Del 2
Budsjettframlegg
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m.
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1100 | Landbruks- og matdepartementet: | 131 236 | 122 822 | 130 187 | 6,0 |
Sum kategori 15.00 | 131 236 | 122 822 | 130 187 | 6,0 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4100 | Landbruks- og matdepartementet: | 5 366 | 16 030 | 501 | -96,9 |
Sum kategori 15.00 | 5 366 | 16 030 | 501 | -96,9 |
Landbrukssektoren har ei av dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, frå forsking, produksjon av innsatsvarer, næringsmiddelindustri og heilt fram til forbrukar. Den jordbruksbaserte matvaresektoren hadde ein samla produksjonsverdi i 2006 på om lag 113 mrd. kroner, medan den i 2000 var på om lag 92 mrd. kroner. Skogindustrien hadde i 2006 ein samla produksjonsverdi på om lag 43 mrd. kroner, ein auke frå 39 mrd. kroner i 2000. Samla produksjonsverdi i 2006 var såleis om lag 156 mrd. kroner mot 131 mrd. kroner i 2000. Dette inneber ein nominell auke på 25 mrd. kroner eller 19 pst. I 2006 var sysselsetjinga innan jordbruk, matvareindustri, skogbruk og skogindustri på om lag 128 000 årsverk.
Samstundes som talet på driftseiningar går ned, har det skjedd ein auke i produksjonen. Talet på landbrukseigedommar er tilnærma konstant på om lag 180 000. Dette påverkar i stor grad korleis forvaltninga blir innretta.
Landbruks- og matdepartementet forvaltar politikken innanfor ein sektor som har eit breitt samfunnsansvar, og som spelar ei avgjerande rolle for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Matproduksjon, jordbruk, skogbruk, reindrift og landbruksbaserte tilleggsnæringar er sentrale for den samla verdiskapinga, for å oppretthalde hovudtrekka i busetjingsmønstret og utvikle lokalsamfunna over heile landet, og for å ivareta miljø og oppretthalde kulturlandskapet. Landbruks- og matforvaltninga har eit breitt ressursforvaltningsansvar og forvaltningsoppgåvene er knytt til heile næringskjeda, m.a. opp mot primærprodusent, næringsmiddelindustri og omsetningsledd. Det er nødvendig med ressursar innan forvaltninga til å møte dei krav til høge standardar som forbrukarar og andre samfunnsektorar set.
Tilsyns- og rettleiingsoppgåvene som til dømes Mattilsynet utfører er viktig for forbrukarane, næringsmiddelindustrien, serveringsbedriftene, omsetningsledda, fiskeeksporten og landbruksnæringane. Deltaking i og oppfølging av internasjonale prosessar set òg dagsorden kor forvaltninga ofte står overfor svært komplekse utfordringar som krev meir og andre ressursar enn tidlegare.
Andre døme på sentrale samfunnsoppgåver er arbeidet med sikring av miljø og berekraftig utvikling i bruken av arealressursane, og å leggje til rette for nye næringar og vidareutvikling av landbruksnæringane. I den langsiktige eigedoms- og ressursforvaltninga må både næringsomsyn, miljøomsyn og omsyn til alternativ ressursbruk vurderast. Det er om lag 180 000 landbrukseigedommar i Noreg og av desse var det i 2006 om lag 34 000 landbrukseigedommar med bustad, men utan busetjing. Dette synar at det er eit stort potensiale i å ta desse eigedommane i bruk.
Landbruk er biologisk produksjon som skjer over særs store areal, og som inneber at ein vil kunne bli meir påverka av endringar i klima enn det aller meste av anna næringsliv. Som biologiske produksjonar er alle landbruksnæringar gjennom karbonkrinslaupet del av naturens eige og avanserte samspel av opptak av CO2, binding av karbon, og utslepp av karbondioksid og andre klimagassar.
Jordbruket er berekna å stå for om lag ni pst. av norske utslepp av klimagassar. Årleg netto opptak av CO2 i norske skogar utgjer rundt 30 mill. tonn. Åleine svarar dette til om lag halvparten av dei totale norske utsleppa. Departementet ønskjer å auke landbrukssektoren sin innsats både for å redusere norske utslepp av klimagassar og for å utvikle strategiar for tilpassing til eit endra klima.
På denne bakgrunnen vil regjeringa i 2009 leggje fram ei stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken og klimautfordringane.
Organisering og oppgåver på landbruks- og matområdet
Det har vore gjennomført store organisatoriske endringar og effektivisering av landbruks- og matforvaltninga dei seinare åra. Landbruks- og matdepartementet har som mål å framleis leggje til rette for ei meir effektiv landbruks- og matforvaltning som har fokus på brukarretting, openheit, kvalitet og medverknad. Departementet vil i dei komande åra leggje til rette for oppdateringar og ajourførte vurderingar på dette området. Dette vil bli eit viktig verktøy i det vidare arbeidet med å effektivisere og forenkle landbruks- og matforvaltninga slik at den blir mest mogleg tilpassa innbyggjarane og næringsverksemdene sine behov, jf. Stortinget si behandling av Dokument 8: 43 (2007-2008) og Innst. S. nr. 183 (2007-2008).
Strukturen i sektoren er desentralisert med arbeidsplassar over heile landet. Oppgåveløysinga er såleis fordelt mellom dei ulike forvaltningsnivåa; sentralt og regionalt statleg nivå og kommunalt nivå.
Landbruks- og matdepartementet tek hand om rolla som sekretariat for politisk leiing og ser til at politikken blir gjennomført. Pr. 1.1.2008 var det totalt 152 årsverk i Landbruks- og matdepartementet. Oppgåvene rettar seg mot landbrukspolitikk, matpolitikk, skog og ressurspolitikk, forsking, innovasjon og regionalpolitikk, i tillegg til informasjonsverksemd og administrative og økonomiske funksjonar. I 1998 var det 189 årsverk i det dåværande Landbruksdepartementet. Dette tilsvarar ein reduksjon i årsverk på om lag 20 pst. samtidig som oppgåvemengda har auka spesielt i høve til det internasjonale arbeidet og på matområdet.
Landbruks- og matdepartementet har sju underliggjande verksemder, og skal setje mål, gi rammer, rettleie og følgje opp resultat i dei underliggjande verksemdene i samsvar med gjeldande lover, reglar og politiske retningslinjer. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning og Reindriftsforvaltninga, jf. omtale i kat. 15.10 og kat. 15.30. Dei fire forskingsinstitutta Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Veterinærinstituttet (VI), og Norsk institutt for skog og landskap er organisert som forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Sjå nærmare omtale under kat. 15.20.
Fylkesmannen og Innovasjon Norge utfører oppgåver regionalt på landbruks- og matområdet og forvaltar midlar frå Landbruks- og matdepartementet. Fylkesmannen og Innovasjon Norge er underlagt høvesvis Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.
Kommunane er førsteinstans for landbruksområdet og har ei viktig rolle innan samfunns- og næringsutvikling.
Tabellen under syner geografisk fordeling av årsverka i Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos Fylkesmannen og Innovasjon Norge.
Tabell 2.1 Årsverk, geografisk/fylkesvis fordeling for Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos Fylkesmannen og Innovasjon Norge pr. 1.1.2008.
Fylker | Mattilsynet1 | Statens landbruksforvaltning | Reindriftsforvaltninga | Fylkesmannen2 | Innovasjon Norge3 |
---|---|---|---|---|---|
Oslo | 251 | 186 | 214 | 21,5 | |
Akershus | 43 | 2,9 | |||
Østfold | 111 | 15,2 | 3,1 | ||
Hedmark | 69 | 24,3 | 4,9 | ||
Oppland | 34 | 27,1 | 4,2 | ||
Buskerud | 45 | 17,2 | 2,3 | ||
Vestfold | 32 | 12 | 3,1 | ||
Telemark | 31 | 16,8 | 3,2 | ||
Aust-Agder | 10 | 11,7 | 2,8 | ||
Vest-Agder | 15 | 14,1 | 2,8 | ||
Rogaland | 130 | 26,5 | 5,8 | ||
Hordaland | 93 | 24 | 4,1 | ||
Sogn- og Fjordane | 38 | 25,2 | 4,1 | ||
Møre- og Romsdal | 71 | 24,9 | 4,1 | ||
Sør-Trøndelag | 79 | 4 | 26,7 | 4,1 | |
Nord-Trøndelag | 72 | 6 | 26,1 | 4,2 | |
Nordland | 101 | 4 | 25,2 | 3,1 | |
Troms | 36 | 5 | 15,2 | 4,4 | |
Finnmark | 47 | 41 | 11,8 | 11,65 | |
Utland | 3,5 | ||||
Sum årsverk | 1 308 | 186 | 60 | 365,0 | 99,8 |
1 Årsverka knytt til Mattilsynet femner om oppgåver retta mot landbruk, akvakultur, næringsmiddelindustri, daglegvarehandel, serveringsverksemder, internasjonalt arbeid og regelverksutvikling. Berekna årsverksfordeling er basert på registrert tidsbruk i 2007.
2 Finansiert over kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
3 Finansiert over kap. 2421 Innovasjon Norge under Nærings- og handelsdepartementet.
4 Eit felles fylkesmannsembete for Oslo og Akershus.
5 Det er lagt sentrale oppgåver til distriktskontoret i Finnmark, tot. 8 årsverk.
Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga samt oppgåver på landbruksområdet som blir utført av Fylkesmannen og Innovasjon Norge utgjer til saman 2 019 årsverk. Av desse er om lag 76 pst. av årsverka lokalisert utanfor Oslo. I tillegg til den desentraliserte strukturen i Mattilsynet, Reindriftsforvaltninga, Fylkesmannen, og Innovasjon Norge, kjem dei årsverka som er i kommunal landbruksforvaltning.
Departementet har i ei årrekkje desentralisert og delegert oppgåver frå sentralt nivå til regionalt og kommunalt nivå. Samtidig har departementet lagt vekt på effektivisering og forenkling i forvaltninga. Dette har m.a. gitt seg utslag i ein reduksjon i talet på årsverk.
Mattilsynet har i dag om lag like mange årsverk som ved etableringa i 2004. Samtidig har Mattilsynet fått nye og utvida oppgåver og teke ut ein effektiviseringsgevinst på 10 pst. jf. kat. 15.10. Talet på årsverk blei redusert med om lag 6 pst. i 2007.
Statens landbruksforvaltning har hatt ein liten reduksjon i årsverk frå 2007 til 2008. Statens landbruksforvaltning har ei sentral rolle i arbeidet med fornying og forenkling for næringsutøvarane i landbruket. Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i Statens landbruksforvaltning dei siste åra for å gjere det enklare for bønder, skogeigarar og næringsmiddelindustri å kommunisere med verksemda. Denne satsinga har òg gjort det mogleg for ytre landbruksforvaltning (Fylkesmannen og kommunane) å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt.
I Reindriftsforvaltninga er det totalt 60 tilsette. Talet har vore ganske stabilt dei siste åra. Frå og med 2009 vil det skje ei endring i organiseringa av Reindriftsforvaltninga i Kautokeino ved at dei tilsette ved eit prosjektkontor blir overført til områdekontoret. Dette kan på sikt gi ein effektivitetsgevinst.
Fylkesmannen har ansvaret for forvaltnings- og utviklingsoppgåver på landbruksområdet. Finansieringa av Fylkesmannens sine oppgåver på landbruksområdet inngår i kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Talet på årsverk ved fylkesmannens landbruksavdeling var i 2000 om lag 516 medan det i 2008 er 365. Dette syner at det har vore ein reduksjon på om lag 30 pst. I etterkant av Riksrevisjonens undersøking av måloppnåing og effektivitet hos fylkesmannsembeta (Dok. nr. 3:14 (2006-2007)), har Fornyings- og administrasjonsdepartementet gjennomført ei kartlegging av forholdet mellom oppgåver og ressursar i fylkesmannsembeta i samråd med oppdragsdepartementa. Kartlegginga synte at ressursane er for knappe i forhold til dei oppgåvene Fylkesmannen skal ivareta. På bakgrunn av dette vil regjeringa foreslå å auke løyvinga til fylkesmannsembeta. Styrkinga gjeld òg landbruks- og matområdet. Ein syner elles til omtale av fylkesmannsembeta i St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Innovasjon Norge forvaltar verkemiddel og lån til rentestøtte til tradisjonelt landbruk og nye næringar. Finansieringa av Innovasjon Norge sine oppgåver inngår i kap. 2421 Innovasjon Norge under Nærings- og handelsdepartementet. I 2000 blei totalt 152 årsverk frå Statens landbruksbank og Fylkesmannen overført til dåverande Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND). I 2008 er det om lag 100 årsverk knytt til landbruks- og matområdet. Dette syner ein reduksjon på om lag 35 pst.
Kommunane har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver på landbruksområdet frå forvaltning av landbrukslovgjevinga til næringsutviklingsarbeid. Finansiering av jord- og skogbruksforvaltninga inngår i det kommunale inntektssystemet. Ved årsskiftet 2007/08 blei det gjort ei kartlegging av tilsette som arbeidde innanfor jord- og skogbruksforvaltninga i kommunane. Talmaterialet er eit grovt anslag, men syner at talet på årsverk knytt til jord- og skogbruksforvaltning har gått ned frå om lag 1 320 i 1994 til om lag 870 i 2007. Dette utgjer ein reduksjon på om lag 30 pst. Sjølv om variasjonen mellom dei ulike kommunane og fylka er stor, har talet på tilsette nådd eit kritisk nivå i enkelte kommunar. Departementet vil derfor framleis ha fokus på utviklinga i kommunane sin ressursbruk, og er oppteken av at kommunane set av tilstrekkeleg ressursar slik at oppgåvene innan jord- og skogbruksforvaltning blir løyst på ein god og forsvarleg måte. Fylkesmannen vil følgje dette opp i sin dialog med kommunane. Gjennom KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) vil det òg frå 2008 vere mogleg å følgje ressursbruken i landbruksforvaltninga i kommunane.
I tabellane nedanfor er årsverka i Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos Fylkesmannen og Innovasjon Norge splitta opp på ulike fagområde. Dei merkantile ressursane er anslagsvis fordelt på dei ulike fagområda. Kommunane inngår ikkje i denne oversikta då det ikkje er mogleg å innhente så detaljerte tal.
Departementet har valt å skilje på fagområda Reindriftsforvaltninga, Statens landbruksforvaltning, Fylkesmannen og Innovasjon Norge rapporterar på, og fagområda Mattilsynet rapporterar på. Bakgrunnen for dette er oppgåvene sin karakter og at Mattilsynet har ansvaret for oppgåver frå fleire sektorar.
Tabell 2.2 Årsverk fordelt på fagområde for Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, og landbruksrelaterte oppgåver hos Fylkesmannen og Innovasjon Norge pr. 1.1.2008.
Fagområde | Statens landbruksforvaltning | Reindriftsforvaltninga | Fylkesmannen | Innovasjon Norge | Sum årsverk |
---|---|---|---|---|---|
Areal- og samfunnsplanlegging | 20,0 | 84,2 | 104,2 | ||
Miljøretta arbeid | 13,0 | 48,3 | 61,3 | ||
Tradisjonelt jordbruk | 55,0 | 104,9 | 51,5 | 211,4 | |
Tilleggsnæring/anna næring | 14,0 | 72,2 | 48,3 | 134,5 | |
Omsetning, marknadstiltak og importvern | 76,0 | 76,0 | |||
Skogbruk | 8,0 | 55,3 | 63,3 | ||
Reindrift | 60,0 | 0,1 | 60,1 | ||
Sum årsverk | 186,0 | 60,0 | 365,0 | 99,8 | 710,8 |
Om lag 30 pst. av ressursane i forvaltninga er retta mot tradisjonelt jordbruk som husdyr- og planteproduksjon, investeringar i produksjonsbygg og produksjonsutstyr og kontroll med tilskottsforvaltninga.
Om lag 19 pst. av ressursbruken er retta mot nye næringar som femner om investeringar knytt til nye næringar i og i tilknyting til landbruket innan mat, økologisk matproduksjon og forbruk, trevirke, bioenergi, reiseliv og opplevingsproduksjon, Inn på tunet og annan grøn vare- og tenesteproduksjon.
Fagområdet areal- og samfunnsplanlegging femner om oppgåver knytt til kommunale og fylkeskommunale arealprosessar og forvaltning av landbrukslovgjevinga, og utgjer 15 pst. av ressursane.
Ressursar knytt til omsetning, marknadstiltak og importvern utgjer 11 pst.
Forvaltningsoppgåver knytt til skogbruk, m.a. tiltak for å auke avverkinga, utgjer om lag 9 pst. av ressursane.
Forvaltningsoppgåvene knytt til reindrift og tiltak for å auke marknadstilgangen for reinkjøtt utgjer 8 pst. av ressursane.
Oppgåver knytt til miljøretta arbeid utgjer 7 pst. av ressursane og femner m.a. om forureining frå landbruket, oppretthalding av kulturlandskapet, førebyggande arbeid knytt til rovvilt m.m.
Tabell 2.3 Årsverk pr. fagområde for Mattilsynet pr. 1.1.2008.
Fagområde | Årsverk |
---|---|
Landbruk | 343 |
Akvakultur og sjømat | 148 |
Næringsmiddel | 740 |
Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling | 77 |
Sum årsverk | 1 308 |
Fagområdet landbruk omfattar ressursar som rettar seg mot landbruksproduksjon. Dette gjeld m.a. tilsyn med plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd, plantevernmidlar og fòr til landdyr, samt overvakingsprogram knytt til dyrehelse. 26 pst. av årsverka i Mattilsynet er innretta mot dette fagområdet.
Fagområdet akvakultur og sjømat omfattar Mattilsynet sitt arbeid innan akvakultur og i høve til sjømatsverksemdene. Det gjeld m.a. tilsyn med sjømatverksemder, fiskehelse og fiskefor, samt overvakingsprogram knytt til fiskehelse og sjømat. 11 pst. av årsverka er innretta mot dette fagområdet.
Fagområdet næringsmiddel unntatt sjømat omfattar tilsyn retta mot m.a. næringsmiddel, næringsmiddelindustri inkl. serveringsbedrifter og drikkevatn, samt overvakingsprogram knytt til zoonosar. 57 pst. av årsverka er innretta mot dette fagområdet.
Fagområdet internasjonalt arbeid og regelverksutvikling omfattar Mattilsynet sitt arbeid med utvikling av regelverk, deltaking i internasjonale fora m.m. 6 pst. av årsverka er innretta mot dette fagområdet.
Status for området, mål og tiltak
Landbruks- og matforvaltninga har som hovudmål å gjennomføre og utvikle landbruks- og matpolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane. Til å gjennomføre politikken krev det ein strategi for ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning som legg vekt på fornying, og som er tilpassa innbyggjarane og næringsverksemdene sine behov. Målsetjinga er mindre administrasjon og meir lokal fridom som sikrar innbyggjarane betre kunnskap om, og innverknad på, politikkutforminga.
Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga innanfor sektoren. Formålet med dette har vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa. Omorganiseringane omfattar utskiljing av oppgåver frå departementet og omstrukturering av verksemder. Forutan effektiviseringsgevinstar og ressursinnsparingar som følgje av omstilling og IKT-utvikling i den enkelte verksemd, er intensjonen at dette òg skal komme næringsdrivande, næringsmiddelindustrien, brukarane og andre forvaltningsnivå til gode. Med utgangspunkt i dette blei Statens landbruksforvaltning oppretta i 2000 og Mattilsynet i 2004.
I tråd med regjeringa sitt fornyingsarbeid vil ein arbeide vidare for å styrkje, fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga. I arbeidet legg ein særleg vekt på brukarretting, openheit, effektivisering, kvalitet og medverknad. Viktig i samband med dette er å gjennomføre tiltak som minkar rapporteringsbyrda for dei næringsdrivande i sektoren og sikre betre kontroll og høgare servicenivå for brukarane, samtidig som den informasjonen forvaltninga etterspør i stor grad skal vere data som dei næringsdrivande kan gjenbruke. I tillegg står omstillingar i matforvaltninga sentralt.
Fornying skjer m.a. ved utvikling av samanhengande elektroniske tenester, og gjennom ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk som skal medverke til omstillingsdyktige verksemder og tilsette. I tillegg er det eit kontinuerleg arbeid med forenkling av regelverk og økonomiske verkemiddel.
Samfunnstryggleik, mattryggleik og beredskap er høgt prioriterte område for Landbruks- og matdepartementet.
Landbruks- og matdepartementet har ei kontinuerleg merksemd på system for intern kontroll både internt i departementet og i underliggjande verksemder. Risikostyring og rutinar for offentlege innkjøp er blant dei områda som står sentralt. I 2008 har det vore stor merksemd rundt implementering av risikostyring og verksemdene sine rutinar for offentlege innkjøp. Dette arbeidet vil halde fram i 2009.
Ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning
Omstillingar i matforvaltninga
Storparten av etablerings- og omstillingsarbeidet i Mattilsynet er gjennomført. Det viktigaste arbeidet som framleis går føre seg, er å utvikle og innføre eit nytt fagsystem/tilsynssystem, MATS (Mattilsynet sitt tilsynssystem). Dette arbeidet vil etter planen vere sluttført i 2009. Det nye systemet, som vil erstatte fleirtalet av dei 40 fagsystema som no er i Mattilsynet, gir nødvendig IKT-støtte både i tilsynsarbeidet og i saksbehandlinga, m.a. når det gjeld arbeidet med å skrive ut attestar og sertifikat og sikre betre dokumentasjon på området. MATS legg til rette for sjølvbeteningsløysingar og skjematenester for brukarane på område som godkjenningar, meldingar og rapporteringar. Løysningane kan forenkle og forbetre næringslivet si kontakt med Mattilsynet.
Mattilsynet har gjort ein gjennomgang av distriktskontorstrukturen med sikte på å omprioritere midlar frå administrasjon til utøvande tilsyn. Etter endringa vil det vere 54 distriktskontor i Mattilsynet, men talet på kontorstader vil vere om lag på same nivå som før.
eSporingsprosjektet
Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringsaktørar i heile matproduksjonskjeda for å leggje grunnlag for betre system for sporing av mat. Målet er å etablere ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda innan utgangen av 2010, jf. kat. 15.10. Eit slikt system vil innebere kvalitativ forbetring på ei rekkje områder som mattryggleik, beredskap med vidare.
Organisasjonsendringar i instituttsektoren
For å møte utfordringane innanfor FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt har departementet dei siste åra gjennomført fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Dei største tiltaka har vore etablering av Bioforsk frå 1.1.2006, Norsk institutt for skog og landskap frå 1.6.2006 og Nofima AS frå 1.1.2008.
I Nofima AS inngår Akvaforsk AS, Fiskeriforskning AS, Matforsk AS og Norconserv AS. Staten eig 56,8 pst., Stiftelsen for landbrukets næringsmiddelforskning 33,2 pst. og Møre og Romsdal fylkeskommune 10 pst. av aksjane. Fiskeri- og kystdepartementet forvaltar staten sine eigarinteresser. Ivaretaking og utøving av statens eigarskap er basert på felles utarbeid prinsipp og eit fast møteopplegg mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.
Landbruks- og matdepartementet har sterke interesser knytt til vedtaka i Innst. S. nr. 176 (2007-2008) frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskule. Dette er knytt til flytting av Veterinærinstituttet til Ås og felles lokalisering med det nye universitetet på Ås. For Landbruks- og matdepartementet er felles lokalisering og moglege faglege synergiar i samarbeid med Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Nofima AS viktig. Etableringa av det nye universitetet skal sikre god rekruttering til forsking og næringar innanfor landbrukssektoren. Landbruks- og matdepartementet ser det som avgjerande å oppnå tillit og motivasjon mellom partane i samlokaliseringssaka. Det må raskt etablerast ein god planleggingsprosess for dei krevjande faglege, organisatoriske, økonomiske og lokaliserings/bygningsmessige vurderingane som skal danne grunnlag for ein godt fungerande universitetscampus. Ein syner òg til omtale under kat. 15.20 og kap. 1137.
Landbruks- og matdepartementet har gjort ein gjennomgang av forskingsinstitutta sine vedtekter og bruk av styre. Som ei oppfølging av dette blei det våren 2008 gjort endringar slik at ein får ein klarare, enklare og meir einsarta styringsdialog.
Vidareutvikling av regional og lokal landbruksforvaltning
Regjeringa arbeider med ein forvaltningsreform som vil få innverknad på enkelte av Fylkesmannen sine oppgåver på landbruks- og matområdet, jf. St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn – regional framtid og Innst. S. nr. 166 (2006-2007). Forslag frå regjeringa var på høyring våren 2008. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein samleproposisjon hausten 2008.
I jordbruksforhandlingane for 2008 blei partane samde om at Norsk Landbruksrådgivning (tidlegare Landbrukets Forsøksringer) overtek ansvaret for å dekkje landbruket sitt behov for teknisk bygningsplanlegging frå 1.1.2010, jf. St.prp. nr. 69 (2007-2008).
Regjeringa har som mål å forsterke kommunane si rolle som førstelinje innanfor næringsutvikling. På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet tilbyr Innovasjon Norge i samarbeid med KS kommunane hjelp til å auke kompetansen innanfor småskala næringsutvikling gjennom Kommuneprosjektet. Tiltaket er òg meint å stimulere til auka interkommunalt samarbeid, nettverksbygging og erfaringsutveksling og vil styrkje og underbyggje regjeringa si satsing på lokal nærings- og samfunnsutvikling og kommunane som landbrukspolitisk aktør.
Ansvar og roller i den statlege skredpolitikken
Regjeringa har sett behovet for ein meir effektiv og styrkt bistand til førebygging av skred. I tråd med St.meld. nr. 22 (2007-2008) Samfunnssikkerhet vil regjeringa overføre ansvar for statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av skred til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Midlane til sikringstiltak er overført til Olje- og energidepartementet, jf. omtale under kat. 15.30 og kap. 1148 post 70. I tillegg er det overført 0,75 mill. kroner frå kap. 1143 post 01 knytt til administrasjon av ordninga.
Handlingsplan for forenkling i næringslivet
Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt for å kartleggje dei administrative kostnadane som næringslivet har som følgje av informasjonskrav i næringsretta regelverk. Målet er å få til monaleg lette slik at bedriftene/føretaka kan bruke meir ressursar til nyskaping og produksjon. For nærmare omtale av heile prosjektet og handlingsplanen viser ein til kap. 900 post 23 i St.prp. nr. (2008-2009) frå Nærings- og handelsdepartementet.
Når det gjeld regelverket som Landbruks- og matdepartementet har ansvar for, er kostnadene berekna til 370 millionar kroner. Dette utgjer 0,65 pst. av dei samla kartlagde kostnadene for næringslivet. Kartlegginga på landbruks- og matområdet syner vidare m.a. at 76 pst. av kostnadene gjeld opplysningar som i stor grad blir brukt internt i føretaka. Dette indikerer etter departementet si vurdering at mykje av arbeidet som føretaka har som følgje av regelverkskrava ville blitt utført sjølv utan at dei var pålagde, slik som til dømes journalkrav for dyrehelsepersonell.
Kartlegginga syner òg at 36 pst. av krava er internasjonalt fastsett, særleg som følgje av EØS-avtalen. I dette ligg at det nasjonale handlingsrommet er mindre. Dei internasjonale fastesette krava vil antakeleg auke i åra som kjem.
Dei målte kostnadene på landbruksområdet er òg relativt låge sett i forhold til verdiskapinga i næringane. I forhold til førstehandsverdien av landbruksproduksjonen utgjer kostnadene om lag 1,6 pst. Ein del av kostnadene er dessutan ikkje knytt til primærproduksjonen i landbruket, men til næringsverksemd i andre sektorar. Etter Landbruks- og matdepartementet si vurdering er det langvarige arbeidet med å utvikle gode IT-løysingar og forenklingar i regelverket ein viktig grunn til at kostnadene ikkje er vesentleg høgare.
Det er likevel rom for ytterlegare forbetringar. Departementet har derfor, med grunnlag m.a. i kartlegginga, utarbeidd 14 tiltak som inngår i handlingsplanen til regjeringa Tid til nyskaping og produksjon. Tiltaka utgjer både vidare utvikling av IKT-systema, som vil gi bedriftene fleire og betre tilbod om elektronisk rapportering og informasjon, og forenklingar i regelverk. Tiltaket som vil gi største reduksjon i kostnader er knytt til endringar i fjørfekjøttforskrifta. Det er berekna at dette vil kunne redusere kostnadene med vel 12 mill. kroner på årsbasis. Vidare er ordninga med skyssgodtgjersle til veterinærar effektivisert, krav til journalføring vil bli presisert og rapportering om dyresjukdommar forenkla. Samla kan dette gi innsparingar om lag 6 mill. kroner. Andre tiltak er t.d fleire forenklingar i høve til skogfondsordninga og betre elektroniske løysingar i samband med import og eksport av jordbruksvarer, samt bortfall av krav om panteattest ved søknad om bygdeutviklingsmidlar. Til saman kan òg desse tiltaka gi innsparingar på om lag 6 mill. kroner.
Tiltaka er dels alt gjennomførte og dels tek ein sikte på å gjennomføre desse i løpet av 2009. Netto effekt for næringane vil kunne bli noko mindre på kort sikt då det kan ta noko tid før nye IKT-løysingar blir tekne i bruk av alle næringsdrivande. Dessutan vil nye krav, særleg som følgje av EØS-avtalen, kunne føre til ei viss auke i rapporteringsbyrdene. Tilsvarande forenklingsarbeid innan EU vil på den andre sida kunne gi innsparingar.
Det blir lagt opp til ei oppdatering av kartlegginga av kostnadene våren 2009 og med nye målingar i seinare år, slik at det skal vere mogleg å følgje effektane av forenklingsarbeidet over lengre tid.
Fornying av regelverk og økonomiske verkemiddel
Landbruks- og matforvaltninga driv eit kontinuerleg arbeid for å effektivisere og forenkle saksbehandlinga innan sektoren. Dette skjer særleg ved utvikling av IKT-området, og fornying av lov og regelverk.
Forslag om endringar i eigedomslovgivinga for landbruket blei sendt på høyring i februar 2008. Forslaga har fått brei støtte og vil bli følgt opp med lovforslag til Stortinget så snart det let seg gjere. Forslaga legg til rette for meir påreknelege og målretta resultat og inneber forenklingar. Dette blir gjort m.a. ved at lovstrukturen blir foreslått endra. Det vil seie at reglane om buplikt blir samla i konsesjonslova og reglane om driveplikt etter odelslova og konsesjonslova blir flytta til jordlova. Vidare blir det foreslått at arealgrensene i konsesjonslova og jordlova blir samordna og at det skjønnsmessige kriteriet for odlingsjord blir foreslått fjerna. Desse forslaga gjer reglane enklare å forstå og etterleve samtidig som dei blir lettare å praktisere for kommunane. Landbruks- og matdepartementet tek òg sikte på å leggje fram høyringsnotat om ny jordskiftelov i 2008. Formålet er å oppdatere, revidere og forenkle lova. Sjå elles omtale under kat. 15.30.
Fornying ved bruk av IKT
Landbruks- og matdepartementet vil leggje stor vekt på at dei underliggjande verksemdene deltek i realiseringa av måla for offentleg IKT-satsing. Eit overordna mål er å realisere ei døgnopen forvaltning som mogleggjer at brukarane skal kunne finne informasjon og rette seg mot verksemdene i forvaltninga når dei sjølv skulle ønskje. Vidare vil ein arbeide med å gjere kvardagen enklare for brukarane ved å bruke IKT for å oppnå kvalitetsforbetring og auka servicenivå på tenestene. Det er òg eit mål å leggje til rette for å etablere fellesløysingar på tvers av verksemder ved å nytte opne standardar for lagring og overføring av data og felles IKT-arkitektur. I landbruks- og matforvaltninga har det over tid vore arbeidd med å utvikle elektroniske tenester, og mykje av kontakta mellom verksemdene i sektoren og målgruppa kan i dag gjerast elektronisk. Informasjonen som forvaltninga etterspør er i stor grad data som dei næringsdrivande kan gjenbruke. Ein vil framover leggje vekt på at tenester blir vidareutvikla slik at dei i større grad dreg nytte av moglegheita for informasjonsutveksling mellom verksemdene.
I samarbeid med dei underliggjande verksemdene har Landbruks- og matdepartementet etablert ein tenestekatalog. Dette skal vere eit verktøy for å skape oversikt og bidra til samhandling i samband med utvikling og bruk av elektroniske forvaltningstenester i sektoren. Den inneheld ei oversikt over nettenester, datakjelder og fagsystem og korleis desse avheng av kvarandre. Dei enkelte verksemdene skal til ein kvar tid halde tenestekatalogen oppdatert.
I tråd med føringar vedteke av regjeringa vil ein arbeide med å tilby fleire relevante tenester frå landbruks- og matforvaltninga gjennom Altinn. Regjeringa har bestemt at Altinn skal vidareutviklast, noko som vil gi fleire moglegheiter til å utvikle samanhengande tenester og utveksling av informasjon. Mattilsynet og Statens landbruksforvaltning nyttar i dag Altinn for pålogging til sine elektroniske tenester. Verksemdene i landbruks- og matforvaltninga vil samarbeide om å følgje med på og påverke utviklinga av løysninga slik at den blir mest mogleg brukarvennleg.
Statens landbruksforvaltning vil leggje vekt på å vidareutvikle nettbasert forvaltning av tilskott. Produsentane skal i aukande grad søkje om produksjons- og velferdstilskott via Internett, og kommunar og Fylkesmenn skal nytte nettbaserte saksbehandlingssystem. Målsetjinga er at 40 pst. av søknadene i 2009 blir sendt inn via Internett. Sjølvbeteningsløysing for søknad om tollreduksjon på landbruksvarer er ferdigutvikla og 90 pst. av søknadane vil kunne behandlast elektronisk. Løysing for forvaltning av pristilskott på kjøtt og mjølk vil bli vidareutvikla i 2009.
Mattilsynet vil i 2009 setje i drift dei siste delane av tilsynssystemet MATS. Systemet gjer at ein kan dokumentere tilsynsarbeidet og heve kvaliteten. Det vil òg bidra til å få eit meir einskapleg tilsyn på tvers av distriktskontora. I slutten av 2008 skal skjematenestene vere utbygd slik at ein kan søkje, melde og rapportere elektronisk òg innanfor landbruket på dyre- og planteområdet. Mattilsynet og Statens landbruksforvaltning samarbeider om å leggje til rette for å bruke Husdyrregisteret som grunnlag for utbetaling av produksjonstilskott.
Reineigarar kan rapportere til Reindriftsforvaltninga om eiga reindrift, samt søkje om tilskott elektronisk. Våren 2008 nytta meir enn halvparten av einingane denne moglegheita. Målsetjinga er å auke bruken av elektroniske tenester i 2009 og gjennom innføring av nytt elektronisk saksbehandlingssystem leggje til rette for at fleire skjema kan sendast inn og behandlast elektronisk. Reindriftsforvaltninga arbeider òg mot å kunne nytte Altinn for blant anna sikker pålogging til deira elektroniske tenester.
Landbruks- og matdepartementet sitt mål i kartpolitikken er å sikre enkel tilgang til detaljerte digitale kart og flybilete for både forvaltninga og føretaka i landbruket. Dette skjer ved deltaking i Geovekst. Landbruks- og matdepartementet vil føre vidare geovekstarbeidet frå tidlegare, der Norsk institutt for skog og landskap koordinerer og forvaltar landbrukssektoren sine interesser.
Nærmare omtale av verksemdene si IKT-utvikling er gjort greie for under den enkelte verksemd sitt budsjettkapittel.
Kommunikasjon og ei open forvaltning
Landbruks- og matforvaltninga skal vere ei open forvaltning. Departementet skal raskt gå ut med kunnskap som føreligg på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at innbyggjarane får svar på spørsmåla sine og innsyn i verksemda innan sektoren.
Enkeltsaker er ofte berre ein del av ein større samanheng, og departementet satsar derfor på å få fram dei lange linjene og samanhengane i politikken. Dette gjeld òg informasjon som ligg til dei underliggjande verksemdene. Skal Landbruks- og matdepartementet lykkast i målet om større demokratisk deltaking frå innbyggjarane, må dei ulike kanalane for informasjon utviklast vidare. Dette gjeld òg med tanke på å auke kunnskapen om politikkområdet og stimulere til ein meiningsfylt samfunnsdebatt.
Samfunnstryggleik og beredskap
Samfunnstryggleik og beredskap er prioriterte områder for Landbruks- og matdepartementet. Omsynet til liv og helse er overordna.
Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar innanfor samfunnstryggleik og beredskap er hovudsakleg knytt til produksjon av mat og mattryggleik. Regjeringas matpolitikk er basert på at maten skal vere trygg. Mattilsynet har ei sentral rolle i arbeidet med mattryggleik gjennom tilsyn, kartlegging og overvakning i matproduksjonskjeda. Det er på mange områder nødvendig med eit tett og godt samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet og andre verksemder for på best mogleg vis kunne takle krisehandtering på matområdet.
Vidare har Landbruks- og matdepartementet saman med Fiskeri- og kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet ei rolle i å bidra til at industri og handel kan oppretthaldast for å sikre forsyningar til den norske marknaden i eventuelle kriser. Beredskapssystema er basert på og dimensjonert ut frå at primærnæringane utgjer ei stabil forsyningsbase for norske forbrukarar òg i kriser. Regjeringa meiner at eit viktig bidrag til å sikre matvareforsyninga vil vere å leggje til rette for eit levande landbruk over heile landet og eit restriktivt jordvern.
Beredskapsplanar skal sikre best mogleg behandling av ekstraordinære situasjonar og auke beredskapen administrativt. Planverket i Landbruks- og matdepartementet blir justert ved jamne høve, særskilt dersom hendingar eller øvingar syner behov for dette, slik at det til einkvar tid skal vere eit høveleg reiskap til bruk ved beredskap og kriser. Det blir jamleg øvd på kriser innanfor departementet sitt sektoransvar, slik at sektoren i best mogleg grad skal vere førebudd på kriser og uønska hendingar og i stand til å handtera desse.
Landbruks- og matdepartementet har i 2008 teke i bruk eit elektronisk støtteverktøy for loggføring og avgjerder. Dette gir departementet eit verktøy for betre krisehandtering, m.a. for å sikre at avgjerder kan sporast og for å betre informasjonsdelinga.
Etatsstyring
Landbruks- og matdepartementet har delegert mykje av politikkgjennomføringa til underliggjande verksemder. Riktig styring av desse verksemdene er avgjerande for departementet si måloppnåing, og etatsstyring er derfor eit sentralt arbeidsområde i departementet.
Risikostyring og rutinar for offentlege innkjøp er blant dei områda som står sentralt. I 2008 har det vore stor merksemd rundt implementering av risikostyring og verksemdene sine rutinar for offentlege innkjøp. Dette arbeidet vil halde fram i 2009.
Dei seinare åra har dei underliggjande verksemdene fått fleire og meir samansette oppgåver. Dette har gjort etatsstyringa til ei større og meir krevjande oppgåve. Nyetableringar og større omstillingsprosessar har stilt særleg krav til styringa av verksemdene. Eit av tiltaka som har blitt sett i verk er etablering av eit etatsstyringsforum i Landbruks- og matdepartementet. Dette forumet skal ha fokus på departementets utfordringar ved å styre og følgje opp måloppnåinga i departementet sine underliggjande verksemder. Arbeidet er tett knytt mot Finansdepartementet sitt arbeid med etatsstyring.
Økonomiregelverket i staten
Siktemålet med økonomiregelverket i staten er m.a. å sikre at:
statlege midlar blir nytta og inntekter blir nådde i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader
fastsetje mål og resultatkrav blir nådde
statlege midlar blir nytta effektivt
statens materielle verdiar blir forvalta på ein forsvarleg måte
Regelverket inneber ei fornying av tidlegare regelverk m.a. gjennom større fridom til lokale tilpassingar, noko som set auka krav til dokumentasjon av rutinar og prosedyrar. Regelverket føreset m.a. at departementet og underliggjande verksemder utviklar gode og effektive kontrollrutinar basert på prinsippa om risiko og vesentlegheit. Implementering av risikostyring som del av internkontrollen i departementet og i departementet si etatsstyring er ein viktig del av dette, jf. òg kap. 1100. Risiko og vesentlegheit blir òg lagt til grunn i tilskottsforvaltninga.
Største delen av løyvingane under Landbruks- og matdepartementet er tilskott og særleg gjeld dette løyvingar til oppfølging av jordbruksavtalen. Under jordbruksavtalen, og i nokon grad under reindriftsavtalen, er det ei rekkje ordningar som har ei innretning som ikkje er tilpassa normalprosedyren for tilskottsforvaltning slik denne er fastsett i økonomiregelverket. Særleg gjeld dette i forhold til resultatrapportering, men òg andre delar av normalprosedyrane må tilpassast eller er uaktuelle, jf. nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Landbruks- og matdepartementet, side 31. Etter pkt. 6.4.2 i Bestemmelser om økonomistyring i staten kan departementet gjere avvik frå normalprosedyren for tilskottsforvaltninga når det gjeld tilskottsordningar til landbruksområdet som ikkje er tiltaksretta. Under omtalen i kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. og kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen, er det gjort nærmare greie for dette.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 123 635 | 119 815 | 127 180 |
45 | Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 701 | 2 760 | 2 760 |
50 | Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 6 700 | 247 | 247 |
70 | Tilskott til drifta av Staur gard | 200 | ||
Sum kap. 1100 | 131 236 | 122 822 | 130 187 |
Mål og strategiar
Landbruks- og matdepartementet har ansvar for å følgje opp dei retningslinjene som Stortinget og regjeringa gir for mat- og landbrukspolitikken. Departementet sitt ansvarsområde er knytt til områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, husdyrhald, ressursvern og utvikling av nye landbruksbaserte næringar. Departementet er ein viktig premissleverandør når det gjeld samfunnsoppgåver som er særs viktig for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Dette gjeld m.a. oppgåver som matproduksjon, matforsyning, trygg mat, klima- og miljøspørsmål, arealbruk, næringsutvikling og nyskaping, tilrettelegging for friluftsliv og rekreasjon, kulturvern, distriktsutbygging og utanrikshandel. Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde dekkjer heile kjeda frå primærprodusent til forbrukar. Dette inneber at forholdet til næringsmiddelindustri og annan næringsverksemd, samt sal og omsetning av landbruksvarer har fått auka merksemd.
Styrings- og forvaltningsoppgåvene innanfor departementet sitt ansvarsområde er mange og samansette. Departementet har fleire ulike roller som er knytt til politikkutvikling gjennom å utvikle og sikre det fagleg grunnlaget for politiske avgjerd i landbruks- og matpolitikken og styring og oppfølging av verksemdene. Andre sentrale oppgåveområde for departementet er kommunikasjon av landbruks- og matpolitikken for å få tilslutning og legitimitet i samfunnet, arbeid med oppfølging av internasjonale forpliktingar og sikre aktiv deltaking i internasjonale fora. Å målrette og kommunisere økonomiske og juridiske verkemiddel og avklare roller og oppgåver i departementet sitt samspel med andre offentlege og private aktørar er òg vesentleg. Dette er viktig m.a. for å leggje til rette, gi betre kontroll og høgare servicegrad for brukarane.
Organiseringa av departementet skal vere effektiv, fleksibel og tilpassa oppgåveporteføljen og rolla som sekretariat for den politiske leiinga. Ein søkjer å ha ei målretta bruk av ressursar og best mogleg utnytting av den samla kompetansen i departementet.
Departementet har med basis i gjennomgang av mål, strategiar og oppgåver gjennomført fleire omorganiseringar av verksemda dei siste åra. Målet har vore å reindyrke rollene innanfor områda mattryggleik, næringsutvikling, langsiktig ressursutnytting, forsking, innovasjon og distriktsutvikling, og ivaretaking av kulturlandskap og friluftsliv. Dette gjeld òg på det administrative og forvaltningspolitiske området.
Internasjonalt arbeid
Utforming av ny landbruksavtale har vore den mest sentrale delen av forhandlingsrunden i WTO som kom i gang i Doha i 2001. I 2004 blei det vedteke eit rammeverk som la føringar for dei vidare forhandlingane for landbruksvarer, industrivarer inkludert fisk og forenkling av handelsprosedyrar. Ministermøtet sommaren 2008 blei avslutta utan semje om ei ny WTO-avtale.
Dei viktigaste forhandlingsområda for landbruk har vore marknadstilgang for landbruksvarer, bruk av nasjonal landbruksstøtte og bruk av eksportsubsidiar. Det skulle vidare takast særleg omsyn til u-landa ved utforming av det nye regelverket.
Frå norsk side har det i forhandlingane vore eit mål å sikre at det i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald og distriktsomsyn. Dette arbeidet vil halde fram i tida som kjem.
Noreg og EU forhandlar no om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen. Desse forhandlingane blir frå norsk side vurdert i samanheng med WTO-forhandlingane. Til grunn for artikkel 19 forhandlingane ligg at desse skal førast innanfor ramma av den nasjonale landbrukspolitikken og vidare vere til fordel for begge partar. Landbruket inngår ikkje i EØS-avtalen med unntak av spørsmål knytt til dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Ei aktiv tilnærming på eit tidleg tidspunkt under utforminga av nytt regelverk på mattryggleiksområdet vil vere ein sentral del av den aktive europapolitikken som regjeringa legg opp til i St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken.
Frihandelsavtalar i regi av EFTA omfattar òg landbruk. Det blir forhandla om vilkår for marknadstilgang og nasjonal støtte. For Noreg er det viktig at desse avtalane ikkje hindrar vidareføringa av ein nasjonal landbrukspolitikk. Hausten 2008 blir det forhandla med Peru, Algerie og etter planen India.
I det internasjonale skogpolitiske samarbeidet arbeider Noreg for eit meir forpliktande samarbeid mellom landa for å ta vare på og betre forvaltninga av skogane i verda. FN sitt skogpolitiske forum (UNFF) vedtok i 2007 ei internasjonal ikkje-bindande skogavtale og eit arbeidsprogram for den vidare oppfølginga. Noreg deltek òg aktivt i samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE), som m.a. legg til rette for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg overtok leiinga av MCPFE i 2008, og har etablert eit sekretariat for prosessen. Sekretariatet er ein sjølvstendig eining, men organisatorisk knytt til Norsk institutt for skog og landskap. Leiarskapet for prosessen vil ytterlegare styrkje Noreg si rolle og innverknad i samarbeidet om skogpolitikk i Europa. Sjå nærmare omtale under kat. 15.30.
Det er eit mål for regjeringa å vidareføre Noreg si rolle som brubyggjar innan dei internasjonale forhandlingane om genressursar i Verdas Matvareorganisasjon (FAO) og i Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD).
Landbruk og klima
Landbrukssektoren har moglegheiter og utfordringar knytt til klima særleg innanfor to hovudområde; potensial for auka opptak og reduserte utslipp av klimagassar, og klimaendringane sine effektar for det framtidig norske landbruket. Jordbruket står for om lag 9 pst. av dei norske utsleppene av klimagassar samtidig som årleg netto opptak i skog utgjer rundt 30 mill. tonn CO2, eller om lag 50 pst. av dei årlege klimagassutsleppa. Samla sett står landbrukssektoren for eit monaleg netto opptak av klimagassar.
Det er uvisse knytt til deler av jordbruket sine utslepp, spesielt når det gjeld lystgass, men òg i spørsmålet om utslipp og opptak av karbon frå jordsmonnet. Det er behov for ny og påliteleg kunnskap om desse spørsmåla. Det må òg utviklast offensive tiltak som kan bli realisert innanfor rammene av ein kostnadseffektiv klimapolitikk. Regjeringa vil på denne bakgrunn leggje fram ei stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken og klimautfordringane. Utgreiing av klimaspørsmåla, meldingsarbeidet og oppfølginga seinare vil vere svært arbeids- og ressurskrevjande. Departementet har derfor etablert eit internt klimaprosjekt. Det er nødvendig å styrkje fagkompetansen og ressursinnsatsen på området og sikre at departementet har tilstrekkeleg kapasitet til å følgje opp på dette heilt sentrale området i åra som kjem.
Etatsstyring
Forvaltninga skal vere eit verktøy for utøving av sektorpolitikk og tenesteyting. Forvaltninga skal kunne styrast politisk, vere brukartilpassa, formåls- og kostnadseffektiv. Gjennom ein aktiv og målretta dialog med, og styring av dei underliggjande verksemdene, vil Landbruks- og matdepartementet følgje opp regjeringa sine forvaltningspolitiske mål. Nyetableringar og større omstillingsprosessar har stilt særleg krav til styringa av verksemdene.
Risikostyring
Landbruks- og matdepartementet har ei kontinuerleg merksemd på system for intern kontroll og risikostyring, både internt i departementet og i underliggjande verksemder. I 2007 og 2008 har det vore stor merksemd på implementering av risikostyring. Arbeidet vil halde fram i 2009 med spesielt fokus på betre integrering av risikostyring i departementet sitt styringssystem. Etter at ny lov og forskrift om offentlege anskaffingar trådde i kraft 1.1.2007 har departementet utarbeidet og implementert nye interne rutinar for innkjøp. I 2008 sette departementet i gang arbeidet med å utvikle ein innkjøpsstrategi. Arbeidet vil halde fram i 2009.
Forvaltning av eigedommar
Landbruks- og matdepartementet forvaltar ei rekkje eigedommar og ei stor bygningsmasse. Eigedommar og bygningar som ikkje lenger har vesentleg innverknad på oppnåinga av dei politiske måla på departementet sitt område vurderast avhenda. I samband med gjennomføringa av Bioforsk sin omstillingsplan blir den store eigedomsmassen som Bioforsk disponerer gjennomgått i forhold til kva forskingsverksemda har behov for framover. Departementet legg opp til at ein i løpet av hausten 2008 startar arbeidet med å avhende eigedommane Sæter og Kise i Bioforsk. Departementet legg vidare opp til å selje tomt til barnehage på Kjeller gard til Skedsmo kommune i løpet av hausten 2008.
Ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk
Landbruks- og matforvaltninga skal vere open, effektiv og yte gode tenester basert på brukarane sine behov. Det trengst kompetanse og dugleik for å kunne levere tenester av god kvalitet. Departementet har fokus på kompetanse, talent- og karriereutvikling og eit inkluderande arbeidsliv med eit sterkare mangfald. Å utvikle eit arbeidsmiljø prega av tillit, gode haldningar og etisk medvit er ei prioritert oppgåve. Dette set store krav til leiarane og til medverknad frå dei tilsette og deira organisasjonar.
Kommunikasjon og ei open forvaltning
Landbruks- og matforvaltninga skal vere ei open forvaltning. Departementet skal raskt gå ut med kunnskap som føreligg på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at innbyggjarane får svar på spørsmåla sine og innsyn i verksemda innan sektoren.
Enkeltsaker er ofte berre ein del av ein større samanheng, og departementet satsar derfor på å få fram dei lange linjene og samanhengane i politikken. Det gjeld òg informasjon som ligg til dei underliggande verksemdene. Skal Landbruks- og matdepartementet lukkast i målet om større demokratisk deltaking frå innbyggjarane, må dei ulike kanalane for informasjon utviklast vidare. Dette gjeld òg med tanke på å auke kunnskapen om politikkområdet og stimulere til ein meiningsfylt samfunnsdebatt. I tillegg til å ha mykje merksemd retta mot å hjelpe folk til å få auka kunnskap om politikkområda våre, arbeider departementet kontinuerleg med å betre beredskapen med tanke på informasjon under kriser. Dette skjer gjennom utvikling av planverk og øving på å nytte dette planverket.
Landbruks- og matdepartementet og landbruks- og matforvaltninga har dei seinare år satsa svært offensivt på internett som kanal for kommunikasjon. Brukarane skal få aktuell informasjon av høg kvalitet og tilbod om nye interaktive tenester. Departementet arbeider kontinuerleg med å utvikla vidare våre nettsider på www.regjeringen.no/lmd. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for på ein brukarvennleg måte å presentere informasjon som skapar interesse og har høg truverde. Synovate si måling av korleis folket vurderer omdømme til offentlege verksemder og organisasjonar i Noreg, syner at dette er eit arbeid som må gjerast kontinuerleg. Samtidig syner undersøkingar om i kor stor grad departementa praktiserer størst mogleg grad av offentlegheit, at Landbruks- og matdepartementet er blant dei departementa som kjem best ut.
Den offentlege postjournalen blir lagt ut på departementet si nettside. Det gir allmenta høve til å få tak i kunnskap om departementet sine fag- og politikkområde. Alle kan tinge kopiar av dokumenta, gjerne på e-post. Dokument som er opne for innsyn, blir sendt tingaren innan tre til fem dagar. Postjournalane er tilgjengeleg på nettsida i tre månader, etter dei tre månadene kan ein tinge eldre journalar ved å rette seg til departementet.
Landbruks- og matdepartementet må kjenne til den kunnskapen som finns og dei haldninganr som gjer seg gjeldande innan området for landbruk og mat. Det blir derfor jamleg gjennomført ulike undersøkingar, samtidig som departementet i sitt arbeid legg vekt på å ha brei kontakt med ulike miljø og samfunnssektorar. Ei slik kartlegging og analyse av samfunnet er nødvendig for å styrkje dialogen med eksterne interessentar og aktørar.
Resultatrapport 2007
Landbruks- og matdepartementet syner til statusomtalene under programkategoriane og dei ulike fagkapitalane.
Budsjettframlegg 2009
Post 01 Driftsutgifter
Landbruks- og matdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom sitt ansvar for landbruks- og matpolitikken. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til Landbruks- og matdepartementet.
Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved departementet og ordinære forvaltningsorgan under departementet. Posten blei redusert med om lag 2,5 mill. kroner i budsjettet for 2008. Ein legg opp til å vidareføre løyvinga uendra i 2009, og verksemdene må derfor dekkje deler av det ekstraordinære vedlikehaldet med eigne midlar i 2009.
Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp framleis blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene.
Departementet og verksemder under departementet forvaltar eigedommar og disponerer ein stor bygningsmasse. I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å selje festetomter/tomter, bygningar, areal til utbyggingsformål, veggrunn m.m. Ein gjer framlegg om at Landbruks- og matdepartementet kan selje innkjøpt og opphavleg statseigedom for inntil 8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
Departementet gjer vidare framlegg om at inntekt frå sal kan nyttast til ombygging og ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen. Ein gjer òg framlegg om at unytta meirinntekt frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten, jf. forslag til vedtak II.
Post 50 Store utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved forvaltningsorgana under departementet som får løyvd midlar over 50-postar. Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over løyvingane til verksemdene på kap. 1112 og 1141.
Post 70 Tilskott til drifta av Staur gard
Staur gard har vore i statleg eige sidan 1960 og fram til 1995 då garden blei overført til Statkorn Holding AS. Frå 1.7.2001 blei garden ført tilbake til Landbruks- og matdepartementet frå Cermaq ASA (tidlegare Statkorn Holding AS). På same tidspunkt stifta Landbruks- og matdepartementet eit heileigd driftsselskap, Staur Gård AS, for å stå for drifta av eigedommen. Det statlege eigarskapet skal sikre vidare bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve for Staur Gård AS å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir teke vare på.
Resultatrapport 2007
Det har teke tid å byggje opp den nye verksemda og det har i samband med dette blitt løyvd eit driftstilskott til Staur Gård AS. I 2007 var driftstilskottet på 200 000 kroner. Staur Gård AS hadde i 2007 eit årsresultat på 124 005 kroner. Det blei ikkje løyvd driftstilskott i 2008.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Refusjonar m.m. | 107 | 480 | 501 |
16 | Refusjon av foreldrepengar | 1 087 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 220 | ||
40 | Sal av eigedom | 1 952 | 15 550 | |
Sum kap. 4100 | 5 366 | 16 030 | 501 |
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet: | 141 308 | 155 897 | 160 227 | 2,8 |
1115 | Mattilsynet: | 1 207 115 | 1 086 120 | 1 174 102 | 8,1 |
Sum kategori 15.10 | 1 348 423 | 1 242 017 | 1 334 329 | 7,4 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet: | 18 394 | 18 278 | 18 127 | -0,8 |
4115 | Mattilsynet: | 172 171 | 125 697 | 136 042 | 8,2 |
Sum kategori 15.10 | 190 565 | 143 975 | 154 169 | 7,1 |
Mål og strategiar
Regjeringa sin matpolitikk femner om heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord.
Hovudmåla er å:
sikre trygg mat
fremje forbrukaromsyn
fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Ein legg òg vekt på:
sunt kosthald og gode matopplevingar
nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat
langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon
Regjeringa vil arbeide for å skape og utnytte synergiar mellom matpolitikken og andre politikkområde som til dømes ernærings-, forbrukar-, helse-, miljø- og næringspolitikk, samtidig som ein er medviten om at det kan vere interessemotsetnader mellom dei ulike politikkområda.
Det er aukande interesse for helse, ernæring og matkultur. Regjeringa vil møte ønskjer og påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samtidig som ein tek omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og deira valfridom. Gjennom sin Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 - 2011) - Oppskrift for et sunnere kosthold – vil regjeringa leggje til rette for at forbrukarane skal ha god tilgang til sunn og god mat som er enkel å velje.
Produksjon og omsetning av mat endrar seg gradvis frå å vere lokal til i aukande grad å bli regional eller global. Dette krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsynssystem for å sikre at maten er trygg og møter forbrukarane sine krav. For Noreg og norske matprodusentar skaper denne utviklinga både moglegheiter og utfordringar. Noreg er i dag ein av dei leiande eksportørane av sjømat. Å sikre marknadstilgangen for norsk sjømat er derfor ei sentral utfordring.
Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap. Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Dette kjem m.a. til uttrykk gjennom EØS-avtalen og avtaler knytt til WTO. Hovuddelen av norsk regelverk på matområdet er EØS-basert. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Noreg er med i Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar) og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE). Desse organisasjonane utviklar standardar som legg premissar både for regelverket i EU og for handel med andre land. Matstyresmaktene deltek òg i arbeidet under Nordisk Ministerråd og Europarådet.
Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken gjennom rettleiing, tilsyn, kartlegging og overvaking langs matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarane og gjennom å ta del i utviklinga av regelverk. Som ledd i utviklinga av regelverk utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige risikovurderingar for Mattilsynet. Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gi grunnlag for at forvaltninga av området er godt fagleg og vitskapleg fundert.
Ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd, og når det er nødvendig å handheve regelverket ved å nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig. Mattilsynet skal arbeide for å halde oppe og vidareutvikle høg tillit til matforvaltninga og matproduksjonen.
Særskilte prioriteringar frå dei enkelte matdepartementa
Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet og fastsett i kongelege resolusjonar. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom departementa.
Ansvaret etter matlova er delt. Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for alle omsyn etter matlova i innsatsvare- og primærproduksjonen, inkludert jakt, fiske og hausting av ville bestandar og viltveksande vekstar. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for plantehelse og landdyrhelse, medan ansvaret for fiskehelse ligg i Fiskeri- og kystdepartementet. Etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvar for alle reglar som er fastsett av omsyn til folkehelsa og ei rekkje reglar som både skal ivareta folkehelse og forbrukaromsyn. Døme på dette er reglar om hygiene, generelle merkereglar for mat, reglar om tilsetjings- og framandstoff og om genmodifisert materiale i mat. I tillegg har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for reglar for produksjon av drikkevatn langs heile produksjonskjeda.
Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for storparten av kvalitetsreglane og reglar som er fastsett av omsyn til aktørane langs matproduksjonskjeda, til dømes for å betre marknadstilgangen eller verne om særskilte produksjonsformer eller produktnamn. Ansvaret mellom dei to departementa er delt ut frå om reguleringa er knytt til produksjon på land eller i vatn.
Dyrevernområdet er regulert i dyrevernlova. Landbruks- og matdepartementet har ansvar for regelverk knytt til landdyr, medan Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverk knytt til fisk og krepsdyr.
Fiskeri- og kystdepartementet
Norsk sjømat skal vere trygg og av ein slik kvalitet at den blir føretrekt på den globale marknaden. Fiskeri- og kystdepartementet legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, m.a. regelverk og tilsyn, blir fastsett og utøvd på ein slik måte at ein ikkje skaper konkurransevridingar, samtidig som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.
Merksemda kring trygg og rein sjømat er stadig aukande. Ettersom det meste av norskprodusert sjømat blir eksportert, er det særs viktig at ein tek omsyn til krava i dei ulike marknadene. Ein legg vekt på kontakt med styresmakter i andre land med omsyn til å betre marknadstilgangen for sjømat. For å realisere verdiskapingspotensialet i sjømatnæringa er det ein føresetnad at fiskevelferd, fiskehelse, mattryggleik og matkvalitet er av høg standard slik at norske sjømatprodukt opprettheld og aukar sine marknadsdelar.
Den internasjonale handelen med sjømat må skje i samsvar med internasjonale avtaler og vere basert på internasjonalt fastsette standardar. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise importkrav, legg departementet vekt på at Noreg må vere leiande på risikovurderingar og forsking når det gjeld framandstoff i sjømat og helsefremjande effektar av konsum av sjømat. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale fora som fastset regelverk og standardar, som EU, Codex Alimentarius og OIE.
Forbrukarane har auka interesse for helseeffektane av å ete sjømat. Å synleggjere dei gunstige helseeffektane av sjømat er derfor viktig. Departementet legg vekt på at tilgjengeleg fagleg og vitskapleg basert informasjon når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.
Helse- og omsorgsdepartementet
Departementet legg vekt på at omsynet til folkehelsa alltid skal komme først. Når det gjeld mattryggleik, vil departementet ha særleg merksemd på at foredling og omsetning av mat går føre seg på helsemessig forsvarleg og ærleg vis, og at alt drikkevatn er trygt. Riktig, god og enkel informasjon til forbrukarane er òg viktig.
Ernæring og mattryggleik er ein del av folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet er forankra i St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge. Målet er å medverke til fleire leveår med god helse i befolkninga og å redusere helseskilnader mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Dette blir nærmare omtalt i St.meld. nr. 20 (2006-2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller.
Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 - 2011) - Oppskrift for et sunnere kosthold - presenterer regjeringa sine tiltak for å fremje helse og førebygge sjukdom gjennom eit sunnare kosthald. Planen legg vekt på å bidra til å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre, og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Tiltaka skal bidra til å jamne ut sosial ulikskap i helse.
Ernæringsarbeidet er omtalt i St.prp. nr. 1 (2008-2009) for Helse- og omsorgsdepartementet, og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har òg ei rolle, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, sunnheitsmerking av mat og overvaking av kosthaldet og matvarene sin samansetnad. Det er viktig med godt samarbeid mellom desse etatane.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon av samanhengen mellom risikofaktorar og helse er grunnleggjande føresetnader for arbeidet med å sikre trygg mat. Helse- og omsorgsdepartementet har det administrative ansvaret for Vitskapskomiteen for mattryggleik, jf. kap. 710 under Helse- og omsorgsdepartementet. Departementet legg vekt på gode rammevilkår for komiteen sitt arbeid, og god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar. Ein legg òg opp til god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA), jf. kap. 703 under Helse- og omsorgsdepartementet.
Landbruks- og matdepartementet
I ein situasjon med auka konkurranse frå omverda om den norske marknaden vil produksjon av trygg mat av høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Departementet har juridiske og økonomiske verkemiddel langs heile verdi- og produksjonskjeda for mat frå landbruket. Departementet ønskjer å styrkje heilskapen i landbruks- og matpolitikken, m.a. slik at verkemidla i næringspolitikken så langt som mogleg støttar opp om matpolitiske mål. Dette skal medverke til utvikling av ein konkurransedyktig, landbasert matvaresektor der ein tek omsyn til heile verdikjeda. Ein god og heilskapleg landbruks- og matpolitikk vil kjenneteiknast av auka verdiskaping og at produksjonen møter forbrukarane sine ønskje om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvennleg produksjon, sjå nærmare omtale i kat. 15.30.
Departementet vil ha særleg merksemd på at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at produksjonen og sluttprodukta fyller matpolitiske mål når det gjeld helse, miljø og forbrukaromsyn. Ei viktig oppgåve er òg å sikre den nasjonale matforsyninga. Verkemidla skal stimulere til ein berekraftig matproduksjon med god plante- og dyrehelse og eit etisk forsvarleg hald av dyr. Departementet vil i 2009 prioritere arbeid knytt til ny lov om dyrevelferd som vil bli lagt fram for Stortinget hausten 2008.
Departementet legg vekt på forsking og kunnskapsutvikling som kan understøtte norske synspunkt i internasjonale regelverksprosessar. Departementet vil òg prioritere forsking på dei komparative fordelane Noreg har som matproduserande nasjon, og forsking som stimulerer til utvikling av betre og sunnare produkt.
Som administrativt ansvarleg departement for Mattilsynet, vil Landbruks- og matdepartementet gjennom ein aktiv styringsdialog ha særleg merksemd mot at Mattilsynet utviklar seg i samsvar med måla for matforvaltningsreforma.
Departementet leier styringsgruppa og har administrativt ansvar for eSporingsprosjektet, eit samarbeid mellom styresmaktene og næringane som skal leggje til rette for elektronisk sporing og informasjonsutveksling i matproduksjonskjeda. Departementet vil prioritere dette arbeidet.
Mål for løyvinga
Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Bioforsk og Veterinærinstituttet. For Veterinærinstituttet syner ein òg til St.prp. nr. 1 (2008-2009) for Fiskeri- og kystdepartementet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå dei fleste av regjeringa sine matpolitiske mål og skal særleg medverke til å nå måla i matlova, dyrevernlova, dyrehelsepersonellova og kosmetikklova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon.
Budsjettframlegget under kategorien omfattar ikkje næringspolitiske verkemiddel ut over dei effektane arbeidet til Mattilsynet, Bioforsk og Veterinærinstituttet har på verdiskaping. Til dømes vil arbeidet for mattryggleik og for å fremje god plante-, fiske- og landdyrhelse medverke positivt til verdiskapinga i matproduksjonen. Likeeins vil utvikling av eit tenleg regelverk og aktiv rettleiing leggje til rette for kompetanseheving hos næringsaktørane, og i så måte støtte utvikling av næringsverksemd på matområdet.
Særskilte satsingar på matområdet
Mattilsynet sitt driftsbudsjett er foreslått styrkt med 27 mill. kroner. Satsinga skal nyttast til følgjande oppgåver:
styrkt kontroll med mattryggleik i skjelproduksjonen (8 mill. kroner)
styrkt tilsyn med fiskehelse, drikkevatn og småskalaproduksjon (8 mill. kroner)
tilsyn med ny ordning for sunnheitsmerking av mat (2,5 mill. kroner)
oppfølging av auka økologisk produksjon og omsetning (2 mill. kroner)
utvida opningstid for grensekontrollen i Troms og Finnmark (4 mill. kroner)
vidareføre arbeidet med ei smilefjesordning ved tilsyn i serveringsverksemder (2,5 mill. kroner)
I tillegg blir det gjort framlegg om å auke løyvinga til regjeringa sitt prosjekt for å leggje grunnlag for betre system for sporing av mat (eSporing) med 15 mill. kroner, jf. kap. 1115 post 23.
Status
Omstilling og organisatoriske forhold
Storparten av etablerings- og omstillingsarbeidet i Mattilsynet blei gjennomført i perioden 2004-2006. Det viktigaste omstillingsarbeidet som framleis går føre seg i Mattilsynet, er å utvikle og innføre eit nytt tilsynssystem (MATS) som etter planen vil bli sluttført i 2009. MATS er ein viktig del av Mattilsynet sitt arbeid med å få til eit meir effektivt og einskapleg tilsyn av betre kvalitet. MATS er òg viktig for å få betre dokumentasjon av status, tilsynsaktivitet og ressursbruk. MATS legg til rette for sjølvbeteningsløysingar og skjematenester for brukarane på område som godkjenningar, meldingar og rapporteringar.
I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) var det eit mål at matforvaltningsreforma samla sett skulle gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. Det er i perioden 2005-2008 samla gjort effektiviseringskutt i Mattilsynet sitt budsjett på 100 mill. kroner sidan etableringa. Dette utgjer 10 pst. av den referanseramma som effektiviseringsgevinsten blir rekna ut frå. Utover kostnadsreduksjon som følgje av effektivisering i Mattilsynet, legg departementa til grunn at matforvaltningsreforma har gitt ein kostnadsreduksjon gjennom ei meir marknadsbasert laboratorieverksemd. Sjå nærmare omtale av Mattilsynet under kap. 1115.
