Del 3
Miljøverndepartementets budsjettforslag for 2007
Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Ein viser til del I der det blir gjort greie for budsjettendringar i 2007 innafor dei ulike resultatområda.
Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2007 er 752,5 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 64 mill. kroner, eller 7,8 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2006. Reduksjonen skuldast i hovudsak nedjusterte rammer som følgje av forseinka framdrift ved nikkelverket på Kola.
Regjeringa legg vekt på videreføre løyvinga til forsking og overvaking på eit høgt nivå i 2007 og fremjar forslag om auke løyvingane til miljøovervaking med om lag 7,3 mill. kroner. Gjennom ein auka satsing på opplysning og kometanseformidling ønskjer Regjeringa vidare å styrkje allmentas kunnskap om miljø. Regjeringa foreslår òg ein auka innsats for å betre miljøet i Groruddalen med 7 mill. kroner.
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 | Pst. endr. 06/07 |
1400 | Miljøverndepartementet | 335 743 | 469 451 | 391 546 | -16,6 |
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 321 313 | 347 007 | 360 962 | 4,0 |
Sum kategori 12.10 | 657 056 | 816 458 | 752 508 | -7,8 |
Kap. 1400 Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Driftsutgifter | 157 896 | 163 160 | 169 370 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 44 632 | 43 838 | 60 557 |
70 | Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar | 30 000 | 32 000 | 33 216 |
71 | Internasjonale organisasjonar | 37 920 | 38 507 | 38 757 |
72 | Miljøverntiltak i nordområda , kan overførast | 7 500 | 7 000 | 7 000 |
73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk , kan overførast | 23 713 | 23 200 | 26 800 |
74 | Tilskot til AMAP , kan overførast | 2 200 | 2 200 | 2 200 |
75 | Miljøvennleg byutvikling , kan overførast | 4 387 | 5 000 | 8 000 |
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak , kan overførast | 8 365 | 9 046 | 9 146 |
78 | Miljøtiltak til nikkelverka på Kola , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 109 000 | ||
79 | Den nordiske verdsarvstiftelsen | 3 500 | 3 500 | 3 500 |
80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 15 629 | 20 000 | 20 000 |
81 | Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 13 000 | 13 000 | |
Sum kap. 1400 | 335 743 | 469 451 | 391 546 |
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Miljøverndepartementet skal kunne halde ved lag ei forsvarleg verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. I perioden 1. mars 2001 – 1. mars 2006 er talet på årsverk i departementet redusert frå 256 til 219.
Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, bl.a. drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største. Departementet har òg høge reiseutgifter pga. det internasjonale miljøvernarbeidet.
I 2007 er det foreslått ei totalløyving til tiltaka under posten på 169,4 mill. kroner. Dette er ein auke frå 2006-budsjettet på om lag 6,2 mill. kroner eller 3,8 pst. Auken skuldast i hovudsak tildelt lønnskompensasjon.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøvernforvaltningas ansvarsområde.
Miljøvernpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Miljøverndepartementet har tilstrekkelege ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.
I 2007 er det foreslått ein auke til tiltaka under posten på 16,7 mill. kroner.
Løyvingane som er foreslått i 2007-budsjettet vil bl.a. bli nytta til å føre vidare arbeidet med ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet og rammedirektivet for vatn. Det er vidare sett av midlar til oppfølging av stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Innsatsen for kartlegging av miljøgifter er óg auka.
Det er avsett midlar til iverksetjing av ny plandel i plan- og bygningslova og utgreiingar i samband med oppretting av eit eige føretak for førebygging og gjenvinning av avfall.
I tillegg er det bl.a. løyvd midlar til tiltak for villaksen og bevaring av fjellreven under denne posten.
Post 70 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
Midlane under posten er retta mot resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.
Posten omfattar grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar som blir gitt over Miljøverndepartementets budsjett. Støtte blir gitt til organisasjonar som har sitt kjerneområde direkte knytt til miljøvern eller fagspesifikke område.
Løyvinga for 2007 er auka med 1,2 mill. kroner i forhold til 2006-budsjettet.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit breitt utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med miljøvern som hovudarbeidsfelt, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt. Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonanes aktivitetsnivå lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.
Tabell 17.1 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
Organisasjon | Rekneskap 2005 | Vedtatt budsjett 2006 | Forslag 2006 |
---|---|---|---|
Norges Naturvernforbund | 5 152 | 5 496 | 5 705 |
Framtiden i våre hender | 1 892 | 2 018 | 2 095 |
Den Norske Turistforening | 3 460 | 3 690 | 3 830 |
Norges Jeger- og fiskerforbund | 4 742 | 5 058 | 5 250 |
Friluftslivets fellesorganisasjon | 2 338 | 2 493 | 2 588 |
Norsk Ornitologisk Forening | 1 427 | 1 523 | 1 580 |
Norges kulturvernforbund | 643 | 685 | 710 |
Fortidsminneforeningen | 3 025 | 3 226 | 3 350 |
Forbundet Kysten | 1 280 | 1 366 | 1 420 |
Norsk forening for fartøyvern | 1 170 | 1 249 | 1 295 |
Natur og Ungdom | 1 015 | 1 083 | 1 125 |
Norges Miljøvernforbund | 202 | 216 | 224 |
WWF-Norge | 541 | 578 | 600 |
Norsk forening mot Støy | 772 | 824 | 855 |
Norsk Vannforening | 220 | 234 | 243 |
Samarbeidsrådet for biologisk mangfold | 677 | 723 | 750 |
Norsk Biologforening | 95 | 101 | 105 |
Norsk Zoologisk Forening | 63 | 67 | 70 |
Norsk Entomologisk Forening | 95 | 101 | 105 |
Norsk Botanisk Forening | 95 | 101 | 105 |
Foreningen Våre Rovdyr | 153 | 163 | 170 |
Noregs Sopp- og nyttevekstforening | 60 | 64 | 66 |
Blekkulfs miljødektektiver | 883 | 941 | 975 |
Sum | 30 000 | 32 000 | 33 216 |
Departementet tek atterhald og vurderer fortløpande, basert på innkomne søknader, om organisasjonar som blir tildelte grunnstøtte tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte på denne posten.
Post 71 Internasjonale organisasjonar
Midlane under posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda.
Posten er auka som følgje av støtte til drift av sekretariatet for Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM). SAICM består av Dubai-erklæringa om internasjonal kjemikalieforvaltning, ein overordna kjemikaliestrategi og ein konkret handlingsplan. Sekretariatet for SAICM er leia av FNs miljøfond (UNEP) og WHO i fellesskap.
Mål
Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.
Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til FNs miljøfond (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.
Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:
FNs miljøfond (UNEP)
Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)
Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)
Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)
Interimsekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)
Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)
Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)
Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)
Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).
Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)
Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)
Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar
Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)
Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)
Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)
Miljøverndepartementets del av det norske bidraget til grunnkapital i Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO)
Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)
FNs klimapanel (IPCC)
FNs Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)
Kyotoprotokollen
Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)
Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og forhandssamtykke ved eksport av kjemikaliar
Århuskonvensjonen om miljøinformasjon
International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)
Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)
Oppfølging og kontroll
Kontroll og oppfølging av organisasjonane skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i generalforsamlingar, årsmøte og liknande.
Post 72 Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda. Løyvinga er oppretta for å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Ordninga er ikkje open for søknad. Relevante tilskotsmottakarar blir tilskrivne.
A: Tilskot til drift av Polarmiljøsenteret A/S
Mål:
Målet med ordninga er utvikling av Polarmiljøsenteret A/S i Tromsø slik at selskapet kan løyse fellesoppgåver knytte til drifta av Polarmiljøsenteret på ein økonomisk og fagleg effektiv måte. Vidare skal selskapet ha som oppgåve å formidle informasjon om og profilering av Polarmiljøsenteret nasjonalt og internasjonalt.
Oppfølging og kontroll:
I tillegg til fagleg kontakt blir det motteke årsrapportar om gjennomførte aktivitetar og reviderte rekneskapsrapportar frå tilskotsmottakar. Kontroll skjer ved fagleg og generell formaliakontroll av årsrapport og rekneskap, ved kontroll av tilskotsmottakaren si faktiske etablering i senteret og ved at tre av departementets direktorat deltek i selskapets styre.
B: Tilskot til FoU-verksemd
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Målgruppa for tilskotsordninga er samarbeidande forskingsinstitutt som er deltakarar i Polarmiljøsenteret.
Kriterium for måloppnåing:
Vi måler omfanget av og kvaliteten og relevansen i forskingsresultat framlagt i form av rapportar og artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift.
Oppfølging og kontroll:
Forskingsinstitutta og andre som får tilskot rapporterer på talet FoU-prosjekt som er sette i verk og avslutta, mengda av publiserte og selde publikasjonar, under dette også ved internasjonal referee. Vidare blir det motteke årsrapportar med omsyn til det vitskapelege samarbeidet i senteret og reviderte rekneskapsoversikter for tilskota. Kontroll skjer ved fagleg gjennomgang og generell formaliakontroll av dei innsende rapportane.
C: Tilskot til polarattraksjonen Polaria
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å sikre fornying av utstillingar.
Oppfølging og kontroll:
Rapport og revidert rekneskap blir innhenta frå Stiftelsen Polaria. Kontroll skjer ved generell formaliakontroll av årsrapport og rekneskap.
Evaluering av A og B:
Miljøverndepartementet gav Noregs Forskingsråd i oppdrag å bistå departementet med ein gjennomgang og ei vurdering av Polarmiljøsenteret. Evalueringa skulle omfatte måloppnåing sett i forhold til dei overordna måla for Polarmiljøsenteret, dei administrative styringsverktøya, organiseringa av sentersamarbeidet og drifta av det faglege sentersamarbeidet, under dette dagens system for fordeling av departementets tilskotsmidlar, både sett i forhold til effektiv ressursbruk og organisering for best å kunne oppnå overordna mål. Evalueringsrapporten vart oversend departementet 30. januar 2006. Rapporten viser at forskingssamarbeidet har ført til styrkt kompetanseoppbygging og forsking av høg vitskapleg kvalitet i senteret. «Brukarane» er vel nøgde med dei varene og tenestene Polarmiljøsenteret leverer. Både Miljøverndeparementet og samfunnet har fått god og relevant valuta for investeringa si.
Evalueringskomiteen meiner at Polarmiljøsenteret har ei sentral rolle å spele i kunnskapsutviklinga i nord og bør ha som mål å vere styresmaktenes kunnskapsleverandør innan berekraftig utvikling og sunne økosystem i dei nordlege områda.
Evalueringskomiteen meiner at det er eit betydeleg uforløyst potensial i Polarmiljøsenteret og at det bør gjerast visse endringar for å utløyse dette potensialet.
Evalueringskomiteen tilrår bl.a.:
At senterprogramma blir avslutta i si noverande form og inngår i ei ny langsiktig, strategisk fellessatsing retta mot «integrert kunnskap som grunnlag for bærekraftig forvaltning og næringsutvikling i nordområdene»
At det blir lagt vesentleg meir kraft bak informasjons- og formidlingsverksemda som samtidig blir gitt ei strategisk innretning
At Polarias potensial for kontakt med og informasjon til allmenta må utnyttast
Eit betre samarbeid med Universitetet i Tromsø og Tromsø kommune for å styrkje Tromsø som eit nasjonalt og internasjonalt vitskapeleg kunnskapssenter for nordområda
Eventuelle budsjettkonsekvensar av forslaga i evalueringsrapporten vil bli vurderte i tilknyting til 2008-budsjettet.
Post 73 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot alle resultatområda til Miljøverndepartementet. Målet med løyving er å stimulere ei berekraftig utvikling.
Løyvinga er auka med 3,6 mill kroner i 2007.
1) Øyremerkte tilskot
Mål
Målet med tilskotsordninga er å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.
Ordninga vil i 2007 omfatte:
Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen for berekraftig produksjon og forbruk, GRIP Senter, som skal utvikle og formidle metodar, verktøy og informasjon som hjelper, motiverer og gjer det enklare for private og offentlege verksemder å bli meir miljøeffektive, og auke verdiskapinga med redusert ressursbruk og miljøbelastning. GRIP senter er eit sentralt verkemiddel i samband med Miljøverndepartementets satsing på miljøbevisste offentlege nyskaffingar, Grøn stat og reiseliv, økoturisme og destinasjonsutvikling. Tilskotet i 2007 vil i hovudsak gå til desse satsingsområda.
Drifts- og prosjekttilskot til Grøn Kvardag – Miljøheimevernet. Verksemda skal gjennom praktiske råd og løysingsforslag påverke bl.a. forbrukarane til meir miljøvennleg åtferd.
Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen Idébanken. Stiftelsen har som formål å fremje og formidle praktiske, lokale forsøk på å realisere ei berekraftig utvikling og gjere synleg det lokale handlingsrommet som finst.
Driftstilskot til stiftelsen Miljømerking i Noreg, som skal stimulere næringslivet si satsing på å utvikle meir miljøvennlege produkt og stimulere forbrukarane til val av desse (ordninga er nærare omtalt i Barne- og familiedepartementets budsjettproposisjon).
Prosjekttilskot til LOOP, ein stiftelse som arbeider med å gi meir heilskapleg og samordna informasjon til næringsliv, kommunar og forbrukarar om handtering av alle typar avfall, under dette spesialavfall.
Kriterium for måloppnåing
I tillegg til det overordna målet for tilskotsposten er det utarbeidd meir konkrete arbeidsmål for dei enkelte verksemdene som mottek støtte. Desse måla går fram av tilsegnsbrevet til den enkelte verksemda. Ved å ta utgangspunkt i tiltak, aktivitetar og prosjekt som har vore gjennomførte, skal verksemdene gjere greie for effektane av dette og knyte det til fastsette arbeidsmål, relevante nasjonale miljømål og mål for berekraftig utvikling nedfelt i Nasjonal Agenda 21.
Miljøverndepartementet arbeider kontinuerleg for å betre opplegget for resultatrapportering frå verksemdene og gjere dette meir systematisk og straumlinjeforma. For betre å kunne dokumentere og synleggjere effektane av arbeidet til verksemdene vart det i 2004 sett i gang eit arbeid for å utarbeide formålstenlege indikatorar/suksesskriterium for kvar enkelt verksemd.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på verksemdas resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.
Oppfølging og kontroll
Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
2) Til disposisjon for departementet
Det er sett av midlar til tilskot til miljøstiftelsen Bellona og Zero til arbeid med klima- og energitiltak, og midlar som departementet vil disponere til prosjekt og tiltak som ligg innafor målsetjinga til posten. Departementet vil følgje opp tilskota på bakgrunn av rapportar frå tilskotsmottakarane.
Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast
Løyvinga medverkar til å oppnå måla på resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda.
Mål
Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftinga AMAP.
Stiftinga AMAP vart oppretta av Miljøverndepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. AEPS-samarbeidet er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk Råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.
Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast
Midlane under denne posten er i hovudsak retta mot resultatområde 9 Regional planlegging. Løyvinga er auka med 3 mill. kroner i 2007. Auken skal blant anna styrkje innsatsen for eit betre miljø i Groruddalen. Det er òg avsett midlar til Groruddalen under kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter.
Mål
Formålet med ordninga er å utvikle og stimulere til nye løysingar som fremjar miljøvennleg byutvikling og byforvaltning.
Staten har invitert 12 byar til eit pilotprosjekt der offentlege etatar, næringsliv og bebuarorganisasjonar har gått saman om å utprøve nye miljøløysingar i byane. Det er bl.a. etablert såkalla miljøsoner, der tiltak som kan gi reinare luft, mindre støy, betre trafikktryggleik, betre tilgjenge til grøntområde og betre kulturmiljø er sett samla innafor eit avgrensa område. Groruddalen i Oslo er eitt av pilotprosjekta der fleire tiltak blir prøvde ut samla for å betre miljøet i dalen. Andre pilotprosjekt som er finansierte under posten er omforming av gamle byområde, planlegging, drift og vedlikehald av sentrumsområde og samarbeid med næringslivet om miljøvennlege arbeids- og tenestereiser.
Kriterium for måloppnåing
Arbeidet skal føre fram til konkrete planar, fysiske resultat og nye samarbeidsformer i dei prioriterte områda. Resultata frå pilotprosjekta skal ha overføringsverdi og kunne formidlast til andre byar og tettstader som står overfor tilsvarande miljøutfordringar.
Tildelingskriterium
Tildeling vil skje på grunnlag av søknader frå dei partane som deltek i pilotprosjekta. Eigenandel er ein føresetnad.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang blir følgde opp fortløpande både fagleg og økonomisk. Det blir kravd fagrapportar og rekneskapsrapportar av tilskotsmottakar etter avslutta prosjekt. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskapar.
Evalueringar
Det vil bli sett i gang evaluering av tiltak som er sette i verk. Resultata vil bli oppsummerte i 2007 og nytta i det vidare bypolitiske arbeidet lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast
Midlane under denne posten gjeld resultatområda 7 Klimaendringar, luftforureining og støy og 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda.
Mål
Målet med ordninga er å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt. Ordninga skal òg medverke til at Noreg gjennom nasjonale tiltak oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld klimaendringar, stoff som bryt ned ozonlaget og grenseoverskridande luftforureiningar. Tilskotsordninga blir kunngjort i eit eige rundskriv frå Miljøverndepartementet om alle departementets tilskotsordningar.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på kva resultat departementet ønskjer å oppnå i det internasjonale miljøvernsamarbeidet, eller plikter Noreg må innfri gjennom nasjonale tiltak.
Oppfølging og kontroll
Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.
Post 77 Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån
Ordninga med statsgaranterte miljølån i Industribanken (seinare Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND) og garanti gitt av Industribanken på vegner av staten til pålagte reinsetiltak vart avvikla frå og med 1991. I 1991 vart det innført ei ny ordning med statsgaranterte miljøvernlån for investeringar i tiltak innan gjenvinning, spesialavfall og miljøteknologi i industrien. Denne vart avvikla frå og med 1997.
Posten blir nytta til å innfri garantiar som er gitt i samsvar med tidlegare garantifullmakt. For at dette skal kunne skje på ein praktisk måte, og for at staten ikkje skal pådra seg unødige rentekostnader, har departementet fullmakt til å utgiftsføre utan løyving fastslåtte tap under føresetnad av at det så snart det er formålstenleg blir fremja forslag til løyving for Stortinget. Denne fullmakta blir foreslått ført vidare i 2007, jf. Forslag til vedtak III. Det var ingen tap på ordningane i 2005. Garantiansvaret for dei tre ordningane som er avvikla, men der staten framleis sit med garantiansvar, var samla sett redusert frå om lag 27 mill. kroner pr. 31. desember 2004 til om lag 14 mill. kroner ved utgangen av 2005.
Tabell 17.2 Garantifullmakter under kap. 1400 post 77
I Garanti for lån i Innovasjon Noreg (tidlegare SND) | (i 1000 kr): | |
---|---|---|
a) | Tap i 2005 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.05 | 6 035 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2006 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nyetilsegner i 2007 | 0 |
e) | Totalramme i 2007 | 6 035 |
II Garanti frå Innovasjon Noreg (tidlegare SND) til andre private kredittinstitusjonar på vegner av staten | (i 1000 kr) | |
---|---|---|
a) | Tap i 2005 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.05 | 0 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner 2006 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2007 | 0 |
e) | Totalramme i 2007 | 0 |
III Statsgaranterte lån i private kredittinstitusjonar og Innovasjon Noreg (tidlegare SND) | (i 1000 kr) | |
---|---|---|
a) | Tap i 2005 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.05 | 7 917 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2006 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2007 | 0 |
e) | Totalramme i 2007 | 7 917 |
Post 78 Miljøtiltak til nikkelverka på Kola, kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga og tilsegnsfullmakta under denne posten gjeld resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda. Løyving skal nyttast som tilskot til modernisering av nikkelverket på Kola. Det er venta ein reduksjon i utslepp frå verket av svoveldioksid, støv og tungmetall på minst 90 pst. i forhold til utsleppet i 1999, når prosjektet er gjennomført. Dette vil gi merkbar betring av helse og miljø lokalt og for miljøet i Finnmark.
Prosjektet går ut på å byggje briketteringsanlegg i Zapoljarny og ny smelteomn med gassreining og tilhøyrande svovelsyrefabrikk i Nikel. Investeringane, som var planlagt til ca. 93,5 mill. USD, blir finansierte med tilskotet frå Noreg og eit tilskot frå Sverige på 3 mill. USD, mens resten blir dekt av lån frå NIB (30 mill. USD) og eigendel frå Norilsk Nikel-konsernet. Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkjast av Norilsk Nikel.
Norilsk Nikel-konsernet gjer i tillegg omfattande investeringar i gruvedrift og knusing og oppkonsentrering av malm i Zapoljarny. Selskapet bedømmer no at verksemda i Petsjenga vil halde fram over ein lengre periode enn ein trudde tidlegare. Tidsperspektivet er sett ut frå venta tilgang til eksternt smeltemateriale og gjennom tilgangen til eigen malm. Malmførekomstane i området er gjennom djupare malmbryting betydelege, og er venta å kunne vare betydeleg lenger enn til 2015.
