St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegg

Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m.

Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1100

Landbruks- og matdepartementet:

128 883

123 260

122 922

-0,3

Sum kategori 15.00

128 883

123 260

122 922

-0,3

Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

4100

Landbruks- og matdepartementet:

5 772

460

16 030

3 384,8

Sum kategori 15.00

5 772

460

16 030

3 384,8

Landbruks- og matdepartementet forvaltar politikken innanfor ein sektor som har eit breitt samfunnsansvar, og som har avgjerande tyding for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift og landbruksbaserte tilleggsnæringar er sentrale for den samla verdiskapinga, for å oppretthalde hovudtrekka i busetjingsmønstret og utvikle lokalsamfunna over heile landet og for å ivareta miljø og oppretthalde kulturlandskapet. Forvaltninga har eit breitt ressursforvaltningsansvar og forvaltningsoppgåvene er knytt til heile næringskjeda, både primærprodusent, næringsmiddelindustri og omsetningsledda.

Tilsyns- og rettleiingsoppgåvene som til dømes Mattilsynet utfører er viktig for så vel forbrukarane, næringsmiddelindustrien, omsetningsledda og fiskeeksporten som for landbruksnæringane. Deltaking i og oppfølging av internasjonale prosessar set òg dagsorden. Forvaltninga står her ofte overfor svært komplekse utfordringar som på mange område krev meir og andre ressursar enn tidlegare.

Andre døme på sentrale samfunnsoppgåver som involverer mange aktørar er arbeidet med sikring av miljø og berekraftig utvikling i bruken av arealressursane, leggje til rette for nye næringar og vidareutvikling av landbruksnæringane. Regjeringa si klimamelding som blei lagt fram i 2007 femner ei rekkje tiltak der landbruket sine ressursar speler ei viktig rolle. Produksjon av bioenergi er eit av fleire satsingsområde.

Vidare har forvaltningsapparatet ansvar for den langsiktige eigedoms- og ressursforvaltninga der både næringsomsyn, miljøomsyn og omsyn til alternativ ressursbruk vurderast.

Strukturen i sektoren er desentralisert. Oppgåveløysinga er såleis fordelt mellom dei ulike forvaltningsnivåa; sentralt og regionalt statleg nivå og kommunalt nivå. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Statens landbruksforvaltning, Mattilsynet og Reindriftsforvaltninga.

Årsverk1

Landbruks- og matdepartementet

154

Mattilsynet

1 412

Statens landbruksforvaltning

189

Reindriftsforvaltninga

55

Sum årsverk pr. 1.3.2007

1 810

1 Årsverk er summen av alle stillingsbrøkane. Full stilling er lik eit årsverk.

Kjelde: Statens sentrale tjenestemannsregister

I tillegg til verksemdene ovanfor blir viktige forvaltningsoppgåver på landbruksområdet òg utførde av kommunane (jf. reforma i 1993), fylkesmennene og Innovasjon Norge. Finansiering av desse oppgåvene inngår i kommunane sitt rammetilskott, i Fornyings- og administrasjonsdepartementet si løyving til fylkesmennene og godtgjering til Innovasjon Norge. I fylkesmannsembeta er om lag 500 årsverk knytt til oppgåver innanfor landbruksområdet. Oppgåvene er omtalte i Fornyings- og administrasjonsdepartementet sin budsjettproposisjon, programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta.

Kommunane sitt ansvar som landbruksstyresmakt gir eit breitt spekter av oppgåver frå forvaltning av landbrukslovgivinga til næringsutvikling. Når det gjeld kommunane og Innovasjon Norge, har desse sjølve ansvar for å allokere ressursar og organisere arbeidet for m.a. å sjå dette i samanheng med anna næringsutvikling, nyskaping og miljøarbeid, jf. òg nedanfor om forvaltninga si tverrsektorielle utvikling. Det er Landbruks- og matdepartementet sitt inntrykk at bemanninga i kommunane er blitt redusert. Med bakgrunn i det ansvar og dei oppgåvene kommunane har på landbruks- og matområdet er dette bekymringsfullt. Departementet legg til grunn at kommunane i tråd med delkostnadsnøkkel landbruk/miljø set av tilstrekkeleg med midlar og ressursar til å følgje opp oppgåvene innan forvaltning, miljø og næringsutvikling, og ein vil derfor følgje utviklinga i kommunane sin ressursbruk nøye.

Under Landbruks- og matdepartementet ligg i tillegg fire forskingsinstitutt, Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Veterinærinstituttet, og Norsk institutt for skog og landskap. Desse er organisert som forvaltningsorgan med særskilte fullmakter.

Status for området, mål og tiltak

Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga innanfor sektoren. Formålet med dette har vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa. Omorganiseringane omfattar utskiljing av oppgåver frå departementet og omstrukturering av verksemder. Forutan effektiviseringsgevinstar og ressursinnsparingar som følgje av omstilling og IKT-utvikling i den enkelte verksemd, er intensjonen at dette òg skal komme næringsdrivande, næringsmiddelindustrien, brukarane og andre forvaltningsnivå til gode. Med utgangspunkt i dette blei Statens landbruksforvaltning oppretta i 2000 og Mattilsynet i 2004.

I tråd med regjeringa sitt fornyingsarbeid vil ein arbeide vidare for å styrkje, fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga. I arbeidet legg ein særleg vekt på brukarretting, openheit, effektivisering, kvalitet og medverknad. Viktige tiltak i samband med dette er matforvaltningsreforma, fornying av instituttsektoren og utvikling av landbrukspolitikken knytt til forsking og innovasjon.

Til å gjennomføre politikken krev det ein strategi for ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning som legg vekt på fornying, og som er tilpassa innbyggjarane og næringsverksemda sine behov. Forvaltninga ønskjer mindre administrasjon og meir lokal fridom som sikrar innbyggjarane betre kunnskap om, og innverknad på politikkutforminga. Fornying skjer m.a. ved utvikling av samanhengande elektroniske tenester, og gjennom ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk som skal medverke til omstillingsdyktige verksemder og tilsette. I tillegg er det eit kontinuerleg arbeid med forenkling av regelverk og økonomiske verkemiddel.

Samfunnstryggleik og beredskap er framleis høgt prioriterte områder for Landbruks- og matdepartementet. I 2007 er det gjennomført ei større revidering av planverk for å styrkje det strategiske nivået og gjere rolle- og ansvarstilhøva enda klarere.

Forvaltninga har som hovudmål å gjennomføre og utvikle både landbruks- og matpolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane, samtidig som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen.

Landbruks- og matdepartementet har ei kontinuerleg merksemd på system for intern kontroll både internt i departementet og i underliggjande verksemder. I 2007 har det vore stor merksemd på implementering av risikostyring og verksemdene sine rutinar for offentlege innkjøp. Dette vil halde fram i 2008.

Ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning

Matforvaltning

Storparten av etablerings- og omstillingsarbeidet i Mattilsynet blei gjennomført i perioden 2004-2006. Det viktigaste arbeidet som framleis går føre seg, er å utvikle og innføre eit nytt fagsystem/tilsynssystem, MATS (Mattilsynet sitt tilsynssystem). Dette arbeidet vil etter planen vere sluttført i 2009. Dette nye systemet, som vil erstatte fleirtalet av dei 40 fagsystema som no er i Mattilsynet, vil gi nødvendig IKT-støtte både i tilsynsarbeidet og i saksbehandlinga, mellom anna når det gjeld arbeidet med å ferde ut attestar og sertifikat.

Mattilsynet starta i 2006 ein gjennomgang av organisasjonen. Hausten 2007 blei som følgje av dette alle fellesfunksjonar for heile verksemda og forvaltningsoppgåver som ligg på sentralleddet, samla under felles leiing frå hovudkontoret. Tidlegare var ansvaret for mange av desse oppgåvene delt mellom hovudkontoret og fem regionkontor. Aktuelle organisatoriske utfordringar for Mattilsynet er nærmare omtalt i kat. 15.10 og kap. 1115.

Evalueringa etter fjorårets alvorlige utbrot av sjukdom som følgje av E.coli O:103 i spekepølse, viste klare behov for betring også hos styresmaktene mellom anna når det gjeld samhandling, organisering og kommunikasjon. Sjå programkategori 15.10 for nærmare omtale.

Organisasjonsendringar innan instituttsektoren

For å møte utfordringane innan FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt, har departementet dei siste åra gjennomført fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Dei største tiltaka har vore etablering av Bioforsk frå 1.1.2006 og Norsk institutt for skog og landskap frå 1.7.2006. Norsk genressurssenter blei då òg ein del av Norsk institutt for skog og landskap. Siktemålet er å skape ein meir robust instituttstruktur som sikrar ein god forskingskvalitet på kort og lang sikt, møter brukarane sine behov på ein betre måte, og som gir ein meir effektiv utnytting av FoU-midlane. Arbeidet med etablering og omstilling går etter planane i begge institutta. For nærmare omtale av dei to institutta visast det til kat. 15.10 kap. 1112, og kat. 15.20 kap. 1137 for Bioforsk, og kat. 15.20, kap. 1137 og kap. 1141 for Norsk institutt for skog og landskap.

I St.prp. nr. 66 (2005-2006) gjorde regjeringa greie for arbeidet med å omstrukturere forskingsinstitutta innanfor den blå-grøne sektoren. Målet med omorganiseringa er å skape arbeidsdeling og tett forskingsfagleg samarbeid mellom dei fiskeri-, havbruks- og landbruksvitskapelige forskingsmiljøa. NOFIMA AS blei oppretta i 2005, og i 2006 og 2007 er grunnlaget lagt for ei omstrukturering i tråd med føringane frå Stortinget. Gjennom Stortinget si behandling av St.prp. nr. 69 (2006-2007) er det vedteke at Akvaforsk AS, Fiskeriforskning AS, Matforsk AS og Norconserv AS skal inngå i NOFIMA AS frå seinast 1.1.2008. Staten ved Fiskeri- og kystdepartementet skal eige meir enn 50 pst. av aksjane. Det visast til nærmare omtale i kat. 15.20, og i budsjettproposisjonen for Fiskeri- og kystdepartementet, programkategori 16.20.

Landbruks- og matdepartementet har føreteke ein gjennomgang av forskingsinstitutta sine vedtekter og bruk av styrer. Som ei oppfølging av dette vil det bli gjort endringar slik at ein får klarare, enklare og meir einsarta styringsdialog.

Desentralisering og delegering på landbruksområdet

Vidareutvikling og styrking av kommunane si rolle som ein landbrukspolitisk aktør og som pådrivar innan samfunnsutvikling og næringsutvikling er framleis eit prioritert område for Landbruks- og matdepartementet. For å styrkje dialogen og utvikle kommunane si rolle på dette området, vil Landbruks- og matdepartementet og Kommunenes Sentralforbund (KS) fornye samarbeidsavtalen på landbruksområdet for perioden 2008-2009. Målet med avtalen er at arbeidet skal skje innanfor lokalpolitiske rammer, og med ein spesiell vekt på å sjå landbruket som ein integrert del av samfunns- og næringsutviklingsarbeidet i kommunesektoren. Departementet legg til grunn at kommunane følgjer dei nasjonale retningslinjene, t.d. innan jordvern. Fylkesmannen har ei viktig rolle i å bidra som kompetanseformidlar i forhold til kommunane.

Landbruks- og matdepartementet har i Ot.prp. nr. 68 (2006-2007) gjort framlegg om å etablere eit kommunalt ansvar for å sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Samtidig vil ansvaret for klinisk veterinærvakt bli overført frå Mattilsynet til kommunane. Med atterhald om at Stortinget vedtek lovendringa, vil det nye kommunale ansvaret bli gjeldande frå 1.1.2008. Saka er nærmare omtalt under kat. 15.10.

I St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn – regional framtid legg regjeringa til grunn at Fylkesmannen sine oppgåver på landbruks- og matområdet skal overførast til dei nye regionane, med unntak av klagebehandling, kontroll, motsegnsrett, legalitetskontroll og nokre få saker med vedtaksmyndigheit. Kommunal- og regionaldepartementet vil våren 2008 fremme ein proposisjon som vil omhandle ein meir konkret beskriving av oppgåver og lovendringar.

I jordbruksforhandlingane for 2007 blei partane einige om å setje ned ei gruppe som skal foreslå ei heilskapleg løysing for å dekkje landbruket sitt behov for teknisk bygningsplanlegging, medrekna om det er behov for offentleg støtte. Gruppa består av representantar frå Landbruks- og mat­departementet, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Landbrukets forsøksringer, Fylkesmannen og Innovasjon Norge. Fristen for arbeidet er 1.11.2007, jf. St.prp. nr. 77 (2006-2007) Om jordbruksoppgjøret 2007 endringer i statsbudsjettet for 2007 m.m.

Kommunikasjon og ei open forvaltning

Landbruks- og matforvaltninga skal vere ei open forvaltning. Departementet skal raskt gå ut med kunnskap som føreligg på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at innbyggjarane får svar på spørsmåla sine og innsyn i verksemda innan sektoren.

Enkeltsaker er ofte berre ein del av ein større samanheng, og departementet satsar derfor på å få fram dei lange linjene og samanhengane i politikken. Det gjeld og informasjon som ligg til dei underliggande verksemdene. Skal Landbruks- og matdepartementet lukkast i målet om større demokratisk deltaking frå innbyggjarane, må dei ulike kanalane for informasjon utviklast vidare. Dette gjeld òg med tanke på å auke kunnskapen om politikkområdet og stimulere til ein meiningsfylt samfunnsdebatt.

Fornying ved bruk av IKT

Eit overordna mål for offentleg IKT-satsing er at brukarane skal møte ein open, tilgjengeleg og samanhengande offentleg sektor som tilbyr heilskaplege og fullstendige digitale tenester gjennom gode elektroniske sjølvbeteningsløysingar. Ein vil effektivisere og frigjere ressursar ved bruk av IKT, for dermed å kunne styrkje det offentlege velferdstilbodet.

Realiseringa av ei døgnopen elektronisk forvaltning skal baserast på hovudprinsipp om utvikling av elektroniske sjølvbeteningsløysingar, etablering av fellesløysingar på tvers av sektorar og etablering av felles arkitekturprinsipp for IKT-løysingane i offentleg sektor. Dei første IKT-standardane vil no gjerast obligatorisk å bruke for alle verksemder i offentleg forvaltning frå 1.1.2009. I tillegg vil ein rekkje forvaltningsstandardar vere anbefalt å ta i bruk.

Landbruks- og matdepartementet vil leggje stor vekt på at verksemdene og institutta deltek i realiseringa av ei døgnopen elektronisk forvaltning, og at ein følgjer dei råda og dei prosessane som leder fram mot dette. Som eit ledd i dette har Landbruks- og matdepartementet saman med verksemdene i 2007 etablert ein eigen tenestekatalog for elektroniske tenester. Tenestekatalogen skal vere ein nettbasert inngang til informasjon om datakjelder, nettenester og fagsystem i sektoren og korleis desse avheng av kvarandre. Målet er å gi ein oversikt over IKT-arbeidet i sektoren, noko som vil kunne gi ei vesentleg forenkling av utviklingsprosessar der teknologi er ein del av biletet. Ved å synleggjere korleis systema er avhengig av kvarandre vil leiinga i verksemdene og departementet få eit verktøy for å arbeide meir heilskapeleg med planlegging og styring på område, og samtidig bli meir medviten på føringar og retningslinjer som gjeld for IKT-arbeidet.

I landbruks- og matforvaltninga har det over tid vore arbeidd med å utvikle samanhengande, elektroniske tenester. I dag kan mykje av kontakta mellom verksemdene i sektoren og målgruppene skje elektronisk. I tråd med føringar vedteke av regjeringa vil ein i 2008 arbeide med å tilby fleire relevante tenester frå landbruks- og matforvaltninga gjennom Altinn.

Statens landbruksforvaltning har gjennom si satsing på IKT lagt til rette for næringsutøvarane si kontakt med landbruksforvaltninga og forenkla kommunane si saksbehandling. I 2007 har Statens landbruksforvaltning opna for at dei elektroniske søknadene om produksjonstilskot går gjennom Altinn. I tillegg er òg skogavgiftsordninga gjort tilgjengeleg gjennom Altinn.

I 2008 vil Statens landbruksforvaltning leggje vekt på å vidareutvikle nettbasert forvaltning av tilskott med sikte på å bli meir brukarvennleg. Produsentane skal i aukande grad søkje om produksjons- og velferdstilskott via Internett, og kommunar og fylkesmenn skal nytte nettbaserte saksbehandlingssystem. Målsetjinga er at 40 pst. av søknadene i 2008 blir sendt inn via Internett. Ei elektronisk løysing for forvaltning av kvoteordninga for mjølk og pristilskott kjøtt og mjølk vil bli tatt i bruk i 2008.

Etter fleire års utvikling har Mattilsynet kunne leggje fram første delleveranse av sitt nye elektroniske tilsynssystem, MATS. Til grunn for utviklinga av MATS ligg kravet om ei meir einskapleg og heilskapeleg tilsynsverksemd, samt auka kostnadseffektivitet. I staden for å integrere dei eksisterande fagdatasystema ved samanslåinga av Mattilsynet, vedtok ein å utvikle eit nytt, meir framtidsretta system.

Frå sommaren 2007 skjer all behandling av attestar for utførsel av sjømat og innførsel av planter elektronisk. Mattilsynet har valt å la Altinn handtere brukarane mot sine skjematenester. MATS vil òg etter kvart bli utvida til å gjelde for alle tilsynsområda til Mattilsynet og er berekna ferdig utvikla og implementert i 2009.

Reindriftsforvaltninga har arbeidd aktivt for at driftseiningane skal kunne rapportere om eiga reindrift, samt søkje om tilskott og erstatning elektronisk. Resultata frå våren 2007 viser at meir enn halvparten av einingane har gjort dette.

Landbruks- og matdepartementet sitt mål i kartpolitikken er å sikre enkel tilgang til detaljerte digitale kart og flybilete for både forvaltninga og føretaka i landbruket. Dette skjer ved deltaking i Geovekst. Landbruks- og matdepartementet vil i 2008 føre vidare styrkinga av geovekstarbeidet frå 2007, der Norsk institutt for skog og landskap koordinerer og forvaltar landbrukssektoren sine interesser.

Det er eit mål for regjeringa at i løpet av 2009 skal 25 pst. av volumet frå offentlege driftsinnkjøp være heilt eller delvis skaffa tilvegs gjennom konkurransar baserte på elektroniske prosessar for samhandling med næringslivet. Dette inneber at Landbruks- og matdepartementet og verksemdene må organisere og gjere innkjøpa sine på ein slik måte at dei utnyttar det omstillings- og gevinst­potensialet som ligg i bruken av elektroniske forretningsprosessar.

Nærmare omtale av verksemdenes IKT-utvikling er gjort greie for under den enkelte verksemd sitt fagkapittel.

Samfunnstryggleik og beredskap

Samfunnstryggleik og beredskap er prioriterte områder for Landbruks- og matdepartementet. Omsynet til liv og helse er overordna både i fred, krise og krig.

Beredskapsplanar skal sikre best mogleg handtering av ekstraordinære situasjonar og auke beredskapen administrativt. Planverket i Landbruks- og matdepartementet blir justert ved jamne høve, særskilt dersom hendingar eller øvingar viser behov for dette, slik at det til einkvar tid skal vere eit høveleg reiskap til bruk ved beredskap og kriser.

Ei større revidering av planverket er gjennomført i 2007 der mellom anna Sivilt Beredskapssystem (SBS) er implementert i planverket. Tiltak for å styrkje det strategiske nivået og ein tydelegare avklaring av roller og ansvar er innarbeidd i planverket. Det er gjennomført analysar av risiko- og sårbarheit (ROS-analysar) i samband med ei større revidering av departementet sitt tryggleiksplanverk. ROS-analysane skal leggje grunnlaget for det vidare arbeidet med tryggleik i departementet.

Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde er hovudsakleg knytt til produksjon av mat og mattryggleik. Det er på mange områder nødvendig med eit tett og godt samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet for på best mogleg vis kunne takle krisehandtering på matområdet. Samarbeidet mellom dei tre departementa vil bli utvikla vidare.

Med bakgrunn i E.coli-saka er også planverket for handtering av matborne sjukdomshendingar hos menneske gjennomgått og styrkt. Tidlegare omfatta dette planverket i stor grad oppklaring av lokale hendingar. Dette er no utvida til også å omfatte oppklaring av nasjonale hendingar. For nærmare omtale av oppføling av E.coli-saka visast det til kat. 15.10.

Landbruksbaserte matvarer utgjer ein avgjerande del av norsk matvareforbruk. I NOU 2006:6 Når sikkerheten er viktigst blir omsynet til å oppretthalde ein fullgod nasjonal matvareproduksjon ut frå eit tryggleiksperspektiv understreka som viktig. Vidare omtalar utgreiinga matforsyning som ein kritisk samfunnsfunksjon. Nærings- og handelsdepartementet har eit samordningsansvar for forsyningsberedskap, men Landbruks- og mat­departementet har eit delansvar knytt til produksjon, foredling og mattryggleik. Fokus for Landbruks- og matdepartementet er retta mot ei robust verdikjede, slik at landbruket kan bli ein ressursbase for norske forbrukarar så langt som mogleg i ei forsyningskrise. Statens landbruksforvaltning forvaltar tollvernet på landbruksprodukt og kan i ein krisesituasjon regulere tollsatsane for å avhjelpe matforsyninga inn i landet.

Landbruks- og matdepartementet ved Statens landbruksforvaltning forvaltar Lov av 25. mars 1994 nr. 7 om sikring mot og erstatning for naturskader (naturskadelova). Ordninga gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikra seg mot gjennom ei alminneleg forsikrings­ordning.

Risiko- og krisekommunikasjon har lenge vore eit prioritert område innan beredskapsarbeidet i Landbruks- og matdepartementet. Departementet vil òg vidare vere ein pådrivar for at norske mat- og landbruksstyresmakter har høg kompetanse om og praktiserer god krisekommunikasjon.

Fornying av regelverk og økonomiske verkemiddel

Landbruks- og matforvaltninga driv eit kontinuerleg arbeid for å effektivisere og forenkle saksbehandlinga innan sektoren. Dette skjer særleg ved utvikling av IKT-området, og fornying av lov og regelverk. Dømer på dette er: Forslag til endring i jordlova blei sett i kraft 1. januar 2007. Endringane la til rette for forenklingar mellom anna når det gjeld saksbehandling. Ny reindriftslov blei sett i kraft 1. juli 2007. Lova inneber mellom anna meir effektive verkemiddel for å få ei berekraftig reindrift i alle reinbeiteområda. Det vil bli utarbeidd nye forskrifter til den nye lova. Mellom anna vil det bli behov for langt færre forskrifter sett i forhold til tidlegare reindriftslov, noko som inneber ei monaleg forenkling.

Landbruks- og matdepartementet tek sikte på å leggje fram høyringsnotat om ny jordskiftelov i 2008. Formålet er å oppdatere, revidere og forenkle lova. Departementet arbeider òg med ei fornying av anna regelverk innan eigedoms- og busetjingspolitikken. Sjå omtale i kat. 15.30.

Den nye skogbrukslova tok til å gjelde frå 1.1.2006. Departementet har følgt opp med å fornye og forenkle nokre av dei forskriftene som fortsett gjeld etter den tidlegare skogbrukslova frå 1965, og vil i 2008 arbeide vidare med samordning, forenkling og fornying av fleire av desse forskriftene.

Omfanget av gebyrpliktige særskilte ytingar frå Mattilsynet har i 2007 blitt monaleg redusert i høve til tidlegare år. Ulike krav i regelverket om godkjenning er avvikla og erstatta av ei registreringsplikt som ikkje utløyser gebyrkrav.

Det er gjennomført ei monaleg forenkling av marknadsordninga for mjølk. Kvardagen blir enklare for både næringsliv og forvaltning gjennom at den detaljerte og administrativt krevjande ordninga med etterkontroll av Tine BA sin foredlingsmargin og etterrekning av prisutjamningsordninga for mjølk i regi av landbruksstyresmaktene er fjerna. I tillegg er sjølve prisutjamningsordninga endra slik at det no er færre prisgrupper å ta omsyn til for aktørane.

Regjeringa har sett i gang eit omfattande prosjekt for kartlegging og forenkling i næringslivet. Prosjektet går ut på å kartleggje kor mykje tid og pengar bedriftene brukar på å oppfylla dei krava styresmaktene stiller til informasjon. Kartlegginga skal vere ferdig i løpet av 2007 og forenklingstiltaka skal setjast i verk innan andre kvartal 2009. Meir omfattande arbeid vil kunne gå over noko lengre tid. Landbruks- og matdepartementet vil i 2008 vurdere forslaga frå prosjektet og kva for tiltak som skal settast i verk på landbruksområdet.

Likestilling i landbruks- og matforvaltninga

Landbruks- og matforvaltninga er gjennom likestillingslova pålagt å ha ei målretta og planmessig rolle for likestilling. Departementet har dei siste åra hatt fokus på likestilling. I 2000 blei det utforma ein eigen handlingsplan for å auke delen kvinnelege leiarar i departementet og i landbruks- og matforvaltninga. Det blei mellom anna etablert eit eige mentorprogram for kvinnelege leiarar og potensielle kvinnelege leiarar i departementet og i underliggande verksemder. Landbruks- og matdepartementet har hatt ei positiv utvikling i talet på kvinnelege mellom- og toppleiarar, jf. kap. 1100.

Underliggjande verksemder rapporterar om status i arbeidet med likestilling i sine årsrapportar.

Det offentlege som etterspørjar av økologiske matvarer

Det er eit mål for Regjeringa at 15 pst. av produksjonen av mat og forbruket av mat skal vere økologisk i 2015. Regjeringa vil styrkje dette området. Målsetjinga er følgt opp gjennom fleire tiltak. Støtta over jordbruksavtalen til produsentar med økologisk drift er dei siste to åra auka og retta inn slik at økonomien i økologisk produksjon skal vere minst på høgde med konvensjonell drift. Vidare er avsetninga til utviklingstiltak over jordbruksavtalen auka.

For å nå målsetjinga om 15 pst. forbruk, er det viktig at det offentlige kan gå føre som forbrukar av økologisk mat. Frå 2008 vil Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet setje i gong eit toårig prosjekt kalla Økologiske kommunar. Kommunane vil bli invitert til å vere føregangskommunar på det økologiske området. Målsetjinga er å auke kommunane sitt forbruk av økologisk mat og å kople dette mot lokal produksjon. Det er avsett 20 mill. kroner til prosjektet, fordelt likt mellom dei to departementa. Forbruk av økologisk mat er tatt inn som ein del av regjeringas Handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser. Utover dette vil det i 2008 òg bli arbeidd vidare med å auke forbruket av økologisk mat i andre offentlege verksemder.

Grøn stat/miljøtiltak

Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av arbeidet til Landbruks- og matdepartementet. Hovudutfordringa innan miljøsatsinga er å sikre ei berekraftig ressursforvaltning med miljøomsyn i næringsverksemd, vern om areal og ressursar i eit langsiktig perspektiv og å utvikle dei positive miljøbidraga frå landbruket. Landbruks- og matdepartementet si satsing på miljø omfattar landbruket sitt kulturlandskap og vern om jord- og arealressursar, genressursar og biologisk mangfald, kulturminne, bioenergi og friluftsliv.

Sjå omtale av sektorovergripande miljøvernpolitikk i Del III.

Økonomiregelverket i staten

Revidert reglement for økonomistyring i staten tok til å gjelde frå 1.1.2004. Siktemålet med regelverket er m.a. å sikre at:

  • statlege midlar blir nytta og inntekter blir nådde i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader

  • fastsette mål og resultatkrav blir nådde

  • statlege midlar blir nytta effektivt

  • statens materielle verdiar blir forvalta på ein forsvarleg måte

Det nye regelverket inneber ei fornying av tidlegare regelverk m.a. gjennom større fridom til lokale tilpassingar, noko som set auka krav til dokumentasjon av rutinar og prosedyrar. Regelverket føreset m.a. at departementet og underliggande verksemder utviklar gode og effektive kontrollrutinar basert på prinsippa om risiko og vesentlegheit. Implementering av risikostyring som del av internkontrollen i departementet og i departementet si etatsstyring er ein viktig del av dette, jf. òg kap. 1100. Risiko og vesentlegheit blir òg lagt til grunn i tilskottsforvaltninga. Statens landbruksforvaltning har på dette grunnlag gjennomført eit prosjekt om kontroll av tilskott som blir forvalta av kommunane og fylkesmannsembeta, jf. nærmare omtale under kap. 1143 og kap. 1150.

Største delen av løyvingane under Landbruks- og matdepartementet er tilskott og særleg gjeld dette løyvingar til oppfølging av jordbruksavtalen. Under jordbruksavtalen, og i nokon grad under reindriftsavtalen, er det ei rekkje ordningar som har ei innretning som ikkje er tilpassa normalprosedyren for tilskottsforvaltning slik denne er fastsett i økonomiregelverket. Særleg gjeld dette i forhold til resultatrapportering, men òg andre delar av normalprosedyrane må tilpassast eller er uaktuelle, jf. nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Landbruks- og matdepartementet, side 31. Etter Bestemmelser om økonomistyring i staten, pkt. 6.4.2 kan departementet gjere avvik frå normalprosedyren for tilskottsforvaltninga når det gjeld tilskottsordningar til landbruksområdet som ikkje er tiltaksretta. Under omtalen i kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. og kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen, er det gjort nærmare greie for dette.

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

121 624

117 609

119 815

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan , kan overførast, kan nyttast under post 50

527

5 214

2 860

50

Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

6 532

237

247

70

Tilskott til drifta av Staur gard

200

200

Sum kap. 1100

128 883

123 260

122 922

Mål og strategiar

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for å følgje opp dei retningslinjene som Stortinget og regjeringa gir for mat- og landbrukspolitikken. Departementets ansvarsområde er knytt til områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, husdyrhald, ressursvern og utvikling av nye landbruksbaserte næringar. Departementet er ein viktig premissleverandør når det gjeld forbrukarspørsmål og spørsmål om miljø, arealplanlegging, kulturvern, distriktsutbygging og utanrikshandel. Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde dekkjer heile kjeda frå primærprodusent til forbrukar. Dette inneber at forholdet til næringsmiddelindustri og annan næringsverksemd, samt sal og omsetning av landbruksvarer, blir stadig viktigare.

Styrings- og forvaltningsoppgåvene som spring ut frå departementet sitt ansvarsområde er mange og samansette. Departementet har fleire ulike roller som er knytt til politikkutvikling gjennom å utvikle og sikre det fagleg grunnlaget for politiske avgjerd i landbruks- og matpolitikken og styring og oppfølging av verksemdene. Andre sentrale oppgåveområde for departementet er kommunikasjon av landbruks- og matpolitikken for å få tilslutning og legitimitet i samfunnet, arbeid med oppfølging av internasjonale forpliktingar og sikre aktiv deltaking i internasjonale fora. Å målrette og kommunisere økonomiske- og juridiske verkemiddel og avklare roller og oppgåver i departementet sitt samspel med andre offentlege og private aktørar er òg vesentleg.

Det er ein føresetnad at departementet har ein fleksibel organisasjon. Organiseringa av departementet skal vere effektiv, fleksibel og tilpassa oppgåveporteføljen og rolla som sekretariat for den politiske leiinga. Departementet har med basis i gjennomgang av mål, strategiar og oppgåver gjennomført fleire omorganiseringar av verksemda dei siste åra. Målet har vore å reindyrke rollene innanfor områda mattryggleik, næringsutvikling, langsiktig ressursutnytting, forsking, innovasjon, distriktsutvikling, og ivaretaking av kulturlandskap og friluftsliv. Dette gjeld òg på det administrative og forvaltningspolitiske området. Delegering av oppgåver til underliggjande verksemder blir vurdert kontinuerleg. I tillegg søkjer ein å finne meir effektive arbeidsformer i departementet.

Etatsstyring

Forvaltninga skal vere eit verktøy for utøving av sektorpolitikk og tenesteyting. Forvaltninga skal vere politisk styrbar, brukartilpassa, formåls- og kostnadseffektiv. Gjennom ein aktiv og målretta dialog med- og styring av dei underliggjande verksemdene vil Landbruks- og matdepartementet følgje opp regjeringa sine forvaltningspolitiske mål. Det vil til dømes vere behov for ei tettare oppfølging i samband med nyetableringar og ved større omstillingsprosessar.

Risikostyring

Landbruks- og matdepartementet har ei kontinuerleg merksemd på system for intern kontroll både internt i departementet og i underliggjande verksemder. I 2007 har det vore stor merksemd på implementering av risikostyring og verksemdene sine rutinar for offentlege innkjøp. Dette vil halde fram i 2008.

Forvaltning av eigedommar

Landbruks- og matdepartementet forvaltar ei rekkje eigedommar og ei stor bygningsmasse. Eigedommar og bygningar som ikkje lenger har vesentleg innverknad på oppnåinga av dei politiske måla på departementet sitt område vurderast avhenda. I samband med gjennomføringa av Bioforsk sin omstillingsplan blir den store eigedomsmassen som Bioforsk disponerer gjennomgått i forhold til kva forskingsverksemda har behov for framover.

Ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk

Landbruks- og matforvaltninga er under kontinuerleg fornying og utvikling. Det er over fleire år arbeidd målretta for å leggje til rette for at landbruks- og matforvaltninga skal vere open, effektiv og yte gode tenester basert på brukarane sine behov. Det blir òg lagt stor vekt på medverknad frå dei tilsette i fornyings- og utviklingsarbeidet. Eit opent og godt arbeidsmiljø er ein viktig faktor for å nå måla, og departementet arbeider aktivt med å utvikle eit arbeidsmiljø prega av tillit, gode haldningar og etisk medvit. Det blir arbeidd målretta med leiarutvikling og med å auke leiarkompetansen i samanheng med fornyings- og utviklingsarbeidet i forvaltninga. Mellom anna blir det brukt tiltak som leiarkontrakt, leiarevaluering, resultatlønn og haldningsarbeid. Ei utfordring som følgje av endringane, er å få til systematisk kompetanseutvikling og kompetanseendring, slik at forvaltninga er rusta til å løyse sine komplekse oppgåver på ein god og kostnadseffektiv måte.

Departementet meiner det er viktig med mobilitet av tilsette mellom verksemdene i forvaltninga ved til dømes hospiteringsopphald, utlån av medarbeidarar eller andre mobilitetsordningar. Departementet ser på kompetanseoverføring internt i departementet og mellom statlege verksemder som verdifullt, og har derfor lagt forholda til rette for mobilitetstiltak innanfor landbruks- og matforvaltninga.

Å leggje til rette for eit breitt samansett og inkluderande arbeidsliv er ei prioritert oppgåve i landbruks- og matforvaltninga. Det er merksemd på å følgje opp medarbeidarar ved sjukefråvær og å arbeide for å motverke sjukefråvær. Det blir òg lagt vekt på å hindre at tilsette blir støyt ut, styrkje rekrutteringa og tilsetje fleire med redusert funksjonsevne.

Kommunikasjon og ei open forvaltning

Landbruks- og matforvaltninga skal vere ei open forvaltning. Departementet skal raskt gå ut med kunnskap som føreligg på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at innbyggjarane får svar på spørsmåla sine og innsyn i verksemda innan sektoren.

Enkeltsaker er ofte berre ein del av ein større samanheng, og departementet satsar derfor på å få fram dei lange linjene og samanhengane i politikken. Det gjeld og informasjon som ligg til dei underliggande verksemdene. Skal Landbruks- og matdepartementet lukkast i målet om større demokratisk deltaking frå innbyggjarane, må dei ulike kanalane for informasjon utviklast vidare. Dette gjeld òg med tanke på å auke kunnskapen om politikkområdet og stimulere til ein meiningsfylt samfunnsdebatt.

Landbruks- og matdepartementet og landbruks- og matforvaltninga har dei seinare år satsa svært offensivt på Internett som kanal for kommunikasjon. Brukarane skal få aktuell informasjon av høg kvalitet og tilbod om nye interaktive tenester. Det er derfor lagt ned mykje arbeid i å utvikla vidare departementet sine nettsider på www.regjeringen.no/lmd, og desse har dei tre siste åra hatt ein sterk vekst i talet på brukarar. I Synovate-MMI si måling av omdømme hos folket til offentlege verksemder og organisasjonar i Noreg, får Landbruks- og matdepartementet ekstra høg utteljing på at det er opent og gjer informasjon tilgjengeleg. Departementet vil arbeide vidare med å utvikle ei netteneste som skapar interesse, har høg truverde og som legg stor vekt på å vere brukarvennleg.

Den offentlege postjournalen blir lagt ut på departementet si nettside. Det gir ålmenta høve til å få tak i kunnskap om departementet sine fag- og politikkområde. Alle kan tinge kopiar av dokumenta, gjerne på e-post. Dokument som er opne for innsyn, blir sendt tingaren innan tre til fem dagar. Postjournalane er tilgjengeleg på nettsida i tre månader.

Landbruks- og matdepartementet må kjenne til den kunnskapen som finns og dei haldningar som gjer seg gjeldande innan området for landbruk og mat. Det blir derfor jamleg gjennomført ulike undersøkingar, samtidig som departementet i sitt arbeid legg vekt på å ha brei kontakt med ulike miljø og samfunnssektorar. Ei slik kartlegging og analyse av samfunnet er nødvendig for å styrkje dialogen med eksterne interessentar og aktørar.

Særskilt rapportering

Likestilling

Likestillingslova stiller krav til alle verksemder om å rapportere om status i arbeidet med likestilling. Nedanfor følgjer tala for Landbruks- og matdepartementet. Underliggjande verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Departementet har ei relativt jamn kjønnsfordeling, 56,4 pst. kvinner og 43,6 pst. menn. Det er noko ulikskap mellom avdelingane.

Departementet har gjennom dei siste åra hatt stor merksemd på å auke delen kvinnelege leiarar. Pr. juni 2007 er kvinnedelen i leiarstillingar på 48 pst. I 2000 var talet 22 pst. Toppleiargruppa i departementet har ein kvinnedel på 50 pst. På dei andre stillingskategoriane er kvinnedelen som følgjer: seniorrådgjevar 46 pst., rådgjevar 51 pst., førstekonsulent og konsulent 87 pst. Det er ikkje på nokon av stillingskategoriane vesentleg skilnad i lønn mellom kvinner og menn.

Det ble gjennomført lokale lønnsforhandlingar i 2006, og kvinner fikk 58,3 pst. av den lokale potten. Lønnsforhandlingar etter HTA pkt. 2.3.4 blei i 2006 gjennomført for 19 personar, elleve av desse var kvinner.

I løpet av 2006 blei det tilsett 13 personar i Landbruks- og matdepartementet, åtte av desse var kvinner.

Sju tilsette blei i 2006 tildelt kompetansestipend, alle var kvinner.

Det er for tida 27 tilsette i deltidsstillingar, og alle desse er kvinner. Når det gjeld overtid blei det i 2006 arbeidd 2 764 timar overtid. 60 pst. av overtidstimane blei utført av menn.

Grøn stat

Landbruks- og matdepartementet har innført miljøleiing, og til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ein kortfatta handlingsplan. Hovudmålsetjinga er at departementet skal gjennomføre sine oppgåver med ein så liten miljøpåverknad som mogleg. Omsynet til miljøet skal sikrast i planlegging og utføringa av alle departementet sine innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar.

I handlingsplanen er det spesielt fokusert på avfall, transport, energi og innkjøp. I 2006 tok departementet i bruk nye skrivarar som produserer egne brevark med logo, noko som hjelper til å redusere papirforbruket. Det er etablert tre møterom til bruk for telefonkonferansar, noko som er med på å minske reiseverksemda. Vidare har departementet tatt i bruk alle delar av dei returordningane for avfall som er i regjeringskvartalet.

Resultatrapport 2006

Landbruks- og matdepartementet syner til statusomtalene under programkategoriane. Mange av dei resultata som er omtalte der, er knytt til verksemd som Landbruks- og matdepartementet har tatt initiativ til og tatt del i.

Budsjettframlegg 2008

Post 01 Driftsutgifter

Landbruks- og matdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom sitt ansvar for landbruks- og matpolitikken. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til Landbruks- og mat­departementet.

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved departementet og ordinære forvaltningsorgan under departementet. Posten er redusert med om lag 2,4 mill. kroner i forhold til budsjettet for 2007. Verksemdene må derfor dekkje ein større del av det ekstraordinære vedlikehaldet med eigne midlar i 2008.

Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp framleis blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene.

Verksemder under departementet forvaltar eigedommar og disponerer ein stor bygningsmasse. I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å selje festetomter/tomter, bygningar, areal til utbyggingsformål, veggrunn m.m. Ein gjer framlegg om at Landbruks- og matdepartementet kan selje innkjøpt og opphavleg statseigedom for inntil 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Departementet gjer vidare framlegg om at inntekt frå sal kan nyttast til ombygging og ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen. Ein gjer òg framlegg om at unytta meirinntekt frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 50 Store utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved forvaltningsorgana under departementet som får løyvd midlar over 50-postar. Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over løyvingane til verksemdene på kap. 1112 og 1141.

Post 70 Tilskott til drifta av Staur gard

Staur gard har vore i statleg eige sidan 1960 og fram til 1995 då garden blei overført til Statkorn Holding AS. Frå 1.7.2001 blei garden ført tilbake til Landbruks- og matdepartementet frå Cermaq ASA (tidlegare Statkorn Holding AS). Same tidspunkt stifta Landbruks- og matdepartementet eit heileigd driftsselskap, Staur Gård AS, for å stå for drifta av eigedommen. Det statlege eigarskapet skal sikre vidare bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve for Staur Gård AS å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på.

I samband med at bygningsmassen har hatt bruk for opprusting for å vere tenleg for kursverksemd m.m., har det vore redusert drift. Slik opprusting blei sluttført sommaren 2004. Det har tatt tid å byggje opp den nye verksemda og det har i samband med dette blitt løyvd driftstilskott til Staur Gård AS fram til 2007. Departementet gjer ikkje framlegg om å føre tilskottet vidare i 2008.

Riksrevisjonen har stilt spørsmål ved om avgifta Staur Gård AS betaler for forpakting av Staur gard svarar til marknadspris. Departementet har derfor innhenta ei ekstern vurdering av forpaktingsavgifta med grunnlag i marknadspris. I samsvar med vurderinga sin konklusjon blir noverande forpaktingsavgift ført vidare. I samanheng med dette er det òg lagt til grunn at departementet overtar forsikringsansvaret for den statlege eigedommen som sjølassurandør.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Refusjonar m.m.

56

460

480

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

962

18

Refusjon sjukepengar

1 769

40

Sal av eigedom

2 985

15 550

Sum kap. 4100

5 772

460

16 030

Post 40 Sal av eigedom

I samsvar med omstillingsplanen har Bioforsk i 2007 flytta verksemda si frå Njøs til Ullensvang. Det er etablert eit prosjekt for å utvikle alternativ aktivitet der FoU-verksemda fråflyttast jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006). Som nemnt i St.prp. nr. 1 (2006-2007) blir lokale og regionale styresmakter og organisasjonar tatt med inn i ein aktiv dialog i samanheng med utvikling av slik verksemd, og det har vore dialog om Njøs med mellom anna Sogn og Fjordane fylkeskommune, Leikanger kommune og Graminor AS. Graminor AS ønskjer å halde fram foredlingsverksemda si ved Njøs, men føreset at ein får inn annan aktivitet som kan støtte opp om Graminor AS si verksemd. Drøftingane har medverka til etablering av Njøs Næringsutvikling AS, som mellom anna har fylkeskommunen, Graminor AS og Gartnerhallen som aksjonærar og som skal ha oppgåver i tilknyting til frukt og bær. Fylkestinget har vedteke at ein òg skal gi anna økonomisk støtte til selskapet.

Bjørke Eiendom AS ønskjer å kjøpe eigedommen på Njøs, som er eigd av staten ved Landbruks- og matdepartementet, for å leige ut til Graminor AS, Njøs Næringsutvikling AS og eventuelt andre. Bjørke Eiendom AS har gitt eit bod på 2,55 mill. kroner som svarer til marknadstakst. Dette har skjedd i forståing med kommune og fylkeskommune, som ønskjer å leggje til rette for vidare foredlingsverksemd ved Njøs. Bjørke Eiendom AS er eigd av Agri Eiendom AS (51 pst.) og Graminor AS (49 pst.) og har som formål å drive eigedomsutvikling og utleige av fast eigedom i landbrukssektoren.

Med referanse til det som er nemnt ovanfor legg ein opp til at Landbruks- og matdepartementet kan selje eigedommen direkte til Bjørke Eiendom AS til marknadstakst, jf. forslag til vedtak V. Det vil bli lagt inn ein klausul om statleg forkjøpsrett i 10 år i salsavtalen med Bjørke Eiendom AS. Ein legg opp til ei salsinntekt på 2,55 mill. kroner.

Stortinget gav ved handsaminga av St.prp. nr. 65 (2002-2003) fullmakt til sal av Kjeller gard. I 2004 blei 25 daa seld til Skedsmo kommune. Det blei i 2004 inngått ein opsjonsavtale med Kunnskapsbyen Eiendom AS om kjøp av 25 daa, med frist 1.10.2007. Medrekna opsjonsarealet eig staten ved Landbruks- og matdepartementet no om lag 90 daa som er avsett til bustadformål i kommuneplanen ved Kjeller gard.

Stortinget har i 2007 gitt Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å avhende tomter til barnehagar, skoler og bu- og behandlingssenter direkte til Skedsmo kommune til marknadstakst, jf. St.prp. nr. 69 (2006-2007). Departementet legg opp til at attståande areal som er avsett til bustadformål blir avhenda gjennom offentleg kunngjering, eventuelt medrekna arealet som Kunnskapsbyen Eiendom AS har opsjon på dersom opsjonen ikkje skulle bli utøvd, jf. forslag til vedtak V.

Kunnskapsbyen Eiendom har varsla at dei ønskjer å gjere opsjonen gjeldande innan ovannemnte frist. Departementet legg derfor til grunn at vederlag på om lag 13 mill. kroner blir motteke i 2008. Departementet kjem tilbake til Stortinget med budsjettmessige konsekvensar når det gjeld sal av attståande areal.

Samla legg ein opp til ei løyving i 2008 på 15,6 mill. kroner.

Programkategori 15.10 Matpolitikk

Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

139 156

141 308

155 897

10,3

1115

Mattilsynet:

1 215 534

1 149 805

1 086 120

-5,5

Sum kategori 15.10

1 354 690

1 291 113

1 242 017

-3,8

Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

18 061

18 458

18 278

-1,0

4115

Mattilsynet:

688 015

129 763

125 697

-3,1

Sum kategori 15.10

706 076

148 221

143 975

-2,9

Mål og strategiar

Regjeringa sin matpolitikk har som hovudmål:

  • trygg mat

  • god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

  • kvalitet, ærleg omsetnad og forbrukaromsyn

Ein legg òg vekt på:

  • sunt kosthald og gode matopplevingar

  • nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat

  • langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon

Regjeringa vil arbeide for å skape og utnytte synergiar mellom matpolitikken og andre politikkområde som til dømes ernærings-, forbrukar-, helse-, miljø- og næringspolitikk, samtidig som ein er medviten om at det kan vere interessemotsetnader mellom dei ulike politikkområda.

Det er aukande interesse for helse, ernæring og matkultur. Regjeringa vil møte ønskjer og påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samtidig som ein tek omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og deira valfridom, slik regjeringa mellom anna legg opp til i Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 - 2011).

Produksjon og omsetnad av mat endrar seg gradvis frå å vere lokal til i aukande grad å bli regional eller global. Dette krev sterkare internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsynssystem for å sikre at maten er trygg og møter forbrukarane sine krav. For Noreg og norske matprodusentar skaper denne utviklinga både moglegheiter og utfordringar. Noreg er i dag ein av dei leiande eksportørane av sjømat. Å sikre marknadstilgangen for norsk sjømat er derfor ei sentral utfordring.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom EØS-avtalen og avtalar knytt til WTO. Hovuddelen av norsk regelverk på matområdet er EØS-basert. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Noreg er med i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar) og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE). Desse organisasjonane utviklar standardar som legg premissar både for regelverket i EU og for handel med andre land. Matstyresmaktene deltek òg i arbeidet under Nordisk Ministerråd. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å ta del i utveksling og utvikling av kunnskap. Ein legg vekt på kontakt med styresmakter i andre land med omsyn til å betre marknadstilgangen for sjømat.

Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken gjennom rettleiing, tilsyn, kartlegging og overvaking langs matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarane og gjennom å ta del i utviklinga av regelverk. Som ledd i utviklinga av regelverk utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige risikovurderingar for Mattilsynet. Kunnskapen i institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gi grunnlag for at forvaltninga av området er godt fagleg og vitskapleg fundert.

Ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd, og når det er nødvendig å handheve regelverket ved å bruke dei verkemidla Mattilsynet har til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig. Mattilsynet skal arbeide for å halde oppe og vidareutvikle høg tillit til matforvaltninga og matproduksjonen.

Særskilte prioriteringar frå dei enkelte matdepartementa

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet og fastsett i kongelege resolusjonar. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom departementa.

Ansvaret etter matlova er delt både etter eit vertikalt grensesnitt og etter føremålet med den enkelte regelen. Det vertikale grensesnittet fastset at Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for alle omsyn etter matlova i innsatsvare- og primærproduksjonen, inkludert jakt, fiske og hausting av ville bestandar og viltveksande vekstar. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for plantehelse og dyrehelse, mens ansvaret for fiskehelse ligg i Fiskeri- og kystdepartementet. Etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvar for alle reglar som er fastsett av omsyn til folkehelsa og ei rekkje reglar som både skal ivareta folkehelse og forbrukaromsyn. Døme på dette er reglar om hygiene, generelle merkereglar for mat, reglar om tilsettings- og framandstoff og om genmodifisert materiale i mat. I tillegg har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for reglar for produksjon av drikkevatn langs heile produksjonskjeda.

Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for storparten av kvalitetsreglane og reglar som er fastsett av omsyn til aktørane langs matproduksjonskjeda, til dømes for å betre marknadstilgangen eller verne om særskilte produksjonsformer eller produktnamn. Ansvaret mellom dei to departementa er delt ut frå om reguleringa er knytt til produksjon på land eller i vatn.

Dyrevernområdet er regulert i dyrevernlova. Landbruks- og matdepartementet har ansvar for regelverk knytt til landdyr, mens Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverk knytt til fisk og krepsdyr.

Fiskeri- og kystdepartementet

Departementet legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, både regelverk og tilsyn, blir fastsett og utøvd på ein slik måte at ein ikkje skaper konkurransevridingar, samtidig som verksemdene skal kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.

For å realisere verdiskapingspotensialet i sjømatnæringa er det ein føresetnad at fiskevelferd, fiskehelse, mattryggleik og matkvalitet er av høg standard slik at norske sjømatprodukt opprettheld og aukar sine marknadsdelar. Desse krava har stor innverknad på omdømet til sjømat. Merksemda kring trygg og rein sjømat er stadig aukande.

Forhold knytt til mattryggleik og matkvalitet blir stadig viktigare i internasjonal handel med sjømat. Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet. Ettersom det meste av produkta blir eksportert, er det særs viktig at ein tek omsyn til krava i dei ulike marknadene.

Norsk sjømat skal produserast i samsvar med internasjonale avtalar. Den internasjonale handelen med sjømat må òg baserast på internasjonalt fastsette standardar. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise importkrav, legg departementet vekt på at Noreg må vere leiande på risikovurderingar og forsking når det gjeld framandstoff i sjømat og helsefremmande effektar av konsum av sjømat. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale fora som fastset regelverk og standardar.

Forbrukarane har auka interesse for helseeffektane av å ete sjømat. Å synleggjere dei gunstige helseeffektane av sjømat er derfor viktig. Departementet legg vekt på at tilgjengeleg fagleg og vitskapleg basert informasjon når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.

Helse- og omsorgsdepartementet

Når det gjeld mattryggleik, vil departementet ha særleg merksemd på at foredling og omsetnad av mat går føre seg på helsemessig forsvarleg og ærleg vis, og at alt drikkevatn er trygt.

Ernæring og mattryggleik er del av folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet blir omtalt i St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge. Ei av hovudmålsetjingane er å medverke til fleire leveår med god helse i befolkninga, samt å redusere helseskilnader mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Dette blir nærmare omtalt i St.meld. nr. 20 (2006-2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller.

Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 - 2011) presenterer Regjeringa sine tiltak for å fremme helse og førebyggje sjukdom gjennom eit sunnare kosthald. Planen er den første i sitt slag på ernæringsområdet. Den legg vekt på å bidra til å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre, og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Tiltaka skal bidra til å jamne ut sosial ulikskap i helse.

Ernæringsarbeidet er omtalt i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg, og ligg i hovudsak under Sosial- og helsedirektoratet. Mattilsynet har òg ei rolle her, særleg når det gjeld spørsmål om merking av mat og når det gjeld overvaking av kosthaldet og av matvarene sin samansetnad. Det er derfor nødvendig og viktig med eit godt samarbeid mellom desse to etatane.

God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon av samanhengen mellom risikofaktorar og helse er grunnleggjande føresetnader for arbeidet med å sikre trygg mat.

Helse- og omsorgsdepartementet har det administrative ansvaret for Vitskapskomiteen for mattryggleik, jf. kap. 710 i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg. Departementet legg vekt på gode rammevilkår for komiteen sitt arbeid, og god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar. Ein legg òg opp til god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA), jf. kap. 703 i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg.

Landbruks- og matdepartementet

Departementet vil ha særleg merksemd på at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at produksjonen og sluttprodukta fyller matpolitiske mål når det gjeld helse, miljø og forbrukaromsyn. Ei viktig oppgåve er òg å sikre den nasjonale matforsyninga. Verkemidla skal stimulere til ein berekraftig matproduksjon med god plante- og dyrehelse og eit etisk forsvarleg hald av dyr.

I ein situasjon med auka konkurranse frå omverda om den norske marknaden, vil produksjon av trygge matvarer med høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Departementet har juridiske og økonomiske verkemiddel langs heile verdi- og produksjonskjeda for mat frå landbruket. Departementet ønskjer å styrkje heilskapen i landbruks- og matpolitikken, mellom anna slik at verkemidla i næringspolitikken så langt som mogleg støtter opp om matpolitiske mål. Dette skal medverke til utvikling av ein konkurransedyktig, landbasert matvaresektor der ein tek omsyn til heile verdikjeda. Ein god og heilskapleg landbruks- og matpolitikk vil kjenneteiknast av auka verdiskaping og at produksjonen møter forbrukarane sine ønskje om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvenleg produksjon, sjå nærmare omtale i kat. 15.30.

Som administrativt ansvarleg departement for Mattilsynet, vil Landbruks- og matdepartementet gjennom ein aktiv styringsdialog ha særleg merksemd mot at Mattilsynet utviklar seg i samsvar med måla for matforvaltningsreforma. Departementet vil òg leggje vekt på oppfølging av merknadene frå Riksrevisjonen, jf. Dok. nr. 1 ( 2006-2007).

Mål for løyvinga

Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Bioforsk og Veterinærinstituttet. For Veterinærinstituttet syner ein òg til St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Fiskeri- og kystdepartementet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå dei fleste av regjeringa sine matpolitiske mål, og skal særleg medverke til å nå måla i matlova, dyrevernlova, dyrehelsepersonellova og kosmetikklova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon.

Budsjettframlegget under kategorien omfattar ikkje næringspolitiske verkemiddel ut over dei effektane arbeidet til Mattilsynet, Bioforsk og Veterinærinstituttet har på verdiskaping. Til dømes vil arbeidet for å fremme god plante-, fiske- og dyrehelse medverke positivt til verdiskapinga i matproduksjonen. Likeeins vil utvikling av eit tenleg regelverk og aktiv rettleiing leggje til rette for kompetanseheving hos næringsaktørane, og i så måte støtte utvikling av næringsverksemd på matområdet.

Status

Omstilling og organisatoriske forhold

Dei organisatoriske endringane i matforvaltningsreforma blei gjennomført i 2004 ved etableringa av Mattilsynet og Vitskapskomiteen for mattryggleik, samt utskilling av laboratorietenestene frå dei kommunale næringsmiddeltilsyna.

Storparten av etablerings- og omstillingsarbeidet i Mattilsynet blei gjennomført i perioden 2004-2006. Det er ved utgangen av 2007 samla gitt særskilte løyvingar til omstillingstiltak i Mattilsynet på 412,4 mill. kroner sidan 2003. Omstillingstiltaka er ein føresetnad for ei vellukka reform og eit grunnlag for å kunne ta ut effektiviseringsgevinstar. For 2008 blir det gjort framlegg om å vidareføre ei løyving på 15 mill. kroner til omstillingstiltak i Mattilsynet. Det viktigaste arbeidet som framleis går føre seg, er å utvikle og innføre eit nytt fag-/tilsynssystem (MATS) som etter planen vil vere sluttført i 2009. Det nye systemet er ein viktig del av Mattilsynet sitt arbeid med å få til eit meir effektivt og einskapleg tilsyn av betre kvalitet.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) var det eit mål at matforvaltningsreforma samla sett skulle gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. Medrekna reduksjonen på 12 mill. kroner i budsjettframlegget for 2008, er det samla gjort særskilte effektiviseringskutt i Mattilsynet sitt budsjett på 100 mill. kroner sidan etableringa. Dette utgjer 10 pst. av den referanseramma som effektiviseringsgevinsten blir rekna ut frå. Utover kostnadsreduksjon som følgje av effektivisering i Mattilsynet, gir matforvaltningsreforma ein kostnadsreduksjon gjennom ei meir marknadsbasert laboratorieverksemd. Mattilsynet sitt driftsbudsjett er i perioden 2004 til 2007 i tillegg netto tilført 34,5 mill. kroner til nye eller særskilt prioriterte oppgåver.

Mattilsynet arbeider framleis med å realisere effektiviseringsgevinstane knytt til matforvaltningsreforma. Departementa meiner at bruken av tid til intern administrasjon må reduserast for å frigi ressursar til forvaltningsoppgåvene. Særleg må den utøvande rettleiings- og tilsynsaktiviteten aukast frå dagens nivå.

Aktuelle organisatoriske og administrative utfordringar for Mattilsynet er nærmare omtalt i avsnittet Gjennomføring av politikken under kap. 1115.

Faglege forhold

Mattilsynet gjekk i 2006 gjennom krava om godkjenning av verksemder med sikte på å avvikle godkjenningsordningar som ikkje lenger var nødvendige. Ei rekkje godkjenningsordningar blei derfor tekne bort i 2007 for å redusere Mattilsynet sine bundne oppgåver og frigjere ressursar til å styrkje den utøvande rettleiings- og tilsynsaktiviteten.

Mattryggleik

Det er ikkje rapportert vesentlege endringar i situasjonen når det gjeld sjukdom som kan overførast med mat og vatn. I 2006 opplevde vi eit alvorleg sjukdomsutbrot på grunn av matboren smitte med E. coli O:103. Regjeringa oppnemnde 12. mai 2006 eit utval for som fekk i oppdrag å evaluere korleis saka blei handsama av styresmaktene, næringa og media. Det blei gitt ein fyldig omtale av oppfølginga av evalueringa i St.prp. nr. 69 (2006-2007). Mattilsynet og Folkehelseinstituttet har gitt ein ny statusrapport pr. 6. august 2007. Alle anbefalingane frå utvalet vil etter planen vere følgd opp innan utgangen av 2007. Det er mellom anna etablert ei permanent innsatsgruppe (Matsmittekomiteen) for oppklaring av matborne utbrott av smittsame sjukdommar. Matsmittekomiteen har fagkompetanse frå aktuelle etatar og kunnskapsmiljø. Matsmittekomiteen blir leia av Nasjonalt folkehelseinstitutt, sjå òg omtale i kap. 702, 710 og 719 i St.prp. nr. 1 (2007-2008) frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Matlova sitt krav er at verksemdene skal kunne dokumentere sporing eitt ledd framover og eitt ledd bakover i matproduksjonskjeda. Evalueringar etter E. coli-saka og andre saker knytt til mattryggleik, både når det gjeld smittestoff og framandstoff, har vist at det er ønskjeleg å etablere sporingssystem som går utover krava i lova, for å få betre sporing mellom dei ulike produksjons- og distribusjonsledda. Regjeringa har starta eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringane for å få til eit betre system for sporing av mat som både styresmaktene og næringsaktørane kan nytte. Sjå nærmare omtale i avsnittet om Gjennomføring av politikken.

Mattilsynet sitt tilsyn med vassverk i 2007 har avdekka til dels alvorlege manglar og at det er stort potensial for forbetringar i mange norske vassverk. Det er derfor nødvendig å styrkje tilsynet med vassverk.

Gjennom fleire år har tilsynet med serveringsverksemder avdekka manglar og potensial for forbetringar. Det er i 2007 sett i gang eit pilotprosjekt med bruk av smilefjes for å gjere opplysningar om den hygieniske standarden i serveringsverksemder lett synlege for forbrukarane.

Plante-, fiske- og dyrehelse

Generelt har Noreg god plantehelse. Det er dei siste åra rapportert fleire tilfelle av den frykta skadegjeraren potetål. Bakteriesjukdommen pærebrann er ein svært skadeleg sjukdom på mellom anna eple og pære. Sjukdommen har spreidd seg vidare i kyststroka på Sør- og Vestlandet.

Helsetilstanden i norsk havbruk er generelt god. Noreg er med få unnatak fri for dei mest alvorlege smittsame sjukdommane. Derfor kan ein rette merksemda mot mindre alvorlege sjukdommar og produksjonslidingar. Kontrollen med sjukdom er òg viktig med tanke på å minske smittepresset i miljøet og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Bruken av antibiotika i havbruksnæringa er svært låg.

Dyrehelsa i Noreg er framleis generelt god, særleg med omsyn til dei mest alvorlege smittsame dyresjukdommane. Tilstanden er òg god når det gjeld sjukdommar som smittar frå dyr til menneske (zoonosar).

EU sitt regelverk for tiltak ved funn av sauesjukdommen atypisk skrapesjuke, òg kjent som NOR98, blei endra frå 1. juli 2007. Endringane tok til å verke samtidig i EU og Noreg, og opnar for fleire alternative tiltak mot sjukdommen. Mellom anna er det ikkje lenger nødvendig å avlive heile buskapen ved funn av denne varianten av skrapesjuke. Dette er i tråd med det synet Noreg har vore pådrivar for, mellom anna på bakgrunn av vitskaplege råd frå Veterinærinstituttet.

Velferd hos fisk og landdyr

Det er òg i 2007 avdekka fleire hendingar med store lidingar for dyr på grunn av manglande fôring og stell. Mattilsynet har merksemd på tiltak for å førebyggje og avdekke forhold som kan utvikle seg til slike hendingar.

Tapa av beitedyr på grunn av rovvilt er i delar av landet framleis for høge. Høgsterett fastslo i dom av 8. september 2006 at dyrevernlova gir heimel til å pålegge tidsavgrensa forbod mot bruk av utmarksbeite når det er nødvendig for å verne beitedyr mot angrep av rovvilt. Regjeringa har, som ei oppfølging av dommen i Høgsterett og for å redusere konfliktnivået knytt til rovvilt og beitedyr, innført økonomisk kompensasjon til dyreeigarar når det ut frå dyrevernomsyn blir gjort vedtak om inngripande restriksjonar på bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt. Miljøverndepartementet fastsette 6. juli 2007 ei midlertidig forskrift som sikrar brukarane kompensasjon for auka kostnader i dei tilfella Mattilsynet fattar vedtak om avgrensing i bruken av utmarksbeite for sau, geit eller storfe i meir enn ei veke på grunn av rovvilt. I lys av denne dommen har det òg vore nødvendig med ei brei vurdering av spørsmål knytt til regulering av tilhøva mellom beitedyr og rovvilt i arbeidet med utkast til ny lov om dyrevelferd.

Det er auka merksemd mot fiskevelferd. Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk rette tilhøve. Det er derfor gitt nye reglar om velferd ved slakting av oppdrettsfisk. Samtidig held arbeidet med å utvikle gode velferdsindikatorar fram.

I oktober 2007 blir det etablert ein nasjonal kunnskapsplattform for alternativ til bruk av dyr i forsøk. Sekretariatet er lagt til Veterinærinstituttet.

Kvalitet, ærleg omsetnad og forbrukaromsyn

Mattilsynet har gjennomgått ulike forskrifter om matkvalitet med tanke på ein heilskapleg revisjon og forenkling. Mattilsynet har òg gjennomgått regelverket for merking av sjømatprodukt med sikte å gi forbrukarane betre informasjon mellom anna om fisken er oppdretta eller villfanga og kor den er frå.

Mattilsynet har gjennomført høyringar slik at Noreg kan gi innspel til den heilskaplege gjennomgangen som EU har sett i verk knytt til det omfattande regelverket om merking av mat.

Andre mål

Sunt kosthald og gode matopplevingar

Regjeringa la våren 2007 fram Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 - 2011). Planen er den første i sitt slag på ernæringsområdet. Den legg vekt på å bidra til å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre, og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Tiltaka skal bidra til å jamne ut sosial ulikskap i helse.