Faglege forhold
Mattryggleik
Generelt er mattryggleiken i Noreg god. Det er ikkje rapportert vesentlege endringar i situasjonen når det gjeld førekomst av sjukdom som kan overførast med mat eller drikkevatn.
Mattilsynet sitt tilsyn med vassverk har avdekka til dels alvorlege manglar og at det er nødvendig med forbetringar i mange norske vassverk, særleg i mindre vassverk. Mattilsynet har laga ein nasjonal handlingsplan. Tilsynet med vassverk er styrkt. Klimaendringar kan gi nye utfordringar i forsyninga av godt og trygt drikkevatn, både når det gjeld kjelder for råvatn og leidningsnettet.
Matlovgivinga krev at verksemdene skal kunne dokumentere sporing eitt ledd framover og eitt ledd bakover i matproduksjonskjeda. Evalueringar etter E. coli-saka og andre saker knytt til mattryggleik, både når det gjeld smittestoff og framandstoff, har vist at det er ønskeleg å etablere sporingssystem som går utover krava i lova, for å få betre sporing mellom dei ulike produksjons- og distribusjonsledda. Regjeringa gjennomfører eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringane for å få til eit betre elektronisk system for sporing av mat som både styresmaktene og næringsaktørane kan nytte. Sjå nærmare omtale i avsnittet om gjennomføring av politikken.
Gjennom fleire år har tilsynet med serveringsverksemder avdekka manglar og potensial for forbetringar. Mattilsynet vidarefører pilotprosjektet med bruk av smilefjes for å gjere opplysningar om den hygieniske standarden i serveringsverksemder lett synlege for forbrukarane. Det er planlagt å evaluere pilotprosjektet i 2008.
Plante-, fiske- og landdyrhelse
Noreg har generelt god plantehelse. Dei siste åra er det rapportert fleire tilfelle av den frykta skadegjeraren kvit potetcystenematode (potetål). Bakteriesjukdommen pærebrann er ein svært skadeleg sjukdom på m.a. eple og pære. Sjukdommen ser no ut til å vere under kontroll, men er framleis viktig å overvake og kontrollere. Det er våren 2008 utarbeidd ein handlingsplan for nedkjemping av iberiaskogsnigelen. Tiltak for å hindre introduksjon av furuvednematoden er styrkt.
Helsetilstanden i norsk havbruk har i mange år vore relativt god, men utviklinga dei siste par åra gir grunn til uro. Sjukdommen hemoragisk virusseptikemi (VHS) blei i 2007 påvist hos laksefisk, for første gang sidan 1974. Situasjonen når det gjeld infeksiøs lakseanemi (ILA) i Nord-Noreg er urovekkjande, og det er auka førekomst av fleire av dei mindre alvorlege sjukdommane og produksjonslidingane. Kontrollen med sjukdom er òg viktig med tanke på å minske smittepresset i miljøet og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Bruken av antibiotika i havbruksnæringa er svært låg. Handtering av sjukdomsutbrot i havbruksnæringa er ressurskrevjande for Mattilsynet.
Landdyrhelsa i Noreg er framleis generelt god, særleg med omsyn til dei mest alvorlege smittsame sjukdommane. Mattilsynet har i 2008 oppdatert den faglege beredskapsplanen for den smittsame drøvtyggarsjukdommen blåtunge. Tilstanden er òg god når det gjeld sjukdommar som smittar frå dyr til menneske (zoonosar).
Klimaendringar kan gi nye utfordringar for å halde oppe god plante-, fiske- og landdyrhelse. Både furuvednematoden og blåtunge er aktuelle døme.
Velferd hos fisk og landdyr
Det er òg i 2008 avdekka fleire hendingar med store lidingar for dyr på grunn av manglande fôring og stell. Landbruks- og matministeren tok våren 2008 eit initiativ for å auke samhandlinga mellom næring og styresmakter og utnytte landbruket sitt organiserte nettverk for å møte dei utfordringane som ligg i å fange opp og hindre slike hendingar. Mattilsynet har sett ned ei eiga gruppe som skal gå gjennom hendingane for å sjå om det er spesielle forhold som ein kan lære av og ha nytte av i det førebyggjande arbeidet.
Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring i dyrevelferdsarbeidet. I delar av landet er flåttboren sjukdom og alveld eit aukande problem. Hovuddelen av auken i tap av dyr på beite dei siste 15 åra skuldast rovviltangrep. Regjeringa legg vekt på aktiv forvaltning av rovviltbestanden, m.a. ved at talet på rovvilt skal haldast så nær bestandsmåla som mogleg. Løyvinga til førebyggjande tiltak mot rovviltangrep er styrkt i revidert nasjonalbudsjett for 2008 og i budsjettframlegget for 2009 frå Miljøverndepartementet. Det er òg sett i verk tiltak for meir effektiv felling av skadegjerande rovvilt, m.a. ved at det er opna for å kompensere jegerar for tapt arbeidsinntekt når dei tek del i langvarige fellingsforsøk i kommunal regi.
Det er auka merksemd omkring fiskevelferd. Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk rette forhold. Det er derfor gitt nye reglar om velferd ved slakting av oppdrettsfisk. Samtidig held arbeidet med å utvikle gode velferdsindikatorar fram. EFSA har nyleg gjennomført ei vitskapeleg vurdering av velferd hos oppdretta atlantisk laks. Generelt er det få anbefalingar som det ikkje allereie er teke omsyn til i næringa og i norsk regelverk.
Forbrukaromsyn som merking og kvalitet
Mattilsynet har gjennomført høyringar og gitt innspel til den heilskaplege gjennomgangen som EU gjennomfører knytt til det omfattande regelverket om merking av mat.
Det blir arbeidd vidare med ein heilskapleg revisjon og forenkling av ulike forskrifter om matkvalitet.
Andre mål
Sunt kosthald og gode matopplevingar
Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 - 2011) - Oppskrift for et sunnere kosthold - legg vekt på å bidra til å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre, og å styrkje kunnskapen om mat, kosthald og ernæring. Tiltaka skal òg bidra til å jamne ut sosial ulikskap i helse.
Helsedirektoratet og Mattilsynet har med utgangspunkt i eit nordisk samarbeid utarbeidd forslag til ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer. Forslaget er sendt til høyring.
Merksemd kring matglede og god matkvalitet er òg viktig for at forbrukarane skal bli medvetne om samanhengen mellom mat og helse. Ei rekkje tiltak er sett i verk. Det blir gjennomført prosjekt med sikte på å auke tilbodet av lokalprodusert mat og frukt og grønt til barn og unge. Andre tiltak er m.a. Smakens Uke for skoleelevar samt synleggjering og premiering av serveringsstader som tilbyr gode og sunne lokale matrettar. I tillegg kjem Fiskesprell som er eit landsdekkande prosjekt med aktivitetar som skal få ungar i barnehagar og i grunnskolen til å lære og like fisk. Alle elevane i ungdomsskolen får i mat- og helsefaget gratis Kokebok for alle - Fra boller til burritos med oppskrifter på lettvint, god og sunn mat.
Oppfølging av Handlingsplanen omfattar ei rekkje andre tiltak, og er nærmare omtalt i St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Helse- og omsorgsdepartementet.
Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon skal m.a. få fram eit mangfald av matprodukt og stimulere til nyskaping i norsk landbasert matproduksjon, sjå omtale under kat. 15.30. Mattilsynet har òg i denne samanhengen ei viktig rettleiingsoppgåve om regelverket.
Fleire tiltak for betre mattryggleik, m.a. pilotprosjektet med bruk av smilefjes for å informere forbrukarane om dei hygieniske tilhøva i serveringverksemdene, vil òg gi effektar som støttar opp under verdiskapinga i dei verksemdene som etterlever krava etter matlova.
Oppfølging av matlova sitt mål om å fremje god plante-, fiske- og landdyrhelse medverkar til å auke verdiskapinga i næringane.
Tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat
For å leggje til rette for marknadstilgang har Mattilsynet hatt kontakt med styresmaktene i ei rekkje land. I mars 2008 var det møte i den felles norsk-russiske arbeidsgruppa for import og eksport av fisk og fiskeprodukt. Frå russisk side er det sidan årsskiftet opna for import av oppdrettsfisk frå tre nye verksemder. Det er òg gjort lettingar i midlertidige restriksjonar for import frå nokre pelagiske anlegg.
Gjennomføring av politikken
Arbeidet for mattryggleik har som mål å redusere risikoen for sjukdommar som kan bli overført med smittestoff og framandstoff i mat eller drikkevatn, både på kort og lang sikt. Produksjon og omsetning må finne stad under gode hygieniske forhold slik at smittestoff og framandstoff ikkje blir ført over til menneske med mat eller drikkevatn. Å halde oppe den gode norske landdyrhelsa, som er eit resultat av mange års systematisk arbeid i næring og forvaltning, er viktig for mattryggleiken.
Det er framleis nødvendig med stor innsats for å sikre gode rutinar og god hygiene i heile matproduksjonskjeda slik at førekomsten av smittestoff og framandstoff som kan bli overført med mat eller drikkevatn, blir så låg som mogleg. Særleg er det viktig med effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i alle verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka. Dette gjeld ikkje minst i småskalaverksemder og serveringsverksemder. Med utgangspunkt i den handlingsplanen som er utarbeidd, vil ein styrkje tilsynet med drikkevatn.
Maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt innanlands eller er importert. Ansvaret for dette ligg hos verksemdene. Tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda, medverkar til at sluttprodukta er trygge. Tilsyn med sluttprodukt er framleis nødvendig for å sikre og dokumentere at dei samla tiltaka i kvar del av matproduksjonskjeda har ønska verknad.
Tilsynet med mattryggleik i skjelproduksjonen vil bli styrkt i samsvar med krava i det nye regelverket om kontroll med næringsmiddel frå dyr.
Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet. For å kunne overvake inntaket, må ein ha kunnskap om kor mykje folk et av dei ulike matvarene og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider m.a. med Helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande inntaksdata og utvide talet på matvarer som ein har inntaksdata for.
Kravet til å ha system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekkje desse tilbake på ein effektiv måte og gi riktig og klar informasjon til Mattilsynet og forbrukarane.
Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringsaktørar i heile matproduksjonskjeda for å leggje grunnlag for betre system for sporing av mat. Målet er å leggje til rette for etablering av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda innan utgangen av 2010. Tilgangen og kvaliteten på grunndata er viktig. Ein viktig del av prosjektet er derfor å betre kvaliteten på, tilgangen til og samordninga av grunndata. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap, auka mattryggleik og auka verdiskaping i alle ledd. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1115 post 23 til dette arbeidet med 15 mill. kroner.
Merking av mat er eit viktig forbrukaromsyn som har stor merksemd frå forbrukarane, matvarebransjen og styresmaktene. Merking er viktig for ærleg produksjon og omsetning, for at forbrukarane skal få riktig informasjon, og for at dei lettare skal kunne velje sunn mat. Det vil derfor bli lagt stor vekt på norsk medverknad i arbeidet med den nye forordninga om matinformasjon, som no går føre seg i EU.
Som ledd i oppfølginga av Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007-2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold, er eit forslag til ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer sendt til høyring. Forslaget er utarbeidd i eit samarbeid med svenske og danske styresmakter. Med utgangspunkt i høyringa tek ein sikte på å etablere ordninga i 2009.
Merking av opphavet til matvarer er òg eit sentralt forbrukaromsyn i matpolitikken. Ei rekkje aktørar har utvikla eigne ordningar for slik frivillig merking. Det blir òg arbeidd med sikte på å innføre krav om merking av opphav på storfekjøtt i serveringsverksemder.
Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007-2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold legg opp til å auke inntaket av fisk og sjømat. Regjeringa har lagt fram ein strategi som skal medverke til auka leveransar av fersk fisk av høg kvalitet til forbrukarane. Betre kontinuitet i tilførsel av råstoff, meir forbrukarvennleg merking, auka vektlegging av kvalitet samt betre samhandling mellom aktørane i verdikjeda er hovudelementa i strategien. Det blir arbeidd med sikte på å innføre merking av fangst- og slaktedato for fersk fisk i Noreg.
Som del av oppfølginga av St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken, har dei tre departementa med fagansvar på matområdet utarbeidd felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU. Det er identifisert fleire viktige innsatsområde. Det er lagt opp til at ein regelmessig skal oppdatere prioriteringane.
Produksjonen av varer med genmodifisert innhald er aukande på verdsbasis. Dette gjer det vanskelegare å få tilgang til visse GMO-frie innsatsvarer. Departementa legg derfor vekt på å støtte opp under og påverke utviklinga av regelverk i EU slik at ein får minst mogleg innblanding av GMO i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Mellom anna arbeider ein for ei nullgrense når det gjeld innblanding i såfrø. EU har utarbeidd retningslinjer for dyrking av GMO-vekstar som skal hindre overføring av GMO til konvensjonell eller økologisk produksjon. Det er i dag ikkje godkjent nokon GMO-vekst for dyrking i Noreg, og ein vil halde fram med ei svært restriktiv linje. Ein vil leggje vekt på oppfølging av GMO-regelverket, m.a. når det gjeld korrekt merking.
Verdiskapinga i fiskeri- og havbruksnæringa er aukande. Om lag 95 pst. av produksjonen blir eksportert. Det må leggjast vekt på dei krava næringa står overfor nasjonalt og internasjonalt. Auka produksjonsvolum i havbruksnæringa krev sterk merksemd på helsetilstanden. Smittsame sjukdommar er den enkeltfaktoren som gjennom åra har påført norsk havbruksnæring dei største tapa. Utviklinga i sjukdomssituasjonen gir grunn til uro. Arbeidet for å fremje god fiskehelse vil derfor bli styrkt.
Klimaendringar og aukande import av planter og plantemateriale aukar risikoen for introduksjon av framande/nye planteskadegjerarar. Matdepartementa vil leggje vekt på å ivareta sektoransvaret for regjeringa sitt arbeid med tiltak mot framande skadelege artar. Departementa vil følgje opp desse spørsmåla aktivt i tida framover.
Når det gjeld avlsmateriale og rogn, kan Noreg vise til både god landdyr- og fiskehelse. God dokumentasjon av avlseigenskapar er eit stort konkurransefortrinn. Eksporten av avlsmateriale aukar stadig, noko som bidreg til auka verdiskaping på dette området i Noreg.
Det er framleis nødvendig med aktivt arbeid nasjonalt og internasjonalt for å finne gode løysingar for å førebygge og kontrollere kjente og nye sjukdommar som angrip dyra. Klimaendringar kan føre til at ei rekkje sjukdommar blir meir utbreidde, og kan spreiast raskt om dei kjem til landet. Det gjeld spesielt dei som blir overførte med sjukdomsberarar som til dømes flått og sviknott. Med omsyn til m.a. blåtunge og fugleinfluensa vil ein leggje vekt på å føre vidare det gode samarbeidet mellom styresmakter, næring og relevante institusjonar.
I delar av landet er det svakt inntektsgrunnlag for å drive privat veterinærpraksis. Frå 1.1.2008 er ansvaret for tilfredsstillande tilgang til veterinærtenester lagt til kommunane. Det blir lagt opp til å føre vidare ei øyremerka løyving til arbeidet med tilfredsstillande tilgang til veterinærtenester, sjå nærmare omtale under kap. 1143 post 60.
Det vil bli lagt auka vekt på arbeidet for god dyrevelferd, inkludert oppfølging av tiltak omtalt i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd. Regjeringa vil hausten 2008 leggje fram for Stortinget eit utkast til ny lov om dyrevelferd. Med denne lova vil ein få eit betre grunnlag for å følgje opp utfordringane knytt til dyrevelferd hos fisk og landdyr. Arbeidet med å finne alternativ til bruk av forsøksdyr vil bli ført vidare.
Mattilsynet har ei viktig rolle i gjennomføringa av matpolitikken og departementa legg vekt på aktiv oppfølging av etaten, sjå nærmare omtale i kap. 1115.
Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet | 72 733 | 79 071 | 80 573 |
51 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk | 50 492 | 58 743 | 61 227 |
52 | Støtte til fagsentra, Bioforsk | 18 083 | 18 083 | 18 427 |
Sum kap. 1112 | 141 308 | 155 897 | 160 227 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Instituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og tilpassa forvaltningsstrukturen med basisfinansiering frå Noregs forskingsråd, jf. kap. 1137 post 51.
Veterinærinstituttet mottek løyving til oppgåvene innan dyrehelse og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyving til oppgåvene innan fiskehelse og sjømattryggleik ligg på Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett.
Instituttet har kunnskap innan fagområde som er viktige for oppdaging, førebygging og nedkjemping av sjukdommar. Slik kunnskap er viktig som grunnlag for vedtak i forvaltninga og som støtte til utvikling av ulike samfunnsektorar. Veterinærinstituttet er ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneområda, primært til Mattilsynet, men òg til departementa og Vitskapskomiteen for mattryggleik.
Instituttet har regionale laboratorium i Sandnes, Bergen, Trondheim, Harstad og Tromsø. Hovudkontoret ligg i Oslo.
Mål og strategiar
Veterinærinstituttets hovudmål er å vere ein viktig nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap innan mattryggleik og innan helse og velferd hos dyr og fisk.
For å nå desse måla må instituttet m.a.:
vidareføre forskinga innan kjerneområda til instituttet
styrkje beredskap, diagnostikk, overvaking og referansefunksjonar gjennom forsking og effektivisering
gi høg prioritet til sjukdommar og smittestoff frå dyr og mat som kan påverke helsa hos menneske
vidareutvikle velferd hos dyr som fagområde
ha ein organisasjonsstruktur som er optimal for verksemda
styrkje samarbeidet med nasjonale og internasjonale institusjonar
Med sin kunnskap skal Veterinærinstituttet medverke til ei lønnsam og levedyktig næring tilknytt forvaltningsområdet.
Resultatrapport 2007
Veterinærinstituttet tek del i overvaking av dyrehelse og mattryggleik på ulike måtar. Det skjer dels ved innsendt materiale til undersøking, dels via aktiv overvaking på oppdrag frå Mattilsynet og dels ved den overvakinga som følgjer av oppgåva som nasjonalt referanselaboratorium.
Veterinærinstituttet har brei kompetanse innan sine kjerneområde. Denne kompetansen blir i auka omfang nytta til rådgiving til Mattilsynet og til departementa i samband med regelverksutvikling eller ved utarbeiding av strategiar for nedkjemping eller overvaking. I 2007 har kompetansen innan epidemiologi og populasjonsmedisin blitt nytta i større grad enn tidlegare.
Helsesituasjonen hos norske dyr er generelt god. Dette gjeld både produksjonsdyr, familie- og sportsdyr og ville dyr. Særleg er situasjonen god når det gjeld smittestoff hos dyr som kan gi sjukdom hos menneske. Den gode helsa hos husdyr i Noreg er eit resultat av mange års målretta arbeid der styresmakter og næringar har deltatt. Veterinærinstituttet har hatt ei sentral rolle i dette arbeidet ved god beredskap og overvaking, og med rådgiving om tiltak for å nedkjempe, kontrollere og førebygge sjukdommar.
Bakteriar som er resistente mot fleire typar antibiotika, blir i aukande grad påvist hos dyr i Noreg. Desse bakteriane kan bli overført frå dyr til menneske, noko som kan få alvorlege følgjer.
Smittestoff som er vanlege i Sør-Europa har i 2007 spreidd seg til Noreg eller våre naboland. Eit døme på dette er blåtunge hos storfe og småfe. Denne sjukdommen er ikkje påvist i Noreg. Veterinærinstituttet har i 2007 påvist infeksjonar med Leishmania og Sporothrix hos familiedyr. Dette er sjukdommar som er vanlege i Sør-Europa.
Kompetansen innan helse- og sjukdomsdata har blitt vidareutvikla. Veterinærinstituttet har lagt vekt på å gjøre slik informasjon tilgjengeleg på internett.
Veterinærinstituttet har landsdekkjande beredskap innan sine kjerneområde. I 2007 har det ikkje vore alvorlege hendingar innan landdyrhelse og mattryggleik. Beredskapen, særleg den interne og eksterne samhandlinga, blei prøvd ved eit utbrot av fiskesjukdommen VHS.
Veterinærinstituttet blei i 2007 oppnemnt som nasjonalt referanselaboratorium for ei rekkje dyresjukdommar, for viktige zoonotiske agens og for ulike toksiske stoff i mat og fôr.
Veterinærinstituttet opplever aukande etterspurnad etter diagnostiske og analytiske tenester innan dyrehelse og mattryggleik. Patologi er framleis grunnleggjande som diagnostisk metode, men resultata frå obduksjon må supplerast med mikrobiologiske, parasittologiske og kjemiske undersøkingar med sikte på nærmare klarlegging av årsakstilhøva. Repertoaret av ulike metodar, m.a. metodikk basert på genteknologi, blir stadig betre. Eit døme på dette er at Veterinærinstituttet i 2007 publiserte ein metode for påvising av ukjent GMO i fôr og mat. Det er utvikla nye metodar for å påvise allergiframkallande stoff i mat. Arbeidet med matallergi skjer i samarbeid med Folkehelseinstituttet.
Veterinærinstituttet har bygd opp kompetanse innan dyrevelferd. I 2007 blei sekretariatet for medlemsorganisasjonen Norecopa etablert ved Veterinærinstituttet. Norecopa skal arbeide for å finne alternativ til bruk av forsøksdyr.
Sjukdommar hos ville dyr får stor merksemd og instituttet får i aukande omfang heile dyr eller materiale frå dyr til undersøking.
Veterinærinstituttet har nasjonale og internasjonale samarbeidspartar innan ulike område. Kontakten med fagmiljø i EU er utvida ved at Veterinærinstituttet deltek i ulike nettverk av fagekspertar. Oppgåva som nasjonalt referanselaboratorium har òg ført til meir kontakt med utanlandske fagmiljø. Veterinærinstituttet har eit omfattande samarbeid med Norges veterinærhøgskole. Kontakten med andre fagmiljø er styrkt i 2007. Det gjeld m.a. samarbeid innan fagområdet miljø og helse.
I 2007 tok Veterinærinstituttet over verksemda til VESO (Veterinærmedisinsk Oppdragssenter) Trondheim. Medarbeidarane som blei overført har stor kompetanse om m.a. tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Overtaking av denne verksemda inneber fleire oppgåver for instituttet innan miljøområdet.
Veterinærinstituttet har i dei seinare år styrkt arbeidet med samfunnskontakt. I 2007 utvikla instituttet nye nettsider, noko som resulterte i større interesse frå media for informasjon om arbeidet ved instituttet.
Veterinærinstituttet har teke i bruk nye prosedyrar og rutinar knytt til innkjøp. Det er òg utvikla betre opplegg for styring og planarbeid i samband med styrking av leiaroppgåvene ved instituttet.
Budsjettframlegg 2009
Med bakgrunn i budsjettsituasjonen legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlag er posten redusert med 2 mill. kroner.
Veterinærinstituttet vil vidareføre kjerneoppgåvene knytt til beredskap, diagnostikk, referansefunksjonar, overvaking og rådgiving og skal framleis vere ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneverksemdene primært til Mattilsynet, men òg til departementa og Vitskapskomiteen for mattryggleik. Veterinærinstituttet skal ha habilitet og integritet som produsent og formidlar av forskingsbasert kunnskap.
Kunnskapsutvikling og -formidling innan fagområda er ein viktig del av instituttets verksemd. Veterinærinstituttet skal gi Mattilsynet raske og kvalitetssikra svar, samt råd og forskingsbaserte vurderingar innan infeksjonsmedisin og toksikologi der Mattilsynet treng dette for dei tiltaka som dei skal setje i verk for å nedkjempe, førebyggje eller kontrollere sjukdommar. Veterinærinstituttet må vidareutvikle kompetansen om behandling av helse- og sjukdomsdata innan kjerneverksemdene for å kunne gi optimal rådgiving til Mattilsynet og grunnlagsmateriale til Vitskapskomiteen for mattryggleik.
Evna til rask og sikker diagnostisering er viktig i beredskapen mot alvorlege smittsame dyresjukdommar og når det gjeld sjukdommar som kan overførast frå dyr til menneske (zoonosar). For å kunne møte utfordringane er det viktig med kompetanse om førebygging, overvaking og nedkjemping av sjukdommar hos produksjonsdyr, familiedyr og ville dyr, samt om smittestoff i fôr og mat. Ved akutte hendingar vil Veterinærinstituttet òg ha ei oppgåve i å framskaffe informasjon basert på epidemiologisk og kartografisk kunnskap og kompetanse.
Kunnskapen ved Veterinærinstituttet blir tilpassa utviklingstrekk i dyrehald, driftsformer og annan relevant samfunnsutvikling. Mellom anna må ein i større grad enn tidlegare vere budd på nye sjukdommar og tilstandar grunna til dømes klimaendringar. Døme på ein sjukdom med auka aktualitet er blåtunge som i seinare tid har spreidd seg til Nord-Europa.
Sjukdommar hos ville dyr er eit viktig område både av omsyn til dyra sjølve, og av omsyn til risikoen for smitte til husdyr og menneske. Helsa hos ville dyr kan òg vere ein indikator på helsetilstanden i økosystemet. Veterinærinstituttet vil vidareføre arbeidet med å byggje opp og formidle kunnskap om helse og sjukdommar hos viltlevande dyr.
Mange faglege problemstillingar på matområdet krev kunnskapsutveksling mellom ulike fagmiljø. Det må derfor leggjast vekt på samarbeid med andre kunnskapsinstitusjonar. Dei regionale laboratoria er viktige i instituttet sitt arbeid for å fange opp nye sjukdommar og overvake sjukdommar og helseproblem.
Sopp og giftstoff frå sopp er årsak til sjukdommar hos dyr og menneske. Fôr og mat kan vere ei viktig kjelde for slike stoff. Veterinærinstituttet skal vidareutvikle kunnskapsproduksjonen innan området.
Veterinærinstituttet har ei viktig rolle ved å vidareutvikle metodar for påvising og mengdebestemming av GMO i fôr og mat, og å framskaffe kunnskap som grunnlag for risikovurderingar i samband med bruk av produkt med GMO.
Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for fleire alvorlege sjukdommar hos dyr og fisk og for zoonotiske smittestoff i fôr og mat. Oppgåvene som referanselaboratorium er omfattande og krev stor innsats.
Veterinærinstituttet vil vidareføre arbeidet med å styrkje og formidle kunnskap om velferd hos dyr. Instituttet må ha brei kompetanse knytt til velferd hos landdyr. Instituttet skal drifte sekretariatet for Norecopa, Plattform for alternativ til bruk av forsøksdyr, samt ivareta sekretariatsoppgåver for Rådet for dyreetikk.
Internasjonalt arbeid, m.a. samarbeid og kontakt med vitskaplege institusjonar i andre land, må utviklast vidare. Dette gjeld òg samarbeid med dei nye medlemslanda i EU.
Kompetansen ved instituttet skal òg kunne nyttast av andre offentlege institusjonar og næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at tilliten til instituttet som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka og slik at statlege midlar ikkje verkar konkurransevridande samanlika med andre aktørar i marknaden.
Stortinget har vedteke å flytte Veterinærinstituttet Oslo til Ås. Instituttet vil leggje vekt på å vidareføre den faglege og organisatoriske utviklinga samtidig som ein tek aktivt del i planlegginga av etablering på Ås.
Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk
Bioforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter med basisfinansiering frå Noregs forskingsråd, jf. kap. 1137 post 51.
God og relevant kompetanse er avgjerande for å nå Bioforsk sine mål og levere resultat av høg samfunnsnytte. Bioforsk har ein fagleg profil som er både sektororientert og sektorovergripande og femnar slik sett om både næringsretta og forvaltningsretta forsking og utvikling (FoU). Bioforsk har eit stort mangfald i fag og kompetanse, men med ei intern organisering med klart definerte fagområde og faglege ansvarslinjer. Kjerneverksemda ligg innanfor landbruk/matproduksjon og miljø/ressursforvaltning.
Tildelte midar under kap. 1112 post 51 finansierer Bioforsk sitt arbeid med å gi fagleg grunnlag for verksemda til forvaltninga, der måla er å utvikle kunnskap som skal medverke til følgjande:
effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet
miljøvennlege produksjonsformer, inkludert økologiske
god plantehelse
berekraftig, langsiktig jordbruk
trygg mat fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff
redusert avrenning frå jordbruksareala
klima –og energivennleg landbruk
kommunikasjon og samfunnskontakt
Resultatrapport 2007
Aktivitetane innanfor kunnskapsutvikling, beredskap og kompetanse på matområdet har eit langsiktig perspektiv. Hovudmålsetjinga er å bidra til trygg mat og sikre grunnlaget for framtidig matproduksjon gjennom aktivitetar på følgjande områder:
Effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet
Ein viktig funksjon er, gjennom testing av ulike agronomiske eigenskapar, utprøving av nye plantesortar for å sikre god dyrkingsteknikk og stabile avlingar. Vidare er framskaffing av klimadata gjennom landbruksmeteorologisk teneste ein viktig funksjon som grunnlag for varsling av planteskadegjerarar. Ein avtale mellom Meteorologisk institutt og Bioforsk blei inngått i 2007. Avtalen representer eit banebrytande institusjonelt samarbeid som òg sikrar enklare dataflyt mellom forskingsmiljøa ved dei to institutta. Ei anna vesentleg verksemd er kunnskapsutvikling for meir kostnadseffektiv grovfôrproduksjon som i 2007 m.a. har vore retta inn mot lønnsam beitebruk og fôrkvalitetsprognosar. Det er òg aktivitetar til dømes innanfor dyrkingsteknikk i samband med frøavl for å sikre tilgang til velegna engfrø i Noreg. Kunnskapsutvikling som har til særleg formål å støtte opp om utviklinga av landbruket i Nord-Noreg er òg døme på ein viktig aktivitet.
Miljøvennlege produksjonsformer, inkludert økologiske
Aktiviteten har i 2007 vore innretta i forhold til regjeringa sine politiske målsetjingar for økologisk landbruk. Mellom anna har ein søkt auka kunnskap omkring forhold som hemmar omlegging til økologisk landbruk, og korleis verkemidlar kan fungere for å stimulere til auka omlegging. Målet om å redusere bruken og risiko ved bruk av plantevernmiddel er følgt opp ved å vidareutvikle metodar, slik at kjemiske middel berre blir brukt når det påviseleg er nødvendig. Den nettbaserte tenesta Varsling innan planteskadegjerarar (VIPS) er eit viktig verkemiddel i så måte både for produsentar og rådgjevarar for å sikre optimal kontroll av skadegjerarar i jord- og hagebruk. I 2007 fylte tørråtevarslinga i potet 50 år. Bioforsk har òg spesiell merksemd på prognoser og varsling i frukt og bær, der varsling for rognebærmøll er sentral.
God plantehelse
Ein monaleg del av verksemda har vore kunnskapsstøtte til Mattilsynet. Ein viktig aktivitet er utvikling av sjukdomsfritt plantemateriale, der Bioforsk er ansvarleg for å vedlikehalde og oppdatere ein vevskulturbank av aktuelle sortar og foredlingslinjer, med særskild vekt på å reinse og oppretthalde eit virusfritt klonformert materiale av jord- og hagebruksvokstrar. Planteklinikken i Bioforsk mottok i 2007 605 prøvesendingar der det blir gjort diagnostikk av plantemateriale for ulike brukargrupper. Klinikken nyttar forskarar som er spesialistar på dei ulike gruppene av skadegjerarar.
Berekraftig, langsiktig jordbruk
God ressursutnytting krev stadig oppdatert kunnskap kring dei langsiktige effektane av ulike dyrkingssystem og dyrkingsmetodar. Ei rekkje langvarige forsøksseriar i ulike landsdelar gir svært viktige opplysningar om berekrafta til ulike system, som m.a. no òg vil vere av stor verdi ved spørsmål knytt til klimaendringane. Som eit ledd i å sikre ei balansert næringsforsyning til ulike vekstar, analyserer Bioforsk årleg prøver for mineralisert nitrogen i dei viktigaste jordbruksområda, noko som gir grunnlag for optimal nitrogentilførsel og dermed reduserte tap til miljøet.
Trygg mat fri for restar av plantevernmiddel og andre uønska stoff
Rettleiingsprøving av plantevernmiddel står sentralt i denne verksemda og er ein viktig oppfølging av godkjenningsprøvinga av plantevernmiddel. Feltforsøka med rettleiingsprøving har ein viktig effekt gjennom i praksis å vise vegleiarar/brukarar effektar av ulike plantevernmiddel og dosar av desse. Det er òg gjort eit monaleg arbeid knytt til kjemiske analyser av restpesticid i ulike vegetabiler.
Redusert avrenning frå jordbruksareala
Jordovervakingsprogrammet (JOVA) gir viktig informasjon om miljøverknadene av norsk landbruk, som m.a. vil vere til stor nytte i arbeidet med EU sitt rammedirektiv for vassressursar. Målingane viser m.a. at næringsstofftap frå norsk jordbruk er relativt høge òg samanlikna med andre land i Norden/Baltikum. Ei rekkje aktivitetar har til siktemål å utvikle dyrkingsmetodar som kan medverke til reduksjon av avrenning av både næringsstoff og plantevernmiddel frå jordbruksareal.
Klima –og energivennleg landbruk
Bioforsk har i 2007 i gangsett arbeid med tanke på å styrkje kompetansen på viktige område knytt til klimautfordringar innanfor landbruket og potensialet for energiproduksjon i norsk landbruk. Arbeidet vil få større omfang frå 2008 og framover.
Kommunikasjon og samfunnskontakt
Kunnskapsformidling er ei sentral og omfattande oppgåve innanfor alle fagområda i Bioforsk. Bioforsk hadde omfattande formidling i eigne publikasjonar, andre fagtidsskrift, foredrag m.m. i 2007. Nettbasert informasjon spelar ei aukande rolle, m.a. var meir enn 7 000 publikasjonar frå Bioforsk å finne på nettsidene. Bioforsk leverte 31 saker til matportalen.no, og 26 saker til forskning.no. 253 nyheitssaker blei lagt ut på eigne nettsider. Formidling med fagleg innhald får stadig større fokus.
Budsjettframlegg 2009
Med bakgrunn i budsjettsituasjonen legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlaget er posten redusert med 1,5 mill. kroner. Ein gjer vidare framlegg om å flytte løyvingar på 4,5 mill. kroner frå kap. 1137 post 51 til kap. 1112 post 51 til å dekkje nasjonale oppgåver, jf. nærmare omtale under kap. 1137 post 51.
Framlegget omfattar finansiering av vitskapeleg basert kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling for Landbruks- og matdepartementet og underliggjande verksemder, m.a. Mattilsynet. Framlegget under denne posten skal finansiere Bioforsk sitt arbeid med å gi fagleg grunnlag for verksemda til forvaltninga:
gi effektiv diagnostisering av planteskadegjerarar
vere kunnskapsbase for forvaltninga på plantehelseområdet
skaffe data som grunnlag for godkjenning/ rettsvern av norske og utanlandske plantesortar
skaffe data som grunnlag for godkjenning av plantevernmiddel
ha data og modellar som grunnlag for betre tilpassa gjødsling i heile landet
skaffe sikre måle- og analysedata for næringssalt og plantevernmiddel i avrenningsvatn til jordsmonnovervakingsprogrammet
gjennomføre analysar av restar av plantevernmiddel i norske og importerte vegetabiler som grunnlag for effektiv matvarekontroll
gjennomføre langvarige forsøk for å dokumentere langtidsverknaden av ulike tiltak i jordbruket
vidareutvikle automatiske rettleiingstenester
vidareutvikle landbrukets rolle i norsk klima- og energipolitikk
Viktige oppgåver knytt til utviklingsarbeid og kunnskapsformidling er:
fremje posisjonen til norsk landbruk i global kontekst, med særleg referanse til WTO
tilpassingar til internasjonalt lovverk, særleg innanfor miljø
skaffe landbruket godkjende planter av høg kvalitet og produksjonsevne tilpassa klima, dyrkingsforhold og norske produksjonssystem
utvikle kunnskap om effekten av klimaendringar på norsk landbruks- og matproduksjon, med fokus på planteproduksjonen
utvikle kunnskap om miljøeffektar av landbruksproduksjonen
utvikle kunnskap om resirkulering av organisk avfall (slam) og økonomisering ved bruk av ikkje-fornybare ressursar (fosfor, myrjord, o.a.)
medverke til aktivt landbruk i dei nordlegaste delane av landet og bidra innanfor regjeringa si nordområdesatsing
utvikle kunnskap om kulturmark, beiting, biologisk mangfald m.m. med omsyn på næringsdrift, kulturlandskap og miljø
skaffe fram meteorologiske data for varslingsteneste og forsking
utvikle kunnskap om effektive dyrkingssystem som reduserer faren for avrenning av næringsstoff
utvikle kunnskap og gi råd til dyrkarane om effektiv og miljøvennleg bruk av gjødsel, om redusert og sikker bruk av plantevernmiddel, og om naturvennlege (alternative/biologiske) plantevernmetodar
utvikle kunnskap og gi råd om økologisk landbruk
analyse og handtering av framandstoff i planteprodukt og naturleg danna giftstoff som til dømes mykotoksinar
bidra til innovasjon på frukt- og grøntområdet og innanfor andre aktuelle område som kan bidra til lokal og regional næringsutvikling
formidle forskingsresultat og erfaringskunnskap til brukarane
utvikle kunnskap i forhold til landbrukets potensiale for utslippsreduksjon av klimagassar
Med utgangspunkt i handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, vil Bioforsk få oppgåver med å skaffe fram kunnskap for integrert plantevern, forsking på området, miljøkonsekvensar av plantevernmiddel, skadetersklar, prognosar, varsling m.m.
Ambisjonane for økologisk forbruk er høge. Målretta kunnskapsutvikling og kunnskapsstøtte til aktørar innanfor både næring og forvaltning vil vere nødvendig for å nå målet om 15 pst. forbruk.
Bioforsk skal innanfor ramma leggje vekt på utvikling av kunnskap som stimulerer til omlegging til økologisk drift og som medverkar til berekraftig utvikling generelt innanfor norsk landbruksproduksjon.
Òg på miljøområdet er det store utfordringar, ikkje minst med tanke på å sikre målretta offentlege verkemiddel og kostnadseffektive tiltak. Klimatiltak og innføring av ulike EU-direktiv som til dømes Rammedirektivet for vatn og eit komande Jorddirektiv, representerer sentrale utfordringar, som framover vil krevje omfattande innsats i form av kunnskapsutvikling og kunnskapsstøtte.
Bioforsk har saman med Norsk institutt for skog og landskap og Universitet for miljø- og biovitskap etablert eit samarbeid kalla Bioenergisenteret (Norsk senter for bioenergiforskning). I denne alliansen skal Bioforsk vere med å leggje til rette for etablering av kunnskap som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innanfor landbruket si rolle som produsent og tilbydar av bioenergi.
Oppfølging av Handlingsplan for bekjempelse av Iberiaskogsnigel og vidare utvikling av kunnskap om snigelen held fram i 2009. Arbeidet vil òg kunne vere til nytte for arbeid med andre aktuelle problemartar.
Post 52 Støtte til fagsentra Bioforsk
Bioforsk har fire fagsenter; Sæter i Hedmark, Fureneset i Sogn og Fjordane, Tjøtta i Nordland og Svanhovd miljøsenter i Finnmark. Som ein del av omstillingsarbeidet har styret i Bioforsk i 2007 vedteke å avvikle sin aktivitet på Sæter i løpet av 2008 og det blir arbeidd med sal av garden.
Aktiviteten og innretninga ved dei tre attverande fagsentra blir i 2008 vurdert av ei gruppe med representantar frå Bioforsk, regionale offentlege og private brukarar og interessentar. Formålet er å sikre at midlane i framtida blir brukt på ein måte som best tener dei regionale behova.
Fagsentra har som formål å medverke til lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø. Dei tilbyr òg tenester innanfor kunnskapsformidling og service. I tillegg tek fagsentra forskingsoppdrag, men då styrt av forskingssentra i Bioforsk.
Resultatrapport 2007
Sæter sine besetningar av sau og kasjmirgeit gir grunnlag for prosjekt innanfor dyrevelferd, fôring, beiting og gjengroing av kulturlandskapet.
Fureneset arbeider med problemstillingar knytt til fôrproduksjon og beitehald, naturbruk og miljøspørsmål i kystregionar, m.a. innanfor kulturlandskap, ekstensivt arealbruk, overvintrings- og klimaspørsmål og økologisk landbruk. Skjøtsel av kystlynghei er ei sentral forskingsoppgåve.
Tjøtta har ansvar for Fagseksjon Miljø og utmark i Bioforsk i Nord. Sentralt står bruk/vern-problema, m.a. i arbeidet med tapsundersøkingar og førebyggjande tiltak i rovdyr/beitedyrkonflikten, og næringsutvikling med utgangspunkt i utmarksressursar.
Svanhovd har fokus på internasjonalt samarbeid innan forsking, utvikling og miljøinformasjon om natur-, landbruks- og ressursforvaltning i Barentsregionen. Eininga har aktivitetar innanfor tema som bruk av fenologi i klimaforsking, biodiversitet, populasjonsgenetikk og helsefremjande stoff i nordlege planter. Overvaking av brunbjørn ved hjelp av DNA-analyser utgjer ein viktig del av Svanhovd sitt arbeid. Ein vil arbeide for å utvide dette i åra som kommer. Målsetjinga er å overvake brunbjørnførekomstane meir effektivt og med billigare og meir miljøvennlege metodar.
Viktigaste samarbeidspartnarar for fagsentra er Fylkesmannens landbruksavdeling, lokalt og regionalt næringsliv, fylkeskommunane, kommunane og organisasjonane i landbruket.
Budsjettframlegg 2009
Med bakgrunn i budsjettsituasjonen legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlaget blir posten redusert med om lag 0,4 mill. kroner. Løyvinga i 2009 sikrar ei grunnfinansiering av dei tre attverande fagsentra etter at Sæter er nedlagd, og medverkar dermed til deira mål om lokal og regional næringsutvikling innanfor landbruk og miljø.
Aktiviteten i 2009 og framover vil bli tilpassa dei tilrådingane som den tidlegare nemnde gruppa kjem fram til. I tillegg vil løyvinga omfatte midlar til eit program med fokus på forsking, utvikling og formidling knytt til småfenæringa i Nord-Østerdalregionen. Økonomisk omfang tilsvarar tidlegare fagsentertildeling til Sæter. Ved nedlegginga av Sæter frigjerast dermed midlar frå drift av eininga til konkret verksemd til nytte for næringslivet i regionen. Næringa er sterkt inne i bruken av midlane ved at Regionrådet for fjellregionen, som blir styrt av næringa, kommunane, Fylkesmannen og Bioforsk, skal eige programmet. Programmet skal evaluerast etter fem år.
Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
30 | Husleige, Bioforsk | 18 394 | 18 278 | 18 127 |
Sum kap. 4112 | 18 394 | 18 278 | 18 127 |
Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 18,1 mill. kroner knytt til husleigeinntekter frå Bioforsk. For ei nærmare omtale av husleigeordninga syner ein til St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006), s. 123.
Kap. 1115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 1 108 858 | 1 052 537 | 1 135 311 |
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskassar | 7 047 | 10 000 | 7 000 |
23 | Særskilde prosjekt | 15 000 | 30 660 | |
70 | Tilskott til veterinær beredskap | 89 145 | 7 500 | |
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving | 2 065 | 1 083 | 1 131 |
Sum kap. 1115 | 1 207 115 | 1 086 120 | 1 174 102 |
Mål og strategiar
Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med etterleving av regelverket om mattryggleik, plante-, fiske- og landdyrhelse, velferd hos fisk og landdyr og kvalitet og forbrukaromsyn i matproduksjonskjeda. Den enkelte verksemda har ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde, når dette er nødvendig for å sikre etterleving av regelverket.
Mattilsynet fører òg tilsyn med etterleving av regelverk som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Dette gjeld m.a. regelverk om planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, om kosmetikk og kroppspleieprodukt, om dyrehelsepersonell og om omsetning av reseptfrie legemiddel utanom apotek.
Mattilsynet har oppgåver knytt til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Forvaltningsområdet er sterkt prega av internasjonale rammevilkår.
Mattilsynet har i kraft av oppgåvene sine ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Hovudmålet for Mattilsynet er å medverke til å sikre trygg mat.
Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål:
trygg mat
friske planter, fisk og landdyr
etisk forsvarleg hald av fisk og landdyr
god kvalitet og ærleg produksjon og omsetning
miljøvennleg produksjon
Mattilsynet skal arbeide for å halde oppe og vidareutvikle høg tillit til matforvaltninga og matproduksjonen. Innanfor rammene av dei måla som er sett, skal Mattilsynet arbeide på ein slik måte at omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda blir ivaretatt, herunder marknadstilgang i utlandet.
Hovudverkemidla i arbeidet er å:
utvikle og påverke regelverk
rettleie om regelverk
føre tilsyn
overvake status og utvikling på området
vidareutvikle planverk for handtering av hendingar og kriser.
Mattilsynet skal ha nødvendig beredskap for å kunne handtere både større og mindre hendingar. Utbrot av matboren sjukdom hos folk og av alvorlege sjukdommar hos planter, fisk og landdyr er hendingar som Mattilsynet vanlegvis vil vere budd på å handtere slik det er fastsett i gjeldande regelverk og planverk. I visse høve kan det inntreffe alvorlege hendingar som krev meir spesiell behandling (kriser).
Mattilsynet har tre organisatoriske ledd, og er ein desentralisert etat med eitt hovudkontor, åtte regionkontor og meir enn 50 distriktskontor. Mattilsynet fører tilsyn med eit omfattande regelverk som gjeld for eit vidt spekter av verksemder. Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold er viktige føresetnader for eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tek nødvendig omsyn til dei enkelte verksemdene.
Det forbetringsarbeidet som er gjennomført i Mattilsynet og dei viktigaste utfordringane framover, er nærmare omtalt i resultatrapporten for 2007 og i budsjettframlegget for 2009.
Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet, tek hand om referansefunksjonar og har fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.
Mattilsynet skal òg leggje vekt på å føre vidare god kontakt med Vitskapskomiteen for mattryggleik, slik at uavhengige risikovurderingar frå komiteen blir lagt til grunn for Mattilsynet sitt arbeid når dette er nødvendig.
Resultatrapport 2007
Organisatoriske forhold
Løyvinga til Mattilsynet er i perioden 2004-2007 redusert med 88 mill. kroner som følgje av krav om effektivisering grunna i matforvaltningsreforma. Mattilsynet har sidan etableringa i 2004 fått særskilte omstillingsmiddel. I 2007 blei det sett av 15 mill. kroner, som blei nytta til utviklinga av Mattilsynet sitt nye tilsynssystem (MATS), jf. omtale nedanfor.
Mattilsynet har arbeidd målretta med å auke effektiviteten og heve kvaliteten på verksemda. Bruken av ressursar til styring og intern administrasjon er redusert i forhold til 2006. Automatisering og bortfall av godkjenningsordningar har redusert bruken av tid til godkjenningar, attestar og gebyrinnkrevjing. Arbeidet med regelverksutvikling er òg effektivisert. Dette har frigjort ressursar til utøvande tilsyn og rettleiing.
MATS vil vere den viktigaste reiskapen til Mattilsynet for å dokumentere og heve kvaliteten på tilsynsarbeidet. I 2007 blei MATS teke i bruk for arbeid knytt til eksport av fisk og import av planter, med sjølvbeteningsløysingar for næringsaktørane. Utviklinga av MATS følgjer framdrifts- og innkjøpsplanen, og dei tre siste delane av MATS blir etter planen sett i drift i 2008 og 2009.
Hausten 2007 blei alle fellesfunksjonar for heile etaten samla under ei felles leiing. Det same gjeld forvaltningsoppgåver som ligg på sentralleddet. Tidlegare var ansvaret for mange av desse oppgåvene delt mellom hovudkontoret og fem av regionkontora. Hovudkontoret har etter omorganiseringa tre avdelingar og to stabar. Omorganiseringa har lagt til rette for auka effektivitet og betre styring.
For å følgje opp effektiviseringsføresetnadene og få større budsjettmessig handlefridom til å møte hendingar gjennom året som krev særleg innsats, blei talet på årsverk redusert med om lag 6 pst. i 2007.
Mattilsynet hadde i 2007 eit sjukefråvær på 5,5 pst. Dette er ein liten auke i forhold til 2006.
EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) gjennomførte fem inspeksjonar i Noreg i 2007. Dette omfatta områda veterinær grensekontroll, sjømatproduksjon, drikkevatn, salmonella/zoonosar og ein generell gjennomgang av område som er inspisert tidlegare. ESA har særleg peika på enkelte manglar ved Mattilsynet si gjennomføring av tilsyn, grunnlaget for risikobasering av tilsynet og ressursinnsatsen på dei inspiserte områda og dels mot oppfølging av regelverket på enkelte område. Inspeksjonane i 2007 ga jamt over eit meir positivt inntrykk enn tidlegare år, men det er framleis forhold som kan bli forbetra. Lukking av avvik og korrigerande tiltak har vore og er stadig prioriterte oppgåver.
I ei undersøking som ble gjennomført av Synnovate/MMI i 2007, sa så mykje som 85 pst. av dei spurde at dei hadde ganske eller særs stor tillit til informasjonen frå Mattilsynet. Dette er ein liten nedgang samanlikna med året før, men ligg svært høgt samanlikna med andre offentlege etatar.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Det var i 2007 som tidlegare år, stor aktivitet knytt til regelverksutvikling innanfor Mattilsynet sitt forvaltningsområde. Dette gjeld ikkje minst deltaking i regelverksutvikling i EØS og gjennomføring av EØS-basert regelverk i norsk rett.
Mattilsynet har òg i 2007 lagt vekt på arbeidet i dei premissgivande internasjonale organisasjonane Codex Alimentarius Commission (matvarestandardar), IPPC (plantehelse) og OIE (dyrehelse). Mattilsynet har òg lagt vekt på arbeidet i Nordisk Ministerråd og Europarådet.
I februar 2007 var Mattilsynet vertskap for ei arbeidsgruppe for merking av genmodifiserte produkt under Codex Alimentarius Commission.
Omorganiseringa av Mattilsynet sitt hovudkontor hausten 2007 la til rette for meir effektivt arbeid med regelverksutvikling. Avklaring av politisk viktige tema som grunnlag for norske posisjonar i internasjonalt arbeid blir gjort tidlegare, og ein større del av EØS-regelverket blir gjennomført i norsk rett innan fristane.
Mattilsynet arbeider for betre involvering av interessentar tidleg i regelverksprosessane i EU. På slutten av 2007 blei det derfor lansert eigne nettsider for regelverksutvikling, der ein finn informasjon om alt regelverk som er under arbeid, heilt frå forslagsstadiet og fram til kunngjering.
Arbeidet med å førebu gjennomføringa av nytt regelverk om hygiene og kontroll har halde fram. Arbeidet er omfattande. I påvente av sluttføring av prosedyrar for formell innlemming i EØS-avtalen er arbeidet enno ikkje sluttført. Europakommisjonen har i 2007 arbeidd med nødvendige forbetringar og endringar av regelverket som inngår i hygienepakka. I dette arbeidet har det frå norsk side blitt lagt vekt på aktiv medverknad, m.a. ved å foreslå endringar og ved å uttrykke nasjonale synspunkt på innspel frå andre land. Mattilsynet har teke del i dette arbeidet.
Mattilsynet starta òg førebuing av gjennomføring av nytt regelverk om tilsetjing av mineral og vitamin til matvarer og om helsepåstandar ved omsetning av mat. Regelverket er ennå ikkje innlemma i EØS-avtalen.
Mattilsynet har utarbeidd framlegg til ein heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med kvalitetsforskrifter heimla i matlova.
I samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet (nå: Helsedirektoratet) har Mattilsynet greidd ut og komme med anbefaling om ei frivillig ordning for sunnheitsmerking av matvarer i Noreg. Anbefaling om å innføre eit nordisk nøkkelholmerke blei ferdigstilt ved årsskiftet 2007/2008.
Det blei starta eit arbeid med å utvikle ein ny strategi for handtering av sjukdommar hos landdyr. Målet er å modernisere regelverket og forvaltninga som gjeld produksjonsdyr.
For at brukarar i ulike bransjar lettare skal finne fram til det regelverket som er mest aktuelt for dei, legg Mattilsynet i samarbeid med fleire andre statlege verksemder stor vekt på å gjere regelverket tilgjengeleg på den felles nettstaden Regelhjelp.no.
Arbeidet knytt til å halde oppe eksporten av norsk sjømat til Russland har òg i 2007 kravd mykje tid og ressursar. Det blei gjennomført fleire møte med den russiske veterinærtenesta samt fleire felles norsk-russiske inspeksjonsrundar. Moderniseringa av systemet for utsteding av eksportattestar gjennom MATS har òg teke omsyn til ønskje frå den russiske veterinærtenesta.
Det er òg arbeidd overfor andre land som importerer norsk sjømat, m.a. Tyrkia og Kina. Fleire attestformular er endra, og det er utvikla nye eksportattestar for spesielle produkt samt nye erklæringar.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Mattilsynet gjennomførte i 2007 om lag 23 000 tilsyn ved næringsmiddelverksemder og vassverk, og har saman med dyrevernsnemndene gjennomført om lag 9 600 tilsyn etter dyrevernlovgivinga. Debio utførte, på vegne av Mattilsynet, om lag 3 400 tilsyn med økologisk primærproduksjon og foredling, import og omsetning av økologiske produkt. Mattilsynet vil få betre oversikt over tilsynsproduksjonen òg på andre område, når det nye tilsynssystemet (MATS) er ferdigstilt. I tillegg til tilsynsverksemda som er omtalt ovanfor, er ein stor del av Mattilsynet sin ressursinnsats knytt til arbeid med kjøttkontroll, grensekontroll, uttak av overvakings- og kartleggingsprøver og attestarbeid.
Som følgje av avvikling av ei rekkje godkjenningsordningar i 2007, blei det frigjort tid til prioriterte tilsynsoppgåver. Tal for registrert tidbruk i Mattilsynet viser at det i 2007 var ein relativ auke i bruken av tid til tilsyn med fiskehelse, sjømat, dyrevelferd og drikkevatn, medan det var ein relativ reduksjon i bruken av tid til tilsyn med landdyrhelse samanlikna med 2006.
Mattilsynet har lagt auka vekt på bruk av bransjevise tilsynskampanjar. Mattilsynet meiner at slike kampanjar er eit effektivt verkemiddel for å auke merksemda blant forbrukarane, skjerpe haldningane i verksemdene og betre etterlevinga av regelverket. I tillegg medverkar slike kampanjar til einskapleg tilsyn, betre kunnskap om status for dei aktuelle tilsynsområda og auka kompetanse hos inspektørane. I 2007 gjennomførte Mattilsynet fem nasjonale tilsynskampanjar innanfor områda velferd for beitedyr, brønnbåtar, ferdigmat på bensinstasjonar, sporing av fersk fisk og risikobasert importkontroll. I tillegg blei det gjennomført 24 regionale tilsynskampanjar.
I region Trøndelag og Møre og Romsdal blei det starta eit pilotprosjekt med bruk av smilefjes i serveringsbransjen. Erfaringane frå dette pilotprosjektet så langt, er at viljen til å førebyggje og rette opp manglar i verksemdene har blitt større enn tidlegare.
Mattilsynet har sidan 2005 hatt eit prosjekt for utvikling av ein tilsynsmodell spesielt tilpassa mindre, lokale matverksemder. Mattilsynet har etablert god dialog med mange lokale aktørar og har gjennomført fleire prosjekt retta mot verksemder innanfor tradisjonell matproduksjon.
Mattilsynet hadde i 2007 68 overvakings- og kartleggingsprogram. Programma er oppretta for å overvake og kartlegge mattryggleik og plante-, fiske- og landdyrhelse. Talet på slike program har lege på same nivå dei siste åra, men det har vore ei viss utskifting av program ut frå endringar i risikobilde og endra internasjonale krav. Overvaking av framandstoff i sjømat blei i 2007 styrkt ved at det blei brukt meir ressursar på framandstoffprogrammet for fisk og sjømat. I tillegg blei kartlegginga av dioksin og PCB i fisk og fiskevarer styrkt.
Mattilsynet har i 2007 arbeidd systematisk for å betre si evne til å handtere uventa hendingar, m.a. gjennom oppfølging av tilrådingane frå det regjeringsoppnemnde E. coli-utvalet. Mellom anna har Mattilsynet i samarbeid med Folkehelseinstituttet utarbeidd eit planverk for handtering av nasjonale utbrot av matboren sjukdom. Det er gjennomført beredskapsøvingar i alle regionar og ei felles nasjonal øving.
I samarbeid med husdyrnæringa og Statens landbruksforvaltning (SLF) er det gjennomført tiltak for å betre rapporteringa i Husdyrregisteret. Rettidig innrapportering frå brukarane har auka monaleg, men er framleis ikkje tilfredsstillande. Mattilsynet og SLF samarbeider om å leggje til rette for å bruke Husdyrregisteret som grunnlag for utbetaling av produksjonstilskott.
Mattilsynet tek del i styringsgruppa for regjeringa sitt e-sporingsprosjekt. Mattilsynet har m.a. ansvar for delprosjektet om elektronisk merking av småfe, som er eit pilotprosjekt for elektronisk identifikasjon av husdyr.
Målet om trygg mat
Det var ikkje store endringar i talet på registrerte tilfelle av matboren sjukdom i 2007 i Noreg samanlikna med 2005 og 2006. Dei smittestoffa som er årsak til dei fleste registrerte tilfella, er Campylobacter og Salmonella. Talet på personar som blir sjuke er atskillig høgare enn det som blir registrert grunna generell underdiagnostisering av akutte mage-/tarminfeksjonar.
Noreg har ein gunstig situasjon når det gjeld smitte frå mat samanlikna med dei fleste andre land. Når det gjeld smitte gjennom drikkevatn, er vi ikkje i same gunstige situasjon. Ein landsdekkande tilsynskampanje med vassverk blei sett i gang hausten 2006 og avslutta i starten av 2007. Kampanjen omfatta 357 verksemder. Av desse fekk 202 varsel om vedtak om utbetring grunna brot på regelverket, medan to fekk varsel om stenging av delar av anlegget.
Overflatevatn som vanleg råvasskjelde og mykje gammalt leidningsnett fører med seg ein auka risiko for smitte gjennom drikkevatn. Utfordringane knytt til drikkevatn har òg samanheng med eigar- og driftsstrukturen for vassverk. For å møte desse utfordringane er det i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet laga ein eigen nasjonal handlingsplan for tilsyn med vassverk.
Det blir årleg registrert i alt 2 500-3 000 tilfelle av campylobacteriose. Talet har vore relativt stabilt dei seinare åra. I mai 2007 var det eit større utbrot på Røros. Mest sannsynleg blei drikkevatn frå det kommunale vassverket forureina ved innsig av vatn med Campylobacter-bakteriar til leidningsnettet. Om lag halvparten av innbyggjarane på Røros blei sjuke.
Talet på registrerte tilfelle av salmonellose har vore relativt stabilt mellom 1500 - 2000 dei seinare åra. Om lag 80 pst. av dei registrerte tilfella skuldast smitte i utlandet. Talet på registerte tilfelle som skyldast smitte innanlands, aukar trass i at førekomsten av Salmonella i norske husdyr og kjøttvarer framleis er svært låg. Hausten 2007 var det eit utbrot av sjukdom forårsaka av salmonella i importerte alfalfa-spirer.
Det var i 2007 eit større utbrot med infeksjon av listeria-bakteriar på Rikshospitalet i Oslo. Fleire blei sjuke, ein person døydde og ei kvinne aborterte. Smittekjelda var ein mjukost frå eit småskalameieri. I Noreg blir det vanlegvis meldt 10-30 tilfeller av denne sjukdommen årleg, dei fleste hos personar med redusert immunforsvar.
Hausten 2007 blei det påvist små mengder Giardia i drikkevatnet i Oslo. I fem dagar oppfordra Oslo kommune innbyggarane til å koke vatnet for å førebygge sjukdom. Det blei ikkje registrert unormalt mange tilfelle av giardia-smitte i perioden.
Det er få funn av framandstoff over grenseverdiane i næringsmiddel i Noreg. Denne situasjonen har vore stabil i fleire år. Det har vore ein markant nedgang i overskridingane av grenseverdiane for rester av plantevernmiddel frå 2006.
Det er ikkje registrert overskridingar av grenseverdiane for framandstoff eller rester av veterinærpreparat i oppdrettsfisk i 2007. Alle prøver viser verdiar langt under tillatne grenseverdiar.
Overvakingsprogramma har ikkje avdekt ulovleg bruk av legemiddel eller andre ulovlege stoff i husdyrproduksjonen. I eit samordna tilsyn med Statens legemiddelverk blei det avdekt ulovleg bruk av legemiddel til svin og sau i ein del buskapar i Rogaland.
Målet om friske planter, fisk og landdyr
Det var ingen store endringar i plantehelsesituasjonen frå 2006 til 2007. Det var eit par nye tilfelle med kvit potetcystenematode (potetål). Det blei registrert ein auke i førekomsten av den planteskadegjerande soppen Phytopthora ramorum. Det har vore lite spreiing av pærebrann, og kampen mot sjukdommen må sjåast på som vellukka.
Mattilsynet ser at norsk oppdrettsnæring står overfor nye utfordringar når det gjeld fiskehelse. Noreg hadde i 2007 sitt første utbrot av hemoragisk virusseptikemi (VHS) sidan 1974, og omfanget av laksesjukdommen pankreassjukdom (PD) og Francisella hos torsk er aukande. Samtidig er ein urovekkande situasjon med infeksiøs lakseanemi (ILA) under utvikling i Nord-Noreg. Handtering av sjukdomsutbrota i oppdrettsnæringa er ressurskrevjande for Mattilsynet. Det er stor biomasse og store verdiar involvert, samtidig som det ofte er fleire oppdrettsanlegg involvert over større geografiske område.
Landdyrhelsa i Noreg er framleis god. Det blei påvist ni tilfelle av skrapesjuke hos sau i 2007. Det var òg fleire påvisningar av salmonella hos storfe, men tala er likevel svært låge i internasjonal samanheng. Kampen mot virussjukdommen bovin virusdiaré (BVD) hos storfe har vore vellukka. Noreg er no fri for sjukdommen og er det første landet i verda som har fått til dette etter at sjukdommen har hatt ei viss utbreiing.
Mattilsynet fører tilsyn med fôrverksemdene. Det er ikkje påvist vesentlege avvik i 2007.
Målet om etisk forsvarleg hald av fisk og landdyr
Mattilsynet og dyrevernsnemndene gjennomførte i 2007 totalt 9 615 tilsyn knytt til dyrevelferd. Det blei gitt om lag 1 900 pålegg. Delen av inspeksjonar som fører til pålegg har auka.
Lidingar hos og tap av dyr på beite er ei stor utfordring i dyrevelferdsarbeidet. Tapa av sau og lam på beite har i mange år vore aukande. I 2007 utgjorde tap på beite om lag 3,7 pst. for sau og om lag 8,3 pst. for lam. Hovuddelen av auken i tap av dyr på beite dei siste 15 åra skuldast rovviltangrep. I delar av landet er flåttboren sjukdom hos dyr på beite eit aukande problem.
Hendingar der fleire dyr blir utsett for store lidingar og/eller døyr som følgje av feil eller manglande stell eller som følgje av ulykker, har stor merksemd. Det er ei utfordring at talet på slike hendingar framleis er for høgt. I 2007 blei det påvist 25 tilfelle der dyr blei alvorleg sveltefôra. Dette er om lag uendra i forhold til 2006, medan det var 40 tilfelle i 2005.
Det var òg tap av dyr under transport, i hovudsak til slakteri. Dette gjeld særleg fjørfe (78 000 dyr i 2007 som tilsvarer 0,2 pst. av transporterte fjørfe). For andre dyreslag enn fjørfe var talet i 2007 om lag 1 000 dyr som tilsvarer 0,06 pst. av transporterte dyr.
Målet om god kvalitet og ærleg produksjon og omsetnad
Mattilsynet har ført tilsyn med merking av mat både som ein integrert del av det ordinære tilsynet og ved tilsynskampanjer. Døme på dette er kampanjen Tilsyn med kosttilskudd – merking om markedsføring som blei utført i 2006 – 2007, og pilotprosjektet Legemidler i kosttilskudd - analysekontroll som blei gjennomført i samarbeid med Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk.
Det blei i 2007 godkjent fire nye produkt under ordninga beskytta nemningar. Ved utgangen av 2007 var 15 produkt godkjent i denne ordninga.
Tilsynet med etterleving av økologiregelverket har auka i tråd med aukande tal på verksemder som driv produksjon, foredling eller omsetning av økologiske produkt. Debio utfører tilsynet på vegne av Mattilsynet.
Målet om miljøvennleg produksjon
Mattilsynet arbeider for miljøvennleg matproduksjon m.a. gjennom tilsyn med bruk av gjødsel og godkjenning av plantevernmiddel og har oppgåver knytt til økologisk produksjon. Mattilsynet hadde ei sentral rolle i arbeidet med oppfølging av handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel. Risikonivået for miljøaspektet ved bruk av plantevernmiddel har òg stabilisert seg i 2006 og 2007.
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet har følgt opp saker der det har blitt reist spørsmål ved om dyrehelsepersonell har utøvd forsvarleg verksemd. I ei sak som ennå ikkje er avslutta, blei det gitt varsel om heil eller delvis tilbaketrekking av autorisasjon.
Kosmetikk
Mattilsynet har i samarbeid med Folkehelseinstituttet utvikla eit nytt nasjonalt register over biverknader ved kosmetiske produkt. Registeret vil vere eit sentralt verkemiddel for tilsynet med kosmetikk. Det vil gjere det enklare å følgje opp meldingar om biverknader på ein systematisk måte. Etter avtale med Mattilsynet skal Folkehelseinstituttet stå for drift av registeret som blei sett i drift i juni 2008.
Anna forvaltning
Mattilsynet har ført tilsyn med levande GMO etter avtale med Miljøverndepartementet og med vilkår for omsetning av reseptfrie legemiddel utanom apotek etter avtale med Statens legemiddelverk.
Budsjettframlegg 2009
Post 01 Driftsutgifter
Mattilsynet sitt driftsbudsjett er foreslått styrkt med 27 mill. kroner som vil bli nytta til følgjande oppgåver:
styrkt kontroll med mattryggleik i skjelproduksjonen (8 mill. kroner)
styrkt tilsyn med fiskehelse, drikkevatn og småskalaproduksjon (8 mill. kroner)
tilsyn med ny ordning for sunnheitsmerking av mat (2,5 mill. kroner)
oppfølging av auka økologisk produksjon og omsetning (2 mill. kroner)
utvida opningstid for grensekontrollen i Troms og Finnmark (4 mill. kroner)
vidareføre arbeidet med ei smilefjesordning ved tilsyn i serveringsverksemder (2,5 mill. kroner)
Vidare omfattar posten, som i 2008, 15 mill. kroner til omstilling, hovudsakleg for å medverke til delvis dekning av kostnadene Mattilsynet har til utvikling av nytt tilsynssystem (MATS).
Organisatoriske og administrative utfordringar i 2009
Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med å følgje opp dei måla som låg til grunn for matforvaltningsreforma, jf. St.prp. nr.1(2002-2003) Tillegg nr. 8.
Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med å redusere bruken av tid til styring og intern administrasjon for å frigjøre tid til utøvande rettleiings- og tilsynsaktivitet ved distriktskontora i direkte kontakt med verksemdene. Dei organisatoriske endringane som Mattilsynet har gjennomført i 2007 og 2008, har gitt gevinst og legg eit godt grunnlag for ytterlegare forbetring i 2009.
Mattilsynet vil arbeide vidare for å utvikle eit meir einskapleg tilsyn, slik at regelverket blir tolka og handheva einskapleg i like saker og i samsvar med plikter etter internasjonale avtaler.
Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn som tek nødvendig omsyn til dei enkelte verksemdene. Mattilsynet skal ved bruk av fagleg skjønn, vere løysingsorientert i møtet med verksemdene slik at verksemdene kan velje ulike løysingar så lenge dei oppfyller dei målretta krava i regelverket. Dette er særleg aktuelt i forhold til det nye hygieneregelverket.
Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med å få betre dokumentasjon av status, tilsynsaktivitet og bruk av dei verkemidla tilsynet rår over på ulike område. Det nye tilsynssystemet (MATS) er ein viktig reiskap. Dei siste delane skal etter planen takast i bruk i 2009. MATS vil gi støtte til betre og meir effektive arbeidsprosessar i det utøvande tilsynet. Det nye systemet er òg ein viktig del av Mattilsynet sitt arbeid med å få til eit meir effektivt og einskapeleg tilsyn av betre kvalitet.
Mattilsynet vil leggje vekt på at styringssignala frå departementa når ut til alle einingane i Mattilsynet, og at departementa blir tidleg varsla om saker som dei bør vere kjende med.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Grunnlaget for det norske regelverket blir hovudsakleg utvikla i EU. Ein stor del av Mattilsynet si verksemd er derfor knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Ved gjennomføring av matlovforordninga i norsk rett får Noreg òg tilgang til EU sitt vitskaplege rådgivingsorgan EFSA.
Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg òg viktige premissar for regelverksutviklinga. Arbeidet knytt til Europarådet og Nordisk Ministerråd vil bli ført vidare.
Som vertsland for Codex Alimentarius sin komité for fisk og fiskevarer, vil Mattilsynet gi særskilt prioritet til arbeidet i denne komiteen.
Mattilsynet vil framleis ta aktivt del i arbeidet med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske interesser. Departementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale fora. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med ein tidleg og god dialog med relevante interessentar, slik at aktuelle problemstillingar kan bli identifisert og teke inn i arbeidet i ein fase der det framleis er rom for påverknad, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Mattilsynet skal òg medverke til at oppfølging av dei internasjonale pliktene finn stad til riktig tid og til at gjennomføring i norsk rett blir gjort på formålstenleg og brukarvennleg vis.
Dei prioriterte områda som er peika ut i departementa sin internasjonale plan og europastrategi for matområdet, vil bli følgd opp. Dette omfattar m.a. EU sitt arbeid med å utvikle nye heilskaplege regelverk for merking av mat og for helse og velferd hos landdyr og fisk. Andre viktige område er tilsetjingsstoff, ny mat (novel food), merking og dyrking av genmodifiserte såvarer og genmodifiserte mat- og fôrvarer. Mattilsynet vil arbeide vidare for å påverke EU sitt forslag til ny forordning om kosmetikk i tråd med norske synspunkt.
Mattilsynet vil starte ein gjennomgang med sikte på å få meir einskapleg og brukarvennleg utforming av regelverket på dei ulike fagområda dei forvaltar.
Noreg har framleis ei sentral rolle i arbeidet i WHO/UNECE sin protokoll om vatn og helse. Som fagleg ansvarleg etat for tilsyn med drikkevatn nasjonalt vil Mattilsynet ta aktivt del i dette arbeidet, m.a. ved å leie arbeidet med utvikling av nasjonale mål.
Mattilsynet har i tillegg oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit på bilateralt nivå med andre land sine styresmakter for å leggje til rette for marknadstilgang i utlandet for norske varer. I den samanhengen er det viktig at kunnskap om status på fagområda blir kommunisert både nasjonalt og internasjonalt.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Det er verksemdene sitt ansvar å etterleve regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med etterlevinga. Når det er nødvendig, skal Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde. Aktiv rettleiing om regelverket er viktig. Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold er viktige føresetnader for eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Aktiv rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er derfor kjerneprodukta til Mattilsynet. Forslaget om styrking av løyvinga til tilsyn på særskilte område vil medverke til ein auke i den samla rettleiings- og tilsynsproduksjonen til Mattilsynet.
Med utgangspunkt i ei prøveordning som har blitt gjennomført i Aust- Finnmark, blir det lagt opp til å utvide opningstida òg for andre grensekontrollar i Troms og Finnmark.
Det nye kontrollregelverket krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn med regelverket om næringsmiddel, fôr, innsatsvarer, dyrehelse, dyrevelferd og plantehelse. Dette er i tråd med føresetnadene ved etableringa av Mattilsynet. Samanslåing av dei tidlegare tilsynsetatane skulle medverke til at alle tiltak i matproduksjonskjeda skjer der dei har best verknad og sikre meir effektiv og målretta bruk av dei samla tilsynsressursane, samt synergiar ved samordning av tilsynet etter ulike regelverk.
Tilsynet skal vere planlagt og dokumenterbart. Nasjonale kontrollplanar skal ligge til grunn for prioritering og rapportering.
Tilsynet skal gjennomførast regelmessig og med ein høveleg frekvens som står i forhold til risikoen ved aktivitetane til verksemda og kunnskapen ein har om dei enkelte verksemdene. Det er samtidig viktig at dei ulike tilsynsmetodane som står til rådvelde, blir nytta målretta slik at alle verksemdene er underlagt eit tilsyn som samla sett skaper størst mogleg etterleving av regelverket. Dette skal òg medverke til at alvorlege regelbrot blir oppdaga så raskt som råd er. Tilstrekkeleg tilsynsfrekvens er viktig for at Mattilsynet skal kjenne godt til status, både i dei enkelte verksemdene og på dei ulike områda.
Mattilsynet har utarbeidd ein modell for risikoklassifisering som vil vere nyttig som grunnlag for ressursfordelinga i tilsynsarbeidet. Arbeidet har òg interesse for dei andre nordiske landa.
Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helse hos menneske, planter, fisk eller landdyr, m.a. regelverk om kvalitet, ærleg omsetning og andre forbrukaromsyn. Òg på desse områda er det viktig med eit målretta og effektivt tilsyn.
Mattilsynet må innrette arbeidet med kartlegging og overvaking målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som er knytt til plikter etter internasjonale avtaler eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Innanfor desse rammene vil prioriteringa av kartlegging og overvaking bli tilpassa situasjonen og risikobildet til ei kvar tid. Overvaking av og kompetanseutvikling om framandstoff i villfisk vil framleis ha prioritet.
Målet om trygg mat
Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet er trygt med omsyn til folkehelse.
Ei hovudutfordring er å følgje opp det nye hygieneregelverket som legg auka vekt på verksemdene sitt eige ansvar for å etterleve regelverket og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda. Regelverket opnar for å utarbeide bransjevise retningslinjer for god hygiene som kan medverke til løysingar som er tilpassa dei ulike bransjane. Utvikling av slike retningslinjer er ei stor utfordring for bransjane. Mattilsynet vil vere ein pådrivar i dette arbeidet.
Det nye hygieneregelverket stiller større krav til fagkunnskap, både hos verksemdene og i Mattilsynet, særleg for å kunne nytte den fleksibiliteten som dei nye målretta reglane gir. Arbeidet for å halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemdene i matproduksjonskjeda krev derfor kontinuerleg innsats frå verksemdene, og aktiv og målretta innsats frå Mattilsynet. Det blir lagt opp til å styrkje tilsynet med småskalaverksemder.
Det nye regelverket om kontroll med næringsmiddel frå dyr fastset meir spesifikke krav til overvaking og kontroll av m.a. skjel, pigghudar og sjøsniglar. Det samla kontrollomfanget aukar monaleg, og det er lagt opp til å dekkje delar av meirkostnadene gjennom eit nytt gebyr, sjå nærmare omtale under kap. 4115 post 01.
Mattilsynet vil styrkje tilsynet med vassverk, når det gjeld vasskvalitet, tekniske forhold, driftsrutinar og beredskap.
Arbeidet med å effektivisere tilsynet med serveringsverksemdene vil bli ført vidare. Mattilsynet vil arbeide vidare for å etablere ei «smilefjesordning». Erfaringane frå pilotprosjektet som er gjennomført i ein region, vil bli lagt til grunn i det vidare arbeidet.
Mattilsynet vil framleis prioritere tilsyn med at produksjonsverksemder for sjømat fyller bygnings- og driftsmessige krav og krav til eigenkontroll.
Mattilsynet tek sikte på å vidareføre ein særskilt tilsynskampanje retta mot kjøkkenhygiene i sjukehus og helseinstitusjonar.
Mattilsynet vil framleis ha ei sentral rolle i det nasjonale e-sporingsprosjektet som skal gi eit betre grunnlag for elektronisk sporing av mat langs heile matproduksjonskjeda.
Målet om friske planter, fisk og landdyr
God plante-, fiske- og landdyrhelse er viktige føresetnader for sunn matproduksjon og for verdiskaping i næringane. Klimaendringar og auka utveksling av biologisk materiale over landegrenser kan gi større utfordringar. Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, fisk og landdyr er god. Det er viktig å ha god beredskap og godt planverk mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos fisk og landdyr.
Mattilsynet vil auke tilsynet med import av planter og arbeidet med å førebyggje introduksjon og spreiing av planteskadegjerarar. Enkelte av desse har stor evne til å tilpasse seg norsk klima og fører til ulemper for dyrking av planter og skadar på avling.
Utviklinga når det gjeld sjukdommane pankreassjukdom (PD) og infeksiøs lakseanemi (ILA) hos laksefisk og Francisella hos torsk er urovekkande. Parasittsjukdommane lakselus og Gyrodactylus salaris gir framleis utfordringar knytt til viltlevande bestandar av laksefisk. Mattilsynet vil derfor styrkje arbeidet med regelverksutvikling, tilsyn og andre forvaltningsoppgåver knytt til fiskehelse.
Mattilsynet vil føre vidare arbeidet med å verne om landdyrhelsa gjennom regelverksutvikling, tilsyn og andre forvaltningsoppgåver. Sjukdommar som kan smitte frå dyr til menneske, er viktige i denne samanhengen.
Målet om etisk forsvarleg hald av fisk og landdyr
Mattilsynet skal arbeide for at alt dyrehald er i samsvar med regelverket. Dyrevernsnemndene medverkar i det lokale tilsynsarbeidet. Mattilsynet vil framleis gi høg prioritet til tilsyn med dyrevernlovgivinga og aktivt følgje opp ny lovgiving.
Hendingar der dyr blir utsett for store lidingar som følgje av manglande fôring og stell, kan ofte ha samanhang med personlege problem hos eigaren. Det er viktig både av omsyn til dyra og dyreeigarane å førebygge og avdekkje slike saker i tide. Mattilsynet vil derfor styrkje arbeidet på dette området, m.a. ved å vidareutvikla samarbeidet med andre offentlege aktørar og landbruket sitt eige organiserte nettverk. Ei eiga gruppa arbeider for å finne tiltak som kan nyttast i det førebyggande arbeidet.
Målet om god kvalitet og ærleg produksjon og omsetning
Mattilsynet skal arbeide for at mat og drikkevatn har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetning blir følgd.
Det generelle regelverket om merking fastset dei viktigaste opplysningane forbrukarane skal ha tilgang til for å orientere seg i marknaden når det gjeld eigenskapane til maten, m.a. for å kunne treffe val ut frå eigne preferansar. Tilsyn med etterleving av dette regelverket er viktig for å medverke til ærleg omsetning. Vidare oppfølging av arbeidet som går føre seg i EU med den nye matinformasjonsforordninga vil ha høg prioritet.
Mattilsynet vil i samarbeid med Helsedirektoratet ta del i oppfølginga av Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007-2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold. Som ein del av arbeidet for betre kosthald har Mattilsynet sendt til høyring eit utkast til forskrift om frivillig sunnheitsmerking av matvarer. Med utgangspunkt i høyringa tek ein sikte på å etablere ei slik ordning i 2009. Samarbeidet med Helsedirektoratet om overvaking av kosthaldet i befolkninga og av matvarene sin samansetnad vil bli ført vidare.
Mattilsynet samarbeider med næringane om utarbeiding av rammer for frivillig merking av opphav, innføring av obligatorisk merking av fersk fisk med fangst- og slaktedato, og obligatorisk merking av opphavsland for storfekjøtt i serveringsverksemder.
Som eit ledd i oppfølginga av regjeringa sin ferskfiskstrategi vil Mattilsynet gjennomføre ein tilsynskampanje som vil fokusere på råstoffkvalitet og hygienekrav.
Det blir arbeidd vidare med oppfølging av regelverket om sporing, merking og godkjenning av prosessert genmodifisert mat og fôr. Mattilsynet vil utarbeide rettleiingsmateriale og retningslinjer til hjelp for aktørane. Behovet for tilsyn etter regelverket om genmodifisert mat og fôr vil venteleg auke som følgje av gjennomføring av EØS-regelverk på området. Mattilsynet fører òg tilsyn med levande genmodifiserte organismar etter delegert myndigheit frå Miljøverndepartementet.
Arbeidet med nasjonal oppfølging av det nye regelverket om tilsetjing av mineral og vitamin til matvarer og om helsepåstandar som EU vedtok hausten 2006 og som har vore til høyring i Noreg, vil kreve særskilt merksemd når det blir sett i verk.
Arbeidet med revisjon av kvalitetsforskriftene vil halde fram.
Mattilsynet har ansvar for tilsynet med økologisk produksjon og økologiske produkt. DEBIO fører tilsyn på vegne av Mattilsynet. Tilsynet med etterleving av økologiregelverket aukar i tråd med aukande tal på verksemder som driv produksjon, foredling eller omsetning av økologiske produkt.
Mattilsynet skal vidare forvalte og føre tilsyn med ordninga Beskyttede betegnelser. KSL Matmerk har ansvar for den førebuande saksbehandlinga.
Målet om miljøvennleg produksjon
Mattilsynet vil medverke til oppfylling av matlova sitt formål om å ivareta miljøvennleg produksjon, m.a. med utgangspunkt i miljøhandlingsplanen frå Landbruks- og matdepartementet. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for miljøvennleg produksjon og verkar òg inn på kvaliteten på matvarene.
Mattilsynet vil innanfor rammene av matlovgivinga ta del i arbeidet med å følgje opp regjeringa sin tverrsektorielle nasjonale strategi med tiltak mot framande skadelege artar.
Arbeidet for å redusere risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil òg bli ført vidare. Mattilsynet vil ta del i arbeidet med ei evaluering av og utvikling av ny handlingsplan på området.
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos veterinærar og anna dyrehelsepersonell.
Det er auka merksemd kring veterinærane og fiskehelsebiologane sitt ansvar for bruken av legemiddel til fisk og landdyr. Mattilsynet må leggje vekt på tilsyn med at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med bruk av legemiddel.
Kosmetikk
Mattilsynet forvaltar lovgivinga om kosmetikk og kroppspleieprodukt.
Mattilsynet vil føre eit aktivt tilsyn for å medverke til at slike produkt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Det nye registeret for biverknader ved kosmetiske produkt vil vere eit sentralt verkemiddel for at Mattilsynet skal kunne følgje opp meldingar om biverknader på ein systematisk måte.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser
Mattilsynet sine kostnadar knytt til dekning av reguleringspremie i 2009 er berekna til 7 mill. kroner. Ein gjer derfor framlegg om ei løyving på posten på 7 mill. kroner.
Post 23 Særskilde prosjekt
Det blir gjort framlegg om ein auke på 15 mill. kroner i løyvinga til arbeidet med å få betre system for sporing av mat (eSporingsprosjektet). Gode system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden, slik at verksemdene kan trekkje desse tilbake på ein effektiv måte og gi riktig og klar informasjon til Mattilsynet.
Målet for prosjektet er å leggje til rette for etablering av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda innan utgangen av 2010. Tilgangen og kvaliteten på grunndata er viktig. Ein viktig del av prosjektet er å betre kvaliteten på, tilgangen til og samordninga av grunndata. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap, auka mattryggleik og auka verdiskaping i alle ledd.
Eit forprosjekt leverte ein rapport i januar 2007. Prosjektdirektør blei tilsett hausten 2007, og det er etablert et eige sekretariat. Det er utarbeidd ein omfattande prosjektplan for dei ulike delprosjekta innanfor eSporingsprosjektet. Fleire pilotprosjekt er sett i gang innanfor områda fisk, kjøtt, korn, mjølk samt frukt og grønt. Det er planlagt ei rekkje deloppdrag i ulike fagmiljø. Nokre av desse er alt gjennomført eller sett i gang. Pilotprosjekta og deloppdraga er sentrale for å kunne leggje til rette for å få eit godt og funksjonelt rammeverk for felles system- og teknologiløysingar for eSporing i Noreg, samt for å kunne foreslå ulike modellar for organisering etter 2010.
Post 70 Tilskott til veterinær beredskap
Resultatrapport 2007
Mattilsynet har medverka til veterinærdekninga i heile landet gjennom administrasjon av klinisk veterinærvakt. Arbeidet har bestått i å sørgje for bemanning av veterinærvakta og utbetaling av tilskott til vaktdeltakarane.
Budsjettframlegg 2009
Ansvaret for klinisk veterinærvakt blei overført til kommunane med verknad frå 1.1.2008. Den nye ordninga har fungert godt. Løyvinga på posten er flytta til kap. 1143 post 60 som blir forvalta av Statens landbruksforvaltning (SLF), sjå nærmare omtale under denne budsjettposten.
Post 71 Tilskott til erstatningar
På posten vil det bli ført midlar til utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevernlova § 6 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det òg bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevernlova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.
Kap. 4115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Gebyr m.m. | 132 642 | 124 631 | 134 943 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar m.v. | 6 846 | 1 066 | 1 099 |
15 | Refusjon av arbeidsmarknadstiltak | 101 | ||
16 | Refusjon av foreldrepengar | 16 586 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 15 996 | ||
Sum kap. 4115 | 172 171 | 125 697 | 136 042 |
Post 01 Gebyr m.m.
Frå 2007 blei inntekter frå avgifter i matforvaltninga skild ut frå posten og budsjettert på kap. 5576 post 70.
Ein tek sikte på å føre vidare det tredelte systemet for finansiering som blei etablert i 2004. Den første delen av systemet gjeld innkrevjing av gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld innkrevjing av gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar og er klart avgrensa i forhold til andre tilsyns- og kontrolloppgåver i matforvaltninga. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Det tredelte systemet er vurdert å vere i samsvar med dei retningslinjene som gjeld for gebyr og for ordningar med sektoravgifter.
Det er ved budsjettering lagt til grunn at gebyrsatsane i 2009 vil bli lønns- og prisjustert.
Det er vidare lagt til grunn at det blir etablert ei ny ordning med gebyr knytt til den styrkte kontrollen med mattryggleik i skjelproduksjonen. Vidare tek ein sikte på at hovuddelen av kostnadene med utvida opningstid ved enkelte grensekontrollstasjonar blir dekka inn gjennom gebyr.
Tabell 2.4 Oversikt over gebyr under kap. 4115 Mattilsynet.
(i mill. kr) | |
---|---|
Nemning | Beløp |
Gebyr for særskilte ytingar: | 13,3 |
Gebyr for tilsyn og kontroll: | |
Import av levande dyr og animalske produkt | 14,3 |
Kjøttkontroll | 92,1 |
Kontroll med skjelproduksjon | 2,2 |
Andre gebyr: | |
Gebyr for oppfølgjande tilsyn | 11,0 |
Andre gebyr, tvangsmulkt m.v | 2,0 |
Sum gebyr | 134,9 |
For ein oversikt over avgifter i matforvaltninga syner ein til kap. 5576 post 70.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.v.
På posten vil ein m.a. føre diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel etter oppdrag frå Statens legemiddelverk, tilsyn med levande GMO, samt oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil ein òg føre inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.
Programkategori 15.20 Forsking og innovasjon
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1137 | Forsking og innovasjon: | 367 623 | 361 111 | 382 180 | 5,8 |
Sum kategori 15.20 | 367 623 | 361 111 | 382 180 | 5,8 |
Det er eit hovudmål å føre ein landbruks- og matpolitikk som held ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Landbruks- og matforskinga er eit sentralt middel for å nå dette overordna målet. Forskinga skal ha internasjonal kvalitet og fremje ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet.
Målretta forsking og forskingsbasert innovasjon har vore viktig for mange av landbrukets suksessar. Mellom anna er kunnskap frå forsking grunnlaget for at Noreg i dag er nær sjølvforsynte med matkorn.
Innanfor matproduksjon og skogbaserte næringar er det i dag over 130 000 årsverk, fordelt på primærproduksjon og relatert industri som samla produserer varer for over 150 mrd. kroner. Landbruket har nokon av dei mest komplette verdikjedene innanfor norsk næringsliv, frå utdanning, forsking og produksjon av innsatsvarer og fram til forbrukarane. Den jordbruksbaserte matvaresektoren eksklusive fiskevarer har ein samla produksjonsverdi på om lag 115 mrd. kroner, og jordbruket og matvareindustrien sysselset til saman om lag 100 000 årsverk. For skogbruk, skogindustri og bioenergi utgjer produksjonsverdien over 40 mrd. kroner. I tillegg kjem inntekter frå andre næringar knytt til landbruk som aukar frå år til år.
Landbruks- og matdepartementet vil føre ein forskings- og innovasjonspolitikk som medverkar til å løfte fram produksjonar som har komparative føremoner m.a. når det gjeld mattryggleik og etisk og miljøvennleg produksjon, og som er i tråd med krava frå forbrukarar. Landbruks- og matdepartementet legg vekt på å føre ein forskings- og innovasjonspolitikk der dei viktigaste næringane er mat-, tre-, energi- og tenesteproduksjon. Målet med politikken er auka berekraft, konkurranseevne og lønnsemd i desse næringane.
Forskingspolitikken til Landbruks- og matdepartementet er knytt til regjeringa sin politikk gjennom m.a. St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning (Forskingsmeldinga) og St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Kunnskapsdepartementet. Forskingsmeldinga legg særskilt til grunn ei styrking av dei tematiske områda energi og miljø, mat, hav og helse.
Forskinga har òg som mål å skape kunnskap om eit berekraftig landbruk og medverke til trygg mat, god dyrehelse og dyrevelferd. Forskinga har ei viktig rolle i å dekkje kunnskapsbehov knytt til politikkutforming, forvaltning og ivaretaking av forbrukaromsyn.
Auka internasjonalisering og internasjonalt forskingssamarbeid er eit viktig grunnlag for innovasjon og utvikling av ein konkurransedyktig og kunnskapsbasert landbruks- og matsektor.
Landbrukssektoren er i stor grad stadbunden, og dannar òg grunnlag for anna sysselsetjing og verdiskaping. Samtidig produserar og tek sektoren vare på kollektive gode som kulturlandskap, rekreasjonsområde, identitet og kultur. Endringar gjennom internasjonalisering, endra klima- og miljøforhold og meir bevisste forbrukarar stiller næringa overfor store utfordringar til omstillingsevne og konkurransekraft.
For å møte samfunnet og sektoren sine behov i framtida legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ein innovasjonspolitikk som er fleksibel og tilpassa moglegheiter og utfordringar i ulike næringar og regionar. Dette krev fleksibilitet, kunnskap om lokale forhold og ein tett dialog med næringsaktørar.
Forsking knytt til næringsutvikling i sektoren er eit viktig bidrag i regional- og distriktspolitikken. Sentralt står kompetanseutvikling og ein desentralisert instituttsektor som medverkar til auka regional og lokal næringsverksemd og innovasjon ved å utnytte lokale fordelar og potensial. Forsking knytt til utfordringane i nordområda skal prioriterast innanfor dei ulike forskingsprogramma.
Energi og klima er ei hovudsatsing innanfor landbruket i 2009. Auka klimarelatert forsking må sjåast på som ein del av oppfølginga av St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand og St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Landbruket står for om lag 9 pst. av klimagassutsleppa i Noreg og har derfor eit monaleg ansvar for å søke etter moglege tiltak som reduserer utsleppa, og som bidreg til auka binding av karbon i jord og skog. Regjeringa vil derfor prioritere auka forskingsinnsats på dette området, slik at tiltak gjennomførast der dei gir best effekt. Det vises til nærmare omtale under kap. 1137 for dei budsjettmessige konsekvensane.
Utvikling av fornybar energi som biovarme, biogass og biodrivstoff er ein viktig del av landbrukets klimaarbeid. Klimaforliket mellom regjeringa og opposisjonsparti på Stortinget legg grunnlaget for ei opptrapping av forskingsinnsatsen på desse områda. Det er behov for forsking som gir kunnskap om moglegheitene og utfordringane ved endra klima. Samanslåinga av dei to programma Areal og Tre til det nye programmet Natur og Næring er eit viktig ledd i denne prioriteringa. Sidan klimaet er ein faktor til avgrensing i landbruksproduksjonen i store delar av landet, er det truleg at høgre temperaturar og lengre vekstsesong kan gi større avlingar og moglegheiter for å dyrke fleire varmekrevjande vekstar. Samtidig kan desse endra forholda auke angrep av sjukdommar og skadedyr på planter og husdyr. Det er behov for forsking som sett landbruks- og matproduksjonen best mogleg i stand til å møte dei forventa endringane.
Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon (2007-2012) presenterer forskingspolitiske mål og styring av landbruks- og matforskinga. Strategien må sjåast i samanheng med næringsstrategien Ta landet i bruk!. I matstrategien Smaken av Norge presenterer departementet sine prioriteringar på matområdet.
I miljøstrategien (2008-2015) prioriterast kunnskapsutvikling for å løyse miljøutfordringane og gjennomgang av landbrukssektoren sine utfordringar knytt til miljø.
Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at all forsking skal vere etisk og miljømessig forsvarleg og følgje dei normer og reglar som gjeld.
Målområde for forsking og forskingsbasert innovasjon
Prioriterte målområde for forskings- og innovasjonspolitikken:
Forsking med høg kvalitet og relevans
Landbruks- og matforsking skal ha høg sektorrelevans og internasjonal kvalitet. Det er eit mål å vidareutvikle dei forskingsmiljøa som i dag arbeider innanfor sektoren, samtidig som det er eit mål å sikre eit breiast mogleg engasjement og samarbeid i det norske forskingssystemet.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Forskingsarbeid generelt skjer i samarbeid på tvers av landegrenser, og stadig meir av midlane blir fordelt internasjonalt. Landbruks- og matdepartementet vil prioritere internasjonalt samarbeid. Departementet vil òg medverke til den internasjonale politikkutforminga på området.
Forskingsbasert innovasjon og kommersialisering
Innovasjonsgraden i landbruks- og matsektoren skal aukast. Forskingsmiljøa skal medverke til auka konkurransekraft og fleire bedriftsetableringar i sektoren gjennom samarbeid med marknadsaktørane. Som ein del av dette skal forskingspolitikken betre forholda for forskarar og forskingsmiljø som ønskjer å kommersialisere resultat frå forskinga.
Kunnskapsutvikling for forvaltninga
Forsking er nødvendig for ei landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og effektivitet. Oppdatert vitskapleg kompetanse om sektoren er sentralt for å ta vare på landbruks- og matsektoren sin tillit og legitimitet i samfunnet.
Forskingskommunikasjon og forskingsformidling
Forskingskommunikasjonen skal betrast. Forskingsresultat skal gjerast meir synlege for å sikre sektoren sin tillit i samfunnet og vise verdiskapingspotensialet i eit auka samarbeid mellom forsking og næringsliv. Ein god forskingskommunikasjon bidreg til nytenking og inspirasjon i næringa og er eit sentralt verktøy for å nå dei overordna landbruks- og matpolitiske måla.
Gjennomføring av politikken
Forsking med høg kvalitet og relevans
Forsking og forskingsbasert innovasjon er viktige verkemiddel for å nå dei landbrukspolitiske måla. Langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging er avgjerande for at landbruks- og matsektoren kan møte morgondagens moglegheiter og utfordringar. Landbruks- og matdepartementet sin forskingspolitikk har som mål å leggje til rette for at forskinga og forskingsmiljøa har ein høg internasjonal vitskapleg kvalitet. Det er òg viktig å ha eit engasjement på område og problemstillingar der nytta og bruken av resultata framleis er uklar. Samtidig skal forskingspolitikken bidra til utvikling av forskingsprogram, verkemiddel og forskingsmiljø som prioriterer forsking med høg relevans og nytteverdi for aktørane innanfor landbruks- og matsektoren. Departementet vil halde fram å leggje til rette for auka finansiering frå næringslivet gjennom brukarstyrte prosjekt i forskingsprogramma.
Den grunnleggjande forskinga er sentral for langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Ansvar for finansiering av slik forsking ligg primært hos Kunnskapsdepartementet og i bruken av Fondet for forsking og nyskaping. Eit sentralt element i departementet sin instituttpolitikk er utdanning og rekruttering av forskarar til alle fagområda i landbruks- og matsektoren. God forskingsinfrastruktur er eit middel for å sikre høg kvalitet og god rekruttering til forskinga.
Gjennom forslaget til nytt basisfinansieringssystem for instituttsektoren legg regjeringa vekt på at hovudformålet med basisløyvinga framleis skal vere å sikre institutta sin forskingsfaglege kvalitet, samt evne og moglegheit til langsiktig kompetanseoppbygging, jf. nærmare omtale under kap. 1137 og i St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Kunnskapsdepartementet.
Landbruks- og matdepartementet har sterke interesser knytt til vedtaka i Innst. S .nr. 176 (2007-2008) frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole. Dette er knytt til flytting av Veterinærinstituttet til Ås og felles lokalisering med det nye universitetet på Ås. For Landbruks- og matdepartementet er felles lokalisering og moglege faglege synergiar i samarbeid med Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Nofima viktig. Etableringa av det nye universitetet skal sikre god rekruttering til forsking, næringar og forvaltning innanfor landbruk, næringsmiddelindustri og skogindustri. Dette er noko av det viktigaste i utviklinga av primærnæringane og norsk næringsmiddelindustri. Landbruks- og matdepartementet ser det som avgjerande å oppnå tillit og motivasjon mellom partane i samlokaliseringssaka. Det må raskt etablerast ein god planleggingsprosess for dei krevjande faglege, organisatoriske, økonomiske og lokaliserings/bygningsmessige vurderingane som skal danne grunnlag for ein godt fungerande universitetscampus.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er eit viktig middel for auka kvalitet og fornying i norsk forsking, og er særskilt viktig for oppbygging av ny kunnskap. Det meste av den grunnleggjande kompetanseutviklinga skjer internasjonalt, medan bruken må reflektere nasjonale forhold. Landbruks- og matforskinga har lang tradisjon for internasjonalt samarbeid, m.a. innanfor eit nordisk perspektiv, som deltakar i EU sine rammeprogram og gjennom samarbeid med Nord-Amerika. Landbruks- og matforskinga skal prioritere å delta i den grunnleggjande kunnskapsutviklinga på område der Noreg er leiande internasjonalt og der Noreg har særeigne utfordringar.
Det nordiske forskings- og innovasjonssamarbeidet har fått eit løft gjennom etableringa av NordForsk og Nordic Innovation Center. Desse organisasjonane skal medverke til å samle gode forskings- og innovasjonsmiljø i nordiske nettverk slik at dei blir konkurransedyktige internasjonalt.
Norsk forsking blir stadig meir internasjonal. Noreg deltek no i EU sitt 7. rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar (2007-2013). Deltaking i programmet har ringverknader ut over det konkrete prosjektsamarbeidet. Forskingsinstitutta får ny moglegheit for oppdrag gjennom si deltakinga, og bedriftene sitt samarbeid både med kundar og leverandørar i prosjekta gir nye moglegheiter i marknaden. Kunnskapsdepartementet sin Strategi for Noregs samarbeid med EU om forsking og utvikling (mai 2008) skal bidra til at Noreg har ein strategisk og koordinert tilnærming til moglegheitene og utfordringane i FoU-samarbeidet med EU.
For å påverke forskingsagendaen innanfor landbruks- og fiskerelatert forsking i Europa, skal Noreg framleis delta i den europeiske komitéen for landbruksforsking Standing Committee on Agricultural Research (SCAR).
Departementet har store forventningar til det bilaterale samarbeidet med Nord-Amerika når det gjeld synlege resultat og engasjement frå næringa, og monalege resultat er alt nådd m.a. i samarbeid med universitetet i Minnesota. Departementet vil vurdere å utvide dette samarbeidet i 2009. Departementet har prioritert forsking på mattryggleik, bioenergi og klima, samt kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd. Dette er område som òg er sentrale i EU sitt sjuande rammeprogram, jf. prioriteringar under kap. 1137.
Forskingsbasert innovasjon og kommersialisering
Landbruks- og matdepartementet vil medverke til å auke forskingsbasert innovasjon gjennom Noregs forskingsråd sine program, instituttpolitikken, kontakta med universitets- og høgskolesektoren og det offentlege verkemiddelapparatet, og gjennom internasjonalt samarbeid. I Statsråden sitt kontaktutval for næringsutvikling har forskingsbasert innovasjon fått auka merksemd.
Kunnskapselementet utgjer ein aukande del av grunnlaget for konkurransekrafta i landbruks- og matsektoren. Samarbeid mellom forskingsmiljø og næringsaktørar i landbruks- og matnæringa vil både betre næringa sine moglegheiter i marknaden og medverke til å møte mange utfordringar for ein sektor prega av mange og små føretak.
Landbruks- og matdepartementet vil føre ein forskingspolitikk som stimulerer til auka kunnskapsoverføring mellom forskingsmiljøa, næringa og dei enkelte føretaka. Det ventast at forskingsmiljøa i landbruks- og matsektoren aktivt bidreg til innovasjon i næringa.
Landbruks- og matdepartementet legg vekt på utvikling av regionale innovasjonssystem. Med dette meiner ein utvikling av eit godt samarbeid mellom verksemder, næringsliv, kapital og forsking innanfor naturlege geografiske område. Dette vil m.a. leggje til rette for ny teknologi, nye og utbetra produksjonsmetodar og evne til å kommunisere med marknaden.
Ved å kople ressursar i forskingsinstitusjonane og regionalt næringsliv vil regionale forskingsfond vere eit viktig verktøy for å fremje regional utvikling og verdiskaping, jf. omtale St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Kunnskapsdepartementet og frå Kommunal- og regionaldepartementet.
Auka involvering og delfinansiering frå næringslivet, der FoU-avgiftene i landbruket er sentrale, er prioritert i programsatsingane til Forskingsrådet. Dette skal vidareførast, samtidig som aktivitet og program som knyt næringsliv og forsking tettare saman skal prioriterast.
Evna til endring og utvikling i ein sektor er nært knytt til korleis ein tek i bruk ny kunnskap. På same måte er det å hente inn ny kunnskap vesentleg for økonomisk utvikling i bedriftene. Departementet vil medverke til at instituttsektoren på landbruks- og matområdet i auka grad prioriterer innovasjon og kommersialisering av forskingsresultat og legg vekt på dette i oppfølginga av institutta.
Omstruktureringa av forskingsinstitutta innanfor den blå-grøne sektoren ved å samle Akvaforsk, Fiskeriforskning, Matforsk og Norconserv i Nofima AS 1.1.2008, er eit viktig ledd i å tilby næringslivet heilskaplege løysningar og eit nasjonalt forskingsmiljø i internasjonal front med sikte på å auke innovasjon og kommersialisering i næringane, jf. nærmare omtale kap. 1137 post 51.
Departementet ventar at Forskingsrådet, Innovasjon Norge og institutta samarbeider for å auke innovasjonsgraden i sektoren knytt til kommersialisering av forskingsresultat.
Kunnskapsutvikling for forvaltninga
Forskingsmiljøa har ei sentral oppgåve i å forvalte internasjonal kunnskap som beredskap i særskilte samanhengar. Landbruks- og matforvaltninga brukar resultat frå forsking og samarbeider med forskingsmiljø for å sikre høg kvalitet og effektivitet i arbeidet. Departementet vil m.a. prioritere forsking og kunnskap knytt til mattryggleik og sporing av mat. Meir kunnskap om bioenergi skal òg prioriterast. I utarbeidinga av stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken og klimautfordringane skal fronten av norsk og internasjonal forsking innanfor landbruk og klima synast, der utfordringar og moglegheiter sjåast i eit langsiktig perspektiv. Det er oppretta ei faggruppe beståande av ekspertar på området landbruk og klima som skal gi råd i arbeidet med meldinga.
Landbruks- og matdepartementet viser til omtale under kap. 1137 Forsking og innovasjon for ein nærmare omtale av dei forskingspolitiske prioriteringane for 2009.
Forskingskommunikasjon og forskingsformidling
Forskingskommunikasjon er viktig i samhandlinga mellom næringsliv og forskingsmiljøa og skal auke kvaliteten og relevansen i forskinga. Forskingskommunikasjon skal sikre at næringsliv og forvaltning har tilgang på og kan gjere seg nytte av resultat frå forsking på ein effektiv måte.
Forskingskommunikasjonen skal gi befolkninga oppdatert kunnskap på landbruks- og matsektoren. Det er viktig å synleggjere korleis eit aktivt landbruk og norsk matproduksjon medverkar til å oppnå ulike samfunnspolitiske mål. Aktiv forskingskommunikasjon er òg sentralt for å sikre sektoren sin legitimitet og tillit i samfunnet.
God forskingskommunikasjon avheng av at alle aktørane innanfor landbruks- og matsektoren prioriterer å styrkje arbeidet innanfor dette området. Det bør vurderast korleis ny kunnskap frå forsking på ein kostnadseffektiv måte kan formidlast til departement og næringsaktørar.
Prioriterte forskingsområde
Dei prioriterte forskingsområda innanfor landbruks- og matsektoren skal i hovudsak ta utgangspunkt i kunnskapsbehova til næringsaktørane i heile verdikjeda.
I Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon (2007-2012) er dei prioriterte kunnskapsbehova fordelt på fem tematiske og eitt teknologisk område. Dei tematiske områda er knytt til St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning og til prioriteringar i EU sitt 7. rammeprogram for forsking. Forsking innanfor landbruk og klima er eit gjennomgåande prioritert tema i 2009. Ein viser til omtale i kap. 1137 Forsking og innovasjon for ein nærmare omtale av prioriteringane i budsjettet for 2009.
Mat, helse og forbrukar
Forskingsområdet er knytt til dei to prioriterte områda mat og helse i Forskingsmeldinga. Matpolitikken har som hovudmål at maten skal vere trygg, jf. nærmare omtale av dei matpolitiske måla i kat. 15.10. Landbruks- og matdepartementet har ansvar for at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at sluttproduktet fyller dei matpolitiske måla med omsyn til helse, miljø og forbrukarane sine ønskjer. Jordbruksproduksjonen har heilt spesielle geografiske, klimatiske og økonomiske forhold. Mykje basiskunnskap kan hentast frå internasjonal forsking. Noreg er likevel avhengig av å ha forsking tilpassa norske produksjonsforhold. For å fremje norsk mat internasjonalt bør forsking på Noregs komparative fordelar som matnasjon prioriterast. Klimaendringar inneber auka utfordringar for forskinga på dette området.
Tre og energi
Forsking på området tre og bioenergi skal betre utnyttinga av landbruksressursane til verdiskaping og medverke til å nå måla i den nasjonale energi- og miljøpolitikken.
Landbruks- og matdepartementet vil støtte opp under næringa sine mål om auka verdiskaping og bruk av tre. I samband med dette er det nødvendig med auka kompetanse og kunnskap i alle ledd frå skogen til marknaden for skog- og trebaserte produkt. Auka bruk av tre krev ny og betre kunnskap om trevirket sine tekniske og miljømessige eigenskapar og moglegheiter, samt effektive produksjonsmetodar for å få tak i ønskt material. Landbruks- og matdepartementet vil òg styrkje den næringsretta forskinga innanfor bioenergi medrekna biogass og biodrivstoff. Forsking innanfor sistnemnde skal vere ein viktig bidragsytar til at Noreg blir eit av dei leiande landa i å utvikle andregenerasjons biodrivstoff basert på trevirke og anna biomasse.
Tenester
Nyare forsking syner at lønnsemda innanfor tenesteytande næringar i landbruket er god. Mellom anna er Grønt reiseliv og Inn på tunet i stor vekst. Landbruks- og matdepartementet meiner kunnskapselementet i desse næringane bør styrkjast, gjennom auka forsking både på privat- og samfunnsøkonomisk gevinst ved ei slik satsing, særleg innanfor Inn på Tunet-tenester.
Miljø og ressursforvaltning
Forskingsområdet er knytt til dei tematiske prioriteringane energi og miljø frå St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning. Viktige forskingsspørsmål innanfor miljøområdet går fram av Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi (2008). Prioriterte område omfattar økologiske samanhengar i naturen og positive og negative effektar av landbruksaktivitet, m.a. miljøeffektar av nye næringar relatert til landbruket som til dømes fiskeoppdrett i ferskvatn. Det er behov for auka kunnskap om biologisk mangfald i kulturlandskapet og konsekvensar av endringar i landbruket. Det er òg behov for forsking på dei effektane klimaendringar har på biologiske system og korleis dette påverkar næringsverksemder innanfor jordbruket, skogbruket, reindrifta og reiselivet. Ny kunnskap om problemstillingar relatert til bruk og vern av verneområde og randsonar til slike er òg prioritert. Innanfor forureining er særleg landbrukets rolle i forhold til eutrofiering av vassdrag og fjordsystem eit viktig forskingstema.
Landbruk og samfunn
Kunnskapsområdet omfattar forsking på rammer for norsk landbruk og dei fleirsidige rollene landbruket har i samfunnet.
Forskinga skal fokusere på viktige samfunns- og marknadsforhold som påverkar norsk landbruk og landbruksrelatert industri. Forskinga skal òg sikre samfunnets tillit til sektoren når det gjeld norsk mat, matproduksjon, dyrehald og klima- og miljørelaterte spørsmål
Bioteknologi
Bioteknologien aukar moglegheitene for å forstå dei biologiske mekanismane som styrer utvikling av biologiske organismar, noko som gir potensial for å nytte slike ressursar på ein meir innsiktsfull måte. For Landbruks- og matdepartementet er det viktig at ny kunnskap blir nytta både til å gi nødvendig kunnskapsstøtte til ein del krevjande politiske prosessar som følgjer av teknologien, og til å ta ut verdiskapingspotensialet i sektoren.
Finansieringsordningar
Kategorien omfattar departementet sine løyvingar over kap. 1137, m.a. finansiering av forskingsprogram i sektoren, samt basisløyving m.m. til fem av landbruks- og matforskingsinstitutta. I samband med etableringa av Nofima i 2008 blei Fiskeri- og kystdepartementet nytt eigardepartementet av tidlegare Akvaforsk, no Nofima. Landbruks- og matforskinga kan òg få løyvingar frå avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. Næringane sin medverknad til finansiering av forsking innanfor landbruks- og matsektoren skjer hovudsakleg gjennom forskingsavgifter, jordbruks- og reindriftsavtalen og gjennom næringslivet sin eigendel i brukarstyrte prosjekt i forskingsprogramma. Som ein følgje av landbruket sin næringsstruktur, der den enkelte verksemd har liten moglegheit til å finansiere forsking, er det kollektive samarbeidet som Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og næringsfond representerer ei hensiktsmessig samarbeidsform.
I arbeidet med å følgje opp dei forskingspolitiske måla har departementet lagt vekt på å utarbeide eit mål- og resultatsystem. Vidare har departementet i samarbeid med Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og midlar over jordbruksavtalen (JA) bede Forskingsrådet om ein rapport som gir ein oversikt over den samla ressursinnsatsen innanfor landbruks- og matforskinga. Oversikten vil bli kopla opp mot landbruks- og matsektoren sine forskingsstrategiske satsingar.
Tabell 2.5 Samla oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmiddel som finansierer FoU innanfor norsk mat- og landbruksforsking. (Tal frå 2008)
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Område | Beløp |
Kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet | 157 536 |
Kap. 1137 post 51 Basisløyving til forskingsinstitutt m.m. | 190 379 |
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen | 44 500 |
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen (Reindrifta sitt utviklingsfond) | 4 500 |
Fondet for FoU-avgift på landbruksprodukt1 | 126 973 |
FoU-avgift på skogsvirke (Skogtiltaksfondet)1 | 10 345 |
Utviklingsfondet i skogbruket (kap. 1149 post 51) | 3 271 |
Forsking over Omsetningsavgifta | 10 000 |
Sum | 547 504 |
1 Budsjettal frå 2008 ekskl. administrasjonsutgifter.
Departementet har òg løyvingar til kunnskapsutvikling og beredskap, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, og utviklingsoppgåver over kap. 1112, 1115, 1141 og 1147.
Departementet vil følgje opp regjeringa sine mål om å auke den samla forskingsinnsatsen til 3 pst. av BNP, m.a. ved å leggje til rette for auka deltaking frå næringslivet. I forskingsprogramma Norsk mat frå sjø og land og Natur og Næring er det lagt vekt på auka bruk av brukarstyrte prosjekt. Dette medverkar til auka næringsfinansiering.
I 2007 blei om lag 85 mill. kroner løyvd til brukarstyrte prosjekt som er relevante for Landbruks- og matdepartementet, det vil seie prosjekt der næringsliv og forskingsinstitusjonar deler på finansieringa. Desse midlane utløyste omkring 160 mill. kroner frå andre kjelder, hovudsakleg frå næringa sjølv, slik at det totale prosjektomfanget for dei brukarstyrte prosjekta var om lag 245 mill. kroner. Landbruks- og matdepartementet vil i fellesskap med Forskingsrådet halde fram med å følgje opp verkemiddelbruken.
SkatteFUNN
Ordninga med skattefrådrag for FoU-kostnader (SkatteFUNN) er eitt av fleire ordningar for å fremje forsking og utvikling i næringslivet. Landbruks- og matdepartementet er avhengig av å ha eit lavterskeltilbod for å få små bedrifter til å starte med forskings- og utviklingsarbeid. Samanlikna med andre sektorar i ordninga, som til dømes fiskeri, har landbrukssektoren stort vekstpotensial. Stønad via SkatteFUNN-ordninga er eit nyttig bidrag til næringsutvikling i landbrukssektoren og omfattar alle typar føretak. Landbruks- og matdepartementet ønskjer at så mange landbruks- og matverksemder som mogleg deltek i ordninga. Jordbruk/mat/skog-prosjekta hadde i 2007 ein total kostnadsramme på om lag 469 mill. kroner fordelt over 306 prosjekt.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Forskingsaktivitet | 151 016 | 157 536 | 193 368 |
51 | Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m. | 190 379 | 190 379 | 175 530 |
52 | Omstillingsmidlar Bioforsk | 26 228 | 13 196 | 10 282 |
53 | Planlegging Veterinærinstituttet mv. | 3 000 | ||
Sum kap. 1137 | 367 623 | 361 111 | 382 180 |
Kap. 1137 omfattar løyvingar til forskingsaktivitet, hovudsakleg i regi av Forskingsrådet (post 50), basisløyvingar til forskingsinstitutta innanfor departementet sitt sektoransvar (post 51), løyving til omstillingstiltak i Bioforsk (post 52) samt løyving til planlegging Veterinærinstituttet (post 53). Basisløyvingane omfattar grunnløyving og strategiske instituttprogram.
Landbruks- og matdepartementet legg opp til ei satsing på 30 mill. kroner på forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst- og lagring, jf. Klimaforliket mellom regjeringa og Stortinget. I samband med innføringa av eit nytt finansieringssystem for instituttsektoren er basisløyvinga til primærnæringsarenaen auka med 3 mill. kroner, av dette er 1,5 mill. kroner over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Vidare er det foreslått ei samla løyving på 10,3 mill. kroner til omstillings- og utviklingstiltak for Bioforsk. 2009 er det siste året i omstillingsplanen. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om 382,2 mill. kroner til landbruks- og matforskinga i 2009, som inneber ein auke på 5,8 pst. frå 2008.
Post 50 Forskingsaktivitet
Resultatrapport 2007
Det var i 2007 fire sentrale program innan landbruks- og matforskinga: Arealprogrammet, Matprogrammet, Miljø 2015 og FoU-programmet TRE. Desse programma følgjer opp prioriteringane i St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning både når det gjeld forskingsbasert nyskaping og innovasjon, og gjennom dei tematiske områda mat, helse og energi og miljø.
Forskingsrådet har hatt sterkt fokus på auka verdiskaping og auka FoU-innsats frå næringslivet. Ved sida av brukarstyrte innovasjonsprosjekt der forskingsinitiativet kjem frå næringa, finst det kompetanseprosjekt med brukarmedverknad. Slike prosjekt med opphav i ein forskingsinstitusjon, men med finansiering frå næringslivet, er teke i bruk med godt resultat. I 2007 blei om lag 85 mill. kroner løyvd til brukarstyrte prosjekt som er relevante for Landbruks- og matdepartementet. Desse midlane utløyste omkring 160 mill. kroner frå andre kjelder, hovudsakleg frå næringa sjølv, slik at totalt prosjektomfang for dei brukarstyrte prosjekta var om lag 245 mill. kroner. Løyvingar frå Forskingsrådet til prosjekt i kontrakt med FoU-institusjonane utløyser òg forskingsmiddel frå andre kjelder. Dette er offentlege midlar løyvd av fleire departement direkte til institusjonane, men òg vesentlege summar frå næringslivet, m.a. gjennom kompetanseprosjekt med brukarmedverknad.
SkatteFUNN er eit av fleire verkemiddel for å fremje FoU i næringslivet. Ordninga gir skattefrådrag for næringslivet sine kostnadar til forsking og utvikling. I 2007 var om lag 8 pst. av prosjekta i SkatteFUNN frå landbruks- og matsektoren. Av dei totalt 3 735 aktive prosjekta var det 240 prosjekt innan jordbruk/mat og 66 prosjekt innan skog og tre.
Utdanning og rekruttering av forskarar har vore initiert og finansiert innanfor forskingsprogramma og strategiske instituttprogram. Midlane frå FoU-fonda i landbruket og midlane frå Forskingsrådet hadde i 2007 felles utlysing, felles søknadsvurdering og felles søknadsinnstilling. Styra for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og Jordbruksavtalemidlane til forsking (JA) har komme langt i sitt samarbeid. Kompetanseprosjekt med brukarmedverknad er særleg ein god prosjekttype i samarbeidet med FFL og JA.
Gjennom 2007 blei energi- og klimautfordringa tydelegare og det blei arbeidd med utgreiing og dokumentasjon for å få fram eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for å kunne møte desse utfordringane med relevante FoU-satsingar. Merksemda på bioenergi og klima utløyste òg eit initiativ om samanslåing av Arealprogrammet og FoU-programmet TRE, og eit samanslått program Natur og næring er etablert.
FORNY-programmet har som hovudmål å auke verdiskapinga i Noreg gjennom kommersialisering av forskingsresultat. Landbruks- og matdepartementet støtta programmet med 5 mill. kroner i 2007. Desse midlane har gått til verifiseringsordninga til FORNY som brukast for å teste teknologi og produkt og motverke risikoen som er forbunde med kjøp av uprøvde produkt. Til saman 682 forskingsidear blei vurderte som interessante for kommersialisering i 2007, og 209 blei kommersialisert.
Den etterfølgjande resultatrapporteringa er inndelt i tråd med dei seks prioriterte forskingsområda i Landbruks- og matdepartementet sin Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon 2007-2012.
Mat, helse og forbrukar
Matpolitikken krev at ulike fagdisiplinar må sjåast i samanheng for å byggje kunnskap som sikrar ein konkurransedyktig matproduksjon. Omsynet til trygg mat og samanhengen mellom mat og helse/livskvalitet representerar sentrale område. Forskinga på landbasert mat har vore basert på verdikjedetenking og med auka fokus og innsats frå næringslivet.
Matprogrammet prioriterte marknadsforsking ved utlysningane for 2007, særleg kunnskap om forbrukarpreferansar, trendar og matval i norske og internasjonale marknader. Programmet har òg styrkt innsatsen innanfor helse- og livskvalitet knytt til mat, mattryggleik og helsefremjande mat. Programmet har løyvd midlar til Veterinærinstituttet til ein gjennomgang av kunnskapsstatus for mattryggleik og smittespreiing på bakgrunn av eColi-saka i 2006. I 2007 finansierte Matprogrammet 29 prosjekt innanfor økologisk landbruk med ei samla løyving på 16,9 mill. kroner. Matprogrammet samarbeidde med European Research Area (ERA)-Net innanfor mattryggleik og økologisk landbruk. Det blei sett av midlar i 2007 til CORE organic, ERA-nettet som er eit samarbeid mellom program som finansierar økologisk forsking i ti europeiske land.
Tre og energi
Forskingsrådet har i 2007 prioritert utvikling av kunnskap rundt produksjon og bruk av bioenergi frå skog- og jordbruk. Hovudsatsinga på energiforsking i Forskingsrådet skjer gjennom RENERGI – framtidas reine energisystem. Forsking på bioenergi vil frå 2008 gjennomførast i det nye programmet Natur og næring. Det er i 2007 arbeidd for å få fram eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for framtidige satsingar med omsyn til bioenergi, blant anna leverte Universitetet for miljø- og biovitskap i november 2007 utgreiinga Klimagasser og bioenergi fra landbruket – kunnskapsstatus og forskningsbehov.
Om lag halvparten av midlane i FoU-programmet TRE blei i 2007 disponert til satsing på temaet Bedre trematerialer og produkter. Programmet løyvde 14,2 mill. kroner til norske partnarar som deltek i åtte FoU-prosjekt i Wood-Wisdom-Net i perioden 2008-2011. Ytterlegare 30 pst. av budsjettet blei disponert til prosjekt innanfor Bærekraftig skogproduksjon. FoU-programmet TRE har medverka til finansiering av eit strategisk program TRE som bygningsmateriale ved NTNU. Programmet, som blei avslutta i 2007, har finansiert seks doktorgradsstipendiatar innanfor ulike fagfelt. Satsinga har ført til stor auke i FoU-aktivitet der tre inngår og til eit styrkt samarbeid mellom forskinga og næringa.
Tenester
Forsking knytt til kva verdiar verna område har for reiselivsnæringa og forsking knytt til organisering, økonomi og effekt av tenester retta mot helse- omsorgs- og utdanningssektoren har hatt fokus i 2007.
Det juridiske fakultet ved UiO har etablert ei forskargruppe for naturressursrett, som med støtte frå m.a. Arealprogrammet starta eit større prosjekt innanfor temaet Rettar, organisering og regulering i norsk utmark. Skognæringa har fleire prosjekt som skal utvikle verdikjeda utmarksbasert reiseliv, m.a. utvikling av bynære skogar og forhold til vern. Forskingsmiljøa arbeider med fleire prosjekt i samarbeid med Norsk gardsmat og bygdeturisme. Arealprogrammet, no kalla Natur og Næring, deltek i det nasjonale arbeidet med Inn på tunet. Det blir her arbeidd med stimuleringstiltak for å bruke heile ressursgrunnlaget på garden for å gi tilbod om arbeidstrening, psykisk helsevern og oppvekst- og omsorgstenester. Arealprogrammet og JA har over fleire år støtta ei satsing ved Universitetet for miljø- og biovitskap for å medverke til å leggje til rette slik aktivitet, særleg innanfor Inn på tunet. Arealprogrammet støttar òg fleire prosjekt som skal utvikle tilbod frå hestebransjen.
Miljø og ressursforvaltning
Kunnskap om utfordringane knytt til arealressursane i næringsutvikling, infrastruktur og samferdsel og forholdet til tenesteproduksjon og reiseliv har hatt fokus i 2007.
Forsking gjennom NORKLIMA har gitt ny kunnskap om klimasystemet, klimautviklinga i fortid, notid og framtid, samt direkte og indirekte effektar av klimaendringar på natur og samfunn. Utlysingane i 2007 prioriterte forsking på klimasystemet og konsekvensar av klimaendringar. Ei rekkje forskingsprosjekt som ser på konsekvensar av klimaendringar, og då særleg i polarområdar, starta i 2007. Det blei òg starta forsking for å få fram betre klimascenario for Noreg og nærområda.
Arealprogrammet gjennomførte i 2007 drøftingar med representantar for nordnorsk næringsliv, forvaltning og forsking. Målet var å identifisere forskingsrelevante problemstillingar som kan styrkje utviklinga i nordområda og spesifikt utfordringar knytt til det nordnorske kystkulturlandskapet. Det er stor behov for samarbeid mellom kultur, reiseliv, fiskeri og landbruk inkludert reindrift. Programmet Miljø 2015 gjennomfører prosjekt innanfor biologisk mangfald, attvinning av landbruksavfall, kulturminne, fiske- og viltforvaltning og generell kunnskapsutvikling i skjeringsfeltet miljø- og landbruksforvaltning.
Landbruk og samfunn
Det er ein stadig behov for kunnskap om effektane av mål og verkemiddel i landbrukspolitikken. Matproduksjonen til lands går føre seg under heilt spesielle geografiske, klimatiske og økonomiske forhold. Aukande konkurranse gjennom internasjonalisering, endringar av handelsregima og strukturelle endringar i samfunnet set jordbruket overfor store utfordringar med krav til omstillingsevne og auka konkurransekraft. Samtidig med at produksjonen må bli meir kostnadseffektiv, blir det òg stilt større krav til kvalitet og variasjon i tilbodet av varer til forbrukarane. Produkta skal òg tilfredsstille strenge miljømessige og etiske standardar.
Arealprogrammet har ansvar for forsking for politikkutforming innan blå-grøn sektor. Oppgåva blir løyst i nært samarbeid med Matprogrammet og programmet HAVBRUK. I 2007 var dei tematiske prioriteringane: Bruk og vern, arealplanlegging, handelspolitikk og internasjonale avtaleregime. Det blei m.a. starta opp fleire prosjekt innanfor felta handelspolitikk og internasjonale handelsregime ved NORUT, NILF, Universitetet i Stavanger og Fridtjof Nansens Institutt. Viktige tema er landbruks- og fiskeripolitikk i skjeringsfeltet mellom internasjonale handels- og miljøavtaler og regionalisering av frihandelsavtaler i Søraust-Asia.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Forskingsrådet har i 2007 arbeidd vidare med Nord-Amerikasamarbeidet innanfor mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt. I 2006 blei det inngått ei avtale med Universitetet for miljø- og biovitskap om å forvalte ei chairordning mellom dette universitetet og University of Minnesota. Ni stipendiatar er knytt til prosjekt med samarbeid i Nord-Amerika. Det er i stor grad òg knytt bedrifter til desse prosjekta.
Finland har formannskap og sekretariat for dei nordiske samarbeidsorgana innanfor jord- og skogbruksforsking. Ein diskuterar korleis ein kan få eit meir effektivt samarbeid mellom dei nordiske landa på desse områda. I 2007 blei det teke initiativ til eit samarbeid mellom Nordisk Kontaktorgan for Jordbruksforskning (NKJ), Samnordisk Skogforskning (SNS) og NordForsk om forsking på kulturlandskap. NKJ etablerte i 2007 ei ekspertgruppe innanfor klimaendringar og nordisk jordbruk for å definere forskingsbehov på området.
I det nyleg avslutta 6. rammeprogram (6RP) i EU har norske aktørar vore med i om lag 820 prosjekt, eit internasjonalt samarbeid som opnar for minst 16 000 samarbeidsrelasjonar med partnarar frå 105 land. Noreg deltek i fleire ERA-Net relatert til landbrukssektoren. Matprogrammet deltek i ERA-Net prosjekta SAFEFOODERA (mattryggleik) og CORE Organic (økologisk landbruk). Det er starta opp fire prosjekt i kvar av dei to netta. I 2007 er det arbeidd for å få til ei ny utlysing i SAFEFOODERA i 2008. FoU-programmet TRE deltek i ERA-Net-prosjektet WoodWisdom, som i 2006-2007 hadde ei felles transnasjonal utlysing av forskingsmiddel. Norske partnarar har prosjektleiing i to av desse prosjekta. WW-Net-programmet omfattar i alt 17 FoU-prosjekt med ei samla økonomisk ramme på lm lag 170 mill. kroner.
Forskingsrådet har i 2007 vore aktive i oppstarten av det 7. rammeprogram (7RP), spesielt mot satsingsområda innanfor Cooperation. Dette gjeld særleg Food, Agriculture, and Fisheries and Biotechnology (FAFB) og Environment (incl. Climate Change). I byrjinga av 2008 var det i heile 7RP 189 prosjekt med norsk deltaking.
European Cooperation in the Field of Scientific and Technical Research, COST, legg til rette for internasjonalt multidisiplinært forskingssamarbeid. Det blir støtta av det 7. rammeprogram og er eit verdifullt element i arbeidet med å utvikle det europeiske forskingsområdet. Frå 2006 er det etablert ein struktur med etablering av ni nye område der domenet Food and Agriculture utgjer eitt. Det er vidare òg eit eige domene for skogsida; Forests, Products and Services. Totalt i COST blei det sett i gang 25 nye aksjonar i 2007, med norsk deltaking i om lag halvparten.
Budsjettframlegg 2009
Departementet gjer framlegg om å løyve 193,4 mill. kroner til forskingsaktivitet innanfor landbruks- og matforskinga i 2009, som er ein auke på om lag 23 pst. frå 2008. Departementet legg vekt på at forskingsaktiviteten tek opp i seg dei forskingspolitiske og tematiske prioriteringane gitt i kat. 15.20 Forsking og innovasjon og Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon, som gjeld for perioden 2007-2012. Departementet har i 2008 òg lagt fram ein miljøstrategi som peikar på kunnskapsbehov innan miljøområdet jf. omtale i kat. 15.20.
Aktiviteten knytt til post 50 er i hovudsak retta mot dei fire programsatsingane Norsk mat frå sjø og land (Matprogrammet), Natur og næring, Miljø 2015 og RENERGI. Landbruks- og matdepartementet vil styrkje landbruket si rolle innanfor klima og energipolitikken og legg fram ei stortingsmelding våren 2009 om dette temaet, jf. omtale i kat. 15.30. Forsking knytt til reduserte klimagassutslipp i landbruket, auka binding av karbon i jord og skog, auka bruk av fornybar energi innanfor landbruket samt tiltak for tilpassing til klimaendringar vil stå sentralt i meldinga. Landbruks- og matdepartementet vil framleis delta i dei store programma NORKLIMA og HAVBRUK.
Departementet vil forsterke den internasjonale satsinga på forsking, og vektlegg at norske forskingsmiljø arbeider aktivt for internasjonalt samarbeid på alle felt der dette er mogleg. Landbruks- og matdepartementet vil i 2009 arbeide for å oppretthalde deltakinga i EUs 7. rammeprogram innanfor sektoren. Den tematiske satsinga Food, Agriculture, Fisheries and Biotechnology i EUs 7. rammeprogram er viktig for landbruks- og matsektoren. Forskingsrådet skal arbeide for auka deltaking i europeiske prosjekt, nettverk og andre internasjonale samarbeidsformer innanfor landbruks- og matforskinga, særskilt innanfor område der fleire land står overfor dei same utfordringane. Landbruks- og matdepartementet vil oppretthalde si rolle som delegat i Standing Committee on Agricultural Research (SCAR).
Departementet vil fortsette arbeidet med å etablere meir effektive og kvalitetsfremjande prosedyrar for finansiering og administrering av det nordiske forskingssamarbeidet. Spesielt er det viktig å finne fram til gode modellar for samarbeidet mellom dei nordiske organa innanfor sektoren og Nordforsk og Nordic Innovation Center (NICe).
Landbruks- og matsektoren sitt forskingssamarbeid med Universitetet i Minnesota er sentralt sidan dei ligg langt framme både med omsyn til forsking, lovgiving og bruk av m.a. bioenergi. Departementet vil arbeide for å vidareføre det internasjonale forskingssamarbeid med Nord-Amerika gjennom Chair-ordninga, the Norwegian Centennial Interdisciplinary Chair, mellom Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og Universitetet i Minnesota. Formålet er å fremje mobilitet og forskingssamarbeid innanfor m.a. mattryggleik, bioenergi og klima. Departementet vil øyremerke inntil 0,3 mill. kroner til å vidareutvikle dette samarbeidet saman med andre aktuelle departement. Landbruks- og matdepartementet er vidare oppteke av at næringslivet og sektoren tek auka del i dette samarbeidet. Departementet vil i 2009 vurdere ei ytterlegare styrking av samarbeidet knytt til energi og klimarelatert forsking.
Løyvinga til Program for kommersialisering av FoU-resultat (FORNY), kan nyttast til alle FoU-institusjonar som ønskjer å kommersialisere resultat frå forsking for å skape innovative og konkurransedyktige verksemder. I tillegg til at FORNY er ein sentral aktør for å få gode forskingsidear ut på marknaden, tilbyr dei òg eit program for å teste teknologi og produkt, slik at kjøparar blir trygge på at teknologien dei kjøper held.
Departementet legg stor vekt på å auka innsatsen innanfor utdanning og rekruttering av forskarar til alle fagområda i sektoren, og programma i Forskingsrådet har ein viktig rolle i kompetanseoppbygging innanfor sektoren. Det bør rekrutterast stipendiatar og post.doc-forskarar, og ein bør òg arbeide for å freiste internasjonal forskingskompetanse til Noreg.
Landbruks- og matdepartementet har sterke forskingspolitiske interesser knytt til vedtaka i Innst. S. nr. 176 (2007-2008) om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole. Dette er knytt til flytting av Veterinærinstituttet til Ås og felles lokalisering med det nye universitetet på Ås. Med utgangspunkt i store forskingsutfordringar innanfor områda mattryggleik, dyrevelferd og fiskehelse vil Landbruks- og matdepartementet saman med Fiskeri og kystdepartementet og Kunnskapsdepartementet leggje til rette for å vidareutvikle forskingsfaglege synergiar. Randsoneinstitutta er òg viktige bidragsytarar.
Landbruks- og matdepartementet vil i 2009 prioritere områda nedanfor. For å nå måla i matpolitikken, må dei ulike fagdisiplinane sjåast i samanheng, og ein må vurdere heile verdikjeda frå jord via dyr og planter og fram til forbrukar. Vidare er det nødvendig å sjå alle forskingsområde i Noreg i ein internasjonal kontekst. Matpolitikken er omtala under kat. 15.10.
Mat, helse og forbrukar
Klima er ei prioritering for regjeringa. I 2009 ønskjast det derfor ei prioritering av forskingsprosjekt som aukar kunnskapen vår om produksjonsmoglegheiter i framtida og om truslar og smittefarar under endra klimaforhold.
Det blir lagt vekt på at forskinga kan medverke til vidareutvikling av risikoanalysar, analyseverktøy og overvaking, for å hindre innførsel, etablering og spreiing av sjukdommar og skadegjerarar hos planter og dyr. Kunnskap om sjukdommar som smitter mellom dyr og menneske (zoonosar), er særskilt viktig for mattryggleiken. Sporing av mat i matkjedene skal òg prioriterast.
For å fremje norsk mat internasjonalt bør forsking på identifisering av Noregs komparative fordelar som matnasjon prioriterast. Det kan òg bli nødvendig å utvikle gode system for dokumentasjon av desse fordelane. Landbruks- og matdepartementet vil prioritere forsking som stimulerer til utvikling av betre og sunnare produkt som kan møte norske og internasjonale forbrukarar sine behov og ønskjer. Det er òg ønskjeleg med betre kjennskap til og dokumentasjon av konkurransetilhøva i matvarekjedene.
Innanfor økologisk forsking har ein no nådd eit breitt omfang, og tida er inne for å evaluere den forskinga som er gjort og som er i gong. Med basis i evalueringa ønskjast utvikling av ein tydeleg retning innan økologisk forsking med fokus på heilskap og utfordringar basert på dei resultata ein har funne så langt.
Tre og energi
Klimaforliket legg opp til ei auka satsing på forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring. Landbruks- og matdepartementet vil styrkje forskinga innan bioenergiområdet; biovarme, biogass og biodrivstoff. Prioriterte forskingsområde innanfor biovarme er m.a. gjort greie for i regjeringa sin strategi for auka utbygging av bioenergi (april 2008). Her er forsking på utvikling av lønnsame driftssystem og infrastrukturtiltak, samtidig som ein sikrar eit berekraftig biomasseuttak frå skog til bioenergi, høgt prioritert. Landbruks- og matdepartementet vil auke innsatsen på desse områda gjennom å styrkje programmet Natur og Næring i Forskingsrådet med 20 mill. kroner.
Landbruks- og matdepartementet ser eit stort potensial for næringsutvikling knytt til utvikling av drivstoff basert på skog, trevirke og anna biomasse. Dette krev ein tydeleg og koordinert forskingsinnsats for utvikling av teknologi for kommersiell produksjon av andregenerasjons biodrivstoff, jf. òg omtale under kat. 15.30. Forskingsbehov knytt til andregenerasjons biodrivstoff vil bli behandla i ein eigen FoU-strategi, jf. Klimaforliket. Miljøverndepartementet koordinerer dette arbeidet.
