Del 3
Omtale av særlege tema
3 Sektorovergripande miljøvernpolitikk
Det er ei kontinuerleg oppgåve for styresmaktene å sørgje for at det samla offentlege verkemiddelapparatet blir innretta mot å nå nasjonale miljøvernpolitiske mål og gir positive miljøeffektar. Miljøarbeidet i kvart departement skal skje med utgangspunkt i sektorovergripande miljømål som blir utarbeidd av Miljøverndepartementet og lagt fram i Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand (RM).
Som andre sektordepartement arbeider Landbruks- og matdepartementet tett med Miljøverndepartementet i utarbeiding av stortingsmeldingar på miljøområdet, til dømes St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand (RM) og St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk som blei lagt fram våren 2007.
Landbruks- og matdepartementet sin miljøstrategi 2008-2015 er lagt fram. Den legg vekt på korleis departementet kan styrkje og utvikle miljøinnsatsen i landbruket, og med dette følgje opp regjeringa sin miljøvernpolitikk og Soria Moria-erklæringa. Klimaendringane vil skape store utfordringar for landbruket både nasjonalt og internasjonalt. Departementet har derfor etablert eit internt klimaprosjekt, og vil våren 2009 leggje fram ei stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken og klimautfordringane, jf. kat. 15.30.
Miljøarbeidet i landbruks- og matsektoren er nærmare omtalt under kat. 15.20 Forsking og innovasjon, kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak, og under kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av arbeidet til Landbruks- og matdepartementet. Departementet si miljøsatsing omfattar særleg vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminnar, bruk og vern av dei genetiske ressursane, bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til m.a. opplevingar og friluftsliv.
Økologisk matproduksjon
Satsinga på økologisk matproduksjon skal medverke til å gjere det norske jordbruket meir berekraftig og miljøvennleg, og til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Regjeringa har, jf. Soria Moria-erklæringa, som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. Målsetjinga er følgt opp gjennom fleire tiltak. Sjå kat. 15.30 for nærmare omtale.
For å nå målet om 15 pst. forbruk er det viktig at det offentlege kan gå føre som forbrukar av økologisk mat. I 2008 sette Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet i gong det toårige prosjektet Økoløft i kommunar. Målet med prosjektet er å auke kommunane sitt forbruk av økologisk mat og å kople dette mot lokal produksjon.
Grøn stat
Landbruks- og matdepartementet har innført miljøleiing, og til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ein kortfatta handlingsplan. Hovudmålsetjinga er at departementet skal gjennomføre sine oppgåver med ein så liten miljøpåverknad som mogleg. Omsynet til miljøet skal sikrast i planlegging og utføringa av alle departementet sine innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar. I handlingsplanen er det spesielt fokusert på avfall, transport, energi og innkjøp. Landbruks- og matdepartementet vurderar innføring av tekniske tiltak for å redusere mengda av utskriftar som ikkje blir henta for å slik redusere bruken av kopipapir. Vidare vil ein som hovudregel ikkje senda ut papirkopiar av høyringsgrunnlag, men distribuera opplysningar til dette elektronisk. Det er etablert fleire møterom til bruk for telefonkonferansar, noko som er med på å minske reiseverksemda, vidare vil departementet og verksemdene ha utvikla strategiar for å ytterlegare redusere reiseverksemda, t.d. ved bruk av videokonferansar og elektroniske møte. Departementet har teke i bruk alle delar av dei returordningane for avfall som er i regjeringskvartalet. Landbruks- og matdepartementet er òg pådrivarar ovanfor eksterne tenesteleverandørar med tanke på miljøomsyn.
4 Fornying, organisasjons- og strukturendringar i statsforvaltninga
Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga innanfor sektoren. Formålet har m.a. vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa, og samtidig sørgje for ei effektiv og brukarretta forvaltning på landbruks- og matområdet. For å møte utfordringane innan FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt har departementet sett i gang fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.
Det er eit hovudmål å fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane, samtidig som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og som gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen. Intensjonen er at omstilling og IKT-utvikling skal gi gevinst i den enkelte verksemd, for brukarane og for forvaltninga samla sett. I tråd med regjeringa sitt fornyingsarbeid vil ein arbeide vidare for å styrkje, fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga, jf. nærmare omtale i kat. 15.00.
5 Likestilling
Likestilling i landbrukssektoren
Næringslivet er avhengige av nyskaping og at ein tek i bruk mangfaldet av ressursar. Det er eit uttrykt mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha like høve til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og i tilknytte næringar. I Strategi for likestilling i landbruket ( Landbruks- og matdepartementet 2007), er det peika på utfordringane knytt til rekruttering til næringa og til styrer og verv i landbrukssektoren. Kvinner eig i dag 25 pst. av alle landbrukseigedommar og kvinnelege brukarar utgjer om lag 13 pst., men den positive utviklinga gjennom fleire år har dei siste fem åra stabilisert seg og stagnert. Kvinner har i lengre tid blitt prioriterte ved tildeling av pengar til bygdeutvikling, og kvinner har i det seinare markert seg positivt innanfor etablering av nye næringar i landbruket og økologisk landbruk. Det er òg verdt å merke seg at kvinner i landbruket i dag har lengre utdanning og større lønnsinntekt utanfor garden enn menn.
