Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla
Kap. 0001 Svalbard kyrkje
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 3 168 | 3 600 | 3 650 |
Sum kap 0001 | 3 168 | 3 600 | 3 650 |
Det vert utført tre årsverk ved Svalbard kyrkje. Løyvinga for 2009 skal blant anna dekkje husleige for kyrkja, lønnsutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter, leige av helikopter, og drift av bustad. Svalbard kyrkje er eigd av staten og det er Statsbygg som har forvaltningsansvaret for bygget. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkja blir dekte over kap. 2445 Statsbygg.
Kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard | 960 | 960 | 960 |
Sum kap 0002 | 960 | 960 | 960 |
Forslaget til løyving skal i tråd med praksis fordelast mellom befolkninga i Barentsburg og dei norske busetnadene. Det er foreslått at Longyearbyen lokalstyre får løyvd 0,8 mill. kroner til støtte til velferdsformål. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte slik at dei òg kjem den norske befolkninga i dei andre norske busetnadene til gode. Løyvinga skal bl.a. dekkje tilskot til Kultur- og fritidsføretaket, løyving til Svalbard museum og til Longyearbyen folkebibliotek. Vidare er velferdsarbeidet i Ny-Ålesund foreslått støtta med kr 25 000. Til befolkninga i Barentsburg er det foreslått sett av kr 100 000.
Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå Nordpolets sal av alkoholhaldig drikk overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fordeler i 2008 overskotet for 2007 som utgjorde 5,8 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane.
I tillegg er det over Kulturdepartementets budsjett for 2009 foreslått å løyve til saman om lag 1,5 mill. kroner til kulturformål på Svalbard, jf. omtale i punkt 4.9.
Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | 108 811 | 88 800 | 92 822 |
Sum kap 0003 | 108 811 | 88 800 | 92 822 |
For 2009 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre på til saman 92,8 mill. kroner. Dette skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd. I tillegg til prisjustering er kapitlet styrkt med 0,16 mill. kroner gjennom ei rammeoverføring og 0,14 mill. kroner gjennom ei konsekvensjustering, begge frå Kunnskapsdepartementet. Overføringa gjeld bl.a. Regjeringas satsing for fleire lærarar i skulen og gratis læremidlar i vidaregåande opplæring.
Lokalstyret har gjennom det kommunale føretaket Bydrift Longyearbyen ansvar for produksjon og distribusjon av elektrisk kraft og fjernvarme. Dei seinare åra har det vore løyvd midlar til investeringar i fjernvarmenettet. For 2008 vart det løyvd 7,1 mill. kroner til dette formålet. Denne løyvinga er vidareført for 2009. Longyearbyen lokalstyre har ein plan for framdrift og finansiering av investeringane. Det er lagt til grunn at investeringane i fjernvarmenettet skal finansierast ved hjelp av låneopptak og vere ferdigstilte i løpet av 2008.
Dagens reservekraftanlegg har ikkje tilstrekkeleg kapasitet til å dekkje behovet. I Revidert nasjonalbudsjett for 2007 løyvde Regjeringa derfor 20 mill. kroner for å medverke til finansieringa av eit nytt reservekraftanlegg i Longyearbyen. Det resterande løyvingsbehovet skal dekkjast av Longyearbyen lokalstyre i form av brukarfinansiering. Eit nytt reservekraftanlegg skal kunne vere første ledd i eit eventuelt nytt hovudkraftanlegg, utan at det er teke stilling til val av energikjelde for eit framtidig hovudkraftanlegg. Regjeringa legg til grunn at Longyearbyen lokalstyre held fram arbeidet med etablering av reservekraftanlegget også i 2009.
Longyearbyen lokalstyre har ansvar for den delen av Svalbard forskingspark som utgjer Svalbard museum. Tildelinga på 1,1 mill. kroner til Svalbard museum over Kyrkjedepartementets budsjettkapittel 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket, blir ført vidare i 2009.
Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 27 759 | 26 250 | 27 050 |
Sum kap 0005 | 27 759 | 26 250 | 27 050 |
I 2006 vart det utført 32,2 årsverk ved sysselmannskontoret. Inkludert i dette talet er engasjement av ekstrabetjentar og feltinspektørar i sommarmånadene. Åremålet for tilsette ved sysselmannskontoret er 6 år.
Det er for 2009 foreslått å løyve 27 mill. kroner over kap. 5 Sysselmannen. Løyvinga skal dekkje utgifter til lønn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. På grunn av store utfordringar knytt til drifta av Sysselmannens transportteneste er det omdisponert 1 mill. kroner frå kapitel 5.
Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, bl.a. terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er nødvendig for å kontrollere og halde oppsyn med den 62 700 km2 store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg nødvendig for redningsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen har òg betydelege vertskaps- og representasjonsoppgåver i samband med besøk frå inn- og utland. Fleire av besøka er på høgt politisk nivå. Det er venta at omfanget av desse oppgåvene vil halde fram med å auke i takt med aukande interesse for Svalbard og Regjeringa si satsing i nordområda.
Justisdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2009 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over løyvinga som er gitt under kap. 5 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.
Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 5)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Diverse inntekter | 432 | 250 | 250 |
02 | Refusjonar mv. | 1 175 | 0 | 0 |
Sum kap 3005 | 1 606 | 250 | 250 |
Kapitlet korresponderer med kap. 5 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevingssentral, men inntektsførte Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Omfanget av refusjonane varierer frå år til år, og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Av praktiske grunnar blir det derfor budsjettert med 0 kroner på post 02. Det er foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 5 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.
Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 69 597 | 67 600 | 73 000 |
Sum kap 0006 | 69 597 | 67 600 | 73 000 |
Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetnadene og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla er òg heilt nødvendige for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan helikopter og skip vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa. I 2007 utførte Sysselmannen 25 søkje- og redningsoppdrag og 35 ambulanseoppdrag. I dei fleste av desse nytta ein Sysselmannens helikopter.
Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter. Sysselmannen har kontrakt om leige av helikopterteneste. Kontrakten gjeld leige av eit Super Puma AS 332 L1 AW SAR helikopter og eit AS 365 Dauphin N2 helikopter, begge med avansert redningsutstyr. Denne samansetjinga gir etter departementets vurdering Sysselmannen stor fleksibilitet når ulike SAR (search and rescue)-oppdrag skal utførast. Samtidig er samansetjinga særs godt eigna i forhold til den kombinasjonsløysinga det er lagt opp til på Svalbard. Helikoptra skal fungere både i rednings- og beredskapsoppdrag og som tenestehelikopter for Sysselmannens ulike oppdrag. Auken i løyvinga skuldast prisregulering av leigepris. Utleige til andre brukarar blir inntektsført Sysselmannen, jf. kap. 3006.
Vidare dekkjer kapitlet utgifter til leige av tenestefartøy med helikopterdekk. Justisdepartementet har ein kontrakt om å leige inn fartøyet Nordsyssel omlag 7 månader kvart år. Dette skipet er eit isgåande fartøy og er svært viktig både i den generelle beredskapen og for oljevernberedskapen.
Utgiftene på transportkapitlet har i den seinare tid auka. For å avhjelpe dette er kapitlet styrkt med i alt 1,5 mill. kroner. I tilegg er det omdisponert 1 mill. kroner frå kapitel 5.
Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Leigeinntekter | 2 020 | 1 100 | 1 200 |
02 | Refusjonar | 1 129 | 0 | 0 |
Sum kap 3006 | 3 149 | 1 100 | 1 200 |
Kapitlet korresponderer med kap. 6 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse blir nytta av andre. Inntektene knyter seg til utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.
For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det blir foreslått løyvd 0 kroner på post 02, då refusjonane varierer frå år til år og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Det blir foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 6 post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.
Kap. 0007 Tilfeldige utgifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 3 953 | 4 100 | 3 950 |
Sum kap 0007 | 3 953 | 4 100 | 3 950 |
Løyvinga under denne posten er disponert av Justisdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til utgreiingar og liknande, og mindre, ikkje føresette utgifter.
Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard er dekte over denne posten. Dei årlege utgiftene utgjer 3,5 mill. kroner. Sjå omtale under pkt. 4.5.
Kap. 0009 Kulturminnetiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 2 184 | 2 100 | 2 100 |
Sum kap 0009 | 2 184 | 2 100 | 2 100 |
Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ivareta kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, forvalte og halde ved like kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie, og kulturmiljø og vernetiltak i tilknyting til dette.
Kulturminneplan for Svalbard 2001-2010 låg føre i 2001. Planen dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard.
Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, bl.a. gjennom ein serie med informasjonshefte.
Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ) er utvikla som eit verktøy for miljøforvaltninga på Svalbard. MOSJ hentar data frå ei rekkje lokalitetar på Svalbard og spenner over alle relevante temaområde. Sysselmannen sit i styringsgruppa for systemet og har òg ansvaret for å samle inn, arbeide vidare med og levere data om jakt, ferdsel, forsøpling og kulturminne.
Kap. 0011 Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 1 230 | 1 310 | 1 380 |
Sum kap 0011 | 1 230 | 1 310 | 1 380 |
Bergmeisteren for Svalbard og Bergvesenet vart slått saman i 2003. I dag har Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard hovudkontor i Trondheim, eit eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. Frå og med våren 2008 har etaten gått bort frå fast stasjonering av tilsett på Svalbard. Omlegginga skuldas at pågangen til kontoret i Longyearbyen gjennom året varierer relativt mykje i omfang. Etaten har derfor lagt opp til å vere tilstades på Svalbard i dei periodane som ut frå røynsle er dei mest hektiske. Dette gjeld særleg sommar og haust. Til saman tek etaten sikte på å vere tilstades på Svalbard i minst 7 månader i året. Det er for 2009 foreslått å løyve 1,38 mill. kroner til driftsutgifter. Auken i løyving frå året før skuldast omlegginga i opplegget for opphald på Svalbard. For nærare omtale, sjå kap. 4.2.
Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
50 | Refusjon | 2 750 | 2 800 | 2 800 |
Sum kap 0017 | 2 750 | 2 800 | 2 800 |
Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr og rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltingsorgan. Det meste av budsjettmidlane til instituttets verksemd på Svalbard blir dekte over Miljøverndepartementets budsjett, kap. 1471.
Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltingsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard, jf. pkt. 4.1.
Kap. 0018 Fyr og radiofyr
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 3 400 | 3 450 | 3 500 |
Sum kap 0018 | 3 400 | 3 450 | 3 500 |
Løyvinga skal dekkje utgifter til innkjøp og vedlikehald til navigasjonshjelpemiddel for sjø- og lufttrafikken, bl.a. 11 fyrlykter, 27 navigasjonslys, 17 seglingsmerke, og 2 radarfyr. I dei seinare åra har talet på seglingsmerke blitt utvida for å betre merkinga av leia inn til Svea som ei følgd av auka utskiping av kol. Anlegga vart tidlegare drivne og haldne ved like av Norsk Polarinstitutt. Frå og med 2008 har Kystverket overteke det overordna ansvaret for fyr- og merketenesta på Svalbard. I praksis vil framleis Norsk Polarinstitutt stå for utsetjing av fyr og merke, kombinert med instituttets ekspedisjonsverksemd på Svalbard, men då etter avtale med Kystverket.
Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 5 779 | 5 950 | 5 950 |
Sum kap 0019 | 5 779 | 5 950 | 5 950 |
Det vart i 2005 oppretta eit nytt kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Målet er å gjere synlege utgiftene til husleige for statens bygningar. Løyvinga på kapitlet vart overført frå kap. 20 Statens bygningar i Longyearbyen. Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen vart innlemma i den statlege husleigeordninga frå 2004.
