St.prp. nr. 1 (2008-2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapitler: 1000–1070, 2415 og 2540 Inntektskapitler: 4000–4070 og 5575

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

8 Sektorovergripande miljøpolitikk

Miljøpolitikken til regjeringa tek sikte på å fremme ei berekraftig samfunnsutvikling basert på ei langsiktig og forsvarleg forvaltning av naturressursane. Omsynet til ei berekraftig utvikling blir innarbeidd i all samfunnsplanlegging og sektorpolitikk.

Dette kapitlet presenterer Fiskeri- og kystdepartementets samla arbeid med å innpasse miljø­vernpolitikken i eige ansvarsområde. Presentasjonen er laga med utgangspunkt i den reviderte miljøhandlingsplanen til departementet frå 2005. Miljøhandlingsplanen inneheld ein gjennomgang av status og utfordringar, mål og tiltak innanfor regjeringas åtte miljøvernpolitiske resultatområde. Rapporteringa er lagd opp i høve til desse resultatområda.

Vi viser elles til omtale av mål, resultat og prioriteringar under dei respektive kapitla i proposisjonen. For rapportering som gjeld ressursforsking og forvaltning av fiskebestandane viser vi til omtalen i kapitla 1020, 1023, 1030 og kapittel 4 i del ein.

8.1 Resultatområde "Vern og bruk av biologisk mangfald"

Fiske og fangst

Mål og prioriteringar

Fiskeri- og kystdepartementet har som mål å fremme berekraftig hausting av marine ressursar og bruk av kyst- og havområda, og å ta vare på det biologiske mangfaldet.

Prinsippa om føre var og økosystembasert forvaltning er grunnleggjande prinsipp for å sikre ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane. I tillegg innfører den nye havressurslova eit nytt forvaltningsprinsipp som krev at styresmaktene med jamne mellomrom, og ut i frå beste tilgjengelege dokumentasjon, vurderer kva tiltak som bør setjast i verk. Vurderingane til styresmaktene og avgjerdene skal bygge på ei heilskapleg tilnærming og vere basert på grundig fagleg kunnskap. Avgjerdene skal vege ei rekkje ulike interesser mot kvarandre. Det skal takast omsyn til ei langsiktig berekraftig forvaltning av ressursane og ulike nærings- og distriktsomsyn.

Dette krev ei betydeleg utvikling av det operative forvaltningsrammeverket, samstundes som det inneber klare utfordringar for forskinga. Det må mellom anna utviklast indikatorar som kan speg­le tilstanden i økosystemet og vise prosessane på ein måte som gjer det mogleg for forvaltninga å vurdere ressursutnytting og andre aktivitetar i eit heilskapleg økosystemperspektiv. Økosystemun­dersøkingar er ressurskrevjande. Det er prioritert å utvikle modellar for å granske gjensidig påverk­nad mellom dei ulike nivåa i næringspyramiden og for å berekne usikkerheit.

Kvart økosystem representerer særeigne forvaltningsmessige utfordringar. For å få eit heilskapleg situasjonsbilde må ein granske fysiske, kjemiske og biologiske prosessar i havområda på same tid som ein kartlegg fiskebestandane. Eit godt oppbygd overvakingsprogram er naudsynt for ei god forvaltning. Havforskingsinstituttet har det nasjonale ansvaret for slik overvaking, og dei lange tidsseriane, som er resultat av den hundre å lange forskinga til instituttet, er eit aktivum som kunnskapsbase for å skjøne samanhengane i naturen.

Det er viktig å forstå korleis miljøet både direkte og indirekte påverkar det marine økosystemet. Det betyr meir vekt på prosesstudiar for betre å kunne forstå korleis bestandar reagerer på ulike miljøpåverknader. Til dømes har det stor verdi å skjøne klimaprosessane – knytt til variasjon i mengd dyreplankton, formeiring og utbreiing av dei marine ressursane.

Det er viktig å ha god kjennskap til dei kommer­sielle fiskeria og fritidsfiske for å kunne seie noko om verknaden dei har på økosystemet. Fiskeria er i stadig endring, og fangstkapasiteten er større enn det som er nødvendig for ei berekraftig hausting av ressursane i havet. Ny kunnskap om utøving av fisket i tid og rom og om dei einskilde økosystema er viktig for å kunne seie meir både om kva fisket er og korleis sjølve fisket påver­kar økosystema. Slik kunnskap vil sikre eit betre grunnlag for konkrete råd til forvaltninga. Det er nødvendig å forbetre metodane for å gje meir realistiske bestandsoverslag.

Arbeidet med å utvikle reiskapar og metodar som haustar ressursar på ein berekraftig og miljøvenleg måte er prioritert. Dette er eit sentralt arbeid for å kunne utvikle fiskemetodar som reduserer utkast av fisk i Nordsjøen, og som gjer mindre skade på botnhabitat.

Det er naudsynt å vurdere sjøpattedyra si rolle i eit økosystem – særleg med vekt på grønlandssel og vågekval. Det er ei prioritert oppgåve for Det internasjonale råd for havforsking (ICES) å definere ulike likevektsnivå for sel og kval. Kva er kostnad/gevinst ved den gjeldande sjøpattedyr­forvaltninga. Ei anna viktig oppgåve er å kartleggje rekrutteringsmekanismane til dei artane som har ein utprega nedgang mange år etter kvarandre, t.d. kolmule og artar i Nordsjøen.

I kystsona legg vi stor vekt på å finne årsaker til at bestandar som kysttorsk, brisling, breiflabb og hummar har ein dårleg tilvekst. Satsinga på kyst- og fjordøkologi starta i 2008 og det er halde eit startmøte der relevante forskingsmiljø deltok.

Noregs forskingsråd sitt program Havet og kysten skal framskaffe ny kunnskap om økosys­temet til havet, og utvikle ny teknologi, metodikk og modeller for økosystembasert forvaltning.

Innsatsen for å komme det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket (UUU-fisket) i Barentshavet til livs held fram. Det skal arbeidast breitt nasjonalt og i samarbeid med andre land og regionale organisasjonar for å få slutt på denne type kriminalitet. Sidan det ulovlege fisket er minka vesentleg, ser det ut til at dette arbeidet alt har gitt resultat.

Fiskeridirektoratet vil drive garnopprydding i regi av ordninga for fiskeforsøk og utviklingstiltak.

Resultat 2007–2008

I dei årlege rapportane ”Havets ressursar og miljø” og ”Kyst og havbruk” rapporterer Havforskingsinstituttet om tilstanden i dei norske hav- og kystområda.

Mellom anna har dei gjennomført forskingsprosjekt innan områda havklima, verknader på økosystema og operasjonell oseanografi. Studia prøver å identifisere, forstå og kvantifisere prosessane som styrer klimasvingingane i havet og utvikle metodar for å lage klimaprognosar. Vidare arbeider instituttet med å forstå kva verknad klimaet, og endringar i dette, har på økosystema. Undersøkingane omfattar rekruttering, vekst og utbreiing av plankton, krepsdyr og fisk, overgjødsling, skadeleg algeblomstring og spreiing av forureining.

Det er etablert langsiktige overvakingsprogram for Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og kysten for viktige grupper av kjemisk forureining: Organiske miljøgifter, olje, spormetall og radioaktivitet. Målet er å dokumentere utviklingstrekk og korleis forureining påverkar livsvilkåra for og kvaliteten på dei marine ressursane. Oljeselskapa er pålagde å drive tilstandsovervaking, og som ein del av dette har Havforskingsinstituttet i oppgåve å overvake om olje- og gassutvinninga til havs fører til kvalitetsforverring og har verknader på fisk. Nasjonalt institutt for ernærings- og sjø­matforsking (NIFES) har ei viktig oppgåve i overvaking av sjømat, og deira utvida innsats for overvaking av villfisk skjer i nært samarbeid med Havforskingsinstituttet.

Kunnskap om dei lågare trinna i næringskjeda er avgjerande for å kunne utvikle ei heilskapleg forståing og forvaltning av havområda. Difor overvaker forskarane systematisk sesongvariasjonar og geografisk utbreiing av plante- og dyreplankton. I Norskehavet har det vore nedgang i dyreplankton dei siste ti åra, lågast i 2007. Samstundes har fisk som eit plankton vokse til store bestandar, og sildebestanden er no på same nivå som på 1950-talet. Sporadisk er sørlege planktonorganismar funne i Norskehavet. Dette kan ha samanheng med høgare temperaturar eller auka transport av vatn sørfrå. Det er viktig å auke overvakinga av desse organismane.

Havforskingsinstituttet har overvaka nordområda sidan rundt 1900. Frå 2005 føregår overvakinga gjennom økosystemtokt. Her samarbeider instituttet med det russiske havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk. Økosystemtokta dekkjer områda frå kysten til iskanten og omfattar over 1 000 prøvestasjonar der dei samordna overvaker alle vesentlege komponentar i det marine økosys­temet for å gje ei heilskapleg tilstandsvurdering.

I 2006 starta eit samarbeid mellom russiske og norske forskarar om å kartleggje botndyr. Prosjektet vil få tilgang til russiske dataseriar frå ein lang tidsbolk attende til 1926.

I oppfølginga av St.meld. nr. 8 (2005–2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, er det oppretta tre faggrupper; ei overvakingsgruppe leia av Havfors­kingsinstituttet, ei risikogruppe leia av Kystverket og eit fagleg forum leia av Norsk polarinstitutt. Overvakingsgruppa har medlemmer frå 21 institusjonar, og skal samordne all overvaking av dei marine økosys­tema i nordområda. Gruppa la fram den andre rapporten sin til den interdepartementale styringsgruppa i mars 2008. Denne gruppa representerer ei viktig utvikling av det operative forvaltningsrammeverket, og kan få eit samla overblikk over miljøsituasjonen som vil vere meir omfattande enn den sektorvise forvaltninga kan oppnå.

Som eit ledd i utviklinga av økologiske kvalitetsmål for Barentshavet, har Havforskingsinstituttet sett i gang eit prosjekt for å forstå korleis biomangfaldet (biodiversiteten) i eit fiskesamfunn varierer i tid og rom, og korleis denne variasjonen står i høve til klimasvingingar og fiske. Det er på­vist at artsmangfaldet av botnfisk har variert lite over tid, men at det er eit romleg mønster som kan kome av at det er mindre mangfald der det er mykje fiskeriaktivitet, og/eller at mykje torsk og hyse gjer at andre botnfiskartar står mindre tett. Samla vil miljøkvalitetsmåla og tilstandsindikatorane gje forvaltningsstyresmaktene eit godt grunnlag for økologisk baserte forvaltningsråd om menneskelege aktivitetar i Barentshavet.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har bedt om å få ei vitskapleg utgreiing om kva som kan vere eit realistisk langtidsutbytte av dei viktigaste kommersielle artane i Barentshavet når ein tek omsyn til vekselverknader mellom bestandane og påverkna­der frå miljøet. Dette er eit langsiktig forskingsarbeid der ein i første omgang analyserer og modellerer dei biologiske prosessane. Arbeidet vil gje Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen eit grunnlag for ytterlegare å inkludere økosystembaserte vurderingar i arbeidet sitt.

Ved fastsetjing av kvotar prøver ein å rekne ut usikkerheit knytt til naturlege svingingar i bestanden, berekningsmåten og til sjølve fangststatistikken. Havforskingsinstituttet utviklar system som reduserer usikkerheita, og har ekstra innsats knytt til forvaltningsmessig utfordrande bestandar, til dømes kysttors­ken. I 2007 tok dei genetiske metodar i bruk for å skilje kysttorsk og skrei i Henningsværboksen under lofotfisket. Usikkerheita i fangststatistikken er konsentrert om å talfeste omfanget av uregistrert fiske av norskarktisk torsk i Barentshavet. Dette er følgt opp i samarbeid med Fiskeridirektoratet og forskarar frå PINRO og gjennom arbeidet i Det internasjonale råd for havforsking, ICES.

