløpsregelverket i forureiningsforskrifta som vart fastsett i desember 2005. Regelverket har som formål å verne miljøet mot uheldige verknader av utslepp av avløpsvatn. Det nye regelverket samlar, forenklar og standardiserer det statlege regelverket på avløpsområdet. På enkelte område blir også utsleppskrava skjerpa, og kommunane blir gitt auka mynde. Mellom anna har kommunane fått nye verkemiddel til å regulere innhaldet i avløpsvatnet som blir sleppt ut på det kommunale avløpsnettet. Det nye avløpsregelverket er omfattande, og det er viktig at kommunane får tilstrekkeleg tid til å setje seg inn i regelverket og gjere nødvendige førebuingar før regelverket trer i kraft. Det nye avløpsregelverket trer derfor i hovudsak først i kraft 1. januar 2007. Krava til mellom anna prøvetaking trådde likevel i kraft 1. januar 2006 fordi desse dekkjer viktige informasjonsbehov for statleg forureiningsstyresmakt. Dette inneber at forureiningsstyresmakta i 2007 vil få ei samla oversikt over kor stor del av dei aktuelle anlegga som oppfyller krava til primær-, sekundær- og tertiærreining.
Arbeidsmål 2.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp).
Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. I Barentshavet og havområda utanfor Lofoten er det lagt til grunn endå strengare krav enn for sokkelen elles. I dette området er det sett krav om at det ikkje skal vere utslepp til sjø av borekaks og produsert vatn ved normal drift, jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005) og St.meld. nr. 8 (2005-2006). Nullutsleppsmålet er basert på føre var-prinsippet og skulle ha vore nådd for både nye og eksisterande installasjonar innan 2005. Behovet for nye tiltak vil bli vurdert i den førstkommande stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.
Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er utsleppa av produsert vatn. Vassproduksjonen har auka kontinuerleg sidan 1997. I perioden 2000 til 2005 auka vassproduksjonen med 53 pst. frå 116,1 mill. m3 til 177,4 mill. m3. Denne auken vil halde fram etter som fleire felt på norsk sokkel blir eldre og dermed produserer meir vatn og mindre olje/gass. I følgje prognosar frå Oljedirektoratet vil mengda produsert vatn auke fram mot 2010 for deretter å avta. Produsert vatn som kjem opp på plattformene med brønnstraumen blir anten pumpa tilbake i reservoaret, eller reinsa og sleppt ut. I 2005 vart det i alt sleppt ut 2 871 tonn olje til sjø saman med det produserte vatnet. Dette er ein auke samanlikna med utsleppa i både 2004 (2 723 tonn), 2003 (2 276 tonn) og 2002 (2 572 tonn), men på nivå med utsleppa i toppåret 2001 (2 852 tonn). Auken av mengd olje i produsert vatn i 2005 skuldast hovudsakleg at vassmengda som blir sleppt ut har auka. Sidan 1994 har den gjennomsnittlege oljekonsentrasjonen (dispergert olje) i produsert vatn gått gradvis ned frå 25 mg/l til 19,1 mg/l. Nivået var i 2004 nede i 17 mg/l. Auken frå 2004 til 2005 skuldast i hovudsak at nokre selskap har brukt nye metodar for berekne olje i vatn. Frå og med 2007 vil OSPAR innføre ny metodikk for olje-i-vatn-analysar, og Regjeringa vil komme tilbake til utviklinga på dette området seinare.
I 2005 var det i alt 147 akutte utslepp av olje på til saman ca. 377 m3 (320 tonn) frå offshoreverksemda på norsk sokkel. Akuttutsleppa av olje frå offshoreverksemda har halde seg forholdvis stabile på rundt 1/3 av dei totale utsleppa i perioden sidan 1994, med unntak av 2003 som i hovudsak skuldast akuttutslepp frå Draugen-feltet. Dei akutte utsleppa av olje er derfor ikkje stansa, men mengda er minimert over tid.
Sidan år 2000 er den totale mengda tilsette miljøfarlege kjemikaliar innan offshoreverksemda redusert med ca. 85 pst. Dei totale operasjonelle utsleppa av offshorekjemikaliar i 2005 var på omlag 90 000 tonn, ein reduksjon på 12 pst. frå året før. Av dette var 88,5 pst. kjemikaliar som ein trur ikkje vil ha miljøeffektar av betydning ved utslepp til sjø. Det er derfor oppnådd mykje når det gjeld målet for tilsette stoff. På grunn av aukande vassproduksjon er det ikkje registrert tilsvarande utsleppsreduksjonar av naturleg førekommande stoff i produsert vatn. Regjeringa vil derfor komme tilbake til dette i førstkommande stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.
Arbeidsmål 2.2. Innan 2006 skal det etablerast ordningar som sikrar at utsleppskrav til skipsfarten blir overhaldne i samarbeid med relevante sektorstyresmakter.
Forskrift om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip, som gjennomfører EUs direktiv i norsk rett, pålegg alle hamner å ha tilstrekkeleg mottakskapasitet for avfall frå skip. Sjøfartsdirektoratet og Statens forureiningstilsyn evaluerte forskrifta i 2005 på oppdrag frå Miljøverndepartementet. Det overordna inntrykket er at skipsfarten er relativt nøgd med mottakssituasjonen, men svarprosenten var så låg at det er vanskeleg å trekkje klare konklusjonar. Den første statusrapporteringa var samla sett mangelfull, og mange hamner er forseinka i arbeidet med utarbeidinga av planane. Rapporteringa viser likevel at dei hamnene som har utarbeidd avfallsplanar i hovudsak er dei store trafikkhamnene som står for ein stor del av den samla tonnasjen. Det vil bli arbeidd vidare med sikte på ei meir fullstendig rapportering i 2007.
Det er dei ulovlege utsleppa frå skipsfarten som utgjer hovudutfordringane. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonens vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip. Gjennom Kystverkets system for overvaking vart det identifisert ca. 100 ulovlege utslepp frå skip i 2005, mot 85 i 2004. I mengd er utsleppa rekna til å vere i underkant av 27 m (23 tonn) olje i 2005, mot 363 m (309 tonn) i 2004 og 165 m (140 tonn) i 2003.
Dei høge tala for 2004 skuldast i stor grad utslepp i samband med forliset av lasteskipet Rocknes i Vatlestraumen utanfor Bergen i januar 2004. Talet på akutte kjemikalieutslepp frå skip i 2005 var 3 og mengd utsleppte kjemikaliar var 0,2 m3. Eit samarbeid mellom Nordsjølanda har som mål å oppnå ei meir effektiv straffeforfølging av slike ulovlege utslepp frå skip. Ein reknar elles med betydelege mørketal for ulovlege utslepp frå skip.
Arbeidsmål 2.3. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.
Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. På landsida har 72 bedrifter utvida beredskapskrav og 34 regionar har beredskapskrav og godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 34 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. I 2005 vart det registert 109 akutte utslepp av olje og andre kjemikaliar frå landbasert industriverksemd som til saman utgjorde 144 m (122 tonn). Dette er ein sterk reduksjon samanlikna med utsleppa i 2004. Utsleppa av olje og kjemikaliar frå landbasert industriverksemd varierar likevel sterkt mellom dei ulike åra og er sterkt påverka av enkelthendingar.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 66,4 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett for 2007. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyns budsjettramme, jf. kap. 1441, men kap. 1400, 1410,1427, 1445 og 1471 inneheld òg budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2007. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Gjennom lov om kommunale vass- og kloakkavgifter, med tilhøyrande forskriftsføresegner, er kommunane gitt høve til å dekkje kostnadene sine på avløpssektoren gjennom gebyr. Miljøverndepartementet fører eit overordna tilsyn med korleis denne ordninga fungerer og vurderer behov for eventuelle endringar. Krav til utslepp av avløpsvatn er samla i forureiningsforskriftas kap. IV, som gjennomfører eit forenkla søknadssystem for utsleppsløyve basert på standardkrav. Mynde etter dette kapittelet er delt mellom fylkesmannen og kommunen ut frå storleiken på den aktuelle tettstaden.
Innan fiskeoppdrett blir det nytta utsleppsløyve, i medhald av forureiningslova.
Kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining frå olje og kjemikaliar er òg dekt av dette resultatområdet.
Regjeringa tek sikte på å vurdere måloppnåing, status og behov for eventuelle ytterlegare tiltak for å nå nullutsleppsmålet i førstkommande stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.
Oppfølging av forvaltningsplanen
Regjeringa vil prioritere arbeidet med gjennomføringa av St.meld. nr. 8 (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten (forvaltningsplanen), som vart lagt fram 31. mars 2006. Dette er den første regionale forvaltningsplanen for eit norsk havområde, og ein milepæl i arbeidet med å etablere ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning av alle norske havområde. Formålet med forvaltningsplanen er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og goder i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten og samtidig halde ved lag økosystemas struktur, verkemåte og produktivitet. Planen skal klargjere dei overordna rammene for eksisterande og ny aktivitet i havområdet. For å sikre gjennomføringa av forvaltningsplanen i tråd med formålet vil Regjeringa vidareføre arbeidet med kartlegging av havbotnen (MAREANO) og kartlegging av sjøfugl (SEAPOP) i havområdet. Kartleggingsarbeidet skal prioriterast i områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten fram mot 2010 når forvaltningsplanen skal oppdaterast. Regjeringa vil vidare prioritere kunnskapsoppbygginga om havområdet gjennom introduksjon av eit samordna overvakingssystem som skal sikre systematisk vurdering av økosystemas kvalitet, kartlegging av nivå og tilførsler, og forsking på konsekvensar av langtransportert forureining, konsekvensar av klimaendringar og konsekvensar av samla påverknad på ulike delar av økosystemet. Dette arbeidet vil krevje betydelege ressursar.
Som ei oppfølging av forvaltningsplanen er det teke sikte på hausten 2006 å opprette ei rådgivande gruppe for overvaking (overvakingsgruppa) som skal medverke til koordinering av overvakinga i tråd med planen, eit forum for samarbeid om miljørisiko (risikogruppa) knytt til akutt forureining som skal styrkje arbeidet med miljørisikovurderingar, eit fagleg forum med ansvar for oppfølging og koordinering av det samla faglege arbeidet med økosystembasert forvaltning i havområdet, og ei referansegruppe for arbeidet med forvaltningsplanen. Forvaltningsplanen inneheld òg ei rekkje tiltak som bl.a. påbodne skipsleier, betring av grunnlaget for berekraftig hausting av naturressursane og rammer for petroleumsverksemda.
Planen vil danne utgangspunkt for arbeidet med heilskaplege forvaltningsplanar for andre norske havområde.
Rammedirektivet for vatn
Regjeringa vil styrkje arbeidet med ei meir heilskapleg, økosystembasert og kunnskapsbasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn, i tråd med EUs rammedirektiv for vatn. Direktivet set som mål at ein skal oppnå såkalla «god tilstand» både når det gjeld biologisk mangfald og forureining i vassførekomstane, i utgangspunktet innan 2015. Det er teke sikte på å fastsetje forskrift om rammer for vassforvaltninga, som skal gjennomføre direktivet i norsk rett, i løpet av 2006. I forskrifta blir landet delt inn i vassregionar basert på nedbørsfelt. Eit fylkesmannsembete er peikt ut som ansvarleg styresmakt (vassregionstyresmakt) i kvar region. Gjennomføringa av direktivet i vassregionane skal skje i nært samarbeid med eit vassregionutval oppretta og leia av vassregionstyresmakta med deltaking frå andre aktuelle fylkesmannsembete, sektorstyresmakter, fylkeskommunar og kommunar.
Det pågår eit betydeleg fagleg arbeid knytt til den praktiske gjennomføringa av direktivet. M.a. skal kunnskapsgrunnlaget for arbeidet styrkjast gjennom omfattande kartlegging av tilstanden i vassførekomstane, i tråd med krava i direktivet. Det er òg behov for ressursar til å utvikle nye adminsitrative strukturar og verktøy, både for å samordne bidraga frå dei aktuelle styresmaktene innan dagens fragementerte vassforvaltning, og for å leggje til rette for ei opa haldning og aktiv offentleg deltaking i gjennomføringa. Arbeidet vil krevje aktiv lokal deltaking, og kommunar, representantar for interkommunalt samarbeid, lokale lag og foreiningar o.a. vil vere viktige aktørar. I mange tilfelle vil det vere naturleg å opprette lokale vassområdeutval som eit supplement til organiseringa på regionalt nivå.
Miljøverndepartementet koordinerer arbeidet med direktivet på nasjonalt nivå, i nært samarbeid med Olje- og energidepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Av etatar underlagt Miljøverndepartementet vil arbeidet særleg krevje ressursar i Statens forureiningstilsyn, som koordinerer arbeidet mellom berørte direktorat og bidraga frå miljøvernforvaltninga. Meir langsiktige kostnader som oppstår ved gjennomføringa av tiltak utløyste av direktivet, vil avhenge av resultatet av den kartlegginga av vassførekomstane som er nemnt ovanfor. Det vil bli nødvendig med ekstra ressursinnsats til overvaking og tiltak i vassførekomstar som viser seg å ikkje ha tilfredsstillande kvalitet. Miljøverndepartementet og dei aktuelle departementa vil komme tilbake til dette også i budsjettproposisjonar i åra framover.
Departementet vil framleis arbeide for å betre vasskvaliteten i Vansjø i Østfold. Vassdraget er drikkevasskjelde for om lag 60 000 menneske og er sterkt overbelasta med næringssalt. Delar av Vansjø har tidvis kraftig algeoppblomstring med innslag av giftige algar. Årsaka til forureiningane er tilsig av næringssalt frå jordbruket, spreidd busetnad og kommunalt avløp.
Departementet held òg oppe innsatsen i arbeidet med miljøvennleg skipsfart. Dette arbeidet skjer via Sjøfartsdirektoratet som er fagleg underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljø. Regjeringa vil arbeide med ei forskrift om handtering av ballastvatn og føre vidare arbeidet med miljøvennleg skipsfart i eit forum som er etablert i samråd med næringa.
Den som driv verksemd som kan medføre akutt forureining skal i medhald av forureiningslova ha ein tilfredsstillande beredskap. Den offentlege beredskapen (kommunal og statleg) er derfor i prinsippet eit supplement til den private beredskapen. Beredskapen for petroleumsverksemda er basert på miljøvernstyresmaktenes felles regelverk med tryggleikstyresmaktene (Petroleumstilsynet og Sosial- og helsedirektoratet). Internkontroll, som òg omfattar beredskap, er gjennomført hos alle operatørselskap. Operasjonelle utslepp til sjø frå petroleumsverksemda er regulert gjennom forureiningslova, mens sjødugleikslova regulerer utslepp frå skip. I forslag til ny skipstryggleikslov som nyleg er fremja for Stortinget er det foreslått eit nytt lovgrunnlag for tiltak retta mot skipsfaren for å redusere risikoen for introduksjonar frå ballastvatn.
10 Resultatområde 5: Helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere bruk, utslepp og spreiing av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar til jord, luft og vatn nasjonalt. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid. Det gjeld bl.a. oppfølginga av Stockholm-konvensjonen, Rotterdam-konvensjonen, miljøgiftprotokollar under FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE) og kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, Nordsjø-deklarasjonane og FNs miljøprogram UNEP. Kjemikaliar som bryt ned ozon, drivhusgassar og kjemikaliar som medfører grenseoverskridande og lokale luftforureiningar er dekte under resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
Strategisk mål
Utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje føre til helseskadar eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Konsentrasjonane av dei farlegaste kjemikaliane i miljøet skal bringast ned mot bakgrunnsnivået for naturleg førekommande stoff, og tilnærma null for menneskeskapte sambindingar.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 10.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Nasjonale resultatmål: | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål: | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar: |
---|---|---|
1. Utslepp av enkelte miljøgifter (jf. prioritetslista og kriteria i tabell 10.2) skal stansast eller reduserast vesentleg innan år 2000, 2005 og 2010. | 1.1. Sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane som er omfatta av lista eller kriteria, for dei bruksområda som fell innafor ansvarsområdet1 til miljøvernforvaltninga, og i samsvar med fristane i det nasjonale målet. | Indeks for utslepp av kjemikaliar på prioritetslista vekta etter fare for helse og miljø. |
2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det mål å stanse utsleppa innan ein generasjon (dvs. innan 2020). | 2.1. Bidra til at generasjonsmålet blir nådd gjennom bl.a. internasjonalt arbeid. | Nøkkeltala på feltet er til vurdering. |
3. Risikoen for at utslepp og bruk av kjemikaliar blir årsak til skade på helse og miljø skal reduserast vesentleg. | 3.1. Sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø for dei kjemikaliane og bruksområda som fell innafor ansvarsområdet1 til miljøvernforvaltninga. | Utvikling i bruk av farlege kjemikaliar fordelte på ulike bransjar (alle fareklassar eller CMR-stoff) |
4. Spreiing av miljøgifter2 frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. | 4.1. Sikre stans eller vesentleg reduksjon av spreiing av miljøgifter frå forureina grunn, og sikre ein risikobasert reduksjon i spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar. | Talet på kjente lokalitetar med alvorleg grunnforureining 3 |
5. Sediment (botnmassar i vatn) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem. | 5.1. Sikre at forureina sediment ikkje medfører fare for alvorlege forureiningsproblem. | Nøkkeltala på feltet er til vurdering4 |
1 Miljøvernstyresmaktene har ansvaret for den påverknaden kjemikaliar har på miljøet generelt. I tillegg har miljøvernstyresmaktene ansvaret for den påverknaden kjemikaliar har på helsa til forbrukarane, mens påverknad på helsa til arbeidstakarane er arbeidsstyresmaktenes ansvar. Miljøvernstyresmaktenes ansvar er vidare avgrensa i forhold til bruksområda for kjemikaliane. Eksempel på bruksområde som fell utanfor miljøvernstyresmaktenes ansvarsområde er plantevernmiddel, legemiddel, veterinærprodukt, kosmetikk, næringsmiddel og ei rekkje bekjempingsmiddel. Endeleg er ansvaret òg avgrensa i forhold til enkelte eigenskapar ved kjemikaliar. Brann- og eksplosjonsfare knytt til kjemikaliar fell utanfor miljøvernstyresmaktenes ansvarsområde.
2 Miljøgifter er definerte som kjemikaliar omfattat av resultatmål 1 og 2.
3 Lokalitetar som er kjende av miljøvernstyresmaktene der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak.
4 Nøkkeltal for forureina sediment er til vurdering. Det blir arbeidd med å få fram eit sett med nøkkeltal som er eigna til å følgje status og utviklinga på feltet. Arbeidet er bl.a. avhengig av eit betre datagrunnlag. Nye nøkkeltal vil bli lagt fram seinare i ei stortingsmelding eller -proposisjon.
Tabell 10.2 Liste over prioriterte kjemikaliar som er omfatta av det nasjonale resultatmål 1 (Prioritetslista)
Skal reduserast vesentleg innan 2000 og blir freista stansa innan 2005: | Skal reduserast vesentleg, seinast innan 2010: | Skal reduserast vesentleg innan 2010 også dersom stoffa oppfyller eitt av kriteria under: |
---|---|---|
* skal stansast innan 2000 |
|
|
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane som er omfatta av lista eller kriteria, for dei bruksområda som fell innafor miljøvernforvaltningas ansvarsområde, og i samsvar med fristane i det nasjonale målet.
Arbeidsmål 1 omfattar miljøgifter som utgjer særlege helse- og miljøproblem i Noreg. I følgje målet skal utsleppa av stoffa på den første delen av lista stansast innan 2005. Utsleppa av dei andre miljøgiftene på lista skal reduserast vesentleg innan 2010 i forhold til nivået i 1995.
Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. Utsleppa av miljøgiftene på den første delen av lista er vesentleg reduserte, og målet om at utslepp av oktyl- og nonylfenol og etoksilata deira skulle vere stansa innan år 2000 vart etter miljøvernstyresmaktene sitt syn oppfylt så langt som mogleg. Dette gjeld òg for stoffa med mål om stans i utsleppa innan 2005, og tabell 10.3 viser førebelse resultat for desse.
Tabell 10.3 Stoff der utslepp av enkelte miljøgifter skal stansast innan 2005. Føebels resultat for utsleppsreduksjonar og prognose for 2005.
Stoff/stoffgruppe | Utslepp* 2003 (tonn) | Utsleppsred. 1995–2003 (%) | Prognose for utsleppsreduksjon (%) |
---|---|---|---|
Stoffmed mål om stans i utslepp i 2005: |
|
| 1995–2005 |
Klorparafinar, kortkjeda | 0,3 | 77 | Ca 95 |
Nonyl/oktylfenolar og deira etoksilatar | 11 | 94 | Ca 95 |
Pentaklorfenol | 0 | > 99 | Ca 95 |
Enkelte tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHTMAC) | 1 | 87 | Ca 90 |
Polyklorerte bifenylar (PCB; ståande masse) | 254 | 39 | Ca 50 |
All ny bruk av PCB har vore forboden sidan 1980. Ein handlingsplan for å redusere utslipp av PCB vart lagt fram i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Sett i internasjonal samanheng har Noreg komme langt i dette arbeidet, men vedvarande innsats er nødvendig.
PCB-haldige isolerglasruter er blant dei største attverande kjeldene til PCB-forureining. For å auke innsamlinga og sikre forsvarleg behandling ut frå miljøomsyn, vart det i 2004 forskriftsfesta ei plikt for importørar og produsentar av isolerglasruter til å delta i eit retursystem for PCB-haldige isolerglasruter. Forskrifta syter for at alle som har avfall kan levere kasserte PCB-haldige isolerglasruter til forsvarleg behandling til ein pris som ikkje overstig kva det kostar å levere inn isolerglasruter utan PCB til vanleg mottak. For PCB-haldige kondensatorar i lysarmatur og straumgjennomføringar er det innført krav om utskifting. Statens forureiningstilsyn følger opp utskiftningskrava og krava til handtering av PCB-haldig avfall med kontroll for å sjå til at regelverket er etterlevt.
Utsleppa av miljøgiftene på den andre delen av lista er òg reduserte, og for dei aller fleste stoffa sin del er det venta utsleppsreduksjonar i tråd med målet. Det er likevel naudsynt med framhalden innsats for å nå målet om vesentleg reduksjon for alle stoffa på lista innan 2010. Måloppnåing for alle prioriterte miljøgifter vil bli nærare presentert i den kommande stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Arbeidsmål 2.1. Bidra til at generasjonsmålet blir nådd gjennom bl.a. internasjonalt arbeid.
Målet inneber at utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal stansast innan ein generasjon (25 år frå 1995 då målet vart vedteke, dvs. innan 2020). Stoffa som er omfatta av generasjonsmålet er dei som er rekna som miljøgifter. Miljøgifter er helse- og miljøfarlege kjemikaliar som er giftige for helse og miljø, og som samtidig er lite nedbrytbare i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgifter som hopar seg opp i miljøet medfører ei gradvis forgifting av jord, luft, vatn, menneske og dyr. Generasjonsmålet er nedfelt i miljøgiftstrategien i OSPAR-konvensjonen. Innan OSPAR er rundt 50 stoff prioriterte for tiltak. Eit liknande mål er òg blitt vedteke i EUs rammedirektiv for vatn. Både Stockholm-konvensjonen om organiske miljøgifter og Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar trådde i kraft i 2004 og styrkte den internasjonale reguleringa av miljøgifter. Reduserte utslepp av stoff omfatta av resultatmål 1 og stoff omfatta av internasjonale konvensjonar og plikter medverkar til at vi kjem nærare dette målet.
Arbeidsmål 3.1. Sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø for dei kjemikalia og bruksområda som fell innafor miljøvernforvaltningas ansvarsområde.
Arbeidsmålet er retta mot det meir generelle arbeidet med å hindre helse- og miljøskade frå kjemikaliar. Målet inneber at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal inngå i produksjon, produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljøskade. Det finst ingen enkelt indikator som kan angi samla risiko frå bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Talet på produkt med helse- og miljøfarlege kjemikaliar som er registrerte i Produktregisteret gir likevel ein indikasjon på den totale bruken. Tal frå Produktregisteret syner at talet på produkt har auka frå 1999 til 2005.
Arbeidsmål 4.1. Sikre stans eller vesentleg reduksjon av spreiing av miljøgifter frå forureina grunn, og sikre ein risikobasert reduksjon i spreiing av andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar frå forureina grunn.
Miljøproblema er løyste på så godt som alle dei om lag 100 verste lokalitetane på landsbasis, slik at forureininga på desse ikkje utgjer fare for helse eller miljø. Vidare er miljøtilstanden undersøkt og eventuelt behov for oppryddingstiltak ferdig kartlagt på om lag 500 utpeikte lokalitetar.
For det vidare arbeidet med forureina grunn er det lagt til grunn at spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg, mens spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Det vil særleg bli prioritert oppfølging av stader der forureininga medfører helserisiko for menneske eller der forureininga lek frå grunnen til område som er prioriterte i samband med arbeidet med forureina sjøbotn (sjå arbeidsmål 5.1.). Det er òg vurdert nærare korleis ein kan ta omsyn til særleg sårbare grupper, som for eksempel barn. Hausten 2006 vil Miljøverndepartementet leggje fram ein eigen handlingsplan for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Denne vil òg bli omtalt i den kommande stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Pr. 1. september 2006 er det 366 kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining, dvs. lokalitetar som er kjende av miljøvernstyresmaktene og der det finst eller er grunn til å tru at det kan finnast miljøgifter med spreiingsfare, eller andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar med spreiingsfare der det ut frå ei risikovurdering er behov for vidare tiltak. Oppfølginga av lokalitetane kan innebere undersøkingar, sikring og overdekning, fjerning av massar, arealbruksrestriksjonar eller liknande. Talet på lokalitetar vil gå ned som resultat av gjennomført oppfølging, men vil òg kunne auke på grunnlag av for eksempel nye undersøkingar, nye utslepp eller revurdering av risiko ved forureininga.
Arbeidsmål 5.1. Sikre at forureina sediment ikkje medfører fare for alvorlege forureiningsproblem.
I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav vart det gitt ein brei presentasjon av arbeidet med forureina sediment, og trekt opp ein ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med opprydding i forureina sediment. Det er blitt utarbeidd fylkesvise tiltaksplanar for 17 prioriterte område med forureina sjøbotn. Desse dannar utgangspunktet for ein nasjonal handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn, som vil bli nærare presentert i den kommande stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Utover dette går det føre seg viktige forskings- og overvakingsaktivitetar på feltet.
Verkemiddel
Resultatområde 5 er planlagt finansiert med om lag 199,9 mill. kroner. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyns budsjett kap. 1441 og kapitla 1400, 1410 og 1444. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 5. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett. Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), Lov om kontroll med produkt og forbrukartenester, og forskrifter gitt i medhald av desse er dei sentrale juridiske styringsverktøya på kjemikalieområdet.
Regjeringa vil vidareføre ein sterk innsats mot miljøgifter i 2007. Regjeringa vil om kort tid leggje fram ei eiga stortingsmelding om helse- og miljøfarlege kjemikaliar som beskriv utfordringane og korleis desse skal møtast. Konkrete tiltak for å styrkje innsatsen mot helse- og miljøfarlege kjemikaliar vil bli presenterte i meldinga. Regjeringa vil fortsetje arbeidet med å utfase miljøgifter i produkt. Regjeringa vil òg vurdere eit omfattende forbod mot miljøgifter i produkt retta mot private forbrukarar. Det er òg nødvendig å auke kunnskapen om kjemikaliar.
Innsatsen vil både omfatte ei styrkt regulering internasjonalt og nasjonalt av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Regjeringa vil syte for at norsk forvaltning skal kunne medverke aktivt til at det nye kjemikalieregelverket i EU sikrar godt vern av helse og miljø, og foreslår å styrkje internasjonalt kjemikaliearbeid med 2,5 mill. kroner. Regjeringa vil òg følgje opp med nye tiltak og verkemiddel som blir lagt fram i stortingsmelding om helse- og miljøfarlege kjemikaliar i haust med 5 mill. kroner. Regjeringa vidarefører satsinga på arbeidet med opprydding i forureina grunn og sjøbotn.
Regjeringa vil følgje opp dei nasjonale handlingsplanane for bromerte flammehemmarar, PCB, PFOS, kvikksølv og prioriterte miljøgifter som krev særskilt innsats. Internasjonalt arbeid er spesielt viktig, då ei stor mengd av dei helse- og miljøfarlege kjemikaliane som blir tilført miljøet i Noreg stammar frå utslepp i andre land, og blir ført til Noreg via luft- og havstraumar. I tillegg blir det innført ei rekkje kjemikaliar via produkt som er produserte utanfor Noreg. Forslaget til nytt kjemikalieregelverk i EU (REACH) har spesielt stor innverknad for Noreg fordi regelverket vil bli ein del av EØS-avtala.
Regjeringa vil styrkje arbeidet for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Informasjon er nødvendig for at brukarar skal kunne erstatte farlege kjemikaliar med alternativ som medfører mindre risiko. Produktregisteret er eit landsdekkjande register for farlege kjemikaliar og stoffblandingar som blir produserte i og importerte til Noreg. Produktregisteret har lagt til rette for elektronisk deklarering av farlege kjemikaliar. I denne samanhengen vil ein òg betre tilrettelegginga av offentleg informasjon for allmenta.
Miljøverndepartementet leggjer i haust fram to nye handlingsplanar: handlingsplan for opprydding i forureina grunn i barnehagar og leikeplasser, og handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn. Verkemiddel for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er presenterte i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav. Utgangspunkt for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er at forureinar skal betale, og det viktigaste verkemidlet for å få rydda opp er pålegg etter forureiningslova. I tillegg er det løyvd midlar til dette arbeidet over Miljøverndepartementets budsjett, for bl.a. undersøkingar og opprydding i område der den ansvarlege ikkje kan påleggjast dei fulle kostnadene, sjå postomtalen til kap. 1441 post 39 Oppryddingstiltak.
11 Resultatområde 6: Avfall og gjenvinning
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp som følgje av avfall (inkl. farleg avfall), gjennom å redusere avfallsmengdene, auke gjenvinninga, og syte for ei forsvarleg sluttbehandling av avfallet, og å medverke til mindre forsøpling. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, særleg arbeidet med EU-direktiv og oppfølginga av Basel-konvensjonen. Resultatområdet omfattar ikkje kjernefysisk avfall eller avfall frå sprengstoff, eksplosiv m.m. Både fiskeavfall som blir dumpa til sjøs og lausmassar, stein og grus er omfatta av avfallsomgrepet, men dei er ikkje årsak til vesentlege ulemper når det gjeld forureining.
Strategisk mål
Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Dette skal gjerast ved å løyse avfallsproblema gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom omfanget av avfall som blir generert, og som blir gjenvunne, brent eller deponert.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 11.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6: Avfall og gjenvinning
Nasjonale resultatmål: | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål: | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar: |
---|---|---|
1. Utviklinga i generert mengd avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten. | 1.1. Miljøvernforvaltninga skal stimulere til at generering av avfallsmengdene blir vesentleg lågare enn den økonomiske veksten gjennom verkemiddel for meir riktig prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling1. | Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP. |
2. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010, med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljømessig fornuftig nivå. | 2.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til rammevilkår som fører til at avfallsmengda til gjenvinning skal vere minimum 75 pst. av generert avfallsmengd pr. år innan 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., gjennom forvaltning av forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv1. | Delen av avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling. |
3. Praktisk talt alt farleg avfall skal takast forsvarleg hand om, og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. | 3.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til at praktisk talt alt farleg avfall blir teke forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn, og til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet, gjennom forvaltning av forureiningslova og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall, kap. 11 farleg avfall. | Mengd farleg avfall med ukjend disponering. Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling. |
1 Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til resultatmål 1 vil i betydeleg grad påverke måloppnåinga for resultatmål 2, og omvendt.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Miljøvernforvaltninga skal stimulere til at generering av avfallsmengdene blir vesentleg lågare enn den økonomiske veksten gjennom verkemiddel for meir riktig prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling.
Miljøvernforvaltninga har få verkemiddel som direkte regulerer genereringa av avfallsmengdene, men strengare krav til avfallsbehandling, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar er med på å stimulere til avfallsreduksjon. I tillegg varsla Regjeringa i Soria Moria-erklæringa at det skal arbeidast for å opprette eit statleg foretak for avfallsførebyggjing og gjenvinning. Miljøverndepartementet er i gang med å utgreie korleis dette bør organiserast og finansierast, og kva slag oppgåver det skal tilleggjast. Regjeringa arbeider vidare for kvalitativ avfallsreduksjon, som først og fremst knyter seg til arbeidet med å redusere innhaldet av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i produkt, og dermed også avfall (jf. resultatområde 5).
I perioden 1995-2005 auka den totale avfallsmengda med om lag 18 pst., mens BNP i same periode auka med 45 pst. Mengda næringsavfall hadde isolert sett ein vesentleg lågare vekst, mens mengda hushaldsavfall auka meir enn BNP i denne perioden.
Arbeidsmål 2.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til rammevilkår som fører til at avfallsmengda til gjenvinning skal vere minimum 75 pst. av generert avfallsmengd pr. år innan 2010 med ei vidare opptrapping til 80 pst., gjennom forvaltning av forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv.
Strenge krav til handtering av avfall og avgift på sluttbehandling av avfall medverkar til å styre avfallsstraumane i ønskt retning. Særskilte retur- og produsentansvarsordningar for enkelte avfallstypar legg i tillegg til rette for ei stadig aukande grad av gjenvinning.
Gjenvinning av avfall omfattar materialgjenvinning, biologisk behandling og energiutnytting. Foreløpige tal frå Statistisk sentralbyrå for 2005 kan tyde på at om lag 67 pst. av avfallet blir gjenvunne. Grunnen til at gjenvinningsdelen synest å ha falle sidan 2003 (frå 69 pst), kan vere at i motsetning til kva som var tilfellet for 2003, er farleg avfall med i utrekninga for 2005. Av farleg avfall går ein større del til sluttbehandling enn det som gjeld for vanleg avfall. Av avfallet som blir gjenvunne går om lag 76 pst. til materialgjenvinning, mens 24 pst. blir nytta til energi.
Retursystema for særskilte avfallstypar har oppnådd svært gode resultat, og medverkar til ein positiv auke i delen avfall som går til gjenvinning. I 2005 vart delen innsamla EE-avfall berekna til over 90 pst. (119 000 tonn). Mesteparten av dette avfallet blir gjenvunne, samtidig som store mengder farleg avfall blir teke forsvarleg hand om. I 2005 oppnådde retursystema for emballasjeavfall ein samla gjenvinningsdel på 86 pst. Retur av drikkevareemballasje har i mange år gitt positive resultat, for eksempel er returdelen for gjenbruksflasker av glas og plast over 95 pst.
Arbeidsmål 3.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til at praktisk talt alt farleg avfall blir teke forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn, og til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet, gjennom forvaltning av forureiningslova og avfallsforskriftas kapittel 11 om farleg avfall.
Det fortløpande arbeidet i miljøvernforvaltninga med regulering og tilsyn med alle som handterer farleg avfall er viktig for å sikre høg grad av innsamling og forsvarleg behandling av farleg avfall. Særskilte returordningar medverkar òg til høge tal for gjenvinning, for eksempel for EE-avfall.
I 2004 oppstod det i underkant av 1 mill. tonn farleg avfall i Noreg, ein auke på om lag 14 pst. frå året før. Av dette vart meir enn 900 000 tonn levert og handtert i samsvar med gjeldande regelverk. Resterande mengd på noko under 80 000 tonn vart anten handtert ulovleg eller utanom styresmaktenes kontroll. Dette er på same nivå som året før, men ein auke på 26 pst. frå 1999. Auken skuldast mellom anna at nye typar avfall no er omfatta av kategorien farleg avfall (CCA- og kreosotimpregnert trevirke).
Verkemiddel
Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; lover og forskrifter, avgifter, tilskotsordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Dei sentrale juridiske styringsverktøya på avfallsfeltet er lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) og forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta).
I 2007 er resultatområdet planlagt finansiert med 301,9 mill. kroner som blir løyvd over kap. 1441 Statens forureiningstilsyn, kap. 1400 Miljøverndepartementet, og i noko grad over kap. 1410 Miljøforsking og 1429 Riksantikvaren. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 6. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Årleg oppstår om lag 4 mill. tonn nedbryteleg avfall. Av dette blir 1 mill. tonn deponert. Deponering av slikt avfall medfører danning av klimagassen metan, og utgjer om lag 3 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar i Noreg. Miljøverndepartementet vurderer å forby deponering av alt biologisk nedbryteleg avfall frå 2009. Tiltaket vil i hovudsak bety redusert klimagassutslepp og samtidig auka utnytting av avfall til material- og energiformål. I tillegg oppnår ein redusert utslepp av miljø- og helseskadelege kjemikaliar gjennom sigevatn frå deponia. For å unngå utilsikta konsekvensar av deponiforbodet, blir det teke sikte på å innføre ein heimel for å gi unntak frå forbodet etter særskilt vurdering, der det bl.a. blir lagt vekt på omsyn til miljøet og distrikta.
Bygg- og anleggsavfall utgjer i mengd ein av dei største avfallsstraumane og består av ei rekkje ulike typar avfall. Avfallsplanar er vurderte å ha positive effektar med omsyn til å styre slikt avfall vekk frå deponi og hindre ulovleg disponering. Alle kommunar i landet har derfor fått delegert mynde etter forureiningslova til å krevje avfallsplan frå tiltakshavar i byggje-, rivings- og rehabiliteringsprosjekt. Så langt har berre omkring 30 kommunar valt å innføre krav om slike avfallsplanar. Dette vil ha positive effektar for arbeidet med farleg avfall, blant anna PCB, ved at farleg avfall i bygningsmassen blir kartlagt og levert til godkjent mottak. Ein arbeidar med nye regler for å sikre at bygg- og anleggsavfall får ei forsvarleg behandling ut frå miljøhensyn.
Regjeringa vil òg arbeide for å opprette eit føretak for avfallsførebygging og gjenvinning. Miljøverndepartementet er i gang med å utgreie korleis eit slikt føretak kan organiserast og finansierast og kva for oppgåver det skal tilleggjast.
Dagens statlege tilskot til oppsamlingssystemet for bilar blir avvikla samtidig med at produsentansvaret for bilar skal gjelde fullt ut frå 1. januar 2007. Regjeringa vil føre vidare dagens statlege avgifts- og panteordning mellombels, fram til eit bransjeorganisert retursystem har komme i gang og kan vise til oppnådde resultat. Årleg blir det innlevert om lag 110 000 bilvrak, som gir ei innsamlingsgrad på om lag 95 pst. Med dagens behandling av bilvrak ligg gjenvinningsgraden for vrak på om lag 80 pst. Miljøstyresmaktene ser det som svært viktig at bransjeorganiserte system medverkar til minst like høg innsamlingsgrad, og til ei ut frå miljøomsyn forsvarleg behandling og utnytting av dei kasserte køyretøya. Bl.a. blir det lagt særleg vekt på ein god insentivstruktur og godt regionalt tilgjenge for innlevering av bilar, og formålstenlege system for gjenbruk av bildelar. SFT har allereie godkjent to returselskap som ivaretek disse miljøomsyna. Sjå elles omtale av den statlege ordninga under kap. 1441 post 73 Tilskot til biloppsamlingssystemet og post 75 Utbetaling av pant for bilvrak.
Miljøavgifta på drikkevareemballasje skal prise kostnader ved at drikkevareemballasje hamnar som søppel i naturen. Miljøavgifta blir differensiert etter emballasjens innhald og art. Miljøavgifta er gradert etter mengda som blir returnert, slik at emballasje som inngår i godkjende retursystem for redusert avgiftssats.
Ved ein returdel på 95 pst. fell miljøavgifta bort. Den gir derfor sterke insentiv til effektive retursystem. Returdelen for drikkekartongar, unnateke skulemjølk, var om lag 64 pst. i 2005, mens emballasje på skulemjølk oppnådde ein returdel på 88 pst.
Innsamling og gjenvinning av brukt smøreolje (spillolje) blir stimulert gjennom ei avgift på smøreolje med tilhøyrande avgiftsrefusjon ved innlevering av spillolje til godkjent innsamlar. Sjå nærare omtale av refusjonsordninga under kap. 1441 post 76. For nærare omtale av avgifta sjå St.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte, avgifts- og tollvedtak.
Avgift på forbrenning av avfall vart 1. juli 2004 omgjort til ei avgift basert på utslepp av miljøskadelege stoff til luft. Avgifta prisar no miljøkostnadene ved forbrenning av avfall individuelt for alle anlegg, samtidig som den legg betre til rette for ytterlegare gjenvinning og auka avfallsbasert energiproduksjon, jf. både energi- og klimapolitikken. Etter at utsleppsavgifta vart innført, har det vore stilt spørsmål ved enkelte av avgiftssatsane, bl.a. avgiftssatsen på utslepp av krom. Avgiftssatsane skal i prinsippet tilsvare dei miljøskadane som utsleppa medfører. Utrekningar av miljøskadar er usikre og verdsetjinga av skadane kan òg endrast over tid. På denne bakgrunnen er dei einskilde avgiftssatsane vurderte på nytt. Regjeringa legg fram forslag om endring for utslepp av krom og klimagassen CO2. For utslepp av andre stoff blir det ei rein prisjustering. Sjå elles omtale i St.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.
Utrangerte fritidsbåtar er hittil ikkje vurderte til å utgjere eit vesentleg miljøproblem, og det er derfor ikkje innført særskilte verkemiddel for handtering av dei. Statens forureiningstilsyn er likevel gitt i oppdrag å etablere eit samarbeid mellom relevante aktørar for å leggje betre til rette for handteringa av slike båtvrak. Miljøverndepartementet vil òg følgje utviklinga med ei fortløpande vurdering av behovet for ei returordning.
Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt, jf. resultatområde 5, vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema frå avfall. Kjemikaliepolitikken har som mål å redusere bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, noko som vil medverke til å redusere mengda farleg avfall som oppstår, såkalla kvalitativ avfallsreduksjon. I tillegg er det behov for at det blir lagt til rette for forsvarleg handtering av farleg avfall frå eit stadig aukande tal produkt. Statens forureiningstilsyn gjennomfører ein strategi for auka innsamling av farleg avfall i perioden 2004 – 2006. Målet med strategien er både å auke innsamlinga av farleg avfall og å redusere mengda farleg avfall som oppstår.
12 Resultatområde 7: Klimaendringar, luftforureining og støy
Resultatområdet omfattar følgjande underområde:
Klimaendringar
Nedbryting av ozonlaget
Langtransporterte luftforureiningar
Lokal luftkvalitet
Støy
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 181,4 mill. kroner. Finansieringa er i hovudsak dekt over kap. 1400, og kapitla 1410, 1427, 1441 og 1471.
12.1 Klimaendringar
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O). Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen.
Strategiske mål
Konsentrasjonen av klimagassar skal stabiliserast på eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet i tråd med artikkel 2 i Klimakonvensjonen. Den globale temperaturen skal ikkje auke meir enn 2oC.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltingas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 12.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Klimaendringar
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar. | Status for dei internasjonale forhandlingane og oppfølging av avtalene i dei enkelte landa. Igangsetjing av forhandlingar om nye forpliktingar etter 2012. | |
2. Noreg skal overhalde forpliktinga i Kyotoprotokollen om at utsleppa av klimagassar i perioden 2008-2012 i gjennomsnitt ikkje skal vere meir enn 1 pst. høgare enn i 1990. | 2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg. | Utvikling i nasjonale utslepp av klimagassar. Styrken i bruken av verkemiddel overfor klimagassar. Utviklinga og gjennomføringa av kvotesystem og andre verkemiddel. |
2.2. Medverke til å redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene. | Omfang av utnytting av lokale og nye fornybare energikjelder. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.
Kyotoprotokollen trådde i kraft 16. februar 2005 etter at Russland hadde gjennomført den avgjerande ratifiseringa. Noreg ratifiserte Protokollen i 2002. Dei siste par åra har arbeidet internasjonalt bl.a. vore knytt til å oppfylle forpliktingar under Klimakonvensjonen og praktisk tilrettelegging for iverksetjing av Kyotoprotokollen. Ein har blant anna fokusert på operasjonalisering av Den grøne utviklingsmekanismen (CDM).
Regjeringa vil at Noreg skal vere ein aktiv deltakar i internasjonalt klimasamarbeid, bl.a. i arbeidet med å utvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen vidare til å bli miljø- og klimaeffektive instrument for å avgrense utsleppa og auke opptaket av klimagassar. Regjeringa vil leggje til rette for at norsk industri og næringsliv skal kunne delta aktivt i internasjonalt klimasamarbeid, bl.a. gjennom bruk av Kyoto-mekanismane.
Regjeringa vil òg arbeide for at førebuingar til forhandlingar om internasjonale forpliktingar for åra etter 2012 (etter perioden med forpliktingar under Kyotoprotokollen) kjem i gang så snart som mogleg. Noreg arbeider aktivt for å starte prosessen for ytterlegare reduksjonar og eit meir globalt klimaregime etter 2012. På Partskonferansen i Montreal hausten 2005 vart det vedteke å starte ein prosess for å etablere nye forpliktingar under Protokollen. Det vart òg lagt opp til ein dialog under Klimakonvensjonen om kva Partane skal gjere framover for å motverke klimaendringane. Dei første møta i desse prosessane fant stad under forhandlingssesjonen i Bonn i mai. Noreg la der fram sitt syn om at det internasjonale samarbeidet bør leggje til grunn at den globale temperaturen ikkje skal auke meir enn 2 °C.
Arbeidsmål 2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg.
Foreløpige berekningar av utsleppa av klimagassar i 2005 visar ein nedgang på 1 pst. sidan 2004 til 54,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar, men klimagassutsleppa i Noreg er venta å auke i åra framover. Som svar på denne utfordringa har Regjeringa teke initiativ til ein meir offensiv klimapolitikk. Som EU har vi vedteke ei langsiktig målsetjing om at klimaendringane må avgrensast slik at den globale middeltemperaturen ikkje aukar meir enn 2 °C. Regjeringas klimapolitikk vil gi resultat både i forhold til utsleppsforpliktinga under Kyotoprotokollen og i eit meir langsiktig perspektiv.
Regjeringa legg opp til ei brei tilnærming for å innfri Noregs forplikting innan klimagassutslepp under Kyotoprotokollen. Forpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyotomekanismane slik protokollen legg opp til, der ein vesentleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak.
Klimakvotelova trådde i kraft 1. januar 2005 og knyter kvoteplikt til om lag 50 norske industribedrifter. Kvotesystemet vil saman med CO2-avgifta og andre verkemiddel medverke til å redusere utslepp av klimagasser på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte. Regjeringa har opna for å innlemme EUs kvotedirektiv i EØS-avtala, og arbeider no med å tilpasse lova til forpliktingsperioden (2008-12) under Kyotoprotokollen. I tillegg arbeider ein med å opprette sektorvise klimahandlingsplanar med sektorvise mål, og Regjeringa tek sikte på å fremje ei stortingsmelding om dette i løpet av 2007.
I løpet av 2006 vil Noreg leggje fram ein såkalla initiell rapport før FNs klimakonvensjon. Denne skal bl.a. innehalde utsleppstal som skal vere grunnlag for å rekne ut den konkrete kvoten vi er tildelt under Kyotoprotokollen. SFT har ansvaret for å utarbeide desse tala, og samarbeider spesielt med Statistisk Sentralbyrå og Norsk institutt for skog og landskap (tidl. Norsk institutt for jord- og skogkartlegging) om dette.
Den initielle rapporten skal òg beskrive eit nasjonalt system som sikrar at utslepp og opptak av klimagassar er berekna, rapportert og arkivert i medhald av Kyotoprotokollens regelverk. Eit slikt system medfører behov for auka ressursinnsats. Det er lagt opp til at det norske systemet byggjer på dagens samarbeid mellom bl.a. SFT, Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk institutt for skog og landskap. På bakgrunn av dette er SFT peikt ut som nasjonal eining med overordna ansvar for rekneskapen og rapporteringa.
Hovudtyngda av arbeidet knytt til utsleppsrekneskapen er finansiert av SFT, SSB og Norsk institutt for skog og landskap gjennom løyvingar over statsbudsjettet til dei respektive institusjonane.
For å utvikle og drifte ein rekneskap som tilfredsstiller Kyotoprotokollens reglar for kartlegging og rapportering av klimagassar frå skog og andre areal (LULUCF), må Norsk institutt for skog og landskaps Landsskogstaksering utvidast og supplerast med meir datamateriale. Dette inneber bl.a. etablering av fleire prøveflater og fleire analysar på eksisterande prøveflater.
Arbeidsmål 2.2. Medverke til å redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.
Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og vere verdsleiande innafor utviklinga av miljøvennleg energi. I Soria Moria-erklæringa har regjeringspartia slege fast at energipolitikken skal byggje på at miljømåla vil bestemme produksjonsmoglegheitene, og at det er nødvendig å føre ein aktiv politikk for å avgrense veksten i energibruken. Regjeringa vil auke tilgangen på energi gjennom å satse på nye miljøvennlege energiformer.
Verkemiddel
Finansieringa av resultatområde 7, underområdet klimaendringar, blir dekt over kap. 1400, kap. 1410, kap. 1441 og kap. 1471. CO2-avgifta, som vart innført i 1991, vil framleis vere hovudverkemiddelet i Noreg inntil eit breitt nasjonalt kvotesystem er på plass. CO2-avgifta dekkjer om lag 68 pst. av CO2-utsleppa og om lag 52 pst. av dei samla utsleppa av klimagassar. Ein viser til Finansdepartementets avgiftsproposisjon for ei nærare oversikt over satsane for CO2-avgifta. Regjeringa gjer framlegg om å innføre CO2-avgift på bruk av gass til oppvarming, og om ein ny CO2-komponent i eingongsavgifta på køyretøy.
Vegtrafikk er ein av dei store bidragsytarane til norske utslepp av klimagassar. Auka bruk av biodrivstoff til erstatning for fossilt drivstoff vil redusere utsleppa av klimagassar. Forbrenning av biodrivstoff gir ikkje netto CO2-utslepp. Det er derfor viktig å auke bruken av biodrivstoff i Noreg.
SFT la i vår fram ein rapport som gir tilrådingar om korleis Regjeringa kan oppfylle målsetjinga i Soria Moria-erklæringa. Rapporten kjem med klare tilrådingar om føremålstenlege framgangsmåtar for å sikre auka bruk av biodrivstoff. Det er her tilrådd at det blir innført eit krav til oljeselskapa om at ein viss prosent av omsetninga av alt drivstoff skal vere biodrivstoff. Regjeringa vurderer å komme tilbake med eit slikt forslag. Det er viktig at selskapa allereie no får eit insitament til å blande inn biodrivstoff.
1. januar 2005 oppretta Noreg og EU klimakvotesystem. Enkeltelementa i det norske kvotehandelssystemet er i så stor grad som råd harmonisert med EUs system. Regjeringa har opna for at kvotedirektivet kan bli innlemma i EØS-avtala. Frå EUs side har dette vore ein føresetnad for å kople saman det norske kvotesystemet med kvotesystemet i EU. Regjeringa arbeider for at det skal bli mogleg å kople saman kvotesystema så snart som råd. Dette krev ei avgjerd i EØS-komiteen. Regjeringa arbeider no med å tilpasse kvotesystemet til forpliktingsperioden (2008-2012) under Kyotoprotokollen. Regjeringa har starta arbeidet med sektorvise klimahandlingsplanar. Arbeidet omfattar dei viktigaste sektorane for klimgassutslepp i Noreg, til dømes petroleumsektoren, samferdsel, industriverksemd på fastlandet, landbruk og avfall. Arbeidet skal føre til konkrete mål for utslepp og tiltak for kvar einskild sektor. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding med dei sektorvise planane i 2007.
Miljøverndepartementet og tidlegare Prosessindustriens Landsforening (PIL), no Norsk Industri, vart i 2004 samde om ei forståing for den delen av prosessindustrien som ikkje er omfatta av CO2-avgift. Denne forståinga omfattar avgiftsfrie utslepp frå heile prosessindustrien – både utslepp som ikkje blir omfatta av det tidlege kvotesystemet og utslepp som er omfatta, med unntak av gassraffineri og ilandføringsterminalar. Semja inneber at utsleppa frå denne delen av industrien skal reduserast med 20 pst. i høve til nivået i 1990 innan utgangen av 2007.
Miljøverndepartementet har inngått ei avtale med elektrobransjen om reduserte utslepp av SF6. Det vart innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK 1. januar 2003. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. Avgifta vart supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon. Refusjonsordninga trådde i kraft frå 1. juli 2004. Avgifta og refusjonsordninga skal saman bidra til å motverke at ozonreduserande gassar som blir fasa ut blir erstatta av klimagassane HFK og PFK, i staden for meir miljøvennlege alternativ. Sjå òg omtale under kapittel 1441 post 76 Refusjonsordningar.
Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og vere verdsleiande innafor utviklinga av miljøvennleg energi. I Soria Moria-erklæringa har regjeringspartia slege fast at energipolitikken skal byggje på at miljømåla vil bestemme produksjonsmoglegheitene, og at det er nødvendig å føre ein aktiv politikk for å avgrense veksten i energibruken. Regjeringa vil auke tilgangen på energi gjennom å satse på nye miljøvennlege energiformer. Enova SF skal medverke til å oppfylle nasjonale energi- og miljømål, og spelar gjennom tilskotsordningane sine ei sentral rolle i arbeidet med å auke bruken av ny fornybar energi. Regjeringa vil styrkje satsinga på fornybar energi. Kommunal- og regionaldepartementet arbeider med nye energikrav til bygningar. Eit framlegg som vart sendt på høyring i mai 2006 inneber om lag 30 pst. skjerping av energikravet i høve til dagens nivå.
Eit anna viktig område for Regjeringa er utvikling av teknologi som reduserer utsleppa av CO2 og andre klimagassar. 1. juli 2004 vart gassteknologifondet oppretta. Fondet blir forvalta av Gassnova som koordinerer statleg satsing og støtte til utvikling av miljøvennlege, framtidsretta og kostnadseffektive gasskraftteknologiar. Gassnova skal gi støtte til prosjekt som i utvikling ligg mellom forsking og kommersielle anlegg, t.d. pilot- og demonstrasjonsanlegg.
Målet er at CO2 frå Kårstø-anlegget skal fjernast innan 2009. I tilleggsbudsjettet (St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006)) har Regjeringa uttalt at den vil samarbeide med utbyggjarane av gasskraft om anlegg for CO2-fangst, og medverke økonomisk til at dette kan gjennomførast så snart som mogleg. Regjeringa ønskjer å opprette ei kjede for CO2 med tanke på at CO2 som blir separert frå store punktkjelder, f.eks. gasskraftverk, kan deponerast i geologiske strukturar under havbotnen på ein sikker og miljøforsvarleg måte eller nyttast til auka oljeutvinning. Regjeringa vil mellom anna medverke til kunnskapsutveksling om denne teknologien og arbeide vidare med å utvikle gode miljøvise rammer for slik lagring i nasjonale og internasjonale fora der spørsmålet blir diskutert, slik som i OSPAR og i Londonkonvensjonen. Ein viser elles til nærare utgreiing om verkemiddel knytte til energi og CO2-handtering i St.prp. nr. 1 frå Olje- og energidepartementet.
Lågutsleppsutvalet la frem si utgreiing 4. oktober 2006. Blant anna på grunnlag av konklusjonane til utvalet vil Regjeringa vurdere langsiktige nasjonale mål for reduksjon i klimagassutslepp.
Det er Regjeringas ambisjon at kommunane skal byggje opp igjen eigen kompetanse innafor natur- og miljøvern. Det er i dag til dels store skilnader mellom kommunane på dette området. I ein rapport frå 2005 utarbeid av Cicero på oppdrag frå Miljøverndepartementet, vert det vist eit vesentleg potensial for reduksjon av utslepp av klimagassar gjennom ein mer aktiv bruk av kommunale verkemiddel. Miljøverndepartementet tek sikte på å komme tilbake til dette spørsmålet mellom anna i stortingsmeldinga om sektorvise klimahandlingsplanar neste år. I 2006 starta Miljøverndepartementet eit arbeid med å vurdere om relevant lovverk og administrative ordningar i tilstrekkeleg grad tek omsyn til den klimapolitiske utfordringa. Regjeringa legg òg opp til eit breiare folkeleg engasjement i klimapolitikken. Ein klimainformasjonskampanje er tenkt inn i eit breiare informasjonsarbeid.
Den venta utviklinga i utsleppa gjer at Noreg må kjøpe kvoter gjennom Kyotomekanismane. På Finansdepartementet sitt budsjett er det satt av 100 mill. kroner til løyving og 100 mill. kroner i fullmakt til å inngå avtaler om kjøp av klimagasskvoter under Kyotomekanismane i 2007.
Regjeringa har styrkt og fokusert den nasjonale klimavitskaplege forskinga på område av spesiell verdi for Noreg. Satsinga er retta mot forskingsmiljø på eit høgt fagleg nivå, som gjennom kvalitet og val av fordjupingsområde kan få fram resultat av spesiell verdi for problemforståing og politikkutforming, både nasjonalt og internasjonalt. Bl.a. er forsking rundt den regionale klimautviklinga, arktisk klimaforsking og forsking på utvikling av strategiar for tilpassing til klimaendringar prioriterte.
Noreg har lange tradisjonar, høg kompetanse og eit særskilt ansvar for å vere eit føregangsland innan forvalting, forsking og samarbeid i nordområda. Arktisk Råds utgreiing om konsekvensar av klimaendringar for natur og samfunn i Arktis (Arctic Climate Impact Assessment, ACIA) vart lagt fram i Arktisk Råd hausten 2004. Studien syner at klimaendringane i Arktis allereie er ein realitet og at dei skjer raskare enn i andre delar av verda, noko som vil få alvorlege konsekvensar.
Regjeringa ser ACIA-studien som starten på eit langsiktig nasjonalt og internasjonalt arbeid for å betre kunnskapen om klimaendringar og prosessar i Arktis. ACIA-arbeidet vil bli ført vidare nasjonalt gjennom oppfølgingsprogrammet NorACIA. Målsetjinga for programmet er å gi ein heilskapleg analyse og vurdering av konsekvensane av klimaendringar i Noreg og tilrå tilpassingstiltak. Det skal lagast ein rapport som skal vere ferdigstilt i 2009. Formidling og rådgiving er andre viktige delar av programmet. Noreg vil òg arbeide for at det blir laga ei ny utgreiing av klimaendringar i Arktis under Arktisk Råd til 2010. Rapporten bør inkludere mogelege tiltak for tilpassing til klimaendringar og tiltak for å avgrense utsleppa av klimagassar i nordområda. I Soria Moria-erklæringa er det lagt til grunn at det skal lagast ei eiga utgreiing som ser på konsekvensane av global oppvarming for miljøet og naturressursane i Barentshavet. Regjeringa tek sikte på at det blir laga ei slik særskilt utgreiing som del av NorACIA.
Hovudvekta av klimaforskinga er samla i eit stort klimaforskingsprogram, NORKLIMA, som starta i 2004. Programmet dekkjer forsking både om klimaendringar og økologiske og samfunnsrelaterte konsekvensar av dette. Programmet omfattar òg forsking på tilpassingar til klimaendringar. Regjeringa vil leggje vekt på å spreie oppdatert informasjon om klimapolitikken og utviklinga i dei internasjonale klimaforhandlingane. Den faglege informasjonen om klimaspørsmål og prosjekt skjer gjennom SFT og andre direktorat. I tillegg blir det gitt støtte til CICERO, Senter for klimaforsking, for å styrkje informasjonsarbeidet på klimaområdet.
Tilpassing til klimaendringar
Miljøverndepartementet har saman med dei andre departementa starta arbeidet med å førebu ein strategi for tilpassing til klimaendringar i Noreg. Samfunnstryggleik og beredskap står sentralt i dette arbeidet. Miljøverndepartementet samarbeider derfor nært med Justis- og politidepartementet. Stortinget har bede Regjeringa setje i verk eit arbeid med å få oversikt over moglege konsekvensar av klimaendringar, og fremje ei sak for Stortinget om aktuelle tiltak for å avgrense effektane av klimaendringar innafor alle samfunnssektorar (Jfr. Oppmodningsvedtak nr. 75, 2004). Noreg har òg gjennom FNs klimakonvensjon forplikta seg internasjonalt til å utarbeide strategiar og gjennomføre tiltak for tilpassing til klimaendringar.
Klimaendringar vedkjem mange samfunnssektorar på nasjonalt og lokalt nivå. Dei ulike sektorstyresmaktene i Noreg har gjennom sitt eige lovverk ansvar for å tilpasse si eiga verksemd til dei utfordringane som følgjer av klimaendringar. Dei har òg ansvar for å skaffe seg nødvendig kunnskap om moglege konsekvensar av klimaendringar for si eiga verksemd. Fleire sektorstyresmakter har allereie arbeidd lenge med å tilpasse verksemda si til moglege klimaendringar, mens andre enno har ein del arbeid å gjere. Det gjenstår òg arbeid med å samordne kunnskap, utgreiingar og tiltak på tvers av sektorar.
Regjeringa tek effektane klimaendringar kan ha for samfunnet på alvor, og vil i 2007 styrkje arbeidet med tilpassing til klimaendringar. Miljøverndepartementet vil, saman med Justis- og politidepartementet, særleg leggje vekt på å betre samordninga på tvers av sektorane og forvaltningsnivå i tilpassingsarbeidet. Dette arbeidet vil bli lagt opp på ein måte som gjer det lettare å fremje og gjennomføre tiltak som vedkjem fleire sektorar. Det er òg lagt stor vekt på å innhente og formidle kunnskap og informasjon mellom aktørane. Regjeringa vil velje ein struktur på arbeidet som sikrar god og effektiv dialog og handling på tvers av sektorane og forvaltningsnivåa.
Miljøverndepartementet vil òg arbeide målretta med å vurdere sårbarheit og leggje til rette for tilpassingstiltak innafor sitt eige ansvarsområde. Endringar av klima har til dømes betydning for arealplanlegginga etter plan- og bygningslova. Farane for flaum, ras og sterk vind vil ha betydning for lokalisering av busetnad og infrastruktur. Det er derfor viktig at omsynet til samfunnstryggleiken i forhold til klimaendringar blir innarbeidd i arealplanlegginga i kommunane. Plikt til å gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalysar vil bli foreslått i ny plandel til plan- og bygningslova.