Merksemd kring matglede og god matkvalitet er viktig for at forbrukarane òg skal bli medvetne om samanhangen mellom mat og helse. Ei rekkje tiltak er sett i verk. Det blir gjennomført prosjekt med sikte på å auke tilbodet av lokalprodusert mat og frukt og grønt til barn og unge. Andre tiltak er mellom anna Smakens Uke for skoleelevar samt synleggjering og premiering av serveringsstader som tilbyr gode og sunne lokale matrettar.

Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon er viktig for å få fram eit mangfald av matprodukt, samt stimulere til nyskaping i norsk landbasert matproduksjon, sjå omtale under kat. 15.30. Mattilsynet har òg i denne samanhengen ei viktig rettleiingsoppgåve om regelverket.

Ei rekkje tiltak knytt til betre mattryggleik, mellom anna eit pilotprosjekt med bruk av smilefjes i serveringsnæringa, vil òg gi effektar som støttar opp under verdiskapinga hos dei aktørane som oppfyller krava etter matlova.

Tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat

For å leggje til rette for marknadstilgang har Mattilsynet hatt kontakt med styresmaktene i ei rekkje land. Den russiske veterinærtenesta fastsette i 2006 importrestriksjonar for oppdrettsfisk frå Noreg, grunna i krav om mattryggleik, dokumentkvalitet og informasjon om avtalar mellom importør og eksportør. Mattilsynet har utstrakt kontakt med den russiske veterinærtenesta med sikte på å halde oppe marknadstilgangen. Det er oppretta ei ekspertgruppe der norske og russiske ekspertar mellom anna skal samarbeide om mattryggleik knytt til villfisk og tiltak mot ulovleg fiske.

Langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon

Regelverket om økologisk produksjon er ein del av EØS-avtala. EU har i 2007 vedteke eit omfattande nytt regelverk som òg omfattar økologisk havbruk. Regelverket vil bli sett i verk i EU frå 2008, og vil på fleire område representere ei forenkling.

Gjennomføring av politikken

Arbeidet for mattryggleik har som mål å redusere risikoen for sjukdommar som kan bli overført med smittestoff og uønska framandstoff i mat og vatn, både på kort og lang sikt, samt å sikre ærleg omsetning av matvarer på den norske marknaden. Produksjon og omsetning må finne stad under gode hygieniske forhold slik at smittestoff og uønska framandstoff ikkje blir ført over til menneske med mat eller vatn.

Det er framleis nødvendig med stor innsats for å sikre gode rutinar og god hygiene i heile matproduksjonskjeda slik at førekomsten av smittestoff og skadelege stoff som kan bli overført med mat og vatn, blir redusert. Særleg er det viktig med effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i alle verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka. Dette gjeld ikkje minst i omsetnadsledda og i serveringsverksemder.

Maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt innanlands eller er importert. Tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda, sikrar at sluttprodukta er trygge. Tilsyn med sluttprodukt er framleis nødvendig for å sikre og dokumentere at dei samla tiltaka i kvar del av matproduksjonskjeda har ønska verknad.

Overvaking av inntaket av framandstoff er viktig for å sikre folkehelsa. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk et av dei ulike matvarene og innhaldet av framandstoff i desse matvarene. Mattilsynet samarbeider mellom anna med Sosial- og helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande inntaksdata og utvide talet på matvarer som ein har inntaksdata for.

Det er sett av 10 mill. kroner på kap. 1115 post 01 – Mattilsynet, til styrkt kartlegging av framandstoff i villfisk og til styrkt tilsyn med serveringsverksemder.

Krava til å ha system for sporing er viktige dersom helseskadelege produkt likevel kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekkje desse tilbake på ein effektiv måte og gi riktig og klar informasjon til Mattilsynet og forbrukarane. Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringsaktørar i heile matproduksjonskjeda for å leggje grunnlag for betre system for sporing av mat. Målet er å etablere ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda innan utgangen av 2010. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap, auka mattryggleik og auka verdiskaping i alle ledd. Tilgangen og kvaliteten på grunndata er viktig. Ein tek sikte på å leggje til rette for felles elektroniske grunndataregister for matbransjen og matstyresmaktene, innan 2010. Det blir gjort framlegg om ei løyving på 15 mill. kroner på kap. 1115 ny post 23 til arbeidet med å utvikle betre sporing i matproduksjonskjeda.

Merking av mat er eit område som har stor merksemd frå forbrukarane, matvarebransjen og styresmaktene. Dette arbeidet må prioriterast mellom anna for at forbrukarane skal få riktig informasjon, og for at forbrukarane lettare skal kunne velje sunn mat. Ein er i ferd med å greie ut metodar og krav til ernæringsmerking av mat. Merking av opphavet til varer er òg eit sentralt forbrukaromsyn i matpolitikken. Ei rekkje aktørar har utvikla eigne ordningar for slik merking. Det er sett i gang arbeid med sikte på utarbeiding av rettleiingsmateriell for næringsaktørar som ønskjer frivillige merkeordningar. Ein vil leggje vekt på at slike ordningar medverkar til rettleiing av forbrukarane.

Ei av satsingane i 2008 i Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007-2011) er å auke inntaket av fisk og sjømat. Regjeringa har fremma ein strategi som skal medverke til auka leveransar av fersk fisk av høg kvalitet til forbrukarane ute og heime. Betre kontinuitet i tilførsel av råstoff, meir forbrukarvennleg merking, auka vektlegging av kvalitet samt betre samhandling mellom aktørane i verdikjeda er hovudelementa i strategien.

Som del av oppfølginga av St.meld. nr. 23 (2006-2007) Om gjennomføring av europapolitikken har dei tre departementa med fagansvar på matområdet utarbeidd felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU. Det er identifisert fleire viktige innsatsområde. Det er lagt opp til at ein regelmessig skal oppdatere prioriteringane.

Produksjonen av varer med genmodifisert innhald er aukande på verdsbasis. Dette gjer det vanskelegare å få tilgang til visse GMO-frie innsatsvarer. Departementa legg derfor vekt på å støtte opp under og påverke utviklinga av regelverk i EU slik at ein får minst mogleg innblanding av GMO i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. EU har utarbeidd retningslinjer for dyrking av GMO-vekstar som skal hindre overføring av GMO til konvensjonell eller økologisk produksjon. Det er i dag ikkje godkjent nokon GMO-vekst som egnar seg for dyrking i Noreg, og ein vil halde fram med ei svært restriktiv linje.

Verdiskapinga i fiskeri- og havbruksnæringa er aukande. Om lag 95 pst. av produksjonen blir eksportert. Det må leggjast vekt på dei krava næringa står overfor nasjonalt og internasjonalt. Auka produksjonsvolum i havbruksnæringa krev sterk merksemd på helsetilstanden. Smittsame sjukdommar er den enkeltfaktoren som gjennom åra har påført norsk havbruksnæring dei største tapa. Det må derfor leggjast vekt på å fremme god fiskehelse.

For å hindre at bakteriesjukdommen pærebrann spreier seg ytterlegare, særleg til viktige fruktområde, må innsatsen førast vidare, mellom anna med restriksjonar på flytting av bier og fjerning av vertsplanter.

Landbruks- og matdepartementet vil leggje vekt på å ivareta sektoransvaret for regjeringa sitt arbeid med tiltak mot framande skadelege artar. Iberiaskogsnigelen har skapt problem, først og fremst i private hagar i Sør-Noreg. For å styrkje arbeidet med å utvikle kunnskap og å utarbeide ein handlingsplan for handtering og avgrensing av denne skadegjeraren, blir det gjort framlegg om ein auke i løyvinga på kap. 1112 post 51 Bioforsk på 3 mill. kroner.

Den gode norske fiske- og dyrehelsa og dokumentasjonen på avlseigenskapar utgjer eit stort konkurransefortrinn. Eksporten av avlsmateriale utvidast stadig, noko som bidrar til auka verdiskaping på dette området i Noreg.

Fugleinfluensa er ein dyresjukdom som skaper problem i mange land. Det er nødvendig med stor forskingsinnsats og aktivt internasjonalt arbeid for å stoppe spreiinga, både i Europa og elles i verda. Mange land treng hjelp til å nedkjempe sjukdommen. Mange faktorar er no kjende og arbeidet kan gjerast meir målretta og nyansert. Innsatsen har gitt viktig erfaring som òg kan nyttast i høve til andre smittsame sjukdommar. For å hindre spreiing og for å redusere faren for at smittestoffet kan endre seg og gi opphav til pandemisk influensa hos menneske, er det nødvendig at arbeidet held fram.

I delar av landet er det svakt inntektsgrunnlag for å drive privat veterinærpraksis. Tilfredsstillande tilgang til veterinærtenester er viktig, både for landbruket og samfunnet generelt. Landbruks- og matdepartementet meiner det no er nødvendig med nye tiltak for å sikre at dyreeigarar i heile landet kan få tak i veterinær. Landbruks- og matdepartementet har i Ot.prp. nr. 68 (2006-2007) gjort framlegg om å gi kommunane ansvar for å sørgje for ti­lfredsstillande tilgang til tenester frå dyrehelsepersonell. Dette omfattar òg ansvar for klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Utover overføring av dei midlane som blir nytta til klinisk veterinærvakt, blir det gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 16 mill. kroner. Av dette skal om lag 12 mill. kroner nyttast av distriktskommunar til å finne gode, lokale løysingar for å trekkje til seg og dra nytte av veterinærkompetanse. Løyvinga blir øyremerka for å sikre den økonomiske ramma for kommunane sitt nye ansvar, sjå nærmare omtale under kap. 1143 post 60.

Det vil framleis bli lagt vekt på arbeidet for god dyrevelferd, inkludert oppfølging av tiltak omtalt i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd.

Mattilsynet har ei viktig rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Departementa legg vekt på at Mattilsynet utviklar seg i samsvar med måla for matforvaltningsreforma. Det er framleis nødvendig med merksemd mot arbeidet for å utvikle eit einskapleg, heilskapleg og effektivt tilsyn på dette omfattande området. Det vil bli arbeidd for ei betre intern klargjering av ansvar og oppgåver i Mattilsynet og ein meir effektiv og fleksibel bruk av dei samla ressursane Mattilsynet rår over, mellom anna for å auke den samla utøvande rettleiings- og tilsynsaktiviteten, sjå nærmare omtale i kap. 1115.

Om kastrering av hanngris

Stortinget vedtok i 2002 ved behandlinga av Ot.prp. nr. 36 (2001-2002) å forby kastrering av hanngris. I Innst.O. nr. 32 (2001-2002) gav fleirtalet i Næringskomiteen uttrykk for at forbodet skal gjelde frå 1. januar 2009. Dette blei òg lagt til grunn i kgl. res. 19. april 2002 som fastset at forbodet skal tre i kraft 1. januar 2009. Noreg er aleine om å ha vedteke eit slikt forbod.

Frå 1. august 2002 blei det innført krav om at all kastrering av hanngris skal utførast av veterinær, og at lokalbedøving skal nyttast ved kastrering.

I Ot.prp. nr. 36 (2001-2002) blei det lagt vekt på at griseslakt som skal omsettast, må være fri for rånelukt før forbodet mot kastrering kan tre i kraft. I 2004 blei derfor Hanngrisprogrammet med ei samla ramme på 45 mill. kroner, sett i verk for å finne ei løysing på problema knytt til rånelukt og smak på kjøtt frå ukastrert hanngris. Programmet blei evaluert av ei nordisk ekspertgruppe hausten 2006. Evalueringa slår fast at programmet er velfungerande og at forskinga held høgt fagleg nivå. Forskinga har òg medverka til kunnskapsutvikling som har interesse internasjonalt. Evalueringa slår likevel fast at det ikkje er mogleg å fjerne problema med rånelukt og smak på kjøtt frå ukastrert gris innan 2009.

Ytterlegare forsking i eit internasjonalt samarbeid er nødvendig for å løyse problemet. Samtidig har programmet dokumentert at når kastrering blir utført av veterinær som nyttar lokalbedøving, gir bedøvinga god effekt på grisen sin velferd. Departementet meiner derfor at forbodet mot kastrering av hanngris ikkje kan tre i kraft 1. januar 2009, og ein vil fremme ein kongeleg resolusjon om å utsette forbodet.

Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

50

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

71 010

72 733

79 071

51

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

50 725

50 492

58 743

52

Støtte til fagsentra, Bioforsk

17 421

18 083

18 083

Sum kap. 1112

139 156

141 308

155 897

Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet er eit forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Instituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og tilpassa forvaltningsstrukturen med basisfinansiering frå Noregs forskingsråd, jf. kap. 1137 post 51.

Veterinærinstituttet mottek løyving til oppgåvene innan dyrehelse og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyving til oppgåvene innan fiskehelse og sjømattryggleik ligg på Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett.

Instituttet har kunnskap innan fagområde som er viktige for oppdaging, førebygging og nedkjemping av sjukdommar. Slik kunnskap er viktig som grunnlag for vedtak i forvaltninga og som støtte til utvikling av ulike samfunnsektorar. Veterinærinstituttet er ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneområda, primært til Mattilsynet, men òg til departementa og Vitskapskomiteen for mattryggleik.

Instituttet har regionale laboratorium i Sandnes, Bergen, Trondheim, Harstad og Tromsø. Hovudkontoret ligg i Oslo.

Mål og strategiar

Veterinærinstituttets hovudmål er å vere ein viktig nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap innan mattryggleik og innan helse og velferd hos dyr og fisk.

For å nå desse måla må instituttet m.a.:

  • vidareføre forskinga innan kjerneområda til instituttet

  • styrkje beredskap, diagnostikk, overvaking og referansefunksjonar gjennom forsking og effektivisering

  • gi høg prioritet til sjukdommar og smittestoff frå dyr og mat som kan påverke helsa hos menneske

  • vidareutvikle velferd hos dyr som fagområde

  • ha ein organisasjonsstruktur som er optimal for verksemda

  • styrkje samarbeidet med nasjonale og internasjonale institusjonar

Med sin kunnskap skal Veterinærinstituttet medverke til ei lønnsam og levedyktig næring tilknytt forvaltningsområdet.

Resultatrapport 2006

Veterinærinstituttet har ytt kunnskapsstøtte innan kjerneområda, hovudsakleg til Mattilsynet, og har medverka i planlegging, laboratoriegranskingar og rapportering i samband med Mattilsynet sine ulike overvakingsprogram.

Veterinærinstituttet har hatt ei viktig rolle i å framskaffe kunnskap om den atypiske forma av skrapesjuke (NOR98) hos småfe. I 2006 blei sjukdommen for første gong påvist hos ei geit i Frankrike. Granskingar ved Veterinærinstituttet syner at denne forma for skrapesjuke er lite eller ikkje smittsam. Resultata frå Veterinærinstituttet sitt arbeid har vore viktig for norske innspel til EU sitt arbeid med oppdatering av regelverket for tiltak mot skrapesjuke.

Veterinærinstituttet har i aukande grad tatt i bruk molekylærbiologiske teknikkar i overvaking og anna diagnostisk arbeid. I nokre høve er det einaste analysemetode, slik som for genmodifiserte organismar. I andre høve gjer dei at diagnosen kan stillast på kortare tid.

Molekylærbiologiske teknikkar blir òg nytta til å skilje mellom mikroorganismar som opptrer i ulike variantar. Fugleinfluensavirus og E.coli-bakteriar er døme på mikroorganismar der nærmare identifisering med molekylærbiologiske metodar kan gi svar på om det er ein farleg eller ufarleg variant av mikroorganismen.

Arbeidet med fugleinfluensa og E.coli har vore omfattande. Ein har vidareutvikla beredskapen både internt ved Veterinærinstituttet og når det gjeld samhandlinga med Mattilsynet, Nasjonalt folkehelseinstitutt og Sosial- og helsedirektoratet.

I 2006 blei husdyrsjukdommen bluetongue påvist i Vest-Europa. Bluetongue blir spreidd med knott. Tidlegare har denne sjukdommen berre vore funne i landa rundt Middelhavet. Som følgje av spreiinga av bluetongue til nye område, er det etablert metodar slik at ein raskt kan påvise sjukdommen dersom bluetongue skulle bli spreidd så langt nord som til Noreg.

Fleire alvorlege sjukdommar har råka ville dyr i 2006. Hjortelusfluger har ført til at elg i enkelte område på Austlandet har mista pels, og nokre fraus i hel. Hos moskus på Dovre hadde ein utbrot av bakterielle lungeinfeksjonar med til dels alvorlege utfall. Arbeidet med å klare opp i desse tilhøva er gjort i Helseovervakingsprogrammet for hjortedyr.

Veterinærinstituttet har styrkt kompetansen innan matallergi. Eit doktorgradsprosjekt blei fullført i 2006. I dette prosjektet blei det mellom anna utvikla følsame diagnostiske verktøy for seinreagerande mjølke- og glutenallergi. Det er også utvikla eller forbetra analysemetodikk for alle 12 grupper av matallergen som det er meldeplikt for.

Veterinærinstituttet har sett i gang arbeid mellom anna for å få betre rutinar knytt til innkjøp, jf. merknader frå Riksrevisjonen i Dok. nr. 1 (2006-2007).

Budsjettframlegg 2008

Driftsbudsjettet er auka med 3,21 mill. kroner i samband med at løyvinga til kunnskapsstøtte er overført frå Mattilsynet, jf. omtale i kap. 1115.

Veterinærinstituttet vil vidareføre kjerneoppgåvene knytt til beredskap, diagnostikk, referansefunksjonar, overvaking og rådgiving, og skal framleis vere ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneverksemdene primært til Mattilsynet, men òg til departementa og Vitskapskomiteen for mat­tryggleik. Veterinærinstituttet skal ha habilitet og integritet som produsent og formidlar av forskingsbasert kunnskap.

Kunnskapsutvikling og -formidling til Mattilsynet omfattar m.a. raske og kvalitetssikra svar basert på analytisk og diagnostisk kompetanse. Veterinærinstituttet skal gi Mattilsynet råd og forskingsbaserte vurderingar innan infeksjonsmedisin og toksikologi der Mattilsynet treng dette for dei tiltaka som dei skal setje i verk for å nedkjempe, førebyggje eller kontrollere sjukdommar. Veterinærinstituttet må vidareutvikle kompetansen om behandling av helse- og sjukdomsdata innan kjerneverksemdene for å kunne gi optimal rådgiving til Mattilsynet og grunnlagsmateriale til Vitskapskomiteen for mattryggleik.

Evna til rask og sikker diagnostisering er ein grunnleggjande del av beredskapen ved Veterinærinstituttet. Beredskapen omfattar òg kompetanse om førebygging, overvaking og nedkjemping av sjukdommar hos dyr og om smittestoff i fôr og mat. Veterinærinstituttet vil òg ha ei oppgåve i å framskaffe informasjon basert på epidemiologisk og kartografisk kunnskap og kompetanse.

Mange faglege problemstillingar på matområdet krev kunnskapsutveksling mellom ulike fagmiljø. Det må derfor leggjast vekt på samarbeid med andre kunnskapsinstitusjonar. Dei regionale laboratoria er viktige i instituttet sitt arbeid for å fange opp nye sjukdommar og overvake sjukdommar og helseproblem.

Sjukdommar som kan smitte mellom dyr og menneske (zoonosar) er framleis viktige område for Veterinærinstituttet. Døme på zoonosar er sjukdom framkalla av bakteriar som Campylobacter, Salmonella, Yersinia, E.coli, mykobakterier og miltbrannsbakterier, virus som fugleinfluensa og rabies, og parasitter som ekinokokker. Instituttet skal prioritere diagnostikk med kvalitetssikra metodar og ha referansefunksjonar på området. Løyvinga skal dekkje støtte til Mattilsynet i arbeidet med overvaking og rapportering av zoonosar og zoonotiske smitteemne i fôr, dyr og mat. Instituttet skal òg medverke til å førebyggje zoonosar hos dyr, og medverke med sin kompetanse ved oppklaring av utbrot årsaka av zoonotiske smitteemne.

Veterinærinstituttet har ei viktig rolle ved å vidareutvikle metodar for påvising og mengdebestemming av GMO i fôr og mat, og å framskaffe annan kunnskap som grunnlag for risikovurderingar i samband med bruk av produkt med GMO.

Mattilsynet har utpeika Veterinærinstituttet som nasjonalt referanselaboratorium for alvorlege sjukdommar hos dyr og fisk og for zoonotiske smittestoff i fôr og mat. Oppgåvene som referanselaboratorium er omfattande og vil krevje stor innsats. Veterinærinstituttet arbeider med å bli internasjonalt referanselaboratorium for atypisk skrapesjuke.

Veterinærinstituttet vil vidareføre samarbeidet med Nasjonalt folkehelseinstitutt for å forbetre metodane for påvising av viktige allergiframkallande stoff i mat. Instituttet skal òg medverke til å utvikle prosessar som reduserer mengda av slike stoff ved framstilling av mat.

Veterinærinstituttet vil vidareføre arbeidet med å styrkje og formidle kunnskap om velferd hos dyr. Instituttet må ha brei kompetanse knytt til velferd hos landdyr. Når det gjeld fisk, er det særleg samanhengar mellom helse og velferd som Veterinærinstituttet skal arbeide med. Instituttet skal drifte sekretariatet for Plattform for alternativ til bruk av forsøksdyr.

Internasjonalt arbeid, m.a. samarbeid og kontakt med vitskaplege institusjonar i andre land, må utviklast vidare. Dette gjeld òg samarbeid med dei nye medlemslanda i EU.

Kompetansen ved instituttet skal òg kunne nyttast av andre offentlege institusjonar og næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at tilliten til instituttet som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka og slik at statlege midlar ikkje verkar konkurransevridande i forhold til andre aktørar i marknaden.

Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk

Bioforsk blei etablert 1.1.2006 som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og tilpassa finansieringsstrukturen med basisfinansiering frå Noregs forskingsråd, jf. kap. 1137 post 51.

Bioforsk skal framstå som eit nytt institutt, men med forankring i den faglege plattforma til tidlegare Jordforsk, NORSØK og Planteforsk. Bioforsk skal profilere dei to hovudpilarane for den faglege verksemda; landbruk og matproduksjon og miljø og ressursforvaltning.

I denne samanheng har Bioforsk mellom anna som mål å utvikle kunnskap og metodar som medverkar til:

  • effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet

  • miljøvennlege produksjonsformer, inkludert økologiske

  • god plantehelse

  • rasjonell og forsvarleg bruk av naturgrunnlaget

  • trygg mat fri for restar av plantevernmiddel

  • redusert avrenning frå jordbruksareala

Resultatrapport 2006

Kunnskapsutvikling, beredskap og kompetanse på matområdet har eit langsiktig perspektiv, og det involverer mange aktørar. Mål på den enkelte aktøren sitt bidrag er vanskeleg å talfeste det enkelte året, men nedanfor er omtalt nokre døme på praktiske resultat på områder der Bioforsk har vore ein vesentleg leverandør av kunnskapsgrunnlaget.

Det blir kontinuerleg arbeidd med å utvikle nye og meir miljø- og kostnadseffektive tiltak mot planteskadegjerarar med utgangspunkt i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Evaluering syner at det er potensiale for å redusere risikoen ytterlegare, mellom anna knytt til bruken av ugrasmiddel i korn. Bioforsk har utvikla tiltaksstrategiar som reduserer risikoen for uheldige miljøkonsekvensar av plantevernmiddel som kan oppstå under særnorske klimatilhøve.

Einsidig korndyrking med redusert jordarbeiding er viktige årsaker til auka førekomst av sjukdomar, inkludert Fusarium og utvikling av mykotoksin. Ei eventuell godkjenning av soppmiddel mot Fusarium for å redusere risiko for mykotoksin i korn gjer at bruken av plantevernmiddel kan auke i tida framover.

Arbeid med å utvikle biologiske metodar i plantevern har ført til at insektmiddel nesten er ute av veksthuskulturane agurk, tomat og salat, og ein ser potensial i vidare utvikling av biologisk basert plantevern mot insekt og soppsjukdommar kombinert med utvikling av resistente sortar. Auka fokus på økologiske produkt synest å auke interessa for biologisk plantevern. Bioforsk har prøvd ut ulike nyttesoppar mot veksthusspinnmidd og veksthussnutebille i jordbær i veksthus, teger i eple og solbær, samt gråskimmel i jordbær i felt.

Bioforsk Plantehelse har i samarbeid med Mattilsynet etablert nettstaden www.plantevernguiden.no, som gir dagsaktuell oversikt over tilgjengelege kjemiske og biologiske plantevernmiddel for dei ulike kulturane. Plantevernguiden, VIPS og Det Store Norske Plantevernleksikonet til saman gir brukarane komplett informasjon om biologien til, og tiltak mot skadegjerarar. Brukar­statistikk syner om lag 7 500 brukarar i 2006 og om lag 6 500 pr. august 2007. I 2006 var det om lag 250 000 treff på sidene til www.plantevernguiden.no, mens det pr. august 2007 har vore vel 195 000 treff.

Bioforsk Plantehelse har tatt del i arbeidet med framande artar i regi av Artsdatabanken og har i ei undersøking finansiert av Direktoratet for Naturforvaltning funne stor risiko for innførsel av nye artar til Noreg ved import av planteskolevarer. Iberiaskogsnigelen er eit døme på ein slik ny art. Førebyggjande arbeid for å hindre introduksjon av nye planteskadegjerarar vil derfor vere eit viktig tiltak for å halde forbruket av plantevernmiddel på det relativt låge nivået vi har i Noreg i dag samanlikna med til dømes andre delar av Europa.

Auka tilgang på økologiske varer vil framleis krevje vektlegging på forsking og utvikling. Bioforsk Økologisk forskar på til dømes førebyggjande tiltak for å kontrollere angrep av jordbærsnutebille, samanheng mellom produksjonsopplegg og produktkvalitet i økologiske og konvensjonelle mjølkeproduksjonssystem, kvaliteten på økologiske grønsaker i heile verdikjeda, næringsopptak i korn og dyrevelferd hos storfe og sau i økologisk landbruk.

Kunnskap om den økologiske driftsforma blir spreidd gjennom ei eiga nettside for økologisk landbruk; www.agropub.no, informasjonsmateriell, artiklar i tidsskrift og kurs og foredrag for ulike målgrupper.

Sortsprøvinga i Bioforsk er grunnlaget for at norske produsentar og næringsmiddelindustri skal få tilgang til dei best eigna sortane til ulike produkt.

Bioforsk samarbeider med næringsaktørar for å utnytte potensialet som ligg i å auke kvalitet og mangfald i norsk produksjon av frukt og grønt for dermed også å auke bruken av norskproduserte varer både innanlands og i eksportmarknadene.

Kunnskapsformidling er ei sentral og omfattande oppgåve innanfor alle fagområda i Bioforsk. Bioforsk hadde omfattande formidling i eigne publikasjonar, andre fagtidsskrift, foredrag m.m. i 2006. Nettbasert informasjon spelar ei aukande rolle, m.a. var 6 100 publikasjonar frå Bioforsk å finne på nettsidene. Formidling av nyheiter får stadig større fokus.

Budsjettframlegg 2008

Framlegget omfattar finansiering av vitskapeleg basert kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling for Landbruks- og matdepartementet og underliggjande verksemder, m.a. Mattilsynet.

Driftsbudsjettet er auka med 3,08 mill. kroner i samband med at løyvinga til kunnskapsstøtte er overført frå Mattilsynet, jf. omtale under kap. 1115.

Når det gjeld finansiering av forskingsaktiviteten ved instituttet, syner ein til omtalen under kat. 15.20 og kap. 1137, der òg omstillingsarbeidet er gitt ei nærmare omtale.

Framlegget under denne posten skal finansiere Bioforsk sitt arbeid med å gi fagleg grunnlag for verksemda til forvaltninga:

  • gi effektiv diagnostisering av planteskadegjerarar

  • vere kunnskapsbase for forvaltninga på plantehelseområdet

  • skaffe data som grunnlag for godkjenning/rettsvern av norske og utanlandske plantesortar

  • skaffe data som grunnlag for godkjenning av plantevernmiddel

  • ha data og modellar som grunnlag for betre tilpassa gjødsling i heile landet

  • skaffe sikre måle- og analysedata for næringssalt og plantevernmiddel i avrenningsvatn til jordsmonnovervakingsprogrammet

  • gjennomføre analysar av restar av plantevernmiddel i norske og importerte vegetabiler som grunnlag for effektiv matvarekontroll

  • gjennomføre langvarige forsøk for å dokumentere langtidsverknaden av ulike tiltak i jordbruket

  • vidareutvikle automatiske rettleiingstenester

  • vidareutvikle landbrukets rolle i norsk klima- og energipolitikk

Viktige oppgåver knytt til utviklingsarbeid og kunnskapsformidling er:

  • fremme posisjonen til norsk landbruk i global kontekst, med særleg referanse til WTO

  • tilpassingar til internasjonalt lovverk, særleg innanfor miljø

  • skaffe landbruket godkjende planter av høg kvalitet og produksjonsevne tilpassa klima, dyrkingsforhold og norske produksjonssystem

  • utvikle kunnskap om klima- og miljøeffektar av landbruksproduksjonen

  • utvikle kunnskap om resirkulering av organisk avfall (slam) og økonomisering ved bruk av ikkje-fornybare ressursar (fosfor, myrjord, o.a.)

  • medverke til aktivt landbruk i dei nordlegaste delane av landet og bidra innanfor regjeringa si nordområdesatsing

  • utvikle kunnskap om kulturmark, beiting, biologisk mangfald m.m. med omsyn på næringsdrift, kulturlandskap og miljø

  • skaffe fram meteorologiske data for varslingsteneste og forsking

  • utvikle kunnskap om effektive dyrkingssystem som reduserer faren for avrenning av næringsstoff

  • utvikle kunnskap og gi råd til dyrkarane om effektiv og miljøvenleg bruk av gjødsel, om redusert og sikker bruk av plantevernmiddel, og om naturvenlege (alternative/biologiske) plantevernmetodar

  • utvikle kunnskap og gi råd om økologisk landbruk

  • handtere landbruksprodukt med høgt nivå av framandstoff og naturleg danna uønska stoff, til dømes soppgifter i korn

  • bidra til innovasjon på frukt- og grøntområdet og innanfor andre aktuelle område som kan bidra til lokal og regional næringsutvikling

  • formidle forskingsresultat og erfaringskunnskap til brukarane

  • utvikle kunnskap og handlingsplan for handtering og avgrensing av Iberiaskogsnigel

Med utgangspunkt i handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, vil Bioforsk få oppgåver med å skaffe fram kunnskap for integrert plantevern, forsking på området, miljøkonsekvensar av plantevernmiddel, skadetersklar, prognosar, varsling m.m.

Ambisjonane i høve til økologisk forbruk er høge. Målretta kunnskapsutvikling og kunnskapsstøtte til aktørar innanfor både næring og forvaltning vil vere nødvendig for å nå målet om 15 pst. forbruk.

Bioforsk skal innanfor ramma leggje vekt på utvikling av kunnskap som stimulerer til omlegging til økologisk drift, og som medverkar til berekraftig utvikling generelt innanfor norsk landbruksproduksjon.

Òg innanfor miljøområdet er det store utfordringar, ikkje minst med tanke på å sikre målretta offentlege verkemiddel og kostnadseffektive tiltak. Klimatiltak og innføring av ulike EU-direktiv, som til dømes Vassrammedirektivet og eit komande Jorddirektiv, representerer sentrale utfordringar, som framover vil krevje omfattande innsats i form av kunnskapsutvikling og kunnskapsstøtte.

Bioforsk har saman med Norsk institutt for skog og landskap og Universitet for miljø- og biovitskap etablert eit samarbeid innan bioenergi, kalla Bioenergialliansen. I denne alliansen skal instituttet vere med å leggje til rette for etablering av kunnskap som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innan landbruket sin rolle som produsent og tilbydar av bioenergi.

Kompetansen ved Bioforsk blir òg nytta av næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at tilliten til Bioforsk som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka, og slik at statlege midlar ikkje verkar konkurransevridande i forhold til andre aktørar i marknaden.

Til auka innsats i arbeidet med å utvikle kunnskap og handlingsplan for handtering og avgrensing av Iberiaskogsnigelen blir det i 2008 løyvt 3 mill. kroner. Arbeidet skal gjerast i nært samarbeid mellom Bioforsk og Mattilsynet, og departementet vil vurdere fordeling av midlar fram mot revidert budsjett.

Det er i St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Fornyings- og administrasjonsdepartementet foreslått 15 mill. kroner i 2008 til oppstart av fase II i renoveringa av Plantevernbygningen. Regjeringa vil kome tilbake med framlegg av endeleg kostnadsramme før igangsetjing.

Post 52 Støtte til fagsentra Bioforsk

Bioforsk har fire fagsenter; Sæter i Hedmark, Fureneset i Sogn og Fjordane, Tjøtta i Nordland og Svanhovd miljøsenter i Finnmark.

Fagsentra har som formål å medverke til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø. Dei tilbyr òg tenester innanfor kunnskapsformidling og service. Fagsentra tek òg forskingsoppdrag, men då styrt av forskingssentra i Bioforsk.

Resultatrapport 2006

Sæter sine besetningar av sau og kasjmirgeit gir grunnlag for prosjekt innanfor dyrevelferd, fôring, beiting og gjengroing av kulturlandskapet.

Fureneset arbeider med problemstillingar knytt til fôrproduksjon og beitehald, naturbruk og miljøspørsmål i kystregionar, m.a. innanfor kulturlandskap, ekstensivt arealbruk, overvintrings- og klimaspørsmål og økologisk landbruk. Skjøtsel av kystlynghei er ei sentral forskingsoppgåve. Siste åra har Fureneset m.a. arbeidd med hjorteskade på eng og skog og utvikling av verktøy for skadetaksering.

Tjøtta har ansvar for Fagseksjon Miljø og utmark i Bioforsk i Nord. Sentralt står bruk/vern-problema, m.a. i arbeidet med tapsundersøkingar og førebyggjande tiltak i rovdyr/beitedyrkonflikta, og næringsutvikling med utgangspunkt i utmarksressursar og heile garden og bygda sine ressursar. I samarbeid med lokal forvaltning og næringsliv blir det arbeidd med kulturlandskap og utvikling av aktivitet knytt til Vegaøyan Verdsarv (UNESCO). Næringsutvikling med basis i verneområde er fokus i Probus-prosjektet finansiert av Arealprogrammet i Forskingsrådet. Fagsenteret har starta arbeidet med å klarleggje viktige hindringar for omlegging til økologisk landbruk i landsdelen.

Svanhovd har fokus på internasjonalt samarbeid innanfor forsking, utvikling og miljøinformasjon om natur-, landbruks- og ressursforvaltning i Barentsregionen. Eininga har aktivitetar innanfor tema som bruk av fenologi i klimaforsking, biodiversitet, populasjonsgenetikk og helsefremjande stoff i nordlege planter. Svanhovd er òg utgjevar av det populærvitskaplege tidsskriftet Barentswatch, og driv naturfagleg undervisning og opplæring for barn og unge.

Viktigaste samarbeidspartnarar for fagsentra er Fylkesmannens landbruksavdeling, lokalt og regionalt næringsliv, fylkeskommunane, kommunane og organisasjonane i landbruket.

Budsjettframlegg 2008

Løyvinga sikrar ei grunnfinansiering av fagsentra og medverkar dermed til deira mål om lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø.

Aktiviteten og innretninga av denne ved fagsentra vil bli vurdert av regionale offentlege og private brukarar og interessentar for å sikre at midlane som i dag blir løyvd til sentra, i framtida blir brukt på ein måte som best tener dei regionale behova. I tråd med omstillingsplanen for Bioforsk gjerast ei slik vurdering for Sæter i 2007.

Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

30

Husleige, Bioforsk

18 061

18 458

18 278

Sum kap. 4112

18 061

18 458

18 278

Post 30 Husleige, Bioforsk

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 18,3 mill. kroner knytt til husleigeinntekter frå Bioforsk. For ei nærmare omtale av husleigeordninga syner ein til St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006).

Kap. 1115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

1 131 906

1 060 167

1 052 537

22

Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskassar

10 000

23

Særskilde prosjekt

15 000

70

Tilskott til veterinær beredskap

82 537

88 600

7 500

71

Tilskott til erstatningar , overslagsløyving

1 091

1 038

1 083

Sum kap. 1115

1 215 534

1 149 805

1 086 120

Mål og strategiar

Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med etterleving av regelverket om mattryggleik, plante, fiske- og dyrehelse, velferd hos fisk og landdyr og kvalitet og forbrukaromsyn i matproduksjonskjeda. Ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket kviler på den enkelte verksemda. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet har ei rekkje verkemiddel til rådvelde som skal nyttast når det er nødvendig.

Mattilsynet fører òg tilsyn etter regelverk som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Dette gjeld mellom anna tilsyn med planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, tilsyn med kosmetikk og kroppspleieprodukt, tilsyn med dyrehelsepersonell og tilsyn med omsetning av reseptfrie legemiddel utanfor apotek.

Mattilsynet har oppgåver knytt til regelverksutvikling, både sjølvstendig og på vegne av departementa som har fagleg ansvar. Forvaltningsområdet er sterkt prega av internasjonale rammevilkår.

Mattilsynet har i kraft av oppgåvene sine ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål i 2008:

  • trygg mat

  • friske planter, fisk og landdyr

  • etisk forsvarleg hald av fisk og landdyr

  • god kvalitet og ærleg produksjon og omsetning

  • miljøvennleg produksjon

Mattilsynet skal arbeide for å halde oppe og vidareutvikle høg tillit til matforvaltninga og matproduksjonen. Innanfor rammene av dei måla som er sett, skal Mattilsynet arbeide på ein slik måte at det legg til rette for verdiskaping på matområdet.

Hovudverkemidla i arbeidet er å:

  • utvikle og påverke regelverk

  • rettleie om regelverk

  • føre tilsyn

  • overvake status og utvikling på området

  • vidareutvikle planverk for handtering av hendingar og kriser.

Mattilsynet skal sørgje for å ha nødvendig beredskap på forvaltningsområdet. Utbrot av sjukdom hos dyr, fisk og planter samt matboren sjukdom hos folk er hendingar som Mattilsynet vanlegvis vil vere budd på å handtere slik det er fastsett i gjeldande regelverk og planverk. I visse høve kan det inntreffe alvorlege hendingar som krev meir spesiell behandling (kriser).

Mattilsynet blei etablert i 2004. Enkelte av måla som blei sett for Mattilsynet ved etableringa er enno ikkje nådd, sjå nærmare omtale i budsjettframlegget for 2008 under avsnittet Organisatoriske og administrative utfordringar.

Mattilsynet er ein desentralisert etat med eitt hovudkontor, åtte regionkontor og 62 distriktskontor med nokre undereiningar. Mattilsynet fører tilsyn med eit omfattande regelverk som gjeld for eit vidt spekter av verksemder. Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale tilhøve er ein av føresetnadene for matforvaltningsreforma, og skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tek nødvendig omsyn til dei enkelte verksemdene.

Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet tar hand om referansefunksjonar, fagleg beredskap og yter anna kunnskapsstøtte til Mattilsynet med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.

Mattilsynet skal òg leggje vekt på å føre vidare god kontakt med Vitskapskomiteen for mattryggleik, slik at uavhengige risikovurderingar frå komiteen kan ligge til grunn for Mattilsynet sitt arbeid når dette er nødvendig.

Resultatrapport 2006

Omstilling og organisatoriske forhold

Rekneskapen til Mattilsynet for 2006 syner at det blei nytta knapt 47 mill. kroner til tiltak knytt til etablering/omstilling i Mattilsynet. Dette er ein reduksjon på om lag 60 pst. frå året før. Det blei i 2006 gitt ei særskilt løyving til omstillingstiltak på 35 mill. kroner, slik at Mattilsynet i mindre grad enn tidlegare måtte nytte ordinære driftsmiddel til omstillingstiltak. Den største kostnaden var knytt til arbeidet med utvikling av eit nytt fag- /tilsynssystem for Mattilsynet. I arbeidet med utviklinga av det nye systemet er det lagt vekt på dei føringane som er gitt gjennom e-Noreg 2009, mellom anna slik at Altinn kan nyttast som rapporteringskanal for næringsaktørane.

Mattilsynet har opplevd det krevjande å få til effektivisering i samsvar med føresetnadene i budsjettet. Dette skuldast mellom anna fleire store saker og hendingar som omtalt nedanfor, at det tar tid å utvikle eit nytt fag- /tilsynssystem samt at det tar meir tid enn venta å byggje ein felles organisasjonskultur og utvikle eit einskapleg tilsyn.

Mattilsynet starta i 2006 ein gjennomgang av organisasjonen. Denne starta med ei brei kartlegging internt og eksternt. Eit hovudfunn var at det er stor tru på prinsippa som ligg til grunn for matforvaltningsreforma. Ei rekke forbetringspunkt blei identifisert. Mattilsynet bestemte seg hausten 2006 for å sette i gang eigne delprogram for å sjå på:

  • organisering og plassering av fellesfunksjonar for heile etaten og av forvaltningsoppgåver som ligg på sentralleddet

  • leiing

  • vurdering av moglege endringar for Mattilsynet sine distriktskontor

  • regionkontora si rolle

Hausten 2007 blei alle fellesfunksjonar for etaten og forvaltningsoppgåver som ligg på sentralleddet, samla under felles leiing. Tidlegare var ansvaret for mange av desse oppgåvene delt mellom hovudkontoret og fem av regionkontora.

ESA gjennomførte i 2006 åtte inspeksjonar på ulike fagområde. Det blei påvist framgang på fleire område, men òg ein del generelle manglar, mellom anna knytt til styrings- og rapporteringsrutinar internt i Mattilsynet. Inspeksjonane er ein viktig reiskap i arbeidet med forbetringar i tilsynet.

Ei undersøking i regi av Synnovate/MMI synte at heile 88 pst. sa at dei hadde stor eller mykje stor tillit til Mattilsynet sin informasjon om mattryggleik. Dette er ein liten auke frå året før. Intervjua blei gjennomført under oppfølginga av E. coli - saka.

Mattilsynet har i 2006 lagt stor vekt på kompetansehevingstiltak for medarbeidarane.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Mattilsynet sitt arbeid med regelverksutvikling og internasjonale saker er omfattande. Dette gjeld særleg deltaking i regelverksutvikling i EØS og gjennomføring av dette regelverket i norsk rett. Arbeidet med nytt hygiene- og kontrollregelverk har vore spesielt ressurskrevjande i perioden fram til utgangen av 2006. Mattilsynet har førebudd innføring av EU sitt nye regelverk for hygiene og kontroll, mellom anna ved å utvikle ei samla opplæringspakke om det nye regelverket til bruk for medarbeidarane.

Handteringa av atypisk skrapesjuke NOR98 hos sau har vore krevjande. Dette skuldast at EØS-regelverket har vore lite egna sidan det særleg var utvikla for å motverke klassisk skrapesjuke. Frå norsk side har det blitt arbeidd internasjonalt for å få forståing for at atypisk skrapesjuke NOR98 bør handterast annleis enn klassisk skrapesjuke, og regelverket blei endra i 2007.

Russland sitt forbod mot import av fersk oppdrettsfisk frå Noreg gjorde det nødvendig med ein nær og omfattande dialog med russiske veterinærstyresmakter for å gjenopne den russiske marknaden for slike varer. Mattilsynet har utarbeidd nye attestmalar og erklæringar til bruk ved eksport av fisk og fiskevarer, òg til andre marknader enn den russiske.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Tilsyn er kjernen i Mattilsynet si verksemd. I 2006 blei i overkant av 40 pst. av den registrerte bruken av tid i Mattilsynet nytta til tilsyn i verksemdene. Kjøttkontrollen utgjer ein dryg firedel av dette. Det blei i 2006 gjennomført om lag 19 000 inspeksjonar/revisjonar og om lag 7 000 oppfølgjande tilsynsbesøk i næringsmiddelverksemder. Mattilsynet har inntil det nye fag-/tilsynssystemet er ferdigstilt, ikkje fullstendig oversikt over den samla tilsynsproduksjonen på alle område, men den er framleis lågare enn i dei etatane som gjekk inn i Mattilsynet. Rettleiing utgjorde om lag 4 pst. og områdeovervaking om lag 4,5 pst. av den registrerte bruken av tid.

Mattilsynet starta i 2005 med landsdekkande tilsynskampanjar som i tillegg til tilsynsbesøka, legg vekt på samarbeid med bransjeorganisasjonar, informasjon om regelverk og kommande kontrollar, medieomtale og formidling til bransjeorganisasjonane av dei gjennomgåande funna i kampanjen. Dette aukar effektiviteten av tilsynsarbeidet. Mattilsynet legg òg vekt på verksemdene sitt forbetringsarbeid gjennom å følgje opp korleis store konsern styrer internkontrollen.

Målet om trygg mat

Vinteren og våren 2006 var prega av eit utbrot av sjukdom grunna smitte med E. coli O:103 i spekepølse. Atten personar blei sjuke, og seksten av dei var barn. Ti av barna blei ramma av den alvorlege nyresjukdommen hemolytisk-uremisk syndrom (HUS). Eitt av barna døydde av nyresvikt. I etterkant sette regjeringa ned eit utval som evaluerte alle relevante sider av saka. Utvalet la fram rapporten i desember 2006. Oppfølginga av rapporten er grundig omtalt i St.prp. nr. 69 (2006-2007), jf. statusrapport i kat. 1510.

Utanom sjukdomstilfella grunna E. coli O:103, har det ikkje vore store endringar i talet på menneske som er rapportert sjuke av smittestoff som kan vere mat- eller vassborne.

Hausten 2006 gjennomførte Mattilsynet ein landsdekkande kampanje med tilsyn i serveringsverksemder. Om lag 3 000 verksemder blei inspisert. I meir enn 25 pst. av desse blei det påvist brot på regelverket. 114 verksemder fekk forbod mot omsetning, mens 76 måtte stenge delar av verksemda til tilhøva var utbetra.

Ein landsdekkande kampanje med tilsyn i vassverk blei sett i gang hausten 2006 og avslutta i starten av 2007. Kampanjen omfatta 357 verksemder. 202 av dei fekk varsel om vedtak om utbetring grunna brot på regelverket. Eit av dei vanlegaste regelbrota var manglar knytt til beredskap. To vassverk fekk varsel om stenging av delar av anlegget.

Mattilsynet har planlagt eit pilotprosjekt med bruk av smilefjes for å gjere opplysningar om den hygieniske standarden i serveringsverksemder lett synlege for forbrukarane.

Mattilsynet har i ein treårsperiode prioritert ressursar til tilsyn på sjømatområdet. Tiltaka har mellom anna omfatta kompetanseheving, utarbeiding av rettleiingar og tilføring av arbeidskraft til området. Det er indikasjonar på at den generelle tilstanden i sjømatverksemdene er forbetra.

Overvakinga av framandstoff er ført vidare som tidlegare år. Framandstoff i fisk fekk auka merksemd i 2006. Det blei oppdaga at både vanleg kveite og blåkveite kan innehalde høge nivå av kvikksølv. Mattilsynet følgde opp med kosthaldsråd og ytterlegare prøvetaking. Framandstoffprogrammet på oppdrettsfisk blei auka med om lag 400 analyser, frå 3 917 i 2005 til 4 325 i 2006, som følgje av auke i produksjonen av oppdrettsfisk.

Målet om friske planter, fisk og dyr

Resultata frå Mattilsynet si overvaking tyder på at tilstanden er uendra når det gjeld førekomsten av dei fleste planteskadegjerarane. Når det gjeld pærebrann, er det urovekkjande at smitten har spreidd seg vidare på Sørlandet. Mattilsynet har bestilt ei risikovurdering frå Vitskapskomiteen for mattryggleik som grunnlag for utarbeiding av ein plan for å halde nede pærebrann og nødvendig revidering av tilhøyrande forskrift.

Det er ikkje vesentlege endringar i funn av smittsame fiske- eller dyresjukdommar i forhold til tidlegare år. Det var i 2006 mange utbrot av Pancreas disease hos laksefisk. Sjukdommen fører til store produksjonstap i havbruksnæringa. Krepsepest er i 2006 påvist på signalkreps som er sett ut ulovleg i nedre Telemark. Dette er første gang krepsepest er påvist andre stader enn i Haldenvassdraget.

Storfesjukdommen bovin virusdiaré (BVD) ser no ut til å vere utrydda i Noreg etter at det har vore arbeidd målretta gjennom mange år for å nedkjempe sjukdommen i eit godt samarbeid mellom styresmakter og næring.

Påvising av fugleinfluensa i Europa i 2005/2006 utløyste stor aktivitet for å vere budd på eventuelle utbrot i Noreg. Mattilsynet utarbeidde ein revidert plan for handtering av sjukdommen.

Det blei gjennomført fleire beredskapsøvingar med sikte på å gjere Mattilsynet betre budd på å handtere større uønska hendingar.

Målet om etisk forsvarleg hald av fisk og dyr

Det har dei siste åra vore stor aktivitet på regelverksutvikling og kompetanseheving om hald av dyr og velferd for dyr. Mattilsynet har innhenta eit godt understøtta vitskapleg grunnlag for regelverksutviklinga frå Vitskapskomiteen for mattryggleik. Det er utvikla nytt regelverk for velferd hos fisk, mellom anna er det fastsett ny forskrift om slakt av akvakulturdyr.

Handteringa av konflikten rovvilt/beitedyr har vore krevjande. Det er utvikla betre samhandling med næringa og miljø- og landbruksstyresmaktene på alle nivåa i Mattilsynet.

Talet på dyr i forsøk var marginalt høgare i 2006 enn året før. Hovudårsaka var auke i talet på dyr som blir nytta i feltforsøk. Talet på dyr som blir nytta i forsøk i forsøksdyravdelingar, syner derimot nedgang samtidig som det er auke i talet på godkjente slike forsøk. Dette kan tyde på ei utvikling i retning av fleire, betre kontrollerte og planlagde forsøk, der ein nyttar færre forsøksdyr.

Mattilsynet meldte om auke i talet på dyr som dør under transport til, og under oppstalling på slakteri.

Målet om god kvalitet og ærleg produksjon og omsetnad

Det er ikkje godkjent nokon genmodifisert plante som er egna for dyrking her i landet. Mattilsynet har i samarbeid med Statens landbruksforvaltning arbeidd med korleis ei eventuell framtidig dyrking av genmodifiserte planter kan skje parallelt med, og utan vesentlige negative konsekvensar for, konvensjonelt og økologisk landbruk – såkalla sameksistens.

EU og Noreg innførte i 2006 vernetiltak mot langkorna ris frå USA i samband med at det blei oppdaga tilblanding av ikkje godkjent genmodifisert ris. Mattilsynet fekk utført analysar av 27 prøver frå ulike produktgrupper. Åtte av desse var positive, men innblandinga av genmodifisert materiale var under 0,1 pst. i alle prøvene.

Det blei gjennomført ein tilsynskampanje for kosttilskott med tilsyn i 95 verksemder og vurdering av 196 ulike produkt. Berre om lag 30 pst. av produkta blei marknadsført lovleg etter matlovgjevinga. Ei rekkje produkt blei marknadsført med medisinske påstandar som det ikkje er tillate å bruke på kosttilskott og/eller udokumenterte helsepåstandar.

Mattilsynet har sidan 2005 hatt eit prosjekt for utvikling av ein tilsynsmodell spesielt tilpassa mindre verksemder. Fleire stader er det etablert gode samarbeidsrutinar med lokale aktørar og det er gjennomført fleire lokale prosjekt.

Mattilsynet har sett i verk ei rekkje tiltak for å betre situasjonen etter at ESA i etterkant av ein inspeksjon hausten 2005, reiste kritikk mot manglar ved merkeordningane for storfe.

Mattilsynet sette i 2006 i verk fire ulike kartleggings- og overvakingsprosjekt for kosmetikk.

Målet om miljøvennleg produksjon

Etter omlegginga av avgiftssystemet i 1999 har plantevernmiddel med låg helse- og miljørisiko utgjort ein stadig større del av samla omsetning. Mattilsynet følgjer opp dette i tråd med handlingsplanen for bruk av plantevernmiddel.

Anna forvaltning

Mattilsynet har ført tilsyn med levande GMO etter avtale med Miljøverndepartementet og med vilkår for omsetnad av reseptfrie lækjemiddel utanom apotek etter avtale med Statens legemiddelverk.

Budsjettframlegg 2008

Post 01 Driftsutgifter

Det blir ført vidare 10 mill. kroner til særskilte satsingar på matområdet som no skal nyttast til å styrkje kartlegginga av framandstoff i villfisk, særleg med sikte på å få betre oversikt over førekomsten i kveite og blåkveite. Vidare omfattar satsinga styrkt tilsyn med serveringsverksemder m.a. arbeid med ei smilefjesordning for å gjere opplysningar om den hygieniske standarden i serveringsverksemder lett synlege for forbrukarane.

Det er i 2008 foreslått å styrkje budsjettet med 15 mill. kroner til arbeidet med å utvikle betre sporing i matproduksjonskjeda, sjå omtale under kat. 1510 og kap. 1115 post 23 Særskilde prosjekt.

Posten er elles foreslått redusert med 12 mill. kroner knytt til effektivisering som følgje av matforvaltningsreforma og 17,98 mill. kroner knytt til følgjande tekniske endringar:

  • Posten er redusert med 11,98 mill. kroner i samband med at løyvinga til kunnskapsstøtte blir overført til Veterinærinstituttet (kap. 1112 post 50 og kap. 1023 post 51), Bioforsk (kap. 1112 post 51) og Nasjonalt folkehelseinstitutt (kap. 710 i St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Helse- og omsorgsdepartementet). Tilsvarande endring blei gjennomført for NIFES i 2005. Målet med overføringa er at all den kunnskapsstøtta desse institusjonane gir til Mattilsynet, blir finansiert samla. Fram til no har ein mindre del av kunnskapsstøtta til Mattilsynet blitt finansiert over Mattilsynet sitt budsjett, mens hovuddelen har blitt finansiert gjennom dei ordinære løyvingane til institusjonane. Den nye modellen er meir tenleg sidan den kompetansen som nyttast i rådgjeving til Mattilsynet, overlappar med den kompetansen institusjonane har for å løyse andre oppgåver.

  • Posten er redusert med 5 mill. kroner fordi oppregulering av pensjonspremie til kommunale pensjonskasser for tidlegare kommunalt tilsette som no er i Mattilsynet, blir ført på eigen, ny post (kap. 1115 post 22).

  • Posten er redusert med 1 mill. kroner som følgje av at det er gjort framlegg om at ansvaret for klinisk veterinærvakt, blir overført frå Mattilsynet til kommunal sektor 1. januar 2008, jf. Ot.prp. nr. 68 (2006-2007).

Posten omfattar, som i 2007, 15 mill. kroner til omstilling, hovudsakleg for å medverke til delvis dekning av kostnadene Mattilsynet har til utvikling av nytt fag-/ tilsynssystem.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) var det eit mål at matforvaltningsreforma samla sett skulle gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. Med budsjettframlegget for 2008, er det gjort særskilte effektiviseringskutt i Mattilsynet sitt budsjett på 100 mill. kroner sidan etableringa. Dette utgjer 10 pst. av den referanseramma som effektiviseringsgevinsten blir rekna ut frå. Utover kostnadsreduksjon som følgje av effektivisering i Mattilsynet, gir matforvaltningsreforma ein kostnadsreduksjon gjennom ei meir marknadsbasert laboratorieverksemd.

Organisatoriske og administrative utfordringar i 2008

Departementa har klare forventingar til at Mattilsynet vidarefører arbeidet med å følgje opp dei føresetnadane som låg til grunn for matforvaltningsreforma, mellom anna når det gjeld effektivisering. Effektiviseringsføresetnadane har ført til at Mattilsynet sitt budsjett har blitt redusert sidan etableringa, sjølv om det òg har blitt tilført midlar knytt til nye eller særskilt prioriterte område.

Sjølv om budsjettet har blitt redusert som føresett, har Mattilsynet fram til slutten av 2006 auka bemanninga. Auken har relativt sett vore størst knytt til sentralleddet. Auken i bemanninga har ført til redusert budsjettmessig handlefridom i det daglege arbeidet og til å møte hendingar som krev særskilt innsats. Mattilsynet har sommaren 2007 starta eit arbeid med å justere bemanninga tilbake til eit nivå nærmare det ein var på ved etableringa.

Framleis er tilsynsproduksjonen lågare enn den var i dei tilsyna som gjekk inn i Mattilsynet. Departementa har forventningar til at Mattilsynet aukar den utøvande rettleiings- og tilsynsaktiviteten frå dagens nivå, mellom anna ved å redusere bruken av tid til intern administrasjon. Departementa føreset at Mattilsynet tek omsyn til dette ved justering av bemanninga.

Mattilsynet starta i 2006 ein gjennomgang av organisasjonen, jf. omtale i resultatrapporten for 2006 og status i kat. 15.10. Følgjande delprogram er så langt sett i verk:

  • organisering og plassering av fellesfunksjonar for heile etaten og av forvaltningsoppgåver som ligg på sentraleininga

  • leiing

  • vurdering av moglege endringar for Mattilsynet sine distriktskontor

  • regionkontora si rolle

Departementa meiner det i 2008 er viktig for Mattilsynet å få effekt av dei tiltaka som er gjort på grunnlag av dei første tre delprogramma. Ein viktig føresetnad for strukturen i Mattilsynet er at distriktskontora har kunnskap om, nærleik til og direkte kontakt med verksemdene. Aktiviteten på distriktskontora er kjernen i det utøvande rettleiings- og tilsynsarbeidet. Mattilsynet vurderer å redusere talet på distriktskontor for å redusere bruken av tid til intern administrasjon og frigjere ressursar til utøvande rettleiings- og tilsynsarbeid. I samband med eventuell avvikling av administrative einingar på distriktsnivå, føreset departementa at Mattilsynet vidarefører undereiningar til distriktskontor, slik at talet på kontorstader i Mattil­synet - og dermed nærleiken til verksemdene - blir vidareført på om lag same nivå som i dag. Organisatoriske endringar vil òg skje innanfor dei rammene som blei lagt ved etableringa av Mattilsynet, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003).

I delprogrammet om regionkontora si rolle vil det bli arbeidd for ei betre intern klargjering av oppgåver og ansvar mellom forvaltningsnivåa i Mattilsynet. Ein vil òg arbeide for å få ein meir fleksibel bruk av ressursane med sikte på auka produktivitet og betre effektivitet, betre utnytting av kompetansen, redusert sårbarheit og hensiktsmessig beredskap.

Det vil bli lagt vekt på at Mattilsynet sikrar at styringa frå departementa når ut til alle einingane i Mattilsynet og at departementa blir tidleg varsla om saker som dei bør vere kjende med.

Departementa meiner det er nødvendig at Mattilsynet arbeider vidare for å utvikle eit meir einskapleg tilsyn, slik at krava i regelverket blir tolka og handheva einskapleg i like saker og i samsvar med plikter etter internasjonale avtalar. Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale tilhøve var ein av føresetnadene for matforvaltningsreforma, og skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tek nødvendig omsyn til dei enkelte verksemdene. Innanfor desse rammene skal Mattilsynet med sine fagleg kvalifiserte medarbeidarar vere løysingsorientert i møtet med verksemdene, slik at verksemdene kan finne høvelege løysingar som oppfyller dei målretta krava i regelverket. Derfor vil valfridomen til verksemdene og det faglege skjønnet til Mattilsynet i mange tilfelle opne for ulike løysingar som kan bli opplevd som ulik behandling frå tilsynet.

Mattilsynet vil arbeide vidare med å få betre dokumentasjon av status, tilsynsaktivitet og bruk av dei verkemidla tilsynet rår over på ulike område. Innføringa av eit nytt fag-/tilsynssystem er ein del av dette. Dette vil erstatte 29 av dei vel 40 fagsystema som no er i bruk i Mattilsynet. Det er lagt opp til at den andre og tredje av i alt fire delleveransar i systemet vil komme i 2008. Den siste delen av systemet skal etter planen takast i bruk i 2009. Systemet vil støtte opp under meir effektive arbeidsprosessar i det utøvande tilsynet. Fagsystemet har alt opna for sjølvbeteningsløysingar for brukarane med sikte på at dei skal oppleve betre service. Det nye fag- /tilsynssystemet er ein viktig del av Mattilsynet sitt arbeid med å få til eit meir effektivt og einskapeleg tilsyn av betre kvalitet.

EU sitt kontrollregelverk føreset at tilsyn med regelverk om fôrvarer, næringsmiddel, dyrehelse, dyrevern og plantehelse skal gjennomførast regelmessig, på grunnlag av ei risikovurdering og med høveleg frekvens. Mattilsynet har utarbeidd ein modell for slik risikoklassifisering som òg vil vere nyttig som grunnlag for ressursfordeling i tilsynsarbeidet. Arbeidet har òg interesse for dei andre nordiske landa.

Det vil bli lagt vekt på oppfølging av dei merknadene Riksrevisjonen har hatt, mellom anna knytt til oppfølging av regelverket for offentlege innkjøp.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Grunnlaget for det norske regelverket blir hovudsakleg utvikla i EU. Ein stor del av Mattilsynet si verksemd er derfor knytt til oppfølging av EØS-avtala. Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg òg viktige premissar for regelverket. Arbeidet knytt til Nordisk ministerråd vil bli ført vidare.

Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet med å utvikle nytt regelverk i tråd med norske interesser. Departementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale fora. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med ein tidleg og god dialog med relevante interessentar, slik at aktuelle problemstillingar kan bli identifisert og tatt inn i arbeidet i ein fase der det framleis er rom for påverknad. Mattilsynet skal òg medverke til at oppfølging av dei internasjonale pliktene finn stad til riktig tid og at gjennomføring i norsk rett blir gjort på føremålstenleg og brukarvennleg vis.

Dei prioriterte områda som er peika ut i departementa sin internasjonale plan og europastrategi for matområdet, vil bli følgd opp. Dette omfattar mellom anna EU sitt arbeid med å utvikle nye heilskaplege regelverk for merking av mat og for helse og velferd hos landdyr og fisk. Andre viktige område er nytt rammeregelverk for tilsetjingsstoff, revisjon av ny mat-forordninga, nytt regelverk om merking og dyrking av genmodifiserte såvarer og nytt regelverk for økologisk produksjon.

Mattilsynet har i tillegg oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit på bilateralt nivå med andre land sine styresmakter for å leggje til rette for marknadstilgang og eksport av norske varer. Å betre og halde oppe tilgangen til den russiske marknaden krev særskilt innsats frå Mattilsynet.

Målet om trygg mat

Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet er trygt med omsyn til folkehelse.

Ei hovudutfordring er å gjennomføre det nye hygiene- og kontrollregelverket som legg auka vekt på verksemdene sitt eige ansvar for å etterleve regelverket og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda.

Det nye regelverket stiller krav om eigenkontroll hos primærprodusentane. Mattilsynet har ei oppgåve i å rettleie og informere om krava i det nye regelverket.

Det nye hygieneregelverket stiller auka krav til fagkunnskap både hos verksemdene og i tilsynet, særleg for å kunne nytte den fleksibiliteten dei nye reglane gir. Bransjevise retningslinjer for god hygiene er ein viktig føresetnad. Utvikling av slike retningslinjer er ei stor utfordring for bransjane. Mattilsynet vil vere ein pådrivar i dette arbeidet.

Det nye kontrollregelverket legg til grunn at det skal vere eit einskapleg og heilskapleg tilsyn som mellom anna tek omsyn til risiko i heile matproduksjonskjeda. Det er verksemdene sitt ansvar å etterleve regelverket. Tilsynet skal vere effektivt, regelmessig og dokumenterbart. Det skal lagast nasjonale kontrollplanar som skal liggje til grunn for prioritering og rapportering. Det nye regelverket fastset meir spesifikke krav til overvaking og kontroll av skjel, pigghudar og sjøsniglar.

Mattilsynet vil ha ei sentral rolle i det nasjonale sporingsprosjektet som skal gi eit betre grunnlag for elektronisk sporing av mat langs heile matproduksjonskjeda.

Det må gjennomførast eit målretta tilsyn med produksjon og omsetnad av mat i serveringsstader og i daglegvarehandelen. Mattilsynet tek sikte på å gjennomføre ein særskilt tilsynskampanje retta mot kjøkkenhygiene på sjukehus og helseinstitusjonar.

Mattilsynet må framleis ha særleg merksemd på at produksjonsverksemder for sjømat fyller bygnings- og driftsmessige krav og krav til eigenkontroll. For å halde oppe tilliten til norske sjømatprodukt både heime og ikkje minst på eksportmarknadene, er det avgjerande for ein stor sjømat-eksporterande nasjon som Noreg, at norsk sjømat blir produsert etter gjeldande internasjonale standardar.

På grunnlag av det pilotprosjektet som blir gjennomført, med ei ordning der det blir sett opp eit lettfatteleg symbol som særleg er knytt til tilsynet med dei hygieniske forholda i verksemdene (smilefjesordning), vil det bli vurdert om ei slik ordning skal innførast i heile landet.

Funna i den landsdekkande tilsynskampanjen i 2006 og 2007 syner at det framleis er nødvendig med stor merksemd knytt til tilsyn med vassverk. Mattilsynet vil prioritere arbeidet med tilsyn med vassverk. Tilsyn med sikte på å avdekkje alvorlege hygieniske manglar må vere gjennomført hos alle dei resterande godkjenningspliktige vassverka innan utgangen av 2008. I same perioden bør det òg vere gjennomført tilsyn hos eit representativt utval av dei vassverka som ikkje er godkjenningspliktige.