Forvaltning av eit økosystem krev heilskapleg overvakingsinnsats også på andre artar enn dei som blir overvaka regelmessig. Det må skaffast fram meir kunnskap om djuphavsressursar som lange, brosme, blålange og breiflabb mellom anna gjennom analyse av landingsdata, og gjennom utbygging av ein referanseflåte for hav og kyst. Referanseflåten er eit verdfullt supplement til Havforskingsinstituttet si eiga overvaking.

Satellittsporingsdata frå trålarflåten er nytta til å kartleggje fangstinnsats i tid og rom for å sjå på korleis fiskeria påverkar økosystema.

Eit viktig ledd i forvaltninga er overvaking av fiskefelta slik at fiskefelt kan stengjast om yngelinnblandinga eller bifangsten blir for stor. I 2007 var innsatsen noko lågare på rekefiske, men elles på same nivå som året før når det gjaldt feltkontroll.

Fiskeridirektoratet gjennomførde i 2007 garnopprydding i fangstområda langs kysten. Til saman 570 garn vart henta opp, i tillegg til fleire tusen meter vaier og line, snurrevadnøter og liknande. Opptak av tapte garn reduserer faren for skjult uttak av fiskeressursane, såkalla spøkelsesfiske.

Noreg reviderte eller inngjekk i 2007 kontrollsamarbeidsavtalar med Danmark og Storbritannia. I 2008 vart avtalen med Nederland revidert. Det blir arbeidd med å få til eit samarbeid med Mauritania og Senegal med sikte på å inngå kontrollavtale.

Gjennom deltaking i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som Kommisjonen for bevaring av marine levande ressurser i Antarktis (CCAMLR), Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen ( NAFO), Den nordaustatlantiske fiskerikommisjon (NEAFC) og Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen (SEAFO) har norske fiskeristyresmakter arbeidd for å setje i verk tiltak for å beskytte sårbare habitat, mellom anna gjeld det utarbeiding av reglar for fiske med botnreiskapar. Organisasjonane har også forbode fiske i ei rekkje sensitive område, habitat som inneheld hydroterminale varmekjelder og korallrev.

Arbeidet i ICES har ført til ei tilråding om at det ikkje skal tillatast nytt fiske av djuphavsartar i område der det tidlegare ikkje har vore slikt fiske, utan at det blir gjennomført ei bestandskartlegging.

I 2007 vart det på reiskapssida gjennomført forsøk med bruk av sorteringsrist i trålfisk etter kolmule.

Det er arbeidd vidare med vern av nye korallområde og det er lagt vekt forvaltninga av sårbare artar. Det er etablert fire bevaringsområde for hummar på Skagerrakkysten.

Gjennom Noregs forskingsråd sitt program, Havet og kysten, er det sett i gang fleire nye prosjekt for å styrkje Noreg sin posisjon blant dei leiande landa i marin økosystemforsking, og for å kunne vere ein sentral bidragsytar til auka kunnskap om det marine miljøet. Det er også ønskjeleg å få eit betre forskingsbasert grunnlag for ei langsiktig og heilskapleg forvaltning. Det er sett i gang prosjekt som mellom anna er retta mot tareskogsproblematikk, populasjonsbiologi og verknader av støy og oljekomponentar.

Havbruk

Mål og prioriteringar

Havbruksforvaltninga skal sikre at omsynet til miljøet blir ein grunnleggjande premiss for den vidare utviklinga og veksten i næringa.

Delmål:

  • Setje inn tiltak for å redusere talet på rømte oppdrettsfisk.

  • Overvake, førebyggje og nedkjempe lakselus.

  • Vidareutvikle sjukdomsførebyggjande arbeid.

  • Leggje til rette for at utslepp av næringssalt og organisk materiale frå havbruk ikkje overstig toleevna til naturen.

Miljøomsyn blir prioritert i havbruksforskinga. Forskinga skal leggje større vekt på problemstillingar i havbruksnæringa som kan utgjere miljøri­siko. Dette femner om verknader av havbruksaktivitetane på miljøet ikring, rømming, utslepp, lakselus og smittespreiing. Forskinga og styresmaktene skal sikre at havbruksnæringa driv berekraftig og miljøtilpassa.

Arbeidet knytt til rømt oppdrettsfisk er høgt prioritert, og målet er at rømming skal haldast på eit absolutt minimum. Fiskeridirektoratets utvida tiltaksplan Visjon nullflukt blir følgd opp i 2009.

Utfordringane med å få ned rømmingstala i havbruket blir følgde opp på mange frontar, mellom anna ved å kartleggje årsakene til rømming, forsking, forbetringar av regelverket og av tekniske standardar, driftskrav og kontroll. Røm­mingskommisjonen har ei sentral rolle i å kartleggje årsaksforhold og byggje opp kunnskapsbase om havari. Kommisjonen arbeider systematisk for å redusere risiko for rømming og havari.

NYTEK er viktig for å sikre at oppdrettsutstyr er av god kvalitet for å hindre rømming, og både NYTEK-forskrifta og standarane vil bli reviderte.

Risikobasert akvakulturtilsyn (Akvarisk) blir innarbeidd i den vanlege drifta til Fiskeridirektoratet.

Den nye reaksjonsforskrifta gjev nærare reglar om utmåling av lovbrotsgebyr (overtredelsesgebyr) og tvangsmulkt. Samarbeidet mellom Øko­krim, påtale­makta og fiskeristyresmaktene skal bli tettare. Målet er at forskrifta skal virke preventivt slik at det blir færre regelbrot som kan føre til rømming og andre skadar på miljøet.

Det blir arbeidd for å sikre betre statistikkgrunnlag og meir pålitelege rømmingstal. Mengde og vandring av rømt oppdrettslaks og regnbogeaure i ulike soner skal også kartleggjast for å utvik­le gode overvakingsrutinar som grunnlag for forvaltningsråd. Det skal også skaffast meir kunnskap om verknadane av tiltak mot rømming. Samstundes skal verknadane rømming har på villfisk studerast og det skal utarbeidast kritiske minimumsgrenser som fortel kvar risikonivå for negativ på­verknad ligg.

Utprøvingsprosjektet om merkemetodar i Hard­angerfjordregionen blir følgt opp i nært samarbeid med næringa, forskingsmiljøa og miljø­vernstyresmaktene. Målet er mellom anna å kunne bruke slike metodar (DNA- basert sporingsverktøy) til å førebyggje rømming ved å spore rømt fisk tilbake til lokaliteten han kjem frå. Metoden er teken i bruk av Fiskeridirektoratet og politiet som hjelpemiddel i etterforskinga av fleire saker.

Bereevna til havbruksanlegg, plasseringa av anlegga, avgrensinga av storleiken, utforming og drift er vesentlege faktorar for ei berekraftig næ­ring. Det blir arbeidd vidare med å utvikle, modifisere og tilpasse gode styringssystem som fastset bereevne og sikrar at denne bereevna ikkje blir passert. Føresegnene om miljøundersøkingar og miljøovervaking ved oppdrettsanlegga skal vidareutviklast. Fiskeridirektoratet vil samarbeide med miljøstyresmaktene om felles miljøoverva­king, MOM, og saman med Havforskingsinstituttet medverke til ei faglig oppgradering av miljøover­vakinga. Havforskingsinstituttet skal utvikle eit system for miljøovervaking gjennom MOM – undersøkingar som forenklar havbruksforvaltninga si overvaking og kontroll av område der tolegrensa er passert.

Hardangerfjorden som område for oppdrett har særskilde utfordringar. Det er viktig for Fiskeri- og kystdepartementet å sikre ei vidare berekraftig utvikling i fjorden. Dette skal sikrast både ved eigne tiltak og gjennom forsking. Det vil bli fastsett ei eiga forskrift for heile eller delar av Hard­angerfjorden som skal sikre at ein tek tilstrekkeleg omsyn til miljø, helse og berekraftig utvikling. Forskingsaktiviteten i fjorden knytt til forholdet mellom havbruk og fjordøkologi, skal også styrkast.

Fiskeridirektoratet skal arbeide for at restane etter havbruksverksemder som heilt eller delvis har opphøyrt, ikkje er til sjenanse eller skade i dei område der det var aktiviteten.

Noregs forskingsråds program HAVBRUK – ei næring i vekst, prioriterer prosjekt som siktar mot å redusere risikoen for rømming frå oppdrettsanlegg. Ein prøver å finne tekniske og biologiske løysingar der drift, åtferda til oppdrettsarta, operasjonelle problemstillingar og fleirfagleg tilnærming er viktige føreset­nader.

I arbeidet med å førebyggje spreiing av smitt­same sjukdommar blir det lagt betydeleg vekt på å forbetre det biologiske og tekniske grunnlaget for utvikling av nye og betre vaksinar.

Havforskingsinstituttet skal styrkje studia av korleis tilførsel av organisk materiale påverkar villfisk og botndyr når det gjeld kvalitet og mengde.

Økosystemretta forsking er viktig for å få innsikt i kva følgjer hausting av marine råvarer til fôrproduk­sjon for havbruk har for samspel og ressursar i marine økosystem.

Resultat 2007–2008

Miljøprofilen i akvakulturlova er sterkare og klarare enn i den tidlegare oppdrettslova. Lova fangar opp heilskapen og sikrar dei overordna styrings­behova når det gjeld miljøregime og miljøutfordrin­gar framover. Miljøomgrepet i lova er vidt og dek­kjer både forureining og økologiske verknader, og føresegnene i lova skal sikre at omsynet til miljøet blir teke vare på i alle trinn i produksjonskjeda. Føresegnene i lova skal sikre at havbruksnæringa driv berekraftig og miljøtilpassa.

Rømming er den største miljøutfordringa havbruksnæringa har. Fiskeri- og kystdepartementet oppnemnde sommaren 2006 ein fast kommisjon for rømming av oppdrettsfisk. Fiskeridirektoratet stiller sekretariat til rådevelde for kommisjonen, som skal rapportere til direktoratet. I tillegg til arbeidet i rømmingskommisjonen utfører Fiskeridirektoratets regionkontor raske synfaringar for å kartleggje årsaksforholdet og vurdere om oppdrettaren har handla tilstrekkeleg forsvarleg.

Fiskeridirektoratets tiltaksplan mot rømt oppdrettsfisk – Visjon nullflukt – vart utvida og revidert i 2007/2008 og inneheld no 52 tiltak mot rømt oppdrettsfisk. For å kunne vurdere verknaden av rømt oppdrettsfisk på villfiskpopulasjonane, har direktoratet utgreidd moglege effektindikatorar/sårbar­heitsindikatorar. Samhandling med andre offentlege etatar som politi og påtalemakt, Kystverket og Statens Naturoppsyn er styrka.

I fleire år har det vore arbeidd med risikobasert havbrukstilsyn, Akvarisk. I 2008 blir systemet teken i bruk i alle regionane til Fiskeridirektoratet.

Den 1. april 2007 vart det fastsett ny reaksjonsforskrift som inneber skjerpa reaksjonar ved brot på regelverket som påverkar miljøet, mellom anna rømming. Det er nær dialog med Riksadvokaten og Økokrim om korleis brot på forskrifta skal følgjast opp. Fiskeridirektoratet starta 2007 med å offentleggjere rømmingslistene.

Det blir no stilt strenge tekniske krav til oppdrettsanlegga i tillegg til omfattande krav til drift. Alle etablerte anlegg skal ha dugleiksbevis, jf. NYTEK-forskrifta.

I 2007 vart det gjennomført eit spesielt prosjekt for å kartleggje risikoen for smoltrømmingar i lakseoppdrettsnæringa. Prosjektet held fram ut 2008. Eksisterande rømmingsinstruks er planlagt revidert og utvida etter innspel frå eit samarbeidsutval oppnemnt av Økokrim.