Departementet vil styrkje forsking knytt til kunnskapsutfordringar i industri- og forbrukardelen av bioenergikjeda ved å auke løyvinga til programmet RENERGI med 10 mill. kroner. Innanfor denne løyvinga skal forsking knytt til andregenerasjons biodrivstoff prioriterast.
Landbruksbasert produksjon av biogass er eit satsingsfelt innanfor levering av straum, varme og drivstoff. Biogassproduksjon kan samtidig vere eit klimatiltak og medverke til å løyse eit avfallsproblem. Det er derfor eit forskings- og utviklingsbehov knytt til lønnsam produksjon av biogass tilpassa norske forhold.
Landbruks- og matdepartementet vil støtte opp under næringa sine mål om auka bruk av tre. Det er nødvendig med auka kompetanse og kunnskap i alle ledd av den skog- og trebaserte verdikjeda. Det er òg aktuelt å satse på ny kunnskap om forvaltning av skogressursane der ein tek omsyn til fleire produkt enn tømmer, som til dømes karbonbinding som klimatiltak og produksjon av vilt og opplevingar. Ny og betre kunnskap om trevirket sine tekniske og miljømessige eigenskapar, samt effektive produksjonsmetodar for å framskaffe ønskt material, vil fremje bruk av tre. Ein skal satse på internasjonalt samarbeid innanfor dei problemstillingane som gjeld fleire land enn Noreg.
Tenester
Regjeringa har satsa stort på Inn på tunet-tenester, og det har dei siste åra vore ein monaleg auke i tilbydarar av slike tenester. Parallelt med framveksten av desse tenestene aukar behovet for kunnskap om effekten av Inn på tunet-tilbod. Departementet ønskjer derfor ei prioritering i 2009 på forsking rundt bedrifts- og samfunnsøkonomiske vinningar av Inn på tunet-tenester.
Grønt reiseliv er òg ei viktig satsing for regjeringa. Norsk fjellturisme, jakt og gardsturisme er i vekst, og gir gode moglegheiter for utvikling av landbrukets tenestetilbod. I lys av veksten innanfor desse næringane ønskjer departementet meir kunnskap om korleis tilbydarar og brukarar av desse tenestene handterer bruk og vern av naturområde. Mat, kultur og naturopplevingar står òg sentralt saman med arbeidet for å utvikle gode norske merkevarer på desse felta. Tenesteytande bedrifter i landbruket er ofte små, og har liten evne til å initiere forskingsprosjekt. Derfor skal det oppmodast og tilretteleggjast for auka samarbeid mellom verksemder og forskingsmiljø slik at den landbruksbaserte turistnæringa kan utviklast og vekse.
Miljø og ressursforvaltning
Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde er knytt til forvaltning av natur- og arealressursar. I departementet sin miljøstrategi (2008-2015) er utvikling av kunnskap eit gjennomgåande tema og ein føresetnad for å nå miljømåla. Sentrale forskingsspørsmål er korleis landbruket påverkar naturens økosystem.
Det trengs kunnskap om dei konsekvensane jord- og skogbruk har for biologisk mangfald, slik at effektiv drift tek miljøomsyn. Noreg har unike landbruksgenetiske ressursar, som utgjer ein del av vårt biologiske mangfald. Det er behov for meir kunnskap om m.a. berekraftig avl og foredling og betre dokumentasjon av genetisk variasjon i aktive avls- og foredlingspopulasjonar. Vidare trengst kunnskap om tiltak og produksjonssystem som tek vare på den genetiske variasjonen, m.a. i kulturlandskapsskjøtselen.
Det trengs meir forsking om klimagassutsleppa frå jordbruket, særleg i relasjon til lystgass og karbonkrinsløpet, og om korleis utsleppa kan reduserast. Kunnskap knytt til spreiing og effektar av plantevernmiddel og reduksjon av næringssaltavrenning og ammoniakktap er òg nødvendig. Det er i tillegg behov for å få meir kunnskap om skogen si rolle i karbonkrinsløpet og tilsvarande for jordbruksareala inkludert husdyrproduksjonane, og korleis dei positive klimabidraga frå jord- og skogbruket kan forsterkast.
For å nå regjeringa sine jordvern- og kulturlandskapsmål trengst kunnskap om alle typar arealressursar, endringar i utbyggings- og behovsmønster knytt til næring, ordinær busetjing og fritidsbusetjing, og om forholdet mellom det langsiktige jordvernet og utbyggingsinteresser.
Landbruks- og matsektoren er storprodusent av organiske produkt basert på planter og dyr. Som ein følgje av dette blir det danna ei mengd organisk avfall som m.a. slakteri- og matavfall frå storhushald. Ein må finne gode, miljøvennlege og trygge måtar å nytte matavfall på, jf. omtalen ovanfor knytt til biogassproduksjon. Det er òg behov for meir forsking og dokumentasjon på helse og miljørisiko knytt til bruk av avløpsslam som gjødsel/jordforbetring. Forskinga på dette området bør gi ein god basis for organisasjonane som arbeider med husdyr og planteforedling.
Innanlands oppdrett av fisk i ferskvatn er eit satsingsområde i landbruket. For å auke konkurranseevna til norske oppdrettarar er det behov for forsking på tiltak som betrar lønnsemda i næringa. Det er òg behov for forsking som bidreg til å redusere næringa si påverknad på miljø. I første rekkje gjeld dette i forhold til utslepp av næringsstoff til vassdrag.
Landbruk og samfunn
Det er behov for auka kunnskap om internasjonale handelsavtalar og EU sin felles landbrukspolitikk relatert til norsk landbrukspolitikk og konkurranseforholda for norsk landbruk og landbruksindustri.
Det er behov for kunnskap om korleis areala og landbruket si samfunnsmessige rolle blir forvalta av m.a. plan- og bygningslova og kommunane. Sikring av verdifulle jordbruksareal for matproduksjon og ivaretaking av kulturlandskap er nødvendig då berre 3 pst. av Noregs areal er dyrka mark.
I arbeidet med forvaltninga av landbruks- og matpolitikken vil departementet prioritere å vidareutvikle kunnskap om effektane av økonomiske og juridiske verkemiddel innanfor sektoren sitt ansvarsområde. Dette kontinuerlege kunnskapsbehovet er m.a. knytt til juridiske verkemiddel i samband med eigar- og bruksstruktur, busetjing og rasjonell utnytting av landbruksressursane. Kunnskapsutviklinga på desse områda er sentral i arbeidet med å målrette verkemidla best mogleg. Kunnskap i forvaltninga om fordelingsspørsmål knytt til retten og tilgangen til genetiske ressursar er òg ei viktig prioritering.
Konflikten mellom beitedyr og rovvilt krev auka kunnskap om balansen mellom landbruket og utmarksnæringane sine behov og omsynet til Noregs internasjonale forpliktingar om bevaring av aktuelle rovdyrartar.
Departementet ønskjer å prioritere forsking som gir svar på kva for måte endringar i eigedomsstrukturar, driftsopplegg, bruk av leigetenester o.a. verkar inn på likestillinga i næringa.
Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.
Noregs forskingsråd har i 2009 ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til fem forskingsinstitutt som Landbruks- og matdepartementet har sektoransvar for: Bioforsk, Bygdeforsking, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap og Veterinærinstituttet (VI). AKVAFORSK blei frå 1.1.2008 ein del av Nofima AS, der Fiskeri- og kystdepartementet er staten sin eigarrepresentant. Basisfinansieringa for tidlegare AKVAFORSK er frå og med 2009 overført til Fiskeri- og kystdepartementet.
Hovudoppgåvene for landbruks- og matforskingsinstitutta er å tilby bruksretta forsking til næringsliv og forvaltning, å vere reiskap i den offentlege FoU-politikken for å utvikle kunnskap på nasjonalt prioriterte område i arbeidsdeling og konkurranse med universitets- og høgskolesektoren, og å gjere forvaltningsretta oppgåver og spesialiserte tenester for det offentlege.
Fleire av landbruks- og matforskingsinstitutta utfører oppgåver innanfor kunnskapsutvikling og beredskap på vegne av departementet, jf. kap. 1112, 1139 og 1141.
Hovudtrekk i utviklinga
Landbruksforskingsinstitutta har hatt eit samla positivt driftsresultat i heile perioden 2003-2007. Driftsinntektene har auka frå 712 mill. kroner i 2003 til 980,4 mill. kroner i 2007 (ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter). Nokre av institutta har likevel hatt negative driftsresultat i perioden. Institutta sine samla driftsinntekter kjem frå ulike kjelder. Det er store skilnader mellom institutta.
I 2007 kanaliserte Forskingsrådet 288 mill. kroner til dei seks institutta, ein auke frå 211 mill. kroner i 2003. Løyvinga frå Forskingsrådet til institutta, som del av dei samla driftsinntektene, var den same både i 2003 og 2007 (knapt 30 pst.). Dei samla basisløyvingane (grunnløyving og strategiske instituttprogram) frå Forskingsrådet til institutta, som del av dei samla driftsinntektene, har vist ein svak reduksjon dei siste fem åra, frå 21 pst. i 2003 til 18 pst. i 2007. Grunnløyvingane til institutta er auka med knapt 30 mill. kroner frå 2003 til 2007, medan løyvingane til strategiske instituttprogram er om lag dei same i 2007 som i 2003.
Tabell 2.6 Oversikt over økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2007.
Driftsinntekter1 | Driftsresultat1 | Grunnløyving | Løyving til strategiske instituttprogram | Basisløyving. pr. forskarårsverk | Basisløyving. i pst. av driftsinntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | 1 000 kr | Mill. kr | Mill. kr | 1 000 kr | Pst. | |
AKVAFORSK | 101,8 | 127 | 13,4 | 13,1 | 662 | 28 % |
Bioforsk | 362,5 | 2 536 | 63,2 | 14,6 | 326 | 21 % |
Bygdeforsking | 20,5 | -597 | 3,2 | 4,8 | 467 | 40 % |
NILF | 47,5 | 1 693 | 5,9 | 3,3 | 271 | 19 % |
Norsk institutt for skog og landskap | 172,0 | -1 793 | 23,9 | 8,2 | 513 | 19 % |
Veterinærinstituttet | 276,1 | 1 442 | 10,8 | 8,7 | 143 | 7 % |
Sum | 980,4 | 3 408 | 120,4 | 52,7 | ||
Gjennomsnitt | 327 | 18 % |
1 Samla inntekter ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter.
Institutta har i 2007 hatt oppdragsinntekter frå offentleg forvaltning på om lag 203 mill. kroner og frå næringslivet på om lag 106 mill. kroner. I 2003 rapporterte institutta oppdragsinntekter på 127 mill. kroner frå offentleg forvaltning, 105 mill. kroner frå næringslivet og 21 mill. kroner frå utlandet. Tala kan ikkje samanliknast direkte fordi inntektene ikkje er klassifisert heilt likt mellom åra.
Tabell 2.7 Oversikt over personale, publisering og formidling ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2007.
Samla årsverk | Forskarårsverk. i pst. av totalt antall åsverk | Tilsette med dr. grad pr. forskarårsverk | Vit. artiklar m/referee pr. forskarårsverk | Rapportar pr. forskarårsverk1 | |
---|---|---|---|---|---|
Tal | Pst. | Forh. tal | Forh. tal | Forh. tal | |
AKVAFORSK | 85 | 47 % | 1,03 | 1,00 | 1,45 |
Bioforsk | 393 | 61 % | 0,61 | 0,46 | 1,34 |
Bygdeforsking | 22 | 78 % | 0,76 | 0,47 | 0,88 |
NILF | 63 | 54 % | 0,38 | 0,55 | 0,97 |
Norsk institutt for skog og landskap | 202 | 31 % | 0,75 | 0,62 | 0,89 |
Veterinærinstituttet | 325 | 42 % | 0,63 | 0,90 | 0,57 |
Gjennomsnitt | 49 % | 0,65 | 0,64 | 1,06 |
1 Omfattar rapportar i eigen rapportserie, i ekstern rapportserie og rapportar til oppdragsgjevarar.
Personalressursane utgjorde i 2007 1 089 årsverk, ein auke på 117 frå 2003. 49 pst. er klassifisert som forskarårsverk. Dette er ein auke frå 41 pst. i 2003. Om lag 65 pst. av forskarane har doktorgrad, om lag det same som i 2003. Delen av kvinnelege forskarar har auka frå 41 pst. i 2003 til 43 pst. i 2007. I alt 71 doktorgradsstipendiatar hadde arbeidsplass ved institutta i 2007, og det blei avlagt 18 doktorgradar der tilsette ved institutta var rettleiar for stipendiaten.
I dialogen med institutta har Forskingsrådet fokusert på publisering i internasjonale tidsskrift. Fleire av institutta har innført ulike incentivordningar for å fremje internasjonal publisering. Talet på vitskaplege artiklar publisert i tidsskrift med referee-ordning har auka frå 236 i 2003 til 336 i 2007.
Fornying og samordning innanfor institutt og universitets- og høgskolesektoren
For å møte utfordringane innanfor FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt, har departementet dei siste åra gjennomført fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Dei største tiltaka har vore etablering av Bioforsk frå 1.1.2006, Norsk institutt for skog og landskap frå 1.7.2006 og Nofima AS frå 1.1.2008.
I Nofima AS inngår AKVAFORSK AS, Fiskeriforskning AS, Matforsk AS og Norconserv AS. Staten eig 56,8 pst., Stiftelsen for landbrukets næringsmiddelforsking 33,2 pst. og Møre og Romsdal fylkeskommune 10 pst. av aksjane. Fiskeri- og kystdepartementet forvaltar staten sine eigarinteresser. Ivaretaking og utøving av statens eigarskap er basert på felles utarbeid prinsipp og eit fast møteopplegg mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Det blir vist til nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Fiskeri- og kystdepartementet.
Stortinget vedtok i 2008 å flytte Veterinærinstituttet og Noregs veterinærhøgskole til Ås og samtidig slå saman NVH og Universitetet for miljø- og biovitskap til eit nytt universitet. Planleggingsarbeidet må sikre at ein samla får til mest mogleg funksjonelle lokalitetar som samtidig legg til rette for å utnytte faglege synergiar med dei forskingsinstitutta som allereie er på Ås; Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Nofima, jf. omtale under post 53.
Budsjettframlegg 2009
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 175,5 mill. kroner som basisløyving til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving og strategiske instituttprogram.
I samband med etablering av Nofima i 2008 har Landbruks- og matdepartementet overført basisløyving på 19,7 mill. kroner til Fiskeri- og kystdepartementet, kap. 1023 post 72. Landbruks- og matdepartementet set av 3,55 mill. kroner til Nofima i 2009 til vidareføring av dei strategiske satsingane i Akvaforsk.
Det blir innført eit nytt basisfinansieringssystem for instituttsektoren frå og med 2009. Det er gjort nærmare greie for det nye systemet i St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Kunnskapsdepartementet.
Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta består av grunnløyving og strategiske løyvingar. Grunnløyvinga består av ein fast del og ein resultatbasert del. Det nye systemet skal fordele ein del av grunnløyvinga etter resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular (avlagte doktorgrader og bistillinger), internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter. Alle indikatorane skal vektast mot ein relevanskomponent som består av summen av internasjonale inntekter, forskingsrådsinntekter og nasjonale oppdragsinntekter som del av samla forskingsinntekter ved institutta (ekskl. finansinntekter).
Regjeringa ønskjer med dette å leggje til rette for at forskinga ved institutta har god kvalitet, at institutta styrkjer den anvendte rollen og den internasjonale verksomheita og at institutta samarbeider med norske universitet og høgskolar.
Det er lagt opp til fire fordelingsarenaer, jf. St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Kunnskapsdepartementet. Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri - og kystdepartementet er felles ansvarlege departement for grunnløyvinga til primærnæringsarenaen, som inkluderer alle landbruksinstitutta; Bioforsk, Bygdeforsking, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Norsk institutt for skog og landskap, Veterinærinstituttet (VI) og fiskeriinstitutta; Nofima og SINTEF Fiskeri og havbruk. Ordninga blir innført i 2009, med ei styrking av grunnløyvinga på 3 mill. kroner innanfor primærnæringsarenaen, kor det er sett av 1,5 mill. kroner på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Frå 2010 vil delar av eksisterande grunnløyving bli omfordelt etter oppnådde resultat på indikatorane nemnt over, og regjeringa tek sikte på ei omfordeling på 10 pst. av grunnløyvinga dette året. I høve til primærnæringsarenaen er det særleg behov for å vurdere verknader etter det første året, før endeleg nivå på omfordeling av eksisterande grunnløyving kan fastsetjast i budsjettet for 2010.
Styrking av grunnløyvinga i 2009 vil vere eit positivt insentiv for institutta til å omstille seg langs dei linjene som regjeringa har trekt opp for den nye basisfinansieringa. Dette vil gi institutta tid til å omstille seg slik at dei er meir budd på at òg ein mindre del av eksisterande rammer blir omfordelte i 2010.
Inntil 30 pst. av basisløyvinga på fordelingsarenaen for primærnæringsinstitutta skal nyttast til strategiske instituttløyvingar for å ta i vare langsiktig kompetanseheving og kunnskapsoppbygging ved institutta på område av spesiell interesse for sektoren, og som ikkje let seg realisere gjennom andre finansieringsordningar. Kontraktar om strategiske instituttprogram som institutta har inngått skal i hovudsak gå som avtalt òg etter overgangen til ny basisfinansieringsordning. Nye strategiske satsingar kan først bli lyst ut når alle institutta på arenaen har avslutta dei vesentlegaste kontraktane om strategiske instituttprogram frå den tidlegare ordninga. Ein hovudregel er at dei strategiske løyvingane blir lyst ut i regi av Noregs forskingsråd. Berre unntaksvis, og når faglege vurderingar tilseier at berre eit institutt kan ta på seg oppdraget, kan sektordepartementa tildele midlar direkte til eit institutt.
Midlar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond skal ikkje inngå som ein del av basisløyvinga i det nye finansieringssystemet.
I samband med innføringa av nytt basisfinansieringssystem er det overført 4,2 mill. kroner frå Miljøverndepartementet sitt budsjett kap. 1410, post 50 til kap. 1137 post 51 som følgje av at Bioforsk vil tilhøyre fordelingsarenaen for primærnæringsinstitutt.
Departementet har i samarbeid med Forskingsrådet, Bioforsk og Norsk institutt for skog og landskap gått gjennom institutta sine løyvingar over kap. 1137. Som følgje av denne gjennomgangen foreslår departementet å flytte dei nasjonale oppgåvene som ikkje er knytt til den forskingsfaglege aktiviteten ved Bioforsk og Norsk institutt for skog og landskap over til andre budsjettkapitel. Landbruks- og matdepartementet flyttar 6,5 mill. kroner frå kap. 1137 post 51 som fordelast med 4,5 mill. kroner til kap. 1112 post 51 og 2 mill. kroner til kap. 1141 post 52.
Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Departementet føreset at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.
For å møte krav om auka effektivisering og hensiktsmessig infrastruktur i samband med Stortinget sitt vedtak om å flytte Veterinærinstituttet og Noregs veterinærhøgskole (NVH) til Ås og samtidig slå saman NVH med Universitetet for miljø- og biovitskap til eit nytt universitet er det overført midlar til kap. 1137 post 53.
Løyvinga fordelt mellom grunnløyving, strategiske instituttprogram m.m.
Grunnløyvingar til forskingsinstitutt
Grunnløyvingane skal gå til aktivitetar som er sentrale for forskinga ved institutta, slik som langsiktig kompetanseutvikling, fagleg fornying, rekruttering, forsking innanfor institutta sine kjerneområde, vitskapleg utstyr, kvalitetssikring, nettverksbygging, publisering og formidling.
Strategiske instituttprogram
Noregs forskingsråd tildeler strategiske program til institutt og forskingsmiljø ved universitet og vitskaplege høgskolar innanfor Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar. Målet er å skape forskingsmiljø av høg kvalitet gjennom målretta grunnleggjande forsking, brukarretta forsking og kompetanseoppbygging, slik at dei kan utvikle seg til gode reiskap for forsking, forvaltning og næringsliv innanfor sektoren. Programma skal føre til fagleg styrking og spesialisering innanfor område som er aktuelle for næringsutvikling. Forskarutdanning skal vere eit sentralt element i programma. Gjennom strategiske program kan ein medverke til ei god arbeidsdeling og eit godt samarbeid mellom FoU-miljøa med sikte på arbeid på tvers av ulike fag- og institusjonsgrenser og betre utnytting av den samla spisskompetansen innanfor landbruks- og matforskinga.
Dei strategiske programma skal brukast til å utvikle kompetanse innanfor prioriterte forskingsfelt og felt der det er behov for rekruttering, og til å etablere og vidareutvikle faglege tyngdepunkt.
Det er vidare sett av midlar til medlemskap i Nordiske jordbruksforskarar si foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremje jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden.
Landbruks- og matforskingsinstitutta
Institutt for akvakulturforsking AS (AKVAFORSK)
AKVAFORSK blei frå 1.1.2008 ein del av Nofima AS. Instituttet var tidlegare eit aksjeselskap eigd av UMB, Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO), NVH, kommunane Sunndal og Averøy, Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. AKVAFORSK hadde som mål å vere leiande innan forsking og kunnskapsoverføring i moderne akvakultur. Kjerneområde var genetikk, ernæring, produksjonsstyring/miljø og produktkvalitet.
Rapport 2007
AKVAFORSK hadde i 2007 høg produksjon av vitskaplege artiklar, med 1,0 artikkel pr. forskarårsverk. AKVAFORSK opplevde for fjerde år på rad svært god vekst i omsetninga (om lag 15 pst.). Dette skuldast godt tilslag på søknader til EU og Forskingsrådet, samt godt samarbeid med industrien. Den eksternt finansierte forskinga er meir enn dobla på 4 år. AKVAFORSK har hatt eit positivt driftsresultat i heile perioden 2003-2007, og resultatet frå drifta i 2007 blei på 0,1 mill. kroner. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 26,5 mill. kroner, som er ein auke på 2,6 mill. kroner frå 2006. Basisfinansieringa har i perioden 2003-2007 gått ned frå 35 til 28 pst. av dei samla driftsinntektene til instituttet. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2003 til 2007 auka frå 78 til 85. Talet på forskarar som del av totale årsverk var 47 pst. både i 2003 og i 2007. AKVAFORSK hadde i 2007 fire strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd. Av desse var eitt nytt i 2007 og eitt blei avslutta i 2007.
Målsetjing 2009
Basisfinansieringa er i all hovudsak overført frå Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett til Fiskeri- og kystdepartementet. I tillegg vil Landbruks- og matdepartementet for 2009 øyremerke 3,55 mill. kroner til Nofima til vidareføring av dei strategiske satsingane i Akvaforsk. For omtale av målsetjing for akvakulturforskinga i Nofima blir det vist til St.prp. nr. 1 (2008-2009) fr Fiskeri- og kystdepartementet.
Bioforsk
Bioforsk blei etablert som eit forvalntingsorgan med særskilde fullmakter frå 1.1.2006. Bioforsk skal vere ein regionalt, nasjonalt og internasjonalt konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar gjennom forsking og utviklingsarbeid innanfor landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvaltning. Instituttet skal medverke til auka innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvalnting og matproduksjon til nytte for næring, forbrukarar og samfunn. Instituttet har nyleg utarbeida ein ny strategisk plan for 2008-2012 der visjonen er: På lag med framtida: Mat - miljø - moglegheiter.
Rapport 2007
I 2007 gjorde instituttet ei avtale med Universitetet for miljø- og biovitskap og Norsk institutt for skog og landskap om å etablere Norsk senter for bioenergiforsking. Den positive utviklinga frå 2006 er ført vidare i 2007 og Bioforsk hadde i 2007 eit positivt driftsresultat på 2,5 mill. kroner. Basisløyvinga frå Forskingsrådet var i 2007 på 77,8 mill. kroner, som er ein auke på 4,1 mill. kroner frå 2006. Basisløyvinga har i heile perioden 2003-2007 vore på mellom 20 og 22 pst. av dei samla driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet var i 2007 393, ein nedgang på 54 frå 2003. Talet på forskarar som del av det totale talet på årsverk var 61 pst. i 2007, medan det i 2003 var 42 pst. Bioforsk hadde i 2007 sju strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd. Av desse var to nye i 2007 og eitt blei avslutta i 2007.
Målsetjing 2009, jf. òg kat. 15.20 og kap. 1112 post 51 og 52
Bioforsk skal i 2009 halde fram med å vidareutvikle dei fire hovudbeina i deira faglege plattform:
Næringsutvikling og verdiskaping innanfor landbruk og andre arealbaserte eller tilgrensande næringar
Miljøspørsmål, i første rekkje relatert til jord og vatn, men òg i høve til kulturlandskap og livsmiljø for menneske og husdyr
Berekraftig ressursforvaltning, i første rekkje knytt til jord, vatn, landskap og avfallsressursar, men òg i høve til biologisk/genetisk mangfald
Trygg mat, retta mot produktkvalitet, plantevern, dyrevelferd, produksjonspotensiale og beredskapsomsyn
Det skal leggjast stor vekt på å utnytte faglege synergiar internt i instituttet, slik at Bioforsk står fram som ein sentral kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk med basis i forsking av høg kvalitet. Ut over det har instituttet eit ansvar for å ivareta og forvalte tradisjonar og kompetanse av historisk karakter og av langsiktig nasjonal verdi.
Bioforsk skal aktivt bidra med kunnskap for å fremje verdiskaping og berekraftig utvikling i fleire sektorar, men med eit særskilt ansvar for verdiskaping og nyorientering i norsk landbruk i vid forstand. Andre sektorar relatert til m.a. samferdsel, busetjing, industri, kommunalteknikk, turisme og friluftsliv representerar potensielle vekstområde som må få rom for utvikling.
Bioforsk skal ha ein klar profil i høve til lokalt og nasjonalt kunnskapsbehov og samtidig vidareutvikle og forsterke den internasjonale profilen og engasjementet sitt rundt miljøspørsmål og berekraftig forvaltning av naturressursar.
I samband med etableringa av Bioforsk blei det etablert eit husleigesystem for dei statlege eigedommane som instituttet treng i verksemda. Leigeinntektene er budsjettert under kap. 4112. Leigesystemet har auka kostnadane for tenestene frå Bioforsk. Løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet til FoU og FoU-baserte tenester blei derfor auka frå 2006, og dette er vidareført i framlegga for 2009. Husleigesystemet skal medverke til optimal bruk av eigedomsmassen, slik at eigedommar som ikkje trengst for FoU-verksemd kan nyttast på annan måte, evt. avhendast.
Norsk senter for bygdeforsking (Bygdeforsking)
Stiftelsen Bygdeforsking har som mål å vere eit nasjonalt senter som gjennom forsking og utviklingsarbeid skal gi fakta, analysar, idear og ny kunnskap som kan medverke til ei positiv utvikling på bygdene. Bygdeforsking har eit nasjonalt ansvar for å utvikle og ta vare på grunnleggjande forskingskompetanse innanfor bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar og fungere som eit godt synleg knutepunkt for internasjonal ruralsosiologi.
Rapport 2007
Bygdeforsking har i 2007 særleg arbeidd med bygde- og næringsutvikling, omstilling og innovasjon; matproduksjon, forbrukarholdningar og etikk; kultur, levekår og arbeidsmiljø og ressursforvaltning, kulturlandskap og miljøspørsmål. Den faglege kompetansehevinga har vore god. Tre forskarar tok doktorgrad og ei doktorgradsavhandling blei levert til bedømming. Meir enn 70 pst. av staben har doktorgrad.
Rekka med år med positivt driftsresultat blei broten i 2007 med eit driftsunderskott (før finans) på nærmare 0,6 mill. kroner. Årsaka er svikt i oppdragsmarknaden. Som følgje av dette er det gjennomførd ei omstilling og nedbemanning i staben. Basisløyving (grunnløyving og tre strategiske instituttprogram) frå Forskingsrådet var på 8 mill. kroner i 2007, som er ein auke på 0,8 mill. kroner frå 2006. Basisfinansieringa har i perioden 2002-2007 variert mellom 36 og 47 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet, i 2007 var den 40 pst. Talet på årsverk ved instituttet har vore stabilt mellom 17 og 22 i perioden 2002-2007.
Målsetjing 2009
Bygdeforsking skal leggje vekt på kunnskapsutvikling og formidling innanfor felta:
næringsutvikling knytt til bygder og landbruk i omstilling
berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar i kyst- og bygdesamfunn
matproduksjon, lokal foredling og forbrukarspørsmål knytt til dette
miljø i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
heilskapleg bygdeutvikling med småsamfunn, rekruttering og kjønnsspørsmål i fokus.
Bygdeforsking tek vare på den unike sosiokulturelle basiskompetansen og bruk av denne på nye område, til dømes innanfor nye kultur- og opplevingsnæringar, men òg for at det tradisjonelle landbruket skal møte dei utfordringane som kjem av den globale forverringa av matvareforsyninga og klimaproblema. Bygdeforsking skal satse vidare innanfor forsking på tenester med basis i ressursane og arbeidskrafta på garden, under dette regionalt reiseliv og ressursbasert bygdeturisme. Bygdeforsking vil oppretthalde og vidareutvikle sitt forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar.
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
NILF er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. NILF sin visjon er å vere det leiande norske kunnskapsmiljøet innanfor landbruks- og matvareøkonomi. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap om forvaltning av landbruks- og matressursar. NILF tek òg oppdrag relatert til fiskeri- og havbrukssektoren, med særskilt vekt på handelspolitiske spørsmål.
Rapport 2007
NILF har i 2007 hatt ei basisløyving frå Forskingsrådet på 9,2 mill. kroner, ein auke på 0,8 mill. kroner frå 2006. Instituttet har lagt særs stor vekt på å nytte basisløyvinga til forskarutdanning, kompetanseutvikling, nettverksbygging og meritterande forsking. Basisløyvinga har i perioden 2003-2007 variert mellom 18 og 21 pst. av dei samla driftsinntektene til instituttet. NILF har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 2003-2007, i 2007 var resultatet 1,6 mill. kroner. Talet på årsverk ved instituttet var i 2007 totalt 63, ein nedgang frå 66 i 2003. Talet på forskarar som del av totale årsverk har auka frå 44 pst. i 2003 til 54 pst. i 2007. NILF har i 2007 hatt to strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.
Målsetjing 2009 jf. kap. 1141 post 50
Forskingsverksemda til NILF tek utgangspunkt i skisserte mål og oppgåver for instituttet. NILF orienterer seg etter marknaden og styrkjer kompetansen innanfor felt der ein kan rekne med at forsking og utgreiing vil bli etterspurd, og der instituttet kan utfylle eksisterande kompetanse ved andre miljø, nasjonalt og internasjonalt. NILF må arbeide vidare med kompetansehevande tiltak og formidling av vitskaplege resultat.
Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analyse av verdikjeda for matvarer skal framleis vere sentrale fagområde for NILF i 2009. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader og endringar i handelspolitiske rammevilkår, og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, vil vere aktuelle tema. NILF skal styrkje samfunnsperspektivet ved å sjå landbruks- og matsektoren i samband med fellesgode og heile verdikjeda for landbruksprodukt. Mellom anna skal instituttet medverke til auka kunnskap om samanhengen mellom landbruk, landbrukspolitiske mål og verkemiddel på den eine sida, og utslepp og opptak av klimagassar på den andre. Det trengs kunnskap om landbruket sine moglegheiter til å vere med på å løyse klimautfordringane i samfunnet. NILF skal òg medverke til auka kunnskap om skattlegging av landbruksverksemd og om entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa. NILF vil vidareutvikle og oppretthalde FoU-samarbeidet med nasjonale og internasjonale FoU-institusjonar.
Norsk institutt for skog og landskap
Norsk institutt for skog og landskap er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet blei etablert 1.7.2006 ved samanslåing av Skogforsk og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS). Norsk institutt for skog og landskap er eit nasjonalt institutt for kunnskap om arealressursar. Forskinga ved instituttet skal dekkje behov for kunnskap om skog, jord, utmark og landskap. Forskinga dekkjer heile den skogbaserte verdikjeda frå genetikk og foredling, skogskjøtsel, driftsteknikk og logistikk, til treteknologi.
Rapport 2007
I 2007 gjorde instituttet ei avtale med Universitetet for miljø- og biovitskap og Bioforsk om å etablere Norsk senter for bioenergiforsking. Norsk institutt for skog og landskap hadde eit driftsunderskot på 1,7 mill. kroner i 2007. Instituttet hadde ei basisfinansiering på 32,1 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2007, ei nedgang på 1 mill. kroner frå 2006. Basisløyvinga til Norsk institutt for skog og landskap i 2007 utgjorde om lag 19 pst. av dei samla driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet var i 2007 på 202. Talet på forskarar var om lag 70. Norsk institutt for skog og landskap har i 2007 hatt fire strategiske instituttprogram som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.
Målsetjing 2009, jf. òg kap. 1141 post 52
Forskinga ved instituttet er i første rekkje ei vidareføring av skog- og miljøforskinga som Skogforsk tidlegare har utført. I tillegg til løyvinga over denne posten, får instituttet midlar over kap. 1141 post 52. Med samanslåinga av Skogforsk og NIJOS er ulike kompetansemiljø sett saman i ein ny organisasjon, og dette kan òg gjere det aktuelt med forsking på nye område. Norsk genressurssenter som er lagt til det nye instituttet er eit bidrag til dette, ved ei samling og koordinering av kompetansen og aktiviteten innan genressursområdet.
Departementet legg særskilt vekt på områda berekraftig økonomisk utnytting av ressursane i skog og utmark og utvida analysar av dei komplekse, dynamiske og sårbare økosystema. Kompetansen innanfor dei meir tradisjonelle felta må tilpassast aktuelle problemstillingar. Dei faglege prioriteringane må generelt tilpassast moglegheitene for inntekter, noko som ber med seg at forholdet til eksisterande og nye kundar og brukarar må vidareutviklast. Samarbeid og arbeidsdeling med andre institusjonar, både her i landet og utanlands, er nødvendig. Det skal leggjast stor vekt på samarbeid med dei miljøretta forskingsinstitutta.
Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og er eit nasjonalt forskingsinstitutt innanfor dyrehelse, fiskehelse og mattryggleik. Instituttet har som mål å vere ein nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap og kompetanse innan mattryggleik og helse og velferd hos dyr og fisk. Slik kunnskap er grunnlag for vedtak i forvaltninga og støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar.
Rapport 2007
Basisløyvinga frå Noregs forskingsråd blir brukt til langsiktig oppbygging og vedlikehald av den vitskaplege kompetansen ved instituttet. Løyvinga var i 2007 på 19,5 mill. kroner, som er ein auke på 3,1 mill. kroner frå 2006. Basisløyvinga frå Forskingsrådet utgjer likevel ein liten del av dei totale driftsinntektene til instituttet, og har vore på 7-8 pst. i heile perioden 2003-2007. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2003-2007 auka frå 266 til 325. Talet på forskarar i høve til totale årsverk har auka frå 30 til 42 pst. i perioden. Veterinærinstituttet har i 2007 hatt fire strategiske instituttprogram som ein del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.
Målsetjing 2009, jf. òg kap. 1112 post 50
Instituttet skal særleg leggje vekt på forvaltningsretta forsking innanfor sine kjerneområde patologi, mikrobiologi, immunologi, kjemi, toksikologi og epidemiologi.
Veterinærinstituttet må prioritere forsking på diagnostiske, analytiske og epidemiologiske metodar, med sikte på å gi forvaltninga betre grunnlag for å kunne ta rette avgjersler. Vidare må instituttet leggje stor vekt på internasjonalt samarbeid og deltaking i internasjonale forskingsprosjekt, samt å ivareta arbeid knytt til blå/grøn sektor.
Post 52 Omstillingsmidlar Bioforsk
Statusrapport
Bioforsk blei etablert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter frå 1.1.2006. Den utarbeidde omstillingsplanen dokumenterte behov for ei rekkje tiltak for å skape balanse mellom inntekter og utgifter i åra framover.
I tråd med Stortinget sitt vedtak ved behandlinga av etableringa, vil hovudtiltaka vere:
Effektivisering ved at talet på årsverk blir redusert med i underkant av 10 pst., faktureringsgraden aukast med 5 pst., utnytting av IT betrast og fellestenester samordnast i større grad
Samlokalisering ved å flytte FoU-verksemd og leggje ned einingar
Betre utnytting av infrastrukturen
Ekstern bistand til omstilling for å redusere driftskostnader og bidra til ein generell effektivisering i tillegg til årsverksreduksjonen
Talet på årsverk er dei to første åra i omstillingsperioden redusert med 37, noko som svarar til i underkant av 9 pst. av totalt tal årsverk.
Forskingsverksemda ved Njøs er i 2007 flytt til Ullensvang, og Njøs er seld. Verksemda ved Kise er flytt til Apelsvoll våren 2008. Det blir arbeidd med sal av Kise.
Styret i Bioforsk vedtok i 2007 å leggje ned aktiviteten ved Sæter i Tynset, og garden blir lagt ut for sal hausten 2008. Kvithamar skal fortsetje på same staden, men med ein redusert bygningsmasse tilpassa FoU-verksemda sitt behov. Der blir arbeidd med sal av deler av bygningsmassen. FoU-verksemda ved Vågønes blir hausten 2008 lokalisert saman med Høgskolen i Bodø og Nordlandsforsking. Framtidig bruk av eigedommen Vågønes blir vurdert i samarbeid med lokale og regionale styresmakter og næringsinteresser. Styret i Bioforsk vil i slutten av 2008 vurdere framtidig bruk av Løken i Austre Slidre.
Som det er gjort greie for i St.prp. nr. 69 (2006-2007), har Bioforsk, som ein del av omstillinga i 2007 lagt ned den kommersielle laboratorieverksemda.
Budsjettframlegg 2009
Omstillingsplanen skal gå over fire år (2006-2009). Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 10,3 mill. kroner til omstillings/utviklingstiltak i 2009, som er siste året i omstillingsplanen.
Midlane skal nyttast til:
Redusert bemanning med tilhøyrande kostnader fordelt mellom sluttavtalar og venteløn. Midlane skal dekkje forpliktingar frå perioden 2006 - 2008 og frå ytterlegare nedbemanningar i 2009.
Bygningsmessige tiltak knytt til samlokalisering, flytting og effektivisering av FoU-verksemda.
Ekstern bistand til omstillings- og omstruktureringsarbeidet
Finansiering av utviklingsprosjektet for omstilling av einingar som ikkje trengs av omsyn til FoU-aktiviteten.
Post 53 Planlegging Veterinærinstituttet mv.
Landbruks- og matdepartementet har sterke areal- og funksjonsmessige interesser knytt til vedtaka i Innst. S. nr. 176 (2007-2008) Om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskole. Dette er knytt til flytting av Veterinærinstituttet til Ås og felles lokalisering med det nye universitetet på Ås. I samband med store framtidige investeringar i infrastruktur i forskingssektoren må ein sikre at ein samla får til mest mogleg funksjonelle lokalitetar som samtidig legg til rette for å utnytte faglege synergiar og økonomisk optimale løysingar med dei forskingsinstitutta som allereie er på Ås; Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Nofima. Landbruks- og matdepartementet legg opp til ei løyving på 3 mill. kroner til dette arbeidet i 2009. Ein viser òg til omtale i St.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Kunnskapsdepartementet.
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m.: | 22 702 | 27 290 | 26 591 | -2,6 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar: | 29 385 | 32 855 | 34 410 | 4,7 |
1141 | Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket: | 102 193 | 105 587 | 110 574 | 4,7 |
1143 | Statens landbruksforvaltning: | 221 821 | 322 586 | 340 615 | 5,6 |
1144 | Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket: | 6 138 | 6 097 | 6 097 | 0,0 |
1147 | Reindriftsforvaltninga: | 55 282 | 59 100 | 60 795 | 2,9 |
1148 | Naturskade - erstatningar og sikring: | 90 732 | 89 038 | 97 000 | 8,9 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket: | 14 015 | 41 945 | 53 256 | 27,0 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.: | 11 407 223 | 11 956 856 | 12 416 056 | 3,8 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen: | 98 941 | 97 000 | 97 000 | 0,0 |
1161 | Statskog SF - forvaltningsdrift: | 22 126 | 22 726 | 23 226 | 2,2 |
Sum kategori 15.30 | 12 070 558 | 12 761 080 | 13 265 620 | 4,0 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
4138 | Støtte til organisasjonar m.m: | 2 300 | 2 401 | 4,4 | |
4143 | Statens landbruksforvaltning: | 38 453 | 32 644 | 33 480 | 2,6 |
4147 | Reindriftsforvaltninga: | 1 157 | 33 | 34 | 3,0 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.: | 130 069 | 96 000 | 79 200 | -17,5 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 749 896 | 718 838 | 764 552 | 6,4 |
Sum kategori 15.30 | 919 575 | 849 815 | 879 667 | 3,5 |
Mål og strategiar
Regjeringa sine ambisjonar for landbruks- og matpolitikken er nedfelte i Soria Moria-erklæringa. Hovudmålet for landbruks- og matpolitikken er å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.
Landbrukssektoren har ei av dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, frå forsking og produksjon av innsatsvarer og heilt fram til forbrukar. Den jordbruksbaserte matvaresektoren eksklusive fiskevarer hadde i 2006 ein samla produksjonsverdi på om lag 113 mrd. kroner, og jordbruket og matvareindustrien sysselsette til saman om lag 102 000 årsverk. Både marknadsdelen på heimemarknaden og delen som blir eksportert er fallande. Det er likevel eit aukande forbruk av norskproduserte varer fordi totalmarknaden aukar noko. Innan skogbruket og skogindustrien var det ei sysselsetjing på om lag 26 000 årsverk og ein samla produksjonsverdi på over 43 mrd. kroner. Næringa opererer i ein uskjerma verdsmarknad og eksporterer årleg for om lag 15-17 mrd. kroner. Matvare- og skogindustrien sysselsette om lag 128 000 årsverk, som samla produserte varer for om lag 156 mrd kroner.
Regjeringa vil ta heile Noreg i bruk og sikre eit aktivt landbruk med ein variert bruksstruktur i heile landet. Landbruksverksemda og ressursane på landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet, og er berebjelken i mange bygder. Regjeringa har som mål å auke verdiskapinga for primærprodusentane og verksemder som vidareforedlar råvarer frå norsk landbruk. Landbruks- og matpolitikken skal òg medverke til eit meir miljøvennleg og langsiktig landbruk enn det reine marknadsløysingar ville ha gitt. Næringsverksemd, ressursforvaltning og forvaltninga av fellesgode heng saman, og krev ei samordna utforming av politikken. Kat. 15.30 femner om fleire av måla i landbruks- og matpolitikken, og departementet peiker i det følgjande på nokre hovudpunkt i samband med prioriteringane for 2009.
Miljø og berekraftig ressursforvaltning
Landbruks- og matdepartementet utarbeider ein miljøstrategi for perioden 2008 – 2015, som blir lagt fram hausten 2008. Den viser departementet sin heilskapelege miljøinnsats og korleis ein skal sikre positive miljøbidrag og integrere miljøomsyn i den samla landbruks- og matpolitikken. Innsatsen er m.a. knytt til klimatiltak, matproduksjon, jordvern, kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne, genetiske ressursar, forureining frå landbruket, økologisk landbruk, bioenergi, bruk av tre og treprodukt, tilrettelegging for opplevingar og friluftsliv. God miljø- og ressursforvaltning skal gi grunnlag for nye næringar og medverke til å skape attraktive buplassar på bygdene.
Strategien legg òg til grunn at landbrukssektoren kan bidra til å løyse miljøoppgåver i samarbeid med andre sektorar og på område der departementet sjølv ikkje har direkte verkemiddel. Eksempel på dette er energiproduksjon, tiltak overfor framande skadelege arter og handtering av organisk avfall.
Eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet
I St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet – Om distrikts- og regionalpolitikken presenterte regjeringa ein samla politikk for auka aktivitet og busetjing i distrikta. Gjennom samspel med andre departement og aktiv deltaking frå landbruksforvaltninga i utviklingsprosessar lokalt og regionalt, legg Landbruks- og matdepartementet til rette for at heile bredda av landbruket sine ressursar skal utnyttast til beste for heile landet. Auka utnytting av landbrukseigedommane som ressurs, vidareutvikling av det tradisjonelle landbruket og eit taktskifte for utvikling av nye næringar er sentrale mål i denne samanhengen.
Landbrukseigedommane, med arealressursar og bygningsmasse, er heilt sentrale for å nå dette målet. Det er 180 000 landbrukseigedommar i Noreg. Det er nødvendig at desse ressursane blir utnytta betre for å oppretthalde og auke busetjinga. Politikken skal støtte opp under familielandbruket og samtidig leggje til rette for dei som vil bu på eit gardsbruk, men hente inntekta si frå anna verksemd.
Trygge matvarer, mangfald og andre forbrukaromsyn
Produksjon av trygg mat med høg kvalitet er ein berebjelke i landbruks- og matpolitikken. Ei god dyre- og plantehelse samt god velferd for dyra er heilt sentrale element. Andre viktige forbrukaromsyn omfattar kvalitet, ærleg omsetning og mangfald i marknaden. Forbrukaromsyn er viktige langs heile produksjonskjeda, og forbrukarane viser aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett. Eit elektronisk system for sporing av matvarer er sentralt for å sikre dokumentasjon gjennom heile matkjeda. Interessa for ulike matspesialitetar er sterkt aukande.
Nasjonal matforsyning, konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande vare- og tenesteproduksjon
Det er eit mål at det norske landbruket skal dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Det er gras- og kornproduksjonane som brukar det aller meste av jordbruksareala i Noreg og legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane, samtidig som matvareindustrien må sikrast råvareprisar som er med på å sikre konkurransekrafta.
Landbruks- og matpolitikken legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Innovasjon i landbruket er ein føresetnad for auka mangfald og lønnsemd i produksjonen av varer og tenester frå sektoren. Departementet vil føre ein innovasjonspolitikk som er kunnskapsbasert og som tek utgangspunkt i regionale fortrinn og moglegheiter, og der det er næringa som i all hovudsak definerer moglegheitene.
Det er mogleg å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar. Dette gjeld både bruk av naturressursane og dei menneskelege ressursane, og meir samarbeid mellom ulike sektorar vil kunne gi positive effektar. Regjeringa vil leggje stor vekt på næringsutvikling og nyskaping knytt til tenesteproduksjonen i landbruket.
Berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring
Noreg har rike skogressursar av høg kvalitet. Skogbruk og vidareforedling av tre er viktige distriktsnæringar, og auka bruk av tre og bioenergi er viktig for å nå måla i både miljø- og distriktspolitikken, jf. òg skogomtalen og avsnittet om landbruk og klima.
Skogane er samtidig eit av dei viktigaste økosystema våre, og leveområde for ei mengd planter og dyr, nokre av dei truga eller sårbare. Det er viktig å forvalte skogressursane berekraftig slik at ein tek vare på viktige miljøverdiar samtidig som ressursane kan takast i bruk for auka aktivitet og verdiskaping til nytte både lokalt og nasjonalt.
Berekraftig reindrift
Målet for reindriftspolitikken er å få ei reindrift som er økonomisk, økologisk og kulturelt berekraftig. Den nye reindriftslova som blei sett i kraft frå 1.7.2007, er ein viktig reiskap for ei slik utvikling. Iverksetjing av lova inneber omstillingar og utfordringar. I denne samanhengen er distrikta si utarbeiding av bruksreglar sentral. Gjennom bruksreglane skal distrikta blant anna utarbeide reglar for beitebruk, talet på rein og beitetider. For å nå målet om ei berekraftig reindrift er dette rammevilkår som er avgjerande å få på plass i alle reinbeitedistrikta. Reindrift er ei særs arealavhengig næring, og inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil derfor vidareføre og forsterke innsatsen for å få redusert dette problemet. Tap av rein har vore aukande i heile reindrifta. Regjeringa vil derfor vidareføre studia for å dokumentere produksjonen og tapsårsakene i reindrifta.
For at reindrifta framover skal vere eit fundament for samisk kultur, er det viktig at den både blir oppfatta og forvalta som ei næring med økonomisk verdiskaping og effektiv produksjon. Departementet vil prioritere ei slik utvikling av reindrifta.
Internasjonale rammevilkår for næringsverksemd
Internasjonale avtalar og prosessar legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde. For landbruket er forhandlingane om ei ny avtale i Verdas handelsorganisasjon (WTO) særleg viktige. Regjeringa si overordna målsetjing for forhandlingane på landbruksområdet er å sikre at det òg i framtida vil vere rom for å føre ein nasjonal landbrukspolitikk, noko som gjer det mogleg å oppretthalde eit levedyktig landbruk over heile landet. Nasjonal produksjon vil vere avgjerande av omsyn til levande bygder, mattryggleik og kulturlandskapet. I forhandlingane skal det òg takast omsyn til særlege behov i u-landa.
Når det gjeld skogbruket, er FN sitt skogforum og samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE) viktige prosessar.
Dei bilaterale avtalene, blant desse EØS, er òg viktige. Vidare vil bilaterale avtalar òg med andre land bli viktige. Det vil bli vurdert å utvide dette samarbeidet på enkelte område, m.a. med Kina.
Ei stor oppgåve i det nordiske samarbeidet er etablering og drifting av Nordisk Genressurssenter (NordGen) jf. avsnitt om biologisk mangfald og genetiske ressursar.
Innanfor dei nordiske statsministrane sitt initiativ om globalisering, har ministerrådet for jordbruk, skogbruk, fiskeri og mat blitt bedne om å utvikle eit 3-årig prosjekt om konsekvensar for primærnæringane av klimaendringar.
Det er eit mål for regjeringa å vidareføre Noreg si rolle som brubyggjar innan dei internasjonale samarbeidet om genressursar i FNs landbruks- og matvareorganisasjon (FAO) og i Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD). Det vil særleg bli lagt vekt på den vidare profileringa av Svalbard globale frøhvelv.
Ei samfunnsaktiv og effektiv landbruks- og matforvaltning
Den samla landbruksforvaltninga femnar om nasjonale organ, jf. dei enkelte budsjettkapitla, regionalt nivå medrekna Fylkesmannen og Innovasjon Norge, samt kommunane.
Fylkesmannen er Landbruks- og matdepartementet sin viktigaste samarbeidspartnar for oppfølging av nasjonal landbruks- og matpolitikk regionalt og lokalt. Med utgangspunkt i regionale forhold legg Fylkesmannen til rette for utvikling av ny næringsaktivitet, auka verdiskaping og attraktive bustader parallelt med arbeidet for å oppretthalde eit levande landbruk med variert bruksstruktur over heile landet.
Innovasjon Norge forvaltar verkemidla knytt til næringsutvikling. Målet er at Innovasjon Norge skal bidra til å vidareutvikle eksisterande og ny næringsverksemd med auka lønnsemd ved å ta i bruk mangfaldet av dei menneskelege og materielle ressursane i landbruket.
Det er eit mål at kommunane skal sjå landbruket som ein integrert del av samfunns- og næringsutviklinga i kommunen. Kommunane har ei sentral rolle som førstelinje på landbruksområdet, m.a. gjennom rolla som vedtaksmyndigheit for ei rekkje av dei juridiske og økonomiske verkemidla i landbruket, tilrådande organ for dei bedriftsretta bygdeutviklingsmidla og ansvarleg for arealplanlegginga i kommunane.
Gjennomføring av politikken
Jordbruks- og matpolitikk
Jordbruk
Marknadssituasjonen for matvarer internasjonalt har endra seg mykje dei siste åra. Det har vore ein sterk prisauke for dei fleste kornvarer og for mjølk og meieriprodukt som tørrmjølk og smør, men prisane varierar og det er usikkerheit om utviklinga vidare. FAO og OECD ventar ein reduksjon, sjølv om prisane framleis vil vere høgare enn åra før prisauken tok til.
Årsakene bak denne raske og sterke endringa synes å vere samansette. Den viktigaste årsaka er auke i etterspurnaden, som skuldast auke i folketal og sterk økonomisk vekst i fleire asiatiske land. Satsinga på produksjon av biodrivstoff spelar òg ei viss rolle. I nokre område har produksjonen gått tilbake, m.a. som følgje av tørke. Det er likevel verd å merke at den samla globale produksjonen av korn er historisk høg. Samtidig er lagra av korn historisk låge.
Landbruk er biologisk produksjon som skjer over særs store areal, og som inneber at ein vil kunne bli meir påverka av endringar i klima enn det aller meste av anna næringsliv. Klimaendringar vil derfor framover òg kunne bidra til langt større svingingar i dei internasjonale marknadene for matvarer, jf. elles eige avsnitt om landbruk og klima.
Dersom høgare og meir svingande matvareprisar allereie på kort sikt viser seg å vere uttrykk for ein meir varig situasjon, vil dette stille jordbruket og landbrukspolitikken overfor nye utfordringar og moglegheiter. Konkurransekrafta for norsk jordbruk kan bli styrkt, men samtidig aukar produksjonskostnadene på sentrale driftsmiddel. Det er viktig å ta vare på produksjonsgrunnlaget og å utforme ein politikk som gir tilstrekkeleg konkurransekraft på heimemarknaden, både i volummarknaden, i nisjemarknadene og gjennom alternativ næringsutvikling.
Regjeringa ønskjer å medverke til å oppretthalde levedyktige gardsbruk og mangfald i distrikta gjennom ein klarare distrikts- og strukturprofil, og til at heimemarknaden blir dekt med produkt vi har naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. For å nå dette målet er det viktig at ein oppnår ei inntektsutvikling i jordbruket på linje med andre grupper i samfunnet, og at politikken tek større omsyn til familiejordbruket og dei små og mellomstore jordbruksverksemdene, der jordbruksproduksjonen kan gi eit viktig bidrag til sysselsetjing og inntekt.
Dei samla produksjonsvoluma i Noreg er aukande, og heimemarknaden veks, det same gjer investeringane. Ytterlegare betring i kostnadsutviklinga, både i jordbruket, i omsetningsorganisasjonane og i dei vidare omsetningsledda, vil ha stor verdi både for konkurransekrafta og for prisane til produsentane. Bruken av areal er samla sett relativt stabil, med ein tendens til reduksjon i nokre område, medan reduksjonen i sysselsetjing er noko lågare enn for nokre år sidan. Det er forhold som tyder på at utviklinga i jordbruket er minst positiv på Vestlandet, Agder/Telemark og i delar av Nord-Noreg, m.a. med omsyn på arealbruk og produksjon.
Mykje av grunnlaget og verkemidla for jordbrukspolitikken blir meisla ut i jordbruksavtalen. Det blei i år inngått avtale med begge næringsorganisasjonane, jf. St.prp. nr. 69 (2007-2008). Avtalen fører vidare kursendringa i landbrukspolitikken, og gir landbruket eit nødvendig inntektsløft.
Avtalen:
aukar inntektene med knapt 10 000 kroner pr. årsverk i 2008 og legg vidare til rette for ein inntektsauke på knapt 22 000 kroner pr. årsverk (11 pst.) i 2009, med grunnlag i dei prognosane for produksjon, kostnader mv. som gjaldt på det tidspunktet avtalen blei inngått. Samla gir avtalen grunnlag for ei nivåheving i inntektene på om lag 31 500 kroner pr. årsverk, inkl. verdien av jordbruksfrådraget.
inneheld ein klausul om at det skal takast opp justeringsforhandlingar hausten 2008 dersom prisauken på mineralgjødsel og kraftfôr gir ein samla kostnadsauke tilsvarande om lag 125 mill. kroner ut over vilkåra i avtalen.
omdisponerar unytta midlar i 2008 utanfor ramma for avtalen, og omdisponerer midlar i budsjettet for 2009, særleg med sikte på å jamne ut inntektene mellom større og mindre jordbruksbedrifter.
styrkjer strukturprofilen m.a. ved å auke tilskotta for dei minste einingane på fleire ordningar og ved å senke botnfrådraget til 3000 kroner
styrkjer distriktsprofilen ved å auke distriktstilskotta med 49,6 mill. kroner, ved å auke frakttilskotta med 10,4 mill. kroner og ved å auke arealtilskotta til grovfôr i sone 5-7.
opnar for å leige mjølkekvoter for einskildbruk med mjølkeproduksjon, innanfor fylket/omsetningsregionen og innanfor kvotetaket på 400 000 liter.
legg til rette for auka produksjon av storfe- og sauekjøtt ved å auke inntektsmoglegheitene og ved å gi 2 driftstilskott til kombinasjonsbruk og behandle ammekyr som eiga dyregruppe i tilskott til husdyr.
styrkjer velferdsordningane m.a. ved å auke tilskottet til avløysing ved ferie og fritid med 5 pst., ved å auke dagsatsen i avløysing ved sjukdom, ved å styrkje grunnlaget for ein nasjonal landbruksvikarordning og ved å betre tidlegpensjonsordninga.
avviklar avkortinga i produksjonstilskott til pensjonistar mellom 68 og 70 år. Avkortinga for brukarar over 70 år blir redusert med 5 000 kroner.
utformar ein offensiv strategi for å tilpasse jordbruket til klimautfordringane.
aukar tilskotta til økologisk jordbruk monaleg.
I avtalen er partane samde om at ei breitt samansett arbeidsgruppe skal greie ut moglege endringar i marknadsordningane for kjøtt og egg. Endringar i marknadsordningane skal gjennomførast frå 1.7.2009, slik at Noreg følgjer reglane i WTO-avtalen.
Matpolitikk
Departementet har, saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, ansvar for matpolitikken. Det viktigaste matpolitiske målet er å sikre trygg mat. Budsjettframlegget knytt til Mattilsynet og løyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling m.m. er omtalt under kategori 15.10.
I ein situasjon med auka konkurranse frå omverda, vil produksjon av trygge matvarer med høg kvalitet vere ein viktig konkurransefaktor for norsk matproduksjon og næringsmiddelindustri. Departementet er særleg opptatt av å sikre at innsatsvarer og sluttproduksjon er slik at sluttprodukta kan fylle målet om trygg mat. Sporing av mat i matkjeda er òg eit viktig tema. Noreg skal vere eit føregangsland innan elektronisk sporing av matvarer, m.a. for å sikre auka verdiskaping, moglegheit for å gi forbrukarane meir og betre informasjon og ein meir effektiv tilbaketrekking av eventuelle helsefarlege produkt på marknaden. Regjeringa har derfor innleidd eit nært samarbeid mellom næring og forvaltning med sikte på utbygging av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon mellom dei ulike ledda i matkjeda og mellom offentlege og private aktørar. Det første steget er å etablere eit rammeverk for felles system- og teknologiløysningar for eSporing i Noreg. Landbruks- og matdepartementet leier arbeidet med prosjektet. Resultata av ein god og heilskapleg landbruks- og matpolitikk vil kjenneteiknast av auka verdiskaping blant produsentane og av at produksjonen tek vare på forbrukarane sine ønskje om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvennleg produksjon. Departementet har utarbeidd ein matpolitisk strategi som skal leggje til rette for ei styrking av heilskapen i landbruks- og matpolitikken. Strategien inneheld tiltak knytt til m.a.:
eSporing,
utarbeiding av ein mattryggleikstrategi i primærproduksjon for landbruket,
å ta forbrukarane sine ønskje og preferansar med ved utforminga av landbruks- og matpolitikken,
å utvikle og styrkje nye næringsverksemder på matområdet ,
å utnytte synergiar og stimulere til samspel som kan fremje norsk matkultur, reiseliv og kulturlandskap, og medverke til god helse og betre livskvalitet.
Fleire av tiltaka i strategien er under gjennomføring.
Økologisk jordbruk – produksjon og forbruk
Satsinga på økologisk matproduksjon skal medverke til å gjere det norske jordbruket meir berekraftig og miljøvennleg, og til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Regjeringa har, jf. Soria Moria-erklæringa, som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015.
Om lag 4,8 pst. av det samla jordbruksarealet, inkl. areal som er under omlegging, blei ved utgangen av 2007 drive økologisk. Delen av økologisk drive jordbruksareal varierer mykje mellom fylka, frå mindre enn 1 pst, til i overkant av 7 pst. I underkant av 60 kommunar har over 10 pst. økologisk drive jordbruksareal, og 23 av desse har òg nådd målet om 15 pst. økologisk drive jordbruksareal. Veksten i marknaden og etterspurnaden etter økologiske produkt har halde fram i 2007 og 2008. Økologiske produkt utgjer i overkant av 1 pst. av total omsetnad av matvarer i Noreg. I 2007 auka òg omleggingstakta vesentleg samanlikna med dei siste tre åra. Omleggingstakta er likevel for låg sett i forhold til auken i etterspurnaden. Løyvingane over jordbruksavtalen er derfor framleis særleg retta inn mot å auke den økologiske produksjonen. Auke i økologisk kornproduksjon er spesielt viktig. Den samla auken i satsinga på økologisk produksjon over jordbruksavtalen i år (St.prp. nr. 69 (2007-2008), er på om lag 56 mill. kroner. Dette omfattar ein avsetnad på inntil 30 mill. kroner til ei tidsavgrensa kampanje for auka økologisk kornproduksjon fram mot 2011 og 2012.
For å nå målet om 15 pst. forbruk, er det nødvendig at det offentlege kan gå føre som forbrukar av økologisk mat. I 2008 sette Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet i gong det toårige prosjektet Økoløft i kommunar. Alle kommunane i landet blei inviterte til å søkje om status som føregangskommunar. Departementa har plukka ut 31 prosjekt med til saman 52 deltakande kommunar. Prosjekta er fordelt på 16 fylker. Målet med prosjektet er å auke forbruket i kommunane av økologisk mat og å kople dette mot lokal produksjon. Det er til saman avsett 20 mill. kroner til prosjektet for åra 2008 og 2009, fordelt likt mellom dei to departementa. Kommunane må bidra inn i prosjekta med ein eigenfinansiering på minst 50 pst.
Reindrift
Reindrifta sine utfordringar er mange og samansette. Framleis er det ei monaleg utfordring i forholdet mellom beitetrykk og ressursgrunnlag i delar av Finnmark. Vidare manglar viktige rammevilkår for utøving av reindrift i dette sentrale reinbeiteområdet. Rammevilkåra i denne samanhengen er knytt til distrikts- og siidagrenser, beitetider og talet på rein. For Troms reinbeiteområde er den sentrale utfordringa eit underskot på vinterbeiter, store tap grunna rovdyr og svak økonomi. For Nordland og Nord-Trøndelag er dei sentrale utfordringane sikring av reindrifta sine areal og store tap grunna rovdyr. Sør-Trøndelag reinbeiteområde er det området som særleg merkar konkurransen frå andre aktivitetar i utmark. Dette gjeld i særleg grad aktivitet knytt til fritidshus. I tillegg har reindrifta i dette området mista beiteland gjennom ein rekkje rettssaker med grunneigarar. I alle reinbeiteområda er det ei utfordring å få til auka verdiskaping for næringsutøvarane og ein betre samordning mellom produksjons- og omsetningsledda.
Dei to sentrale verkemidla for å nå dei reindriftspolitiske måla er reindriftslova og reindriftsavtalen. Ny reindriftslov blei sett i kraft frå 1. juli 2007. Den nye lova må sjåast i samanheng med regjeringa og Stortinget sine mål om ei berekraftig reindrift. Den nye lova er eit viktig bidrag i arbeidet med ein samla reindriftspolitikk der alle spørsmål blir vurderte i ein samanheng. Lova er basert på at reindrifta er avhengig av dei biologiske ressursane, og at bruken av dei biologiske ressursane må vere berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Reindrifta er ei næring, samtidig som den har sentral innverknad på samisk kultur. Det er lagt til rette for større grad av sjølvstyre i næringa. Samtidig er det utforma sanksjonsreglar som gir styringsmakta heimel til å følgje opp i dei tilfella det interne sjølvstyre ikkje fungerer, eller der det er nødvendig med omsyn til ressursgrunnlaget eller andre samfunnsinteresser.
Reindriftsavtalen 2008/2009 sine viktigaste mål er å leggje til rette for auka omsetnad av reinkjøt, samt stimulere næringa til størst mogleg slakteuttak og verdiskaping innanfor gitte rammer. Den framforhandla avtalen, saman med ein auke av reindriftsfrådraget, gir grunnlag for ei positiv utvikling av reindrifta. Samtidig underbyggjer avtalen den dreiinga ein har hatt i verkemidlar dei siste åra, med større vekt på tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudnæring.
Marknadssituasjonen for reinkjøtt er framleis god. Sidan vinteren 2003 er det ikkje blitt opna for importkvotar for reinkjøtt med redusert tollsats. Dette har medverka til auka uttak av norsk rein og til at prisen til produsent har auka. Den positive marknadsutviklinga er eit viktig bidrag i arbeidet med å få ned reintalet i delar av Finnmark.
Reindrift er ei særs arealavhengig næring med marginale beiteområde, behov for ulike sesongbeite og flytte- og trekkvegar mellom dei. Inngrep og forstyrring innanfor beiteområda og fragmentering av beiteland er truleg nokre av dei alvorlegaste truslane mot reindrifta sitt arealgrunnlag, og dermed mot det materielle grunnlaget for kulturen til samane. På bakgrunn av dette har regjeringa blant anna oppretta eit interdepartementalt prosjekt med formål å få auka merksemd og kunnskap om arealforvaltning og reindrift, samt å leggje til rette for ei betre sikring av reindrifta sine areal. Ut over dette vil regjeringa framleis prioritere arbeidet for å få til ein god og heilskapleg arealpolitikk for reindrifta, både med omsyn til andre brukarar av areala og relevant lovverk. Dette blir følgd opp både i forhandlingane om beiteavtalen med Sverige og i forhandlingar om beitespørsmål i Sør-Trøndelag reinbeiteområde.
Skogbruk og bioenergi
Skogbruket er ei viktig distriktsnæring, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Skogen bind store mengder karbon og bidreg med råstoff til karbonnøytral energi. Skogen si viktige rolle i klimasamanheng er òg stadfesta i dei internasjonale klimaforhandlingane og den nasjonale klimapolitikken, jf. St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Auka produksjon av bioenergi og bruk av tre framfor meir energikrevjande materialar vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskeskapte klimagassutsleppa. Skogen er òg leveområde for mange arter, er rik på kulturminne og er viktig for friluftsliv og folkehelse. Friluftsliv og opplevingsturisme i skog og utmark har eit uutnytta potensial for ny næringsverksemd rundt om i landet.
Skogbruket skapar store lokale verdiar. Førstehandsverdien av det tømmeret som blir hogd og omsett ligg årleg mellom to og tre mrd. kroner, noko som gir monalege ringverknader. Den samla produksjonsverdien frå skogsektoren var i 2007 på om lag 47 mrd. kroner. Det er eit mål å auke verdiskapinga i alle delar av verdikjeda; frå skogbruksverksemda via transport fram til foredling av trevirket til papir, brensle eller konstruksjonsvirke o.a.
Dei norske skogane er rikare på virke enn nokon gong tidlegare i moderne tid. Den årlege tilveksten i dei norske skogane ligg no mellom 25 og 30 mill. m3, medan avverkinga ligg stabilt rundt 8-11 mill. m3. På landsbasis er det mogleg å auke den årlege avverkinga frå dagens nivå til om lag 15 mill. m3 innanfor miljømessig forsvarlege rammer, om marknaden etterspør så store kvanta. Det er store regionale skilnader når det gjeld potensialet for avverking. Auka avverking krev meir hogst av lauvtre og furu i område med lågare økonomisk avkastingsevne, og mykje av den skogen som kan avverkast i dei nærmaste 40-50 åra ligg i område med manglande vegdekning og vanskelege driftsforhold, som til eksempel i kyststroka. Eit lønnsamt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av ein god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr.
Det er ein føresetnad at forvaltninga av skogressursane skjer etter prinsippa om berekraftig skogbruk. Dette er sentralt i skogbrukslova frå 2005 og i forskrifta om berekraftig skogbruk frå 2006, som utfyller og presiserer lova når det gjeld miljøomsyn, forynging og skogskadar. Forskrifta byggjer på og supplerer det omfattande frivillige miljøarbeidet og sertifiseringssystemet knytt til Levende Skog-samarbeidet. Levende Skog-standarden er grunnlaget for miljøinnsatsen til skogeigarane, og er utgangspunkt for dei konkrete miljøomsyna som blir tekne. Partane har etablert Rådet for Levende Skog, som står sentralt i arbeidet med å følgje opp standarden og dei auka ambisjonane som blei resultatet av revisjonen i 2006. Departementet legg til grunn at auka uttak av råstoff til bioenergi frå skog følgjer dei same prinsippa for berekraft som anna avverking, og har bedt partane i Levende Skog om å vurdere behovet for endringar i standarden som følgje av slik hausting. Departementet har òg bedt Noregs forskingsråd om å auke innsatsen for å skaffe ny kunnskap på dette området.