Mattilsynet må innrette arbeidet med kartlegging og overvaking målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som er knytt til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Utbrotet i 2006 av sjukdom etter smitte med E. coli O:103 i spekepølse har vist at det er viktig med stadig ny kunnskap om førekomsten av aktuelle smittestoff i dyr og mat. Dette syner òg at prioriteringa av kartlegging og overvaking må tilpassast situasjonen og risikobildet til ei kvar tid.

Mattilsynet vil styrkje arbeidet med overvaking av framandstoff i villfisk. Det er elles eit mål å vidareutvikle både tilsynet og næringa sin kompetanse om framandstoff, både når det gjeld kjende og nye stoff. Det er viktig at resultata frå framandstoffovervakinga blir kommunisert i internasjonale fora for å sikre tilgangen til dei internasjonale marknadene.

Matvarer som blir importert ulovleg og handtert i strid med lova i matregelverket, kan skape problem for mattryggleiken og dyrehelsa. Mattilsynet samarbeider med andre offentlege etatar for å redusere omfanget av ulovleg import, særleg av kjøtt.

Målet om friske planter, fisk og dyr

Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, fisk og dyr er god. Det er viktig å ha god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame fiske- og dyresjukdommane.

Bakteriesjukdomen pærebrann er ein infeksjon som gjer stor skade på mellom anna eple og pære. Både vêrtilhøve og insekt, m.a. bier, verkar inn på spreiing av sjukdommen. Sjukdommen har spreidd seg i kyststroka på Sør- og Vestlandet. For å hindre at sjukdommen spreier seg ytterlegare, særleg til viktige fruktområde, må innsatsen førast vidare, mellom anna med restriksjonar på flytting av bier og fjerning av vertsplanter. Mattilsynet overvaker spesielt ei eventuell smittespreiing til det viktige fruktområdet Hardanger.

God fiskehelse er ein viktig føresetnad for ei positiv utvikling av sjømatnæringa. Auka oppdrett av marine artar, som til dømes torsk, gir behov for sjukdomsovervaking, tilsyn med og dokumentasjon av antibiotikabruk. Det må òg i samarbeid med næringa arbeidast vidare med tiltaksplanar mot sjukdommar som er vist å vere årsak til store sjukdomstap.

Særskilte utfordringar er knytt til kontrollen med krepsepest, lakselus og Gyrodactylus salaris, ettersom nedkjemping av sjukdommane har miljø- og samfunnsmessige konsekvensar som er omstridde.

Den gode helse hos husdyra og viltet bidrar til gode råvarer til norsk mat for den nasjonale marknaden og til produkt av høg kvalitet for eksport. Mattilsynet vil vidareføre arbeidet med å verne om dyrehelsa gjennom tilsyn, beredskap og regelverksutforming.

Mattilsynet må halde fram arbeidet med planar for behandling av ulike dyresjukdommar slik at dei er førebudd og har dei nødvendige tiltaka klare. Sjukdommar som kan smitte frå dyr til menneske er òg viktige i denne samanhengen.

Målet om etisk forsvarleg hald av fisk og dyr

Mattilsynet skal arbeide for at alt dyrehald er i samsvar med regelverket. Arbeidet med å utvikle indikatorar for velferd hos fisk vil bli ført vidare for å gi eit godt grunnlag for tilsyn ut frå dei særlege tilhøva som gjeld for fisk.

Mattilsynet har ei viktig rolle i oppfølginga av St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd.

Mattilsynet har fagleg ansvar og budsjettansvar for dyrevernsnemndene som medverkar i det lokale arbeidet med dyrevelferd. For å få ei rasjonell og kostnadseffektiv arbeidsdeling mellom Mattilsynet og dyrevernsnemndene, fører Mattilsynet tilsyn etter forskrifter med heimel i dyrevernlova. Dyrevernsnemndene støttar Mattilsynet i saker der lekmannsskjønnet er særleg nyttig.

Store lidingar hos dyr som følgje av manglande fôring, stell og omsorg, er ei særleg utfordring i dyrevernarbeidet. Sakene har oftast òg menneskelege sider. Det er derfor nødvendig med styrkt tilsyn og utvida samarbeid mellom fleire offentlege aktørar og landbruket sitt eige organiserte nettverk for å førebyggje og avdekkje slike saker i tide.

Mattilsynet har sett i verk eit arbeid med å utvikle ein ny tilsynsmodell for forsøksdyr for å betre ressurstilgangen til og kvaliteten på tilsynet med forsøksdyr, både i forsøksdyravdelingar og i feltforsøk.

Målet om miljøvennleg produksjon

Mattilsynet vil medverke til oppfylling av matlova sitt føremål om å ivareta miljøvennleg produksjon.

Mattilsynet vil innan rammene av matlovgjevinga ta del i arbeidet med å følgje opp regjeringa sin tverrsektorielle nasjonale strategi med tiltak mot framande skadelege artar. Arbeidet med oppfølging av handlingsplanen for bruk av plantevernmiddel vil òg bli ført vidare.

Målet om god kvalitet og ærleg produksjon og omsetnad

Mattilsynet skal arbeide for at mat og drikkevatn har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgd.

Det blir arbeidd vidare med oppfølging av regelverket om sporing, merking og godkjenning av prosessert genmodifisert mat og fôr, og Mattilsynet vil utarbeide rettleiingsmateriale og retningslinjer til hjelp for aktørane. Mattilsynet fører òg tilsyn med levande genmodifiserte organismar etter delegert myndigheit frå Miljøverndepartementet.

Utfordringane knytt til kosthaldet i befolkninga gjer at Mattilsynet i 2008 vil sluttføre arbeidet med å greie ut metodar og krav til ernæringsmerking av mat i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet. Samarbeidet med Sosial- og helsedirektoratet om overvaking av kosthaldet i befolkninga og av matvarene sin samansetting vil bli ført vidare. Dette er nødvendig mellom anna som grunnlag for å utarbeide risikovurderingar.

Det er nødvendig med oppfølging av forskrifta om kosttilskott og naturmiddel i lys av resultata frå tilsynskampanjen i 2006.

Merking av opphav er eit sentralt tema for forbrukarane. Mattilsynet samarbeider med næringa om utarbeiding av rammer for frivilleg merking av opphav.

Mattilsynet har ansvar for tilsynet med økologisk produksjon. DEBIO utfører dette tilsynet på vegne av Mattilsynet.

Mattilsynet skal vidare forvalte og føre tilsyn med ordninga Beskytta nemningar. Matmerk har ansvar for den førebuande saksbehandlinga. Ein tek sikte på å sluttføre ein gjennomgang av den vidare organiseringa av forvaltninga av denne ordninga i 2008.

Mattilsynet tek i 2008 sikte på å gjennomføre ein tilsynskampanje knytt til villeiande marknadsføring av mat og ein tilsynskampanje med fokus på fiskeråstoff levert ved landing.

Mattilsynet vil ta del i arbeidet med revisjon og oppfølging av tiltak etter Handlingsplanen for forbrukerretting av matpolitikken og i oppfølginga av ny handlingsplan for betre kosthald i befolkninga.

Mattilsynet fører tilsyn med kosmetikk og kroppspleieprodukt. Mattilsynet vil i samarbeid med Folkehelseinstituttet sette i drift eit nytt register for biverknader ved bruk av slike produkt.

Dyrehelsepersonell

Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos veterinærar og anna dyrehelsepersonell.

Det er auka merksemd kring veterinærane og fiskehelsebiologane sitt ansvar for bruken av legemiddel til fisk og dyr. Mattilsynet må leggje vekt på tilsyn med at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med bruk av legemiddel.

Post 22 (ny) Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

I budsjettet for 2007 blei det løyvd 5 mill. kroner til Mattilsynet til dekning av reguleringspremie på kap. 1115 post 01. Mattilsynet sine kostnadar knytt til dekning av reguleringspremien i 2008 er no berekna til 10 mill. kroner. Løyvinga til dette formålet under kap. 1115 post 01 på 5 mill. kroner er foreslått flytta over på ny post 22. I tillegg er det gjort framlegg om ein auke på 5 mill. kroner knytt til nye anslag.

Ein gjer framlegg om ei løyving på posten på 10 mill. kroner.

Post 23 (ny) Særskilde prosjekt

Det er sett av 15 mill. kroner på posten til utgifter knytt til arbeidet med å leggje grunnlag for betre system for sporing av mat. Målet er å etablere ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda innan utgangen av 2010. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap, auka mattryggleik og auka verdiskaping i alle ledd.

Eit forprosjekt leverte ein rapport i januar 2007. Prosjektdirektør er tilsett, og det er etablert et eige sekretariat. Fleire pilotprosjekt er sett i gang innanfor områda fisk, kjøtt, korn samt frukt og grønt. Tilgangen og kvaliteten på grunndata er viktig. Eit delprosjekt for å betre kvaliteten på, tilgangen til og samordninga av grunndata blir etter planen sett i gang hausten 2007. Det er eit mål at det skal vere lagt til rette for felles elektroniske grunndataregister for både matbransjen og matstyresmaktene innan utgangen av 2010. Parallelt tek ein sikte på å leggje til rette for ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda.

Post 70 Tilskott til veterinær beredskap

Resultatrapport 2006

Mattilsynet har medverka til veterinærdekninga i heile landet gjennom administrasjon av klinisk veterinærvakt. Arbeidet har bestått i å sørgje for bemanning av veterinærvakta og utbetaling av tilskott til vaktdeltakarane.

Budsjettframlegg 2008

Løyvinga på posten blir nytta til å dekke kostnadene ved klinisk veterinærvakt.

Landbruks- og matdepartementet har i Ot.prp. nr. 68 (2006-2007) gjort framlegg om å etablere eit kommunalt ansvar for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Som ein konsekvens av dette, blir ansvaret for klinisk vakt for dyrehelsepersonell overført til kommunane, sjå nærmare omtale under kap. 1143 post 60 Tilskott til veterinærdekning.

For å dekke staten sine betalingsplikter for vaktteneste utført i 2007, blir det gjort framlegg om ei løyving på 7,5 mill. kroner på posten.

Post 71 Tilskott til erstatningar

På posten vil det bli ført midlar til utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevernlova § 6 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det òg bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevernlova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.

Kap. 4115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Gebyr m.m.

652 656

128 725

124 631

02

Driftsinntekter og refusjonar m.v.

7 068

1 038

1 066

15

Refusjon, arbeidsmarknadstiltak

288

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

12 343

18

Refusjon sjukepengar

15 660

Sum kap. 4115

688 015

129 763

125 697

Post 01 Gebyr m.m.

Frå 2007 blei inntekter frå avgifter i matforvaltninga skild ut frå posten og budsjettert på kap. 5576 post 70.

Ein tek sikte på å føre vidare det tredelte systemet for finansiering som blei etablert i 2004. Den første delen gjeld innkrevjing av gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld innkrevjing av gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar og er klart avgrensa i forhold til andre tilsyns- og kontrolloppgåver i matforvaltninga. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Det tredelte systemet er vurdert å vere i samsvar med dei retningslinjene som gjeld for gebyr og for ordningar med sektoravgifter.

Det er ved budsjettering lagt til grunn at gebyrsatsane i 2008 vil bli lønns- og prisjustert. Når det gjeld gebyret ved innførsel av levande dyr og animalske produkt, vil dette bli gjennomgått i lys av krava i EU si kontrollforordning.

Tabell 2.1 Oversikt over gebyr under kap. 4115

(i mill. kr)

Nemning

Beløp

Gebyr for særskilte ytingar:

13,3

Gebyr for tilsyn og kontroll:

Innførsel av levande dyr og animalske produkt

12,0

Kjøttkontroll

91,3

Andre gebyr:

Gebyr for oppfølgjande tilsyn

7,0

Andre gebyr, tvangsmulkt m.v

1,0

Sum gebyr

124,6

For ein oversikt over avgifter i matforvaltninga syner ein til kap. 5576 post 70.

Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.v.

På posten vil ein mellom anna føre diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel etter oppdrag frå Statens legemiddelverk, tilsyn med levande GMO, samt oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil ein òg føre inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.

Programkategori 15.20 Forsking og innovasjon

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1137

Forsking og innovasjon:

340 675

367 873

361 111

-1,8

Sum kategori 15.20

340 675

367 873

361 111

-1,8

Det er eit hovudmål å føre ein landbruks- og matpolitikk som held ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Landbruks- og matforskinga er eit sentralt middel for å nå dette overordna målet. Forskinga skal ha internasjonal kvalitet og medverke til å fremme ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet.

Målretta forsking og forskingsbasert innovasjon har vore viktige kriteria for mange av landbrukets suksessar. Mellom anna er kunnskap frå forsking grunnlaget for at Noreg i dag er nær sjølvforsynte med korn. Eit anna døme er den internasjonale suksessen knytt til norsk husdyravl. Innovasjon i skjeringspunkt mellom forskingsmiljø og næringsliv har gitt oss eit friskt og fruktbart storfe- og svinemateriale. Dette har igjen lagt grunnen for Norsvin og GENO sin internasjonale verksemd, som i dag har avgjerande økonomisk verdi for fortsett nasjonal satsing på forsking og utvikling på området med basis i norske fortrinn.

Landbruks- og matsektoren er ein stor sektor. Innanfor området matproduksjon og skogbaserte næringar, fordelt på primærproduksjon og relatert industri, er det i dag over 130 000 årsverk i Noreg. Landbruket har nokon av dei mest komplette verdikjedene innanfor norsk næringsliv, frå utdanning, forsking og produksjon av innsatsvarer og fram til forbrukarane. Jordbruksbasert matvaresektor har ein produksjonsverdi på meir enn 100 mrd. kroner, og utgjer om lag 21 pst. av den samla produksjonsverdien i industrien. For skogbruk, skogindustri og bioenergi utgjer produksjonsverdien over 40 mrd. kroner. I tillegg kjem inntekter frå andre næringar knytt til landbruk som aukar frå år til år.

Norsk landbruk må vidareutviklast med sikte på auka konkurransekraft. Landbruks- og matdepartementet vil føre ein innovasjonspolitikk som medverkar til å løfte fram produksjonar som har komparative føremoner, og som er i tråd med krava frå forbrukarar. Landbruks- og matdepartementet legg vekt på å føre ein brei innovasjonspolitikk der dei viktigaste næringane er mat-, tre-, energi- og tenesteproduksjon. Målet med politikken er auka konkurranseevne og lønnsemd i desse næringane, samtidig som ein tek omsyn til miljøet. Sentralt i arbeidet står verdikjedeperspektivet, der offentleg innsats går ut på å utvikle alle delane av verdikjeda ved å støtte tiltak som realiserer marknadsmoglegheiter, og som reduserer eller fjernar hindringar i verdikjeda.

Landbruks- og matdepartementet er opptatt av at innovasjonspolitikken er fleksibel og tilpassa ulike næringar sine behov og moglegheiter og regionale føremoner i ulike delar av landet. Dette betyr mellom anna fleksibilitet og kunnskap om lokale forhold hos aktørar i ulike delar av landet. I den samanheng er det nødvendig å ha ein tett dialog med næringsaktørar ute i fylka.

Gjennom god dialog med næringsaktørane for å leggje til rette for gode rammevilkår i lovverk og verkemiddel, har Landbruks- og matdepartementet medverka til høg innovasjonsaktivitet innanfor alle typar næringar i landbruket. Mellom anna innanfor tenesteytande næringar som reiseliv og Inn på tunet er det på relativt kort tid etablert mange innovative bedrifter og marknadstilpassa produkt. Men òg innanfor energiproduksjon, medrekna både bioenergi og småskala vasskraftproduksjon, er det ein stor auke i aktiviteten.

Mat- og skogbrukssektoren er i stor grad stadbunden og dannar òg grunnlag for anna sysselsetjing og verdiskaping i store delar av landet. Sektoren er òg sentral for å ivareta og produsere kollektive gode som kulturlandskap, rekreasjonsområde, identitet og kultur.

På grunn av den store breidda og dei komplekse verdikjedene, må forskinga ta omsyn til eit breitt spekter av utfordringar og fagområde. Forskinga skal ikkje berre vere eit verkemiddel for å auke konkurransekrafta i sektoren og utvikle nye marknader, produkt og tenester. Den skal òg leggje grunnlag i samfunnet for tillit til norsk mat, matproduksjon og dyrehald og at forvaltninga av skogen skjer på ein berekraftig måte. Forskinga har ei viktig rolle i å dekkje kunnskapsbehov knytt til politikkutforming, forvaltning og ivaretaking av forbrukaromsyn.

Dei særskilde geografiske, klimatiske og økonomiske tilhøva skaper utfordringar for landbrukssektoren. Som ein del av oppfølginga av St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand og St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk, vil Landbruks- og matdepartementet arbeide for å auke produksjonen av ny fornybar energi først og fremst bioenergi – både i fast form, flytande og som biogass til stasjonær varme, straum og til biodrivstoff. Landbruks- og matsektoren har behov for meir kunnskap om konsekvensane av dei framtidige klimaendringane for naturbaserte næringar. Det er òg behov for å få meir kunnskap om skogen si rolle i karbonkrinsløpet og tilsvarande for jordbruksareala. Vidare er det behov for å vite meir om klimagassutsleppa frå jordbruket, særleg lystgass.

Forskingspolitikken til Landbruks- og mat­departementet er knytt til dei landbruks- og matpolitiske måla og regjeringa sin politikk gjennom m.a. St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning og Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon for 2008. Forskingsmeldinga legg særskilt til grunn ei styrking av dei tematiske områda energi og miljø, mat, hav og helse.

Auka internasjonalisering og internasjonalt forskingssamarbeid er viktig som grunnlag for innovasjon og utvikling av ein konkurransedyktig og kunnskapsbasert landbruks- og matsektor. Internasjonalt forskingssamarbeid medverkar til auka kvalitet og fornying i norsk forsking, og er særs viktig for inntak av ny kunnskap.

Forskinga knytt til næringsutvikling i sektoren er eit viktig bidrag i regional- og distriktspolitikken. Sentralt står kompetanseutvikling og ein instituttsektor som medverkar til auka regional og lokal næringsverksemd og innovasjon, ved å utnytte stadbundne fordelar og potensial.

Forsking knytt til utfordringane i nordområda skal prioriterast innanfor dei ulike forskingsprogramma. Temaområde som arktisk landbruk, reindrift, fornybar energi og reiseliv med fokus på næringsaktivitet og busetjing i nord vil vere sentrale.

På grunnlag av Ot.prp. nr. 58 (2005-2006) Om lov om behandling av etikk og redelighet i forsking, er det vedteke ei lov som blei sett i kraft 1. juli 2007. Samtidig vil det bli oppnemnt eit utval for behandling av saker om heiderleg framferd (Granskingsutvalet). Dette er nærmare omtalt i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon. Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at all forsking skal være etisk og miljømessig forsvarleg og følgje dei normer og reglar som gjeld.

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein ny strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon for perioden 2007-2011. Strategien presenterer Landbruks- og matdepartementet sine forskingspolitiske mål og er retningsgjevande for prioriteringar og styring av landbruks- og matforskinga. Strategien må setjast i samband med Landbruks- og matdepartementet sin næringsstrategi Ta landet i bruk!. Med utgangspunkt i målet om auka verdiskaping i landbruket, er det viktig å sjå sektoren sin innsats innanfor næringsutvikling, innovasjon og forsking i heilskap. Dette er ikkje minst nødvendig i eit samfunn kor kunnskapselementet utgjer ein stadig større del av konkurransekrafta.

Målområde for forsking og forskingsbasert innovasjon

Prioriterte målområde for forskings- og innovasjonspolitikk:

Forsking med høg kvalitet og relevans

Landbruks- og matforsking skal ha høg sektorrelevans og internasjonal kvalitet. Det er eit mål å vidareutvikle dei forskingsmiljøa som i dag arbeider innanfor sektoren, samtidig som det er eit mål å sikre eit breiast mogleg engasjement i heile det norske forskingssystemet for å løyse utfordringane i sektoren.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Forskingsarbeid generelt skjer i samarbeid på tvers av landegrenser, og stadig meir av midlane blir fordelt internasjonalt. Landbruks- og matdepartementet vil prioritere internasjonalt samarbeid innanfor landbruks- og matforskinga. Dette skal medverke til auka kvalitet og fornying i forskinga innanfor sektoren, og til innhenting av internasjonal kunnskap. Landbruks- og matdepartementet vil òg medverke til den internasjonale politikkutforminga på området.

Forskingsbasert innovasjon og kommersialisering

Innovasjonsgraden i landbruks- og matsektoren skal aukast. Forskingsmiljøa skal medverke til auka konkurransekraft og bedriftsetableringar i sektoren, gjennom overføring av kompetanse til marknadsaktørane. Som ein del av dette skal forskingspolitikken betre forholda for forskarar og forskingsmiljø som ønskjer å kommersialisere resultat frå forskinga.

Kunnskapsutvikling for forvaltninga

Forsking er nødvendig for ei landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og effektivitet. Oppdatert vitskapleg kompetanse om sektoren er sentralt for å ta vare på landbruks- og matsektoren sin tillit og legitimitet i samfunnet.

Forskingskommunikasjon og forskingsformidling

Forskingskommunikasjonen skal betrast. Forskingsresultat skal gjerast meir synlege for å sikre sektoren sin tillit i samfunnet, og vise verdiskapingspotensialet i eit auka samarbeid mellom forsking og næringsliv. Ein god forskingskommunikasjon bidreg til nytenking og inspirasjon i næringa, og er eit sentralt verktøy for å nå dei overordna landbruks- og matpolitiske måla.

Gjennomføring av politikken

Forsking med høg kvalitet og relevans

Forsking og forskingsbasert innovasjon er viktige verkemiddel for å nå dei landbrukspolitiske måla. Langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging er avgjerande for at landbruks- og matsektoren kan møte morgondagens moglegheiter og utfordringar. I denne samanhengen legg Landbruks- og matdepartementet vekt på at forskinga skal ha både høg vitskapleg kvalitet og relevans for sektoren.

Landbruks- og matdepartementet sin forskingspolitikk har som mål å leggje til rette for at forskinga og forskingsmiljøa har ein høg internasjonal vitskapleg kvalitet. Det er òg viktig å ha eit engasjement på område og problemstillingar der nytta og bruken av resultata framleis er uklar. Samtidig skal forskingspolitikken bidra til utvikling av forskingsprogram, verkemiddel og forskingsmiljø, som prioriterer forsking med høg relevans og nytteverdi for aktørane innanfor landbruks- og matsektoren. Departementet vil fortsetje å styrkje den næringslivsfinansierte forskinga gjennom auka bruk av brukarstyrte prosjekt gjennom forskingsprogram.

Den grunnleggjande forskinga er sentral for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Ansvar for finansiering av denne type forsking ligg primært hos Kunnskapsdepartementet og i bruken av Fondet for forsking og nyskaping. Kunnskapsdepartementet vil i løpet av våren 2008, leggje fram ei stortingsmelding om rekruttering og forskarutdanning for å sikre god og dekkjande rekruttering.

Gjennom forslaget til nytt basisfinansieringssystem for instituttsektoren legg regjeringa vekt på at hovudføremålet med basisløyvinga framleis skal vere å sikre institutta sin forskingsfaglege kvalitet, samt evne og moglegheit til langsiktig kompetanseoppbygging, jf. nærmare omtale under kap. 1137 og i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er eit viktig middel for auka kvalitet og fornying i norsk forsking og er særskilt viktig for oppbygging av ny kunnskap. Det meste av den grunnleggjande kompetanseutviklinga skjer internasjonalt, mens bruken må reflektere nasjonale tilhøve. Landbruks- og matforskinga har lang tradisjon for internasjonalt samarbeid innanfor eit nordisk perspektiv, som deltakar i EU sitt rammeprogram og gjennom samarbeid med Nord-Amerika. Landbruks- og matforskinga skal prioritere å delta i den grunnleggjande kunnskapsutviklinga på område der Noreg er leiande internasjonalt og der Noreg har særeigne utfordringar.

Det nordiske forskings- og innovasjonssamarbeidet har fått eit løft gjennom etableringa av NordForsk og Nordic Innovation Center. Desse organisasjonane skal medverke til å samle gode forskings- og innovasjonsmiljø i nordiske nettverk slik at dei blir konkurransedyktige internasjonalt. Landbruks- og matdepartementet legg stor vekt på at SamNordisk Skogforsking og Nordisk kontaktorgan for jordbruksforsking utviklar eit nært samarbeid med NordForsk og Nordic Innovation Center.

EU sitt sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar er verdas største forskingsprogram i sitt slag. Deltaking i programmet har ringverknader ut over det konkrete prosjektsamarbeidet. Forskingsinstitutta får ny moglegheit for oppdrag gjennom si deltaking, og bedriftene sitt samarbeid både med kundar og leverandørar i prosjekta gir nye moglegheiter i marknaden.

For å påverke forskingsagendaen innanfor landbruks- og fiskerelatert forsking i Europa, skal Noreg halde fram med å delta i den europeiske komité for landbruksforsking Standing Committee on Agricultural Research (SCAR).

Departementet har store forventningar til det bilaterale samarbeidet med Nord-Amerika når det gjeld synlege resultat og samarbeid med næringa. Departementet har prioritert forsking på mat­tryggleik og bioenergi, samt kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd. Dette er område som òg er sentrale i EU sitt sjuande rammeprogram.

Forskingsbasert innovasjon og kommersialisering

Landbruks- og matdepartementet vil medverke til å auke forskingsbasert innovasjon gjennom Noregs forskingsråds program, instituttpolitikken, kontakta med universitets- og høgskolesektoren og det offentlege verkemiddelapparatet, og gjennom internasjonalt samarbeid. Statsråden sitt kontaktutval for næringsutvikling blir vidareført i ein form kor forskingsbasert innovasjon har auka merksemd.

Kunnskapselementet utgjer som i andre næringar ein aukande del av grunnlaget for å styrkje konkurransekrafta i landbruks- og matsektoren. Auka samarbeid mellom forskingsmiljø og næringsaktørar i landbruks- og matnæringa, vil både styrkje næringa sine moglegheiter i marknaden og medverke til å møte mange utfordringar til ein sektor prega av mange og små føretak. Dei som driv aktivt i næringa har trong for eit tilbod om kontinuerleg kompetanseheving for å kunne vidareutvikle bedrifta og møte nye krav frå forbrukarane og samfunnet. Forskinga må bidra til dette, men det er og viktig at vidaregåande skular og fagskular kan tilby ei god grunnutdanning for ungdom som skal inn i næringa. I tillegg må det leggjast til rette for god og fleksibel opplæring for vaksne.

Landbruks- og matdepartementet vil føre ein forskingspolitikk som stimulerer til auka kunnskapsoverføring mellom forskingsmiljøa, næringa og dei enkelte føretaka. Det blir venta at òg forskinga og forskingsmiljøa i landbruks- og matsektoren aktivt søkjer å bidra til innovasjon i næringa.

Landbruks- og matdepartementet legg vekt på utvikling av regionale innovasjonssystem. Med dette meiner ein utvikling av eit godt samarbeid mellom verksemder, næringsliv, kapital og forsking innanfor naturlege geografiske område. Dette vil mellom anna leggje til rette for ny teknologi, nye og utbetra produksjonsmetodar og evne til å kommunisere med marknaden.

Auka involvering og delfinansiering frå næringslivet, der FoU- avgiftene i landbruket er sentrale, er prioritert i programsatsingane til Forskingsrådet. Dette skal vidareførast, samtidig som aktivitet og program som knyt næringsliv og forsking tettare saman skal prioriterast.

Evna til endring og utvikling i ein sektor er nært knytt til korleis den tek i bruk ny kunnskap. På same måte er det å hente inn ny kunnskap vesentleg for økonomisk utvikling i bedrifta. Departementet vil medverke til at instituttsektoren på landbruks- og matområdet i auka grad prioriterer innovasjon og kommersialisering av forskingsresultat, og legg vekt på dette i oppfølginga av institutta.

Omstruktureringa av forskingsinstitutta innanfor den blå-grøne sektoren gjennom etableringa av NOFIMA AS, er eit viktig ledd i å tilby næringslivet heilskaplege løysningar og eit nasjonalt forskingsmiljø i internasjonal front med sikte på å auke innovasjon og kommersialisering i næringane, sjå nærmare omtale kap. 1137 post 51.

Departementet ventar at Forskingsrådet, Innovasjon Norge og institutta samarbeider for å auke innovasjonsgraden i sektoren knytt til kommersialisering av forskingsresultat. Mellom anna er det viktig å følje opp anbefalingar i rapport frå mai 2007 der arbeidet med kommersialisering av forskingsresultat gjennom FORNY i Noregs forskingsråd er evaluert. I rapporten blir det peikt på at det ligg eit forbetringspotensial i å utvikle meir heilskaplege verkemiddel og ordningar som medverkar til å utvikle solide kommersialiseringsprosjekt. Mellom anna bør noverande og framtidige finansieringsordningar med offentleg involvering bli betre samkjørt. Ein må òg gjere samanhengen mellom offentlige verkemiddel meir tydeleg.

Kunnskapsutvikling for forvaltninga

Forskingsmiljøa har ei sentral oppgåve i å forvalte internasjonal kunnskap som beredskap i særskilte samanhengar. Departementet legg til grunn at landbruks- og matforvaltninga brukar resultat frå forsking og samarbeider med forskingsmiljø for å sikre høg kvalitet og effektivitet i sitt arbeid. Forsking er ein viktig bidragsytar med kompetanse inn i politikkutviklinga innanfor landbruks- og matsektoren. Departementet vil mellom anna prioritere meir forsking og kunnskap knytt til utfordringar ved sporing av mat og meir kunnskap på bruk av bioenergi. Landbruks- og matdepartementet viser til omtale under kap. 1137 Forsking og innovasjon for ein nærmare omtale av dei forskingspolitiske prioriteringane for 2008.

Forskingskommunikasjon og forskingsformidling

Forskingskommunikasjon er viktig for å auke samhandlinga mellom næringsliv og forskingsmiljøa og skal medverke til å auke kvaliteten og relevansen i forskinga. Forskingskommunikasjon skal sikre at næringsliv og forvaltning har tilgang på og kan gjere seg nytte av resultat frå forsking på ein mest mogleg effektiv måte.

Forskingskommunikasjonen skal gi befolkninga oppdatert kunnskap på landbruks- og matsektoren. Det er viktig å synleggjere korleis eit aktivt landbruk og norsk matproduksjon medverkar til å oppnå ulike samfunnspolitiske mål. Aktiv forskingskommunikasjon er òg sentralt for å sikre sektoren sin legitimitet og tillit i samfunnet.

Ein god forskingskommunikasjon er avhengig av at alle aktørar innanfor landbruks- og matsektoren prioriterer å styrkje arbeidet innanfor dette området. Landbruks- og matdepartementet forventar at institutta og Forskingsrådet held fram med å prioritere formidling av kunnskap frå forsking til aktuelle samfunnsaktørar.

Prioriterte forskingsområde

Dei prioriterte forskingsområda innanfor landbruks- og matsektoren skal i hovudsak ta utgangspunkt i kunnskapsbehova til næringsaktørane i heile verdikjeda.

I Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon (2007-2012) er dei prioriterte kunnskapsbehova fordelt på fem tematiske og eit teknologisk område. Innanfor desse ser departementet, forvaltninga, næringane og kunnskapsmiljøa behov for styrkt innsats innanfor forsking og innovasjon som ledd i auka konkurransekraft og verdiskaping. Dei tematiske områda er knytt til St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning og prioriteringar i EU sitt 7. rammeprogram for forsking. Ein viser til omtale i kap. 1137 Forsking og innovasjon for ein nærmare omtale av prioriteringane for budsjettet 2008.

Mat, helse og forbrukar

Forskingsområdet er knytt til dei to prioriterte områda mat og helse i Forskingsmeldinga. Matpolitikken har som hovudmål at maten skal vere trygg, men ein legg og mellom anna vekt på at forbrukarane skal få mat med riktig kvalitet produsert på ein etisk forsvarleg måte. Sjå nærmare omtale av dei matpolitiske måla i kat. 15.10. Landbruks- og matdepartementet har eit særskilt ansvar for at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at sluttproduktet fyller dei matpolitiske måla med omsyn til helse, miljø og forbrukarane sine ønskjer.

Tre og energi

Forsking på området tre og bioenergi skal betre utnyttinga av landbruksressursane til verdiskaping, og medverke til å nå måla i den nasjonale energi- og miljøpolitikken.

Landbruks- og matdepartementet vil støtte opp under næringa sine mål om auka verdiskaping og bruk av tre. I samband med dette er det nødvendig med auka kompetanse og kunnskap i alle ledd frå skogen til marknaden for skog- og trebaserte produkt. Auka bruk av tre krev ny og betre kunnskap om trevirket sine tekniske og miljømessige eigenskapar og moglegheiter, samt effektive produksjonsmetodar for å få tak i ønskt material. Landbruks- og matdepartementet vil òg styrkje den næringsretta forskinga innanfor bioenergi medrekna biogass og biodrivstoff. Forsking innanfor sistnemnde skal vere ein viktig bidragsytar til at Noreg blir eit av dei leiande landa i å utvikle 2. generasjon biodrivstoff basert på trevirke, og anna biomasse.

Tenester

Innanfor tenesteproduksjon i landbruket er det fleire næringar med stort potensial. Her blir i første rekkje grønt reiseliv og grøne omsorgstenester framheva. Forsking og forskingsbasert innovasjon vil vere viktig for å realisere vekstmoglegheitene i desse næringane.

Miljø og ressursforvaltning

Forskingsområdet er knytt til dei tematiske prioriteringane energi og miljø frå St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning. Viktige forskingsspørsmål på dette området omfattar økologiske samanhengar i naturen og positive og negative effektar av landbruksaktivitet, mellom anna miljøeffektar av nye næringar relatert til landbruket. Det er behov for auka kunnskap om biologisk mangfald i kulturlandskapet og konsekvensar av endringar i landbruket. I tillegg er det stor etterspurnad etter forsking på kva for ein effekt klimaendringar har på dei biologiske systema, og korleis dette påverkar næringsverksemder innanfor jordbruket, skogbruket, reindrifta og reiselivet. Ny kunnskap om problemstillingar relatert til bruk og vern av verneområde er òg prioritert.

Landbruk og samfunn

Kunnskapsområdet omfattar forsking på rammer for norsk landbruk og dei fleirsidige rollene landbruket har i samfunnet.

Forskinga skal fokusere på viktige samfunns- og marknadsforhold som påverkar norsk landbruk og landbruksrelatert industri. Forsking skal òg sikre samfunnets tillit til sektoren når det gjeld norsk mat, matproduksjon og dyrehald.

Bioteknologi

Bioteknologien aukar moglegheitene for å forstå dei biologiske mekanismane som styrer utvikling av biologiske organismar, noko som gir potensial for å nytte slike ressursar på ein meir innsiktsfull måte. For Landbruks- og matdepartementet er det viktig at ny kunnskap blir nytta både til å gi nødvendig kunnskapsstøtte til ein del krevjande politiske prosessar som følgjer av teknologien, og til å ta ut verdiskapingspotensialet i sektoren.

Finansieringsordningar

Kategorien omfattar departementet sine løyvingar over kap. 1137, m.a. finansiering av forskingsprogram i sektoren, samt basisløyving m.m. til fem av landbruks- og matforskingsinstitutta. I tillegg inneheld løyvinga basisfinansiering til AKVAFORSK. AKVAFORSK er frå 2008 ein del av NOFIMA AS. Landbruks- og matforskinga kan òg få løyvingar frå avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. Næringane sin medverknad til finansiering av forsking innanfor landbruks- og matsektoren skjer hovudsakleg gjennom forskingsavgifter, jordbruks- og reindriftsavtalen og gjennom næringslivet sin eigendel i brukarstyrte prosjekt i forskingsprogramma. Som ein følgje av landbruket sin næringsstruktur, der den enkelte verksemd har liten moglegheit til å finansiere forsking, er det kollektive samarbeidet som Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og næringsfond representerer ei hensiktsmessig samarbeidsform.

Tabell 2.2 Samla oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmidlar som finansierer FoU innanfor norsk mat- og landbruksforsking. (Tal frå 2007)

(i 1 000 kr)

Område

Beløp

Kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet

151 266

Kap. 1137 post 51 Basisløyving til forskingsinstitutt m.m.

190 379

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen

40 000

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen (Reindrifta sitt utviklingsfond)

4 500

Fondet for FoU-avgift på landbruksprodukt1

115 000

FoU-avgift på skogsvirke (Skogtiltaksfondet)1

5 315

Utviklingsfondet i skogbruket (kap. 1149 post 51)

3 270

Forsking over Omsetningsavgifta

10 000

Sum

519 730

1  Tal frå 2006 ekskl. administrasjonsutgifter

Departementet har òg løyvingar til kunnskapsutvikling og beredskap, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, og utviklingsoppgåver over kap. 1112, 1115, 1141 og 1147.

Departementet vil følgje opp måla i forskingsmeldinga om å auke den samla forskingsinnsatsen til 3 pst. av BNP i 2010, mellom anna ved å leggje til rette for auka deltaking frå næringslivet. I dei tre forskingsprogramma, Matprogrammet, Areal og FoU-programmet TRE, er det lagt vekt på auka bruk av brukarstyrte prosjekt. Dette medverkar til auka næringsfinansiering. I 2006 blei om lag 50 mill. kroner løyvd til brukarstyrte prosjekt innanfor dei relevante forskingsprogramma. Det vil seie prosjekt i kontrakt med bedrifter og organisasjonar i landbruks- og matnæringa. Desse midlane utløyste omkring 95 mill. kroner frå andre kjelder, hovudsakleg frå næringa sjølv, slik at totalt prosjektomfang for dei brukarstyrte prosjekta var om lag 145 mill. kroner. Landbruks- og matdepartementet vil i fellesskap med Forskingsrådet halde fram med å følgje opp verkemiddelbruken.

Skattefunn

Ordninga med skattefrådrag for FoU-kostnader (SkatteFUNN) er eitt av fleire middel for å fremme forsking og utvikling i næringslivet. I 2006 blei det godkjent opp mot 1 800 SkatteFUNN-prosjekt. Av desse kan vel 350 prosjekt definerast til å vere innanfor den tematiske satsinga på mat. Det vil seie at kvart femte godkjente SkatteFUNN-prosjekt i 2006 låg innanfor matsatsinga. Av dei godkjente Skattefunnprosjekta innanfor det tematiske område mat, var om lag 110 prosjekt klassifiserte som jordbruk/mat med eit totalbudsjett på nesten 150 mill. kroner. Dette gir eit snitt på godt over 1,3 mill. kroner pr. prosjekt i 2006. Talet på jordbruksprosjekt har auka frå 2005. Landbruksrelaterte bedrifter har stor nytte av ordninga, og Landbruks- og matdepartementet vil bidra til at fleire verksemder innanfor sektoren blir kjent med og deltek.

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

50

Forskingsaktivitet

151 266

151 266

157 536

51

Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

183 409

190 379

190 379

52

Omstillingsmidlar Bioforsk

6 000

26 228

13 196

Sum kap. 1137

340 675

367 873

361 111

Kap. 1137 omfattar løyvingar til forskingsaktivitet, hovudsakleg i regi av Forskingsrådet (post 50), basisløyvingar til forskingsinstitutta innanfor departementet sitt sektoransvar (post 51) samt løyving til omstillingstiltak i Bioforsk (post 52). Basisløyvingane omfattar grunnløyving, strategiske instituttprogram og nasjonale oppgåver.

Ein gjer framlegg om 361,1 mill. kroner til landbruks- og matforskinga i 2008. Reduksjonen i løyvinga til forsking i 2008 utgjer 1,8 pst. og har si årsak i eingongsløyvinga til omstillingsmidlar til Bioforsk i 2007 på 20 mill. kroner.

Post 50 Forskingsaktivitet

Resultatrapport 2006

Det er lagt vekt på å ta ut meirverdien av å sjå midlane frå Landbruks- og matdepartementet i samanheng med andre offentlege og private midlar til forsking og utvikling. Dei tre næringsretta verkemiddelaktørane, Noregs forskingsråd, Innovasjon Norge og SIVA, har inngått ei samarbeidsavtale for 2005-2007, og det har mellom anna vore samarbeid innanfor matsektoren og nordområda. Ordninga med regionale representantar for Forskingsrådet er vidareført. Det er lagt endå sterkare vekt på korleis Forskingsrådet kan samspele med det regionale nivået og vere meir synlege på den regionale arenaen for å få til auka forsking og utvikling i næringslivet og i FoU-institusjonar, som er av interesse for næringslivet i regionane. Den positive utviklinga av samarbeidet mellom styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt / Forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Noregs forskingsråd er vidareført. Forskingsmidlar frå Fondet og Jordbruksavtalen er lyst ut saman med midlar frå Forskingsrådet. Dette har gitt ein effektiv og godt koordinert bruk av midlane, der næringa sjølv har ein vesentleg påverknad på prioriteringane som blir gjort.

Dei åtte verdikjedeprogramma som Forskingsrådet dreiv og som var retta mot primærnæringane og avleidd verksemd, blei avslutta ved utgangen av 2005. Som eit ledd i resultatformidlinga og for å markere slutten på programperioden, blei det hausten 2006 gitt ut ei rapportsamling frå programma med tittelen Bærekraft og innovasjon i blått og grønt. I alt blei det gjennomført forsking for nærmare 2 mrd. kroner fordelt på nesten 1 400 prosjekt i desse programma.

Frå og med 2006 er det etablert ein ny programstruktur, og landbruks- og matforskinga er i hovudsak lagt til fire nye program: Arealprogrammet, Matprogrammet, Miljø 2015 og FoU-programmet TRE. Desse programma følgjer opp prioriteringane i St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning både når det gjeld forskingsbasert nyskaping og innovasjon, og gjennom dei tematiske områda mat, helse og energi og miljø. Programma vidarefører fleire tema frå dei tidlegare verdikjedeprogramma, men dei peikar òg på nye kunnskapsbehov. Gjennom ein ny verkemiddelportefølje for innovasjon, og etablering av nye program innanfor landbruks- og matsektoren frå 2006, har Forskingsrådet generelt hatt sterk fokus på auka verdiskaping og på å auke FoU-innsatsen i næringslivet og brukarfinansiering av forskingsprogramma. I 2006 blei om lag 50 mill. kroner løyvd til brukarstyrte prosjekt innanfor dei relevante forskingsprogramma, det vil seie prosjekt i kontrakt med bedrifter og organisasjonar i landbruks- og matnæringa. Desse midlane utløyste omkring 95 mill. kroner frå andre kjelder, hovudsakleg frå næringa sjølv, slik at totalt prosjektomfang for dei brukarstyrte prosjekta var om lag 145 mill. kroner. Løyvingar frå Forskingsrådet til prosjekt i kontrakt med FoU-institusjonane utløyser òg forskingsmidlar frå andre kjelder. Dette er offentlege midlar løyvd av fleire departement direkte til institusjonane, men òg vesentlege summar frå næringslivet, mellom anna gjennom kompetanseprosjekt med brukarmedverking.

Det har vore auka fokus på kommersialisering av forsking, og Landbruks- og matdepartementet gjekk i 2006 for første gang inn med ei løyving til programmet FORNY, som har som hovudmål å auke verdiskapinga i Noreg gjennom kommersialisering av forskingsresultat. Midlane frå Landbruks- og matdepartementet har gått inn i verifiseringsmidlane til FORNY. Desse midlane blir brukt til å styrkje landbruks- og matrelaterte prosjekt hos kommersialiseringsaktørane ved å teste at teknologien fungerer.

Den etterfølgjande resultatrapporteringa er inndelt i høve til dei seks prioriterte forskingsområda i Landbruks- og matdepartementet sin Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon 2007-2012. I tillegg finansierer basisløyvingane til forskingsinstitutta aktivitetar innanfor alle dei seks prioriterte forskingsområda.

Mat, helse og forbruker

Matforvaltninga sitt behov for kunnskap om matvaretryggleik er prioritert, med fokus på framandstoff i mat og sjukdomsframkallande mikroorganismar, virus og parasittar. Næringa deltek òg med finansiering innanfor feltet, mellom anna er eit prosjekt med fokus på E. coli medfinansiert av bransjen. Helsefremjande mat er òg fokusert og fleire prosjekt er starta opp. I arbeidet for helsemessig trygg mat er betre og meir miljøvennleg plantevern prioritert av styresmaktene.

Matprogrammet har lyst ut midlar for å ta opp grunnleggjande problemstillingar knytt til forskingsbehov innanfor dyrehald og dyrevelferd. Betre velferd hos burhøns, avl for betre helse hos gris og betre overleving av smågris gjennom forbetra rutinar og utforming av fødselsbingar, er døme på tema i prosjekt som no er i gang. Matprogrammet har førebels berre ein avgrensa aktivitet innanfor forbrukarforsking, men eit prosjekt som tek for seg forholdet mellom kvalitetsmerking og forbrukarrespons er i gang. Innsatsen på dette feltet vil bli styrkt framover.

Areal- og Matprogrammet har samarbeidd med Fondet for forskingsavgift for landbruksprodukt og Forskingsmidlar over jordbruksavtalen om ei eiga utlysing innanfor økologisk landbruk. Prosjekt er sett i gang innanfor mellom anna kvalitet av økologiske grønsaker og samfunnseffektar av økologisk landbruk.

Både norsk landbruk og det norske forbruksmønstret er i dag i stor endring. Forsking knytt til regionale føremon som følgje av eksempelvis klima, høgde over havet, spesielle artar og breiddegrad gir rom for innovasjon i norsk matproduksjon.

Matprogrammet representerer eit sentralt og vesentleg politikkområde. For å sikre at programmet fokuserer på dei viktigaste forskingsutfordringane i næringa og samfunnet, er det nødvendig med ein god dialog med aktørar i verdikjeda og med dei organa og organisasjonane som er knytt til ulike produksjonsledd fram til forbrukarinteressene. Arbeidet med å leggje til rette slike prosessar starta opp i 2006 og vil bli ytterlegare vektlagt framover.

Tre og energi

Forsking og utvikling knytt til skog og tre har vore tatt hand om i FoU-programmet TRE. Det er sett i gang 13 nye prosjekt i 2006 innanfor alle dei fire prioriterte tema i programmet: Auka marknadskunnskap, betre trematerial og -produkt, berekraftig skogproduksjon og betre lønnsemd i verdikjedene. Det er gjennom fleire år etablert eit godt samarbeid mellom dei ulike sentrale finansieringskjeldene for forsking, utvikling og verdiskaping i skog- og tresektoren. Spesielt er det eit nært samarbeid med Trebasert innovasjonsprogram i Innovasjon Norge.

Forsking og utvikling innanfor bioenergi skjer hovudsakleg innanfor det store programmet RENERGI, men òg til ein viss grad innanfor Arealprogrammet og FoU-programmet TRE og gjennom Utviklingsfondet for skogbruket. I 2006 var det i RENERGI i gang 11 bioenergiprosjekt med ei samla ramme på 8,3 mill. kroner. Norske FoU-miljø deltek også i sju prosjekt i IEA Bioenergy.

Tenester

Arealprogrammet har arbeidd for å få reiselivsperspektivet inn i den vidare FoU-satsinga på kulturlandskap og utmark. Eit stort prosjekt har kopla kunnskap om endring i kulturlandskap i Hardanger og Sogn med studiar av opplevingar ulike turistgrupper har av natur- og kulturlandskap. Gjennom slike prosjekt samarbeider reiseliv og landbruk for å identifisere utfordringar. Skognæringa har fleire prosjekt som skal utvikle utmarkbasert reiseliv, til dømes prosjekt omkring utvikling av bynære skogar og tilhøvet til vern. Det blir òg arbeidd med å kartleggje varer og tenester frå skogen ut over tømmerproduksjon og kartleggje rom for auka økonomisk utvikling lokalt.

Småskala turisme er eit viktig område og forskingsmiljøa arbeider med fleire prosjekt i samarbeid med Norsk gardsmat og bygdeturisme. Prosjekta identifiserer flaskehalsar som mindre samfunn møter når det gjeld samarbeid generelt, kopling til kultur, vilkår for entreprenørskap og nettverk for å kunne bli ein god tenesteleverandør som styrkjer satsing på turisme. Tilbodet innanfor jakt og fiske må utviklast med fleire og betre tenester. Arealprogrammet støttar prosjekt som tek for seg både elg, laksefiske, rype og hjort. Lakseprosjektet byggjer på eit samarbeid mellom grunneigarane til dei store elvane rundt Trondheimsfjorden og skal mellom anna stimulere samarbeid om ei meir profesjonell tilrettelegging av fisket langs elvane. Både med midlar frå Arealprogrammet og frå Jordbruksavtalen har ein i fleire år støtta ei satsing for å leggje til rette for auka Inn på tunet-aktivitet. Dette gjeld særskilt innanfor grøn omsorg med husdyr i landbruket. Arealprogrammet støttar også fleire prosjekt som skal utvikle tilboda frå hestebransjen.

Miljø og ressursforvaltning

Det er aktivitet i Arealprogrammet innanfor tema arealplan og jordvern, forvaltning, kulturlandskap, reindrift og beiteressursar, bruk og vern med vekt på å stimulere ny berekraftig næringsutvikling. Det er avslutta eit prosjekt som har studert verknader av måten verneforvaltninga i dag er organisert på. Mykje tyder på at dei sosiale og kulturelle føresetnadene for effektivt naturvern er undervurdert i norsk naturforvaltning.

Det store programmet NORKLIMA har i monaleg grad medverka til forsking om konsekvensar av klimaendringar for jordbruk og skogbruk. Programmet har i gang ei rekkje prosjekt som tek for seg konsekvensar for produktivitet og økonomi i skogbruk og jordbruk, om endringar med omsyn til skadedyrbelasting og om rom for tilpassingar i boreale skogar. NORKLIMA finansierte jord- og skogbruksrelaterte prosjekt for vel 8 mill. kroner i 2006.

Resultat frå det avslutta programmet Landskap i endring er presentert i tematiske notat om Kulturminne og kulturmiljø, Rovvilt og hjortevilt, Kyst og kulturlandskap, Fjellområde og Friluftsliv og livskvalitet. Notata gir eit breitt overblikk over resultata og vil bli viktige for å sikre forvaltninga tilgang til kunnskap som er bygd opp i mange mindre prosjekt dei siste åra. Programmet Miljø 2015 har ved utgangen av 2006 ti prosjekt innanfor forureiningsforsking. Aktiviteten er konsentrert om eigenskapar ved miljøgifter, effektar av miljøgifter i miljøet og metodar for å kunne seie noko om konsekvensane ved bruk og spreiing av lite kjente forureiningar. Det er òg framleis uavklarte problemstillingar når det gjeld overgjødsling, og forskinga blir vidareført.

Landbruk og samfunn

I jordbrukspolitikken er det viktig å kunne fremme og støtte multifunksjonalitet. Modellar og verkemiddel må utformast, fleire prosjekt arbeider mellom anna med analysar og modellar som skal kunne førebu ulike utfall av dei pågåande WTO-forhandlingane. Det er òg i gang eit prosjekt som ser på om det er råd å fremme og støtte samfunnsmessige positive kvalitetar og ringverknader frå norsk landbruk (grøn støtte). Elles er det avslutta prosjekt med tema som levekår, stillinga til kvinner og rekruttering. Eit prosjekt innanfor temaet matvaretryggleik og krisehandtering er òg under avslutning.

Store prosjekt går føre seg innanfor tema som bygdeutvikling og kulturlandskap. Føremålet er å kunne styrkje den kollektive evna til å sjå handlingsrom og handle i høve til omgjevnader som er i endring. Internasjonalt er matpolitikk og handel med mat eit følsamt politikkområde som inngår i dei fleste globale prosessane om miljø og meir rettferdig utvikling, og det er starta opp eit prosjekt som skal studere Noreg sine posisjonar og handlingsrom i den samanheng.

Det er òg starta opp eit prosjekt om utmarksrettar og samfunnsendring. Prosjektet tek sikte på å bli eit nav som kan styrkje den juridiske sida i fleire prosjekt innanfor bruk og vern, samiske tilhøve, etc. Eit større prosjekt innanfor bruk og vern er avslutta og har retta eit kritisk lys på prosess og fagleg tilnærming i vanskelege vernesaker. Jerven står for det største omfanget av skadar på sau og tamrein, og det er nyleg avslutta eit forskingsprosjekt om jerv. Kunnskapen som her er bygd opp vil bli viktig for framtidig forvaltning.

Bioteknologi

Bioteknologi er ei sentral teknologisk plattform og har vore eit viktig verktøy for fleire av forskingsprogramma og institutta. For Matprogrammet har bioteknologi vore sentralt både for arbeid med prosessering av råvarer og biprodukt og som generelt analyseverktøy. Det er starta opp eit prosjekt i samarbeid med kjøttbransjen i Noreg for å få fram kunnskap om kvifor enkelte E. Coli stammer er sjukdomsframkallande mens andre ikkje er det.

Internasjonalt forskingssamarbeid

Forskingsrådet har arbeidd aktivt for å få dei norske FoU-miljøa og næringslivet til å delta i EU sine rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. I avslutningsåret for det 6. rammeprogrammet til EU (FP6) har norske søkjarar framleis høg suksess og kvar tredje søknad med norsk deltaking har fått utteljing. Noreg hentar ut meir prosjektmidlar enn det landet betalar inn i kontingent til rammeprogrammet. Norske forskarar, næringsliv og forvaltninga får med dette tilgang til den kunnskapsutvikling som skjer i Europa og i andre samarbeidsnasjonar. Arbeidet mot oppstart av det 7. rammeprogrammet til EU (FP7) har hatt stor merksemd i 2006, og Forskingsrådet har fokusert på å støtte aktørar som aktivt har arbeidd for å posisjonere seg inn mot rammeprogrammet. Grunnleggjande produksjonsforsking og skog er langt betre fokusert i FP7 enn i FP6.

Programsamarbeid mellom forskingsprogram i Europa, ERAnet, finansiert frå 6. rammeprogram, utvikla seg vidare i 2006. Fleire ERAnet har i løpet av året nådd det endelege målet om utlysing av midlar til internasjonale forskingsprosjekt. Matprogrammet har i ERAnetta CORE organic og SAFEFOODERA medverka ved utlysing av midlar. FoU-programmet TRE deltek i Wood Wisdom Net som no har lyst ut midlar. Desse prosjekta vil starte opp i løpet av 2007.

COST-konseptet utfyller EU sine rammeprogram for forsking og er eit verdfullt element i arbeidet med å utvikle det europeiske forskingsområdet. I 2006 blei det lagd ein ny struktur, med etablering av ni nye område, der domenet Food and Agriculture utgjer eitt. Det er òg eit eige domene for skogsida.

Forskingsrådet har i 2006 vidareutvikla samarbeidet med Nord-Amerika innanfor mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt. Forskingsrådet forvaltar ein Chairordning mellom Universitet for miljø- og biovitskap og University of Minnesota. Ein eigen stipendiatordning blei sett i gang i løpet av 2006, og ni stipendiatar er knytt til prosjekt med samarbeid i Nord-Amerika. Det er i stor grad knytt bedrifter til desse prosjekta.

Forskingsrådet har også i 2006 vore engasjert i det nordiske samarbeidet. Det er starta ein diskusjon om korleis ein kan få til eit meir effektivt samarbeid mellom dei nordiske landa innanfor skog, mat og jordbruk. Ein må sjå det nordiske samarbeidet i lys av framveksten av programsamarbeid mellom land i Europa (ERAnet) innanfor landbruksområdet.

Budsjettframlegg 2008

Departementet gjer framlegg om å løyve 157,5 mill. kroner til forskingsaktivitet innanfor landbruks- og matforskinga i 2008. Departementet legg vekt på at forskingsaktiviteten tek opp i seg dei forskingspolitiske og tematiske prioriteringane gitt i kat. 15.20 Forsking og innovasjon og Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon som gjeld for perioden 2007-2012.

Aktiviteten knytt til post 50 er i hovudsak retta mot dei fire programsatsingane Norsk mat frå sjø og land (Matprogrammet), Areal- og naturbasert næringsutvikling (AREAL), FoU-programmet TRE og Miljø 2015. Landbruks- og matdepartementet vil styrkje landbruket si rolle innanfor klima og energipolitikken , medrekna å sikre ei heilskapleg tilnærming til skogen som ressurs. Departementet vil be Forskingsrådet om å leggje til rette for ei heilskapleg tilnærming slik at ein oppnår den omtalte styrkinga av landbruket si rolle i klima- og energipolitikken. Landbruks- og matdepartementet vil framleis delta i dei store programma NORKLIMA, RENERGI og HAVBRUK.

Departementet vil forsterke si internasjonale satsing på forsking. Landbruks- og matdepartementet vil i 2008 arbeide aktivt for å leggje til rette for auka deltaking i EUs sjuande rammeprogram innanfor aktuelle område for sektoren. Den tematiske satsinga Food, Agriculture, Fisheries and Biotechnology er særleg viktig for landbruks- og matsektoren. Forskingsbehov innanfor områda skog og bioenergi har ein sentral posisjon, og satsinga på små og mellomstore bedrifter i programmet gir også store moglegheiter for verksemdene. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet for å auke deltakinga i europeiske prosjekt, nettverk og andre liknande samarbeidsformer innanfor landbruks- og matforskinga, særskilt innanfor område der fleire land står overfor dei same utfordringane. Forskingsrådet vidarefører ordninga med delfinansiering av eigendelen når institutta får tildelt prosjekt frå EU. Landbruks- og matdepartementet vil oppretthalde si rolle som observatør i Standing Committee on Agricultural Research (SCAR).

Innanfor det nordiske forskingssamarbeidet vil departementet leggje vekt på oppfølging av arbeidet med å etablere meir effektive og kvalitetsfremmande prosedyrar for evaluering og finansiering av nordiske forskingsprosjekt innanfor landbruks- og matsektoren og utviklinga av samarbeidet mellom dei nordiske organa innanfor sektoren og Nordforsk og Nordic Innovation Center (NICe).

Landbruks- og matsektoren sitt forskingssamarbeid med Universitetet i Minnesota er sentralt sidan dei ligg langt framme både med omsyn til forsking, lovgiving og bruk av mellom anna bioenergi. Departementet vil derfor vidareføre sitt internasjonale forskingssamarbeid med Nord-Amerika gjennom Chair-ordninga, the Norwegian Centennial Interdisciplinary Chair. Ordninga er etablert som eit samarbeid mellom Universitetet for miljø og biovitskap (UMB) og Universitetet i Minnesota. Formålet er å fremme mobilitet og forskingssamarbeid innanfor mellom anna mattryggleik og bioenergi. Departementet legg vekt på at prosjektarbeidet med Nord-Amerika aukar, og at næringslivet og sektoren tek auka del i dette samarbeidet.

Løyvinga til Program for kommersialisering av FoU-resultat (FORNY) blir vidareført. Landbruks- og matdepartementet støttar særleg prosjektutvikling og verifisering av teknologiske prosjekt.

Departementet legg til grunn at midlane frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og avgifta på skogsvirke er viktige når det gjeld næringslivet si finansiering av forsking innanfor sektoren.

Departementet legg på same måte som tidlegare vekt på å halde oppe innsatsen innanfor forskarrekruttering. Rekrutteringa bør skje via både stipendiatar og post.doc-forskarar.

Landbruks- og matdepartementet vil i 2008 prioritere områda nedanfor.

Mat, helse og forbrukar

For å nå dei viktige måla i matpolitikken, må dei ulike fagdisiplinane på området i større grad sjåast i samanheng, og ein må vurdere heile verdikjeda frå jord via dyr og planter og fram til forbrukar. Matpolitikken er omtala under kat. 15.10.

Auka handel med planter, dyr og dyreprodukt, samt auka reiseverksemd og klimaendringar krev forsterka og oppdatert kunnskap og beredskap på folke-, dyre- og plantehelse. Det er viktig å utvikle risikoanalysar, analyseverktøy og overvaking for å hindre innførsel, etablering og spreiing av sjukdommar og skadegjerarar hos planter og dyr. Kunnskap om sjukdommar som smitter mellom dyr og menneske (zoonosar) er særskilt viktig for mattryggleiken.

Talet på dyr som blir brukt i forsking skal reduserast. Departementet vil derfor ha behov for kunnskap om alternativ til bruk av dyr som forsøksdyr.

Som ei hovudutfordring i politikkutforminga knytt til mat og matproduksjon vil Landbruks- og matdepartementet særleg prioritere forsking som stimulerer til utvikling av betre og sunnare produkt for å møte forbrukarane sine behov. Samtidig gjer mellom anna den auka konkurransen frå importert mat det nødvendig å dokumentere Noregs komparative fordelar som ein matnasjon betre.

Innanfor marknads- og forbrukarforskinga har kunnskap knytt til maktforholda i matvarekjedene, både nasjonalt og internasjonalt, prioritet. Departementet vil òg prioritere meir forsking og kunnskap knytt til utfordringar ved sporing av mat i matkjedene.

Innanfor økologisk jordbruk er det spesielt behov for forsking på agronomiske utfordringar ved sjølve produksjonen og på forhold som påverkar tilbodet av økologiske produkt til forbrukaren. Departementet viser òg til styrkt innsats i St.prp. nr. 77 (2006-2007) Om jordbruksoppgjeret 2007.

Departementet vil leggje fram forslag om å utsetje forbodet mot kastrering av hanngris, jf. nærmare omtale i kat. 15.10. Ytterlegare internasjonal forsking og ein monaleg auke i ressursane òg i andre land er nødvendig for å løyse problemet knytt til rånesmak.

Tre og energi

Forsking på området tre og bioenergi skal betre utnyttinga av landbruksressursane til verdiskaping, og medverke til å nå måla i den nasjonale energi- og miljøpolitikken.

Landbruks- og matdepartementet vil støtte opp under næringa sine mål om auka verdiskaping frå bruk av tre. I den samanheng er det nødvendig med auka kompetanse og kunnskap i alle ledd frå skogen til marknaden for skog- og trebaserte produkt og tenester. Auka bruk av tre krev ny og betre kunnskap om trevirket sine tekniske og miljømessige eigenskapar, samt effektive produksjonsmetodar for å framskaffe ønskt material.

Det er forskingsbaserte utfordringar knytt til utnytting av skogsråstoff til produksjon av stasjonær varme, spesielt til utvikling av effektive driftsmetodar, infrastruktur- og logistikkløysingar, og det er behov for å sjå dette i samanheng med utforming av bygg.

Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at det er eit stort potensial for næringsutvikling knytt til utvikling av drivstoff basert på skog, trevirke og anna biomasse. Dette føreset ein betydeleg og koordinert forskingsinnsats for utvikling av ein teknologi for kommersiell produksjon av annan generasjon biodrivstoff, jf. òg omtale under kat. 15.30.

Landbruksbasert produksjon av biogass er eit satsingsfelt innanfor levering av straum, varme og drivstoff. Biogassproduksjon vil samtidig representere eit viktig klimatiltak og medverke til å løyse eit avfallsproblem. Det er derfor et forskings- og utviklingsbehov knytt til lønnsam produksjon av biogass tilpassa norske forhold.

I samband med auka satsing på bruk av bioenergi har Landbruks- og matdepartementet behov for auka kunnskap om moglegheiter og målkonfliktar for landbruksnæringa. Det er viktig å vurdere det reelle potensialet for biomasse til bioenergi, og korleis bruken mellom energiformål og andre formål kan balanserast.

Tenester

Kunnskap bygd på ny forsking er viktig for å realisere vekstmoglegheitene innanfor tenesteproduksjon i landbruket.

Landbruks- og matdepartementet meiner at kunnskap knytt til landbruket si rolle i reiselivet er sentral, og vil spesielt prioritere kunnskapsutvikling knytt til kopling av mat, kultur og naturopplevingar. Fordi næringa består av mange verksemder som kvar for seg har relativt låg omsetnad, er modellar for produsentsamarbeid og effekt av slike også sentrale. Samtidig skal ein prioritere forsking og kartlegging av kunnskapsbehovet knytt til landbruket sine tenestetilbod til helse-, omsorgs- og utdanningssektoren. Spesielt er det behov for dokumentasjon av effektar av desse tenestetilboda.

Miljø og ressursforvaltning

Landbruks- og matdepartementet sitt aktivitetsområde er nært knytt opp til natur- og arealressursar. Dette er derfor eit vidt tematisk forskingsområde. Viktige forskingsspørsmål dreier seg om økologiske samanhenger i naturen samt positive og negative effektar av tradisjonell og ny landbruksaktivitet.

Det er fortsett behov for auka kunnskap om konsekvensar av drift og endringar i drift i landbruket for biologisk mangfald, som fagleg grunnlag for effektiv drift tilpassa miljøomsyn.

Landbruket er ein vesentleg bidragsytar til klimagassutslepp, samtidig som det er ei stor kjelde til opptak av CO2 gjennom skog, treprodukt og jordbruksjord. Det er behov for meir forsking om klimagassutsleppa frå jordbruket, særleg lystgass, og om korleis utsleppa kan reduserast. Det er òg behov for å få meir kunnskap om skogen si rolle i karbonkrinsløpet og tilsvarande for jordbruksareala, og korleis dei positive klimabidraga frå jord- og skogbruket kan forsterkast. I tillegg er det eit stort behov for forsking på korleis klimaendringar påverkar grunnlaget for næringsverksemd innanfor jordbruket, skogbruket, reindrifta og sektoren sine nye næringar. Nye skadegjerarar og nye plante- og dyresjukdommar er viktige utfordringar.

Det er nødvendig å auke kunnskapen om alle typar naturressursar i jordbruket og å sjå på nye moglegheiter for bruk av arealressursar. For å nå regjeringa sine jordvern- og kulturlandskapsmål trengst ny kunnskap om endringane i utbyggings- og behovsmønster knytt både til næring, ordinær busetjing og fritidsbusetjing, og om forholdet mellom det langsiktige jordvernet og utbyggingsinteresser.

I forhold til reindrifta blir forskingsutfordringar knytt til å sikre arealgrunnlaget for framtidig drift og samtidig tilpasse drifta til ressursgrunnlaget prioritert.

Noreg har unike landbruksgenetiske ressursar som utgjer ein viktig del av vårt biologiske mangfald. Det er behov for meir kunnskap om m.a. berekraftig avl og foredling, og betre dokumentasjon av genetisk variasjon i aktive avls- og foredlingspopulasjonar.

Det er framleis behov for meir kunnskap knytt til spreiing og effektar av plantevernmiddel og korleis ein kan redusere næringssaltavrenning og ammoniakktap.

Landbruks- og matsektoren er storprodusent av organiske produkt basert på planter og dyr. Som ein følgje av dette blir det danna ei mengd organisk avfall som mellom anna slakteri- og matavfall frå storhushald. Det er viktig å finne gode miljøvennlege og trygge måtar å handtere og nytte matavfall på, jf. omtalen ovanfor knytt til biogassproduksjon. Det er òg behov for meir forsking og dokumentasjon på helse og miljørisiko knytt til bruk av avløpsslam som gjødsel/jordforbetring.

Noreg vil fortsetje å delta i EU sitt strålevernprogram (EURATOM) i perioden 2007-2011. Deltakinga er viktig for å oppretthalde Noregs kompetanse innanfor strålevern, som har stor verdi i beredskapssamanheng.

Landbruk og samfunn

Det er behov for meir kunnskap om jord- og skogbruket sine fleirsidige roller og korleis ulike drivkrefter påverkar desse, då spesielt knytt til næringa si forankring i distrikta og rolle for å sikre ei spreidd busetjing i landet.

Det er behov for auka kunnskap om internasjonale handelsavtalar og EU sin felles landbrukspolitikk relatert til norsk landbrukspolitikk og konkurranseforholda for norsk landbruk og landbruksindustri.

I arbeidet med forvaltninga av landbruks- og matpolitikken vil departementet prioritere å vidareutvikle kunnskap om effektane av tiltak og verkemiddel innanfor sektoren sitt ansvarsområde.

Rovviltforvaltninga krev auka kunnskap om balansen mellom landbruket og utmarksnæringane sine behov, og omsynet til Noregs internasjonale forpliktingar om bevaring av aktuelle rovdyrartar.

Departementet ønskjer å gi prioritet til forsking som gir svar på kva for måte endringar i eigedomsstrukturar, driftsopplegg, bruk av leigetenester o.a. har innverknad på likestillinga i næringa.

Bioteknologi

Departementet har behov for forsking som gir eit betre faktagrunnlag knytt til bruken av genmodifisert materiale. Departementet vil i 2008 prioritere forsking knytt til moglege helse- og miljøkonsekvensar ved utsetjing av genmodifiserte planter i Noreg, samt å utvikle analysemetodar for påvisning av genmodifiserte produkt.

Landbruks- og matdepartementet vil medverke til at forsking innanfor forskingsprogrammet Etikk, samfunn og bioteknologi vidareførast i 2008. Forskinga er særleg knytt til bioteknologi og nanoteknologi.

Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.

Noregs forskingsråd har i 2008 ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til fem forskingsinstitutt som Landbruks- og matdepartementet har sektoransvar for: Bioforsk, Bygdeforsking, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet. I tillegg inneheld bevillinga basisfinansiering til AKVAFORSK. AKVAFORSK er frå 1. januar 2008 ein del av NOFIMA AS, der Fiskeri- og kystdepartementet er staten sin eigarrepresentant. Basisfinansieringa til AKVAFORSK vil seinare år bli overført til Fiskeri- og kystdepartementet.

Hovudoppgåvene for landbruks- og matforskingsinstitutta er å vere dei viktigaste som tilbyr bruksretta forsking til næringsliv og forvaltning, å vere reiskap i den offentlege FoU-politikken for å utvikle kunnskap på nasjonalt prioriterte område i arbeidsdeling og konkurranse med universitets og høgskole-sektoren, og gjere forvaltningsretta oppgåver og spesialiserte tenester for det offentlege.

Fleire av landbruks- og matforskingsinstitutta utfører oppgåver innanfor kunnskapsutvikling og beredskap på vegne av departementet, jf. kap. 1112, 1139 og 1141.

Hovudtrekk i utviklinga

Landbruksforskingsinstitutta har hatt eit samla positivt driftsresultat i heile perioden 2002-2006. Driftsinntektene har auka frå 678 mill. kroner i 2002 til 866 mill. kroner i 2006 (ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter). Nokre av institutta har likevel hatt negative driftsresultat i perioden.

Forskingsrådet kanaliserte i 2006 vel 265 mill. kroner til institutta, fordelt med vel 162 mill. kroner som basisløyvingar (grunnløyving og strategiske instituttprogram) og knapt 103 mill. kroner som ordinære prosjektmidlar og andre løyvingar. Dei samla basisløyvingane til institutta, som del av dei samla driftsinntektene, har vist ein svak reduksjon dei siste fem åra, frå om lag 21 pst. i 2002 til knapt 19 pst. i 2006. Grunnløyvingane til institutta er auka med om lag 21 mill. kroner frå 2002 til 2006, mens løyvingane til strategiske instituttprogram er om lag dei same i 2006 som i 2002.

Tabell 2.3 Oversikt over økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2006

Drifts- inntekter1

Drifts-resultat1

Grunn- løyving

Løyving til strategiske institutt- program

Basisløyving. pr. forskar-årsverk

Basisløyving. i pst. av drifts- inntektene

Mill. kr

1 000 kr

Mill. kr

Mill. kr

1 000 kr

Pst.

AKVAFORSK

89,6

4 305

11,8

12,1

613

27 %

Bioforsk

341,1

-2 768

57,1

16,6

311

22 %

Bygdeforsking

17,7

96

3,0

4,2

426

41 %

NILF

44,6

2 907

5,6

2,8

262

19 %

Norsk institutt for skog og landskap

129,3

-2 675

22,8

10,3

502

26 %

Veterinærinstituttet

243,2

176

10,3

6,1

142

7 %

Sum

865,5

2 041

110,6

52,1

Gjennomsnitt32119 %

1 Samla inntekter ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter.

Institutta har i 2006 hatt oppdragsinntekter frå offentleg forvaltning på knapt 158 mill. kroner og frå næringslivet på vel 125 mill. kroner. Sett som prosent av samla driftsinntekter har delen oppdragsinntekter frå offentleg forvaltning auka svakt frå knapt 17 pst. i 2002 til vel 18 pst. i 2006. Tilsvarande utgjer oppdragsinntektene frå næringslivet om lag 15 pst., noko som er det same som i 2002.

Tabell 2.4 Oversikt over personale, publisering og formidling ved landbruks- og matforskingsinstitutta 2006

Samla årsverk

Forskarårsverk. i pst. av totalt antall åsverk

Tilsette med dr. grad pr. forskar- årsverk

Vit. artiklar m/referee pr. forskar- årsverk

Rapportar pr. forskar- årsverk1

Antall

Pst.

Forh. tal

Forh. tal

Forh. tal

AKVAFORSK

91

43 %

0,95

1,54

1,77

Bioforsk

411

58 %

0,56

0,38

1,61

Bygdeforsking

22

77 %

0,60

0,88

1,71

NILF

61

52 %

0,38

0,31

1,38

Norsk institutt for skog og landskap

212

31 %

0,26

0,67

0,64

Veterinærinstituttet

287

40 %

0,70

1,30

0,38

Gjennomsnitt

47 %

0,62

0,73

1,21

1 Omfattar rapportar i eigen rapportserie, i ekstern rapportserie og rapportar til oppdragsgjevarar.

Personalressursane utgjorde i 2006 1 084 årsverk, ein auke på 84 frå 2002. 47 pst. er klassifisert som forskarårsverk. Dette er ein auke frå 40 pst. i 2002. Vel 60 pst. av forskarane har doktorgrad, om lag det same som i 2002. Delen av kvinnelege forskarar har auka frå 39 pst. i 2002 til 42 pst. i 2006. I alt 66 doktorgradsstipendiatar hadde arbeidsplass ved institutta i 2006, av desse var knapt 64 pst. kvinner. I tillegg kjem 22 andre tilsette som arbeider med doktorgrad, slik at samla tal på tilsette som arbeidde med doktorgrad i 2006 var 88.

I dialogen med institutta har Forskingsrådet fokusert på publisering i internasjonale tidsskrift. Fleire av institutta har innført ulike incentivordningar for å fremme internasjonal publisering. Talet på vitskaplege artiklar publisert i tidsskrift med referee-ordning har auka frå 256 i 2002 til 369 i 2006. Utrekna som artiklar pr. forskarårsverk er dette ein auke frå 0,64 artiklar pr. forskarårsverk i 2002 til 0,73 artiklar pr. forskarårsverk i 2006.

Fornying og samordning innanfor institutt og universitets- og høgskolesektoren

For å møte utfordringane innanfor FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt, har departementet dei siste åra gjennomført fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Dei største tiltaka har vore etablering av Bioforsk frå 1. januar 2006 og Norsk institutt for skog og landskap frå 1. juli 2006. For nærmare omtale av dei to institutta blir det vist til kat. 15.10, kap. 1112, og kat. 15.20, kap. 1137 post 51 og 52 for Bioforsk og kat. 15.20, kap. 1137 post 51 samt kap. 1141 post 52, for Skog og landskap. Siktemålet er å skape ein meir robust instituttstruktur som sikrar ein god forskingskvalitet på kort og lang sikt, møter brukarane sine behov på ein betre måte, og som gir ei meir effektiv utnytting av FoU-midlane. Arbeidet med etablering og omstilling går etter planane i begge institutta.

I St.prp. nr. 66 (2005-2006) gjorde regjeringa greie for arbeidet med å omstrukturere forskingsinstitutta innanfor den blå-grøne sektoren. NOFIMA AS blei oppretta i 2005, og i 2006 og 2007 er grunnlaget lagt for ei omstrukturering i tråd med føringane frå Stortinget. Gjennom Stortinget si behandling av St.prp. nr. 69 (2006-2007) er det vedteke at AKVAFORSK AS, Fiskeriforskning AS, Matforsk AS og Norconserv AS skal inngå i NOFIMA AS frå seinast 1. januar 2008. Staten ved Fiskeri- og kystdepartementet skal eige meir enn 50 pst. av aksjane.

Målet med omorganiseringa er mellom anna å skape arbeidsdeling og tett forskingsfagleg samarbeid mellom dei fiskeri-, havbruks- og landbruksvitskaplege forskingsmiljøa for å oppnå synergiar som tener primærnæringane og industrien.

NOFIMA AS vil bli finansiert ved direkte løyving frå Fiskeri- og kystdepartementet, basisløyvingar frå Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet via Forskingsrådet, strategiske program tildelt frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond, samt oppdrag frå næringsliv og forvaltning. Fiskeri- og kystdepartementet er eigardepartement. Ivaretaking og utøving av statens eigarskap er basert på felles utarbeid prinsipp mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, jf. omtale i St.prp. nr. 68 (2006-2007).

Landbruks- og matdepartementet legg stor vekt på at ein gjennom etableringa av NOFIMA vil leggje til rette for omfattande synergiar mellom landbruks- og fiskerisektoren, både innanfor næringsmiddelindustrien og dei biologiske faga knytt til produksjon av dyr og fisk.

Det blir vist til nærmare omtale i budsjettproposisjonen for Fiskeri- og kystdepartementet, programkategori 16.20.

Budsjettframlegg 2008

Ein gjer framlegg om ei løyving på 190,379 mill. kroner som basisløyving til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving, strategiske instituttprogram og nasjonale oppgåver.

Kunnskapsdepartementet har i 2007, i nært samarbeid med aktuelle departement, arbeidd med eit nytt finansierings- og tildelingsregime for basisløyvingane til forskingsinstitutt og forslag til nye retningslinjer for statleg finansiering av desse institutta. Landbruks- og matdepartementet viser til nærmare omtale i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Departementet føreset at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.

Løyvinga fordelt mellom grunnløyving, strategiske instituttprogram og nasjonale oppgåver

Grunnløyvingar til forskingsinstitutt

Grunnløyvingane skal gå til aktivitetar som er sentrale for forskinga ved institutta, slik som langsiktig kompetanseutvikling, fagleg fornying, rekruttering, forsking innanfor institutta sine kjerneområde, vitskapleg utstyr, kvalitetssikring, nettverksbygging, publisering og formidling. Departementet legg opp til ei løyving på 113,251 mill. kroner til grunnløyving til forskingsinstitutt.

Strategiske instituttprogram

Noregs forskingsråd tildeler strategiske program til institutt og forskingsmiljø ved universitet og vitskaplege høgskular innanfor Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar. Målet er å skape forskingsmiljø av høg kvalitet gjennom målretta grunnleggjande forsking, brukarretta forsking og kompetanseoppbygging, slik at dei kan utvikle seg til gode reiskap for forsking, forvaltning og næringsliv innanfor sektoren. Programma skal føre til fagleg styrking og spesialisering innanfor område som er aktuelle for næringsutvikling. Forskarutdanning skal vere eit sentralt element i programma. Gjennom strategiske program kan ein medverke til ei god arbeidsdeling og eit godt samarbeid mellom FoU-miljøa med sikte på arbeid på tvers av ulike fag- og institusjonsgrenser og betre utnytting av den samla spisskompetansen innanfor landbruks- og matforskinga.

Dei strategiske programma skal brukast til å utvikle kompetanse innanfor prioriterte forskingsfelt og felt der det er behov for rekruttering, og til å etablere og vidareutvikle faglege tyngdepunkt. Departementet legg opp til ei løyving på 67,512 mill. kroner til strategiske instituttprogram.

Nasjonale oppgåver

Løyvinga skal dekkje utgifter knytt til Norsk institutt for skog og landskap og Bioforsk som gjeld bibliotek, referansesamlingar, deltaking i internasjonale organisasjonar og utgreiings- og informasjonsoppgåver. Det er sett av midlar til medlemskap i Nordiske jordbruksforskarar si foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremme jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden. Departementet legg opp til ei løyving på 9,616 mill. kroner til nasjonale oppgåver.

Landbruks- og matforskingsinstitutta

Institutt for akvakulturforsking AS (AKVAFORSK)

Rapport 2006

AKVAFORSK er eit aksjeselskap eigd av UMB, Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO), Noregs Veterinærhøgskole (NVH), kommunane Sunndal og Averøy, Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Instituttet har ein stor del av verksemda si i Møre og Romsdal, mens hovudkontoret ligg på Ås. AKVAFORSK har som mål å vere leiande innanfor forsking og kunnskapsoverføring i moderne akvakultur. Kjerneområde er genetikk, ernæring, produksjonsstyring/miljø og produktkvalitet.

AKVAFORSK har i 2006 hatt rekordhøg produksjon av vitskaplege artiklar, med 1,54 artiklar pr. forskarårsverk. AKVAFORSK opplevde for tredje år på rad svært god vekst i omsetnaden (12 pst.). Dette skuldast godt tilslag på søknader til EU og Forskingsrådet, samt auka samarbeid med industrien. Den eksternt finansierte forskinga er meir enn dobla på 3 år. Resultatet frå drifta blei på 4,3 mill. kroner. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 23,2 mill. kroner i 2006, som er ein nedgang på 1,4 mill. kroner frå 2005. Basisfinansieringa har i perioden 2002-2005 variert mellom 31 og 35 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet. I 2006 var den 27 pst. Talet på årsverk har auka frå 79 til 91 sidan 2002. Talet på forskarar som del av totale årsverk har i same periode variert mellom 42 og 47. AKVAFORSK har i 2006 hatt fire strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd. Av desse var eitt nytt i 2006.

Målsetjing 2008

AKVAFORSK er frå 1. januar 2008 ein del av NOFIMA AS, der Fiskeri- og kystdepartementet er staten sin eigarrepresentant. Basisfinansieringa vil derfor for seinare år bli overført frå Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett til Fiskeri- og kystdepartementet. For omtale av målsetjing for akvakulturforskinga i NOFIMA blir det vist til Fiskeri- og kystdepartementet sin budsjettproposisjon.

Bioforsk

Rapport 2006

Bioforsk blei etablert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter frå 1.1.2006. Institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk gjekk inn i Bioforsk frå same dato. Visjonen for Bioforsk er trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping basert på langsiktig ressursforvaltning. Bioforsk skal vere ein regional, nasjonal og internasjonal konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar gjennom forsking og utviklingsarbeid innanfor planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfaglege spørsmål. Bioforsk skal medverke til auka innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvaltning og matproduksjon til nytte for næring, forbrukarar og samfunn.

Bioforsk hadde eit driftsunderskot på 2,3 mill. kroner i 2006. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 73,7 mill. kroner, dvs. 22 pst. av dei samla driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet var 411, ein nedgang på 36 frå 2005 (summen av Jordforsk, NORSØK og Planteforsk). Bioforsk har i 2006 hatt seks strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd, av desse var to nye i 2006. I tillegg har instituttet hatt strategiske instituttprogram finansiert av basisløyvinga frå Miljøverndepartementet gjennom Noregs forskingsråd.

Omstillingsarbeidet i Bioforsk har gått etter planane i 2006, sjølv om nokre tiltak er litt forsinka, jf. omtale under post 52.

Målsetjing 2008, jf. òg kat. 15.20 og kap. 1112 post 51 og 52

Utgangspunktet for forskinga i Bioforsk er den FoU-verksemda som Jordforsk, NORSØK og Planteforsk hadde innanfor planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfagleg miljøforsking. Det skal òg i 2008 leggjast stor vekt på å utnytte faglege synergiar av samordninga, slik at Bioforsk står fram som ein sentral kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk med basis i forsking av høg kvalitet. Bioforsk vil òg ha eit nært samarbeid med Universitetet for miljø- og biovitskap når det gjeld randsoneverksemd knytt til dei aktuelle fagområda. Ut over det har instituttet eit ansvar for å ivareta og forvalte tradisjonar og kompetanse av historisk karakter og av langsiktig nasjonal verdi.

Bioforsk skal aktivt hjelpe til med kunnskap for å fremme verdiskaping og berekraftig utvikling i fleire sektorar, men med eit særskilt ansvar for verdiskaping og nyorientering i norsk landbruk i vid forstand. Andre sektorar relatert til mellom anna samferdsel, busetjing, industri, kommunalteknikk, turisme og friluftsliv er også viktige og representerar potensielle vekstområde, som må gjevast tilstrekkeleg rom for utvikling.

Det er såleis viktig at Bioforsk i 2008 vidareutviklar dei fire hovudbeina i den faglege plattforma:

  • Næringsutvikling og verdiskaping innanfor landbruk og andre arealbaserte eller tilgrensande næringar

  • Miljøspørsmål, i første rekkje relatert til jord og vatn, men òg i høve til kulturlandskap og livsmiljø for menneske og husdyr

  • Berekraftig ressursforvaltning, i første rekkje knytt til jord, vatn, landskap og avfallsressursar, men òg i høve til biologisk/genetisk mangfald

  • Trygg mat, retta mot produktkvalitet, plantevern, dyrevelferd, produksjonspotensiale og beredskapsomsyn

Bioforsk skal ha ein klar profil i høve til lokalt og nasjonalt kunnskapsbehov og samtidig vidareutvikle og forsterke sin internasjonale profil og engasjement i høve til miljøspørsmål og berekraftig forvaltning av naturressursar.

Arbeidet med å utvikle og gjennomføre dei faglege og organisatoriske tiltaka som dette breie ansvaret krev, parallelt med å etablere Bioforsk som eit anerkjent forskingsinstitutt, vil vere hovudutfordringa også i 2008.

I samband med etableringa av Bioforsk blei det etablert eit husleigesystem for dei statlege eigedommane som instituttet treng i verksemda. Leigeinntektene er budsjettert under kap. 4112. Leigesystemet har auka kostnadane for tenestene frå Bioforsk. Løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet til FoU og FoU-baserte tenester blei derfor auka frå 2006, og dette er vidareført i framlegga for 2008. Husleigesystemet skal medverke til optimal bruk av eigedomsmassen, slik at eigedommar som ikkje trengs for FoU-verksemd kan nyttast på annan måte, evt. avhendast.

Norsk senter for bygdeforsking (Bygdeforsking)

Rapport 2006

Stiftelsen Bygdeforsking har som mål å vere eit nasjonalt senter som gjennom forsking og utviklingsarbeid skal gi fakta, analysar, idear og ny kunnskap som kan medverke til ei positiv utvikling på bygdene. Bygdeforsking har eit nasjonalt ansvar for å utvikle og ta vare på ein teoretisk og metodisk grunnleggjande forskingskompetanse innanfor bygdesosiologi.

Forskinga har i 2006 vore prega av satsingar på arbeidsinnvandring til landbruket, forsking rundt kulturlandskap, kommunalisering av landbrukspolitikken og samdrift. To større EU-prosjekt blei avslutta i 2006, eitt som har utvikla scenarium for europeiske fjellbygder og eitt om kunnskapsutfordringar for marginale rurale område i Europa. Bygdeforsking har hatt eit positivt driftsresultat i heile perioden 2002-2006, med unntak av eit lite underskot i 2003. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 7,2 mill. kroner i 2006, som er ein auke på 1 mill. kroner frå 2005. Basisfinansieringa har i perioden 2002-2006 variert mellom 36 og 47 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet, i 2006 var den 41 pst. Talet på årsverk ved instituttet har vore stabilt mellom 18 og 22 i perioden 2002-2006. Bygdeforsking har i 2006 hatt tre strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.

Målsetjing 2008

Bygdeforsking skal leggje vekt på kunnskapsutvikling og formidling innanfor felta:

  • næringsutvikling knytt til bygder og landbruk i omstilling

  • berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar i kyst- og bygdesamfunn

  • matproduksjon, lokal foredling, forbrukarspørsmål og miljø i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv

  • heilskapleg bygdeutvikling med fokus på småsamfunn, rekruttering og kjønnsspørsmål

Det er viktig at Bygdeforsking tek vare på den unike sosiokulturelle basiskompetansen med tanke på bruk av denne på nye område, som til dømes innanfor dei nye kultur- og opplevingsnæringane. Bygdeforsking skal satse vidare innanfor forsking på tenester med basis i ressursane og arbeidskrafta på garden, under dette regionalt reiseliv og ressursbasert bygdeturisme. Det er viktig at Bygdeforsking opprettheld og vidareutviklar sitt omfattande forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

Rapport 2006

NILF er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. NILF har som mål å medverke til høgt kunnskapsnivå i samfunnet og gi eit solid grunnlag for økonomiske og landbrukspolitiske avgjersler knytt til produksjon, foredling og omsetting av landbruksprodukt og matvarer. Instituttet skal vere leiande innanfor næringsøkonomi og føretaksøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri. NILF tek òg oppdrag relatert til fiskeri- og havbrukssektoren, med særskilt vekt på handelspolitiske spørsmål.

NILF har i 2006 halde fram med å styrkje forskingsverksemda med langsiktige kompetansehevande tiltak. Instituttet har mellom anna hatt to strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs Forskingsråd. Fem tilsette har arbeidd med eigne doktorgradar, og to forskarar har hatt studieopphald utanlands. NILF har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 2002-2006. Basisløyvinga frå Forskingsrådet var i 2006 på 8,4 mill. kroner, som er ein auke på 0,8 mill. kroner frå 2005. Basisfinansieringa har i perioden 2002-2006 variert mellom 18 og 21 pst. av dei totale driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet var i 2006 totalt 61, ein nedgang frå 65 i 2002.

Målsetjing 2008 jf. kap. 1141 post 50

Forskingsverksemda til NILF må ta utgangspunkt i skisserte mål og oppgåver for instituttet. Generelt er det viktig at NILF orienterer seg etter marknaden og styrkjer kompetansen innanfor felt der ein kan rekne med at forsking og utgreiing vil bli etterspurd og der instituttet kan utfylle eksisterande kompetanse ved andre miljø, nasjonalt og internasjonalt. NILF må arbeide vidare med å gjere kunnskapen tilgjengeleg for brukarane.

Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analyse av verdikjeda for matvarer skal framleis vere sentrale fagområde. Det er eit mål å styrkje samfunnsperspektivet ved å sjå landbruks- og matsektoren i samband med fellesgode og heile verdikjeda. Det er mellom anna viktig at NILF utviklar kompetansen knytt til entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa. På dette feltet er det m.a. eit særskilt behov for analysar av offentlege tiltak og verkemiddelbruk. Data og analysar knytt til skattlegging av landbruksverksemd skal òg vere eit satsingsområde.

Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk)

Rapport 2006

Sjå omtale under Norsk institutt for skog og landskap.

Norsk institutt for skog og landskap

Rapport 2006

Norsk institutt for skog og landskap er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet blei etablert 1. juli 2006 ved samanslåing av Skogforsk og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS). Samtidig blei den nasjonale genressursforvaltninga omorganisert ved skiping av Norsk genressurssenter som ei eiga eining ved instituttet. Norsk institutt for skog og landskap er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar. Instituttet skal forske og framskaffe informasjon om skog, jord, utmark og landskap. Instituttet fører vidare den rolla Skogforsk hadde som leiande norsk skogforskingsinstitutt, men vil i tråd med signala ved opprettinga av instituttet òg sjå på moglegheitene for andre forskingsoppgåver knytt til arealressursane. Norsk institutt for skog og landskap hadde eit driftsunderskot på 2,7 mill. kroner i 2006, eller 2,1 pst. av dei samla driftsinntektene. Instituttet hadde ei basisfinansiering på 33,1 mill. kroner frå Forskingsrådet. Til samanlikning hadde Skogforsk ei basisfinansiering på 29,2 mill. kroner i 2005. Fordi NIJOS ikkje var eit forskingsinstitutt hadde dei ikkje basisfinansiering frå Forskingsrådet, men løyvingar til drift direkte frå departementet. Dette er òg årsaka til den låge forskardelen ved instituttet samanlikna med dei andre institutta. Basisfinansieringa til Norsk institutt for skog og landskap i 2006 utgjorde 26 pst. av dei samla driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet var i 2006 på 212. Av dette var 66 årsverk forskarar, slik at talet på forskarar som del av totale årsverk var 31 pst. Norsk institutt for skog og landskap har i 2006 hatt fire strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd, eitt av desse var nytt i 2006.

Målsetjing 2008, jf. òg kap. 1141 post 52

Forskinga ved instituttet er i første rekkje ei vidareføring av skog- og miljøforskinga som Skogforsk tidlegare har utført. I tillegg til løyvinga over denne posten, får instituttet midlar over kap. 1141 post 52. Det nye instituttet skal vidareføre skogforskinga på eit høgt nivå, og særskilt bruke kompetansen innanfor ressursforvaltning og biologisk mangfald. Skogforskinga vil vere det viktigaste forskingsområdet for Norsk institutt for skog og landskap også framover. Med samanslåinga av Skogforsk og NIJOS er ulike kompetansemiljø sett saman i ein ny organisasjon, og dette kan òg gjere det aktuelt med forsking på nye område. Stiftinga av Norsk genressurssenter vil vere eit bidrag til dette, ved at ein samlar og koordinerer kompetansen og aktiviteten innan genressursområdet og legg det til dette instituttet.

Departementet legg særskilt vekt på områda berekraftig økonomisk utnytting av ressursane i skog og utmark og utvida analysar av dei komplekse, dynamiske og sårbare økosystema. Kompetansen innanfor dei meir tradisjonelle felta må tilpassast aktuelle problemstillingar. Dei faglege prioriteringane må generelt tilpassast moglegheitene for inntekter, noko som ber med seg at forholdet til eksisterande og nye kundar og brukarar må vidareutviklast. Samarbeid og arbeidsdeling med andre institusjonar både her i landet og utanlands er nødvendig, og den internasjonale verksemda ved instituttet er viktig. Det skal leggjast stor vekt på samarbeid med dei miljøretta forskingsinstitutta.

Veterinærinstituttet

Rapport 2006

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og er eit nasjonalt forskingsinstitutt innanfor dyrehelse, fiskehelse og mattryggleik. Instituttet har som mål å vere ein viktig nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap og kompetanse innan mattryggleik og innan helse og velferd hos dyr og fisk. Slik kunnskap er viktig som grunnlag for vedtak i forvaltninga, og som støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar.

Basisløyvinga frå Noregs forskingsråd blir brukt til langsiktig oppbygging og vedlikehald av den vitskaplege kompetansen ved instituttet. Basisløyvinga frå Forskingsrådet var i 2006 på 16,4 mill. kroner. Dette er ein auke på 0,8 mill. kroner frå 2005. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet utgjer likevel ein liten del av dei totale driftsinntektene til instituttet, og har vore på 7-8 pst. i heile perioden 2002-2006. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2002-2006 auka frå 261 årsverk til 287 årsverk. Talet på forskarar i høve til totale årsverk har auka frå 28 til 40 pst. i perioden. Veterinærinstituttet har i 2006 hatt fem strategiske instituttprogram som ein del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd, eitt av desse var nytt i 2006.

Målsetjing 2008, jf. òg kap. 1112 post 50

Det er viktig at forskingsverksemda ved Veterinærinstituttet held fram i minst same omfang som tidlegare. Veterinærinstituttet skal særleg leggje vekt på forvaltningsretta forsking innanfor instituttet sine kjerneområde patologi, mikrobiologi, immunologi, kjemi, toksikologi og epidemiologi.

Veterinærinstituttet må prioritere forsking på diagnostiske, analytiske og epidemiologiske metodar, med sikte på å gi forvaltninga betre grunnlag for å kunne ta rette avgjersler. Vidare må instituttet leggje stor vekt på internasjonalt samarbeid og deltaking i internasjonale forskingsprosjekt, samt å ivareta arbeid knytt til blå/grøn sektor.

Post 52 Omstillingsmidlar Bioforsk

Statusrapport

Bioforsk blei etablert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter frå 1.1.2006. Den utarbeidde omstillingsplanen dokumenterte behov for ein rekkje tiltak for å skape balanse mellom inntekter og utgifter i åra framover.

I tråd med Stortinget sitt vedtak ved handsaminga av etableringa, vil hovudtiltaka vere:

  • Effektivisering ved at talet på årsverk blir redusert med i underkant av 10 pst., faktureringsgraden aukast med 5 pst., utnytting av IT betrast og fellestenester samordnast i større grad

  • Samlokalisering ved å flytte FoU-verksemd og leggje ned einingar

  • Betre utnytting av infrastrukturen

  • Ekstern bistand til omstilling for å redusere driftskostnader og bidra til ein generell effektivisering i tillegg til årsverksreduksjonen

Tal på årsverk er første året i omstillingsperioden redusert med 19, noko som svarar til ca. 4,5 pst. av totalt tal på årsverk.

Forskingsverksemda ved Njøs er i 2007 flytta til Ullensvang.

Arbeidet med tilbygg ved Apelsvoll er godt i gang for å kunne ta imot FoU-verksemda frå Kise i 2008. Samtidig blir det arbeidd med alternativ bruk av Kise. Styret har i 2007 vedteke at Kvithamar skal fortsetje på same staden, men med ein redusert bygningsmasse tilpassa FoU-verksemda sitt behov. FoU-verksemda ved Vågønes blir lokalisert saman med Høgskulen i Bodø og Nordlandsforsking. Framtidig bruk av eigedommen Vågønes blir vurdert i samarbeid med lokale og regionale styresmakter og næringsinteresser. Styret vil i 2007 vurdere framtidig bruk av Løken i Austre Slidre og Sæter i Tynset.

Som gjort greie for i St.prp. nr. 69 (2006-2007), har Bioforsk, som ein del av omstillinga, i 2007 lagt ned den kommersielle laboratorieverksemda.

Budsjettframlegg 2008

Omstillingsplanen viser behov for midlar til omstilling på omlag 57 mill. kroner over fire år (2006-2009). For 2006 blei det sett av 10 mill. kroner til omstillingstiltak og i 2007 blei det sett av 26 mill. kroner.

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 13,2 mill. kroner til omstillings/utviklingstiltak i 2008. I tillegg foreslår departementet at 2,6 mill. kroner i inntekter frå tidlegare sal av eigedom i Bioforsk blir stilt til rådvelde for omstillingstiltak.

Midlane skal nyttast til:

  • Redusert bemanning med tilhøyrande kostnader fordelt mellom sluttavtalar og venteløn. Midlane skal dekkje forpliktingar frå 2006 og 2007 og frå ytterlegare nedbemanningar i 2008

  • Bygningsmessige tiltak knytt til samlokalisering, flytting og effektivisering av FoU-verksemda

  • Ekstern bistand til omstillings- og omstruktureringsarbeidet

  • Finansiering av utviklingsprosjektet for omstilling av einingar som ikkje trengs av omsyn til FoU-aktiviteten

Løyvingar til omstilling i Bioforsk for 2009, som er siste året i omstillingsplanen, vil bli vurdert i forhold til utviklinga i prosjektet og effektiviseringa som ein følgje av planen.

Som ein konsekvens av flytting frå Njøs til Ullensvang, foreslår Landbruks- og matdepartementet å selje Njøs til Bjørke Eiendom AS, jf. omtale i kap. 4100 post 40.

Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1138

Støtte til organisasjonar m.m.:

19 080

23 890

26 190

9,6

1139

Genressursar, miljø- og ressurs­registreringar:

34 216

31 355

32 855

4,8

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket:

77 903

102 193

105 587

3,3

1143

Statens landbruksforvaltning:

205 265

216 049

322 586

49,3

1144

Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket:

7 931

6 097

6 097

0,0

1146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging:

41 330

1147

Reindriftsforvaltninga:

53 069

57 427

59 100

2,9

1148

Naturskade - erstatningar og sikring:

113 353

88 665

89 038

0,4

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket:

328 456

41 945

41 945

0,0

1150

Til gjennomføring av jordbruks­avtalen m.m.:

10 985 347

11 580 872

11 956 856

3,2

1151

Til gjennomføring av reindrifts­avtalen:

98 764

92 500

97 000

4,9

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift:

23 104

22 126

22 726

2,7

Sum kategori 15.30

11 987 818

12 263 119

12 759 980

4,1

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

4138

Støtte til organisasjonar m.m:

2 300

4143

Statens landbruksforvaltning:

36 973

31 298

32 644

4,3

4146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging:

14 043

4147

Reindriftsforvaltninga:

772

32

33

3,1

4150

Til gjennomføring av jordbruks­avtalen:

138 405

112 000

96 000

-14,3

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

163 005

715 800

718 838

0,4

Sum kategori 15.30

353 198

859 130

849 815

-1,1

Mål og strategiar

Regjeringa sine ambisjonar for landbruks- og matpolitikken er nedfelt i Soria Moria-erklæringa. Hovudmålet for landbruks- og matpolitikken er å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.

Landbrukssektoren har ei av dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, frå forsking og produksjon av innsatsvarer og heilt fram til forbrukar. Den jordbruksbaserte matvaresektoren har ein samla produksjonsverdi på meir enn 100 mrd. kroner, og jordbruket og matvareindustrien sysselsett til saman om lag 100 000 årsverk. Både marknadsdelen på heimemarknaden og delen som blir eksportert er fallande. Det er likevel eit aukande forbruk av norskproduserte varer fordi totalmarknaden aukar noko. Innan skogbruket og skogindustrien er det ei sysselsetjing på om lag 30 000 årsverk og ein samla produksjonsverdi på over 40 mrd. kroner. Næringa opererer i ein uskjerma verdsmarknad og eksporterer årleg for om lag 15-17 mrd. kroner.

Regjeringa vil ta heile Noreg i bruk og sikre eit aktivt landbruk med ein variert bruksstruktur i heile landet. Landbruksverksemd og ressursane på landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet, og er berebjelken i mange bygder. Regjeringa har som mål å auke verdiskapinga for primærprodusentane og verksemder som vidareforedlar råvarer frå norsk landbruk. Landbruks- og matpolitikken skal òg medverke til eit meir miljøvennleg og langsiktig landbruk enn det reine marknadsløysingar ville ha gitt. Næringsverksemd, ressursforvaltning og forvaltninga av fellesgode heng saman og krev ei samordna utforming av politikken. Kat. 15.30 femner om fleire av måla i landbruks- og matpolitikken, og departementet peiker i det følgjande på nokre hovudpunkt i samband med prioriteringane for 2008.

Miljø og berekraftig ressursforvaltning

Departementet vil sikre at miljøomsyn, positive miljøbidrag frå landbruket og berekraftig ressursforvaltning er integrerte delar av den samla landbruks- og matpolitikken.

Innsatsen er særleg knytt til jordvern, kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne, genetiske ressursar, forureining frå landbruket, økologisk landbruk, klimatiltak, bioenergi, bruk av tre, tilrettelegging for opplevingar og friluftsliv. God miljø- og ressursforvaltning skal gi grunnlag for nye næringar og medverke til å skape attraktive buplassar på bygdene.

Eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet

I St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet – Om distrikts- og regionalpolitikken presenterer regjeringa ein samla politikk for å nå målet om aktivitet og busetjing i distrikta. Landbrukseigedommane med arealressursar og bygningsmasse er heilt sentrale for å nå dette målet. Det er nødvendig at desse ressursane blir utnytta betre for å oppretthalde og auke busetjinga. Politikken skal støtte opp under familielandbruket og samtidig leggje til rette for dei som vil bu på eit gardsbruk, men hente inntekta si frå anna verksemd.

Trygge matvarer, mangfald og andre forbrukaromsyn

Produksjon av trygg mat med høg kvalitet er ein berebjelke i landbruks- og matpolitikken. Andre viktige forbrukaromsyn omfattar kvalitet, ærleg omsetning, sporing av opphav og mangfald i marknaden. Forbrukaromsyn er aktuelle langs heile produksjonskjeda, og forbrukarane syner aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett.

Nasjonal matforsyning, konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande vare- og tenesteproduksjon

Det er eit mål at det norske landbruket skal dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Det er gras- og kornproduksjonane som brukar det aller meste av jordbruksareala i Noreg og legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane, samtidig som matvareindustrien må sikrast råvareprisar som er med på å sikre konkurransekrafta.

Landbruks- og matpolitikken legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er mogleg å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar. Dette gjeld både bruk av naturressursane og dei menneskelege ressursane, og meir samarbeid mellom ulike sektorar vil kunne gi positive effektar. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og nyskaping knytt til tenesteproduksjonen i landbruket.

Berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring

Noreg har rike skogressursar av høg kvalitet. Skogbruk og vidareforedling av tre er viktige distriktsnæringar, og auka bruk av tre og bioenergi er viktig for å nå måla i både miljø- og distriktspolitikken, under dette òg klimapolitikken, jf. skogomtalen og avsnittet om landbruk og klima.

Skogane er samtidig eit av dei viktigaste økosystema våre, og leveområde for ei mengd planter og dyr, nokre av dei truga eller sårbare. Det er viktig å forvalte skogressursane berekraftig slik at ein tek vare på viktige miljøverdiar samtidig som ressursane kan takast i bruk for auka aktivitet og verdiskaping til nytte både lokalt og nasjonalt.

Berekraftig reindrift

Målet for reindriftspolitikken er å få ei reindrift som er økonomisk, økologisk og kulturelt berekraftig. Den nye reindriftslova som blei sett i kraft frå 1.7.2007, er eit viktig reiskap for ei slik utvikling. Det blir lagd stor vekt på at alle endringane i den nye lova blir effektive så snart som mogleg. Det er òg viktig å få fastsett område-, distrikts- og siidagrenser i tillegg til beitetider og reintal. Reindrift er ei særs arealkrevjande næring, og inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil derfor forsterke innsatsen for å få redusert dette problemet.

For at reindrifta framover skal vere eit fundament for samisk kultur, er det viktig at den både blir oppfatta og forvalta som ei næring med økonomisk verdiskaping og effektiv produksjon. Departementet vil prioritere ei slik utvikling av reindrifta.

Internasjonale rammevilkår for næringsverksemd

Internasjonale avtalar og prosessar legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde. For landbruket er forhandlingane om ei ny avtale i World Trade Organization (WTO) særleg viktige. Regjeringa si overordna målsetjing for forhandlingane på landbruksområdet er å sikre at det òg i framtida vil vere rom for å føre ein nasjonal landbrukspolitikk, noko som gjer det mogleg å oppretthalde eit levedyktig landbruk over heile landet. Nasjonal produksjon vil vere avgjerande av omsyn til levande bygder, mattryggleik og kulturlandskapet. I forhandlingane skal det òg takast omsyn til særlege behov i u-landa.

Når det gjeld skogbruket er FN sitt skogforum og samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE) viktige prosessar. På den 7. sesjonen til FN sitt skogforum i april 2007 blei landa samde om ei global skogavtale som eit ledd i arbeidet for ei betre forvaltning av skogane i verda. MCPFE er ein politisk prosess som samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står framfor. MCPFE tilrettelegg òg for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg vil frå 2008 overta leiinga av MCPFE. Noregs moglegheiter for å påverke det europeiske skogpolitiske arbeidet vil derfor bli vesentleg styrkt dei kommande åra.

Det er eit mål for regjeringa å vidareføre Noreg si rolle som brubyggjar innan dei internasjonale forhandlingane om genressursar i Verdas Matvareorganisasjon (FAO) og i Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD).

Ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning

Den samla landbruksforvaltninga femnar om nasjonale organ, jf. dei enkelte budsjettkapitla, regionalt nivå medrekna Fylkesmannen og Innovasjon Norge, samt kommunane.

Fylkesmannen er departementets viktigaste aktør for oppfølging av nasjonal landbrukspolitikk regionalt og lokalt. Med utgangspunkt i regionale tilhøve legg Fylkesmannen til rette for utvikling av ny næringsaktivitet, auka verdiskaping og attraktive bustader parallelt med arbeidet for å oppretthalde eit levande landbruk med variert bruksstruktur over heile landet.

Innovasjon Norge forvaltar verkemidla knytt til næringsutvikling. Målet er at Innovasjon Norge skal bidra til å vidareutvikle eksisterande og ny næringsverksemd med auka lønnsemd, ved å ta i bruk mangfaldet av dei menneskelege og materielle ressursane i landbruket.

Det er eit mål at kommunane skal sjå landbruket som ein del av samfunns- og næringsutviklinga i kommunen. Gjennom rolla som førstelinjemyndigheit for ei rekkje av dei juridiske og økonomiske verkemidla i landbruket, innstilling av søknadar knytt til dei bedriftsretta bygdeutviklingsmidla, samt rolla knytt til arealplanlegging, gjer kommunane til ein viktig landbrukspolitisk aktør.

Gjennomføring av politikken

Jordbruks- og matpolitikk

Jordbruk

Regjeringa ønskjer å medverke til å oppretthalde bruk og mangfald i distrikta gjennom ein klarare distrikts- og strukturprofil. For å nå dette målet er det viktig at ein oppnår ei inntektsutvikling i jordbruket på linje med andre grupper i samfunnet, og at politikken tek større omsyn til familiejordbruket og dei små og mellomstore jordbruksverksemdene, der jordbruksproduksjonen kan gi eit viktig bidrag til sysselsetjing og inntekt.

Matsektoren er i aukande grad konkurranseutsett og importvoluma er aukande. Sektoren har hatt ein årleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 3,5 pst. dei siste 10 åra, og investeringane er sterkt aukande. Det er viktig å utforme ein politikk som gir tilstrekkeleg konkurransekraft på heimemarknaden, både i volummarknaden, i nisjemarknadene og gjennom alternativ næringsutvikling.

Samtidig har marknadssituasjonen for matvarer internasjonalt endra seg mykje det siste året. Det har vore ein sterk prisauke for dei fleste kornvarer og for mjølk og meieriprodukt som tørrmjølk og smør. Det er grunn til å vente at denne utviklinga etterkvart òg vil gi prisauke for nokre kjøttslag og for ost.

Årsakene bak denne raske og sterke endringa synes å vere samansette. Den viktigaste årsaka er auke i etterspurnaden, som skuldast auke i folketal og sterk økonomisk vekst i fleire asiatiske land. Satsinga på produksjon av biodrivstoff spelar òg ei viss rolle. I nokre område har produksjonen gått tilbake, mellom anna som følgje av tørke. Det er likevel verd å merke at den samla globale produksjonen av korn i sesongen 2007/08 er venta å bli historisk høg. Samtidig er lagra av korn historisk låge.

I den grad desse utviklingstrekka med høgare matvareprisar viser seg å vere uttrykk for ein meir varig situasjon, vil dette stille jordbruket og landbrukspolitikken overfor nye utfordringar og moglegheiter.

Dei samla produksjonsvoluma i Noreg er svakt aukande. Ytterlegare betring i kostnadsutviklinga både i jordbruket, i omsetningsorganisasjonane og i dei vidare omsetningsledda, vil ha stor verdi både for konkurransekrafta og for prisane til produsentane. Bruken av areal er samla sett relativt stabil, mens reduksjonen i sysselsetjing er noko lågare enn for nokre år sidan. Det er forhold som tyder på at utviklinga i jordbruket er minst positiv på Vestlandet, Agder/Telemark og i delar av Nord-Noreg, mellom anna med omsyn på arealbruk og produksjon.

Mykje av grunnlaget og verkemidla for jordbrukspolitikken blir meisla ut i jordbruksavtalen. Det blei i år inngått avtale med begge næringsorganisasjonane, jf. St.prp. nr. 77 (2006-2007). Avtalen fører vidare kursendringa i landbrukspolitikken, og gir landbruket eit nødvendig inntektsløft.

Avtalen:

  • legg til rette for ein inntektsauke på 17 000 kroner pr. årsverk (10 pst.) i 2008, jamført med inntekta i 2007 før oppgjeret, med grunnlag i dei prognosane for produksjon, kostnader mv. som gjaldt på det tidspunktet avtalen blei inngått

  • omdisponerar unytta midlar i 2007 svarande til 173 mill. kroner utanfor ramma for avtalen

  • styrkjer strukturprofilen mellom anna ved å auke tilskotta for dei minste einingane, senke botnfrådraget til 4 000 kroner, senke grunnvilkåret for rett til tilskott til 20 000 kroner og ved etablering av eit driftstilskott i sauehaldet

  • styrkjer distriktsprofilen ved å auke distriktstilskotta med 38 mill. kroner

  • styrkjer velferdsordningane ved å auke tilskottet til avløysing ved ferie og fritid med 7 pst. og ved å etablere ein nasjonal landbruksvikarordning og å betre tidlegpensjonsordninga

  • styrkjer miljøprofilen mellom anna ved å auke løyvinga til beitetilskottet med 72 mill. kroner og kulturlandskapstilskottet med 48 mill. kroner. Det blir skipa eit utviklingsprogram for klimatiltak og tilskott til miljøvennleg behandling av husdyrgjødsel

  • aukar tilskotta til økologisk jordbruk monaleg

  • etablerer mellom anna eigne satsingar i verdsarvområda, på frukt og grønt på Vestlandet, og på innlandsfiske

I St.prp. nr. 77 (2006-2007) blei det gjort greie for endringar regjeringa ville gjere i prisutjamningsordninga for mjølk. Endringane skal leggje ytterlegare til rette for konkurransen i marknaden for meierivarer. På område der Tine BA har ein dominerande posisjon inneber endringane i prisutjamningsordninga at dei uavhengige aktørane på permanent basis får reduserte avgifter eller auka tilskott i prisutjamningsordninga med 25 øre pr. liter mjølk. I tillegg får dei største konkurrentane til Tine BA ytterlegare reduserte avgifter og auka tilskott med 12 øre pr. liter mjølk, avgrensa til ein periode på fire år. Kontrollen med at Tine sel mjølk til eins pris til eigen foredling og andre aktørar blir ført vidare. Konkurransestyresmaktene vil framleis ha ansvar for å kontrollere at konkurransen i vidareforedlinga av meierivarer er i tråd med konkurranselova. Marknadsordninga for mjølk blir forenkla, ved at den særskilde etterkontrollen og etterregninga av prisar i marknaden for ferdigvarer i meierisektoren blir avvikla. Endringane blei sette i verk frå 1. juli 2007.

Matpolitikk

Departementet har, saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, ansvar for matpolitikken. Det viktigaste matpolitiske målet er å sikre trygg mat. Budsjettframlegget knytt til Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling m.m. blir omtalt under kategori 15.10.

I ein situasjon med auka konkurranse frå omverda, vil produksjon av trygge matvarer med høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Departementet er særleg opptatt av å sikre at innsatsvarer og sluttproduksjon er slik at sluttprodukta kan fylle målet om trygg mat. Departementet har juridiske og økonomiske verkemiddel langs heile verdi- og produksjonskjeda for mat frå jordbruket. Det er nødvendig å styrkje heilskapen i landbruks- og matpolitikken, mellom anna slik at verkemidla i næringspolitikken så langt som mogleg støtter opp om matpolitiske mål.

Departementet har utarbeidd ein matpolitisk strategi som skal leggje til rette for ei styrking av heilskapen i landbruks- og matpolitikken. Dette er ein samla matpolitisk strategi for utvikling av ein konkurransedyktig, landbasert matvaresektor som dekkjer heile verdikjeda. Resultata av ein god og heilskapleg landbruks- og matpolitikk vil kjenneteiknast av auka verdiskaping blant produsentane og av at produksjonen tek vare på forbrukarane sine ønskje om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvennleg produksjon.

Viktige satsingar i strategien er:

  • Departementet legg vekt på forbrukarane sine ønskje og preferansar ved utforminga av landbruks- og matpolitikken. Dette gir òg grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling i landbruket. Departementet vil i aukande grad sjå desse omsyna i samanheng med verkemiddelbruken i landbruket.

  • Det er òg viktig å utnytte synergiar og stimulere til samspel som kan fremme norsk matkultur, reiseliv, kulturlandskap og medverke til god helse og betre livskvalitet.

  • Det er innleidd eit samarbeid mellom næring og forvaltning med sikte på utbygging av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon mellom dei ulike ledda i matproduksjonskjeda og mellom offentlege og private aktørar. Dette vil mellom anna gi betre moglegheit for å spore kvar maten kjem frå. Landbruks- og matdepartementet leiar arbeidet med prosjektet.

  • Arbeidet med å utvikle eit heilskapleg kvalitetssystem med ein felles merkeprofil i marknaden, starta i 2007. Stiftelsen KSL Matmerk leiar arbeidet. Kvalitetssystemet skal ha som mål å bidra til kvalitet i alle ledd i verdikjeda, samt synleggjere og dokumentere kvalitetsarbeidet overfor forbrukar.

Økologisk jordbruk

Satsinga på økologisk matproduksjon skal medverke til å gjere det norske jordbruket meir berekraftig og til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Regjeringa har, jf. Soria Moria-erklæringa, som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015.

Om lag 4,3 pst. av det samla jordbruksarealet blei ved utgangen av 2006 drive økologisk, inkl. areal som er under omlegging. Variasjonen mellom fylka er stor. Buskerud, Telemark og Sør-Trøndelag har i dag meir enn 7 pst. økologisk drive jordbruksareal. 50 kommunar har over 10 pst. økologisk drive jordbruksareal og fleire har òg nådd målet om 15 pst. økologisk drive jordbruksareal. Veksten i marknaden og etterspurnaden etter økologiske produkt har halde fram i 2006 og 2007. Omleggingstakta var låg i 2006 og det var stagnasjon i utviklinga på produksjonssida. For budsjettåret 2007 blei derfor løyvingane over jordbruksavtalen i større grad retta mot å auke den økologiske produksjonen. Førebelse tal for 2007 tydar på at dette har gitt gode resultat i form av sterk auke i interessa for omlegging til økologisk drift.

Regjeringa har i løpet av hausten 2006 og vinteren 2007 vurdert ulike strategiar og tiltak for å nå målsetjinga på området. Regjeringa meiner områda under er særleg viktig for utviklinga framover:

  • auke i primærproduksjonen, med vekt på ei balansert utvikling mellom produksjon og marknad

  • forbrukarretta informasjon om økologisk mat, og organisering av slikt arbeid

  • utdanning og forsking

  • auke i det offentlege forbruket av økologisk mat

Som eit ledd i arbeidet fekk ei partssamansett arbeidsgruppe i oppdrag å føreslå tiltak for å auke den økologiske primærproduksjonen. Tilrådingar i denne utgreiinga blir i stor grad følgd opp i jordbruksavtalen for 2008. I avtalen er satsinga mot økologiske produsentar forsterka. Avtalepartane har lagt til grunn at produsentar med økologisk drift skal sikrast eit økonomisk utkomme minst på linje med anna landbruksdrift. Innretninga på tilskottsordningane til økologiske produsentar er i avtalen endra og målretta for å oppnå dette. Løyvingane til økologisk produksjon over jordbruksavtalen er for 2008 på 148,8 mill. kroner, men den varige verknaden av dei endringar som blei gjort i tilskottssystemet vil anslagsvis vere 16 mill. kroner høgare enn det som kjem til uttrykk i budsjettet for 2008. Det er eit særskilt behov for ein rask auke i produksjonen av økologisk mjølk. For 2008 er derfor kvoteramma for kumjølk auka med 4 mill. liter, som skal fordelast til økologiske mjølkeprodusentar gjennom den statlege salsordninga. Det er framleis viktig å halde fram med ein balansert innsats retta mot alle ledd i verdikjeda frå butikk til primærproduksjon. Innsatsen retta mot marknaden med sikte på å auke omsetning og etterspurnad er derfor vidareført.

Å gi forbrukarane informasjon om kva som er økologisk mat er viktig for utviklinga framover, og det har dei siste åra blitt utarbeidd fleire utgreiingar knytt til framtidig arbeid på dette området. I jordbruksforhandlingane i 2007 valde ein å leggje ansvaret for generisk marknadsinformasjon på området til stiftinga KSL Matmerk. KSL Matmerk si oppgåve er mellom anna å profilere og utvikle vidare merkeordningar i landbruket, og det var derfor naturleg at ansvaret for å profilere økologisk mat òg blei lagt til denne organisasjonen. KSL Matmerk skal i løpet av 2007 lage ein informasjonsstrategi for økologisk mat i samarbeid med andre sentrale aktørar.

Det er etablert ein breitt samansett fagleg møtearena for økologisk matproduksjon og -forbruk. Arenaen skal mellom anna gi innspel til sentrale styresmakter, og vil få ei sentral rolle i utarbeidinga av ein handlingsplan på området, knytt til bruk av verkemiddel innanfor departementet sitt ansvarsområde.

Utdanning og forsking spelar ei langsiktig, strategisk rolle for utviklinga av økologisk produksjon og forbruk. Økologisk produksjon blei hausten 2007 tatt inn som ein del av læreplanane for programområde landbruk og gartnarnæring i vidaregåande skole. Forsking innan økologisk produksjon og forbruk er òg eit prioritert område i jordbruksavtalen.

Som eit ledd i regjeringa sitt strategiarbeid fekk NILF i oppdrag å greie ut korleis ein kan auke bruken av økologisk mat i offentleg sektor. Med mellom anna denne utgreiinga som grunnlag, har Kommunal- og regionaldepartementet og Landbruks- og matdepartementet etablert eit eige satsingsprogram retta mot kommunar, kalla Økoløft i kommunar. Gjennom prosjektet er kommunane invitert til å søkje om å bli føregangskommunar for utvikling av forbruk og produksjon av økologisk mat. Føregangskommunane skal ha konkrete mål for kor stor del økologiske produksjon og forbruk skal utgjere i si kommune ved utgangen av 2009. Koplinga mellom lokal matproduksjon og matforbruk, og samarbeid i verdikjeda er sentrale element i satsinga. Føregangskommunane skal òg delta i nettverksarbeid som skal sikre at kunnskap og erfaringar frå prosjektet skal kome andre kommunar til gode. Ein vil setje av 10 mill. kroner pr år for 2008 og 2009, delt likt mellom Kommunal- og regionaldepartementet og Landbruks- og matdepartementet til Økoløft i kommunar. Kommunane er invitert til å søkje prosjektmidlar i samband med dette. Tiltak for å auke forbruket av økologisk mat, med vekt på statleg sektor, vil bli vurdert i løpet av 2008. Forbruk av økologisk mat er òg tatt inn som ein del av regjeringa sin Handlingsplan for miljø og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser.

Reindrift

Reindrifta sine utfordringar er mange og samansette. Framleis manglar viktige rammevilkår for utøving av god reindrift i delar av Finnmark. Dette er knytt til distrikts- og siidagrenser, beitetider og reintal. Stabile rammevilkår for næringa er ein nødvendig føresetnad for å kunne skape tryggleik innanfor næringa, og for å få eit reintal i balanse med beiteressursane. Den nye reindriftslova er eit viktig bidrag i arbeidet med ein heilskapleg reindriftspolitikk der alle viktige spørsmål blir vurdert i ein samanheng. Marknadssituasjonen for reinkjøtt er framleis god. Sidan vinteren 2003 er det ikkje omsett importkvotar for reinkjøtt med redusert tollsats. Dette har medverka til auka uttak av norsk rein. Samtidig har òg prisen til produsent auka. Den positive marknadsutviklinga er eit viktig bidrag i arbeidet med å få ned reintalet i delar av Finnmark.

Reindriftsavtalen 2007/2008 sine viktigaste mål er å leggje til rette for auka omsetning av reinkjøtt, samt stimulere næringa til størst mogleg slakteuttak og verdiskaping innanfor gitte rammer. Dei produksjonsavhengige tilskotta er vidareført. Desse tilskotta legg til rette for auka slakting og produksjon. Vidare er Reindrifta sitt utviklingsfond styrkt slik at det no ligg betre til rette for å imøtekomme næringa sine behov for infrastruktur. Samla sett underbyggjer dei tiltak som no er forhandla frem den dreiing ein har hatt i verkemidla over reindriftsavtalen dei siste åra, med eit meir næringsretta fokus og tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudnæring.

Reindrift er ei særs arealavhengig næring med marginale beiteområde, behov for ulike sesongbeite og flytte- og trekkvegar mellom dei. Inngrep og forstyrring innanfor beiteområda og fragmentering av beiteland er truleg ein av dei alvorlegaste truslane mot reindrifta sitt arealgrunnlag, og dermed mot det materielle grunnlaget for kulturen til samane. På bakgrunn av dette er det behov for å sikre reindrifta sine areal, særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift. Regjeringa vil framleis prioritere arbeidet for å få til ein god og heilskapleg arealpolitikk i høve til reindrifta både med omsyn til andre brukarar av areala og relevant lovverk.

Skogbruk og bioenergi

Skogbruket er ei viktig distriktsnæring og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Auka bruk av fornybar energi og auka trebruk i staden for meir energikrevjande materialar vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskeskapte klimagassutsleppa. Skog bind karbon og er derfor viktig i klimasamanheng. Skogen er òg leveområde for mange artar, er rik på kulturminne og er viktig for friluftsliv og opplevingar.

Skogbruket skapar store lokale verdiar, førstehandsverdien av det tømmeret som blir hogd og omsett ligg årleg mellom 2 og 3 mrd. kroner, noko som gir monalege ringverknader. Den samla produksjonsverdien frå skogsektoren er på om lag 40 mrd. kroner. Det er eit mål å auke verdiskapinga i alle delar av verdikjeda frå skogbruksverksemda, via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle eller konstruksjonsvirke o.a.

I budsjettframlegget for 2007 gjorde regjeringa fleire endringar med stor positiv effekt for skogbruket. Målet var auka avverking i tråd med Stortinget sitt oppmodingsvedtak frå behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2005.

Dei norske skogane er rikare på virke enn nokon gong tidlegare i moderne tid, men avverkinga i skogbruket er framleis låg sett i forhold til tilveksten. Den årlege tilveksten i dei norske skogane ligg no mellom 25 og 30 mill. m3mens avverkinga ligg stabilt rundt 8-11 mill. m3. På landsbasis er det mogleg å auke den årlege avverkinga frå dagens nivå og opp til om lag 15 mill. m3 innanfor miljømessig forsvarlege rammer, om marknaden etterspør så store kvanta. Det er store regionale skilnader når det gjeld potensialet for avverking. Auka avverking krev meir hogst av lauvtre og furu i område med lågare økonomisk avkastingsevne, og mykje av den skogen som kan bli avverka i dei nærmaste 40-50 åra ligg i område med manglande vegdekning og vanskelege driftsforhold.

Det er ein føresetnad at forvaltninga av skogressursane skjer etter prinsippa om berekraftig skogbruk. Dette er sentralt i den nye skogbrukslova og i den nye forskrifta om berekraftig skogbruk frå 2006 som utfyller og presiserer lova når det gjeld miljøomsyn, forynging og skogskadar. Forskrifta byggjer på og supplerer det omfattande frivillige miljøarbeidet og sertifiseringssystemet knytt til Levende Skog-samarbeidet. Skognæringa og miljørørsla reviderte hausten 2006 Levende Skog sin standard for eit berekraftig skogbruk. Resultatet inneber klart auka miljøambisjonar for norsk skogbruk, mellom anna når det gjeld bevaring av biologisk viktige område og evna til å dokumentere skogbruket sine miljøomsyn. Partane blei òg einige om å etablere eit permanent oppfølgingsorgan – Rådet for Levende Skog – for å ta vare på den felles løysinga. Skognæringa har fram til i dag lagt stor vekt på å følgje opp Levende Skog i all skogbruksaktivitet. Då Stortinget behandla framlegget til ny skogbrukslov, jf. Ot.prp. nr. 28 (2004-2005), blei det vist stor tillit til skognæringa sitt miljøarbeid.

Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål og vil vidareføre den offensive skogpolitikken som blei innført i 2007. Med verknad frå 2007 blei det gjort ei rad endringar i verkemiddelbruken:

  • bruksområdet for skogfond blei utvida og det blei opna for større skattefordelar ved bruk av skogfond

  • tilskotta til skogbruk og bioenergi auka med 20 mill. kroner som følgje av Jordbruksavtalen 2006

  • Bioenergiprogrammet blei styrkt med 10 mill. kroner opp til 35 mill. kroner

  • tresatsingstiltaka blei ført vidare med ei løyving på 35 mill. kroner

  • det blei lagt opp til eit prøveprosjekt for tyngre tømmertransport på utvalde vegstrekningar – inntil 56 tonn

  • skattereglane for erstatning ved frivillig vern av skog blei endra slik at det blir gitt skattefritak for erstatningane

I dei siste par åra har optimismen i skogbruket stige. Tømmerprisen har gått opp med om lag 45 kroner pr. m3 i gjennomsnitt for landet, og hogsten har tatt seg noko opp. Det har vore positive konjunkturendringar for trelast i Europa som har ført til betre prisar på trelast. Utviklinga når det gjeld bioenergi er òg ei viktig drivkraft. Endringane i verkemiddelbruken er med på å skape høgare aktivitet og rom for langsiktige investeringar i skogbruket, utvikling av bioenergifeltet og auka trebruk. Samtidig som det er ei positiv utvikling når det gjeld planting av skog, er det framleis areal som blir hogde utan at det er lagt godt nok til rette for forynging. Det er òg klart at det blir drive for lite pleie av ungskogen. Tal frå Statens landbruksforvaltning syner at skogeigarane dei tre første kvartala i 2007 har brukt 50 pst. meir av sine skogfondsmidlar, samanlikna med tilsvarande periode tidlegare år.

Departementet vil i 2008 utvikle skogpolitikken vidare med basis i dei verkemidla som no er etablert. Dei økonomiske verkemidla som blir sett inn vil i 2008 vere på om lag same nivå som i 2007. Grunnstamma i verkemiddelbruken er skogfond, tilskotta til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging, bioenergitiltak og tiltak for auka bruk av tre. Det er derfor viktig at fylka prioriterer skogkultur og ungskogpleie, både av omsyn til den framtidige verdiskapinga, og ut i frå den rolla skogen har når det gjeld å møte klimautfordringane. Departementet vil elles følgje opp utfordringane i tømmertransporten i dialog med Samferdselsdepartementet.

Auka avverking og verdiskaping krev aktiv oppfølging på mange område. Det er viktig med ei brei tilnærming og godt samarbeid mellom aktørane knytt til skogsektoren både sentralt, regionalt og lokalt. Departementet ser svært positivt på dei ulike regionale prosessane der skogbruket, industrien og regionale og lokale styresmakter blir knytt saman i ei felles satsing på skogbruk og bioenergi. Det er mellom anna etablert eit stort prosjekt knytt til skogbruk i kyststrok som skal munne ut i ei melding til dei aktuelle fylkeskommunane. Departementet gir støtte til arbeidet og vil vurdere ei oppfølging når meldinga ligg føre. Sjå òg omtale under kap. 1149 post 71.

Det er framleis nødvendig å ha eit høgt ambisjonsnivå når det gjeld forsking, innovasjon og utvikling i skogsektoren. I dag betaler skogeigarane ei krone i avgift pr. kubikkmeter tømmer som blir hogd. Denne avgifta er heimla i skogbrukslova. Departementet meiner det er aktuelt å vurdere å auke denne avgifta frå skognæringa til forsking og utvikling. Departementet vil ta opp dette med skogeigarorganisasjonane.