Fiskeridirektoratets tilsynsverksemd i 2007 og 2008 legg særleg vekt på å kontrollere at anlegg oppfyller dei tekniske krava i NYTEK-forskrifta i tillegg til drift. Dette gjeld både for anlegg med laks og regnbogeaure og for torskeanlegg.

Tilsynet i 2007 og 2008 blir utført med fleire verktøy enn tidlegare for å oppnå større effekt i arbeidet. Dette omfattar bruk av revisjonskontrollar og tekniske kontrollar som dekkjer eit breitt spekter av kontrollparameter. Hovudområdet er særleg rømming og faktorar som påverkar risiko for rømming. Det er lagt særleg vekt på rømming av smolt i tillegg til at krava til maksimalt tillaten biomasse skal haldast. Dei nemnde kontrollane skal mellom anna omfatte alle lokalitetar av laksefisk, både matfisk og setjefisk, innanfor dei nasjonale laksefjordane og laksevassdraga.

Det er i gang arbeid med å revidere dei tekniske krava til anlegg. Målet er å justere krava i høve til ny kunnskap og nye erfaringar hos næring, utstyrsleverandørar, inspeksjonsorgan og forvaltning.

I samarbeid med Miljøverndepartementet har Fiskeri- og kystdepartementet etablert eit nasjonalt overvakings- og evalueringsprogram for å følgje opp ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Overvakingsprogrammet skal gje tilstrekkeleg kunnskap om bestandsutviklinga, følgje utviklinga av dei enkelte påverknadsfaktorane både i vassdrag og fjordar og etablere gode rapporteringsrutinar som sikrar ei heilskapleg oversikt.

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for å overvake rømmingssituasjonen og ansvar for å skaffe tilstrekkeleg kunnskap om verknadene av tiltak mot rømming. Statistikk syner låge tal for rømming av marine arter, men særskilt hos torsk i oppdrett ser ein moglege utfordringar. Oppdrettstorsk som gyt i merdane, kan representere ei utfordring mot villtorskens genetiske eigenart ved utslepp av befrukta egg. Havforskingsinstituttet har vist at kjønnsmogninga til laksen kan stoppast ved lysstyring, og hos torsk har ein klart å forseinke mogninga til sommarmånadane - utan heilt å stoppe mogninga.

Det har sidan 2005/2006 vore i gang eit stort tverrfagleg utprøvingsprosjekt om merkemetodar i Hardangerfjordregionen i samarbeid med havbruksnæringa og miljøvernstyresmaktene. Metoden er eit alternativ til obligatorisk fysisk merking av oppdrettsfisk, og tek i bruk kjemiske og biokjemiske parameter, medrekna DNA-markørar, stabile isotopar, sporstoff og feittsyreprofilar. Prosjektet er svært lovande, og så langt synest metoden å vere godt eigna til å identifisere kvar den rømde fisken kjem frå.

Metoden er no teken i bruk av Fiskeridirektoratet og politiet som hjelpemiddel i etterforskinga av fleire saker.

Avgrensingssystemet med maksimal tillaten biomasse fisk i oppdrettsanlegga, kombinert med innføring av miljøundersøkingar ved tildeling og miljøovervaking under drifta, ser ut til å ta vel vare på omsynet til berekraftig og miljøtilpassa produksjon og omsynet til fiskehelse og fiskevelferd.

Det blir arbeidd med å standardisere metodikk for registrering av miljøpåverknad frå havbruk (MOLO). Havforskingsinstituttet har intensivert studia av korleis tilførsel av organisk materiale påverkar villfisk og botndyr.

Det er gjennomført forsking om korleis fiskens behov for ulike næringsstoff varierer gjennom livssyk­lusen. Dette er viktig kunnskap for å unngå for­ureinande og uøkonomisk overdosering. Eit prosjekt i Hardangerfjorden ville avklare når overgjødsling frå havbruk kan bli eit miljøproblem, og korleis det skal handterast. Prosjektet har medverka til at ein modell er utarbeidd for Hardangerfjorden.

Sjukdommar hos ville akvatiske organismar med moglege konsekvensar for artas eksistens

Mål og prioriteringar

Fiskeri- og kystdepartementet skal ha som mål å

  • ha oversikt over sjukdomsproblem hos ville bestandar som kan true artas eksistens i Noreg

  • ha planar for effektive og realistiske tiltak mot slike sjukdommar i Noreg

  • ha god samhandling med miljøstyresmaktene i denne sjukdomsforvaltninga.

Dei mest aktuelle sjukdommane som kan true ville akvatiske artar i Noreg er krepsepest som er ein alvorleg trussel for edelkrepsen, parasitten Gyrodactylus salaris som angrip lakseungar i elvane, og lakselus som trugar utvandrande smolt og sjøaure.

Planlegging og gjennomføring av overvaking og tiltak mot desse sjukdommane må gjerast i nært samarbeid med miljøvernstyresmaktene, som har sektoransvar for forvaltning av akvatiske ferskvatnsartar.

Vi kan ikkje sjå den forvaltningsmessig handteringa av krepsepest, signalkreps og edelkreps uavhengig av kvarandre, og handteringa krev god koordinering mellom veterinær- og miljøstyres­maktene. Det er planar om å setje i verk ein heilskapleg strategi for forvaltninga av krepsepest og signalkreps. Strategien er utarbeidd av Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning i fellesskap.

Resultat 2007–2008

Krepsepest har tidlegare trua edelkrepsbestanden på Austlandet, men det lukkast då å nedkjempe pesten ved å innføre forbod mot krepsing og andre tiltak for å hindre smitten i å spreie seg. Krepsepest er nært knytt til signalkrepsen. Signalkreps er ein framand art i norsk fauna. Etter ulovleg utsetjing har han spreidd seg på svensk side, og kan truleg kome inn på norsk territorium i felles grensevassdrag. Signalkrepsen kan bere sjukdommen krepsepest utan sjølv å verte sjuk, men han smittar edelkreps. I 2006 vart det påvist krepsepest på ulovleg utsett signalkreps i Dammane landskapsvernområde i Nedre Telemark. Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning gjennomførde ei kjemisk behandling for å fjerne signalkrepsen frå området i mai 2008.

I samband med det nasjonale overvakingsprogrammet for Gyrodactylus salaris er parasitten igjen påvist på lakseungar frå elvene Lærdalselva i Lær­dal kommune i Sogn og Fjordane og Batnfjordselva i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal. Lærdalselva vart behandla med ein kombinasjon av surt aliminium og rotenon (kombinasjonsmetoden) igjen i april 2008, og blir truleg behandla igjen i 2009. I 2007 vart vassdraga i Steinkjerregionen sluttbehandla og dei er no i ein friskmeldingsprosess. Vassdraga Halsanelva og Hestdalselva i Vefsenregionen vart behandla med kombinasjonsmetoden.

Lakselus på fisk i oppdrett utgjer eit avgrensa problem for oppdrettsfisken. Men med mykje oppdrettsfisk i sjøen vil det totale smittepresset for villaks og aure kunne vere eit problem. Den nasjonale handlingsplanen mot lakselus blir difor følgd opp vidare. Mattilsynet gjennomførde ei samordna avlusing på Vestlandet frå Rogaland til Møre og Romsdal hausten 2007, og både oppslutninga om avlusinga og resultatet var bra.

I 2007 og første halvår 2008 er det og gjennomførd ein revisjon av lakselusforskrifta. Forskrifta gjev forvaltninga betre verktøy i innsatsen for å redusere lakselusa som problem for vill laksefisk. Forskrifta opnar og for at forvaltninga kan setja i verk tiltak mot andre typar lus på andre artar av oppdrettsfisk.

Det er gjort forsøk som viser at det kan vere mogleg å avle fram ein laks som er motstandsdyktig mot lakselus. Havforskingsinstituttet har utarbeidd teknologi for å utvikle vaksine mot lakselus.

Fiskeri- og kystdepartementet har gjennom Mattilsynet ansvar for å overvake sjukdomssituasjonen og for å kartleggje verknader av tiltak mot lakselus og annan sjukdom. I oppdrettsanlegg kjem dette i tillegg til den regelmessige helsekontrollen som akvaveterinærar eller fiskehelsebiologar gjennomfører i alle anlegg. Det er sett i gang eit arbeid for å samanstille og systematisere data frå privat og offentleg overvaking av sjukdoms- og helsetilstanden til oppdrettsfisk.

Det blir lagt stor vekt på sjukdomsførebyggande tiltak og krav til næringsutøvarane i samband med etablering og drift av oppdrettsanlegg. Ved alle nyetableringar og utvidingar av anlegg utfører Mattilsynet ei konkret vurdering av smitterisiko for det omsøkte anlegget og miljøet ikring. Også i samband med transport og slakting av fisk er det krav om smitteførebyg­gande tiltak. Krava er ekstra strenge i samband med handtering, transport og slakting av fisk som er ramma av ein smittsam sjukdom.

Fellesoppgåver for fiskeri og havbruk

Mål og prioriteringar

Fiskeri- og kystdepartementet skal følgje med og delta i debatten rundt sporing og merking, og arbeide for at slike system blir tekne i bruk i næ­ringa.

Sporing og merking av oppdrettsfisk og villfisk er blitt meir aktuelt dei siste åra. Det heng mellom anna saman med behovet for å kunne verne folks helse betre, sikre dyrehelse og miljø og omsynet til forbrukarpolitikk og næringspolitikk.

Fiskeri- og kystdepartementet vil også i 2008 vere ein pådrivar overfor den norske sjømatnæ­ringa for å kome fram til samverkande sporingssystem. Sporing skal kunne nyttast når mat som er ein helserisiko for forbrukarane må trekkjast attende, som eit verktøy i innsatsen mot ulovleg fanga fisk og for å sjå til at private merkeordningar berre blir nytta på dei produkta som oppfyller standarden. EUs forslag om innføring av fangst- og landingssertifikat for all fisk som blir importert til eller eksportert frå EU, vil gjere det sær­skilt viktig å prioritere sporing.

Departementet vil også følgje utviklinga i bruk av private miljømerke nasjonalt og internasjonalt, og særleg utviklinga i klimamerking av mat. Departementet vil hjelpe næringa med nødvendig informasjon for å kunne nytte slike private merkeordningar.

Innanfor Forskingsrådets program Norsk mat frå sjø og land er det sett i gang arbeid som kan gje ny kunnskap om verknadane av matvarer og kosthald på folks helse og sjukdomsutvikling og om faktorar som påverkar folks val av matvarer. Det er framleis behov for meir kunnskap om skadelege helseverknader av at folk blir utsette for uønska framandstoff, stoff som finst naturleg i omgjevnadane og sjukdomsframkallande mikroorganismar som finst i fôr- og matkjeda. Det er i den samanhengen også naudsynt med auka overvaking av innhaldet av framandstoff i sjømaten frå våre havområde.

Resultat 2007–2008

Fiskeri- og kystdepartementet har vore ein pådri­var for å få gode sporingssystem i verdikjeda for sjømat. Fiskeri- og kystdepartementet har eit særleg ansvar for å sikre at sporingssystema som blir utvikla også kan brukast i innsatsen mot omsetning av fisk frå ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Innovasjon Noreg har saman med næringa sett i gang fleire prøveprosjekt for sporing, der også sporing i tilknyting til UUU-fiske er ein del av mandatet. Fiskeridirektoratet har ei viktig rolle i dette arbeidet, og Fiskeri- og kystdepartementet følgjer arbeidet nøye.

Innkjøparar i Europa har dei siste åra lagt meir vekt på at sjømaten dei kjøper skal vere frå berekraftige bestandar, og mange ønskjer at dette skal stadfestast gjennom bruk av Marine Stewardship Council (MSC) si miljømerkeordning. Næringa har difor samla seg om å søkje om MSC-sertifisering av fleire fiskeslag. Næringa samarbeider også med departementet om å dokumentere og sertifisere norsk fiskeriforvaltning av torsk for å kunne gi betre informasjon til innkjøparar og forbrukarar om korleis torskebestanden er forvalta. Dersom dette blir vellukka kan ordninga bli utvida.