Ombygginga starta i 2002, ca. eit halvt år forseinka pga. at det tok lengre tid enn føresett å sluttføre avtalane om tilskot og lån.Ved to anledningar har prosjektet seinare blitt ytterlegare seinka i forhold til tidlegare planlagt ferdigstilling, som var innan utgangen av 2006. Første gong var i 2003/2004 då hovudgrunnen var vanskar med handteringa av dei store mengdene med svovelsyre som vil bli produserte; sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004). Norilsk Nikel-konsernet har no bestemt å halde fram med bruk av den opphavlege nye teknologien. Vidare bestemte Norilsk Nikel-konsernet hausten 2003 for eiga rekning å byggje eit pilotanlegg med den nye smelteteknologien i Montchegorsk. Dette vil betre sikre at den nye smelteomnen i Nikel møter dei miljøkrava Noreg har sett. Dette er omtala i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Begge desse forholda, som hadde som formål å sikre at miljømåla skulle nåast, førte til forseinkingar på ca. 1,5 år med ferdigstilling ved utgangen av 2008.
I januar 2006 vart departementet orientert av NIB om ytterlegare forseinkingar av prosjektet med ca. 2 år, sjå òg informasjon gitt i St.prp. nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2006. Denne forseinkinga skuldast tekniske feil i det nye briketteringanlegget og tekniske problem i pilotprosjektet for utprøving av ny teknologi. Av brevet framgår det òg at Norilsk Nikel er heilt innstilt på å fullføre prosjektet og at NIB meiner det framleis er mogleg å nå dei miljømåla som er føresetnaden for den norske støtta.
Miljøverndepartementet har gjennomført ein juridisk gjennomgang av avtala mellom departementet og NIB som følgje av rapporteringa om ytterlegare to års forlenging av prosjektet for å sjå om forseinkinga er å sjå på som eit avtalebrot. Forseinkinga er sakleg grunngitt og strekkjer seg ikkje ut over avtaletida på 10 år, og den er derfor ikkje å sjå på som misleghald av avtala. Miljøverdepartementet har godkjent utsetjinga som inneber at miljømåla skal vere nådd i 2010, og har samtidig gjort NIB merksam på at ved ein eventuell ny søknad om utsetjing vil vurderinga kunne bli ei anna fordi avtala som er inngått berre gjeld i 10 år.
Forseinkingane med tilhøyrande forandringar i gjennomføringa av prosjektet, under dette bygginga av pilotanlegget, har ført til auka kostnader for prosjektet. Dei samla investeringane er no anslått til ca. 144 mill USD. Alle meirkostnadene blir dekte av konsernet.
I følgje NIB er Norilsk Nikel no fast bestemt på å gjennomføre alle investeringane ved briketteringanlegget i Zapolyarny. Dette vil bety at miljømålet for dette utsleppet som var ca. 60 000 tonn svoveldioksid i 1999 vil vere nådd i løpet av dei næraste 2-3 åra. NIB reknar vidare med at det i løpet av hausten 2006 òg vil bli fatta avgjerd om å gjennomføre investeringane i Nikel, noko som vil gjere det mogleg å nå heile miljømålet for moderniseringsprosjektet i 2010.
Det er avsett 0,7 mill. kroner under kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter til å dekkje utgifter ved forvaltning av tilskotet i 2007.
Rest på tilsegnsfullmakta blir etter dette 84,6 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Post 79 Den nordiske verdsarvstiftelsen
Midlane under posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda.
Midlane dekkjer tilskot til Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation, NWHF) gjennom ei grunnløyving på 3,5 mill. kroner.
Mål
Målet med løyvinga er å styrkje oppfølginga av UNESCOs verdsarvskonvensjon. Den nordiske verdsarvstiftelsen skal bl.a. fungere som eit knutepunkt for den samla innsatsen frå dei nordiske landa på området, tilby teknisk ekspertise, spreie informasjon og medverke til nyskapande prosjekt, reise midlar og tilby assistanse til utviklingsland.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Post 80 Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle, kan overførast, kan nyttast under post 21
Midlane under posten er knytte til resultatområde 9 Regional planlegging.
Posten er oppretta for å ivareta oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barriererog Stortingets vedtak om ein handlingsplan for auka tilgjenge til transport, bygningar, informasjon og andre viktige samfunnsområde. Planen er kalla Handlingsplan for økt tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne – plan for universell utforming innen viktige samfunnsområder (2005-2009), og oppfølginga av planen er koordinert av Miljøverndepartementet i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Midlane er knytt til sektorovergripande tiltak i handlingsplanen. Ettersom offentlege instansar har ansvaret for å resultatfølgje enkelte av tiltaka, er det behov for at ein del av midlane kan nyttast under post 21.
Mål
Formålet med ordninga er å støtte opp om mål, strategiar og prioriterte tiltak i handlingsplanen. Målgrupper er ulike forvaltningsnivå, organisasjonar og offentlege og private instansar.
Kriterium for måloppnåing
Ordninga skal stimulere til nytenking i utforming av produkt og tenester, byggverk og uteområde slik at alle, utan omsyn til funksjonsevne, kan nytte dei på ein likestilt måte. Ved at mange aktørar medverkar, finn ein nye løysingar som vil gi meir effektiv nytte av offentlege ressursar. Ordninga legg til grunn at det skal vere aktiv brukarmedverknad og formidling av resultata.
Tildelingskriterium
Midlar skal dekkje sektorane sitt ansvar for auka tilgjenge og til verkemiddelområda og tiltaka i handlingsplanen. Tiltak som fremjar samarbeid over sektorgrenser, forvaltningsnivå og interesseområde blir prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang vil bli følgde opp fagleg og økonomisk. Det blir kravd fagrapportar eller annan dokumentasjon på gjennomførte tiltak og rekneskap av tilskotsmottakar. Sektoranes sameinte innsats blir rapportert til Statssekretærutvalet for den sameinte politikken for funksjonshemma gjennom departementets ansvar for koordineringa av innsatsområdet.
Evaluering
Handlingsplanen for universell utforming skal evaluerast. Evalueringa vil rette seg mot verknader ved gjennomføringa av handlingsplanen innan ramma av styringsdokument og ordinære investerings- og tiltakspostar i statsbudsjettet.
Post 81 Tilskot til lokalt miljøvern og berekraftige lokalsamfunn, kan overførast, kan nyttast under post 21
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver og resultatområde 9 Regional planlegging.
Midlane skal nyttast til å organisere læringsnettverk, og drive systematisk erfaringsformidling og støtte dei kommunane som ønskjer å vere pådrivarar for miljø og samfunnsutvikling. Kunnskap og erfaring frå lokalt miljøvernarbeid skal vidareutviklast og overførast til flest mogleg kommunar på ein systematisk måte. For at satsinga skal gi varig effekt, er programperioden 5 år (2000–2010).
Mål
Ved å synleggjere og styrkje kommunanes rolle som samfunnsutviklar, skal det oppnåast auka gjennomslagskraft for viktige miljøomsyn innan ei rekkje politikkområde i kommunane. Konkrete resultat skal oppnåast blant anna innan arealpolitikken, innkjøpspolitikken, klima og energi, ressursforvaltning og biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, livskvalitet, folkehelse og friluftsliv. Nettverksgrupper av kommunar skal arbeide med konkrete tiltak innafor dei prioriterte miljøområda i mindre nettverk leia av KS, med miljøfagleg bistand frå ei rekkje aktørar. Deltakarane i nettverket er ein del av eit større nasjonalt nettverk med tett samarbeid mellom fagmiljø, organisasjonar og næringsliv nasjonalt og regionalt.
Kriterium for måloppnåing
Det skal leggjast vekt på eit målretta informasjonssystem og formidling av gode eksempel, slik at kommunane betre kan finne fram og ta initiativ til og gjennomføre miljøretta tiltak. Satsinga skal gi fornya lokal merksemd og kompetanse innan miljøområdet. Satsinga skal vidare leggje grunnlag for utvikling av indikatorar og tettare kommunikasjon mellom stat og kommune mellom anna gjennom konsultasjonsordninga. Ved at mange aktørar medverkar blir det skapt nye løysingar som også er venta å føre til meir effektiv ressursbruk knytt til tradisjonelle kontrolloppgåver.
Tildelingskriterium
Ein vesentlig del av midlane er knytt til å organisere læringsnettverk og drive erfaringsformidling. Desse midlane vil bli fordelte på bakgrunn av intensjonsavtale mellom Miljøverndepartementet og KS. Det er føresetnaden at KS medverkar med betydeleg eigeninnsats og at kommunane går inn med eigne ressursar til prosjektansvarlege og tiltak. Ein del av midlane er knytte til formidlingstiltak og støtte til pilotprosjekt med overføringsverdi.
Oppfølging og kontroll
Det skal utviklast indikatorar og leggjast til rette for målretta styring og oppfølging av tiltaka gjennom det ordinære plan- og styringssystemet. Det blir lagt opp til vidare utvikling av KOSTRA til rapportering av oppnådde resultat innan dei prioriterte miljøområda. Arbeidet vil bli følgt opp fortløpande både fagleg og økonomisk. Årsrapport og rekneskapsoversikt vil bli utarbeidd.
Evaluering
Det skal setjast i gang ei følgjeevaluering av programmet. Erfaringane og resultata vil gå inn i det ordinære konsultasjonsarbeidet mellom staten og KS og i andre relevante samhandlingsfora. Erfaringane skal nyttast til å vidareutvikle rammevilkår og verkemiddel for ein miljøvennleg praksis lokalt.
Kap. 4400 Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
02 | Ymse inntekter | 426 | 96 | 300 |
03 | Refusjon frå Utanriksdepartementet | 881 | 664 | 850 |
16 | Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar | 1 838 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 686 | ||
21 | Oppdragsinntekter | 761 | ||
Sum kap. 4400 | 4 831 | 1 521 | 1 150 |
Post 02 Ymse inntekter
Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, bl.a. gebyr for parkering på området til Miljøverndepartementet. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. Forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.
Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Det er budsjettert med 850 000 kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Post 21 Oppdragsinntekter
Posten er lagt ned fom. 2007.
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
21 | Miljøovervaking og miljødata | 91 558 | 98 752 | 106 028 |
50 | Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta | 92 086 | 102 086 | 105 965 |
51 | Forskingsprogram m.m. | 117 518 | 126 018 | 125 318 |
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking | 5 000 | 5 000 | 5 000 |
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 15 151 | 15 151 | 15 151 |
72 | Tilskot til Norsk institutt for genøkologi | 3 500 | ||
Sum kap. 1410 | 321 313 | 347 007 | 360 962 |
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking gjeld forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda, unnateke resultatområde 10 Kart og geodata.
Regjeringa legg vekt på å videreføre løyvinga til forsking og overvaking på eit høgt nivå i 2007 og fremjer forslag om auke løyvingane til miljøovervaking med om lag 7,3 mill. kroner i 2007.
Post 21 Miljøovervaking og miljødata
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøvernpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, bl.a. utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast er dekte over andre postar på Miljøverndepartementets budsjett.
Midlane blir nytta til å få fram kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøvernpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøvernpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøvernavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld først og fremst område der det er nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, bl.a. utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon.
Auka vektlegging av resultatoppfølging og sektoransvar i miljøvernpolitikken gjer det nødvendig med meir systematisk bruk av miljøstatistikk enn tidlegare. Denne statistikken er blant anna viktig for oppfølging av Regjeringas mål for miljøvernpolitikken og for arbeidet med å halde oversyn over miljøtilstanden. Dels erstattar miljøstatistikken anna overvaking og dels blir resultata nytta saman med data frå overvakinga. Miljøstatistikken må vere stabil og langsiktig og sjåast i samanheng med annan relevant statistikk og miljøvernforvaltning.
Utgiftene er i hovudsak kjøp av varer og tenester frå forskingsinstitutt m. fl. som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.
Vi registrerer framleis eit stort tap av den viktige tareskogen langs kysten og gode overvakingsdata vil vere avgjerande for å kunne setje i verk tiltak. Regjeringa vil halde oppe satsinga for å avdekkje årsakene til at tareskogen forsvinn. Denne situasjonen har samtidig avdekt at vi har mangelfull kunnskap om årsakene til det som skjer, og innsatsen i kystovervakingsprogrammet vil derfor bli styrkt.
På andre område er overvakinga under utvikling for å kunne møte nye krav og ny kunnskap. Dette gjeld særleg innafor biologisk mangfald, nye miljøgifter og kulturminne. I 2007 er det lagt opp til å vidareføre dette utviklingsarbeidet.
Posten dekkjer m.a. overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, kvalitetssikring av fase 1 og oppstart av fase 2 i det kommunale kartleggingsprogrammet, bestandsovervaking av rovvilt, vidareføring av sjøfuglprogrammet SEAPOP, arbeid for å sikre villreinen og auka overvaking av truga og sårbare arter, blant anna tareskog.
I 2007 er det foreslått ei totalløyving til miljøovervaking og miljødata på 106 mill. kroner. Dette er ein auke frå 2006 på om lag 7,3 mill. kroner eller 7,4 pst.
Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Løyvinga i 2007 er auka med 3,9 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2006 for å styrkje den langsiktige kompetanseoppbygginga for sektoren.
Posten dekkjer basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, under dette ein del av basisløyvinga til Bioforsk Jord og miljø. Basisløyvingane blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd som gir råd om fordeling av midlane. Basisløyvinga omfattar grunnløyving og løyving til strategiske instituttprogram, jf. resultatområde 11.
Det er viktig å sikre ei brei og god deltaking frå alle relevante forskingsmiljø i EUs rammeprogram for forsking. Ordninga med delfinansiering av eigendelen når norske forskingsinstitutt får tildelt prosjekt frå EU, skal førast vidare. Forskingsrådet skal forvalte midlane som ei felles ordning sjølv om løyvingane kjem frå ulike departement. Det skal nyttast opp til 3,5 mill. kroner av løyvinga på posten til denne ordninga i 2007.
Mål
Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Bioforsk Jord og miljø (tidlegare Jordforsk) og Senter for klimaforsking (CICERO) er sentralinstitutt innan sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal tilfredsstille samfunnets behov for å løyse problem på kort og lang sikt innan sine område. NIBR, NILU, NINA, NIKU, NIVA og Jordforsk (no Bioforsk Jord og miljø) danna i 2001 selskapet Miljøalliansen AS, som skal medverke til auka verdiskaping og kunnskapsproduksjon i samfunnet.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med det enkelte institutt for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov. Forskningsrådet uførte ei samla vurdering av felles problem og samarbeidsområde mellom desse institutta hausten 1999. Det vart bl.a. konkludert med at basisløyvinga har ein ikkje ubetydeleg innverknad på instituttas kompetanseutvikling. Grunnløyvinga er framleis eit sentralt verkemiddel for å sikre nødvendig kunnskapsbasis til å utvikle sentrale fagområde som ein ventar vil vere av verdi for forvaltninga.
Post 51 Forskingsprogram m.m.
Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innafor alle resultatområde, unnateke resultatområde 10 Kart og geodata.
Posten er tilnærma uendra i forhold til saldert budsjett 2006. Tilskot på 0,7 mill. kroner til Norsk institutt for Genøkologi (Genøk) som tidlegare låg under posten er omdisponert til kap. 1410, post 72 Tilskot til Norsk institutt for genøkologi. Løyvinga skal nyttast til å styrkje forsking på klima, biomangfald, kulturminne, helse- og miljøfarlege kjemikaliar og Barentshavet. Det internasjonale polaråret (IPY) er ei anna viktig satsing under posten. IPY 2007–08 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking, der mange nasjonar har gjort kjent at dei vil delta og der store ressursar blir sette inn. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Løyvinga på 2 mill. kroner over budsjettet til Miljøverndepartementet skal bidra til å dekkje det norske sekretariatet som er etablert og investeringar som må vere på plass før sjølve forskinga startar opp.
Mål
Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøvernsamarbeid.
Hovudvekta er lagt på forsking innan klimaendringar, inkl. forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking innan biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioriterte. I 2006 vart 11 forskingsprogram finansierte over Miljøverndepartementets budsjett, og alle var samfinansierte, hovudsakleg med midlar frå budsjetta til andre departement. Forsking er eit viktig verkemiddel og er derfor nærare omtalt under dei enkelte resultatområda. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av verksemda innan Noregs forskingsråd.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valde inn i programstyre.
Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking
Mål
Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).
Oppfølging og kontroll
Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek vare på den norske medlemskapen.
Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta
Mål
Målet er å syte for at alle miljøinstitutta har ressursar til fagleg rådgiving til miljøvernforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøvernforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, næringsliv og publikum, kvalitetssikring av data, etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar og bibliotekfunksjonar m.m.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.
Post 72 Tilskot til Norsk institutt for genøkologi
Mål
Posten er oppretta for å sikre ei heilskapleg tilskotsordning til Norsk institutt for genøkologi (Genøk). Posten samordnar tilskot ved omdisponering av 0,7 mill. kroner frå Miljøverndepartementets kap. 1410 post 51 Forskingsprogram m.m., og rammeoverføring av 2,8 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementets budsjettkap. 719 Folkehelse, post 79 Andre tilskot, som eit ledd i arbeide med å utvikle Genøk i retning av eit kompetansesenter. Genøk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om horisontal genoverføring og andre prosessar som kan innebere risikomoment for økologi og helse ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Kap. 4410 Miljøvernforsking og miljøovervaking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
50 | Refusjon frå diverse fond | 4 000 | 4 000 | 4 000 |
Sum kap. 4410 | 4 000 | 4 000 | 4 000 |
Beløpet gjeld den delen av basisløyvinga til NINA som er finansiert av inntektene til Viltfondet og Statens fiskefond. Ein viser til omtale under kap. 4425 under programkategori 12.20.
Programkategori 12.20 Biomangfald og friluftsliv
Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld i hovudsak tre resultatområde; 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Ein viser til del I der det er gjort greie for budsjettvise endringar i 2007 innafor dei ulike resultatområda.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2007 på 766,9 mill. kroner. Dette er ein auke på 72,4 mill. kroner, eller 10,4 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2006. Auken skuldast i hovudsak meir midlar til skogvern, rovvilt, kalking, nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris, og vilt- og fisketiltak. Kap. 1426 er vidare tilført midlar i samband med oppretting av to villreinsenter og overtakinga av Statskogs fjellteneste i Finnmark i 2006.
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 | Pst. endr. 06/07 |
1425 | Vilt- og fisketiltak | 64 981 | 67 885 | 72 300 | 6,5 |
1426 | Statens naturoppsyn | 100 346 | 102 054 | 117 611 | 15,2 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 584 439 | 524 607 | 576 990 | 10,0 |
Sum kategori 12.20 | 749 766 | 694 546 | 766 901 | 10,4 |
Ifølgje TNS Gallups Natur- og miljøbarometer betyr kjønn lite for nordmenns interesse for natur, miljøvern og friluftsliv. Dette avspeglar seg òg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same høva til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er godt ivareteke i dette arbeidet. Dette gir seg mellom anna utslag i at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvaltning.
Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei ti siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Norges jeger- og fiskerforbund auka frå tre til nærare ti prosent, og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Driftsutgifter | 26 794 | 25 885 | 25 700 |
61 | Tilskot til kommunale vilttiltak , kan overførast | 5 076 | 5 000 | 4 500 |
70 | Tilskot til fiskeformål , kan overførast | 5 640 | 6 500 | 9 000 |
71 | Tilskot til viltformål , kan overførast | 27 472 | 30 500 | 33 100 |
Sum kap. 1425 | 64 981 | 67 885 | 72 300 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er hovudsakleg retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men har samtidig eit klart innslag av tilrettelegging for friluftsliv i form av jakt og fiske, jf. resultatområde 2 Friluftsliv.
Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, og motsvarer inntekter over kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond. Samla sett er løyvinga auka med 4,4 mill. kroner i høve til 2006. Auken vil bli nytta til gjennomføring og iverksetjing av eingongstiltak, til dømes modernisering av hjorteviltforvaltninga, og etablering av nettbaserte løysingar for behandling og analyse/rapportering av utførte tiltak innafor virkeområdet til kap. 1425. For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 4425 og inntektene til dei ulike fonda, viser vi til omtale under kap. 4425.
Lønn og godtgjersler til faste tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.
Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 01 går til formål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga.
Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Føremålet med drøftingane er å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte i høve til måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på bl.a. driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå ei samla målsetjing.
Store delar av dei midlane som blir løyvde til vilt- og fisketiltak blir nytta ved at brukarar, organisasjonar og lag søkjer om midlar til konkrete tiltak. Frå og med 2007 vil søknader om tilskot til vilttiltak bli fremja i eit nettbasert søknadssenter i regi av Direktoratet for naturforvaltning. Dette vil betre sikre lik behandling og utnytting av resultata frå tiltaka som blir utført. Frå 2008 vil dette òg omfatte fisketiltak.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og utgreiingar som grunnlag for konkrete forvaltningstiltak, og administrative kostnader knytte til desse prosjekta. Løyvinga skal leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig utnytting av vilt- og fiskeressursane og allmentas tilgang til desse. Posten dekkjer i tillegg til utgifter til fallvilt og drift av villreinnemndene òg utgifter til lønn og godtgjersler for mellombels tilsette knytte til gjennomføringa av prosjekt og spesielle utgreiingar o.a. Utover dette dekkjer midlane utgifter til saksførebuing, forvaltning av tilskotspostane over kap. 1425, og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kroner. Det sist nemnde er i samsvar med ein fleirårig praksis.
Post 61 Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre ei berekraftig viltforvaltning i kommunane.
Posten skal dekkje utgifter til tiltak innan den lokale viltforvaltninga. Kommunane skal i utgangspunktet sjølve dekkje dei administrative kostnadene sine til viltarbeidet, jf. Ot.prp. nr. 37 (1999-2000) Om lov om endring i viltloven.Posten har i ein overgangsperiode tent til å stimulere og styrkje forvaltningstiltak i kommunar med særlege utfordringar i si viltforvaltning. Posten blir trappa ned fram mot år 2010.