Arbeidet med å ta vare på miljøverdiane der det blir drive skogbruk skjer planmessig og krev god kunnskap. Departementet ser det som viktig å føre vidare innsatsen knytt til mellom anna skogbruksplanlegging med miljøregistreringar. Revisjonen av Levende skog-standarden gav eit løft i miljøambisjonane for skogbruket, og utfordringa er no å vise at standarden gir gode resultat og konkrete miljøomsyn i praksis. Departementet har merka seg at Levende skog vil sjå nærmare på utfordringane knytte til bruk av utanlandske treslag. Gjennom forskrifta om berekraftig skogbruk er det gitt klare reglar om bruk av utanlandske treslag, og departementet har bede Landsskogtakseringa framskaffe data om naturleg spreiing av slike treslag. Departementet vil i tillegg vurdere andre tiltak, mellom anna i lys av det utgreiingsarbeidet som no blir starta i Levende skog, og er i dialog med Artsdatabanken om utvikling av kunnskapsgrunnlaget knytt til både truga og framande artar.

Departementet vil elles framheve skogen si viktige rolle i klimasamanheng, og vil arbeide aktivt for å auke dei positive gevinstane av å plante skog og bruke trevirke til m.a. konstruksjonar og energi. Statens forureiningstilsyn sin klimagassrekneskap viser at skogen i Noreg årleg tek opp mellom 25–30 mill. tonn CO2. Dette svarer til om lag 50 pst. av dei totale norske utsleppa av klimagassar. Som leverandør av trevirke gir sektoren positive bidrag i klimasamanheng, dels ved at bruk av varige treprodukt forlenger karbonbindinga som skjer i skogen, og dels ved at treprodukt erstattar andre produkt som har større klimagassutslepp i produksjon eller bruk. Potensialet for bioenergi er stort. Til dømes gir 1 mill. m3 tømmer om lag 2,3 TWh energi. For kvar TWh fyringsolje vi erstattar med bioenergi, vil vi redusere dei norske CO2-utsleppa med 260 000 tonn og kan såleis medverke vesentleg til å oppfylle pliktene etter Kyoto-protokollen. Ressurstilgangen frå skog og kulturlandskap gir også rom for norsk produksjon av biodrivstoff. Ny teknologi vil på sikt gjere det mogleg å lage bioetanol og syntetisk biodiesel frå trevirke, landbruksavfall og annan biomasse. Anslagsvis kan 1 mill. m3 trevirke gi 120 mill. liter drivstoff. I ein rapport om biodrivstoff som i 2007 blei levert til Samferdselsdepartementet er det vist til at ei satsing på dette området kan gi fleire tusen nye arbeidsplassar.

I klimameldinga som blei lagt fram i 2007, har regjeringa knytt dei ulike tiltaka saman og vil mellom anna leggje til rette for auka skogplanting og skogkultur for auka skogproduksjon. Regjeringa vil vidare sikre målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka bruk av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020.

Departementet vil òg auke innsatsen for å framskaffe kunnskap om korleis klimaet påverkar skogen. I ein rapport frå Norsk institutt for skog og landskap i 2007, er det gitt vurderingar omkring kva ein kan vente av verknader m. a. i høve til vekst og skadar på skog. Eit innsatsområde framover er å lage ein ny strategi for skogfrøforsyning, der klima inngår som eit element i vurderingane. Dette har fleire sider. Foredla frø kan gi opp mot 20 pst. høgare produksjon av trevirke med høgare kvalitet. Dette er viktig i arbeidet for ny skog, auka klimaeffekt og ikkje minst inntening i skogbruket. Samtidig er det viktig å sikre at skogen i framtida er robust i høve til å motstå klimaskadar og skadar frå sopp og insekt. Landbruk og klima er elles omtalt i et avsnitt seinare i kategoriomtalen.

Innovasjon og næringsutvikling

Ny næringsutvikling

Auka innovasjon i landbruket er ein føresetnad for auka mangfald og lønnsemd i produksjonen av varer og tenester frå sektoren. Departementet vil føre ein innovasjonspolitikk som er kunnskapsbasert og som tek utgangspunkt i regionale fortrinn og moglegheiter, og der det er næringslivet som i all hovudsak definerer moglegheitene. Konkurransekrafta til store delar av landbruket vil på denne måten byggje på særeigne lokale fortrinn som medverkar til å gjere produkt eller tenester eksklusive i marknaden. For å oppnå dette må regionale styresmakter leggje til rette for eit samarbeid med kunnskapsmiljø og næringsliv for å medverke til auka innovasjon. Dette er nærmare omtalt og drøfta i Strategi for forskning og forskningsbasert innovasjon 2007 – 2012 som ble fastsett våren 2007, jf. òg kat. 15.20.

Departementet har utarbeidd ein nasjonal strategi for næringsutvikling - Ta landet i bruk!. Strategien gjeld frå 2007 til 2009.

I den nye strategien er det lagt vekt på utvikling av levande bygder med eit moderne og livskraftig landbruk, samt auka og lønnsam produksjon av andre varer og tenester. Satsing på økologisk landbruk er i større grad enn tidlegare inkludert i den nasjonale strategien. Strategien femnar om heile verdikjeda, frå primærproduksjon fram til forbrukar, og siktemålet er å auke den samla effektiviteten og verdiskapinga. Auka lønnsemd er hovudmålet for strategien, men dette målet kan òg bli oppfylt på andre vis enn ved rasjonalisering av struktur. Det er utvikla konkrete resultatmål for seks nasjonale satsingsområde.

Det blir arbeidd med å utvikle nye mål- og resultatindikatorar som skal gi gode indikasjonar på graden av suksess i arbeidet med næringsutvikling knytt til landbruket.

Med grunnlag i den nasjonale strategien er det utarbeidd fylkesvise strategiar i regi av regionale partnarskap og under leiing av Fylkesmannen.

Innovativ og marknadsorientert produktutvikling er sjølve fundamentet for auka matmangfald og verdiskaping. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon, som frå 2007 blir finansiert innanfor jordbruksavtalen, realiserer prosjekt som er med å gi auka verdiskaping for primærprodusentane og til å styrkje konkurranseevna til små og mellomstore matbedrifter. Det vil bli satsa særskilt på utvikling av verksemder som har ønskje om å vekse, og på å betre verksemdene sine moglegheiter til å kome inn i nye marknader. Programmet bidrar òg til å støtte prosjekt som skal gjere synleg og utvikle eit matmangfald i reiselivsnæringa. Merkeordninga Beskyttede betegnelser er ein viktig strategi for å styrkje konkurransekrafta til norsk landbruksbasert matproduksjon gjennom utvikling av konkurransefortrinn basert på merkenamn, regionalt opphav og særskilte produktkvalitetar.

Dei ulike aktørane i verdikjeda er innbyrdes avhengige av kvarandre. Norske primærprodusentar treng ein aktiv og offensiv norsk næringsmiddelindustri for avsetning av produkta. Samtidig er mange arbeidsplassar i norsk næringsmiddelindustri avhengige av eit aktivt landbruk i heile landet.

Matprodusentane er vidare avhengig av både forsking og utvikling i den eine enden av verdikjeda og daglegvaremarknaden og forbrukarane i den andre enden av verdikjeda. Ein aukande maktkonsentrasjon på daglegvareleddet har gjort det særleg krevjande for små matprodusentar å oppnå effektiv distribusjon og marknadstilgang. Departementet legg vekt på forbrukarane sine ønskje og preferansar som ein viktig premiss for næringsutviklinga i landbruket.

I landbruks- og matpolitikken er det òg viktig å utnytte synergiar og stimulere til samspel som kan fremme norsk matkultur, reiseliv, kulturlandskap og medverke til god helse og betre livskvalitet.

Statsråden sitt kontaktutval for næringsutvikling blir vidareført, og vil femne innovasjon og forsking. Innovasjon Norge vil vidareføre dei etablerte faglege møtearenaene på utvalde område som skal vere møteplass for diskusjon av tema innan dei ulike bransjane.

Samla sett er det òg ein stor tenesteproduksjon i landbruket som representerer viktige verdiar og ressursar innanfor t.d. reiseliv, helse- og omsorgstenester og alternative læringsformer. Det er eit stort behov for slike tenester i samfunnet, og dette kan samtidig bli viktige verksemder i landbruket. Utviklingsprogrammet for grønt reiseliv, som blei etablert i samband med jordbruksforhandlingane i 2006, er godt i gang og næringa har store ambisjonar om auka verdiskaping basert på gardane og bygdene sine ressursar. Landbruket har òg mykje å bidra med når det gjeld lokal kulturhistorie, kulturlandskap, matkultur, jakt og fiske. Regjeringa ønskjer å synleggjere desse verdiane og medverke til samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar.

Samarbeid med andre departement og sektorar er òg viktig når det gjeld Inn på tunet –satsinga. Slik verksemd utgjer ein viktig del av inntektsgrunnlaget på mange gardsbruk. Inn på tunet-tenester bør bli ein viktig og prioritert del av tenestetilbodet innan helse-, omsorgs- og utdanningssektoren. Dette blir no følgt opp gjennom mellom anna kvalitetssikringssystem og auka kunnskap og kompetanse i næringa.

Skogen er òg ein viktig arena som læringsmiljø. I Hedmark fylke er det i eit samarbeid mellom Fylkesmannen og NAV sett i gang fleire prosjekt knytt til å bruke skogen som utgangspunkt for å føre langtidssjukmeldte og andre som av ulike årsaker treng arbeidstrening tilbake til arbeidslivet.

Departementet har tatt del i ei arbeidsgruppe som har gitt Miljøverndepartementet faglege råd i arbeidet med å lage ein handlingsplan for berekraftig forvaltning, skjøtsel og bruk av verneområde. Dette er ei oppfølging av Soria Moria-erklæringa og det påbegynte arbeidet med å utvikle nasjonalparkar og andre store verneområde som ein ressurs for lokalsamfunna og for lokal verdiskaping.

Som ei oppfølging av Soria-Moria erklæringa og St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet, tek Landbruks- og matdepartementet del i eit arbeid i regi av Kommunal- og regionaldepartementet for å utvikle ein meir heilskapleg politikk for fjellområda. På grunnlag av innspel frå fjellområda, skal det utformast strategiar og tiltak for å sikre ei framtidsretta utvikling i fjellområda, der bevaring av fjellområda sitt unike særpreg kan einast med moglegheitene for å utvikle attraktive og konkurransedyktige næringar.

Småskala vasskraftverk er ei næringsverksemd som blir stadig viktigare for norske bønder. Om lag 1 500 rettshavarar i næringa er anten i gang med prosjekt eller planlegg å setje i gang, og det er moglegheiter for mellom 4 000 og 6 000 rettshavarar på sikt. Det totale kraftpotensialet er estimert til 15-20 TWh småkraft, altså noko over 10 pst. av det totale årlege kraftforbruket i Noreg. På den eine sida representerer dette eit stort potensial for produksjon av fornybar energi frå distrikta – nok til å dekkje strømforbruket til om lag 1 mill. husstandar – samtidig som det gir gode utsikter for auka inntekter til norske grunneigarar. Departementet vil bidra til mellom anna kompetanseoppbygging hos grunneigarane, for at dette potensialet skal bli realisert på ein slik måte at det sikrar auka verdiskaping i distrikta. Saman med satsinga på bioenergi vil dette gi landbruket enda sterkare fotfeste som produsentar av grøn energi. Samtidig er det viktig at utviklinga av småkraft skjer innanfor ei miljømessig forsvarleg ramme som tek omsyn til natur, kultur og friluftslivsverdiar.

Etter inspirasjon frå Mellom-Europa er det dei siste åra starta fleire prosjekt i Noreg som tek utgangspunkt i natur- og kulturparkar som konsept for lokalsamfunnsutvikling. Å skape meirverdi ut frå lokale fortrinn og kvalitetar knytt til kulturlandskapet og natur- og kulturarven, og berekraftig utnytting av desse ressursane til auka verdiskaping og næringsutvikling, står sentralt i natur- og kulturparkmodellen. Nasjonalt er det tatt initiativ til etablering av eit erfarings- og kompetansenettverk, der både sentrale styresmakter, forskingsmiljø, lokal og regional forvaltning og entreprenørar med interesse for parkkonseptet kan møtast. Konkretisering av natur- og kulturpark som modell for nærings- og lokalsamfunnsutvikling og som nasjonalt verkemiddel vil vere sentrale tema for nettverket.

Det er utarbeidd ein Handlingsplan for innlandsfiske i regi av Landbruks- og matdepartementet, jf. omtale under kap. 1150 post 50. Satsinga går over 5 år.

Skattlegging av landbruket

Skatte- og avgiftssystemet har stor verknad for næringsutvikling i jordbruket og næringsmiddelindustrien, i skogbruket og når det gjeld produksjon av bioenergi, og i anna landbrukstilknytt næringsverksemd. Skatt og avgifter verker dessutan inn på produksjon og forbruk av varer og tenester basert på landbruket sine ressursar, noko som har konsekvensar for naturmiljøet og bruken av naturressursar.

For ein heilskapeleg omtale av skatte- og avgiftsopplegget for 2008 viser ein til St.prp. nr. 1 (2007-2008) og Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) frå Finansdepartementet. Nokre av endringane omtalt er med på å gi ei betre innretning av skatte- og avgiftssystemet for landbruket. Avgiftene på fyringsolje, anleggsdiesel og autodiesel blir auka slik at det blir relativt sett meir lønsamt å bruke bioenergi og biodrivstoff. Jordbruket blir kompensert for auka grunnavgift på fyringsolje ved at jordbruksfrådraget blir auka frå 45 000 kroner til 54 200 kroner i 2008, noko som gir ein meir miljøriktig skatte- og avgiftspolitikk. Etter skattereforma har det vore ein del merksemd knytt til den skjerpa skattlegginga av salsgevinstar. For å motverke at det skal løne seg å ta fast eigedom ut av næring for å oppnå redusert skatt på salsgevinstar, foreslår ein at gevinstar frå sal av grunnareal i landbruket blir skattlagd berre som kapitalinntekt slik som før skattereforma, dersom samla årleg gevinst er lågare enn 150 000 kroner.

Dei nye takseringsreglane for formuesverdsetting av skog vil bli justert i tråd med dei føresetnadane som blei gitt i samband med statsbudsjettet for 2007. Det visast til St.prp. nr. 1 (2007-2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak for nærmare omtale av korleis dette vil bli gjennomført.

Regjeringa legg vidare opp til at hestehald med rimelege utsikter til å gi økonomisk overskott skal bli behandla som næring i skatte- og avgiftsmessig samanheng. Kriterium og praksis for skattlegginga av hestehald vil bli gjennomgått.

For å kunne behandle ulike typar fast eigedom individuelt når det gjeld endringar i likningstakstar som skal vere grunnlag for formuesskattlegging, blir takseringsreglane endra slik at den tidlegare kategorien anna fast eigedom blir delt opp i dei fire nye kategoriane gardsbruk, forretningseigedom,ubygd tomt og andre eigedommar.

Ansvar og roller i den statlege skredpolitikken

Endringar i klima vil venteleg føre til større risiko for skred i tida framover. Regjeringa vil intensivere kartlegginga av risikoområde for store fjellskred gjennom eit fleirårig program. Regjeringa vil vidare styrkje samarbeidet om den statlege innsatsen for kartlegging, førebygging av og sikring mot skred mellom anna ved å etablere eit skredforum. Den statlege informasjonen om ansvar og roller når det gjeld skred og skredinformasjon på nettstaden skrednett.no skal og forbetrast. Regjeringa vil i tillegg til dette også arbeide vidare med spørsmål om endringar i ansvarsforholda mellom dei statlege etatane når det gjeld skredproblematikk, og vil kome attende til saka på egna måte.

Staten vil også medverke til å sikre døgnkontinuerleg overvaking av skredfarlege område i Storfjorden (Åknes, Tafjord) og andre stader der det er behov for det. Regjeringa vil arbeide vidare med korleis dette arbeidet skal organiserast. Skredpolitiske tiltak og dei førebyggjande tiltaka departementet har ansvar for blir elles omtalt under kap. 1148.

Likestilling i landbruket og tiltak retta mot barn og unge

Likestilling

Noreg har ein føremon med høgt utdanna arbeidskraft og høg yrkesdeltaking blant kvinner. Samtidig har Noreg ein av Europas mest kjønnsdelte arbeidsmarknader, der kvinner i større grad arbeider i offentleg sektor enn i næringslivet. Dette er ei utfordring for landbruket.

Det er eit mål at kvinner og menn skal ha like reelle høve til å eige ein landbrukseigedom, til å overta og busetje seg, og til å drive næringsverksemd innanfor landbruket og i næringar knytt til landbruket. Utviklinga i landbruket dei siste fem åra syner at delen kvinnelege eigarar har vore stabil. Delen kvinnelege personlege brukarar er no på 13 pst., mens kvinnelege eigarar utgjer 25 pst. Kvinner har i lengre tid blitt prioriterte i forskrifta som styrer tildelinga av pengar til bygdeutvikling. Statistikken syner at dette verkemiddelet fungerer og kvinner er særleg godt representert i aktivitetar slik som Inn på tunet og Grøn omsorg.

Arbeidsgruppa med representantar frå departementet og næringa har utvikla ein strategi for likestilling i landbruket. I strategien er det målsetjing om 40 pst. kvinner på alle område i landbrukssektoren. Som eit resultat av arbeidet med strategien blir det i 2008 oppretta eit program for likestilling og rekruttering, jf. omtale under kap. 1150.

Tiltak retta mot barn og unge

Barn og unge er den framtidige omverda til landbruks- og matsektoren og dei er grunnlaget for framtidig rekruttering til sektoren. Samtidig har barn og unge eit meir distansert forhold til landbruk og naturforvaltning enn tidlegare. Det er eit mål å gi barn og unge forståing for langsiktig forvaltning av ressursane som kjelde til inntekt og velferd. Det er derfor viktig å ha ein politikk som òg vender seg aktivt mot barn og unge. Ein slik politikk skal vere med å leggje til rette for utviklingsmoglegheiter og positive opplevingar knytt til natur og landbruk, og gi kunnskap om og innsikt i landbruket.

Departementet vil auke støtta til organisasjonen 4H Noreg. Organisasjonen rettar seg mot barn og unge og legg vekt på å utvikle aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Organisasjonen har totalt 16 500 medlemmer.

Skogen er ein verdifull arena for prosjekt retta mot barn og unge. Skogbrukets kursinstitutt (SKI) og Skogselskapet har stor aktivitet og kompetanse innan dette feltet. Departementet gir mellom anna tilskott til miljølæreprosjektet Lære med skogensom er tilrettelagt frå barnehage- til høgskolenivå. Statskog gjennomfører òg fleire aktivitetar for å stimulere til eit aktivt friluftsliv for barn og unge. Statskog og Det norske Skogselskap samarbeider mellom anna om skoleskogdagar i Trondheim og Oslo. Vidare har departementet si tresatsing medfinansiert prosjekt for å skape auka engasjement om trebruk hos barn og unge. Det er ønskjeleg med eit auka samarbeid mellom ulike aktørar innan skog, tre og utmark når det gjeld aktivitet retta mot barn og unge. Dette vil gi grunnlag for ei meir slagkraftig organisering av arbeidet og gi grunnlag for å vidareutvikle desse aktivitetane.

Departementet vil føre vidare satsinga på Noregs bygdeungdomslag og andre tiltak som prosjektet Ungt entreprenørskap og tilbodet om sunn mat, inkludert frukt og grønt til barn og unge.

Eigedoms- og busetjingspolitikk

Verkemidla innan eigedoms- og busetjingspolitikken skal støtte opp under regjeringa sitt mål om at heile landet skal takast i bruk for å auke verdiskapinga og styrkje lokalsamfunna. Dette krev at menneskelege, økonomiske og arealmessige ressursar blir tekne i bruk på ein betre måte enn i dag. På landbrukseigedommane finst ressursar i form av areal og bygningsmasse. Eigarane sine evner og vilje til å utnytte eigedommane står sentralt for å nå målet om betre ressursutnytting. Eigedoms- og busetjingspolitikken skal vidare støtte opp om det tradisjonelle familielandbruket med garden som buplass og arbeidsplass. Dei som treng auka areal for å få til dette bør få tilgang på slikt areal. I denne samanhengen er det òg viktig å få til gode driftsmessige løysingar.

Det må dessutan leggjast til rette for dei som vil utvikle eigedommen med nye næringar. Dei som ikkje har areal, men likevel har ønskjer om å drive landbruk eller nye næringar bør òg få sleppe til. Dette krev auka tilgang på areal.

Det finst om lag 180 000 landbrukseigedommar. Om lag 128 000 av dei er utan eiga jordbruksdrift, men med bygningsmasse, og mange har skog. Mange av dei finn vi i område med spreidd busetjing. I 2006 blei det kartlagt 34 100 landbrukseigedommar med bustadbygningar, men utan fast busetjing. Samtidig viser ei MMI-undersøking at om lag 200 000 menneske ønskjer å busetje seg på småbruk/gard. Landbrukseigedommane har etter dette eit monaleg busetjingspotensial, særleg i område med lågt folketal. Sjølv om eigedommane ikkje kastar nemnande av seg i form av landbruksdrift, er det eit mål å leggje til rette for at busetjingspotensialet kan bli utnytta. Slik bruk vil vere til beste for viktige fellesskapsverdiar i sårbare lokalsamfunn. Det bør derfor leggjast til rette for at utbodet på den frie marknaden av landbrukseigedom utan fast busetjing i større grad enn i dag dekkjer etterspørselen etter slik eigedom.

Kommunane si rolle i å gjennomføre eigedoms- og busetjingspolitikken er sentral. Lova, retningslinjene og kommunane si praktisering må samla sett leggje til rette for ønskt utvikling. Bruken av verkemidla må byggje både på lokale behov og nasjonale mål. Dette fører til at verkemidla må kunne brukast aktivt, og på ulikt vis ut frå ulike behov på bygda og i pressområde nær byar eller tettstader. Departementet arbeider med ein gjennomgang av fleire verkemiddel med sikte på å gjere dei meir målretta i forhold til auka verdiskaping og ønskjet om ei tenleg lokal utvikling basert på eigedomsressursane i landbruket.

Eit sentralt verkemiddel i busetjingspolitikken er buplikta. Buplikta sikrar at mange bruk som elles lett vil bli selt til fritidsføremål, blir tekne over av eigarar som vil bu på bruket og utnytte dei ressursane som er der.

I 2006 kartla departementet kommunane sin praksis i saker som gjeld søknad om fritak frå buplikt. Undersøkinga viste at det blei gitt fritak frå buplikt i mange saker, og at grunngjevinga for fritaka er knytt til ei rekkje ulike moment, mellom anna den tilknytinga søkjaren har til eigedommen, og livssituasjonen hans. Med sikte på å leggje til rette for meir målretta føresegner om buplikt på landbrukseigedom, arbeider departementet med forslag til endringar i odelslova og konsesjonslova. Sjølv etter siste utvikling i EØS-retten kan ein ha reglar om buplikt i Noreg. Det er likevel visse skrankar for kor langt det er mogleg å gå når det gjeld innhaldet i buplikta. Forslaga til nye reglar vil etter planen bli sende på høyring hausten 2007, med sikte på å fremme forslaget om endringar for Stortinget i 2008, saman med endringar som er knytt til oppfølginga av odelslovutvalet sine forslag om endringar i odelslova.

Viktig er òg det arbeidet som mange kommunar gjer for å få til busetjing. Departementet ønskjer å stimulere til slikt arbeid og har i år løyvd 1 mill. kroner til aktivitetar og utgreiingar innan areal- og busetjingspolitikken. Av desse midlane har prosjektet Landskap i kommunal planlegging i Hordaland fått 100 000 kroner. 900 000 kroner er delt på prosjekt som skal stimulere til større mangfald av gode busetjingstiltak, og dessutan ha overføringsverdi og vere til inspirasjon. Eitt av prosjekta Lys i alle glas, er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunar i Numedal, Hallingdal og midtre delar av Buskerud. Prosjektet som skal medverke til at minst 100 fråflytta bruk får fast busetjing har fått 200 000 kroner. Vidare har Holtålen kommune, Vinje kommune og Åmli kommune kvar fått 150 000 kroner, mens Oppland Bonde- og Småbrukarlag har fått 50 000 kroner. Det er òg løyvd 200 000 kroner til Fylkesmannen i Hedmark som skal gjennomføre ei undersøking for å finne ut effektane av buplikta for busetjing og kulturlandskap.

Landbruks- og matdepartementet har i 2007 lagt ut nye nettsider om busetjing på www.regjeringen.no. Formålet er å gi kommunar og andre lettare tilgang til informasjon om verkemiddel for busetjing.

Departementet vil òg stimulere til auka forskingsinnsats når det gjeld effektar av verkemidla innan eigedoms- og busetjingspolitikken.

Det blei vedteke endringar i jordlova i 2006, og endringane blei sette i kraft frå 2007. I samband med departementet sin orientering om endringane blei kommunane bedne om å føre ein strengare praksis ved søknad om frådeling – særleg der drifts- og miljømessige ulemper gjer seg gjeldande, og når frådelinga gjeld til dømes kårbygningar som er nødvendige for drifta av eigedommen. Det er viktig at eigedomsressursane ikkje blir reduserte gjennom frådelingar. Det er for tidleg å seie noko om verknadene av denne innskjerpa praksisen.

Ved søknad om konsesjon skal det skje ei vurdering av prisen på den eigedommen som er omsett. Departementet gjennomførde i 2006 ei kartlegging av kommunane sin praksis i saker som gjeld priskontroll etter konsesjonslova. Kartlegginga viste at det var store variasjonar med omsyn til kva for pris kommunane aksepterte, og at prisane på kjøp av landbrukseigedom har auka mykje i dei seinare åra. Med bakgrunn i dette vil regjeringa vurdere tiltak som kan gjere priskontrollen meir målretta.

Mellom anna vil det bli tatt initiativ for å lage betre reglar for behandling av slike saker. Vidare vil departementet be Fylkesmannen auke fokuset på prissaker i sin dialog med kommunane.

Statistikk tyder på at talet på landbrukseigedommar som er eigd av dødsbu er aukande. Dette er eit problem for landbruket fordi eigedommane ofte blir ståande utan bebuarar og at jorda ikkje blir halde i hevd. Skiftelovutvalet, som blei sett ned av Justisdepartementet i september 2005, har i mandatet sitt å vurdere om det bør innførast reglar som skal redusere desse ulempene. Skiftelovutvalet si innstilling er venta ferdig hausten 2007.

Departementet arbeider elles med ein full revisjon og fornying av jordskiftelova.

Miljø og ressurspolitikk

Jordvern og kulturlandskap

Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken. For å ta vare på viktige kulturlandskap og verne om dyrka og dyrkbar jord arbeider regjeringa etter desse måla:

  • den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane skal halverast innan 2010

  • spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått ei særskilt forvaltning innan 2010

  • område som gror igjen med skog må skjøttast med tanke på næring og rekreasjon.

Dyrka og dyrkbar jord er grunnleggjande for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Som følgje av klima, terrengtilhøve og jordsmonn er berre 3 pst. av arealet i Noreg dyrka mark. Dei siste 50 åra har den årlege omdisponeringa av jordressursar vore monaleg. Nye tal frå KOSTRA syner at omdisponeringa gjekk ned også i 2006 samanlikna med dei siste 4-5 åra. I 2006 blei det omdisponert om lag 14 100 daa dyrka og dyrkbar jord, mens motsvarande tal for 2005 var om lag 18 000 daa. Talmaterialet er noko usikkert fordi 2005 var fyrste året med statistikk gjennom KOSTRA på dette feltet og fordi kvaliteten er noko variert. Tala for jordbruksareal i landet har samla sett ikkje gått ned i takt med omdisponeringa, men mange av dei aller beste jordbruksareala er omdisponert og erstatta av mellom anna nydyrka areal som i mange høve er meir marginale. Mykje står att før ein når målet om halvering av nedbygginga. Departementet meiner at det framleis er nødvendig med sterk merksemd kring jordvern både lokalt og sentralt dersom det skal vere mogleg å nå målet. Ein legg derfor opp til ei meir restriktiv linje i arealdisponeringa. Det er sett ned ei jordverngruppe som skal vurdere dei verkemiddel ein har i dag og sjå på nye verkemiddel for å styrkje jordvernet.

Kulturlandskap forma av landbruket er viktig for identitet og tilknyting. Det gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv og for busetjing og turisme. Det er likevel utfordringar knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet. Med tanke på busetjing og trivsel og grunnlaget for reiseliv, lokal utvikling samt biologisk mangfald er det viktig å ta vare på slike kvalitetar. Norsk institutt for skog og landskap har ansvar for ei overvaking av endringar i kulturlandskapet, og denne syner at berre i Oslofjord-fylka er så mykje som 14 000 daa i ferd med å gro igjen i løpet av ei 3-årsperiode. Det er i hovudsak beitemark som går ut av bruk. Derfor er ordninga med beitetilskott og dei regionale miljøprogramma styrkt for å auke beiting og for betre å kunne skjøtte kulturlandskapa. Dei regionale miljøprogram skal evaluerast i 2008 med tanke på å betre miljøeffekten av programma ytterlegare.

Departementet vil føre vidare samarbeidet med Miljøverndepartementet om å dokumentere og peike ut spesielt verdifulle kulturlandskap.

Ordninga med at staten dekkjer utgifter til arkeologiske arbeider ved mindre, private tiltak for å ta vare på automatisk freda kulturminne er utvida, slik at staten i større grad enn før dekkjer utgifter til arkeologiske arbeider også i landbruket. Ordninga er styrkt i Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2008.

Forureining frå jordbruket

Verkemidla i nasjonalt og regionalt miljøprogram skal sjå til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff.

Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft skal følgjast opp gjennom dei regionale miljøprogramma. Departementet vil vidareutvikle regionale miljøprogram for å oppnå ytterlegare reduksjonar av næringssaltavrenning jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand (RM). Det er òg lagt til rette for å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn innan landbruket. Departementet legg opp til ei vidare satsing på å redusere forureininga av fosfor og nitrogen til vassdrag og kystområde. Departementet vil mellom anna gi fylkesmennene heimelsgrunnlag for å setje strengare miljøkrav til jordbruket i nedbørfelt til ureina vassdrag og kystområde, jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007). Arbeidet skjer i samarbeid med miljøvernstyresmaktene. Departementet vil òg setje i gang utviklingsprosjekt for å skaffe fram ny kunnskap for å styrkje gjennomføringa av tiltak på ein kostnadseffektiv måte. Mellom anna vil det over ein periode på 3 år bli gitt 3,5 mill. kroner ekstra midlar til Vestre Vansjø, som kompensasjon til bønder som prøver ut og gjennomfører nye tiltak for å redusere utsleppet av fosfor. Dette kjem i tillegg til dei om lag 6 mill. kroner som fylkesmennene i Østfold og Akershus kvart år nyttar til tiltak i Vansjøvassdraget over dei regionale miljøprogramma.

I løpet av perioden 1998-2002 er miljø- og helserisikoen ved bruk av plantevernmiddel redusert med minst 25 pst. I 2004 blei handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel revidert og ein ny ambisiøs plan fram mot 2008 er vedteke. Målsetjinga er å redusere faren ved bruk til det halve samanlikna med 1998.

Landbruk og klima

Regjeringa la i juni 2007 fram ei stortingsmelding om klima der òg klimatiltak i dei ulike sektorar inngår. Tiltak i skogbruket er høgt prioritert.

Regjeringa skal opprette eit utviklingsprogram for klimatiltak i jordbruket over jordbruksavtalen. Under programmet skal ein mellom anna greie ut tiltak for å redusere utslepp av lystgass og auke kunnskapen om biogassproduksjon. Eit sentralt klimatiltak i jordbruket er å stimulere til auka produksjon av biogass. Jordbruket og kommunal sektor kan til dømes samarbeide om løysingar for å bruke matavfall og husdyrgjødsel til biogass. Biogass kan gi elektrisk kraft og varme, eller bli foredla til drivstoff. Vidare vil regjeringa vidareutvikle regionale miljøprogram til òg å omfatte aktuelle tiltak for å redusere utslepp av klimagassar.

Regjeringa sine klimamål for 2020 inkluderer opptak av CO2 i skog. Med ei eventuell vidareføring av Kyotoprotokollen sitt regelverk for skog vil det anslagsvis vere mogleg å få godskrive eit nettoopptak opp mot tre millionar tonn CO2 i utsleppsrekneskapen for 2020. Regjeringa vil i meldinga leggje til rette for auka skogplanting og aktiv skogkultur for auka skogproduksjon med basis i eksisterande verkemiddel. Departementet vil arbeide vidare med styrking av tiltaka for å vedlikehalde og utvikle skogressursane, mellom anna med sikte på å auke bindinga i skog. Auka bruk av biomasse til bioenergi er også vektlagt i meldinga og vil vere eit av dei fremste satsingsområda til departementet i åra som kjem. Departementet vil mellom anna vere ein sterk pådrivar i det pågåande arbeidet med å utvikle andre generasjons biodrivstoff basert på råstoff av trevirke og annan biomasse. Det er eit stort behov for utvikling av teknologi på dette området og eit stort kunnskapsbehov, jf. omtale under kat. 15.20.

Biologisk mangfald og genetiske ressursar

Landbruket arbeider med grunnlag i naturen si produksjonsevne, og tiltaka i landbruket verkar inn på det biologiske mangfaldet. Det er derfor nødvendig å ha gode kunnskapar om det biologiske mangfaldet, både når det gjeld påverking, tolegrenser og kunnskap om geografisk utbreiing mv.

I 2008 vil departementet føre vidare deltakinga i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, og føre vidare satsinga på tiltak knytt til miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, miljøretta tilskott o.a. Departementet vil halde fram med kartleggings- og registreringsarbeid retta mot verdifull genetisk variasjon innan skogtre, innan trua kulturplanter og innan trua rasar av storfe, småfe og fjørfe.

Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er grunnleggjande for å halde oppe eit biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar.

Departementet etablerer eit globalt sikringslager for frø på Svalbard, som skal opnast i februar 2008. Sikringslageret blir finansiert av Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet, der Landbruks- og matdepartementet har det overordna ansvaret, jf. kap. 1139 post 71.

Departementet har i 2006 skipa eit nasjonalt genressurssenter knytt til Norsk institutt for skog og landskap. Senteret skal medverke til ei meir kraftfull og samordna forvaltning av genressursane innan husdyr, skogtre og kulturplanter og skal bli eit rådgivande organ for departementet. Departementet vil vurdere å styrkje arbeidet ved Norsk genressurssenter i 2008.

Det blir lagt stor vekt på bevaring av genetiske ressursar. Departementet vil delta aktivt i Nordisk genressursråd og det nordiske samarbeidet knytt til NordGen, som frå 1.1.2008 blir ein ny institusjon som omfattar dei nordiske genbankane for husdyr og planter og samarbeid om genressursar i skog og skogbruket sin frø- og planteforsyning. Departementet følgjer aktivt opp det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og FN sin konvensjon om biologisk mangfald.

Nordisk ministerråd for fiskeri og havbruk, jordbruk, livsmiddel og skogbruk (NMR-FJLS) blei i 2006 einige om vidare framdrift for arbeidet med å samordne ressursbruken innanfor det nordiske genressurssamarbeidet og få til meir effektive organisatoriske løysingar i møtet med tverrfaglege utfordringar. Noreg er sentral i oppfølginga av dette arbeidet i 2007-2008.

Kart og geodata

Landbrukssektoren tek del i det nasjonale samarbeidet om produksjon og forvaltning av digitale kart i Norge Digitalt og Geovekst. Dette gir samfunnet god tilgang til kart om landbruket og landbruksforvaltninga kan nytte andre sine data. Geovekst gir landbruket rettar til dei detaljerte grunnkarta og flybileta og desse kan brukast for alle formål der ein har behov.

Internasjonalt arbeid

Utforming av ny landbruksavtale har vore den mest sentrale delen av forhandlingsrunden i WTO som kom i gang i Doha i 2001. Den 1.8.2004 blei det vedteke eit rammeverk som la føringar for dei vidare forhandlingane for landbruksvarer, industrivarer inkludert fisk og forenkling av handelsprosedyrar.

Dei viktigaste forhandlingsområda for landbruk har vore marknadstilgang for landbruksvarer, bruk av nasjonal landbruksstøtte og bruk av eksportsubsidiar. Det skulle vidare takast særleg omsyn til u-landa ved utforming av det nye regelverket.

Frå norsk side har det i forhandlingane vore eit mål å sikre at det i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald og distriktsomsyn.

På ministermøtet i Hong Kong i desember 2005 var det semje om å fastsetje eit nytt regelverk for handel med landbruksvarer i 2006. Det var vidare semje om å fjerne alle former for eksportstøtte innan utgangen av 2013 og å betre marknadstilgangen for produkt frå dei minst utvikla landa innan 2008.

Fordi ein ikkje kom fram til eit resultat i 2006, held forhandlingane fram i 2007 med sikte på eit gjennombrot hausten 2007. For marknadstilgang er det særleg viktig å få gjennomslag for å definere eit tilstrekkeleg tal produkt som sensitive. For sensitive produkt skal ein ta ein mindre reduksjon i tollsatsane enn for produkt som ikkje blir definert som sensitive. Vidare er det særs viktig at eit tak på tollsatsar ikkje øydelegg for valfridomen ein får gjennom forhandlingane på andre område av marknadstilgang.

For den nasjonale støtta til landbruket har ein frå norsk side lagt til grunn at det ikkje skal bli øvre grenser for den samla støtta, men at ein må akseptere at støtta blir gitt på andre måtar enn i dag. Dette inneber at det kan bli reduksjon i handelsvridande støtte, men ingen øvre reduksjonar i støtte som ikkje påverkar produksjonen.

Noreg samarbeider med den såkalla G10-gruppa i forhandlingane. I tillegg til Noreg består denne gruppa mellom anna av Japan, Sveits, Korea og Taiwan. For alle desse landa er det avgjerande å sikre gode løysingar på spørsmålet om marknadstilgang. Landa står saman i arbeidet knytt til tak på tollsatsane. Gruppa har samarbeidd godt sidan den blei etablert i 2003. Frå norsk side blir det lagt stor vekt på at ein kan vidareføre samarbeidet i gruppa, slik at ein sikrar høvet til å påverke forhandlingane framover.

Frå regjeringa si side legg ein til grunn at ein skal kunne ha ein aktiv jordbruksproduksjon i alle delar av landet. Dette er ei ambisiøs målsetjing som krev gode løysingar for norsk jordbruk i WTO-forhandlingane.

Noreg og EU har hatt innleiande møte om nye forhandlingar om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen. Desse forhandlingane vil frå norsk side bli vurdert i samanheng med WTO-forhandlingane. Til grunn for artikkel 19 forhandlingene ligg at desse skal førast innanfor ramma av den nasjonale landbrukspolitikken og vidare vere til fordel for begge partar. Landbruket inngår ikkje i EØS-avtalen med unntak av spørsmål knytt til dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Krava ved produksjon og omsetnad av mat blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling slik dette kjem til uttrykk mellom anna i EØS-avtalen og avtalar knytt til WTO. Dette gjer at sentrale delar av rammevilkåra på mattryggleiksområdet blir fastsette i EU og tekne over av Noreg som følgje av EØS-avtalen. Samtidig sikrar EØS-avtalen norske bedrifter like vilkår som europeiske partnarar og konkurrentar på dette området, noko som opnar for fleire sjansar innan den europeiske marknaden. Ei aktiv tilnærming på eit tidleg tidspunkt under utforminga av nytt regelverk på mattryggleiksområdet vil vere ein sentral del av den aktive europapolitikken som regjeringa legg opp til i St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken.

I det internasjonale skogpolitiske samarbeidet arbeider Noreg for eit meir forpliktande samarbeid mellom landa for å ta vare på og betre forvaltninga av skogane i verda. FN sitt skogpolitiske forum (UNFF) vedtok i 2007 ei internasjonal skogavtale og eit arbeidsprogram for den vidare oppfølginga. Noreg deltek òg aktivt i samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE) som mellom anna tilrettelegg for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg overtek leiinga av MCPFE frå 2008, og skal etablere eit sekretariat for prosessen. Sekretariatet vil vere ein sjølvstendig eining og knytt til Norsk institutt for skog og landskap. Leiarskapet for prosessen vil ytterlegare styrkje Noreg si rolle og innverknad i samarbeidet om skogpolitikk i Europa.

Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Støtte til organisasjonar , kan overførast

17 637

19 847

19 347

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisa­sjonar og prosessar , kan overførast

1 443

4 043

6 843

Sum kap. 1138

19 080

23 890

26 190

Post 70 Støtte til organisasjonar

Mål og strategiar

Posten femner Landbruks- og matdepartementet si tilskottsordning for støtte til organisasjonar. Formålet med ordninga er å støtte organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Tilskotta tek sikte på å medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane og på denne måten medverke til eit levande og aktivt organisasjonsliv lokalt, regionalt og sentralt. Støtta gis til organisasjonar som:

  • fremmer miljøarbeid, næringsutvikling og forbrukarinteresser innan jord- og skogbrukssektoren

  • fremmer positive haldningar til, og forståing for grøne verdiar hos barn, ungdom og allmenta

  • arbeider med likestillingsspørsmål innan jord- og skogbruk

  • arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde

Midlar gis som grunnstøtte der det òg kan vere konkretisert nokre oppgåver departementet meiner det er viktig å gjennomføre det enkelte år. Storleiken på driftstilskotta blir fastsett m.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå, den finansielle situasjonen og at tilskottet skal stå i eit rimeleg forhold til anna finansiering.

Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formal- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar og rekneskap stadfest av revisor samt eventuelle andre vilkår lagt til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjon.

Resultatrapport 2006

I 2006 blei støtta til organisasjonar fordelt etter ein open prosess basert på offentleg kunngjering. Det blei fordelt 17,657 mill. kroner til 18 organisasjonar, jf. tabellen. Totalt 34 organisasjonar søkte om støtte.

Tabell 2.5 Oversikt over støtte gitt i 2006

OrganisasjonStøtte 2006
Det kgl. Selskap for Norges Vel2 400 000
4H Noreg5 850 000
Norsk landbruksmuseum3 550 000
OIKOS – økologisk landslag2 800 000
Biologisk Dynamisk Forening175 000
Norsk Gardsost50 000
Norsk Villsaulag BA20 000
Norges naturvernforbund75 000
Norges Bygdesagforening100 000
Norges sopp og nyttevekstforbund17 000
Norsk Bygdekvinnelag100 000
Norges Bygdeungdomslag70 000
Natur og Ungdom100 000
Dyrevernalliansen100 000
Det Norske Hageselskap900 000
Det Norske Skogselskap900 000
Jenter i skogbruket150 000
Stiftelsen Det norske Arboret300 000
Sum17 657 000

Budsjettframlegg 2008

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 19,347 mill. kroner i grunnstøtte til enkelte organisasjonar som arbeider innanfor det landbrukspolitiske området.

Tidlegare år har departementet lyst ut ordninga primo oktober, dvs. rett etter at St.prp. nr. 1 var lagt fram, og fordelt midlane etter at Stortinget har behandla budsjettet. I 2007 blei ordninga endra, slik at departementet no gjer framlegg om fordeling av midlane i St.prp. nr. 1. Søknadsfristen er på våren og behandlinga av søknadene inngår i den ordinære budsjettbehandlinga. Departementet legg opp til å gi tilskott slik det går fram av tabellen nedanfor. I si prioritering har departementet lagt stor vekt på organisasjonar som er landsdekkande medlemsorganisasjonar, arbeider med barn og unge og som arbeider inn mot departementet si kjerneverksemd.

Tabell 2.6 Budsjettframlegg 2008

Organisasjon

Støtte 2007

Forslag 2008

Det kgl. Selskap for Norges Vel

2 400 000

2 100 000

4H Noreg

6 500 000

6 800 000

Norges landbruksmuseum

3 630 000

3 600 000

OIKOS – økologisk landslag

2 900 000

2 900 000

Biologisk Dynamisk Forening

175 000

175 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

250 000

250 000

Norsk Bygdekvinnelag

100 000

150 000

Norsk Villsaulag BA

20 000

20 000

Norges Bygdeungdomslag

100 000

150 000

Norsk Kulturarv

30 000

350 000

Natur og Ungdom

100 000

150 000

Norges sopp og nyttevekstforbund

42 000

Dyrevern Ung

100 000

Dyrevernalliansen

100 000

100 000

Norges Birøkterlag

90 000

Food First Information and Action Network

90 000

Det Norske Hageselskap

1 100 000

1 100 000

Jenter i skogbruket

150 000

150 000

Det Norske Skogselskap

1 050 000

1 050 000

Sum

18 605 000

19 367 000

Som det går fram av tabellen, inneber departementet sitt forslag at det blir tildelt 20 000 kroner meir enn framlegget om løyving for 2008. Dette skuldast bortfall av eit tilsegn frå tidlegare år og midlane vil vere tilgjengeleg som overført beløp frå 2007.

Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

Posten blei oppretta i 2006. Den femner midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnader knytt til rapportering o.a. Departementet vil leggje opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar i det internasjonale skogpolitiske arbeidet.

Mål og strategiar

Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og betre forvaltninga av skogane i verda. FN sitt skogforum er ein viktig arena for dette. Noreg tek òg aktivt del i samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE). MCPFE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står framfor. MCPFE tilrettelegg òg for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg vil frå 2008 overta leiinga av MCPFE. Noregs posisjon i, og moglegheiter for å påverke det europeiske skogpolitiske arbeidet, vil derfor bli vesentleg styrkt dei kommande åra. Noreg vil i si leiarskapsperiode arbeide for å styrkje MCPFE som politisk prosess.

Resultatrapport 2006

Over posten blei det løyvd midlar knytt til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Løyvinga blei i hovudsak nytta til arbeid innan Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa, som er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk i Europa. Noreg har tatt del i koordineringsgruppa for prosessen sidan 1998. Denne gruppa består for tida av Polen, Noreg, Spania og Austerrike. I 2006 blei Noreg nestleiar i MCPFE. Noreg støtter finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent, som i 2006 var 20 pst. av det samla budsjettet for prosessen. Det meste av arbeidet i 2006 var knytt til å førebu ein ministerkonferanse som skal arrangerast i Warszawa i november 2007 i samarbeid mellom Polen og Noreg. Departementet gav òg støtte til arbeid med å rapportere utviklinga med omsyn til berekraftig forvaltning av skogane i Europa. Rapporten blir eit viktig styringsdokument og skal leggjast fram på ministerkonferansen i Warszawa.

Løyvinga blei òg nytta til å støtte Noreg sin medverknad i United Nations Economic Commission for Europe (UNECE). UNECE har ein tømmerkomité som legg til rette informasjon og statistikk om mellom anna skogressursane og marknadsforhold for skogprodukt. Departementet gav stønad til norske institusjonar og organisasjonar som tek del i dette arbeidet.

Budsjettframlegg 2008

Departementet gjer framlegg om 6,843 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk samarbeid o.a. Posten er styrkt med 0,5 mill. kroner i høve til 2007 for å dekkje auka utgifter i samband med Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE), som er viktig for utvikling av ein berekraftig skogforvaltning i europeisk og global samanheng. Auken på posten må elles sjåast i samanheng med ny midlertidig inntektspost kap. 4138 post 01 Refusjonar m.m..

Løyvinga vil i hovudsak bli nytta til arbeidet knytt til Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa, som er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk i Europa. Noreg har tatt del i koordineringa og leiinga av MCPFE sidan 1998 og støtter finansieringa gjennom ein årleg kontingent. Som leiar for MCPFE skal Noreg m.a. halde eit sekretariat for prosessen dei påfølgjande åra. Dette sekretariatet er organisatorisk knytt til Norsk institutt for skog og landskap, som får midlar over denne posten til drift av sekretariatet.

I tråd med innarbeidd praksis skal budsjettet som sekretariatet treng for å drifte prosessen finansierast av ei gruppe land som inngår i koordineringsgruppa for MCPFE. Som leiar vil Noreg sin obligatoriske kontingent vere 60 pst. av det samla budsjettet i 2008. Dei andre landa i koordineringsgruppa, som frå 2008 vil vere Polen, Spania Slovakia og Tyskland, vil finansiere dei resterande 40 pst. Dette vil truleg utgjere om lag 2,3 mill. kroner i 2008. Bidraga frå desse landa vil bli overført til Landbruks- og matdepartementet, og blir budsjettert som inntekt på ein midlertidig inntektspost under nytt inntektskapittel 4138 post 01 Refusjonar m.m. så lenge Noreg har leiarskapet.

I lys av Noreg si leiarrolle i MCPFE, ser departementet det òg som viktig å medverke til prosjekt, møter o.a. som følgjer av denne prosessen.

Noreg deltek òg i ei rekkje andre fora for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål. Løyvinga vil òg bli nytta til Noreg sin medverknad på nokre av desse områda. Med sikte på å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid, er det aktuelt å bruke løyvinga til oppdrag o.a. til norske institusjonar og organisasjonar.

Kap. 4138 Støtte til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Refusjonar m.m.

2 300

Sum kap. 4138

2 300

Post 01 Refusjonar m.m.

Posten er ny frå 2008. Noreg vil frå 2008 overta leiarskapet i Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE), og skal m.a. halde eit sekretariat for denne europeiske skogpolitiske prosessen dei påfølgjande åra. Sekretariatet er organisatorisk knytt til Norsk institutt for skog og landskap. Over kap. 1138 post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar, blir det løyvd midlar til instituttet for arbeid som skal utførast av sekretariatet i 2008. Budsjettet som sekretariatet treng for å drifte prosessen blir finansiert av ei gruppe land som inngår i koordineringsgruppa for MCPFE. Som leiar vil Noreg sin obligatoriske kontingent vere 60 pst. av det samla budsjettet i 2008. Dei andre landa i koordineringsgruppa, som frå 2008 vil vere Polen, Spania, Slovakia og Tyskland, vil finansiere dei resterande 40 pst. Bidraga frå desse landa, som i 2008 truleg vil utgjere om lag 2,3 mill. kroner, blir budsjettert som inntekt på denne posten så lenge Noreg har leiarskapet i MCPFE.

Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak , kan overførast

15 189

15 170

15 170

71

Tilskott til genressursforvaltning , kan overførast

19 027

16 185

17 685

Sum kap. 1139

34 216

31 355

32 855

Post 70 Tilskott til miljø og ressurstiltak

Mål og strategiar

Det er nødvendig med god kunnskap og oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Over post 70 gir departementet støtte til miljøtiltak og ressurskunnskap i jordbruket og skogbruket.

Resultatrapport 2006

Arbeidet med resultatkontroll og overvaking under Jordsmonnovervakingsprogrammet blei ført vidare i 2006 med 3,5 mill. kroner. Jordsmonnovervakinga er eit langsiktig program som mellom anna gjer oss i stand til å rapportere til nasjonale og internasjonale fora om miljøtilstanden i jordsmonn og vassdrag. Vidare gir det rom for å måle og rekne ut effekten av tiltak for å redusere forureining av næringssalt og plantevernmiddel frå jordbruket. Med utgangspunkt i satsinga på meir miljøvennlege driftsformer er ein i gang med å lage ein modell for å rekne ut mengda av utslepp av klimagassen N2O (lystgass). Arbeidet skal gi ein peikepinn om i kva mon det er råd å redusere utsleppa av lystgass frå landbruket. Dette arbeidet vil bli sluttført i 2007.

Statistisk sentralbyrå gir årleg ut ein rapport om jordbruk og miljø der miljøstatus og effekt av verkemiddel blir synleggjort. Rapporten blir finansiert med 500 000 kroner frå kap. 1139 post 70. Rapporten skal utviklast vidare for betre å møte etterspørselen frå ulike brukargrupper.

Departementet er med i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Det er gitt støtte til prosjektet Kartlegging og overvaking av trua arter, som skal skaffe eit betre kunnskapsgrunnlag for å forvalte dette biologiske mangfaldet, og å gjere raudlista meir kunnskapsbasert. Vidare er det gitt støtte til prosjektet Kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i kulturlandskap for m.a. å kunne prioritere innsatsen når det gjeld drift og skjøtsel av viktige lokalitetar og landskap. I tillegg har departementet vore med og støtta arbeidet som blir gjort av den nasjonale Artsdatabanken. Til saman 1,5 mill. kroner blei tildelt desse tiltaka.

Arbeidet med produksjon av digitale markslagskart er ein del av eit større prosjekt som det blei løyvd 1,325 mill. kroner til over denne posten. Arbeidet blei òg finansiert over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150 og kap. 1146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS).

Andre tiltak finansiert over kap. 1139 post 70 var arbeidet med å utvikle eit datagrunnlag for kartfesting av kjerneområde for landbruk. Arbeidet blei utført av NIJOS, og på dette grunnlaget har departementet laga ei elektronisk rettleiing om kva for areal i kommunen som representerer store landbruks- og kulturlandskapsverdiar, og som ein bør ta omsyn til ved planlegging, arealforvaltning og ved utforming av lokal jordvernpolitikk.

Kunnskap og kompetanse om plantevern hos brukarar og rettleiingsteneste er viktig for å nå målsetjingane i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008). I 2006 blei det over posten mellom anna gitt 0,7 mill. kroner i støtte til Bioforsk for å gjennomføre informasjonstiltak innanfor plantevernområdet. Midlane har vore nytta til å formidle kunnskap om plantevern mellom anna ved å halde og delta i fagmøte, kurs og liknande.

Posten er òg nytta til å finansiere resultatkontroll i skogbruket. Denne kontrollen er knytt til overvaking av utviklinga av skogtilstanden, og planlegging og gjennomføring av konkrete kontrolltiltak i skog, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging, jf. nærmare omtale under kap. 1150.

Over post 70 gav Landbruks- og matdepartementet òg i 2006 støtte til vidare utvikling av eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar i skog – Miljøregistreringar i skog (MiS) - med 4,7 mill. kroner. Det blei òg gitt 0,1 mill. kroner til miljøinformasjonstiltak på Hirkjølen. MiS-prosjektet er lagt til Norsk institutt for skog og landskap, og instituttet har i 2006 stått for ei rad publiseringar, henta inn kunnskap for å forbetre registreringane og arbeidd med praktisk oppfølging av miljøregistreringsarbeidet. Miljøregistreringane blir i hovudsak gjort samtidig med andre ressursregistreringar i samband med at det blir laga skogbruksplanar for skogeigedommane. Det er til no gjennomført miljøregistreringar av 40-50 pst. av det produktive skogarealet, og ytterlegare 3,3 mill. daa blei påbyrja i 2006.

Arbeid med utvikling av metode for kulturminneregistreringar i skog (MiS-kulturminne) blei òg ført vidare i 2006 av Skog og landskap. Prosjektet er finansiert med 0,9 mill. kroner over post 70, og har medverka til å auke kunnskapen om kulturminne blant skogeigarane og har samarbeidd med fylkesmenn og takstselskap om kulturminne i skog.

Miljøarbeidet i skogbruket krev høg kompetanse i heile sektoren. Landbruks- og matdepartementet støtta derfor i 2006 ein del prosjekt, møter og konferansar for kunnskapsformidling og informasjonstiltak for eit berekraftig skogbruk.

Arbeidet med opprydding etter tidlegare DDT-deponi ved norske skogplanteskolar heldt fram i 2006. Grunna meir omfattande forureining ved Prestebakke skogplanteskole blei ikkje prosjektet sluttført i 2006. Ved behandlinga av det reviderte nasjonalbudsjettet i 2007 blei posten auka med 1 mill. kroner til dette formålet. Departementet reknar med å avslutte prosjektet i 2008.

Budsjettframlegg 2008

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,170 mill. kroner på post 70 for 2008 og legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik tabellen under syner.

Tabell 2.7 Budsjett for kap. 1139 post 70 i 2007 og budsjettframlegg for 2008

Tiltak

Budsjett 2007

Budsjett 2008

Jordsmonnovervaking (JOVA)

3 605

3 605

Nasjonal kartlegging og overvaking av biologisk mangfald

1 500

1 500

Digitale markslagskart

1 325

1 325

Informasjonstiltak mv. knytt til jordbruk og kulturlandskap o.a.

2 030

2 030

Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet)

5 700

5 700

Informasjonstiltak mv. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket o.a.

1 010

1 010

Sum kap. 1139 post 70

15 170

15 170

I 2008 vil departementet føre vidare arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskapen. Betre kunnskap er ein føresetnad for berekraftig areal- og ressursbruk og næringsverksemd. Slike tiltak blir finansiert både over dette kapitlet og over andre budsjettkapittel.

Jordsmonnsovervakinga er eit verkemiddel for god kontroll med avrenning og forureining av vatn og vassdrag, og som blir ført vidare i 2008.

Landbruks- og matdepartementet arbeider aktivt med klima- og energispørsmål. Det vil i forbindelse med dette vere aktuelt med mindre utgreiingar innan bioenergi, klimavennleg matproduksjon med meir, som eit supplement til forskingssatsinga, utviklingsprogrammet for klimatiltak og bioenergiprogrammet.

Landbruks- og matdepartementet vil støtte arbeidet med å få fram god stadinformasjon som verktøy for arealplanlegging og ressursforvaltning gjennom tilskott til arbeidet med digitale markslagskart, DMK, jf. kap. 1141 og 1150.

For mellom anna å nå måla i Handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, vil departementet støtte miljøretta prosjekt og informasjonstiltak for jordbruk og kulturlandskap.

Regjeringa fører vidare satsinga på auka avverking av skog, og Landbruks- og matdepartementet legg stor vekt på at skogen skal bidra til meir berekraftig energibruk gjennom bioenergivirke og levering av varme. Skog- og utmarksareala er i tillegg sentrale for opplevingsturisme og ulike andre næringstiltak i skog. Dette gjer det nødvendig å vidareføre satsinga på MiS-prosjekta om biologisk mangfald og om kulturminne, slik at skogbruk og utmarksnæring har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen, og kan ta omsyn til desse.

Hovudinnsatsen til prosjekta vil i 2008 vere knytt til publisering, formidling og marknadsføring av relevant kunnskap. Prosjekta må òg yte fagleg bistand til departementet i konkrete høve, som t.d. i nordiske samarbeidssaker. Prosjekta skal gå gjennom innsamla materiale og leggje til rette ein oppdatert og tilgjengeleg kunnskap, og det er viktig at arbeidet med artane si spreiingsevne og arbeidet med skogshistorikk går vidare.

Det store miljøprosjektet Levende Skog har komme fram til reviderte miljømål for skogbruket, og dette krev ny kunnskap om biologisk viktige område som òg gjer det nødvendig at prosjekta arbeider for å betre grunnlaget for å ta miljøomsyn i skogbruket.

Departementet legg vidare stor vekt på arbeidet med betre kunnskap om truga og sårbare artar slik at arbeidet med omsyn til slike verdiar kan gjerast mest mogleg målretta, og slik at ein legg eit godt grunnlag for ei forbetra raudliste i 2010. Raudlista gir prognosar for risikoen artar har for å døy ut frå Noreg. Departementet vil arbeide med slike spørsmål både gjennom det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og i direkte kontakt med faginstitusjonar som Norsk institutt for skog og landskap og Artsdatabanken.

Arbeidet med nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald vil bli ført vidare. Innanfor rammene av programmet vil ein også arbeide med framande organismar. Truga og sårbare artar i jordbrukets kulturlandskap vil inngå som ein del i kartlegging og overvaking av naturtypar.

I 2008 vil departementet starte opp arbeidet med meir samla satsing på resultatkontroll og resultatrapportering frå skogbruket sitt miljøarbeid slik dette er heimla i den nye skogbrukslova.

Departementet vil gi støtte til prosjekt for kunnskapsformidling og informasjonstiltak for eit berekraftig skogbruk. Slike tiltak vil femne om tilskott til produksjon av informasjonsmateriell og seminar og til kunnskapsoppbygging og samlingar, mellom anna retta mot offentleg og privat verksemd.

Post 71 Tilskott til genressursforvaltning

Mål og strategiar

Posten femner tiltak til styrking av arbeidet med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.

Resultatrapport 2006

Posten er nytta til tiltak for å styrkje arbeidet med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar nasjonalt og i internasjonal samanheng. Det blei gitt 8 916 mill. kroner til dette arbeidet over posten, mens 1 550 mill. kroner blei flytta frå posten til kap. 1141 post 52 i det reviderte nasjonalbudsjettet.

Det nasjonale arbeidet blei omorganisert i 2006 med opprettinga av Norsk genressurssenter frå 1.7.2006 som ei eining ved Norsk institutt for skog og landskap, som blei oppretta frå same tidspunkt. Det sikrar koordinering og fører vidare arbeidet som tidlegare blei leia av Norsk genressursråd og dei tre Genressursutvala for husdyr, planter og skogtre. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1141 post 52.

Genressursprosjekt og tiltak har blitt gjennomført i tråd med sektorvise strategiar og handlingsplanar som blei vedtekne av dei tidlegare genressursutvala.

Arbeid for å stimulere til bruk av genressursar har vore prioritert med informasjonstiltak og næringsretta aktivitet innan alle sektorane. Ei ny nettside har ein hovudfunksjon i informasjonsstrategien for Genressurssenteret. Eit nettbasert prosjekt for skolen om forvaltning av genetiske ressursar innan norsk jordbruk held fram i 2007.

I arbeidet med plantegenetiske ressursar har ein prioritert kartlegging og dokumentasjon, med spesiell vekt på engvekstar. Eit mål med dette arbeidet har vore å ta vare på gamle enger og beite som in-situ verneområde for fôrplantar. Det er òg gitt støtte til kartlegging av krydder- og medisinalvekstar og til etablering av nye plantesamlingar av frukt- og bærsortar og hageplantar. Merkeordninga PLANTEARVEN® er utvikla vidare og ei samling staudar er sett i produksjon.

For skogtre har ein halde fram med overvakinga av sjeldne treslag. Ein marknadsportal er starta på Internett, der tilbodet av norske lauvtre til landskapsplantingar blir presentert. Formålet er å auke bruken av norske treslag og frøkjelder.

I arbeidet med husdyrgenetiske ressursar har ein følgt opp bevaringsbesetningar i samarbeid med avlsorganisasjonar og raselag. Det er installert nytt utstyr på Genbanken for verpehøns på Hvam, slik at arbeidet er blitt effektivisert. Genressurssenteret tek del i eit nordisk prosjekt som skal komme fram til internasjonale rutinar for utveksling av husdyrgenetisk materiale mellom land.

Over posten er sekretariatshald og informasjonsverksemd for Svalbard globale frøhvelv finansiert. Regjeringa har i 2006 vedteke å byggje Svalbard globale frøhvelv, som skal vere eit spesialbygd fryselager med lagring av dublettar av frø frå heile verda. Dette er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt vekstar av stor verd for den globale matforsyninga. Det kom i stand ved ei samfinansiering mellom Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Ansvaret for frølageret vil liggje til staten ved Landbruks- og matdepartementet, mens Nordisk genbank (NGB) får ansvar for dagleg drift. Nyhende om Svalbard globale frøhvelv vekte stor merksemd internasjonalt då dette blei markert på det nordiske statsministermøtet på Svalbard i juni.

Noreg tok del i dei internasjonale forhandlingane om utveksling av genressursar under møte i Konvensjonen om biologisk mangfald og innan den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar. På det første møtet i styringsorganet til den internasjonale traktaten i juni blei det fatta viktig vedtak om innføring av standard materialutvekslingsavtale for plantegenetiske ressursar for mat- og landbruksvekstar.

Både mens Noreg hadde formannskapet i Nordisk ministerråd og i tida etter, har Noreg vore pådrivar for å få til betre samordning av Nordisk ministerråd sitt arbeid med forvaltning av nordiske genressursar. Noreg initierte saman med det finske formannskapet ein prosess hausten 2006 som har leidd fram til vedtak om samling av det nordiske arbeidet for plante-, husdyr- og skogtregenetiske ressursar i ein ny nordisk institusjon, Nordisk genressurssenter (NordGen), frå 1.1.2008.

Noreg sitt bidrag til Nordisk Genbank Husdyr (NGH) blei auka med 100 000 kroner i 2006.

Det norske Skogfrøverk er ein sentral institusjon for leveransar av frø til norsk skogbruk, og institusjonen har òg viktig kompetanse når det gjeld genressursspørsmål knytt til trevekstar. I 2006 gav Landbruks- og matdepartementet økonomisk støtte til forvaltningsoppgåver til m.a. dokumentasjon og opphavsmerking for skogfrø, til ulike genressursrelaterte oppgåver og til konglesanking. 2006 blei eit svært godt frøår på gran. Departementet gav ekstraløyvingar til gjennomføring av konglesanking i område der frøverksdrifta har vanskeleg for å gå i balanse grunna naturgitte forhold. Strategisk plan for skogfrøforsyning, planteforedling og bevaring av genetiske ressursar ligg til grunn for aktiviteten ved Det norske Skogfrøverk. Redusert planteinnsats i skogbruket dei siste åra har ført til at Skogfrøverket har fått reduserte salsinntekter og svekt økonomi, og drifta har vore tilpassa dette.

Midlar til Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter går til å støtte arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest. Norsk Hjortesenter fekk tildelt midlar for å arbeide med å utvikle hjort som ressurs.

Budsjettframlegg 2008

Posten femner tiltak knytt til styrking av arbeidet med å ta vare på genressursar. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 17,685 mill. kroner som er ein auke på 1,5 mill. kroner, og legg opp til ei fordeling slik tabellen under syner.

Tabell 2.8 Budsjett for kap. 1139 post 71 i 2007 og budsjettframlegg for 2008

(i 1000 kr)

Tiltak

Budsjett 2007

Budsjett 2008

Genressurstiltak

6 635

6 635

Svalbard globale frøhvelv

1 600

2 700

Stiftelsen Det norske arboret

300

300

Nordisk genressurssenter (NordGen)

1 100

1 100

Nord-Norsk Hestesenter, Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hjortesenter

2 800

2 800

Skogfrøforsyninga

3 750

4 150

Sum genressursforvaltning

16 185

17 685

Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er grunnleggjande for å halde oppe eit biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar. Ved modernisering av landbruket, globalisering av produksjon, auka press på leveområda til planter og dyr, og ved anna tap av genetisk mangfald kan genetisk materiale bli borte for alltid. I eit internasjonalt perspektiv trugar einsrettinga av planteutvalet i moderne jordbruk den genetiske variasjonen innan matplanter som er utvikla gjennom tusenårig jordbruksdrift, og hindrar vidare utvikling av eit berekraftig landbruk. Innan husdyrbruket dominerer nokre moderne produksjonsrasar i store delar av verda og ein ser også eksempel på husdyrrasar har sjukdomsproblem og redusert fertilitet som eit resultat av einsidig avl på produksjonseigenskapar. Klimaendringar er ein ny utfordring som vil krevje tilpassa materiale. Noreg har ansvar for å forvalte sine genetiske ressursar på ein berekraftig måte, noko som m.a. er stadfesta gjennom internasjonale konvensjonar og avtalar.

Over posten blir det løyvd midlar til oppfølging av handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar innan kulturplanter, husdyr og skogtre og til prosjekt og aktivitet ved Norsk genressurssenter og hos samarbeidspartnarar. I tillegg til kartlegging av genetiske ressursar og nye bevaringstiltak på prioriterte område, skal det leggjast vekt på å stimulere næringsutvikling gjennom bruk av genetiske ressursar. Arbeidet med å gjennomføre strategiar for bevaring og berekraftig bruk og klargjere rett og tilgang til genetiske ressursar i Noreg skal òg førast vidare. Løyvingane til genressurstiltak gjeld også drift av Genbanken for fjørfe, og tilskott til lag for arbeid med verneverdige rasar.

Posten femner også samarbeid i internasjonale fora. Noreg vil vidareføre rolla si som brubyggjar innan dei internasjonale forhandlingane om genressursar innan Konvensjonen om biologisk mangfald, FAO sin kommisjon for genetiske ressursar innan mat og landbruk og den Internasjonale plantegenetiske traktaten. Det er òg viktig å ta del i nordisk og europeisk samarbeid om genetiske ressursar for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av desse ressursane.

Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd. Det er gjort vedtak om at kompetansen og verksemda innan Nordisk genbank, Nordisk Genbank Husdyr og innanfor Nordisk skogbruks frø- og planteråd (NSFP) blir samla i ein ny institusjon, Nordisk genressurssenter (NordGen), frå 1.1.2008. Det er venta at NordGen vil gi eit nytt lyft til det nordiske genressurssamarbeidet både med omsyn på fagleg styrking og profilering, og med meir effektiv koordinering og bruk av dei midlane som Nordisk ministerråd løyver til dette arbeidet. Dette er om lag 15,7 mill. danske kroner i 2007. Det er òg eit mål med samanslåinga å få til betre samspel med dei nasjonale aktivitetane, slik at ressursane totalt sett innan Norden nyttast best mogleg.

Departementet vil halde oppe Noreg sitt bidrag på 1,1 mill. kroner til det nordiske arbeidet. Det er venta at det nordiske husdyrgenetiske arbeidet som har vore lagt til Noreg blir ført vidare som no, også innan ramma av NordGen. I 2007 har Noreg og hatt ansvar for nordiske sekretariatsoppgåver for skogtregenetiske ressursar. Departementet vil føre vidare støtte til desse oppgåvene, og vil seinare vurdere ein auke i den samla støtta ut over dei 1,1 mill. kronene. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i lokalisering av nordiske genressursoppgåver til miljøet som er under oppbygging ved Norsk genressurssenter.

Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv. Med dette lageret som opnar i februar 2008, har Noreg tatt eit internasjonalt ansvar for å tryggje det genetiske mangfaldet innan planter av stor verdi for den globale matforsyninga. Frølageret er eit ekstra sikringsnett for verdas genbankar og av særskild relevans for land i den tredje verda.

Utbygginga av Svalbard globale frøhvelv er samfinansiert av Utanriksdepartementet (UD), Miljøverndepartementet (MD) og Landbruks- og matdepartementet. Staten ved Landbruks- og matdepartementet eig lageret, mens frøa som blir lagt inn vil bli deponerte av genbankar over heile kloden. Landbruks- og matdepartementet har avtale med Nordisk genbank og Global Crop Diversity Trust (GCDT) om administrering og finansiering av drifta. Statsbygg har ansvar for bygginga av frølageret. Våren 2007 blei nettsida til frølageret lansert.

I internasjonale media, i FAO og i andre internasjonale organisasjonar og blant fagfolk elles, har planane for Svalbard globale frøhvelv vekt stor interesse og merksemd. Opninga av frølageret i februar 2008 er eit eineståande høve for Noreg til å setje bevaring og bruk av genetiske ressursar på ein internasjonal dagsorden, ikkje minst i oppfølging av engasjementet for å setje i verk den Internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. I samband med opninga av frøhvelvet vil departementet i samarbeid med UD og MD, halde eit opningsarrangement med internasjonal deltaging der frøhvelvet i internasjonal betydning vil bli belyst.

Midlar til Stiftelsen Det norske arboretet går til samlingar av tre og busker eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd. Stiftinga samarbeider med Norsk genressurssenter om å ta vare på plantegenetiske ressursar for hagebruk og landskapsplantingar og tek aktivt del i informasjonsarbeidet om bevaring og bruk av genetiske ressursar.

Departementet vil under posten gi støtte til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter i arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest. Norsk Hjortesenter på Svanøy får tildelt midlar for å utvikle hjorten som ressurs.

Bruk av rett frø er viktig for å sikre god tilgang på skogsvirke i framtida. Med nye utfordringar knytt til klimaendringar er god kompetanse innan frøproduksjon viktig. Arbeidet er langsiktig og frøproduksjonsanlegg gir ikkje inntekter før minimum 15 år etter etablering. Det norske Skogfrøverk har starta arbeidet med ny strategi for frøforsyninga. Strategien er venta ferdigstilt i løpet av 2008. Innanfor posten vil det bli gitt støtte til Det norske Skogfrøverk for å sikre dei langsiktige oppgåvene innanfor frøforsyninga i skogbruket. Midlane blir prioriterte til frø- og konglesanking, frøproduksjon og til arbeid for å sikre dei genetiske ressursane i skogen. 2006 blei eit særs godt frøår for gran på Austlandet. Det vil bli sanking av furukongler i 2008 og Det norske Skogfrøverk ventar ekstra utgifter i samband med dette. Innanfor ramma vil ein òg gi løyving til nødvendige forvaltningsoppgåver innan frø- og planteforsyninga, inkludert arbeid med import og eksport av frø og planter. Departementet vil styrkje løyvinga til Det norske Skogfrøverk med 0,4 mill. kroner i høve til 2007.

Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

3 000

50

Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

21 888

22 720

22 697

51

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap i skogbruket

11 918

52

Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressurser, skog og landskap

41 097

79 473

82 890

Sum kap. 1141

77 903

102 193

105 587

Post 01 Driftsutgifter

Resultatrapport 2006

Posten blei oppretta som ein førebels post for 2006, som blei nytta til utgifter knytt til førebuing og administrativ tilrettelegging for oppretting av Norsk institutt for skog og landskap som blei etablert frå 1.1.2006.

Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse

Mål og strategiar

Posten omfattar Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si kunnskapsutvikling m.m. for statsforvaltninga. NILF driv forsking, utgreiing, analyse og dokumentasjon av økonomiske og politiske forhold knytt til matvaresektoren og annan bruk av naturressursar. NILF sitt arbeid er grunnlag for politikkutforming, forvaltning, forsking, undervisning, rådgiving og næringsverksemd.

Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF, og dette arbeidet kan delast inn i fire hovudområde:

  • Sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket

  • Annan dokumentasjon av næringsøkonomi og matmarknad

  • Føretaksøkonomisk dokumentasjon inkludert rekneskapsundersøkingar i jord- og skogbruk

  • Driftsøkonomisk rettleiing og styring inkludert kursverksemd

NILF har i tillegg ein del særskilde utredningsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.

Resultatrapport 2006

NILF har i 2006 utarbeidd driftsgranskingar for 2005 med rekneskapsstatistikk frå 928 gardsbruk over heile landet. Denne rekneskapsstatistikken er m.a. basis for referansebruksutrekningar som blir nytta i samband med jordbruksforhandlingane. Driftsgranskingane saman med spesialundersøkingar syner både gjennomsnittstal og variasjonar i lønnsemd mellom bruksstorleiker, produksjonsformer og regionar. For 2005 er det lagt vekt på ei grundigare analyse av skattepolitikk, samdrifter i mjølkeproduksjon, tilleggsnæring og anna næring på driftsgranskingsbruka. Granskingane omfattar 27 samdrifter i mjølkeproduksjon, og viser òg omfang og fordeling av ulike tilleggsnæringar og annan næringsverksemd på bruka som er med.

Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket har NILF utarbeidd materiale som grunnlag for jordbruksforhandlingane, nasjonalbudsjett og nasjonalrekneskap, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar. I løpet av året blei det publisert ein ny versjon av rapporten Utsyn over norsk landbruk.

I 2006 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet òg arbeidd med pris- og marginanalysar for matvarer, evaluering av BU-midlar, utgreiing om ordninga med kjøp og sal av mjølkekvoter og utgreiing i samband med møter i OECD.

Budsjettframlegg 2008

NILF skal i 2008 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene vil departementet framleis ha stort behov for utgreiing av særskilte problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.

Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analysar av matvaremarknaden skal framleis vere sentrale fagområde. Det er eit mål å styrkje samfunnsperspektivet ved å sjå landbruks- og matsektoren i samband med fellesgode og heile verdikjeda. Mellom anna er det viktig at NILF utviklar vidare data og analyser som omfattar næringsverksemd på landbrukseigedom i tillegg til den tradisjonelle jordbruksdrifta. Departementet legg til grunn at NILF opprettheld kompetansen knytt til skattlegging av landbruksverksemd. Det blir òg lagt vekt på auka brukarnytte av driftsgranskingane og at det framleis er ei vesentleg brukar­finansiering av produkta innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.

Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap i skogbruket

Frå 2007 er midlane på posten flytta til ny post, jf. omtale under kap. 1141 post 52.

Resultatrapport 2006

Norsk institutt for skog og landskap har i 2006 vidareført sine langsiktige feltforsøk for å følgje utviklinga i ulike skogtypar gjennom kartlegging av miljøforhold, ressursgrunnlaget og helsetilstanden, og studert moglege effektar av klimaendringar. Instituttet driv òg skogskadeovervaking som er sentral for å kunne førebyggje skadar av klima, sopp- og insektangrep mv., og har hatt oppgåver knytt til overvaking av tømmerimport for å vurdere fare for at det blir innført nye artar til landet. Som ein del av skogskadeovervakinga er Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) Noreg sitt bidrag i eit internasjonalt opplegg for skogovervaking som gir grunnlag for internasjonale vedtak og tiltak mot moglege skadeverknader av luftforureiningar.

Undersøkingar omkring tidlegare kulturpåverknad i verneområde er ført vidare, og har gitt viktig kunnskap for å vurdere verneverdiar og korleis slike område kan forvaltast framover.

Innanfor bioenergi er det gjennomført prosjekt for å bidra til rasjonell produksjon av ved og produksjon av skogsflis. Instituttet har også sett nærmare på livsløpsanalysar knytt til trevirke, og spørsmål omkring korleis trevirket held seg over tid. Instituttet har dessutan tatt del i eit europeisk prosjekt som arbeider med å nytte ny teknologi for system for sporing av trelast og andre treprodukt.

Skog og landskap har vore med i fleire internasjonale samarbeidsorgan som faginstans på vegne av Noreg. Døme på dette er m.a. bidrag knytt til Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa og samarbeidet i Barentsregionen og Baltic 21.

Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar; skog og landskap

Mål og strategiar

Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om ressursar og miljøverdiar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å sikre ei berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane og ei god genressursforvaltning. Dette er viktig i forhold til departementet sine mål innan trygge matvarer, god dyre- og plantehelse, ressursforvaltning med vern av jordsmonnet, vedlikehald av kulturlandskapet og biologisk mangfald, berekraftig skogbruk og auka verdiskaping, aktivt landbruk over heile landet og nasjonal matforsyning. Sjå elles omtalen av departementet sine mål i innleiinga i proposisjonen. Norsk institutt for skog og landskap har ei viktig rolle i arbeidet for å nå desse målsetjingane.

Instituttet sitt føremål og rolle er å forske og skaffe fram informasjon knytt til skog, jord, utmark og landskap. Instituttet skal òg formidle kunnskap for berekraftig forvaltning og verdiskaping til styresmaktene, næringslivet og ålmenta. Vidare skal instituttet byggje opp og halde vedlike den nødvendige kompetansen som eit nasjonalt faginstitutt, og forskinga skal vere på høgt internasjonalt nivå.

Instituttet skal utvikle samarbeidet med Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og miljøforskingsinstitutta.

Norsk institutt for skog og landskap har saman med Bioforsk og UMB etablert eit samarbeid innan bioenergi, kalla Bioenergialliansen. I denne alliansen skal instituttet vere med å leggje til rette for etablering av kunnskap som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innan landbrukets rolle som produsent og tilbydar av bioenergi.

Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i faglege spørsmål. Instituttet skal sjølv eller saman med andre forske og drive utviklingsarbeid. Instituttet må ha ein aktiv og målmedveten kontakt med styresmakter, næringsliv og organisasjonar med sikte på oppdrag både nasjonalt og internasjonalt. Vidare skal instituttet produsere grunnleggjande faginformasjon av høg kvalitet om naturressursar, areal og miljø for landbruksforvaltninga, næringslivet og samfunnet elles. Instituttet skal òg representere landbrukssektoren ved vedlikehald og utvikling av den nasjonale infrastrukturen Norge digitalt.

Instituttet er eit statleg forvaltningsorgan som har unntak frå løyvingsreglementet § 3, 4. ledd, og såleis er nettobudsjettert, jf. Innst. S. nr. 205 (2006-2006), vedtak XIII.

Instituttet og departementet vil halde fram samarbeidet med å utvikle høvelege mål- og resultatindikatorar, og ein legg vekt på å få realisert både faglege og administrative synergiar og gevinstar, slik at samanslåinga av NIJOS (tidlegare Norsk Institutt for Jord- og skogkartlegging) og Skogforsk kan hjelpe til med utvikling av ei ny verksemd som eit strategisk og effektivt verkemiddel i landbruks- og matpolitikken.

Resultatrapport 2006

Norsk institutt for skog og landskap er organisert som forvaltningsorgan med særskilt fullmakt. Instituttet blei formelt oppretta frå 1.1.2006, og etableringa av instituttet blei fullført 1.7.2006 ved samanslåing av NIJOS og Skogforsk. Samtidig blei Norsk genressurssenter oppretta som ei eining ved instituttet. Instituttet har vore i ein omstillings- og etableringsfase i 2006 og 2007.

Gjennom Landsskogtakseringa har instituttet i 2006 halde fram med å framskaffe informasjon om tilstand og utvikling av Noregs skogressursar. Denne informasjonen har vore avgjerande som grunnlag for mellom anna strategien for auka avverking og verdiskaping i skogbruket. Det er stor etterspurnad frå regionane etter informasjon om skogressursane og i høve til satsinga på bioenergi. Data frå Landsskogtakseringa er, saman med data frå andre arealundersøkingar ved instituttet, det viktigaste grunnlag for Noregs rapportering om karbon i skog mv. knytt til Kyotoprotokollen.

Det nasjonale programmet for jordsmonnkartlegging blei ført vidare med vesentleg auka vekt på formidling av kunnskap om jorda til lokal forvaltning og dei næringsdrivande i jordbruket. Det har vore høg aktivitet knytt til kartlegging av vegetasjon i utmark i distrikta og 568 km2 er kartlagt. Med grunnlag i denne informasjonen blir husdyrbeite utnytta på ein betre måte og dette gir auka avkastning for beitebrukarane. Òg i høve til rovdyrproblematikk blir denne informasjonen nytta i beitebruksplanlegginga knytt til arbeidet med å finne løysingar i konfliktområda.

Arbeidet med det nasjonale programmet for tilstandovervaking og resultatkontroll i jordbrukets kulturlandskap (3Q) er ført vidare. Programmet viser utviklinga i kulturlandskapet for indikatorar innan arealstruktur, biologisk mangfald og kulturminne. I rapportar frå programmet er omfanget av endringar i landskapet nå dokumentert statistisk. Dette blir òg knytt opp mot evaluering av dei regionale miljøprogramma.

Digitale markslagskart (DMK) kan nyttast mellom anna til effektiv og korrekt forvaltning av arealtilskott. I 2006 blei DMK fulldigitalisert for alt kartlagt areal. Med dette kan nå alle eigarar av landbrukseigedom gjennom den internettbaserte tenesta Gardskart på Internett få tilgang til kart og arealstatistikk for eigen eigedom. Gjennom programmet for ajourføring av det digitale markslagskartet, vil kartet for alt jordbruksareal vere ajourført i løpet av 2009. Dette gir både brukarane og forvaltninga tilgang til informasjon med høg kvalitet som blir nytta i mellom anna søknad og kontroll knytt til arealtilskott i landbruket. DMK er eit særs viktig bidrag til realisering av mål i e-Norge-strategien og Noreg digitalt-samarbeidet. Statistikk for bruken av tenesta dokumenterer eit høgt tal brukarar. I samband med dette arbeidet yter instituttet òg omfattande kompetansestøtte og opplæringstenester til medarbeidarar i kommunane, slik at dei blir i stand til både å gjere seg nytte av dei moglegheitene teknologien opnar for, og for at dei sjølve skal bidra til at kartgrunnlaget blir halde à jour kontinuerlig.

Saman med andre partar har instituttet medverka til at det no er etablert eit nasjonalt program for regelmessig flyfotografering av heile landet. Flybilete og ortofoto blir forvalta og distribuert i den felles nasjonale geografiske infrastrukturen Noreg Digitalt, gjennom Norge i bilder. Denne løysinga er teken i bruk av mange brukarar.

Instituttet har halde fram det nasjonale programmet for etablering av ein representativ nasjonal arealstatistikk i samarbeid med Statistisk Sentralbyrå. Med grunnlag i instituttet sine arealdata har instituttet ansvaret for det norske bidraget til etablering av det europeiske arealdekkekartet (Corinne Land Cover).

Instituttet har òg ansvar for langsiktige feltforsøk i skog, noko som blir meir og meir verdifullt både i lys av auka krav om verdiskaping i skognæringa og i lys av klimaproblematikken.

Overvakingsprogrammet for skogskadar gir grunnlag for å følgje med i helsetilstanden i norske skogar, og for at Noreg kan oppfylle internasjonale plikter om rapportering. I lys av både auka handel med tømmer og endra klima aukar risikoen for at nye skadegjerande sopp- og insektartar kan etablere seg i Noreg. Instituttet sine program for overvaking og forsking på nye skadegjerarar er såleis særs viktig for etablering av kunnskapsberedskap, og for å kunne vurdere åtgjerder som kan førebyggje at slike organismar etablerer seg. Informasjon til næring, forvaltning og ålmenta om skogskader er gjort tilgjengeleg gjennom tenesta Skogskader på Internett.

Norsk genressurssenter

Norsk genressurssenter blei frå 1. juli 2006 etablert som ei avdeling ved Norsk institutt for skog og landskap med fire tilsette. Genressurssenteret har tatt over arbeidsoppgåvene til sekretariata for Norsk genressursråd og genressursutvala for husdyr, plantar og skogtre, og administrerer og koordinerer alle prosjekt og genressurstiltak. Oppstarten av Genressurssenteret blei markert med eit opningsseminar med stor deltaking, der nasjonale aktivitetar innan berekraftig bruk og bevaring blei presenterte gjennom faglege foredrag. Ei viktig oppgåve for Genressurssenteret har vore å etablere ei ny webside for genressursarbeidet (www.genressurser.no). Her blir viktige komponentar i genressursarbeidet og aktivitetar og tiltak presentert. Genressurssenteret deltek aktivt i det nordiske og internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar, og medarbeidarane har vore norske representantar i fleire slike samarbeidsprogram.

Budsjettframlegg 2008

Departementet gjer framlegg om 82,9 mill. kroner for 2008. Midlane vil bli nytta til kunnskapsutvikling o.a. knytt til arealressursar; skog, jord, utmark og landskap, til støtte for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken. Ein vesentleg del av løyvinga vil bli nytta til aktivitet ved Norsk Institutt for skog og landskap, under dette Norsk genressurssenter.

Norsk institutt for skog og landskap

Norsk institutt for skog og landskap vil i 2008 ha ei rad oppgåver innanfor forsking og kunnskapsutvikling knytt til skog, landskap og arealressursar. Instituttet vil føre vidare dei tidlegare hovudprioriteringane frå kap. 1146 post 01 og kap. 1141 post 51.

Aktiviteten ved instituttet vil i hovudsak vere knytt til fire hovudverksemdsområde; ressursundersøkingar og overvaking, forsking, geodatatenester og forvaltning/rådgiving.

Ressursundersøking og overvaking er for ein stor del langsiktige program som er etablerte for å skaffe informasjon om tilstand og utvikling når det gjeld landbruket sine ressursar. Programma femner t.d. systematisk overvaking av kulturlandskapet gjennom programmet 3Q, eit større opplegg for kartlegging og formidling av informasjon om jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS), Landsskogtakseringa (eit omfattande og landsdekkjande informasjonssystem for skog basert på utvalskartlegging), og vegetasjonskartlegging i utmark for å gi betre grunnlag for utnytting av beiteressursane.

Desse undersøkingane skaffar fram viktig informasjon om korleis landbrukspolitikken verkar, og gir grunnlag for målretta og langsiktig forvaltning og verdiskaping basert på arealressursane. Instituttet skal i aukande grad leggje vekt på at data som blir samla inn gjennom ulik kartlegging og overvaking blir tatt i bruk, slik at dei kjem til nytte for samfunnet og brukarane i arbeidet for berekraftig verdiskaping og forvaltning av areal og ressursar.

Forskinga ved instituttet er i første rekkje ei vidareføring av skog- og miljøforskinga som Skogforsk tidlegare har utført. I tillegg til løyvinga over denne posten, får instituttet midlar til forsking frå Noregs forskingsråd, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1137. Med samanslåing av Skogforsk og NIJOS til ein ny institusjon er det skapt potensial for synergieffektar ved at ulike kompetansemiljø er sett saman i ein ny organisasjon. Etablering av ein ny og større organisasjon gir òg potensial for forsking på nye område.

Instituttet skal, med basis i dei midlane som blir tildelt over denne posten i 2008, utføre avgrensa forskings- og utgreiingsoppdrag for departementet innanfor m.a. ressursgrunnlag og produksjon, infrastruktur og hogst av skog, skog­skadar, og berekraftig verdiskaping frå skog, og miljøspørsmål.

I tillegg til overvaking av skog og kulturlandskap skal instituttet forske og skaffe fram informasjon og utvikle metodane for registrering av biologisk mangfald og kulturminne, og ha enkelte oppgåver knytt til internasjonale prosessar og møte både på skogområdet og i andre samanhenger. Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. I tillegg til å ta vare på historisk materiale gir desse feltforsøka eit grunnlag for vidare utvikling av berekraftig skogbruk.

Geodatatenesteneved instituttet er særleg knytt til produksjon, organisering og forvaltning av data slik at dei inngår i den felles nasjonale infrastrukturen. Instituttet skal òg følgje og ta vare på landbruket sine interesser i nasjonale kart- og datasamarbeid slik som Noreg digitalt og Geovekst.

Geovekstarbeidet har fått ei auka prioritet i budsjettet. Midlane her må forvaltast i saman med midlar til digitale markslagskart (DMK) og flybilete med sikte på at landbruket skal få rett til å bruke alle kartdata som blir etablert årleg. Her må instituttet arbeide i god kontakt med brukarane som nytter produkta frå kart- og datasamarbeidet, m.a. fylkesmennene. Saman med vidareføring av satsinga på DMK og regelmessig nasjonal omløpsfotografering skal dette vere med på å gi ein god dekning av detaljerte kart og flybilete av jord- og skogbruksareala.

Instituttet skal òg m.a. hjelpe til med arbeid med heilskapeleg arealstatistikk i samarbeid med SSB.

Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning femner dei oppgåvene instituttet har i kontakt med brukarar og samfunn, og ein del oppgåver der instituttet gjer særskilte forvaltningsoppgåver for departementet.

Instituttet skal yte kompetansetenester knytt til skogbruksplanlegging, og hjelpe til med effektivisering, kvalitetsheving og auka skogeigarmedverknad. Drift og vidareutvikling av ein database for rapportering av bruk av tilskottsmidlar til skogbruksplanlegging skal halde fram.

I tillegg til drift av Overvakingsprogrammet for skogskadar skal instituttet drive generell informasjon, rettleiing og rådgiving knytt til patologiske og entomologiske skadar på skog, m.a. gjennom nordisk samarbeid og informasjon over Internett. Det er viktig at instituttet fortløpande arbeider for å sikre ei effektiv og heilskapleg organisering av skogskadeovervaking og –beredskap. Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høg kompetanse og opptre ryddig i arbeidet med forvaltningsoppgåver. Det er òg viktig at instituttet utviklar vilje og evne til å ta oppdrag i relevante marknader knytt til forvaltning, rådgiving og konsulent- og informasjonstenester.

Departementet legg til grunn at instituttet skal ha eit høgt ambisjonsnivå på formidling av konkrete resultat frå ressursundersøkingar, overvaking og forsking. Det leggjast særleg vekt på at instituttet utviklar gode internettsider som gir forvaltning, næring, organisasjonar og allmenta god tilgang til dei produkta instituttet arbeider fram.

Norsk genressurssenter

Arbeidet med forvaltninga av landbruket sine genetiske ressursar er samla i Norsk genressurssenter. Over posten blir det løyvd midlar til drift av senteret og til dei rådgjevande organa, dvs. Fagrådet for genressursar og tre sektorutval for husdyr, kulturplantar og skogtre.

Genressurssenteret skal ha ein høg innsats på informasjon, utvikling og samordning av nasjonale aktivitetar og på deltaking i nordiske og internasjonale samarbeidsfora.

Viktige oppgåver er drift og vidareutvikling av websidene til senteret og trykking av brosjyrar og andre informasjonsskriv om genetiske ressursar. Senteret skal i samarbeid med andre organisasjonar drive aktiv informasjonsverksemd, og skal representere Noreg i nordiske og europeiske samarbeidsfora og i mange samarbeidsprogram både på nordisk, europeisk og globalt nivå. Genressurssenteret skal òg følgje opp internasjonale avtalar og prosessar, m.a. rapportering o.l. til FAOs kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk (CGRFA) og Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA).

For å handtere auka i internasjonale oppgåver og koordineringsverksemd er budsjettet til drift av senteret styrkt.

Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

160 509

158 847

160 708

60

Tilskott til veterinærdekning

101 910

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren , kan overførast

341

385

350

71

Tilskott til små slakteri , kan overførast

3 140

72

Erstatningar , overslagsløyving

275

302

302

73

Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar , overslagsløyving

28 712

41 887

43 688

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering , kan overførast

12 288

14 628

14 628

75

Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt

1 000

Sum kap. 1143

205 265

216 049

322 586

Mål og strategiar

Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og juridiske verkemiddel, kontroll, rådgjeving og dokumentasjon står sentralt. SLF skal bidra til eit heilskapleg vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken. Som ledd i dette skal forvaltningsoppgåvene på skogbruksområdet utviklast vidare.

SLF skal framover leggje større vekt på rådgjevings- og støttefunksjonane. SLF skal ha oversikt over utviklingstrekk i heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåinga i forhold til gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel. SLF skal gi råd på eige initiativ, og rådgjevinga skal ha høgt fagleg nivå. Formidling av landbruks- og matpolitikken og formidling av fag- og forvaltningskompetanse til regional og lokal forvaltning skal inngå i dette.

SLFs verksemdsidé er:

SLF gir faglege råd, set i verk landbrukspolitikken og legg tilhøva til rette for landbruket og matindustrien.

Hovudmål for verksemda er:

SLF skal vere ei brukarretta og effektiv verksemd som innanfor rammene av nasjonal landbruks- og matpolitikk bidrar til å:

  • Sikre ressursgrunnlaget i jord- og skogbruk

  • Sikre verdiskaping og eit konkurransedyktig landbruksbasert næringsliv

SLF har utarbeid ein ny strategisk plan for perioden 2007 – 2012 med følgjande fem strategiar:

  • SLF skal fremme verdiskaping i heile verdikjeda

  • SLF skal auke bruken av FoU-basert kunnskap

  • SLF skal kommunisere aktivt, samordna og brukarretta

  • SLF skal levere dei brukarretta tenestene elektronisk

  • SLF skal vere ein attraktiv arbeidsplass som gir rom for utvikling

Nærmare omtale av strategien finn ein på www.slf.dep.no.

Presentasjon av resultatområda

Areal, skogbruk og ressursforvaltning

SLF forvaltar eit breitt spekter av verkemiddel for å fremme næringsutvikling samt ivareta miljø- og kulturlandskapsverdiar. På arealområdet vil SLF både forvalte landbrukslovgjeving, ha ei viktig rolle i forhold til plan- og bygningslova, samt arbeide med kompetanseheving, informasjon og dokumentasjon. Innanfor området miljø og kulturlandskap er arbeidet med miljøprogram og miljøplan sentrale oppgåver saman med dokumentasjon av resultat og effektar av miljøinnsatsen. I tillegg bidrar SLF med kompetanse i kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i jordbruket sitt kulturlandskap. Forvaltning og utvikling av dei økonomiske verkemidla i skogbruket, erstatningsordningar for landbruket og naturskadeområdet er òg sentrale ansvarsområde. På skogbruksområdet har SLF ansvar for skogbrukslova, tilskottsordningar, skogfondsordninga og resultatkontroll.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

SLF forvaltar inntekts- og velferdsordningar med primærprodusentar som målgruppe. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til forvaltning og utvikling av verkemidla innan areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, pristilskott, velferdsordningar, kvoteordninga for mjølk og husdyrkonsesjon.

Omsetning og marknadstiltak

SLF forvaltar verkemidla innan økologisk landbruk og innanfor marknadsordningane for mjølk, kjøtt, egg, grønt, potet og korn. Formålet med ordningane er å sikre avsetning for norske jordbruksråvarer. Omsetningsledd og annan næringsmiddelindustri er dei viktigaste målgruppene. SLF har òg ansvar for sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet og styrer på forskingsområdet.

Handel og industri

SLF forvaltar importvernet for landbruksvarer gjennom tolladministrering og tollkvotar, ordninga med råvarepriskompensasjon, ordningar for eksportstønad og ordninga for utanlands foredling. Dessutan er overvaking av marknadane og innhenting av norske og internasjonale prisar viktige oppgåver. Felles for ordningane er at importørar og næringsmiddelindustrien er viktige målgrupper, og at ordningane er knytt til internasjonale avtalar. SLF skal arbeide målretta for ein effektiv kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt samla ansvarsområde.

Administrasjon

Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling av personal- og lønnspolitikk, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, dokumentasjon og informasjon, interne driftsoppgåver og IKT.

Resultatrapport 2006

For å sikre oppfølginga av dei nasjonale måla om vern av jordbruksressursane på ein betre måte, fekk SLF i 2006 motsegnrett i kommunale arealplansaker. I 2006 hadde SLF 13 slike saker til behandling, fordelt på 8 fylke. SLF fremde motsegn i 10 av sakene. SLF har analysert innsamla tal for omdisponering av areal frå 2005 og ser at det framleis blir omdisponert verdifulle jordbruksareal i eit omfang som vil gjere det krevjande å nå det nasjonale målet om å halvere omdisponeringstakten før 2010.

I 2006 blei det på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet gjennomført ei undersøking i nokre utvalde kommunar om handtering av buplikt og priskontroll. Formålet var å kartleggje korleis kommunane behandlar søknader om fritak frå lovbestemt buplikt ved konsesjonsfritt kjøp etter odels- og konsesjonslova, og korleis priskontrollen blir sikra. SLF har i 2006 etablert eit fagnettverk for saksbehandlarar som handterer dei juridiske sakene på landbruksområdet hos SLF og fylkesmennene.

På miljøsida legg SLF bak seg det fyrste gjennomføringsåret med regionale miljøprogram. Programma forankrar både det regionale og det lokale miljøarbeidet i landbruket.

SLF har som nasjonal fagstyresmakt fått nye forvaltningsoppgåver innan skogpolitikken knytt til økonomiske verkemiddel og lov- og forskriftsverk.

SLF har etablert eit samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren og starta opp arbeidet med å operasjonalisere det nasjonale målet om dokumentasjon og forvaltning av spesielt verdifulle kulturlandskap. SLF deltek i departementsgruppa for implementering av rammedirektivet for vatn. Arbeidet er intensivert i 2006, og Bioforsk er trekt aktivt med i dette arbeidet.

SLF har i 2006 vidareført arbeidet med effektivisering og forenkling av erstatningsordningane i landbruket, og levert tre utgreiingar om emnet til departementet. SLF har i 2006 vidareført arbeidet med utgreiinga av ny naturskadelov, og har som grunnlag for dette arbeidet innhenta to eksterne utgreiingar, ei om samfunnsendringar og ei om klimaendringar til no og i dei nærmaste 30 åra.

Det er i gang arbeid med utvikling av innsynsløysingar for kartdata som gir brukarane, mellom anna i kommunane, betre moglegheit til å sjå landbruks- og miljøomsyn i samanheng.

SLF har utarbeidd faglege utgreiingar og grunnlagsdokumentasjon til jordbruksoppgjeret i 2006. Det har vore særleg merksemd omkring forbetringar i verkemiddelsystemet og tilpassing av regelverket med tanke på betre måloppnåing.

SLF har saman med fylkesmannsembeta og Kommunenes Sentralforbund gjennomført eit prosjekt for vurdering av korleis kontrollen med tilskott i landbruket kan styrkjast. Oppfølginga av prosjektet vil gi grunnlag for tilpassing av kompetanse og utvikling av hjelpemiddel som vil gi forvaltninga grunnlag for ein meir målretta og effektiv kontroll i 2008.

I marknadsordninga for mjølk har SLF ei avtale med TINE BA. Avtalen skal sikre eit rekneskapsmessig skilje mellom Tine Råvare og Tine Industri, og at alle aktørar i meierimarknaden skal få kjøpt mjølk til ein likeverdig og ikkje diskriminerande pris. SLF har gjennomført etterkontroll av Tine Industri for 2006, og er i gang med etterrekninga for same periode.

Dei nye målsetjingane innan økologiområdet som kom hausten 2005 har resultert i fleire oppgåver og auka saksmengde for SLF. Både talet på søknader og omsøkt beløp til utviklingsprosjekt var i 2006 større enn nokon gong. Etter fleire år med forsterka satsing gjennom disponering av prosjektmidlar til marknadsutvikling, viste alle dei store daglegvarekjedene auka interesse og marknadsframgang for økologiske produkt i 2006. For å sikre tilgangen av norske varer, sette SLF hausten 2006 i verk eit satsingsprogram for økologisk lam- og saueproduksjon. Det blei også øyremerkt og auksjonert ut 1,8 mill. kvoteliter økologisk mjølk hausten 2006, som eit verkemiddel for rask produksjonsauke.

SLF har i 2006 arbeidd med å vidareutvikle sine krise- og beredskapsplanar. Det er òg gjennomført ei større kriseøving i samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Rammevilkåra for norsk landbruk og næringsmiddelindustri er i stor grad påverka av internasjonale avtalar. SLF har ansvaret for å utarbeide bakgrunnsmateriale og faglege analysar som grunnlag for internasjonale forhandlingar på landbruksområdet. SLF har i 2006 medverka mykje i WTO-arbeidet. SLF har auka behov for kunnskap om andre lands handelsregime på landbruksområdet, og arbeider systematisk med å skaffe seg dette.

SLF forvaltar avtalen med EU om handel med foredla landbruksvarer (RÅK-varer). Frå 2005 til 2006 har auken i importen av foredla landbruksvarer til Noreg halde fram.

SLF gjorde fleire e-tenester tilgjengeleg for brukarane i 2006. SLF tok i bruk ei kommersiell auksjonsteneste i samband med nettauksjon av tollkvotar for landbruksprodukt. Ein aukande del av brukarane nyttar e-tenestene, og målet om at minst 30 pst. av alle landbruksføretak skulle søkje om produksjonstilskott og velferdstilskott via Internett blei nådd. I tillegg har alle landets kommunar tatt i bruk ei nettbasert teneste for behandling av skogfond. Rundt 2200 skogeigarar nyttar òg løysinga. SLF har første halvår 2007 via Altinn tilgjengeleggjort nettløysing for søknad om produksjons- og velferdstilskott og netteneste for behandling av skogfond. Klargjeringa av dette starta hausten 2006.

Nærmare omtale av aktiviteten finn ein i årsrapporten for 2006 frå SLF på www.slf.dep.no.

Budsjettframlegg 2008

I 2008 vil det vere viktig å utvikle organisasjonen vidare. For å nå måla for verksemda blir det viktig å gjennomføre dei nye strategiane som er lagt til grunn. Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare er knytt til IKT-området. Satsinga på IKT er nødvendig for å auke tilgjenge og service i tenesteytinga overfor brukarane. Viktige brukargrupper som bønder og næringsmiddelindustri ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere med SLF elektronisk når dei måtte ønskje det. Bruk av IKT vil bidra til dette og inneber ei betre forvaltning for brukarane av tenestene. Under følgjer ei nærmare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte resultatområda i 2008:

Areal, skogbruk og ressursforvaltning

SLF vil i 2008 vidareutvikle rolla som nasjonal skogbruksstyresmakt når det gjeld forvaltning av både juridiske, økonomiske og administrative verkemiddel. SLF vil auke samarbeidet og samhandlinga med forvaltning og skognæring, og byggje opp kompetanse og kapasitet på området.

Som nasjonal fagstyresmakt på arealområdet, vil SLF ha ei viktig rolle i å forvalte juridiske, økonomiske og administrative verkemiddel og gi retningslinjer for Fylkesmannen. Dette skal medverke til å nå måla om å halvere omdisponering av verdifulle jordressursar innan 2010, måla innan eigedoms- og busetjingspolitikken og måla om å dokumentere og ivareta miljø- og kulturlandskapsverdiar. Områda må sjåast i samanheng og knytes til ulike plan- og utviklingsprosessar. SLF si formelle rolle i behandling av saker om motsegn etter planlova skal utøvast i tråd med regjeringa sin forsterka jordvernpolitikk.

SLF deltar i prosjekt for kartlegging av naturtypar under Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. I tillegg skal SLF halde fram samarbeidet med miljøvernforvaltninga om utpeiking av spesielt verdifulle kulturlandskap. SLF skal vere sekretariat for eit nytt prosjekt om landbruksbygg og kulturlandskap, og skal leggje til rette for ein god evaluerings- og rulleringsprosess av dei regionale miljøprogramma hos Fylkesmannen. SLF skal føre vidare arbeidet med å sjå konsekvensar for landbruket ved vern etter naturvernlova.

SLF skal i 2008 vidareføre arbeidet knytt til næringssaltavrenning og luftforureining frå jordbruket. SLF har som ei oppfølging av jordbruksoppgjeret 2007, jf. St.prp. nr. 77 (2006-2007), fått i oppgåve å vere sekretariat for eit nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak. Dette medfører eit behov for ein styrking av innsatsen på klimaområdet.

SLF vil i 2008 vidareutvikle og styrkje samarbeidet med andre verksemder om oppgåver på naturskadeområdet, og hjelpe departementet i arbeidet med å følgje opp utgreiinga av endringar i naturskadelova og det tilhøyrande forvaltningssystemet. SLF vil i 2008 vidareføre arbeidet med utvikling av erstatningsordningane i landbruket, mellom anna gjennom å vidareutvikle samarbeidet med Mattilsynet og andre verksemder med oppgåver på erstatningsområdet. Ei elektronisk løysing for søknad om erstatning i landbruket vil bli tatt i bruk i 2008.

SLF får i 2008 ansvaret for å administrere og følgje opp det nye, øyremerka tilskottet til veterinære tenester og den nye ordninga med kompensasjon for beitenekt etter dyrevelferdslova.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

I 2008 vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle nettbasert forvaltning av tilskott med sikte på å bli meir brukarvennleg. Produsentane skal i aukande grad søkje om produksjons- og velferdstilskott via Internett, og kommunar og fylkesmenn skal nytte nettbaserte saksbehandlingssystem. Målsetjinga er at 40 pst. av søknadene i 2008 blir sendt inn via Internett. Ei elektronisk løysing for forvaltning av kvoteordninga for mjølk og pristilskott kjøtt og mjølk vil bli tatt i bruk i 2008.

SLF vil følgje opp etableringa av den nye landsdekkande landbruksvikarordninga og samtidig bidra til ei forsvarleg avvikling av den eksisterande frivillige kommunale landbruksvikartenesten.

Innspel til målretting og forbetringar av dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er òg viktig i 2008. Arbeidet med å redusere oppgåvebyrdene til næringslivet skal førast vidare.

SLF vil i 2008 styrkje arbeidet med å få til ein meir målretta og effektiv kontroll med tilskottsforvaltninga i landbruket.

Omsetning og marknadstiltak

For ytterlegare å sikre aktørane i prisutjamningsordninga for mjølk like konkurransevilkår, vedtok Landbruks- og matdepartementet med verknad frå 1.7.07 visse endringar i ordninga, jf. St.prp. nr. 77 (2006-2007). Dette var mellom anna generelle tiltak retta mot aktørar utanom Tine og mellombelse tiltak retta mot Synnøve Finden og Q-meieriene. Det blir lagt opp til å gjere endringar i fraktordningane i prisutjamningsordninga frå 1.1.08. Oppfølging av dei nye endringane i prisutjamningsordninga for mjølk blir viktig for SLF i 2008. SLF vil som tidlegare følgje opp det rekneskapsmessige skilje mellom Tine Råvare og Tine Industri slik at alle aktørar blir sikra lik pris på råvara mjølk. Ei elektronisk løysing for forvaltning av prisutjamningsordninga for mjølk vil bli tatt i bruk i 2008.

Satsinga på økologisk landbruk er styrkt og innretta mot målet om at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. Av nye aktivitetar, som startar i 2007, er eit 2-årig samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet om tildeling av 20 mill. kroner til økologiske føregangskommunar. SLF skal forvalte ordninga og drive ein ny fagleg møtearena innan økologiområdet. Det skal i 2008 leggjast større vekt på bruk av utviklingsmidlar til produksjonsfremmande tiltak enn tidlegare.

Beredskapsarbeidet vil òg vere eit viktig område i 2008.

Handel og industri

Dei siste åra har det vore forhandlingar om ny WTO-avtale. SLF vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i forhandlingane.

For å oppnå brukarretting og forenkling innanfor forvaltninga av importvernet, utviklar SLF ei løysing for å ta i mot elektroniske søknader om nedsett toll. I løpet av 2008 vil IT-løysinga, eller delar av denne, bli sett i drift.

SLF vil framleis leggje stor vekt på marknads- og prisovervakinga, og følgje nøye med på konkurransesituasjonen til RÅK-industrien.

Målretta ekstern kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt ansvarsområde er òg viktig.

Administrasjon

SLF vil i 2008 tilby brukarane nye elektroniske tenester gjennom internettsidene www.slf.dep.no og portalen til næringslivet, Altinn. SLF vil halde fram med det generelle arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.

Merknader til dei enkelte postane

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje SLF sine driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter, ved evalueringar m.m.

Post 60 Tilskott til veterinærdekning

Tilskottsposten er ny. Formålet med tilskottet er å medverke til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet vil bli gitt til kommunane som etter foreslått endring av dyrehelsepersonellova, skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).

Hovuddelen av løyvinga på posten (om lag 85 mill. kroner) vil bli nytta til å dekkje kostnader til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane vil bli delt mellom kommunane ut frå vaktordninga slik den blir gjennomført når kommunane overtek ansvaret frå staten 1. januar 2008. Ettersom vaktgodtgjeringa blir betalt ut på etterskott, vil staten i 2008 dekkje vaktgodtgjering for vakttenester som er utført i 2007, jf. kap. 1115 post 70.

Løyvinga omfattar òg ei styrking av budsjettet med om lag 12 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar) i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioritert til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne potten. Den nye ordninga vil bli lagt opp slik at midlane vil bli prioritert til kommunar som legg planar for gode, lokale løysingar.

I løyvinga er det òg lagt inn midlar til administrative kostnader for kommunane (om lag 4,5 mill. kroner). Midlane til å dekkje dei administrative kostnadene vil bli delt likt mellom alle kommunane.

Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren

Beredskapsordninga for mjøl til bakeribransjen i områda frå Ofoten/Vestfjorden og nordover byggjer på avtalar mellom handelsmøllene og SLF. I avtalen forpliktar handelsmøllene seg til, i tillegg til eigne driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området. Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 350 000 kroner for 2008.

Post 71 Tilskott til små slakteri

Støtta til små slakteri blei avvikla frå og med 2007.

Post 72 Erstatningar

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 302 000 kroner som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar

Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal òg dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.

Resultatrapport 2006

I 2006 blei det utbetalt store erstatningar etter påvising av sjukdommen infeksiøs bronkitt i Aust-Agder og Rogaland. Det blei òg utbetalt store beløp etter påvising av kvit potetcystenematode i potet i Aust-Agder, og etter sjukdom på rododendron i Rogaland.

Budsjettframlegg 2008

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 43,69 mill. kroner i 2008.

Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering

Formålet med tilskottet er å medverke til at norsk landbruk har tilgang på plantemateriale som er kontrollert for skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Ein tek med tilskottet òg sikte på å medverke til utvikling av plantemateriale som gir produktivitetsauke i landbruket, betre produktkvalitet, og som tek omsyn til miljøet. Løyvinga omfattar òg oppgåver innan planteforedlingsforsking.

Tilskottet blir gitt Graminor AS som har ansvar for å foredle fram nytt norsk sortsmateriale av korn, engfrø, potet, frukt og bær. SLF har, etter retningslinjer fastsett av Landbruks- og matdepartementet, forvaltningsansvar for midlane som blir gitt som tilskott etter søknad frå Graminor AS.

Resultatrapport 2006

Tilskottet blei i 2006 brukt til utvikling av nye sortar innanfor engvekster, poteter, frukt, bær og grønsaker. Det blei godkjent 5 nye plantesortar frå Graminor i 2006, same tal som året før.

Budsjettframlegg 2008

Ut frå ønskje om å halde foredlingsarbeidet på eit høgt nivå og tilpassing av inntektene til eksisterande lov om planteforedlarrett, gjer departementet framlegg om ei løyving på om lag 14,6 mill. kroner i 2008. Tilskottet er viktig for at bøndene framleis skal kunne bruke formeringsmateriale gratis og ikkje måtte betale for å bruke eige formeringsmateriale.

Post 75 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt

Posten er ny. Løyvinga på posten skal nyttast til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i dyrevelferdslova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe. Ein slik kompensasjonsordning blei i 2007 regulert av forskrift gitt av Miljøverndepartementet og finansiert over kap. 1427 post 73 under Miljøverndepartementet, jf. St.prp. nr. 69 (2006-2007). Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 1 mill. kroner for 2008.

Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsinntekter m.m.

33 374

31 298

32 644

18

Refusjon sjukepengar

3 599

Sum kap. 4143

36 973

31 298

32 644

Post 01 Driftsinntekter m.m.

Posten gjeld driftsinntekter som Statens landbruksforvaltning har knytt til mellom anna sekretariatet for Omsetningsrådet og styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten. Det er budsjettert med om lag 32,6 mill. kroner i inntekter for 2008.

Kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

77

Miljøretta prosjektarbeid m.m. , kan overførast

7 931

6 097

6 097

Sum kap. 1144

7 931

6 097

6 097

Mål

Målet med løyvinga er å styrkje arbeidet i samband med desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane, samt å styrkje Fylkesmannen sin funksjon som kompetansesenter innan næringsutvikling, busetjing, arealforvaltning og miljøarbeid.

Post 77 Miljøretta prosjektarbeid m.m.

Resultatrapport 2006

Løyvinga over kap. 1144 post 77 blei i 2006 nytta til ulike tiltak og prosjekt knytt til miljø- og ressursarbeid. Dette omfatta mellom anna oppfølging av det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet, samt prosjekt og andre former for utviklingsarbeid regionalt og lokalt.

(i 1 000 kr)

Tiltak/prosjekt

Beløp

Diverse prosjekt og tiltak i regi av Fylkesmannen

5 927

Samarbeidsavtale KS og andre regionale og lokale satsingar

2 004

Sum utbetalt frå kap. 1144 post 77 i 2006

7 931

I samband med oppfølginga av det kommuneretta arbeidet i regi av fylkesmannsembeta, melder embeta om at tilskotta særskilt blei nytta til å sikre ein god dialog retta mot den politiske og administrative leiinga i kommunane. Midlane blei også nytta til kompetansehevande tiltak for den kommunale landbruksforvaltninga. Samarbeidsavtalen mellom Kommunenes Sentralforbund (KS) og Landbruks- og matdepartementet blei vidareført i 2006. Avtalen har ført til ei god forankring av samarbeidet i KS sine ulike styringsdokument, og det har blitt etablert gode samarbeidsarenaer både sentralt og regionalt. KS har i 2006 særskilt prioritert nettverksbygging og kontakt med Fylkesmannen. Dette har gitt kunnskap om ulike utfordringar, god oversikt, og eit grunnlag for meir systematisk arbeid om kommunane si rolle som landbrukspolitiske aktørar. KS har lagt vesentleg vekt på å synleggjere landbruksområdet i kommunane si heilskaplege samfunnsutviklarrolle.

I samband med at kommunane rapporterar på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom KOSTRA (kommune-stat-rapportering), har det blitt nytta midlar til vidareutvikling og oppfølging av rapporteringssystemet. Norsk senter for bygdeforsking sitt fireårige følgjeforskingsprosjekt om kommunereforma blei vidareført i 2006. Prosjektet leverte si andre delrapport i 2006, og vil levere sin rapport ved prosjektslutt i 2007.

I tråd med St.meld. nr. 15 (2003-2004) og Soria Moria-erklæringa, har det blitt løyvd midlar til oppfølging av rovviltforvaltninga i særskilt utsette fylker. Det har spesielt vore satsa på å vidareutvikle samarbeidstiltak med miljøvernforvaltninga.

Innanfor areal- og kartarbeidet blei arbeidet med jordvern og kulturlandskap prioritert i 2006. Fylker med særskilde utfordringar knytt til jordvern og kulturlandskap fekk tildelt midlar til gjennomføring av prosjekt på området. Fylkesmannen i Hedmark og Norsk institutt for skog og landskap sitt prosjekt angåande utvikling av nettbaserte kommunikasjons- og rådgjevingstenester knytt til kommunane sine oppdateringar av digitale markslagskart, blei sluttført i 2006. Det blei også løyvd midlar som blei nytta til implementeringa av EUs vannrammedirektiv til dei fylka med størst arealavrenning.

Budsjettframlegg 2008

For 2008 gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 6,1 mill. kroner.

Det er ei målsetjing at kommunane si rolle som samfunns- og næringsutviklar blir styrkt, og at landbruket blir ein integrert del av dette arbeidet. Arbeidet for å nå måla krev ein god dialog mellom kommunane og Fylkesmannen om mellom anna bruk av juridiske og økonomiske verkemiddel. Fylkesmannen si rolle som rådgjevande kompetanseorgan skal derfor framleis styrkast og vidareutviklast. Landbruks- og matdepartementet ser i samband med dette framleis behov for å gi tilskott til Fylkesmannen sitt kommuneretta arbeid.

Landbruks- og matdepartementet og KS har ei samarbeidsavtale om landbruks- og næringsutvikling i kommunesektoren for perioden 2006-2007. Avtalen vil bli revidert og vidareført for to nye år. Ei vidareføring av samarbeidsavtalen skal vere med på å vidareutvikle kommunane som ein sentral aktør for samfunns- og næringsutvikling. Innanfor avtalen vil ein ha eit særskilt fokus på saker som klimatiltak, bioenergi og næringsutvikling. Vidare vil implementering av ansvarsoverføring for tilgang på dyrehelsepersonell frå staten til kommunane bli eit viktig arbeidsområde.

På landbruksområdet rapporterer kommunane på saksbehandling etter jord- og konsesjonslovgjevinga, odelslova, og plan- og bygningslova gjennom KOSTRA. I 2008 vil det bli arbeidd vidare med kvaliteten på talmaterialet generelt og særleg kommunane si rapportering etter plan- og bygningslova. Det bli vidare sett av midlar til kompetanseheving knytt til samfunnsplanlegging i regi av KS gjennom prosjektet Sekretariat for etter- og videreutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS). Dette er i tråd med den treårige samarbeidsavtalen som varer ut 2008.

Landbruks- og matdepartementet ønskjer å styrkje arbeidet med landbruket sin innsats for å leggje til rette for å følgje opp EUs vannrammedirektiv, og vil løyve midlar til fylker med særskilde utfordringar.

Fylkesmannen skal framleis i samarbeid med dei regionale rovviltnemndene føre vidare arbeidet knytt til rovviltforvaltning i tråd med St.meld. nr. 15 (2003-2004) og signala gitt i Soria Moria-erklæringa. Det skal arbeidast for å utvikle langsiktige løysingar i høve til næringsdrift basert på utmarksbeiting.

Landbruks- og matdepartementet vil i 2008 gi støtte til fleire prosjekt i regi av Fylkesmannen knytt til miljø- og ressursarbeid. Fylkesmannen i Rogaland har i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, Vest-Agder og Aust-Agder, starta eit treårig prosjekt knytt til utvikling av eit kompetansegivande studium for tilsette i kommunal landbruksforvaltning. Landbruks- og matdepartementet løyvde midlar til prosjektet i 2007, og vil òg i 2008 støtte prosjektet. Vidare vil Fylkesmannen i Nordland i 2008 få vidareført midlar til sluttføring av skogbruksprosjektet embetet har i samarbeid med Statsskog og Helgeland museum. Det vil òg bli sett av midlar til vidareføring av prosjektet Økt kontakt med Russland i regi av Fylkesmannen i Troms.

Kap. 1146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

41 330

Sum kap. 1146

41 330

Post 01 Driftsutgifter

Resultatrapport 2006

Frå 1. juli 2006 blei Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) slått saman med Skogforsk til eit nytt institutt; Norsk institutt for skog og landskap. Utgiftene blei frå då budsjettert på kap. 1141 ny post 52. Rekneskapstala på kap. 1146 viser derfor utgiftene for NIJOS for første halvår. Av praktiske grunnar blir rapportering for 2006 på kap. 1146 inkludert i resultatrapporten under kap. 1141 post 52.

Kap. 4146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

02

Driftsinntekter

13 317

15

Refusjon, arbeidsmarknadstiltak

5

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

238

18

Refusjon sjukepengar

483

Sum kap. 4146

14 043

Rekneskapstala for 2006 gjeld for 1. halvår, på grunn av samanslåinga med Skogforsk.

Kap. 1147 Reindriftsforvaltninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

38 280

38 528

39 042

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald , kan overførast

4 543

6 349

6 508

70

Tilskott til fjellstover

757

680

680

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark , kan overførast

9 489

11 870

9 870

82

Radioaktivitetstiltak , kan overførast

3 000

Sum kap. 1147

53 069

57 427

59 100

Mål og strategiar

Reindriftsforvaltninga er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla, og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. Reindriftsforvaltninga har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det er lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad òg skal ha ei rådgjevande rolle. Reindriftsforvaltninga skal leggje til rette for at måla i reindriftspolitikken blir nådd. Reindriftsforvaltninga forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen. Reindriftsforvaltninga er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret og områdestyra.

I forhold til dei overordna reindriftspolitiske måla, har departementet trekt opp seks resultatområde som Reindriftsforvaltninga arbeider etter.

Ressursforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal på bakgrunn av mellom anna grunnlagsdata om utviklinga i lavbeita, slaktevekter, klimatiske og driftsmessige forhold medverke til nødvendige tiltak som gir ein tilpassa reinbestand, samt kontrollere at rammene for bruk av beiteressursane blir haldne.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram arbeidet for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og sine rettar, samt arbeide for auka forståing av reindrifta sin bruk av areal og då særleg blant arealplanleggjarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare er det viktig å få gjort planleggjarane medvitne på sitt ansvar på alle nivå i forhold til dei plikter desse òg har etter Grunnlova §110 a og folkeretten sine reglar om urfolk og minoritetar.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal medverke til utnytting og utvikling av reindrifta basert på prinsippet om ei berekraftig reindrift, under det etablering av tilleggsnæringar i samanheng med dei inntekts- og velferdspolitiske tiltaka retta mot reindrifta.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til ei effektiv og trygg forvaltning, eit enklare og betre regelverk for tilskottsordningane og betre forståinga av innhaldet i verkemidla.

Samhandling - informasjon

Reindriftsforvaltninga skal vidareutvikle samarbeidet med andre offentlege institusjonar og då i særleg grad i forhold til miljøforvaltninga og Sametinget. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom Reindriftsforvaltninga og næringa sine representantar for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som grunnlag for å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere omstillingsdyktig og føremålseffektiv og ha eit kostnadseffektivt rettleiings- og styringsapparat internt og overfor den enkelte reindriftsutøvar.

Resultatrapport 2006

Ressursforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til å sikre ressursgrunnlaget for ei berekraftig reindrift. Dette omfattar til dømes at forvaltninga i samarbeid med næringa skal utgreie og fastsetje vilkår, drive rettleiing for å leggje til rette for god avkastning og føre kontroll med at vilkår blir overhaldne. Ressurssituasjonen og førekomsten av rovdyr påverkar i vesentleg grad driftstilhøva i reindrifta. Det er derfor viktig med eit nært samarbeid mellom rovdyrforvaltninga og reindriftsforvaltninga i dei ulike regionane. Arbeidet skjer fortløpande gjennom innsamling av data om talet på rein, tap, beitebruk, ressurssituasjonen m.m. Dette blir sikra gjennom offentlege teljingar, synfaringar av beite, administrering av transport, fornying og vedlikehald av grensegjerde, samt informasjon og rettleiing av distriktstyra, sonestyra, siidaer og den enkelte reineigar. I samanheng med ressursforvaltninga blir det òg gjennomført driftskontroll, konfliktløysingar og kontroll av avtaletiltak. Dette er omfattande oppgåver som krev vesentlege menneskelege og økonomiske ressursar.

I 2006 starta forvaltninga opp arbeidet med ein treårig plan for fastsetjing av resterande vilkår for reindrifta. Planen er ei oppfølging av Riksrevisjonen si undersøking av berekraftig bruk av reinbeiteressursane i Finnmark, der Riksrevisjonen m.a. påpeikar at det ikkje føreligg ein heilskapeleg strategi for å nå målet om ei berekraftig reindrift. Planen omfattar fastsetjing av grenser mellom enkelte reinbeiteområde, distrikt og siidaområde. Vidare gjeld det fastsetjing av beitetider for dei ulike årstidsbeita, samt eit høgste reintal basert på det samla arealet av dei ulike årstidsbeita. Forvaltninga har i 2006 i hovudsak konsentrert seg om dei ytre grensene, og områdegrensene mellom Aust- og Vest-Finnmark er behandla Reindriftstyret.

Reindriftstyret vedtok på slutten av 2005 å evaluere prosessen med fastsetjing av høgste reintal i Vest-Finnmark. Evalueringa blei gjennomført av Samisk høgskole i 2006. Evalueringa slår mellom anna fast at samspelet mellom styresmakter og reindriftsnæringa ikkje har vore god nok i denne prosessen. Evalueringa viser òg at sjølv om målet om høgste reintal ikkje var nådd innan den frist som var satt, ville situasjonen utan ein ekstraordinær innsats vore mykje verre.

I løpet av dei siste 25 åra har det vore stor merksemd kring tilstanden på lavbeita på Finnmarksvidda. Granskingar basert på satellittbilete tekne på 1970-, 1980- og 1990-talet dokumenterte ei klar negativ utvikling i lavbeita. På bakgrunn av den kritiske lavbeitesituasjonen, og for å skaffe kunnskapsgrunnlag for den framtidige forvaltninga av lavbeita, sette Reindriftsforvaltninga i verk eit overvakingsprogram i 1998. Programmet har omfatta både felt- og satellittregistreringar av lavbeita, og er blitt gjennomført av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og NORUT. Sommaren 2005 blei NINA engasjert på ny for å følgje opp sin del av overvakingsprogrammet. Førebels syner resultata ein ny trend med ei viss positiv utvikling på lavbeita i delar av Finnmark. Til tross for ei positiv utvikling understrekar forskarane at lavbeita framleis er langt frå ein optimal produksjon, og då særleg i dei vestlege og nordlege områdane av Finnmarksvidda. I enkelte områder blir situasjonen framleis vurdert som kritisk.

I alle seks reinbeiteområda er det oppretta beredskapsutval med representantar frå områdestyra i reindrifta, Mattilsynet og representantar frå næringa. Det har i 2006 ikkje vore nødvendig med møte og iverksetting av tiltak vedrørande beite- og driftsforhold i næringa. Dette har samanheng med gjennomgåande gode drifts- og beiteforhold.

Arealforvaltning

Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har akselerert dei siste tiåra, og det er behov for å få ei betre sikring av reindrifta sine areal. Dette gjeld særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift.

Reindriftsforvaltninga har eit ansvar for å ivareta reindrifta sine arealinteresser i den allmenne arealforvaltninga. Ein vesentleg del av ressursane ved forvaltninga går med til denne type saker. Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å auke reindrifta sin innverknad gjennom dei verkemidla som styrer arealbruken. Det er gitt innspel ved endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken og ein har delteke i styrings- og referansegrupper med sikte på å få fram reindrifta sine interesser.

Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å utvikle ein metode for å verdiklassifisere reindrifta sine areal. Eit sentralt spørsmål i dette arbeidet er om prioriterte areal kan gis eit vern gjennom rikspolitiske avgjerder/rikspolitiske retningslinjer etter plan- og bygningslova. Dette spørsmålet har enno ikkje fått si avklaring.

Interessa for å etablere vindkraftanlegg har vore stor. Mange av kraftverka er søkt lokalisert innanfor reinbeiteområda. Reindriftsforvaltninga har gjennomført tematiske konfliktvurderingar av prosjekta. I løpet av 2006 har ein registert at ulike vindkraftaktørar har vist større interesse sørover i reinbeiteområda. Dette har vore særleg synleg i Nord-Trøndelag reinbeiteområde.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Marknadstiltak er i utgangspunktet eit ansvar for næringa og aktørane i verdikjeda. Likevel har det vist seg behov for meir selektive tiltak og direkte engasjement frå det offentlege når det gjeld reindriftsnæringa. Det er tre hovudårsaker til dette. For det første har det vore behov for å styrkje dialogen og samarbeidet mellom ulike aktørar i verdikjeda. For det andre krev prosessen med å tilpasse talet på rein i delar av Finnmark ein meir aktiv offentleg innsats, og for det tredje har næringa vore gjennom ein periode med vanskelege marknadsforhold, noko som har kravd auka offentleg merksemd. Reindriftsforvaltninga har hatt ein sentral rolle i arbeidet med å få til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt.

Av totalt 552 aktive driftseiningar i reindrifta, hadde 86 driftseiningar kvinneleg leiar i 2006. Det er eit mål å auke reindriftskvinnene si deltaking i reindrifta. I den samanheng er det sett i gang tiltak for å synleggjere kvinna si rolle i reindrifta og i reindriftshushaldet. Når det gjeld fordelinga av totalt reintal mellom kvinner og menn i 2006, var fordelinga 24 pst. for kvinner og 76 pst. for menn. Det er med andre ord ein noko høgare del kvinner som har rein enn det er kvinnelege leiarar.

For å styrkje kvinna si posisjon i reindrifta, er det frå og med Reindriftsavtalen 2001/2002 øyremerka 1 mill. kroner årleg til kvinneretta tiltak. Føremålet med satsinga er å sikre og auke kvinna si deltaking i reindrift og reindriftsrelaterte aktivitetar, leggje tilhøva til rette for yrkesmessig likeverd mellom menn og kvinner i næringa, sikre at kvinner er med på å styrkje og vidareutvikle det samiske kulturinnhaldet i næringa, samt hjelpe til å synleggjere kvinner si verdiskaping i reindriftsnæringa.