Departementet, Mattilsynet og næringa har dei siste to åra saman finansiert fleire større kartleggingar av framandstoff i sild, makrell, og blåkveite. Det er teke ei mengd prøvar av fisken på ulike stader og av fisk av ulike storleik/alder. Desse studiane vil gje ei unik oversikt over innhaldet av framandstoff i norsk sjømat.

8.2 Resultatområde: ”Introduksjon av framande organismar”

Mål og prioriteringar

Hovudmålet er å unngå spreiing og skadelege verknader av framande organismar og genmodifiserte organismar.

Introduksjon av framande organismar kan skje på fleire måtar. Dei kan transporterast med ballastvatn, setjast ut eller spreie seg naturleg som ein følgje av klimaendringar.

Utfordringane knytt til framande artar er samansette. Dei fleste framande artar vil ikkje klare å overleve og spreie seg i naturen. Nokre vil etablere seg i naturen utan å skade økosystema. Men nokre artar kan både etablere seg og føre til vesentleg skade på økosystema. Dei kan til dømes fortrengje naturleg førekommande artar eller smitte dei med sjukdom.

Regjeringas tverrsektorielle nasjonale strategi og tiltak mot framande skadelege artar frå 2007 slår fast at forvaltning av framande organismar skal følgje grunnleggande prinsipp som føre-var-prinsippet, øko­systemtilnærming og at miljøpåver­kar skal betale. Fiskeriforvaltninga vil blant anna gjennomføre tiltak innanfor utbetring av regelverk, forsking og informasjon.

Resultat 2007–2008

Framande skadelege organismar er eit tema under Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. I 2008 har programmet blant anna starta arbeidet med å utvikle eit system for overvaking av prioriterte skadelege framande organismar

Kystverket deltek i ei arbeidsgruppe som Direktoratet for naturforvaltning oppretta for å kome med forslag om tilrådde soner for utskifting av ballastvatn. Gruppa skal vurdere behovet for slike soner, kriteria for utveljing og om det er område langs kysten der risikoen for spreiing av framande organismar er så stor at vi bør forby utskifting av ballastvatn.

I forskinga arbeider Havforskingsinstituttet mellom anna med introduserte artar gjennom å samle inn data over førekomst og utbreiing og ved å delta i internasjonale arbeidsgrupper. I gruppene utvekslar dei informasjon om strategiar for å hindre introduksjonar med skipslast og om situasjonen i dei ulike verdsdelane. Instituttet har også gjeve innspel om introduserte artar og skipsfart til forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. Eitt prosjekt har studert den nyleg introduserte raudalgen japansk sjø­lyng, som på få år er vorte ein av dei vanlegaste raud­algane langs kysten frå svenskegrensa til Trondheimsfjorden, utan at artsrikdomen i området hittil ser ut til å vere påverka.

Havforskingsinstituttet har prioritert å kartleggje utbreiinga av kongekrabben. Det er så langt ikkje på­vist alvorlege skadar på økosystem i våre havområde som følgje av kongekrabben. Merkeforsøk viser at kongekrabben vandrar relativt lite i våre farvatn, og det er ikkje mykje som er observert utanfor eggakanten.

Forskingsprogrammet Biologisk mangfald vart avslutta i 2007. Forsking på introduksjon av artar i det marine miljøet er vidareført i Forskingsrådet sitt program Havet og kysten.

I 2007 har Veterinærinstituttet utvikla ein metode for å påvise ukjent GMO (genmodifiserte organismer). Dette vil fremme mattryggleiken og redusere risikoen for uheldige miljøkonsekvensar. Forskinga innan dette området skjer i samarbeid med nasjonale og internasjonale miljø. I Noreg har Veterinærinstituttet og NIFES eit godt forskingssamarbeid om GMO og helserisikoen ved bruk av GMO. Forskinga om GMO er også eit viktig grunnlag for dei risikovurderingane som Vitskapskomiteen for mattryggleik skal gjere på dette området.

Forskingsprogrammet Miljø, gen og helse omfattar grunnleggande forsking om genmodifisert mat.

8.3 Resultatområde: ”Bruk og vern av kyst- og havområde”

Mål og prioriteringar

Hovudmålet er å ta vare på det rike mangfaldet av marine naturtypar og artar i norske kystområde.

Kystsona dekkjer eit areal som tilsvarar 1/3 av Fastlands-Noreg. Dei store fiskebestandane gyt og veks opp på kysten og i fjordane. Meir enn 95 pst. av dei marine organismane har tilknyting til kystsona. Dette gjer den til eit nøkkelområde i den marine verda.

Havforskingsinstituttet har i oppgåve å auke kunnskapen om bestandsstruktur, bestandsdynamikk, økologiske vilkår og total utnytting. Instituttet har støtte i systematiske observasjonar frå delar av kysten attende til 1920, og dekkjer område frå svenskegrensa til grensa mot Russland. Mest omfattande er overvakinga langs Skagerrakkysten der det er mest påverknad frå menneske.

Kartlegging av marine naturtypar og gyte- og oppvekstområde viser at fleire leveområde er truga. Tareskogen i Nord-Noreg er til dømes nedbeita av kråke­bollar. Dei næraste åra vil det bli sett søkjelys på øko­logien i utvalde område, både i opne fjordar som Porsangerfjorden og i terskelfjordar som Hardangerfjorden.

MAREANO, program for kartlegging og studie av havbotn, vil bli vidareført. Programmet er med på å gje eit nødvendig kunnskapsgrunnlag for forvaltninga av miljø- og naturressursane i havområda våre.

Havforskingsinstituttet deltek i EU-prosjekt som legg kunnskap og metodikk til rette for ei heilskapleg kystsoneforvalntning.

Fiskeri- og kystforvaltninga skal delta i arbeidet med oppfølginga av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. Mellom anna ved å delta i forumet for samarbeid om miljørisiko knytt til akutt forureining i havområdet (Risikogruppa) og i den rådgjenvande gruppa for overvakning av det marine økosystem i Barentshavet og områda utanfor Lofoten (Overvakingsgruppa).

Fiskeri- og kystforvaltninga skal også delta i arbeidet med Forvaltningsplan Norskehavet og Forvaltningsplan Nordsjøen. I samband med dette vil Kystverket leggje fram eit felles faktagrunnlag om skipstrafikken i Norskehavet.

Kystverket er ansvarleg ved konsekvensutgreiing om nasjonale hamner og utdjupning av større farleier, og Kystverket følgjer desse sakene sær­skild opp.

Fiskeri- og kystforvaltninga skal framleis arbeide med å innarbeide EU sitt rammedirektiv for vatn gjennom karakteriseringsprosjekt og overvakingsprosjekt. Vidare vil ein delta i aktuelle prosessar innan kystsoneforvaltning, medrekna kommuneplanar, konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova, fylkesplanar og verneplanar etter naturvernlova.

Som ein del av den nasjonale marine område­forvaltninga gjennomgår ein dei norske kyst- og havområda systematisk for å sikre at eit representativt utval av marine habitat får tilstrekkeleg vern - ”Plan for marine beskyttede områder”. Det er meininga å gjere vedtak i løpet av 2009.

Fiskeri- og kystforvaltninga vil delta i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av marint biologisk mangfald i kommunane.

Det blir arbeidd vidare for å få på plass reviderte forskrifter for tarehausting i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Den nasjonale forvaltningsplanen for tarehausting skal også reviderast.

Kystverket vil vidareutvikle ein nasjonal database for farvatnsdata. Databasen skal knytast til programverktøy for handtering av geografiske data (GIS-data). Databaseoppbygging, dataetablering og publisering av kvalitetssikra geografisk informasjon på intranett og internett blir prioritert.

Kystverket vil i løpet av 2008–2009 etablere ei sentral forvaltning for Kystverkets geodata. Dette er viktig for å kunne bruke geodata internt og for å levere data i samsvar med dei krav som eksterne brukarar set til Kystverket. Av eksterne brukarar er det i første rekkje Statens kartverk Sjø som er ein stor brukar av Kystverkets data og som set store krav til kvalitet og dokumentasjon. I tillegg er Kystverket ein Norge Digitalt-part og har lova å levere data og metedata i standardiserte grensesnitt.

Kystverket gjennomfører kontinuerleg oppdatering og kvalitetssikring av eigne data. Dette arbeidet blir også prioritert i tida framover.

AREAL-programmet til Forskingsrådet har saman med programma Havet og kysten og HAVBRUK planlagt ei felles utlysing om temaet arealbruk i kystsona. Arealbruken i kystsona er i vekst. Etablerte næringar, nye næringar og samfunns- og fritidsinteresser skal samhandle om bruk på ein måte som tek vare på ressursar, miljø og klima.

Resultat 2007–2008

Fiskeristyresmaktene har utarbeidd retningslinjer for arealbruk i kystsona, mellom anna fordi interesser mellom havbruk og tradisjonelt fiske må vegast mot kvarandre.

Fiskeridirektoratet og Kystverket tek del i aktuelle planprosessar innan kystsoneforvaltninga, medrekna fylkesplanar, kommuneplanar og reguleringsplanar, konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova og verneplanar etter naturvernlova og nasjonalt program for biomangfald.

Fiskeri- og kystforvaltninga deltek i arbeidet med planen for marine beskytta område.

Fiskeridirektoratet har gjennom kurs og seminar formidla kunnskap til andre offentlege aktørar innan integrert kystsoneforvaltning og bruk og vern av kystsona. I 2007 arrangerte direktoratet eit kurs i integrert kystsoneforvaltning der mål­gruppa var tilsette i Fiskeridirektoratets regionar som arbeider med kystsoneforvaltning og kyst­sone­planlegging.

Havforskingsinstituttet har dei seinare åra styrka kompetansen sin for å auke kunnskapsgrunnlaget om naturtypar og naturverdiar på havbotnen og i kommunane langs kysten. Forskinga på økologien til ulike habitat og kva dei har å seie for biologisk mangfald er styrka, med vekt på sår­bare habitat og nøkkelartar som for eksempel ko­rallrev. Gjennom eit EU-prosjekt om biodiversitet er nye korallar utanfor Vesterålen kartlagde.

Ut frå løyvingane i dag vil MAREANO ha kartlagt og opparbeidd data i områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten i løpet av 2010.

Havforskingsinstituttet har starta eit strategisk instituttprogram (SIP), med innsats frå mange verksemder, for å få til ei heilskapleg forsking på fjord- og kystøkologi. Dette er ein del av Fiskeri- og kystdepartementet si satsing på fjord- og kystøko­logi.

Både nasjonalt og internasjonalt blir det lagt stor vekt på å beskytte marine område som ein meiner er sårbare for fiskeriaktivitet. I vår nasjonale forvaltning av dei levande marine ressursane har vi lang tradisjon for å drive marin områdebe­skyttelse saman med andre virkemiddel. Dette inkluderer alt frå tidsavgrensa lukkingar av eit område for eit særskild fiske til permanent stenging av eit område for all menneskeleg aktivitet. Arbeidet med Plan for marine beskytta område står sentralt her. Internasjonalt har merksemda etter kvart dreidd mot dei opne havområda, det vil seie områda utanfor nasjonal jurisdiksjon. Blant anna kom det i 2008 på plass, i regi av FNs matvareorganisasjon FAO, eit sett frivillige internasjonale retningslinjer for korleis fisket på det opne hav skal vere i område som ein meiner er sårbare for fiskeriaktivitet. Også dei regionale fiskeriorganisasjonane NEAFC (Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen) og NAFO (Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen) er engasjerte i å beskytte sårbare marine område.