Auka avverking og verdiskaping krev aktiv oppfølging på mange område. Det er viktig med god kunnskap og ei planmessig tilnærming for å ta vare på miljøverdiane når det blir drive skogbruk. Departementet vil derfor føre vidare satsinga på prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet), og innsatsen knytt til skogbruksplanlegging.
Det har i dei siste par åra vore stigande aktivitet og framtidstru i skogbruket. Næringa er inne i ei positiv utvikling, og det blei brukt 40 pst. meir skogfondsmidlar til langsiktige investeringar i skog i 2007 enn året før. Det meste blei brukt til skogkultur og skogsvegar. Skogbrukstilskotta og skogfondordninga legg godt til rette for ein ytterlegare auke i dei langsiktige investeringane i skogkultur, betra infrastruktur og meir bruk av tre. Ei satsing på å byggje opp skogressursane er òg viktig for å sikre råstoff til ei offensiv satsing på biovarme og biodrivstoff framover.
Skogbruket i ulike delar av landet har både felles og særskilte utfordringar. Eit fellestrekk er at rekruttering av arbeidskraft, marknadsforhold og miljøspørsmål gir utfordringar for skogbruksnæringa over heile landet, samtidig som det er regionale variasjonar. Det står etter kvart mykje skog i kyststrøka som snart kan haustast, men skogbruksverksemda i desse områda er enno småskala. Det er ei stor oppgåve å få til ein god vekst og utvikling av skogsektoren i desse områda. Tilgong til areala og skogressursane er ei særleg utfordring som krev løysingar der både næringa og det offentlege tek ansvar. Departementet vil derfor leggje opp til at kystskogbruket skal bli prioritert i forvaltninga av verkemidla i skogpolitikken.
Skogen har fått ei viktig rolle i klimapolitikken til regjeringa gjennom opptak og binding av karbon i biomasse, som treprodukt og som råstoff til karbonnøytral fornybar energi, jf. St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Sjå eigen omtale under kapitlet landbruk og klima. Regjeringa sin bioenergistrategi legg opp til at ein skal sikre ein målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020. I strategien er potensialet for auka uttak av skogråstoff til bioenergi vurdert til 16-25 TWh. Ein mill. m3 tømmer gir om lag 2,3 TWh energi, og for kvar TWh fyringsolje ein erstattar med bioenergi vil ein redusere dei norske CO2-utsleppa med rundt 260 000 tonn. Overgang til meir bioenergi kan såleis medverke vesentleg til å oppfylle pliktene etter Kyoto-protokollen. Satsinga på bioenergi vil òg ha positive effektar for næringsutvikling i distrikta. Regjeringa løyver på denne bakgrunnen 14 mill. kroner ekstra til skog, klima- og energitiltak, m.a. støtte til produksjon av skogflis for 2009.
Departementet har elles i 2008, som ei oppfølging av regjeringa sin bioenergistrategi, etablert eit pilotprosjekt for å utvikle effektiv logistikk og lønnsame verdikjeder knytt til uttak av råstoff til biobrensel frå skog, kulturlandskap og vegkantar. Prosjektet er lagt til fylka ved fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Teknologiutvikling vil på sikt gjere det mogleg å lage bioetanol og syntetisk biodiesel frå trevirke, landbruksavfall og annan biomasse på ein kommersiell lønnsam måte. Grovt rekna kan 1 mill. m3 trevirke gi 120 mill. liter drivstoff. Sjå nærmare omtale under kap. 1137.
Departementet viser til at verkemiddel som fremjar bioenergitiltak blir finansiert både over Olje- og energidepartementet og Landbruks- og matdepartementet sine budsjett. Det er utvikla eit samarbeid mellom Enova og Innovasjon Norge. Departementet meiner det er viktig å styrkje samarbeidet i 2009 for å bidra til ei best mogleg utnytting av dei samla ressursane.
Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål og den offensive skogpolitikken som blei innført frå 2007. Dei viktigaste verkemidla er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, bioenergiprogrammet og tiltak for auka bruk av tre.
Det er viktig med ei brei tilnærming og godt samarbeid mellom aktørane knytt til skogsektoren sentralt, regionalt og lokalt. Departementet ser svært positivt på dei ulike regionale prosessane der skogbruket, industrien og regionale og lokale styresmakter blir knytt saman i felles satsingar på skogbruk og bioenergi. Departementet er særleg opptatt av at det lokale samarbeidet skal gi ein stimulans til auka aktivitet i kyststroka.
Eit innsatsområde framover er å lage ein ny strategi for skogfrøforsyning, der klima inngår som eit element i vurderingane. Dette har fleire sider. Foredla frø kan gi opp mot 25 pst. høgare produksjon av trevirke med høgare kvalitet. Dette er viktig i arbeidet for etablering av ny skog, auka CO2-binding, og ikkje minst økonomien i skogbruket. Samtidig er det viktig å sikre at skogen i framtida er robust og kan stå imot klimarelaterte skadar. Departementet har etter kontakt med skogeigarane sine organisasjonar oppmoda Skogtiltaksfondet om å ta initiativ til ein konferanse om skogfrøforsyning og planteforedling.
Det er framleis nødvendig å ha eit høgt ambisjonsnivå når det gjeld forsking, innovasjon og utvikling i skogsektoren. I dag betaler skogeigarane ei krone i avgift pr. kubikkmeter tømmer som blir hogd. Denne avgifta er heimla i skogbrukslova. Behovet for forsking og utvikling som grunnlag for framtidig næringsutvikling i skogbruket er framleis stort, og departementet vil fortløpande vurdere storleiken på avgifta i høve til dei faktiske behova.
Fornying og utvikling
Det er framtidstru og optimisme i landbruket i store delar av landet. Etterspurnaden etter verkemiddel for investering i tradisjonelt landbruk og utvikling av nye næringar viser dette. Dei seinare åra har det likevel vore ein reduksjon i talet på bruk i aktiv drift. Sjølv om mange blir buande på garden, og jordbruksarealet blir halde i hevd gjennom bortleige, er det ei utfordring å nå målet om eit levande landbruk i heile landet. Det er stort behov for investeringar i det tradisjonelle landbruket for å tilfredsstille nye krav til hald av husdyr, og for å gjere produksjon av tradisjonelle landbruksvarer lønnsamt.
Det er om lag 180 000 landbrukseigedommar i Noreg. Av desse er snautt 50 000 jordbruksverksemder av eit slikt omfang at dei blir omfatta av jordbruksavtalen, medan om lag 128 000 er utan aktiv drift. Alle landbrukseigedommar representerer ressursar for utvikling av lønnsam næringsaktivitet, og det er behov for eit taktskifte for etablering av ny næringsverksemd ved å ta i bruk mangfaldet av landbruket sine menneskelege og materielle ressursar. Målet med eit slikt taktskifte er å skape fleire arbeidsplassar innan ny næringsverksemd for å kompensere for reduksjon i arbeidsplassar i tradisjonelle næringar. Med utgangspunkt i heile breidda av landbruket sine ressursar og i samarbeid med andre aktørar, ser departementet eit stort potensiale på dette området. På denne måten vil landbrukspolitikken vere viktig både for distriktspolitikken og for arbeidet med å utvikle ein politikk for fjellområda. Vidare vil departementet leggje til rette for næringsutvikling i, og i tilknyting til, verna område innanfor dei miljømessige rammene som gjeld.
Departementet legg tre overordna strategiar til grunn for å møte utfordringane:
1. Landbruks- og matdepartementet sin strategi for næringsutvikling 2007 – 2009: Ta landet i bruk!
I strategien er det lagt vekt på utvikling av levande bygder med eit moderne og livskraftig landbruk, samt auka og lønnsam produksjon av andre varer og tenester. Strategien femnar heile verdikjeda frå primærproduksjon fram til forbrukar, og siktemålet er å auke den samla effektiviteten og verdiskapinga. Auka lønnsemd er hovudmålet for strategien, og målet kan bli oppfylt på andre vis enn ved rasjonalisering av struktur. Det er utvikla konkrete resultatmål for seks nasjonale satsingsområde.
2. Landbruks- og matdepartementet sin matpolitiske strategi 2008 – 2010: Smaken av Norge.
Strategien femnar om heile verdikjeda for matproduksjon, med særskild vekt på utvikling av verksemder som produserer mat med lokal identitet og særpreg, og tiltak retta mot forbrukarane.
3. Landbruks- og matdepartementet sin strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon 2007 – 2012
Forsking og forskingsbasert innovasjon er eit av dei viktigaste verkemidla for å auke konkurransekrafta og verdiskapinga i landbruks- og matsektoren. Kunnskapselementet utgjer ein aukande del av sektoren sitt vare- og tenestetilbod, og ein kontinuerleg tilføring av kunnskap frå forsking er viktig for å realisere næringa sine moglegheiter i framtida. Ny kunnskap skal òg sikre at den økonomiske veksten skjer innanfor tålegrensa til miljøet og naturen. Strategien skal møte forskingsbehova både for privat og offentleg sektor, og vektlegg samspel mellom dei.
For å gjere desse strategiane operative, og gjere utviklingsarbeidet målretta på regionalt nivå, er det etablert eit system der alle fylka utarbeider ein regional strategi for næringsutvikling. Dei regionale strategiane skal vere skreddarsydde for å møte utfordringane i dei ulike fylka. Departementet er opptatt av samspelet mellom næringsliv, forsking og forvaltning på regionalt nivå. På nasjonalt nivå har departementet vidareført kontaktutvalet sitt for næringsutvikling, forsking og innovasjon. Innovasjon Norge og Statens landbruksforvaltning fører vidare dei etablerte faglege møtearenaene som skal vere møteplass for verdikjedene med diskusjon av tema innan dei ulike bransjane. Stiftinga KSL Matmerk er ein sentral aktør i arbeidet med å gjennomføre viktige delar av strategiane på matområdet. Stiftinga har som formål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og foredling gjennom m.a. utvikling av kvalitetssystem, merkeordningar og synleggjering av opphav.
Dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane har sidan tidleg på 1990-talet vore dei viktigaste økonomiske verkemidla for næringsutvikling innan og i tilknyting til landbruket. Midlane har alltid hatt eit todelt formål: 1) Støtte investeringar innan det tradisjonelle landbruket, 2) Bidra til utvikling av alternativ næring med grunnlag i landbruket sine ressursar.
Støtte til investeringar i det tradisjonelle landbruket er eit verkeområde som har eksistert mykje lenger enn BU-midlane, og målet er å halde oppe eit variert landbruk i heile landet gjennom å bidra til oppgraderingar og modernisering av driftsapparatet. Slike investeringar er òg nødvendige gjennom nye krav til hald av husdyr.
Det er sett i gang ei evaluering av dei fylkesvise BU-midlane. Ein viktig del av dette arbeidet er utvikling av nye mål- og resultatindikatorar på graden av suksess i arbeidet med næringsutvikling knytt til landbruket.
Innovativ og marknadsorientert produktutvikling er sjølve fundamentet for auka matmangfald og verdiskaping. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon realiserer prosjekt som er med å gi auka verdiskaping for primærprodusentane og til å styrkje konkurranseevna til små og mellomstore matbedrifter. Programmet har utvikla eigne tilbod til verksemder som har ønskje om å vekse og til å komme inn i nye marknader. Særskilde kompetansenettverk i alle landsdelar er ei viktig satsing innan programmet. Programmet bidrar òg til å gjere synleg og utvikle eit matmangfald i reiselivsnæringa. Merkeordninga Beskyttede betegnelser er ein viktig strategi for å styrkje konkurransekrafta til norsk landbruksbasert matproduksjon gjennom utvikling av konkurransefortrinn basert på merkenamn, regionalt opphav og særskilde produktkvalitetar.
Matprodusentane er avhengige av både forsking og utvikling i den eine enden av verdikjeda, og daglegvaremarknaden og forbrukarane i den andre enden. Departementet legg vekt på forbrukarane sine ønskje for næringsutviklinga i landbruket. Aktørane i verdikjeda for matproduksjon er saman i arbeidet om å utvikle ei ny nasjonal merkeordning som vil kunne femne all norsk matproduksjon, og som har som mål å gjere synleg og dokumentere kvalitetsarbeidet i jordbruket mot forbrukar. Arbeidet med etableringa av ein mogleg ny merkeordning blir leda av Stiftelsen KSL Matmerk.
I landbruks- og matpolitikken er det òg viktig å utnytte synergiar, stimulere til samspel som kan fremje norsk matkultur, reiseliv, kulturlandskap og medverke til god helse og betre livskvalitet.
Utviklingsprogram for grønt reiseliv, som blei etablert i 2007, har ambisjonar om auka verdiskaping basert på gardane og bygdene sine ressursar. Landbruket har store moglegheiter i å kople grøne opplevingar med lokal kulturhistorie, kulturlandskap og matkultur, jakt og fiske. Regjeringa ønskjer å synleggjere desse verdiane og medverke til samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar. Særleg prioriterte innsatsområde er berekraftig utvikling av næringa og utvikling av produkt som gir høgare lønnsemd enn i dag. Marknadsføring av det grøne reiselivet i inn- og utland er ei prioritert oppgåve.
Inn på tunet-tenester er ei næring i vekst innanfor landbruket. Det er eit mål at Inn på tunet-tenester blir ein viktig og prioritert del av tenestetilbodet innan helse-, omsorgs- og utdanningssektoren i kommunane. I dag finst det om lag 700 gardar i Noreg som driv slik verksemd, og Inn på tunet har for mange blitt ei viktig inntekt til garden. For ei vidare utvikling av næringa er det m.a. viktig med eit samarbeid med andre departement og sektorar.
Landbruks- og matdepartementet vil i 2009 leggje til rette for gjennomføring av dei fem prioriterte satsingsområda i Handlingsplan Inn på tunet. Mellom anna er det særleg viktig å utvikle og implementere eit kvalitetssikringssystem for slike tenester.
Småskala vasskraftverk er ei næringsverksemd som blir stadig viktigare for mange norske bønder. Om lag 3 000 rettshavarar er anten i gang med prosjekt eller planlegg å setje i gang slik verksemd. Potensialet innan næringa avheng av den framtidige kraftprisen. Småskala vasskraft representerer eit stort potensial for produksjon av fornybar energi frå distrikta, samtidig som det gir gode utsikter for auka inntekter til norske grunneigarar. Saman med satsinga på bioenergi vil dette gi landbruket enda sterkare fotfeste som produsent av grøn energi. Samtidig er det viktig at utviklinga av småkraft skjer innanfor ei miljømessig forsvarleg ramme som tek omsyn til natur, kultur og friluftslivsverdiar.
Utvikling av næringsverksemd knytt til fisketurisme i innlandet, oppdrett i ferskvatn og næringsfiske er viktige satsingsområde der departementet ser store moglegheiter. Eit viktig grunnlag for satsing på desse områda er departementet sin Handlingsplan for innlandsfiske. Som ledd i oppfølginga av planen er eit utviklingsprogram for innlandsfisk starta opp i 2008 og vidareført i 2009. Departementet ser òg moglegheiter for å utvikle vidare fisketurismen i laksevassdrag.
Regjeringa har arbeidd med utvikling av nasjonalparkar og andre store verneområde som ressurs for lokalsamfunn og for lokal verdiskaping. Landbruks- og matdepartementet har teke del i dette arbeidet som er leia av Miljøverndepartementet, men har og sett på korleis departementet sjølv kan bidra til næringsutvikling innanfor ramma av vernepolitikken. Landbruks- og matdepartementet har eit nært samarbeid med Miljøverndepartementet på dette området og tek del i fleire prosjekt der ein ser på lokal verdiskaping knytt til verneområde.
I samarbeid med Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet støttar Landbruks- og matdepartementet arbeidet med å etablere eit erfarings- og kompetansenettverk for natur- og kulturparkar. Formålet er å bidra til erfarings- og kunnskapsutvikling og samarbeid og kommunikasjon mellom ulike sektorar og forvaltningsnivå i arbeidet med utvikling av natur- og kulturparkar som modell for utvikling av lokalsamfunn.
Landbruk og klima
Landbrukssektoren sine moglegheiter og utfordringar knytt til klima blir svært viktig dei komande åra, særleg innanfor to hovudområde;
klimaendringane sine effektar på det framtidige norske landbruket.
potensial for auka opptak og reduserte utslepp av klimagassar innan landbruket.
Landbruk er biologisk produksjon som skjer over særs store areal, og som inneber at ein vil kunne bli meir påverka av endringar i klima enn det aller meste av anna næringsliv. Som biologiske produksjonar er alle landbruksnæringar gjennom karbonkrinslaupet del av naturens eige og avanserte samspel av opptak av CO2, binding av karbon, og utslepp av karbondioksid og andre klimagassar.
Jordbruket er berekna å stå for om lag ni pst. av norske utslepp av klimagassar. Årleg netto opptak av CO2 i norske skogar utgjer rundt 30 mill. tonn. Åleine svarar dette til om lag halvparten av dei totale norske utsleppa.
Det er behov for fagleg og påliteleg kunnskap om spørsmåla knytt til karbonbinding i jord, lystgasstap og til utslepp frå beitedyr. Desse utfordringane er ikkje einsidig norske. Det er få land i verda som har innført større tiltak som reduserer utslepp frå jordbruket, først og fremst fordi kunnskapen om desse utsleppa framleis er låg, og fordi forskinga så langt ikkje har komme fram til tiltak som reduserer utsleppa vesentleg utan at det fører til ein monaleg reduksjon i matproduksjonen. Det er derfor behov for forsking på dette i tida framover, òg i Noreg. Det er likevel fleire enkelttiltak som i sum kan bidra til ein reduksjon av klimagassutsleppa. Hovudmålet er å redusere klima- og miljøbelastinga pr. produsert eining av ulike varer, der ein òg må ta omsyn til at ulike matvarer har ulik næringsverdi.
Landbruket sitt klimaarbeid inkluderer fleire politikkområde – jordbruk, reindrift, matpolitikk, skogbruk, forsking, energi, biologisk mangfald, arealpolitikk mv. Departementet ønskjer å auke landbrukssektoren sin innsats både for å redusere norske utslepp av klimagassar og for å utvikle strategiar for tilpassing til eit endra klima.
På denne bakgrunnen vil regjeringa i 2009 leggje fram ei stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken og klimautfordringane.
Meldinga skal m.a. leggje vekt på følgjande tema:
Binding av karbon gjennom berekraftig skogbruk og bruk av treprodukt.
Regjeringa si klimamelding peiker på auka skogproduksjon for å sikre eit høgt og vedvarande opptak av CO2 i skog, god råstofftilgang til bioenergi, og annan bruk av tre. Dette kan ein først og fremst oppnå gjennom betra infrastruktur og auka biomasseproduksjon ved satsing på skogkultur og planteforedling. Auka trebruk vil òg bidra til meir varig binding av karbon.
Auka satsing på bioenergi med basis i skogråstoff og avfallsprodukt frå landbruket.
I klimameldinga og bioenergistrategien gjer Regjeringa det tydeleg at ein vil sikre ein målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020. Det er eit mål at norsk råstoff skal utgjere ein størst mogleg del av dette. Skogråstoff og anna råstoff frå landbruk vil derfor stå sentralt i ei slik satsing.
Binding og utslepp av klimagassar i jordbruks- og matsektoren.
FN sitt klimapanel viser til at binding av karbon i jord er det tiltaket som har størst potensial for reduksjon av klimagassutslepp frå jordbruket. Det er behov for auka kunnskap om dette potensialet i Noreg. Det er samtidig behov for å sjå karbonbinding og utslepp frå jord og plantemateriale i samanheng med metanutsleppa frå drøvtyggjarar og gjødselbruk for å få betre kunnskap om krinsløpet. I denne samanhengen er det aktuelt å vurdere konkrete tiltak for å redusere utslepp frå sjølve produksjonsprosessane, m.a. etablere produksjon av biogass, rensing av ventilasjonsluft frå husdyrrom, endra fôringspraksis og handtering av avfallet. Det er vidare behov for meir forsking, utgreiing og tiltaksvurderingar når det gjeld utslepp av lystgass frå gjødselbruk.
Betre kunnskap om konsekvensar av klimaendringane for produksjon av mat og for landbrukssektoren generelt, og tiltak for å tilpasse norsk landbruk til dei forventa endringane.
Det er viktig med eit godt samarbeid mellom klimaforskarar og forvaltninga på dette området.
Auka satsing på forsking, oppbygging og formidling av kunnskap.
Departementet legg opp til ein auka og meir koordinert og målretta FoU-innsats, samtidig som ein legg opp til å utvikle det internasjonale forskingssamarbeidet. Auka kunnskap og informasjon kan leggje grunnlaget for val som reduserer utslepp av klimagassar. Kunnskapsarbeidet kring bioenergi må òg omfatte andregenerasjons biodrivstoff. Det er vidare viktig å få meir kunnskap om karbonlagra i jordsmonnet, og vurdere tiltak for å tryggje og styrkje desse.
Internasjonalt engasjement innan landbrukssektoren.
Noreg har formannskapet i det europeiske skogsamarbeidet fram til 2012. Noreg har vidare, gjennom etableringa av frøvelvet på Svalbard, auka innsatsen for å ta vare på det genetiske mangfaldet. Norsk landbrukspolitikk legg stor vekt på berekraftperspektivet, og landbruket må vere ein aktiv og synleg aktør som bidrar konstruktivt både i nasjonalt og internasjonalt samarbeid som er relevant for sektoren.
Skattlegging av landbruket
Skatte- og avgiftssystemet har stor verknad for næringsutvikling i jordbruket og næringsmiddelindustrien, i skogbruket og når det gjeld produksjon av bioenergi, og i anna landbrukstilknytt næringsverksemd. Skatt og avgifter verker dessutan inn på produksjon og forbruk av varer og tenester basert på landbruket sine ressursar, noko som har konsekvensar for naturmiljøet og bruken av naturressursar.
For ein heilskapeleg omtale av skatte- og avgiftsopplegget for 2009 viser ein til St.prp. nr. 1 (2008-2009) og Ot.prp. nr. 1 (2008-2009) frå Finansdepartementet.
Opplæring, rekruttering og likestilling i landbruket
Opplæring/utdanning
Landbruket er ei mangesidig og kompleks næring, og krava frå marknad og myndigheiter til økonomisk og effektiv drift, trygg mat, dyrevelferd og miljø er omfattande. Mange næringsdrivande i sektoren har i tillegg arbeid utanom garden.
Kunnskapssamfunnet fører til større krav til kompetanse i landbruket, som elles i samfunnet. Sektoren må sikrast kompetent arbeidskraft gjennom medviten satsing på utdanning som er relevant. Ulike vegar til natur- og landbrukskompetanse må sikrast for ungdom og vaksne som ønskjer å gå inn i ein aktiv landbruksproduksjon og i dei naturbaserte tilleggsnæringane som har vore i vekst lenge.
Det er viktig at utdanningsprogram for naturbruk på vidaregåande nivå tilbyr ei god grunnutdanning - både for ungdom som ynskjer og har moglegheit til å gå direkte inn i næringa, samt for ungdom som vurderer å ta over garden på lengre sikt, når generasjonsskiftet trer inn.
Skognæringa opplever rekrutteringsvanskar i alle ledd av verdikjeda. Fleire aktørar frå skognæringa og utdanningsinstitusjonane danna i 2008 eit samarbeid for å utvikle ei trainee-ordning for skogbruksstudentane, slik at dei lettare kan finne relevante yrke etter studiane. Departementet vil støtte opp om slike gode dømer på tiltak som kan bidra til å betre rekrutteringa til skogbruket.
Dei som driv aktivt i næringa har bruk for eit tilbod om kontinuerleg kompetanseheving for å kunne vidareutvikle bedrifta og møte nye krav. Etter- og vidareutdanning i landbruket er i tillegg særs viktig ettersom mange tek over gardsdrift i vaksen alder, og då ofte med utdanning og arbeidserfaring frå andre sektorar.
Likestilling
Strategi for likestilling i landbruket kom i 2007 og femner alle aktørar i landbrukssektoren. Målet er at kvinner og menn skal ha like reelle høve til å eige ein landbrukseigedom og til å drive næringsverksemd innanfor landbruket og i næringar knytt til landbruket. Strategien har eit mål om 40 pst. kvinneleg representasjon når det gjeld eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren.
Utviklinga i landbruket dei siste fem åra syner at delen kvinnelege eigarar har vore stabil. Delen kvinnelege personlege brukarar er no på 13 pst., medan kvinnelege eigarar utgjer 25 pst. Kvinner har i lengre tid blitt prioriterte i forskrifta som styrer tildelinga av pengar til bygdeutvikling. Statistikken syner at dette verkemiddelet fungerer, og kvinner er særleg godt representert i aktivitetar som til dømes Inn på tunet og Grøn omsorg.
Som ei oppfølging av strategien blei det i jordbruksoppgjeret for 2007 sett av 2 mill. kroner til eit program for rekruttering /likestilling. Arbeidet blir leia av Norges Bygdeungdomslag, og det er nedsett ei breitt samansett styringsgruppe. Vidare skal NILF i eit eige prosjekt sjå på spesielle utfordringar ved dagens underrepresentasjon av kvinnelege medeigarar i samdrifter.
Innovasjon Norge er i Landbruks- og matdepartementet sitt oppdragsbrev for 2008 bede om å prioritere kvinner som målgruppe innanfor dei program og tenester som i dag har låg kvinnedel, og å rapportere på utviklinga.
Tiltak retta mot barn og unge
Barn og unge er den framtidige omverda til landbruks- og matsektoren, og dei er grunnlaget for framtidig rekruttering til sektoren. Samtidig har barn og unge eit meir distansert forhold til landbruk og naturforvaltning enn tidlegare. Det er eit mål å gi barn og unge forståing for langsiktig forvaltning av ressursane som kjelde til inntekt og velferd. Det er derfor viktig å ha ein politikk som òg vender seg aktivt mot barn og unge. Ein slik politikk skal vere med å leggje til rette for utviklingsmoglegheiter og positive opplevingar knytt til natur og landbruk, og gi kunnskap om og innsikt i landbruket.
Gjennom landbruks- og matdepartementet si løyving til 4H Noreg ønskjer departementet å støtte organisasjonen sitt arbeid knytt til å drive opplæring for barn og ungdom innan naturbruk, jord og skogbruk, samt utvikle aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Organisasjonen har totalt 17 360 medlemmar og er ein synleg organisasjon i mange bygdesamfunn som medverkar til å skape livskraftige bygder.
Skogen er ein verdifull arena for prosjekt retta mot barn og unge. Skogbrukets kursinstitutt (SKI) og Skogselskapet har stor aktivitet og kompetanse innan dette feltet. Departementet gir m.a. tilskott til miljølæreprosjektet Lære med skogen, som er tilrettelagt frå barnehage- til høgskolenivå. Statskog gjennomfører òg fleire aktivitetar for å stimulere til eit aktivt friluftsliv for barn og unge. Statskog og Det norske Skogselskap samarbeider m.a. om skoleskogdagar i Trondheim og Oslo. Vidare har departementet si tresatsing bidrege til å finansiere prosjekt for å skape auka engasjement om trebruk hos barn og unge. Det er ønskjeleg med meir samarbeid mellom ulike aktørar innan skog, tre og utmark når det gjeld aktivitet retta mot barn og unge.
Departementet vil føre vidare satsinga på Noregs bygdeungdomslag og andre tiltak som prosjektet Ungt entreprenørskap og tilbodet om sunn mat, inkludert frukt og grønt til barn og unge.
Eigedoms- og busetjingspolitikk
Regjeringa har som mål at heile landet skal takast i bruk for å auke verdiskapinga og styrkje lokalsamfunna. Verkemidla innan eigedoms- og busetjingspolitikken må støtte opp under dette, og verkemidla må nyttast slik at menneskelege, økonomiske og arealmessige ressursar blir tekne i bruk på ein betre måte enn i dag. Ressursane på landbrukseigedomane er knytt til areal og bygningsmasse, men òg kompetansen og viljen eigarane har til å nytte eigedomane står sentralt når ressursane skal nyttast betre. Eigedoms- og busetjingspolitikken skal òg støtte opp om det tradisjonelle familielandbruket med garden som senter for busetjing og næringsverksemd.
Politikken må leggje til rette for at dei som manglar areal eller har ønskje om å drive nye næringar får sleppe til. Dette krev auka tilgang på areal. Utvidinga må baserast på gode driftsmessige løysingar. Politikken må òg leggje til rette for dei som vil utvikle eigedomen med nye næringar.
Det finst om lag 180 000 landbrukseigedommar i Noreg. Om lag 128 000 av dei er utan eiga jordbruksdrift. I 2006 kartla Statistisk sentralbyrå 34 100 landbrukseigedommar med bustadhus, men utan fast busetjing. I 2000-2006 låg noko mindre enn halvparten av landbrukseigedomane med bustadhus i kommunar med reduksjon i folketalet. På eigedommar med mindre enn 29 dekar jordbruksareal er det ein lågare prosentdel som bur på bruket enn på eigedommar med større jordbruksareal. Samtidig viser ei spørjeundersøking frå Synnovate at ein tredel av dei som svarte ønskte å flytte til distrikta, medan ein firedel alt var busett i distrikts-Noreg. Undersøkinga viste vidare at 10 pst av dei som har svart ønskjer å kjøpe seg ein gard. Berre 18 pst. av dei som svarte ja til dette, ville bruke eigedomen til fritidsformål. 71 pst. ville anten busetje seg der og drive garden, eller dei ville bruke eigedomen som ein bustad. Samla sett viser opplysingane at landbrukseigedomane har eit stort busetjingspotensial, særleg i område der folketalet er lågt. Det er viktig å leggje til rette for at busetjingspotensialet kan nyttast best mogleg òg på eigedommar der jordbruks- eller skogsdrifta ikkje kastar nemnande av seg. Ved at eigedomane blir brukt til bustader, sikrar ein viktige felleskapsverdiar i sårbare lokalsamfunn. Skal ein oppnå dette må det leggjast til rette for at utbodet av landbrukseigedom utan fast busetjing i større grad enn i dag kan komme dei til gode som er interesserte i eigedomen til nærings- og busetjingsformål.
Kommunane har ei sentral rolle i det å gjennomføre eigedoms- og busetjingspolitikken fordi dei er tillagt forvaltaransvaret etter eigedomslovgjevinga for landbruket. Lovgjevinga, retningslinjene for skjønnet og kommunane si praktisering må samla sett leggje til rette for ønskt utvikling der ein tek omsyn både til lokale behov og nasjonale mål.
Eit sentralt verkemiddel i busetjingspolitikken er buplikta. Buplikta sikrar at mange bruk som elles lett vil bli overtekne av eigarar som vil nytte eigedomen til fritidsformål, blir tekne over av eigarar som vil bu på bruket og nytte ressursane der. I budsjettet for 2008 varsla departementet forslag om endringar i gjeldande reglar om buplikt slik at reglane kan bli meir målretta. Forslaga byggjer på ei rekkje forhold, m.a.:
Avgrensinga av reglane om buplikt og odelsjord byggjer på skjønnsmessige formuleringar som gjer det usikkert om det er odelsrett og buplikt på mange eigedommar. Reglane bør endrast slik at det blir lettare å vurdere på førehand om dette er tilfelle.
Reglane om lovbestemt buplikt bør i større grad enn i dag kunne føre til at busetjingspotensialet på landbrukseigedomane kan utnyttast. Bygningar, areal, jakt og fiske og ulike kulturverdiar gjer slike eigedommar til buplassar som kan vere meir attraktive enn enkeltståande bustadeigedommar.
Statistikk som viser behandlinga av søknader om fritak frå buplikta frå eigarar med odelsrett og nær slekt viser at svært mange får fritak frå buplikta. I ei undersøking frå Hedmark går det samtidig fram at det er sannsynleg at den som først har søkt fritak frå buplikta, heller ikkje seinare vil komme til å flytte til eigedomen. Reglane bør endrast slik at dei i større grad enn i dag kan sikre at eigaren flytter til eigedomen tidleg i eigarperioden.
Grunngjevinga for gjeldande reglar bør gjerast tydelegare. Det kan gjere det enklare for kommunane å handheva reglane, og både reglane og praksis vil lettare kunne vurderast opp mot dei krava som følgjer av EØS-avtalen.
Departementet sende i februar 2008 ut på høyring ei rekkje forslag til endringar som m.a. tok sikte på å dekkje endringsbehova som her er skisserte. Høyringsfristen gjekk ut i mai 2008. Høyringa viser at eit stort fleirtal av høyringsinstansane støttar alle forslaga. Forslaga får òg støtte i ei spørjeundersøking Landbrukets utredningskontor har retta til eigarar av gardsbruk. Departementet tek sikte på å fremje ein odelsproposisjon for Stortinget med forslag til oppfølging så snart det let seg gjere. Proposisjonen vil òg omfatte ein del andre tema som blei tekne opp av odelslovutvalet i NOU 2003:26.
Departementet meiner dei forslaga som vil bli fremja samla sett vil forenkle lovverket monaleg reint administrativt, og òg gjere det monaleg klarare og enklare for brukarane av lovverket. Departementet legg stor vekt på at sentrale spørsmål i lovverket som har mykje å seie for nasjonal landbrukspolitikk, blir praktisert likt i heile landet.
Det arbeidet mange kommunar gjer for å sikre busetjing er òg svært viktig. Departementet ønskjer å stimulere til slikt arbeid, og har over fleire år løyvd midlar til ulike aktivitetar og utgreiingar innan areal- og busetjingspolitikken. Departementet har i 2008 løyvd til saman 733 000 kroner til fire ulike busetjingsprosjekt. To av prosjekta har òg fått støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet gjennom den nasjonale småsamfunnssatsinga.
Landbruks- og matdepartementet la i 2007 ut nye nettsider om busetjing på www.regjeringen.no. Formålet var å gi kommunar og andre lettare tilgang til informasjon om verkemiddel for busetjing.
I § 9 i konsesjonslova er det fastsett at det skal vere priskontroll ved overtaking av konsesjonspliktig landbrukseigedom. Formålet med kontrollen er å sikre at den avtalte prisen er samfunnsmessig forsvarleg og i samsvar med måla i landbrukspolitikken.
Ei undersøking frå 2006 viste at 15 pst. av kommunane ikkje følgjer retningslinjene departementet har fastsett for prisvurderinga. Dette har ført til at prisane på landbrukseigedommar kan variere mykje frå kommune til kommune. Departementet vil gi tydelegare reglar for saksbehandlinga i kommunane ved priskontroll, og gi fylkesmennene moglegheit til å kontrollere at kommunane følgjer retningslinjene. Forslag til endringar i saksbehandlingsreglane har vore på høyring i samband med forslaga til endringar i buplikta mv., og vil bli følgd opp. Eit forslag som kan styrkje Fylkesmannen si rolle som kontrollorgan for kommunane er sendt på høyring.
Statistikk viser at talet på landbrukseigedommar som er eigd av dødsbu er aukande. Dette er eit problem for landbruket fordi eigedommane ofte blir ståande utan bebuarar og at jorda ikkje blir halde i hevd. Skiftelovutvalet har i NOU 2007:16 foreslått endringar i skiftelova eller konsesjonslova, som anten kan gjere det mogleg for kommunane å sette ein tidsfrist for å gjere opp skiftebuet, eller at dødsbu må søkje konsesjon.
Departementet arbeider elles med ein full revisjon og fornying av jordskiftelova.
Miljø og ressurspolitikk
Jordvern og kulturlandskap
Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken. For å ta vare på viktige kulturlandskap og verne om dyrka og dyrkbar jord arbeider regjeringa etter desse måla:
den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane skal halverast innan 2010
spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått ei særskilt forvaltning innan 2010
område som gror igjen med skog må skjøttast med tanke på næring og rekreasjon.
Dyrka og dyrkbar jord er grunnleggjande for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Som følgje av klima, terrengforhold og jordsmonn er berre 3 pst. av arealet i Noreg dyrka mark. Dei siste 50 åra har den årlege omdisponeringa av jordressursar vore monaleg. Nye tal frå KOSTRA syner at omdisponeringa auka igjen i 2007 samanlikna med 2006. Omdisponert areal i 2007 er likevel mindre enn den årlege omdisponeringa i perioden 2002-2004. I 2007 blei det rapportert omdisponert 15 120 daa dyrka og dyrkbar jord, medan motsvarande tal for 2006 var om lag 14 100 daa. Talmaterialet er framleis noko usikkert fordi 2005 var fyrste året med statistikk gjennom KOSTRA på dette feltet og fordi mykje tyder på ei underrapportering i 2005 og 2006. Tala for jordbruksareal i landet har samla sett ikkje gått ned i takt med omdisponeringa, men mange av dei aller beste jordbruksareala er omdisponert og erstatta av m.a. nydyrka areal som i mange høve er meir marginale. Mykje står att før ein når målet om halvering av nedbygginga. Departementet meiner at det framleis er nødvendig med sterk merksemd kring jordvern både lokalt og sentralt dersom det skal vere mogleg å nå målet. Ein legg derfor opp til ei meir restriktiv linje i arealdisponeringa. Det blei i 2007 sett ned ei jordverngruppe som vurderte dei verkemidla ein har i dag, og som kom med forslag til nye verkemiddel for å styrkje jordvernet. Departementet følgjer opp gruppa sine forslag på ein hensiktsmessig måte for å styrkje jordvernet.
Kulturlandskap forma av landbruket er viktig for identitet og tilknyting. Det gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme. Landbruket sitt kulturlandskap er dessutan eit viktig leveområde for mange arter av planter og dyr. Det er utfordringar knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet og variasjonen i landbruket kulturlandskap må oppretthaldast og forvaltast målretta for å bidra til å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Med tanke på busetjing og trivsel og grunnlaget for reiseliv, lokal utvikling samt biologisk mangfald, er det derfor viktig å ta vare på kvalitetane i jordbruket sitt kulturlandskap. Departementet fører vidare samarbeidet med Miljøverndepartementet om å dokumentere og peike ut spesielt verdifulle kulturlandskap og 20 utvalde landskap vil vere sikra ein skjøtsel i løpet av 2009. Det er sett av 5 mill. kroner over jordbruksavtalen, og Miljøverndepartementet har foreslått ei løyving til dette på 3 mill. kroner på sitt budsjett i 2009.
Biologisk mangfald og genetiske ressursar
Landbruket arbeider med grunnlag i naturen si produksjonsevne, og tiltaka i landbruket verkar inn på det biologiske mangfaldet. Det er derfor nødvendig å ha gode kunnskapar om det biologiske mangfaldet når det gjeld påverking, tolegrenser og kunnskap om geografisk utbreiing mv.
I 2009 vil departementet føre vidare deltakinga i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, og føre vidare satsinga på tiltak knytt til miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, miljøretta tilskott o.a.
Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er grunnleggjande for å halde oppe eit biologisk mangfald, mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar.
Det blir lagt stor vekt på bevaring og berekraftig forvaltning av genetiske ressursar blant husdyr, kulturvokster, og skogtre og dei ville slektningane deira gjennom kartleggings- og registreringsarbeid retta mot verdifull genetisk variasjon og ved stimulering av næringsutvikling gjennom berekraftig bruk av genetiske ressursar.
Regjeringa har etablert eit globalt sikringslager for frø på Svalbard, som blei opna i februar 2008 av statsministeren og representantar får mange land og internasjonale organisasjonar. Frølageret som administrerast av Landbruks- og matdepartementet er viktig for å sikre det genetiske mangfaldet ved at ei viss mengd frø frå viktige matplanter frå heile verda blir teken vare på for framtidig generasjonar. Noreg eig og driftar lageret, men frøa er eigd av dei landa som har deponert dei. Den store interessa for sikringslageret frå media i inn- og utland kan bidra til å auke allmenta si forståing for å ta vare på biomangfald og genetiske ressursar,og departementet vil følgje opp dette i 2009. Sjå òg omtale av frølageret under kap. 1139, post 71.
Noreg har vore ein pådrivar i samlinga av det nordiske genressursarbeidet i éin institusjon, og NordGen blei derfor etablert 1.1.2008, ut frå det tidlegare genressursarbeidet om planter, husdyr og skogtre under Nordisk Ministerråd. NordGen skal fremje berekraftig bruk og bevaring av det genetiske mangfaldet innan Norden i nært samarbeid med nasjonale program, men òg vere ein internasjonal aktør. Etableringa av NordGen vil føre til ein meir effektiv bruk av ressursane, og gir eit betre grunnlag for vidare nordisk samarbeid om genressursar. NordGen har òg ansvaret for dagleg drift og administrasjon av Svalbard Globale frøhvelv gjennom ein eigen avtale mellom Landbruks- og matdepartementet, Global Crop Diversity Trust og NordGen. Det er òg sett ned eit internasjonalt råd for frøhvelvet.
Departementet følgjer aktivt opp det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar, FN sin konvensjon om biologisk mangfald og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk (ITPGRFA). Det vil bli arbeidd for å få tilslutning frå OECD-land til det norske initiativet for å støtte bevaringa av plantegenetiske ressursar som drives av bønder i Sør, med å gi årleg støtte tilsvarande 0,1 pst. av bruttoomsetninga av såvare til plantetraktatens Benefit Sharing fond. Det blir gjort framlegg om ei slik støtte frå Noreg alt i 2009.
Forureining frå jordbruket
Verkemidla i nasjonalt og regionalt miljøprogram skal sjå til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgd opp gjennom dei regionale miljøprogramma.
Dei regionale miljøprogramma er evaluert i 2008, og nye program blir laga for perioden 2009 – 2012. Departementet vil vidareutvikle regionale miljøprogram for å oppnå ytterlegare reduksjonar av næringssaltavrenning jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand (RM). Det er lagt til rette for å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn innan landbruket. I alle fylka er ein no i gang med tiltaksanalysar for å følgje opp rammedirektivet for vatn i dei aktuelle vatnområda.
Departementet legg opp til ei vidare satsing for å redusere forureininga frå fosfor, nitrogen og erosjon til vassdrag og kystområde. Departementet vil m.a. gi fylkesmennene heimelsgrunnlag for å setje strengare miljøkrav til jordbruket i nedbørfelt til ureina vassdrag og kystområde, jf. St.meld. nr. 26 (2006-2007). Arbeidet skjer i samarbeid med miljøvernstyresmaktene.
Departementet har sett i gang utviklingsprosjekt for å skaffe fram ny kunnskap for å styrkje gjennomføringa av tiltak på ein kostnadseffektiv måte. Mellom anna vil det over ein periode på 3 år bli gitt 3,5 mill. kroner ekstra midlar til Vestre Vansjø, som kompensasjon til bønder som prøver ut og gjennomfører nye tiltak for å redusere utsleppet av fosfor. Dette kjem i tillegg til dei om lag 6 mill. kroner som fylkesmennene i Østfold og Akershus kvart år nyttar til tiltak i Vansjøvassdraget over dei regionale miljøprogramma.
Det er eit mål at bruken av plantevernmiddel blir redusert og at helse - og miljørisikoen knytt til bruken av slike middel blir redusert. Hovudmålet i gjeldande handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel er todelt:
Norsk landbruk skal bli mindre avhengig av kjemiske plantevernmiddel
Risiko for helse- og miljøskadar ved bruk av plantevernmiddel skal reduserast med 25 pst. i planperioden, slik at den samla reduksjonen i perioden 1998-2008 blir minst 50 pst.
Planperioden for handlingsplanen går ut i 2008. Planen vil bli evaluert av ei breitt samansett gruppe, og departementet legg opp til at evalueringsarbeidet skal vere ferdig innan 1.4.2009 og at det blir følgd opp i jordbruksforhandlingane 2009.
Kart og geodata
Landbrukssektoren tek del i det nasjonale samarbeidet om produksjon og forvaltning av digitale kart i Norge Digitalt og Geovekst. Dette gir samfunnet god tilgang til kart om landbruket og landbruksforvaltninga kan nytte andre sine data. Geovekst gir landbruket rettar til dei detaljerte grunnkarta og flybileta og desse kan brukast for alle formål der ein har behov.
Internasjonalt arbeid
Innanfor ramma av dei nordiske statsministrane sitt initiativ om globalisering har ministerrådet for jordbruk, skogbruk, fiskeri og mat blitt bede om å utvikla eit 3-årig prosjekt om konsekvensar for primærnæringane av klimaendringar. Prosjektet tek utgangspunkt i nasjonale prioriteringar og nasjonale styrkeposisjonar for å styrkje og effektivisere den samla nordiske forskinga på området i tråd med føringar frå statsministrane. Programmet skal starte i 2009 og føre til auka nordisk innsats for forskings- og innovasjonsarbeidet om klima, energi og miljø.
Utforming av ny landbruksavtale har vore den mest sentrale delen av forhandlingsrunden i WTO som kom i gang i Doha i 2001. I 2004 blei det vedteke eit rammeverk som la føringar for dei vidare forhandlingane om landbruksvarer, industrivarer inkludert fisk og forenkling av handelsprosedyrar.
På ministermøtet i Hong Kong i desember 2005 var det semje om å fastsetje eit nytt regelverk for handel med landbruksvarer i 2006. Det var vidare semje om å fjerne alle former for eksportstøtte innan utgangen av 2013 og å betre marknadstilgangen for produkt frå dei minst utvikla landa innan 2008. Fordi ein ikkje kom fram til eit resultat i 2006, heldt forhandlingane fram i 2007 og 2008 med sikte på eit gjennombrot sommaren 2008.
Ministermøtet sommaren 2008 blei avslutta utan semje om ei ny WTO-avtale. Eit sentralt spørsmål som ikkje blei løyst og medverka til brot i forhandlingane, var utforminga av ei tryggleiksmekanisme som u-land kan bruke for å hindre uønskt import av landbruksvarer frå utvikla land.
Dei viktigaste forhandlingsområda for landbruk har vore marknadstilgang for landbruksvarer, bruk av nasjonal landbruksstøtte og bruk av eksportsubsidiar. Det skulle vidare bli teke særleg omsyn til u-landa ved utforming av det nye regelverket.
Frå norsk side har det i forhandlingane vore eit mål å sikre at det i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald og distriktsomsyn.
For marknadstilgang er det særleg viktig å få gjennomslag for å definere eit tilstrekkeleg tal produkt som sensitive. For sensitive produkt skal ein ta ein mindre reduksjon i tollsatsane enn for produkt som ikkje blir definert som sensitive. Vidare er det særs viktig at eit tak på tollsatsar ikkje øydelegg for valfridomen ein får gjennom forhandlingane på andre område av marknadstilgang.
For den nasjonale støtta til landbruket har ein frå norsk side lagt til grunn at det ikkje skal bli øvre grenser for den samla støtta, men at ein må akseptere at støtta blir gitt på andre måtar enn i dag. Dette inneber at det kan bli reduksjon i handelsvridande støtte, men ingen øvre reduksjonar i støtte som ikkje påverkar produksjonen.
Noreg samarbeider med den såkalla G10-gruppa i forhandlingane. I tillegg til Noreg inneheld denne gruppa m.a Japan, Sveits, Sør-Korea og Taiwan. For alle desse landa er det avgjerande å sikre gode løysingar på spørsmålet om marknadstilgang. Landa står saman i arbeidet knytt til tak på tollsatsane. Gruppa har samarbeidd godt sidan den blei etablert i 2003. Frå norsk side har det blitt lagt stor vekt på samarbeidet i gruppa, slik at ein sikrar høvet til å påverke forhandlingane framover.
Frå regjeringa si side legg ein til grunn at ein skal kunne ha ein aktiv jordbruksproduksjon i alle delar av landet. Dette er ei ambisiøs målsetjing som krev gode løysingar for norsk jordbruk i WTO-forhandlingane og vilje til nasjonale tiltak for å styrkje landbruket med basis i ein avtale.
Noreg og EU har starta forhandlingane om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen. Desse forhandlingane vil frå norsk side bli vurdert i samanheng med WTO-forhandlingane. Til grunn for artikkel 19-forhandlingane ligg at desse skal førast innanfor ramma av den nasjonale landbrukspolitikken og vidare vere til fordel for begge partar.
EØS-avtalen femner om alle forhold knytt til produksjon av mat, m.a. spørsmål knytt til dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Krava ved produksjon og omsetnad av mat blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling slik dette kjem til uttrykk m.a. i EØS-avtalen og avtalar knytt til WTO. Dette gjer at sentrale delar av rammevilkåra på mattryggleiksområdet blir fastsette i EU og tekne over av Noreg som følgje av EØS-avtalen. Samtidig sikrar EØS-avtalen norske bedrifter like vilkår som europeiske partnarar og konkurrentar på dette området, noko som opnar for fleire moglegheiter innan til den europeiske marknaden. Ei aktiv tilnærming på eit tidleg tidspunkt under utforminga av nytt regelverk på mattryggleiksområdet er ein sentral del av den aktive europapolitikken som regjeringa legg opp til i St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken.
I det internasjonale skogpolitiske samarbeidet arbeider Noreg for eit meir forpliktande samarbeid mellom landa for å ta vare på og betre forvaltninga av skogane i verda. FN sitt skogpolitiske forum (UNFF) vedtok i 2007 ei internasjonal ikkje-bindande skogavtale og eit arbeidsprogram for den vidare oppfølginga. Noreg vil støtte opp om det som er vedteke i UNFF, men vil òg arbeide vidare for å få meir forpliktande avtalar om skogforvaltning internasjonalt. Eit spor som blir følgd med interesse i den samanhengen er det canadiske forslaget om ei bindande internasjonal avtale om berekraftig skogforvaltning. Noreg deltek òg aktivt i samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE), som m.a. legg til rette for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg overtok leiinga av MCPFE i 2008, og har etablert eit sekretariat for prosessen. Sekretariatet er ein sjølvstendig eining, men organisatorisk knytt til Norsk institutt for skog og landskap. Leiarskapet for prosessen vil ytterlegare styrkje Noreg si rolle og innverknad i samarbeidet om skogpolitikk i Europa. I leiarskapsperioden vil Noreg arbeide for å styrkje den politiske forankringa av dei resultata som er nådd så langt, samt delta aktivt i arbeidet med å finne gode måtar å handtere problemstillingar knytt til skog og klima og skog og vatn i Europa.
Skog og skogforvaltning er òg sentrale tema i andre internasjonale avtalar og prosessar. Her kan særskilt FNs konvensjon om biologisk mangfald og klimakonvensjonen nemnast. Frå norsk side vil ein trekke inn behovet for ei heilskapleg tilnærming til berekraftig skogforvaltning der dette er naturleg.
Ansvar og roller i den statlege skredpolitikken
Regjeringa har sett behovet for ein meir effektiv og styrkt bistand til førebygging av skred, og har i den samanhengen samla ansvaret for førebygging i NVE. Landbruks- og matdepartementet har overført sikringsmidlar til Olje- og energidepartementet, jf. nærmare omtale under kat. 15.00 og kap. 1148 post 70. Ein viser òg til nærmare omtale i St.prp. nr. 1 (2008-2009) for Olje- og energidepartementet.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Støtte til organisasjonar, kan overførast | 19 865 | 20 447 | 19 447 |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar, kan overførast | 2 837 | 6 843 | 7 144 |
Sum kap. 1138 | 22 702 | 27 290 | 26 591 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Mål og strategiar
Posten femner om Landbruks- og matdepartementet si tilskottsordning for støtte til organisasjonar. Målet med ordninga er å støtte organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Tilskotta tek sikte på å medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane og å medverke til eit levande og aktivt organisasjonsliv i heile landet. Støtta blir gitt til landsdekkjande organisasjonar som:
fremjar miljøarbeid, næringsutvikling og forbrukarinteresser innan jord- og skogbrukssektoren
fremjar positive haldningar til og forståing for grøne verdiar hos born og ungdom og i samfunnet generelt
arbeider med likestillingsspørsmål innan jord- og skogbruk
arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde
Midlane blir gitt som grunnstøtte der det òg kan vere konkretisert nokre oppgåver departementet meiner det er viktig å gjennomføre det enkelte år. Storleiken på driftstilskotta blir fastsett m.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå, den finansielle situasjonen deira og at tilskottet skal stå i eit rimeleg forhold til anna finansiering.
Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formal- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar og rekneskap stadfesta av registrert revisor, samt eventuelle andre vilkår lagt til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjon.
Resultatrapport 2007
Frå og med 2007 har Landbruks- og matdepartementet fordelt det meste av løyvinga til organisasjonane direkte i departementet sin St.prp. nr. 1. Søknadsfristen er på våren, og behandlinga av søknadane inngår i den ordinære budsjettbehandlinga. I 2007 blei det fordelt 19,865 mill. kroner til 19 organisasjonar, jf. tabellen under.
Tabell 2.8 Oversikt over støtte til organisasjonar gitt i 2007.
Organisasjon | Støtte 2007 |
---|---|
Det kgl. selskap for Norges Vel | 2 400 000 |
4H Noreg | 6 500 000 |
Norsk landbruksmuseum | 3 630 000 |
OIKOS – økologisk landslag | 2 900 000 |
Biologisk Dynamisk Forening | 175 000 |
HORVA – Norsk Landbruksutstilling | 40 000 |
Norsk Villsaulag BA | 40 000 |
NoBio – Norsk Bioenergiforening | 100 000 |
Norsk kulturarv | 30 000 |
Norsk Bygdekvinnelag | 100 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 100 000 |
Natur og Ungdom | 100 000 |
Dyrevernalliansen | 100 000 |
Dyrebeskyttelsen | 100 000 |
Det Norske Hageselskap | 1 100 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 050 000 |
Jenter i skogbruket | 150 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 250 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 000 000 |
Sum | 19 865 000 |
Budsjettframlegg 2009
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 19,4 mill. kroner i grunnstøtte til enkelte organisasjonar som arbeider innanfor det landbrukspolitiske området.
Departementet legg opp til å gi tilskott slik det går fram av tabellen nedanfor. I prioriteringa si har departementet lagt stor vekt på organisasjonar som er landsdekkjande medlemsorganisasjonar, som arbeider med born og unge og som arbeider inn mot departementet si kjerneverksemd.
Tabell 2.9 Oversikt over støtte i 2008 og budsjettframlegg for 2009.
Organisasjon | Støtte 2008 | Forslag 2009 |
---|---|---|
Det kgl. Selskap for Norges Vel | 2 100 000 | 2 100 000 |
4H Noreg | 6 800 000 | 6 800 000 |
Norges landbruksmuseum | 3 600 000 | 3 600 000 |
OIKOS – økologisk landslag | 2 900 000 | 2 900 000 |
Biologisk Dynamisk Foreining | 175 000 | 175 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 250 000 | 250 000 |
Norsk Bygdekvinnelag | 150 000 | 150 000 |
Norsk Villsaulag BA | 20 000 | 20 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 150 000 | 150 000 |
Norsk Kulturarv | 350 000 | 350 000 |
Natur og Ungdom | 150 000 | 150 000 |
Norsk sopp og nyttevekstforbund | 42 000 | 40 000 |
Dyrevern Ung | 100 000 | 100 000 |
Dyrevernalliansen | 200 000 | 200 000 |
Norges Birøkterlag | 90 000 | 90 000 |
Food First Information and Action Network | 90 000 | 90 000 |
Det Norske Hageselskap | 1 100 000 | 1 100 000 |
Jenter i skogbruket | 150 000 | 150 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 050 000 | 1 050 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 000 000 | |
Sum | 20 467 000 | 19 465 000 |
Som det går fram av tabellen, vil departementet sitt forslag gi 18 000 kroner meir enn framlegget om løyving for 2009. Dette skuldast bortfall av ei tilsegn frå tidlegare år som vil vere tilgjengeleg som overført beløp frå 2008.
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar
Posten femner om midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnader knytt til rapportering o.a. Departementet vil leggje opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar i det internasjonale skogpolitiske arbeidet.
Mål og strategiar
Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og å betre forvaltninga av skogane i verda. FN sitt skogforum er ein viktig arena for dette. Noreg leier no samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE). MCPFE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står framfor. MCPFE tilrettelegg òg for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg sin posisjon gir større moglegheiter for å påverke det europeiske skogpolitiske arbeidet dei kommande åra. Noreg vil i leiarskapsperioden sin arbeide for å styrkje MCPFE som politisk prosess.
Resultatrapport 2007
Over posten blei det løyvd midlar knytt til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Løyvinga blei i hovudsak nytta til arbeid innan Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa, som er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk i Europa. Noreg støttar finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent, som i 2007 var 20 pst. av det samla budsjettet for prosessen. Det meste av arbeidet i 2007 var knytt til å førebu ein ministerkonferanse som blei arrangert i Warszawa i november 2007 i samarbeid mellom Polen og Noreg. Departementet gav òg støtte til arbeid med å rapportere utviklinga med omsyn til berekraftig forvaltning av skogane i Europa. Rapporten er eit viktig styringsdokument og blei lagt fram på ministerkonferansen i Warszawa.
Løyvinga blei òg nytta til å støtte Noreg sin medverknad i United Nations Economic Commission for Europe (UNECE). UNECE har ein tømmerkomité som legg til rette informasjon og statistikk om blant anna skogressursane og marknadsforhold for skogprodukt. Departementet gav tilskott til norske institusjonar og organisasjonar som tek del i dette arbeidet.
Budsjettframlegg 2009
Departementet gjer framlegg om 7,1 mill. kroner internasjonalt skogpolitisk samarbeid o.a. Posten må sjåast i samanheng med kap. 4138 post 01 Refusjonar m.m.
Løyvinga vil i hovudsak bli nytta til arbeidet med Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa, som er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk i Europa. Noreg har teke del i koordineringa og leiinga av MCPFE sidan 1998, og støttar finansieringa gjennom ein årleg kontingent. Som leiar for MCPFE held Noreg eit sekretariat for prosessen fram til ein eventuell ministerkonferanse i Noreg om fire til fem år. Dette sekretariatet er organisatorisk knytt til Norsk institutt for skog og landskap, som får midlar over denne posten til drift av sekretariatet.
I tråd med innarbeidd praksis skal budsjettet som sekretariatet treng for å drifte prosessen finansierast av ei gruppe land som inngår i koordineringsgruppa for MCPFE. Som leiar vil Noreg sin obligatoriske kontingent vere om lag 60 pst. av det samla budsjettet i 2009. Dei andre landa i koordineringsgruppa er Polen, Spania, Slovakia og Tyskland, som vil finansiere dei resterande 40 pst.
I lys av Noreg si leiarrolle i MCPFE, ser departementet det òg som viktig å medverke til prosjekt, møter o.a. som følgjer av denne prosessen. Noreg vil bidra til å få gjennomførd ei evaluering av arbeidet til MCPFE, og støtte arbeidet med å granske moglegheitene for eit meir forpliktande skogpolitisk samarbeid i Europa.
Noreg deltek òg i ei rekkje andre fora for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål. Løyvinga vil òg bli nytta til Noreg sin medverknad på nokre av desse områda. Med sikte på å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid, er det aktuelt å bruke løyvinga til oppdrag o.a. til norske institusjonar og organisasjonar.
Kap. 4138 Støtte til organisasjonar m.m
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Refusjonar m.m. | 2 300 | 2 401 | |
Sum kap. 4138 | 2 300 | 2 401 |
Posten nyttast til å budsjettere overføringane frå dei europeiske landa som deltek i koordineringsgruppa for MCPFE. Dei forventa bidraga på 2,4 mill. kroner blir budsjettert som inntekt på denne posten så lenge Noreg har leiarskapet i MCPFE.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskott til miljø- og ressurstiltak, kan overførast | 14 951 | 15 170 | 15 170 |
71 | Tilskott til genressursforvaltning, kan overførast | 14 434 | 17 685 | 19 240 |
Sum kap. 1139 | 29 385 | 32 855 | 34 410 |
Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak
Mål og strategiar
Det er nødvendig med god kunnskap og godt oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Over post 70 gir Landbruks- og matdepartementet støtte til miljøtiltak og ressurskunnskap i jordbruket og skogbruket.
Resultatrapport 2007
Resultatkontroll og overvaking under Jordsmonnovervakningsprogrammet (JOVA) blei ført vidare i 2007 med 3,6 mill. kroner. Dette er eit langsiktig program som har til formål å gi oss meir kunnskap og å dokumentere miljøverknader av jordbruksdrift, m.a. for å sette oss i stand til å rapportere til internasjonale fora om miljøtilstanden i jordsmonn og vassdrag. Vidare gir det rom for å måle og rekne ut effektar av tiltak for å redusere næringssaltavrenning og anna forureininga frå jordbruket. Modellarbeid med rapportering av utslepp av lystgass, som er eit særskilt prosjekt utanom JOVA, er forsinka.
Statistisk sentralbyrå gir årleg ut ein rapport om jordbruk og miljø der miljøstatus og effekt av verkemidla blir synleggjort. Rapporten blir finansiert med 0,5 mill. kroner frå kap. 1139 post 70. Rapporten er dei siste åra blitt utvikla vidare slik at den betre skal dekkje behovet for data hos fylkesmennene i arbeidet deira. Vidare er det sett i gang arbeid for å utvikle rapportering knytt til klimautfordringar. Ramma for arbeidet knytt til klima er 0,4 mill. kroner i 2008.
Departementet er med i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Auka aktivitet i skogbruket krev kunnskap både om skogressursane og om det biologiske mangfaldet som grunnlag for at verksemda blir driven på ein berekraftig måte. Tilskottet til auka kunnskap om trua arter i det nasjonale programmet er ført vidare, og prosjektet har samarbeidd nært med Artsdatabanken for å bidra best mogleg til eit betre kunnskapsgrunnlag for raudlista. Vidare er det gitt støtte til prosjektet Naturtypar, der kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i kulturlandskap inngår. Innsatsen her er viktig for m.a. å kunne målrette innsatsen i jordbruket sitt kulturlandskap når det gjeld drift og skjøtsel av viktige lokalitetar og landskap. I 2007 blei Nasjonalt program utvida til òg å gjelde kartlegging og overvaking av framande organismar. Kartlegging og overvaking av skadelege framande organismar har store grenseflater mot andre aktivitetar under Nasjonalt program. Tilstandsvurdering og tiltak må byggje på kunnskap m.a. frå Nasjonalt program. I tillegg har departementet vore med på å støtte arbeidet som blir gjort av den nasjonale Artsdatabanken. Til saman 1,55 mill. kroner blei tildelt desse tiltaka under Nasjonalt program i 2007.
Arbeidet med produksjon av digitale markslagskart er ein del av eit større prosjekt som det blei løyvd 1,325 mill. kroner til over denne posten. Arbeidet blei òg finansiert over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150 og kap. 1141 post 52.
Kunnskap og kompetanse om plantevern hos brukarane og rettleiingstenesta er viktig for å redusere både bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel. I 2007 blei det løyvd 790.000 kroner til Bioforsk til gjennomføring av informasjonstiltak innan plantevernområdet. Midlane har m.a. blitt nytta til kunnskapsformidling, deltaking på markdagar og faglege møter, samt arrangering av Plantemøtet Østlandet 2007.
Posten er òg nytta til å finansiere resultatkontroll i skogbruket. Kontrollen er knytt til overvaking av utviklinga av skogtilstanden, og planlegging og gjennomføring av konkrete tiltak i skog, slik som skogkultur, vegbygging og skogbruksplanlegging, jf. nærmare omtale under kap. 1150.
Frå posten blei det òg løyvd midlar til informasjonstiltak i samband med opninga av Svalbard globale frøhvelv, jf. rapporteringa under post 71.
Over post 70 gav Landbruks- og matdepartementet òg i 2007 støtte til vidare utvikling av eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar i skog – Miljøregistreringar i skog (MiS) – med 4,7 mill. kroner. Hovudvekta i 2007 blei lagt på å publisere resultat med direkte nytte for arbeidet med miljøomsyn i det praktiske skogbruket. Resultata blir òg m.a. brukt i arbeidet med naturtypekartlegging i kommunane, som grunnlag for å vurdere område for frivillig vern, og i oppfølginga av den reviderte Levende Skog-standarden. I samarbeid med Skogbrukets kursinstitutt, blei ei oversikt med samandrag av vitskapelege artiklar og populærartiklar til no frå MiS-prosjektet lagt ut på Internett. Tilskottet til miljøinformasjonstiltak på Hirkjølen blei vidareført. MiS-prosjektet er lagt til Norsk institutt for skog og landskap, og instituttet har i 2007 publisert resultat frå arbeidet, henta inn kunnskap for å forbetre registreringane og arbeidd med praktisk oppfølging av miljøregistreringsarbeidet. Miljøregistreringane blir i hovudsak gjort samtidig med andre ressursregistreringar i samband med at det blir laga skogbruksplanar for skogeigedommane. Det er til no gjennomført miljøregistreringar på godt over halvparten av det produktive skogarealet.
Arbeid med utvikling av metode for kulturminneregistreringar i skog (MiS-kulturminne) blei òg ført vidare i 2007 av Norsk institutt for skog og landskap. Prosjektet som er finansiert med 0,9 mill. kroner over post 70, har medverka til å auke kunnskapen om kulturminne blant skogeigarane og samarbeidd med fylkesmenn og takstselskap om kulturminne i skog. Prosjektet har òg teke del i 3Q-prosjektet, eit program for systematisk overvaking av kulturlandskapet, med registrering av kulturverdiar i utmark.
Miljøarbeidet i skogbruket krev høg kompetanse i heile sektoren. Landbruks- og matdepartementet støtta derfor i 2007 ein del prosjekt, møte og konferansar for kunnskapsformidling og informasjonstiltak for eit berekraftig skogbruk.
Arbeidet med opprydding etter tidlegare DDT-deponi ved norske skogplanteskolar heldt fram i 2007. Grunna meir omfattande forureining ved Prestebakke skogplanteskole blei ikkje prosjektet sluttført i 2006. I strandsona mot Ørsjøen blir det no sett i verk konkrete opprenskingstiltak, og departementet reknar med å avslutte prosjektet i 2008.
Budsjettframlegg 2009
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,2 mill. kroner på post 70 for 2009 og legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik tabellen under viser.
Tabell 2.10 Budsjett for kap. 1139 post 70 i 2008 og budsjettframlegg for 2009.
(i 1 000 kr.) | ||
---|---|---|
Tiltak | Budsjett 2008 | Budsjett 2009 |
Jordsmonnovervaking (JOVA) | 3 605 | 3 605 |
Nasjonal kartlegging og overvaking av biologisk mangfald | 1 500 | 1 500 |
Digitale markslagskart (DMK) | 1 325 | 1 325 |
Informasjonstiltak mv. knytt til jordbruk og kulturlandskap o.a. | 2 030 | 2 030 |
Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) | 5 700 | 5 700 |
Informasjonstiltak mv. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket o.a. | 1 010 | 1 010 |
Sum kap. 1139 post 70 | 15 170 | 15 170 |
I 2009 vil departementet føre vidare arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskapen. Betre kunnskap er ein føresetnad for berekraftig areal- og ressursbruk og næringsverksemd. Slike tiltak blir finansiert både over dette kapitlet og over andre budsjettkapittel.
Jordsmonnsovervakinga er eit verkemiddel for god kontroll med avrenning og forureining av vatn og vassdrag, som blir ført vidare i 2009. Jordsmonnovervakinga gir òg nødvendig tilleggsinformasjon om korleis plantevernmiddel oppfører seg under norske forhold. Jordsmonnsovervakinga blir viktig for å følgje opp EUs vassdirektiv på ein kostnadseffektiv måte. Statens landbruksforvaltning greier dette nærmare ut. Ein treng m.a. betre kunnskap om avrenning av næringsstoff knytt til lokale forhold og ulik driftspraksis i landbruket. Det må òg utviklast betre berekningsmodellar for avrenning av næringsstoff i små nedbørsfelt. Dette gjeld særleg fosfor som kan føre til alvorleg forureining av vassdrag og til oppblomstring av giftige algar. Ein treng òg betre oversikt over nitrogensyklusen for betre å kunne setje inn tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og avrenning av nitrat til vassdrag.
Landbruks- og matdepartementet arbeider aktivt med klima- og energispørsmål. Det vil i forbindelse med dette vere aktuelt å bruke midlar frå denne budsjettposten til mindre utgreiingar om bioenergi, klimavennleg matproduksjon, binding av karbon i skog og jordsmonn med meir, som eit supplement til forskingssatsinga, utviklingsprogrammet for klimatiltak og bioenergiprogrammet.