Etablering av verneområde er ein grunnpilar i arbeidet for å bevare det biologiske mangfaldet i Noreg. I arbeidet med å gjennomføre dei planlagte verneplanene vil det bli teke omsyn til klimaendringar, og det vil bli lagt vekt på å sikre tilstrekkeleg store område som, dersom det er mogleg, innneheld økologiske gradientar som gir ei ekstra forsikring for arter i eit endra klima.
Det er sett i gang ei evaluering av verneområde i Noreg, og Direktoratet for naturforvaltning vil òg vurdere kor robuste verneområda er i forhold til klimaendringar, og vurdere metodar for oppnå økologiske korridorar mellom utvalte verneområde.
Nye arter vil komme til Noreg som følgje av klimaendringar. Slike arter som vandrar nordover kan karakteriserast som nye arter, og må ikkje forvekslast med introduserte framande arter, sjå omtale i kap 5. Miljøverndepartementet vil følgje utviklinga og vurdere relevante forvaltningstiltak.
Auka CO2-konsentrasjon i atmosfæren medfører forsuring av havet. Dei økologiske verknadene av dette er lite undersøkte, men det er bl.a. venta at forsuringa kan ha innverknad på skaldanning hos korallar og skaldyr. Det er behov for meir kunnskap om verknadene og Noreg har sett fokus på desse problemstillingane i det internasjonale samarbeidet om klimaendringar og om vern av det marine miljøet, bl.a. i FNs Klimapanel (IPCC) og Konvensjonen om vern av det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR-konvensjonen).
Venta klimaendringar i kombinasjon med forureining vil truleg medføre auka miljøkonsekvensar på fleire måtar, bl.a. når klimaeffektane rammar eit allereie belasta økosystem. Auka nedbør og milde vintrar aukar tilførsla av forureiningar og næringsstoff. Kombinert med auka sommartemperatur i sjøen, kan dette slå ut arter som er følsame for temperatur og forsterke effektane av forureining. Mykje tyder på at det er klimaendringar kombinert med forureining som er årsaka til den sterke nedgangen i sukkertareskogen som er observert langs Skagerrakkysten og vidare opp til Hordaland. Dette kan få konsekvensar for det marine miljøet elles, fiskeressursar og kystsamfunn. SFT har i 2005 og 2006 arbeidd med å kartleggje omfanget av og årsakene til nedgangen i sukkertareskogen. Dette arbeidet vil bli styrkt i 2007, bl.a. med større fokus på kjeldene til problema og identifisering av moglege tiltak.
Auka frekvens av ekstreme nedbørforhold vil òg påverke avløpssystema og avfallsdeponi og medføre mogleg lokal forureining av resipientar. Det blir derfor arbeidd med kva ytterlegare krav som må stillast til infrastrukturen og oppfølging/overvaking for å redusere risiko for forureining.
Klimaendringar kan òg endre effektane både av langtransporterte og lokale luftforureiningar. Eksempel på dette er at konsentrasjonen av bakkenært ozon og partiklar i stor grad blir påverka av lokalklimatiske forhold og at endra temperatur-, vind- og nedbørforhold kan endre transportmønsteret for langtransporterte forureiningar og avsetninga av desse. Ny kunnskap på dette området vil igjen kunne få betydning for prioriteringane i det nasjonale og internasjonale arbeidet med å redusere luftforureiningar.
Regjeringa viser til Stortingets oppmodingsvedtak nr. 75, 2004 og gjer i det vidare greie for arbeidet med å kartleggje sårbarheit for klimaendringar og høve til tilpassingar i dei ulike sektorane.
Sårbarheit for klimaendringar i ulike sektorar og deira høve til tilpassing
1. Endra effektar av forureiningar
Klimaendringar i kombinasjon med forureining er venta å medføre auka miljøkonsekvensar på fleire måtar. Auka temperatur i luft og sjø, auka nedbør og frekvens av kraftige regnfall, auka stormfrekvens og endra vindforhold kan ha alvorlege miljøeffektar bl.a. ved at eksisterande miljøbelastningar blir forsterka. Når klimaeffektane rammar eit allereie belasta økosystem, kan det utløyse raske endringar som dels kan vere vanskelege å føreseie.
Auka nedbør og auka frekvens av kraftige regnfall er venta å auke avrenninga og tilførsla av forureiningar og næringsstoff. Dette kombinert med auka sommartemperatur kan forsterke effektane av forureining og eutrofiering i vassdrag og i sjøen. Eit eksempel på omfattande endringar er den sterke nedgangen i sukkertareskogen som er observert langs Skagerrakkysten og vidare opp til Hordaland. Dersom klimaendringar medfører endra vind og straummønster i havet eller langs kysten, kan dette òg medføre endringar i dei langtansporterte forureiningane (næringssalt, miljøgifter, partiklar) til norske hav- og kystområde.
Den aukande CO2-konsentrasjonen i atmosfæren medfører òg ei direkte forsuring av havet. Dei økologiske verknadene av dette er nærare omtalt under pkt. 2 Biodiversitet og habitat. Meir ekstremvêr kan gi auka frekvens av sjøsaltepisodar som verkar forsurande i vassdrag og kan gi fleire episodar med fiskedød (ein slik episode fann stad i januar 2005 i Mandalselva).
Klimaendringane kan endre forureiningssituasjonen på fastlandet og påverke den lokale luftkvaliteten ved at dei påverkar danninga og spreiinga av viktige forureiningskomponentar. Eit eksempel på dette er at konsentrasjonen av bakkenært ozon og partiklar i stor grad er påverka av lokalklimatiske forhold. Temperatur, nedbør og vindforhold er viktige drivande krefter mht. danning, levetid og spreiing av bakkenært ozon og partiklar, men verknadene av dette i Noreg er til no lite studert. I område der ein får tørre og varme somrar kan desse effektane potensielt gi ei kraftig forverring av forureiningssituasjonen, til dømes på kontinentet der den tørre og varme sommaren i 2003 medførte sterk auke i konsentrasjonen av bakkenært ozon. Også andre luftforureiningar kan bli påverka. Vidare kan endra temperatur-, vind- og nedbørforhold endre transportmønsteret for langtransporterte forureiningar og nedfallet av desse.
Generelt er det behov for meir kunnskap om årsak-verknadsamanhengar på alle dei områda som er nemnde ovanfor. Denne kunnskapen må komme gjennom forsking og overvaking. Det viktigaste tilpassingstiltaket vil vere å avgrense forureiningar til luft, sjø og ferskvatn, dels gjennom nasjonal innsats og dels gjennom styrkt internasjonalt samarbeid om tiltak for å avgrense utsleppa av langtransporterte forureiningar på dei respektive felta. Vidare vil utforminga av arealbruken bl.a. langs vassdraga og i landbruket vere viktig. Det er behov for forsking om moglege reparerande tiltak og høve til tilpassingar. Det kan vere aktuelt å vurdere tiltak for å redusere avrenninga bl.a. gjennom tiltak i landbruket, annan arealbruk og tiltak i dei store vassdraga for å redusere erosjonssituasjonar. Ein del av konsekvensane kan likevel vere umoglege å unngå utan at klimaendringane blir avgrensa.
2. Biodiversitet og habitat
Ulike klimaendringar er venta å ha mange påverknader på forskjellige naturtypar og habitat.
Terrestriske naturtypar
Endring av klima kan på lang sikt ha betydning for naturtypar, både i forhold til endring av naturtypar, men òg i deira fordeling i landskapet og geografisk. Endringar i klima, om det gjeld nedbørsforhold, temperatur eller vind, gir endra vekst- og leveforhold for plante- og dyrearter. Dei fleste arter vil respondere på klimaendringar med tilpassing eller flytting, mens i nokre tilfelle kan arter vere truga av utrydding, f.eks. dersom det ikkje finst eigna levestader å flytte til.
Oppvarming vil medføre auka innvandring frå sør av arter som bevegar seg nordover og frå lågareliggjande til høgareliggjande område. Uavhengig av type klimaendring avheng sjansen til å overleve for dei artene som blir pressa ut av eit område om det er eigna habitat å flytte til, og om det finst eigna flyttevegar. Pågåande endringar i bruk av areal og oppstykking av habitat kan gjere dette endå vanskelegare. Mot nord og mot fjellet kan det bli mangel på eigna habitat, og arter som er tilpassa slike leveområde risikerer å gå tapt.
Meir nedbør, som for store delar av vest-Noreg, vil i tillegg til å endre dei mikroklimatiske forholda til mange arter òg ha stor innverknad på avrenningsforhold og erosjon. Dette vil ha spesielt store effektar i samband med ekstremvêr (sjå meir under).
Basert på oppdaterte klimascenario er det rekna ut at 15-39 pst. av landlevende arter globalt sett er direkte utryddingstruga innan 2050. For Noreg vil truleg eit auka tal artar, ved auka innvandring frå sør, medføre ei stor endring av naturen. Det er god grunn til å tru at vedvarande og større klimaendringar vil kunne ha stor effekt på det biologiske mangfaldet og dei økosystemtenestene naturen leverer (mat, fôr, opplevingar/rekreasjon, vassreining, frøspreiing, pollinering etc.), både på sikt og i forhold til meir ekstremvêr. Nordgrensa for mange arter og populasjonar, naturtypar, driftsformer og tilhøyrande kulturmarkstypar finst i Noreg. Det gir oss eit internasjonalt ansvar for å forvalte dei på ein ansvarleg måte.
Endringar i vekstsesongens lengde og når våren kjem har spesielt stor og merkbar innverknad på naturen. Frå 1982 til 1999 er vekstsesongen generelt blitt lenger i Noreg, opp til 4 veker langs kysten. Tidleg start på våren medfører tidlegare vekststart, at trekkjande arter kjem tidlegare, og at blomstring eller egglegging skjer tidlegare for mange arter. Dei økologiske konsekvensane av dette er lite kjent. Nokre stader, i nord og i nokre fjellområde, har vekstsesongen blitt kortare, truleg pga. meir snø om vinteren som smeltar seint.
Små naturreservat vil vere langt meir sårbare for auka frekvens av ekstremvêr enn større reservat. Ekstremsituasjonar kan f. eks. blåse ned ein barskog. I utgangspunktet er dette ei naturleg hending og ikkje noko som har betydning for verneverdiar. Men mindre reservat som ligg som ei øy i eit kulturlandskap eller intensivt drive skoglandskap, vil vere sårbare for slike katastrofar då naturleg heimehøyrande arter kan få problem med gjenkolonisering. Større verneområde og/eller nettverk av mindre verneområde vil demme opp for eventuelle følgjer av hyppigare ekstremvêr.
Ferskvatn
Effekten av auka temperaturar på økosystema i ferskvatn vil vere auka overflatetemperaturar i innsjøane og kortare periodar med isdekke. Ein større del av innsjøane vil bli isfrie heile året. Elvane vil òg generelt få høgare vasstemperaturar. Dette vil påverke utbreiinga av arter ved at dei som er avgrensa av låg temperatur vil få nordgrensa flytt og gå lenger til fjells. Arter som vandrar inn sørfrå vil lettare kunne spreie seg til større område.
Eit forhold som kompliserer temperaturbiletet i ferskvatn er effekten av auka nedbør i høgfjellet og auka akkumulering av snø gjennom vinteren. Dette vil kunne forlenge «vintersesongen» i fjellet med lengre isleggingsperiode på innsjøar og elvar i høgfjellet. I låglandet kan dette føre til lengre periodar med tilførsel av kaldt smeltevatn og dermed lågare temperaturar i ein del elvar og innsjøar. Ein truleg konsekvens av klimascenaria vil òg vere større eutrofieringsproblem i ferskvatn i nokre område.
Marint
Havet vil i løpet av dette hundreåret endre seg signifikant som ei følgje av klimaendringar. Eit komplisert samspel av indirekte effektar på det marine miljøet og marine organismar vil finne stad via ei endring i havtemperatur, havnivå, vindpåverknad, endringar i avrenning frå landområde, utbreiing av is og moglege endringar i havstraumar og plassering av dei oseaniske frontane. Frontane fungerer som naturlege barrierar for fleire marine arter.
Temperaturauken dei siste åra har ført til mellombels eller permanent innslag av «nye» arter i farvatna våre. Frå 1970 til 2000 er det rapportert om minst 75 nye arter på norskekysten, og børstemarkane (polychaetene) og svampane dominerer. Det varmare klimaet har òg ført til innvandring av ei rekkje arter plankton som radikalt kan endre næringskjeda og næringsrunnlaget for fisk. Varmare vatn kan òg føre til at ein del av dei mange framande artene som blir spreidde med ballastvatn, og som tidlegare ikkje overlevde pga. kaldt klima, no overlever. Ein annan effekt av temperaturauke er endringar i utbreiinga av fiskebestandar. På den andre sida kan auka sommartemperatur i sjøen, kombinert med auka avrenning, både slå ut arter som er følsame for temperatur og auke eutrofieringa. Dette kan ha klare effektar for det marine miljøet.
Auka CO2-konsentrasjon i atmosfæren vil ikkje berre føre til auka temperatur, men òg til forsuring av havet. Sjølv moderat forsuring vil ha betyding for skaldanning hos ein serie marine organismar. Kalkskala kan bli tynnare eller dannast langsamare, eller ikkje i det heile teke. Organismar med kalkskal har vesentleg betydning for vertikal transport til djuphavet, og forsuring kan føre til at denne transporten blir redusert. Generelt kan strukturen av store marine økosystem komme til å endre seg.
Vidare har fleire organismar terskelverdiar for kva pH-verdi dei kan tole. Førebels er ikkje pH venta å bli så låg at det vil gi akutte problem for organismar som fisk, men egg og larver ser ut til å bli påverka.
3. Jordbruk
Ein moderat temperaturauke vil truleg ha positive effektar på produksjonen av visse avlingar fordi det vil forlenge vekstsesongen i store delar av landet. Forlenga vekstsesong vil gjere det mogleg å hauste meir varmekjære nyttevekstar (mais, større spreiing av kveiteproduksjon etc.). Det kan òg bli mogleg å introdusere nye grøder.
Men ein må òg vente at klimaendringar kan ha negative effektar for landbruket. Auke av kraftig nedbør kan gi problem f. eks. i samband med innhausting. Samtidig kan det gi problem med større avrenning og erosjon. Auka nedbør kan overskride evna i jordsmonnet til å absorbere fukt og dermed føre til tap av jordbruksjord og auka overflateavrenning.
Auka temperatur og nedbør kan òg gi auka problem med både eksisterande og nye skadedyr og plantesjukdommar.
4. Skogsbruk
Skogsbruket vil truleg ha fordel av klimaendringane ved at ein høgare konsentrasjon av CO2 i lufta og høgare temperaturar vil kunne auke produksjonen. Med ein temperaturauke på 3 °C er det estimert at skogsområde kan bli utvida 250 km mot nord og 500 m lenger opp over havoverflata. Eit varmare klima vil òg kunne endre samansetnaden av skogen. Dei artene som er mest tilpassingsdyktige vil vinne fram. Ei mogleg utvikling er at bartre vil erstatte fjellbjørk i lågare fjellområde, mens fjellbjørka vil flytte seg oppover.
Generelt vil både skogområde og produksjonen frå skogsbruk kunne auke som konsekvens av klimaendringar, men det kan òg bli auka problem med f.eks. øydeleggingar i samband med ekstremvêrsituasjonar, auka problem med skadedyr og sjukdommar. Skogbrukssektoren kan òg få problem med at nokre arter har vanskeleg for å tilpasse seg. På grunn av skogen si lange omløpstid, vil dagens val av treslag tole dei klimaendringane som vil komme dei næraste 70-100 åra. Skog som har vanskeleg for denne tilpassinga vil mellom anna innebere redusert trekvalitet. Klimaendringane kan òg medføre vanskelegare arbeidsforhold med mellom anna mindre snø og frost.
5. Fiskeri og fiskeoppdrett
Det er eit stort behov for ytterlegare forsking på konsekvensane av klimaendringar for fiskeria. Endringar i samansetnaden av arter i forskjellige havområde er moglege konsekvensar av ein temperaturauke med tilhøyrande endringar av næringskjeda i havet. I nokre område kan den kommersielle verdien av fiskeartene bli redusert, mens den i andre område kan stige. I tillegg til geografisk fordeling vil klimaendringar òg kunne påverke rekruttering og vekst hos fisk. Ein veit svært lite om kva betydning «nye» arter som blir introduserte på grunn av klimaendringar har for eit økosystem.
For fiskeoppdrettsnæringa er det mogleg at eit varmare klima kan gi grunnlag for oppdrett av nye arter med ein økonomisk gevinst. Områda som har dei mest optimale forholda for oppdrett av laks vil truleg forskyve seg nordover når temperaturen i vatnet stig. Samtidig er det ein risiko for at eit varmare klima vil føre til auka frekvens av giftige algar, nye parasittar og nye sjukdommar. Høgare frekvens av ekstremvêr kan òg eventuelt føre til auka problem med teknisk utstyr.
6. Infrastruktur og bygningar
Meir nedbør og høgare frekvens av ekstremvêr kan føre til høgare kostnader ved bygging, vedlikehald og reparasjon av infrastruktur og bygningar.
Den venta auken i nedbørsmengd og vind og meir hyppig ekstremvêr må takast med i planlegginga av nye bygningar og infrastruktur. Material og strukturar må vere dimensjonerte for at klimaet vil endre seg. Ved plassering av nye bygningar må ein eventuelt auka risiko for flaum og ras pga. av klimaendringar takast med i vurderinga.
Risikovurderingar for ras og flaum kan ikkje baserast på historiske data. Desse vurderingane må ta omsyn til dei venta endringane i klimaet.
Heller ikkje skredvarslingar kan lenger berre baserast på historiske data. Dei må ta i betraktning at klimaet er under endring. Vidare vil auka frekvens av flaum og sørpeskred kunne gi problem på nye stader. Dette inneber at utforming av sikringstiltak i framtida må gjerast med tanke på endringar i skredfrekvens og skredtype, samtidig som sikringstiltak som er bygde tidlegare kan vise seg å vere utilstrekkelege. Det vil òg kunne oppstå eit behov for oppdimensjonering av dreneringa. Auka risiko for ras og flaum vil òg føre til meir stenging av vegar og annan infrastruktur, som igjen kan føre til økonomiske tap. Enkelte mindre samfunn risikerer å bli isolerte i kortare periodar, spesielt i vinterhalvåret, fordi vegar må stengjast.
Vegdirektoratet har starta eit prosjekt til vurdering av konsekvensane av klimaendringar for vegsektoren. Dette vil i framtida få direkte innverknad på Vegdirektoratets retningslinjer for bygging, drenering og vedlikehald av vegnettet.
Jernbaneverket arbeider òg med å betre varslingssystema sine for ekstremvêr og rasfare. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) arbeider for å vidareutvikle sine simuleringsmodellar for flomvarsling og styrker innsatsen innan kartlegging av faresoner langs vassdrag. Disse gir viktig informasjon til plan- og bygningsstyresmakter og utbyggarar for å sikre mot underdimensjonering og feilplassering av viktig infrastruktur. NVE stiller krav til tryggleiken ved dammer og andre vassdragsanlegg og fører tilsyn med planlegging, iverksetting og drift av anlegga. NVE må kontinuerlig ta omsyn til den auka faren for hyppigare og større flaumar, samt fleire skred langs vassdraga i planlegginga av miljø- og tryggingstiltak.
Store delar av den norske kysten er òg sårbar for klimaendringar. Ei generell vasstandsheving vil ha betydning f.eks. i samband med dimensjonering av kronehøgder på moloar og høgda på kaianlegg. Bølgjeauke vil først og fremst ha betydning dersom høgare vasstand slepp større bølgjer mot konstruksjonar før bryting. Dessutan vil botntopografien sin innverknad bli endra når vassnivået aukar, noe som kan medføre høgare eller lågare bølgjer. Utrekna vasstandsauke og bølgjehøgd blir lagt inn i Kystverkets modellar for å ta omsyn til endringar i vassdjupner i skipsleier og kva effektar dette vil ha på bølgjene.
Ekstremvêr vil kunne vere ein risikofaktor for skipsfarten, bl.a. ved at fleire skip kan komme i vanskar. For å unngå kritiske situasjonar er vêrvarsling og bølgjevarsling viktig for drift av skipa. Jo betre denne varslinga er, desto betre høve har skipa til å unngå ekstremvêr.
Innan avløpssektoren kan auka frekvens av ekstreme nedbørforhold gi auka overvassvolum, og flaum kan setje reinseanlegg ut av spel. Krav til registrering av overløpssituasjonar i tettbygde strøk vil gi kunnskap om kor vidt dette fører til auka utslepp. Moglege tiltak er bl.a. auka separasjon av overvatn frå spillvatn og eigne infiltrasjonssystem for overvatn. For avfallsdeponia vil auka vassgjennomstrøyming som følgje av auka nedbør og kraftige regnfall kunne auka forureininga i sigevatnet. Det er til no ikkje stilt spesifikke klimakrav til deponia, men strengare krav til vasshushaldet, botntetting og reinsing av sigevatn vil gjere det lettare å ha kontroll på forureiningssituasjonen og vurdere behovet for ytterlegare reinsekrav. Deponi for spesialavfall kan bli påverka av meir ekstremvêr (springflod, stormar, auka avrenning).
7. Lokal planlegging, samfunnstryggleik og beredskap
Gjennom arealplanlegging etter plan- og bygningslova skal styresmaktene ta stilling til kva bruk som skal tillatast på eit areal og vilkåra for arealbruken. Endringar av klima kan bety større uvisse og behov for andre avgrensingar på kva slag bruk som bør tillatast enn det som er vanleg i dag. Endringar av klima har derfor direkte betydning for arealplanlegginga. Det er farane for flaum, ras og sterk vind som vil ha størst betydning for lokalisering av busetnad og infrastruktur.
Det er vidare svært viktig at omsynet til samfunnstryggleiken i forhold til klimaendringar blir innarbeidd i arealplanlegginga i kommunane. Plikt til å gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalysar vil bli foreslått i ny plandel til plan- og bygningslova.
Viktig for å lykkast i ein tilpassingsstrategi er å utvikle og utvide det planleggingsverktøyet vi i dag har.
Ansvaret for arealplanlegginga er i utgangspunktet tillagt kommunane. For å utøve ansvaret sitt er kommunane avhengige av tilgang på oppdatert informasjon om risikoen i aktuelle utbyggingsområde. Hovudutfordringa i forhold til planarbeidet er å få gjort den kunnskapen som finst tilgjengeleg på ein føremålstenleg måte overfor planstyresmaktene i kommunar og fylkeskommunar. Kommunane sit inne med mykje erfaringsmateriale på dette området, men er òg avhengige av ny kunnskap frå andre styresmakter med spesialkompetanse på området. Flaumsonekartlegging og kartlegging av område som er utsette for ras/skred er viktige tiltak for å gjere samfunnet meir robust i forhold til klimaendringar. Fylkesmennene vil ha ei særleg oppgåve i å formidle ny kunnskap til kommunane og varsle kommunane når dei får seg framlagt planutkast som ikkje tek nok omsyn til tryggleiken.
NVE har gjennom fleire år utvikla farekart for kvikkleireskred og flomsonekart (Program for økt tryggleik mot leirskred og Flomsonekartprosjektet). Endra nedbørsmønster som følgje av klimaendringar har òg auka merksemda om faren for flomskred innan faresonekartlegginga. Denne informasjonen er viktig for plan- og bygningsstyresmakter og utbyggarar i arealplanlegginga. NVE arbeider med å oppdatere og utvide sin rettleier for arealplanlegging i tilknyting til vassdrag og energianlegg. Rådgiving og rettleiing til kommunane om arealplanlegging, og bistand til planlegging og bygging av tryggingstiltak er viktige oppgåver for NVE.
Klimaendringar kan medføre utfordringar for brannvesenet og sivilforsvaret og deira evne til å handtere auka fare for skogbrann, og elektrisitetsvesenets evne til å handtere fleire skadar på tekniske anlegg. Redningstenestas kompetanse og utstyr må òg tilpassast ein auka frekvens av ekstremvêr. Det er behov for meir kunnskap og spreiing av informasjon om klimaendringar innafor både brannvesenet, redningstenesta, elektrisitetsvesenet og sivilforsvaret. Utstyr og ressursmengd innafor dei ulike etatane må tilpassast dei utfordringane som klimaendringane er venta å gi, bl.a. i form av meir ekstremvêr, auka skogbrannfare og fleire skadar på tekniske anlegg.
8. Sjøtryggleik og oljevern
Det har dei siste åra vore ein betydeleg auke i oljetransportane med skip frå Nordvest-Russland, og det er venta ytterlegare auke i denne transporten. Ein annan konsekvens er at om Barentshavet eventuelt blir isfritt i framtida, vil det medføre at Nordaust- eller Nordvestpassasjen vil kunne opnast for skipstrafikk store delar av året. Dette kan føre til ytterlegare trafikkauke, spesielt oljetransport. Det vil auke risikoen for oljesøl langs kysten og vil krevje betre beredskap mot ulykker og betre oljevernberedskap.
I lys av dette vil Regjeringa føre vidare arbeidet med førebyggjande oljevernberedskap og sjøtryggleik som det går fram av St.meld. nr. 14 (2004-2005) På den sikre siden – sjøsikkerhet og oljevernberedskap, og bl.a. etablere trafikksentral for Nord-Noreg som bl.a. vil bruke AIS (Automatic Identification system) og etablere seglingsleisystem utanfor territorialfarvatnet på strekninga Vardø-Røst. I tillegg kan Forsvarets overvakingsressursar og det at Forsvaret er til stades i nordområda auke samfunnstryggleiken, spesielt med tanke på miljørelaterte hendingar.
9. Energi og petroleumsverksemd
Endra temperatur- og nedbørsforhold vil særleg kunne påverke vassdraga og kraftproduksjonen, mens endringar i vind- og bølgjeforhold vil kunne få konsekvensar for petroleumssektoren.
Avrenninga vil truleg auke i det meste av Noreg, men endringane varierer med sesongane. Klimamodellar viser ein klar auke i vintervassføring, auka vassføring om våren, spesielt i høgtliggjande område, og redusert sommarvassføring. Endringane i årsfordelinga av tilsiget skuldast i hovudsak endringar i snømengd og smeltetidspunkt.
I det nordiske forskingsprosjektet Climate and Energy skal Sintef Energi AS køyre utrekningar for energiproduksjon for Norden. I eit tidlegare pilotprosjekt er det funne ein viss auke i energiproduksjonen og reduksjon av fyringsbehovet som følgje av høgare temperatur i scenarieperioden. Med auka vintertilsig og redusert fyringsbehov vil produksjon og forbruk kunne gå betre i takt enn før. Det må likevel påpeikast at variasjonane frå år til år vil vere minst like store i eit framtidig tilsigsregime som i dag, og at alvorleg tørke framleis kan skape problem for energiforsyninga.
Det er betydeleg større uvisse knytt til endringar i førekomsten av ekstreme situasjonar enn i år- og sesongmiddelverdiar. Scenaria indikerer fleire vinterflaumar i låglandet, og at det kan opptre flaum i dei fleste månader i året i mange vassdrag der det tidlegare typisk har vore ein eller to flaumperiodar. Vårflaumen vil komme tidlegare, og kan bli mindre enn før. Store flaumar vil framleis vere sjeldne.
Det er og vil framleis være relativt stor uvisse knytt til scenaria både når det gjeld års- og sesongavløp og frekvensen av og storleiken på flaum og tørke. For å minske sårbarheita er det derfor viktig å ta omsyn til denne auka uvissa.
Auka frekvens av ekstremvêr vil ikkje vere kritisk for petroleumsinstallasjonar offshore, då dei er dimensjonerte for å tole ekstreme vêrforhold. Men auka frekvens av ekstremvêr kan føre til hyppigare nedstenging av petroleumsproduksjonen, særleg på grunn av høge bølgjer. Dette gjeld spesielt nokre få botnfesta petroleumsinstallasjonar, der havbotnen søkk og risikoen for å få bølgjer på dekk er større. Stans i produksjonen gir auka kostnader og tap av inntekter. Auka frekvens av ekstremvêr vil ikkje ha konsekvensar av alvorleg karakter for petroleumssektoren.
10. Helse
Den største helsefaren ved global og lokal oppvarming er rekna å vere auka utbreiing av vektoroverførte sjudommar, dvs. sjukdommar som blir overførte av berarar som f.eks. mygg, flått eller sniglar. Den mest alvorlege vektoren for sjukdomsframkallande organismar i Noreg er skogflåtten Ixodes ricinus. Klimaendringar kan føre til utbreiing i nye område, under dette område som er tettare folkesette. Mildare klima kan føre til at det kjem fleire arter flaggermus til Noreg og dermed auke faren for spreiing av rabiessmitte.
Høgare temperaturar og fleire hetebølgjer kan endre dødstala. Ikkje akklimatiserte personar, eldre og svake er mest utsette ved hetebølgjer, særleg når desse kjem rett etter kjølige periodar. Nordmenn er derfor sårbare. På den andre sida er det tendensar til redusert dødsprosent ved mildare vintrar. Varmare klima vil truleg føre til netto redusert dødsprosent i Noreg.
Det er all grunn til å tru at ekstreme orkanar vil føre til meir ulykker og dødsfall i Noreg. Den auka risikoen for flaum gir òg auka risiko for blanding av kloakk og drikkevatn. Dette kan føre til oppblomstring av diverse infeksjonssjukdommar. Noreg har likevel fordel av eit sterkt helsevesen og gode varslingsrutinar.
11. Forsikring
Forsikringsnæringa kan bli påverka av klimaendringar dersom skadeomfanget aukar. Både kor ofte skadar skjer og omfanget av dei vil kunne få betydning for næringa. Skjer skadetilfella oftare kan forsikringsnæringa søkje dette dekt ved auke i premiar. Aukar skadeomfanget ved naturkatastrofar kan det oppstå behov for strukturelle endringar for å setje næringa i stand til å bere konsekvensane. Det vil kunne vise seg å vere behov for også å forsterke styresmaktenes rolle i å etablere mekanismar for føremålstenleg risikooverføring og leggje til rette for at det blir utvikla alternative mekanismar for risikooverføring.
12. Utanrikspolitikken
I utanrikspolitikken har arbeidet med tilpassingar til klimaendringar i første rekkje vore retta mot å bistå utviklingslanda i deira tilpassingsarbeid. Det har så langt vore avgrensa innsats på dette området, spesielt innan det bilaterale utviklingsarbeidet, og bistandsforvaltninga har avgrensa ressursar til slike formål. Dette heng bl.a. saman med at klimaarbeidet og tilpassingar til klimaendringar så langt ikkje har blitt særleg høgt prioritert i mottakarlanda. Med auka behov for klimatilpassingar i utviklingsland og utvikling av National Adaptation Plans of Action (NAPAs) i dei minst utvikla landa, vil venteleg fokuset på klimatilpassingar i bistandspolitikken auke. Noreg medverkar med betydelege midlar til tilpassingsaktivitetar via multilaterale kanalar, spesielt gjennom klimafonda under Klimakonvensjonen og Den globale miljøfasiliteten (GEF). Arbeidet med UNFCCCs femårige tilpassingsprogram vil truleg gi nyttig informasjon og forslag til tilpassingsstrategiar og tiltak.