Arbeidet med å følgje opp forvaltningsplanen for Barentshavet og områda utanfor Lofoten er i gang. Fiskeri- og kystforvaltninga deltek i fagleg forum og overvakingsgruppa og Kystverket har leiinga for risikogruppa. Alle gruppene har levert årsrapport, og starta arbeidet med endeleg rapport som skal danne grunnlag for revisjon av forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten i 2010. Havforskingsinstituttet har vore ein sentral aktør i arbeidet med konsekvensanalysar og faktagrunnlag. Instituttet leiar overvakingsgruppa og rapporterer frå 21 institusjonar.

Det er også sett i gang arbeid med å utvikle ein forvaltningsplan for Norskehavet og ein for Nordsjøen. Arbeidet med underliggjande rapportar til forvaltningsplanen for Norskehavet følgjer den planlagde framdrifta. Havforskingsinstituttet er ein sentral aktør i arbeidet med forvaltningsplanen for Norskehavet. Saman med Direktoratet for naturforvaltning har Havforskingsinstituttet levert ein arealrapport med miljø- og ressursutgreiing for Norskehavet. Saman med Statens forureiningstilsyn samarbeider instituttet om å lage forslag til indikatorar, referanseverdiar og tiltaksgrenser for eit system som skal overvake tilstanden i økosys­temet. Havforskingsinstituttet har hovudansvaret for å utarbeide sårbarheitsanalyse for Norskehavet.

Havforskingsinstituttet har i 2007 særleg styrka arbeidet med olje–fisk-problemstillingar. Gjennom den ordinære verksemda si og innhenting av data samlar instituttet informasjon til andre institusjonar, mellom anna om framandstoff i norsk sjømat. Instituttet deltek i Nasjonalt råd for operasjonell marin overvaking og varsling, der dei samordnar havmiljøovervakninga.

Fiskeridirektoratet sin varslings- og beredskapsplan for krisehandtering i kystsona blir revidert årleg og sendt ut til samabeidspartnarane til direktoratet. I løpet av perioden har direktoratet hatt beredskapssituasjonar knytt til forlis, grunnstøytingar, algeoppblomstringar, manetinvasjon, sjukdom på kystsel, atomulykker og oljeutslepp. Personell frå direktoratet har deltatt i diverse oljevernøvingar og seminar om beredskap.

MARECO-ekspedisjonen på den midtatlantiske ryggen har ført til intensivert innsats for fiskesystematikk, mellom anna gjennom to internasjonale arbeidsgrupper.

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) meiner at kysttorsken nord for 62° er på eit faretruande lågt nivå. Genetiske analysar av kysttorsk viser ein samansett bestandsstruktur, med mange lokale bestandar. Resultata er nytta i rådgjevinga om forvaltning av dei ville bestandane og dei er referansemateriale for å vurdere følgjer av rømt oppdrettstorsk og av klimaendringar. Funna kan òg ha verdi i reguleringa av torskeoppdrett. Ein førebels studie av gyteområde tyder på at terskelbasseng i dei indre delane av mange fjordar er viktige gyteområde for lokal kysttorsk. Tilbakehalding (retensjon) av fiskeegg og fiskelarver er truleg ein viktig grunn til at lokale bestandar av kysttorsk blir haldne oppe.

Havforskingsinstituttet har i perioden levert rapportar om marinøkologiske verknader av vindmøller i sjøen og verknader av mudring og dumping.

Kystverket har laga ein rettleiar om planmedverknad for tilsette i Kystverket. Rettleiaren skal medverke til betre samordning internt i Kystverket og betre kvaliteten på etaten sine høyringsinnspel. Kystverket kjem med innspel til kommunale og fylkeskommunale planar i kystsona der Kystverkets ansvarsområde blir råka. Vidare gjev Kystverket innspel til verneplanar og ulike typar konsekvensutgreiingar.

I 2007 hadde Kystverket seminar for regionkontora om medverknad i planarbeidet. Kystverket var også ansvarleg for eit fellesseminar med fiskeriforvaltninga. Tema for seminaret var samhandling i kystsona – skipstrafikk og havbruk.

Kystverket publiserer data gjennom Kystverkets internetteneste Kystinfo (http://kart.kystverket.no). Tenesta skal utvidast med meir informasjon og fleire funksjonar. Det siste året har trafikken på Kystinfo vore i sterk vekst. Det blir produsert i overkant av 250 000 kart per månad gjennom applikasjonen.

I Noregs forskingsråd sitt AREAL-program starta i 2007 starta eit større tverrfagleg prosjekt i verneområdet i Froan (Frøya kommune). Kommunen, næringslivet, organisasjonane, og forskarane samarbeider for å finne dei beste løysingane for både bruk og vern.

8.4 Resultatområde "Friluftsliv"

Mål og prioriteringar

Hovudmålet er å ta vare på sjøområda som verdfulle rekreasjonsområde.

Fiskeri- og kystforvaltninga vil følgje opp og setje i gang prosjekt for å kartleggje omfanget og verknadane av turistfiske, med særleg vekt på omsynet til bestandane og evaluering av tiltak som er sett i gang.

Noregs forskingsråds program Areal- og naturbasert næringsutvikling (AREAL) vil prioritere arbeidet med bruk og vern og arealplanlegging i kystsona. Slik skal det leggjast til rette for meir naturbasert reiseliv. I nordområdesatsinga skal nordnorske kystkulturlandskapet stå sentralt.

Resultat 2007–2008

Fisketurisme er ein viktig del av reiselivsnæringa og skaper både sysselsetjing og verdiar langs kysten. Denne måten å nytte fiskeressursane på må til liks med anna utnytting skje innanfor ansvarlege og berekraftige rammer. Det er difor innført ei utførslekvote som avgrensar den mengda fisk kvar person kan ta med seg ut av landet.

Innanfor Forskingsrådets program Havet og kysten er det sett i gang eit prosjekt om grunnlaget for turistfiske i kystnære område. Havforskingsinstituttet har starta eit prosjekt der turistverksemder nyttar internettportalen ALTINN til å rapportere frå fangstdagbøkene som turistar fyller ut.

I AREAL-programmet er naturbasert reiseliv ei prioritert satsing. Eit stort prosjekt som gjeld optimal verdiskaping av villaksen i Trondheimsfjorden og i elvane rundt Trondheimsfjorden blir vidareført. Det er store nasjonale ringverknader av prosjektet allereie, og det styrkjer grunnlaget for meir turisme.

8.5 Resultatområde "Kulturminne og kulturmiljø"

Mål og prioriteringar

Hovudmålet er å auke innsatsen for å ta vare på kulturverdiar på land og i sjø som er typiske for ulike tidsepokar, ulike område på kysten og ulike drifts- og produksjonsformer i fiskeri og anna kystnæring.

Etatsmuseet for Kystverket vart etablert i 2008 og skal driftast som eit nettverk av fire museumsinstitusjonar. Det er eit mål å sjå arbeidet til dei ulike museumseiningane i samanheng – både musea imellom og i høve til Kystverkets oppgåver og satsingar innan kulturminnefeltet.

Kystverket vil på bakgrunn av forslaget til verneplan for maritim infrastruktur arbeide med å få til ein tenleg verneprosess i samarbeid med Riksantikvaren. Det skal utarbeidast prosedyrar og rutinar for korleis omsynet til verna eigedomar og anlegg blir teke vare på og integrert i den ordinære forvaltninga og det ordinære vedlikehaldarbeidet.

Kystverket arbeider vidare med å utvikle fyrstasjonar og fyreigedommar i samarbeid med fylkeskommunar, kommunar, frivillige organisasjonar og næringsaktørar. Det er eit mål at fyrstasjonane skal vere tilgjengeleg for allmenta og at dei kan nyttast i lokal og regional utvikling, samstundes som omsynet til kulturminnevernet blir teke vare på. Det er også naturleg å knyte verna kulturminne til relevante internasjonale prosjekt.

Samarbeidet mellom Fiskeridirektoratet, Kystverket, Riksantikvaren og ABM-utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) blir vidareført i 2009 i tråd med handlingsplanen. Spesielt vil det bli satsa på delprosjektet ”Forteljingar om Kyst-Noreg”, der ein mellom anna tek sikte på å utarbeide dokumentarfilmar om kystkultur. Dette er eit døme på at det er avgjerande at etatsmuseet for Kystverket blir trekt med i arbeidet. Arrangement knytt til Kulturminneåret 2009 vil også bli prioriterte i det tverrsektorvise samarbeidet.

Resultat 2007–2008

Det er i 2008 etablert eit etatsmuseum for Kystverket organisert som eit nettverk av fire museumsinstitusjonar. Nettverket består av Stiftelsen Lindesnes fyrmuseum, Tungenes fyrmuseum – ei konsolidert eining i Jærmuseet, Fyrmuseet i Dalsfjord – ei konsolidert eining i Sunnmøre museum og Lofotmuseet – ei konsolidert eining i Museum Nord. Lindesnes har rolla som sentralledd i museumssamarbeidet, og vil ha ansvar for å koordinere fellestiltaka som musea deltek i.

Kystverket har som følgje av arbeidet med Statens Kulturhistoriske Eigedomar (SKE-prosjektet) i 2008 arbeidd med forslag til ein heilskapleg verneplan for etaten – verneplan for maritim infrastruktur. Planen dekkjer heile verkefeltet til Kystverket og kjem i staden for den tidlegare verneplanen for fyrstasjonar, når saka blir handsama av Riksantikvaren.

Kystverket eig framleis mange av fyrstasjonane. Fyrstasjonane blir forvalta og haldne ved like av Kystverket sjølv, eller heilt eller delvis av leigetakarar. Det er ein føresetnad at leigetakarane har eit allmennyttig formål, slik at fyreigedomane er tilgjengelege for folk flest. Kystverket har, ved leigekontraktar og samarbeid med andre aktørar, sikra at vernet av kulturminna skjer gjennom aktivt bruk, samstundes som ein legg til rette for at fyr­eigedomane kan fremme næringsutvikling.

Kystkultursamarbeidet mellom Riksantikvaren, ABM-utvikling, Fiskeridirektoratet og Kystverket har auka aktivitetsnivået i 2008. Nettverket har arrangert det årlege kystkulturseminaret og lagt fram ein felles handlingsplan for kystkultur for å samordne innsatsen og ressursbruken. Det er spesielt lagt vekt på delprosjektet ”Forteljingar om Kyst-Noreg”, der ein i 2008 har gjennomført ei pilotforteljing om losverksemda på Hustadvika, i form av ei sceneframsyning.

Kystverket har delteke i ei rekkje større og mindre samarbeidsprosjekt med både offentlege og frivillige aktørar, der målet er å fremme kystkulturinteressene.

8.6 Resultatområde "Forureining av kyst- og havområde"

Mål og prioriteringar

Hovudmålet er å hindre forureinande utslepp til kyst- og havområde som kan gjere det marine miljøet ringare på kort og lang sikt.

Delmål:

  • Redusere utslepp til miljøet frå sjømatnæringa, spesielt frå havbrukssnæringa.

  • Redusere verknaden av forureining av miljøgifter med vidare i produksjonskjeda for å sikre sjømat­tryggleik.

  • Minimalisere utslepp av organisk materiale frå fiskefartøy og fiskeindustri i område der konsentrasjonen er så høg at det kan ha skadeverknader.

  • Stimulere til at biprodukt, vatn og anna avrenning får nytteverdi.

  • Leggje til rette for at utslepp av næringssalt og organisk materiale frå havbruk ikkje overskrid naturens toleevne.

  • Medverke til reduksjon av utslepp og anna ekstern forureining, og unngå at forureining fører til negative verknader på levande marine organismar.

  • Hindre og avgrense skadelege konsekvensar av akutt forureining.

  • Overvake kyst- og havområda for å kunne dokumentere miljøtilstanden der fisken blir hausta.

Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet vil i samarbeid med næringa styrkje arbeidet med å stimulere til vidare reduksjon av kjemikaliebruken og bruken av kopar i oppdrett. Arbeidet omfattar forskingsprosjekt som vurderer korleis kopar kan nyttast meir effektivt og optimalt og prosjekt for utvikling av meir miljøvenlege impregneringsmiddel. Prosjekta blir gjennomførde i samarbeid med Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond.