Posten dekkjer berre delar av dei kommunale utgiftene til tiltak, ettersom fellingsavgifter for elg og hjort blir kravde inn av kommunen og inngår i kommunale viltfond.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga medverkar til å sikre ei berekraftig viltforvaltning i kommunar med avgrensa inntekter frå fellingsavgifter.
Tildelingskriterium
Tildeling skjer på bakgrunn av søknader og melde behov frå kommunane via eit sentralt nettbasert søknadssenter. Fylkesmannen tildeler midlar til kommunane i tråd med regionalt prioriterte tiltak. Ved tildelinga legg ein serleg vekt på kommunar som sjølve har eit avgrensa inntektsgrunnlag gjennom fellingsavgiftene, dvs. kommunar som har små bestandar av hjortevilt, og der dei kommunale viltfonda bør få tilført midlar til prioriterte tiltak via denne tilskotsposten. Det kan givast tilskot til kartlegging av viltressursane og viltinteressene i kommunane, innarbeiding av viltinteressene i kommunale planar, oppretting og drift av driftsplanområde, deltaking i rettshavaranes driftsplanarbeid, delfinansiering av kompetansegivande etter- og vidareutdanning i viltforvaltning og andre oppgåver som følgjer av den mynde kommunane har etter viltlova. Det kan ikkje ytast tilskot til å dekkje administrative kostnader i kommunane. Det skal særleg leggjast vekt på å styrkje interkommunale fellesprosjekt som omfattar kommuneovergripande viltbestandar. Ein del av midlane på posten blir disponert til felles tiltak for kommunane, under dette kjøp av tenester for alle kommunar i hjorteviltregisteret og hjortesenteret på Svanøy.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.
Det er venta at overgangen frå statleg til kommunalt ansvar for innkrevjing av fellingsavgifter for hjortevilt vil vere gjennomført i 2010, jf. omtala ovanfor. Kommunar med mindre inntektsgrunnlag frå hjortevilt må frå 2010 søkje på vanleg måte i konkurranse med andre søkjarar på midlar frå det sentrale Viltfondet.
I budsjettet for 2007 blir løyvinga foreslått redusert med 0,5 mill. kroner. Reduksjonen gjer mogleg ein auke i løyvinga under post 71 Tilskot til viltformål.
Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og resultatområde 2 Friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokalt og sentralt styrte tiltak.
I 2007 er posten foreslått auka med 2,5 mill. kroner grunna prisjustering av avgiftssatsane og oppspart kapital i Statens fiskefond. Ein viser til nærare omtale av avgiftene og fondet under kap. 4425 post 52 Refusjonar frå Statens fiskefond.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvaltning og tiltak knytte til berekraftig bruk av bestandar av anadrom laksefisk som det kan haustast av, til beste for fiskarar og rettshavarar.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga medverkar til at fiskeforvaltninga blir gjennomført på ein berekraftig måte og med medverknad frå lokalsamfunn og rettshavarar.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt tiltak i regi av lag og organisasjonar etter søknad. Det kan givast tilskot til investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande formål, anvend forsking og overvaking. Det kan òg givast tilskot til tiltak direkte retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Tilskot til FoU blir kontrollerte spesielt i forhold til dei forventningane som er gitt i tilsegna eller kontrakten.
Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
71.1 | Hjortevilttiltak | 6 568 | 7 000 | 7 750 |
71.2 | Villreintiltak | 2 200 | 2 200 | 2 850 |
71.3 | Lokale vilttiltak m.v. | 12 244 | 15 300 | 16 500 |
71.4 | Viltovervaking | 6 460 | 6 000 | 6 000 |
Sum post 71 | 27 472 | 30 500 | 33 100 |
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Ein gjer framlegg om å auke posten med 2,6 mill. kroner i 2007 til styrka hjortevilttiltak, villreintiltak og lokale vilttiltak.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.
Etter endringane i viltlova i 2001, krev kommunane inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. Det er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, midlar frå post 61, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett ivaretekne ved at fylkesmennene forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå Direktoratet for naturforvaltning.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert på bakgrunn av om ordninga medverkar til at viltforvaltninga på regionalt og nasjonalt nivå blir gjennomført på ein berekraftig måte.
Tildelingskriterium
På bakgrunn av søknader via eit sentralt nettbasert søknadssenter tildeler fylkesmannen tilskot til tiltak innafor prioriterte satsingsområde som kan stimulere til regionale utviklingsoppgåver, og som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak. Under dette gis tilskudd til tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.
Tiltak som kan givast tilskot er kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, kartlegging og iverksetjing av tiltak med formål å betre bestandsoversyn, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, FoU og studentoppgåver, organisasjonar, lag og foreiningar som ønskjer å setje i verk tiltak, og andre prioriterte viltføremål. Det kan òg givast tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve. Fordeling av midlane på dei ulike fylka skjer etter nøklar baserte på bl.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m.m.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.
Underpost 71.1 Hjortevilttiltak
Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Underposten skal òg dekkje dei sentrale overvakingsprogramma for utvikling og samansetjing av bestandar, og hjorteviltdelen av programmet for vilthelseovervaking. Dette er viktige grunnlagsdata for konkret forvaltning. Midlar blir òg nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m., og forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.
Underpost 71.2 Villreintiltak
Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, driftsplanar, arbeid med å sikre leveområda, forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak. I 2005 vart prosjektet Villrein og Samfunn sluttført, med ein brei gjennomgang av kunnskapsstatus og eksisterande tiltak og verkemiddel i villreinforvaltninga, i eit nært samspel mellom forsking, forvaltning og brukarar. Oppfølginga av tilrådingar frå prosjektet vil bli ført vidare i 2007 mellom anna gjennom eit eige fornyingsprosjekt. Formålet er å leggje grunnlaget for å tryggje framtida for villreinen.
Underpost 71.3 Lokale vilttiltak m.v.
Midlane blir nytta til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, forvaltningsretta FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av biologisk mangfald, lokale vilttiltak og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta.
Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utførar oppgåver på vegne av eller i samarbeid med styresmaktene for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning. I budsjetta for 2004-2006 har det vore ein jamn auke til dette arbeidet. I budsjettet for 2007 gjer Regjeringa framlegg om å styrkje omfanget av lokale vilttiltak ytterlegare, blant anna til arbeidet i organisasjonane, og til tilrettelegging av enklare søkjerutinar om midlar og resultat frå tiltaka.
Underpost 71.4 Viltovervaking
Midlane blir nytta til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Dei sentrale overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.
Kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
51 | Refusjon frå Viltfondet | 53 700 | 54 385 | 56 300 |
52 | Refusjon frå Statens fiskefond | 14 000 | 13 500 | 16 000 |
Sum kap. 4425 | 67 700 | 67 885 | 72 300 |
Hovuddelen av refusjonane til statsbudsjettet, basert på inntektene frå jeger- og fiskaravgiftene til Viltfondet og Statens fiskefond, er budsjettert under dette kapitelet.
Refusjonane under kap. 4425 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1425 Vilt- og fisketiltak. Forslaget er basert på venta inntekter i fonda i 2007, jf. omtale under kvart fond nedanfor.
Post 51 Refusjon frå Viltfondet
Hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Viltfondet til statsbudsjettet blir budsjettert under denne posten. Viltfondet refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50 Refusjon frå diverse fond, kap. 3904 post 02 Oppdragsinntekter og andre inntekter jf. tabell nedanfor.
Refusjonane frå Viltfondet til posten er foreslått auka med omlag 2 mill. kroner slik at omfanget av viltoppgåver under kap. 1425 post 71 Tilskot til viltformål , kan overførast kan styrkjast i 2007. Dette blir gjort ved særskilt bruk av kapitaliserte inntekter frå fondet som følgje av høgare inntekter enn budsjettert i 2005 og 2006.
Nærare om Viltfondet
Mål
§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt eller fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:
Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegerservice.
Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige typar inntekter til fondet frå enkelte typar fallvilt og frå renter av fondskapitalen.
I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp fortløpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar blir tilbakeførte til det enkelte villreinområde i høve til innbetalte avgifter føregåande år.
Ein gjer ikkje framlegg om å auke jegeravgifta og fellingsavgiftene for 2007. Avgiftene vart i 2005 auka med i snitt 10 pst. etter fleire år utan endring.
Satsane for dei ulike avgiftene er oppgitt i tabellen under.
For oversikta si del er dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2007 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. Merk at for kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 17.3 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2007 (tal i heile kroner)
Type avgift: | Storleiken på avgifta i 2007 | Estimert tal innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
---|---|---|---|---|
Jegeravgift generelt: | 265 | 195 000 | 51 675 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt: | 70 | 99 000 | 6 930 000 | Viltfondet |
Gebyr jaktstatistikk: | 165 | 15 000 | 2 475 000 1 | Viltfondet |
Gebyr ekstra jegeravgiftskort: | 55 | 3 000 | 165 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein: | 235 | 3 000 | 705 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv: | 135 | 1 200 | 162 000 | Viltfondet |
Sumstatlegeavgifter: | 62 112 000 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg: | 440 | 25 000 | 11 000 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv: | 255 | 12 000 | 3 060 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort: | 330 | 20 000 | 6 600 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv: | 200 | 6 100 | 1 220 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter: | 21 880 000 | Kommunane |
1 Innkrevjing av gebyret skjer etterskotsvis i 2007, for dei som ikkje leverte jaktstatistikk i 2006. Talet er vurdert til ca. 15 000.
Etter innføring av gebyr for å late vere å rapportere utbytte av jakta til statistiske føremål har statistikkgrunnlaget blitt vesentlig betra. Etter at det i starten var relativt mange jegerar som let vere å rapportere, er det venta at denne delen no blir stabilisert på om lag 15 000 krav om gebyr. Dette inneber at om lag 8 pst. av jegerane ikkje leverer rapport slik dei skal.
Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabellen under.
Tabell 17.4 Berekning av kapital i Viltfondet i 2007:
(i 1000 kr): | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.05: | 5 058 |
Budsjettert innbetalt i 20061: | 60 985 |
Budsjettert refusjon i 2006 (utbetalingar frå fondet): | -62 085 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.06: | 3 958 |
Budsjettert innbetalt i 20072: | 62 912 |
Budsjettert refusjon i 2007 (utbetalingar frå fondet): | -64 000 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.07: | 2 870 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,6 mill. kroner.
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,8 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Refusjonane frå Viltfondet som blir førte under kap. 4425, kap. 4410 og kap. 3904, finansierer utgifter til vilttiltak og viltforvaltning over kap. 1425, forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50 og utgifter til drift av Jegerregisteret i Brønnøysundregistra over kap. 0904 under Nærings- og handelsdepartementets budsjett, jf. St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Nærings- og handelsdepartementet. I budsjettet for 2007 gjer ein framlegg om at 4,7 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysundregistra over kap. 3904.
Planlagt bruk av refusjonane frå Viltfondet går fram av tabellen under:
Tabell 17.5 Samla refusjonar frå Viltfondet i 2007:
Formål: | (i 1000 kr) |
---|---|
Sentrale fallviltutgifter (kap. 1425.01): | 1 000 |
Drift villreinnemndene (kap. 1425.01): | 2 300 |
Prosjekt, administrasjon, jaktstatistikk mv. (kap. 1425.01): | 15 400 |
Kommunal viltforvaltning (kap. 1425.61): | 4 500 |
Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1): | 7 750 |
Villreintiltak (kap. 1425.71.2): | 2 850 |
Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3): | 16 500 |
Viltovervaking (kap. 1425.71.4): | 6 000 |
Sum refusjon frå Viltfondet under kap. 1425, jf. kap. 4425: | 56 300 |
Viltforsking, NINA (kap. 1410.50 jf. kap. 4410.50): | 3 000 |
Drift av Jegerregisteret (kap. 0904 jf. kap. 3904): | 4 700 |
Sum refusjon frå Viltfondet i 2007: | 64 000 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Sjølv om kommunane har fått primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar dei særskilt til nødvendige nasjonale oppgåver.
Når det gjeld fallvilt, er det framleis eit behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må framleis gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er budsjetterte under kap. 1425 post 01 Driftsutgifter.
Spesielt om lisensfelling av rovvilt
Lisensfelling av rovvilt vart gjennomført i 2005 i tråd med ei ordning der lisensinnehavar søkjer individuelt til fylkesmannen om lisens. I 2006 vart ordninga endra, slik at dei som deltek i lisensfelling registrerer seg særskilt i Jegerregisteret. Det er førebels ikkje lagt opp til at denne gruppa jegerar skal betale særskilde avgifter slik som hjorteviltjegerar.
Post 52 Refusjon frå Statens fiskefond
Hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Statens fiskefond til statsbudsjettet er budsjettert under denne posten. Statens fiskefond refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50 Refusjon frå diverse fond, jf. tabell under.
Refusjonane frå Statens fiskefond til kap. 4425 post 52 er foreslått auka med 2,5 mill. kroner i høve til vedteke budsjett for 2006. Auka er grunna i foreslått prisjustering på avgiftssatsane og bruk av oppspart kapital i fondet.
Nærare om Statens fiskefond
Mål
I lov om laksefisk og innlandsfisk mv., § 30, heiter det at den som er fylt 16 år og vil fiske etter anadrom laksefisk eller innlandsfisk skal betale avgift til fiskefondet. Fiskaravgift skal betalast for fiske etter anadrom laksefisk. Det er gitt visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål. Vidare skal det ikkje betalast fiskaravgift for fritidsfiske etter anadrom laksefisk i sjøen.
Følgjande retningslinjer for bruken av midlar frå Statens fiskefond er lagt til grunn:
Statens fiskefond skal nyttast til forvaltningstiltak knytte til anadrom laksefisk og som kjem samfunnet og allmenta til gode; under dette investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande føremål, fiskeforsking og overvaking.
Den årlege fordelinga av midlane mellom formåla som nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er føresett at om lag halvparten av fondet sine inntekter skal gå til lokale tiltak.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Statens fiskefond består av fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk og renter av kapitalen i fondet. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er basert på brukarfinansiering.
Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk vart halden uendra i 2006, etter ein auke i 2005.
For 2007 gjer Regjeringa framlegg om ei justering av avgifta i tråd med prisstiginga dei to siste åra, om lag 5 pst. Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk vil etter dette vere 210 kroner for enkeltpersonar, mens familieavgifta er sett til 340 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 16 og 18 år.
Fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli får ein sats på 530 kroner, og ein sats på 320 kroner vil gjelde for dei som har fiskestart etter 1. juli.
For fiske med kilenot og krokgarn vil Regjeringa i løpet av året utgreie omlegging til ei ordning basert på ei avgift pr. reiskap f.o.m. 2008. Effektar og moglege konsekvensar av innføring av ei vekeavgift for stongfiske vil òg bli vurdert.
Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen under.
Tabell 17.6 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2007:
(i 1000 kr) | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.05: | 2 356 |
Budsjettert innbetalt i 2006: | 15 300 |
Budsjettert refusjon i 2006 (utbetalingar frå fondet): | -14 500 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.06: | 3 156 |
Budsjettert innbetalt i 20071: | 16 444 |
Budsjettert refusjon i 2007 (utbetalingar frå fondet): | -17 000 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.07: | 2 600 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,15 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.
Refusjonane frå Statens fiskefond finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50.
Planlagt bruk av refusjonane frå Statens fiskefond går fram av tabellen under.
Tabell 17.7 Samla refusjonar frå Statens fiskefond i 2007
Formål: | (i 1000 kr) |
---|---|
Prosjekt, administrasjon mv. (kap.1425.01): | 7 000 |
Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70): | 9 000 |
Sum refusjon frå Statens fiskefond under kap. 1425, jf. kap. 4425: | 16 000 |
Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50): | 1 000 |
Sum refusjon frå Statens fiskefond i 2007 | 17 000 |
Spesielt om lokal bruk av midlane
I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, vil ein arbeide for at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meint å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir òg rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte frå offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.
Kap. 1426 Statens naturoppsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Driftsutgifter | 55 968 | 59 297 | 71 854 |
30 | Tiltak i nasjonalparkane , kan overførast | 11 531 | 8 391 | 9 391 |
31 | Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftsområde , kan overførast | 20 646 | 21 171 | 22 171 |
32 | Skjergardsparkar o.a. , kan overførast | 12 201 | 13 195 | 14 195 |
Sum kap. 1426 | 100 346 | 102 054 | 117 611 |
Kap. 1426 Statens naturoppsyn omfattar midlar til etablering og drift av Statens naturoppsyn og midlar til tiltak i naturvern- og friluftsområde. Midlane under kap. 1426 er hovudsakleg retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, resultatområde 2 Friluftsliv, og i noko grad resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.
Rolle og oppgåver for Statens naturoppsyn
Statens naturoppsyn er etablert med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21. juni 1996 for å ta vare på dei nasjonale miljøverdiane og førebyggje miljøkriminalitet, og skal føre kontroll med at regelverket i 7 ulike miljølover er etterlevd. Statens naturoppsyn er framleis under utvikling, og arbeider for å etablere eit samla grep om statleg oppsynsinnsats i naturområde. Den nasjonale leiinga ligg i Direktoratet for naturforvaltning. Det heiltidstilsette lokale oppsynet er òg tilsett i Direktoratet for naturforvaltning, men har arbeidsstad tilknytt eit geografisk område. Dei områda der behovet for styrkt oppsyn er størst, blir prioriterte.
Hovudoppgåvene er informasjon og rettleiing, i tillegg til bl.a. kontroll, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og drift. I dette inngår òg viktige oppgåver innan rovviltforvaltninga, bl.a. bestandsregistrering og skadedokumentasjon knytt til den lovfesta erstatningsordninga. Statens naturoppsyn har òg eit overordna ansvar for lakseoppsynet og oppfølginga av ordninga med Skjergardstenesta. Ei viktig utfordring for oppsynet er å skape forståing og respekt for regelverket som finst på dette området.
Verksemda er basert på eigne oppsynsstillingar i kombinasjon med kjøp av tenester og samarbeid med andre oppsynsordningar lokalt og regionalt. Det blir lagt stor vekt på å etablere godt samarbeid med dei andre aktørane innan naturoppsyn. Dette gjeld både politiet, Statskogs fjellteneste, fjelloppsynet i regi av fjellstyra og bygdeallmenningar. Særleg er samordning med politiet viktig når det gjeld oppgåver knytte til kontroll. Statens naturoppsyn samverkar med desse gjennom bl.a. miljøforum og sentrale og regionale oppsynsutval.
Evaluering av Statens naturoppsyn
Slik føresetnaden var ved etableringa av Statens naturoppsyn, jf. Ot.prp. nr. 30 (1995-96) Om lov om statlig naturoppsyn, vart det våren 2005 gjennomført ei evaluering av verksemda.
Evalueringa viste at Statens naturoppsyn har utvikla seg i tråd med dei føringane som vart gitt i lovforarbeid og seinare styringssignal for verksemda. Statens naturoppsyn framstår dermed som eit bortimot landsdekkjande, heilskapleg og kompetent statleg naturoppsyn. Evalueringa peikte likevel på at ein del av styringssignala til Statens naturoppsyn er uklare, noko som har gitt grunnlag for konfliktar. Det vart derfor påpeikt at Miljøverndepartementet burde ta på seg ei meir aktiv rolle som eigar av Statens naturoppsyn.
Evalueringa blir no følgt opp av Miljøverndepartementet som i framtida vil leggje auka vekt på å tydeleggjere Statens naturoppsyns rolle som oppsyns- og feltapparat. Direktoratet for naturforvaltning og Politidirektoratet har vidare utvikla ei felles rolleforståing når det gjeld det fortløpande samarbeidet i dei respektive underliggjande einingane. Miljøverndepartementet vil i samråd med Landbruks- og matdepartementet tydeleggjere samarbeidsbehov og rolleforståing når det gjeld statleg oppsyn i statsallmenningar og forholdet mellom Statens naturoppsyn og fjellstyras oppsynsordningar.
Miljøverndepartementet vil vurdere behovet for presiseringar i lovverket om oppsyn i samband med lovarbeidet som skal gjerast elles i oppfølginga av NOU 2004: 28 Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til Statens naturoppsyn, blant anna lønn til engasjement i den sentrale eininga for Statens naturoppsyn i Direktoratet for naturforvaltning, og kjøp av ulike tenester i samband med drifta av det samla statlege naturoppsynet. Posten dekkjer òg utgifter til dei lokale rovviltkontaktane som arbeider med dokumentasjon av rovviltskadar. Utgifter knytte til oppdragsverksemda er òg ført under denne posten. Inntektene til denne verksemda er budsjetterte under kap. 4426 post 01 Ymse inntekter. Andre utgifter ført under driftposten er knytte til IT- og sambandsutstyr, køyretøy og oppsynsbåtar, feltutstyr, uniform/arbeidsklede, opplæringstiltak, informasjonsmateriell, tiltak innan naturrettleiing m.m. og utviklingskostnader.
Regjeringa legg stor vekt på oppfølging av bl.a. nasjonalparkplanen, òg når det gjeld oppsyn. Oppsynet er viktig, ikkje minst når det gjeld skjøtsel og kontroll med verna areal, og tilrettelegging, informasjon og rettleiing til dei som nyttar nasjonalparkane. Statens naturoppsyn har vidare ei formidlingsrolle i informasjons- og kompetansesentra for villrein, jf. kap 1427 post 76.
Som ei oppfølging av lov om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressursar i Finnmark fylke (Finnmarkslova), overtok Statens naturoppsyn 1. juni 2006 dei 14 stillingane i Statskogs fjellteneste i Finnmark.