Det trengst betre dokumentasjon/analysar av korleis klimaendringar vil påverke utviklingslanda, og kva slag førebyggings- og tilpassingstiltak dei enkelte landa og regionane treng å utføre. Det er òg behov for betre dokumentasjon/analysar av korleis klimaendringar vil påverke den generelle utviklings- og fattigdomssituasjonen i utviklingslanda, og av behov for tilpassingstiltak for å motverke skadar på miljø, folk (f.eks. helse) og økonomi (f.eks. infrastruktur), som igjen vil kunne medverke til redusert utvikling og auka fattigdom.
Tilpassingstiltak til klimaendringar er del av eit større bilete der støtte til berekraftig utvikling som tek omsyn til miljø, fattigdomsreduksjon og økonomisk utvikling inngår. Det betyr at støtte som først og fremst har som målsetjing å betre landbrukssystem, medverke til berekraftig forvaltning av naturressursar, osv. òg vil virke positivt i høve til tilpassing til klimaendringar. Noreg medverkar i dag til tilpassingstiltak i utviklingsland både gjennom multilaterale og bilaterale kanalar.
I nordområda er Noreg engasjert i eit breitt samarbeid mellom styresmakter, forskingsinstitusjonar og andre når det gjeld klimaendringar i nordområda. Arbeidet med ACIA-rapporten (Arctic Climate Impact Assessment) er eit godt eksempel på dette.
13. Arktis
Arktis spelar ei nøkkelrolle i det globale klimasystemet og er eit av dei mest følsame områda for klimaendringar. ACIA-rapporten viser at klimaendringane allereie er ein realitet i dette området. Temperaturauken i Arktis dei siste 50 åra er i gjennomsnitt omlag dobbelt så stor som den globale auken. Denne utviklinga er venta å halde fram. Området er spesielt sårbart, slik at klimaendringane vil ha store økologiske, sosiale og økonomiske konsekvensar.
Klimaendringar i Arktis fører til endringar i isdekke og havstraumar, som i sin tur vil påverke den globale klimautviklinga og forsterke oppvarminga. Den gjennomsnittlege utbreiinga av havis om sommaren er redusert med 15-20 pst. dei siste 30 åra, og denne reduksjonen er venta å akselerere. I yttarste konsekvens kan havisen i Arktis forsvinne heilt i sommarhalvåret innan utgangen av dette hundreåret. Dette vil ha dramatiske konsekvensar for urbefolkninga i desse områda, då det blir færre dyr å jakte på. Mindre sjøis kan føre til at enkelte arter blir utrydda. F.eks. er det lite truleg at isbjørn og ringsel vil overleve som arter dersom sommarisen blir heilt borte.
Klimaendringane fører til endringar i vegetasjon og artsmangfald. Økosystem på land og i havet flytter seg. Nye arter vil vandre inn mot område med temperatur og forhold dei er vant til, mens enkelte arter altså står i fare for å dø ut. Det finst ikkje kaldare område å flytte til. Fleire kystsamfunn i regionen vil bli meir utsette for storm og kraftige bølgjer. Auka erosjon kan forsterke skadane av ekstremvêr. Smelting av permafrost vil påverke bygningar, vegar og annan infrastruktur og skape nye utfordringar for lokalsamfunn i Arktis. Oppvarminga kjem truleg til å medføre auka transport av miljøgifter til området.
Mindre sjøis opnar nye hamner og skipsleier og vil gjere nye ressursar tilgjengelege (olje, gass, fisk, tømmer). Dette får i sin tur konsekvensar for internasjonal politikk, tryggleik, internasjonale marknader og miljøet. Smelting av permafrost vil påverke transportårer, bygningar og annan infrastruktur.
Urbefolkninga i Arktis står overfor store økonomiske og kulturelle endringar. Klimaendringar vil stille nye krav til overvaking og forvaltning av nordområda, inklusiv Svalbard, f.eks. innan ei næring som turisme.
Det er ingen tvil om at det er eit stort behov for utvikling av tilpassingsstrategiar og -tiltak i regionen innafor fleire sektorar og område. Under den norske formannskapsperioden i Arktisk Råd (2006-2008) vil dette bli lagt vekt på. Miljøverndepartementet har òg tilpassing som eit hovudpunkt i det nasjonale arbeidet med oppfølging av ACIA-rapporten, og finansierer utgreiingsprosjekt bl.a. innan vurdering av sårbarheit og tilpassingsbehov.
12.2 Nedbryting av ozonlaget
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av alle ozonreduserande stoff, bl.a. klorfluorkarbon (KFK), hydroklorfluorkarbon (HKFK), metylbromid og halon. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, bl.a. oppfølging av Montrealprotokollen.
Strategiske mål
Alt forbruk av ozonreduserande stoff skal stansast i tråd med Montrealprotokollen.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 12.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Nedbryting av ozonlaget
Nasjonale mål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
3.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff. | Status i det internasjonale arbeidet:
| |
4. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklorme tan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK). | 4.1. Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK. | Reell reduksjon i bruk av KFK og halon. |
5. Forbruket av metylbromid skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 2005. | 5.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU. | Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av metylbromid. |
6. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 20101. | 6.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU. | Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK. |
1 Målet er skjerpa som følgje av at Noreg har gjennomført EUs forordning av 2000 om stoff som bryt ned ozonlaget.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 3.1. Leie det norske arbeide med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.
Internasjonalt er ei av hovudutfordringane å leggje forholda til rette for at utviklingslanda kan bli i stand til å oppfylle forpliktingane sine under Montrealprotokollen. Ei anna hovudutfordring internasjonalt er å utvikle vidare regelverket for å sikre at mål og forpliktingar i protokollen blir effektivt oppfylte.
Det er eit problem at mange land som er partar til Montrealprotokollen, særleg u-land, ikkje har ratifisert alle endringane til protokollen frå 1990, 1992, 1997 og 1999. Det er derfor no diskusjonar om kor vidt ein kan finne måtar å modifisere protokollen på (for eksempel ved å inkludere nye ozonreduserande stoff), utan å gå vegen om lange nasjonale ratifikasjonsprosedyrar.
Arbeidsmåla 4.1. – 6.1. Leie det norske arbeidet med å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff og forbruket av desse.
Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) 2037/2000), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen. For metylbromid er EUs delmål at bruken skal reduserast med 75 pst. i høve til 1991-nivå innan 1. januar 2003 og 100 pst. innan 1. januar 2005. Bruken av HKFK skal reduserast med 70 pst. i høve til eit nytt basisnivå (som er lik HKFK-bruken i 1989 pluss 2 pst. av KFK-bruken i 1989) innan 1. januar 2004, 75 pst. innan 1. januar 2008 og 100 pst. innan 1. januar 2010.
Noreg ligg godt an til å nå utfasingsmåla for ozonreduserande stoff både under Montrealprotokollen og EU-forordninga. Noreg har ingen produksjon av ozonreduserande stoff. Dei ozonreduserande stoffa som blir brukte er importerte. Unntaket er karbontetraklorid som blir danna ved produksjon av vinylkloridmonomer som er eit mellomprodukt ved PVC-produksjon. Det blir importert små mengder KFK, teraklormetan (karbontetraklorid) og 1,1,1-trikloretan (metylkloroform) til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen. Det vart òg importert 11 kilo metylbromid og 270 tonn HKFK i 2005.
Noreg har i mange år vore i framkant av dei internasjonale føresegnene når det gjeld reduksjon i bruken av dei ozonreduserande stoffa. Målt i ozonreduserande effekt er norsk forbruk av ozonreduserande stoff redusert med meir enn 99 pst. i perioden 1986 til 2005.
Verkemiddel
Finansiering av resultatområde 7, underområde nedbryting av ozonlaget, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441.
Bakgrunnen for dei gode reduksjonsresultata for ozonreduserande stoff i Noreg er at det er teke i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som har verka styringseffektivt. Forskrifter, informasjon, frivillige tiltak og samarbeid mellom styresmaktene og bransjane har stått sentralt. Alle dei ozonreduserande stoffa i Montrealprotokollen er no regulerte gjennom forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing av bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta) kapittel 6.
Det nasjonale arbeidet er no retta mot kontroll av at føresegnene blir etterlevde, og overvaking av miljøsituasjonen. Noreg har sett i verk ei ordning med lisensiering for import og eksport av ozonreduserande stoff, slik det er lagt opp til under Montrealprotokollen.
12.3 Langtransporterte luftforureiningar
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. I tillegg omfattar det arbeidet med å betre miljøtilstanden, som f.eks. kalking. Meir enn 90 pst. av nedfallet av svovel og nitrogenoksid i Noreg kjem frå kjelder utanfor landegrensene. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Konvensjonen om langtransporterte grensekryssande luftforureiningar.
Strategiske mål
Utsleppa av svovel, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og ammoniakk skal reduserast, slik at påverknaden av naturen blir halden innafor kritiske belastningsgrenser (tolegrensene i naturen), og slik at mennesket si helse og miljøet ikkje tek skade, i tråd med artikkel 2 i Gøteborgprotokollen.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 12.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Langtransporterte luftforureiningar1
Nasjonale mål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindika torar |
---|---|---|
7.1. Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining med sikte på å hindre overskridingar av kritiske belastningar. | Del av økosystem i respektive Noreg og heile avtaleområdet som er verna mot overskriding av tolegrenser for forsuring, bakkenært ozon og overgjødsling. | |
8. Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2-utsleppa) skal maksimalt vere 22 000 tonn f.o.m. 2010. | 8.1.-11.1 Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel for reduksjon av nasjonale utslepp av SO2, NOx, VOC og NH3. | Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
9. Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje vere større enn nivået i 1987 (dvs. 230 000 tonn). | 9.1. Sjå ovanfor. | Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
10. Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (nmVOC) skal maksimalt vere 195 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje overstige nivået i 1988 (dvs. 252 000 tonn). Dei årlege utsleppa av nmVOC frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal ikkje overstige 70 prosent av nivået i 1989 (dvs. 191000 tonn). | 10.1. Sjå ovanfor. | Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
11. Dei årlege utsleppa av ammoniakk (NH3) skal maksimalt vere 23 000 tonn f.o.m. 2010. | 11.1. Sjå ovanfor. | Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
1 Alle resultatmål reflekterer dei plikter Noreg har teke på seg for dei omtalte stoffa i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen som Noreg har ratifisert, men som enno ikkje har trådd i kraft.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 7.1. Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining med sikte på å hindre overskridingar av kritiske belastningar.
Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Det vart vedteke ein protokoll om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon (Gøteborgprotokollen) under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining i 1999. 31 statar har underteikna protokollen, mens 20 partar har ratifisert den pr. 1. august 2006. Protokollen trådde i kraft 17. mai 2005, etter at 16 partar hadde ratifisert den.
Protokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Noregs plikter i høve til den nye protokollen er reflekterte i dei nasjonale måla. I 1985 var tolegrensene for forsuring av overflatevatn overskridne på 25 pst. av Noregs areal. Denne delen var redusert til om lag 13 pst. i 2000. Med full effekt av Gøteborgprotokollen vil område med overskridingar av tolegrenser for forsuring bli ytterlegare reduserte. Likevel vil tolegrensene vere overskridne på om lag 7-8 pst. av arealet i Noreg i 2010. Gøteborgprotokollen inneheld ei føresegn om at partane eitt år etter at protokollen trer i kraft bl.a. skal vurdere om forpliktingane er tilstrekkelege til å nå dei langsiktige måla om at forureiningane ikkje skal overstige tolegrensene i naturen for forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Ein treng omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden for å utvikle effektive internasjonale avtaler som byggjer på tolegrensene i naturen og kritiske belastningsgrenser for menneskeleg helse. Ved revisjon av Gøteborgprotokollen er det òg aktuelt å regulere landa sine utslepp av partiklar som medverkar til helseproblem. Arbeidet med den faglege vurderinga som skal danne grunnlag for ein mogleg revisjon av Gøteborgprotokollen pågår no. Norske fagmiljø og miljøforvaltninga deltek aktivt i dette arbeidet.
Arbeidsmåla 8.1.-11.1. Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel for reduksjon av nasjonale utslepp av SO2, NOx, VOC og NH3.
Det er ifølgje framskrivingane av utsleppa av svoveldioksid (SO2) rekna med at dei norske utsleppa utan nye miljøtiltak vil vere om lag 25 000 tonn i 2010. Utsleppa var 24 000 tonn i 2005. Dette er ein reduksjon på 4 pst. frå 2004. Noreg overheld den internasjonale forpliktinga for SO2 som går fram av svovelprotokollen frå 1994. For å overhalde forpliktinga i Gøteborgprotokollen innan 2010 må Noreg redusere utsleppa av SO2 med om lag 8 pst. i høve til 2005.
På bakgrunn av forpliktinga i Gøteborgprotokollen har Miljøverndepartementet og Prosessindustriens Landsforening (PIL), no Norsk Industri, inngått ei intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Då avtala vart inngått forplikta prosessindustrien seg til å redusere dei årlege utsleppa av SO2 med minimum 5 000 tonn. Prosessindustrien tok òg på seg å leggje fram konkrete forslag til korleis ein slik utsleppsreduksjon kan gjennomførast, og samtidig leggje fram forslag til korleis ein samla reduksjon på 7 000 tonn kan gjennomførast på ein måte som er kostnadseffektiv for Noreg. Utslepp frå den enkelte verksemda blir regulerte i utsleppsløyve frå SFT. Stortinget vedtok på denne bakgrunnen å fjerne avgifta for utslepp av SO2 frå bruk av kol og koks og frå raffineria frå 1. januar 2002. Det er venta at gjennomføring av avtala med Norsk Industri vil sikre at Noreg innfrir kravet i Gøteborgprotokollen om utslepp av SO2.
Framskrivingar viser at dei årlege utsleppa av NOx kan ventast reduserte til om lag 203 000 tonn i 2010 med dei tiltaka som er vedtekne til no. I 2005 var utsleppa av NOx 216 000 tonn. Dette er omlag same nivå som i 2004 og ligg 14 000 tonn under gjeldande internasjonale krav. For å innfri kravet i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av NOx med 28 pst. i høve til 2005. For NOx-utsleppa er bruken av verkemiddel i dag utforma med utgangspunkt i St.meld. nr. 41 (1994-95) Om Norges politikk mot klimaendringer og utslipp av nitrogenoksider (NOx). Utsleppa av NOxfrå køyretøy er regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krava er gjort strengare i tråd med utviklinga av EUs regelverk på området. Det vart i 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyretøy etter utsleppa av bl.a. NOx. Denne ordninga vart i 2006 utvida til å omfatte køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn. Låg-NOx-brennarar blir tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar på norsk sokkel der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg. Sjøfartsorganisasjonen i FN, IMO, har vedteke regelverk som set krav til NOx-utslepp frå skip som er bygde eller oppgraderte 1. januar 2000 eller seinare. Det er naudsynt med strengare verkemiddel for at Noreg skal overhalde NOx-krava i Gøteborgprotokollen; sjå nærare omtale under «Verkemiddel».
Dei samla norske utsleppa av VOC auka med 33 pst. frå 1990 til 2001. Frå 2001 til 2005 vart utsleppa reduserte med 43 pst. I 2005 var utsleppa av VOC 222 000 tonn. Forpliktinga vår under VOC-protokollen av 1991 tilsvarer 252 000 tonn. Dette inneber at Noreg i 2005 for første gong overheld denne forpliktinga. Noreg har i VOC-protokollen av 1991 ei særskilt forplikting til å redusere utsleppa av VOC frå fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegrad. Dette kravet ligg ein no an til å greie frå og med 2006. For å etterleve forpliktinga i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere dei samla utsleppa av VOC med 12 pst. i høve til 2005.
For å redusere utsleppa til eit nivå som er innafor det vi har forplikta oss til internasjonalt, er utslepp av VOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Noreg har gjennom forskrifter gjennomført eit EU-direktiv om å redusere VOC-utsleppa frå lagring og distribusjon av bensin frå terminalar til bensinstasjonar, eit direktiv om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og eit anna direktiv om VOC i maling og lakk. Desse krava vil venteleg føre til at Noreg oppfyller VOC-krava både i VOC-protokollen av 1991 og i Gøteborgprotokollen.
Utsleppa av ammoniakk i Noreg auka med om lag 13 pst. i perioden 1990-2005. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegs katalysator. Om lag 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite fram mot 2010 utan nye tiltak. For å innfri krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg frå 2010 halde dei årlege utsleppa av ammoniakk på same nivå som i 2005.
Verkemiddel
Finansiering av arbeidet under resultatområde 7, underområde langtransportert luftforureining, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441. Kostnadar til kalking blir dekte under kap. 1427.
Regjeringa vil føre vidare den aktive medverknaden frå Noreg si side i det omfattande internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet omfattar bl.a. overvaking, undersøkingar og analysar for å etterprøve at dei protokollane som allereie er i kraft har hatt dei venta miljøeffektane, og som grunnlag for forhandlingar om moglege nye protokollar. Dei nasjonale overvakingsprogramma, forskingsprogram under Noregs forskingsråd, og Miljøverndepartementets program Naturens tolegrenser, er sentrale for å leggje grunnlag for nye avtaler om langtransportert luftforureining. Miljøvernforvaltninga medverkar òg til å finansiere dei internasjonale programma under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining.
Som grunnlag for val av tiltak og verkemiddel for å overhalde Noregs plikter når det gjeld utsleppsreduksjonar analyserer miljøvernforvaltninga, i samarbeid med andre styresmakter, bl.a. potensialet for utsleppsreduksjonar ved ulike tiltak og verkemiddel, og kostnadar ved desse.
Som nemnt over er det naudsynt med strengare verkemiddel for at Noreg skal overhalde NOx-forpliktinga i Gøteborgprotokollen. I St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand vart det gjort greie for kva verkemiddel det er aktuelt å nytte for å innfri denne forpliktinga. Det vart lagt vekt på nye verkemiddel for å redusere NOx-utsleppa frå både nye og eksisterande skip i norsk innanriksfart og frå fiskefartøy, så vel som frå landbasert industri og energianlegga på sokkelen. Det vart òg lagt vekt på å gi gode insentiv på tvers av sektorar og å leggje til rette for fleksible løysingar ved gjennomføring av utsleppskrav.
Regjeringa legg stor vekt på at Noreg skal innfri NOx-forpliktinga innan 2010 og legg fram forslag om å innføre ei avgift på utslepp av NOxfrå 1. januar 2007, jf. St.prp. nr. 1 (2006-2007) Skatte-, avgifts- og tollvedtak frå Finansdepartementet.
Avgifta vil omfatte skip, luftfart og dieseldriven jernbanetrafikk med framdriftsmaskineri med samla installert effekt over 750 kW, motorar, kjelar og turbinar i energianlegg med effekt over 10 MW, og faklar. Avgifta vil bli foreslått geografisk avgrensa i tråd med Gøteborgprotokollen. Dette inneber f.eks. at utsleppa frå utanriks sjøfart og utanriks luftfart ikkje blir omfatta av avgifta. For utslepp som blir omfatta av avgifta, vil avgiftsnivået vere styrande for kva slag utsleppsreduserande tiltak som blir utløyste. Samla vil dette omfatte om lag 55 pst. av NOx-utsleppa. Regjeringa vil vurdere å setje grensene lågare over tid, bl.a. ut frå høvet til å dekkje ein større del av utsleppa. Ein vil òg leggje vekt på å motverke eventuelle tilpassingar til avgifta, og praktiske og administrative forhold.
Regjeringa legg vekt på at utsleppa av NOx også blir reduserte på den beste måten for samfunnet, og utan at den økonomiske belastninga for næringane blir unødvendig høg. Det blir derfor foreslått betydelege kompensasjonar til næringane som blir omfatta av avgifta. Sjå nærare omtale i dei enkelte departementas budsjett.
Regjeringa foreslår at avgiftssatsen blir sett til 15 kroner pr. kg NOx-utslepp frå 1. januar 2007. Statens forureiningstilsyns analyse av utsleppsreduserande tiltak indikerer at ein avgiftssats på dette nivået kan føre til utsleppsreduksjonar opp mot 25 000 tonn. Analysane kan derfor tyde på at det er behov for å auke satsen fram mot 2010 for å sikre at krava i Gøteborgprotokollen blir oppfylte. Regjeringa vil i seinare budsjett vurdere utviding av avgiftsområdet og behovet for satsendringar for å sikre best mogleg etterleving av våre forpliktingar. Regjeringa vil følgje utviklinga nøye for å sikre at avgifta og kompensasjonstiltaka medverkar til tilstrekkeleg måloppnåing og overgang til ny teknologi innafor dei aktuelle næringane.
SFT vil få nye oppgåver med å utvikle betre utsleppsfaktorar og medverke i arbeidet med verifikasjon og kontrollar av utslepp. Det er sett av ekstra løyvingar til dette arbeidet.
SFT arbeider no med å fastsetje krav til utslepp av NOx frå dei stasjonære kjeldene på land og offshore, i tråd med krava som følgjer av EUs direktiv om integrert forureiningskontroll (IPPC-direktivet). Regjeringa vil arbeide med sikte på å foreslå ei miljødifferensiering av årsavgifta for køyrety med tillaten totalvekt inntil 7,5 tonn i budsjettet for 2008. Ein tek sikte på å differensiere avgifta blant anna etter kva avgasskrav (Euro-krav) køyretya oppfyller. Vektårsavgifta, som gjeld for køyrety med tillaten totalvekt over 7,5 tonn, er allereie i dag differensiert blant anna etter Euro-krav.
Som det går fram av statusbeskrivinga har ein i hovudsak avklart kva for verkemiddel som skal nyttast for å overhalde forpliktingane for SO2, VOC og ammoniakk. Ein vil følgje utviklinga i utslepp av desse gassane og fortløpande vurdere om det er behov for endringar i verkemidla.
12.4 Lokal luftkvalitet
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere helseskadelege utslepp av dei stoffa som gir redusert luftkvalitet lokalt. Hovudkjeldene til slike utslepp er vegtrafikk og vedfyring, men andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.
Strategiske mål
Lokale problem med luftforureining skal førebyggjast og reduserast slik at ein tek omsyn til helse og trivsel for menneska.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 12.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Lokal luftkvalitet
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
12. Gjennomsnittleg døgnkonsentrasjon av svevestøv (PM10) skal innan 2005 ikkje overskride 50 g/m3 meir enn 25 dagar pr. år og innan 2010 ikkje meir enn 7 dagar pr. år. | 12.1.-15.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff. | Utslepp av svevestøv (PM10) og svoveldioksid (SO2) frå stasjonære kjelder. Betring av drivstoffkvalitetar. |
13. Gjennomsnittleg timekonsentrasjon av nitrogendioksid (NO2) skal innan 2010 ikkje overskride 150 g/m3 meir enn 8 timar pr. år. | ||
14. Gjennomsnittleg døgnkonsentrasjon av svoveldioksid (SO2) skal innan 2005 ikkje overskride 90 g/m3. | ||
15. Gjennomsnittleg årskonsentrasjon av benzen skal innan 2010 ikkje overskride 2 g/m3 som bybakgrunnsverdi. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 12.1.-15.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff.
Generelt er den lokale luftkvaliteten i Noreg god, men i nokre større byar og tettstader kan lokale luftforureiningar i periodar gi betydelege helse- og trivselsproblem. Målingar viser at det nasjonale resultatmålet for svevestøv som gjeld frå 2005 er overskride i fleire byområde i Noreg. Det vart registrert overskridingar i bl.a. Oslo, Trondheim, Drammen, Tromsø, Grenland, Lillehammer og Rana. Det kan òg vere andre, mindre byar som har overskridingar av nasjonale mål. Overskridingane skjer i hovudsak i område langs dei mest trafikkerte vegane. Nivåa for svevestøv vil bli reduserte fram mot 2010, men målet gjeldande for 2010 vil likevel bli overskride i mange byar og tettstader. Utrekningar viser at i 2003 vart rundt 230 000 menneske i Oslo utsette for konsentrasjonar som var høgare enn det nasjonale målet for 2010. Endå fleire vart utsette for forureining som kan gi helseverknader for spesielt utsette grupper. Det må setjast i verk ytterlegare tiltak for å nå dei nasjonale måla for svevestøv. Utsleppet av svevestøv (PM10) frå stasjonære kjelder (inkludert offshore) er redusert med 11 pst. mellom 1990 og 2004.
Konsentrasjonen av svoveldioksid og benzen i by- og tettstadsluft vil truleg vere innafor dei nasjonale måla i respektive 2005 og 2010. Det nasjonale målet for svoveldioksid for 2005 blir sett på som oppnådd i byar og tettstader, med unntak av nokre industristader. Utsleppet av SO2 frå stasjonære kjelder er redusert med 50 pst. frå 1990 til 2004. Då det framleis førekjem overskridingar av det nasjonale målet enkelte stader blir målet vidareført.
Vegtrafikk er den dominerande kjelda til lokal luftforureining. For NO2-konsentrasjonar i byar og langs vegar er eksosgassar frå vegtrafikk hovudkjelda. Likevel er utsleppa av NOx frå vegtrafikk redusert med 47 pst. frå 1990 til 2004 som følgje av innførte avgasskrav. Vegtrafikken er òg ein hovudbidragsytar til partikkelforureining gjennom eksosgassar og vegslitasje, men her kan vedfyring òg vere ei vesentlig kjelde. Gjennom nye krav til utslepp frå tunge køyretøy, kvaliteten på drivstoff og redusert piggdekkbruk er utsleppa av svevestøv frå vegtrafikken blitt reduserte med 39 pst. frå 1990 til 2004.
Fyring med ved er fleire stader ei vesentleg kjelde til luftforureininga (svevestøv), spesielt på kalde dagar om vinteren. Dette gjeld spesielt dei minste partiklane. Utslepp frå vedfyring auka med 6 pst. frå 1990 til 2004. Utsleppsveksten hadde vore høgare dersom ikkje stadig fleire skifter ut gamle forureinande omnar med nyare og meir miljøvennlege omnar. I tillegg til svevestøv medverkar vedfyring til utslepp av andre helseskadelege sambindingar. Utslepp frå store, stasjonære kjelder kan i dag føre til enkelte overskridingar av dei nasjonale resultatmåla.
Verkemiddel
Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med lokal luftkvalitet, og blir dekte under kap. 1441 og 1410. Resultat frå miljøovervaking blir nytta vidare i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og i dose-respons-samanhengar. Budsjettmidla blir òg nytta til å utvikle verktøy og metodar.
Føresegna om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale verkemidlet på området lokal luftkvalitet. I føresegna blir kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta set grenseverdiar for konsentrasjonane av ei rekkje stoff og set krav til målingar, utrekningar, tiltaksutgreiingar og rapportering. I tilknyting til føresegna følgjer det òg ein rettleiar. Det pågår eit oppfølgingsarbeid for å sikre at forskrifta blir etterlevd. Eit nytt EU-direktiv om tungmetall og PAH skal gjennomførast i forureiningsforskrifta og trer i kraft i 2007. EU ferdigstiller no ei samanslåing av ei rekkje luftkvalitetsdirektiv og skal i tillegg fastsetje ny regulering av svevestøv storleik PM2.5. Det er venta at direktivet skal gjennomførast nasjonalt i 2007.
Gjennom føresegna om kvaliteten på bensin og autodiesel til bruk i motorvogner i forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om avgrensing i bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og andre produkt (produktforskrifta), implementerer Noreg EU-direktiv på området. I 2005 vart det innført eit avgiftsinsentiv basert på svovelinnhaldet i drivstoff. Formålet var å få til ein rask overgang til svovelfritt drivstoff. Reduksjon av svovelinnhaldet medverkar til å betre luftkvaliteten og sikre full utnytting av ny og meir miljøvennleg teknologi. Avgiftsinsentivet har vist seg svært effektivt då drivstoff til veggåande køyretøy i hovudsak no er svovelfritt. Det blir no arbeidd med kvalitetskrava til anleggsdiesel.
Det er oppretta eit presssesenter på nettstaden www.luftkvalitet.info. Dagleg oppdaterte varsel om luftkvalitet skjer automatisk og er tilgjengeleg vederlagsfritt for radio, webbaserte medier og aviser. I tillegg er det etablert ein automatisk pressemeldingsgenerator som gjer det enkelt for kommunane å lage pressemeldingar om lokal luftkvalitet. Dette sikrar informasjon til befolkninga gjennom ulike medium. Det blir særleg satsa på å informere om luftkvalitet og tilgjengelege varslingtenester til spesielt sårbare grupper i befolkninga. Tiltaket er ledd i oppfølginga av Regjeringas handlingsplan for auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne.
Det blir vurdert nye kjelderetta tiltak, bl.a. blir det arbeidd med kvalitetskrava til anleggsdiesel. Vedfyring som kjelde til lokal luftforureining vil òg få vidare merksemd i 2007. Ytterlegare tiltak for reduksjon av utslepp frå vedfyring er under utgreiing.
Plan- og bygningslova er òg eit verkemiddel i samband med lokal luftforureining, fordi den kan nyttast til å påverke lokaliseringa av utsleppskjeldene, og til å regulere utnyttinga av omkringliggjande areal. I løpet av 2006 skal det utarbeidast grunnlag for eventuelle planretningslinjer for luft. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 7. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11.
12.5 Støy
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblema som gir negative helse- og trivselseffektar. Sentralt står òg arbeidet med å fremje stille (fråvere av støy) som miljøkvalitet. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.
Strategisk mål
Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 12.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Støy
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
16. Støyplaga skal reduserast med 25 pst. innan 2010 i forhold til 1999. | 16.1. Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy, gjennom bl.a. ved eigne verkemiddel å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt. | Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 16.1. Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy, gjennom bl.a. ved eigne verkemiddel å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.
Støy er blant dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for støy nær bustaden sin. Eit fleirtal av desse opplever å vere plaga av støyen, og rundt ein halv million personar er sterkt eller mykje plaga. Ifølgje dei nyaste støytala frå august 2005 utgjer støy frå samferdsel til saman opp mot 90 pst. av kartlagt støyplage, der vegtrafikk åleine står for nesten 80 pst., og tog og fly medverkar med rundt 4 pst. kvar. Til trass for at tala viser at det i perioden 1999-2003 har vore ein nedgang i støyplaga frå luftfarten på 22 pst. og frå jernbane på 20 pst., har det vore ein samla auke i støyplaga på ca. 2 pst. i same tidsperiode. Auken i støyplage skuldast i hovudsak auka vegtrafikk, men auka busetnad i trafikkerte område har òg medverka. Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innafor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.
Miljøvernstyresmaktene har eit koordinerings- og pådrivaransvar på støyfeltet, og følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøvernstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøvernstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportbaner og enkelte produkt. Industri- og næringsstøy utgjer ca 7 pst. av samla støyplage. Støyplagene frå skytebaner, motorsport og produkt utgjer til saman rundt 3-4 pst. av samla støyplage.
Då det nasjonale støymålet vart lagt fram i St.meld. nr. 8 (1999-2000) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand vart det bestemt at "det vil bli foretatt en evaluering og eventuell justering av målet i 2005 for å sikre at det er i tråd med hva som er et samfunnsøkonomisk og miljømessig fornuftig nivå". Dette evalueringsarbeidet starta i 2005 og er ikkje endeleg avslutta. Det er teke sikte på å leggje fram evalueringa i stortingsmeldinga om Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand våren 2007.
Verkemiddel
Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med støy, og blir dekte over kap. 1441, 1400 og 1410. Miljøovervaking er innhenting av tal over utslepp og andre miljødata, og blir nytta bl.a. i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og rapportering av resultat. Både utgreiingsmidlar og forskingsmidlar blir nytta for å utvikle vidare den nasjonale støymodellen for utrekning og oppfølging av støyplaga på tvers av kjelder. Forskings- og utgreiingsmidlar skal vidare medverke til kompetanseoppbygging i dei støyfaglege miljøa og i høgare utdanning, og til bidrag til EU-arbeid og internasjonale prosessar.
Kapittel 5 om støy i forskrift om avgrensing av forureining av 1. juni 2004 set krav til gjennomføring av utbetringstiltak for dei som er utsette for innandørsstøy over 42 desibel i gjennomsnitt over døgnet.
Støy frå bl.a. industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova. Lova om produktkontroll heimlar støykrav til produkt, og er nytta til å gi forskrifter om m.a. leiketøy, fritidsbåtar m.m.
Gjennom ein fornuftig arealbruk er Plan- og byggingslova det viktigaste verkemidlet for å førebyggje støyproblem. Plansystemet blir nytta til å bestemme lokaliseringa av støykjelder, og til å regulere utnyttinga av areal som ligg omkring kjeldene. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og hos statlege organ. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene.
Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 7. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
13 Resultatområde 8: Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda
Resultatområdet omfattar følgjande underområde:
Internasjonalt miljøvernsamarbeid
Miljøvern i nord- og polarområda
13.1 Internasjonalt miljøvernsamarbeid
Definisjon og avgrensing
Til resultatområdet høyrer å fremje norske miljøvernpolitiske prioriteringar og målsetjingar innafor det generelle internasjonale miljøvernsamarbeidet, og arbeidet med miljø- og utviklingsproblem innafor organisasjonar knytte til FN-systemet, særleg FNs miljøprogram (UNEP) og Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD), og i organisasjonar utanfor FN-systemet som EU/EØS, Nordisk Ministerråd, OECD og Verdas handelsorganisasjon (WTO). Resultatområdet omfattar vidare regionalt og bilateralt miljøvernsamarbeid. Internasjonalt samarbeid er òg omtalt under nord- og polarområda der dette naturleg høyrer heime. Internasjonalt arbeid retta mot dei enkelte miljøutfordringane er dekt under dei andre resultatområda.
Strategiske mål
Internasjonalt miljøvernsamarbeid skal medverke til å redusere globale miljøproblem og miljøskadar i Noreg som skuldast aktivitetar og utslepp i andre land, sikre ei berekraftig utvikling og betring av miljøtilstanden i nærområda våre og i u-landa, og sikre at internasjonale avtaler og regelverk gir rammevilkår som ikkje svekkjer den nasjonale miljøvernpolitikken.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 13.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Internasjonalt miljøvernsamarbeid
Nasjonale mål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Noreg skal arbeide aktivt for at EU/EØS-regelverket har eit høgt vernenivå på miljøområdet og medverke til ei berekraftig utvikling. | 1.1. Påverke utforminga av EUs politikk basert på ein brei prosess på område av stor betydning for Noreg, f. eks. i høve til klimaendringar, kjemikaliar og genmodifiserte organismar. | Gjennomslag ved hjelp av tydelege norske posisjonar brukt i ulike kanalar inn mot EUs avgjerdssprosessar. |
1.2. Sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket. 1.3. Medverke til miljøsamarbeid med dei nye medlemslanda i EU i samband med dei nye EØS-finansieringsordningane. | Få færrast mogleg rettsakter på ESAs resultattavle. Omfang, relevans og kvalitet av miljøprosjekt under ordningane. Relevant norsk miljøkompetanse blir utnytta. | |
2. Globale og regionale samarbeidsorgan skal utviklast til effektiv reiskap for berekraftig utvikling, for å oppnå globale og regionale miljømål og for effektiv oppfølging av internasjonale miljøkonvensjonar. | 2.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden ved å gjennomføre handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2005-2008. | Handlingsprogrammet blir gjennomført som planlagt. |
2.2. Arbeide for at OECD integrerer miljøomsyn i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling. | Utvikling av analysar/tilrådingar knytte til miljøintegrering og som kan nyttast på område som bistand, handel, investeringar etc. | |
2.3. Arbeide for at Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) byggjer internasjonal forståing for miljøets betydning for gjennomføring av tusenårsmåla og målsetjingane frå Johannesburg-toppmøtet og inspirere til handling internasjonalt. | CSDs bidrag til auka tilgang på rein energi, særleg til fattige. | |
2.4. Halde fram arbeidet med å styrkje UNEP politisk og finansielt gjennom oppgradering av UNEP til særorganisasjon på sikt, mellom anna ved å arbeide for ein styrkt vitskapskapasitet i UNEP og universelt medlemskap i UNEPs styre. Bidra til å operasjonalisere Bali-planen for kapasitetsbygging og teknologioverføring. | Styrkjing av UNEPs finansielle grunnlag og rolle i å setje den globale miljøpolitiske dagsordenen. Klargjering av UNEPs rolle vis-à-vis utviklingsaktørane. | |
3. Noreg skal arbeide for at avtaleverket innafor Verdas handelsorganisasjon (WTO), utviklinga av EU/EØS-regelverket og EFTAs tredjelandsavtaler gir rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og fremjar ei berekraftig utvikling. Noreg skal arbeide for at FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), FNs utviklingsprogram (UNDP), Verdsbanken og Verdsorganisasjonen for immateriell rett (WIPO) meir systematisk fremjar ei miljø- og berekraftig utvikling. | 3.1. Førebyggje at regelverket i WTO, EFTAs frihandelsavtaler og EUs indre marknad reduserer det handlingsrommet nasjonale miljøvernstyresmakter i dag har til å setje i verk nasjonale verkemiddel for å avbøte og førebyggje miljøskade. Det skal framleis vere likeverd mellom internasjonale miljøvernavtaler og andre internasjonale avtaler/ regelverk, under dette WTO. | Fortsatt likeverd mellom miljøvernavtalene og WTO-regelverket og ikke redusert handlingsrom for miljøvernpolitikken. |
3.2. Handelspolitikken skal utviklast vidare innafor ei ramme som tek omsyn til miljø og berekraftig utvikling. Verknadene av handelsregelverk/liberalisering skal vurderast. | Forslag og tiltak som vil betre miljøtilstanden. Bruk av miljøgjennomgangar. | |
3.3. Få omsynet til miljø- og berekraftig utvikling betre integrert i den ordinære verksemda i FAO, UNDP, Verdsbanken, WIPO m.fl., bl.a. gjennom oppfølging av Traktaten for plantegenetiske ressursar i FAO og utvikling av føresegner for betre vern av tradisjonell kunnskap i WIPO. | FAO: medverke til at landbrukets genressursar blir tekne vare på. WIPO: mindre konfliktar om patent på genressursar. UNDP/Verdsbanken: Bruk av miljøkonsekvensvurderingar og spesifikke miljøprogram. | |
4. Miljøomsyn skal integrerast i norsk utviklingsarbeid. Miljøretta bistand og anna samarbeid med utviklingsland skal medverke til å styrkje miljøvernforvaltninga og betre miljøtilstanden i samarbeidslanda og til å førebyggje globale miljøproblem. | 4.1. Arbeide for å styrkje samarbeidslandas institusjonelle evne til god miljøforvaltning og gjennomføring av miljøkonvensjonane. | Miljøforvaltninga yter fagleg støtte til institusjonsoppbygging og oppfølging av konvensjonane på miljøområdet i samarbeidslanda gjennom multilaterale og bilaterale kanalar. |
4.2. Arbeide for gjennomgåande integrering av omsynet til miljø i norsk utviklingspolitikk og samarbeid. | Miljøvernforvaltninga medverkar til å realisere handlingsplan for miljøretta utviklingsarbeidet. Miljøvernforvaltninga medverkar til at miljø- og naturressursforvaltning blir prioritert i samarbeidslandas eigne utviklingsstrategiar, gjennom dialog med utviklingsaktørar i Noreg og multilaterale organisasjonar. | |
4.3. Utvikle vidare miljøsamarbeidet med Indonesia, Kina og Sør-Afrika. | Det bilaterale miljøsamarbeidet vektlegg oppfølging av internasjonale miljøkonvensjonar og kompetansebygging i miljøforvaltninga. | |
4.4. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa innan FNs Økonomiske Kommisjon for Europa med særleg vekt på oppfølging av EECCA-strategien (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia). | Status i arbeidet med miljøstrategien for EECCA-landa. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Påverke utforminga av EUs politikk basert på ein brei nasjonal prosess på område av stor betydning for Noreg, for eksempel i høve til klimaendringar, kjemikaliar og genmodifiserte organismar.
Miljøforvaltninga arbeider breitt for å gjere norsk syn gjeldane tidleg på område som er særs viktige for Noreg. Noreg deltek aktivt i Kommisjonens arbeidsgrupper i medhald av EØS-avtala for å påverke nye rettsreglar som blir utarbeidde, utviklar innspel og har uformell kontakt med sentrale aktørar i EU-kommisjonen, Europaparlamentet og EU-medlemslanda omkring saker som er viktige for oss (klimaområdet, kjemikaliepolitikken og EUs marine strategi). Det er lagt stor vekt på god dokumentasjon av norske posisjonar og effektiv formidling av dette. Det er lagt større vekt enn før på konkrete tekstbidrag i riktig fase av regelutviklinga i EU, og på bilateral kontakt og alliansebygging i viktige saker.
Dei fleste direktiva gjeld forureiningsområdet. Miljøforvaltninga vurderer òg fortløpande rettsutviklinga på naturvernområdet i EU, sjølv om feltet ikkje er omfatta av EØS-avtala. Miljøforvaltninga har system for tidleg varsling av nytt regelverk og informasjon til allmenta på Internett og har teke initiativ for å fremje debatt om EUs betydning for norsk miljøpolitikk. Det er etablert ei EU/EØS-referansegruppe med deltaking frå næringslivet, partane i arbeidslivet, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar.
Departementet har òg medverka til å utvikle ein database med informasjonsnotat om dei enkeltvise EØS-sakene (EØS-notatbasen), som er i ferd med å bli opna for allmenta gjennom tilknyting til Regjeringas EØS-portal.
Arbeidsmål 1.2. Sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.
Ei rekkje rettsakter på miljøområdet er innlemma i EØS-avtala i 2006. Det er i denne samanhengen lagt stor vekt på å sikre ei rask og effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable. I tråd med målet har Noreg ingen miljøsaker på ESAs resultattavle.
Arbeidsmål 1.3. Medverke til miljøsamarbeid med dei nye medlemslanda i EU i samband med dei nye EØS-finansieringsordningane.
Miljø og kulturarv er dei viktigaste satsingsområda i EØS-finansieringsordningane. Ordningane er eit viktig middel for å medverke til gjennomføring av EUs regelverk og auka kontakt og dialog mellom Noreg og dei nye EU-landa. Miljø er prioritert i MoU-ane med mottakarlanda. Departementet har god dialog og samarbeid med miljøverndepartementa i mottakarland. Også frivillige miljøorganisasjonar har etablert gode kontaktar og utviklar no prosjektsamarbeid med enkelte land. Konferansar og prosjektutviklingsseminar innan kulturarv, forureining, biologisk mangfald og frivillig miljøvernengasjement har medverka til auka samhandling.
Arbeidsmål 2.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden ved å gjennomføre handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2005-2008.
Departementet har medverka til oppfølging av det nordiske miljøhandlingsprogrammet 2005-2008, som er miljøsektorens oppfølging av den nordiske strategien for berekraftig utvikling.
Arbeidsmål frå budsjettet for 2006: Gjennomføre norsk formannskap i Nordisk Ministerråd med særleg fokus på miljøproblema i Arktis og lokaldemokrati og medverknad i miljø- og berekraftarbeidet.
Norge har hatt formannskapet i det nordiske miljøsamarbeidet under Nordisk Ministerråd i 2006 og lagt særleg vekt på oppfølging av ein nordisk strategi for arbeidet med miljøgifter og klima i Arktis og lokaldemokrati og medverknad i miljø- og berekraftarbeidet.
Arbeidsmål 2.2. Arbeide for at OECD integrerer miljøomsyn i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling.
Berekraftig utvikling er nedfelt som ei sentral målsetjing for heile OECD-området.
OECD har vedteke ein miljøvernstrategi for perioden 2000-2010 som gir målsetjingar for miljøpolitikken i OECD-landa og nasjonale tiltak for å nå desse. OECD har særleg gjort relevant arbeid om forholdet mellom miljø og økonomisk vekst og bruk av indikatorar for å måle framsteg og betre grunnlaget for avgjersler. Eit OECD-møte mellom miljø- og utviklingsministrane våren 2006 innleia eit nærmere samarbeid om miljø i utviklingspolitikken.
Arbeidsmål 2.3. Arbeide for at Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) byggjer internasjonal forståing for miljøets betydning for gjennomføring av tusenårsmåla og målsetjingane frå Johannesburg-toppmøtet og inspirere til handling internasjonalt.
I perioden 2005-2007 er klima, energi, industri og luftforureining hovudtema for CSD. Dette har gitt høve til auka arbeid med og merksemd omkring den sentrale utfordringa det er å få til ei energi- og industriutvikling som er mest mogleg berekraftig på globalt nivå. CSD har òg medverka til eit felles faktagrunnlag om verdas energisituasjon som grunnlag for politiske vedtak i 2007, og som mellom anna skal auke dei fattige sin tilgang på energi i gavnlege former. Frå norsk side er det viktig å bruke CSD til å vise utviklingslanda at det både er mogleg å fremje vekst og motverke fattigdom utan å ofre miljøet, og at ei langsiktig positiv utvikling krev at miljøet blir teke vare på. Berekraftig produksjon og forbruk er i tillegg eit gjennomgåande tema i CSD og vil framleis vere eit viktig område for miljøforvaltninga.
Arbeidsmål 2.4. Halde fram arbeidet for å styrkje UNEP politisk og finansielt gjennom oppgradering av UNEP til særorganisasjon på sikt, mellom anna ved å arbeide for ein styrkt vitskapskapasitet i UNEP og universelt medlemskap i UNEPs styre. Bidra til å operasjonalisere Bali-planen for kapasitetsbygging og teknologioverføring.
FNs miljøvernprogram, UNEP, har sentrale funksjonar for overvaking og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar om miljøvernavtaler. Noreg legg vekt på å styrkje UNEPs rolle som FNs sentrale miljøautoritet og premissleverandør i globalt miljøarbeid i forhold til andre sentrale aktørar på området berekraftig utvikling, og ønskjer at UNEP på sikt skal omdannast til ein særorganisasjon under FN.
Miljøverndepartementet er involvert i arbeidet med neste utgåve av UNEPs store 5-årlege rapport, Global Environment Outlook (GEO-4). Rapporten skal lanserast i september 2007 og vil vere ein gjennomgang av status med omsyn til den globale berekraftige utviklinga, 20 år etter Brundtlandkommisjonens rapport Vår felles framtid. I samarbeid med UNEP er Tromsø utpeikt til hovudarena for den internasjonale markeringa av Verdas miljødag 5. juni 2007, der hovudtema vil vere globale konsekvensar av klimaendringar og spreiing av miljøgifter i dei polare områda.
Den viktigaste internasjonale ordninga for finansiering av tiltak for dei store konvensjonane er det globale miljøfondet GEF, der departementet samarbeider tett med Utanriksdepartementet om utvikling av regelverk og praksis. Etter særs vanskelege forhandlingar mellom givarlanda vart det i 2006 semje om overordna retningslinjer som sikra at GEF kan disponere ca. 3 milliardar USD i perioden 2006-2010.
Arbeidsmål 3.1. Førebyggje at regelverket i WTO, EFTAs frihandelsavtaler og EUs indre marknad reduserer det handlingsrommet nasjonale miljøvernstyresmakter i dag har til å setje i verk nasjonale verkemiddel for å avbøte og førebyggje miljøskade. Det skal framleis vere likeverd mellom internasjonale miljøvernavtaler og andre internasjonale avtaler/regelverk, under dette WTO.
I forhandlingsrunden i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) er miljø eit eige forhandlingstema der forholdet mellom WTO-regelverket og handelstiltak i miljøvernavtalene har høgast prioritet. Miljø er òg eit omsyn som skal integrerast i alle forhandlingsområde, og Noreg har bl.a. i forhandlingane om nytt regelverk på tenesteområdet arbeidd for å halde på det nasjonale rommet for miljøpolitikken. WTO-forhandlingane vart suspenderte i juli 2006 då medlemslanda ikkje lukkast i å komme til semje på landbruks- og industrivaresida. Avslutninga av Doha-runden er dermed utsett på ubestemt tid.
I samband med forhandlingar om frihandelsavtaler mellom EFTA-statane og tredjeland, bl.a. Thailand, er det viktig for miljøforvaltninga å sikre at reglane ikkje avgrensar nasjonale miljøtiltak og verkemiddel.
Regjeringa arbeider aktivt for å påverke EUs behandling av forslag til tenestedirektiv, og legg i samband med dette bl.a. vekt på at det høvet nasjonale styresmakter i dag har til å stille, føre kontroll med og handheve miljøkrav effektivt, ikkje må innskrenkast.
Arbeidsmål 3.2. Handelspolitikken skal utviklast vidare innanfor ei ramme som tek omsyn til miljø og berekraftig utvikling. Verknadene av handelsregelverket/liberalisering skal vurderast.
Verknadene av handelspolitikken både kva gjeld miljøtilstanden og rommet for verkemiddelbruk er usikre. I den regulære handels- og miljøkomiteen i WTO er miljøgjennomgangar av landas handelspolitikk eit rullerande punkt på dagsordenen. Fleire land har lagt fram erfaringane og resultata sine med miljøgjennomgangar på handelsområdet. I WTOs forhandlingsgruppe for handel og miljø går det føre ei arbeid for å finne fram til miljøvarer som skal nyte godt av tollreduksjonar og fjerning av handelshinder. Noreg har understreka i forhandlingane at eit eventuelt utfall må støtte opp under internasjonale målsetjingar og at liberalisering må medverke til reell miljøgevinst i alle land. Noreg ser det vidare som viktig å støtte krav frå utviklingsland om obligatorisk opphavsdeklarering i samband med patentsøknader på genressursområdet, og har fremja forslag i WTO om å endre TRIPS-avtala på dette punktet.
Arbeidsmål 3.3. Få omsynet til miljø- og berekraftig utvikling betre integrert i den ordinære verksemda i FAO, UNDP, Verdsbanken, WIPO m.fl., bl.a. gjennom oppfølging av Traktaten for plantegenetiske ressursar i FAO og utvikling av føresegner for betre vern av tradisjonell kunnskap i WIPO.
Verksemda i organisasjonar som FAO, UNDP, Verdsbanken mfl. kan ha betydelege effektar for miljøtilstanden. Departementet ser det som viktig å arbeide for at det er samanheng mellom arbeidet i dei multilaterale organisasjonane og prioriteringane i miljøkonvensjonane. Konkret har Noreg vore pådrivar for ei FAO-avtale som skal sikre at genmateriale frå dei viktigaste landbruksvekstane skal vere tilgjengelege for bevaring og berekraftig bruk. Avtala vart operativ etter vellykka sluttforhandlingar i juni 2006. Våren 2006 vart det òg vedteke å etablere eit globalt lager på Svalbard for å sikre slike landbruksfrø. Alle dei nordiske statsministrane la ned grunnsteinen i juni. Utanriksdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet samarbeider om prosjektet. Lageret skal etter planen opnast i 2007. I WIPO arbeider Norge for tiltak som skal redusere konfliktane knyttet til patent på genressursar og tradisjonell kunnskap. Uformelt møte om dette, med god nord/sør-balanse, vart arrangert våren 2006. Noreg medverkar til fokus på berekraftig utvikling i Verdsbanken, bl.a. gjennom det norsk-finske fondet for miljøvennleg og sosialt berekraftig utvikling. Miljøverndepartementet arbeider saman med Utanriksdepartementet i fleire prosessar om FN-reform med å sikre at verksemda i FNs utviklingsprogram, UNDP, og andre utviklingsaktørar byggjer opp under miljømåla og medverkar til å tryggje livsgrunnlag for varig utvikling.
Arbeidsmål 4.1. Arbeide for å styrkje samarbeidslandas institusjonelle evne til god miljøforvaltning og gjennomføring av miljøkonvensjonane.
Noreg har særskilte avtaler om miljøsamarbeid med Sør-Afrika, Kina og Indonesia. Desse landa har alle stor betydning for utvikling av global miljøtilstand. Styrking av samarbeidslandas kapasitet til å ivareta både langsiktige omsyn til miljøet og eigne internasjonale forpliktingar er ei sentral målsetjing i Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid.
Det er på oppdrag frå MD gjort ei utgreiing om korleis lokal naturforvaltning kan medverke til at internasjonale miljøavtaler og tusenårsmåla for å redusere fattigdom blir sette i verk. MD har òg halde ein internasjonal verkstad finansiert av Nordisk Ministerråd for oppfølging av Millennium Ecosystem Assessment på dette området.
Arbeidsmål 4.2. Arbeide for gjennomgåande integrering av omsynet til miljø i norsk utviklingspolitikk og samarbeid.
Miljøverndepartementet har arbeidd med oppfølging av St.meld. nr. 35 på miljøområdet, og samarbeidd med Utanriksdepartementet om handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Handlingsplanen har fire satsingsområde: berekraftig forvaltning av biologisk mangfald og naturressursar, forvaltning av vassressursar, vatn og sanitær, klimaendringar og tilgang til rein energi og miljøgifter. Planen peiker på kompetansebygging og utvikling av miljøstyresett og systematisk bruk av miljøkonsekvensanalysar som verkemiddel for sektorintegrering av miljø og i dialog med landa i utviklingssamarbeidet. Miljøforvaltninga har ei felles rammeavtale med Norad som heile utviklingsforvaltinga kan dra nytte av.
Arbeidsmål 4.3. Utvikle vidare miljøsamarbeidet med Indonesia, Kina og Sør-Afrika.
I miljøsamarbeidet med Indonesia blir samarbeidsprogramma avslutta ved utgangen av 2006. Det er inngått ei ny avtale om marin ressursforvaltning mellom Noreg og Indonesia. Utviklinga av ein ny fase i miljøsamarbeidet starta i 2006. I miljøsamarbeidet med Kina er nye fleirårige program og prosjekt starta med vekt på institusjonssamarbeid for å styrkje miljøforvaltninga på sentralt og regionalt nivå. Bevaring av biologisk mangfald, reduksjon av forureining og klimagassar og vassressursforvaltning er prioriterte. Det er òg lagt vekt på å fremje miljøteknologisamarbeid. Det er i 2005 inngått ei ny avtale om prosjektsamarbeid med Sør-Afrika. Samarbeidet er innretta på å byggje kapasitet i miljøvernforvaltninga. Prosjekt for reduksjon av forureining, bevaring av biologisk mangfald og godt styresett er prioriterte.
Arbeidsmål 4.4. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa innan FNs økonomiske kommisjon for Europa med spesiell vekt på EECCA-strategien (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia).
Miljøverndepartementet har i samarbeid med Utanriksdepartementet følgt opp arbeidet med miljøstrategien for EECCA-landa bl.a. ved å støtte fleire vassprosjekt i regionen, særleg i Sentral-Asia. Det gjeld bl.a. ein integrert vassressursplan i Kasakhstan og eit anlegg for drikkevatn i Tadsjikistan. Ein støttar òg fleire tiltak for å bevare biologisk mangfald, bl.a. eit prosjekt i grenseområdet mellom Georgia og Aserbajdsjan for å bevare særskilt verdifull skog. På Balkan har ein sett i gang fleire prosjekt om behandling av avfall.
Verkemiddel
Resultatområde 8 – under områda internasjonalt miljøvernsamarbeid blir hovudsakleg finansierte over kap. 1400 og 1410. Midlar til arbeidet innafor EECCA-landa, Balkan, bistand og støtte til at u-land kan delta på viktige miljømøte blir betalt av Utanriksdepartementet.
På EU/EØS-området er møte med EU-formannskap og med sentrale EU-land, Nordisk Ministerråd og nordiske «frukostmøte» i framkant av miljøvernministermøta i EU dei sentrale verkemidla på politisk plan.
Noreg deltek òg i EU-møte på departementsrådsnivå (EPRG), driv aktiv nettverksbygging på embetsmannsnivå og deltek i meir enn 50 ekspertgrupper på miljøområdet for å påverke utforming av EUs miljøpolitikk. Samla sett er dette eit omfattande arbeid.
Noreg vil dei neste åra yte store ressursar til dei nye EØS-finansieringsordningane, som skal fremje økonomisk og sosial utvikling i det utvida EU. Tiltak som betrar miljøet og kulturarven er prioriterte område. Departementet vil arbeide for at miljø òg blir eit prioritert område i Noregs framtidige avtaler med Bulgaria og Romania under EØS-avtala. Miljøverndepartementet samarbeider aktivt med dei nye EU-landa og Utanriksdepartementet om å leggje til rette for institusjonelt samarbeid og høg kvalitet og relevans på prosjekta. Det er utvekla prosjekt om kompetanseutvikling i forureiningssektoren og tilrettelegging av geografiske informasjonssystem for forvaltninga, begge med norsk medverknad (SFT og Kartverket). Det vil òg bli teke initiativ til samarbeid innafor områda biologisk mangfald og kulturminne.
For Noreg er det nordiske samarbeidetsærleg viktig både på politisk nivå, embetsmanns- og ekspertplan for å få betre gjennomslag i miljøarbeidet i EU, i internasjonale organisasjonar og internasjonalt miljøsamarbeid. På sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar har Noreg gjennom det tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve til å påverke det internasjonale regelverket i ei grad som ville ha vore vanskeleg for Noreg aleine. Under vårt formannskap i Nordisk Ministerråd i 2006 var dette område som fekk spesielt fokus, i tillegg til Arktis og lokaldemokrati og medverknad i miljø- og berekraftarbeidet.
Det vidare arbeidet i OECD med forholdet mellom miljø og økonomisk vekst er viktig for Noreg. Noreg vil medverke i arbeidet med å følgje opp OECDs miljøstrategi gjennom aktiv deltaking i OECDs miljøkomité og organisasjonens arbeidsgrupper. Vidare vil det vere viktig å få til ei betre integrering av miljø i utviklingspolitikken.
Når WTO-forhandlingane kjem i gang igjen vil departementet, gjennom nært samarbeid med Utanriksdepartementet, deltaking i WTOs forhandlingsmøte og alliansebygging med andre land, arbeide for løysingar som sikrar fleksibilitet for verkemiddelbruk i miljøvernpolitikken, sidestillinga mellom miljøvernavtalene og WTO-regelverket og reell miljøgevinst i arbeidet med «miljøvarer». Regjeringa prioriterer nye EFTA-frihandelsavtaler med bl.a. India, Japan, Kina og Russland. Særleg gjennom det interdepartementale arbeidet med utforming av norske posisjonar vil det bli arbeidd for å sikre rom for nasjonal verkemiddelbruk innan miljøpolitikken og at avtalene medverkar til berekraftig utvikling. Verksemda i organisasjonar som FAO, UNDP, Verdsbanken mfl. kan ha betydelege effektar for miljøtilstanden. Regjeringa vil arbeide for styrkt miljøintegrasjon i desse organisasjonane gjennom styrande organ og andre former for samarbeid. Både eigne miljøsatsingar og gjennomføring av strategiske miljøkonsekvensvurderingar av ordinær verksemd vil vere viktige tiltak. Etter at FAO-traktaten for plantegenetiske ressursar no har blitt operativ må fokus vere på ei gjennomføring som sikrar at desse genressursane i størst mogleg grad blir tekne vare på for framtida. I WIPO vil Noreg prioritere god nord/sør-dialog om patentering av genressursar og tradisjonell kunnskap for å finne samlande løysingar.
Regjeringa vil følgje opp arbeidet med ei FN-reform på miljøområdet. Ein vil særleg leggje vekt på å utvikle mekanismar som sikrar FN ei meir effektiv og heilskapleg tilnærming til miljøvern, bl.a. gjennom vidare å styrkje UNEPs rolle som sentral FN-autoritet innan miljøspørsmål. Deltaking i UNEPs Governing Council og norsk miljøråd i Nairobi er òg viktige verkemiddel.
Regjeringa vil fortsetje å arbeide for eit meir handlingsretta CSD (Kommisjonen for berekraftig utvikling) der landa, internasjonale organisasjonar og det sivile samfunnet samarbeider om oppfølging av berekraftig utvikling, FNs tusenårsmål og målsetjingane frå toppmøtet i Johannesburg.
For å finansiere formåla for dei globale miljøkonvensjonane gjennom det globale miljøfondet (GEF), vil dei tre viktigaste sakene framover vere å sikre effektiv bruk av midlane utan å svekkje høvet til å kunne gå inn i land med dårleg fungerande styre, å styrkje investeringane mot miljøgifter og avskoging og å utvikle vidare ordningar for samarbeid med organisasjonar og privat næringsliv. Samarbeidet med miljøstyresmaktene i andre land og deltaking i styremøta vil medverke til dette.
Der avtalene enno ikkje har nådd semje om sterke globale tiltak, samarbeider departementet òg nært med Utanriksdepartementet om støtte til kompetansebygging og initiativ i interesserte utviklingsland.
Miljøretta utviklingssamarbeid er eit sentralt verkemiddel for å støtte opp om utviklingslanda når det gjeld å gjennomføre nasjonale og internasjonale miljøforpliktingar og til å følgje opp målet om betydeleg reduksjon i tap av biologisk mangfald innan 2010, tusenårsmåla og handlingsplanen frå Johannesburg. Miljøverndepartementet vil bistå Utanriksdepartementet med å setje i verk handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Miljøverndepartementet vil óg utvikle vidare det potensiale konvensjonane har som reiskap for å redusere fattigdom og medverke til utvikling. Ei betre forvaltning av miljøet i utviklingsland vil førebyggje og avgrense naturkatastrofar, miljøskadar og konfliktar som rammer dei fattigaste hardast. Departmentet vil arbeide for at samarbeidslandas miljøforvaltning tek utgangspunkt i prinsippa for ei økosystembasert forvaltning. Departementet vil òg vise kva økosystemtenester og lokal forvaltning av naturressursane kan bety for å betre levekåra for dei fattigaste.
Miljøverndepartementet vil nytte landavtalene til å fremje politisk dialog og samarbeid om utvikling av miljøvernforvaltninga og miljøinstitusjonar generelt. Avtalene gir òg ein open miljødialog bl.a. i forhold til forhandling og gjennomføring av internasjonale miljøavtaler. Miljøforvaltninga yter fagleg støtte til institusjonsoppbygging og oppfølging av konvensjonane på miljøområdet i samarbeidslanda gjennom multilaterale og bilaterale kanalar. Erfaringane frå miljøsamarbeidet med Indonesia understrekar behovet for å styrkje miljøvernforvaltningas evne til å utøve sektoransvar for biologisk mangfald og fremje miljøomsyn i viktige sektorar. Dette kan være aktuelle samarbeidsområde i neste fase av miljøsamarbeidet i tillegg til ulovleg hogst og handel med tropisk tømmer og vektlegging av rettane til urfolk. Miljøsamarbeidet med Kina er høgt prioritet av Regjeringa og vil vere under utvikling i 2007. Noreg vil leggje vekt på ein tettare politisk dialog i samarbeidet. Viktige samarbeidsområde vil vere sektorintegrering av miljøomsyn, opplæring i industrikontroll og samarbeid med næringslivet, og klimaprosjekt. Samarbeidet med Sør-Afrika skal medverke til auka kompetanse og kapasitet i lokal og sentral miljøforvaltning. Den norske støtta vil medverke til å oppfylle mål i Miljø- og turistdepartementets strategi. Utvikling av fagleg samarbeid mellom norske og sørafrikanske institusjonar, auka regionalt samarbeid og auka deltaking av frivillige organisasjonar er viktige element i programmet.
Ei langsiktig oppbygging av miljøvernforvaltninga i landa på Balkan og dei såkalla EECCA-landa (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia) er ei viktig oppgåve for å oppnå miljøforbetringar. I eit all-europeisk miljøvernministermøte i Beograd hausten 2007 vil ein vurdere kor langt ein har komme i å oppfylle miljøstrategien for EECCA-landa og målsetjingane for vass- og sanitærtiltak frå toppmøtet i Johannesburg. Etter Noregs syn bør kapasitetsbygging vere av dei viktigaste tema i møtet. Noreg medverkar til å gjennomføre tiltak for å betre miljøsituasjonen i nokre utvalte land. Ein vil støtte fleire vassprosjekt på landsbygda i Sentral-Asia og samarbeide med miljøforvaltninga i Kasakhstan for å heve kompetansen generelt og særleg for å møte utfordringane innan miljøforsvarleg utvinning av olje i Det kaspiske hav.
13.2 Miljøvern i nord- og polarområda
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen, i Barentshavet, i Arktis elles og Antarktis med biland, medrekna det bilaterale samarbeidet med Russland. Det omfattar òg arbeid innafor relevante internasjonale fora som Arktisk Råd og Barentssamarbeidet. Resultatområdet omfattar i tillegg arbeidet med å førebyggje og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet.
Strategiske mål
Noreg skal, gjennom internasjonalt samarbeid, medverke til at miljøsituasjonen blir betra i Noregs nærområde i nord og i den arktiske regionen. Det overordna målet er å sikre ei berekraftig utvikling i desse områda. Dette inneber at dei store, samanhengande villmarksområda på Svalbard og i Antarktis, saman med kulturminna, skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknader. Svalbard skal framstå som eit av dei best forvalta villmarksområda i verda, og busetjingane skal drivast på ein miljøforsvarleg måte for å sikre miljø og trivsel. Noreg skal arbeide for at dei nordlege havområda blir tekne vare på som nokon av dei reinaste i verda, og bidra til at ressursutnyttinga skjer innafor rammer som sikrar at det biologiske mangfaldet blir teke vare på, blant anna gjennom strenge miljøkrav og høge standardar for all aktivitet i området. Noreg skal bidra til å redusere utslepp og risiko for utslepp av radioaktive stoff som kan føre til forureining av norsk miljø.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 13.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Miljøvern i nord- og polarområda
Nasjonale mål | Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|---|
5. Samarbeidet i Norden, i Noregs nærområde og i den arktiske regionen skal medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminne-verdiane i desse områda, og til å redusere og førebyggje grenseoverskridande forureining som kan påverke miljø, helse og næringsverksemd i Noreg. | 5.1. Medverke til å betre miljøsituasjonen i Noregs nærområde i Barentsregionen og i den arktiske regionen. | Aktivitetar som er sette i gang i arbeidsgrupper og program under Arktisk Råd på områda klima, miljøgifter og biologisk mangfald. Omfang av lokalt og regionalt samarbeid. Aktivitetar og prosjekt som er sette i gang under den norskrussiske miljøvern-kommisjonen på områda biologisk mangfald, vern av kulturminne og grensenært samarbeid. |
6. Samarbeid skal medverke til å setje styresmakter og næringsliv i Russland betre i stand til å få forsvarleg kontroll over eigne miljøproblem, og til å integrere miljøvernforvaltninga i Russland i internasjonalt og regionalt samarbeid. | 6.1. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland og styrkje miljøkompetansen i russisk forvaltning og industri. | Reduksjon i utslepp frå nikkelverket i Petsjenga. Talet på prosjekt i Nordvest-Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på prosjekt med norsk samarbeidspartnar. Økonomisk og miljømessig vinst i bedrifter som har gjennomført Program for Reinare Produksjon. Russisk forvaltnings tilrettelegging for meir berekraftig produksjon og forbruk. |
7. Utnytting av ressursane i våre nære arktiske havområde skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir truga eller utrydda. Bestandar av arter som i dag er rekna som truga eller på annan måte er negativt påverka av arealbruk, hausting og/eller forureining skal bevarast og om mogleg byggjast opp att. | 7.1. Styrkje samarbeidet om vern og forvaltning av Barentshavet. | Grad av felles problemforståing og felles forvaltningsprinsipp til miljøutfordringane i Barentshavet. Strenge krav til regulering og forureiningskontroll for å verne havmiljøet i Barentshavet. Russisk tilslutning til OSPAR-standardar. |
7.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter på Svalbard. | Bestandsstatus for utvalde arter. Talet på arter som har endra status på raudlista for Svalbard og Jan Mayen. | |
8. Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur på Svalbard skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad gjennom særskilde vernevedtak. Viktige marine naturverdiar rundt Svalbard skal sikrast. | 8.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda. | Omfanget av urørt villmark på Svalbard. Fråvær av gjennomgåande «linjeinngrep». Områdevernet sin representativitet og vernestatus. Talet på verneområde der vernevedtektene er oppgraderte. Omfanget av område med vernestatus. |
9. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart som eit vitskapeleg kjeldemateriale og eit grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 pst. årleg. | 9.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet. | Talet på og omfang av registrerte kulturminne og kulturmiljø. Gjennomsnittleg årleg tap av kulturminne i pst. Gjennomføring av tiltak i medhald av kulturminneplanen for Svalbard og miljøhandlingsplanen for Jan Mayen. |
10. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjonen eller forstyrre dyrelivet. Høvet til å oppleve naturen uforstyrra av motorisert ferdsel skal sikrast òg i område som er lett tilgjengelege frå busetnadene. | 10.1. Styre ferdsla på Svalbard. | Omfanget av motorisert ferdsel på Svalbard. Geografisk utstrekning av snøskuterfrie område. Ferdselsslitasje i utvalde område. |
11. Samarbeid med russiske styresmakter skal medverke til å redusere risikoen for radioaktiv forureining av norske land- og sjøområde for å unngå moglege konsekvensar for helse, miljø og næringsverksemd. | 11.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noregs nærområde. | Gjennomførte felles norskrussiske seminar/kurs om utgreiing av miljøkonsekvensar. Gjennomførte tryggingstiltak. Atomtryggleiks- og avfallssituasjonen i Nordvest-Russland. Status og planar for transport av radioaktivt materiale langs norskekysten. |
12. Utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder skal avgrensast til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet. | 12.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innafor relevante internasjonale fora. | Resultat frå overvakingsprogrammet. |
12.2. Arbeide for reduksjon av utslepp av produsert vatn frå oljesektoren. | Resultat av prosessen rundt oljeselskapas søknader til Statens strålevern om utsleppsløyve. | |
13. Tiltak skal gjennomførast der historisk forureining er identifisert, slik at inga folkegruppe blir utsett for større stråledosegrenser enn tilrådd som følgje av konsum av naturprodukt eller ved opphald i friområde. | 13.1. Kartlegge kjeldene og redusere utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet. | Samla utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 5.1. Medverke til å betre miljøsituasjonen i Noregs nærområde i Barentsregionen og i den arktiske regionen.
Noreg deltek aktivt i Arktisk Råd, og overtok formannskapet etter Russland i oktober 2006. Samarbeid om oppdatering av konsekvensane og utfordringane ved dei venta klimaendringane i Arktis og felles tilnærmingar til ei heilskapleg økosysembasert ressursforvaltning vil stå sentralt i det norske formannskapet i Arktisk Råd. Noreg finansierer storparten av sekretariatet til Arktisk Råds miljøovervakingsprogram (AMAP) og medverkar aktivt i overvakingsprosjekta under dette programmet. Noreg deltek òg i prosjektsamarbeidet under ACAP (Action Plan to Eliminate Pollution in the Arctic) som har som hovudmål å redusere faren for forureining av miljøgifter i Arktis. Noreg er ein viktig pådrivar og bidragsytar til eit større prosjekt i Russland under Arktisk råds program for bevaring av arktisk flora og fauna (CAFF), knytt til økosystemtilnærming og bevaring av biologisk mangfald i det nordlege Russland (ECORA). Hovudfinansieringa kjem her frå Den globale miljøfasiliteten (GEF), men det er òg store bidrag frå Noreg og nokre andre arktiske land.
Saman med lokalt og regionalt miljøvernsamarbeid i Barentsregionen utgjer arbeidet under den bilaterale miljøvernkommisjonen det viktigaste bidraget frå norsk side til Barentssamarbeidet på miljøområdet (jf. arbeidsmål 6.1.). Etter det 11. møtet i Den norskrussiske miljøvernkommisjon i 2005 står havmiljøsamarbeidet fram som det høgst prioriterte, jf. omtale av arbeidsmål 7.1. nedanfor. Andre sentrale samarbeidsområde er det grensenære miljøsamarbeidet, vern av biologisk mangfald og natur- og kulturforvaltning i Kenozero nasjonalpark. Programmet Reinare Produksjon og samarbeid på klima- og energiområdet er òg høgt prioritert. Det regionale miljøvernsamarbeidet mellom Finnmark fylke og Murmansk fylke rapporterer òg til miljøvernkommisjonen. Vidare er det eit nordisk samarbeid om prosjekt knytte til vern av område i Barentsregionen. Det blir lagt stor vekt på å stimulere og styrkje det regionale og lokale folk til folk-samarbeidet, under dette samarbeid mellom urfolk.
Arbeidet med oppfølginga av den nordiske handlingsplanen for vern av natur- og kulturminne i Arktis (Grønland, Island og Svalbard) er vidareført. Til saman ni prosjekt er gjennomførte.
Arbeidsmål 6.1. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland og styrkje miljøkompetansen i russisk forvaltning og industri.
Moderniseringsprosjektet for nikkelverket kom i gang i 2002. Prosjektet har blitt seinka i forhold til ferdigstilling som tidlegare var planlagt innan utgangen av 2006. I følgje NIB vil ikkje dette påverke utsleppsreduksjonane. Når moderniseringa er fullført i 2010 vil utsleppa av SO2 og tungmetall til luft vere reduserte med minst 90 pst.
Nordic Environmental Finance Corporation (NEFCO) er ein sentral samarbeidspartnar når det gjeld miljøprosjekt i Nordens nærområde, og har medverka til fleire miljøprosjekt i Russland og land rundt Austersjøen, bl.a. energiøkonomisering, overgang til bioenergi, og innsamling og destruksjon av miljøgifta PCB. Norske konsulentar og bedrifter medverkar i fleire av desse prosjekta.
Dei fleste store industrikombinata i Barentsregionen har delteke i program for Reinare Produksjon. Fleire investeringsprosjekt blir førte vidare under NEFCO-fondet for reinare produksjon. Opplæring etter miljøsertifiseringssystemet ISO 14001 med sikte på sertifisering er vidareført ved to bedrifter. I denne perioden har meir enn 1 800 ingeniørar i over 500 bedrifter i Nordvest-Russland fått opplæring i rein produksjon, miljøleiing og bedriftsøkonomi. Ei rekkje bedrifter som har gjennomført programmet har dokumentert betydelege miljø- og økonomiske gevinstar.
Arbeidsmål 7.1. Styrkje samarbeidet om vern og forvaltning av Barentshavet.
For Barentshavet vil framtidig utvikling når det gjeld utnytting av naturressursar i russisk farvatn og på russisk sokkel vere viktig. Transporten av oljeprodukt frå russisk side langs norskekysten har auka betydeleg frå våren 2002 og har dei siste par åra halde seg på ca. 25 transportar pr. månad. Gjennomsnittleg lastemengd pr. fartøy aukar, men transportert mengd ser no ut til å ha stabilisert seg. Denne transporten kjem frå produksjonen på land. Samtidig skjer det ein auke i olje- og gassleiting på russisk sokkel, mens produksjon på norsk sokkel frå Snøkvit-feltet snart er i gang. Det norskrussiske miljøvernsamarbeidet blir nytta som ein kanal til å skaffe og kvalitetssikre russiske data til bruk i arbeidet med den heilskaplege forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet, jf. verkemiddelomtalen under resultatområde 4. Forvaltningsplanen inneheld bl.a. tiltak for å sikre låg risiko for akutt oljeforureining, bl.a. gjennom påbodne skipsleier.
I den nye havmiljøgruppa under Den norskrussiske miljøvernkommisjonen vil det bli lagt hovudvekt på samarbeid om fagleg grunnlag for forvaltning av Barentshavet, miljøovervaking og miljødatasamarbeid, vern og forvaltning av biologisk mangfald og regulering og forureiningskontroll. Våren 2006 vart seminaret Konsekvensar av samla påverknad på økosystemet i Barentshavet arrangert i Moskva. Her vart den økosystembaserte tilnærminga i den heilskaplege forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet presentert for russiske styresmakter og fagfolk, som eit grunnlag for vidare samarbeid.
Det blir no laga eit arbeidsprogram for samarbeidet i 2007-2008 som skal leggjast fram på møtet i Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen hausten 2006.
Arbeidsmål 7.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter på Svalbard.
Formålet med forvaltninga av Svalbards fauna er å ta vare på mest mogleg av naturlege dyrebestandar. Dette inneber at jakt eller fiske ikkje skal påverke bestandane negativt. Svalbards dyreliv er derfor freda, men det er opna for avgrensa jakt og fiske på nokre få arter.
Det er ikkje påvist at den svært avgrensa haustinga av svalbardrein, polarrev og svalbardrype påverkar bestandane.
Ei rekkje dyrebestandar som tidlegare var truga som følgje av overbeskatning er gjennom vernetiltak restituerte eller i vekst. Det er mistanke om dramatiske endringar i bestandane av ismåke. Nærare undersøkingar går føre no. Kvalross har vore freda i 50 år. Bestanden er framleis liten, men synest å auke. Bestandsteljing av kvalross held fram i 2006.
Svalbardrøye er frå tidlegare kraftig nedfiska i fleire av vassdraga på Svalbard. Det er i 2006 teke initiativ til å vurdere ytterlegare tiltak for å hindre at fiske påverkar bestandane av svalbardrøye negativt.
Tilførslene av «gamle» miljøgifter som PCB og DDT synest å vere redusert noko dei seinaste åra, som følgje av mindre utslepp frå Europa. Nivået av PCB i isbjørn, sel og polarmåke ved Svalbard er likevel framleis blant dei høgaste i Arktis. Det er knytt særleg bekymring til utviklinga i bestandane av polarmåke som har stor miljøgiftbelastning. Situasjonen blir følgt nøye.
Det er generelt låge konsentrasjonar av tungt nedbrytbare organiske miljøgifter i sedimenta i fjordane utanfor Svalbards busetnader. PCB, HCB og PAH ligg i dei lågaste tilstandsklassane. Nivåa ved busetnadene er likevel høgare enn i fjerntliggjande område på Svalbard, og dette viser at lokale kjelder har sleppt ut miljøgifter. Mange av dei lokale tilførslene er stansa og arbeidet med å stanse tilførslene heilt er prioritert.
Det er òg registrert fleire «nye» miljøgifter i Arktis, for eksempel bromerte flammehemmarar. Dei fleste av desse nye stoffa er enno ikkje regulerte gjennom internasjonale konvensjonar som f.eks. Stockholm-konvensjonen (POPs). Nokre få har komme inn i OSPAR-arbeidet og i Nordsjødeklarasjonen.
Arbeidsmål 8.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.
Dei siste åra er det oppretta seks nye verneområde som sikrar nokre av dei biologisk mest produktive landområda på øygruppa. I tillegg er nye sjøområde inkludert i verneområda etter utvidinga av territorialgrensa frå fire til tolv nautiske mil. Til saman er ca. 65 prosent av landområda på Svalbard og 84 prosent av territorialfarvatnet verna.
Vidare er det starta eit arbeid med sikte på tiltak for vern av verneverdige fossil.
Arbeidsmål 9.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.
Det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne som stod i fare for å bli øydelagde bl.a. på grunn av aukande ferdsel. Det er òg sett i verk utvida vern av enkelte kulturminne som er sterkt utsette for slitasje.
I 2006 er det i tillegg utført vedlikehald og restaurering av ei rekkje freda bygningar i statleg eige i medhald av Kulturminneplan for Svalbard 2000-2010.
Det er òg etablert eit spesielt system for overvaking av nedbrytninga av arkeologiske kulturminne.
I 2006 vart Svalbardporten offisielt opna. Svalbardporten består bl.a. av Riksantikvarens og Sysselmannens magasin og verkstad for kulturhistoriske gjenstandar på Svalbard. I samband med dette er ei stor og interessant samling frå Smeerenburg-utgravinga overført frå Rijksmuseum i Amsterdam til magasinet i Svalbardporten.
Arbeidsmål 10.1. Styre ferdsla på Svalbard.
Ferdsel frå turistar og fastbuande har auka dei siste åra. Dette medfører utfordringar knytte til slitasje på natur og kulturminne og til forstyrring av dyrelivet.
Cruiseturismen har i aukande grad teke i bruk fjerntliggjande område nord og aust på Svalbard. I 2004 vart det sett i land nær 40 000 passasjerar på til saman 140 ulike stader på øygruppa, til dels på stader med sårbar fauna og kulturminne. Tilrådingane frå den interdepartementale arbeidsgruppa som har vurdert behovet for tiltak for å møte dei utfordringane som cruiseturismen og annan skipsfart fører med seg skal følgjast vidare opp. Styresmaktene arbeider no med forslag til endringar av verneforskrifta for Nordaust-Svalbard og Søraust-Svalbard naturreservat. Forslaga til endringar omfattar bl.a. krav til drivstoff som er teke med og som blir nytta om bord i skip, og forbod mot segling med begrensning på antall passasjerar, innafor dei to reservata.
Arbeidsmål 11.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noregs nærområde.
Noreg har dei seinaste åra vektlagt samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter i arbeidet med radioaktivitet i Nordvest-Russland. Noreg legg vekt på at miljøkonsekvensvurderingar må vere gjennomførte før ulike tiltak blir sette i verk, og at arbeidet blir planlagt på ei slik måte at risikoen for ulykker blir så liten som råd er. I tillegg ønskjer Noreg å medverke til kompetanseoverføring som set Russland i stand til sjølv å handtere utfordringane på grunnlag av den beste tilgjengelege kunnskapen og teknologien og å medverke til eit samfunn som handterer slike problem forsvarleg i framtida. Noreg arbeider for breiast mogleg internasjonal deltaking i dette arbeidet og for å spreie kunnskap om problema og hva som må gjerast for å løyse dei.
Arbeidsmål 12.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innafor relevante internasjonale fora.
Det er spesielt nedfall etter prøvesprengingar av kjernevåpen på 1950- og 60-talet og Tsjernobyl-ulykka som har medført radioaktiv forureining av norske landområde.
Konsentrasjonen av radioaktivt cesium i vegetasjon på utmarksbeite blir redusert svært langsamt, og dette fører til at fjell- og utmarksområda våre er svært sårbare for radioaktiv forureining. Enno 20 år etter kjernekraftulykka i Tsjernobyl blir det derfor gjennomført årlege tiltak i Noreg for å redusere innhaldet av radioaktivt cesium i kjøtt og mjølk frå utmarksbeitande dyr. Innhaldet av radioaktivt cesium-137 i ferskvassfisk er framleis 5-9 gonger høgare enn det var før Tsjernobyl-nedfallet. På grunn av kort fysisk halveringstid (ca. 2 år) er Cesium-134 no ute av økosystemet.
Dei siste åra er det registrert ein nedgang i konsentrasjonen av technetium-99 i blæretang langs norskekysten. Men overvakingsdata frå 2005 viser ein auke i konsentrasjonen i blæretang innsamla ved Utsira. Dette skuldast at utsleppa frå Sellafield i 2001 og 2002 var noko høgare enn dei tre føregåande åra. Det er venta at konsentrasjonane av technetium-99 frå 2007 igjen vil avta gradvis i marint miljø som følgje av at utsleppa vart betydeleg reduserte i 2004.
Arbeidsmål 12.2. Arbeide for reduksjon av utslepp av produsert vatn frå oljesektoren.
Utsleppa av naturleg førekommande radioaktive stoff oppløyst i produsert vatn frå norsk sokkel vart nyleg kartlagte. Utsleppa er lågare enn tidlegare estimat i EU-rapporten frå MARINA II-studien, men representerer likevel ei betydeleg kjelde i det marine miljø. Modellsimulering av utslepp frå norsk sektor indikerer at utslepp av produsert vatn må reduserast for å oppfylle OSPAR-strategien for radioaktivitet. Saman med bl.a. Storbritannia og Nederland har Noreg frå 2005 rapportert utslepp frå denne sektoren til OSPAR.
Arbeidsmål 13.1. Kartleggje kjeldene og redusere utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.
Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.
Når det gjeld nasjonale utslepp, har landbaserte kjelder liten innverknad. Det blir sleppt ut små mengder radioaktive stoff frå IFEs anlegg i Halden og på Kjeller og frå radioaktive kjelder ved bl.a. sjukehus.
Verkemiddel
Finansieringa av resultatområde 8, underområde miljøvern i nord og polarområda, er dekt over Norsk Polarinstitutts budsjettramme, jf. kap. 1471 og kap. 1472 – Svalbards miljøvernfond. Kap. 1400 inneheld òg budsjettmidlar som skal medverke til finansieringa av dette resultatområdet i 2007, blant anna blir det gitt tilskot til sekretariatsutgifter til «Artic Monitoring and Assessment program» (AMAP). Radioaktiv forureining er i hovudsak dekt over kap. 1410 og dekkjer bl.a. vidareføring av overvakingsprogrammet for radioaktivitet langs norskekysten og eit terrestrisk overvakingsprogram. Midlar til prosjektsamarbeid med Russland kjem frå kap. 0197 post 70 – Tilskot til atomtryggleikstiltak og samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa over Utanriksdepartementets budsjett.
Prosjektsamarbeidet med Russland, støtte til NEFCOs miljøutviklingsfond, til prosjekt under Arktisk råd og til NGO-samarbeidet med Russland blir finansiert over Utanriksdepartementets budsjett. Årleg løyving til NEFCOs grunnkapital er delt mellom Miljøverndepartementet (73 pst.) og Utanriksdepartementet (27 pst.). Noreg stiller til rådvelde eit tilskot på inntil 270 mill. kroner til moderniseringsprosjektet for nikkelverket i Petsjenga. Tilskotet blir administrert av Nordisk Investeringsbank, NIB. Norilsk Nikel låner tilsvarande beløp av NIB og medverkar med resterande, minst tilsvarande beløp i eigenkapital. Sverige medverkar med 3 mill. USD i tilskot. Det er avtalt å samarbeide med miljøvernforvaltninga i Russland om overvaking av miljøverknadene av prosjektet.
Miljøvernavtala og prosjektmidlane frå UD er viktige verkemiddel i miljøvernsamarbeidet med Russland. Arbeidet er leia av ein bilateral kommisjon på politisk nivå. Den nyetablerte havmiljøgruppa under Den norskrussiske miljøvernkommisjonen blir eit viktig verkemiddel for samarbeidet om miljøutviklinga i Barentshavet saman med oppfølginga av St.meld. nr. 8. (2005-2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, som Regjeringa vedtok i mars 2006. Informasjonsformidling i og om nordområda er eit viktig verkemiddel der Svanhovd miljøsenter har ei sentral rolle.
Eit viktig verkemiddel for miljøvernforvaltninga på Svalbard er miljøvernlova med tilhøyrande forskrifter som tok til å gjelde 1. juli 2002. Lova set klare rammer for all verksemd på øygruppa, og gir eit godt grunnlag for eit omfattande vern av natur og kulturminne på Svalbard, samtidig som det innafor ramma av lova er gitt rom for miljøforsvarleg busetnad, forsking og næringsdrift.
I tråd med Svalbardlova etablerte Miljøverndepartementet i 2005 Svalbards miljøvernfond. Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå eit gebyr for tilreisande til Svalbard som departementet med heimel i lov 15. juni 2001 nr. 79 (svalbardmiljølova) § 98 tek sikte på å setje i verk i løpet av 2007. I tillegg vil fondet bestå av midlar innkravde gjennom eit gebyr for kort og felling i samband med hausting. Krav om betaling av gebyr vart fastsett i forskrift om hausting på Svalbard 24. juni 2002 nr. 712. Vidare vil flora og fauna som er handtert i strid med lova, eller verdien av dette, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt tilfalle fondet. Fondsmidlane skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard, bl.a. kartlegging, overvaking og gjenoppretting av miljøtilstanden, skjøtsel og informasjons- og opplæringstiltak.
Departementet vil oppnemne eit styre for Svalbards miljøvernfond som skal fatte vedtak om tildeling av midlar innafor ramma av svalbardmiljølova. Vedtekter og retningslinjer for disponering midlane i fondet vil bli fastsette av departementet.
Andre verkemiddel som er tekne i bruk er velordna registrering og overvaking av sentrale miljøkomponentar og aktive vernetiltak gjennom bl.a. Miljøovervakingsprogrammet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ).
Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking er ein føresetnad for at Noreg skal kunne forvalte sine polare territorium på ein økologisk forsvarleg måte. Norsk polarforsking av høg internasjonal kvalitet er òg ein føresetnad for at Noreg skal kunne spele ei aktiv rolle i den vidare utviklinga av det internasjonale forskings- og miljøvernsamarbeidet i polarområda. Det blir henta inn viktig ny kunnskap gjennom forsking i regi av Norsk Polarinstitutt, andre forskingsmiljø og Noregs Forskingsråd.
Eit internasjonalt samarbeid for forvaltning av miljøet på Svalbard, knytt bl.a. til å verne trekkjande arter og hindre langtransportert forureining, er òg eit viktig verkemiddel.
Det blir kontinuerleg samla inn store mengder data om våre hav- og kystnære område i nord. Samtidig aukar behovet for miljøovervaking og kriseberedskap i samband med ulykker.
Informasjon er òg eit viktig verkemiddel for å spreie kunnskap om Regjeringas miljøpolitikk for Svalbard.
Gjennom ei samarbeidsavtale mellom Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet (no Helse- og omsorgsdepartementet) ved Statens strålevern, vart Strålevernet i 1999 formelt faginstans for Miljøverndepartementet på området radioaktiv forureining av miljøet. Avtala vart fornya hausten 2005. Dette sikrar at Miljøverndepartementets noverande og framtidige plikter på dette området vil bli ivaretekne på ein tilfredsstillande måte. Det behovet Miljøverndepartementet har for slik ekspertise vil truleg auke i åra framover bl.a. som følgje av auka fokus på utsleppa frå oljeindustrien og planar om transport av radioaktivt avfall i eller i nærleiken av norske farvatn. Det er òg generelt aukande internasjonalt fokus på vern av miljøet mot radioaktiv forureining. Det blir arbeidd aktivt med nye kriterium for utslepp og det er aukande satsing på forsking i moglege effektar på naturmiljøet som følgje av eksponering frå radioaktive stoff.
Informasjonsberedskap er svært viktig når det gjeld radioaktiv forureining. Statens strålevern har som faginstans på området hovudansvaret for informasjonsarbeidet.
Miljøforvaltninga i Antarktis har blitt styrkt ved at det er blitt fastsett eit Annex til miljøprotokollen under Antarktis-traktaten som regulerer ansvaret for miljøskade i Antarktis. I tillegg til å regulere eit generelt erstatningsansvar etablerer Annexet reglar om erstatning for ikkjeøkonomisk tap, og etablering av eit miljøfond.
14 Resultatområde 9: Regional planlegging
Definisjon og avgrensing
Programområdet omfattar planlegging og utgreiing etter føresegnene om planlegging og konsekvensutgreiing i plan- og bygningslova. Verksemda er kjenneteikna av at planlegginga skal vere eit sentralt verkemiddel for å fremje og sikre den utviklinga som kommunane og fylka ønskjer, både fysisk og økonomisk, sosialt og kulturelt. Samtidig skal planlegginga ivareta dei nasjonale og regionale interessene som bl.a. ligg i å sikre ei berekraftig arealforvaltning. Planlegginga må derfor vere sektorovergripande. Ansvaret for planlegginga ligg i hovudsak til kommunestyra og fylkestinga, men skal skje i nært samråd med statlege fagstyresmakter, organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar. Miljøverndepartementet er statleg planstyresmakt etter lova og har som oppgåve, i samarbeid med andre departement, å utvikle og formidle nasjonale mål for planlegginga i fylke og kommunar, arbeide med lov og forskrifter, behandle enkeltsaker og sikre riktig bruk av lov og plansystem gjennom rettleiing og opplæring.
Strategiske mål
Den regionale planlegginga skal medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levevilkår for ulike grupper innafor rammene av ei berekraftig utvikling. I planprosessane blir det lagt vekt på ei open haldning, innsyn og deltaking. Det er ei hovudutfordring framover å leggje til rette for at dei ulike sektorane tek plan- og bygningslova i aktiv bruk både på det kommunale og regionale nivået.
Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Forvaltninga av plandelen i plan- og bygningslova er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.
Tabell 14.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 9 Regional planlegging
Nasjonale resultatmål | Resultatindikatorar |
---|---|
1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga. | Talet på kommunar med kommuneplan/kommunedelplan, inklusive talet på år sidan vedtak. Talet på regulerings- og bebyggelsesplanar, av dette private planframlegg. Talet på kommunar med gjeldande plan innafor prioriterte område, m.a. universell utforming, biologisk mangfald, friluftsliv eller kulturminne1. Tidsbruk i plansaker i forhold til rammene i plan- og bygningslova1. |
2. Kommunal arealplanlegging skal skje innafor rammene av nasjonal politikk. | Talet på og typar formelle motsegner fremja i planprosessane, fordelt på motsegnsorgan og grunngiving. Talet på motsegnssaker avgjort av departementet og endringar gjort av eigengodkjende planar. Omfang av dispensasjonar som blir gitt innafor dei prioriterte områda. Endring i arealbruk knytt til dei ulike prioriterte områda. |
3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunanes fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling. | Talet på godkjende planar. Talet på fylke der regionalt utviklingsprogram (RUP) er integrert i fylkesplanen sitt handlingsprogram. Talet på fylkeskommunar med gjeldande fylkesplan eller fylkesdelplan med fokus (føringar) på universell utforming1. |
4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene. | Talet på godkjende fylkesplanar, fylkesdelplanar og interkommunale planar med konkrete retningslinjer for areal- og naturressursar og utbyggingsmønster. |
5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå underlagt folkevalt styring. | Gjennomførte forenklingstiltak i plan- og bygningslova. Formidling og rettleiing til kommune- og fylkesnivået, avklaring av tolkingsspørsmål. |
6. Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha god dokumentasjon av vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn. | Tidsbruk for KU-saker i forhold til dei rammer forskrifta set. Utarbeiding av KU i fylkes- og kommuneplanar. Kvaliteten på planprogram og på utgreiingar og vurderingar i planar (basert på stikkprøve). |
1 Resultatindikatoren er operativ fra og med 2007.
Statusbeskriving
Planlegginga etter plan- og bygningslova skal samordne den offentlege innsatsen mellom forvaltningsnivå, sektorar og næringar. Tilrettelegging for meir effektiv og brukarretta planlegging er eit sentralt mål. Utvikling av elektronisk saksbehandlingssystem basert på kart, areal- og miljødata, og forenkling av plan- og bygningslova er sentrale grep i denne samanhengen.