Resultatkontrollen gir grunnlag for å rekna seg fram til og vurdere effektar av miljøtiltaka slik at ein kan vurdere omfanget av miljøforbetringane og måloppnåing. Resultatkontrollen for miljøtilstanden i jordbruket blir gjort kvart år av Statistisk sentralbyrå. Den gir grunnlag for nasjonal og internasjonal rapportering. Utfordringar knytt til klima og auka krav om næringsbalanserapportering til m.a. OECD, fører til behov for å utvida resultatkontrollarbeid. Omfang og form på resultatkontrollen skal avklarast nærmare hausten 2008. Arbeidet med resultatkontrollarbeidet i jordbruket er planlagt vidareført i 2009 med ei samla ramme på 0,9 mill. kroner.
Landbruks- og matdepartementet vil støtte arbeidet med å få fram god stadinformasjon som verktøy for arealplanlegging og ressursforvaltning gjennom tilskott til arbeidet med digitale markslagskart (DMK), jf. kap. 1141 og 1150.
Departementet vil støtte prosjekt som kan bidra til å nå måla om redusert bruk av og redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel.
Regjeringa fører vidare satsinga på auka avverking av skog. I klimameldinga er det lagt vekt på å vedlikehalde og utvikle skogressursane for auka karbonbinding i skog for å styrkje ressursbasen for bioenergi og sikre varig karbonbinding gjennom auka bruk av tre. God og berekraftig utnytting av skogressursane er viktig for å sikre oppfylling av målet i regjeringa sin bioenergistrategi om auka bruk av bioenergi med 14 TWh innan 2020. Skog- og utmarksareala er i tillegg sentrale for opplevingsturisme og ulike andre næringstiltak. Forsterka satsing på oppbygging av skog og uttak av energivirke, samt meir satsing på utmarksnæring, inneber krav om enda betre kunnskap om viktige miljøverdiar i skogen. Departementet vil derfor vidareføre satsinga på MiS-prosjekta om biologisk mangfald og om kulturminne, slik at skogbruk og utmarksnæring har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen, og kan ta omsyn til desse.
Hovudinnsatsen til prosjekta vil i 2009 vere knytt til publisering, formidling og marknadsføring av relevant kunnskap. Prosjekta må òg yte fagleg bistand til departementet i konkrete tilfelle, som til dømes i nordiske samarbeidssaker. Prosjekta skal gå gjennom innsamla materiale og leggje til rette ein oppdatert og tilgjengeleg kunnskap, og det er viktig at undersøkingane omkring spreiingsevna hos arter og arbeidet med skogshistorikk går vidare.
Det store miljøprosjektet Levende Skog har revidert miljømåla for skogbruket, og skogbruket skal følgje opp dei endringane partane er blitt samde om. Dette krev m.a. ny kunnskap om biologisk viktige område, og MiS-arbeidet er ein sentral kunnskapskjelde som òg gjer det nødvendig at prosjekta arbeider vidare for å betre grunnlaget for å ta miljøomsyn i skogbruket.
Departementet legg vidare stor vekt på å betre kunnskapen om trua og sårbare arter slik at ein kan ta mest mogleg målretta omsyn til slike verdiar, og slik at ein legg eit godt grunnlag for ei forbetra raudliste i 2010. Raudlista gir prognosar for risikoen arter har for å døy ut frå Noreg. Departementet vil arbeide med slike spørsmål både gjennom det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og i direkte kontakt med faginstitusjonar som Norsk institutt for skog og landskap og Artsdatabanken.
Arbeidet med nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald vil bli ført vidare. Innanfor rammene av programmet vil ein òg arbeide vidare med skadelege framande organismar. Trua og sårbare arter i jordbrukets kulturlandskap vil inngå som ein del i kartlegginga og overvakinga av naturtypar.
I 2009 vil departementet starte opp arbeidet med meir samla satsing på resultatkontroll og resultatrapportering frå skogbruket sitt miljøarbeid slik dette er heimla i den nye skogbrukslova.
Departementet vil gi støtte til prosjekt for kunnskapsformidling og informasjonstiltak for eit berekraftig skogbruk. Slike tiltak vil femne om tilskott til produksjon av informasjonsmateriell, seminar, kunnskapsoppbygging og samlingar, m.a. retta mot offentleg og privat verksemd.
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning
Mål og strategiar
Posten femner om tiltak til styrking av arbeidet med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.
Resultatrapport 2007
Posten er nytta til tiltak for å styrkje arbeidet med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar nasjonalt og internasjonalt.
Koordineringa av det nasjonale arbeidet er lagt til Norsk genressurssenter, som er ei eining ved Norsk institutt for skog og landskap. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1141 post 52. Over post 71 blir det løyvd midlar til genressursarbeid som er gjennomført i tråd med strategiar og handlingsplanar for husdyr, planter og skogtre, og etter råd frå Fagrådet for genressursar og sektorvise genressursutval.
I arbeidet med plantegenetiske ressursar har ein lagt særleg vekt på god kontakt med publikum. Genressurssenteret har fått informasjon om sortar og genotypar av ulike nytteplanter som til no ikkje har vore kartlagde, vurderte eller eventuelt tekne vare på. Dette har ført til at frø og plantemateriale av sorter som er tekne vare på, er fordelte til brukarar, både kommersielle og privatpersonar. Det er gitt tilskott til eksterne prosjekt til ivaretaking og bruk av kornslag, engvekstar, medisinalvekstar, frukt- og bærsorter og hageplanter, i tillegg til driftsstøtte til etablerte plantesamlingar.
For skogtre er det gitt tilskott til prosjekt som omfattar skjøtsel, varetaking og bruk av utvalde treslag, ei undersøking av konsekvensar av almesjuke, ei vidareføring av overvakinga av sjeldne treslag og av prosjektet Planter for norsk klima. Informasjonsprosjektet Mitt tre som Genressurssenteret har gjennomført i samarbeid med Det norske Skogselskap og NRK, har fått stor merksemd.
I arbeidet med husdyrgenetiske ressursar er det gitt tilskott til drift av Genbanken for fjørfe og til ymse raseslag for truga nasjonale rasar. Det er òg gitt støtte til prosjekt for små truga raser og populasjonar, samt informasjonstiltak. På FNs mat og landbruksorganisasjon (FAO) sin Første verdskonferanse om husdyrgenetiske ressursar i september 2007 blei norsk husdyravl presentert med foredragsmøte og ei engelsk brosjyre, laga saman med avlsorganisasjonane.
Eit nettbasert prosjekt for skulen om forvaltning av genetiske ressursar innan norsk jordbruk har blitt noko forsinka.
Verksemda som blei finansiert over dette budsjettkapitlet har i monaleg grad auka kunnskapen om landbruket sine genressursar hos næringsaktørar, i forvaltninga og organisasjonane og hos allmenta gjennom brei mediedekning. Dette styrkjer medvitet om verdien som desse ressursane representerar og kor viktig det er å ha ei aktiv forvaltning av genressursane.
Svalbard globale frøhvelv er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga. Det spesialbygde fryselageret som er lagt inn i permafrosten i fjellet og huser dublettar av frø frå heile verda, blei bygd i 2007 med Statsbygg som byggherre. Frøhvelvet er komme i stand i samfinansiering mellom Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Ansvaret for frølageret ligg til staten ved Landbruks- og matdepartementet, medan NordGen (tidlegare Nordisk Genbank), har ansvar for dagleg drift. Midlane i 2007 gjekk til førebuing av den permanente drifta frå 2008, til informasjonstiltak, m.a utviklinga av ein fleirspråkleg nettstad på www.regjeringen.no som opna våren 2007, og planlegging av faste presentasjonar på Svalbard, og til førebuing av den høgtidelege opninga av frøhvelvet på Svalbard med ein internasjonal fagkonferanse og opningsseremoni.
Noreg tek aktivt del i det internasjonale samarbeidet om oppfølginga av den internasjonale plantetraktaten, og tok initiativ til eit møte med internasjonale ekspertar som diskuterte bønders rettar (Farmers’ rights) i Lusaka i september. Dette gav grunnlaget for eit norsk-zambisk innspel som blei behandla på det andre møtet i styringsorganet for plantetraktaten seinare på hausten. Noreg har òg teke del i FAO sin Kommisjon for genetiske ressursar som behandla langtidsprogram og utkast til global handlingsplan for husdyrgenetiske ressursar. Denne globale handlingsplanen blei vedteken på FAO sin verdskonferanse om husdyrgenetiske ressursar.
På sommarmøtet for dei nordiske ministrane i 2007 blei det vedteke å samle det nordiske arbeidet for plante-, husdyr- og skogtregenetiske ressursar i ein ny fellesnordisk institusjon, Nordisk genressurssenter (NordGen), frå 1.1.2008. NordGen har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp, Sverige, medan faglege oppgåver knytt til husdyr og skogtre er samlokalisert med Norsk genressurssenter på Ås. Med dette blei prosessen med å konsolidere det nordiske genressursarbeidet, som har vore prioritert frå norsk side, fullført.
Nordisk Genbank Husdyr blei støtta med 1,1 mill. kroner i 2007. Over posten blei det òg løyvd midlar til Stiftelsen Det norske Arboret til arbeidet med samlingar av tre og busker eigna for norske forhold, og til formidlingsverksemd. Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter fekk støtte til arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest. Norsk Hjortesenter fekk tildelt midlar for å arbeide med å utvikle hjort som ressurs.
Det norske Skogfrøverk er ein sentral institusjon for leveransar av frø til norsk skogbruk, og institusjonen har òg viktig kompetanse når det gjeld genressursspørsmål knytt til trevekstar. Landbruks- og matdepartementet gav i 2007 økonomisk støtte til forvaltningsoppgåver som produksjon av frø etter grankonglesesongen 2006, utvikling av eit nytt nettbasert system for rettleiing, utvikling av materiell for bruk av bestandsfrø og foredla frø, oppstart av arbeidet med ny strategisk og operativ plan for frøavlen, foredlingstiltak for juletre og konglesanking. Departementet gav 0,6 mill. kroner i ekstraløyvingar til Det norske Skogfrøverk for å styrkje arbeidet med planteforedling i skogbruket. Delar av desse midlane går til foredlingsarbeid knytt til juletre- og pyntegrøntsektoren. Det norske Skogfrøverk og Norsk institutt for skog og landskap innleidde i 2007 eit samarbeid for å leggje til rette for optimal bruk av spisskompetansen desse institusjonane representerer. Departementet har dei siste to åra styrkt det arbeidet som blir drive ved Det norske Skogfrøverk. Strategisk plan for skogfrøforsyning, planteforedling og bevaring av genetiske ressursar ligg til grunn for aktiviteten ved Det norske Skogfrøverk.
Budsjettframlegg 2009
Posten femner om tiltak knytt til styrking av arbeidet med å ta vare på genressursar. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 19,2 mill. kroner som er ein auke på 8,7 pst. Ein legg opp til ei fordeling slik tabellen under syner. Det er i 2009 overført 0,8 mill. kroner frå denne posten til kap. 1141 post 52 for å samordne og styrkje arbeidet med genressursforvaltning av husdyr. Posten er elles auka m.a. for å styrkje forvaltninga av Svalbard globale frøhvelv.
Tabell 2.11 Budsjett for kap. 1139 post 71 i 2008 og budsjettframlegg for 2009.
(i 1 000 kr.) | ||
---|---|---|
Tiltak | Budsjett 2008 | Budsjett 2009 |
Genressurstiltak | 6 635 | 6 100 |
Svalbard globale frøhvelv | 2 700 | 4 290 |
Stiftelsen Det norske arboret | 300 | 300 |
Nordisk genressurssenter (NordGen) | 1 100 | 1 600 |
Nord-Norsk Hestesenter, Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hjortesenter | 2 800 | 2 800 |
Skogfrøforsyninga | 4 150 | 4 150 |
Sum genressursforvaltning | 17 685 | 19 240 |
Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er grunnleggjande for å halde oppe eit biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar. Ved modernisering av landbruket, globalisering av produksjonen, auka press på leveområda til planter og dyr, og anna tap av genetisk mangfald kan genetisk materiale bli borte for alltid. I eit internasjonalt perspektiv trugar einsrettinga av planteutvalet i moderne jordbruk den genetiske variasjonen blant matplanter som er utvikla gjennom tusenårig jordbruksdrift, og hindrar vidare utvikling av eit berekraftig landbruk. Innan husdyrbruket dominerer nokre moderne produksjonsrasar i store delar av verda, og ein ser òg eksempel på at husdyrrasar har sjukdomsproblem og redusert fertilitet som eit resultat av einsidig avl på produksjonseigenskapar.
Klimaendringar er ein ny utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale. Noreg har ansvar for å forvalte sine genetiske ressursar på ein berekraftig måte, noko som m.a. er stadfesta gjennom internasjonale konvensjonar og avtalar.
Over posten blir det løyvd midlar til oppfølging av handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar blant kulturplanter, husdyr og skogtre og til prosjekt og aktivitet ved Norsk genressurssenter og hos samarbeidspartnarar. I tillegg til kartlegging av genetiske ressursar og nye bevaringstiltak på prioriterte område, skal det leggjast vekt på å stimulere næringsutvikling gjennom bruk av genetiske ressursar. Det skal òg leggjast vekt på meir generelle tiltak, som klargjering av rett og tilgang til genetiske ressursar og utgreiing av følgjene nye utfordringar som klimaendringar og genmodifisering kan ha for dei genetiske ressursane. Løyvingane til genressurstiltak gjeld òg drift av Genbanken for fjørfe, og tilskott til lag for arbeid med verneverdige rasar.
Posten femner òg om samarbeid i internasjonale fora. Noreg vil vidareføre rolla si som brubyggjar i dei internasjonale forhandlingane om genressursar innan Konvensjonen om biologisk mangfald, FAO sin kommisjon for genetiske ressursar innan mat og landbruk og den Internasjonale plantegenetiske traktaten. Arbeidet med gjennomføringa av bønder sine rettar vil bli følgt opp. I erkjenning av den berekraftige bruken av plantegenetiske ressursar som blir drivne av bønder i utviklingsland og tilskottet dette gir til lokal mattryggleik, lova Noreg ved opninga av Svalbard globale frøhvelv støtte som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare til plantetraktatens fond for utbyttefordeling frå 2009. Det er derfor sett av 0,5 mill. kroner til dette formålet i 2009. Noreg vil arbeide for at andre land gir frivillig støtte til fondet for å oppfylle målet om rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genetisk mangfald.
Det er òg viktig å ta del i nordisk og europeisk samarbeid om genetiske ressursar for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av desse ressursane. Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og Nordisk genressurssenter (NordGen). NordGen samlar frå 2008 verksemda i Nordisk genbank, Nordisk Genbank Husdyr og Nordisk skogbruks frø- og planteråd (NSFP) i ein institusjon med sete i Alnarp i Sverige. NordGen skal fremje berekraftig bruk og bevaring av det genetiske mangfaldet i Norden i nært samarbeid med nasjonale program. Det skal løfte og profilere det nordiske genressursarbeidet og ta ein aktiv rolle innan fagområda sine internasjonalt. NordGen har òg ansvaret for dagleg drift av Svalbard globale frøhvelv.
I NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert til Noreg fram til evaluering av verksemda i 2012. Det vil vere eit mål å utnytta synergieffektar som ligg i samlokaliseringa med Norsk genressurssenter. Departementet gjer framlegg om å støtte NordGen med til saman 1,6 mill. kroner, som er ei vidareføring av løyvinga på 1,1 mill. kroner til det nordiske husdyrgenetiske arbeidet og framlegg om auke på 0,5 mill. kroner til det nordiske arbeidet med skogtregenetiske ressursar.
Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv. Med dette lageret har Noreg teke eit internasjonalt ansvar for å tryggje det genetiske mangfaldet av planter av stor verdi for den globale matforsyninga. Frøhvelvet er eit ekstra sikringsnett for verdas genbankar, og har relevans for matvaretryggleiken i den tredje verda. Staten ved Landbruks- og matdepartementet eig frøhvelvet, medan frøa som blir lagt inn vil bli deponerte av genbankar over heile kloden. Landbruks- og matdepartementet har avtale med Nordisk genbank og Global Crop Diversity Trust (GCDT) om administrering og finansiering av drifta. Det er oppretta eit internasjonalt råd som skal overvake verksemda.
Svalbard globale frøhvelv blei opna av statsministeren 26.2.2008, med gjester frå heile verda og med dei største mediaselskapa og mediafolk frå alle verdsdelar til stades. Den internasjonale interessa for frøhvelvet har òg halde seg i tida etter opninga. Det viser seg at frøhvelvet er eigna til å gi auka forståing og medvete om plantemangfald og matvaresikring. I tida framover vil det vere ei viktig oppgåve å følgje opp denne rolla til frøhvelvet. Oppslutninga om frøhvelvet blant verdas genbankar er god, og det er avtalt innskot av frø fire-fem år fram i tida.
Det er gjort framlegg om å styrkje informasjonsverksemda rundt frøhvelvet og til møte i det internasjonale rådet.
Midlar til Stiftelsen Det norske arboretet går til samlingar av tre og busker eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd. Stiftinga samarbeider med Norsk genressurssenter om å ta vare på plantegenetiske ressursar for hagebruk og landskapsplantingar, og tek aktivt del i informasjonsarbeidet om bevaring og bruk av genetiske ressursar. Desse oppgåvene blir aktualiserte i lys av klimaendringane. Departementet vil under posten gi støtte til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter i arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest. Norsk Hjortesenter på Svanøy får tildelt midlar for å utvikle hjorten som ressurs.
Bruk av rett frø er viktig for å sikre god tilgang på skogsvirke i framtida. Med nye utfordringar knytt til klimaendringar er god kompetanse innan frøproduksjon viktig. Over posten vil det bli gitt støtte til Det norske Skogfrøverk for å sikre dei langsiktige oppgåvene innanfor frøforsyninga i skogbruket. Midlane blir prioriterte til frø- og konglesanking, frøproduksjon og til arbeid for å sikre dei genetiske ressursane i skogen. Innanfor ramma vil ein òg gi løyving til nødvendige forvaltningsoppgåver innan frø- og planteforsyninga, inkludert arbeid med import og eksport av frø og planter.
Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse | 22 720 | 22 697 | 22 909 |
52 | Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap | 79 473 | 82 890 | 87 665 |
Sum kap. 1141 | 102 193 | 105 587 | 110 574 |
Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse
Mål og strategiar
Posten omfattar Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si kunnskapsutvikling m.m. for statsforvaltninga. NILF driv forsking, utgreiing, analyse og dokumentasjon av økonomiske og politiske forhold knytt til matvaresektoren og annan bruk av naturressursar. NILF sitt arbeid er grunnlag for politikkutforming, forvaltning, forsking, undervisning, rådgiving og næringsverksemd.
Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF. Dette arbeidet kan delast inn i tre hovudområde:
Føretaksøkonomisk dokumentasjon inkludert rekneskapsundersøkingar i jord- og skogbruk
Næringsøkonomisk dokumentasjon inkludert sekretariatsarbeid for Budsjettnemnda for jordbruket
Driftsøkonomisk rettleiing og styring inkludert kursverksemd
NILF har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgjevar.
Resultatrapport 2007
NILF har i 2007 utarbeidd driftsgranskingar for 2006 med rekneskapsstatistikk frå 912 gardsbruk over heile landet. Denne rekneskapsstatistikken er m.a. basis for referansebruksutrekningar som blir nytta i samband med jordbruksforhandlingane. Driftsgranskingane saman med spesialundersøkingar syner både gjennomsnittstal for og variasjonar i lønnsemd mellom bruksstorleiker, produksjonsformer og regionar. Frå 2005 er det lagt vekt på ei grundigare analyse av skattepolitikk, samdrifter i mjølkeproduksjon, tilleggsnæring og anna næring på driftsgranskingsbruka. Granskingane omfattar 36 samdrifter i mjølkeproduksjon. Økologisk landbruk er òg eit tema som er spesielt vektlagt i driftsgranskingane for 2006.
Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, har NILF utarbeidd materiale som grunnlag for jordbruksforhandlingane, nasjonalbudsjett og nasjonalrekneskap, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar. I løpet av året blei det publisert nye versjonar både på norsk og engelsk av rapporten Utsyn over norsk landbruk.
I 2007 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet òg arbeidd med dokumentasjon av prisutviklinga i ulike ledd i matvarekjeda, førebuing og deltaking på OECD-møte, evaluering av BU-midlar, økonomiske analyser i samband med flytting av veterinærhøgskulen, gjennomgang av ordninga med kjøp og sal av mjølkekvotar, avrensordninga for poteter og fraktordningar i meierisektoren.
Budsjettframlegg 2009
Med bakgrunn i budsjettsituasjonen legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlag er posten redusert med om lag 0,6 mill. kroner. NILF skal i 2009 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene vil departementet framleis ha stort behov for utgreiing av særskilte problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.
Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analysar av matvaremarknaden skal framleis vere sentrale fagområde for NILF i 2009. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår, og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, vil vere aktuelle tema. NILF skal styrkje samfunnsperspektivet ved å sjå landbruks- og matsektoren i samband med fellesgode og heile verdikjeda for landbruksprodukt. Mellom anna skal instituttet medverke til auka kunnskap om samanhengen mellom landbruk, landbrukspolitiske mål og verkemiddel på den eine sida, og utslepp og opptak av klimagassar på den andre. Dessutan trengs det kunnskap om landbruket sine moglegheiter til å vere med på å løyse klimautfordringane i samfunnet. NILF skal medverke til auka kunnskap om skattlegging av landbruksverksemd og om entreprenørskap og næringsutvikling med basis i landbruksnæringa. Det blir òg lagt vekt på auka brukarnytte av driftsgranskingane og at det framleis er ei vesentleg brukarfinansiering av produkta innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.
Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar; skog og landskap
Mål og strategiar
Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om ressursar og miljøverdiar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å sikre ei berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane, og for ei god genressursforvaltning. Dette er viktig i samband med departementet sine mål om trygge matvarer, god dyre- og plantehelse, ressursforvaltning med vern av jordsmonnet, vedlikehald av kulturlandskapet og biologisk mangfald, berekraftig skogbruk og auka verdiskaping, aktivt landbruk over heile landet og nasjonal matforsyning. Sjå elles omtalen av departementet sine mål i innleiinga i proposisjonen. Norsk institutt for skog og landskap har ei viktig rolle i arbeidet for å nå desse målsetjingane.
Instituttet sitt formål og rolle er å forske å skaffe fram informasjon knytt til skog, jord, utmark og landskap. Instituttet skal òg formidle kunnskap for berekraftig forvaltning og verdiskaping til styresmaktene, næringslivet og allmenta. Vidare skal instituttet byggje opp og halde vedlike den nødvendige kompetansen som eit nasjonalt faginstitutt, og forskinga skal vere på høgt internasjonalt nivå.
Instituttet skal utvikle samarbeidet med Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) og miljøforskingsinstitutta.
Norsk institutt for skog og landskap har saman med Bioforsk og UMB etablert eit samarbeid om bioenergi, kalla Norsk senter for bioenergiforskning. I denne alliansen skal instituttet vere med å byggje opp kunnskap som grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val for næringsutøvarar som vil satse på bioenergi.
Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i faglege spørsmål. Instituttet skal sjølv eller saman med andre forske og drive utviklingsarbeid. Instituttet må ha ein aktiv og målmedveten kontakt med styresmakter, næringsliv og organisasjonar med sikte på oppdrag både nasjonalt og internasjonalt. Vidare skal instituttet produsere grunnleggjande faginformasjon av høg kvalitet om naturressursar, areal og miljø for landbruksforvaltninga, næringslivet og samfunnet elles. Instituttet skal òg representere landbrukssektoren ved vedlikehald og utvikling av den nasjonale infrastrukturen Norge digitalt.
Resultatrapport 2007
Norsk institutt for skog og landskap blei formelt oppretta frå 1.1.2006, og etableringa av instituttet blei fullført 1.7.2006 ved samanslåing av Norsk Institutt for Jord- og Skogkartlegging (NIJOS) og Skogforsk. Samtidig blei Norsk genressurssenter oppretta som ei eining ved instituttet. Instituttet har vore i ein omstillings- og etableringsfase i 2006 og 2007.
Ressursundersøking og overvaking
Norsk institutt for skog og landskap har i 2007 vidareført dei langsiktige feltforsøka som følgjer utviklinga i ulike skogtypar. Både miljøforholda, ressursgrunnlaget og helsetilstanden blir kartlagt, saman med moglege effektar av klimaendringar. Instituttet driv òg skogskadeovervaking for å kunne førebyggje skadar knytt til klimaet, sopp- og insektangrep mv., og har sett på tømmerimporten for å vurdere faren for at det blir ført nye arter inn til landet. Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) er ein del av den generelle skogovervakinga i Noreg, og bidraget vårt i eit internasjonalt opplegg for skogovervaking som gir grunnlag for internasjonale vedtak og tiltak mot moglege skadeverknader av luftforureiningar.
Gjennom Landsskogtakseringa skaffar instituttet fram informasjon om tilstanden til og utviklinga av skogressursane i Noreg. Dei lange tidsseriane med informasjon frå Landsskogtakseringa står sentralt i arbeidet med politikkutvikling og berekraftig forvaltning av skogressursane. Satsinga på auka hogst og meir bruk av bioenergi gjer at det er stor interesse for denne informasjonen, som òg var sentral i regjeringa sin bioenergistrategi. Landsskogtakseringa er saman med anna arealressursinformasjon frå instituttet det viktigaste grunnlaget for rapporteringa om karbon i skog og anna som Noreg gjer i tråd med Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen. Det er auka etterspurnad frå næringsorganisasjonane, regionane og større føretak etter informasjon om skogressursane, særleg knytt til satsinga på bioenergi.
Gjennom dokumentasjon og granskingar av tidlegare kulturpåverknad i verneområde og skoglandskap omkring, kjem det stadig meir kunnskap som gir grunnlag for å styrkje skogforvaltninga framover. For å bidra til meir bruk av bioenergi er det gjennomført prosjekt for å gjere produksjonen av ved og skogflis meir rasjonell. Instituttet har òg sett nærmare på livsløpsanalysar for trevirke, og spørsmål om korleis trevirket held seg over tid. Instituttet har dessutan vore med i eit europeisk prosjekt som arbeider med å nytte ny teknologi for system for sporing av trelast og andre treprodukt.
Norsk institutt for skog og landskap har vore med i fleire internasjonale samarbeidsorgan som faginstans på vegne av Noreg. Døme på dette er m.a. bidrag knytt til Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa og samarbeidet i Barentsregionen og Baltic 21.
Det nasjonale programmet for jordsmonnkartlegging blei ført vidare med vesentleg auka vekt på formidling av kunnskap om jorda til lokal forvaltning og dei næringsdrivande i jordbruket. Det har vore høg aktivitet knytt til kartlegging av vegetasjon i utmark i distrikta, og 431 km2 er kartlagt. Med grunnlag i denne informasjonen blir husdyrbeite utnytta på ein betre måte og dette gir auka avkastning for beitebrukarane. Òg i samband med rovdyrproblematikk blir denne informasjonen nytta i beitebruksplanlegginga knytt til arbeidet med å finne løysingar i konfliktområda.
Arbeidet med det nasjonale programmet for tilstandsovervaking og resultatkontroll i jordbruket sitt kulturlandskap er ført vidare. Rapportar frå programmet kan nå dokumentere statistisk omfanget av endringar i landskapet. Data frå dette programmet er nytta i arbeidet med evaluering av dei regionale miljøprogramma.
Geodatatenestene
Det digitale markslagskartet er fulldigitalisert for alt kartlagt areal. Med dette kan alle eigarar av landbrukseigedom gjennom den internettbaserte tenesta Gardskart på internett få tilgang til kart og arealstatistikk for eigen eigedom. Gjennom programmet for ajourføring av det digitale markslagskartet får både brukarane og forvaltninga tilgang til informasjon med høg kvalitet. Dette blir nytta i m.a. søknad og kontroll knytt til arealtilskott i landbruket, men òg til ei rekkje andre formål knytt til forvaltning og planlegging i landbruksområda. Effekten av dette er både auka kvalitet og effektivitet, og tenesta er såleis eit særs viktig bidrag til realisering av mål i e-Norge-strategien og Norge digitalt-samarbeidet. Statistikk for bruken av tenesta gardskart på internett syner ein auke i bruken på 44 pst. frå 2006. I samband med dette arbeidet har instituttet halde kurs for 220 kommunar slik at dei kan bli betre i stand til både å gjere seg nytte av dei moglegheitene teknologien opnar for, og for at dei sjølve skal bidra til at kartgrunnlaget blir halde à jour kontinuerleg.
Det nasjonale programmet for regelmessig flyfotografering av heile landet er ført vidare med fotografering av 40 000 km2, og data frå dette blir forvalta og distribuert i samarbeid med partane i Norge digitalt. Det er etablert ei samordna nasjonal løysing for forvaltning og distribusjon av både flybilete og ortofoto. Denne løysinga er teken i bruk av eit stort tal brukarar. Dette gjer at ein får både betre ressursutnytting og dermed òg betre tilgang på flybilete gjennom samordna finansiering og gjennomføring av flyfotografering i Noreg.
I 2007 blei midlar frå dei aktuelle verksemdene under Landbruks- og matdepartementet med interesser i Geovekstsamarbeidet samla på kap. 1141 post 52. Dette har gitt ein langt meir eigna finansieringsmodell, og det har forenkla Norsk institutt for skog og landskap si rolle som ansvarleg for landbruksparten i Geovekstsamarbeidet.
Forsking
Rapport og budsjettframlegg når det gjeld Norsk institutt for skog og landskap si forsking er omtalt under kat. 15.20 og kap. 1137 post 51.
Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning
Instituttet driv òg eit nasjonalt program for etablering av ein representativ nasjonal arealstatistikk i samarbeid med Statistisk Sentralbyrå. Med grunnlag i instituttet sine arealdata har instituttet ansvaret for det norske bidraget til etablering av det europeiske arealdekkekartet (Corinne Land Cover).
Instituttet har ytt kompetansetenester innanfor skogbruksplanlegging og vore aktivt med på ulike seminar og samlingar og teke del i fleire prosjekt. Informasjon om status og omfang av skogbruksplanlegginga med miljøregistreringar er lagt betre til rette i geografiske innsynsløysingar på Internett.
Informasjonsverksemda og rådgivinga omkring aktuelle patologiske og entomologiske skadar på skog har vore god, og Norsk institutt for skog og landskap har levert viktig informasjon både til allmenta og forvaltninga. Instituttet har formidla resultat frå både overvaking, ressursundersøkingar og forsking gjennom internettsider som på ein god måte viser samfunnsnytta av det arbeidet som er gjort.
Norsk genressurssenter
Norsk genressurssenter hadde i 2007 sitt første heile arbeidsår etter at det blei etablert 1.7.2006. Genressurssenteret har lagt stor vekt på å publisere informasjon frå genressursarbeidet på heimesida www.genressurser.no, som ligg under nettstaden til Norsk institutt for skog og landskap. Slik informasjon har blitt formidla vidare i aviser, radio og TV, og har ført til dekning i alle media. Ein viktig del av Genressurssenteret sitt arbeid har vore å halde kontakt med dei ulike aktørane i genressursarbeidet og koordinere dei nasjonale aktivitetane innan dei tre sektorane kulturplantar, husdyr og skogtre. Genressurssenteret deltek òg aktivt i det nordiske og internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar. Genressurssenteret gir òg fagleg støtte til Landbruks- og matdepartementet ved førebuingar til internasjonale møte, m.a. prosessen rundt frøhvelvet på Svalbard.
Budsjettframlegg 2009
Med bakgrunn i budsjettsituasjonen legg Landbruks- og matdepartementet til grunn ei generell effektivisering av kunnskapsutviklingsarbeidet. På dette grunnlag er posten redusert med 2,1 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om 87,7 mill. kroner for 2009. Midlane vil bli nytta til kunnskapsutvikling o.a. knytt til arealressursar; skog, jord, utmark, landskap og støtte for gjennomføring av landbruks- og matpolitikken. Ein vesentleg del av løyvinga vil bli nytta til aktivitet ved Norsk institutt for skog og landskap, under dette Norsk genressurssenter. Posten er auka m.a. for å samle administrative ressursar knytt til husdyrfeltet ved overføring frå kap. 1139 post 71, overføring av midlar frå kap. 1137 post 51 til nasjonale tiltak, samt midlar frå kap. 1149 post 71 til styrking av arbeidet med rapportering i tråd med Kyoto-avtalen.
Norsk institutt for skog og landskap
Norsk institutt for skog og landskap vil i 2009 ha ei rekkje oppgåver innanfor forsking og kunnskapsutvikling knytt til skog, landskap og arealressursar.
Aktiviteten ved instituttet vil i hovudsak vere knytt til fire hovudverksemdsområde; ressursundersøkingar og overvaking, forsking, geodatatenester og forvaltning/rådgiving.
Ressursundersøking og overvaking er for ein stor del langsiktige program som er etablerte for å skaffe informasjon om tilstand og utvikling når det gjeld landbruket sine ressursar. Programma femner om t.d. systematisk overvaking av kulturlandskapet gjennom programmet 3Q, eit større opplegg for kartlegging og formidling av informasjon om jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS), Landsskogtakseringa, som er eit omfattande og landsdekkjande informasjonssystem for skog basert på utvalskartlegging, og vegetasjonskartlegging i utmark for å gi betre grunnlag for utnytting av beiteressursane. Desse undersøkingane skal førast vidare i 2009.
Undersøkingane skaffar fram viktig informasjon om korleis landbrukspolitikken verkar, og gir grunnlag for målretta og langsiktig forvaltning og verdiskaping basert på arealressursane. Instituttet skal i aukande grad leggje vekt på at dei data som blir samla inn gjennom ulik kartlegging og overvaking blir teke i bruk, slik at dei kjem til nytte for samfunnet og brukarane i arbeidet for berekraftig verdiskaping og forvaltning av areal og ressursar. Dei siste åra har det vore stor merksemd kring klimaendringar. Attgroing, bioenergi og meir korrekt og effektiv tilskottsforvaltning er eksempel på viktige område der eksisterande arealressursundersøkingar har gitt informasjon som møter kunnskapsbehova. Instituttet arbeider kontinuerleg for å sikre god samanheng og struktur i det samla kartleggings- og overvakingsarbeidet.
Forskinga ved instituttet er i første rekkje ei vidareføring av skog- og miljøforskinga som Skogforsk tidlegare har utført. I tillegg til løyvinga over denne posten, får instituttet midlar til forsking frå Noregs forskingsråd, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1137. Omorganiseringa av instituttet i 2006 har gitt eit potensial for forsking på nye område. Instituttet arbeider med oppbygging av landskapsforsking som eit eige fagområde.
Instituttet skal, med basis i dei midlane som blir løyvd over denne posten i 2009, utføre avgrensa forskings- og utgreiingsoppdrag for departementet innanfor m.a. ressursgrunnlag og produksjon, infrastruktur og hogst av skog, skogskadar, berekraftig verdiskaping frå skog og miljøspørsmål.
I tillegg til overvaking av skog og kulturlandskap, skal instituttet forske og skaffe fram informasjon og utvikle metodane for registrering av biologisk mangfald og kulturminne, og ha enkelte oppgåver knytt til internasjonale prosessar og møte, både på skogområdet og i andre samanhengar. Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. I tillegg til å ta vare på historisk materiale, gir desse feltforsøka eit grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig skogbruk.
Geodatatenestene ved instituttet er særleg knytt til produksjon, organisering og forvaltning av data slik at dei inngår i den felles nasjonale infrastrukturen. Instituttet skal òg følgje og ta vare på landbruket sine interesser i nasjonale kart- og datasamarbeid slik som Norge digitalt og Geovekst.
Geovekstmidlane må forvaltast saman med midlar til digitale markslagskart (DMK) og flybilete, med sikte på at landbruket skal få rett til å bruke alle kartdata som blir etablert årleg. Her må instituttet arbeide i god kontakt med brukarane som nyttar produkta frå kart- og datasamarbeidet, m.a. fylkesmennene. Saman med vidareføring av satsinga på DMK og regelmessig nasjonal omløpsfotografering, skal dette vere med på å gi ei god dekning av detaljerte kart og flybilete av jord- og skogbruksareala.
Instituttet skal òg m.a. hjelpe til med arbeid med heilskapeleg arealstatistikk i samarbeid med SSB.
Rådgiving, kunnskapsformidling og forvaltning femner om dei oppgåvene instituttet har i kontakt med brukarar og samfunn, og ein del oppgåver der instituttet gjer særskilte forvaltningsoppgåver for departementet.
Instituttet skal yte kompetansetenester knytt til skogbruksplanlegging, og hjelpe til med effektivisering, kvalitetsheving og auka skogeigarmedverknad. Drift og vidareutvikling av ein database for rapportering av bruk av tilskottsmidlar til skogbruksplanlegging skal halde fram.
I tillegg til drift av Overvakingsprogrammet for skogskadar, skal instituttet drive generell informasjon, rettleiing og rådgiving knytt til patologiske og entomologiske skadar på skog, m.a. gjennom nordisk samarbeid og informasjon over Internett. Det er viktig at instituttet fortløpande arbeider for å sikre ei effektiv og heilskapleg organisering av skogskadeovervaking og -beredskap. Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høg kompetanse og opptre ryddig i arbeidet med forvaltningsoppgåver. Det er òg viktig at instituttet utviklar vilje og evne til å ta oppdrag i relevante marknader knytt til forvaltning, rådgiving og konsulent- og informasjonstenester.
Departementet legg til grunn at instituttet skal ha høge ambisjonar om å formidle konkrete resultat som når ut til dei som kan ha interesse og nytte av resultata, både frå ressursundersøkingar, overvaking og forsking. Det blir lagt særleg vekt på at instituttet utviklar gode internettsider som gir forvaltning, næring, organisasjonar og allmenta god tilgang til dei produkta instituttet arbeider fram.
Norsk genressurssenter
Arbeidet med forvaltninga av landbruket sine genetiske ressursar er samla i Norsk genressurssenter. Over posten blir det løyvd midlar til drift av senteret og til dei rådgjevande organa, dvs. Fagrådet for genressursar og tre sektorutval for husdyr, kulturplantar og skogtre.
Genressurssenteret skal ha ein høg innsats på informasjon, utvikling og samordning av nasjonale aktivitetar og på deltaking i nordiske og internasjonale samarbeidsfora.
Viktige oppgåver er drift og vidareutvikling av internettsidene til senteret og trykking av brosjyrar og andre informasjonsskriv om genetiske ressursar. Senteret skal i samarbeid med andre organisasjonar drive aktiv informasjonsverksemd, samt representere Noreg i nordiske og europeiske samarbeidsfora og i mange samarbeidsprogram både på nordisk, europeisk og globalt nivå. Genressurssenteret skal òg følgje opp internasjonale avtalar og prosessar, m.a. rapportering o.l. til FAOs kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk (CGRFA) og Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA).
Genressurssenteret vil følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar innan kulturplantar, skogtre og husdyr, og samarbeider med mange aktørar om dette. Spesielt må nemnast samarbeidet med foredlings- og avlsorganisasjonane om berekraftig avl og foredling, og med miljøforvaltninga om in situ bevaring.
Innan alle dei tre sektorane skal kostnadene ved norsk deltaking i dei internasjonale samarbeidsprogramma dekkjast under denne posten.
For å kunne få til ei meir effektiv organisering av genressursarbeidet for husdyr, er det ført over 0,8 mill. kroner frå kap. 1139 post 71 til kap. 1141 post 52.
Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 171 748 | 160 708 | 164 501 |
60 | Tilskott til veterinærdekning | 101 910 | 114 224 | |
70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren, kan overførast | 157 | 350 | 350 |
71 | Tilskott til små slakteri, kan overførast | -265 | ||
72 | Erstatningar, overslagsløyving | 298 | 302 | 302 |
73 | Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar, overslagsløyving | 35 755 | 43 688 | 45 610 |
74 | Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering, kan overførast | 14 128 | 14 628 | 14 628 |
75 | Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt | 1 000 | 1 000 | |
Sum kap. 1143 | 221 821 | 322 586 | 340 615 |
Mål og strategiar
Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og juridiske verkemiddel, kontroll, rådgjeving og dokumentasjon står sentralt. SLF skal bidra til eit heilskapleg vurderingsgrunnlag for landbruks- og matpolitikken. Som ledd i dette skal forvaltningsoppgåvene på skogbruksområdet utviklast vidare.
SLF skal framover leggje større vekt på rådgjevings- og støttefunksjonane. SLF skal ha oversikt over utviklingstrekk i heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåinga i forhold til gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel. SLF skal gi råd på eige initiativ, og rådgjevinga skal ha høgt fagleg nivå. Formidling av landbruks- og matpolitikken og formidling av fag- og forvaltningskompetanse til regional og lokal forvaltning skal inngå i dette.
SLFs verksemdsidé er å gi faglege råd, setje i verk landbrukspolitikken og leggje tilhøva til rette for landbruket og matindustrien.
Hovudmål for verksemda er at SLF skal vere ei brukarretta og effektiv verksemd som innanfor rammene av nasjonal landbruks- og matpolitikk bidrar til å:
sikre ressursgrunnlaget i jord- og skogbruk
sikre verdiskaping og eit konkurransedyktig landbruksbasert næringsliv
SLF sin strategiske plan for perioden 2007 - 2012 har følgjande fem strategiar:
SLF skal:
fremje verdiskaping i heile verdikjeda
auke bruken av FoU-basert kunnskap
kommunisere aktivt, samordna og brukarretta
levere dei brukarretta tenestene elektronisk
vere ein attraktiv arbeidsplass som gir rom for utvikling
Presentasjon av resultatområda
Areal, skogbruk og ressursforvaltning
SLF forvaltar eit breitt spekter av verkemiddel for å fremje næringsutvikling og ivareta miljø- og kulturlandskapsverdiar. På arealområdet vil SLF både forvalte landbrukslovgjeving, ha ei viktig rolle knytt til plan- og bygningslova, samt arbeide med kompetanseheving, informasjon og dokumentasjon. Innanfor området miljø og kulturlandskap er arbeidet med miljøprogram og miljøplan sentrale oppgåver saman med dokumentasjon av resultat og effektar av miljøinnsatsen. I tillegg bidrar SLF med kompetanse i kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i jordbruket sitt kulturlandskap. Forvaltning og utvikling av dei økonomiske verkemidla i skogbruket, erstatningsordningar for landbruket og naturskadeområdet er òg sentrale ansvarsområde. På skogbruksområdet har SLF ansvar for skogbrukslova, tilskottsordningar, skogfondsordninga og resultatkontroll.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
SLF forvaltar inntekts- og velferdsordningar, samt produksjonsregulerande verkemiddel med primærprodusentar som målgruppe. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til forvaltning og utvikling av verkemidla innan areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, pristilskott, velferdsordningar, kvoteordninga for mjølk og husdyrkonsesjon.
Omsetning og marknadstiltak
SLF forvaltar verkemidla for økologisk landbruk og marknadsordningane for mjølk, kjøtt, egg, grønt, potet og korn. Formålet med ordningane er å sikre avsetning for norske jordbruksråvarer. Omsetningsledd og annan næringsmiddelindustri er dei viktigaste målgruppene. SLF har òg ansvar for sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet og styrer på forskingsområdet.
Handel og industri
SLF forvaltar importvernet for landbruksvarer gjennom tolladministrering og tollkvotar, ordninga med råvarepriskompensasjon, ordningar for eksportstønad og ordninga for utanlands tilverking. Dessutan er overvaking av marknadane og innhenting av norske og internasjonale prisar viktige oppgåver. Felles for ordningane er at importørar og næringsmiddelindustrien er viktige målgrupper, og at ordningane er knytt til internasjonale avtalar. SLF skal arbeide målretta for ein effektiv kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt samla ansvarsområde.
Administrasjon
Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling av personal- og lønnspolitikk, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, dokumentasjon og informasjon, interne driftsoppgåver og IKT.
Resultatrapport 2007
Sidan 2006 har SLF hatt motsegnsrett i kommunale arealplansaker. Motsegnsretten gjeld i saker der Fylkesmannen foreslår bruk av motsegn med grunngjeving i vern av jordressursar, men der fylkeslandbruksstyret ikkje følgjer opp innstillinga frå Fylkesmannen. I 2007 hadde SLF 15 slike saker til behandling, fordelte på 6 fylke. SLF fremja motsegn i 12 av sakene. Desse motsegnene omfatta samla om lag 2 200 daa, av dei er om lag 1 900 daa jord som er eigna for kornproduksjon.
I mars 2007 sette Landbruks- og matdepartementet ned ei arbeidsgruppe som fekk i mandat å vurdere eksisterande verkemiddel og foreslå nye verkemiddel for å styrkje jordvernet. SLF har vore representert i arbeidsgruppa. Rapporten låg føre i januar 2008.
Hausten 2007 blei evalueringa av regionale miljøprogram sett i gang. Evalueringa skulle gi innspel til korleis miljøverkemidla i landbruket bør sjå ut framover. Evalueringa blei lagt fram til jordbruksoppgjeret i 2008.
Regjeringa har sett som mål at spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått ei særskild forvaltning innan 2010. På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet utarbeidde SLF i samarbeid med Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning rapporten Utvalgte kulturlandskap i jordbruket i 2007. På grunnlag av rapporten skal det veljast ut 20 kulturlandskapsområde, basert på fylkesvise prosessar. SLF skal saman med Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren fremje forslag om område i 2008.
SLF har som nasjonal fagstyresmakt fått nye forvaltningsoppgåver innan skogpolitikken knytt til økonomiske verkemiddel og lov- og forskriftsverk. SLF har i 2007 gjennomført eit internt prosjekt for å vidareutvikle SLFs rolle og oppgåver som nasjonal fagstyresmakt på skog. SLF har òg arbeidd med å stimulere skogeigarane til ein meir aktiv bruk av skogfondsordninga, som i 2007 blei forbetra for å auke avverkinga av skog.
I 2007 blei det utbetalt erstatningar ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar m.a. etter påvising av skrapesjuken NOR 98 i 8 fylke, og etter salmonella i fjørfeproduksjonen. Det blei òg utbetalt store beløp etter påvising av farlege sjukdommar i planteproduksjonen, m.a. søramerikansk minèrfluge i Vestfold, og sjukdom på jordbær i Telemark og Aust-Agder.
Bruken av genmodifiserte organismar (GMO) i landbruket aukar på verdsbasis. Det norske landbruket blir òg påverka, m.a. ved at det blir meir krevjande å få tak i GMO-frie råvarer til kraftfôr frå utlandet. I samråd med Landbruks- og matdepartementet byggjer SLF og Mattilsynet opp kompetanse for å bli i betre stand til å handtere dette saksområdet.
SLF har i 2007 arbeidd vidare med utgreiinga av naturskadeordninga. Formålet er auka målretting og effektivisering av ordninga. Arbeidet blei overlevert departementet våren 2008. Det er gjennomført to eksterne utgreiingar som grunnlag for SLFs arbeid med å målrette og effektivisere naturskadeordninga. Meteorologisk institutt har i samarbeid med Cicero levert rapporten Utvikling av naturulykker som følgje av klimaendringar. Det går fram av utgreiinga at vi kan vente ein auke i ekstreme nedbørsverdiar og større omfang av flaum og skred. Likevel er det mykje uvisse knytt til klimaendringar i framtida.
SLF har utarbeidd faglege utgreiingar og grunnlagsdokumentasjon til jordbruksoppgjeret i 2007. Det har vore særleg merksemd omkring forbetringar i verkemiddelsystemet og tilpassing av regelverket med tanke på betre måloppnåing.
I 2007 har det vore arbeidd vidare med utvikling av løysingar som sikrar gode rutinar for søknad, kontroll og utbetaling av tilskott. Dette skal sikre at rett beløp blir utbetalt til rett tid. Dei samla tilskotta for dei drygt 48 000 føretaka var i 2007 på 9 mrd. kroner, der produksjonstilskott utgjorde om lag 6,4 mrd. kroner, pristilskott 1,3 mrd. kroner og tilskott til velferd og kompetanse 1,3 mrd. kroner.
For SLF er det sentralt å få på plass eit godt og oppdatert kartverk som grunnlag for kontroll av areal som er grunnlag for arealtilskott på om lag 3 mrd. kroner årleg. Saman med Norsk institutt for skog og landskap arbeider SLF med å få på plass eit oppdatert digitalt kartverk for alt jordbruksareal. Ved utgangen av 2007 har 73 kommunar digitalt kartverk, og 63 av desse har teke det i bruk for arealkontroll.
Tilskottet til prosjekt innan planteforedling og oppformering blei i 2007 brukt til utvikling av nye sortar innanfor engvekstar, poteter, frukt, bær og grønsaker. Det blei godkjent 10 nye plantesortar frå Graminor til bruk i Noreg i 2007.
SLF har i 2007 fått sekretariatsansvar for det toårige samarbeidsprosjektet mellom Kommunal- og regionaldepartementet og Landbruks- og matdepartementet, Økoløft i kommuner. Regjeringa vil bruke 20 mill. kroner fordelt over to år til å auke produksjon og forbruk av økologisk mat i kommunar. I oktober fekk SLF 43 prosjektskisser, der 102 kommunar var representerte, og frå prosjektskissene blei 37 inviterte vidare med i prosessen med å utarbeide fullstendig søknad.
SLF har i 2007 utført arbeid i samband med WTO-forhandlingane og frihandelsavtalane under EFTA.
I 2007 blei to av SLFs elektroniske tenester gjorde tilgjengelege i Altinn. Landbruksføretak kan no levere søknad om produksjonstilskott og avløysartilskott via Altinn. Skogeigarar har fått innsyn i eigen skogfondskonto, og kan no levere utbetalingskrav elektronisk via Altinn.
I 2007 har SLF arbeidd med fleire nye elektroniske tenester. Det er utvikla ei ny teneste for forvaltning av kvoteordninga for mjølk. Tenesta blei teken i bruk i forvaltninga hausten 2007, og vil i tida framover gi grunnlag for betre og enklare tenester overfor brukarane. Eit elektronisk fagsystem for erstatningsordningane i landbruket blei teke i bruk i november 2007.
I 2007 blei det utvikla eit nettbasert system som gjer at importørar av landbruksvarer i 2008 kan sende inn søknader om tollreduksjonar elektronisk. Løysinga inneber innføring av døgnopen elektronisk saksbehandling der importørane får svar elektronisk.
I 2007 arbeidde SLF med å betre informasjons- og kommunikasjonsverksemda, og har styrkt arbeidet med å leggje ut relevant informasjon på sine heimesider på Internett.
Nærmare omtale av aktiviteten finn ein i årsrapporten for 2007 frå SLF på www.slf.dep.no.
Budsjettframlegg 2009
I 2009 vil det vere viktig å utvikle organisasjonen vidare. For å nå måla for verksemda, blir det viktig å gjennomføre strategiane som er lagt til grunn. Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare er knytt til IKT-området. Satsinga på IKT er nødvendig for å auke tilgjenge og service i tenesteytinga overfor brukarane. Viktige brukargrupper som bønder og næringsmiddelindustri ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere med SLF elektronisk når dei måtte ønskje det. Bruk av IKT vil bidra til dette og inneber ei betre forvaltning for brukarane av tenestene. Under følgjer ei nærmare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte resultatområda i 2009:
Areal, skogbruk og ressursforvaltning
SLF er nasjonal skogbruksstyresmakt, og forvaltar både juridiske, økonomiske og administrative verkemiddel. Denne oppgåva er blitt utvida og SLF vil i 2009 vidareutvikle kompetansen på området og leggje vekt på samhandling og samarbeid med forvaltning og skognæring som ei hovudsak. I samband med dette er kapitlet styrkt med 0,5 mill. kroner.
Som nasjonal fagstyresmakt på arealområdet, vil SLF ha ei viktig rolle i å forvalte juridiske, økonomiske og administrative verkemiddel og gi retningslinjer for fylkesmannen. Dette skal m.a. medverke til å nå måla om å halvere omdisponering av verdifulle jordressursar innan 2010, måla innan eigedoms- og busetjingspolitikken og måla om å dokumentere og ivareta miljø- og kulturlandskapsverdiar. Områda må sjåast i samanheng og knytast til ulike plan- og utviklingsprosessar. SLF si formelle rolle i behandling av saker om motsegn etter planlova skal utøvast i tråd med regjeringa sin forsterka jordvernpolitikk.
SLF deltar i prosjekt for kartlegging av naturtypar under Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. SLF skal saman med miljøvernforvaltninga syte for at tjue utvalde kulturlandskap i jordbruket er dokumenterte og har fått ei særskild forvaltning innan 2010.
SLF skal leggje til rette for ein god rulleringsprosess av dei regionale miljøprogramma hos Fylkesmannen. Det må leggjast vekt på å få til ei auka miljøretting av dei ulike verkemidla. SLF skal føre vidare arbeidet med å sjå konsekvensar for landbruket ved vern etter naturvernlova. SLF skal ivareta sekretariatsoppgåvene for det nasjonale utviklingsprogrammet for klimatiltak i jordbruket. Det vil vere viktig å få betre kunnskap om dei ulike kjeldene til klimautslepp frå jordbruket og kva som kan vere aktuelle tiltak for å redusere utsleppa.
SLF vil i 2009 vidareutvikle og styrkje samarbeidet med andre verksemder om oppgåver på naturskadeområdet, og hjelpe departementet i arbeidet med å følgje opp utgreiinga av endringar i naturskadelova og det tilhøyrande forvaltningssystemet. SLF vil i 2009 vidareføre arbeidet med utvikling av erstatningsordningane i landbruket, m.a. gjennom å vidareutvikle samarbeidet med Mattilsynet og andre verksemder med oppgåver på erstatningsområdet, og vidareføre oppfølginga av den elektroniske løysinga for søknad om erstatning i landbruket som blei teke i bruk i 2008.
Frå 1.1.2009 blir ansvaret for saksbehandling av søknadar om tilskott til sikring mot naturskadar ført over frå SLF til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Som følgje av dette er 0,75 mill. kroner overført frå kap. 1143 post 01 til NVE sitt budsjettkapittel under Olje- og energidepartementet.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
I 2009 vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle nettbasert forvaltning av tilskott med sikte på å bli meir brukarvennleg og auke kvaliteten i forvaltninga. Produsentane skal i aukande grad søkje om produksjons- og velferdstilskott via Internett, og kommunar og fylkesmenn skal nytte nettbaserte saksbehandlingssystem. Målsetjinga er at 40 pst. av søknadene i 2009 blir sendt inn via Internett. Elektronisk løysing for forvaltning av pristilskott kjøtt og mjølk vil bli vidareutvikla i 2009.
SLF vil arbeide for få til ei effektiv og god forvaltning av den nye ordninga for leige av mjølkekvote.
Innspel til målretting og forbetringar av dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er òg viktig i 2009. Arbeidet med å redusere oppgåvebyrdene for næringslivet skal førast vidare.
SLF vil i 2009 halde fram arbeidet med å få til ein meir målretta og effektiv kontroll med tilskottsforvaltninga i landbruket.
Omsetning og marknadstiltak
SLF vil òg i 2009 arbeide for å sikre like konkurransevilkår for aktørane i prisutjamningsordninga for mjølk. SLF har gjennomført endringar i fraktordningane i prisutjamningsordninga frå 1.2.2008. SLF vil som tidlegare følgje opp det rekneskapsmessige skiljet mellom Tine Råvare og Tine Industri slik at alle aktørar blir sikra lik pris på råvara mjølk. Ei elektronisk løysing for forvaltninga av prisutjamningsordninga er under utvikling.
Satsinga på økologisk landbruk er styrkt og innretta mot målet om at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. Av nye aktivitetar, som startar i 2008, er eit 2-årig samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet om tildeling av 20 mill. kroner til økologiske føregangskommunar. I 2008 blir 31 prosjekt starta, som omfattar 52 utpeika økologiske føregangskommunar. SLF forvaltar ordninga. SLF driv ein fagleg møtearena for økologisk produksjon og forbruk. I 2009 skal det òg leggjast vekt på bruk av utviklingsmidlar til produksjonsfremjande tiltak. Økologisk kornproduksjon skal prioriterast spesielt.
Beredskapsarbeidet vil òg vere eit viktig område i 2009.
Handel og industri
SLF vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA).
SLF er tillagt oppgåver med overvaking av u-landsimport, irekna å vurdere om importen frå null-toll-land medfører marknadsuro i Noreg. SLF er i ferd med å byggje opp administrative løysingar for slik overvaking.
SLF vil framleis leggje stor vekt på marknads- og prisovervakinga, og følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien). Målretta ekstern kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt ansvarsområde er òg viktig.
Administrasjon
I 2009 vil SLF m.a. leggje vekt på å modernisere eldre datasystem med sikte på å redusere risiko og sikre framleis stabil drift. Brukarane vil gjennom moderniseringa få tilbod om nye elektroniske tenester. SLF vil i 2009 vidareutvikle heimesida www.slf.dep.no og arbeide for å gjere informasjonen meir tilgjengeleg og lettare søkbar for brukarane. SLF vil arbeide for å styrkje kommunikasjons- og informasjonsarbeidet i verksemda.
SLF vil halde fram med det generelle arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.
Merknader til dei enkelte postane
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje SLF sine driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet, vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane under kap. 1150 med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter, ved evalueringar m.m.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 164,5 mill. kroner. Det er lagt inn eit budsjettiltak som inneber ein reduksjon på 2,5 mill. kroner. I tillegg kjem følgjande endringar:
0,75 mill. kroner er overført til NVE sitt budsjettkapittel under Olje- og energidepartementet, jf. omtale under resultatområdet areal, skogbruk og ressursforvaltning.
Posten er styrkt med 0,5 mill. kroner i samband med SLF sine oppgåver på skogområdet.
Post 60 Tilskott til veterinærdekning
Formålet med tilskottet er å medverke til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet vil bli gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).
Hovuddelen av løyvinga på posten (om lag 97,5 mill. kroner) vil bli nytta til å dekkje kostnader til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane vil bli fordelte mellom kommunane ut i frå rammeavtala mellom KS og Den norske veterinærforening.
Løyvinga omfattar òg om lag 12 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioritert til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga. Ordninga vil bli lagt opp slik at midlane vil bli prioritert til kommunar som legg planar for gode, lokale løysingar.
I løyvinga er det òg lagt inn midlar til administrative kostnader for kommunane (om lag 4,5 mill. kroner). Midlane vil bli delt likt mellom alle kommunane.
Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren
Beredskapsordninga for mjøl til bakeribransjen i områda frå Ofoten/Vestfjorden og nordover byggjer på avtaler mellom handelsmøllene og SLF. I avtala forpliktar handelsmøllene seg til, i tillegg til eigne driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området. Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 350 000 kroner for 2009.
Post 72 Erstatningar
Dei årlege erstatningane på posten blir i tråd med Trollheimenskjønnet oppjusterte kvart femte år, og skal justerast i 2009. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 302 000 kroner som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar
Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal òg dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 45,6 mill. kroner i 2009.
Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering
Formålet med tilskottet er å medverke til at norsk landbruk har tilgang på plantemateriale som er kontrollert for skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Ein tek med tilskottet òg sikte på å medverke til utvikling av plantemateriale som gir produktivitetsauke i landbruket, betre produktkvalitet, og som tek omsyn til miljøet. Løyvinga omfattar òg oppgåver innan planteforedlingsforsking.
Tilskottet blir gitt Graminor AS, som har ansvar for å foredle fram nytt norsk sortsmateriale av korn, engfrø, potet, frukt og bær. SLF har, etter retningslinjer fastsett av Landbruks- og matdepartementet, forvaltningsansvar for midlane som blir gitt som tilskott etter søknad frå Graminor AS.
Grunna ønskje om å halde foredlingsarbeidet på eit høgt nivå og grunna tilpassing av inntektene til eksisterande lov om planteforedlarrett, gjer departementet framlegg om ei løyving på om lag 14,6 mill. kroner i 2009. Tilskottet er viktig for at bøndene framleis skal kunne bruke formeringsmateriale gratis og ikkje måtte betale for å bruke eige formeringsmateriale.
Post 75 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beiterestriksjonar
Løyvinga på posten skal nyttast til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i dyrevernlova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe. Frå 2008 er kompensasjonsordninga regulert av forskrift gitt av Landbruks- og matdepartementet. Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 1 mill. kroner for 2009.
Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsinntekter m.m. | 32 615 | 32 644 | 33 480 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 5 838 | ||
Sum kap. 4143 | 38 453 | 32 644 | 33 480 |
Post 01 Driftsinntekter m.m.
Posten gjeld driftsinntekter som Statens landbruksforvaltning har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet og styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten. Det er budsjettert med om lag 33,5 mill. kroner i inntekter for 2009.
Kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
77 | Miljøretta prosjektarbeid m.m., kan overførast | 6 138 | 6 097 | 6 097 |
Sum kap. 1144 | 6 138 | 6 097 | 6 097 |
Post 77 Miljøretta prosjektarbeid m.m.
Mål
Målet med løyvinga er å styrkje arbeidet i samband med desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane på landbruksområdet, og å styrkje Fylkesmannen sin funksjon som kompetansesenter for kommunane, samt anna innsats innan miljø- og ressursforvaltningsarbeid.
Resultatrapport 2007
I 2007 blei om lag 4 mill. kroner av løyvinga over posten nytta til diverse prosjekt og utviklingsarbeid i regi av Fylkesmannen. Resterande løyving blei nytta til m.a. samarbeidsavtalen med Kommunenes Sentralforbund (KS), vidareutvikling av KOSTRA (kommune-stat-rapportering) og andre regionale og lokale satsingar.
I samband med oppfølginga av det kommuneretta arbeidet i regi av fylkesmannsembeta, melder embeta om at tilskotta særskilt blei nytta til å sikre ein god dialog retta mot den politiske og administrative leiinga i kommunane. Midlane blei òg nytta til kompetansehevande tiltak for den kommunale landbruksforvaltninga. Arbeidet med fornying av samarbeidsavtalen mellom KS og Landbruks- og matdepartementet blei gjennomført i 2007. Ny avtale gjeld for perioden 2008-2009. Avtala med KS har ført til ei god forankring av samarbeidet i KS sine ulike styringsdokument, og det har blitt etablert gode samarbeidsarenaer både sentralt og regionalt. KS har i 2007 særskilt prioritert nettverksbygging og kontakt med Fylkesmannen. Dette har gitt kunnskap om ulike utfordringar, god oversikt, og eit grunnlag for meir systematisk arbeid om kommunane si rolle som landbrukspolitiske aktørar. KS har lagt vesentleg vekt på å synleggjere landbruksområdet i kommunane si heilskaplege samfunnsutviklarrolle. I samband med kommune- og fylkestingsvalet hausten 2007 blei landbruksområdet i KS sitt Folkevalgtprogram revidert av departementet i samarbeid med KS.
I samband med at kommunane rapporterar på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom KOSTRA, har det blitt nytta midlar til vidareutvikling og oppfølging av rapporteringssystemet. I tråd med samarbeidsavtalen knytt til prosjektet Sekretariat for etter- og videreutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) i regi av KS, blei det løyvd midlar til kompetanseheving innanfor samfunnsplanlegging. Norsk senter for bygdeforsking sitt fireårige følgjeforskingsprosjekt om kommunereforma blei avslutta i 2007. Følgjeforskingsprosjektet har gitt nyttig innsikt i kommunereforma av 2004 der kommunane fekk auka innflytelse over juridiske og økonomiske verkemiddel på landbruksområdet. Forskingsprosjektet peikar m.a. på at dei fleste kommunane har hatt gode erfaringar med reforma og at landbruk og busetjing i større grad har blitt sett på det kommunale sakskartet.
I tråd med St.meld. nr. 15 (2003-2004) og Soria Moria-erklæringa, har det blitt løyvd midlar til oppfølging av rovviltforvaltninga i særskilt utsette fylker. Det har spesielt vore satsa på å vidareutvikle samarbeidstiltak med miljøvernforvaltninga.
I samband med arbeidet med å følgje opp EUs rammedirektiv for vatn blei det løyvd midlar til dei fylka med størst arealavrenning. Det blei elles løyvd midlar til fleire prosjekt i regi av fylkesmannen. Fylkesmannen i Troms fekk midlar til å vidareføre samarbeidet i nordområdet Økt kontakt med Russland i samarbeid med Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Nordland og Finnmark. Fylkesmannen i Nordland fekk midlar til vidareføring av eit skogbruksprosjekt i samarbeid med Helgeland Kystmuseum og Statsskog. I tillegg fekk Sveio kommune midlar til sitt utviklingsprosjekt Kvalitet og samspel i førstelinjetenesta, som har som mål å få landbruksretta verksemder fullt integrerte i det lokale næringsutviklingsarbeidet.
Budsjettframlegg 2009
For 2009 gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 6,1 mill. kroner.
Det er framleis ei målsetjing at kommunane si rolle som samfunns- og næringsutviklarar blir styrkt, og at landbruket blir ein integrert del av dette arbeidet. Arbeidet for å nå måla krev ein god dialog mellom kommunane og Fylkesmannen om m.a. bruk av juridiske og økonomiske verkemiddel. Fylkesmannen si rolle som rådgjevande kompetanseorgan skal derfor framleis styrkast og vidareutviklast. Landbruks- og matdepartementet ser i samband med dette framleis behov for å gi tilskott til Fylkesmannen sitt kommuneretta arbeid.
Landbruks- og matdepartementet og KS har fornya samarbeidsavtalen om landbruks- og næringsutvikling i kommunesektoren for perioden 2008-2009. Ei vidareføring av samarbeidsavtala skal vere med på å vidareutvikle kommunane som ein sentral aktør for samfunns- og næringsutvikling. Innanfor avtala er det eit særskilt fokus på saker som klimatiltak, bioenergi, økologi og næringsutvikling. Vidare har avtala òg merksemd mot ansvarsoverføringa av tilgang på dyrehelsepersonell frå staten til kommunane som blei gjennomført frå 1.1.2008. For å styrkje det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet har departementet i samarbeid med KS oppretta eit eige elektronisk nyheitsbrev Landbruksnytt retta mot kommunane. I 2009 vil det bli nytta midlar til å vidareføre nyheitsbrevet.
På landbruksområdet rapporterer kommunane på saksbehandlinga etter jord- og konsesjonslovgivinga, odelslova, og plan- og bygningslova gjennom KOSTRA. I 2009 vil det bli arbeidd vidare med kvaliteten på talmaterialet generelt og særleg kommunane si rapportering etter plan- og bygningslova. Det blir vidare sett av midlar til kompetanseheving knytt til samfunnsplanlegging i regi av KS gjennom prosjektet Sekretariat for etter- og videreutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS). Dette er i tråd med samarbeidsavtalen som varer ut 2009.
Landbruks- og matdepartementet ønskjer å bidra i arbeidet med landbruket sin innsats for å leggje til rette for å følgje opp EUs rammedirektiv for vatn, og vil løyve midlar til fylker med særskilde utfordringar.
Fylkesmannen skal framleis i samarbeid med dei regionale rovviltnemndene føre vidare arbeidet knytt til rovviltforvaltning i tråd med St.meld. nr. 15 (2003-2004) og signala gitt i Soria Moria-erklæringa. Det skal arbeidast for å utvikle langsiktige løysingar i tilknyting til næringsdrift basert på utmarksbeiting.
Landbruks- og matdepartementet vil i 2009 gi støtte til fleire prosjekt i regi av Fylkesmannen knytt til miljø- og ressursarbeid. Fylkesmannen i Rogaland har i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, Vest-Agder og Aust-Agder, eit treårig prosjekt knytt til utvikling av eit kompetansegivande studium for tilsette i kommunal landbruksforvaltning. Prosjektet starta i 2007, og vil bli sluttført i 2009. Det vil òg bli sett av midlar til vidareføring av prosjektet Økt kontakt med Russland i regi av Fylkesmannen i Troms.