Posten er foreslått auka med 12,6 mill. kroner i samband med overføringa av fjelltenesta i Finnmark, oppretting av nye oppsynsstillingar og formidlingsoppgåver ved villreinsentra. I samband med overføringa av fjelltenesta i Finnmark er det under kap. 4426 post 02 Oppdragsinntekter budsjettert med oppdragsinntekter frå Finnmarkseiendommen.
Post 30 Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast
Posten dekkjer statlege investeringsutgifter og tiltak i samband med oppfølginga av nasjonalparkane og tilliggjande verneområde i tråd med godkjent forvaltningsplan og andre styringsdokument. Vidare dekkjer posten utgifter til tilretteleggingstiltak av ulike slag i samband med styringa av ferdsla inntil og i nasjonalparkane.
Regjeringa ønskjer på ein berekraftig måte å gjere nasjonalparkar og andre større verneområde meir tilgjengelege for brukarane. Opparbeiding av stigar og løyper, klopping og merking, tiltak for å betre tilgjenget til verneområda, etablering av parkeringsplassar og etablering av informasjonsordningar medverkar til å sikre viktige kvalitetar ved at stor ferdsel og aktivitet blir kanalisert til bestemte område. Naturen blir lettare tilgjengeleg for brukarane, og dermed blir òg grunnlaget for lønnsame reiselivsaktivitetar betre.
Posten er auka med 1 mill. kroner til styrkt forvaltning og skjøtsel i nasjonalparkar.
Post 31 Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftslivsområde, kan overførast
Posten dekkjer utgifter til ulike praktiske tiltak som følgjer av statleg tileigning av nasjonalt eller regionalt viktige friluftslivsområde, eller varige servituttavtaler for å sikre allmentas friluftsinteresser i slike område. Posten dekkjer òg feltvise utgifter i naturområde freda ved kgl. res. Dette er bl.a. utgifter til opparbeiding av stigar, tilrettelegging for publikum, uteinformasjonstiltak og skjøtsel for å ivareta biologisk mangfald mv. Det siste vil òg kunne gjelde dei høgast prioriterte områda i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.
Posten er auka med 1 mill. kroner til styrkt forvaltning og skjøtsel for å ivareta biologisk mangfald i verneområde.
Post 32 Skjergardsparkar o.a., kan overførast
Posten er primært retta mot resultatområde 2 Friluftsliv, og dekkjer utgifter til den praktiske forvaltninga av skjergardsparkar og friluftslivsområde langs kysten, knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, i skjergardsparkane og i Vestkystparken. Skjergardstenesteordninga er etablert på statleg initiativ. Posten dekkjer òg statlege naturoppsynsoppgåver som er integrerte i skjergardstenesta.
Posten er auka med 1 mill. kroner til styrkt forvaltning og skjøtsel i friluftsområde. Regjeringa legg vidare fram forslag om ei bestillingsfullmakt under posten på 6,5 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak V nr. 1. Dette er ein auke på 4,5 mill. kroner i høve til 2006, og skal gi dekning for bestilling av ny båt for Statens naturoppsyns kystoppsyn i Finnmark.
Kap. 4426 Statens naturoppsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Ymse inntekter | 4 | 122 | 127 |
02 | Oppdragsinntekter | 3 000 | ||
15 | Refusjon av arbeidsmarknadstiltak | 5 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 45 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 222 | ||
Sum kap. 4426 | 276 | 122 | 3 127 |
Post 01 Ymse inntekter
På posten er det ført ulike inntekter for Statens naturoppsyn, bl.a. inntekter frå oppdragsverksemda.
Post 02 Oppdragsinntekter
I samband med overføringa av Statskogs fjellteneste i Finnmark til Statens naturoppsyn, er det budsjettert med oppdragsinntekter frå Finnmarkseiendommen. Inntektene korresponderer med utgifter i samband med denne verksemda under kap. 1426 post 01 Driftsutgifter.
Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Driftsutgifter | 81 102 | 79 739 | 82 982 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 52 460 | 54 832 | 72 979 |
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde , kan overførast | 45 305 | 34 405 | 34 405 |
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar , kan overførast | 28 674 | 19 450 | 19 450 |
33 | Statlege tileigningar, barskogvern , kan overførast | 55 473 | 43 668 | 18 668 |
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar , kan overførast | 12 217 | 5 100 | 5 100 |
35 | Statlege tileigningar, nytt skogvern , kan overførast | 54 098 | 68 213 | 89 881 |
49 | Statlege tileigningar, kjøp av forsvaret sine eiendommar | 9 099 | ||
70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeformål , kan overførast | 95 649 | 70 000 | 88 000 |
72 | Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt , overslagsløyving | 82 047 | 76 970 | 83 895 |
73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga , kan overførast | 33 111 | 37 000 | 44 000 |
74 | Tilskot til friluftslivstiltak , kan overførast | 17 514 | 15 520 | 14 520 |
75 | Internasjonale avtaler og medlemskap | 1 009 | 1 010 | 1 010 |
76 | Tilskot til informasjons- og kompetansesentra , kan overførast | 3 400 | ||
77 | Tilskot til nasjonalparksentra , kan overførast | 11 382 | 12 700 | 12 700 |
78 | Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd , kan overførast | 5 300 | 6 000 | 6 000 |
Sum kap. 1427 | 584 439 | 524 607 | 576 990 |
Midlane under kap. 1427 er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, resultatområde 2 Friluftsliv og resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. I noko grad går midlane òg til resultatområda 3 Kulturminne og kulturmiljø, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda, 9 Regional planlegging og 10 Kart og geodata.
Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver
Direktoratet for naturforvaltning er Miljøverndepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan naturforvaltninga.
Arbeidet til Direktoratet for naturforvaltning med bl.a. skogvern og nasjonalparkar, forvaltning av truga arter, lakseforvaltning, marin naturforvaltning og vassdragsforvaltning og tilrettelegging for friluftsliv er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.
Direktoratet har brei oversikt over naturtilstanden i Noreg og rapporterer fortløpande om dette. Direktoratet har fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta. Dei konkrete miljømåla som direktoratet arbeider mot er omtalte under resultatområdeomtala i del II. Hovudstrategiane for å nå måla er:
Sikre ein brei variasjon i norsk natur og landskap og halde oppe den naturlege produksjonsevna
Syte for at omsynet til ei langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planar om naturinngrep
Fremje høve til å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og hausting
Skaffe fram og formidle kunnskap som grunnlag for ei aktiv og førebyggjande naturforvaltning
Lakseforvaltning og nedkjemping av Gyrodactylus salaris
Styresmaktene konsentrerer innsatsen om å ta vare på dei viktigaste bestandane og leveområda deira. Ein stortingsproposisjon om ferdigstilling av ordninga med nasjonale lakseelver og laksefjordar vil bli lagt fram i løpet av hausten 2006. Andre viktige aktivitetar for å verne villaksen er kalking, genbankarbeidet, betring av kunnskapsgrunnlaget bl.a. gjennom overvaking og forsking, styrking av det sektorovergripande samarbeidet og utvikling av systemet for lokal lakseforvaltning. Status innafor desse aktivitetane går fram av omtale under resultatområde 1, arbeidsmål 6.4. I tillegg er nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris ei prioritert oppgåve. Nedanfor følgjer ei nærare utgreiing om arbeidet med å nedkjempe denne parasitten.
Ei oversikt over situasjonen for dei ville laksebestandane, går fram av tabellen under:
Tabell 17.8 Bestandssituasjonen for laks januar 2006, talet på elvar.
Kategori | Beskriving | Tal |
---|---|---|
1 | Tapt bestand | 45 |
2 | Truga bestand | 30 |
3a | Sårbar bestand nær tolegrensa | 32 |
3b | Sårbar bestand kan oppretthaldast ved tiltak | 17 |
4a | Redusert bestand ungfiskproduksjon | 63 |
4b | Redusert bestand berre vaksenfiskbestand | 6 |
5a | Moderat/lite påverka bestand spesielt omsynskrevjande | 202 |
5b | Moderat/lite påverka bestand ikkje spesielt omsynskrevjande | 43 |
X | Usikker kategoriplassering | 8 |
Totalt tal lakseelvar i Noreg | 446 |
Nedkjemping av Gyrodactylus salaris
I Innst. S. nr. 9 (2005-2006) oppmoda Stortinget Regjeringa om så snart som mogleg å komme tilbake med ei nærare utgreiing i høve til handlingsplanen for nedkjemping av Gyrodactylus salaris. Stortingets oppmoding blir her følgt opp.
Lakseparasitten Gyrodactylus salaris er den enkeltfaktor som har størst dokumentert skadeeffekt på dei norske bestandane av villaks. Parasitten vart introdusert til Noreg i 1975, og har sidan blitt spreidd til i alt 46 lakseførande vassdrag. I dag er 15 vassdrag friskmelde etter behandling, 10 vassdrag er behandla, men ikkje friskmelde, 9 vassdrag er behandla, men reinfiserte og 12 infiserte vassdrag er ikkje behandla.
Gyrodactylus salaris lever på finnar, hud og til dels gjeller på atlantisk laks, og fører til massiv utdøying for lakseyngel i elvar og ferskvatn dersom mottiltak ikkje blir sett inn. Nedkjempingsarbeidet er svært krevjande og stiller store krav til nøyaktig planlegging og gjennomføring. Eit oppdatert utkast til handlingsplan for nedkjemping av Gyrodactylus salaris vart lagt fram hausten 2000, og hausten 2002 vart utkastet til handlingsplan komplettert med eit konkret forslag til ein tiårig tiltaksplan. Tiltaksplanen la opp til å utrydde parasitten i infiserte vassdrag der dette vart sett på som realistisk og i tillegg minimalisere risikoen for vidare spreing til nye område. Målsetjinga skulle nåast gjennom systematisk arbeid i åtte avgrensa smitteregionar og tre risikoregionar innafor ei økonomisk ramme på 340-370 mill. kroner i planperioden, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004).
Bruk av aluminium har dei siste åra vist seg å vere ein effektiv kjemisk behandlingsmetode mot Gyrodactylus salaris. Metoden går ut på å tilsetje kontrollerte mengder aluminium til infiserte vassdrag samtidig som surheita (pH) i vatnet blir justert. Dette drep parasitten, mens fisk og anna dyreliv ikkje synest å bli særleg negativt påverka. I dammar, oppkommer og stilleflytande vassdragsavsnitt er det framleis behov for å bruke rotenon for å bli kvitt parasitten, men det blir tilført langt mindre rotenon enn ved fullskala rotenonbehandlingar av heile vassdrag. I forhold til botndyr og anna dyreliv i og rundt vassdraga vil derfor aluminiumsmetoden vere langt meir skånsam enn rotenonbehandlingar. Dette gjer aluminiumsmetoden langt mindre problematisk enn rotenon i forhold til vedteken kjemikaliepolitikk.
I tillegg til å vere mindre problematisk ut frå miljøsynspunkt, skil aluminiumsmetoden seg frå rotenonmetoden ved at behandlingsperioden er atskilleg lengre. Ei rotenonbehandling er gjennomført i løpet av nokre få dagar, mens behandling med aluminium føregår kontinuerleg over 14 dagar. Forbruket av kjemikaliar blir dermed betydeleg større enn med rotenon. I tillegg inneber dagens behandlingsregime med aluminiumsmetoden at det blir gjennomført to fulle behandlingssyklusar med fleire månaders mellomrom for å auke sjansen for eit vellukka resultat. Kostnadene er derfor betydelig auka i forhold til tidlegare kostnadsoverslag for aluminiumsmetoden. Fordi aluminiumsmetoden må kombinerast med bruk av rotenon i spesielle vassdragsavsnitt er det påkravd med ekspertise både på rotenonbehandling og behandling med surt aluminium. Dei totale lønnsbudsjetta har derfor óg auka ved bruk av den nye metoden.
Aluminiumsmetoden har dei siste åra blitt prøvd ut i full skala i Batnfjordselva i Møre og Romsdal og i Lærdalselva i Sogn og Fjordane. Sjølv med dei gode resultata som er oppnådde er metoden framleis under utvikling. Som ledd i oppskaleringsarbeidet er det no utvikla doseringsutstyr med pumper og sensorar som har vore nytta i vassdragsavsnitt med stor vassføring, og dette utviklingsarbeidet må førast vidare. Som eit eksempel kan nemnast at mens Lærdalselva har ei middelvassføring på 36 m3/s er middelvassføringa i Vefsna seks gonger så stor (216 m3/s). Det er derfor behov for bl.a. å oppskalere doseringsutstyr og -metodar til bruk i større vassdrag og for å utvikle vidare metodikken for justering av surheit i store vassdrag. Her vil bl.a. naturlege skilnader i vasskjemi mellom vassdrag nødvendiggjere individuell tilpassing av doseringsregimet i det enkelte vassdraget. I tillegg må talet på doseringseiningar aukast for å kunne behandle større vassdrag.
Bruk av langtids fiskesperrer som effektivt hindrar oppvandring av laks gjennom fleire år er eit svært viktig element i nedkjempinga av Gyrodactylus salaris. Sperrer hindrar reproduksjon av laks lenger oppe i vassdraget og fører til at infeksjonen etter kvart dør ut ovanfor sperrene. For å oppnå optimal effekt av fiskesperrer bør dei verke i fleire år før ein startar kjemisk behandling. Bruk av sperrer reduserer lengda på den strekninga som må behandlast med kjemikaliar. Dette aukar sjansen for eit godt resultat. I store vassdrag vil bygging av fiskesperrer vere både teknisk vanskeleg og kostnadskrevjande. Etablering av sperrer er likevel sett på som heilt nødvendig i framtidas behandlingsstrategi og vil ha høg prioritet. Langtidssperrer er i dag vurderte som nødvendige i Sunndalsregionen (Driva). Her er dei estimerte kostnadene for etablering av sperre om lag 30 mill. kroner, og det vil i tillegg komme utgifter til vedlikehald og bevaringstiltak for sjøaure i dei åra sperra må stå. Også i Skibotn-regionen (Skibotnelva og Signaldalselva) kan det bli behov for å bruke langtidssperrer, men så vel behov og lokalisering som kostnader må avklarast nærare.
I tillegg til langtids fiskesperrer er det òg nytta korttidssperrer som blir etablerte i kompliserte sidevassdrag i tilknyting til kjemiske behandlingar. Slike sperrer aukar sjansen for vellykka kjemiske behandlingar.
Arbeidet med overvaking og prøvetaking i vassdrag er høgt prioritert. Målet for overvakinga er å halde løpande oversikt over førekomsten av Gyrodactylus salaris, avdekkje spreiing på eit tidleg stadium og gi eit best mogleg grunnlag for nedkjempinga av parasitten.
Som ledd i smitteavgrensinga er det dei seinaste åra òg sett i verk ei rekkje tiltak retta inn mot fiske- og friluftsaktivitetar. Bl.a. er det i fleire vassdrag innført krav om desinfeksjon av fiske- og vassportsutstyr, avgrensingar på oppdrett i ferskvatn, forbod mot overføring av vatn mellom ulike vassdrag og forbod mot flytting av levande eller død fisk. Alt dette er tiltak som skal redusere faren for spreiing av smitte til nye område. Omfang og innretting av det smitteavgrensande arbeidet blir fortløpande vurdert.
Etter at tiltaksplanen mot Gyrodactylus salaris vart lagt fram har nedkjempingsarbeidet i hovudsak følgt prioriteringsrekkjefølgja som låg i denne planen. Steinkjervassdraga vart rotenonbehandla i 2001/2002, og i 2003/2004 følgte behandling av vassdraga rundt Ranafjorden med den same metoden. Parallelt med desse behandlingane pågjekk forsøk med og utvikling av aluminiumsmetoden. I 2003 vart det gjennomført eit forsøksprosjekt med bruk av aluminium i kombinasjon med mindre mengder rotenon i Batnfjordselva i Møre og Romsdal. Dette vart følgt opp med full behandling av vassdraget i 2004. Resultata frå forsøka i Batnfjordselva var svært lovande, og ved behandlinga av Lærdalselva i 2005/2006 vart aluminiumsmetoden brukt som hovudmetode i kombinasjon med mindre mengder rotenon.
Den nye påvisninga av Gyrodactylus salaris i Steinkjer i 2005 kombinert med betydeleg auka ressursbehov knytt til aluminiumsmetoden har likevel ført til at framdriftsplanen no må justerast. Stortingets prioritering av Vefsn-regionen er óg med på å gjere ei slik justering nødvendig.
Regjeringa meiner målet for arbeidet med å nedkjempe Gyrodactylus salaris framleis skal vere å bli kvitt parasitten der dette er mogleg samtidig som risikoen for smittespreiing til nye område blir minimalisert. Framdrifta i arbeidet må baserast på best tilgjengeleg metodikk, tilstrekkeleg tilgang til nødvendig utstyr og personell, stabile løyvingar og ei planmessig oppfølging. I dette perspektivet vil ei framdrift basert på dagens løyvingsnivå ikkje gi nødvendig framdrift i arbeidet dersom det òg skal vere rom for investeringar i utstyr tilpassa moderne og miljøvennleg nedkjempingsmetodikk. Regjeringa har derfor auka løyvinga til nedkjemping av Gyrodactylus salaris med 8,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2006 slik at løyvinga i 2007 blir 31 mill. kroner. Løyvinga vil sikre at den kjemiske behandlinga i Steinkjervassdraget kan avsluttast i 2007 samtidig som planleggingsarbeidet i Vefsna kan vidareførast for å setje i gang kjemisk behandling i løpet av 2007. Også i Romsdalsregionen vil planleggingsarbeidet vidareførast.
Samla framstilling av den økonomiske satsinga på bevaring av villaksen
I budsjettet for 2007 vil det bli disponert om lag 103 mill. kroner til arbeidet med å ta vare på dei ville laksebestandane. Dette er ein auke på 12 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2006 hvorav 8,5 mill. kroner går til tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Midlane er budsjetterte på følgjande postar:
kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgiftermed 8,5 mill. kroner til innsats for dei ville laksebestandane, under dette tiltak mot Gyrodactylus salaris
kap. 1410 post 51 Forskingsprogram m. m. med 6,7 mill. kroner til forskingsprogrammet om villaks
kap. 1425 post 01 Driftsutgifter med om lag 7 mill. kroner til ulike bevaringstiltak
kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeføremål med 9 mill. kroner til lokale og sentrale tiltak
kap. 1426 post 01 Driftsutgiftermed om lag 6,5 mill. kroner til lakseoppsyn
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgiftermed om lag 25,5 mill. kroner til særskilte tiltak mot Gyrodactylus salaris
kap. 1427 post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål med om lag 40 mill. kroner til tiltak for bevaring av laksestammene i forsuringsramma vassdrag.
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med bevaring av villaksen i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter), i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter) og hos fylkesmannen (kap. 1510 post 01 Driftsutgifter).
Arbeidet med nasjonalparkar og andre store verneområde
Dette arbeidet har politisk forankring i St.meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Planen omfattar i dag 54 naturområde og skal vere sluttført innan 2010. Planen omfattar gjennomføring av vernevedtak og ei rekkje ulike tiltak knytte til forvaltning og oppsyn. Midlane til dei ulike prosessane og tiltaka er budsjetterte på ulike postar og kapitel, jf. oppsettet under.
Samla framstilling av den økonomiske satsinga på nasjonalparkar og andre store verneområde
I budsjettet for 2007 vil det bli disponert 67,5 mill. kroner til arbeidet med nasjonalparkane. Dette er ein auke på 7,5 mill. kroner frå 2006. Midlane er budsjetterte på følgjande poster:
kap. 1426 post 01 Driftsutgifter med om lag 20 mill. kroner til oppsyn og forvaltning i nasjonalparkar, inkludert tenestekjøp frå Statskog fjelltenesta og lokale fjellstyre.
kap. 1426 post 30 Tiltak i nasjonalparkane med 9,4 mill. kroner.
kap. 1426 post 31 Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftsområde med ca. 4 mill. kroner.
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med om lag 16,3 mill. kroner.
kap. 1427 post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, med 5,1 mill. kroner.
kap. 1427 post 77 Tilskot til nasjonalparksenter med 12,7 mill. kroner, inkludert 2,1 mill. kroner til arbeidet med naturområde på verdsarvlista.
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med nasjonalparkplanen i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter), i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter) og hos fylkesmennene (kap. 1510 post 01 Driftsutgifter).
Samla framstilling av den økonomiske satsinga på rovvilt
I budsjettet for 2007 vil det bli disponert om lag 150 mill. kroner til arbeidet med bevaring av dei fem store rovviltartene i Noreg (bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn). I høve til saldert budsjett for 2006 aukar løyvingane til rovvilt med 13,9 mill. kroner fordelt på 6,9 mill. kroner i erstatningar og 7 mill. kroner til førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Midlane er budsjetterte på følgjande postar:
Kap. 1410 post 21 Miljøovervaking og miljødata til registrering og overvaking av bestandane av rovvilt med 9,7 mill. kroner.
kap. 1410 post 51 Forskingsprogram med om lag 1,8 mill. kroner. Dette blir finansiert under forskingsprogrammet for «Landskap i endring».
kap. 1426 post 01 Driftsutgifter under Statens naturoppsyn med om lag 9 mill. kroner, av dette 7 mill. kroner til rovviltkontaktane (dokumentasjon av rovviltskadar og førebyggjande arbeid i forhold til faunakriminalitet) og 2 mill. kroner til statleg fellingslag for rovvilt.