Resultatmål 1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga.
Kravet om ei berekraftig utvikling og demokrati viser behovet for kommuneplanen som strategisk plan for langsiktig utvikling av kommunen, både som samfunn og organisasjon. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. I takt med auka delegering av oppgåver til kommunane, aukar behovet for samla styring og samordning i kommuneplanen. Det er t.d. naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng.
Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Miljøverndepartementet samarbeider med fylkeskommunane, fylkesmennene og KS om bistand og oppfølging av kommunane, m.a. gjennom programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling, jf. resultatområde 11.
Som ledd i oppfølging av St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge (folkehelsemeldinga) er det etablert eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedirektoratet om eit utprøvingsopplegg i eit utval av kommunar om korleis plan- og bygningslova og planleggingsverktøyet kan takast i bruk for å forankre og styrkje folkehelsearbeidet. Samarbeidet blir ført vidare under den noverande Regjeringa og er organisert som eit prosjekt med forankring i Sosial- og helsedirektoratet. Det er etablert eit samarbeid med 8 fylke og 37 kommunar om utprøving og forankring av folkehelsetiltak i kommuneplanen. Våren 2006 er det òg etablert samarbeidsfora mellom fylkeskommunar og fylkesmenn for oppbygging av regional kompetanse. Det er i tillegg initiert samarbeid med 6 høgskular for å styrkje plan- og prosesskompetansen i helsesektoren.
Miljøverndepartementet følgjer opp Handlingsplanen for auka tilgjenge gjennom universell utforming på tiltak som gjeld planlegging. Ein førebur rikspolitiske retningslinjer for universell utforming, og i samband med revisjonen av plandelen i plan- og bygningslova vil ein sjå på korleis dette omsynet best kan ivaretakast. Frå 2007skal kommunane rapportere på universell utforming gjennom KOSTRA. Ei slik rapportering kan gi eit bilete av korleis kommunane handterer utfordringar knytte til både miljø, menneske og samfunn. Dei fleste kommunane har vedteke eigen arealdel til kommuneplanen og reviderer denne med jamne mellomrom. Mange kommunar har òg utvikla ein aktiv bruk av kommunedelplanar for enkelte tema eller geografiske område i kommunen. Ved gjennomføring av større byggje- og anleggsarbeid, og ved nærare avklaring av arealbruken i område som er avsette til utbygging ifølgje kommuneplanen, blir det utarbeidd reguleringsplanar. På dette området legg ein bl.a. vekt på å ta i bruk elektroniske verktøy, med sikte på ei meir effektiv plan- og byggjesaksbehandling. For nærare omtale sjå resultatmål 5.
Kommunane vedtok ca. 2 600 reguleringsplanar og bebyggelsesplanar i 2005. Av desse var ca. 1 900, eller 74 pst., fremja som private planforslag. I alt vart det vedteke 114 kommuneplanar eller kommunedelplanar for arealbruk, og 144 tematiske kommunedelplanar eller samfunnsdel av kommuneplanar i 2005. Av dei 365 kommunane som opplyser at dei har ein vedteken kommuneplan med samfunnsdel, har 172 eller 84 pst. vedteke planen i år 2002 eller seinare. Det er 403 kommunar som har rapportert å ha vedteke arealdel til kommuneplanen. Av desse er 220 eller 93 pst. vedtekne etter år 2002. Tala viser at eit stort fleirtal av kommunane har ei aktiv kommuneplanlegging, både for arealbruken og for den langsiktige samfunnsutviklinga.
Resultatmål 2. Kommunal arealplanlegging skal skje innafor rammene av nasjonal politikk.
For å sikre nasjonale og viktige regionale interesser har statlege fagstyresmakter og fylkeskommunen rett til å fremje motsegn mot kommunale planar. I slike tilfelle kan ikkje kommunen sluttbehandle planen utan at planen blir endra, eller at ein gjennom dialog kjem fram til ei akseptabel løysing. I dei fleste tilfella skjer ei slik avklaring lokalt. Dersom dette ikkje er tilfelle, skal saka avgjerast i Miljøverndepartementet.
F.o.m. 2004 rapporterer kommunane alle planar med motsegn i KOSTRA. Av i alt 265 kommuneplanar og kommunedelplanar for areal som vart sende på høyring i 2005, vart det fremja motsegn mot 86 planar, eller om lag ein tredel. Av i alt ca. 2 800 regulerings- og bebyggelsesplanar vart det fremja motsegn mot 513 planar, eller 18 pst. Tala viser at viktige konfliktspørsmål knytte til arealbruken ofte kjem opp i kommuneplanens arealdel, derfor er òg talet på motsegner høgare her. Dette er i tråd med Regjeringas mål om å styrkje kommuneplanen som arena for langsiktig og heilskapleg arealavklaring i kommunane. Dei viktigaste grunngivingane for motsegner mot kommuneplanane er naturvern, friluftslivs- og landskapsinteresser, utbyggingsmønster (m.a. areal- og transportspørsmål), strandsone, jord- og skogbruk og kulturminne. Dei same tema går igjen i reguleringsplanane, men her er òg forureining/støy og transportspørsmål viktige tema.
Talet på saker som Miljøverndepartementet behandlar er nokså stabilt frå år til år. I 2005 fatta departementet vedtak i 43 slike saker, eller om lag 2 pst. av talet på vedtekne planar. Dei fleste motsegnene som blir fremja, blir altså løyste lokalt gjennom planprosessen. Plansystemet ser no ut til å vere godt innarbeidd i kommunane, fylkeskommunane og hos statlege styresmakter. Motsegnssystemet ser ut til å sikre nasjonale og viktige regionale interesser samtidig som prinsippet om kommunal avgjerdsmynde er sikra.
I saker der kommunale vedtak blir overprøvde er det viktig å understreke den klare føresetnaden at fylkeskommunens eller statens standpunkt skal ha forankring i viktige regionale eller nasjonale interesser. Desse kjem m.a. til uttrykk i St.meld. nr. 21 (2004 – 2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, der det er gitt retningsliner for:
Arealbruk og utvikling i fjellområda med vekt på kultur- og naturressursar, friluftsliv og næringsutnytting
Sikring av miljøkvalitetar og verdiar i landskapet
Sikring av villreinens leveområde
Reduksjon i omdisponering av verdifulle jordressursar
Samordna planprosessar for vindkraft
Bevaring av strandsona som verdifullt natur- og friluftsområde
Heilskapleg arealpolitikk for vassdraga
Planlegging av fritidsbustader med vekt på landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk
Vektlegging av god stadforming, miljøvenleg transport og gode, tilgjengelege uteareal i byar og tettstader
Sikring av trygge og gode leike- og uteareal ved bustader, skular og barnehagar
Gjennom departementets avgjerder i motsegnssakene blir gjeldande arealpolitikk konkretisert og formidla når det gjeld viktige nasjonale spørsmål.
Fjell- og utmarksområda er ein stor ressurs for nyskaping og næringsverksemd i bygdene. Auka næringsbruk gir behov for langsiktig og samordna arealplanlegging, der grensene for utbygging av fritidsbustader og reiseliv, vegar, ferdsel osv. blir trekte. Dette krev ofte interkommunalt og regionalt samarbeid. Miljøverndepartementet ser kommunal planlegging som viktig for å løyse dei langsiktige utfordringane som er knytte til berekraftig bruk og utnytting av fjellområde, og på den naudsynte samordninga mellom verneplanar og planlegging etter plan- og bygningslova. Arbeidet med regionale planprosessar for fjellområda med villrein er starta.
Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen, som trådde i kraft 1. mars 2004. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette. Konvensjonen gir utfordringar knytte til auka medvit om omgivnadene, anten det er i by eller land. Miljøverndepartementet har ansvar for oppfølging av konvensjonen, og har etablert eit nettverk med andre departement for konkrete handlingstiltak knytte til konvensjonen. Det er eit utstrekt nordisk samarbeid om oppfølging av konvensjonen i kommunal og regional planlegging, støtta av Nordisk Ministerråd.
Utviklinga av byggjeverksemda i 100-meterbeltet langs sjøen er av nasjonal interesse. I St.meld. nr. 21 (2004 – 2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand blir kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene utfordra til ein streng praksis ved behandling av plan- og dispensasjonssaker i 100-meterbeltet langs sjøen. Departementet har no overført rapporteringa av dispensasjonar i strandsona til KOSTRA. Denne rapporteringa gjeld alle typar dispensasjonar for nybygg i strandsona, både i og utanfor byggjeområde. I 2005 vart det gitt ca. 1 000 slike dispensasjonar innafor 100-meterbeltet mot sjø, mot ca. 800 i 2004. Tala syner behov for auka fokus på nedbygging av standsona. Det blir arbeidd med nye reglar for dispensasjonar i strandsona i samband med ny plan- og bygningslov. Det er behov for strengare praksis for nybygging i område med stort byggepress, t.d. i sentrale område nær byar og tettstader. Fleire stader finst gamle planar som ikkje er i tråd med dagens målsetjingar, og departementet vil be kommunane om å ta opp til vurdering slike forelda planar. Tiltak for ein offensiv strandsonepolitikk er òg omtalt under resultatområde 2 Friluftsliv.
Hovudlinjene i St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder blir vidareført av dagens Regjering. Meldinga legg bl.a. vekt på å gjennomføre pilotprosjekt på utvalde område i samarbeid med byane, næringslivet og frivillige organisasjonar. Formålet er å utvikle nye og gode løysingar på miljøproblem og utviklingsoppgåver som kan vere eksempel for andre. Det er i gang pilotprosjekt i 12 byar på dei fire tema miljøsoner, sentrumsutvikling, byomforming og miljøvennleg transport i næringslivet. Nokre byar arbeider særskilt etter prinsippa for universell utforming med fokus på auka tilgjenge innafor avgrensa soner i sentrum nær knutepunkt. Miljøverndepartementet koordinerer statens innsats for å betre miljøet i Groruddalen i Oslo, som er blant pilotområda. I samarbeid med fleire departement og Oslo kommune skal det gjennomførast program for miljøvennleg transport, Alnaelva, grøntområde og kulturmiljø, bustad-, by- og tettstadutvikling og oppvekst, utdanning, levekår, kulturaktivitetar og inkludering. Som ein del av innsatsen for friluftsliv og naturmiljø i Oslo-området vil Miljøverndepartementet utarbeide ei eiga lov for vern av Oslo-marka, jf. resultatområde 2.
Miljøverndepartementet har etablert ein eigen bymiljøpris som går til byar og tettstader som har gjort ein særskilt innsats for å betre bymiljøet. Kristiansand fekk prisen i 2002, Drammen i 2003, Årdalstangen i 2004 og Stavanger i 2005. I 2006 vart prisen delt mellom Sandnes og Stavanger for samarbeidet dei to byane har hatt for å fremje sykling. Eit program for å utvikle attraktive og miljøvennlege tettstader i distrikta vart avslutta i 2005. Innsatsen vil bli ført vidare gjennom formidling av erfaringane frå dette programmet og aktivt bruk av nettverk for tettstadutvikling der fleire statlege og regionale etatar deltar.
Det er oppretta eigne nettsider om barn og unge sine interesser i planlegginga. Nettsidene gir informasjon om lovgrunnlag, planfaglege spørsmål, rettleiarar og kontaktpersonar i fylka og på statleg nivå.
Resultatmål 3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunanes fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.
Hovudansvaret for fylkesplanlegginga ligg hos fylkeskommunane. Fylkesplanen skal vere eit felles regionalt plandokument og planprosessane må bere preg av partnarskap, slik at kommunar og stat får eigarskap til planen. I 2005 vart det godkjent fire fylkesplanar og ti fylkesdelplanar. Ein av fylkesplanane omfatta begge Trøndelags-fylka. Fylkeskommunane skal frå 2007 følgje opp prinsippet om universell utforming gjennom fylkesplanlegginga og KOSTRA.
Resultatmål 4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene.
Dei ti fylkesdelplanane som vart godkjende i 2005 handlar om spørsmål knytte til energibruk, samordna areal- og transportløysingar, lokalisering av handel og senterstruktur og utvikling av kultur, idrett og friluftsliv i fylka. Det er fleire døme på at kommunane i samarbeid utarbeider planar for bruk og vern av areal- og naturressursar. Miljøverndepartementet ser at ei rekkje verne- og utviklingstema med fordel kan løysast i samarbeid mellom kommunane, og ønskjer å stimulere til slikt interkommunalt samarbeid. Slike planar kan bl.a. vere aktuelle i fjellområda og i randsonene til større verneområde etter naturvernlova. Som ein oppfølging av St.meld. nr. 21 (2004-2005) er det satt i gang arbeid med regional planavklaring for 9 nasjonale villreinområde, der bruks- og verneinteressene avklarast samla.
Resultatmål 5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå underlagt folkevalt styring.
Miljøverndepartementet legg vekt på ein aktiv dialog med fylkesnivået. Gjennom årlege tildelingsbrev til fylkesmennene blir det bl.a. teke standpunkt til kva prioriteringar som skal leggjast til grunn for verksemda i fylket. Det er særskilt viktig at fylkesnivået gir naudsynt bistand til kommunane, slik at ein i samarbeid kan oppnå effektive og målretta løysingar på aktuelle arealspørsmål og miljøutfordringar.
Miljøverndepartementet tek sikte på å lage ein odelstingsproposisjon for ei ny plan- og bygningslov som kan behandlast i Stortinget i 2007. Arbeidet med proposisjonen byggjer på planlovutvalets forslag og innspel i høyringa.
Ein føresetnad for å lage gode planar er tilgang på relevant og oppdatert informasjon. Miljøverndepartementet har saman med Kommunal- og regionaldepartementet gitt Statens bygningstekniske etat prosjektleiinga i Byggsøk-prosjektet for å skape elektroniske løysingar som kan effektivisere plan- og byggjesaksbehandlinga. Gjennom samarbeidet Noreg digitalt vil offentleg forvaltning samle inn planrelevant informasjon.
Resultatmål 6. Planar etter plan- og bygningslova og søknader etter sektorlover skal ha god dokumentasjon av vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn.
Det er utarbeidd ein rettleiar til den reviderte forskrifta om konsekvensutgreiingar (KU). Rettleiaren er tilgjengeleg på nett frå mai 2006. Departementet gjennomfører i 2006 ei evaluering av det nye regelverket knytt til KU.
Miljøverndepartementet har gjennomført ei erfaringsevaluering etter at ny forskrift om konsekvensutgreiingar har vore verksam i eitt år. Gjennom ei spørjeundersøking til alle kommunar i landet har Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) funne at planleggjarane i kommunane synest forskrifta representerer ei klar betring av den kommunale oversiktsplanlegginga, og at dei òg ser på integreringa av plan- og KU-prosessane som ei betydeleg nyvinning. Kommunane meiner likevel at omfanget av utgreiingsarbeidet knytt til planprosessane har auka og at planarbeidet derfor vil ta noko meir tid. Eit fleirtal av kommunane som har svart meiner likevel ikkje at dette medfører at oppstart av kommunale planprosessar blir utsett eller stoppar opp.
For å sikre ei berekraftig utbygging av vindkraft vil departementet i løpet av 2006 fastsetje retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. I samarbeid med Olje- og energidepartementet vil Miljøverndepartementet stimulere til at det blir utarbeidd regionale planar for vindkraft- og småkraftverk.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med nær 63,9 mill. kroner i 2007. Finansieringa av resultatområdet er i hovudsak dekt over kapitla 1400, 1410, 1427, 1429 og 1441. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 9. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Føresegnene i plan- og bygningslova om planlegging og konsekvensutgreiing er det viktigaste verkemidlet på resultatområdet. Rikspolitiske retningslinjer, som konkretiserer den nasjonale politikken, skal leggjast til grunn for all planlegging i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ.
For å medverke til avgjerder som fungerer godt for samfunnet, må det utviklast eit godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endeleg vedtak om arealbruken. Etatane på regionalt nivå må i ein tidleg fase av planarbeidet gjere kommunen kjent med nasjonale og viktige regionale interesser.
I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet blir det arbeidd med å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Departementet gir ut rettleiing og rundskriv knytte til regelverket og vil halde god kontakt med instansar som har viktige oppgåver i forminga av dei fysiske omgivnadane (t.d. Husbanken og Bygningsteknisk etat). Avgjerder og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Easy-find og publikasjonen PlanJuss. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle fortløpande informasjon over departementets internettsider www.planlegging.no. Tiltak som aukar kompetansen innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementets innsats.
Kap. 1400 post 80 vart oppretta i 2005 i samband med oppfølging av Handlingsplan for auka tilgjenge gjennom universell utforming. Ordninga skal medverke til nyskaping og til samarbeid om gode løysingar på tvers av sektorar og på alle nivå og er saman med plan- og bygningslova, eit viktig verkemiddel for å innarbeide universell utforming som strategi for auka tilgjenge.
15 Resultatområde 10: Kart og geodata
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar etablering og drift av geografisk basisinformasjon. Resultatområdet dekkjer òg oppfølging og utvikling av standardar og regelverk og fagleg samarbeid med andre land på området, stimulering av norsk næringsutvikling innafor geografisk informasjonsteknologi (GIT), forsking og utvikling, og sikring av historisk geografisk informasjon. Kartlegging av polare landområde høyrer til resultatområde 8. Resultatområdet inkluderer òg eit forvaltningsansvar for å skaffe fram arealdata for planleggingsformål.
Strategisk mål
Landet skal ha ein tenleg infrastruktur med tilgjengeleg geografisk informasjon, dvs. kart og elektronisk baserte tenester som tilfredsstiller det felles behovet ulike brukargrupper har for geografisk informasjon og fastlegging av posisjonar, under dette eit tilfredsstillande geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) for kartlegging, oppmåling og satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming). Denne målsetjinga gjeld både for norske sjø- og landområde. Det er viktig å utvikle gode standardar for geodata, som er tilpassa internasjonale forhold.
Innafor arealpolitikken er det eit mål å skaffe fram god informasjon om arealas tilstand, før framtidig bruk blir planlagt. Staten og kommunane må i fellesskap etablere dette datagrunnlaget. Satsinga i St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping, blir ført vidare. Meldinga er eit viktig strategidokumentet for Statens kartverk som nasjonalt fagorgan. Den gir føringar for kva slag løysingar som skal etablerast for å få på plass ein nasjonal infrastruktur av geodata. Både digitale grunnkartdata og temadata inngår i Noreg digitalt. Deltakarane i infrastrukturen yter eit økonomisk bidrag til etablering av grunnkartdata. I tillegg blir deira temadata stilt fritt til rådvelde innafor samarbeidet.
Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Forvaltninga av den nasjonale kart- og geodatapolitikken er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.
Tabell 15.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 10 Kart og geodata
Nasjonale resultatmål | Resultatindikatorar |
---|---|
1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) tilpassa satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming). | Tal på kommunar med ferdig målt landsnett. Landsdekkjande høgdegrunnlag tilpassa europeisk samarbeid og framdrift på området. |
2. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar. | Prosentvis del av felles geodata som står att å etablere for landområda. Framdrift i etablering av nasjonalt register for luftfartshinder |
3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar. | Ajourhaldsfrekvens for trykt hovudkartserie Noreg 1:50 000. Delen av autoriserte elektroniske sjøkart for norskekysten etter internasjonal standard i prosent av total. |
4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og for valtningsnivå. | Utvikling og bruk av nasjonale og internasjonale standardar. Tal på kommunar og andre som har teikna avtale om Noreg digitalt. Databruken innan samarbeidet Noreg digitalt. |
5. Landet skal ha ei samla informasjonskjelde for eigedomsdata som kan betene offentleg og privat sektor. | Tal på kommunar som tek i bruk nytt matrikkelsystem. |
Statusbeskriving
Resultatmål 1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag tilpassa satellittbasert stadfesting.
All privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag (kartreferanse). Grunnlaget er bygd opp over ei rekkje år, men er mange stader ikkje så nøyaktig og påliteleg som overgangen til satellittbaserte løysingar krev. Nytt landsomfattande overordna grunnlag, basert på internasjonal standard (EUREF89), kom på plass i 1997. Arbeidet med eit meir detaljert landsnett skjer i samarbeid med kommunar og andre brukarar som samfinansierte prosjekt. I 2006 vil dei siste 6 kommunane vere ferdig rekognoserte. Statens kartverk vil sluttføre målearbeidet i 2007. I mange kommunar må likevel kommunane sjølve gjere noko arbeid før dei kan ta grunnlaget i bruk. 46 kommunar har innført EUREF89, og fleire førebur dette. Det nasjonale høgdegrunnlaget frå 1950-talet blir no oppdatert med nye målingar, tilpassa bruk av satellitteknologi, og skal vere etablert seinast innan 2009. Statens kartverk vil framleis ta ansvar for å utarbeide tenester som kan ta i bruk satellittinformasjon til posisjonering. Det blir i samarbeid med kommunar og privat sektor bygd ut nettverk som gir større grannsemd ved bruk av satellittdata. Talet på brukarar av denne tenesta er nærare 300 og er venta å auke etter som nye nettverk blir utbygde. Så langt er det nesten samanhengande dekning i bebygde område frå svenskegrensa til Trondheim.
Verksemda ved Statens kartverks målestasjon i Ny-Ålesund vil bli trappa noko opp, men den vil vere redusert også i 2007. Dette er gjort for å gi rom for satsing på andre, høgare prioriterte tiltak i Statens kartverk.
Resultatmål 2. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar.
Noreg digitalt er eit samarbeid om etablering, drift, vedlikehald og distribusjon av geografiske data. 2006 har vore eit år for å få på plass avtaler. Det endelege målet er at alle kommunane tek del i Noreg digitalt.
Etablering av Noreg digitalt med landsdekkjande grunnkartdata og temadata etter felles standard er eit omfattande arbeid. Produksjon og tilrettelegging av temadata har verksemdene sjølve ansvar for. Progresjonen i etablering av dei enkelte temadata vil avhenge av kapasiteten i desse verksemdene. Produksjon av grunnkartdata vil bli koordinert av Statens kartverk, med økonomisk bidrag frå samarbeidspartane i Noreg digitalt. Sjølv om alle sluttar opp om samarbeidet, er det ikkje venta at Noreg vil vere dekt med digitale kartdata på land før tidlegast i 2015. I 2006 er noko over 50 pst. av denne dataetableringa fullført. Areal i byar og tettstader er i hovudsak dekt. Utfordringa for desse areala ligg i vedlikehald av data.
Statens kartverk skal vere registerførar for luftfartshinder, jf. forskrift av 14. april 2003, heimla i luftfartslova. Statens kartverk må arbeide for å få med flest mogleg data frå eigarane av slike hinder. Målet er dekning av alle betydelege hinder innan utgangen av 2007.
Resultatmål 3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar.
Første gongs produksjon av økonomisk kartverk vart fullført i 2002, og omfattar vel 180 000 km2, dvs. alt vesentleg produktivt areal, til saman over 32 000 kartblad. Frekvensen på ajourføringa av denne typen kart er i dag 18 år. «N50», den digitale førsteutgåva av hovudkartserien for Noreg 1:50 000, vart lansert i 2001. I 2005 starta produksjonen av dei første N50-kombikarta med land- og sjøinformasjon i same kart.
Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem vil betre tryggleiken til sjøs. Bruk av slike system vil kunne redusere faren for skadar på personar og miljø, redusere materielle kostnader, auke regulariteten, korte ned skipsruter og styrkje næringsgrunnlaget langs kysten. Så langt har Statens kartverk gitt ut 114 av 142 papirkart i moderne kvalitet. Moderne målingar er utførde for eit større areal. Frå dette målematerialet blir kart produserte kontinuerleg. Regjeringa prioriterer arbeidet med sjøkart høgt. Hovudleia for kyststrekninga frå svenskegrensa til Hammerfest er no ferdig. Også store delar av hovudleia vidare nord og aust er ferdig. Den resterande hovudleia og gjenståande område i delar av Lofoten og Vesterålen vil vere ferdig målt i 2007. Førstegongskartlegginga av elektroniske sjøkart vil vere fullført første halvår 2008.
Dei siste åra er det blitt sendt ein sjømålingsekspedisjon til Svalbard kvart år. Saman med investeringar i ny teknologi har dette gitt god framdrift i den aktuelle målesesongen frå juli til september/oktober. Til no er 50 pst. av samla areal dekt med tidsmessige målingar. I hovudsak er dette området djupare enn 20 m. Dei viktigaste sjøområda blir målte først.
Statens kartverk skal føre vidare arbeidet med gjennomføring av det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet Mareano, som vart starta i 2005 (sjå eiga omtale under resultatområde 1). Statens kartverks rolle vil vere å administrere kartlegginga. Det skal fokuserast på kartlegging av havbotnen og tilrettelegging av data for ulik bruk, blant anna til forvaltning av biologisk mangfald.
Resultatmål 4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.
Det er særs viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data. Noreg er aktivt i utvikling og bruk av felles standardar. Erfaringane viser at Statens kartverk har ei oppgåve som sentral koordinator og bidragsytar i eit vellykka standardiseringsarbeid. Miljøvernforvaltninga spesielt, og offentleg forvaltning generelt, skal gjennomføre planmessig bruk av slike standardar.
Innafor samarbeidet Noreg digitalt vil partane få tilgang til data som er tilrettelagt ved bruk av slike standardar. Ved konvertering av sjøkartdata vil data for kysten og dei kystnære områda bli lagt til rette for bruk saman med kartdata for landområda. Etter konvertering vil sjødata vere tilpassa standardane for bruk på land. Formidling av data til aktørar utanfor samarbeidet Noreg digitalt skjer gjennom statsaksjeselskapet Norsk Eigedomsinformasjon. Data er lagt til rette etter dei same standardane også for denne formidlingstenesta.
For sjøkartlegging finst det eigne standardar. Sjøkartverket har etablert ei koordineringsteneste, PRIMAR Stavanger, for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege i det internasjonale maritime miljøet. Sjøkartverket leverer i dag sjøkartdata frå meir enn 30 nasjonar gjennom denne tenesta. Store delar av kyststrekningane i dei samarbeidande landa er dekte. Noregs lostenester og ca. 850 skip nyttar kartdata formidla gjennom PRIMAR Stavanger. Det er ei sentral målsetjing å få sjøkarttenestene i fleire land med i samarbeidet for å kunne gi eit samla tilbod av sjøkart til brukarane. Kostnadene ved drift av tjenesta er dekte ved brukarbetaling.
Geodata er eit verkemiddel for at kommunane og forvaltninga skal oppnå effektiviseringsvinstar og betre resultat innafor område der det ofte er utarbeidd nasjonale målsetjingar. Kommunane har ei sentral rolle som planstyresmakt. Geografisk informasjon og kart framstiller biletleg og forenklar viktig faginformasjon. Geodata kommuniserer derfor effektivt med brukargrupper som ikkje har tematisk spesialkompetanse. Data for tilgjenge blir no utvikla som nytt fagtema til bruk i planlegging og forvaltning. Registeret for Grunneigedom, adresse og bygning (GAB) vil vere ein god reiskap for å følgje utviklinga av universell utforming og tilgjenge til bygnader framover.
Noreg digitalt legg til grunn at arealdata, ressursdata, miljødata og plandata skal inngå i den felles geografiske infrastrukturen. Det har gjennom fleire år vore arbeidd med slike temadata i samarbeid mellom kommunar, fylke og statlege fagstyresmakter leia av Statens kartverk. Dette arbeidet blir no ført vidare gjennom ei integrering med basis geodata i Noreg digitalt.
Resultatmål 5. Landet skal ha ei samla informasjonskjelde for eigedomsdata som kan betene offentleg og privat sektor.
Lov om eigedomsregistrering vart vedteken i juni 2005. Regjeringa vil hausten 2006 fremje ny odeltingsproposisjon for den delen av lova som omhandlar privatisering av oppmålingstenester. Statens kartverk må halde fram med å byggje opp kapasitet og kompetanse for å ivareta rolla si som sentral matrikkelstyresmakt etter lova. Ei viktig oppgåve vil vere å yte fagleg støtte til lokal matrikkelstyresmakt (kommunane).
Det nasjonale eigedomsregisteret består av tre element: grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB), elektronisk grunnbok og digitalt eigedomskartverk (DEK). Arbeidet med etablering av digitalt eigedomskartverk er eit samarbeid mellom Statens kartverk og den enkelte kommunen. I GAB og elektronisk grunnbok finn ein komplett oppgåve over eigedommane i Noreg. Ca. 80 pst. av eigedommane er etablerte med eigedomsgrenser i DEK. I løpet av 2007 skal registerdata frå GAB og kartdata frå DEK konverterast til det nyutvikla registreret matrikkelen. Matrikkelen skal driftast av Statens kartverk, og vil erstatte GAB og DEK. Registeret skal spele saman med andre register, bl.a. elektronisk grunnbok.
Matrikkelen vil vere ein god reiskap for å følgje utviklinga av universell utforming og tilgjenge til bygningar.
I løpet av 2007 skal all tinglysing vere overført til Statens kartverk frå domstolane. I Ullensvang har Statens kartverk under etablering elektronisk burettsregister og eit senter for tinglysingsspørsmål. Burettsregisteret skal brukarfinansierast. KRD er ansvarleg department for dette registeret.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med 322,9 mill. kroner i 2007, der alt i hovudsak blir dekt over kapitla 1465 og 2465. I tillegg dekkjer statsoppdraget midlar til delar av Statens kartverks drift som blir finansierte over resultatområde 11. Kapitla 1400, 1425, 1427,1429 og 1441 er òg med på å finansiere resultatområdet. Kapittel 412 over Justisdepartementets budsjett dekkjer Statens kartverks kostnader til tinglysingsprosjektet.
Statens kartverk utfører i all hovudsak Miljøverndepartementets oppgåver innan resultatområdet. Statens kartverk er det nasjonale fagorganet som skal kvalitetssikre og leggje til rette geodata for heile det norske samfunnet. Kommunane har òg eit betydeleg ansvar. Verksemda i kommunane er tradisjonelt knytt til GAB-registrering og teknisk kartlegging som er nødvendig for planlegging og saksbehandling etter Plan- og bygningslova. Statens kartverk har eit tradisjonelt ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar til sjøs og til lands, og å halde offisielle register oppdaterte. Etablering av databasar og produksjon av kart i digital form har lenge vore den store utfordringa, og vil vere det i fleire år framover.
Når kart og stadfesta informasjon blir forvalta i digital form, er ikkje informasjonen lenger knytt til ein bestemt kartmålestokk. Data samla inn til bruk for eitt formål, f.eks. lokalt i ein kommune, er like godt eigna til bruk i landsomfattande kartseriar. Å utnytte innsamla data på tvers av forvaltningsnivåa stiller krav til samarbeid om felles dataforvaltning både mellom stat og kommune og mellom dei forskjellige statlege deltakarane.
Data forvalta av samarbeidet Noreg digitalt er omsette i den kommersielle marknaden. Partane i Noreg digitalt må tilpasse seg det prisregime for denne typen informasjon som Noreg til ei kvar tid er bunde av gjennom EØS-regelverket.
Statens kartverk er eitt av Miljøverndepartementets og NORADs fagsenter for miljøutvikling, og deltek med jamne mellomrom i norske bistandsprosjekt i fleire land. I 2005 vart det oppretta eit internasjonalt senter for eigedomsrett og -utvikling ved Statens kartverk. Senteret er oppretta for å samle og styrkje kompetansen på dette området. NORAD, Utanriksdepartementet og ambassadane får rådgiving i sitt internasjonale engasjement innan formalisering av rett til fast eigedom gjennom senteret.
Noreg skal dei næraste åra medverke med betydelege midlar (EØS-finansieringsordningane) til utviklinga av samfunna i dei nye EU-medlemslanda. I samarbeid med nokre av mottakarlanda for desse midlane skal Statens kartverk prøve å få realisert prosjekt som overfører norsk kart- og geodatakompetanse.
16 Resultatområde 11: Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver
Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av resultatområda 1-10. Resultatområdet innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga innafor alle dei andre resultatområda. Sentrale oppgåver er å:
Medverke til å integrere miljøomsyn i andre område av politikken på ein effektiv måte, bl.a. ved i samarbeid med andre departement regelmessig å utarbeide Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, årleg vurdere og omtale miljøprofilen i statsbudsjettet og følgje opp nasjonal handlingsplan for berekraftig utvikling (NA21) kvart år i nasjonalbudsjettet.
Vurdere og ta i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som syter for at miljøvernpolitiske mål blir nådde til lågast moglege kostnader for samfunnet.
Utføre forvaltningsoppgåver, internadministrasjon som internadministrativt utviklingsarbeid og oppgåver innafor personale, økonomi, IKT, og andre oppgåver som ikkje naturleg høyrer inn under dei andre resultatområda.
Områdeovergripande internasjonalt arbeid er omtalt under resultatområde 8.
Strategiske mål
Miljøvernforvaltninga skal innrette verksemda slik at måla i miljøvernpolitikken blir nådde til så låge kostnader som mogleg for samfunnet. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel.
Miljøvernpolitikkens verdigrunnlag skal profilerast, og miljøvernomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet – og liggje til grunn for miljøvernforvaltningas interne arbeid. Kunnskap og tilgjenge til miljøinformasjon skal medverke til å styrkje forståinga for å betre avgjerdsgrunnlaget i miljøvernpolitikken. Det skal leggjast til rette for å styrkje og fornye miljøvernarbeidet, og stimulere til berekraftig praksis regionalt og lokalt.
Miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Resultatområdet har ikkje eigne nasjonale mål, men må sjåast i lys av miljøvernforvaltningas områdeovergripande oppgåver, jf. resultatområda 1-10.
Tabell 16.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver
Miljøvernforvaltningas arbeidsmål | Miljøvernforvaltningas resultatindikatorar |
---|---|
1. Sikre at internadministrasjonen av miljøvernforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga. Følgje opp beredskapsarbeid og sikre miljøvernforvaltninga si evne til å handtere kriser. | Godt utført planlegging, økonomistyring, personalforvaltning og annan internadministrasjon. Utviklinga innafor IKT har gode nytteuttak av investeringar som er gjort, og det er tilrettelagt for effektiv datautveksling mellom fagsystem. Oppdatert internt regelverk. Godt utført planlegging og gjennomføring av tiltak for organisasjonsutvikling, og god oppfølging av andre tiltak innafor Regjeringas arbeid med fornying.Gjennomført interne tiltak i tråd med prosjektplan for Grøn stat i Miljøverndepartementet. Oppdatert og ferdigstilt planverk for beredskapen i miljøvernforvaltninga. |
2. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøvernforvaltninga. | Godt gjennomført budsjettarbeid og styringsdialog med miljøvernforvaltninga, andre etatar og verksemder med oppgåver på miljøområdet. Etablert og teke i bruk gode prosessar og system for utvikling av og tilgang til ny kunnskap både internt og i samarbeid med andre styresmakter og Noregs forskingsråd. Teke i bruk eksisterande erfaring og kunnskap på ein effektiv måte. |
3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet. | Formidla relevant og ny miljøkunnskap på ein føremålstenleg måte til andre departement. Etablert tilstrekkeleg kunnskap om andre departements mål og utfordringar. Vidareutvikla Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand for å styrkje at miljøvernpolitikken blir integrert i viktige prosessar og sektorar. Integrert miljøvernpolitiske mål og synleggjort det økologiske perspektivet i relevante stortingsdokument frå Regjeringa. Medverka til å endre subsidie- og skatte- og avgiftssystemet i meir miljøvennleg retning. Redusert miljøbelastningane frå forbruk av varer og tenester ved at det blir teke større miljøomsyn ved offentlege nyskaffingar. Utvikle Noreg til eit føregangsland for miljøteknologi. Gjere det enklare å vere miljøvennleg forbrukar gjennom informasjon og kompetansetiltak Ført ein aktiv politikk overfor næringslivet for å medverke til at fleire norske bedrifter utviser samfunnsansvar, «Corporate Social Responsibility» (CSR), og for å få fram internasjonale rammevilkår som støttar sterkare opp om CSR. |
4. Sikre rammevilkår og verkemiddel som varig styrkjer det regionale og lokale miljøvernarbeidet. | Fått i gang læringsnettverk av miljøkommunar i samarbeid med KS. Frivillige organisasjonar, næringsliv og fagmiljø er tekne med i prosessen. Tilrettelagt eit effektivt informasjonssystem og formidling av eksempel slik at kommunane betre kan sjå, ta initiativ til og gjennomføre tiltak på miljøvernområdet. Utvikla indikatorar og tilrettelagt for målretta styring av miljøretta tiltak i kommunane. Nøkkelindikatorar skal i neste fase inngå i eit revidert opplegg for KOSTRA. |
5. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar. | Fortløpande formidla Regjeringas miljøvernpolitikk via aktuelle kommunikasjonskanalar. Teke i bruk eigna arenaer for kommunikasjon med ulike målgrupper internt og eksternt. Lagt til rette for meir open og tilgjengeleg miljøinfor masjon. WAI-standard i IKT-investeringer. Talet på nettsider med talefunksjon. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1. Sikre at internadministrasjonen av miljøvernforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga. Følgje opp beredskapsarbeid og sikre miljøvernforvaltninga si evne til å handtere kriser
Det er utarbeidd eit overordna plan- og styringsdokument for å leie miljøvernforvaltninga mest mogleg målretta og effektivt. Det blir arbeidd fortløpande med organisasjonsutvikling i tråd med Regjeringas fornyingsarbeid.
Miljøverndepartementet vil ha fokus på individuell karriere- og kompetanseutvikling. Det blir arbeidd kontinuerleg med vidareutvikling av sentrale personalpolitiske område, under dette inkluderande arbeidsliv, mobilitet, rekruttering, likestilling, inkludering og integrering av livsfasepolitikk. Departementet har bl.a. gjennomført arbeidsmiljøundersøking og 360 graders leiarevaluering. Undersøkingane blir følgde opp med blant anna utvikling av leiing, styrking av den systematiske oppfølginga av medarbeidarane og tilrettelegging for læring og kunnskapsoverføring. Bruken av informasjonsteknologi skal medverke til effektive og betre arbeidsprosessar. Internadministrative system i miljøvernforvaltninga skal fornyast og utviklast der gevinstane ved å gjere dette er store. Strategi for IKT i heile miljøvernforvaltninga er fornya med verknad frå 2007. Strategien har fokus på informasjonsutveksling med sluttbrukarane og andre delar av statsforvaltninga. Oppfølging av strategien er eit forpliktande samarbeid mellom departement og etatar. Arbeidet med Grøn stat er følgt opp gjennom å integrere miljøleiing i departementets system for verksemdsplanlegging og gjennomført ISO 14001-sertifisering. Miljøverndepartementet er med dette det første departementet som er ISO-sertifisert. Dette forpliktar medarbeidarane til å delta, bl.a. gjennom innspel om ulike forslag til tiltak og forbetringar. Samtidig gjer verktøya for verksemdsplanlegging at ein sikrar eit system for oppfølging av og måling av effektane av tiltaka over tid. ISO 14001-sertifiseringa krev årlege forbetringar på utvalde satsingsområde. Tiltaksplanen for Grøn stat i Miljøverndepartementet er basert på dei fire satsingsområda; innkjøp, transport, avfall, og bygg og energi. Beredskapsarbeidet er følgt opp gjennom revisjon av planverk og gjennomføring av fleire beredskapsøvingar for leiinga i departementet og etatane. Teknisk infrastruktur og varslingslister er oppdaterte. Informasjonsberedskapen er også systematisk gjennomgått for å styrkje miljøvernforvaltningas evne til å handtere kriser. Noreg deltek i eit omfattande internasjonalt samarbeid for å sikre brei tilgang til data som er naudsynte i samband med naturkatastrofar.
Arbeidsmål 2. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøvernforvaltninga.
Det er utvikla eit heilskapleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøvernforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå, og skal ivareta alle formål, under dette også departementets arbeid med etatsstyring. Departementet arbeider med å innarbeide risikoanalyse som eit nytt element i mål- og resultatstyringssystemet, og første steg i integreringa vil starte frå 2007. Oppfølging og konkrete tiltak for ytterlegare effektivisering og forenkling av arbeidet i miljøvernforvaltninga er gjennomført i 2005 og 2006.
Miljøverndepartementet har ansvar for å slå fast mål for ein god naturtilstand og foreslå tiltak som er naudsynte for å hindre eller rette opp skadeleg påverknad av naturtilstanden. Kunnskapen om naturtilstanden og forhold som påverkar den blir henta inn gjennom miljøovervaking og rapportering som skjer i samarbeid med relevante sektorar. Miljøforvaltninga har sjølv omfattande program for overvaking av naturen.
Miljøvernforvaltninga har ansvar for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata. Miljøvernforvaltninga skal syte for at data som blir nytta i statlege og sentrale internasjonale rapportar er autoriserte og offisielle norske miljødata. Det blir bl.a. lagt opp til ei systematisk rapportering og dokumentasjon av resultata av Regjeringas samla miljøvernpolitikk på bakgrunn av data frå miljøovervaking, miljøstatistikk og sektorvis miljørapportering. Rapporteringa gir viktig informasjon for å vurdere utviklinga i miljøet og gjennomføringa av politikken innafor kvar sektor, og identifisere behovet for ny politikk. Referansesystemet for miljøinformasjon skal innehalde tilvisingar til alle miljødata og vil gjere det enklere å finne fram til og vurdere data som er samla inn med sikte på gjenbruk. Arbeidet med dataproduksjon, forvaltning og formidling må sjåast i samanheng med IKT-strategien til miljøvernforvaltninga.
Miljøverndepartementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre at kunnskapsproduksjonen blir målretta, og at resultata frå forskinga blir formidla slik at dei òg kan nyttast av andre avgjerdstakarar. Det er lagt stor vekt på å formidle nye forskingsresultat til avgjerdstakarane på ein god måte, og at forvaltninga får forståing for i kor stor grad forskingsresultat ligg til grunn for forvaltningas eige arbeid og dei avgjerder den tek. Nye kunnskapsbehov og resultat av forskingsinnsatsen som er finansierte av Miljøverndepartementet, er omtalte under dei enkelte resultatområda. Gjennom EØS-avtala deltek Noreg i EUs 5. rammeprogram for forsking. Norske forskingsmiljø har markert seg godt, bl.a. i miljødelen av rammeprogrammet.
Arbeidsmål 3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.
Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøpolitikken er omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Denne meldinga blir lagt fram annakvart år, siste gongen våren 2005. Ei ny melding vil bli lagt fram våren 2007.
Alle sektorstyresmakter har ansvar for at verkemiddel og tiltak på eige område ikkje medfører unødige miljøproblem og for at miljøomsyn blir integrerte i sektorpolitikken. Miljøarbeidet på sektorane skal drivast i tråd med dei strategiske og nasjonale miljømåla.
Sektoransvarsprinsippet vil i hovudsak bli vidareutvikla gjennom dei ordinære budsjett- og RM-prosessane.
Nettverk for miljølære har blitt eit godt hjelpemiddel for lærarar og elevar på alle nivåa innafor skuleverket. Mange skular nyttar nettverket sine Internettsider, som òg er kopla opp mot Miljøstatus i Noreg for utdjupande bakgrunnsinformasjon.
Det tverrdepartementale samarbeidet om planen eNoreg omfattar spørsmål som både er knytte til berekraftig utvikling og IKT, og til verdien av miljøinformasjon og stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som elektronisk innhald.
Berekraftig produksjon og forbruk
Det er eit mål å kople økonomisk vekst og miljøbelastning frå kvarandre. Forbruket av varer og tenester har auka jamt i industrilanda i mange år og aukar raskt i mange overgangsøkonomiar og utviklingsland. Følgjene er eit stort press på naturresussane. Ein svært stor del av miljøfølgjene av forbruk i Noreg gjeld råvarer og produkt som er framstilte i andre land. Tiltak for meir miljøvennleg råvareuttak, produksjon og betre produktdesign må derfor treffast både i u-land og i i-land. Dette kan dels påverkast ved at importørar, profesjonelle kjøparar og forbrukarar stiller krav, dels gjennom arbeidet med miljøavtaler og i internasjonale organisasjonar. På FN-toppmøtet i Johannesburg vart det sett i gang eit 10-års rammeverk med program for berekraftig produksjon og forbruk.
Noreg spelar ei aktiv rolle i FN-samanheng og samarbeider nært med EU i den såkalla Marrakech-prosessen. Vidare deltek vi i EUs ekspertgrupper og følgjer EUs utarbeiding av ein samla handlingsplan for økonomi, miljø og samfunnsutvikling. Vi følgjer òg opp den nordiske miljøhandlingsplanen 2005-2008 på dette feltet. Måla våre er bl.a. å fremje miljøeffektiv produksjon og minske miljøskadane ved økonomisk vekst, å nytte miljømerking, grønare leveransekjeder og grønare innkjøp til å fremje tiltak til beste for miljø og sosiale forhold i utviklingsland. Det er lagt vekt på forbrukarane sin rett til kunnskap om varer og tenester for å kunne fatte forbruksval som står i forhold til interessene og overtydinga deira.
Miljøteknologi – miljø som vekstnæring
Utvikling og innovasjon av miljøteknologi vil vere svært viktig for å få til ei fråkopling mellom økonomisk vekst og miljøbelastning. Utvikling av meir miljøeffektiv teknologi vil gi gevinstar for miljøet, og kan føre til økonomisk vekst og sysselsetjing i Noreg. Regjeringa arbeider for å gjere norsk industri leiande innafor miljøforbetringar. Miljøvennleg teknologi blir fremja blant anna gjennom dei generelle miljøvernpolitiske verkemidla og gjennom forsking og utvikling. I tillegg er det oppretta eit eige miljøteknologiprosjekt ved SFT som skal bidra til utvikling, auka bruk og eksport av miljøvennleg teknologi. Ei sentral oppgåve for prosjektet er å leggje til rette for dialog og samarbeid mellom offentlege, private og frivillige verksemder. Regjeringa vil i 2007 oppretthalde samarbeidet til EUs handlingsplan for miljøteknologi og samarbeider òg nært med andre nordiske land gjennom Nordisk ministerråd.
Miljøansvar i driften av offentlige virkomheter
Regjeringa ser det som viktig at offentleg sektor går føre som ansvarleg forbrukar og etterspør miljøvennlege varer og varer som er tilverka med høge etiske og sosiale standardar. For å gjere dette tydeleg og samle Regjeringas mål og tiltak på dette området vil det bli utarbeidd ein treårig handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar. Miljøverndepartementet sette i 2005 ned eit breitt samansett rådgivande panel for miljøbevisste offentlege innkjøp. Panelet skal verke i tre år, og gi Regjeringa fortløpande råd på området. Panelet vil vere ein viktig bidragsytar ved utarbeiding av handlingsplanen. GRIP senter er etablert som eit kompetansesenter og skal bl.a. motivere og gjere det enklare for den enkelte offentlege verksemda å ta miljøomsyn ved innkjøp, jf. kap 1400 post 73. Noreg deltek òg aktivt i det internasjonale samarbeidet for å fremje miljøbevisste offentlege nyskaffingar, bl.a. i NMR, EU og FNs arbeidsgruppe for berekraftige offentlege innkjøp.
Prosjekt Grøn stat har hatt som mål å innføre eit enkelt miljøleiingssystem i statlege verksemder innan utgangen av 2005. Resultata frå prosjektet er no evaluerte, bl.a. gjennom ei ekstern evaluering gjennomført av Statskonsult. Ifølgje evalueringa har 50–60 pst. av dei statlege verksemdene innført eit enkelt system for miljøleiing som gir grunnlag for kontinuerleg og systematisk arbeid for å betre miljøresultata i eiga drift, bl.a. knytt til avfall, transport, innkjøp og energibruk. Ca. 10-20 pst. av verksemdene har framleis ikkje starta arbeidet, mens dei andre er i gang med å innføre miljøleiing i drifta. Enkelte verksemder har òg innført tredjeparts sertifiserte system som Miljøfyrtårn eller ISO 14001. Evalueringa viser at prosjekt Grøn stat har auka fokus på miljøtiltak i drifta av statlege verksemder, og utløyst mange tiltak. Det er likevel ikkje mogleg å gi ei samla vurdering av miljøeffektar og økonomiske gevinstar av prosjekt Grøn stat, då dei enkelte verksemdene førebels berre i avgrensa grad har rapportert systematisk på tiltak og effektar. Evalueringa peiker på at dei største hindringane for å innføre miljøleiing og miljøtiltak i statlege verksemder bl.a. er forankring og engasjement i leiinga, kompetanse, og krav om rapportering og dokumentasjon. Evalueringa tilrår at det blir gjennomført visse justeringar i vidareføringa av Grøn stat bl.a. for å gjere prioriteringane tydelegare, sikre betre forankring i verksemdene og for å styrkje rapporteringa på sentrale indikatorar. Regjeringa vil følgje opp dette arbeidet, og ønskjer bl.a. å sjå satsinga på Grøn stat i samanheng med satsinga på miljøbevisste offentlege innkjøp.
Hovudkonklusjonane i handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp og vidareføringa av Grøn stat vil bli presenteret i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand som blir lagt fram våren 2007.
Fremtidsrettet forbruk og avfallsreduksjon
Regjeringa vil leggje til rette for ein tettare samanheng mellom forbrukar- og miljøspørsmål og gjere det enklare å vere miljøvennleg i kvardagen. Regjeringa vil derfor styrkje miljøinformasjonsarbeidet og gjere miljømerka betre kjent i det offentlege samt og styrkje det frivillege miljøvernarbeidet. Regjeringa vil òg styrkje arbeidet med avfallsreduksjon og gjenvinning, jf. del II, kap. 11 arbeidsmål 1.1. Støtte til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk blir bl.a. gitt over kap. 1400 post 73, programkategori 12.10.
Miljøinformasjonslova
Informasjon er eit heilt sentralt verkemiddel i miljøvernpolitikken. For ytterlegare å styrkje retten til miljøinformasjon vart det vedteke ei samla lov om rett til miljøinformasjon og deltaking i offentlege avgjerdsprosessar med innverknad på miljøet (miljøinformasjonslova), som trådde i kraft 1. januar 2004. Lova inneber ei plikt for både offentlege styresmakter og offentlege og private verksemder til å gi ut miljøinformasjon. Lova forpliktar vidare forvaltingsorgan på alle nivå til å gjere allment tilgjengeleg oversiktsinformasjon om miljøtilstand og miljøforhold innafor sine respektive ansvarsområde. Arbeidet med å gjere informasjon tilgjengeleg er eit kontinuerlig arbeid, og Regjeringa vil styrkje arbeidet med formidling av miljøinformasjon, slik at den når ut til alle befolkningsgrupper i tråd med prinsippa for universell utforming.
For å bidra til å sikre at miljøinformasjonslova blir overhalden har Regjeringa oppnemnt ei eiga uavhengig klagenemnd som trådde i funksjon 1. januar 2004. Klagenemnda for miljøinformasjon behandlar klager over avslag på innsyn hos private verksemder. Lova vil bli evaluert i 2006 i tråd med Stortingets oppmoding.
Arbeidsmål 4. Sikre rammevilkår og verkemiddel som varig styrkjer det regionale og lokale miljøvernarbeidet.
Oppgåver på regionalt nivå
Den regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene, som skal sjå til at nasjonale miljømål blir omsette til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen har ei sentral rolle i samband med samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar dessutan delar av lovverket på miljøvernområdet. Fylkesmannens arbeidsoppgåver skal vere i samsvar med Regjeringas prioriteringar. Der internasjonale konvensjonar medfører regionale plikter, må dette prioriterast. Samla sett er miljøvernavdelinganes innsats i hovudsak retta mot resultatområda 1. Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2. Friluftsliv, 4. Overgjødsling og oljeforureining, 5. Helse og miljøfarlege kjemikaliar, 6. Avfall og gjenvinning, 7. Klimaendringar, luftforureining og støy og 9. Regional planlegging. I tillegg har Miljøverndepartementet ansvaret for andre avdelingar hos fylkesmannen når det gjeld område av meir tverrsektoriell karakter under resultatområda 9. Regional planlegging og 10. Kart og geodata. Fylkesmannens viktigaste oppgåver er knytte til:
Verneplanarbeidet der tempoet skal haldast oppe i tråd med gjeldande framdriftsplanar for nasjonalparkplanen og marin verneplan, sluttføring av dei fylkesvise verneplanane og vidareføring av arbeidet med nytt skogvern, under dette vern av skog på statsgrunn.
Forvaltning av verneområda, under dette utarbeiding av forvaltningsplanar for dei mest brukte nasjonalparkane.
Bevaring av villaksen der etablering av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar er det viktigaste nasjonale løftet. Oppfølginga av denne ordninga er høgt prioritert. Fylkesmennenes arbeid med kartlegging av bestandssituasjonen er viktig i eit nasjonalt perspektiv og må prioriterast. Vidare skal kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris førast vidare.
Rovviltforvaltninga, der arbeidet skal førast vidare i tråd med Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur. Regionale rovviltnemnder har eit hovudansvar. Fylkesmennene skal fatte enkeltvedtak knytte til felling av rovvilt innafor dei rammene som rovviltnemndene set. Fylkesmannen har vidare ansvar knytt til betre samordning av landbrukspolitiske, reindriftspolitiske og miljøvernpolitiske verkemiddel på regionalt nivå.
Friluftsliv, der det skal leggjast til rette for friluftsliv og allmenta skal sikrast tilgang til friluftsområde. Fylkesmennene må halde god framdrift i arbeidet med sikring av friluftsområde, særleg i strandsona.
Samordning og styrking av kunnskap, jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Blant anna skal den kommunale kartlegginga av biologisk mangfald førast vidare med fokus på kartlegging i ferskvatn og kystnære sjøområde. Fylkesmannen har ei svært viktig rolle i samband med innhenting og kvalitetssikring av data frå kommunane, og i å vere aktiv i ei felles geodataforvaltning og kompetanseheving i bruken av geografisk informasjon.
Bl.a. delta i landsomfattande aksjonar, og følgje opp industriverksemder innan sitt myndeområde. Dette inngår som eit ledd i Regjaringas styrking av tilsynet med prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar og farleg avfall.
Som regionalt ansvarleg styresmakt for gjennomføring av EUs rammedirektiv for vatn, m.a. vidareføre karakteriseringa av vassførekomstane og starte arbeidet med tiltaksprogram og forvaltningsplan for utvalte delar av vassregionen. Dei fylkesmennene som er vassregionstyresmakt, skal opprette og leie eit representativt samansett vassregionutval knytt til dette arbeidet.
Følgje opp og setje i verk tiltaksplanar for forureina sediment, og føre vidare arbeidet med grunnforureining, m.a. i forhold til nedlagte avfallsdeponi. Dette er eit ledd i Regjeringas arbeid med å sikre at forureina sediment ikkje fører til alvorlege forureiningsproblem.
Ansvar for regional stats deltaking og medverknad i den regionale planlegginga, og ansvaret for at nasjonal politikk blir formidla og teken vare på. Fylkesmannen har òg ei oppgåve i å samordne dei statlege interessene i planarbeidet, utføre mekling i motsegnsaker og behandle klager på regulerings- og utbyggingsplanar.
Informasjon er eit prioritert verkemiddel for heile miljøvernforvaltninga. Fylkesmannen skal derfor framleis ha skarpt fokus på innhenting, kvalitetssikring, levering og forvaltning av miljø- og geodata. Dataforvaltninga skjer ved hjelp av sentrale fagsystem som er ein del av den nasjonale geografiske infrastrukturen. Vidare skal fylkesmannen formidle kunnskap om utvikling i miljøtilstand og arealbruk.
Fylkesmannen skal i sin dialog med kommunane om prioriterte miljøutfordringar utnytte skjønnsmidlane strategisk.
Ein viser elles til Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjettproposisjon, Programkategori 01.10 Fylkesmennene.
Auka vekt på miljø og samfunnsutvikling i kommunesektoren
Kommunane er sentrale aktørar for at Noreg samla sett skal løftast som miljønasjon. I Soria Moria-erklæringa har Regjeringa nedfelt at kommunane si rolle som samfunnsutviklarar skal styrkjast og at kompetansen innan natur og miljøvern skal gjenreisast.
Den kommuneretta miljøinnsatsen er følgt opp, og det er bl.a. inngått ein 5-årig samarbeidsavtale mellom Miljøverndepartementet og KS om programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling. Avtala er behandla i Regjeringa.
Departementet legg vekt på å ivareta den miljøfaglege innretninga og sikre ei god etablering og drift av det 5-årige programmet. Direktorata og fylkesmennene er trekte med i arbeidet. Samarbeidet med andre departement skal utviklast vidare på område der dei har ei rolle i forhold til kommunesatsinga.
Det blir gjort eit betydeleg arbeid for å leggje til rette støttefunksjonar og verktøy som byggjer opp under programmet. Arbeidet med indikatorutvikling har starta. Det er lagt vekt på å få fram nøkkelindikatorar som kan danne grunnlag for vidareutvikling av KOSTRA.
Resultat og erfaringar frå programmet blir førte inn i konsultasjonsordninga mellom KS og staten og vil gi grunnlag for å utvikle vidare nasjonale rammevilkår og verkemiddel som støttar opp under det lokale arbeidet.
For å sikre effektiv kunnskapsformidling, byggje opp den lokale og regionale miljøkompetansen og gjennomføre planar og miljøtiltak som har overføringsverdi til flest mogleg kommunar, legg Miljøverndepartementet opp til ei vidareføring av den lokale miljøinnsatsen i 2007. Dette vil bl.a. bli sett i sammenheng med ei fleirårig miljømobilisering for å auke det folkelege engasjementet og oppslutninga om ein ambisiøs miljøpolitikk.
Arbeidsmål 5. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar.
Pressa og frivillige organisasjonar er viktige målgrupper for Miljøverndepartementet. Vi legg derfor særleg vekt på at desse gruppene får god tilgang til informasjon, slik at dei på sin måte kan formidle vidare til sine målgrupper.
Pressereiser i samband med nasjonale og internasjonale møte der miljøvernministeren deltek er blant tiltak som blir nytta. På tradisjonell måte blir det utarbeidd artiklar og kronikkar til aviser og tidsskrift, og det blir også arrangert pressekonferansar ved viktige hendingar.
Godt samarbeid med organisasjonane er viktig for departementet, og driftstilskot til dei frivillige organisasjonane er eit nyttig verkemiddel for å styrkje aktivitet og deltaking.
I tillegg til media er Internett ein viktig kanal for informasjonsformidling frå Miljøverndepartementet og underliggjande etatar. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengeleg gjennom nettstadene til miljøvernforvaltninga. Departementsinngangen www.miljo.no gir full oversikt over informasjonstilbodet frå miljøforvaltninga. Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) er inngangen til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøvernpolitiske resultatområda. Det er etatane sitt ansvar å oppdatere denne informasjonen. Departementets internettsider skal vere ein formidlingskanal i tråd med lov om rett til miljøinformasjon. Eitt døme er høyringssaker der også høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet. Informasjonssidene om EU/EØS er eit anna døme. Dei gir brukarane informasjon om arbeidet i EU/ EØS i god tid og dermed høve til å påverke prosessen. Bruken av Internett er ein viktig del av strategien for IKT i miljøvernforvaltninga der utvikling av interaktive, brukartilpassa informasjonsløysingar er sentrale mål.
Det blir sett av midlar til ulike informasjonstiltak og aktivitetar, m.a. til samarbeidsprosjekt med andre aktørar. Informasjon i samband med aktuelle stortingsmeldingar, m.a. oppfølging av meldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand står sentralt.
Nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning blir formidla gjennom departementets nettsider www.planlegging.no og gjennom publikasjonane Plannytt og Planjuss. Departementet er i gang med ein gjennomgang av den samla informasjonsstrategien knytt til området regional og kommunal planlegging.
Internasjonale standardar for tilgjenge, WAI (Web accessability initiative) er innarbeidde på miljøvernforvaltningas internettsider. Syntetisk tale er tilgjengeleg på alle departementets nettsider på ODIN. Nettstaden www.universell-utforming.miljo.no som er knytt til Regjeringas handlingsplan for auka tilgjenge, har vore banebrytande på dette feltet i Noreg.
Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med 520,7 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett for år 2007. Resultatområdet omfattar innsatsen av områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver på tvers av alle resultatområda 1-10, og blir finansiert av alle delar av miljøvernforvaltninga, jf. kap. 1400, 1410, 1425, 1426, 1427, 1429, 1432, 1441, 1465 og 1471. Tilskot til dei frivillige miljøvernorganisasjonane er òg eit viktig verkemiddel for å styrkje medverknad og engasjement omkring ulike miljøspørsmål, jf. kap. 1400, post 70. Tilskot til andre organisasjonar eller prosjekt og tiltak som stimulerer til ei berekraftig utvikling er òg sentralt, jf. kap. 1400, post 73. I 2007 vil Regjeringa i samarbeid med frivillige organisasjonar og andre starte ein kampanje for auka fokus på klimautfordringa. For år 2007 er det totalt avsett 106 mill. kroner til miljøovervaking over Miljøverndepartementets budsjett, jf. kap. 1410, post 21.
I tillegg blir lønn og drift av fylkesmannens miljøvernavdelingar finansierte over kap. 1510 Fylkesmannsembeta, jf. St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Miljøverndepartementet utviklar og forvaltar ei rekkje lover, reglar og instruksar som har innverknad på miljøsektoren og plansida, f.eks. plan- og bygningslova, forureiningslova, naturvernlova m.m.
Ein effektiv og målretta organisasjon er eit avgjerande verkemiddel for gjennomføring av Miljøverndepartementets mål.