Kap. 1147 Reindriftsforvaltninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 41 716 | 39 042 | 40 036 |
45 | Store utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 2 940 | 6 508 | 6 775 |
70 | Tilskott til fjellstover | 666 | 680 | 680 |
71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast | 9 960 | 9 870 | 10 304 |
82 | Radioaktivitetstiltak, kan overførast | 3 000 | 3 000 | |
Sum kap. 1147 | 55 282 | 59 100 | 60 795 |
Mål og strategiar
Reindriftsforvaltninga er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla, og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. Reindriftsforvaltninga har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det er lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad òg skal ha ei rådgivande rolle. Reindriftsforvaltninga skal leggje til rette for at måla i reindriftspolitikken blir nådd. Reindriftsforvaltninga forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen. Reindriftsforvaltninga er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret og områdestyra.
Når det gjeld dei overordna reindriftspolitiske måla, har departementet trekt opp seks resultatområde som Reindriftsforvaltninga arbeider etter.
Ressursforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal på bakgrunn av m.a. grunnlagsdata om utviklinga i lavbeita, slaktevekter, klimatiske og driftsmessige forhold medverke til nødvendige tiltak som gir ein tilpassa reinbestand, samt kontrollere at rammene for bruk av beiteressursane blir haldne.
Arealforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal halde fram arbeidet for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og sine rettar, samt arbeide for auka forståing av reindrifta sin bruk av areal og då særleg blant arealplanleggjarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare er det viktig å få gjort planleggjarane medvitne på sitt ansvar på alle nivå i samsvar med dei pliktane desse òg har etter Grunnlova §110 a og folkeretten sine reglar om urfolk og minoritetar.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Reindriftsforvaltninga skal medverke til utnytting og utvikling av reindrifta basert på prinsippet om ei berekraftig reindrift, under det etablering av tilleggsnæringar i samanheng med dei inntekts- og velferdspolitiske tiltaka retta mot reindrifta.
Tilskottsforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal medverke til ei effektiv og trygg forvaltning, eit enklare og betre regelverk for tilskottsordningane og betre forståinga av innhaldet i verkemidla.
Samhandling - informasjon
Reindriftsforvaltninga skal vidareutvikle samarbeidet med andre offentlege institusjonar og då i særleg grad med miljøforvaltninga og Sametinget. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom Reindriftsforvaltninga og næringa sine representantar for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som grunnlag for å nå målet om ei berekraftig reindrift.
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga skal vere omstillingsdyktig og formålseffektiv og ha eit kostnadseffektivt rettleiings- og styringsapparat internt og overfor den enkelte reindriftsutøvar.
Resultatrapport 2007
Ressursforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal medverke til å sikre ressursgrunnlaget for ei berekraftig reindrift. Dette omfattar til dømes at forvaltninga i samarbeid med næringa skal utgreie og fastsetje vilkår, drive rettleiing for å leggje til rette for god avkastning og føre kontroll med at vilkår blir overhaldne. Ressurssituasjonen og førekomsten av rovdyr påverkar i vesentleg grad driftstilhøva i reindrifta. Det er derfor viktig med eit nært samarbeid mellom rovdyrforvaltninga og reindriftsforvaltninga i dei ulike regionane. Arbeidet skjer fortløpande gjennom innsamling av data om talet på rein, tap, beitebruk, ressurssituasjonen m.m. Dette blir sikra gjennom offentlege teljingar, synfaringar av beite, administrering av transport, fornying og vedlikehald av grensegjerde, samt informasjon og rettleiing av distriktstyra, sonestyra, siidaer og den enkelte reineigar. I samanheng med ressursforvaltninga blir det òg gjennomført driftskontroll, konfliktløysingar og kontroll av avtaletiltak. Dette er omfattande oppgåver som krev vesentlege menneskelege og økonomiske ressursar.
I 2006 starta forvaltninga arbeidet med ein treårig plan for fastsetjing av resterande vilkår for reindrifta. Planen er ei oppfølging av Riksrevisjonen si undersøking av berekraftig bruk av reinbeiteressursane i Finnmark, der Riksrevisjonen m.a. påpeikar at det ikkje føreligg ein heilskapeleg strategi for å nå målet om ei berekraftig reindrift. Planen omfattar fastsetjing av grenser mellom enkelte reinbeiteområde, distrikt og siidaområde. Forutan ei fastsetjing av områdegrensene mellom Øst- og Vest-Finnmark og Vest-Finnmark og Troms har dette arbeidet av ulike årsaker i mindre grad ført fram når det gjeld konkrete avtalar om fordeling av reinbeite. I den samanheng nemner ein problemstillingar knytt til rettar, og otte blant reineigarar for at formelle avtaler skal vere til hinder for nødvendig fleksibilitet når tilhøva krev det. Sjølv om prosjektet i liten grad har ført fram til konkrete avtaler, er det likevel utprøvd ein arbeidsmetode der næringa sjølv i stor grad har hatt regien for framdrifta og løysingane. Dette vil komme til nytte i oppfylginga av ny reindriftslov ved utarbeiding av bruksreglar. Gjennom prosessen med utarbeiding av bruksreglar skal blant anna beitebruk, reintal og beitetider avklarast som vilkår for det enkelte distrikt.
Reindriftsforvaltninga har vore ein sentral aktør i utarbeiding av ny reindriftslov og i arbeidet med implementeringa av den nye lova. Det er utarbeid ein informasjonsbrosjyre som er sendt ut til alle reineigarar. Reindriftsforvaltninga har vidare saman med Landbruks- og matdepartementet førebudd og gjennomført informasjonsmøte med næringa i alle reinbeiteområda.
I løpet av dei siste 25 åra har det vore stor merksemd kring tilstanden på lavbeita på Finnmarksvidda. Granskingar baserte på satellittbilete tekne på 1970-, 1980- og 1990-talet dokumenterte ei klar negativ utvikling i lavbeita. På bakgrunn av den kritiske lavbeitesituasjonen, og for å skaffe kunnskapsgrunnlag for den framtidige forvaltninga av lavbeita, sette Reindriftsforvaltninga i verk eit overvakingsprogram i 1998. Programmet har omfatta både felt- og satellittregistreringar av lavbeita, og er blitt gjennomført av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og NORUT. Sommaren 2005 blei NINA engasjert på ny for å følgje opp sin del av overvakingsprogrammet. Førebels syner resultata ein ny trend med ei viss positiv utvikling på lavbeita i delar av Finnmark.
I alle seks reinbeiteområda er det oppretta vernebuingsutval med representantar frå områdestyra i reindrifta, Mattilsynet og representantar frå næringa. Det har i 2007 ikkje vore nødvendig med tiltak vedrørande beite- og driftstilhøva i næringa.
Når det gjeld reindrifta sine oppgitte tap i Melding om reindrift har forvaltninga gjennomført ei kvalitetssikring før oversending til Fylkesmannen. Vidare har forvaltninga vurdert beite- og driftsforhold for den enkelte siida, og påpeika forhold som har hatt følgje for rovdyrtapa. I Nord-Trøndelag reinbeiteområde har forvaltninga vore ein aktiv aktør i arbeidet med å utarbeide eit framlegg til ny erstatningsordning for tap av rein til rovdyr.
Forureining etter Tsjernobyl-ulykka i 1986 legg framleis føringar for store delar av reindrifta sør for Saltfjellet. Måling av høge verdiar inneber framleis behov for nedforing og kassasjon. Dette viser at det er behov for kontinuerleg merksemd om problemet og at ein er førebudd på at radioaktivitet i reinkjøtt vil vere eit problem i reindrifta i mange år framover.
Arealforvaltning
Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har akselerert dei siste tiåra, og det er behov for å få ei betre sikring av reindrifta sine areal. Dette gjeld særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift.
Reindriftsforvaltninga har eit ansvar for å ivareta reindrifta sine arealinteresser i den allmenne arealforvaltninga. Ein vesentleg del av ressursane ved forvaltninga går med til denne type saker. Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å auke reindrifta sin innverknad gjennom dei verkemidla som styrer arealbruken. Det er gitt innspel ved endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken og ein har delteke i styrings- og referansegrupper med sikte på å få fram reindrifta sine interesser.
Reindriftsforvaltninga blei i 2006 partner i Noreg Digitalt. Samarbeidet sikrar at anna forvaltning kan få tilgang til forvaltninga sine arealbrukskart. Forvaltninga har arbeidd med å utvikle ein metode for å verdiklassifisere reindrifta sine areal. Metodikken skal testast ut i to reinbeitedistrikt, eit i Nordland og eit i Nord-Trøndelag i 2008. Dette arbeidet inkluderer òg ein revisjon av arealbrukskarta for alle reinbeitedistrikta.
Reindriftsforvaltninga deltek i dialogprosjektet Felles politikk for fjellområda, der temaet er reindrift og arealplanlegging. Prosjektet er i regi av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. Målet er å betre den gjensidige forståinga og dialogen med sikte på å skape betre grunnlag for felles politikk for fjellområda. Det er eit mål at resultata frå prosjektet kan ha synergieffektar for dei andre reinbeiteområda.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Gjennom samarbeid med ei rekkje aktørar har Reindriftsforvaltninga hatt ein sentral rolle i arbeidet med å få til auka slakting og omsetnad av reinkjøt. Prisen på kjøtt til reineigar har auka med 4 kroner frå 2006 til 2007, og slakteuttaket har auka med heile 57 pst. frå perioden 2001-2003 til perioden 2004-2007. Vidare var slakteuttaket i sesongen 2007/2008 svært høg, og det nest beste på mange år.
Av totalt 556 aktive siidaandaler i reindrifta, hadde 70 andelar kvinneleg leiar i 2007. Det er eit mål å auke reindriftskvinnene si deltaking i reindrifta. Når det gjeld fordelinga av totalt reintal mellom kvinner og menn i 2007, var fordelinga 24 pst. for kvinner og 76 pst. for menn.
For å styrkje kvinna sin posisjon i reindrifta, er det frå og med Reindriftsavtalen 2001/2002 øyremerka 1 mill. kroner årleg til kvinneretta tiltak. Formålet med satsinga er å sikre og auke kvinner si deltaking i reindrift og reindriftsrelaterte aktivitetar, leggje tilhøva til rette for yrkesmessig likeverd mellom menn og kvinner i næringa, sikre at kvinner er med på å styrkje og vidareutvikle det samiske kulturinnhaldet i næringa, samt hjelpe til å synleggjere kvinner si verdiskaping i reindriftsnæringa.
Frå Reindrifta sitt Utviklingsfond (RUF) er det overført 2 mill. kroner til Samisk utviklingsfond. Midlane er nytta til binæringar knytt til reindrift. Når det gjeld Verdiskapingsprogrammet for rein, har Reindriftsforvaltninga arbeidd aktivt for ei positiv samhandling med reindriftsnæringa og Innovasjon Norge i gjennomføringa av programmet.
Tilskottsforvaltning
Reindriftsforvaltninga har utarbeidd rettleiingsmateriell og interne saksbehandlingsrutinar i høve til søknader om tilskott. Det er arbeidd aktivt for at reindriftsutøvarane kan innlevere tilskottssøknadane elektronisk. I 2007 var det 55 pst. av søkjarane som leverte elektronisk søknad. Det er gjennomført teljing av rein både i Aust- og Vest-Finnmark reinbeiteområde. I dei tilfella der det har vore større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar, er det sett i verk tiltak.
Ordninga med konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift er administrert av Innovasjon Norge sitt kontor i Tromsø. Midlane har i 2007 gått til konfliktførebyggjande tiltak i Finnmark, Troms og Sør-Trøndelag.
I 2007 blei det gitt støtte til 19 forskingsprosjekt med eit samla beløp på 4,58 mill. kronar. Ein større del av prosjekta som blei gitt støtte inneheld tema som er direkte relatert til beite, reinen sin biologi, samt arealinngrep. Prosjekta vil òg kunne gi informasjon som er til direkte nytte i reindrifta.
Samhandling - informasjon
I 2007 er informasjon ofte brukt i samspel med andre verkemiddel for å oppnå ei større forståing for Reindriftsforvaltninga sine ansvarsområde. Gjennom ein direkte og aktiv informasjonsstrategi ynskjer forvaltninga å skape tillit og forståing i næringa, noko som er avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift.
Gjennom kontaktmøte har forvaltninga informert om reindrift både på politisk og administrativt plan. Særleg har det vore stor aktivitet innan områda arealplanlegging. I 2007 gjennomførte Reindriftsforvaltninga saman med Norske Reindriftsamers Landsforbund og Miljøverndepartementet, ein nasjonal konferanse med tema arealforvaltning i reinbeiteområda.
Reindriftsnytt er utgitt i 4 nummer i 2007. Magasinet har om lag 1 500 abonnentar og vender seg til reindriftsutøvarar og forvaltning i og rundt reindriftsnæringa. Ein del av artiklane er oversette til samisk.
Reindriftsforvaltninga si internettside blir oppdatert kontinuerleg. I tillegg til nyhendesaker finst m.a. alle publikasjonar, verkemiddel, reindriftskart, reinmerkeregister og søknadsskjema frå forvaltninga på nett. Informasjonen blir publisert både på norsk og nordsamisk. I 2007 har forvaltninga si nettside hatt 28 000 treff.
Reindriftsforvaltninga utarbeider og gir ut Ressursregnskapet og Totalregnskapet for reindrifta. Ressursregnskapet er forvaltninga sin årlege rapport om ressurssituasjonen i næringa. Totalregnskapet for reindriftsnæringa syner kva for verdiar som blir skapte i næringa samla sett ved bruk av produksjonsfaktorane arbeid og kapital.
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga har dei siste åra hatt stor merksemd omkring kompetanseutvikling i forvaltninga. Medarbeidarar ved forvaltninga har i 2007 gjennomført diverse kurs og opplæring. Spesielt er kompetansen styrkt innanfor området GIS (Geografiske informasjonssystem). Vidare er det lagt vekt på organisasjonsutvikling og -leiing. Forvaltninga har utarbeidd ein IKT strategi som skal gjelde for perioden 2008-2012. I 2007 innførte forvaltninga grøn stat. Det er oppnemnt ein miljøkoordinator sentralt og ein kontaktperson ved lokalkontora. Det er utarbeidd ein miljøplan i 2007. Denne omfattar miljøstrategi, kartlegging av ytre miljø, samt miljøhandlingsplan. I miljøhandlingsplanen blir mål, gjennomførte tiltak, og framtidige tiltak synleggjorde. Reindriftsforvaltninga har starta prosessen med implementering av risikostyring, og valt ut to risikoområde knytte til fastsetjing av vilkår for reindrifta i Finnmark og verdiklassifisering av reindrifta sine areal.
Budsjettframlegg 2009
Budsjettframlegget er retta inn mot dei seks resultatområda som reindriftsforvaltninga arbeider etter.
Ressursforvaltning
Ny reindriftslov blei sett i kraft frå 1. juli 2007. Den nye lova er eit viktig bidrag i arbeidet med ein heilskapeleg reindriftspolitikk der alle spørsmål blir vurderte i ein samanheng. Lova er basert på at reindrifta er avhengig av dei biologiske ressursane, og at bruken av desse må vere berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Lova skal bidra til ei sikring av reindriftsareala som reindrifta sitt viktigaste ressursgrunnlag og leggje til rette for økonomisk og kulturell berekraft. Reindrifta er ei næring, samtidig som den har sentral verknad for samisk kultur. Det er lagt til rette for større grad av internt sjølvstyre i næringa. Samtidig er det utforma sanksjonsreglar som gir styresmaktene heimel for å følgje opp med ulike former for tiltak dersom det interne sjølvstyret ikkje fungerer, eller det er nødvendig av omsyn til ressursgrunnlaget eller andre samfunnsinteresser. Serleg viktig er reglane om bruksreglar. Godkjente bruksreglar vil utgjere fundamentet i ressursforvaltninga framover, og vere ein føresetnad for at ei rekkje av lova sine reglar skal komme til bruk. Forvaltninga skal vidareføre arbeide med implementeringa av ny lov, og leggje til rette for ein rask oppfyljing av dei nye reglane gjennom skriftleg informasjon, informasjonsmøte og konkret rettleiing.
I dei siste åra har enkelte distrikt i Finnmark hatt ein låg produksjon. Dette indikerer at ressurssituasjonen framleis er kritisk i enkelte område. På trass av gode klimatiske vilkår dei siste åra, har både produksjonen og slaktevektene blitt reduserte. Av den grunn er det såleis viktig at forvaltninga framleis stimulerer til auka slakting, samt til ein reduksjon av reintala i enkelte distrikt.
For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal forvaltninga innhente nødvendige grunnlagsdata om m.a. beitetilhøva og slaktevekter.
Arealforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal halde fram med å etablere nettverk og alliansar med andre offentlege organ og gjere desse kjende med reindrifta sine behov for samanhengande areal, samt konsekvensane for reindrifta av ulike tiltak innanfor reinbeiteland. Vidare skal forvaltninga arbeide aktivt for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.
Reindriftsforvaltninga skal vere ein aktiv pådrivar med omsyn til endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse rundt det gjeldande regelverket mellom eigne tilsette, representantar i reindrifta sine styringsorgan og hos reindriftsutøvarane. I samanheng med at Stortinget vedtok ny plandel i plan- og bygningslova skal forvaltninga saman med departementet starte med å utarbeide ein vegleiar om reindrift og arealforvaltning etter den nye lova.
Reindriftsforvaltninga skal ferdigstille arbeidet med å få verdiklassifisert reindrifta sine areal og gjere arealbrukskarta lett tilgjengeleg via internett.
I samband med at det er etablert ein metode for konfliktvurdering av særskilde område ved vindkraftutbygging, skal Reindriftsforvaltninga fortløpande utarbeide ei tematisk konfliktvurdering knytt til reindrift av melde og omsøkte vindkraftprosjekt.
Forhandlingane om reinbeiteavtalar i Rørosregionen er under sluttføring. Forhandlingane har sin bakgrunn i reindrifta sine søknader om ekspropriasjon av område reindrifta ikkje blei tilkjent beiterettar til gjennom Høgsterett sine dommar i Korssjøfjellsaka og Aursundensaka. Reindriftsforvaltninga skal hjelpe til ved ei eventuell effektuering av avtalene.
I tilknyting til reindrifta i Trollheimen har det vore ein prosess om oppgjer for beiteleige til grunneigarar som leiger ut areal til reindrift. Det har gjennom om lag 20 år utvikla seg eit etterslep på leiga som med renter utgjer om lag 1,1 mill. kroner. Dette skal no dekkast med midlar som blei sett av til reindrifta i Trollheimen i 1986, men som fram til no ikkje er nytta, jf. St.prp. nr. 90 (1985-86). Staten tek òg over ansvaret for oppgjer for framtidig leige mot at det særskilte tilskottet på 100 000 kroner som reindrifta mottek over reindriftsavtalen, blir disponert til dette.
Forhandlingane med Sverige om ein ny reinbeitekonvensjon blei tekne opp att i desember 2005 etter at dei to landa var samde om eit nytt mandat for vidare forhandlingar. Forhandlingane er no inne i ein sluttfase. Reindriftsforvaltninga skal hjelpe til ved ei effektuering av ein ny konvensjon.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Reindriftsforvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta. Saman med næringa sine organ og andre aktørar, skal forvaltninga medverke til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein formålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga i nært samarbeid med Innovasjon Norge arbeide for at verkemidla frå høvesvis Reindrifta sitt utviklingsfond og Verdiskapingsprogrammet for reindrift blir sett i samanheng, slik at den samla effekten blir størst mogleg. Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å synleggjere kvinnene sin innsats og leggje til rette for å styrkje kvinner si stilling i reindrifta. I tillegg skal Reindriftsforvaltninga vidareutvikle arbeidet med å vurdere effektane i eit likestillingsperspektiv av nye og gamle tiltak. Eit særs viktig forhold i likestillinga er rekruttering til næringa. Reindriftsforvaltninga skal vere orientert om Importutvalget sitt arbeid, samt om arbeidet i Kontaktutvalget for reinkjøtt. Vidare skal forvaltninga leggje til rette for og koordinere marknadstiltak etter retningslinjer som er gitt i samanheng med reindriftsforhandlingane.
Tilskottsforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal medverke til at tilskottsordningar blir forvalta effektivt og trygt, samt blir nytta systematisk for å oppnå ei større verdiskaping gjennom eit enklare og betre regelverk. Rettleiingsmateriellet skal gjerast kjent både på norsk og nordsamisk. Reindriftsforvaltninga skal sørgje for å føre vidare arbeidet med å leggje til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar og gi innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik behandling av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga halde fram med å telje rein i dei ulike reinbeiteområda. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar skal det setjast inn tiltak.
Reindriftsforvaltninga skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i forholdet til andre næringsinteresser.
Når det gjeld midlane til forsking, skal forvaltninga medverke til at dei blir nytta til å framskaffe og formidle kunnskap med sikte på å nå målet om ei berekraftig reindrift.
Samhandling - rettleiing og informasjon
Reindriftsforvaltninga må drive aktiv informasjonsverksemd om sine ansvarsområde overfor eit større publikum og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tek vare på.
Reindriftsforvaltninga skal drive aktiv rettleiing og informasjonsverksemd om den nye reindriftslova, og serleg rette ressursane inn mot reinbeitedistrikta sitt arbeid med bruksreglene.
Dokumentasjon av reindrifta sin arealbruk og sine rettar er avgjerande for næringa si framtid. Dette stiller krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar, Reindriftsforvaltninga og andre offentlege organ for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling. Dette er særleg viktig i arbeidet med å fastsetje dei påkravde vilkåra i reindrifta.
Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å profilere reindrifta sine positive sider, og leggje til rette slik at befolkninga får betre kunnskap om reindrifta i Noreg.
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga skal vere ei verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester. Forvaltninga skal vidareføre innsatsen knytt til vidareutvikling og forbetring av IKT-system, HMS, einsarta forvaltning, personal- og lønnspolitikk, arbeidsmiljø, kompetanseoppbygging, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, samt interne driftsoppgåver. Når det gjeld kompetanseoppbygging, skal forvaltninga særleg prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk.
Post 01 Driftsutgifter
Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 40 mill. kroner. Posten skal dekkje Reindriftsforvaltninga sine driftsutgifter. Ordninga med kvinne- og familieretta tiltak i reindriftsnæringa blir ført vidare. Vidare skal posten dekkje administrative utgifter til effektuering av ny norsk-svensk reinbeitekonvensjon, utgiftene i samanheng med arbeidet i norsk-finsk grensegjerdekommisjon, samt utgifter til gjennomføring av ein nordisk reindriftskonferanse i 2009. I tillegg skal posten dekkje administrative utgifter til ein eventuell effektuering av reinbeiteavtalar nord for Aursunden og i Korssjøfjellet i Røros kommune, samt forhandlingar om reinbeiteavtalen nordvest for Aursunden. Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald
Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 6,8 mill. kroner. Posten skal dekkje utgiftene til ei oppfølging av Noreg sitt ansvar for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland. I tillegg skal posten dekkje utgiftene til ei eventuell effektuering av reinbeiteavtalar i Rørosregionen.
Post 70 Tilskott til fjellstover
Formålet med tilskottet er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng til m.a. reingjetarane. Ein har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Reindriftsforvaltninga. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 680 000 kroner i 2009.
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark
Ein gjer framlegg om ei samla løyving på om lag 10,3 mill. kroner. Av dette gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 1,3 mill. kroner for å dekkje utgiftene til forlenga omstillingslønn. Det har vist seg vanskeleg å få omstillarar over 55 år over i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å medverke til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet, og for å hindre at dei tek opp att reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingslønn fram til den til ei kvar tid gjeldande ordinære pensjonsalder etter folketrygdlovgivinga. Føresetnaden for å komme inn under ordninga er at vedkomande si driftseining blir avvikla.
Ny reindriftslov inneber store utfordringar både for reindrifta og for styringsmaktene. Lova legg opp til at reindrifta får auka ansvar for å utarbeide bruksreglar som blant anna har som formål å ivareta økologisk berekraft. Bruksreglane skal m.a. regulere beitebruk, reintal og bruk av motoriserte kjøretøy. Bruksreglane er såleis fundamentet for ei berekraftig reindrift. Reindriftsforvaltninga skal gjennom rettleiing og tilrettelegging medverke til at reinbeitedistrikta raskt får utarbeidd manglande rammevilkår gjennom godkjenning av bruksreglane. Oppfyljing av distrikta i Finnmark blir dekka over denne posten.
Utfordringa med å få godkjent bruksreglar vil truleg vere størst i dei distrikta i Finnmark der reintalet ikkje er i samsvar med beiteressursen og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir oppnådd. Oppfølging av desse distrikta krev ekstra innsats. Dette inneber blant anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for ein betre infrastruktur, og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetning av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansiert over denne posten vil vere avhengig av m.a. situasjonen i det enkelte distrikt, og den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.
Som ein del av kontrollarbeidet og oppfølging av godkjente bruksreglar, skal forvaltninga utføre teljing av rein. Utgifter til teljing av rein i Finnmark blir dekka over denne posten.
Reindrifta har monalege tap. Den store differansen mellom omsøkt og erstatta rovdyrtap er særleg framtredande i Finnmark og den har auka konfliktnivået mellom styringsmaktene og næringa. Derfor er det stort behov for å betre kunnskapen om produksjon og tapsårsaker i reindrifta. Utgifter til å framskaffe ny kunnskap omkring desse tilhøva blir dekka over denne posten.
Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekka innanfor løyvingane til drift av forvaltninga. For å kunne ha påkravd fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på denne posten. Det same gjeld evalueringar og kostnader til vidareutvikling og betring av forvaltninga sitt IKT-system.
Post 82 Radioaktivitetstiltak
Staten si dekking av kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobylulukka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtak som Regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Fram til 2008 blei løyvingar til dette formålet gitt gjennom Stortinget si behandling av den årlege stortingsproposisjonen om reindriftsavtalen. I samanheng med forhandlingane om Reindriftsavtalen 2007/2008 blei avtalepartane samde om å leggje om radioaktivitetstiltaka og finansieringa av ordninga. Dette innebar at det blei etablert ein ny post vedrørande kostnader til radioaktivitetstiltak på kap. 1147 frå og med budsjettåret 2008. Sjølv om løyvinga til tiltak som følgje av radioaktiv ureining er teke ut av reindriftsavtalen sitt verkemiddelssystem, er avtalepartane samde om at regelverket for radioaktivitetstiltak blir fastsette etter dei same prosedyrar som forskriftene etter reindriftsavtalen. Ein gjer framlegg om ei løyving på 3 mill. kroner i 2009.
Kap. 4147 Reindriftsforvaltninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Refusjonar m.m. | 707 | 33 | 34 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 450 | ||
Sum kap. 4147 | 1 157 | 33 | 34 |
Kap. 1148 Naturskade - erstatningar og sikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskott til sikringstiltak m.m., kan overførast | 9 582 | 9 038 | |
71 | Naturskade, erstatningar, overslagsløyving | 81 150 | 80 000 | 97 000 |
Sum kap. 1148 | 90 732 | 89 038 | 97 000 |
Mål og strategiar
Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning har òg hatt som mål å fremje sikring mot naturskadar og å gi tilskott til farevurdering og sikringstiltak. Kommunar med spesielt vanskeleg økonomi og stort sikringsbehov er prioriterte.
Statens naturskadeordning er organisert med eit styre og ei ankenemnd. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret og ankenemnda. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar og søknader om tilskott til sikringstiltak får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår. Frå 1.1.2009 vil den delen av Statens naturskadeordning som gjeld sikring bli overført til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), sjå nærmare omtale nedanfor under budsjettforslag 2009 for post 70.
Post 70 Tilskott til sikringstiltak m.m.
Resultatrapport 2007
Det kom inn 18 søknader om tilskott til sikringstiltak med eit samla kostnadsoverslag på om lag 43,7 mill. kroner i 2007. Det blei gitt tilsegn om tilskott til 7 tiltak på til saman 18,3 mill. kroner. Hammerfest kommune fekk tilsegn om 1,1 mill. kroner i tilskott til sikringstiltak mot skred i sentrumsområdet, Stranda kommune og Norddal kommune (Åknes-/Tafjordprosjektet) fekk tilsegn om 10 mill. kroner i tilskott til sikringstiltak mot fjellskred i Åkneset og Hegguraksla, og Troms fylke fekk 2,9 mill. kroner for utgreiing av risiko for store fjellskred. Sørum kommune fekk tilsegn om 1,9 mill. kroner til sikringstiltak mot leirskred, Askvoll kommune fekk tilsegn om 1,9 mill. kroner til sikringstiltak mot steinskred, Lyngen kommune fekk tilsegn om 0,3 mill. kroner til utgreiing av fare for fjellskred, og Fitjar kommune fekk tilsegn om 0,2 mill. kroner til sikring mot steinskred. Tilsegna om tilskott dekte i gjennomsnitt om lag 72 pst. av kostnadsoverslaga.
Budsjettframlegg 2009
Som følgje av auka nedbør og klimaendringar må ein forvente at ulike typar skred i tida framover vil kunne skje oftare enn før. Ei rekkje statlege aktørar har i dag ei rolle knytt til skredførebyggjande aktivitetar. Regjeringa ser behov for meir heilskapleg, effektiv og styrkt bistand til skred, og går inn for at statlege forvaltningsoppgåver innan skredførebygging skal ivaretakast av NVE. Regjeringa meiner at NVE sin modell for førebygging mot flom og vassdragsrelaterte skred er eigna for å handtere tilsvarande forvaltningsoppgåver når det gjeld andre skredtypar. Som eit resultat av dette, vil NVE ta over ansvaret for tilskottsordninga for sikringstiltak mot naturskadar frå Landbruks- og matdepartementet frå 1.1.2009. Det er som følgje av dette ført over 9,4 mill. kroner til Olje- og energidepartementet sitt budsjett. I beløpet er det inkludert 0,5 mill. kroner til overvaking av skredfarlege område i Storfjorden i Møre og Romsdal. Forslag til løyving og tilsegnsfullmakt for denne tilskotsordninga vil derfor bli lagt fram av Olje- og energidepartementet. For nærmare omtale av denne endringa viser ein til St.prp. nr. 1 frå same departement.
Post 71 Naturskade, erstatningar
Resultatrapport 2007
Det blei i 2007 behandla 751 erstatningssaker med samla skadetakst på 102,8 mill. kroner. Samla erstatningsutbetalingar var på 79,3 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 1,8 mill. kroner til dekking av takseringskostnader, FOU-tiltak, samt til utarbeiding av eksterne rapportar i samband med gjennomgang av naturskadelova. Flaumskadar i Buskerud, Møre og Romsdal og Rogaland utgjorde dei største skadane.
Budsjettframlegg 2009
Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.
Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering m.a. av skadar, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.
Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som medverkar til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som nyttast på naturskadeområdet.
Etter naturskadelova kan det setjast som vilkår for utbetaling av erstatning at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt 30 000 kroner pr. sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga over post 71 skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Ut frå dette gjer ein framlegg om ei løyving på 97 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 27,2 mill. kroner, jf. tabell 2.12 og forslag til vedtak IV.
Tabell 2.12 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2009.
(i mill. kr.) | |
---|---|
Beløp | |
Ansvar pr. 1.1.2008 | 55,9 |
Tilsegn i 2008 | 72,8 |
Sum | 128,7 |
- (prognose erstatningsutbetalingar 2008) | 79,3 |
Ansvar pr. 31.12.2008 | 49,4 |
FoU-tilskott, takserningskostnader mv. | 7,0 |
Forventa nye tilsegn i 2009 | 67,8 |
Sum | 124,2 |
Forslag til løyving i 2009 | 97,0 |
Tilsegnfullmakt i 2009 | 27,2 |
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 3 271 | 3 271 | 3 271 |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast | 10 744 | 38 674 | 49 985 |
Sum kap. 1149 | 14 015 | 41 945 | 53 256 |
Post 51 Tilskott til utviklingsfondet for skogbruket
Mål og strategiar
Utviklingsfondet for skogbruket blei oppretta ved kgl.res. av 25.2.1977. Bakgrunnen for opprettinga av fondet var ei avtale mellom Finansdepartementet og Skogbrukets arbeidsgivarforeining om kompensasjon for opphevinga av refusjon for bensinavgift ved bruk av motorsag i skogbruket.
Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Prosjekt som får støtte frå fondet er m.a. retta mot verdiskaping og ressursforvaltning i skogsektoren innanfor forsking og utstyr, utviklingsprosjekt, informasjon og opplæring og stipend. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innan skogsektoren representert. Sekretariatet ligg i Noregs forskingsråd.
Resultatrapport 2007
I 2007 blei det behandla 12 søknader med eit samla søknadsbeløp på om lag 4,9 mill. kroner. Det blei gitt tilskott på om lag 3,5 mill. kroner til ni nye prosjekt.
Budsjettframlegg 2009
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,3 mill. kroner for 2009. Midlane frå fondet vil i første rekkje bli retta mot bruksretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket
Mål og strategiar
Skogbruket er ei viktig næring i distrikta, og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Skogen bind store mengder karbon, og er derfor viktig i klimasamanheng. Auka bruk av fornybar bioenergi og auka trebruk framfor meir energikrevjande material vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskeskapte utsleppa av klimagassar. Skogen er òg leveområde for mange arter, er rik på kulturminne og er ei viktig kjelde for friluftsliv og opplevingar.
Skogbruket skapar store lokale verdiar; førstehandsverdien av det tømmeret som blir hogd og omsett ligg årleg rundt 3 mrd. kroner, noko som gir monalege ringverknader. Den samla produksjonsverdien frå skogsektoren er om lag 47 mrd. kroner. Verdiskapinga skjer i heile verdikjeda frå skogbruksverksemda, via transport og fram til foredling av trevirket til papir, brensle eller konstruksjonsvirke o.a.
Departementet legg til rette for verdiskaping i skogbruket m.a. gjennom tilskott til ulike verdiskapingstiltak, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging og skogfondsordninga. Post 71 femner om tilskott til verdiskapingstiltak som Trebasert Innovasjonsprogram og andre tiltak som tek sikte på auka verdiskaping i verdikjedene frå skog til marknad. Frå 2009 blir det òg løyvd middel til klima- og energitiltak under denne posten.
Resultatrapport 2007
Treprogrammet
Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet) blei avvikla i 2005. Programmet blei i 2005 innklaga til EFTA Surveillance Authority (ESA) for brot på føresegna om statsstøtte i EØS-avtalen av byggutengrenser.no. I januar 2008 fatta ESA vedtak i saken. Vedtaket slår fast at programmet ikkje stemte overeins med forbodet mot statsstøtte i EØS-avtalen, og at det i prinsippet ville vere nødvendig å krevje tilbake tilskott gitt under programmet. ESA tok i vedtaket atterhald om at tilskott som blei gitt i samsvar med dei materielle reglane i ESAs retningslinjer for statsstøtte, ikkje måtte krevjast tilbake. Landbruks- og matdepartementet har gitt Innovasjon Norge i oppdrag å greie ut kor mykje av tilskotta som er i strid med dei materielle reglane.
Trebasert innovasjonsprogram
2007 var det første heile året Trebasert innovasjonsprogram var i drift. Aktiviteten i programmet dette året var aukande. Ein auka innsats innanfor leverandørutvikling og design har medverka til ein sterkare bedriftsretta profil, i samsvar med målet for 2007. 75 pst. av prosjekta som blei støtta i 2007 var bedriftsretta. Ramma for programmet var i 2007 på 35 mill. kroner. I tillegg fekk programmet overført 13 mill. kroner frå 2006. Programmet hadde såleis i overkant av 48 mill. kroner til disposisjon i 2007, og det blei gitt tilsegn om 39 mill. kroner.
Transportstøtte og tilskott til andre verdiskapingstiltak i skogbruket
Det blei gitt 0,7 mill. kroner i direkte støtte til langtransport av skogsvirke frå vanskelegstilte område i Nord-Noreg i 2007. Dette var transporttilskott opparbeidd i 2006. Det blei gitt 0,5 mill. kroner over denne posten til Skogbrukets Kursinstitutt, til arbeid med revisjon og til oppgradering av typeteikningar for bruer på landbruksvegar. Det blei òg gitt 1 mill. kroner til det Norske Skogfrøverk til konglesanking og styrking av arbeidet med ein ny foredlingsstrategi for skogtre. Det blei dessutan gitt støtte til ei utgreiing om kystskogbruket. Det blei i alt brukt 4,7 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2009
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 50 mill. kroner på denne posten i 2009.
Trebasert innovasjonsprogram
Auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda er ein viktig del av departementet sin heilskaplege strategi for næringsutvikling knytt til landbruket; Ta landet i bruk! Det er her vist til at den innanlandske bruken av trelast er 0,65 m3/innbyggjar/år, og at næringa har 0,75 m3/innbyggjar/år som mål innan 2010. Strategien skal m.a. støtte opp under næringa sitt mål om auka verdiskaping og trebruk. Tresatsingstiltak vil òg vere eit sentralt verkemiddel i samband med regjeringa sitt arbeid med auka skogbasert verdiskaping.
I tillegg til å leggje eit betre grunnlag for eit robust primærskogbruk og halde oppe den verdiskapinga tremekanisk industri tilfører mange lokalsamfunn, gir auka bruk av tre mange positive miljøgevinstar m.a. ved forlengja karbonbinding. Tresatsinga byggjer derfor opp under både næringspolitiske, miljøpolitiske og distriktspolitiske målsetjingar. Marknadsføring av dei miljørelaterte eigenskapane til trevirke er ein viktig del av innhaldet i programmet.
Hovudmålsetjinga for programmet er auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda. For å nå dette målet er det behov for å finne og utvikle talent som kan utnytte moglegheiter og gjennom dette medverke til innovasjon. I denne samanhengen er det viktig at nye koplingar mellom produkt og marknad blir tekne i bruk. I strategiar som ligg til grunn for arbeidet er det lagt vekt på å stimulere til kompetanseutvikling, stimulere til leverandør- og produktutvikling, utvikle pionerprosjekt, initiere og medverke til rasjonell logistikk, arbeide for auka kvinnemedverknad i næringa, og arbeide for sterkare medverknad og engasjement i verkemiddelapparatet knytt til innovasjon i skog- og trenæringa.
Løyvinga til programmet blir sett til om lag 27 mill. kroner for 2009, noko som er ein reduksjon i høve til 2008. Med overførte midlar frå 2008 blir aktiviteten i programmet likevel ikkje redusert.
Departementet sende i 2007 notifikasjon av støtte til store bedrifter til ESA, og ventar på godkjenning av denne. Det blir foreløpig gitt støtte til små- og mellomstore bedrifter i samsvar med gruppeunntak for forsking og utvikling, og opplæring.
Transporttilskott og andre skogtiltak
Departementet sende i 2007 ein notifikasjon av tilskott til transport i Nord-Noreg til ESA. Departementet har hatt ein dialog med ESA, men ordninga har ikkje blitt godkjend. Departementet vil derfor i samarbeid med fylka sjå på korleis ein kan vidareutvikle andre eksisterande tilskottsordningar for skogbruket i Nord-Noreg frå 2009. Målet er å styrkje heile verdikjeda i skogsektoren i Nord-Noreg.
Posten vil òg bli nytta til andre tiltak innanfor prioriterte område i skogpolitikken. Løyvinga for posten vil i 2009 vere på om lag 3,7 mill. kroner.
Skog, klima- og energitiltak
St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk (Klimameldinga) framhevar skogen si viktige rolle i klimasamanheng. Regjeringa varslar ei auka satsing på fornybar energi, skogplanting og skogkulturtiltak for å få lågare klimagassutslepp og vedvarande høg karbonbinding i norsk skog. Det blir løyvd 19,2 mill. kroner over denne posten til desse formåla i 2009. Dette er ei styrking av regjeringa sin offensive skogpolitikk, og ein må sjå dette i samanheng med løyvinga til skogbruk og bioenergi under Landbrukets Utviklingsfond (LUF) i kap. 1150, Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Skogen er den viktigaste råstoffkjelda for oppfylling av målet til regjeringa om å auke bruken av bioenergi med 14 TWh innan 2020 (jf. regjeringa si klimamelding og regjeringa sin bioenergistrategi). Mogleg auke i uttak av skogsråstoff til bioenergi er i bioenergistrategien vurdert til å vere 16-25 TWh.
Hovudutfordringa for auka uttak av skogsråstoff til bioenergi er knytt til manglande lønnsemd. Prisen på slikt råstoff dekkjer knapt kostnaden ved å hente det ut frå skogen, og gir i dei fleste tilfelle ikkje noko bidrag til skogeigar. Når ein ser bort frå ved, som står for om lag halve bruken av bioenergi i Noreg, er verdikjeda frå skogråstoff til bioenergi ung og umoden.
Det er viktig å utvikle meir rasjonelle driftsformer og meir rasjonell logistikk for å betre lønnsemda oppstraums i verdikjeda.
Det er vidare viktig å gjere det lønnsamt å utnytte anna biomasse enn tømmer, som til dømes greinar og toppar (GROT), til bioenergiformål. Som ledd i oppfyllinga av regjeringa sitt mål om auka bruk av bioenergi med 14 TWh, vil ein i ein overgangsfase stimulere til auka uttak av råstoff frå skogen ved å gi støtte til produksjon av skogflis i 2009.
Da den førre regjeringa fjerna tilskottet til planting fall talet på utsette planter raskt. I 2002 blei det planta om lag 30 mill. planter - mot berre rundt 17 mill. i 2005. Utviklinga viser såleis ein klår samanheng mellom tilskott frå det offentlege og vilja til skogeigarane til å satse på skogplanting.
Auka skogplanting er eit særs kostnadseffektivt klimatiltak, og er rekna til å liggje i området 17 kr pr. tonn CO2. Som ei oppfølging av regjeringa si klimamelding, vil løyvinga til skogplanting og andre skogkulturtiltak bli auka i 2009.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Fondsavsetningar | 828 978 | 910 503 | 915 753 |
70 | Marknadsregulering, kan overførast | 190 385 | 165 600 | 220 600 |
73 | Pristilskott, overslagsløyving | 1 874 098 | 2 089 900 | 2 148 400 |
74 | Direkte tilskott, kan overførast | 6 773 991 | 6 955 469 | 7 234 919 |
77 | Utviklingstiltak, kan overførast | 213 366 | 194 930 | 202 430 |
78 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 526 405 | 1 640 454 | 1 693 954 |
Sum kap. 1150 | 11 407 223 | 11 956 856 | 12 416 056 |
Kap. 1150 og kap. 4150 om Jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har tingingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar knytt til produksjon og omsetnad innanfor jordbruket (marknadsordningane). Jordbruksavtalen 2008-2009 som blei inngått mellom staten og jordbruket ved Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag den 16.5.2008, omfattar målprisane for perioden 1.7.2007 til 30.6.2008 samt tilskott som blir utbetalt i 2009. I tillegg blei partane samde om omdisponering i 2008 av tidligare løyvde midlar. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagte mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Resultatet av jordbruksavtalen 2008-2009 blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 69 (2007-2008) og behandla i Stortinget den 16.6.2008, jf. Innst. S. nr. 230 (2007-2008). Dette kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av jordbruksavtalen 2008-2009.
Mange av dei største ordningane på kap. 1150 er tiltak der søkjarane har rett på tilskott dersom dei oppfyller vilkåra. Løyvinga er oftast styrt av satsar pr. eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Derfor ser departementet det som naturleg at eit noko større behov på ein underpost kan dekkjast inn med ledige midlar på ein annan underpost på same løyving (post).
Mål og strategiar
Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinjene i landbrukspolitikken. For ei nærmare omtale av mål og strategiar i jordbrukspolitikken for komande budsjettperiode syner ein til innleiinga, kat. 15.30 i denne proposisjonen, samt kap. 7 i St.prp. nr. 69 (2007-2008).
Dei langsiktige måla for jordbrukspolitikken blei sist fastlagt av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. I tillegg til produksjon av trygg mat og andre varer og tenester med bakgrunn i forbrukarane sine behov, er hovudmåla i stor grad knytt til produksjon av kollektive gode for samfunnet. Målstrukturen frå St.meld. nr. 19 (1999-2000) er skissert i figur 2.1 nedanfor.
Nokre av dei kollektive goda kjem som eit resultat av jordbruksproduksjonen i Noreg. Både klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur og norsk pris- og kostnadsnivå, gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Derfor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar dvs. at dei verkar inn på fleire av dei kollektive goda samtidig. Det gjeld m.a. tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål.
Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje sortere post for post på budsjettkapitlet i forhold til hovudmåla. Derfor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på dei enkelte ordningane. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.
I tilknyting til måla for landbrukspolitikken som omtalt m.a. i innleiinga, vil ein ha verkemiddel for å nå fleire av desse både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette gjeld både økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er grunnleggjande òg i næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Ein har òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett.
Resultatrapport 2007
Landbruket er ei langsiktig næring der tilpassinga til endra rammer tek tid. Det er derfor viktig for næringsaktørane å førebu seg på endringar som kan komme i internasjonale og nasjonale forhold, hos forbrukarane og i forhold til teknologi m.m. Dei ulike tiltaka over jordbruksavtalen skal gi dei næringsdrivande rammer som dei ut frå sin eigen situasjon kan tilpasse seg innanfor. Jordbruksavtalen skal fremje utvikling i næringa og tilpassingar som er i samsvar med måla for landbrukspolitikken.
Utviklinga i dei viktigaste resultata som har samanheng med verkemidla over jordbruksavtalen skjer gradvis over tid, og kan derfor i liten grad lesast over eit år. Ein del av dei økonomiske resultata vil òg kunne bli påverka av periodisering og andre forhold som gjer at utviklinga frå det eine året til det andre berre gir informasjon med avgrensa verdi. Fleire av resultata er påverka av langsiktig og generell økonomisk utvikling. På kort sikt blir måloppnåinga òg påverka av forhold som renteutvikling og verdsmarknadsprisar med meir.
Nokre viktige utviklingstrekk er:
Materiell frå totalkalkylen og driftsgranskingane syner at jordbruket over tid har hatt svakare utvikling i inntekt enn andre grupper. Normaliserte rekneskap syner ei gjennomsnittleg utvikling for jordbruket på 3, 5 pst. pr. år for dei siste 10 åra, og på 4,3 pst. for dei siste 5 åra når ein tek omsyn til jordbruksfrådraget . Dette er om lag som for andre grupper dei siste 5 åra, men gjennomsnittet for jordbruket varierer mykje avhengig av kva for eit år det startast på. Sjølv om 2007 blei betre for jordbruket enn det som blei rekna på, viste prognosane for 2008 ei klart svakare utvikling. Det kjem av klart større vekst i kostnadene enn prognosert.
Både i 2007 og 2008 har etterspurnaden auka og gitt rom for volum- og prisvekst for fleire viktige jordbruksprodukt. Dette har resultert i ein brutto auka inntekt i perioden samla på 2,9 mrd. kroner.
Produktivitetsutviklinga er stabilt høg i næringa. Talet på driftseiningar som søkjer om tilskott går ned medan samla produksjon og jordbruksareal er relativt stabilt. Sektoren har hatt ei årleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 3,6 pst. dei siste 10 åra.
Etter 2005 viser tala frå Budsjettnemnda ein redusert avgangstakt i jordbruket både for talet på årsverk og talet på jordbruksføretak. Det er anslått ein reduksjon i talet på årsverk frå 2006 til 2007 på 3,3 pst. og frå 2007 til 2008 på 3,1 pst. Tidleg på 2000-talet var avgangen klart høgare.
Gjennomsnittleg tal dekar pr. jordbruksbedrift har auka frå 100 dekar i 1989 til 208 dekar i 2007. Areala hos einingar som går ut av drift blir i hovudsak drive vidare av andre. Leigd areal er meir enn fordobla sidan 1979, og utgjer i overkant av 4 mill. dekar i 2007, eller 39 pst. av totalt jordbruksareal. Totalt jordbruksareal er ganske stabilt, med ein viss nedgang i kornarealet og ein auke i grasarealet.
Det er Agderfylka, Vestlandet og Nord-Noreg som har hatt den største nedgangen i talet på einingar og areal dei siste 7 åra.
Etter nokre år med monaleg overproduksjon i 2004-2005 innanfor enkelte produksjonar, har etterspurnaden auka så mykje at det no er underdekning av norsk produsert lam og storfekjøt. Særleg har forbruket av fjørfekjøtt auka monaleg dei seinaste åra.
Arbeidet med næringsutvikling over Landbrukets utviklingsfond (LUF) styrkjer og utvidar næringsgrunnlaget i og i tilknyting til landbruket over heile landet.
Ordninga med regionale miljøprogram har blitt prioritert til ordningar som fremjar kulturlandskap og reduserer forureining. Særleg har stølsdrift blitt prioritert i dei områda der det er aktuelt.
Omlegging til økologisk produksjon går i rett retning, og på marknadssida ser ein no at forbruk og omsetning av økologiske produkt aukar monaleg. Omsetninga av økologiske produkt i daglegvare- og faghandel har auka med 124 pst. frå 2006 til 2007.
For ei meir detaljert rapportering av resultata i jordbrukspolitikken generelt og for dei tiltaksretta ordningane under kap. 1150 fram til 2007, syner ein til kapittel 3 i St.prp. nr. 69 (2007-2008).
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Som gjort greie for under kat. 15.00 er det behov for tilpassingar i forhold til normal prosedyre for tilskottforvaltning. Det vil her bli gjort nærmare greie for hovudtrekka i tilpassingane i forhold til ulike grupper ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane under jordbruksavtalen og reindriftsavtalen.
Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott
Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt fins som fleire ordningar under kap. 1150 postane 70 og 73, i nokon grad under kap. 1150 post 77, samt under kap. 1151 post 75. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskott som blir utbetalt produsentane via eit omsetningsledd vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetningsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samtidig mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer derfor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksavtalen og frå Økonomisk utvalg for reindriften i den årlege proposisjonen om reindriftsavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. Landbruks- og matdepartementet meiner såleis at ein har etablert eit godt resultatrapporteringssystem for dei ikkje-tiltaksretta ordningane.
Av andre viktige tilpassingar i forhold til normalprosedyren kan nemnast at det normalt ikkje er tilskottsmottakar sjølv som søkjer då tilskotta blir utbetalt via eit omsetningsledd. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetningsleddet. Omsetningsledda gjer som oftast ikkje eigne vurderingar i forhold til forvaltninga av tilskotta. Dei vil derfor normalt ikkje bli rekna som tilskottsforvaltarar, men medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetningsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsent. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og velferdsordningar
Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150 postane 74 og 78 og på reindriftsavtalen kap. 1151 postane 75 og 79. Dei direkte tilskotta er basert på objektive kriterium som dyretal, areal, produksjonstype, mengde og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Når det gjeld velferdsordningar, utgjer desse særleg refusjon av utgifter til avløysing. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for ordningane marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott, jf. ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med jordbruksoppgjeret. I tillegg blir rapporteringa frå Budsjettnemnda supplert med vurderingsrapportar og statusnotat. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Vidare er det ikkje aktuelt å sende årlege oppdragsbrev til kommunane då deira oppgåver er fastsett i forskrifter, rettleiingar mv. og arbeidet deira er ikkje styrt av ei budsjettramme knytt til kvar enkelt kommune.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet/Statens landbruksforvaltning (SLF) og direkte til ein sams mottakar, t.d. Rikstrygdeverket, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Dei største kollektive overføringane har bakgrunn i at produsentar i jordbruket betalar redusert trygdeavgift, på linje med lønnstakarar. Ordningane finnast særleg under kap. 1150 post 78. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetningsavgift for frukt og grønt, jf. kap. 1150 post 70.11. Oppfølginga av desse ordningane vil berre vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Forvaltning
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Statens landbruksforvaltning og til Reindriftsforvaltninga. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane til drift av dei statlege verksemdene som er tilskottsforvaltarar, og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og regionaldepartementet. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet, vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På nokre område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge. Kommunane har òg sentrale oppgåver i tilskottsforvaltninga, og omsetningsledda har som nemnd ovanfor ei medhjelparrolle i utbetaling av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På ein del område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, ofte partssamansett, skal tildele tilskottsmidlar medan Statens landbruksforvaltning eller Reindriftsforvaltninga er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengene ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.
Statens landbruksforvaltning har saman med fylkesmannsembeta og Kommunenes Sentralforbund gjennomført eit prosjekt for vurdering av korleis kontrollen med tilskott i landbruket kan styrkjast. Oppfølginga av prosjektet vil gi grunnlag for tilpassing av kompetanse og utvikling av hjelpemiddel som vil gi forvaltninga grunnlag for ein meir målretta og effektiv kontroll i åra framover.
Jordbruksoppgjeret 2008
Jordbruksavtalen 2007-2008 er basert på dei prinsipp som er trekt opp i St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, Innst. S. nr. 167 (1999-2000) frå Næringskomitèen, regjeringa si Soria Moria-erklæring og hovudmål for den økonomiske politikken.
Staten og jordbruket kom fram til ei forhandlingsløysing 16.5.2008. Begge organisasjonane hadde avtala på uravrøysting. 82 pst. av medlemmene i Norges Bondelag røyste ja, medan 64 pst. røysta ja i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Avtalen vidarefører kursendringa som denne regjeringa har starta gjennom dei 2 føregåande jordbruksoppgjera, m.a. ved å:
leggje til rette for ein klar nivåheving i inntektene for å hente inn noko av det jordbruket har tapt i inntektsutvikling samanlikna med andre grupper i åra før.
sikre eit landbruk med ein variert bruksstruktur, oppretthalde eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk.
sikre og styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla.
styrkje landbrukets miljøprofil, ivareta kulturlandskapet, auke beiting med husdyr og styrkje klimatiltaka.
auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk.
forbetre velferdsordningane for jordbruket
Avtalen har ei ramme på 1 900 mill. kroner. Det er gitt auka løyvingar over kap. 1150 på 350 mill. kroner, medan målprisane er auka med til saman 1 505 mill. kroner. Av dette er målprisane auka med 870 mill. kroner frå 1.7.2007 og dei vil bli auka med 635 mill. kroner frå 1.1.2009. I tillegg er det omdisponert 45 mill. kroner av unytta midlar i 2007. Inkludert jordbruksfrådraget gir ramma grunnlag for ein vekst i inntekta på knapt 17 pst., eller 31 500 kroner pr. årsverk til 2009 frå 2008 før avtale.
Deler av inntektsramma får utslag på inntektene alt i 2008. Inkludert jordbruksfrådraget aukar inntekta i 2008 med om lag 5 pst, eller knapt 10 000 kroner pr. årsverk. Det gjer òg at føresetnaden frå oppgjeret i 2007 om ein vekst i inntekta på 17 000 kroner pr. årsverk truleg blir oppfylt. Ramma legg etter det til rette for ei vekst i inntektene frå 2008 til 2009 på om lag 11 pst., eller knapt 22 000 kroner pr. årsverk.
I tillegg var partane i jordbruksoppgjeret samde om ei omfordeling av løyvde midlar i 2008 som ikkje kjem til utbetaling i 2008 med dei satsane som er avtalt. Partane vedtok å utbetale eit ekstra tilskott pr. føretak på 800 kroner, svarande til om lag 38 mill. kroner. Tilbakebetalt beløp frå tidlegare tilskott til reguleringsanlegg på 8,6 mill. kroner vedtok partane å tilføre eigenkapitalen i LUF, medan dei ubrukte overførte midlane frå 2007 på 45,5 mill. kroner blei tilført skadefondet for landbruket.
Løyvingane over statsbudsjettet på jordbruksavtalen gjeld det følgjande kalenderåret. Jordbruksoppgjeret i år gjaldt løyvingar for 2009. Jordbruksavtalen for 2008 er basert på at Stortinget gjer vedtak om dei løyvingane i 2009 som er lagt til grunn i avtalen, og lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 69 (2007-2008). Gjennom vedtak III til proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2008 har et fleirtal i Stortinget gitt Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å setje i verk tiltak i samsvar med avtalen som er knytt til løyvingar over budsjettet i 2009.
Importvernet er ikkje forhandlingstema i jordbruksoppgjeret. Partane i oppgjeret har lagt til grunn at avtalen 2008-2009 er utforma innanfor Noregs plikter i forhold til WTO. Partane viser til at det skal gjerast endringar i marknadsordningane frå 1.7.2009 slik at Noreg sine pliktar i samsvar med WTO-avtalen kan bli overhaldt.
Jordbruksoppgjeret med omfordeling av løyvingar i 2008 og verknad for statsbudsjettet i 2009, blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 69 (2007-2008). I denne proposisjonen blir Stortinget invitert til å gjere dei budsjettvedtak for 2009 som følgjer av avtalen som Stortinget slutta seg til ved behandlinga den 18.6.2008, jf. Innst. S. nr. 320 (2007-2008).
På bakgrunn av den ekstraordinære og usikre situasjonen på verdsmarknaden, blei partane samde om å ta opp justeringsforhandlingar hausten 2008 med sikte på full inndekning, dersom prisendringane for gjødsel og kraftfôr gir ei samla kostnadsauke som svarar til meir enn 2 pst., eller om lag 125 mill. kroner ut over føresetnadene. Dersom det er grunnlag for justering, skal det skje i form av målprisauke med verknad for 2009.
Budsjettframlegg 2009
Budsjettframlegget for 2009 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir auka med om lag 459 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2008, frå om lag 11,957 mrd. kroner til om lag 12,416 mrd. kroner. Auken i 2009 er sett saman av følgjande forhold:
396 mill. kroner auke som følgje av auka tilskott etter jordbruksoppgjeret 2008. Samtidig aukar inntektene på kap. 4150 med 46 mill. kroner slik at nettoverknaden på jordbruksavtalen blir 350 mill. kroner
72,8 mill. kroner i auke som følgje av volumauke på overslagsløyvingane (post 73)
Merknader til dei enkelte postane
Post 50 Fondsavsetningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50.11 | Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF) | 801 228 | 860 753 | 885 753 |
50.12 | Tilskott til Landbrukets Skadefond | 27 750 | 49 750 | 30 000 |
Sum post 50 | 828 978 | 910 503 | 915 753 |
Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)
Etter LUF sine vedtekter kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekt over fondet.
Ein gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2009 på 885,8 mill. kroner under kap. 1150 underpost 50.11. I St.prp. nr. 69 (2007-2008) Om jordbruksoppgjeret 2008 blei det lagt til grunn ein auke i løyvinga til LUF i 2009 på 25 mill. kroner. I tillegg blei det omdisponert 56,6 mill. kroner til LUF i 2008 frå unytta midlar på andre postar. Då bruken av midlar frå fondet er større enn løyvingane, var partane samde om ei omdisponering for å sikre ei langsiktig finansiering av fondet.
Tildelingsramma for 2009 blei òg lagt fram for Stortinget i samband med behandlinga av St.prp. nr. 69 (2007-2008). Ramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter, fondskapitalen, rentestøtte og administrative kostnader. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om ei samla tildelingsramme i 2009 på 1018,5 mill. kroner. Av dette er 5,5 mill. kroner ei særskild ordning med disponering av tilbakebetalte reguleringsmidlar, jf. tabell 2.15. Òg 10 mill. kroner av disponeringa frå dei fylkesvise BU-midlane i 2009 er knytt til tilbakebetaling av reguleringsmidlar.
Det er berre ein del av tildelingsramma som faktisk kjem til utbetaling det same året. Ein del er ansvar mellom år. Tabellen under synar ei oversikt over kontantstraumane for fondet i 2008 og 2009. Det er lagt opp til ei lasting av kapitalen i fondet med 144,1 mill. kroner i 2009.
Tabell 2.13 Tildelingsramme og prognose for kontantstraumar i LUF
(i mill. kroner) | ||
---|---|---|
2008 | 20091 | |
Tildelingsramme eks. rentestøtte | 1018,5 | 1018,5 |
Utbetaling av tilskott | 981,2 | 995,4 |
Rentestøtte | 61,1 | 71,2 |
Andre kostnader | 14,8 | 14,3 |
Sum kostnader | 1057,1 | 1080,9 |
Finansiering: | ||
Løyving kap. 1150 post 50 | 917,4 | 885,8 |
Renteinntekter mm2 | 51,1 | 50,5 |
Bruk av fondskapital | 88,7 | 144,1 |
1 Framlegg i 2009
2 Det er renteinntekter for 2008 som er lagt til grunn for tildelingsramma i 2009
Den meir detaljerte fordelinga av tildelingsramma går fram av tabellane under.
Tabell 2.14 Oversikt over tildelingsramme for LUF i 2008 og framlegg om tildelingsramme for 2009
(i mill. kroner) | ||
---|---|---|
Ordningar | 2008* | 2009 |
Overføring til Samisk utviklingsfond (SUF) | 2 | 2 |
Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar 1 | 380 | 400 |
Sentrale bygdeutviklingsmidlar 2 | 27 | 21 |
Utviklingsprogram for geitehaldet | 16 | 15 |
Andre utviklingstiltak i landbruket 3 | 4 | 4,5 |
KIL | 6 | |
KSL Matmerk 4 | 42 | 38 |
E-sporing, fagpilotar | 3 | |
Verdiskapingsprogram for matproduksjon | 67 | 67 |
Grønt reiseliv | 23 | 18 |
Innlandsfisk | 4 | 4 |
Bioenergi og skogbruk | 190 | 193 |
Informasjons- og utviklingstiltak, miljø | 10 | 9 |
Morsa/Vestre Vansjø | 1 | |
SMIL | 130 | 125 |
Verdsarv | 3 | 3 |
Forvaltning av utvalde kulturlandskap | 5 | |
Klima | 4 | 6 |
Beiteprosjekt 5 | 5,5 | |
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk 4 | 43 | 41 |
Forsking | 44,5 | 46 |
Sum LUF, ekskl. rentestøtte | 989,5 | 1 013 |
* Utgangspunktet er tal frå St.prp.nr.1 (2007-2008).
1 10 mill. kroner er øyremerka i 2009 til investeringsprogram i eggsektoren, og blir finansiert med tilbakebetalte reguleringsmidlar.
2 Dei sentrale BU-midla avsettes som ramme som delast i eige møte mellom avtalepartane, 2 mill. kroner blir øyremerka til Inn på tunet, 1 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak reindrift jordbruk.
3 2008: Setersatsing: 2 mill. kroner, tiltak for å redusere beiteskadar av gås: 2 mill. kroner 2009: 2 mill. kroner til setersatsing, 2,5 mill. kroner til beiteskadar gås.
4 2 mill. kroner overføres frå utviklingsmidla økologisk og blir øyremerka generisk informasjon økologisk.
5 Låg i 2008 inne på sentrale BU-midlar: Beiteprosjekt 2,5 i 2008.
LUF blir i 2008 tilført 8,5 mill. kroner i tilbakebetalte reguleringsmidlar. Dette er tilbakebetaling av investeringsmiddel gitt til reguleringsanlegg som ikkje lenger blir nytta til formålet. Disponeringa går fram av tabellen under.
Tabell 2.15 Tilbakebetalte reguleringsmidlar disponert i 2008 og 2009
(i mill. kroner) | ||
---|---|---|
Tiltak | 2008 | 2009 |
Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap | 2,0 | 2,0 |
Program for rekruttering/likestilling | 2,0 | |
Utviklingsprogram for frukt og grønt | 25,0 | 2,5 |
Energi i veksthusnæringa | 1,0 | |
Sum | 29,0 | 5,51 |
1 I tillegg kjem 10 mill. kroner til investeringsprogram for eggsektoren som er synleggjort i tabell 2.14.
Nærings- og miljøsatsinga over Landbrukets utviklingsfond blir vidareført med ei samla løyving på 1 018,5 mill. kroner. Det er ein auke i løyvinga til fylkesvise BU-midlar med 20 mill. kroner, og innføring av ein ny ordning for forvaltning av utvalde kulturlandskap. På dei andre postane er det ein mindre auke eller ein vidareføring av nivået frå 2007.
Rentestøtteordninga innanfor dei fylkesvise BU-midlane blir vidareført. Låneramma for lån med rentestøtte er 700 mill. kroner i 2009.
Det er framleis den nasjonale strategien for næringsutvikling Ta landet i bruk! som gjeld.
Statsrådens kontaktutval for næringsutvikling blir vidareført. Dei faglege møtearenaene til Innovasjon Norge og Statens landbruksforvaltning, med representasjon frå sentrale faglege aktørar, blir vidareført.
Overføring til Samisk utviklingsfond
Overføringa til Samisk utviklingsfond skal stimulere til næringsutvikling i landbruket i samiske område.
Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar
Formålet med bygdeutviklingsmidlane er å leggje til rette for næringsutvikling som dannar grunnlag for langsiktig, lønnsam verdiskaping og desentralisert busetnad med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt. Verkeområdet for midlane er todelt 1) Støtte til investeringar innan det tradisjonelle landbruket, 2) Bidra til utvikling av alternativ næring med grunnlag i landbruket sine ressursar.
Støtte til investeringar i det tradisjonelle landbruket er eit verkeområde som har eksistert mykje lenger enn BU-midlane, og målet er å halde oppe eit variert landbruk i heile landet gjennom å bidra til oppgraderingar og modernisering av driftsapparatet. Slike investeringar er òg nødvendige gjennom nye krav til hald av husdyr.
Å bidra til etablering av ny næringsverksemd har fått mest omtale i skriftlege dokument fordi dette verkeområdet fekk større tyding då BU-midlane blei innført. Målet er å nytte alle landbrukseigedomen sine ressursar til lønnsam verdiskaping, for på denne måten å bidra til at aktivitetar med basis i landbrukseigedomen kan utgjere hovudbidraget til bonden si inntekt, og at inntekt frå nye næringar kan vere eit supplement til inntekt frå det tradisjonelle landbruket.
Det er sett i gang ei evaluering av dei fylkesvise BU-midlane, der òg utvikling av nye mål- og resultatindikatorar på graden av suksess i arbeidet med næringsutvikling knytt til landbruket er inkludert.
Taket for maksimalt støttebeløp er heva til 750 000 kroner frå og med 2009. Det blir sett i gang eit investeringsprogram for eggsektoren. Lån med rentestøtte blir òg vidareført som tidlegare.
Sentrale bygdeutviklingsmidlar
Midlane går til prosjekt av fylkesovergripande og landsomfattande karakter med innovasjon og næringsutvikling som siktemål. Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane kan òg finansiere nødvendig utredningsarbeid og profileringsaktivitetar for å styrkje arbeidet med landbrukspolitikken.
Utviklingsprogram for geitehaldet
For 2009 er det sett av 15 mill. kroner til utviklingstiltak for geit. 11 mill. kroner er sett av til Friskere geiter og 4 mill. kroner som kompensasjon for bortfall av produksjonstilskott og tilskott til avløysing for ferie og fritid.
Andre utviklingstiltak i landbruket
For 2009 er dette 2 mill. kroner til setersatsing i Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal, og 2,5 mill. kroner til beiteareal for gjess.
Kompetanse i landbruket (KIL)
Kompetanse i landbruket (KIL) blir vidareført som tilskottsordning, forvalta av KSL Matmerk frå og med 2007. Det er sett av 6 mill. kroner til ordninga for 2009.
Stiftinga KSL Matmerk
Matmerk og KSL-sekretariatet blei slått saman til organisasjonen KSL Matmerk frå 1.1.2007 og det blir arbeidd med å utvikle den nye organisasjonen. Stiftinga sine hovudoppgåver for 2007 og 2008 vil m.a. vere å:
auke oppslutninga om dei to merkeordningene Beskyttede Betegnelser og Spesialitet
administrere og utvikle Kvalitetssystem i landbruket (KSL) og Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL)
utvikle eit nytt heilskapleg kvalitetssystem med ei ny nasjonal merkeordning
drive generisk marknadsføring av økologisk mat
E-sporing, fagpilotar
Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringsaktørar i heile matproduksjonsverdikjeda for å leggje grunnlaget for eit betre system for sporing av mat. Prosjektet har etablert pilotprosjekt innan fleire kjedar; frukt og grønt, korn, kjøtt og mjølk. Det er sett av 3 mill. kroner til medfinansiering av utviklings- og administrasjonsoppgåver knytt til arbeidet med fagpilotpilotane.
Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon
Verdiskapingsprogrammet er ein del av ein samla strategi for å leggje til rette for produkt- og tenesteproduksjon basert på landbruket sitt samla ressursgrunnlag. Programmet medverkar til å styrkje konkurranseevna og betre lønnsemda for primærprodusentane og resten av den landbruksbaserte verdikjeda.
Grønt reiseliv
Utviklingsprogrammet for grønt reiseliv i Noreg blir vidareført. Målet med programmet er å realisere det potensialet som ligg i utvikling av Noreg som ferieland og næringa sine ambisjonar om auka verdiskaping med basis i garden og bygdene sine ressursar. Det blir satsa særskilt på kompetanseheving, produktutvikling, marknadsføring og samarbeid og alliansebygging.