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med om lag 1,9 mill. kroner til drift av nasjonalt fagråd for rovviltovervaking og møtegodtgjersle til dei regionale rovviltnemndene.
kap. 1427 post 72 Erstatningar for beitedyr tekne av rovvilt med 83,9 mill. kroner.
kap. 1427 post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga med 44 mill. kroner.
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med rovviltforvaltninga i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter), i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter) og hos fylkesmannen (kap. 1510 post 01 Driftsutgifter).
Samla framstilling av satsinga på bevaring av utvalde, truga arter
I 2007 vil Regjeringa føre vidare arbeidet med å utarbeide og setje i verk handlingsplanar for dei fem utvalde, truga artene ein har sett i gang arbeid med til no. I tillegg vil ein prioritere aktivitetar/tiltak knytt til bevaring av dverggås.
I budsjettet for 2007 vil det bli disponert om lag 1,5 mill. kroner til arbeidet med bevaring av desse seks utvalde, truga artene over kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette er ein auke på om lag 1 mill. kroner i høve til 2006.
I tillegg kjem den minimumsovervakinga av dverggås som blir driven ved hjelp av midlar frå Viltfondet.
Utanom dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med truga arter i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter) og i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter).
Samla framstilling av satsinga på bevaring av fjellrev
I 2007 vil Regjeringa føre vidare arbeidet med fjellreven med utgangspunkt i Handlingsplan for fjellrev. I budsjettet for 2007 vil det bli disponert 4,9 mill. kroner til formålet.
Løyvingane til arbeidet med fjellreven er budsjetterte på ulike postar på Miljøverndepartementets budsjett. I oppstillinga nedanfor er det gjort greie for kor stor del av budsjettet under dei respektive kapitla og postane som blir nytta til formålet.
Midlane er budsjetterte på følgjande postar:
kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter med 1 mill. kroner til arbeid for bevaring av fjellreven
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med 3 mill. kroner til ulike faglege prosjekt for bevaring av fjellreven.
kap. 1410 post 21 Miljøovervaking og miljødata med 0,9 mill. kroner til naudsynt overvaking av fjellrev
I tillegg til dei beløpa som er gitt her, kjem lønn til dei som arbeider med bevaring av fjellreven i Miljøverndepartementet (kap. 1400 post 01 Driftsutgifter) og i Direktoratet for naturforvaltning (kap. 1427 post 01 Driftsutgifter).
Samla framstilling av satsinga på villrein
Villreinen er ei norsk ansvarsart. Noreg er det einaste landet i Europa som har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein. Villreinen skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida. Det er derfor eit arealpolitisk mål å sikre leveområda for arta. Dette vil skje gjennom regionale planar, og villreinområde som er spesielt viktige for arta si framtid i Noreg vil få status som nasjonale villreinområde. Arbeidet for å tryggje framtida for villreinen vil bli ført vidare i 2007. Det er budsjettert med 1 mill. kroner over kap. 1410 post 21 til arbeid for å sikre villreinen.
I revidert nasjonalbudsjett for 2006 vart det løyvd midlar til etablering og drift av to informasjons- og kompetansesenter for villrein under kap. 1427 post 76 og post 01. I 2007-budsjettet er det løyvd 5 mill. kroner til drift av sentra under desse postane.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter for Direktoratet for naturforvaltning. For ei utgreiing av kva slags føremål løyvinga dekkjer, viser vi til omtalen under «Direktoratet for naturforvaltnings rolle og oppgåver» i innleiinga til dette budsjettkapitlet.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som direktoratet utfører, og utgifter som er knytte til inntekter over kap. 4427.
Det er lagt inn ei auka satsing til tiltaka under denne posten på 18,1 mill. kroner i 2007. Auken skal i hovudsak sikre styrkt innsats for nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus Salaris, men løyvinga skal òg nyttast til å førebu og gjennomføre Trondheimskonferansen om biologisk mangfald i 2007, auke innsatsen mot framande arter, sikre bevaring av truga arter, til utgreiingar i samband med små kraftverk, verneplan for vassdrag, oppfølging av norske forpliktingar i RAMSAR-konvensjonen, forsøk med lokalforvaltning av verneområde, verdsarvområda og direktoratets arbeid med forvaltningsplanen for Barentshavet.
Ein vil vidare halde fram med arbeidet knytt til bevaring av fjellreven, konsekvensutgreiingar i høve til nasjonalparkar, juridisk bistand til kommunar til arbeid med strandsona, norsk implementering av det europeiske verneområdenettverket Emerald Network, internasjonale bistandsoppdrag og jegerprøveordninga. Det er òg sett av midlar til tilsynsutval for nasjonalparkar, drift av nasjonalt fagråd for rovviltovervaking, møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene, og direktoratets arbeid med gjennomføring av det statlegkommunale kartleggingsarbeidet for biologisk mangfald. Elles blir utgifter til drifta av Kongsvold Fjeldstue og Songli forsøksgard dekte over posten.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 09 og post 54, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.
Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde. Særleg er det viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye strandområde tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar.
Staten har det økonomiske ansvaret for å sikre særskilte friluftsområde av nasjonal og regional verdi som f.eks. skjergardsparkar (jf. kap. 1426 post 32 Skjergardsparkar o.a.). Staten investerer òg i kommunal sikring av lokalt viktige friluftsområde i byar og tettstader gjennom bidrag til sikring mot tinglyst bandlegging av arealbruken til allment friluftsliv. Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak gjeld bygningar som anten skal rivast eller dei kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.
Sikringa blir gjennomført ved tileigning eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle òg ved ekspropriasjon eller ved vilkår til konsesjon. I tillegg til sikring av friluftsområde skal midlane òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene.
Investeringsmidlane blir utbetalte når Direktoratet for naturforvaltning har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at staten sine vilkår er oppfylte.
Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt på 78,1 mill. kroner i 2007, jf. Forslag til vedtak VI.
Det blir elles vist til nærare omtale av sikringsarbeidet under resultatområde 2 Friluftsliv.
Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturvernlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedomar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten òg dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.
Ut frå dei kostnadsoverslaga vi har i dag medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 49,3 mill. kroner i 2007, jf. Forslag til vedtak VI.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 33 Statlege tileigningar, barskogvern, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Løyvinga dekker kostnader til allereie verna skog gjennom den «den gamle barskogplanen». Denne barskogplanen vart vedteken i 1996 og hadde siste vernevedtak i 2002 i tråd med Stortingets behandling av stortingsmeldinga om barskogvern, jf. St.meld. nr. 40 (1994-95) Opptrapping av barskogvernet fram mot år 2000. Det vil vere behov for løyving på posten i nokre få år framover, fram til erstatningsoppgjer for dei vedtekne verneområda er gjennomførte. Løyvingar til nytt skogvern er omtalt under kap. 1427 post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern.
Posten dekkjer utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved barskogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtalar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av skogområde som er verna etter naturvernlova og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar.
Posten dekkjer vidare utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar. Frå 2003 vart praksis i samband med makeskifte endra slik at grunneigar beheld eigedomsretten på arealet i verneområdet. Det er òg opna for bruk av opsjonsavtaler ved kjøp av makeskifteareal. Posten skal vidare dekkje andre kostnader knytte til gjennomføring av skogvernet. Det blir vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn.
Forutan erstatning og vederlag skal midlane på denne posten òg dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.
Gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991-1992) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, vil følgje ei framdrift som sikrar at planen er sluttført i år 2010.
Ut frå dagens kostnadsoverslag er det gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 74,4 mill. kroner i 2007, jf. Forslag til vedtak VI.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturvernlova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar, vederlagsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.
Midlane på denne posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, informasjonstiltak, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, mv.
I St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, vart det understreka at det er nødvendig å auke skogvernet i Noreg, og det vart lagt fram ein strategi for auka skogvern. Regjeringa gjer derfor framlegg om å auka løyving til nytt vern med 21,7 mill. kroner til 89,881 mill. kroner i 2007. Det vil dessutan vere behov for ei tilsegnsfullmakt under posten på 71,4 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Viktige utfordringar i arbeidet med å vidareføre og auke skogvernet i 2007, blir å sikre god fagleg kvalitet ved at dei viktigaste områda blir fanga opp i arbeidet, samtidig som ein sikrar god dialog med skogeigarar og andre partar.
Løyvinga vil blant anna bli brukt til frivillig vern. Samarbeidet med Noregs Skogeigarforbund om frivillig skogvern blir ført vidare i 2007. Det er i 2007 planlagt nye vernevedtak for prioriterte frivillig vernområde, blant anna i boreal regnskog i Midt-Noreg. Midlane på posten vil i tillegg dekkje utbetaling av erstatningar knytte til område som er verna etter 2004. Det er planlagt å ta stilling til verneomfang for Trillemarka-Rollagsfjell i 2006, med sikte på å fremje eiga sak for Stortinget tidleg i 2007.
Arbeidet med nye systematiske naturfaglege registreringar i prioriterte skogtypar vil bli forsert i 2007, og registreringane av verneverdig skog på statsgrunn vil bli ført vidare. Det vil i 2007 bli sett i gang verneprosessar for verneverdige område på statsgrunn og i skog som er eigd av Opplysningsvesenets fond.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og delar av resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på det biologiske mangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Vidare skal tilskotsordninga nyttast til å avdekkje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg. Kalkingsverksemda har i dei seinaste åra hatt eit nivå på om lag 3 000 lokale prosjekt og 24 elvekalkingsprosjekt.
Tilførsla av sur nedbør har blitt sterkt redusert dei seinaste åra. Nedfallet av svovel og andre forsurande stoff er redusert med om lag 65 pst. sidan 1980, men enno er om lag 10 pst. av arealet i Noreg forsuringsskadd. Dersom alle avtalte reduksjonar i luftutslepp blir oppfylte vil om lag 7 pst. av landet vere påverka i 2010, men etter dette og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare forbetringar i forsuringssituasjonen.
Med basis i 2004 viser ein gjennomgang gjort av Direktoratet for naturforvaltning at mindre forsuring vil redusere behovet i kommande år for midlar til vidareføring av prosjekt som er sette i gang.
For 2007 blir det gjort framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til kalkingsprosjekt og tilknytte aktivitetar.
Kriterium for måloppnåing
Hovudkriteriet for måloppnåing er at ein oppnår god vasskvalitet i dei områda som blir kalka.
Tildelingskriterium
Tilskot kan givast til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil bl.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurdert ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking for perioden 2004-2010, og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Tilskot kan bl.a. givast til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir òg gitt tilskot til tiltak innan fiskekultivering og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag og til utprøving av kalking og alternative tiltak i terrenget. Posten dekkjer òg informasjon om effektar av utførte tiltak og vegleiing om kalking i vatn og vassdrag. Delar av tilskotsordninga er bundne i langsiktige tiltak.
Tilskotsmottakarar er organiserte lag som jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag, grunneigarlag o.l., og kommunar.
Ved tildeling av midlar skal det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a.
Tilskotsordninga blir forvalta dels av Direktoratet for naturforvaltning og dels av fylkesmennene.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i dei kalka vassdraga. Resultata er positive. Fiskebestandar er reetablerte og biologisk mangfald er sikra gjennom kalking. På Sørlandet har laksefisket hatt ei svært positiv utvikling i dei kalka elvane, og denne regionen er igjen blitt viktig for norsk villaks.
Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
72.1 | Erstatning for husdyr | 55 344 | 52 970 | 54 983 |
72.2 | Erstatning for tamrein | 26 703 | 24 000 | 28 912 |
Sum post 72 | 82 047 | 76 970 | 83 895 |
Posten omfattar erstatningar for dokumenterte og udokumenterte tap av husdyr og tamrein. Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving. Posten er auka med 6,9 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2006. Dette er blant anna gjort for å gi kompensasjon for tapt produksjonspremie i reindrifta ved tap grunna rovvilt.
Mål
Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i viltlova.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at ordninga ivaretek dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsaka til tap av dyr.
Tildelingskriterium
Erstatningar blir utbetalte i samsvar med forskrift fastsett i medhald av lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet, § 12 a. Ein viser til «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.
Oppfølging og kontroll
Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra etter kvart som innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp. Det er Statens naturoppsyn som gjennomfører skadedokumentasjonen.
Post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast
Midlane er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og omfattar førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga. Talet på søknader til slike tiltak er aukande. Posten er derfor auka med 7 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2006. Midlane på posten kan òg nyttast til utviklingsarbeid med klar relevans til målet med posten.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å bidra til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane medverke til å dempe konfliktar knytte til rovdyr i lokalsamfunn.
For 2007 vil det bli lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003-2004). Det vil bli lagt vekt på ei effektivisering av arbeidet med førebyggjande tiltak gjennom satsing på kostnadseffektive fellestiltak.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane gjennom iverksetjing av effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak.
Tildelingskriterium
Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter eit eige regelverk. Det er starta arbeid med å utvikle ei eiga nettside for m.a. å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengelege for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanaliserte gjennom dei åtte nye regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber blant anna at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er i 2006 utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltningsorgana, mellom anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår.
Oppfølging og kontroll
Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.
Post 74 Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv. Midlane skal nyttast til arbeid med og konkrete tiltak til fremje av friluftslivet, med vekt på barn, unge, funksjonshemma og etniske minoritetar.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, under dette tiltak som styrkjer allmenta sine interesser. Posten skal òg dekkje drifta av dei regionale nettverka «Forum for natur og friluftsliv» (FNF).
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 2 Friluftsliv, sjå tabell 7.1.
Tildelingskriterium
I 2006 er tiltak retta inn mot oppfølging av «Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009» og rapporten «Friluftsliv for funksjonshemma».
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.
Post 75 Internasjonale avtaler og medlemskap
Tilskotsordninga er primært knytt til ei rekkje arbeidsmål på resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men fleire arbeidsmål under resultatområde 8 er òg relevante.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av biologisk mangfald og berekraftig bruk av biologiske ressursar, og å gjere Direktoratet for naturforvaltning og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimelig grad bidrar til at desse kan utføre sine oppgåver, og at Direktoratet for naturforvaltning og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.
Tildelingskriterium
Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:
Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)
Conseil International de La Chasse (CIC)
Verdas naturvernunion (Government Agency member) – The World Conservation Union (IUCN)
Wetlands International (WI)
BirdLife International (BI)
Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)
Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)
Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)
Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske laksevernorganisasjonen – North Atlantic Salmon Conservation Organisation (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av deira tilhøve til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Direktoratet for naturforvaltning kan ha av medlemskapen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.
Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Direktoratet for naturforvaltning på møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.
Post 76 Tilskot til informasjons- og kompetansesentra, kan overførast
I revidert nasjonalbudsjett 2006 vart det løyvd midlar til etablering og drift av to informasjons- og kompetansesenter for villrein under kap 1427 post 01 og post 76, jf. St.prp. nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2006. Det er òg lagt inn midlar til drift av sentra under desse postane i 2007.
Ein viser elles til omtale under overskrifta «Samla framstilling av satsinga på villrein» i innleinga til kap. 1427.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av to informasjons- og kompetansesenter for villrein. Informasjons- og kompetansesentras hovudfunksjon er å formidle kunnskap om villrein, dens livsvilkår, krav til leveområde m.v. og på denne måten medverke til ei god forvaltning av villreinen i Noreg. Midlane må sjåast i samanheng med midlar under kap. 1426 Statens naturoppsyn, post 01 Driftsutgifter til lønn og drift for statleg naturrettleiarpersonell som vil bli lokalisert til sentra.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing for informasjons- og kompetansesentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt til forprosjektering og etableringskostnader, drift, informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved sentra.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir òg nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
Post 77 Tilskot til nasjonalparksentra, kan overførast
Frå denne posten blir det gitt tilskot til nasjonalparksentra og til arbeidet med norske verdsarvområde med viktige naturverdiar.
Tilskotsordninga for nasjonalparksentra er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og 2 Friluftsliv. Løyvinga vil bli brukt til å sikre vidare utvikling og drift av desse. Nasjonalparksentra er viktige i arbeidet med å gi informasjon og rettleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane. Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksentra på 2 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak VI.
Den delen av løyvinga som gjeld tilskotsordninga for norske verdsarvområde med viktige naturverdiar, er primært retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men omfattar òg resultatområde 2 Friluftsliv og resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Midlane må sjåast i samanheng med midlar til dei norske verdsarvområda under kap. 1429 post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksentra ved eksisterande og framtidige nasjonalparkar jf. omtale under resultatområde 1. Nasjonalparksentra sin hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av nasjonalparkane. Nasjonalparksentra er viktige i arbeidet med å gi informasjon og rettleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane. Det vart i 2005 utarbeidd ein revidert strategi for statleg medverknad i nasjonalparksentra.
Når det gjeld verdsarvområda, er målet med tilskotsordninga ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde med viktige naturverdiar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing for nasjonalparksentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar i samsvar med «Policy og retningslinjer for miljøforvaltningens samarbeid med nasjonalparksentrene» (Rapport 2005-1).
Måloppnåing for verdsarvområda blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus.
Tildelingskriterium
Tilskot kan givast til forprosjektering og etableringskostnader ved nasjonalparksenter og tiltak innan informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved eksisterande senter, under dette driftstilskot.
Midlane til verdsarvområde skal gå til å følgje opp forvaltinga av slike område i Noreg som har viktige naturverdiar. Mottakarar er i hovudsak organisasjonar som arbeider med oppfølging av verdsarvområda. Vegaøyane vart tekne inn på UNESCOs verdsarvliste i 2004. Det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart ført på lista i 2005. Arbeidet med nominering av Lofoten har starta.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir òg nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
I høve til verdsarvområda blir tilskotsmottakar følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.
Post 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmentas interesser for og deltaking i friluftslivet gjennom det arbeidet som skjer i Friluftsrådas Landsforbund (FL), paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. FL vart oppretta 1986, er i jamn vekst, og har i dag 17 tilslutta interkommunale friluftsråd som til saman dekkjer 163 kommunar med ca. 63 pst. av befolkninga i landet.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir m.a. vurdert ut frå oppnådde resultat i dei interkommunale friluftsrådas arbeid med sikring, opparbeiding og skjøtsel av friluftsområde og tal på deltakarar i aktivitetsfremjande tiltak.
Tildelingskriterium
Tilskotsordninga har to formål. For det første skal ordninga gi grunnstøtte til FL (jf. at andre miljøvernorganisasjonar får grunnstøtte over kap. 1400 post 70) og dei interkommunale friluftsråda. Vidare er den retta mot praktiske friluftslivstiltak i deira regi. FL står for organisering av arbeidet med sikring, tilrettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde på vegner av det offentlege.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar skjer ved gjennomgang av rapportar som blir leverte til fastsette tidspunkt. Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i årlege møte med Friluftsrådas Landsforbund.
Post 79 Kompensasjon ved flytting av oppdrettsanlegg
I samband med opprettinga av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vedtok Stortinget at enkelte nasjonale laksefjordar skal vere oppdrettsfrie innan 2011, jf. Innst. S. nr. 134 (2002-2003). Stortinget vedtok også at det skal givast «rimelig kompensasjon» for verksemder som må flytte ut av nasjonale laksefjordar som følgje av vedtaket. Dette gjeld tre oppdrettsanlegg.
Stortinget vedtok i samband med behandlinga av St.prp, nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet med regnet folketrygden 2005, jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005) at Miljøverndepartementet kan gi tilsegn om å dekkje oppdrettsanleggas dokumenterte flyttekostnader innafor ei total ramme på 6,75 mill. kroner, dvs. inntil 2,25 mill. kroner pr. anlegg jf. Forslag til vedtak VI. I samsvar med Stortingets vedtak vil ingen oppdrettsanlegg bli pålagt å flytte før 1. mars 2011. Vel nokon av oppdrettsanlegga å flytte i 2007, vil eventuelle utbetalingar i 2007 bli foreslått løyvde i samband med nysalderinga av 2007-budsjettet.
Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Ymse inntekter | 6 107 | 7 008 | 7 274 |
09 | Internasjonale oppdrag | 4 924 | 1 953 | 3 800 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 87 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 817 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 941 | ||
54 | Gebyr | 2 326 | 2 900 | 2 900 |
Sum kap. 4427 | 15 202 | 11 861 | 13 974 |
Post 01 Ymse inntekter
Hovuddelen av inntektene på denne posten består i refusjon frå kap. 1425 til dekning av direktoratets utgifter over kap. 1427 post 01 til forvaltning av tilskotspostane på kap. 1425 og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kroner. Dette er i samsvar med ein fleirårig praksis. På posten er det òg budsjettert med enkelte andre oppdragsinntekter, inntekter frå sal av rapportar utarbeida av Direktoratet for naturforvaltning, og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1427 post 01 Driftsutgifter.
Løyvinga under kap. 1427 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene under posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt mellom anna miljødirektoratas avtale med Norad i samband med miljøretta bistand, samarbeid med institusjonar i utviklingsland og bilateralt miljøsamarbeid med Russland. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte på kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.
Post 54 Gebyr
Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, og til utgifter i samband med merkepliktig vilt.
Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr på 250 kroner. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter til å drive eksamensordninga.
Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om ivaretaking av dødt vilt. Dei som vil overta merkepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret er sett til 400 kroner pr. individ. Innbetalte gebyr skal nyttast til etablering og drift av ein sentral database for å ivareta informasjon om individa, og til å gjennomføre kostnadsfri ettermerking for allereie preparerte individ. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1427 post 21.
Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø
Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Ein viser til del I der det blir gjort greie for budsjettendringar i 2007 innafor dei ulike resultatområda.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2007 på om lag 549,5 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 166,4 mill. kroner, eller 23,3 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2006. Reduksjonen kjem i hovudsak av tekniske justeringar som skuldast auke av grunnkapitalen i Norsk kulturminnefond i 2006. Ein slik auke er synleggjort berre det året den er avsett. Satsinga på kulturminneområdet er i samsvar med intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner som legg vekt på å sikre at mangfaldet av viktige kulturminne og kulturmiljø ikkje går tapt og at potensialet som kulturarven representerer, blir teke meir aktivt i bruk. Satsinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø, og midlar til verdiskapingsprogrammet.
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 | Pst. endr. 06/07 |
1429 | Riksantikvaren | 254 630 | 299 279 | 314 421 | 5,1 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 214 076 | 416 700 | 235 060 | -43,6 |
Sum kategori 12.30 | 468 706 | 715 979 | 549 481 | -23,3 |
Kap. 1429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Driftsutgifter | 77 783 | 80 367 | 86 009 |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under postane 72 og 73 | 40 605 | 24 825 | 26 325 |
50 | Tilskot til Samisk kulturminnearbeid | 2 000 | 2 000 | 2 000 |
72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 98 385 | 145 030 | 150 030 |
73 | Brannsikring og beredskapstiltak , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 6 162 | 10 953 | 10 953 |
74 | Fartøyvern , kan overførast | 28 591 | 29 004 | 29 004 |
75 | Internasjonalt samarbeid , kan overførast | 1 105 | 1 100 | 1 100 |
77 | Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 6 000 | 9 000 | |
Sum kap. 1429 | 254 630 | 299 279 | 314 421 |
Rolle og oppgåver for Riksantikvaren
Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementets arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel skal rettast mot nasjonalt viktige kulturminne. Verkemiddel skal vidare rettast mot eigarar av freda bygningar og anlegg og viktige satsingsområde som kystkultur og verdsarvområda. Riksantikvaren skal stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.
I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet til fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard som regionale styresmakter for kulturminne. Gjennom tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal det medverkast til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.
Riksantikvaren har utarbeidd serviceerklæringar overfor bl.a. eigarar av freda bygningar og anlegg.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer òg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt/utgreiingar. Kostnader til drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøvernforvaltninga er òg dekt her. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til deltaking i kompetansenettverket for miljøretta bistand og anna oppdragsverksemd. Dei tilsvarande inntektene blir førte under kap. 4429 respektive post 02 og 09. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under dei to nemnde inntektspostane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Posten er foreslått auka med 5,6 mill. kroner i 2007. Dei auka midlane skal gå til blant anna høgt prioriterte tiltak for å sikre eigarane av freda kulturminne betre rammevilkår.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73
Posten dekkjer kostnader ved tiltak som gjeld høgt prioriterte freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, bl.a. når Riksantikvaren står som tiltakshavar i spesielt prioriterte prosjekt. Midlane på post 21 må sjåast i samanheng med midlane som er budsjetterte under tilskotspostane 72 og 73.
Posten er auka med 1,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2006. Auken skal bl.a. gå til å gjennomføre nødvendige prosjekt og utgreiingar, under dette oversikt over tilstand på freda bygningar og oppfølging av retningslinjer for kompensasjon for arkeologiske undersøkingar.
Midlane blir nytta til kjøp av tenester frå bl.a. forvaltningsmusea og NIKU. Dessutan blir midlar nytta til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigaransvar for. I tillegg dekkjer posten utvikling og drift av kulturminnedatabasen. Kulturminnedatabasen er avgjerande for å sikre god informasjon om kulturminneverdiar til bl.a. forvaltning, lokalsamfunn, eigarar og andre interesserte.
Som ledd i prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar skal det utarbeidast landsverneplan for miljøforvaltningas eigedommar.
Posten dekkjer òg kjøp av tenester i samband med planlegging av Kulturminneåret 2009.
Post 50 Tilskot til Samisk kulturminnearbeid
Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal i hovudsak nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, og blir stilte til disposisjon for Sametinget.
Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
72.1 | Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak | 26 515 | 4 000 | 5 500 |
72.2 | Vern og sikring av freda bygningar og anlegg | 14 820 | 37 867 | 41 367 |
72.3 | Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen | 17 167 | 25 757 | 25 757 |
72.4 | Kystkultur | 1 280 | 18 100 | 18 100 |
72.5 | Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap | 2 340 | 3 280 | 3 280 |
72.6 | Skjøtsel av automatisk freda kulturminne | 4 000 | 10 308 | 10 308 |
72.7 | Fartøyvernsentra | 14 702 | 3 550 | 3 550 |
72.8 | Tekniske og industrielle kulturminne | 17 561 | 17 202 | 17 202 |
72.9 | World Heritage List, nasjonale oppgåver | 24 966 | 24 966 | |
Sum post 72 | 98 385 | 145 030 | 150 030 |
I medhald av St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner skal rammevilkåra for dei private eigarane av freda kulturminne bli betre. Alle tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Posten blir nytta til tiltak knytte til forvaltning og sikring av freda og verneverdige kulturminne, kulturmiljø, og verdifulle landskap. Dette skjer gjennom direkte tilskot til vedlikehald og istandsetjing av kulturminne som i hovudsak er eigde eller forvalta av private.
Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunane står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under denne posten.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren eller fylkeskommunane.
Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad eller i høve til prioriterte program.
Ein stor del av løyvinga blir fordelt via fylkeskommunane. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren og fylkeskommunane utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og betydinga som tiltaka har i forhold til målet for tilskotsordninga. Det skal leggjast stor vekt på at tilskota medverkar effektivt til progresjon i arbeidet med å sikre ordinært vedlikehaldsnivå i 2020.
Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt fastsette av Regjeringa.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 10,5 mill. kroner jf. forslag til vedtak VI.
Underpost 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak
Staten skal dekkje ein større del av utgifter til arkeologiske registreringar og utgravingar i samband med mindre, private tiltak. Det er sett av 1,5 mill. kroner meir til dette formålet samanlikna med 2006. Målgruppen er private tiltakshavere.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane i § 10 i kulturminnelova og gi heil eller delvis dekning av utgifter som følgjer av pålegg om særskilt gransking av automatisk freda kulturminne eller til særskilte tiltak for å verne dei.
Tildelingskriterium
Tilskot skal givast til heil eller delvis dekning av utgifter i samsvar med kulturminnelovas føresegn §10 og utfyllande retningslinjer.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging av tiltaket skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap.
Underpost 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg
Staten skal dekkje ein større del av meirutgiftene i samband med antikvarisk sikring og istandsetjing av freda kulturminne og kulturmiljø. Det er sett av 3,5 mill. kroner meir til dette formålet samanlikna med 2006. For å sikre kostnadseffektiv gjennomføring er det nødvendig å prioritere tiltaka.
Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å følgje opp dei statlege forpliktingane i § 15a i kulturminnelova ved å gi heilt eller delvis vederlag til eigarar for fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og å dekkje utgifter til andre sikrings- og restaureringstiltak på freda bygningar og anlegg.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til å dekkje fordyrande vilkår sett ut frå antikvariske omsyn, jf. § 15 i kulturminnelova.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring av freda bygningar og anlegg som forfell, og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen
Den særlege satsinga på nasjonalt viktige og prioriterte kulturminne, som istandsetjing av stavkyrkjene og verdifull kyrkjekunst i desse, blir ført vidare som eit prioritert område. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda kulturminne frå middelalderen og nasjonalt viktige ruinar.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til tiltak på middelalderbygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova, under dette tilskot til tiltak innafor eit fleirårig stavkyrkjeprogram for å setje stavkyrkjene i bygningsmessig god stand og til sikring og konservering av den verdifulle kyrkjekunsten i desse kyrkjene. Midlane dekkjer òg tilskot til tiltak innafor eit fleirårig ruinprogram for å sikre nasjonalt viktige ruinar, og tilskot til andre viktige sikrings- og restaureringstiltak.
Tilskota skal fordelast på grunnlag av same overordna strategi som omtalt under underpost 72.2.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I enkelte tilfelle skjer det òg ved kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.4 Kystkultur
I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive bustader og gode lokalsamfunn.
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne langs kysten.
Det er nødvendig å gjere ei prioritering i startfasen av omfattande og samansette istandsetjingstiltak.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten. Det blir elles vist til omtale under kap. 1429 post 77 Verdiskapingsprogrammet.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til sikring og istandsetjing av freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. Bygningar og anlegg som forfell skal sikrast mellombels.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografisk dokumentasjon frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen, for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på dei freda kulturmiljøa: Havråtunet i Hordaland, områda omkring Utstein kloster i Rogaland, Skoltebyen Neiden i Finnmark, Kongsberg Sølvverk i Buskerud, Sogndalstrand i Rogaland, Birkelunden i Oslo og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.
Tildelingskriterium
Dei freda kulturmiljøa skal prioriterast ved tildeling av tilskot.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen og Sametinget.
Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre arkeologiske kulturminne, under dette arkeologiske kulturminne under vatn. Midlane blir i hovudsak nytta til oppfølging av Bergkunstprosjektet og eit tiårig prosjekt for skjøtsel og restaurering av eit utval arkeologiske kulturminne av nasjonal verdi.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til tilskot til prosjekt der det er stort lokalt engasjement og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til kulturminna.
Tilskot kan bl.a. givast til sikring, skjøtsel, restaurering og formidling, under dette tiltak som gir auka tilgjenge og som bidrar til å avgrense slitasje.
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging av tiltaket skjer ved kontroll av om tiltak blir gjennomførte i samsvar med faglege kriterium for tilskotet. Vidare ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren.
Underpost 72.7 Fartøyvernsentra
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til at dei tre utvalde fartøyvernsentra: Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum, Hardanger fartøyvernsenter og Bredalsholmen dokk- og fartøyvernsenter kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy. Tilskot skal bidra til at fartøyvernsentra også kan ivareta fellestenester knytte til dokumentasjon og forsking, fagleg rådgiving og liknande drift og oppgradering.
Tildelingskriterium
Tilskot kan givast som driftstilskot for å dekkje sentras utgifter til forsking og dokumentasjon. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga.
Oppfølging og kontroll
Generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.
Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne
I samarbeid med eigarane skal det utarbeidast strategiar for å fullføre arbeida med å setje i stand dei ti prioriterte tekniske og industrielle kulturminna.
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar av dei ti utvalte anlegga.
Mål
Tilskotsordninga skal i første rekkje medverke til å setje i stand og sikre forvaltning, drift og vedlikehald av følgjande ti tekniske og industrielle anlegg som er valt ut for spesiell oppfølging:
Fetsund lenser/Fetsund lensemuseum
Sjølingstad Uldvarefabrikk
Klevfoss Cellulose- & Papirfabrikk
Nes Jernverksmuseum
Norsk Vassdrags- og Industristadmuseum (Tyssedal kraftanlegg)
Norsk Fiskeriindustrimuseum/Neptun sildoljefabrikk
Spillum Dampsag & Høvleri
Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter
Folldal gruver
Kistefos Museet
Tildelingskriterium
Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand dei respektive anlegga skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det vil bli lagt vekt på at denne typen kulturminne skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer. Vidare gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen. Vidare blir det kontrollert at drifta ved anlegget skjer etter formålet. Dette skjer bl.a. ved at Riksantikvaren kontrollerer revidert årsrekneskap og årsmelding og rapportar/uttaler frå fylkeskommunane.
Underpost 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver
Dei norske verdsarvområda skal forvaltast på ein god måte og kulturminna skal vere formelt verna gjennom lovverket.
Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av verdsarvområda.
Arbeidet med å følgje opp Unescos retningslinjer for å ta vare på kultur- og naturarv i verda er eit høgt prioritert område.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand dei norske områda på Unescos liste over verdas kultur- og naturarv. Desse områda er: Bergstaden Røros, Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje, Hjemmeluft i Alta, Vegaøyane og Vestnorsk fjordlandskap. I tillegg inngår meridianstøtta i Hammerfest og tre andre punkt i Struves meridian, som er det første teknisk-vitskapelege kulturminnet på verdsarvlista.
Tildelingskriterium
Tilskot skal givast til tiltak for å sikre og setje dei norske områda i stand i tråd med forpliktingane som følgjer av Unescos verdsarvkonvensjon og i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå Unesco. Tilskot kan òg givast til tiltak som gir betre tilgjenge og som bidreg til å avgrense slitasje.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar som blir gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 73 Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø.
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av utvalte kulturminne og kulturmiljø.
Ved større tiltak er det ofte føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunane står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Tiltaket kjem i desse tilfella eigarane/forvaltarane til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under denne posten.
Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Mål
Tilskotsordninga skal sikre utvalde kulturminne og kulturmiljø mot brann og andre ulykker.
Tildelingskriterium
Midlane under posten blir nytta til tilskot til drift, vedlikehald og oppgradering av sikringsanlegg ved dei 28 stavkyrkjene, til å etablere sikring eller drift av sikringsanlegg i utvalde kulturminne og kulturmiljø, under dette Bergstaden Røros, og til førebyggjande brannsikring av utvalte tette trehusmiljø.
Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakar. På staden-kontroll frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt, under dette kontroll av om sikringstiltak, sikringsarbeid eller drift av sikringstiltak er gjennomførte på eit fagleg akseptabelt nivå.
Post 74 Fartøyvern, kan overførast
Tilskotsordninga under posten rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø.
Fartøyvernet genererer viktige verdier for eiere, brukere og lokalsamfunn langs kysten. Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid på freda fartøy og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: prosjekt som har potensial for stort lokalt engasjement, og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til fartøyet, tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av.
Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren.
I startfasen av omfattande og samansette istandsetjingstiltak skal det skje ei god planlegging og prioritering av tiltaka, for å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring.
Tilskotsmidlane blir i hovudsak fordelte etter søknad. Målgruppa er eigarar eller forvaltarar av slike fartøy.
Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.
Oppfølging og kontroll
Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å bidra til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innan fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av kulturminne i tre.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til faglege samarbeidsprosjekt med andre land i samsvar med norske politiske og fagpolitiske prioriteringar. Det blir òg gitt tilskot til medlemsavgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid, under dette det norskrussiske miljøvernsamarbeid under den bilaterale miljøvernavtala.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonanes styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referansearbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.
Post 77 Verdiskapingsprogram på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21
Verdiskapingsprogrammet skal stimulere til at ressursane som ligg i kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling.
Posten er foreslått auka med 3 mill. kroner. Samarbeidet med Norsk kulturminnefond skal førast vidare. Det blir øyremerkt 9 mill. kroner frå kap. 1432 Norsk kulturminnefond post 50 til gjennomføring av programmet, som vil ha ei totalramme på 18 mill. kroner.
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 3 kulturminne og kulturmiljø.
Mål
Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet skal stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv. Det skal utviklast modellar for samarbeid mellom eigarar, rettshavarar, næringslivet, offentlege aktørar, museum og frivillige organisasjonar. Det skal vidare utviklast kunnskap om korleis berekraftig bruk av kulturminne og kulturmiljø fremjar næringsutvikling og styrkjer lokalsamfunn og regionar.
Tildelingskriterium
Midlane på posten blir nytta til tilskot til konkrete tiltak knytte til verdiskaping med utgangspunkt i kulturminne og kulturmiljø og til kunnskapsoppbygging og formidling.
I den første fasen (2006-2009) kan det givast tilskot til inntil ti prosjekt innafor ulike geografiske område. Kystsona er særleg prioritert. Prosjekta kan vare i fire år. Ved tildeling av midlar skal det leggjast vekt på at prosjekta samla sett representerer kulturelt mangfald og geografisk spreiing. Prosjekta skal ha eit vesentleg potensial for verdiskaping – økonomisk, sosialt, kulturelt og miljømessig.
Det blir prioritert prosjekt som inngår i ein lokal eller regional strategi for verdiskaping og innovasjon, der ulike offentlege og private verkemiddel blir sett i samanheng. Prosjekta skal ha ein overføringsverdi, slik at kunnskap om korleis kulturarven kan bidra til verdiskaping blir bygd opp og spreidd.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte med prosjektas styrande organ, der det blir fatta avgjersler bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referansearbeids- og styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.
Kap. 4429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
02 | Refusjonar og diverse inntekter | 3 998 | 3 268 | 3 392 |
09 | Internasjonale oppdrag | 1 958 | 1 207 | 1 253 |
17 | Refusjon av lærlingar | 28 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 614 | ||
Sum kap. 4429 | 7 597 | 4 475 | 4 645 |
Post 02 Refusjonar og diverse inntekter
Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar mv., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta arbeid, jf. omtale under kap. 1429 post 01. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1432 Norsk kulturminnefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 14 076 | 16 700 | 35 060 |
90 | Fondskapital | 200 000 | 400 000 | 200 000 |
Sum kap. 1432 | 214 076 | 416 700 | 235 060 |
Norsk kulturminnefond vart oppretta i 2002 med ein grunnkapital på 200 mill. kroner. Fondskapitalen er sidan auka til 800 mill. kroner. Frå og med 2007 er fondskapitalen foreslått auka til 1 mrd. kroner.
Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak
Beløpet på posten svarer til den samla avkastninga av kapitalen i Norsk kulturminnefond som er budsjettert under kap. 4432 post 85 Avkastning frå Norsk kulturminnefond. Midlane under post 50 blir førte tilbake til kapitalen i fondet og gjennom dette stilt til disposisjon for dei formåla og prosjekta Norsk kulturminnefond støttar opp under. Ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondet, bl.a. lønn til tilsette i sekretariatet og til administrative funksjonar, styrehonorar og reiser.
For 2007 vil avkastninga utgjere om lag 35 mill. kroner. Samarbeidet innafor verdiskapingsprogrammet skal førast vidare. Det er øyremerkt 9 mill. kroner til formålet i 2007, jf. Kap. 1429 post 77.
Mål
Målet med fondet er å leggje til rette for auka samspel mellom offentlege og private midlar til vern og utvikling av freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Ordninga skal stimulere til auka verneinnsats frå eigarar og næringsliv si side, og til meir effektive samarbeidsformer mellom offentlege og private aktørar. Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål.
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Tilskot blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø og til prosjekt som fremjar verdiskaping, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet. Prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats skal prioriterast. Det skal i gjennomsnitt vere ei privat medfinansiering på 50 pst. i dei prosjekta som fondet engasjerer seg i. Den private medfinansieringa skal vere minst 30 pst. i kvart prosjekt.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 90 Fondskapital
Fondskapitalen er på i alt 800 mill. kroner. Frå og med 2007 er denne foreslått auka med 200 mill. kroner. Fondskapitalen er plassert som kontolån i Statskassa med rente tilsvarande renta på 10 års statsobligasjonslån. Avkastninga av kapitalen skal nyttast til tilskot til kulturminneformål og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. post 50.
Kap. 4432 Norsk kulturminnefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
85 | Avkastning frå Norsk kulturminnefond | 14 076 | 16 700 | 35 060 |
Sum kap. 4432 | 14 076 | 16 700 | 35 060 |
Post 85 Avkastning frå Norsk kulturminnefond
Posten gjeld avkastninga av Norsk kulturminnefond. Avkastninga skal nyttast til tilskot til kulturminnetiltak og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. kap. 1432 post 50. Fondsmidlane er plasserte som kontolån i statskassa med rente tilsvarande renta på 10-års statsobligasjonslån.
Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1432 post 50, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.40 Forureining
Programkategorien omfattar i hovudsak følgjande resultatområde: Resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining, Resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, Resultatområde 6 Avfall og gjenvinning, Resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy, og Resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Ein viser til innleiinga i del II der det blir gjordt greie for budsjettvise endringer i 2006 innafor dei ulike resultatområda.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er på 592,6,1 mill. kroner i 2007. Dette er ein reduksjon på 91 mill. kroner, eller 13,3 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2006. Reduksjonen skuldast i hovudsak endringar i den regelstyrte bilvraksordninga.
Miljøverndepartementet vil ha høy fokus på kjemikaliepolitikken, med særleg fokus på å redusere utsleppa av dei farlegaste miljøgiftene. Satsinga vil bli presentert i ei eiga stortingsmelding som blir lagt fram om kort tid. Viktige element vil vere auka kartlegging av miljøgifter og omtale av handlingsplanar for opprydding i forureina sediment og forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Vidare vil Regjeringa styrkje kontroll og tilsyn og stimulere til ein aktiv innsats for internasjonale reguleringar på kjemikalieområdet. Det blir òg satsa på viktige forskings- og overvakingsaktivitetar. Regjeringa vil òg føre vidare arbeidet med å stanse bruk av miljøgifter i produkt retta mot private forbrukarar.
Det er framleis nødvendig med fokus på avfallsfeltet for å nå dei nasjonale måla, og Regjeringa vil føre vidare arbeidet med avfall og gjenvinning utan særlege budsjettendringar. Ei rekkje sentrale verkemiddel er etablerte, fornya og justerte dei siste åra. Særlege utfordringar i tida framover er knytte til ytterlegare innsats overfor farleg avfall på avvegar, og å vurdere ytterlegare tilpassing av avfallspolitikken til klimapolitikken. Det skal vidare arbeidast for at produsentar og importørar får gode nok insentiv til å ta omsyn til produkta sine miljøeigenskapar i heile levetida, under dette i avhendingsfasen. Eksisterande verkemiddel i avfallspolitikken blir fortløpande evaluerte og eventuelt justerte slik at dei fungerer mest mogleg etter føremålet.