For å sikre ei mest mogleg miljøvenleg sjukdoms- og parasittnedkjemping skal det leggjast vekt på å utvikle alternative miljøvenlege metodar der det er råd å få til, til dømes auka bruk av leppefisk. Kunnskapsoppbygginga og forskingsprosjekt skjer i samarbeid med næringa.

Det viktigaste tiltaket for å sikre lågast mogleg nivå av framandstoff i sjømat er å redusere utsleppa til naturen av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Restriksjonar på utslepp vil først etter lang tid ha verknad på villfanga fisk og annan sjømat. Oppdrettsfisk og tran/kosttilskot kan derimot påverkast innan rimeleg tid og det vil innverke på tilførslene av organiske miljøgifter som dioksinar og dioksinliknande PCB til befolk­ninga.

EU har sagt at dei vil revurdere grenseverdiane for dioksin og dioksinliknande PCB i mat og fôr innan utgangen av 2008. Arbeidet er enno ikkje heilt kome i gang, og det vil nok vare ut i 2009. Grenseverdiane vil då bli tydeleg reduserte. Dette er særleg aktuelt for fiskeolje til fôr, der grenseverdiane vil bli sette ned slik at vi kan sjå for oss at oljen må rensast før han blir brukt i fôr.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir spreidde i det marine miljøet, og nokre stoff kan bli oppkonsentrerte i næringskjeda og overstige fastsette grenseverdiar for trygg mat. Skal norsk sjømat stadfeste og styrkje renommeet sitt som kvalitetsprodukt må Noreg kunne vise til ein dokumentasjon for framandstoff som er tilfredsstillande i alle samanhengar. Ved å overvake havmiljøet må nivåa for eventuelle forureiningskomponentar kunne dokumenterast slik at det er mogleg å avgrense fiske i område der det kan vere forureining utover det som er internasjonalt akseptert.

Det er difor viktig også å kartleggje korleis slike stoff blir akkumulerte i matproduksjonskjeda og skaffe kunnskap om nivået av framandstoff i norsk sjømat. Kunnskapsoppbygginga skjer både ved forsking og gjennom overvakingsprogram. Resultata blir publiserte i Sjømatdata på www.nifes.no.

NIFES vil prioritere metodearbeid knytt til relevante PAH-sambindingar for beredskap mot oljesøl.

Det blir planlagt aktivitet i samarbeid med programmet NANOMATfor å finne løysingar som kan redusere tilgroing og bruk av kopar.

Ved mudring i fiskerihamner eller fjerning av sediment i farleier skal eventuelle forureina botnsediment handterast i samsvar med retningslinjene frå miljøvernstyresmaktene.

Sjøtransport er i stor grad ei miljøvennleg og sikker transportform med lågt energiforbruk per tonnkilometer. Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining er viktig i regjeringa sitt arbeid med å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvennleg og effektiv transportform.

Fiskeri- og kystdepartementet prioriterer å styrkje tryggleiken til sjøs for å redusere risikoen for miljøforureining frå sjøtransporten. Det er difor viktig å sørgje for tilstrekkeleg maritim trafikkontroll og overvaking, sørgje for drift og vedlikehald av maritim infrastruktur og oppretthalde beredskapsnivået knytt til miljørisiko gjennom utskifting av beredskapsmateriell, gjennomføring av kurs og øvingar og sørgje for at det vert sett i verk beredskapstiltak ved fare for akutt forureining.

Resultat 2007–2008

I havbruksnæringa blir det i dag nytta kjemikaliar og kopar som kan ha uønska miljøverknader. Det blir difor arbeidd med å utvikle og ta i bruk alternative metodar som kan hindre tilgroing og erstatte kjemikaliar og kopar i reingjering, vask og impregnering av oppdrettsnøter. Notvaskeria er pålagde å reinse avløpsvatnet. Stadig fleire anlegg nyttar mekaniske metodar som spyling og tørking av nø­ter. Forskinga skal auke innsikta i mekanismar og samanhengar for impregnering og reingjering av not og prøve ut impregnering som ikkje er koparhaldig.

Samla antibiotikaforbruk for havbrukssnæ­ringa i 2007 var svært lågt, berre 668 kg mot 1 605 kg i 2006. Medisinering av oppdrettsfisk gjennom fôr kan likevel påverke miljøet ved utslepp av antibiotikarestar. Det blir difor satsa mykje på å førebyggje sjukdom gjennom drift, rutinar, vaksinar og vaksinasjonsstrategiar. Dette avgrensar bruken av legemidlar.

Matregelverket inneheld maksimalverdiar for framandstoff som skal omsetjast i marknaden. Grenseverdiane i regelverket blir harmoniserte internasjonalt både gjennom EØS-regelverket og gjennom Codex Aliminetarius som er FNs globale organisasjon for matvarestandardar. Det er Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) som har ansvaret for å risikovurdere miljøgifter i norsk mat, inkludert sjømat.

Som ein del av arbeidet med regelverket om framandstoff har Mattilsynet fått VKM til å risikovurdere ikkje-dioksinliknande PCB, gjennomgå ny vurdering frå Verdas helseorganisasjon av dioksin og risikovurdere dioksin og dioksinliknande PCB i fiskelever. Den norske fiskelevervurderinga fekk gjennomslag i forhandlingane i EU, og det var denne vurderinga EU-kommisjonen brukte som argumentasjon då den nye grenseverdien vart vedtatt i den faste komité.

VKM har tidlegare laga dokumentet ”Grunnlag for å vurdere sjømat frå forureina hamner og fjordar” for å vere eit verktøy og hjelpemiddel for Mattilsynet når dei vurderer kosthaldsråd. Nyaste vurderinga omhandlar tinnorganiske stoff i sjømat. Tinnorganiske stoff vart tidligare mykje brukt som botnstoff på båtar.

VKM har på eige initiativ revurdert risikovurderinga om azaspiracidtoksinar i krabbe. Desse algetoksina vart funne i krabbe for første gong i 2005.

Botnsediment i hamner og farleier kan innehalde miljøgifter som for eksempel TBT, PCB, PAH og ulike tungmetall. I samband med utdjuping i fiskerihamner og farleier gjennomfører Kystverket undersøkingar av botnsediment etter krav frå miljøavdelingane til fylkesmennene. Dei forureina sedimenta blir tekne opp under kontrollerte forhold. Vidare handtering av massane skjer i samsvar med løyve frå miljøvernavdelingane til fylkesmennene. Pålagde tiltak aukar kostnadane ved hamne- og farleisutbetringar.

Forskrifta om rammer for vassforvaltninga gjeld frå 01.01.2007. Fiskeri- og kystforvaltninga deltek i ei direktoratsgruppe for direktivet om vatn og forvaltning av vatn leia av Direktoratet for naturforvaltning (DN). I gruppa deltek òg representantar for Noregs vassdrags- og energidirektorat, Statens landbruksforvaltning, Statens vegvesen, Statens forureiningstilsyn og Mattilsynet.

Regionkontora til Kystverket er med i planleggingsfasen (karakterisering, utarbeide forvaltningsplanar, tiltaksprogram og overvakingsprogram) i utvalde vatnområde i første planperiode. Dette omfattar ca 20 pst. av vatnførekomstane. Kystverket følgjer dette arbeidet vidare og vil sør­gje for nødvendig opplæring i etaten.

For å vedlikehalde beredskaps- og miljøvern­kom­petansen arrangerer Kystverket kurs og øvingar og deltek i opplæringsaktivitetar arrangerte av andre. Det er etablert ei operativ kartløy­sing – Kystinfo – der ein samlar og held oversikt over all relevant og tilgjengeleg informasjon i samband med handteringa av akutt forureining. Det er også teke i bruk ulike operative verktøy til støtte når avgjerder skal takast i planlegging og gjennomføring av oljevernaksjonar.

Gjennom ei 24/7 vakt- og beredskapsordning mottek og behandlar Kystverket meldingar om fare for akutt forureining og sørgjer for at det blir sett i verk tiltak for hindre og avgrense miljøska­dar.

I oppfølginga av St.meld. nr. 8 (2005–2006) Helhetlig forvaltning av havmiljøet i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten er det sett ned eit forum for samarbeid om risiko knytt til akutt forureining. Kystverket leiar forumet og skal mellom anna koordinere overvaking som er relevant for risikohandtering, sær­leg når det gjeld sjøtranspor­ten. Forumet skal også medverke til god kommunikasjon og informasjonsutveksling om risiko mellom dei ulike etatane med ansvar innan miljøfor­valtning, petroleumsverksemd og sjøtransport. Forumet skal vere med på å finne dei mest kostnadseffektive risikoreduserande tiltaka på tvers av administrative ansvarsområde.

FNs sjøfartsorganisasjon IMO sin sjøtrygg­leikskomité, MSC, vedtok i desember 2006, på grunnlag av eit norsk framlegg til skipsruting på strekninga frå Vardø til Røst, eit samanhengande system av åtte nye trafikkseparasjonssystem, med sju tilrådde ruter. Ordninga gjeld alle fartøy med farleg last, medrekna olje og gass, og lasteskip over 5 000 bruttotonn. Ordninga tredde i kraft 1. juli 2007. Skipstrafikken er dermed flytta ut til rundt 30 nautiske mil frå land og omsynet til sjøtryggleik, miljø og viktige fiskeri i nordområda er tekne betre vare på. For at det skal vere sikker AIS-dekking i området vil det i løpet av 2008 bli etablert tre nye AIS-basestasjonar på strekninga.

Fiskeri- og kystverket arbeider no med eit framlegg til IMO om seglingsleier og rutetiltak utanfor Vestlandet og utanfor Sørlandet og Austlandet (Skagerrak). Farvatna i Skagerrak og nærlei­ken til nabolanda gjer at Noreg og nabolanda i samarbeid må kome fram til kva som er høvelege tiltak. Trafikksentralen for Nord-Noreg (Vardø trafikksentral) kom i drift 1. januar 2007. Den statlege slepebåtberedskapen i Nord-Noreg er vidareført.

8.7 Resultatområde "Avfall og gjenvinning"

Mål og prioriteringar

Hovudmålet er å medverke til betre utnytting av utkast og biprodukt frå fiskeri- og havbruksæringa.

Auka utnytting og høgre verdiskaping av biprodukt føreset at ein satsar på forsking for mellom anna å dokumentere ernærings- og helseeigenskapar. Felles prosjekt som har som mål å dokumentere verknader av ei rekkje marine råstoff blir koordinerte og støtta gjennom stiftinga RUBIN (Resirkulering og utnytting av organiske biprodukt i Noreg). RUBIN har som overordna mål å sikre større lønsemd og høgre verdiskaping av biprodukt frå fiskeri- og havbruksnæringa og betre totalutnyttinga av fiskeråstoff, for å medverke til ei berekraftig utvikling av fiskeri- og havbrukssektoren.

RUBINs strategi for å få realisert måla er å ta initiativ til og gjennomføre prosjekt og marknadstiltak, og medverke til ein samordna innsats innanfor og på tvers av næringar, styresmakter, finansieringsinstitusjonar og forsking.

RUBINs handlingsplan for 2005–2009 legg vekt på

  • utvikling av norsk biomarin ingrediensindustri retta mot dei internasjonale marknadane. RUBIN legg vekt på å optimalisere strukturen i verdikjeda

  • felles og produkt- og marknadsretta dokumentasjon av marine ingrediensar når det gjeld helse og ernæ­ring

  • auka eksport av konsumprodukt

  • utvikling og tilrettelegging for auka uttak av ferske, sorterte biprodukt i flåte og landindustri

  • utvikling av teknologi for prosessering og utnytting av biprodukt

  • informasjon og overvaking av varestraumar

  • utvikling av regelverk.

Store summar blir investerte for å avgrense lekkasjar av miljøgifter og anna forureining frå avfall og deponi på land til det marine miljøet. Kunnskap for å setje inn dei rette tiltaka er viktig i den samanhengen.

Etterletne oppdrettsanlegg utgjer eit forureiningsproblem, og er eit trugsmål mot sjøtrygglei­ken. Fiskeridirektoratet vil sørgje for at eigarar av forlatne anlegg blir pålagte å rydde opp. Fiskeridirektoratet vil så langt råd er leggje til rette for at andre aktørar kan overta utstyret frå eigarlause anlegg mot å rydde opp.

I samband med at kravet om å stille sikkerheit blir sett i verk, har det vore ein tett dialog med næringa for å finne løysingar som er minst mogleg belastande for den enkelte utøvar. Fiskeri- og kystdepartementet vil i oppfølginga ha dialog med organisasjonane i næ­ringa om eit næringsfinan­siert oppryddingsfond.

Resultat 2007–2008

Fangstvolumet i torskefiskeria auka noko i 2006. Biproduktmengda frå torskefisk har difor også auka litt. I følgje eksportstatistikken har vidareforedling av sild auka, medan overslaget over mengda biprodukt frå pelagisk sektor faktisk er noko lågare enn året før. Biprodukt frå havbruk har auka i 2006 på grunn av større mengd slakta laks og aure, og fordi oppdrettstorsken gjer seg meir gjeldande. Mengda skal frå skaldyr er omtrent på same nivå som året før.

Den samla biproduktmengda frå fisk og skaldyr i 2006 er rekna til 625 000 tonn. Av dette er rundt 450 000 tonn utnytta. Det gjev ei utnyttingsgrad på 72 pst., om lag på nivå med året før. Det som ikkje blir utnytta blir dumpa på sjøen, hovudsakleg frå torskeflåten.

Mesteparten av biprodukta blir ensilerte og frosne og brukt til dyrefôr og oppdrettsfôr. Ein aukande del av biprodukta blir nytta av ingrediensindustrien, ein industri som er i sterk vekst her i landet og i verda elles. Det blir stadig utvikla nye produkt og ingrediensar til menneskeføde og til medisinar og spesialfôr til husdyr og kjæledyr. Utviklinga av desse nye produkta fører til høgre verdiskaping enn den tradisjonelle fôrproduksjo­nen, og gjer det mogleg i framtida å mangedoble verdiskapinga frå marine biprodukt.

Den totale bruken av biprodukt til menneskeføde og andre høgverdige produkt var på om lag 55 000 tonn i 2006, ein auke på 5 000 tonn frå året før.

Det er ikkje så mange miljøproblem knytt til biprodukt frå villfisk. Det som har kome til land av biprodukt har stort sett vorte utnytta, men det er framleis mykje dumping i samband med sløying om bord. Biprodukt frå sløying som blir kasta over bord langt frå land har liten negativ miljøverknad.

Biprodukt frå havbruk blir i hovudsak teke hand om og skaper få miljøproblem.

Når det gjeld skaldyr har både rekeskal og krabbeskal vorte dumpa. Dette har truleg ikkje ført til miljø­problem, sidan dumpinga har skjedd på godkjende dumpeplassar til havs.

Fleire utgreiingar har konkludert med at det kan bli mangel på dei tradisjonelle fôrmidla fiskemjøl og fiskeolje i løpet av få år, og at det blir vanskelegare å nytte fiskeressursar som kan brukast direkte til mat, til fôrråvarer. For å ha nok fôrråvarer med tilstrekkeleg god kvalitet er det behov for å utnytte dei tilgjengelege fôrråvarene betre, auke utnyttinga av biprodukt og vurdere alternative fôr­rå­varer. Frå havet dreiar det seg om betre utnytting av marine biprodukt og om fangst på lågare nivå (krill og plankton). Marine biprodukt går inn i fiskefôr som ensilerte biprodukt, råstoff til fiskemjølfabrikkane eller som råstoff til lokalt produsert fôr.

8.8 Resultatområde "Klimaendringar, luftforureining og støy"

Mål og prioriteringar

Hovudmåla er å

  • vidareføre deltakinga i det internasjonale arbeidet med å avgrense luftforureining, støy og utslepp av klimagassar

  • medverke til å unngå unødig støy knytt til hamneverksemd.

På kysten og i fjordane i Noreg kan endringar i klima føre til fleire hendingar med høge temperaturar, meir nedbør og endringar i ferskvasstilførselen frå elvar, endringar i fjordstraumane og kanskje meir vind. Havforskingsinstituttet vil vidareføre innsatsen for å studere verknader av klima på det marine økosystemet, medrekna verknader på rekruttering, vekst og utbreiing hos fisk. Instituttet vil leggje meir vekt på å forstå korleis klima påverkar økosystemet og verknadane må kvantifiserast. Der er eit omfattande internasjonalt samarbeid om klimaforskinga.

Havklimaet er viktig for biologiske ressursar. Kunnskap om klimaendringar er også avgjerande for forvaltning av marine økosystem og ressursar i nordområda, og Forskingsrådets program NORKLIMA prioriterer dette området.

Kystverket arbeider for å redusere støy frå hamneverksemd og skal delta i ei referansegruppe for prosjektet ”Nytt felles støyregelverk”. Kystverket skal også få i gang arbeid med nye retningsliner for handsaming og utrekning av støy frå hamner og medverke i utviklinga av ein modell for å vurdere støy i hamner. Kystverket skal også ha ei klar rolle i kommunale planprosessar for arealbruk i hamner og hamnene sin omgjevnader.

Resultat 2007–2008

Innanfor Forskingsrådets store program NORKLIMA er det ein omfattande forskingsinnsats for å få meir kunnskap om den rolla havet har i klimasystemet og konsekvensar av klimaendringar for marint miljø og marine ressursar. Marint miljø, fiskeri og havbruk er venta å bli sterkt råka av klimaendringane. Fleire prosjekt er no i avslutningsfasen. Prosjekta viser at ei rekkje ulike klimafaktorar vil påverke marine organismar både på individ- og bestandsnivå. Mellom anna vil torskestammane truleg flytte seg nordover som følgje av klimaendringane, og sørlege gyteområde får mindre verdi. Vekstforholda i sildestammen blir også påverka. Det er ein indirekte følgje av at klimaendringane påverkar raudåta, den viktigaste maten til silda.

I 2006 utarbeidde eit utval oppnemnt av Fors­kingsrådet ein nasjonal handlingsplan for norsk klimaforsking.

Havforskingsinstituttet har i stor mon gjeve råd om verknader av lyd på marine organismar. Sakshandsaming om seismikk auka i 2007 til 530 førespurnader, og instituttet ga 60 offisielle fråsegner om seismiske undersøkingar i ulike område. Saman med Forsvarets forskingsinstitutt er det eit arbeid i gang for å gjera Sjøforsvaret i stand til å operere lågfrekvente sonarar på ein sikrare måte for miljøet.

Hamneaktivitet i nærleiken av bustadområde og bysentra kan medføre problem med støy. Når slike problem oppstår, hjelper Kystverket hamnene med informasjon om støyregelverket og med å gje råd om korleis slike saker best kan handterast.

Kystverket var aktivt med i prosjektet ”Nytt felles støyregelverk”. Prosjektet vart avslutta 2005. Det har resultert i revidert forureiningsforskrift og planretningslinjer for støy og rettleiarar. Retningslinjer for handsaming og berekning av støy frå hamner er ein del av dette arbeidet. I tillegg kjem berekningsmodell for støy i hamner.

8.9 Resultatområde "Internasjonalt miljøsamarbeid"

Mål og prioriteringar

Hovudmålet er at Fiskeri- og kystdepartementet skal arbeide internasjonalt for å sikre ei berekraftig utnytting av marine ressursar, medrekna ei berekraftig forvaltning og betre totalutnytting av sjøpattedyr og medverke til å redusere forureining av havområda.

Noreg er ein stor havnasjon, og har viktige interesser i og ansvar for forvaltning av havet i internasjonal samanheng. Det er difor viktig å utvik­le ein samordna politikk for det marine og maritime området, og å målbere den effektivt i internasjonale fora.

Noreg skal medverke til at global og regional forvaltning av marine ressursar skjer i tråd med godtekne prinsipp som berekraftig bruk, føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning. Vidare er det ei viktig oppgåve å vere med å sikre at det folkerettslege grunnlaget for berekraftig forvaltning av levande marine ressursar blir følgd i forvaltninga i våre eigne fiskerisoner, på det opne havet og i andre nasjonars fiskerisoner. Noreg deltek difor i internasjonale fora og prosessar som er viktige for utviklinga av kyst- og havpolitikken på globalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Dei siste åra har det vore ei utvikling der prosessar og vedtak i internasjonale miljøfora i aukande grad får innverknad på fiskerispørsmål. Fiskeriforvaltninga vil vidareføre innsatsen sin på dette feltet. Målet er å sikre ei berekraftig utnytting av marine ressursar, medrekna ei berekraftig forvaltning og betre totalutnytting av sjøpattedyr, og å medverke til mindre forureining av havområda. Det er eit grunnleggjande prinsipp for norsk forvaltning av marine ressursar at utnyttinga skal baserast på tilstanden i bestanden, det vil seie at utnyttinga skal skje på best mogleg vitskapleg grunnlag. Dette prinsippet blir lagt til grunn i arbeidet i dei aktuelle internasjonale fora.

Viktige arenaer er havdebatten i FNs generalforsamling, FNs matvareorganisasjon (FAO) og Konvensjonen for biologisk mangfald (CBD).

Fiskeri- og miljøforvaltninga er heilt avhengig av ei internasjonal grundig og veletablert rådgje­ving om dei levande marine ressursane og det marine miljøet. Det internasjonale råd for havfors­king (ICES) spelar her ei sentral rolle for vitskapleg rådgjeving om økosystema i Nord-Atlanteren. Med ein meir enn hundreårig tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid er ICES med sin råd­gjevarstruktur, vitskapskomitear og meir enn hund­re arbeids- og studiegrupper som dek­kjer heile spekteret av marin forsking, den viktigaste arenaen internasjonalt for norsk, marin forsking.

Eit viktig tema for fiskeriforvaltninga er drøftingane i internasjonale miljøfora om etablering av marine verneområde, både innanfor og utanfor nasjonal jurisdiksjon.

I dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane vil Noreg arbeide for at økosystemvurderingar og omsynet til biomangfaldet blir innarbeidd i verksemda og mandata til organisasjonane.

Listing av truga marine artar er også eit sentralt tema for fiskeriforvaltninga. Listing av artar er no framme i mange miljøvernfora, for å regulere internasjonal handel som i CITES eller for å markere behov for særleg vern.

Kystverket har ansvar for fleire avtalar om gjensidig bistand og samarbeid innan akutt forureining. Desse avtalane skal sikre eit godt samarbeid ved ulukker slik at ein oppnår ei optimal utnytting av dei tilgjengelege ressursane. Avtalane utvekslar gjensidig av informasjon slik at ein er kjend med utviklinga i andre land.

Internasjonalt forskingssamarbeid får stadig meir å seie. Noreg er i dag ein stor aktør i internasjonal marin forsking. Det er likevel nødvendig å styrkje det internasjonale samarbeidet om forvaltning av marine ressursar globalt og i høve til nabostatar og EU. Noreg må vidare vere ein betydeleg aktør i havforskinga med problemstillingar knytt til miljø, klima og forureining og berekraftig utnytting av fiskebestandane.

Resultat 2007–2008

Fiskeri- og kystdepartementet, Fiskeridirektoratet og forskingsinstitusjonane deltek i ei rekkje internasjonale og regionale organisasjonar som arbeider med forvaltning av fiskeressursane.