Kap. 0020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 11 013 | 11 100 | 11 200 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 194 | 600 | 600 |
Sum kap 0020 | 11 208 | 11 700 | 11 800 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje utgifter til vedlikehald og drift av bygningsmassen som ikkje er innlemma i den statlege husleigeordninga, slik som inventar, lys, fjernvarme, vatn, avløp, renovasjon, vegar og veglys. Vidare skal løyvinga dekkje lønn og drift for deler av lokaladministrasjonen til Statsbygg. Løyvinga dekkjer òg husleige som er finansiert over Svalbardbudsjettet.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga skal gå til ekstraordinært vedlikehald av hyblar og husvære. Bustaden for sysselmannen har over tid hatt behov for rehabilitering. Statsbygg har gjennom 2008 gjort førebuingar for utbetringsarbeid.
Kap. 3020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Inntekter | 2 957 | 2 820 | 3 250 |
Sum kap 3020 | 2 957 | 2 820 | 3 250 |
Kapitlet korresponderer med kap. 0020. Inntektene refererer seg til innbetalingar i samband med utleige til statlege etatar som til dømes Posten, Avinor, Norsk Polarinstitutt, likningskontoret og sjukehuset. Alle desse deltek i bustadpoolen som vart oppretta i 2001 og som no omfattar 83 bustadar. I tillegg kjem inntekter frå utleige av post- og bankbygget.
Kap. 3020 omfattar òg mindre inntekter frå sal av kassert materiell og utstyr, pluss inntekter frå overnattingar på Statsbygg-riggen.
Kap. 0022 Likningsforvaltninga for Svalbard
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
01 | Driftsutgifter | 2 552 | 2 627 | 2 700 |
Sum kap 0022 | 2 552 | 2 627 | 2 700 |
Forslaget til løyving skal gå til lønns- og driftsmidlar for likningskontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til likningsnemnda og overlikningsnemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Troms fylkesskattekontor. I samband med innføringa av miljøgebyr på Svalbard, sjå omtale under kap. 4.1 Miljøverndepartementet, skal likningskontoret på Svalbard stå for det praktiske arbeidet med refusjon av gebyret til fastbuande på vegner av Svalbard miljøvernfond. Det er derfor inngått ei avtale mellom likningskontoret og miljøvernfondet som regulerer den godtgjeringa likningskontoret skal ha for denne oppgåva.
Mål- og resultatstyring av likningskontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.
Kap. 3030 Skattar og avgifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Skattar m.m. | 124 020 | 69 000 | 91 000 |
71 | Utførselsavgift | 5 175 | 3 500 | 5 000 |
72 | Utmålsgebyr, årsavgift | 1 070 | 1 090 | 1 110 |
Sum kap 3030 | 130 265 | 73 590 | 97 110 |
Post 70 Skattar m.m.
Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2009. For nærmare omtale sjå kap. 4.4 Finansdepartementet.
Post 71 Utførselsavgift
Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard. Satsane for utrekning av avgift til statskassa av kol som blir utført frå Svalbard vart endra med verknad frå 01.01.2004.
Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum av kol og kolprisen på verdsmarknaden. Venta inntekt i 2009 er om lag 6 mill. kroner.
Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift
Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten er knytte til avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner.
Pr. januar 2008 vart det vidareført 382 utmål, av desse 221 avgiftspliktige. Dei tre tildelte utmåla frå 2006 vart endelege i 2007.
Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard i 2003 har Nærings- og handelsdepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at aktivitet i utmåla ikkje kan gjennomførast. Utmålsavgifta er sett til 1 500 kroner i året pr. utmål. Dette gjeld 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift då det er opna for bergverksaktivitet i desse utmåla.
I forslaget for 2009 er det lagt til grunn at talet på avgiftspliktige utmål blir uforandra i forhold til 2008.
Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2007 | Saldert budsjett 2008 | Forslag 2009 |
70 | Tilskot | 101 984 | 143 487 | 129 852 |
Sum kap 3035 | 101 984 | 143 487 | 129 852 |
Dette inntektskapitlet tilsvarer det tilskotet som er foreslått løyvd på Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet.