St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

3 Sektorovergripande miljøvernpolitikk

Det er ei kontinuerleg oppgåve for styresmaktene å sørgje for at det samla offentlege verkemiddelapparatet blir innretta mot å nå nasjonale miljøvernpolitiske mål og gir positive miljøeffektar. Miljøarbeidet i kvart departement skal skje med utgangspunkt i sektorovergripande miljømål som blir utarbeida av Miljøverndepartementet og lagt fram i Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand (RM).

Som andre sektordepartement arbeider Landbruks- og matdepartementet tett med Miljøverndepartementet i utarbeiding av stortingsmeldingar på miljøområdet, til dømes St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand (RM) og St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk som blei lagt fram våren 2007. Departementet vil leggje fram ein strategi for korleis departementet kan styrkje og utvikle vidare miljøinnsatsen i landbruket, og med dette følgje opp regjeringa sin miljøvernpolitikk og Soria Moria-erklæringa.

Miljøarbeidet i landbruks- og matsektoren er nærmare omtalt under kat. 15.20 Forsking og innovasjon, kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak, og under kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen.

4 Fornying, organisasjons- og strukturendringar i statsforvaltninga

Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga innanfor sektoren. Formålet har m.a. vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa, og samtidig sørgje for ei effektiv og brukarretta forvaltning på landbruks- og matområdet. Vidare har departementet for å møte utfordringane innan FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt sett i gang fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.

Det er eit hovudmål å fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane, samtidig som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og som gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen. Intensjonen er at omstilling og IKT-utvikling skal gi gevinst i den enkelte verksemd, for brukarane og for forvaltninga samla sett. I tråd med regjeringa sitt fornyingsarbeid vil ein arbeide vidare for å styrkje, fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga, jf. nærmare omtale i kat. 15.00.

5 Likestilling

Næringslivet er avhengige av nyskaping og at ein tek i bruk mangfaldet av ressursar. Det er derfor eit mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha like høve til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og i tilknytte næringar. Utviklinga i landbruket dei siste fem åra synar at både delen av kvinnelege brukarar og eigarar har vore nokså stabilt. Kvinner har i lengre tid blitt prioriterte i forskrifta som styrar tildelinga av pengar til bygdeutvikling.

Landbruks- og matdepartementet har i sin nye strategi for likestilling i landbrukssektoren ein målsetjing om 40 pst. kvinner i landbruket og i tilknytte næringar. I strategien er det lagt opp til ulike tiltak der ein tek i bruk kunnskap, holdningsskapande arbeid, informasjon samt økonomiske og juridiske verkemiddel. Dei ulike tiltaka involverar aktørar på fleire nivå, og det skal arbeidast målretta og planmessig for å auke delen kvinner.

I Jordbruksavtalen for 2007 har det blitt sett av midlar til eit program for rekruttering og likestilling, med mål om å auke rekrutteringa og særleg rekrutteringa av kvinner. Norges Bygdeungdomslag står som ansvarleg for å utvikle eit program saman med Fylkesmannen, Innovasjon Norge og faglaga.

Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra hatt stor merksemd på likestilling i forvaltninga, og utforma i 2000 ein eigen handlingsplan for å auke delen kvinnelege leiarar i departementet og i landbruksforvaltninga. Pr. juni 2007 er kvinnedelen i leiarstillingar i Landbruks- og matdepartementet på 48 pst. I 2000 var talet på 22 pst. Tala for underliggjande verksemder kan ein finna i deira årsrapportar.

For ytterligare omtale av likestillingsvurderinga av statsbudsjettet, syner ein til kap. 1100, 1137, 1149, 1150 og kat. 15.00 og 15.30.

6 Endring av reglane for utanlandsk tilverking av landbruksvarer

Gjeldande forskrift om tollnedsetjing for landbruksvarer som blir gjeninnført etter tilverking i utlandet (utanlandsk tilverking), blei sett i verk 1.7.2007. Forskrifta er ikkje ein del av det generelle importvernet for landbruksvarer, men er ei nasjonal ordning innretta på å gi ein viss lette i forhold til dette.

Erfaringane sidan den tidlegare forskrifta blei sett i verk 1.7.2005 syner ein auka bruk av ordninga med utanlandsk tilverking, mellom anna for kjøtt og meierivarar. I den nye forskrifta er det lagt opp til at tilverkinga av desse varene blir regulert gjennom årlege kvotar. For såkalla RÅK varer og andre basis landbruksvarer blir i hovudsak tidlegare forskrift vidareført. Dei årlege kvotane er sett til 1 080 tonn for kjøtt, 5 520 tonn for kjøttvarer og 3 120 tonn for meierivarer. Kvotane vil bli fordelt ved auksjon og vere gyldige for inntil tre år om gangen. Hovudelementa i tidlegare forskrift for kjøtt, kjøttvarer og meierivarer blir vidareført ut 2007.

I gjeldande forskrift er det og innført ein formålsparagraf og ein dispensasjonsparagraf. Vidare er tilgangen til å avslå ein søknad presisert til òg å omfatte situasjonar som kan føre til vesentlege økonomiske skadeverknader for næringsmiddelindustrien, då med utgangspunkt i tilknytinga mellom landbruket og næringsmiddelindustrien.

Forskrifta opnar òg for tollnedsetjing ved prøveproduksjon av kjøtt, kjøttvarer og meierivarer i utlandet.

7 Endring av lov til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror

Gjeldande lov til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror (omsetningslova) er det juridiske grunnlaget for marknadsreguleringa i jordbruket. Omsetningslova er først og fremst ei lov som gir Kongen fullmakt til å leggje ei avgift på salsproduksjon til produsentane, for å finansiere tiltak for å fremme omsetninga. Lova gir Omsetningsrådet myndigheit til å styre avgiftsmidlane.

Omsetningsrådet er samansett av 19 medlemmer. Jordbruket og samvirkeorganisasjonane har i dag fleirtal i Omsetningsrådet, noko som heng nøye saman med jordbruket sitt økonomiske ansvar for overproduksjon. Overproduksjon krev tiltak som blir felles finansiert gjennom omsetningsavgift som krevjast inn frå bøndene.

I følgje omsetningslova § 2 skal både Gilde og Prior, som marknadsregulatorar for høvesvis kjøtt- og fjørfesektoren, ha kvar sin representant i Omsetningsrådet. Samanslutninga mellom føretaka har til følgje at det berre bør vere ein representant i rådet frå det felles selskapet Nortura. Ei slik endring krev at omsetningslova § 2 endrast tilsvarande. I denne samanhengen er det nødvendig å justere samansetninga av rådet. Dette for å oppretthalde balansen mellom jordbruket og samvirket, og andre institusjonar. Vidare skal ein vurdere om det bør gjennomførast ein ytterligare reduksjon i talet på medlemmer i rådet, samt vurdere om det er nødvendig å gjere andre relativt avgrensa endringar i lova.

Ein tek sikte på å leggje fram lova for Stortinget i januar 2009, slik at lova kan handsamast i vårsesjonen same år.

8 Oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 219 , Møte 12.12.2006

«Stortinget ber Regjeringen om å bevilge kr 250 000 i støtte til prosjektet «Slipp oss til - ungdom inn i landbruket» innenfor de ufordelte midlene på kap. 1138 post 70.»

Landbruks- og matdepartementet har løyvd 250 000 kroner i støtte til Slipp oss til - ungdom inn i landbruket over kap. 1138 post 70 i 2007.

Vedtak nr. 218 , Møte 12.12.2006

«Stortinget ber Regjeringen om å bevilge kr 100 000 i støtte til Dyrevernalliansen innenfor de ufordelte midlene på kap. 1138 post. 70.»

Landbruks- og matdepartementet har løyvd 100 000 kroner i støtte til Dyrevernalliansen over kap. 1138 post 70 i 2007.

9 Omtale av tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege verksemder

Statskog SF

Utgifter til:

Kroner

Lønn, adm. dir

874 000

Pensjonsutgifter

172 000

Anna godtgjersle1

125 000

1  Anna godtgjersle gjeld fri bil, telefon og aviser

Staur Gård AS

Utgifter til:

Kroner

Lønn, dagleg leiar

462 686

Pensjonsutgifter

60 390