Miljøverndepartementet vil styrkje arbeidet med den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet og gjennomføringa av rammedirektivet for vatn. Rammedirektivet for vatn vil effektivisere vassforvaltninga og medverke til å sikre miljøet i vassdraga og dei kystnære områda. Dette arbeidet vil gi ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn. Utvikling av ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet er høgt prioritert av Regjeringa. Dei marine økosystema i Barentshavet er påverka av ei rekkje menneskelege aktivitetar som går føre seg i havområdet, og av forureining som blir transportert med luft og vatn frå andre område. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanen skal leggje til rette for verdiskaping basert på ressursane i havområdet, og samtidig stille krav slik at miljøet i Lofoten og Barentshavet blir sikra for kommande generasjonar.
Regjeringa vil vidareutvikle og gjennomføre ein heilskapleg nasjonal klimapolitikk. Regjeringa vil i 2007 vidareføre arbeidet med ein meir offensiv lokal klimapolitikk som ledd i arbeidet med å utvikle miljøvernpolitikken på lokalt nivå.
I 2006 starta Miljøverndepartementet eit arbeid med å vurdere om relevant lovverk og administrative ordningar tek godt nok omsyn til klimautfordringa. Det vil bli arbeidd vidare med ein strategi for tilpassingstiltak til klimaendringar. Regjeringa prioriterer òg arbeidet med å finne tilnærmingar til langsikta klimagassreduksjonar. Lågutslepputvalet som starta sitt arbeid i 2005, avsluttar dette hausten 2006.
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 | Pst. endr. 06/07 |
1441 | Statens forureiningstilsyn | 586 860 | 667 903 | 571 928 | -14,4 |
1444 | Produktregisteret | 15 388 | 13 778 | 18 712 | 35,8 |
1445 | Miljøvennleg skipsfart | 2 000 | 2 000 | 2 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.40 | 604 249 | 683 681 | 592 640 | -13,3 |
Kap. 1441 Statens forureiningstilsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Driftsutgifter | 199 890 | 181 630 | 187 210 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 6 189 | 12 945 | 19 945 |
39 | Oppryddingstiltak , kan overførast | 53 451 | 93 080 | 87 080 |
73 | Tilskot til biloppsamlingssystemet | 125 530 | 154 455 | 51 900 |
75 | Utbetaling av pant for bilvrak , overslagsløyving | 159 697 | 171 793 | 171 793 |
76 | Refusjonsordningar , overslagsløyving | 42 103 | 54 000 | 54 000 |
Sum kap. 1441 | 586 860 | 667 903 | 571 928 |
Statens forureiningstilsyns ansvar er å delta og medverke sentralt i arbeidet med å skape ei berekraftig utvikling. Statens forureiningstilsyn skal arbeide for forsvarleg miljøkvalitet. Forureining, produkt og avfall skal ikkje føre til helseskade, gå utover trivselen eller skade naturens evne til produksjon og sjølvfornying.
Statens forureiningstilsyn sine roller for å nå måla er å:
overvake og informere om miljøutviklinga
utøve mynde for å halde ved like og betre miljøet gjennom reguleringar, kontrolltiltak og prosessar som kan understøtte miljøarbeidet regionalt og lokalt
gjere tydeleg dei ulike samfunnssektorane sitt ansvar for å oppfylle miljøvernpolitiske mål
utgreie og gi råd overfor Miljøverndepartementet
styre fylkesmennenes miljøvernavdelingar innan Statens forureiningstilsyns ansvarsområde
delta i det internasjonale miljøvernsamarbeidet og hjelpearbeidet
ha ansvar for å stille beredskapskrav til private bedrifter og kommunar.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Statens forureiningstilsyn. Posten dekkjer vidare midlar knytte til forsking, IT-utgifter (under dette utgifter til drifting av resultatdokumentasjonssystemet (RDS), miljøstatus etc.), husleige, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til:
arbeidet innan overgjødsling og oljeforureining
arbeidet innan helse- og miljøfarlege kjemikaliar
arbeidet innan avfall og gjenvinning
arbeidet innan klimaendringar, luftforureining og støy
internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid med UD, NORAD o.a.
miljøtilstanden i Noreg.
Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4441, postane 04 Gebyr, post 05 Leigeinntekter og post 09 Internasjonale oppdrag, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten er fordelt som følgjer:
Farleg avfall – (beredskap)
Posten dekkjer utgifter Statens forureiningstilsyn kan få ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.
Innovasjon – miljøteknologi
Utvikling og innovasjon av miljøteknologi vil vere svært viktig for å få til ei fråkopling mellom økonomisk vekst og miljøbelastning. Utvikling av meir miljøeffektiv teknologi vil gi gevinstar for miljøet og kan føre til økonomisk vekst og sysselsetjing i Noreg. Sjå nærare omtale under, under resultatområde 11. Det blir vidareført 3 mill. kroner til arbeidet i Statens forureiningstilsyn med å auke kompetanse og stimulere til styrkt utvikling og bruk av miljøteknologi.
Lokalt klimaarbeid
Regjeringa har varsla at fagkompetansen i kommunane innan natur- og miljøvern skal gjenreisast, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006). I Soria Moria-erklæringa er det òg nedfelt at kommunanes rolle som samfunnsutviklar skal styrkjast. For å styrkje kommunanes arbeid med miljø/samfunnsutvikling, samarbeider Miljøverndepartementet og Kommunanes Sentralforbund om eit femåring program om kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling. Klima og energi er eitt av dei tema som inngår i programmet. Det vil òg bli vurdert ytterlegare tiltak for i sterkare grad å involvere det lokale nivået i klimapolitikken. Det blir vidareført 1,5 mill. kroner til arbeidet med lokalt klimaarbeid.
Helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Posten er styrkt med 3,5 mill. kroner til internasjonalt kjemikaliearbeid og til særlege prosjekt som følgjer opp forslag i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Løyvinga skal bl.a. nyttast til oppfølging av EUs nye kjemikalieregelverk (REACH ) og styrking av internasjonal regulering av miljøgifter, t.d. kvikksølv. Kartlegging av miljøgifter er òg omfatta av posten.
NOx-avgift -Kompensasjon
Posten er styrkt med 1,5 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje kostnader knytte til SFTs oppgåver i samband med etablering av ei NOx-avgift, bl.a. a ulike oppgåver i samband med etablering av utsleppsfaktorar og verifisering av utslepp.
Helhetlig plan for Barentshavet
Posten er styrkt med 3 mill. kroner til oppfølging av heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet.
Tidsavgrensa oppdrag og utgreiingar (FOU)
I tillegg dekkjer posten utgreiingar og vurderingar knytte til etatanes saksområde. For 2007 gjeld dette i hovudsak arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og klima (bl.a. rammedirektivet for vatn).
Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast
Posten er knytt til resultatområda 4 Overgjødsling og oljeforureining, 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og 6 Avfall og gjenvinning. Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i vatn, grunn og sediment som er forureina med farlege miljøgifter. Posten dekkjer òg opprydding i Vansjø og eventuelle andre vassførekomstar med samansette miljøproblem.
Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina grunn og sjøbotn, med fokus på oppfølging av handlingsplanane som blir lagt fram i løpet av hausten. Forureinar betaler-prinsippet ligg til grunn for arbeidet på dette feltet, og så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sediment. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøvernforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak:
Der Staten ved miljøvernforvaltninga er den ansvarlege for forureininga.
Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding.
Der det hastar å få rydda opp. Staten forskotterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.
Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling.
Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område.
Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.
I tillegg kan posten nyttast til planmessig kartlegging og oppfølging av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet og anna kunnskapsoppbygging. Fordi tiltaka strekkjer seg over fleire år, er det foreslått å vidareføre bestillingsfullmakta knytt til posten med 25 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
Post 73 Tilskot til biloppsamlingssystemet
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Mål
Tilskotsordninga blir oppheva med verknad frå 1. januar 2007, som følgje av overgang frå eit statleg til eit bransjeorganisert innsamlingssystem. Ein viser til omtale under resultatområde 6 når det gjeld omtale av produsentansvar for bilvrak. Det vil vere eit etterslep i utbetalingane på om lag tre til fire månader, noko som gjer at løyvinga på posten må oppretthaldast på eit tilsvarande nivå i 2007.
Den delen av det eksisterande avgiftssystemet som gjeld utbetaling av pant til bileigar vil førebels bli ført vidare.
Tildelingskriterium
Det blir gitt driftsstøtte på kr 631 pr. motteke vrak til godkjende oppsamlingsplassar for å sikre gjennomføring av dei miljøvernoperasjonane dei er pålagde å utføre i samband med mottak av vrak.
Det blir gitt transportstøtte til presse- og transportoperatørane til dekning av kostnadene for pressing og frakt av vraka frå oppsamlingsplassane til behandlingsanlegga. Transportstøtta skal sikre at ingen delar av landet fell utanom oppsamlingsordninga på grunn av høge transportutgifter. Storleiken på tilskotet er bl.a. avhengig av kva som kan oppnåast ved sal av bilvraka til fragmenteringsverka, jf. kap. 4441 post 08 Inntekter frå sal av bilvrak. Tilskotet inneber ei plikt for tilskotsmottakaren til å samle inn vrak frå dei godkjende oppsamlingsplassane.
Posten dekkjer òg utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøvernstyresmaktene treng for å administrere ordninga.
Oppfølging og kontroll
Driftstilskotet blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg etter mottak av ei vrakpantkvittering for at bilvraket er motteke for behandling.
Post 75 Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
I budsjettforslaga er det dei seinare åra lagt til grunn at det blir innlevert ca. 100 000 bilvrak som det skal utbetalast pant for, noko som steig til om lag 110 000 vrak i 2006. Det er venta at auken i vrakmengde den seinare tida vil vare ved i tida framover.
Mål
Tilskotsordninga er ein del av oppsamlingssystemet for køyretøy. Målet med denne tilskotsordninga er å stimulere bileigar til å levere utrangerte bilar til godkjent biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy trådde i kraft i juli 2002 og inneber at produsentar og importørar gradvis fram mot 2007 tek over ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Som eit resultat av dette tek Regjeringa sikte på at dagens statlege tilskot til oppsamlingssystemet for bilar blir avvikla samtidig med at produsentansvaret for bilar skal gjelde fullt ut frå 1. januar 2007. Regjeringa tek sikte på at også dagens statlege avgifts- og panteordning blir avvikla. Regjeringa vil likevel oppretthalde ordninga mellombels, fram til eit bransjeorganisert retursystem har komme i gang og kan vise til oppnådde resultat. Produsentansvaret er no ein del av avfallsforskriftas kapittel 4 om kasserte køyretøy. Sjå resultatområde 6 for ytterlegare omtale av ordninga.
Tildelingskriterium
Vrakpanten blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjent biloppsamlingsplass for behandling. Vrakpanten for 2007 vil vere på 1 500 kroner.
Oppfølging og kontroll
For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant, blir kvitteringa kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.
Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving
Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy. Posten dekkjer òg utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøvernstyresmaktene har behov for i samband med administrering av ordningane.
Det har vist seg vanskeleg å stipulere utbetalingar til ordninga og overslaga har variert. Foreslått reduksjon er m.a. basert på bransjens eige overslag.
Refusjon av smørjeoljeavgifta
Mål
Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje, og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2005 -2006) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71. Refusjonsordninga vart innført i 1994 og utvida i 2000 for å sikre høgare innsamlingsgrad.
Kriterium for måloppnåing
Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i overkant av 80 pst. og har vore stabil dei siste åra. I 2005 var total mengd innsamla spillolje på om lag 39 700 m3, av dette omlag 25 000 m3 med rett på refusjon. Mengd innsamla smørjeolje blir stadig redusert som ein konsekvens av mindre bruk av slik olje. Det er ikkje rekna med vesentleg endring i mengd innsamla spillolje i 2007. Posten dekkjer òg utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga.
Tildelingskriterium
Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer m.m.) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av bl.a. spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Statens forureiningstilsyn. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Statens forureiningstilsyn føljer opp brota med å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.
På grunn av dei konstaterte brota vart det i 2005 utarbeidd eit nytt sett av vilkår for refusjon, og tankanlegga vil få nye godkjenningar med tydelegare krav om at vilkåra skal følgjast.
Ei evaluering av refusjonsordninga for spillolje i 2003 konkluderte med at systemet fungerer godt, og har sikra ein auke i innsamlingsgraden frå omtrent 75 pst. i 1994 til 80–85 pst. i 2003.
Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)
Mål
Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.
Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 1. januar 2000 pålagt avgift, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Refusjonsordning for innbetalt TRI-avgift vart innført samtidig, for å auke effekten av verkemidla.
Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore få utbetalingar gjennom ordninga som følgje av at bruken av ny TRI er kraftig redusert. Det er ikkje venta vesentlege endringar i 2007.
Tildelingskriterium
TRI-haldig avfall skal leverast til godkjent mottak eller behandlingsanlegg for farleg avfall, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kroner pr. kilo, noko som utgjer under halvparten av avgiftssatsen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga skjer gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Anlegg som tek imot farleg avfall og gjenvinningsverksemda skal vere godkjent av Statens forureiningstilsyn.
Avgifta har medverka til ein kraftig reduksjon i etterspørselen etter ny TRI. På grunn av dei små mengdene som er i bruk og som er omfatta av refusjonssystemet, vil ein vurdere om det er føremålstenleg å vidareføre refusjonsordninga eller om ein kan sikre innlevering av TRI-haldig avfall på andre måtar.
Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)
Mål
Stortinget vedtok i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2003 å innføre ei avgift på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK) frå 1. januar 2003. Avgifta er retta mot import og produksjon av HFK og PFK, både som bulkvare og som delemne i produkt. Avgifta for budsjetterminen er på kr 190,50 pr. tonn CO2-ekvivalentar, og blir innkravd ved bulkimport og import i produkt der gassane eller bindingar av gassane er nytta. I samsvar med oppmoding frå stortingsfleirtalet i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2003, etablerte Regjeringa ei refusjonsordning i høve til avgifta. Refusjonsordninga trådde i kraft 1. juli 2004. Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. HFK blir i første rekkje nytta i kjøle-, fryse- og varmepumpeanlegg, men blir òg brukt til brannslokking, og som drivgass til produksjon av isolasjonsmaterial.
Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon er venta å medverke til bruk av miløvennlege hjelpemedium og mindre bruk av dei mest skadelege HFK/PFK-gassane, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har større mengder HFK- og PFK-haldig avfall.
Kriterium for måloppnåing
Det er venta at kombinasjonen av avgift og refusjon vil gi ein vesentleg utsleppsreduksjon i 2010, i høve til kva utsleppet ville ha vore utan avgift og refusjon.
Tildelingskriterium
Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.
Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1 451 om særavgifter § 3-18-2. Det har vore utbetalt vesentleg mindre refusjon enn prognostisert, og løyvinga er redusert i samsvar med nye prognosar, jf. tidlegare omtale.
Oppfølging og kontroll
Statens forureiningstilsyn fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3.
Kap. 4441 Statens forureiningstilsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
04 | Gebyr | 25 020 | 21 059 | 21 059 |
05 | Leigeinntekter | 1 151 | 947 | 983 |
08 | Inntekter frå sal av bilvrak | 59 918 | 94 249 | 34 254 |
09 | Internasjonale oppdrag | 5 955 | 4 805 | 4 988 |
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 2 662 | ||
17 | Refusjon av lærlingar | 28 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 078 | ||
Sum kap. 4441 | 96 813 | 121 060 | 61 284 |
Post 04 Gebyr
I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på forureinande verksemd. Posten omfattar Statens forureiningstilsyns gebyrinntekter frå konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta). Det er vurdert å endre forureiningsforskrifta slik at Fylkesmannen kan krevje gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll. Fylkesmannens gebyrinntekter vil eventuelt bli førte under denne posten.
Vidare omfattar posten gebyrinntekter frå tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og produkt.
Inntekter fastsette i forskrift om førehandsmeldingar av nye kjemiske stoff, jf. resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, blir òg førte under denne posten.
Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
I denne posten inngår Statens forureiningstilsyns inntekter frå gebyr betalt i medhald av forskrift om gebyr for deklarering av farleg avfall. Gebyret dekkjer Statens forureiningstilsyns utgifter til kjøp av tenester knytte til behandling og samanstilling av informasjon frå deklarering.
Post 05 Leigeinntekter
Inntektene omfattar dei leigeinntektene Statens forureiningstilsyn har i samband med utleige av nokre kontorlokale og utleige av konferansesenteret. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 08 Inntekter frå sal av bilvrak
Desse inntektene fell bort som følgje av innføring av produsentansvar for bilvrak. Ein reknar likevel med eit etterslep i inntektene i tre til fire månader, sjå omtale under resultatområde 6 og omtalen av kap. 1441, post 73.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene er knytte til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid med UD, Norad o.a., til dømes til institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp, jf. kap. 1441 post 01 Driftsutgifter. Kap. 1441 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1444 Produktregisteret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Driftsutgifter | 15 388 | 13 778 | 18 712 |
Sum kap. 1444 | 15 388 | 13 778 | 18 712 |
Rolle og oppgåver for produktregisteret
Produktregisteret er oppretta for å rasjonalisere innsamling av kjemikalieinformasjon til bruk innan HMS-arbeid, og er det sentrale statlege registeret på dette området. Produktregisteret er i første rekkje eit serviceorgan for Arbeidstilsynet, Oljedirektoratet, Giftinformasjonen, Statens forureiningstilsyn, Statens institutt for folkehelse, Statens arbeidsmiljøinstitutt og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern. Produktregisteret kan dessutan medverke med open informasjon til andre som har oppgåver innan HMS-sektoren. I 2007 vil det bli arbeidd vidare med å effektivisere og fornye Produktregisteret. I hovudsak inneber dette ei fornying av datasystemet for registeret som mellom anna skal gjere det enklare å hente ut offentleg informasjon frå registeret samtidig som verksemdenes forretningsløyndomar kan vernast på eit meir rasjonelt vis. Produktregisteret har teke over ansvaret frå Stiftelsen Grip for drift og vedlikehald av produktinformasjonsbanken PIB, og får auka sine driftsutgifter med 1 mill. kroner. I samarbeid med GRIP og Giftinformasjonen skal PIB utviklast vidare som verktøy for å gjere offentleg informasjon om produkt i Produktregisteret tilgjengeleg for allmenta på Internett. Det er foreslått at Produktregisteret og Statens forureiningstilsyn skal samlokaliserast frå 1. januar 2007, og Regjeringa vurderer òg om Produktregisteret administrativt kan integrerast i Statens forureiningstilsyn. Statens forureiningstilsyn er den største brukaren av registeret. Større nærleik mellom registeret og den største brukaretaten vil truleg gi betre og meir effektiv drift av registeret og medverke til auka effektivitet i kjemikalieforvaltninga.
Mål
Produktregisteret skal samle inn, systematisere og arkivere opplysningar om kjemikaliar, leggje til rette opplysningar ut frå registrerte data slik at definerte brukarar får tilgang til riktig informasjon, og omarbeide graderte data til ugradert informasjon for å gjere opplysningane meir allment tilgjengelege.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter, under dette utgreiing, informasjon m.m. for Produktregisteret. Posten er styrkt med 4,5 mill. kroner til kjemikaliedatabase og til flytting/samlokalisering med SFT.
Kap. 1445 Miljøvennleg skipsfart
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 2 000 | 2 000 | 2 000 |
Sum kap. 1445 | 2 000 | 2 000 | 2 000 |
Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:
Sjøfartsdirektoratet er fagleg underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljø, og utfører viktig arbeid innafor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører òg betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon IMO, EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.
Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. I tillegg skal direktoratet medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten bidreg til å dekkje lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Det skal òg arbeidast for ein ny konvensjon som tek sikte på forsvarleg opphogging av skip. Posten dekkjer vidare midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.
Kap. 5322 Statens miljøfond, avdrag
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
91 | Innbetaling av avdrag | 18 380 | 13 200 | 12 000 |
Sum kap. 5322 | 18 380 | 13 200 | 12 000 |
Post 91 Innbetaling av avdrag
Basert på fortløpande lån og utbetalingar er avdraga utrekna til 12 mill. kroner for 2007.
Kap. 5621 Statens miljøfond, renteinntekter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
80 | Renteinntekter | 4 817 | 3 400 | 2 900 |
Sum kap. 5621 | 4 817 | 3 400 | 2 900 |
Post 80 Renteinntekter
Basert på fortløpande lån og utbetalingar er renter m.m. utrekna til 2,9 mill. kroner for 2007.
Programkategori 12.50 Kart og geodata
Utgiftene under programkategori 12.50 høyrer inn under resultatområde 10 Kart og geodata og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.
Ei samanlikning med saldert budsjett 2006 viser ein auke på 6,3 mill. kroner, eller omlag 1,8 pst. i 2007. Auken skuldast i hovudsak priskompensasjon som er tildelt Statens kartverk, og inneber ingen aktivitetsauke for etaten. Ein viser til del I der det blir gjort greie for budsjettendringar i 2007 innafor dei ulike resultatområda.
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 | Pst. endr. 06/07 |
1465 | Statens kjøp av tenester i Statens kartverk | 344 932 | 350 788 | 357 135 | 1,8 |
2465 | Statens kartverk | 10 687 | 12 000 | 12 000 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 355 619 | 362 788 | 369 135 | 1,7 |
Kap. 1465 Statens kjøp av tenester i Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
21 | Betaling for statsoppdraget , kan overførast | 344 932 | 350 788 | 357 135 |
Sum kap. 1465 | 344 932 | 350 788 | 357 135 |
Kapitlet dekkjer etablering og drift av infrastruktur for geografisk informasjon. Løyvinga blir sett på som ei inntekt for Statens kartverk, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.
Satsinga på Mareanoprogrammet er ført vidare med same beløp som i 2006, 7,87 mill. kroner. Programmet rettar seg mot kartlegging av havbotn i nordområda, jf. omtale under resultatområde 1 og 10.
Post 21 Betaling for statsoppdraget, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 10 Kart og geodata og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver.
Sjøkartlegginga skal framleis ha 1. prioritet blant Statens kartverks oppgåver i 2007. Ein vesentlig del av kartlegginga skjer ved kjøp av tenester frå privat næringsliv.
Også for landområda vil det vere viktig å føre vidare etablering, vedlikehald, forvaltning og det å gjere tilgjengeleg nasjonale geografiske primærdatabasar. Dette arbeidet vil bli organisert gjennom samarbeidet Noreg digitalt. Det er eit mål å få flest mogleg kommunar og offentlege organ til å delta og auke innsatsen sin i samarbeidet.
Etter oppdrag frå Justisdepartementet skal Statens kartverk i 2007 fullføre etableringa si som sentral tinglysingsstyresmakt med ansvar for heile landet. Når lov om eigedomsregistrering trer i kraft vil Statens kartverk òg bli sentral matrikkelstyresmakt. For å ivareta denne oppgåva har Statens kartverk under utvikling eit dataregister, kalla matrikkelen. Saman med tinglysingsdata vil matrikkelen (eiendomsdata og -kart) gi høve til ein heilskapleg tilgang til eigedomsdata for Noreg.
Det blir utarbeidd spesifiserte produksjonsmål og aktivitetar som grunnlag for departementets styring med og kontroll av statsoppdraget.
Det er behov for ei bestillingsfullmakt i 2007 på 90 mill. kroner i samband med arbeidet med å etablere moderne elektroniske sjøkart for norskekysten, jf. forslag til vedtak V nr. 2.
Ein gjer framlegg om at inntil 5 mill. kroner kan omdisponerast mellom denne posten og kap. 2465 post 45, jf. forslag til vedtak IV.
Kap. 2465 Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 10 687 | 12 000 | 12 000 |
Sum kap. 2465 | 10 687 | 12 000 | 12 000 |
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 10 Kart og geodata.
Rolle og oppgåver for Statens kartverk
Miljøverndepartementet legg vekt på at Statens kartverk skal vere eit tydeleg nasjonalt fagorgan innan sitt fagområde. Verksemda skal konsentrerast om styresmaktoppgåver og tilrettelegging for heile den norske geodataverksemda. Satsinga i St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» – et felles fundament for verdiskaping blir ført vidare. I 2007 skal Statens kartverk halde fram med å følgje opp stortingsmeldinga i samsvar med dei forslaga som vart behandla i Stortinget i juni 2003. Her inngår produksjon, standardisering, forvaltning og drift av offentlege data. Statens kartverk har ansvar for å samordne standardar og regelverk med andre land.
Hovudoppgåva for Statens kartverk er å byggje og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur, og syte for at brukarane får enkel og effektiv tilgang til stadfesta (koordinatbestemt) informasjon. Geografiske data er venta å utgjere ei stadig viktigare informasjonskjelde innan nye område.
Statens kartverk skal delta i forsking og utvikling av kartteknologi, og samarbeide med norsk industri og kartbransje, bl.a. om eksportretta tiltak. Statens kartverk skal syte for at den geografiske informasjonen etaten forvaltar blir sikra for ettertida.
På enkelte område blir basisproduksjonen forsert ut over det statsoppdraget gir grunnlag for, gjennom tilskot frå brukarar eller samarbeid om felles geodataprosjekt gjennom Noreg digitalt. Fleire av Statens kartverks produksjonsmål føreset at budsjetterte samfinansieringsprosjekt blir realiserte.
Viktige målsetjingar for Statens kartverk i 2007 vil vere:
Vidareføre forsert sjøkartlegging
å etablere, forvalte og gjere tilgjengeleg ein infrastruktur av stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som ein viktig og integrert del av Noreg digitalt
å medverke til samarbeid med andre offentlege maritime etatar på sjøtryggleiksområdet
å leie og koordinere ei internasjonal offisiell elektronisk kartteneste for å styrkje tryggleiken til sjøs bl.a. gjennom Primar Stavanger
leie arbeidet med å etablere og føre vidare forvaltningssamarbeidet Noreg digitalt med flest mogleg offentlege store dataeigarar og -brukarar
etablere standardar for det kartfaglege området, harmonisert mot andre fagområde
etablere ein funksjonell og påliteleg tinglysingsorganisasjon
iverksetje og forvalte ny lov om eigedomsregistrering
utvikle og iverksetje ny matrikkel i heile landet
utforme rammevilkåra for eit samla eigedomsinformasjonssystem med felles adgang til Matrikkel, Grunnbok og planregister
utvikle vidare Cpos (posisjoneringsteneste med cm-grannsemd) til å dekkje dei tettast folkesette områda i landet
Post 24 Driftsresultat:
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
24.1 | Driftsinntekter | -626 567 | -598 288 | -721 658 |
24.2 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 588 873 | 585 987 | 710 433 |
24.3 | Avskrivingar | 9 352 | 9 933 | 9 174 |
24.4 | Renter av statens kapital | 2 551 | 2 368 | 2 051 |
24.5 | Til reguleringsfondet | 25 791 | ||
Sum post 24 | 0 | 0 | 0 |
Statens kartverk er ei statleg forvaltningsbedrift som styrer den interne økonomien etter bedriftsøkonomiske rekneskapsprinsipp, mens statsbudsjettet og statsrekneskapen blir rapporterte etter kontantprinsippet. Statens kartverks tilknytingsform vil bli sett i samanheng med budsjettprosessen for 2008. Driftsresultatet i budsjettet for 2007 er sett til 0 kroner.
Underpost 24.1 Driftsinntekter
Statens kartverks bedriftsøkonomiske driftsinntekter fordeler seg som følgjer:
Tabell 17.9 Statens kartverks driftsinntekter
(i mill. kr.) | |||
---|---|---|---|
Rekneskap 2005 | Plan 2006 | Plan 2007 | |
Betaling for statsoppdraget | 345 | 351 | 357 |
Samfinansiering | 167 | 206 | 170 |
Belastningsfullmakt fra JD | 43 | 11 | 120 |
Royalty av sal av kart og geografiske data og salsinntekter frå sjøkart | 43 | 30 | 75 |
Sum driftsinntekter | 598 | 598 | 722 |
Rekneskap 2005 er ført opp i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap. Plan 2006 refererer seg til St.prp. nr. 1 (2005-2006).
Statens kartverks salsinntekter er i hovudsak knytte til selskapet PRIMAR Stavanger, som formidlar sjøkart i samarbeid med andre land sine sjøkartverk, og royaltyavtale med statsaksjeselskapet Norsk Eigedomsinformasjon som formidlar Statens kartverks basisinformasjon i den kommersielle marknaden.
Behovet for relevante og riktige eigedomsopplysningar aukar innan fleire samfunnssektorar. Stortinget vedtok 9. juni 2005 ny lov om eigedomsregistrering, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004-2005). Lova gir rom for ei framtidsretta forvaltning av eigedomsinformasjon.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Posten omfattar utgifter til lønn og andre fortløpande driftsutgifter, og etablering og oppgradering av Statens kartverks databasar og geografiske infrastruktur elles.
Underpostane 24.3 Avskrivingar og 24.4 Renter av staten sin kapital
Avskrivingar og renter av statens kapital er budsjetterte ut frå ein venta bokført kapital på 48 mill. kroner pr. 31. desember 2006.
Avskrivingane for Statens kartverk blir utrekna etter fast praksis på grunnlag av dei kapitalgjenstandane som er bokførte pr. 31. desember året før budsjettåret. Det blir såleis ikkje berekna avskrivingar av kapitalgjenstandar som er skaffa i løpet av budsjettåret.
Avskrivingane skal baserast på historisk nyskaffingspris for kvar einskilt kapitalgjenstand. Dette prinsippet vart slått fast ved Stortingets vedtak av 11. juni 1990 på grunnlag av St.prp. nr. 87 (1989-90), jf. Innst. S. nr. 243 (1989-90).
Det skal nyttast eit lineært avskrivingsprinsipp. Avskrivingane på dei einskilde kapitalgjenstandane skal skje med like store beløp kvart år basert på ein fastsett avskrivingsperiode (dvs. venta levetid for vedkommande kapitalgjenstand).
Utrekning av renter av den faste kapitalen i Statens kartverk skal skje i samsvar med føresegner for forvaltningsbedriftene, vedtekne av Stortinget 9. juni 1982 på grunnlag av St.prp. nr. 115 (1981-82), jf. Innst. S. nr. 285 (1981-82).
Underpost 24.5 Til reguleringsfondet
Eit eventuelt avvik mellom budsjettert beløp under post 24 Driftsresultat og det rekneskapsførte beløpet under posten skal regulerast ved overføringar frå/til reguleringsfondet. Ei vesentleg årsak til avvik mellom det faktiske driftsresultatet og det budsjetterte driftsresultatet vil vere terminforskyvingar i kontante inn- og utbetalingar. Pr. 31. desember 2005 var reguleringsfondet på 76,4 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten skal omfatte alle varige investeringar over 200 000 kroner.
Statens kartverks produksjonsutstyr er IT-basert. Produksjonsverksemda omfattar behandling av store datamengder frå oppmåling av sjø og land, EDB-basert kartproduksjon mv. Statens kartverk må fortløpande fornye og utbetre utstyrsparken for å kunne utnytte effektivitetsvinstane i ny teknologi i produksjonen, og møte etterspørselen etter nye produkt. Det budsjetterte investeringsnivået svarer likevel ikkje til meir enn ca. 2 pst. av totalomsetnaden.
Posten kan overskridast ved sal av utstyr der inntektene blir rekneskapsførte under kap. 5465 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Tabell 17.10 Statens kartverks kapitalbalanse
(i mill. kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.04 | Rekneskap 31.12.05 | Venta 31.12.06 | Venta 31.12.07 | |
Eigedelar | ||||
Anleggsmidlar: | ||||
Driftsmidlar, eigedommar | 44,6 | 46,0 | 46,0 | 48,8 |
Aksjar, andelar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Utlån og obligasjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum anleggsmidlar | 44,6 | 46,0 | 46,0 | 48,8 |
Omløpsmidlar1: | ||||
Varebehaldning, varer i arbeid | 4,0 | 3,9 | 3,9 | 3,9 |
Kortsiktige fordringar | 76,1 | 163,6 | 163,6 | 163,6 |
Kortsiktige plasseringar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Kassebehaldning og innskot | 0,6 | 0,5 | 0,5 | 0,5 |
Sum omløpsmidlar | 80,7 | 168,0 | 168,0 | 168,0 |
Sum eigedelar | 125,3 | 214,0 | 214,0 | 216,8 |
Tabell 17.11 Statens kartverks gjeld og eigenkapital1
(i mill. kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.04 | Rekneskap 31.12.05 | Venta 31.12.06 | Venta 31.12.07 | |
Gjeld og eigenkapital Eigenkapital2: | ||||
Eigenkapital utan reguleringsfond | -111,8 | -48,8 | -48,8 | -48,8 |
Reguleringsfondet | 50,7 | 76,5 | 76,5 | 76,5 |
Sum eigenkapital | -61,1 | 27,7 | 27,7 | 27,7 |
Langsiktig gjeld3: | ||||
Staten sin renteberande kapital | 44,6 | 46,0 | 46,0 | 48,8 |
Anna langsiktig gjeld | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum langsiktig gjeld | 44,6 | 46,0 | 46,0 | 48,8 |
Kortsiktig gjeld4: | ||||
Kortsiktig gjeld | 222,8 | 227,3 | 227,3 | 227,3 |
Mellomverande med statskassen | -81,0 | -87,0 | -87,0 | -87,0 |
Sum kortsiktig gjeld | 141,8 | 140,3 | 140,3 | 140,3 |
Sum gjeld og eigenkapital | 125,3 | 214,0 | 214,0 | 216,8 |
1 Omløpsmidlar. Det blir ikkje gjort overslag over omløpsmidlane før rekneskapsavslutning. Omløpsmidlane blir derfor førte opp uendra i budsjettåret. Omløpsmidlane blir rekneskapsførte i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap.
2 Eigenkapital. Posten kjem fram som ein differanse mellom eigedelar og gjeld. Eventuelt avvik mellom rekneskapsført driftsresultat (etter føring til eller frå reguleringsfondet) og Statens kartverks bedriftsøkonomiske resultat blir rekna mot eigenkapitalen.
3 Langsiktig gjeld. Statens kartverk finansierer alle anleggsmidlar fullt ut som «lån» i statskassen. Statens renteberande kapital fungerer derfor som motpost til anleggskapitalen. Den renteberande kapitalen er fordelt på 5 ulike «lån».
4 Kortsiktig gjeld. Det blir ikkje gjort overslag over kortsiktig gjeld før rekneskapsavslutning. Kortsiktig gjeld blir derfor ført opp uendra i budsjettåret. Kortsiktig gjeld blir rekneskapsført i samsvar med Statens kartverks bedriftsøkonomiske rekneskap.
Kap. 5465 Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
49 | Sal av anleggsmidlar | 36 | ||
Sum kap. 5465 | 36 |
Post 49 Sal av anleggsmidlar
På posten er det ført tilfeldige inntekter for Statens kartverk, bl.a. inntekter frå sal av anlegg og utstyr, som av regnskapstekniske grunnar skal bruttoførast.
Programkategori 12.60 Nord- og polarområda
Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 7 Klima, luftforureiningar og støy, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Ein viser til del I der det blir gjort greie for budsjettendringar i 2007 innafor dei ulike resultatområda.
Regjeringa prioriterer høgt å styrkje det forskings- og overvakingsbaserte kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald. Kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, og andre arter som er sentrale for forvaltninga av Svalbard som villmarksområde og raudlistearter som har regelmessig opphald på Svalbard vil ha prioritet. Langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betydning vil ha særleg fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har òg eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene. Satsinga under det internasjonale polaråret (IPY) vil òg bidra til ny og betre kunnskap om polarområda.
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 | Pst. endr. 06/07 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 134 010 | 163 262 | 164 576 | 0,8 |
1472 | Svalbards miløvernfond | 5 400 | 5 400 | 0,0 | |
Sum kategori 12.60 | 134 010 | 168 662 | 169 976 | 0,8 |
Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Driftsutgifter | 103 677 | 112 159 | 104 015 |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan overførast | 29 855 | 50 605 | 60 063 |
50 | Stipend | 478 | 498 | 498 |
Sum kap. 1471 | 134 010 | 163 262 | 164 576 |
Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:
Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93) Norsk polarforskning, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.
Instituttet skal vidare:
halde ved lag ei brei forskingsbasert kompetanse i miljøvernforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk
ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis
utvikle og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis
medverke til å stimulere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å gi tilgang til instituttets infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader
følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis
ivareta forvaltningas kunnskapsbehov og utøve nødvendig kontroll saman med dei andre miljødirektorata, fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan Barentsregionsamarbeidet og det bilaterale norskrussiske miljøvernsamarbeidet
fokusere forskinga si på klimaprosessar og klimaendringar, effektane av desse på naturen og økotoksikologi i Arktis og Antarktis
utforske og overvake det marine miljøet i iskantsona i Barentshavet
representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø
medverke til å styrkje Polarmiljøsenteret
utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg
drive utovervendt informasjon om polarområda m.a. gjennom samarbeid med Polaria.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 7 Klimaendringar, luftforureining og støy, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Nedgangen i løyvinga for 2007 skuldast at 9,3 mill. kroner, som Polarinstituttet fekk rammeoverført i 2006 som eit eingongsbeløp til inventar og utstyr i samband med innflytting i Forskingsparken i Longyearbyen, er teke ut igjen av budsjettet. Posten er styrkt med 1 mill. kroner til oppføljing av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet.
Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd.
Posten dekkjer òg utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyving kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr.1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 7 Klimaendringar, luftforureining og støy, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane, under dette drift av forskingsstasjonen Troll.
Auken på posten skuldast at det er venta inntekter i sambard med verksemda i Antarktis. Dette fører òg til auka utgifter. Det er derfor oppretta ein eigen inntektspost under kap. 4471, post 21.
Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten og Miljøprotokollen til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.
I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Troll vart fullført under sommarsesongen 2005-2006, og det vil bli gjennomført heilårsdrift frå hausten 2006 med 6 personar som overvintrar i 2007. Noregs nærvær i Antarktis vil no vere styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.
Sørsommaren 2006-2007 vil bl.a. bli nytta til å fullføre etableringa av ein satellittnedlesingsstasjon, TrollSat, som er eigd og blir etablert av Kongsberg Satellite Services AS (KSat), men som skal driftast av Polarinstituttet etter avtale med KSat. Statsbygg vil òg oppføre ny kraftstasjon som er nødvendig i hovudsak pga. etableringa av TrollSat, men òg for å sikre straumforsyninga til Troll. Kostnadsramma for den nye kraftstasjonen er 20 mill. kroner, som vil inngå i grunnlaget for husleigeberekninga for Polarinstituttet.
Post 50 Stipend
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i nord- og polarområda.
Mål
Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Kriterium for måloppnåing
Gjennomført feltarbeid i tilknyting til hovudfagsstudie eller doktorgrad.
Tildelingskriterium
Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.
Oppfølging og kontroll
Det blir kravd innsendt ei rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.
Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
01 | Sals- og utleigeinntekter | 5 859 | 7 572 | 7 860 |
03 | Inntekter frå diverse tenesteyting | 19 024 | 18 454 | 19 155 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 855 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 350 | ||
21 | Inntekter, Antarktis | 12 500 | ||
Sum kap. 4471 | 26 087 | 26 026 | 39 515 |
Post 01 Sals- og utleigeinntekter
Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting
Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Inntekter, Antarktis
Posten gjeld dekning av Norsk Polarinstitutts utgifter for drift av TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services, refusjon frå Statsbygg for transport av materiell og personell, og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet.
Kap. 1472 Svalbards miljøvernfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
70 | Tilskot , kan nyttast under post 01 | 5 400 | 5 400 | |
Sum kap. 1472 | 5 400 | 5 400 |
Svalbards miljøvernfond er føresett oppretta i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i statsbudsjettet for 2005.
Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå eit miljøgebyr for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom eit gebyr for kort og for felling i samband med hausting, gebyr for teoretisk eksamen i samband med jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondkapitalen og avkastninga skal nyttast til tilskot til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift slik at ein mindre del av midlane òg vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av miljøgebyret. Det er lagt opp til at Svalbards miljøvernfond skal ha eit styre som vil fordele fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og det vil bli vedteke retningslinjer for tildeling av fondsmidlar. Fleire av gebyrordningane vil først ta til å gjelde i løpet av 2007 og overgangsordningar gjer at inntektene til fondet vil vere om lag 5,4 mill. kroner dette året minus administrasjonskostnader. Ved fullt driftsår vil inntektene vere på ca. 8,2 mill. kroner minus administrasjonskostnader.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Posten er knytt til resultatområde 8, Internasjonalt miljøvern og miljøvern i nord- og polar-områda.
Tildeling av midlar frå fondet til statlege verksemder vil bli ført under denne posten. I tillegg vil midlar til forvaltning av fondet og utgifter knytte til innkrevjing av miljøgebyret bli utbetalte her.
Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 01
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8, Internasjonalt miljøvern og miljøvern i nord- og polarområda.
Svalbards miljøvernfond omfattar midlar til vern av naturmiljø og kulturminne på heile øygruppa. Fondets midlar skal fordelast av styret for fondet til tiltak på Svalbard i samsvar med svalbardmiljølova § 98 og føremålet med fondet slik det er fastsett i vedtektene. Dette omfattar m.a. undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, årsaker til miljøtilstanden, tilskot til skjøtsel, vedlikehald og gransking i samsvar med svalbardmiljølova og informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Det vil ikkje vere høve til å bruke midlar frå fondet til miljøforvaltningas ordinære administrative utgifter, og til tiltak som blir dekte av ordinære driftsmidlar for Sysselmannen.
Mål
Målet for fondet er å sikre at Svalbards særprega villmarksnatur og dei unike kulturminna blir tekne vare på som grunnlag for oppleving, kunnskap og verdiskaping.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formaliakontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.
Kap. 4472 Svalbards miljøvernfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2005 | Saldert budsjett 2006 | Forslag 2007 |
50 | Refusjon frå fondet | 5 400 | 5 400 | |
Sum kap. 4472 | 5 400 | 5 400 |
Under dette kapitlet er budsjettert refusjonane til statsbudsjettet basert på inntektene (m.a. frå diverse gebyr) til Svalbards miljøvernfond. Refusjonane under kap. 4472 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond.
Post 50 Refusjon frå fondet
Under denne posten blir budsjettert dei midlane som blir refunderte frå Svalbards miljøvernfond til statsbudsjettet. Det er gjort greie for føremålet med og inntektene til fondet under kap. 1472. Svalbards miljøvernfond skal forvaltast av eit styre oppnemnt av Miljøverndepartementet. Utgiftene blir budsjetterte over Miljøverndepartementets budsjett. Dei årlege refusjonane til statsbudsjettet skal normalt svare til fondets stipulerte inntekter same året. Eventuelle overskytande beløp blir kapitaliserte i fondet.