Landbruks- og matdepartementet har i sin nye strategi for likestilling i landbrukssektoren ein målsetjing om 40 pst. kvinner i landbruket og i tilknytte næringar. Det er lagt opp til ulike tiltak der ein tek i bruk kunnskap, holdningsskapande arbeid, informasjon samt økonomiske og juridiske verkemiddel. Dei ulike tiltaka involverar aktørar på fleire nivå, og det skal arbeidast målretta og planmessig for å auke delen kvinner.
I Jordbruksavtalen for 2007 blei det sett av 2 mill. kroner til eit program for direkte oppfølging av arbeidet med rekruttering og likestilling, og særleg rekrutteringa av kvinner. Norges Bygdeungdomslag er tildelt ansvaret for arbeidet og har utforma prosjektet Nå er det min tur i samarbeid med aktørar frå Fylkesmannen, Innovasjon Norge og faglaga. Her blir temaet sett i eit større bygdeutviklingsperspektiv der rammene for busetjing-, arbeid og trivsel på bygdene generelt blir peika på som viktige. Vidare er det i gong forsking på kvinner og involvering i samdrifter i landbruk gjennom eit eige prosjekt i regi av NILF. Innovasjon Norge er aktivt oppmoda om å skaffe fram statistikk og materiale som set lys på likestillingsarbeidet.
Likestilling i landbruks- og matforvaltninga
Likestillingslova stiller krav til alle verksemder om å rapportere om status i arbeidet med likestilling. Nedanfor følgjer tala for Landbruks- og matdepartementet. Underliggjande verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Departementet har ei relativt jamn kjønnsfordeling, 59,6 pst. kvinner og 40,4 pst. menn. Det er noko ulikskap mellom avdelingane. I Landbrukspolitisk avdeling er det 40 pst. kvinner, medan det i Administrasjons- og økonomiavdelinga er 76,2 pst. kvinner.
Departementet har gjennom dei siste åra hatt stor merksemd på å auke delen kvinnelege leiarar. Pr. juni 2008 er kvinnedelen i leiarstillingar med personalansvar på 55 pst.
I 2000 var talet 22 pst. Toppleiargruppa i departementet har ein kvinnedel på 50 pst. På dei andre stillingskategoriane er kvinnedelen som følgjer: seniorrådgjevar 38,2 pst., rådgjevar 69 pst., førstekonsulent og konsulent 92 pst.
Det ble gjennomført lokale lønnsforhandlingar i 2007, og kvinner fikk 53,8 pst. av den lokale potten. Lønnsforhandlingar etter Hovedtariffavtalen pkt. 2.3.4 blei i 2007 gjennomført for 18 personar. 12 av desse gjaldt kvinner.
I løpet av 2007 blei det tilsett 9 personar i Landbruks- og matdepartementet. 5 av desse var kvinner.
4 tilsette blei i 2007 tildelt kompetansestipend, alle var kvinner.
Det er for tida 19 tilsette i deltidsstillingar, og 17 av desse er kvinner. Når det gjeld overtid blei det i 2007 arbeidd 3 403 timar overtid. 64 pst. av overtidstimane blei utført av menn.
6 Om kastrering av hanngris
Signala frå fagmiljøa når det gjeld forsking på hanngris tyder på at det ikkje vil vere mogleg med ei snarleg løysing på problema knytt til rånelukt på kjøtt. Noreg har ein leiande internasjonal posisjon på fagfeltet og det blir lagt opp til å vidareføre noko forsking på området i 2009.
Når det gjeld immunokastrering, er metoden framleis ikkje godkjent i EU. Referansegruppa for Hanngrisprosjektet meiner at preparatet ikkje er ein vaksine i tradisjonell forstand, men ei behandling som får dyra til å utvikle antistoff mot eit kroppseige hormon og på den måten hemmar kjønnsutviklinga og fører til tilbakedanning av testiklane. Det er pr. i dag ingen tilsvarande preparat i bruk i norsk veterinærmedisin. Det er usikkert om denne typen behandling, som påverkar hormonbalansen, vil vere ei god løysing på problema knytt til rånelukt. Departementet vil følgje den internasjonale utviklinga på området nøye.
7 Oppmodingsvedtak
Vedtak nr. 217, Møte 11.12.2007
«Stortinget ber Regjeringen om å øke støtten til Dyrevernalliansen med kr 100 000.»
Landbruks- og matdepartementet har løyvd 200 000 kroner i støtte Dyrevernalliansen i 2008.
8 Omtale av tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege verksemder
Statskog SF
Utgifter til: | Kroner |
---|---|
Lønn, adm. dir | 976 000 |
Pensjonsutgifter | 133 000 |
Anna godtgjersle1 | 129 000 |
1 Anna godtgjersle gjeld fri bil, telefon og aviser
Staur Gård AS
Utgifter til: | Kroner |
---|---|
Lønn, dagleg leiar | 416 668 |
Pensjonsutgifter | 41 666 |