Frå Reindrifta sitt Utviklingsfond (RUF) er det overført 2 mill. kroner til Samisk utviklingsfond. Midlane er nytta til binæringar knytte til reindrift. I forhold til Verdiskapingsprogrammet for rein har Reindriftsforvaltninga arbeidd aktivt for ei positiv samhandling med reindriftsnæringa og Innovasjon Norge i gjennomføringa av programmet.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga har utarbeidd rettleiingsmateriell og interne saksbehandlingsreglar i høve til søknader om tilskott. For å leggje til rette for ei meir effektiv saksbehandling gjennomførte forvaltninga ei prøveordning i 2006 der kontoret i Vest-Finnmark behandla søknadane om tilskott frå alle reinbeiteområda.

Det er gjennomført teljing av rein både i Aust- og Vest-Finnmark reinbeiteområder. I dei tilfella der det har vore større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar, er det sett i verk tiltak.

Ordninga med konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift er administrert av Innovasjon Norge sitt kontor i Tromsø. Midlane har i hovudsak gått til konfliktførebyggjande gjerdetiltak fordelt på dei fleste reindriftsområda.

Reindriftsforvaltninga har arbeidd aktivt for at driftseiningane skal kunne rapportere om eiga reindrift elektronisk, samt søkje om tilskott elektronisk. I forbindelse med behandlinga av tilskott for 2006 var det vel halvparten av driftseiningane som både leverte elektronisk melding om reindrift og søknad om ulike tilskott, samt erstatning for rein drepen av freda rovdyr.

Samhandling - informasjon

I 2006 er informasjon ofte brukt i samspel med andre verkemiddel for å oppnå ei større forståing for Reindriftsforvaltninga sine ansvarsområde. Gjennom ein direkte og aktiv informasjonsstrategi ønskjer forvaltninga å skape tillit og forståing i næringa, noko som er avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Gjennom kontaktmøte har forvaltninga informert om reindrift både på politisk og administrativt plan. Særleg har det vore stor aktivitet innan områda arealplanlegging.

Reindriftsnytt er utgitt i 4 nummer i 2006. Magasinet har om lag 1 400 abonnentar og vender seg til reindriftsutøvarar og forvaltning i og rundt reindriftsnæringa. Ein del av artiklane er oversette til samisk.

Reindriftsforvaltninga si internettside blir oppdatert kontinuerleg. I tillegg til nyhendesaker finst mellom anna alle publikasjonar, verkemiddel og søknadsskjema frå forvaltninga på nett. Informasjonen blir publisert både på norsk og nordsamisk. I 2006 har 28 000 brukarar vore innom forvaltninga si nettside.

Reindriftsforvaltninga utarbeider og gir ut Ressursregnskapet og Totalregnskapet i tillegg til Reindriftsnytt. Ressursregnskapet er forvaltninga sin årlege rapport om ressurssituasjonen i næringa. Totalregnskapet for reindriftsnæringa syner kva for verdiar som blir skapt i næringa samla sett ved bruk av produksjonsfaktorane arbeid og kapital.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga har i 2006 tatt i bruk nytt elektronisk system for registrering av tid, kontorstøttesystema er oppgradert og IKT-funksjonen er styrkt. I den samanheng har det vore lagt til rette for nettbaserte reindriftsmeldingar samtidig som ein har hatt stor merksemd på å vidareutvikle tryggleik og standardisering av løysingar innanfor heile etaten.

Reindriftsforvaltninga har dei siste åra hatt stor merksemd omkring kompetanseutvikling i forvaltninga. Medarbeidarar ved forvaltninga har i 2006 gjennomført diverse kurs og opplæring. Spesielt er kompetansen styrkt gjennom ulike tema som innkjøp, jus, arealforvaltning, arkiv og personal- og økonomiforvaltning.

Budsjettframlegg 2008

Budsjettframlegget er retta inn mot dei seks resultatområda som reindriftsforvaltninga arbeider etter.

Ressursforvaltning

Stortinget vedtok 7. juni 2007 ei ny reindriftslov. Lova blei sett i kraft 1. juli 2007. Lova er basert på at reindrifta er avhengig av dei biologiske ressursane, og at bruken av desse må vere berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Lova skal bidra til ei sikring av reindriftsareala som reindrifta sitt viktigaste ressursgrunnlag og leggje til rette for økonomisk og kulturell berekraft. Reindrifta er ei næring, samtidig som den har sentral verknad for samisk kultur. Det er lagt til rette for større grad av internt sjølvstyre i næringa. Samtidig er det utforma sanksjonsreglar som gir styresmaktene heimel for å følgje opp med ulike former for tiltak dersom det interne sjølvstyret ikkje fungerer, eller det er nødvendig av omsyn til ressursgrunnlaget eller andre samfunnsinteresser.

Ein prioritert oppgåve for styringsorgana er fastsetjing av vilkår for reindrifta. Etter departementet si meining er klare vilkår for reindriftsnæringa ein føresetnad for å nå måla om ei berekraftig reindrift. Dette blir underbygd av Riksrevisjonen sitt dokument nr. 3:12 (2003-2004) Riksrevisjonens undersøkelse av berekraftig bruk av reinbeiteressursene i Finnmark, der Riksrevisjonen m.a. påpeikar at det ikkje føreligg ein heilskapeleg strategi for å nå målet om ei berekraftig reindrift. Desse tilhøva blir òg påpeika av næringskomiteen i behandlinga av både Reindriftsavtalen 2005/2006, jf. Innst. S. nr. 226 (2004-2005) og Reindriftsavtalen 2006/2007, jf. Innst. S. nr. 222 (2005-2006).

Reindriftsforvaltninga og Reindriftsstyret har følgt opp Riksrevisjonen sine merknadar ved at Reindriftstyret har vedteke retningslinjer for fastsetjing av vilkår. Dette gjeld fastsetjing av grenser mellom reinbeiteområde, distrikt og siidaområde. Vidare gjeld det fastsetjing av beitetider for dei ulike årstidsbeita, samt eit høgste reintal basert på det samla arealet av dei ulike årstidsbeita. Med bakgrunn i dei vedtekne retningslinjene har forvaltninga utarbeidd ein treårig plan for fastsetjing av dei resterande vilkår.

Forvaltninga skal òg i 2008 prioritere arbeidet med å gjennomføre den treårige planen. Dette arbeidet er ikkje minst viktig for næringa. Det er gjennom klare vilkår ein kan gi reindrifta den nødvendige tryggleik og mogleggjere ei effektiv oppfylling av dei juridiske verkemidla.

Fastsetting av vilkår har ikkje hatt den forventa progresjon. Det er fleire årsaker til dette, Ein viktig årsak er reindrifta si merksemd omkring bruksrettane sitt omfang. Med bakgrunn i dei utfordringane ein har møtt i arbeidet med å fastsette siidagrensene, vil departementet saman med forvaltninga vurdere andre metodar for å sluttføre arbeidet. I den samanheng vil tiltak for å få nødvendige rettslege avklaringar stå sentralt.

I løpet av dei siste åra har enkelte distrikt i Finnmark hatt ein redusert produksjon. Dette indikerer at ressurssituasjonen framleis er kritisk i enkelte område. På trass av gode klimatiske vilkår dei siste åra, har både produksjonen og slaktevektene blitt reduserte. Av den grunn er det såleis viktig at forvaltninga framleis stimulerer til auka slakting, samt til ein reduksjon av reintala i enkelte distrikt.

For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal forvaltninga innhente nødvendige grunnlagsdata om mellom anna beitetilhøva og slaktevekter.

Arealforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal halde fram å etablere nettverk og alliansar med andre offentlege organ og gjere desse kjende med reindrifta sine behov for samanhengande areal, samt konsekvensane for reindrifta av ulike tiltak innanfor reinbeiteland. Vidare skal forvaltninga arbeide aktivt for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.

Reindriftsforvaltninga skal vere ein aktiv pådrivar med omsyn til endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse til det gjeldande regelverket mellom eigne tilsette, representantar i reindrifta sine styringsorgan og hos reindriftsutøvarane.

Reindriftsforvaltninga skal arbeide vidare med å få verdiklassifisert reindrifta sine areal for alle reindriftsområda på grunnlag av metodar utvikla i 2007, samt medverke til at resten av reinbeitedistrikta utarbeider eigne distriktsplanar.

I samband med at det er etablert ein metode for konfliktvurdering av særskilde område ved vindkraftutbygging, skal Reindriftsforvaltninga fortløpande utarbeide ei tematisk konfliktvurdering i forhold til reindrift av melde og omsøkte vindkraftprosjekt.

Landbruks- og matdepartementet er i forhandlingar om reinbeiteavtalar med grunneigarar i Rørosregionen. Arbeidet har sin bakgrunn i reindrifta sine søknader om ekspropriasjon av område reindrifta ikkje blei tilkjent beiterettar til gjennom Høgsterett sine dommar i Korssjøfjellsaka og Aursundensaka. Reindriftsforvaltninga skal hjelpe til ved ei effektuering av eventuelle framforhandla avtalar.

Forhandlingane med Sverige om ein ny reinbeitekonvensjon blei tatt opp igjen i desember 2005 etter at dei to landa var blitt einige om eit nytt felles mandat for vidare forhandlingar. Forhandlingane er no inne i ein sluttfase. Reindriftsforvaltninga skal hjelpe til ved ei effektuering av ein ny konvensjon.

Reindriftsbasert næringsutvikling

Reindriftsforvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta. Saman med næringa sine organ og andre aktørar, skal forvaltninga medverke til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein føremålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga i nært samarbeid med Innovasjon Norge arbeide for at verkemidla frå høvesvis Reindrifta sitt utviklingsfond og Verdiskapingsprogrammet for reindrift blir sett i samanheng, slik at den samla effekten blir størst mogeleg. Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å synleggjere kvinnene sin innsats og leggje til rette for å styrkje kvinner si stilling i reindrifta. Det er sentralt at arbeidet med verdiskaping i reindrifta blir sett i samanheng med satsinga på dei kvinneretta tiltaka. I tillegg skal Reindriftsforvaltninga vidareutvikle arbeidet med å vurdere effektane i eit likestillingsperspektiv av nye og gamle tiltak. Eit særs viktig forhold i likestillinga er rekruttering til næringa.

Tilskottsforvaltning

Reindriftsforvaltninga skal medverke til at tilskottsordningar blir forvalta effektivt og trygt, samt blir nytta systematisk for å oppnå ei større verdiskaping gjennom eit enklare og betre regelverk. Rettleiingsmateriellet skal gjerast kjent både på norsk og nordsamisk. Reindriftsforvaltninga skal sørgje for å føre vidare arbeidet med å leggje til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar og gi innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik behandling av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga halde fram med å telje rein i dei ulike reinbeiteområda. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar skal det setjast inn tiltak.

Reindriftsforvaltninga skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i høve til andre næringsinteresser. Ein må til dømes sørgje for at konfliktane blir reduserte mest mogeleg gjennom vilkår og rettleiing i dei tilfella der gjerdebygging og bruk av motoriserte hjelpemiddel er påkravd.

Når det gjeld midlane til forsking, skal forvaltninga medverke til at dei blir nytta til å framskaffe og formidle kunnskap med sikte på å nå målet om ei berekraftig reindrift.

Samhandling - rettleiing og informasjon

Reindriftsforvaltninga må drive aktiv informasjonsverksemd om sine ansvarsområde overfor eit større publikum og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tek vare på.

Reindriftsforvaltninga skal drive aktiv rettleiing og informasjonsverksemd om den nye reindriftslova, og støtta departementet i utarbeidinga av nødvendige forskrifter og rundskriv.

Dokumentasjon av reindrifta sin arealbruk og sine rettar er avgjerande for næringa si framtid. Dette stiller krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar, Reindriftsforvaltninga og andre offentlege organ for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling. Dette er særleg viktig i arbeidet med å fastsetje dei påkravde vilkåra i reindrifta.

Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å profilere reindrifta sine positive sider, og leggje til rette slik at befolkninga får betre kunnskap om reindrifta i Noreg.

Internadministrasjon

Reindriftsforvaltninga skal vere ei verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester. Forvaltninga skal vidareføre innsatsen knytt til utvikling av personal- og lønnspolitikk, arbeidsmiljø, kompetanseoppbygging, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, einsarta forvaltning, interne driftsoppgåver, samt IKT. I forhold til kompetanseoppbygging skal forvaltninga særleg prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk.

Post 01 Driftsutgifter

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 39 mill. kroner. Posten skal dekkje Reindriftsforvaltninga sine driftsutgifter. Ordninga med kvinne- og familieretta tiltak i reindriftsnæringa blir ført vidare. Vidare skal posten dekkje administrative utgifter til effektuering av ny norsk-svensk reinbeitekonvensjon, samt utgiftene i samanheng med arbeidet i norsk-finsk grensegjerdekommisjon. I tillegg skal posten dekkje administrative utgifter til effektuering av eventuelle reinbeiteavtalar nord for Aursunden og i Korssjøfjellet i Røros kommune, samt forhandlingar om reinbeiteavtalen nordvest for Aursunden. Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.

Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 6,5 mill. kroner. Posten skal dekkje utgiftene til ei oppfølging av Noregs ansvar i forhold til grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland, samt i forhold til ei eventuell effektuering av reinbeiteavtalar i Rørosregionen.

Post 70 Tilskott til fjellstover

Føremålet med tilskottet er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng til m.a. reingjetarane. Ein har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Reindriftsforvaltninga. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 680 000 kroner i 2008.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Ein gjer framlegg om ei samla løyving på om lag 9,9 mill. kroner. Av dette gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 8,6 mill. kroner i samband med vidare oppfølging av treårleg plan for fastsetjing av vilkår i Finnmark, samt oppfølging av Reindriftsstyret sitt vedtak om høgste reintal for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Ei fastsetjing av vilkår er påkravd for å få ei effektiv oppfølging av juridiske verkemiddel og der igjennom eit reintal i balanse med beiteressursen. I den samanheng er det òg påkravd med stor aktivitet hos reindrifta sine styringsorgan, samt behov for ei aktiv informasjonsverksemd.

I ein situasjon der ein ikkje har fått fastsett nødvendige vilkår i Finnmark og eit effektivt regelverk for oppfølging av vilkåra, er det sentralt at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetting av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk vil vere avhengig av mellom anna den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.

Som ein del av kontrollarbeidet og oppfølging av det fastsette øvre reintalet i Vest-Finnmark reinbeiteområde, skal forvaltninga utføre teljing av rein. Utgifter til teljing av rein i Finnmark blir dekt over denne posten.

I tillegg til arbeidet med oppfølging av øvre reintal i Finnmark og fastsetjing av resterande vilkår, skal posten dekkje utgiftene til forlenga omstillingslønn. Det har vist seg svært vanskeleg å få omstillarar over 55 år over i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å medverke til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet, og for å hindre at dei tek opp att reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingslønn fram til den til ei kvar tid gjeldande ordinære pensjonsalder etter folketrygdlovgivinga. Føresetnaden for å komme inn under ordninga er at vedkomande si driftseining blir avvikla. Ordninga blir finansiert innanfor løyvinga til omstillingstiltak. For å dekkje behovet for omstillingslønn i 2008 gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 1,3 mill. kroner.

Post 82 Radioaktivitetstiltak

Staten si dekning av kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobylulukka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtak som Regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Tidligare ble løyvingar til dette formålet gitt gjennom Stortinget si behandling av den årlege stortingsproposisjonen om reindriftsavtalen. I samanheng med forhandlingane om Reindriftsavtalen 2007/2008 blei avtalepartane einige om å leggje om radioaktivitetstiltaka og finansieringa av ordninga. Dette inneber at det etablerast ein ny post vedrørande kostnader til radioaktivitetstiltak på kap. 1147 frå og med budsjettåret 2008. Når det gjeld nytt regelverk, vil dette bli gjeldande først for slaktesesongen 2008/2009. Nærmare omtale er gitt i St.prp. nr. 74 (2006-2007).

Ein gjer framlegg om ei løyving på 3 mill. kroner i 2008.

Kap. 4147 Reindriftsforvaltninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Refusjonar m.m.

479

32

33

16

Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar

46

18

Refusjon sjukepengar

247

Sum kap. 4147

772

32

33

Kap. 1148 Naturskade - erstatningar og sikring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskott til sikringstiltak m.m. , kan overførast

33 077

18 665

9 038

71

Naturskade, erstatningar , overslagsløyving

80 276

70 000

80 000

Sum kap. 1148

113 353

88 665

89 038

Mål og strategiar

Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning skal òg fremme sikring mot naturskadar m.a. gjennom å gi tilskott til sikringstiltak og farevurdering. Det skal prioriterast å gi tilskott til kommunar med spesielt vanskeleg økonomi og stort sikringsbehov.

Statens naturskadeordning er organisert med eit styre og ei ankenemnd. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret og ankenemnda. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar og søknader om tilskott til sikringstiltak får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.

Det er fleire aktørar og styresmakter som har eit ansvar for beredskap i samband med ulike typar ras og skred. Kommunane pliktar å treffe tiltak mot naturskadar slik som bestemt i plan- og bygningslova, samt ved nødvendige sikringstiltak. Samferdselsdepartementet ved Jernbaneverket og Vegdirektoratet har ansvar for sikring mot naturfarar som truar jernbanenettet og riks- og fylkesvegane. For naturskadar knytt til vassdrag har Olje- og energidepartementet ved Noregs vassdrag- og energidirektorat eit ansvar. Nærings- og handelsdepartementet ved Noregs geologiske undersøking skal halde vedlike og vidareutvikle skreddatabasen www.skrednett.no og halde fram arbeidet med oversiktskartlegging knytt til leirskred, snøskred og fjellskred. Justisdepartementet ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har ansvar for å leggje til rette og stimulere til nasjonal, regional og kommunal beredskapsplanlegging.

Post 70 Tilskott til sikringstiltak m.m.

Resultatrapport 2006

Det kom inn 7 søknader om tilskott til sikringstiltak med eit samla kostnadsoverslag på om lag 48,6 mill. kroner i 2006. Det blei gitt tilsegn om tilskott til 5 tiltak. Hammerfest kommune fekk tilsegn om 3,7 mill. kroner i tilskott til sikringstiltak mot skred i sentrumsområdet, Lier kommune fekk tilsegn om 0,3 mill. kroner i tilskott til sikringstiltak mot flomskred, Stranda kommune og Norddal kommune (Åknes-/Tafjordprosjektet) fekk tilsegn om 30 mill. kroner i tilskott til sikringstiltak mot fjellskred i Åkneset og Hegguraksla, og Troms fylke og Sogn og Fjordane fylke fekk respektive 3,3 og 3 mill. kroner for utgreiing av risiko for store fjellskred. Tilsegna om tilskott dekte i gjennomsnitt om lag 85 pst. av kostnadsoverslaga. Årsaka til den høge gjennomsnittlege dekningsgraden var løyvinga til Åknes-/Tafjordprosjektet kor staten sin del av utgiftene har vore høgare.

Budsjettframlegg 2008

Ansvar og roller i den statlege skredpolitikken

Som følgje av auka nedbør og klimaendringar må ein forvente at ulike typar skred i tida framover vil kunne skje oftare enn før. Ei interdepartemental arbeidsgruppe har vore i arbeid for å skaffe fram nødvendig grunnlagsmateriale for å kunne ta stilling til omfanget av og behovet for statleg engasjement når det gjeld fare for store fjellskred, samt for å vurdere juridiske og organisatoriske forhold knytt til skred- og rasfare i Noreg. Som oppfølging av arbeidsgruppa sine forslag vil regjeringa intensivere kartlegginga av risikoområde for store fjellskred gjennom eit fleirårig program. Dette arbeidet blir leia av Noregs geologiske undersøking (NGU). Regjeringa vil vidare styrkje samarbeidet om den statlege innsatsen for kartlegging, førebygging av og sikring mot skred. Mellom anna vil regjeringa etablere eit skredforum under leiing av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Formålet med forumet er å styrkje dialogen og kontakten mellom dei ulike skredetatane. Den statlege informasjonen om ansvar og roller når det gjeld skred og skredinformasjon på nettstaden skrednett.no skal òg forbetrast. Regjeringa vil i tillegg til dette òg arbeide vidare med spørsmål om endringar i ansvarsforholda mellom dei statlege etatane når det gjeld skredproblematikk, og vil kome attende til Stortinget med saka på egna måte.

Åknes-/Tafjordprosjektet har over ein 4-årsperiode fått statleg tilskott på 64,5 mill. kroner til mellom anna geologiske og geofysiske undersøkingar og etablering av måleutstyr. Det er no viktig å få på plass eit høveleg opplegg som gjer det mogleg å varsle folk i området, slik at dei kan evakuerast før eit eventuelt fjellskred blir løyst ut. Staten vil medverke til å sikre døgnkontinuerleg overvaking av skredfarlege område i Storfjorden (Åknes, Tafjord) og andre stader der det er behov for det. Regjeringa vil arbeide vidare med korleis dette arbeidet skal organiserast, og kjem attende til saka på egna måte.

Statens naturskadefond vil føre vidare arbeidet med å gi tilskott til sikringstiltak i kommunar med store sikringsbehov. Fleire kommunar har meldt frå om at dei ønskjer å setje i gang større sikringsprosjekt.

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på posten på 9 mill. kroner. Vidare gjer ein framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 2 mill. kroner, jf. tabell 2.9 og forslag til vedtak IV. Dette vil gjere det mogleg å gi nye tilsegn på til saman 11 mill. kroner i 2008. Tilskott til forundersøkingar og sikringsprosjekt skal prioriterast innanfor denne ramma.

Tabell 2.9 Tilsegnsfullmakt sikringstiltak

(i mill. kr)

Beløp

Ansvar pr. 1.1.2007

25,6

Tilsegn i 2007

18,4

Sum

44,0

-(løyving 2007+overførte midlar)

44,0

Ansvar pr. 31.12.2007

0

Forventa nye tilsegn i 2008

11,0

Sum

11,0

Forslag til løyving i 2008

9,0

Tilsegnfullmakt i 2008

2,0

Post 71 Naturskade, erstatningar

Resultatrapport 2006

Det blei i 2006 behandla 1 497 erstatningssaker med samla skadetakst på 172,2 mill. kroner. Samla erstatningsutbetalingar var på 75,1 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 0,3 mill. kroner i tilskott til FoU-tiltak, 3,9 mill. kroner til dekking av takseringskostnader og 0,9 mill. kroner til utarbeiding av eksterne rapportar i samband med den gjennomgang av naturskadelova som SLF gjer. Flaumskadar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland utgjorde dei største skadane.

Budsjettframlegg 2008

Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.

Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering mellom anna av skadar, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.

Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som medverkar til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som nyttast på naturskadeområdet.

Etter naturskadelova kan det setjast som vilkår for utbetaling av erstatning at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt 30 000 kroner pr. sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga over post 71 skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Ut frå dette gjer ein framlegg om ei løyving på 80 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 39 mill. kroner, jf. tabell 2.10 og forslag til vedtak IV.

Tabell 2.10 Tilsegnsfullmakt naturskade­erstatningar

(i mill. kr)

Beløp

Ansvar pr. 1.1.2007

70,6

Tilsegn i 2007

65,0

Sum

135,6

-(prognose erstatningsutbetalingar 2007)

93,6

Ansvar pr. 31.12.2007

42,0

FoU-tilskott, takseringskostnader mv

7,0

Forventa nye tilsegn i 2008

70,0

Sum

119,0

Forslag til løyving i 2008

80,0

Tilsegnsfullmakt i 2008

39,0

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

50

Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

322 188

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 271

3 271

3 271

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket , kan overførast

2 997

38 674

38 674

Sum kap. 1149

328 456

41 945

41 945

Post 50 Tilskott til landbrukets utviklingsfond (LUF)

Landbrukets utviklingsfond (LUF) har tidlegare fått løyvd midlar over og utanfor jordbruksavtalen. Fondet er renteberande, og utgifter til administrasjon blir dekt over fondet. LUF hadde pr. 31.12.2006 ein eigenkapital på 2 190,2 mill. kroner. Frå og med 2007 er LUF samla på jordbruksavtalen. For nærmare detaljar kring LUF blir det vist til St.prp. nr. 77 (2006-2007).

Løyvingane femner om ei rekkje nærings- og utviklingstiltak, mellom anna verdiskapingsprogram, konkurransestrategiar, og eigne tiltak innanfor skogbruk og bioenergi. Sjå òg kap. 1150 for ei nærmare omtale av ordningar innanfor jordbruksavtalen.

I og med at LUF frå og med 2007 er samla på jordbruksavtalen gjer ein ikkje framlegg om nokon løyving for budsjettåret 2008 på kap. 1149 post 50. Det blei semje om tildelingsramma for LUF i samband med jordbruksforhandlingane.

Tabell 2.11 Oversikt over tildelingsramme for LUF utanfor jordbruksavtalen i 2006

(i mill. kroner)

Tiltak

2006

Overføring til Samisk utviklingsfond (SUF)

2,0

Verdiskapingsprogram for matproduksjon

100,7

Sentrale bygdeutviklingsmidlar

38,0

Skogbruk

144,2

Bioenergi

25,0

Etablering av Jordskiftesenter

1,0

Innlandet 2010

20,0

Sum tildelingsramme utanfor jordbruksavtalen

330,9

Resultatrapport 2006

Landbruks- og matdepartementet la i 2006 fram strategien Landbruk - mer enn landbruk, som grunnlag for arbeidet med næringsutvikling. Strategien er ein samla og offensiv plan for å vidareutvikle norsk landbruk og dei enkelte verdikjedene som er basert på landbruksproduksjon. Det viktigaste målet er å oppnå ein variert bruksstruktur i heile landet basert på auka lønnsemd med utgangspunkt i ressursane til landbruket, å styrkje og utvikle primærproduksjonen og auke merksemda mot heile verdikjeda. Strategien omfattar alle LUF-midlane - både innanfor og utanfor jordbruksavtalen.

I alle fylke er det i tillegg utarbeidd regionale strategiar for landbruksrelatert næringsutvikling. Strategiane er utarbeidd gjennom samarbeid mellom aktørane i det regionale partnarskapet. Dei regionale strategiane skal mellom anna leggje grunnlaget for forvaltninga av dei fylkesvise BU-midlane.

Statsråden har vidareført sitt eige kontaktutval for næringsutvikling, og Innovasjon Norge har vidareført faglege møtearenaer med brei representasjon frå sentrale faglege aktørar.

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon (VSP-mat)

VSP-mat blir forvalta av Innovasjon Norge (IN) som ei eiga programsatsing på mat. Hovudmålet for programmet er å bidra til auka verdiskaping innan primærproduksjon og foredling, samt omstilling av norsk landbruk gjennom meir innovasjon og produktmangfald. Samla ramme til VSP-mat var på 100,7 mill. kroner i 2006. Løyvingane til Stiftelsen Matmerk og til Offentlege strategiar var ein del av ramma til programmet i 2006. Løyvd budsjettramme til VSP-mat i IN var på 82,7 mill. kroner. Justeringar i samband med revidert nasjonalbudsjett og løyving til Merkur-programmet er omtalt i St.prp. nr. 77 (2006-2007). Etterspørselen etter VSP-mat midlar var stor i 2006. Programmet mottok 260 prosjektsøknader mot 245 i 2005, med omsøkt beløp 170 mill. kroner i 2006 mot 135,2 mill. kroner i 2005. 206 søknader fikk løyva totalt 90,9 mill. kroner i 2006. IN si kundeeffektundersøking syner at VSP-mat er det verkemiddelet av alle verkemidla til IN som har klart størst tyding for realisering av nye prosjekt, bedriftene si utvikling og auka lønnsemd. Midtvegsevalueringa av programmet, gjennomført av Østlandsforskning i september 2006, dokumenterer òg at programmet i stor grad har innfridd måla.

Stiftinga Matmerk

I 2006 blei det løyvd 14 mill. kroner til Stiftelsen Matmerk. I dette ligg mellom anna stønad til Merkeordninga Beskytta nemningar som blir forvalta av Matmerk. Merkeordninga har som mål å utvikle regional og lokal matproduksjon, samt møte forbrukarane sine ønskjer om kvalitetsprodukt. Status pr. 1. juni 2007 var 13 godkjente produkt. Ni søknader er til behandling i Matmerk eller Mattilsynet. Matmerk har i 2006 utvikla eit tilbod om ulike marknadstenester til merkebrukarane der det mellom anna er tilbod knytt til kjedeforhandlingar, sal og logistikk. Arbeidet med å profilere norske matspesialitetar har blitt prioritert med mellom anna annonsekampanjar Sjå etter dei store smaksopplevingane i dagspressa og utgiving av det forbrukarretta magasinet Smak, med eit opplag på 83 000 eksemplar.

Hausten 2006 blei det arbeidd med å etablere Stiftelsen KSL Matmerk, og frå 1.1.2007 blei den nye organisasjonen etablert. Oppgåvene til Matmerk blir ført vidare i Stiftelsen KSL Matmerk. I tillegg skal stiftelsen mellom anna ha ansvaret for Kvalitetssystem i landbruket (KSL), Kompetanseprogrammet i landbruket (KIL) og utvikling av eit nytt heilskapleg kvalitetssystem tufta på KSL og med ein merkeprofil retta mot forbrukarane.

Offentlege strategiar

Midlane til Offentlege strategiar innanfor LUF, 4 mill. kroner i 2006, blir nytta til profilerande og salsfremjande tiltak for norsk mat nasjonalt og internasjonalt. I samsvar med LMD sin strategiske plan for næringsutvikling profilerar desse prosjekta no i alt høgare grad synergiane mellom mat og reiseliv og speler på lag med Nærings- og handelsdepartementet (NHD) og IN si iverksetjing og gjennomføring av den nasjonale reiselivssatsinga. Det er lagt vekt på at mat- og reiselivsprosjekta i størst mogleg grad skal hjelpe til å ivareta, forsterke og framheve den lokale eigenarten knytt til miljø, estetikk og kulturarv, og elles ha som mål:

  • Ein spydspissfunksjon gjennom internasjonal profilering av mat og reiseliv i ein marknad med sterk internasjonal konkurranse. Dette gjeld til dømes satsinga på Internationale Grüne Woche i Berlin og Taste of Norway-prosjektet, begge i nært samarbeid med Utanriksdepartementet og IN. Det gjeld årleg støtte til Det Norske Kokkelandslaget og prosjektet Det norske måltid i regi av Stavanger Næringsforening om norsk mat som profileringselement innanfor finans- og energisektoren. Det gjeld støtte til Trøndersk Matfestival og Matfestivalen i Ålesund, profilering mot den danske turistmarknaden gjennom Jyllandsposten, stipendet til Unge kokkar, mv.

  • Verdiskaping: Prosjekta finn sin plass innanfor eit marknads- og innovasjonsbasert verdiskapingsperspektiv. Til dømes gjeld dette det landsomfattande samarbeidet med Ungt Entreprenørskap om profilering av mat og landbruk gjennom unge etablerarar. Det omfattar vidare eit prosjektsamarbeid mellom 5 kommunar i Møre og Romsdal om Fiskarbonden, samt prosjektet Arktisk Meny som profilerer og marknadsfører nordnorsk mat og matkultur gjennom serveringsbedrifter i samarbeid med råvareprodusentar.

  • Reiselivsfilosofi: Det er elles lagt vekt på at prosjekta er i tråd med Omdømmeutvalgets rapport, der ein går inn for å nytte norsk matkultur og kokkekunst strategisk i Noregsprofileringa. Prosjekta er òg i godt samsvar med IN si implementering av NHD sin handlingsplan for reiselivsnæringa.

Sentrale bygdeutviklingsmidlar

Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) blir nytta til prosjektretta verksemd og tiltak av landsomfattande karakter innanfor områda reiseliv, likestilling og nasjonale utviklingsprosjekt.

I 2006 blei det nytta 22,4 mill. kroner til reiseliv. Midlane har vore nytta til marknadsføringsaktivitetar og utvalde prosjekt for å konkretisere satsinga på landbruksbasert reiseliv. Formålet med dette er å byggje opp under den natur- og kulturbaserte reiselivsnæringa og leggje til rette for auka lønnsemd i småskala reiselivsverksemder knytt til landbruket.

Det blei gitt 1,5 mill. kroner i støtte til organisasjonen Norsk Bygdeturisme og Gardsmat. Organisasjonen arbeider for å ta vare på interessene til bygdebaserte reiselivsbedrifter og bedrifter som produserer og sel eigenproduserte matvarer.

Det blei gitt 0,5 mill. kroner i støtte til organisasjonen Norsk Innlandsfiskelag. Organisasjonen arbeider for å få til verdiskaping basert på innlandsfiskeressursane.

Det blei nytta 1,5 mill. kroner til forskningsprosjekt korn. Prosjektet skal klargjere moglegheitene for å ta i bruk meir eigenproduserte, proteinrike kraftfôrråvarer til husdyr. Prosjektperioden var frå 2002 til 2006.

Det blei nytta 1,5 mill. kroner til prosjektet landbruksbygg i arktiske strøk. Prosjektet har som mål å utvikle betre og billigare bygningar for mjølkeproduksjon. Prosjektperioden er frå 2002 til 2007.

Det blei nytta 1 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak mellom reindrift og jordbruk.

1 mill. kroner blei stilt til disposisjon for utviklingsprosjekt gjennom Innovasjon Norge. Desse midlane blei nytta til fylkesovergripande prosjekt og kompetansebygging.

8,6 mill. kroner blei nytta til utviklingsprosjekt knytt til skolemataktivitetar, busetjing og andre prioriterte område.

Skogbruk

Det blei i 2006 løyvd 144,2 mill. kroner til skogbrukstiltak. 106,2 mill. kroner blei øyremerkt tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket, 25 mill. kroner til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og 13 mill. kroner til landsdekkjande tiltak som kurs, opplæring o.a.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak

Gjennom ordninga for nærings- og miljøtiltak i skogbruket blei det i 2006 gitt tilskott til skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog, drift med taubane og hest og andre tiltak i skogbruket. Ordninga hadde ei ramme på 106,2 mill. kroner. Midlane blei forvalta av kommunane saman med midlane til ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbrukets kulturlandskap (SMIL) over jordbruksavtalen.

Av løyvinga til nærings- og miljøtiltak blei det i 2006 løyvd 44 mill. kroner i tilskott til skogkulturtiltak. Til saman blei det investert 170 mill. kroner i skogkulturtiltak. Dette er same nivå som i 2005. Totalt blei det planta til eit areal på 119 390 dekar og utført ungskogpleie på 217 563 dekar. Resultatkontrollen for foryngingsfelt i 2006 syner at 20 pst. av foryngingsarealet ikkje var lagt til rette for forynging to år etter hogst. Vidare syner kontrollen at skogbruket tek gode miljøomsyn ved til dømes å setje att kantsoner og rette opp kjøreskadar.

Av løyvinga til nærings- og miljøtiltak blei det i 2006 vidare løyvd 40 mill. kroner til bygging av nye vegar og ombygging av eksisterande vegar. Det blei totalt investert 82 mill. kroner i slike formål. Dette er ein nedgang på 15 pst. i forhold til i 2005. Ombygging og modernisering av gamle skogsbilvegar utgjorde hovudaktiviteten når det gjeld skogsvegar. Totalt blei det ombygd 224 km bilvegar, ein auke på 11 pst. Det blei bygd 69 km nye bilvegar og 244 km traktorvegar, ein auke på høvesvis 23 pst. og 6 pst.

Om lag 5 mill. kroner av løyvinga til nærings- og miljøtiltak i 2006 gjekk til tilskott til miljøtiltak i skog.

Tilskott til skogbruksplanlegging

Kunnskap om ressursgrunnlaget er ein føresetnad for eit aktivt og miljøretta skogbruk, og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blei gjennomført i tråd med planane for 2006. Det blei tildelt om lag 23 mill. kroner i tilskott. Miljøregistreringar etter MiS-metodikken har vore ein del av skogbruksplanlegginga sidan 2000, og det er til no gjennomført miljøregistreringar av 40-50 pst. av det produktive skogarealet. Miljøregistreringane er offentleg tilgjengeleg informasjon som blir lagt ut via Internett av Norsk institutt for skog og landskap.

Tilskott til kompetansetiltak

Løyvingane til landsdekkjande kompetansetiltak var om lag 10 mill. kroner i 2006. Skogbrukets kursinstitutt (SKI) er ein sentral aktør i dette arbeidet både gjennom si satsing på kursseriar, og kunnskapsspreiing gjennom ulike internettportalar og nettsider. SKI har såleis fått ei viktig rolle i skogbruket si nettsatsing. Oppslutninga om landsdekkjande tiltak i form av kurs og opplæring har vore god. Det blei òg arrangert korte distriktskurs for skogsarbeidarar og yrkesaktive skogeigarar i kystfylka.

Andre tiltak

Det blei løyvd om lag 2,1 mill. kroner til andre tiltak. Av dette var 2 mill. kroner tilskott til skogeigarlaga på Vestlandet og i Nord-Noreg. I tillegg blei det gitt tilskott til avverking og drift av lauvvirke til industriformål i Nordland og Troms.

Budsjettframlegg 2008

Frå og med 1.1.2007 er løyvinga til LUF samla under jordbruksavtalen. Løyvinga på kap. 1149 post 50 er derfor overført til kap. 1150 post 50. Det blei semje om ei samla tildelingsramme for LUF i samband med jordbruksforhandlingane, jf. St.prp. nr. 77 (2006-2007) og kap. 1150 post 50.

Post 51 Tilskott til utviklingsfondet for skogbruket

Mål og strategiar

Utviklingsfondet for skogbruket blei oppretta ved kgl.res. av 25.2.1977. Bakgrunnen for opprettinga av fondet var ei avtale mellom Finansdepartementet og Skogbrukets arbeidsgivarforeining om kompensasjon for opphevinga av refusjon for bensinavgift ved bruk av motorsag i skogbruket.

Vedtektene for Uviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Prosjekt som får støtte frå fondet er mellom anna retta mot verdiskaping og ressursforvaltning i skogsektoren innanfor forsking og utstyr, utviklingsprosjekt, informasjon og opplæring og stipend. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innan skogsektoren representert. Sekretariatet ligg i Noregs forskingsråd.

Resultatrapport 2006

I 2006 blei det behandla 16 søknader med eit samla søknadsbeløp på om lag 4,6 mill. kroner. Det ble gitt tilskott på om lag 3,2 mill. kroner til 10 nye prosjekt, av dette to utanlandsstipend.

Budsjettframlegg 2008

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,27 mill. kroner for 2008. Midlane frå fondet vil i første rekkje bli retta mot bruksretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

Mål og strategiar

Skogbruket er ei viktig næring i distrikta, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Auka bruk av fornybar energi og auka trebruk framfor meir energikrevjande material vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskjeskapte klimagassutsleppa. Skog bind karbon og er derfor viktig i klimasamanheng. Skogen er leveområde for mange artar, er rik på kulturminne og er ei viktig kjelde for friluftsliv og opplevingar.

Skogbruket skapar store lokale verdiar; førstehandsverdien av det tømmeret som blir hogd og omsett ligg årleg rundt 3 mrd. kroner, noko som gir monalege ringverknader. Den samla produksjonsverdien frå skogsektoren er om lag 40 mrd. kroner. Verdiskapinga skjer i heile verdikjeda frå skogbruksverksemda, via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle eller konstruksjonsvirke o.a.

Departementet legg til rette for verdiskaping i skogbruket mellom anna gjennom tilskott til ulike verdiskapingstiltak, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging og skogfondsordninga. Post 71 femner tilskott til verdiskapingstiltak som Trebasert Innovasjonsprogram og andre tiltak som tek sikte på auka verdiskaping i verdikjedene frå skog til marknad.

Resultatrapport 2006

Treprogrammet

Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet) blei avvikla i 2005. Programmet blei i 2005 innklaga til EFTA Surveillance Authority (ESA) for brot på føresegna om statsstøtte i EØS-avtalen av byggutengrenser.no. ESA opna i 2006 undersøking i saka. Departementet har gitt ESA ei omfattande utgreiing som syner at programmet materielt sett har vore i samsvar med statsstøtteregelverket til ESA. Saka er framleis til behandling i ESA.

Trebasert innovasjonsprogram

Trebasert innovasjonsprogram blei skipa i juli 2006. Programmet byggjer på erfaringar frå det tidlegare Treprogrammet som blei avslutta i 2005. Visjonen frå det tidlegare Treprogrammet er ført vidare: Noreg skal vere eit førebilete i verdiskapande foredling og ny bruk av trevirke. Programmet er utforma slik at det er i samsvar med prinsippa som følgjer av EØS-avtalen. Det tok noko lenger tid enn venta å klargjere spørsmål om statsstøtte, og programmet tok ikkje til å virke før 1. juli 2006. Delar av programmet blei i 2006 meldt til ESA som gruppeunntatt statsstøtte. Ramma for programmet var i 2006 på 35 mill. kroner. Det blei gitt tilsegn om 21 mill. kroner i 2006.

Transportstøtte

Det blei gitt direkte støtte til langtransport av skogsvirke frå vanskelegstilte område i Nord-Noreg i 2006. Løyvinga utgjorde 1, 8 mill. kroner i 2006.

Budsjettframlegg 2008

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 38,674 mill. kroner på denne posten i 2008. Ramma vil bli fordelt med om lag 35 mill. kroner til Trebasert Innovasjonsprogram og 3,7 mill. kroner til andre prioriterte styrkingstiltak på skogområdet.

Trebasert innovasjonsprogram

Auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda er ein viktig del av departementet sin heilskaplege strategi for næringsutvikling knytt til landbruket; Ta landet i bruk. Det er her vist til at den innanlandske bruken av trelast er 0,65 m3/innbyggjar/år, og at næringa har 0,75 m3/innbyggjar/år som mål innan 2010. Strategien skal mellom anna støtte opp under næringa sitt mål om auka verdiskaping og trebruk. Tresatsingstiltak vil òg vere eit sentralt verkemiddel i samband med regjeringa sitt arbeid med auka skogbasert verdiskaping.

I tillegg til å leggje eit betre grunnlag for eit robust primærskogbruk og halde oppe den verdiskapinga tremekanisk industri tilfører mange lokalsamfunn, gir auka bruk av tre mange positive miljøgevinstar m.a. ved forlengja karbonbinding. Tresatsinga byggjer derfor opp under både næringspolitiske, miljøpolitiske og distriktspolitiske målsetjingar.

Hovudmålsetjinga for programmet er auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda. For å nå dette målet er det behov for å finne og utvikle talentar som kan utnytte moglegheiter og gjennom dette medverke til innovasjon. I denne samanheng er det viktig at nye koplingar mellom produkt og marknad blir tatt i bruk. I strategiar som ligg til grunn for arbeidet er det lagt vekt på å stimulere til kompetanseutvikling, stimulere til leverandør- og produktutvikling, utvikle pionerprosjekt, initiere og medverke til rasjonell logistikk, arbeide for auka kvinnemedverknad i næringa, og arbeide for sterkare medverknad og engasjement i verkemiddelapparatet knytt til innovasjon i skog og trenæring.

Bedriftsretta prosjekt vil vere eit sentralt område for programmet i 2008. Det er forventa større aktivitet på programmet i 2008. Departementet har i 2007 sendt notifisering av støtte til store bedrifter til ESA, og ventar på tilbakemelding.

Kystskogbruket

Departementet har gitt støtte til langtransport av skogsvirke i Nord-Noreg over post 71. Hovudformålet med ordninga har vore å fremme auka avverking, og tilskotta skal bidra til auka aktivitet der virkesavsetninga er vanskeleg. I 2007 blei det over LUF (sjå kap. 1150) gitt støtte til organisert virkesomsetning og tilskott til drift av lauvtrevirke til nokre fylke.

Departementet syner til initiativet frå fylkeskommunane i kyststrøka, der tiltak for auka verdiskaping i kystskogbruket blir gjennomgått. Departementet ser dette som eit viktig arbeid. Delar av kysten skil seg frå innlandet ved at skogbruket har hatt lite tømmer som er klart til hogst, og infrastrukturen er mange stader lite utvikla. Dette gjeld særleg Vestlandet og Nord-Noreg. Mykje av barskogen i kystområda er planta frå midten av 1900-talet. Haustinga av ressursane kan ta til om få år, og det vil bli ei kraftig auke i hogsten dei neste 10-20 åra. Kyststrøka vil ha høgare transportkostnader og vanskelegare avsetningsforhold enn innlandet. Departementet meiner det er nødvendig å setje inn spesielle verkemiddel i desse områda for å byggje opp under den kommande auka avverkinga. Departementet vil føre vidare transportstøtte på om lag same nivå som tidlegare, og vurdere andre tiltak for kystskogbruket i lys av den utviklinga av kunnskap som no skjer.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

50

Fondsavsetningar

577 720

751 003

873 503

70

Marknadsregulering , kan overførast

208 040

201 000

202 600

73

Pristilskott , overslagsløyving

1 919 952

2 077 316

2 089 900

74

Direkte tilskott , kan overførast

6 503 566

6 714 969

6 955 469

77

Utviklingstiltak , kan overførast

216 661

227 430

194 930

78

Velferdsordningar , kan overførast

1 559 408

1 609 154

1 640 454

Sum kap. 1150

10 985 347

11 580 872

11 956 856

Kap. 1150 og kap. 4150 om Jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har tingingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar knytt til produksjon og omsetnad innanfor jordbruket (marknadsordningane). Jordbruksavtalen 2007-2008 som blei inngått mellom staten og jordbruket ved Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag den 16.5.2007, omfattar målprisane for perioden 1.7.2007 til 30.6.2008 samt tilskott som blir utbetalt i 2008. I tillegg blei partane einige om omdisponering i 2007 av tidligare løyvde midlar. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremme fastlagte mål for jordbruket og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Resultatet av jordbruksavtalen 2007-2008 blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 77 (2006-2007) og behandla i Stortinget den 11.6.2007, jf. Innst. S. nr. 285 (2006-2007). Dette kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av jordbruksavtalen 2007-2008.

Mange av dei største ordningane på kap. 1150 er tiltak der søkjarane har rett på tilskott dersom dei oppfyller vilkåra. Løyvinga er oftast styrt av satsar pr. eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Derfor ser departementet det som naturleg at eit noko større behov på ein underpost kan dekkjast inn med ledige midlar på ein annan underpost på same løyving (post).

Mål og strategiar

Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinjene i landbrukspolitikken. For ei nærmare omtale av mål og strategiar i jordbrukspolitikken for komande budsjettperiode syner ein til innleiinga, kat. 15.30 i denne proposisjonen samt kap. 7 i St.prp. nr. 77 (2006-2007).

Dei langsiktige måla for jordbrukspolitikken blei sist fastlagt av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. I tillegg til produksjon av trygg mat og andre varer og tenester med bakgrunn i forbrukarane sine behov er hovudmåla i stor grad knytt til produksjon av kollektive gode for samfunnet. Målstrukturen frå St.meld. nr. 19 (1999-2000) er skissert i figur 2.1 nedanfor.

Nokre av dei kollektive goda kjem som eit resultat av jordbruksproduksjonen i Noreg. Både klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur og norsk pris- og kostnadsnivå, gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Derfor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar dvs. at dei verkar inn på fleire av dei kollektive goda samtidig. Det gjeld m.a. tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål.

Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje sortere post for post på budsjettkapitlet i forhold til hovudmåla. Derfor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på dei enkelte ordningane. Virkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.

I tilknyting til måla for landbrukspolitikken som omtalt m.a. i innleiinga, vil ein ha verkemiddel for å nå fleire av desse både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette gjeld både økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er grunnleggjande òg i næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Ein har òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett.

Figur 2.1 Hovudmål og verkemiddel for næringspolitikken
 i jordbruket.

Figur 2.1 Hovudmål og verkemiddel for næringspolitikken i jordbruket.

Resultatrapport 2006

Landbruket er ei langsiktig næring der tilpassinga til endra rammer tar tid. Det er derfor viktig for næringsaktørane å førebu seg på endringar som kan komme i internasjonale og nasjonale forhold, hos forbrukarane og i forhold til teknologi m.m. Dei ulike tiltaka over jordbruksavtalen skal gi dei næringsdrivande rammer som dei ut frå sin eigen situasjon kan tilpasse seg innanfor. Jordbruksavtalen skal fremme utvikling i næringa og tilpassingar som er i samsvar med måla for landbrukspolitikken.

Utviklinga i dei viktigaste resultata som har samanheng med verkemidla over jordbruksavtalen skjer gradvis over tid og kan derfor i liten grad lesast over eit år. Ein del av dei økonomiske resultata vil òg kunne bli påverka av periodisering og andre forhold som gjer at utviklinga frå det eine året til det andre berre gir informasjon med avgrensa verdi. Fleire av resultata er påverka av langsiktig og generell økonomisk utvikling. På kort sikt blir måloppnåinga òg påverka av forhold som renteutvikling og verdsmarknadsprisar med meir.

Nokre viktige utviklingstrekk er:

  • Materiell frå totalkalkylen og driftsgranskingane syner at jordbruket over tid har hatt klart svakare utvikling i inntekt enn andre grupper. Normaliserte rekneskap syner ei gjennomsnittleg utvikling for jordbruket på 2,75 pst. pr. år både for dei siste 5 og 10 åra. Andre grupper har hatt ei auke på 4 pst. pr. år dei siste 5 åra. Dette kan skuldas fleire forhold sjølv om rammene i jordbruksoppgjera gir grunnlag for lik utvikling. Ein faktor er at løyva udisponerte beløp har blitt rekna inn som ein del av ramma i mange jordbruksoppgjer. Desse midlane ligger allereie inne i samanlikninga, og blir dermed rekna dobbelt. Dette blei endra i dette jordbruksoppgjeret.

  • Produktivitetsutviklinga er stabilt høg i næringa. Talet på driftseiningar som søkjer om tilskott går ned mens samla produksjon og jordbruksareal er relativt stabilt. Sektoren har hatt ei årleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 3,6 pst. dei siste 10 åra.

  • Frå 1999 til 2006 blei talet jordbruksverksemder redusert med 27 pst. og gjennomsnittsstorleiken på bruka aukar då dei attverande føretaka i stor mon overtek areala til dei som går ut.

  • Samla jordbruksareal har vist ein nedgang på 0,9 pst. frå 2000 til 2006. Det er arealet med korn som går mest ned mens grasarealet i denne perioden har auka.

  • Det er Agderfylka, Vestlandet og Nord-Noreg som har hatt den største nedgangen i talet på einingar og areal. Det er framleis eit aktivt jordbruk over heile landet, men dersom det blir for få einingar i visse område kan produsentmiljøa bli trua.

  • Etter nokre år med monaleg overproduksjon i 2004-2005 innanfor produksjon av svinekjøtt, og delvis lam, korn og egg er marknadsbalansen no igjen i klar betring. Samla pristap for næringa er rekna til å bli 292 mill. kroner i 2006 mot 570 mill. kroner i 2005.

  • Arbeidet med næringsutvikling over Landbrukets utviklingsfond (LUF) styrkjer og utvidar næringsgrunnlaget i og i tilknyting til landbruket over heile landet.

  • Ordninga med regionale miljøprogram har blitt prioritert til ordningar som fremmar kulturlandskap og reduserer forureining. Særleg har stølsdrift blitt prioritert i dei områda der det er aktuelt.

  • Omlegging til økologisk produksjon går i rett retning, og no ser ein òg ei monaleg auke i omsetninga i marknaden av økologiske varer. Tiltak er sett i verk for å få ei raskare utvikling.

For ei meir detaljert rapportering av resultata i jordbrukspolitikken fram til 2006 syner ein til kapittel 3 i St.prp. nr. 77 (2006-2007).

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Som gjort greie for under kat. 15.00 er det behov for tilpassingar i forhold til normal prosedyre for tilskottforvaltning. Det vil her bli gjort nærmare greie for hovudtrekka i tilpassingane i forhold til ulike grupper ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga.

Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott

Gruppa av tilskott utgjer ei rekkje ulike ordningar under jordbruksavtalen, jf. kap. 1150 postane 70 og 73, samt i eit mindre omfang under kap. 1150 post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskott som blir utbetalt produsentane via eit omsetningsledd vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetningsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samtidig mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer derfor samla basert på rapporteringa frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med dei årlege proposisjonane om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa frå Budsjettnemnda blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat som gir grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. Landbruks- og matdepartementet meiner såleis at ein har etablert eit godt resultatrapporteringssystem for dei ikkje-tiltaksretta ordningane.

Av andre viktige tilpassingar i forhold til normalprosedyren kan nemnast at det normalt ikkje er tilskottsmottakar sjølv som søkjer då tilskotta blir utbetalt via eit omsetningsledd. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetningsleddet. Omsetningsledda gjer som oftast ikkje eigne vurderingar i forhold til forvaltninga av tilskotta. Dei vil derfor normalt ikkje bli rekna som tilskottsforvaltarar, men medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetningsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsent. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.

Direkte tilskott og velferdsordningar

Tilskottsordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150 postane 74 og 78 og er for dei direkte tilskotta basert på objektive kriterium som dyretal, areal, produksjonstype, mengde og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Når det gjeld velferdsordningar, utgjer desse særleg refusjon av utgifter til avløysar. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for ordningane marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott, jf. ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med jordbruksoppgjeret. I tillegg blir rapporteringa frå Budsjettnemnda supplert med vurderingsrapportar og statusnotat. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Vidare er det ikkje aktuelt å sende årlege oppdragsbrev til kommunane då deira oppgåver er fastsett i forskrifter, rettleiingar mv. og arbeidet deira er ikkje styrt av ei budsjettramme knytt til kvar enkelt kommune.

Kollektive overføringar

På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet/Statens landbruksforvaltning (SLF) og direkte til ein sams mottakar, t.d. Rikstrygdeverket, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Dei største kollektive overføringane har bakgrunn i at produsentar i jordbruket betalar redusert trygdeavgift, på linje med lønnstakarar. Ordningane finnast særleg under kap. 1150 post 78. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetningsavgift for frukt og grønt, jf. kap. 1150 post 70.11. Oppfølginga av desse ordningane vil berre vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.

Forvaltning

Etter etableringa av Statens landbruksforvaltning i 2000 er hovuddelen av tilskottsforvaltninga delegert til den statlege verksemda. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane til drift av SLF og andre tilskottsforvaltarar og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og regionaldepartementet. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. Bruken av aktørar utanfor statsforvaltninga er derfor monaleg redusert. På ein del område legg ein likevel forvaltninga av enkelte tilskottordningar til organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge, Statskog SF og såvareforretningar. Kommunane har òg sentrale oppgåver i tilskottsforvaltninga, og omsetningsledda har som nemnd ovanfor ei medhjelparrolle i kanaliseringa av tilskott fram til produsentane. I samband med gjennomgangen av tilskottsforvaltninga har det blitt arbeidd med å klargjere ansvar og oppgåver for desse eksterne aktørane. På ein del område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, ofte partssamansett, skal tildele tilskottsmidlar mens Statens landbruksforvaltning eller Reindriftsforvaltninga er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengene ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.

Statens landbruksforvaltning har saman med fylkesmannsembeta og Kommunenes Sentralforbund gjennomført eit prosjekt for vurdering av korleis kontrollen med tilskott i landbruket kan styrkjast. Oppfølginga av prosjektet vil gi grunnlag for tilpassing av kompetanse og utvikling av hjelpemiddel som vil gi forvaltninga grunnlag for ein meir målretta og effektiv kontroll i 2008.

Jordbruksoppgjeret 2007

Jordbruksavtalen 2007-2008 er basert på dei prinsipp som er trekt opp i St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, Innst. S. nr. 167 (1999-2000) frå Næringskomiteen, regjeringa si Soria Moria-erklæring og hovudmål for den økonomiske politikken.

Staten og jordbruket kom fram til ei forhandlingsløysing 16.5.2007. Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har meddelt at styret i organisasjonane har godkjent avtalen.

Avtalen vidarefører kursendringa som blei byrja gjennom avtalen i 2006 m.a. ved å:

  • leggje til rette for ein klar nivåheving i inntektene etter at jordbruket har hatt ei klart svakare inntektsutvikling enn andre grupper dei siste åra.

  • sikre eit landbruk med ein variert bruksstruktur, oppretthalde eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk.

  • styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla.

  • styrkje landbrukets miljøprofil, ivareta kulturlandskapet, auke beiting med husdyr og styrkje klimatiltaka.

  • auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk.

  • forbetre velferdsordningane for jordbruket og sikre ein landbruksvikarordning over heile landet, som er viktig for bøndene sin tryggleik ved sjukdom.

Avtalen har ei ramme på 975 mill. kroner som inneber ein auke i løyvingane over kap. 1150 på 400 mill. kroner og ein auke i målprisane tilsvarande 545 mill. kroner. I tillegg er det omdisponert 30 mill. kroner av unytta midlar i 2006. Utslaget av ramma utgjer vel 17 000 kroner pr. årsverk, og gir grunnlag for ein auke i inntektene pr. årsverk på om lag 10 pst. frå 2007 før avtale til 2008.

I tillegg var partane i jordbruksoppgjeret einige om ei omfordeling av løyvde midlar i 2007 som ikkje kjem til utbetaling i 2007 med dei satsane som er avtalt. Dette er utbetalt som eit ekstra tilskott pr. føretak og arealtilskott hausten 2007 med til saman 173 mill. kroner.

Løyvingane over statsbudsjettet på jordbruksavtalen gjeld det følgjande kalenderåret, og ikkje avtaleåret. Det vil seie at jordbruksavtalen 2007 er basert på at Stortinget gjer vedtak om dei løyvingane i 2008 som er lagt til grunn i avtalen og lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 77 (2006-2007). Gjennom vedtak III til proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2007 har Stortinget gitt Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å setje i verk tiltak i forhold til avtalen som er knytt til løyvingar over budsjettet i 2008.

Importvernet er ikkje forhandlingstema i jordbruksoppgjeret. Ramma for og fordelinga av jordbruksavtalen 2007-2008 er utforma innanfor Noregs plikter i forhold til WTO. Jordbruksoppgjeret med omfordeling av løyvingar i 2007 og verknad for statsbudsjettet i 2008, blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 77 (2006-2007). I denne proposisjonen blir Stortinget invitert til å gjere dei budsjettvedtak for 2008 som følgjer av avtalen som Stortinget slutta seg til ved behandlinga den 15.6.2006, jf. Innst. S. nr. 236 (2005-2006).

Budsjettframlegg 2008

Budsjettframlegget for 2008 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir auka med om lag 376 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2007, frå omlag 11,581 mrd. kroner til om lag 11,957 mrd. kroner. Auken i 2008 er sett saman av følgjande forhold:

  • 400 mill. kroner auke som følgje av auka tilskott etter jordbruksoppgjeret 2007,

  • 51 mill. kroner i reduksjon som følgje av volumnedgang på overslagsløyvingane (post 73)

  • 27 mill. kroner auke som følgje av flytting av løyvingar på statsbudsjettet.

Merknader til dei enkelte postane

Post 50 Fondsavsetningar

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

50.11

Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

564 970

738 253

860 753

50.12

Tilskott til Landbrukets Skadefond

12 750

12 750

12 750

Sum post 50

577 720

751 003

873 503

Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)

Etter LUF sine vedtekter kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekt over fondet.

I samband med jordbruksforhandlingane i 2006 blei det bestemt at ein skulle samle heile løyvinga til LUF innanfor jordbruksavtalen frå budsjettåret 2007, jf. St.prp. nr. 68 (2005-2006).

Ein gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2008 på 860,8 mill. kroner under kap. 1150 underpost 50.11. I St.prp. nr. 77 (2006-2007) Om jordbruksoppgjøret 2007 blei det lagt til grunn ein auke i løyvinga til LUF på kap. 1150 underpost 50.11 med 61,5 mill. kroner. Auken kjem som ein følgje av ei overføring av 44,5 mill. kroner frå kap. 1150 post 77.13, og eit tillegg for å sikre langsiktig finansiering av fondet.

Tildelingsramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter og fondskapital slik det går fram av oppsettet under. Ein legg opp til ei samla tildelingsramme for LUF ekskl. rentestøtte, på 1 018,5 mill. kroner i 2008.

(i mill. kr)

Beløp

Løyvingsframlegg kap. 1150 post 50

860,8

Renteinntekter1

38,7

Fondskapital

119,0

Framlegg om tildelingsramme

1018,5

Det er renteinntekter for 2007 som er lagt til grunn for tildelingsramma i 2008

Tala over avvik noko frå tala i St.prp. nr.77 (2006-2007) på grunn av at 2 mill. kroner er flytt til 77.15 i samband med premieringsordning for økologisk kjøtt.

Den meir detaljerte fordelinga av tildelingsramma går fram av tabellane under.

Tabell 2.12 Oversikt over tildelingsramme for LUF i 2007 og framlegg om tildelingsramme for 2008

(i mill. kr)

Ordningar

2007

2008

KSL Matmerk

42

42

Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar

371

380

Informasjons- og utviklingstiltak, miljø

11

10

SMIL

140

130

Verdsarv

3

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk

40

43

Utviklingstiltak for geit 1

16

16

Andre utviklingstiltak i landbruket 2

4

4

Overføring til Samisk utviklingsfond (SUF)

2

2

Verdiskapingsprogram for matproduksjon

76

67

Sentrale bygdeutviklingsmidlar 3

28

27

Grønt reiseliv

25

23

Bioenergi og skogbruk

190

190

Innlandsfisk

4

Klima

4

Forsking 4

44,5

Sum LUF, ekskl. rentestøtte og tilbakebetalte reguleringsmidlar

945

989,5

1 2008: 11,6 mill. kroner til Friskare geiter, 0,4 mill. kroner til seminstasjon geit, 4 mill. kroner til kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott.

2 2 mill. kroner til setersatsing, 2 mill. kroner til beiteareal for gjæser.

3 Avsetjast som ramme, der hovuddelen av midlane blir fordelt i møte mellom avtalepartane, 2 mill. kroner blir øyremerka Inn på tunet.

4 Overført frå post 77.13 frå og med 2008.

Tabell 2.13 Tilbakebetalte reguleringsmidlar disponert i 2008

(i mill. kroner)

Tiltak

2008

Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap

2

Program for rekruttering/­likestilling

2

Utviklingsprogram for frukt og grønt

25

Sum

29

Nærings- og miljøsatsinga over Landbrukets utviklingsfond blir vidareført med ei samla løyving på 1 018,5 mill. kroner. Det er ein auke i løyvinga til fylkesvise BU-midlar med 9 mill. kroner, og ein reduksjon i løyvinga til Verdiskapingsprogram for matproduksjon med 9 mill. kroner. På dei andre postane er det ein mindre auke eller ein vidareføring av nivået frå 2007.

Rentestøtteordninga innanfor dei fylkesvise BU-midlane blir vidareført. Låneramma for lån med rentestøtte er 700 mill. kroner i 2008.

Landbruks- og matdepartementet la i 2007 fram ein ny nasjonal strategi for næringsutvikling Ta landet i bruk!. Strategien gjeld i perioden 2007-2009, og det har og vore ei revidering av dei regionale strategiane.

Statsrådens kontaktutval for næringsutvikling blir vidareført. Dei faglege møtearenaene til Innovasjon Norge, med representasjon frå sentrale faglege aktørar, blir vidareført.

Stiftinga KSL Matmerk

Stiftinga Matmerk og KSL-sekretariatet blei slått saman til organisasjonen KSL Matmerk frå 1.1.2007 og det blir arbeidd med å utvikle den nye organisasjonen. Stiftinga sine hovudoppgåver for 2007 og 2008 vil m.a. vere å:

  • auke oppslutninga om dei to merkeordningane Beskyttede Betegnelser og Spesialitet

  • administrere og utvikle Kvalitetssystem i landbruket (KSL) og Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL)

  • utvikle eit nytt heilskapleg kvalitetssystem med ei ny nasjonal merkeordning

Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar

Formålet med bygdeutviklingsmidlane er å leggje til rette for næringsutvikling som dannar grunnlag for langsiktig, lønnsam verdiskaping og desentralisert busetnad med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt.

Taket for maksimalt støttebeløp blir vidareført etter same retningslinjer som i 2007. Lån med rentestøtte blir òg vidareført som tidlegare.

Kjønnsvurdering av dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane

Eit av formåla med BU-midlane er å leggje til rette for eit landbruk der kvinner og menn blir gitt like moglegheiter. Forskrifta legg opp til positiv diskriminering av det underrepresenterte kjønn, som i landbruket er kvinner. Tabellen under syner BU-midlane fordelt på type ordning og kjønn (mill. kroner).

Tabell 2.14 Oversikt over fordeling av BU-midlane på type ordning og kjønn

(i mill. kroner)

Tilskott

Tilskott - kvinner

Lån m/rentestøtte

Lån m/rentestøtte - kvinner

Etablerarstipend

21,6

13,9 (65 %)

-

-

Bedriftsutvikling

13,4

5,4 (40 %)

-

-

Investeringar utviklingstiltak/nye næringar

55,0

30,4 (55 %)

102,6

54,8 (53 %)

Investeringar tradisjonelt jord-, hage- og skogbruk

192,2

61,2 (32 %)

553,8

163,9 (30 %)

Andre tiltak

10,9

4,0 (37 %)

-

-

SUM 2006

293,4

115,1 (39 %)

656,4

218,8 (33 %)

Av tabellen ser ein at 39 pst. av dei totale tilskotta og 33 pst. av lån med rentestøtte går til kvinnetiltak. Dette er ein auke på om lag 10 pst. frå 2005. Det er ein stor variasjon mellom dei ulike tiltaka. Kvinner mottek meir enn 55 pst. av tilskotta til etablerarstipend og investeringar i utviklingstiltak/nye næringar. Både innan investeringar i tradisjonelt landbruk og til andre tiltak har det vore ei svært god utvikling. Når det gjeld tilskott til investeringar i tradisjonelt landbruk mottok kvinner 32 pst. av tilskotta. Det er ei auke på over 10 pst. sidan 2005. Innan andre tiltak har delen tilskott som har gått til kvinner auka frå 24 til 37 pst. Med andre ord verkar det til at kvinner mottek ein stadig større del av bygdeutviklingsmidlane.

Informasjons- og utviklingstiltak, miljø

Det er stort informasjonsbehov overfor næringsutøvarar og kommunar når det gjeld dei nye miljøordningane. Det er òg behov for informasjon og rettleiing for å betre miljøinnsatsen gjennom miljøplanarbeidet. Informasjons- og utviklingstiltaka skjer i regi av Fylkesmannen og Statens landbruksforvaltning.

Spesielle miljøtiltak i landbrukets kulturlandskap (SMIL)

Spesielle tiltak i jordbruket sitt kulturlandskap går i all hovudsak til enkeltføretak i jordbruket, men òg andre eigarar av landbrukseigedom og enkelte lokalt tilknytte lag og foreiningar mottek støtte. Den kommunale SMIL-ordninga kan bli brukt til mange typar miljø- og kulturmiljøtiltak som til dømes inngjerding av beite og til skjøtsel av viktige biotopar som gamle slåttenger og lyngheier.

Verdsarv

Landbruket og landbruket sitt kulturlandskap er ein viktig del av verdiane som ligg i verdsarvområda Vegaøyane og Geirangerfjorden/Nærøyfjorden. Jordbruket i desse områda er i tilbakegang og det er behov for å sjå på korleis ein kan drive og utvikle jordbruket på ein måte som gjer at kulturlandskapet blir tatt vare på for framtida.

Satsinga over jordbruksavtalen må sjåast i samanheng med Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet sine tiltak i verdsarvområda.

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk

Det har dei siste åra vore ein monaleg vekst i marknaden og auka etterspurnad etter økologiske produkt. Samtidig har det vore låg omleggingstakt og lite vekst på produksjonssida. Med bakgrunn i dette, vil produksjonsretta tiltak bli tillagt større vekt enn tidligare. Marknadsretta tiltak vil likevel vere viktig for å sikra ein best mogleg balanse i utviklinga.

Rettleiingstenesta knytt til satsingsprogrammet for økologisk saueproduksjon vil bli vidareført innanfor posten. Det vil bli oppretta ei særskilt satsing på rådgiving retta mot økologisk kumjølkproduksjon. For 2008 blir det òg sett av midlar til generisk marknadsføring av økologisk mat. Vidare finansierast Landbruks- og matdepartementet sin del av prosjektet Økologiske kommunar, som er etablert i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet. Prosjektet skal m.a. bidra til å auke det offentlige forbruket av økologisk mat. Vidare vil vidareføring av allereie oppstarta prosjekt vere viktig.

Utviklingsprogram for geitehaldet

Det er behov for omlegging frå det tradisjonelle avlsarbeidet til semin. Vidare sett EØS-regelverket hygienekrav som gir behov for eigen infrastruktur for produksjon og lagring av bukkesæd. Dette fører til behov for store investeringar. Det blir satsa vidare på prosjekt Friskare geiter.

Andre utviklingstiltak i landbruket

For 2008 er det sett av 2 mill. kroner til setersatsing i Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal, og 2 mill. kroner til beiteareal for gjæser.

Overføring til Samisk utviklingsfond

Overføringa til Samisk utviklingsfond skal stimulere til næringsutvikling i landbruket i samiske område.

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon

Verdiskapingsprogrammet er ein del av ein samla strategi for å leggje til rette for produkt- og tenesteproduksjon basert på landbruket sitt samla ressursgrunnlag. Programmet medverkar til å styrkje konkurranseevna og betre lønnsemda for primærprodusentane og resten av den landbruksbaserte verdikjeda.

Sentrale bygdeutviklingsmidlar

Midlane går til prosjekt av fylkesovergripande og landsomfattande karakter med innovasjon og næringsutvikling som siktemål. Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane kan òg finansiere nødvendig utgreiingsarbeid og profileringsaktivitetar for å styrkje arbeidet med landbrukspolitikken.

I 2025, og for økologisk landbruk i 2011, kjem nye reglar om krav til hald av husdyr. Både som ein konsekvens av dei nye reglane og av di mange gardsbruk har nedslitne driftsapparat, er det viktig med fornying. Tilpassinga til dei nye reglane har alt tatt til og mange utvidar, moderniserer og gjer store investeringar. For nokon kan òg enklare løysingar vere aktuelt. Landbruks- og matdepartementet har derfor støtta eit prosjekt kalla folkefjøset som går ut på å finne løysingar for å tilfredsstille nytt regelverk med mindre endringar i driftsapparatet. Prosjektet blir leia av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag.

Grønt reiseliv

Utviklingsprogrammet for grønt reiseliv i Noreg blir vidareført. Målet med programmet er å realisere det potensialet som ligg i utvikling av Noreg som ferieland, og næringa sine ambisjonar om auka verdiskaping med basis i garden og bygdene sine ressursar. Det blir satsa særskilt på kompetanseheving, produktutvikling, marknadsføring og samarbeid og alliansebygging.

Skogbruk og bioenergi

Løyvingane til skogbruk og bioenergi under LUF er fastsett gjennom jordbruksavtalen. Midlane går til tiltak for auka skogbasert verdiskaping og auka klima- og energigevinstar frå ressursar i landbruket, jf. kat. 15.30. Tilaka får ei ramme på 190 mill. kroner. Departementet vil drøfte fordelinga av midlane mellom tiltak med jordbruksavtalepartane hausten 2007.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blir forvalta av fylkesmennene og kommunane. Tilskott til bioenergitiltak blir forvalta av Innovasjon Norge. Ein syner òg til omtale av tresatsing under kap. 1149.

Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Formålet med tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er å stimulere til aktiv ressursforvaltning og auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla. Midlane er sentrale i ei heilskapleg satsing på næringsverksemda i skogbruket, og dei kan nyttast til tiltak innanfor skogkultur, skogsvegbygging, miljøtiltak og ulike andre tiltak i skogbruket.

Skogkultur omfattar fleire tiltak som er viktige for å få etablert skog med høg kvalitet. Dette gjeld m.a. planting, såing, markriving og stell av ungskog. Regjeringa vil at staten skal ta eit medansvar for desse mest langsiktige investeringane i skogbruket.

Vidare kan tilskotta til nærings- og miljøtiltak i skogbruket nyttast til nybygging og ombygging av skogsvegar. Det kan òg bli gitt tilskott til ulike miljøtiltak i skog eller til skogsdrift med taubane, hest o.a. for å auke avverkinga i bratt og vanskeleg terreng, og for å fremme bruk av miljøvennlege løysingar i slike område. Departementet opnar òg for at midlane kan nyttast til mindre nærings- og miljøtiltak som ikkje omfattast av andre ordningar og som lokalt kan vere viktige for utvikling av skogbruket.

Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og landsdekkjande kompetansetiltak

Kunnskap om ressursgrunnlaget er ein føresetnad for eit aktivt og miljøretta skogbruk, og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er ein viktig reiskap for skogeigarane. Kommunevis eller områdevis gjennomføring av skogbruksplanlegginga gjer at Fylkesmannen fordelar løyvingsramma mellom kommunane etter ein hovudplan for fylket. Hovudplanen er eit resultat av m.a. innspel frå kommunane. Effektivisering og satsing på meir brukartilpassa planar står sentralt i departementet si oppfølging av skogbruksplanlegginga.

Det vil òg bli tildelt midlar frå denne underposten til kompetansesenteret for skogbruksplanlegging ved Norsk institutt for skog og landskap. Dette femner serviceoppgåver instituttet utfører overfor fylka og kommunane i saker omkring takst og skogbruksplanlegging.

Kompetanseutvikling og effektiv kompetansespreiing står sentralt i skogpolitikken, og Skogbrukets kursinstitutt (SKI) er ein viktig aktør gjennom satsinga si på kursseriar og kunnskapsspreiing gjennom ulike internettportalar og nettsider. Departementet gir framlegg om støtte til å utvikle og gjennomføre kompetansetiltak på skog- og utmarksområdet retta mot offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet, hovudsakeleg i regi av SKI (Aktivt skogbruk mv.). SKI sitt arbeid retta mot barn og unge gjennom Lære med skogen, ulike nettilbod mv. er òg prioriterte oppgåver. Departementet legg til grunn at SKI utviklar samarbeidet med Norsk institutt for skog og landskap vidare. Kunnskapsbehova er i rask endring og SKI må byggje på eit kunnskapsgrunnlag frå eit stadig breiare spekter av kunnskapsinstitusjonar. Et godt samarbeid i sektoren er ein føresetnad for ei vellukka kompetanseutvikling.

Det er tidlegare gitt særskilte midlar i tilskott til skogeigarlaga på Vestlandet og i Nord-Noreg og tilskott til avverking og drift av lauvvirke til industriformål i nordlege delar av Nordland og Troms innanfor ramma. Departementet vil drøfte omfang og innretning av denne støtta med partane i jordbruksavtalen hausten 2007.

Bioenergi

Hovudmålet for departementet si satsing på bioenergi er å vidareutvikle bioenergi som forretningsområde innanfor landbruket og sikre at landbruket sine ressursar blir nytta på ein effektiv måte i arbeidet for positive klima- og energigevinstar. Auka bruk av bioenergi er såleis eit viktig element i regjeringa si samla satsing på auka bruk av skog og trevirke. Departementet har organisert forvaltning av midlar til bioenergi i eit eige bioenergiprogram, som Innovasjon Noreg forvaltar. Bioenergiprogrammet er styrkt dei siste åra, både for å auke verdiskapinga frå landbruket sine ressursar og for å leggje til rette for større klima- og energigevinstar. Klimameldinga viser til at regjeringa vil sikre målretta og koordinert virkemiddelbruk for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020. Departementet sitt bioenergiprogram er eit verktøy i denne samanheng.

Innlandsfisk

Det er utarbeidd ein eigen Handlingsplan for innlandsfiske i regi av Landbruks- og matdepartementet som har brei forankring blant ulike aktørar. I handlingsplanen er det dokumentert at det er gode moglegheiter for å ta ut eit monaleg, uutnytta potensial når det gjeld innlandsfiske som attåtnæring i landbruket. Det gjeld både som matressurs gjennom yrkesfiske og oppdrett, og som grunnlag for auka fiskeopplevingar knytt til landbruksbasert turisme og reiseliv.

Det blir etablert eit 5-årig utviklingsprogram med ei årleg ramme på 4 mill. kroner.

Klima

Det blir starta eit 5-årig utviklingsprogram for klimatiltak. Utviklingsprogrammet skal m.a. bidra til:

  • Betre kunnskap om planlegging og drift av biogassanlegg gjennom enkelte pilotanlegg

  • Kompetanseheving i jordbruket som mottakar av matavfall og av biorest

  • Betre kunnskap om moglegheita for reining av metan i husdyrrom

  • Betre driftskunnskap om nye spreieteknikkar av husdyrgjødsel i jordbruket

  • Auka kunnskap for å minke jordbruket sitt behov for og bruk av fossile energikjelder.

Forsking

Midlane til forsking er overførd frå post 77.13 frå og med 2008. Løyvinga til forsking er auka med 4,5 mill. kroner til 44,5 mill. kroner.

Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap

Det blir starta eit femårig program med følgjande hovudtema:

  • Nye landbruksbygg og kulturlandskap, under dette design av landbruksbygg og tun

  • Ny bruk av ledige landbruksbygg

Det er behov for meir informasjon og kunnskap om utforming og bruk av nye og gamle landbruksbygg for å sikre at kulturlandskapsverdiane blir tekne vare på, og slik at føretak og offentleg forvaltning har betre grunnlag når avgjerder blir tekne. Programmet skal og sørgje for at det blir gjort ei kartlegging av tilstand til kulturhistorisk viktige landbruksbygg.

Program for rekruttering/likestilling

Det er sett av 2 mill. kroner til rekrutteringsarbeid, spesielt retta mot kvinner. Norges Bygdeungdomslag får ansvar for å følgje opp arbeidet. Innovasjon Norge, fylkesmennene og faglaga blir trekt med i arbeidet. Det blir utarbeidd eit program for satsinga.

Utviklingsprogram for frukt og grønt

Marknaden for frukt og grønt er i sterk vekst. Norsk frukt- og grøntproduksjon bør ta ein større del av veksten i denne marknaden. Det blir sett i gang eit utviklingsprogram som skal innehalde desse elementa:

  • Satsing på frukt og bær/reiseliv/kulturlandskap på Vestlandet.

  • Fruktpakkeri i Buskerud/Vestfold, investeringstiltak ved Eliteplantestasjon i Sauherad og settepotetanlegg i Overhalla.

  • Utredning av produksjon av eple til industriell foredling.

Underpost 50.12 Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon

Formålet med fondet er å gi økonomisk kompensasjon til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av forhold som føretaket ikkje rår over. Frå 2007 omfattar fondet følgjande ordningar:

  • erstatning for avlingssvikt i planteproduksjon

  • erstatning for tap av bifolk, og svikt i honningproduksjon

  • erstatning for tap av sau på beite

Det blir ikkje gitt erstatning dersom tapet kan dekkjast gjennom allment tilgjengelege forsikringsordningar.

Frå 2004 er løyvingane til erstatningsordningane over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett organisert slik at alle ordningar som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg er samla utanfor jordbruksavtalen på kap. 1143 post 73.

Skadefondet hadde ved inngangen til 2007 ein eigenkapital på 68,9 mill. kroner, mens det er prognosert eit forbruk på om lag 30 mill. kroner. I jordbruksavtalen i 2007 blei det i tillegg til den ordinære løyvinga på 12,75 mill. kroner omdisponert 15 mill. kroner til fondet. I vekstsesongen 2007 er det registrert tørkeskader i Midt-Noreg og flomskade i Vestfold og Buskerud.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 12,75 mill. kroner i 2008.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70.11

Marknadstiltak

18 571

18 900

18 900

70.12

Tilskott til råvareprisordninga

183 676

175 100

177 100

70.13

Eksportrestitusjon

5 793

7 000

6 600

Sum post 70

208 040

201 000

202 600

Underpost 70.11 Marknadstiltak

Formålet med marknadstiltaka er å medverke til at ein kan nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og medverke til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekt av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta. Posten omfattar i 2008:

  • Avsetjingstiltak hagebruk: 3,9 mill. kroner

  • Kollektiv dekking av omsetningsavgift hagebruk: 10 mill. kroner

  • Tilskott til kadaverhandtering: 5 mill. kroner

Ein gjer framlegg om ei løyving på 18,9 mill. kroner i 2008.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga

Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksportert. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.

I jordbruksoppgjeret blei målprisane auka tilsvarande 545 mill. kroner. For mjølk blei prisauken tatt ut på flytande produkt som ikkje er omfatta av RÅK-varer, og det var i hovudsak prisauken på storfekjøtt som slår ut i auka støtte under RÅK-ordninga. Ut frå ei samla vurdering mellom anna av endringar i verdsmarknadsprisar og eksportvolum er det rekna med ei auke i løyvinga på 2 mill. kroner i 2008.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 177,1 mill. kroner i 2008.

Underpost 70.13 Eksportrestitusjon

Underposten omfattar no ordninga med eksportrestitusjon for leveransar til spesialmarknader (oljeinstallasjonar, Svalbard, ambassadar m.m.).

Ordningane med eksportrestitusjon for kjøttvarer til eksportmarknader og tilskott til norske cateringselskap som nyttar norske råvarer til fly i utanriksfart er no avvikla.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 6,6 mill. kroner i 2008.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

73.11

Tilskott til norsk ull

154 229

158 100

152 800

73.13

Pristilskott, mjølk

426 433

486 100

506 200

73.15

Pristilskott, kjøtt

625 486

659 300

642 200

73.16

Distriktstilskott egg

5 492

6 200

5 600

73.17

Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

46 240

54 800

49 500

73.18

Frakttilskott

194 016

207 500

211 300

73.19

Prisnedskriving korn

380 773

411 496

416 000

73.20

Tilskott matkorn

68 351

74 820

86 300

73.21

Prisnedskriving potetsprit

18 932

19 000

20 000

Sum post 73

1 919 952

2 077 316

2 089 900

For pristilskotta under jordbruksavtalen blir partane samde om prisar pr. eining, og løyvinga vil kunne variere som følgje av variasjonar i voluma under dei enkelte ordningane. For post 73 samla inneber ei volumjustert prognose i 2008 at forbruket på posten vil bli redusert med om lag 51 mill. kroner samanlikna med 2007. Det er særleg pristilskott til kjøtt som er forventa å gå ned.

Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull

Tilskottet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg medverke til ei betring av kvaliteten på norsk ull, samt sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

Det blei ikkje foreslått endringar i tilskottet ved jordbruksoppgjeret, prognosert volum er uendra, og ein gjer framlegg om ei løyving på 152,8 mill. kroner for 2008.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.

Formålet med pristilskott til mjølk er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidrar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.

For å sikre avsetning av geitmjølka, og betre effekten av å auke produktiviteten i produksjonen, er satsen i grunntilskottet auka med 30 øre/liter i 2008 til 2,77 kroner pr. liter.

Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 170 øre pr. liter. I årets jordbruksoppgjer blei satsen satt opp med 1 øre pr. liter for alle soner frå sone B og oppover.

Satsendringane inneber ei auka løyving i 2008 tilsvarande 19,3 mill. kroner, mens volumjusteringa aukar løyvingsbehovet 0,8 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 506,2 mill. kroner til pristilskott mjølk for 2008.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.

Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.

Formålet med distriktstilskotta er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for distriktstilskotta auka med 0,30 øre/kg i alle soner unntatt sone 1. Distriktstilskott til kylling og kalkun i Agder, på Vestlandet og i Midt-Noreg fekk ei auke på 10 øre/kg. Dette inneber satsaukingar tilsvarande 28,5 mill. kroner, men volumjusteringa i 2008 reduserer behovet på posten med 45,6 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 642,2 mill. kroner til ordninga med pristilskott til kjøtt for 2008. Av dette utgjer grunntilskottet 91,4 mill. kroner, mens 550,8 mill. kroner er distriktstilskott.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for egg er uendra, mens volumjusteringa reduserer løyvingsbehovet med 0,6 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 5,6 mill. kroner i 2008.

Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.

Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og sikre ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.

I jordbruksoppgjeret blei satsane auka tilsvarande 2,5 mill. kroner eller om lag 5 pst., mens volumjusteringa reduserer løyvingsbehovet med 7,8 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 49,5 mill. kroner i 2008.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Underposten omfattar frakttilskott til kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr.

Frakttilskotta skal medverke til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar. Tilskott til mellomfrakt og engrosomsetting for kjøtt er gradvis avvikla i løpet av perioden 2004-2006.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort satsendringar i frakttilskota, mens volumjusteringa gir eit auka behov tilsvarande 3,8 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 211,3 mill. kroner i 2008, fordelt med 54,5 mill. kroner til kjøtt, 7 mill. kroner til egg og 149,8 mill. kroner til korn og kraftfôr.

Underpost 73.19 Prisnedskrivingstilskott til norsk korn

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. I jordbruksoppgjeret er satsen for oljefrø auka med 6 øre pr. kg og satsen for erter er auka med 3 øre pr. kg. Satsauken utgjer 1 mill. kroner mens volumjusteringa gir eit auka løyvingsbehov på 3,5 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 416 mill. kroner for 2008.

Underpost 73.20 Tilskott til matkorn

Tilskottet til matkorn blir gitt både til norskprodusert og importert korn som brukast til produksjon av matmjøl. Formålet med ordninga er å halde prisen på matmjøl nede og å betre konkurransekrafta til norskproduserte bakevarer i forhold til import.

Ordninga har tidlegare vore ei teknisk tilbakeføring av tollinntektene fråtrekt kostnadene med prisnedskriving av norsk matkorn. Tilskottet blei endra til ei fast løyving frå 2006. Dette vil medverke til å sikre meir stabile rammevilkår for den mjølbaserte næringsmiddelindustrien.

I jordbruksoppgjeret blei satsen auka tilsvarande prisauken på matkorn med 3 øre pr. kg til 23,2 øre pr. kg.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 86,3 mill. kroner i 2008.

Underpost 73.21 Prisnedskriving av potetsprit

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit gjennom marknadsordninga for potet. I jordbruksoppgjeret blei nedskrivinga auka tilsvarande 1 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 20 mill. kroner til ordninga i 2008.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

74.11

Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

1 008 315

979 700

1 041 700

74.14

Tilskott til husdyr

2 107 411

1 913 900

1 898 400

74.16

Beitetilskott

365 000

410 000

74.17

Areal- og kulturlandskapstilskott

2 987 834

2 999 669

3 125 969

74.19

Regionale miljøprogram

332 014

390 000

390 000

74.20

Tilskott til økologisk landbruk

67 992

94 700

89 400

74.21

Ufordelt beløp

-28 000

Sum post 74

6 503 566

6 714 969

6 955 469

Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen, jamne ut skilnader i lønnsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, samt medverke til vidareføring av mjølkeproduksjonen i det sentrale Austlandsområdet. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon og til saueproduksjon er å stimulere storfekjøttproduksjonen og styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.

I jordbruksoppgjeret blei satsane auka tilsvarande 6 000 kroner pr. bruk, mens harmoniseringa av satsane mellom samdriftsfjøs og enkeltføretak blei vidareført. Vidare blei det òg innført driftstilskott for bruk med einsidig sauehald frå 2008 med 7 500 kroner pr. føretak.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1 041,7 mill. kroner for 2008. Av dette utgjer tilskottet til spesialisert kjøttfeproduksjon 69,4 mill. kroner og tilskott til sauehald 57,4 mill. kroner.

Underpost 74.14 Tilskott til husdyr

Tilskottet skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og etter storleik på bruk i husdyrhaldet. Ordninga skal òg støtte husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.

Tilskottet blir gitt pr. dyr/slakt og blir avgrensa oppover med ei beløpsgrense. I jordbruksoppgjeret blei grensa for maksimalt tilskott auka med 20 000 kroner pr. føretak til 220 000 kroner. Elles blei det særleg gitt auke i satsane til sau.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1 898,4 mill. kroner i 2008.

Underpost 74.16 Beitetilskott

Underposten er ny frå 2007 og består av eit tilskott til dyr som beitar over ei viss tid i utmark, og eit tilskott til dyr som beitar i kulturlandskapet over ei noko lengre tid enn kravet på utmark. Formålet med ordninga er å pleie kulturlandskapet gjennom å få mange dyr ut på beite, samt å få ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane. Ordninga vil òg kunne ha ei positiv effekt på dyrevelferda ved at dyra faktisk får gå meir ute enn dei elles ville ha gjort.

I jordbruksoppgjeret blei tilskotssatsane auka monaleg svarande til 72 mill. kroner.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 410 mill. kroner i 2008, der tilskott til dyr på utmarksbeite utgjer 234 mill. kroner.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

Underposten består av eit kulturlandskapstilskott med same sats pr. daa til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott, og eit arealtilskott der satsane pr. dekar er differensiert ut frå type produksjon og kvar i landet den skjer. Tilskottet skal medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Det er m.a. eit krav at alle føretak skal ha ein miljøplan. Miljøplanen skal medverke til ein meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til vedlikehald og forbetring av miljøgode og kulturlandskap.

M.a. for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet blir det i tillegg gitt tilskott pr. dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker som skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, storleik på føretaka og distrikt innanfor planteproduksjon og husdyrproduksjon basert på grovfôr.

Av løyvinga på underposten har partane i jordbruksoppgjeret i samsvar med ein plan for utvikling av digitale kart over heile landet fram til 2009, sett av 10 mill. kroner i 2008 som skal vere med å finansiere programmet. Ferdig utvikla vil dette gjere det enklare både for søkjarane og for forvaltninga å målrette og kontrollere ordninga.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 3 126 mill. kroner i 2008.

Underpost 74.19 Regionale miljøprogram

Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionale og lokale tilpassa regelverk for økonomisk støtte.

Hedmark og Hordaland var pilotfylke for utprøvinga av regionale miljøprogram i 2005. Frå 2006 har alle fylka i landet vore med i ordninga.

Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i sitt område, og vil medverke til å hindre gjengroing og stimulerer beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tydar på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 390 mill. kroner i 2008.

Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk

Underposten dekkjer ordningane omleggingstilskott, ekstra arealtilskott og husdyrtilskott.

Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av landbruksproduksjonen i landet skjer i form av økologisk produksjon. Målet er at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2015.

I jordbruksoppgjeret blei partane samde om fleire endringar i tilskottssystemet til økologiske produksjon. Endringane er i stor grad ei oppfølging av anbefalingar frå ei partssamansett arbeidsgruppe samansett av avtalepartane og OIKOS økologisk landslag. Endringane inneber at dei årlige tilskotta, både areal og husdyrtilskott, for dei fleste økologiske produksjonar er auka vesentleg, mens omleggingstilskottet er redusert med 1/3.

Endringane i direktetilskotta for økologisk produksjon inneber ein sterkare satsing enn det som kjem til uttrykk i den samla løyvinga over posten for 2008. Den varige effekten av nye satsar er anslått til å vere om lag 16 mill. kroner høgare enn løyvinga for 2008. Dette skuldast at 2008 blir eit overgangsår for ny ordning for omleggingstilskot.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 89,4 mill. kroner i 2008

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

78 254

81 070

81 070

77.12

Tilskott til frøavl m.m.

5 360

5 520

7 520

77.13

Tilskott til forsøksringar

69 309

73 400

36 400

77.14

Tilskott til pelsdyrfôrlag

23 200

23 200

23 200

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

32 538

36 240

38 740

77.17

Tilskott til fruktlager

8 000

8 000

8 000

Sum post 77

216 661

227 430

194 930

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Løyvinga skal medverke til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa vårt miljø. Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og medverke til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.

Frå 2006 blei tilskott til genressursar, miljø og ressursregistreringar ført over til kap. 1139 post 71. Frå 2007 blei løyvinga til Landslaget for reinrasa sau flytta til kap. 1139 post 71 med 40 000 kroner. Det er for 2007 rekna 30 mill. kroner til semintenester, 38,3 mill. kroner til veterinærreiser og 12,8 mill. kroner til avlsorganisasjonar.

Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 81,1 mill. kroner for 2008.

Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.

Formålet med tilskottet er å fremme frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 7,52 mill. kroner for 2008.

Underpost 77.13 Tilskott til forsøksringar

Underposten dekkjer tilskott til forsøksringar og midlar til forsking over jordbruksavtalen. Tilskottsordninga skal medverke til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgiving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgivingstilbod over heile landet. Forskingsmidlane blir administrert av eit eige styre.

Landbruks- og matdepartementet la i mars 2007 fram ei ny strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon. Med bakgrunn i strategien og den stramme likviditeten på denne posten, blei partane i jordbruksoppgjeret einige om å auke løyvinga til forsking med 4,5 mill. kroner til 44,5 mill. kroner. Det er auka behov for kunnskap relatert til økologisk jordbruk, miljøutfordringar generelt og klimautfordringane spesielt. For å få ei enklare forvaltning i forhold til at dei fleste forskingsprosjekt er fleirårige, blei partane i jordbruksoppgjeret einige om å flytte midlane til forsking over til post 50.11

Ein gjer framlegg om ei løyving på 36,4 mill. kroner for 2008.

Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr

Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å medverke til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremme ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr.

Tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt, mens pelsdyrskinn ikkje har noko grensevern. Refusjonsordninga skal medverke til at fôrkostnadene i næringa, som følgje av det høge prisnivået på korn og kraftfôr i Noreg, blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet er å gi norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurranseforhold med andre land.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2008. Løyvinga er fordelt med 17,8 mill. kroner til frakt av pelsdyrfôr og 5,4 mill. kroner i kostnadskompensasjon til pelsdyrfôr.

Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak

Underposten inneheld fleire ordningar som skal medverke til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet. Tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt, bær og grønsaker er ei kollektiv finansiering over jordbruksavtalen framfor via omsetningsavgift, og skal stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker. For å fremme omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten, til produsentsamanslutningar og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva.

Premieringsordninga for kjøtt har som formål å stimulere til omsetning av økologisk kjøtt i dagligvarehandelen. Ordninga har blitt finansiert over Landbrukets utviklingsfond med ei løyving på 2 mill. kroner i 2007. Partane i jordbruksoppgjeret var einige om å flytte denne ordninga til post 77.15, vidareført med same satsar som i 2007. Ordninga vil bli vurdert fram mot neste års jordbruksoppgjer.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 38,74 mill. kroner i 2008 som er fordelt som følgjer:

  • Produsentretta rådgiving vedrørande potet og støtte til produsentsamanslutningar: 2,8 mill. kroner

  • Opplysningsverksemd frukt, grønt og potet: 5,5 mill. kroner

  • Utvikling av plantemateriale: 9,2 mill. kroner

  • Kvalitetstiltak settepotetavl: 5,74 mill. kroner

  • Handlingsplan plantevernmiddel: 13,5 mill. kroner

  • Premieringsordning for økologisk kjøtt: 2 mill. kroner

Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager

Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremme eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 8 mill. kroner til ordninga i 2008.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

78.11

Tilskott til avløysing for ferie/fritid

1 063 484

1 069 519

1 068 619

78.12

Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

138 044

166 800

152 000

78.13

Medlemsavgift til folketrygda

130 800

130 800

130 800

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

88 000

88 000

88 000

78.15

Andre velferdstiltak

25 458

32 000

80 000

78.16

Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

113 622

122 035

121 035

Sum post 78

1 559 408

1 609 154

1 640 454

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/ fritid

Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å medverke til finansiering av innleie av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar pr. dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka. I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 7 pst. og det maksimale tilskottet pr. føretak blei auka med 4 000 kroner til 55 500 kroner pr. føretak. Tilskottet blir gitt for faktiske lønnsutgifter etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver. Partane i jordbruksoppgjeret blei samde om at de nye satsane skulle gjelde for avløysing i 2007 som blir utbetalt i 2008.

For 2008 gjer ein framlegg om ei løyving på 1 068,6 mill. kroner.

Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å medverke til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon, heilårs veksthusproduksjon og planteproduksjon i onneperiodar, når brukaren av særlege grunnar, ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.

Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk. Den maksimale dagsatsen blei auka i 2007 frå 850 kroner til 1 030 kroner pr. dag.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 152 mill. kroner for 2008.

Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda

Av den pensjonsgivande inntekta innanfor jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri og skogbruk skal den enkelte brukaren betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta som lønnsmottakarar betaler. Skilnaden mellom avgifta som er fastsett for sjølvstendig næringsdrivande (10,7 pst.) og avgifta som skal betalast av den enkelte brukaren (7,8 pst.), blir finansiert over jordbruksavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i pensjonsgivande inntekt i jord- og skogbruk. Midlane blir førte over sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 130,8 mill. kroner for 2008.

Underpost 78.14 Tilskott til sjukepenge­ordninga i jordbruket

Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir ytt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget frå 1. dag. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir overført sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2008.

Underpost 78.15 Andre velferdstiltak

Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga og tilskott til landbrukshelsa.

Landbruksvikarordninga skal sikre at primærprodusentane har tilgang på arbeidshjelp ved akutte kriser. I 2008 blir det etablert ei ny landsdekkjande landbruksvikarordning gjennom avløysarlaga. Den nye ordninga vil over tid nå eit omfang på 240 årsverk, men dette målet vil venteleg berre delvis bli nådd i 2008. Den tidlegare ordninga med kommunalt tilsette landbruksvikarar blir vidareført ut 2008 som ein overgangsperiode mellom dei to landbruksvikartilboda. Maksimal støtte pr. årsverk er 480 000 kroner. I 2008 vil ein òg dekkje kostnadene frå 2007 for den eksisterande kommunale landbruksvikarordninga. Løyvinga til landbruksvikarordninga blir auka frå 17 til 37 mill. kroner for 2008. I tillegg blir det overført 27 mill. kroner til ordninga frå Kommunal- og regionaldepartementets budsjett for 2008.

Landbrukshelsa er ein ideell stifting oppretta av Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggjande tilbod til alle gardbrukarar og tilsette i landbruket. Landbrukshelsa skal medverke til at gardbrukarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet sitt, og for å skape ein sikker og triveleg arbeidsplass og eit trygt oppvekstmiljø for barna. Det blir sett av 16 mill. kroner til ordninga i 2008.

Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 53 mill. kroner for 2008.

Underpost 78.16 Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

Formålet med ordninga er å medverke til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 121 mill. kroner for 2008.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

80

Marknadsordninga for korn

138 405

85

Marknadsordninga for korn

112 000

96 000

Sum kap. 4150

138 405

112 000

96 000

Post 80 Marknadsordninga for korn

Posten er frå 2007 overført til post 85.

Post 85 Marknadsordninga for korn

Posten budsjetterer inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ordninga med å påleggje prisutjamning på proteinråvarer og karbohydratfôr som ikkje er importert med toll, har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr.

Det blei ikkje gjort endringar i jordbruksoppgjeret på føresetnadene for prisutjamninga, men den er òg påverka av prisane på verdsmarknaden. Justeringa for volum og pris på verdsmarknaden reduserer løyvinga på posten med 16 mill. kroner. Ein gjer framlegg om ei løyving i 2008 på 96 mill. kroner.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

40 800

37 300

39 800

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

5 900

5 900

6 200

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott , kan overførast

47 445

47 500

49 200

79

Velferdsordningar

1 800

1 800

1 800

82

Kompensasjon for kostnader vedkommande radioaktivitet i rein

2 819

Sum kap. 1151

98 764

92 500

97 000

Mål og strategiar

Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.

Dei mål og retningslinjer som ligg til grunn for reindriftspolitikken er trekte opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift, og Innst. S. nr. 167 (1991-92), samt dei justeringar og nye moment som er vektlagde ved Stortingets si behandling av den årlege reindriftsavtaleproposisjonen og ved den årlege behandlinga av statsbudsjettet. Hovudstrategien er å skape ei meir berekraftig reindrift. Med dette forstår ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i ein innbyrdes samanheng: Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gjer økologisk og økonomisk berekraft det mogeleg å utvikle kulturell berekraft.

Reindrifta er ei lita næring i nasjonal målestokk, men både i samisk og lokal samanheng har den stor verdi når det gjeld økonomi, sysselsetjing og kultur. Reindrifta er såleis ein viktig del av det materielle grunnlaget for samisk kultur.

Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken.

For nærmare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken syner ein til omtale under kat. 15.30 og til St.prp. nr. 74 (2006-2007) og Innst. S. nr. 284 (2006-2007). Nærmare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapitlet går fram av budsjettframlegget for 2008.

Resultatrapport 2006

Reindrifta føregår i store delar av landet og under ulike tilhøve og vilkår. Utfordringane er mange og samansette. Framleis manglar ei rekkje vilkår for utøving av reindrift i delar av Finnmark. Vidare er rovdyrtap og arealinngrep framleis store utfordringar i dei fleste områda.

Totalregnskapet for reindrifta 2005 syner ei negativ endring i resultatmåla frå 2004 til 2005. Vederlag for arbeid og eigenkapital er redusert frå 130,3 mill. kroner i 2004 til 121,7 mill. kroner i 2005. Målt pr. årsverk blei vederlag for arbeid og eigenkapital redusert frå 123 665 kroner i 2004 til 117 817 kroner i 2005. Reduksjonen i produksjonsinntektene er uheldig, og er særleg tydeleg i Nordland og Nord-Trøndelag ved at kjøttinntektene er grunna store tap vesentleg reduserte dei siste driftsåra. Førebels tal for rekneskapet i 2006 syner i snitt ein mindre auke av resultatmåla. Dette har i hovudsak samanheng med auke av prisen på reinkjøtt.

Radioaktivt nedfall etter Tsjernobylulykka i 1986 skaper framleis ekstra kostnader for reindriftsnæringa. Ein tiltakspakke blir finansiert av staten for å halde næringsutøvarane i reindrifta økonomisk skadeslause, jf. omtale under kap. 1147 post 82.

Reindriftsavtalen for 2007/2008

Avtalen legg vekt på å følgje opp dei føresetnadene som ligg i St.meld. nr. 28 (1991-1992) og Innst. S. nr. 167 (1991-1992). Reindriftsavtalen for 2007/ 2008 har ei ordinær ramme på 97 mill. kroner eksklusive midlar til tiltak mot radioaktivitet. Dette er ein auke på 4,5 mill. kroner i høve til Reindriftsavtalen 2006/2007.

Regjeringa sin reindriftspolitikk er basert på Stortinget sine føresetnader og ut frå den situasjonen ein står overfor i næringa. Reindriftsavtalen sine viktigaste mål er å leggje til rette for auka omsetnad av reinkjøtt og å stimulere næringa til størst mogeleg uttak av slakt og verdiskaping innanfor gjevne rammer. Dei tilskotta som er knytte til produksjon er vidareførte. Desse tilskotta legg til rette for auka slakting og produksjon. Vidare er Reindrifta sitt utviklingsfond styrkt, slik at det no ligg betre til rette for å møte reindrifta sine utfordringar knytte til infrastruktur. Tiltaka som er forhandla fram underbyggjer den dreiing ein har hatt i reindriftsavtalen sine verkemiddel dei siste åra, med eit større næringsretta fokus og ein tilrettelegging for dei utøvarane som har reindrift som hovudnæring.

I tillegg til sjølve avtalen er det i sluttprotokollen til avtalen semje om finansiering av tiltak mot radioaktivitet i reinkjøtt, samt semje om å endre dei etablerte radioaktivitetstiltaka. Konklusjonane frå arbeidsgruppa som blei nedsett i samanheng med reindriftsavtalen for 2006/2007, er lagt til grunn ved utforminga av dei nye reglane. Vidare er det protokollert semje om at det skal nedsetjast ei arbeidsgruppe for å foreta ein gjennomgang av dei produksjonsretta tilskotta, her medrekna kalvetilskottet, tidlegslaktetilskottet og produksjonspremien. Gjennomgangen skal ta sikte på å klarleggje effekten av dei nemnde tilskotta etter omlegginga i Reindriftsavtalen 2003/2004, her medrekna om dei nemnde tilskotta stimulerer til ei produksjonsoptimalisering innanfor dei rammer som ressursgrunnlaget set, samt legg til rette for ein marknadsretta produksjon og verdiskaping.

Budsjettframlegg 2008

Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2008 i samsvar med Stortinget si behandling av reindriftsavtalen for 2007/2008, jf. Innst. S. nr. 284 (2006-2007). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for føremål og innhald i dei ulike ordningane. For nærmare omtale syner ein til St.prp. nr. 74 (2006-2007) og Innst. S. nr. 284 (2006-2007). Når det gjeld tilskottsforvaltninga, har ein til dels same behov for avvik i høve til normalprosedyren fastsett i Bestemmelser om økonomistyring i staten som for ordningane under jordbruksavtalen. Dette gjeld ordningar under post 75 med omsyn til kriterium for måloppnåing, rapportering, kanalisering av midlane og kontroll. Når det gjeld post 79, utgjer forvaltninga berre overføring av midlar til folketrygda.

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Reindrifta sitt utviklingsfond kan nyttast til praktiske tiltak i næringa som t.d. investeringar i anlegg til bruk i utøvinga av reindrift og investeringar knytte til tilleggsnæringar. Fondet kan òg gi støtte til fremme av faglege tiltak i reindrifta, samt støtte til tiltak av allmenn interesse for samisk kultur. Fondet kan yte lån eller tilskott knytte til etablering i næringa.

Frå fondet blir det gjort følgjande avsetjingar:

  • 4,5 mill. kroner til forsking og rettleiing

  • 2,0 mill. kroner til Samisk utviklingsfond for å støtte opp under kombinasjonsnæringar der reindrifta går inn som ein komponent

  • 1,4 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak

  • 7,7 mill. kroner over RUF til verdiskapingsprogrammet for reindrift

  • 1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak

  • 2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga

  • 2,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak

  • 0,5 mill. kroner til sikring av reindrifta sine areal

Ein gjer framlegg om ei løyving på 39,8 mill. kroner for 2008.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskotet til Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er føreslått auka med 0,3 mill. kroner til 6,2 mill. kroner, her medrekna 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta, samt 100 000 kroner til møter i Kontaktforumet for reinkjøttomsetning.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

75.11

Frakttilskott

1 745

2 500

2 500

75.12

Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

31 805

32 300

33 200

75.13

Distriktstilskott

7 735

8 200

8 500

75.15

Slakttilskott til feltslakteri og mobile slakteanlegg

1 177

75.18

Tidlegslaktetilskott i Finnmark

4 983

4 500

5 000

Sum post 75

47 445

47 500

49 200

Tilskotta skal medverke til å fremme ei berekraftig reindrift, kvalitet, produktivitet, heve inntekta, samt verke utjamnande mellom einingar i næringa. Ein gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 49,2 mill. kroner for 2008 som er ein auke på 1,7 mill. kroner i forhold til 2007, jf. omtalen nedanfor.

Underpost 75.11 Frakttilskot

Føremålet med frakttilskotet er å medverke til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt. Ein gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner.

Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag

Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:

Produksjonspremie: Føremålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Driftseiningane sin produksjonspremie blir rekna med 25 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Ved sal av livdyr blir det rekna produksjonspremie berre i tilfelle der kjøparen har fått livdyrlån etter Forskrift om Reindriftens Utviklingsfond kap. 2. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 400 000 kroner pr. driftseining og 1 000 000 kroner pr. tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av driftseininga. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 19 mill. kroner til produksjonspremie.

Driftstilskott: Føremålet med ordninga er å kompensere for nokon av utgiftene i reindrifta. Tilskottet blir utbetalt med ein sats på 10 000 kroner pr. driftseining i alle reinbeiteområda. I dei driftseiningane kvinner står som enkeltinnehavarar og/eller driftsinnehavaren er under 30 år pr. 1.1.2007, er driftstilskottet på 25 000 kroner. Det er sett av 6,2 mill. kroner til driftstilskott.

Kalveslaktetilskott: Det er sett av 5,2 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott. Satsen for tilskottet er auka frå 150 kroner til 180 kroner pr. kalv. Kalveslaktetilskottet er avgrensa til å gjelde slakt i perioden frå 15.8.2007-31.12.2007 for å stimulere til størst mogeleg haustslakting.

Ektefelletillegg: Som eit ledd i ein kvinne- og familiepolitikk blir det utbetalt eit ekstra driftstilskott med ein sats på 35 000 kroner til dei driftseiningar der begge ektefellar praktiserer aktiv reindrift. Eit slikt tilskott fell bort dersom ein av ektefellane ved siste likningsoppgjer har meir enn 175 000 kroner i brutto inntekt utanom reindrifta. Denne avgrensinga av lønsinntekt er auka med 25.000 kroner i forhold til Reindriftsavtalen 2006/2007. Det er sett av 2,8 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg mot 3,1 mill. kroner i avtalen for 2006/2007.

Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 33,2 mill. kroner.

Underpost 75.13 Distriktstilskott

Føremålet med distriktstilskottet er å medverke til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Tilskottet skal òg gi grunnlag for at distrikta skal ha ansvar for finansiering av kostnader ved avløysing under sjukdom og svangerskap utover dei allmenne ordningane i Folketrygda. Distriktstilskottet for fellesbeitedistrikta i Finnmark er auka med 50.000 kroner. Elles er gjeldande regelverk og satsar for avtalen 2006/2007 vidareført.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 8,5 mill. kroner.

Underpost 75.18 Tidlegslaktetilskott i Finnmark og Troms

Ordninga med tidlegslaktetilskott blei innført i slaktesesongen 1993/94 grunna dei særlege problema knytte til vinterbeita i Finnmark og Troms. Føremålet med ordninga er å medverke til at rein blir slakta tidleg på hausten. Dette for å redusere trykket på marginale lavbeite, samt for å oppnå best mogeleg kvalitet på kjøtt og biprodukt. Satsane frå driftsåret 2006/2007 blir ført vidare med 10 kroner pr. kg slakt før 10. oktober, og 5 kroner pr. kg slakt etter denne dato og fram til og med 31. desember.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 5 mill. kroner til ordninga med tidlegslaktetilskott mot 4,5 mill. kroner i avtalen for 2006/2007.

Post 79 Velferdsordningar

Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.

Den enkelte reineigar skal betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta lønsmottakarane betalar. Skilnaden mellom den avgifta som er fastsett for private næringsdrivande (10,7 pst.) og den avgifta som skal betalast av den enkelte reineigar (7,8 pst.) blir finansiert over reindriftsavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i utviklinga i pensjonsgjevande inntekt i reindrifta.

Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførde sentralt til Folketrygda.

Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,8 mill. kroner.

Ordninga med tidlegpensjon og særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap blir vidareførd. Ordningane blir finansiert over Reindrifta sitt utviklingsfond.

Kap. 1161 Statskog SF - forvaltningsdrift

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskott til forvaltningsdrift

15 953

14 703

14 703

75

Oppsyn i statsalmenningar

7 151

7 423

8 023

Sum kap. 1161

23 104

22 126

22 726

Post 70 Tilskott til forvaltningsdrift

Mål og strategiar

Målet for Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettar bruksrettshavarar og andre har på eigedommane blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningslinjer. Føretaket skal òg arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Samtidig er det knytt kostnader til å vere til stades og ha oppsyn med store areal der det ikkje er aktuelt med næringsverksemd. Forvaltningsoppdraget er regulert i ei eiga avtale. Denne avtalen blei revidert og fornya i 2007, som følgje av at Statskog ikkje lenger har forvaltningsoppgåver i Finnmark. Departementet styrer aktiviteten gjennom tilskottsbrev og styringsmøte på same måten som anna forvaltningsverksemd.

Innanfor skogbruk følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytt til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.

Vidare gjer Statskog SF offentlegrettslege oppgåver, der føretaket handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Administrasjonsutgiftene knytt til tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar, går òg inn her.

I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje ikkje lovpålagde oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningslinjer frå departementet. Statskog har eit eige feltapparat knytt til naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging medverke til sikring av naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit geografisk areal på knapt 40 mill. daa. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgjevarar, m.a. miljøvernstyresmaktene. Det er inngått ei samarbeidsavtale mellom Statskog SF og Statens Naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO i Nordland og Troms.

Tilrettelegging for friluftslivet er ei hovudoppgåve for Statskog SF. Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive jakt, fiske og anna friluftsliv på føretakets areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket ope husvære i fjellet, merkar stiar og løyper, og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.

Resultatrapport 2006

Den opphavlege løyvinga til post 70 var på 17,703 mill. kroner. Som følgje av skipinga av Finnmarkseigedommen blei løyvinga redusert til 15,953 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2006.

På post 70 er det i 2006 rekneskapsført 15,953 mill. kroner som er i samsvar med løyvinga. Om lag 23 pst. av utgiftene skriv seg frå dei lovpålagde oppgåvene. Samanlikna med året før var det større aktivitet innan skogbruk, dei ikkje-inntektsgivande grunneigaroppgåvene og friluftsliv, og uendra eller mindre aktivitet innan dei andre områda.

I alt 14 800 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. I tillegg er det avverka 6 600 m3 til inntekt for Statskog. Dette utgjer 38 pst. av balansekvantumet i statsallmenningar med virkesrett.

Vidare utgjer utvisinga av ved i Finnmark 10 500 m3. Vidare syner rekneskapen at det i 2006 blei brukt 2,3 mill. kroner til grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt, og 1 mill. kroner til offentleg-rettslege oppgåver.

Det blei i 2006 brukt 0,526 mill. kroner til fiskeordningane i Finnmark. Dette er ein reduksjon på 1,1 mill. kroner frå 2005, men dette kjem av at oppgåvene forsvann med skipinga av Finnmarkseigedommen 1. juli 2006. Desse oppgåvene er knytt till planlegging, forvaltning og tilrettelegging for fiske i vatn og vassdrag. Til arbeid med friluftsliv blei det i 2006 brukt 6,1 mill. kroner, noko som er 0,9 mill. kroner meir enn året før og 3 mill. kroner meir enn i 2003. Auken er i tråd med tilskottsbrevet frå departementet. Tiltaka omfattar fysisk tilrettelegging, deltaking på ulike type arrangement, utarbeiding av friluftsplanar o.a.

Til oppsyn i Nord-Noreg (fjelltenesta) syner Statskog si rapportering at det i 2006 blei nytta 3,5 mill. kroner, noko som er 1,3 mill. kroner mindre enn i 2005. Nedgangen har i hovudsak si årsak i skipinga av Finnmarkseigedommen. Det blei òg i 2006 lagt auka vekt på oppsyn og kontakt med reindriftsutøvarane.

Fond knytt til forvaltningsoppgåvene

Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond kalla Grunneigarfondet. Bruken av Grunneigarfondet som pr. 31.12.2006 var på 18,461 mill. kroner, er regulert i § 12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet mellom anna brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. Grunneigarfondet blei redusert med om lag 0,7 mill. kroner frå 2005 til 2006. Frå og med 2000 har Grunneigarfondet blitt redusert grunna auka utbetaling av tilskott til godkjente tiltak i statsallmenningane, omlegging av finansiering av grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt frå statsbudsjettet til Grunneigarfondet mv. På sikt er venta ei gradvis auke grunna auke i festeinntektene og minska administrasjonskostnader knytt til festekontraktane.

Allmenningsfonda, som pr. 31.12.2006 var på 22,4 mill. kroner, skriv seg frå salshogstar og erstatning for barskogvern med vidare i underskottsallmenningane. Fonda skal saman med skogavgiftsfonda brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning.

Budsjettframlegg 2008

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,703 mill. kroner.

Posten femner tilskott til Statskog SF sitt arbeid med lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver, det vil seie dei oppgåvene som inngår i forvaltningsoppdraget frå Landbruks- og matdepartementet til Statskog SF. Statskog SF si rapportering syner at det er ressursbehov i samband med ny taksering og miljøregistreringar knytt til skogressursane i statsallmenningane, oppgåver i samband med reindrifta, i arbeid med prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar, oppfølginga av nasjonal strategi for naturbasert næringsutvikling knytt til fjell- og verneområda, og arbeid knytt til samerettsutvalet. Vidare skal Statskog leggje til rette for allmentas bruk og tilgang til areala med mål om å auke friluftslivet. Gjennomgang av refusjonsordninga for fjellstyra, opplæring av allmenningstyra, og vidare arbeide med seterregisteret vil òg framleis vere viktige oppgåver for Statskog i 2007. Statskog SF har ut over dette monalege utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære, stigar, bruer o.a. som treng opprusting. Det er generelt eit etterslep òg med omsyn til vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast vedlike sjølv om dei ikkje har offisiell vernestatus. Det er behov for ein høg aktivitet når det gjeld tilsyn med Statskog SF sine areal. Dette mellom anna for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka som ikkje gir inntekter. Døme på slike brukarar er reindriftsnæringa (arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk), forsvaret (grunn som ikkje blir festa, men rekvirerast ved øvingar) og eigedomstilsyn i forhold til kontraktlause byggverk m.m. Dette er mellom anna viktige oppgåver for Fjelltenesta i Nordland og Troms.

Post 75 Oppsyn i statsallmenningar

Mål og strategiar

Posten dekkjer tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Når tilsetjinga er skjedd i samsvar med oppsynsordning som departementet har godkjent, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene av statskassa. Ordninga skal leggje til rette for å ivareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar.

Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 mill. daa, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkninga sin rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å medverke til ei berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal vidare førebyggje miljøkriminalitet og medverke til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan gjevast politifullmakt etter lov 4. aug 1995 nr. 53 § 20 om politiet. Oppsynsmenn blir lønt av fjellkassa. Fjellstyret gir instruks for oppsynstenesta. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog.

Resultatrapport 2006

I 2006 blei det gitt 7,423 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog har fordelt midlane etter ein nøkkel som tilgodeser nye ordningar og små fjellstyre. Om lag halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, dei resterande midlane har vore anvendt til saksbehandling og anna innearbeid som gir rett til tilskott. For 2006 er det rapportert om 9330 kontrollar. Dette er ei auke med nær 15 pst. samanlikna med 2005. Det er knytt noko usikkerheit til tala, då rapporteringa har vore noko ulik frå år til år. Det er utført flest kontrollar av fiske og jakt, mens kontroll av motorferdsel, vernereglar og anna berre står for ein liten del av den samla aktiviteten. Det er rapportert om 125 ulovlege forhold. Det er ein fallande tendens i rapportar om forhold knytt til jakt og fiske, mens rapportar om ulovlege forhold knytt til motorferdsel, vernereglar og anna held seg på eit jamt nivå.

Budsjettframlegg 2008

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,023 mill. kroner. Posten er styrkt med 0,6 mill. kroner. Fjelloppsynet omfattar i dag om lag 60 årsverk. Departementet legg til grunn at styrkinga av posten gir grunnlag for eit meir synleg oppsyn i statsallmenningane og gir rom for auka tilrettelegging for friluftsliv. Landbruks- og matdepartementet vil i samarbeid med Miljøverndepartementet medverke til å gjere tydeleg behov for samarbeid og rolleforståing når det gjeld statleg oppsyn i statsallmenningar og forholdet mellom Statens naturoppsyn og fjellstyra sine oppsynsordningar.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Avgifter i matforvaltninga

540 800

548 838

71

Totalisatoravgift

100 310

100 000

105 000

72

Miljøavgift, plantevernmiddel

62 695

75 000

65 000

Sum kap. 5576

163 005

715 800

718 838

Mål og strategiar

Det er på posten budsjettert sektoravgifter i matforvaltninga. Ein syner til kap. 4115 post 01 for nærmare omtale av gebyrordningane i Mattilsynet.

Ved etablering av Mattilsynet blei det etablert eit tredelt system for finansiering gjennom gebyr og avgifter. Den første delen gjeld gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

Avgiftene omfatta frå etableringa av Mattilsynet i 2004, avgift på fôr til selskapsdyr og ulike matproduksjonsavgifter. Seinare er enkelte andre gebyrordningar gjort om til avgifter. Matproduksjonsavgiftene skal dekkje tilsyn og kontroll langs heile matproduksjonskjeda etter matlova. Avgiftene skal òg dekkje tilsyn og kontroll med dyrevelferd, med dyrehelsepersonell og med avl knytt til dyr som går inn i produksjon av næringsmiddel.

Matproduksjonsavgiftene er delt inn i 10 ulike avgifter. Nivået på avgiftene kjem an på om det er norsk eller importert vare. For norskproduserte varer er det ulikt avgiftsnivå for animalia og vegetabilier. For animalia er det òg ulikt avgiftsnivå for landbaserte varer og fisk/sjømat. Satsane er i pst. av verdi, med unntak av for kjøtt og fisk som har avgiftssatsar basert på vekt. For importerte varer skil avgiftene mellom råvarer og halvfabrikata/ferdigvarer.

Det blir ikkje lagt opp til endringar i avgiftssatsane for 2008.

Post 70 Avgifter i matforvaltninga

Tabell 2.15 Oversikt over avgifter under kap. 5576 post 70

(i mill. kr)

Nemning

Beløp

Matproduksjonsavgifter:

Norskproduserte varer

262,0

Importerte varer

181,3

Sjømat

32,0

Andre avgifter:

Planter som ikkje er mat

16,0

Kosmetikk

4,0

Avgift på drikkevatn (vassverk)

32,0

Avgift på planteforedling og naturleg mineralvatn

Avgift på fòr til selskapsdyr

0,5

21,0

Sum avgifter

548,8

Dette vil gi følgjande satsar for matproduksjonsavgift:

Norskproduserte varer:

  • kjøtt: 51 øre/kg

  • andre animaliar: 1,99 pst.

  • vegetabilier: 0,80 pst.

Importerte varer unntatt sjømat:

  • råvarer: 1,14 pst.

  • ferdigvarer og halvfabrikata: 0,71 pst.

Sjømat:

  • fisk til konsum landa frå EØS-fartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn (råstoff)

  • fisk landa frå tredjelandsfartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn

  • fisk tatt ombord på norsk fabrikkfartøy eller omlasta til utanlandsk fartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn

  • produksjonsavgift for oppdrettsfisk: 14,60 kroner pr. mottatt tonn fisk til slakting

  • importerte fisk og fiskevarer: 14,60 kroner pr. tonn

Post 71 Totalisatoravgift

Posten er i 2007 overført frå kap. 5571. Tal for rekneskap 2006 gjeld tidlegare kap. 5571 post 70.

Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.

I 2006 var den samla omsetninga på totalisatorspel 2 780 mill. kroner. Dette var ein nedgang på 1 mill. kroner frå året før. For 2008 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 2 800 mill. kroner.

For 2008 gjer ein framlegg om ei løyving under posten på 105 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga.

For å hindre uønskt reklame er det no fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel.

Stiftelses- og lotteritilsynet har fått oppgåva å kontrollera alt spel i Noreg. Dette inneber òg ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglement som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.

Post 72 Miljøavgift, plantevernmiddel

Posten er i 2007 overført frå kap. 5545. Tal for rekneskap 2006 gjeld tidlegare kap. 5545 post 71.

Miljøavgift er eit av fleire verkemiddel for å nå nasjonale og internasjonale miljømål. Gjennomføringa av tiltaka er dokumentert i systemet med resultatkontroll i jordbruket.

Plantevernmiddel blir plasserte i sju avgiftsklasser i forhold til helse- og miljørisiko. Avgifta er arealbasert og differensiert etter midlane sin risiko for helse- og miljøskadar.

Den femårige handlingsplanen for redusert bruk av plantevernmiddel avsluttast i 2008. Omsetningstala syner at ein har fått ein overgang til plantevernmiddel i lågare avgiftsklasser, dvs. middel med lågare miljø- og helserisiko.

For at avgifta skal få tilstrekkeleg effekt i forhold til målsetjinga knytt til plantevernmiddel, vurderast nivået på avgifta i samband med dei årlege budsjettframlegga. I tråd med framlegget i St.prp. nr. 1 (2004-2005) blei avgiftsnivået auka med 25 pst. frå 1.1 2005. Det blir lagt til grunn uendra avgiftsnivå for 2008 og ein gjer framlegg om ei løyving under posten på 65 mill. kroner.

Programkategori 15.40 Forretningsdrift

Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet:

1 418

750

950

26,7

5652

Innskottskapital i Statskog SF:

7 300

8 500

5 000

-41,2

Sum kategori 15.40

8 718

9 250

5 950

-35,7

I kategorien er utbytte frå Graminor AS, Staur Gård AS, Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO), Kimen Såvarelaboratoriet AS og Statskog SF budsjettert.

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

80

Utbytte

1 418

85

Utbytte

750

950

Sum kap. 5651

1 418

750

950

Post 85 Utbytte

Graminor AS

Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetting av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og statleg tilskott jf. omtale under kap. 1143 post 74.

Staten sin eigardel i selskapet er 34,1 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene når det gjeld planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde i 2006 ein omsetnad på 43,95 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 2,9 mill. kroner. Det blei utbetalt 1,59 mill. kroner i utbytte og av dette blei om lag 0,45 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2008, mellom anna fordi det gode resultatet i 2006 skuldast at verksemda dette året har vore av til dels ekstraordinær karakter, og at kapitalbehovet framleis er stort grunna omstrukturering av verksemda.

Staur Gård AS

Staur Gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur Gård. Garden er i statleg eige for å sikre bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på. Selskapet blei etablert for å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse samfunnsmessige omsyn.

Staur Gård AS hadde i 2006 ein omsetnad på 4,2 mill. kroner og eit underskott på 0,2 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet for resultatåret 2007. Ein syner elles til omtale under kap. 1100 post 70.

Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO)

VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Landbruks- og matdepartementet eig 51 pst. av aksjane. Dei resterande 49 pst. av aksjane er eigd av SIVA. Omsetninga i 2006 var på 166 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på vel 12 mill. kroner frå 2005. Det meste av omsetninga er knytt til norsk oppdrett og akvakultur. Resultatet etter skatt blei 2,66 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte til Landbruks- og matdepartementet på 0,765 mill. kroner for 2006. Ein budsjetterer med 0,75 mill. kroner i utbytte frå selskapet i 2008 ut frå føresetnaden om ein statleg eigardel på 51 pst.

Kimen Såvarelaboratoriet AS

Kimen Såvarelaboratoriet AS blei etablert 1.7.2004 etter at det tidlegare Såvarelaboratoriet blei skilt ut frå Mattilsynet, jf. St.prp. nr. 63 (2003-2004).

Selskapet er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar.

Selskapet har sitt virke retta mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester mellom anna til Mattilsynet, samt rettleiing og opplæring i såvarespørsmål, er ein del av hovudoppgåvene.

Statens eigardel i selskapet er 51 pst. I tillegg eig Felleskjøpet Øst Vest 34 pst. og Strand Brænderi AS 15 pst.

Selskapet hadde i 2006 ein omsetnad på 12,2 mill. kroner og eit overskot etter skatt på 1,4 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte til Landbruks- og matdepartementet på 408 000 kroner. Med grunnlag i informasjon frå selskapet basert på resultatutviklinga i første del av 2007 budsjetterer ein med 0,2 mill. kroner i utbytte til departementet i 2008.

Kap. 5652 Innskottskapital i Statskog SF

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

80

Utbytte

7 300

85

Utbytte

8 500

5 000

Sum kap. 5652

7 300

8 500

5 000

Post 85 Utbytte

Mål og strategiar

Statskog SF forvaltar om lag 65 000 km2, tilsvaarande 1/5 av landarealet. 5 pst. av dette er produktivt skogareal, noko som gjer Statskog til landets største skogeigar med 7 pst. av det samla skogs­arealet i landet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite m.m.).

Statskog SF er med sin kompetanse og erfaring innanfor skog- og utmarksoppgåver ein sentral aktør i forvaltninga av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg eit viktig instrument for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål.

Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.

Utbyttepolitikk

Utbyttet frå Statskog SF blir fastsett etter utbyttepolitikk fastsett av Landbruks- og matdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte i løpet av første halvår etter resultatåret. Utbyttet blir sett til 75 pst. av årsresultatet i konsernet inntil utbyttet svarar til statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførde eigenkapitalen til konsernet.

Resultatrapport 2006

Stortinget vedtok i 2005 den nye Finnmarkslova, som inneber etablering av det nye rettssubjektet Finnmarkseigedommen. 1.7.2006 overtok Finnmarkseigedommen eigedomsretten til og forvaltninga av Statskog SF sine eigedommar i fylket vederlagsfritt. På det ekstraordinære føretaksmøtet 19.12.2006 blei det derfor vedteke å nedskrive statens innskotskapital i Statskog SF med 3,5 mill. kroner. Statens innskotskapital i Statskog SF er etter nedskrivinga på 85 mill. kroner. Vidare blei overkursfondet i føretaket, som òg er ein del av statens innskot ved skipinga av føretaket, nedskrive med 3,3 mill. kroner. Nedskrivinga er nærmare omtala i St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007. Arealet som Statskog SF forvaltar blei i 2006 redusert frå 110 000 km2 til om lag 65 000 km2, dvs. ein reduksjon på 41 pst. Forvaltninga av statleg grunn i Finnmark har tidlegare gitt eit viktig bidrag til det økonomiske resultatet i Statskog SF. Dei tilsette i Statskog SF Finnmark er overført til Finnmarkseigedommen og Statens naturoppsyn. Med bakgrunn i endringane i rammevilkåra for føretaket har Statskog SF vore gjennom ei aktiv omstilling for å sikre ein framleis robust økonomi. Som ein følgje av omstillinga har Statskog SF, med verknad frå januar 2007, omorganisert heile verksemda, slik at ho no er meir innretta for å løyse utfordringane innanfor områda skog, energi, eigedom og friluftsliv.

Nøkkeltal og utbytte

I 2006 blei det utbetalt 7,3 mill. kroner i utbytte med grunnlag i driftsresultatet for 2005. Konsernet hadde i 2006 eit driftsresultat på 7 mill. kroner etter skatt. Utbytte for 2006 er fastsett til 5,2 mill. kroner, tilsvarande 75 pst. av resultatet. Dette er i tråd med utbyttepolitikken fastsett av Landbruks- og mat­departementet. Vedtak om utbytte er gjort på ordinært føretaksmøte 20.6.2007.

Bokført totalkapital i konsernet pr. 31.12.2006 var 323,1 mill. kroner og eigenkapitalen utanom skogavgiftsfondet 253,4 mill. kroner. Forrentinga av bokført eigenkapital (ekskl. skogavgiftsfond) har i åra 2004-2006 vore høvesvis 6,6, 10,5 og 2,7 pst.

Budsjettframlegg 2008

Som for 2006 er det grunn til å vente at resultatet frå Statskog SF i 2007 blir påverka av innføringa av Finnmarkslova og skipinga av Finnmarkseigedommen. Det er og grunn til å vente at omstillinga i Statskog SF, og kostnadene ved denne, vil føre til at resultatet for 2007 ikkje blir høgare enn i 2006. Med bakgrunn i resultatet for 2006 anslår departementet at utbytte frå Statskog SF for resultatåret 2007 blir 5 mill. kroner. Endeleg berekning av utbytte vil bli gjort i tråd med utbyttepolitikken, og endringar vil bli tekne inn i revidert nasjonalbudsjett for 2008. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2008.