Innlandsfisk
Det er utarbeidd ein eigen handlingsplan for innlandsfiske i regi av Landbruks- og matdepartementet som har brei forankring blant ulike aktørar. I handlingsplanen er det dokumentert at det er gode moglegheiter for å ta ut eit monaleg, unytta potensial når det gjeld innlandsfiske som attåtnæring i landbruket. Det gjeld både som matressurs gjennom yrkesfiske og oppdrett, og som grunnlag for auka fiskeopplevingar knytt til bygdebasert turisme og reiseliv.
Det blei i 2007 etablert eit 5-årig utviklingsprogram for innlandsfisk. Utviklingsprogrammet tek sikte på å utvikle ein samla offentleg politikk på innlandsfiskeområdet, og å gjere tre umogne verdikjedar til velfungerande næringar, under dette:
næringsfiske
innlandsfiskeoppdrett
fisketurisme
Informasjons- og utviklingstiltak, miljø
Det er stort informasjonsbehov overfor næringsutøvarar og kommunar når det gjeld kva som er mogleg med dei nye miljøordningane. Det er òg behov for informasjon og rettleiing for å betre miljøinnsatsen gjennom miljøplanarbeidet. Informasjons- og utviklingstiltaka skjer i regi av Fylkesmannen og Statens landbruksforvaltning.
Morsa/VestreVansjø
Morsa-vassdraget (Hobøl-Vansjøvassdragt) er sterkt påverka av miljøsalt. Der har derfor gjennom fleire år blitt arbeida for å redusere utsleppa til vassdraget. Jordbruket står for dei største utsleppa og det er sett i gang ei rekkje tiltak for å redusere forureininga frå jordbruket m.a. gjennom regionale miljøprogram og SMIL-ordninga. I tillegg er det etablert eit eige treårig prosjekt for Vestre Vansjø med ei økonomisk ramme på 1 mill. kroner i 2009.
Spesielle miljøtiltak i landbrukets kulturlandskap (SMIL)
Spesielle tiltak i jordbruket sitt kulturlandskap går i all hovudsak til enkeltføretak i jordbruket, men òg andre eigarar av landbrukseigedom og enkelte lokalt tilknytte lag og foreiningar mottek støtte. Den kommunale SMIL-ordninga kan bli brukt til mange typar miljø- og kulturmiljøtiltak som til dømes inngjerding av beite og til skjøtsel av viktige biotopar som gamle slåtteenger og lyngheier.
Verdsarv
Landbruket og landbruket sitt kulturlandskap er ein viktig del av verdiane som ligg i verdsarvområda Vegaøyene og Geirangerfjorden/Nærøyfjorden. Jordbruket i desse områda er i tilbakegang og det er behov for å sjå på korleis ein kan drive og utvikle jordbruket på ein måte som gjer at kulturlandskapet blir ivaretatt for framtida.
Satsinga over jordbruksavtalen må sjåast i samanheng med Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet sine tiltak i verdsarvområda.
Forvaltning av utvalde kulturlandskap
Landbruks- og matdepartementet har saman med Miljøverndepartementet bedt Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning om å utarbeide eit konsept for utveljing av kulturlandskap i jordbruket med særskilte miljømessige verdiar. Fylkesmennene har sendt inn forslag på 1 – 3 aktuelle område i kvart fylke. Dei to departementa skal i løpet av hausten 2008 vedta 20 område etter samråd med næringsorganisasjonane i jordbruket. Det er behov for midlar til langsiktige skjøtselstiltak i desse områda.
Klima
Det blir sett i gang eit 5-årig utviklingsprogram for klimatiltak. Utviklingsprogrammet skal m.a. bidra til:
betre kunnskap om planlegging og drift av biogassanlegg gjennom enkelte pilotanlegg
kompetanseheving i jordbruket som mottakar av matavfall og av biorest
betre kunnskap om moglegheita for rensing av metan i husdyrrom
betre driftskunnskap om nye spreieteknikkar av husdyrgjødsel i jordbruket
auka kunnskap for å minke jordbruket sitt behov for og bruk av fossile energikjelder
Beiteprosjekt
Det er ei målsetjing å få til eit betre sauehald med lågare tap av dyr på beite. Derfor er det foreslått eit nytt prosjekt med arbeidstittel Beiteprosjektet. Det er planlagt ei avsetjing på 5,5 mill. kroner til prosjektet.
Prosjektet er ei vidareutvikling av prosjektet med forsterka tilsyn som er gjennomført i 2007 og vidareført i 2008 i Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal (2,5 mill. kroner frå sentrale BU-midler i 2008). Ut over avsetjinga over jordbruksavtalen, er det lagt opp til monaleg auka rammer over statsbudsjettet til arbeidet med førebyggjande tiltak mot skadar frå rovvilt i 2009 på Miljøverndepartementet sitt budsjett. Dei ulike tiltaka må sjåast i samanheng ved gjennomføring av prosjektet.
Prosjektet er føresett å dekkje heile landet, og vil bli leia av ei gruppe samansett av partane i jordbruksoppgjeret. Vidare er det foreslått at det blir oppnemnt grupper på fylkesplan med ansvar å følgje opp lokalt innanfor ramma av lokalt avsette midlar.
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk
Det har det siste året vore ein monaleg vekst i marknaden og auka etterspurnad etter økologiske produkt. Dette tyder på at vektlegginga av innsats retta mot marknaden og stimulering til organisert samarbeid mellom aktørane i bransjen no har gitt resultat. Samtidig har det vore låg omleggingstakt og noko tilbakegang på produksjonssida, noko som understrekar behovet for ein fortsett balansert innsats retta mot alle ledd i verdikjeda frå butikk til primærproduksjon.
Formålet med midlane er marknadsutviklingstiltak, herunder heilkjedeavtaler. Det er òg sett av midlar til rettleiing i samband med satsingsprogrammet for økologisk saueproduksjon.
Forsking
Midlane til forsking er overført frå post 77.13 frå og med 2008. Løyvinga til forsking er auka med 1,5 mill. kroner til 46 mill. kroner.
Nasjonalt program for landbruksbygg og kulturlandskap
Det blir sett i gang eit femårig program med følgjande hovudtema:
Nye landbruksbygg og kulturlandskap, under dette design av landbruksbygg og tun
Ny bruk av ledige landbruksbygg
Det er behov for meir informasjon og kunnskap om utforming og bruk av nye og gamle landbruksbygg for å sikre at kulturlandskapsverdiane blir ivaretekne, og slik at føretak og offentleg forvaltning har betre grunnlag når avgjersler blir tekne. Programmet skal òg syte for at det blir gjort ei kartlegging av tilstand til kulturhistorisk viktige landbruksbygg.
Utviklingsprogram for frukt og grønt
Marknaden for frukt og grønt er i sterk vekst. Norsk frukt- og grøntproduksjon bør ta ein større del av veksten i denne marknaden. Utviklingsprogrammet som blei sett i gang i 2008 blir vidareført med desse elementa:
satsing på frukt og bær/reiseliv/kulturlandskap på Vestlandet.
utgreiing av produksjon av eple til industriell foredling.
Skogbruk og bioenergi
Løyvingane til skogbruk og bioenergi under LUF er fastsette gjennom jordbruksavtalen. Midlane går til tiltak for å auke den skogbaserte verdiskapinga og klima- og energigevinstane frå ressursane i landbruket, jf. kat. 15.30. Tiltaka får ei ramme på 193 mill. kroner for 2009, ein auke på 3 mill. kroner frå 2008. Departementet legg opp til at kystskogbruket skal bli prioritert i forvaltninga av verkemidla i skogpolitikken, og vil drøfte fordelinga av midlane mellom tiltak med jordbruksavtalepartane hausten 2008.
Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blir forvalta av fylkesmennene og kommunane for å sikre gode løysingar på tvers av kommunegrensene. Tilskott til bioenergitiltak blir forvalta av Innovasjon Norge, i likskap med tresatsinga, som er nærmare omtalt under kap. 1149.
Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Formålet med tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er å stimulere til aktiv ressursforvaltning og auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tekne vare på og vidareutvikla. Midlane er sentrale i ei heilskapleg satsing på næringsverksemda i skogbruket, og dei kan nyttast til tiltak innanfor skogkultur, skogsvegbygging, miljøtiltak og ulike andre tiltak i skogbruket.
Skogkultur omfattar fleire tiltak som er viktige for å få høg kvalitet på skogen. Dette gjeld m.a. planting, såing, markriving og stell av ungskog. Regjeringa vil at staten skal ta eit medansvar for desse mest langsiktige investeringane i skogbruket. Saman med aktivitetskampanjen Tid for skog som Skogeigarsamvirket no set i gang, gir dette gode moglegheiter for å styrkje skogkulturarbeidet, og eit godt grunnlag for å auke avverkinga. I samband med dette er det nødvendig med god kommunikasjon mellom plantetilbydarar og -kjøparar, slik at plantane blir produsert og omsett i rett mengd til rett pris. Større aktivitet i skogbruket er med på å løyse klimautfordringane gjennom at skog bind karbon, leverer fornybar energi og klimavennlege materialar.
Vidare kan tilskotta til nærings- og miljøtiltak i skogbruket nyttast til nybygging og ombygging av skogsvegar. Det er eit stort behov for opprusting/nybygging av eksisterande skogsbilvegnett for å få dei i samsvar med dagens krav med omsyn til bereevne og utforming. I nokre strøk, spesielt i kyststrøka, er det òg behov for å styrkje infrastrukturen i samsvar med hovudplanane for veg for å leggje til rette for ei rasjonell forvaltning og bruk av skogressursane. Det kan òg bli gitt tilskott til ulike miljøtiltak i skog eller til skogsdrift med taubane, hest o.a. for å auke avverkinga i bratt og vanskeleg terreng, og for å fremje bruk av miljøvennlege løysingar i slike område. Dette gjer det òg lettare å få ut virke frå skogen, til dømes for å auke produksjonen av bioenergi. Departementet opnar òg for at midlane kan nyttast til mindre nærings- og miljøtiltak som ikkje er omfatta av andre ordningar og som lokalt kan vere viktige for utvikling av skogbruket.
Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og landsdekkjande kompetansetiltak
Kunnskap om ressursgrunnlaget er ein føresetnad for eit aktivt og miljøretta skogbruk, og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er ein viktig reiskap for skogeigarane. Kommunevis eller områdevis gjennomføring av skogbruksplanlegginga gjer at Fylkesmannen fordeler løyvingsramma mellom kommunane etter ein hovudplan for fylket. Hovudplanen er eit resultat av m.a. innspel frå kommunane. Effektivisering og satsing på meir brukartilpassa planar står sentralt i departementet si oppfølging av skogbruksplanlegginga. Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er òg eit hovudverkemiddel i arbeidet med å auke avverkinga av skog og produksjonen av bioenergi innanfor eit berekraftig skogbruk.
Det vil òg bli tildelt midlar frå denne underposten til kompetansesenteret for skogbruksplanlegging ved Norsk institutt for skog og landskap. Dette femner om serviceoppgåver instituttet utfører overfor fylka og kommunane i saker omkring takst og skogbruksplanlegging.
Kompetanseutvikling og effektiv kompetansespreiing står sentralt i skogpolitikken, og Skogbrukets kursinstitutt (SKI) er ein viktig aktør gjennom satsinga si på kursseriar og kunnskapsspreiing gjennom ulike internettportalar og nettsider. Departementet gjer framlegg om støtte til å utvikle og gjennomføre kompetansetiltak på skog- og utmarksområdet. Tiltaka er retta mot offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet, hovudsakleg i regi av SKI (Aktivt skogbruk mv.). SKI sitt arbeid retta mot barn og unge gjennom Lære med skogen, ulike nettilbod o.a. er òg prioriterte oppgåver. Departementet legg til grunn at SKI utviklar samarbeidet med Norsk institutt for skog og landskap vidare. Kunnskapsbehova er i rask endring og SKI må byggje på eit kunnskapsgrunnlag frå eit stadig breiare spekter av kunnskapsinstitusjonar. Et godt samarbeid i sektoren er ein føresetnad for ei vellukka kompetanseutvikling.
Kystskogbruket
Etter drøfting med jordbruksavtalepartane om fordelinga av LUF-midla for 2008, blei det sett av ei eiga ramme for særskilte tiltak i kystskogbruket. I kyststrøka har det i den seinare tida vore ein relativt låg skogbruksaktivitet, lite tømmer som har vore klart til hogst, og infrastrukturen er i mange tilfelle lite utvikla. Mykje av barskogen i kystområda er planta frå midten av 1900-tallet. Haustinga av ressursane kan ta til om få år, og det er mogleg å auke hogsten dei neste 10-20 åra. Kyststrøka har høgare transportkostnader og vanskelegare avsetningsforhold enn innlandet har, og departementet legg opp til at kystskogbruket skal bli prioritert i forvaltninga av verkemidla i skogpolitikken.
Bioenergi
Hovudmålet for departementet si satsing på bioenergi er å auke verdiskapinga frå råstoff til bioenergi frå landbruket og frå leveransar av biovarme til andre samfunnssektorar. Det er samtidig eit mål å oppnå positive klima- og energigevinstar. Auka uttak av skogsråstoff til bioenergi er såleis eit viktig element i regjeringa si satsing på auka avverking og bruk av trevirke. Departementet har organisert forvaltninga av midlar til bioenergi i eit bioenergiprogram som Innovasjon Norge forvaltar. Regjeringa viser i Klimameldinga til at det er eit mål å sikre ein målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020. Dette er følgt opp i Regjeringa sin bioenergistrategi (frå april 2008). Departementet sitt bioenergiprogram er eit verktøy i denne samanhengen. Støtte til småskala varmeanlegg, gardsanlegg, pilotprosjekt for biogass og kompetansetiltak er høgt prioritert under programmet. Ved vurdering av anlegg for biogass skal det leggjast vekt på miljøgevinsten i brei tyding, i tillegg til kriteria for energieffektivitet og lønnsemd, og på at det er behov for oppbygging av norsk kompetanse på området. Programmet blei notifisert til ESA i mai 2008, men ESA har enda ikkje teke stilling til notifikasjonen.
Regjeringa la i april 2008 fram Strategi for økt utbygging av bioenergi. I denne strategien er skog peika ut som den viktigaste kjelda for bioenergi i Noreg. I tråd med strategien sette departementet sommaren 2008 i gang eit pilotprosjekt for å utvikle effektiv logistikk og lønnsame verdikjeder knytt til uttak av råstoff til biobrensel frå skog, kulturlandskap og vegkantar. Som ein del av prosjektet skal det foretas ei vurdering av moglege verkemiddel for å få auka produksjonen av skogflis basert på hogstavfall og andre aktuelle kjelder for råstoff, som til dømes virke frå rydning og små tre. Det er óg eit mål å få til eit samarbeid med samferdselssektoren og reiselivsnæringa.
Underpost 50.12 Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon
Formålet med fondet er å gi økonomisk kompensasjon til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av forhold som føretaket ikkje rår over. Frå 2007 omfattar fondet følgjande ordningar:
Som følgje av klimatiske årsaker:
erstatning for avlingssvikt i planteproduksjon
erstatning for tap av bifolk, og svikt i honningproduksjon
Som følgje av katastrofeprega hendingar:
erstatning for tap av sau på beite
Det blir ikkje gitt erstatning dersom tapet kan dekkjast gjennom allment tilgjengelege forsikringsordningar.
Alle erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg blir løyva utanfor jordbruksavtalen på kap. 1143 post 73.
Skadefondet hadde ved inngangen til 2008 ein eigenkapital på 45,2 mill. kroner, medan det er prognosert eit forbruk på 72 mill. kroner. Dei store erstatningssummane i 2008 har samband med skadar årsaka av flaumen på deler av Austlandet i 2007 og tørkeskadar i dei nordlege fylka. Derfor blei det overført ei ekstra løyving på statsbudsjettet for 2008 på 37 mill. kroner frå kap. 70.12 til kap. 50.12. I jordbruksoppgjeret blei det i tillegg omdisponert 45,5 mill. kroner til skadefondet i 2008 av ledige overførte midlar på andre postar frå 2007. Med desse løyvingane vil fondet ha ein tilfredsstillande kapitalsituasjon inn i 2009.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 30 mill. kroner i 2009.
Post 70 Marknadsregulering, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70.11 | Marknadstiltak | 18 879 | 18 900 | 18 900 |
70.12 | Tilskott til råvareprisordninga | 165 758 | 140 100 | 195 100 |
70.13 | Eksportrestitusjon | 5 748 | 6 600 | 6 600 |
Sum post 70 | 190 385 | 165 600 | 220 600 |
Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak
Formålet med marknadstiltaka er å medverke til at ein kan nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og medverke til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekt av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta. For 2009 er det budsjettert med følgjande ordningar finansiert over budsjettet:
Avsetjingstiltak hagebruk: 3,9 mill. kroner
Kollektiv dekking av omsetningsavgift hagebruk: 10 mill. kroner
Tilskott til kadaverhandtering: 5 mill. kroner
Ein gjer framlegg om ei løyving på 18,9 mill. kroner i 2009.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga
Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksportert. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.
På grunn av auka prisar på verdsmarknaden blei det monalege innsparingar på RÅK i 2008. Det blei overført 37 mill. kroner til skadefondet. Likevel var det prognosert ei innsparing på 12 mill. kroner i 2008. I jordbruksoppgjeret blei målprisane auka tilsvarande 870 mill. kroner frå 1.7.2008 og ytterlegare 635 mill. kroner frå 1.1.2009. Dette gir auka forbruk på RÅK-ordningane både i 2008 og 2009. Det er prognosert ein auke på 55 mill. kroner i 2009.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 195,1 mill. kroner i 2009.
Underpost 70.13 Tilskott til eksportrestitusjon
Underposten omfattar no ordninga med eksportrestitusjon for leveransar til spesialmarknader (oljeinstallasjonar, Svalbard, ambassadar m.m.).
Ordningane med eksportrestitusjon for kjøttvarer til eksportmarknader og tilskott til norske cateringselskap som nyttar norske råvarer til fly i utanriksfart er no avvikla.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 6,6 mill. kroner i 2009.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
73.11 | Tilskott til norsk ull | 131 039 | 152 800 | 145 200 |
73.13 | Pristilskott, mjølk | 479 991 | 506 200 | 551 400 |
73.15 | Pristilskott, kjøtt | 535 674 | 642 200 | 711 500 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 6 252 | 5 600 | 6 700 |
73.17 | Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet | 58 227 | 49 500 | 61 000 |
73.18 | Frakttilskott | 187 188 | 211 300 | 222 600 |
73.19 | Prisnedskriving korn | 378 219 | 416 000 | 343 700 |
73.20 | Tilskott matkorn | 79 055 | 86 300 | 86 300 |
73.21 | Prisnedskriving potetsprit | 18 453 | 20 000 | 20 000 |
Sum post 73 | 1 874 098 | 2 089 900 | 2 148 400 |
For pristilskotta under jordbruksavtalen blir partane samde om satsar pr. eining, og løyvinga vil kunne variere som følgje av variasjonar i voluma under dei enkelte ordningane. For post 73 samla inneber ei volumjustering av prognosane i 2009 at forbruket på posten vil auke med om lag 73 mill. kroner samanlikna med 2008. Dei endra satsane i jordbruksoppgjeret gir ei innsparing på 4,5 mill. kroner. I revidert budsjett blei posten auka med 107,7 mill. kroner i 2008 som følgje av at ei overføring blei forsinka frå 2007 til 2008. Samla gir dette ei redusert løyving i 2009 på knapt 40 mill. kroner samanlikna med 2008.
Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull
Tilskottet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg medverke til ei betring av kvaliteten på norsk ull, samt sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
Det blei ikkje foreslått endringar i tilskottet ved jordbruksoppgjeret, prognosert volum er uendra, og ein gjer framlegg om ei løyving på 145,2 mill. kroner for 2009.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.
Formålet med pristilskott til mjølk er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidrar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.
For å sikre avsetning av geitmjølka, og betre effekten av å auke produktiviteten i produksjonen, er satsen i grunntilskottet auka med 14 øre/liter i 2009 til 2,91 kroner pr. liter.
Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 171 øre pr. liter. I årets jordbruksoppgjer blei satsen sett opp med 2 øre pr. liter for alle soner frå sone B og oppover.
Satsendringane inneber ei auka løyving i 2009 tilsvarande 30,6 mill. kroner, medan volumjusteringa aukar løyvingsbehovet med 14,6 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 551,4 mill. kroner til pristilskott mjølk for 2009.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.
Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.
Formålet med distriktstilskotta er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for distriktstilskotta auka med 20 øre/kg i alle soner unntatt sone 1. Distriktstilskott til kylling og kalkun i Agder, på Vestlandet og i Midt-Noreg fekk ein auke på 10 øre/kg. Distriktstilkott til svinekjøtt på Vestlandet blei òg auka med 10 øre/kg, og Agderfylka blei teke inn i same tilskottsgruppa. Dette inneber satsaukingar tilsvarande 21,8 mill. kroner, medan volumjusteringa i 2009 aukar behovet på posten med ytterlegare 47,5 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 711,5 mill. kroner til ordninga med pristilskott til kjøtt for 2009. Av dette utgjer grunntilskottet 91 mill. kroner, medan 620,5 mill. kroner er distriktstilskott.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for egg er uendra, medan volumjusteringa reduserer løyvingsbehovet med 0,6 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 6,7 mill. kroner i 2009.
Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet
Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.
Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og sikre ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.
I jordbruksoppgjeret blei satsane auka tilsvarande 5 mill. kroner, medan volumjusteringa aukar løyvingsbehovet med 6,5 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 61 mill. kroner i 2009.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Underposten omfattar frakttilskott til kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal medverke til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar.
I jordbruksoppgjeret blei det gitt auke i frakttilskotsatsane for korn og kraftfôr med 9 mill. kroner og for kjøtt med 1,4 mill. kroner. Volumjusteringa gir eit auka behov tilsvarande 10,7 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 222,6 mill. kroner i 2009, fordelt med 56,4 mill. kroner til kjøtt, 7,4 mill. kroner til egg og 158,8 mill. kroner til korn og kraftfôr.
Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. I jordbruksoppgjeret er satsen for korn, erter og oljefrø sett ned med 6 øre pr. kg. For å stimulere til auka norsk produksjon av økologisk korn er prisnedskrivinga av økologisk korn auka med 20 øre pr. kg.
Satsendringane reduserer løyvinga med 72,3 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 343,7 mill. kroner for 2009.
Underpost 73.20 Tilskott til matkorn
Tilskottet til matkorn blir gitt både til norskprodusert og importert korn som brukast til produksjon av matmjøl. Formålet med ordninga er å halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskproduserte bakevarer i forhold til import.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for tilskottet ikkje endra.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 86,3 mill. kroner i 2009.
Underpost 73.21 Tilskott til prisnedskriving av potetsprit
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit gjennom marknadsordninga for potet. Det er i 2008 gjort endringar i regelverket omkring avrenspoteter. Dette er venta å gi ein lågare pris på avrenspotet. Partane i jordbruksoppgjeret har på grunnlag av ein forventa redusert råvarekostnad, sett ned tilskott til potetsprit frå 9,50 kroner pr. liter til 7,80 kroner pr. liter. Da løyvinga ikkje er foreslått endra, gir dette rom for et auka kvantum norskprodusert potetsprit.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 20 mill. kroner til ordninga i 2009.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
74.11 | Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon | 951 438 | 1 041 700 | 985 200 |
74.14 | Tilskott til husdyr | 1 871 561 | 1 898 400 | 2 161 100 |
74.16 | Beitetilskott | 352 028 | 410 000 | 459 000 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 3 140 953 | 3 125 969 | 3 121 419 |
74.19 | Regionale miljøprogram | 383 773 | 390 000 | 390 000 |
74.20 | Tilskott til økologisk landbruk | 74 238 | 89 400 | 113 200 |
74.22 | Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel | 5 000 | ||
Sum post 74 | 6 773 991 | 6 955 469 | 7 234 919 |
Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon
Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen, jamne ut skilnader i lønnsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, samt medverke til vidareføring av mjølkeproduksjonen i det sentrale Austlandsområdet. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon og til saueproduksjon er å stimulere storfekjøttproduksjonen og styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon. Ingen har hatt rett på meir enn eitt driftstilskott pr. føretak.
For driftstilskott til mjølkeproduksjon blei satsane auka i jordbruksoppgjeret tilsvarande 6 000 kroner pr. føretak, medan harmoniseringa av satsane mellom samdriftsføretak og enkeltføretak blei vidareført. Tilskottet til føretak med spesialisert kjøttproduksjon blei auka med 11 000 kroner pr. føretak, eller 220 kroner pr. ammeku for dei som har mindre enn 50 kyr.
Ordninga blei òg justert slik at det frå 2009 blir mogleg for same føretak å få driftstilskott for meir enn ein produksjon.
Driftstilskottet til bruk med einsidig sauehald blir frå 2009 flytta over til underpost 74.14 Tilskott til husdyr med ekstra sats for dei første 50 vinterfôra dyr.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 985,2 mill. kroner for 2009.
Underpost 74.14 Tilskott til husdyr
Tilskottet skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og etter storleik på bruk i husdyrhaldet. Ordninga skal òg støtte husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.
Tilskottet blir gitt pr. dyr/slakt og blir avgrensa oppover med ei beløpsgrense. I jordbruksoppgjeret blei grensa for maksimalt tilskott auka med 20 000 kroner pr. føretak til 240 000 kroner. Det blei gitt auke i satsane til alle dei grovfôretande dyra, men relativt mest til sau. Botnfrådraget i samla utbetalt produksjonstilskott pr. føretak blei redusert frå 4 000 kroner til 3 000 kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 2 161,1 mill. kroner i 2009.
Underpost 74.16 Beitetilskott
Underposten er ny frå 2007, og er sett saman av eitt tilskott til dyr som beitar over 8 veker i utmark, og eitt tilskott til dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark) i minst 12-16 veker. Formålet med ordningane er å pleie kulturlandskapet gjennom å få mange dyr på beite, samt å få ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane. Ordningane har òg ei positiv effekt på dyrevelferda.
I jordbruksoppgjeret blei tilskotssatsane auka tilsvarande 53 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 459 mill. kroner i 2009, der tilskott til dyr på utmarksbeite utgjer 223 mill. kroner.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Underposten består av eit kulturlandskapstilskott med same sats pr. daa til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott, og eit arealtilskott der satsane pr. dekar er differensiert ut frå type produksjon og kvar i landet den skjer. Tilskottet skal medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Det er m.a. eit krav at alle føretak skal ha ein miljøplan. Miljøplanen skal medverke til ein meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til vedlikehald og forbetring av miljøgode og kulturlandskap.
Mellom anna for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet blir det i tillegg gitt tilskott pr. dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker som skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, storleik på føretaka og distrikt innanfor planteproduksjon og husdyrproduksjon basert på grovfôr.
I jordbruksoppgjeret blei kulturlandskapstilskottet sett ned med 7 kroner pr. dekar, medan det blei gitt auke i tilskott til grovfôrproduksjon på 10 kroner pr. dekar i distriktssonene 5-7. Intervallgrensene for tilskott grønsaker, frukt og bær blei òg auka.
Av løyvinga på underposten har partane i jordbruksoppgjeret i samsvar med ein plan for utvikling av digitale kart over heile landet fram til 2009, sett av 10 mill. kroner i 2009 som skal vere med å finansiere programmet. Ferdig utvikla vil dette gjere det enklare både for søkjarane og for forvaltninga å målrette og kontrollere ordninga.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 3 121,4 mill. kroner i 2009.
Underpost 74.19 Regionale miljøprogram
Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionale og lokale tilpassa regelverk for økonomisk støtte.
Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i sitt område, og vil medverke til å hindre gjengroing og stimulerer beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tydar på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.
Hedmark og Hordaland var pilotfylke for utprøvinga av regionale miljøprogram i 2005. Frå 2006 har alle fylka i landet vore med i ordninga, og ved utgangen av 2008 er den første 3-årige programperioden gjennomførd. I samband med dette er det òg gjort ei evaluering av ordninga. Dei viktigaste konklusjonane frå evalueringa er at regionale miljøprogram har verka etter intensjonen, og at det er et godt supplement til dei andre landbrukspolitiske verkemidla. Regionale miljøprogram har medverka til gjennomføring av miljøtiltak som elles neppe ville blitt realisert. Samtidig har eit desentralisert forvaltningsregime med mange nye ordningar medført auka forvaltningskostnader, særleg i oppstarten.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 390 mill. kroner i 2009.
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk
Underposten dekkjer ordningane omleggingstilskott, ekstra arealtilskott og husdyrtilskott.
Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av landbruksproduksjonen i landet skjer i form av økologisk produksjon. Målet er at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk i 2015.
I jordbruksoppgjeret blei det gitt auke i satsen for arealtilskott til grøngjødsling og husdyrtilskotta for storfe og sau. Omlegginga av tilskott til areal i karens som blei gjort i fjor inneber at det blir ei auka løyving i 2009. Totalt gir dette ein auke i løyvinga tilsvarande 23,6 mill. kroner i 2009.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 113,2 mill. kroner i 2009
Underpost 74.22 Tilskott til miljøvennlege spreiemåtar av husdyrgjødsel
Husdyrgjødsla utgjer ca ¼ av alt nitrogenet som blir brukt i jordbruket. Gjennom vanleg spreiing forsvinn mykje av nitrogenet i form av ammoniakk (NH3). Dette er ei ordning som finansierer eit pilotprosjekt som har som mål å auke den delen av gjødsla som blir spreia med miljøvennleg spreieteknologi og/eller som blir molda ned.
Det gjeres framlegg om ei løyving på 5 mill. kroner i 2009. Partane i jordbruksoppgjeret er samde om å auke denne løyvinga med 3 mill. kroner alt i 2010.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 75 805 | 81 070 | 86 070 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 7 039 | 7 520 | 7 520 |
77.13 | Tilskott til forsøksringar | 73 400 | 36 400 | 37 900 |
77.14 | Tilskott til pelsdyrfôrlag | 23 200 | 23 200 | 23 200 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 25 628 | 38 740 | 39 740 |
77.17 | Tilskott til fruktlager | 8 293 | 8 000 | 8 000 |
Sum post 77 | 213 366 | 194 930 | 202 430 |
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Tilskott til dyreavl m.m. skal medverke til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa vårt miljø. Ordninga sitt virkeområde er utvida til òg å skulle sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og medverke til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
Frå 2007 blei løyvinga til Landslaget for reinrasa sau flytta til kap. 1139 post 71 med 40 000 kroner. For 2009 er det prognosert 30 mill. kroner til semintenester, 43,3 mill. kroner til veterinærreiser og 12,8 mill. kroner til avlsorganisasjonar.
Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 86,1 mill. kroner for 2009.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med tilskottet er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 7,5 mill. kroner for 2009.
Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving
Frå 2008 er løyvinga til forsking flytta over til post 50.11 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond.
Formålet med ordninga er å medverke til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgiving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgivingstilbod over heile landet.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 37,9 mill. kroner for 2009.
Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr
Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å medverke til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremje ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr og bidra til geografiske utjamning av produksjonskostnader.
Produksjon av pelsdyrskinn har ikkje noko grensevern i Noreg. Tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt. Refusjonsordninga skal medverke til at fôrkostnadene i næringa blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet er å gi norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurranseforhold med andre land.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2009. Løyvinga er fordelt med 17,8 mill. kroner til frakt av pelsdyrfôr og 5,4 mill. kroner i kostnadskompensasjon til pelsdyrfôr.
Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak
Underposten inneheld fleire ordningar som skal medverke til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet. Tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt, bær og grønsaker finansierast kollektivt over jordbruksavtalen framfor via omsetningsavgift, og skal stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker. For å fremje omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten, til produsentsamanslutningar og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva.
Ordninga med premiering for omsetning av økologisk kjøtt i daglegvarehandelen blei flytta til underpost 77.15 frå post 50.12 Landbrukets utviklingsfond med ei løyving på 2 mill. kroner i 2007.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 39,74 mill. kroner i 2009 som er fordelt som følgjer:
Produsentretta rådgiving vedrørande potet og støtte til produsentsamanslutningar: 2,8 mill. kroner
Opplysningsverksemd frukt, grønt og potet: 7,5 mill. kroner
Utvikling av plantemateriale: 9,2 mill. kroner
Kvalitetstiltak settepotetavl: 5,74 mill. kroner
Handlingsplan plantevernmiddel: 13,5 mill. kroner
Premieringsordning for økologisk kjøtt: 3 mill. kroner
Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager
Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremje eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 8 mill. kroner til ordninga i 2009.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
78.11 | Tilskott til avløysing for ferie/fritid | 1 020 055 | 1 068 619 | 1 112 619 |
78.12 | Tilskott til avløysing for sjukdom m.m. | 153 881 | 152 000 | 168 500 |
78.13 | Medlemsavgift til folketrygda | 130 800 | 130 800 | 130 800 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket | 88 000 | 88 000 | 88 000 |
78.15 | Andre velferdstiltak | 28 936 | 80 000 | 84 000 |
78.16 | Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar | 104 733 | 121 035 | 110 035 |
Sum post 78 | 1 526 405 | 1 640 454 | 1 693 954 |
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/ fritid
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å medverke til finansiering av innleie av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar pr. dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka. I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 5 pst., og det maksimale tilskottet pr. føretak blei auka med 2 500 kroner til 58 000 kroner pr. føretak. Tilskottet blir gitt for faktiske lønnsutgifter etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver. Partane i jordbruksoppgjeret blei samde om at de nye satsane skulle gjelde for avløysing i 2008 som blir utbetalt i 2009.
For 2009 gjer ein framlegg om ei løyving på 1 112,6 mill. kroner.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å medverke til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon, heilårs veksthusproduksjon og planteproduksjon i onneperiodar, når brukaren av særlege grunnar, ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.
Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk. Den maksimale dagsatsen blei auka i 2008 frå 1 030 kroner til 1 130 kroner pr. dag.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 168,5 mill. kroner for 2009.
Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda
Av den pensjonsgivande inntekta innanfor jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri og skogbruk skal den enkelte brukaren betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta som lønnsmottakarar betaler. Skilnaden mellom avgifta som er fastsett for sjølvstendig næringsdrivande (10,7 pst.) og avgifta som skal betalast av den enkelte brukaren (7,8 pst.), blir finansiert over jordbruksavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i pensjonsgivande inntekt i jord- og skogbruk. Midlane blir førte over sentralt til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 130,8 mill. kroner for 2009.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket
Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir ytt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget frå 1. dag. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir overført sentralt til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2009.
Underpost 78.15 Tilskott til andre velferdstiltak
Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga og tilskott til landbrukshelsa.
Formålet med Landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det av ymse årsaker. I 2008 blir det etablert ei ny landsdekkjande landbruksvikarordning gjennom avløysarlaga. Den er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Den tidlegare ordninga med kommunalt tilsette landbruksvikarar er vidareført ut 2008 som ein overgangsperiode. Maksimal støtte pr. årsverk er 480 000 kroner. Løyvinga til landbruksvikarordninga blei auka frå 17 til 37 mill. kroner i 2008, og i tillegg blei det overført 27 mill. kroner frå Kommunal- og regionaldepartementets budsjett for 2008.
Partane i jordbruksoppgjeret var samde om at det var viktig å styrkje denne ordninga, og sette av 4 mill. kroner i tillegg for 2009.
Landbrukshelsa er ein ideell stifting oppretta av Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggjande tilbod til alle gardbrukarar og tilsette i landbruket. Landbrukshelsa skal medverke til at gardbrukarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet sitt, og for å skape ein sikker og triveleg arbeidsplass og eit trygt oppvekstmiljø for barna. Det blir sett av 16 mill. kroner til ordninga i 2009.
Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 84 mill. kroner for 2009.
Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar
Formålet med ordninga er å medverke til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 110 mill. kroner for 2009.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilbakebetalte tilskott til reguleringsanlegg | 47 975 | ||
85 | Marknadsordninga for korn | 82 094 | 96 000 | 79 200 |
Sum kap. 4150 | 130 069 | 96 000 | 79 200 |
Post 70 Tilbakebetalt tilskott til reguleringsanlegg
Posten omfattar anlegg som det tidlegare er gitt tilskott til over jordbruksavtalen for at dei skal fungere som reguleringslager hos marknadsregulator for å kunne ta ut dei avtalte prisane. Når desse lagra blir selde eller omdisponert til andre formål før dei er nedskrivne, må marknadsregulator betale tilbake deler av tilskottet. I 2007 blei det tilbakeført 48 mill. kroner på denne posten. Av dette kom vel 37 mill. kroner frå Gartnerhallen sine omdisponerte anlegg, medan vel 10 mill. kroner kom frå Nortura sine anlegg. I 2008 er det tilbakebetalt 8,6 mill. kroner frå omdisponerte Nortura-anlegg. Dei tilbakebetalte løyvingane frå reguleringsanlegga er overført til post 50.11 LUF i samband med jordbruksoppgjera i 2007 og 2008.
Det er ikkje kjend at nokon anlegg vil endre status i 2009, og det er ikkje foreslått løyving på posten.
Post 85 Marknadsordninga for korn
Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ordninga med å påleggje prisutjamning på proteinråvarer og karbohydratfôr som ikkje er importert med toll, har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr.
I jordbruksoppgjeret blei målprisen på protein auka tilsvarande prisauken på fôrkorn i tråd med dei retningslinjene som er sett for ordninga. Det blei rekna å utgjere ei meirinntekt på vel 46 mill. kroner. Prisutjamningsbeløpet er òg påverka av prisane på verdsmarknaden. Dei høge verdsmarknadsprisane på korn og kraftfôr gjer at løyvinga på posten går ned med 63 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving i 2009 på 79,2 mill. kroner.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
51 | Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet | 40 300 | 39 800 | 35 900 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 5 900 | 6 200 | 6 200 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast | 48 818 | 49 200 | 53 100 |
79 | Velferdsordningar | 1 800 | 1 800 | 1 800 |
82 | Kompensasjon for kostnader vedkommande radioaktivitet i rein | 2 123 | ||
Sum kap. 1151 | 98 941 | 97 000 | 97 000 |
Mål og strategiar
Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.
Dei mål og retningslinjer som ligg til grunn for reindriftspolitikken er trekte opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift, og Innst. S. nr. 167 (1991-92), samt dei justeringar og nye moment som er vektlagde ved Stortingets si behandling av den årlege reindriftsavtaleproposisjonen og ved den årlege behandlinga av statsbudsjettet. Hovudstrategien er å skape ei meir berekraftig reindrift. Med dette forstår ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i ein innbyrdes samanheng: Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gjer økologisk og økonomisk berekraft det mogleg å utvikle kulturell berekraft.
Reindrifta er ei lita næring i nasjonal målestokk, men både i samisk og lokal samanheng har den stor verdi når det gjeld økonomi, sysselsetjing og kultur. Reindrifta er såleis ein viktig del av det materielle grunnlaget for samisk kultur.
Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken.
For nærmare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken syner ein til omtale under kat. 15.30 og til St.prp. nr. 63 (2007-2008) og Innst. S. nr. 319 (2007-2008). Nærmare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapitlet går fram av budsjettframlegget for 2009.
Resultatrapport 2007
Samla sett er reindrifta i ei positiv økonomisk utvikling. Dette har i det vesentlegaste samanheng med eit høgt slakteuttak og ein auke i prisen på reinkjøtt. Auken har vore særleg positiv for reindrifta i Finnmark. I Finnmark har ein hatt ein prisauke på 20 pst. frå 2003/2004 til inneverande sesong. Når det gjeld slakteutak i Finnmark, har det auka med heile 57 pst. frå perioden 2001/2003 til perioden 2004/2007. Inntektsnivået er derimot generelt lågt i næringa. Godtgjering til arbeid og eigenkapital er førebels utrekna til om lag 130 000 kroner pr. årsverk i 2007 mot 141 000 kroner i 2006. Det er store regionale skilnader, og utviklinga er bekymringsfull i delar av Nordland og Nord-Trøndelag ved at produksjonen er monaleg redusert dei to siste åra grunna store tap.
Radioaktivt nedfall etter Tsjernobylulykka i 1986 skaper framleis ekstra kostnader for reindriftsnæringa. Ei tiltakspakke blir finansiert av staten for å halde næringsutøvarane i reindrifta økonomisk skadeslause, jf. omtale under kap. 1147 post 82.
Reindriftsavtalen for 2008/2009
Regjeringa sin reindriftspolitikk er basert på Stortinget sine føresetnader og ut frå den situasjonen ein står overfor i næringa. Reindriftsavtalen for 2008/2009 har ei ordinær ramme på 97 mill. kroner. Dette er tilsvarande løyving som i Reindriftsavtalen 2007/2008.
I forkant av forhandlingane blei Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) orientert om at reindriftsfrådraget vil bli auka til same nivå som jordbruksfrådraget og det særskilte frådraget for skiferproduksjon. Dette inneber at frå og med inntektsåret 2009 vil minstefrådraget auke frå 36 000 kroner til 54 200 kroner pr. år. Vidare aukar frådragprosenten frå 19 pst. til 32 pst. for inntekt opp til eit samla frådrag på 142 000 kroner. Auken av reindriftsfrådraget inneber eit provenytap på 3,7 mill. kroner. Omrekna til inntekt før skatt, tilsvarande metoden som blir nytta i jordbruksforhandlingane, tilsvarer auken av reindriftsfrådraget ein auke av avtaleramma på 5,6 mill. kroner.
Resultatet av forhandlingane om Reindriftsavtalen 2008/2009 inneber ein avtale som skal leggje til rette for auka omsetnad av reinkjøtt, samt å stimulere næringa til størst mogleg slakteuttak og verdiskaping innanfor gjevne rammer. Dei tilskotta som er knytte til produksjon er vidareførte. Desse tilskotta legg til rette for auka slakting og produksjon. Tiltaka som er forhandla fram underbyggjer den dreiing ein har hatt i reindriftsavtalen sine verkemiddel dei siste åra, med eit større næringsretta fokus og ei tilrettelegging for dei utøvarane som har reindrift som hovudnæring.
I tillegg til sjølve avtalen er det i sluttprotokollen til avtalen semje om at regelverket for radioaktivitetstiltak i slaktesesongen 2008/2009 blir fastsett etter dei same prosedyrar som forskriftene etter reindriftsavtalen.
Avtalen har ein eigen protokolltilførsel frå NRL vedrørande reindrifta sine avgifter knytte til kjøp og bruk av driftsmidlar. NRL viser til at reindrifta oppfattar dagens avgiftsregime som både urimeleg og urettferdig, og forventar at reindrifta blir behandla som ei næring, og på den måten blir sidestilt med andre primærnæringar i Noreg når det gjeld avgiftsfritak i samanheng med kjøp og bruk av driftskjøretøy.
Budsjettframlegg 2009
Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2009 i samsvar med Stortinget si behandling av reindriftsavtalen for 2008/2009, jf. Innst. S. nr. 319 (2007-2008). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. For nærmare omtale syner ein til St.prp. nr. 63 (2007-2008) og Innst. S. nr. 319 (2007-2008). Når det gjeld tilskottsforvaltninga, har ein til dels same behov for avvik i forhold til normalprosedyren fastsett i Bestemmelser om økonomistyring i staten som for ordningane under jordbruksavtalen. Dette gjeld ordningar under post 75 med omsyn til kriterium for måloppnåing, rapportering, kanalisering av midlane og kontroll. Når det gjeld post 79, utgjer forvaltninga berre overføring av midlar til folketrygda.
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
Reindrifta sitt utviklingsfond kan nyttast til praktiske tiltak i næringa som t.d. investeringar i anlegg til bruk i utøvinga av reindrift og investeringar knytte til tilleggsnæringar. Fondet kan òg gi støtte til å fremje faglege tiltak i reindrifta, samt støtte til tiltak av allmenn interesse for samisk kultur. Fondet kan yte lån eller tilskott knytt til etablering i næringa.
Frå fondet blir det gjort følgjande avsetjingar:
4,5 mill. kroner til forsking og rettleiing
2,0 mill. kroner til Samisk utviklingsfond for å støtte opp under kombinasjonsnæringar der reindrifta går inn som ein komponent
1,4 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak
7,7 mill. kroner over RUF til verdiskapingsprogrammet for reindrift
1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak
2,0 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga
2,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak
0,5 mill. kroner til sikring av reindrifta sine areal
Ein gjer framlegg om ei løyving på 35,9 mill. kroner for 2009.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er føreslått vidareført med 6,2 mill. kroner, her medrekna 0,2 mill. kroner til HMS-tiltak i reindrifta, samt 0,1 mill. kroner til møter i Kontaktforumet for reinkjøttomsetning.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
75.11 | Frakttilskott | 1 264 | 2 500 | 2 000 |
75.12 | Tilskott til driftseiningar og tamreinlag | 33 841 | 33 200 | 36 300 |
75.13 | Distriktstilskott | 8 358 | 8 500 | 8 500 |
75.18 | Tidlegslaktetilskott i Finnmark | 5 354 | 5 000 | 6 300 |
Sum post 75 | 48 818 | 49 200 | 53 100 |
Tilskotta skal medverke til å fremje ei berekraftig reindrift, kvalitet, produktivitet, heve inntekta, samt verke utjamnande mellom einingar i næringa. Ein gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 53,1 mill. kroner for 2009 som er ein auke på 3,9 mill. kroner i høve til 2008, jf. omtalen nedanfor.
Underpost 75.11 Frakttilskott
Formålet med frakttilskottet er å medverke til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt. Ein gjer framlegg om ei løyving på 2 mill. kroner.
Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag
Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:
Produksjonspremie: Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Siidaandelene sin produksjonspremie blir rekna med 25 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Ved sal av livdyr blir det rekna produksjonspremie berre i tilfelle der kjøparen har fått livdyrlån etter Forskrift om Reindriftens Utviklingsfond kap. 2. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,4 mill. kroner pr. siidaandel og 1 mill. kroner pr. tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapa danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 20,5 mill. kroner til produksjonspremie.
Driftstilskott: Formålet med ordninga er å kompensere for nokre av utgiftene i reindrifta. Tilskottet blir utbetalt med ein sats på 10 000 kroner pr. siidaandel i alle reinbeiteområda. I dei siidaandelane der kvinner står som enkeltinnehavarar og/eller eigaren av siidaandelen er under 30 år pr. 1.1.2009, er driftstilskottet på 25 000 kroner. Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel til ungdom under 30 år vidareførast med 30 000 kroner pr. siidaandel. Tilskottet blir gitt dei tre første åra etter overdraging. Etablerte mellombels einingar i samanheng med generasjonsovergangar, omfattast ikkje av ordninga. Det er sett av 6,3 mill. kroner til driftstilskott.
Kalveslaktetilskott: Satsen for tilskottet er auka frå 180 kroner til 200 kroner pr. kalv. Kalveslaktetilskottet er avgrensa til å gjelde slakt i perioden frå 15.8.2007-31.12.2007 for å stimulere til størst mogleg haustslakting. Det er sett av 6,6 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskot.
Ektefelletillegg: Ny reindriftslov sidestiller ektefeller og sambuarar. For å fylje opp dette som eit ledd i ein kvinne- og familiepolitikk er avtalepartane samde om at tillegget til ektefellar blir utvida til å gjelde siidaandeler der begge ektefeller eller sambuarar driv aktiv reindrift. Tilskottet blir utbetalt med ein sats på 35 000 kroner. Det er sett av 2,9 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.
Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 36,3 mill. kroner.
Underpost 75.13 Distriktstilskott
Formålet med distriktstilskottet er å medverke til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Tilskottet skal òg gi grunnlag for at distrikta skal ha ansvar for finansiering av kostnader ved avløysing under sjukdom og svangerskap utover dei allmenne ordningane i Folketrygda. For at tilskott til distrikt skal kunne gjevast må det i distriktet vere utøvd ei reindrift som er i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande lover og forskrifter for næringa. Gjelande regelverk og satsar for avtalen 2007/2008 vidareførast.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 8,5 mill. kroner.
Underpost 75.18 Tidlegslaktetilskott
Det geografiske virkeområdet for tidlegslaktetilskottet utvidast til å gjelde for alle dei samiske reinbeiteområda. Tidlegslaktetilskottet blir utrekna på bakgrunn av slakt i perioden 15.8.2008 – 31.12.2008. Uttaket kan gjennomførast både på sommarbeita og på haustbeita. Satsen for tidlegslaktetilskottet i Troms og Finnmark blir sett til 7 kroner pr. kg for rein som blir teken ut for slakt på sommarbeita og før brunst, og 4 kroner pr. kg etter brunst. For dei andre områda blir satsen sett til 4 kroner pr. kg for heile perioden.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 6,3 mill. kroner til ordninga med tidlegslaktetilskott.
Post 79 Velferdsordningar
Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.
Den enkelte reineigar skal betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta lønnsmottakarane betalar. Skilnaden mellom den avgifta som er fastsett for private næringsdrivande (10,7 pst.) og den avgifta som skal betalast av den enkelte reineigar (7,8 pst.) blir finansiert over reindriftsavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i utviklinga i pensjonsgjevande inntekt i reindrifta.
Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførde sentralt til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,8 mill. kroner.
Ordninga med tidlegpensjon og særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap blir vidareførd. Ordningane blir finansiert over Reindrifta sitt utviklingsfond.
Kap. 1161 Statskog SF - forvaltningsdrift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskott til forvaltningsdrift | 14 703 | 14 703 | 14 703 |
75 | Oppsyn i statsalmenningar | 7 423 | 8 023 | 8 523 |
Sum kap. 1161 | 22 126 | 22 726 | 23 226 |
Post 70 Tilskott til forvaltningsdrift
Mål og strategiar
Målet for Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningslinjer. Føretaket skal òg arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Samtidig er det knytt kostnader til å vere til stades og ha oppsyn med store areal der det ikkje er aktuelt med næringsverksemd. Forvaltningsoppdraget er regulert i ei eiga avtale. Denne avtalen blei revidert og fornya i 2007, som følgje av at Statskog SF ikkje lenger har forvaltningsoppgåver i Finnmark. Departementet styrer aktiviteten gjennom tilskottsbrev og styringsmøte på same måten som anna forvaltningsverksemd.
Innanfor skogbruk følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytt til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.
Vidare gjer Statskog SF offentlegrettslege oppgåver, der føretaket handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Administrasjonsutgiftene knytt til tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar, går òg inn her.
I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje ikkje lovpålagde oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningslinjer frå departementet. Statskog SF har eit eige feltapparat knytt til naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging medverke til sikring av naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit geografisk areal på knapt 40 mill. daa. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgjevarar, m.a. miljøvernstyresmaktene. I 2008 ble det inngått ei ny samarbeidsavtale mellom Statskog SF og Statens Naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO i Nordland og Troms.
Tilrettelegging for friluftslivet er ei hovudoppgåve for Statskog SF. Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive jakt, fiske og anna friluftsliv på føretakets areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket ope husvære i fjellet, merkar stiar og løyper, og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.
Resultatrapport 2007
På post 70 er det i 2007 rekneskapsført 14,7 mill. kroner som er i samsvar med løyvinga. Til arbeid med friluftsliv blei det i 2007 brukt 5,5 mill. kroner, noko som er 0,6 mill. kroner mindre enn året før, eit resultat av redusert totalramme og sterk auke i innsatsen på andre grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt. Tiltaka omfattar ordinært tilsyn og vedlikehald knytt til etablerte tilbod, i tillegg til friluftsarrangement, stimuleringstiltak, informasjonsarbeid o.a.
Rekneskapen syner at det er nytta 2,2 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2007, noko som er 0,3 mill. kroner mindre enn året før. Om lag 13 000 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. I tillegg er det avverka om lag 6 000 m3 til inntekt for Statskog SF.
Vidare syner rekneskapen at det i 2007 blei brukt vel 6,5 mill. kroner til oppsyn og andre grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt, ein auke på om lag 0,7 mill. kroner frå 2006. Auken skuldast for det meste kostnadar knytt til arbeidet med Statens kulturhistoriske eigedommar. Fjelltjenesten fører tilsyn med aktivitet på Statskogs grunn i Nordland og Troms. Tilsynet retter seg mot oppføring av ulovlege bygg og anlegg og anna bruk av områda. Det blei i 2007 lagt auka vekt på oppsyn og kontakt med reindriftsutøvarane.
Fond knytt til forvaltningsoppgåvene
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond kalla Grunneigarfondet. Bruken av Grunneigarfondet, som pr. 31.12.2007 var på 23,831 mill. kroner, er regulert i § 12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet m.a. brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. Grunneigarfondet auka med 5,37 mill. kroner frå 2006 til 2007. Den store auken frå 2006 har bakgrunn i innløysing av festetomter i statsallmenningane, men òg auka festeinntekter som fylgje av reguleringane. Det er venta ein fortsett auke i festeinntektene for neste år.
Allmenningsfonda var pr. 31.12.2007 på 24,1 mill. kroner. Fonda skal saman med skogavgiftsfonda brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning.
Budsjettframlegg 2009
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,7 mill. kroner.
Posten femner tilskott til Statskog SF sitt arbeid med lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver, det vil seie dei oppgåvene som inngår i forvaltningsoppdraget frå Landbruks- og matdepartementet til Statskog SF. Statskog SF si rapportering syner at det er ressursbehov i samband med oppfølging av handlingsplanen for kulturhistoriske eigedommar og ivaretaking av desse. Skogtakstane for statsallmenningane ventast ferdigstilt i 2008. Landskapsplanar for samanhengande eigedommar over 10 000 dekar er under oppstart, men vil for Trøndelag fyrst starte i 2009. Vidare skal Statskog SF leggje til rette for allmentas bruk og tilgang til areala med mål om å auke friluftslivet. Hovudsatsingane blir oppfølging av tverrdepartemental handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009, Statskogs reviderte handlingsplan for friluftsliv 2009-2011 og kulturminnevern i Sølvverksskogene på Kongsberg. Innsatsen skal rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod, i tillegg til vidareføring av arbeidet med tilgjengleggjering, informasjon og motivasjon av desse tilboda. Statskog SF har ut over dette framleis utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære, stigar, bruer o.a. som treng opprusting. Det er eit generelt etterslep med omsyn til vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast vedlike, sjølv om dei ikkje har offisiell vernestatus.
Gjennomgang av refusjonsordninga for fjellstyra, opplæring av allmenningstyra, og vidare arbeide med seterregisteret vil òg vere viktige oppgåver for Statskog SF i 2008 og 2009.
Det er behov for høg aktivitet når det gjeld tilsyn med Statskog SF sine areal, m.a. for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka som ikkje gir inntekter. Døme på slike brukarar er reindriftsnæringa (arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk), forsvaret (grunn som ikkje blir festa, men rekvirerast ved øvingar) og eigedomstilsyn overfor kontraktlause byggverk m.m. Dette er m.a. viktige oppgåver for Fjelltenesta i Nordland og Troms.
Post 75 Oppsyn i statsallmenningar
Mål og strategiar
Posten dekkjer tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Når tilsetjinga er skjedd i samsvar med oppsynsordning som departementet har godkjent, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene av statskassa. Ordninga skal leggje til rette for å ivareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 mill. daa, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkninga sin rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å medverke til berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal vidare førebyggje miljøkriminalitet og medverke til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan gjevast politifullmakt etter lov av 4. aug 1995 nr. 53 § 20 om politiet. Oppsynsmenn blir lønt av fjellkassa. Fjellstyret gir instruks for oppsynstenesta. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.
Resultatrapport 2007
I 2007 blei det gitt 8 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane etter ein nøkkel som tilgodeser nye ordningar og små fjellstyre. Vel halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, medan dei resterande midlane er anvendt til saksbehandling og anna innearbeid som gir rett til tilskott. For 2007 er det rapportert om 8 344 kontrollar, ein nedgong på 986 samanlikna med 2006. Det er knytt noko usikkerheit til tala, då rapporteringa ikkje har vore heilt lik frå år til år. Som i fjor er det utført flest kontrollar av fiske og jakt, medan kontroll av motorferdsel, vernereglar og anna berre står for ein liten del av den samla aktiviteten. Det er rapportert om 83 ulovlege forhold, 42 færre jamført med fjoråret. Det er ein fallande tendens i rapportar om forhold knytt til jakt og fiske, medan rapportar om ulovlege forhold knytt til motorferdsel og vernereglar held seg på eit jamt nivå.
Budsjettframlegg 2009
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,5 mill. kroner. Posten er styrkt med 0,5 mill. kroner. Fjelloppsynet omfattar i dag om lag 57 årsverk. Departementet legg til grunn at styrkinga av posten gir grunnlag for eit meir synleg oppsyn i statsallmenningane og gir rom for auka tilrettelegging for friluftsliv. Landbruks- og matdepartementet vil i samarbeid med Miljøverndepartementet medverke til å gjere tydeleg behov for samarbeid og rolleforståing når det gjeld statleg oppsyn i statsallmenningar og forholdet mellom Statens naturoppsyn og fjellstyra sine oppsynsordningar.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Avgifter i matforvaltninga | 561 386 | 548 838 | 594 552 |
71 | Totalisatoravgift | 119 039 | 105 000 | 105 000 |
72 | Miljøavgift, plantevernmiddel | 69 471 | 65 000 | 65 000 |
Sum kap. 5576 | 749 896 | 718 838 | 764 552 |
Post 70 Avgifter i matforvaltninga
Det er på posten budsjettert sektoravgifter i matforvaltninga. Ein syner til kap. 4115 post 01 for nærmare omtale av gebyrordningane i Mattilsynet.
Ved etablering av Mattilsynet blei det etablert eit tredelt system for finansiering gjennom gebyr og avgifter. Den første delen gjeld gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.
Avgiftene omfatta frå etableringa av Mattilsynet i 2004, avgift på fôr til dyr utanom matproduksjon og ulike matproduksjonsavgifter. Seinare er enkelte andre gebyrordningar gjort om til avgifter. Dette gjeld m.a. drikkevatn og kosmetikk.
Matproduksjonsavgiftene skal dekkje tilsyn og kontroll langs heile matproduksjonskjeda etter matlova. Avgiftene skal òg dekkje tilsyn og kontroll med dyrevelferd, med dyrehelsepersonell og med avl knytt til dyr som går inn i produksjon av næringsmiddel.
Matproduksjonsavgiftene er for 2009 delt inn i 11 ulike avgifter. Nivået på avgiftene kjem an på om det er norsk eller importert vare. For norskproduserte varer er det ulikt avgiftsnivå for animalia og vegetabilier. For animalia er det òg ulikt avgiftsnivå for landbaserte varer og fisk/sjømat. Satsane er i pst. av verdi, med unntak av for kjøtt, mjølk og fisk som har avgiftssatsar basert på vekt/volum. For importerte varer skil avgiftene mellom råvarer og halvfabrikata/ferdigvarer.
For mjølk har det tidlegare blitt gjort ei administrativ omrekning frå verdibasert sats til fast sats pr. liter mjølk. Departementet legg for 2009 opp til ei direkte fastsetjing av ein avgiftssats pr. liter mjølk.
Det blir ikkje lagt opp til endringar i avgiftssatsane i 2009.
Tabell 2.16 Oversikt over avgifter i matfovaltninga
(i mill. kroner) | |
---|---|
Nemning | Beløp |
Matproduksjonsavgifter: | |
Norskproduserte varer | 275,4 |
Importerte varer | 211,2 |
Sjømat | 35,4 |
Andre avgifter: | |
Planter som ikkje er mat | 16,0 |
Kosmetikk | 3,0 |
Avgift på drikkevatn (vassverk) | 32,0 |
Avgift på planteforedling og naturleg mineralvatn | 0,5 |
Avgift på fôr til selskapsdyr | 21,0 |
Sum avgifter | 594,5 |
Dette vil gi følgjande satsar for matproduksjonsavgift:
Norskproduserte varer:
kjøtt: 49 øre/kg
mjølk: 6,34 øre/liter
andre animalia: 1,92 pst.
vegetabilier: 0,80 pst.
Importerte varer unntatt sjømat:
råvarer: 1,14 pst.
ferdigvarer og halvfabrikata: 0,71 pst.
Sjømat:
fisk til konsum landa frå EØS-fartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn (råstoff)
fisk landa frå tredjelandsfartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn
fisk teke ombord på norsk fabrikkfartøy eller omlasta til utanlandsk fartøy: 14,60 kroner pr. mottatt tonn
produksjonsavgift for oppdrettsfisk: 14,60 kroner pr. mottatt tonn fisk til slakting
importerte fisk og fiskevarer: 14,60 kroner pr. tonn
Post 71 Totalisatoravgift
Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.
I 2007 var den samla omsetninga på totalisatorspel 3 163 mill. kroner. Dette var ein auke på 383 mill. kroner frå året før. For 2009 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 2 800 mill. kroner.
For 2009 gjer ein framlegg om ei løyving under posten på 105 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga.
For å hindre uønskt reklame er det no fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel.
Lotteri og stiftelsestilsynet har fått oppgåva å kontrollere alt spel i Noreg. Dette inneber òg ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglement som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.
Post 72 Miljøavgift, plantevernmiddel
Miljøavgift er eit av fleire verkemiddel for å nå nasjonale og internasjonale miljømål. Gjennomføringa av tiltaka er dokumentert i systemet med resultatkontroll i jordbruket.
Plantevernmiddel blir plasserte i sju avgiftsklasser i forhold til helse- og miljørisiko. Avgifta er arealbasert og differensiert etter midlane sin risiko for helse- og miljøskadar.
Den femårige handlingsplanen for redusert bruk av plantevernmiddel avsluttast i 2008. Omsetningstala syner at ein har fått ein overgang til plantevernmiddel i lågare avgiftsklasser, dvs. middel med lågare miljø- og helserisiko.
For at avgifta skal få tilstrekkeleg effekt i forhold til målsetjinga knytt til plantevernmiddel, vurderast nivået på avgifta i samband med dei årlege budsjettframlegga. Det blir lagt til grunn uendra avgiftsnivå for 2009 og ein gjer framlegg om ei løyving under posten på 65 mill. kroner.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 | Pst. endr. 08/09 |
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet: | 1 622 | 950 | 950 | 0,0 |
5652 | Innskottskapital i Statskog SF: | 5 200 | 5 000 | 5 000 | 0,0 |
Sum kategori 15.40 | 6 822 | 5 950 | 5 950 | 0,0 |
I kategorien er utbytte frå Graminor AS, Staur Gård AS, Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO), Kimen Såvarelaboratoriet AS og Statskog SF budsjettert.
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
85 | Utbytte | 1 622 | 950 | 950 |
Sum kap. 5651 | 1 622 | 950 | 950 |
Post 85 Utbytte
Ein budsjetterer med eit samla utbytte på 0,95 mill. kroner frå selskap under Landbruks- og matdepartementet i 2009.
Graminor AS
Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetning av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og statleg tilskott jf. omtale under kap. 1143 post 74.
Staten sin eigardel i selskapet er 34 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene når det gjeld planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde i 2007 ein omsetnad på 47,1 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 3,9 mill. kroner. Det blei utbetalt 2,1 mill. kroner i utbytte og av dette blei om lag 0,6 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2009, m.a. fordi det gode resultatet i 2007 skuldast at verksemda dette året har vore av til dels ekstraordinær karakter knytt til omstrukturering, og at kapitalbehovet framleis er stort grunna omstrukturering av verksemda.
Staur Gård AS
Staur Gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur Gård. Garden er i statleg eige for å sikre bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir teke vare på. Selskapet blei etablert for å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse samfunnsmessige omsyna.
Staur Gård AS hadde i 2007 ein omsetnad på 4,7 mill. kroner og eit overskott på 0,13 mill. kroner. Ein syner elles til omtale under kap. 1100 post 70.
Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO)
VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Landbruks- og matdepartementet eig pr. juli 2008 51 pst. av aksjane. Dei resterande 49 pst. av aksjane er eigd av Aquanova Invest AS. Omsetninga i 2007 var på 157 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 9 mill. kroner frå 2006. Det meste av omsetninga er knytt til norsk oppdrett og akvakultur. Resultatet etter skatt blei 0,021 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte til Landbruks- og matdepartementet på 0,765 mill. kroner for 2007.
Kimen Såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS blei etablert 1.7.2004 etter at det tidlegare Såvarelaboratoriet blei skilt ut frå Mattilsynet, jf. St.prp. nr. 63 (2003-2004).
Selskapet er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar.
Selskapet har sitt virke retta mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester m.a. til Mattilsynet, samt rettleiing og opplæring i såvarespørsmål, er ein del av hovudoppgåvene.
Statens eigardel i selskapet er 51 pst. I tillegg eig Felleskjøpet Agri BA 34 pst. og Strand Brænderi AS 15 pst.
Selskapet hadde i 2007 ein omsetnad på 12 mill. kroner og eit overskot etter skatt på 0,95 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte på 0,55 mill. kroner, og av dette blei 0,28 mill. kroner utbetalt til Landbruks- og matdepartementet. Selskapet har hatt ei særs god resultatutvikling sidan etableringa i 2004 og fram til og med 2007. Ein forventar ei noko svakare utvikling i 2008 og 2009.
Kap. 5652 Innskottskapital i Statskog SF
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
85 | Utbytte | 5 200 | 5 000 | 5 000 |
Sum kap. 5652 | 5 200 | 5 000 | 5 000 |
Post 85 Utbytte
Mål og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag 65 000 km2, tilsvarande 1/5 av landarealet. 5 pst. av dette er produktivt skogareal, noko som gjer Statskog til landets største skogeigar med 7 pst. av det samla skogsarealet i landet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite m.m.).
Statskog SF er med sin kompetanse og erfaring innanfor skog- og utmarksoppgåver ein sentral aktør i forvaltninga av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg eit viktig instrument for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF har verdifull kompetanse knytte til berekraftig forvaltning av skog- og utmarksareal. Føretaket sitt engasjement i Norwegian Forestry Group (NFG) er med på å gjere denne kompetansen tilgjengeleg i samband med norsk miljøretta utviklings- og bistandsarbeid. I 2007 har Statskog SF deltatt i institusjonsarbeid i Uganda, Makedonia og Serbia. I Uganda har Statskog SF over lengre tid vore sentralt involvert i oppbygginga av eit offentleg skogoppsyn i landet.
Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Utbyttepolitikk
Utbyttet frå Statskog SF blir fastsett etter utbyttepolitikk fastsett av Landbruks- og matdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte i løpet av første halvår etter resultatåret. Utbyttet blir sett til 75 pst. av årsresultatet i konsernet inntil utbyttet svarar til statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførde eigenkapitalen til konsernet.
Resultatrapport 2007
Statskog SF har òg i 2007 vore prega av omstilling av verksemda etter dei store endringane etableringa av Finnmarkseigedommen i 2006 medførte. Som ein del av omstillinga omorganiserte Statskog SF heile verksemda med verknad frå januar 2007, slik at ho no er betre innretta for å løyse utfordringane innanfor områda skog, energi, eigedom og friluftsliv.
Nøkkeltal og utbytte
Konsernresultatet etter skatt er på 34,950 mill. kroner. Dette gir ei avkastning på konsernets bokførte eigenkapital på 12,7 pst. Driftsresultatet er ei monaleg forbetring frå førre år, og det beste føretaket har levert dei siste 5 åra. Store deler av inntektene i 2007 er knytt til erstatningar for barskogvern og sal av eigedom. Føretaket har òg hatt ekstraordinære kostnader til omstilling. Dersom ein ser bort frå dei ekstraordinære inntektene og kostnadene er føretakets driftsresultat på om lag 8 mill. kroner.
Statens utbytte for 2007 er fastsett til 12,6 mill. kroner, tilsvarande statens innlånsrente multiplisert med den gjennomsnittlege bokførde eigenkapitalen til konsernet. Dette er i tråd med utbyttepolitikken fastsett av Landbruks- og matdepartementet.
Budsjettframlegg 2009
Det sterke resultatet frå Statskog SF i 2007 skuldast i stor grad ekstraordinære inntekter knytt til erstatningar for skogvern. Med bakgrunn i resultatet for 2007 der ein ser bort frå ekstraordinære inntekter og utgifter, anslår departementet at utbytte frå Statskog SF for resultatåret 2008 blir 5 mill. kroner. Endeleg berekning av utbytte vil bli gjort i tråd med utbyttepolitikken, og endringar vil bli tekne inn i revidert nasjonalbudsjett for 2009. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2009.