Det er eit viktig utviklingstrekk i internasjonal hav- og fiskeripolitikk dei siste åra at fiskeripolitikk og miljøpolitikk blir meir integrerte. Eit konkret døme på integrering av fagfelta er innføring av nye forvaltningsprinsipp som økosystemtilnærming og føre-var-prinsippet. Viktige retningslinjer og prinsipp med store verknader for dei marine næringane blir fastlagde i internasjonale miljøfora. Fiskeriforvaltninga og Havforskingsinstituttet deltek difor aktivt i internasjonalt miljøsamarbeid i skjeringsflata mellom ressursforvaltning og miljøpolitikk.

Noreg har på fleire område vore ein pådrivar i dette arbeidet, og har lagt vekt på å utvide mandatet til dei regionale fiskeriorganisasjonane til også å innarbeide omsynet til biologisk mangfald.

Generelt har vern av område som er sårbare for fiskeriaktivitet som korallrev og djuphavsfjell, både innanfor og utanfor lands økonomiske soner, vekt stor merksemd i internasjonale miljøfora dei siste åra. FNs fiskeriresolusjon frå 2006 stiller krav til dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane og kyststatane om å beskytte slike habitat mot botnfiske.

I Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) har Noreg vore aktiv i arbeidet med å få til eit forvaltningsregime for djuphavsressursar og spørsmål knytt til oppfølging av FAOs aksjonsplan mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske er behandla. Forholdet til internasjonale miljø- og fiskeriprosessar, medrekna botntråling og marine verneområde, er også tekne opp i organisasjonen. På eit ekstraordinært møte i juli 2008 vedtok NEAFC reglar som skal beskytte sårbare marine økosystem. Tilsvarande reglar er også vedtekne i Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO). Noreg har fått gjennomslag for eit forslag om eit regime for hamnestatskontroll som skal sikre kontroll med ressursuttaket i området. Forslaget er implementert av NEAFC-landa med verknad frå 1. mai 2007.

Fiskeriforvaltninga deltek også i arbeidet i fleire fora innanfor FN-systemet. Det vart halde eit møte i FN om bruk og vern av marine ressursar, inkludert marin områdeforvaltning utanfor nasjonal jurisdiksjon. Også innanfor biodiversitetskonvensjonen (CBD) og konvensjonen for vern av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren (OSPAR) blir det arbeidd med temaet marine verneområde.

Vidare er OSPAR i gang med å utarbeide ein omfattande miljøstatus rapport for området som konvensjonen dekkjer (Quality Satus Report 2010 - QSR 2010). Fiskeri- og kystforvaltninga gjev innspel til dette arbeidet gjennom Staten forureiningstilsyn som er norsk koordinator.

Det er eit stadig aukande press i CITES (Konvensjonen for internasjonal handel med trua artar), også under statspartsmøtet i 2007, for å liste marine organismar, inkludert kommersielle fiskeslag. Det er oppretta eit ekspertpanel under FNs matvareorganisasjon FAO som skal gje råd om listing under CITES-konvensjonen. På norsk side er det lagt vekt på at behandlinga av kommersielle akvatiske artar og utforminga av listekriteria i CITES er baserte på vitskapleg dokumentasjon og følgjer råda frå FAOs ekspertpanel. Vedtaka om listing av marine artar på partsmøtet i 2007 vart gjort i samsvar med råda frå FAOs ekspertpanel.

Fiskeri- og kystdepartementet samarbeider med russiske styresmakter om sjøtryggleik og oljevernberedskap i nord. Det blir mellom anna arbeidd med å utvikle eit gjensidig varslings- og informasjonssystem for oljetransporten i Barentshavet og langs norskekysten. For å koordinere arbeidet er det nedsett ein styringskomité på departementsnivå og to arbeidsgrupper med deltakarar frå etatane og fagmiljøa. Den eine arbeidsgruppa legg vekt på overvaking av oljetransport, etablering av varslingssystem og koordinering av slepebåtkapasiteten i regionen. Den andre arbeidsgruppa arbeider mellom anna med å revidere og vidareutvikle den eksisterande oljevernavtalen mellom Noreg og Russland, utvikle beredskapsplanar og gjennomføre opplæring i oljevernberedskap i Nordvest-Russland. Det er òg inngått eit samarbeid for å utvikle ulike typar oljevernutstyr.

Kystverket deltek i arbeidet i havmiljøgruppa under den norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Fiskeri- og kystdepartementet følgjer opp forslag frå russiske styresmakter om å etablere ei ny gruppe for sjø­transport, sjøtryggleik og oljevern. Kystverket følgjer òg utviklinga i området ved å delta i regionale prosjekt som mellom anna Fiskeri- og kystdepartementet sitt Vardø-initiativet og eit mogeleg Interreg-prosjekt som skal styrke det lokale og regionale samarbeidet.

Det er gjennomført årlege møte mellom Hovud­redningssentralen i Nord-Noreg, Kystverket og russiske regionale rednings- og oljevernstyresmakter. Møtet med sentrale russiske oljevernstyresmakter er gjennomført i samband med den årlege øvinga. Tilsvarande er det halde årlege møte for landa som er knytte til København-avtalen om gjensidig bistand og samarbeid ved akutt forureining. Her møter Noreg, Sverige, Finland, Island og Danmark inklusive Færøyane og Grønland. Partane utvekslar informasjon og drøftar felles arbeid med vidareutvikling og betring av utstyr og overvaking. I tillegg er det under København-avtalen utarbeidd ein regional beredskapsavtale mellom Sverige, Noreg og Danmark som regulerer dei same tilhøva, og det er gjennomført årlege felles øvingar for Noreg, Sverige og Danmark.

EUs handlingsprogram mot akutt forureining til sjøs regulerer samarbeidet mellom EU- og EFTA-land ved forureining av det marine miljøet og vidareutvikling av utstyr og overvaking av kyst og hav. Etableringa av EMSA (European Maritime Safety Agency) er ein viktig del av dette. EMSA er EU sitt ekspertorgan for sjøtryggleik, og er mellom anna teknisk, vitskapleg og kunnskapsmessig kompetansesenter for oljevernberedskap i Europa. Det inneber mellom anna at EMSA skal kunne ha kunnskap og ressursar for å gje støtte til medlemslanda dersom medlemslanda ber om det. Kystverket har delteke på møte i EMSA innan ansvarsfeltet sitt. EU-kommisjonen har bestemt at det skal etablerast eit kommunikasjons- og informasjonssystem for krisehandtering (CESIS). Dette vil bli kopla til EUs overvakings- og informasjonssenter (MIC). Kystverket arbeider med å få ei tilkopling i samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Kystverket deltek i det europeiske nettverket av verksemder som kan støtte kvarandre ved kjemikalieulukker (ICE – Rådgjeving ved kjemikalie­ulukker)

Kystverket har hatt formannskapet for arbeidsgruppa for krisehandtering, førebygging og respons (EPPR - Emergency, Prearedness, Prevention and Response) for perioden 2007–2008. EPPR er ei arbeidsgruppe under Arktisk råd. Arbeidet gjev god kunnskap om oljevernberedskap i arktiske farvatn. Det er også utarbeidd tekst til rapporten ”Arctic Marine Shipping Assessment”, som skal leggjast fram for ministrane i 2009.

Bonn-avtalen er ein internasjonal avtale mellom kyststatane rundt Nordsjøen og EU. I avtalen forpliktar partane seg til gjensidig assistanse og samarbeid mot forureining og bruk av miljøovervaking for å oppdage og handtere forureining og hindre miljøkriminalitet.

Havforskingsinstituttet har eit betydeleg nettverk og deltek i ei rekkje internasjonale fora. Instituttet har vore ein pådrivar i å ta i bruk eit økosystembasert forvaltningskonsept.

Havforskingsinstituttet hjelper Miljøverndepartementet og Statens forureiningstilsyn med faglege råd i oppfølginga av internasjonale avtalar om forureining, mellom anna gjennom Konvensjonen om vern av det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren - OSPAR.

Dei norske marine forskingsmiljøa har generelt eit tett internasjonalt samarbeid. Norske forskarar har også i 2007 hatt ein sterk posisjon i ICES og har hatt mange verv i dei ulike komiteane. Dette har mykje å seie for arbeidet med å løyse forvaltningsoppgåver. Fleire av prosjekta som er støtta blir nytta som grunnlag for søknader til EU.

8.10 Oppfølging av grøn stat

Fiskeri- og kystdepartementet skal gjennomføre oppgåvene sine med minst mogleg negative verknader på miljøet. Det skal takast omsyn til miljøet i planlegging og gjennomføring av alle innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar. Den miljøfaglege kompetansen skal aukast. Tiltaka som er gjennomførte, og skal gjennomførast, siktar mot meir bruk av videokonferansar framfor reiseaktivitet, utvida og effektiv bruk av fellestenester for regjeringskvartalet så som felles post, bod, distribusjon og trykkeritenester, og meir vekt på bruk av IKT-system i sakshandsaminga og i kommunikasjonen med andre. Eit anna viktig tiltak er kompetanseheving blant innkjøparane og blant dei andre tilsette.

Alle etatane under Fiskeri- og kystdepartementets ansvarsområde tek i bruk miljøleiing i verksemda si. For dei eigedommane der ein er leigetakar hos Statsbygg samarbeider ein om å følje miljøstandard ISO-14001. Havforskingsinstituttet, Stasjon Flødevigen, er utpeikt som pilot for sertifisering som Miljøfyrtårn.

8.11 Oversikt over den samla miljøpolitiske satsinga under Fiskeri- og kystdepartementet

Tabell 8.1 Fordeling på programkategori av utgifter som fullt ut blir brukte til miljøforbetringar, eller der omsynet til miljøet er avgjerande for at tiltaket blir gjennomført

Programkategori

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

16.10 Administrasjon

4,4

6,6

16.20 Forsking, innovasjon og regional utvikling

417,0

441,6

16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning

173,1

188,7

16.60 Kystforvaltning

172,2

345,5

Sum programområde 16

765,7

982,4

9 Likestilling

9.1 Handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor

Tilstandsvurdering – utfordringar

Kvinnedelen i fiskeri- og havbruksnæringa er gjennomgåande låg. I 2007 hadde 10 657 fiske som hovudyrke, av dei var 261 kvinner (2,4 pst.). Av dei 2 679 som hadde fiske som attåtnæring, var det 97 kvinner (3,6 pst.). I 2007 var det totalt 4 745 tilsett i havbruksnæringa, av desse var det 774 kvinner (16,3 pst.). I snitt hadde kvinnene færre arbeidstimar enn menn. I fiskeindustrien er kvinnedelen i overkant av 40 pst. Prosentdelen av kvinnelege leiarar er gjennomgåande låg i dei ulike delane av fiskerinæringa.

Alle offentlege styre, råd og utval innanfor Fiskeri- og kystdepartementets ansvarsområde følgjer no likestillingslovas krav. Reguleringsrådet er erstatta av eit opent høyringsmøte, fordi det gjennom fleire år viste seg vanskeleg å oppnemne eit slikt råd i tråd med krava i likestillingslova til representasjon frå begge kjønn.

Kvinnedelen i styre, råd og utval i den private delen av fiskeri- og havbruksnæringa er låg. Lovreg­lane med krav om kjønnsrepresentasjon i styre i allmennaksjeselskap gjeld frå 1. januar 2006. Av 13 allmennaksjeselskap i fiskeri- og havbruksnæringa var det fire som ikkje oppfylte krava per desember 2007. Overgangsperioden gjekk ut 1. januar 2008, slik at alle selskapa no følgjer krava.

Mål og strategiar – tiltak

Handlingsplan for større kvinnedel i fiskeri- og havbruksnæringa

På bakgrunn av den skeive kjønnsfordelinga i fiskeri- og havbruksnæringa vart det sett ned ei arbeidsgruppe for å lage ein handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor. Arbeidsgruppa hadde representantar frå Norges Fiskarlag, Fiskesalslagenes samarbeidsråd, Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining, Norske Sjømatbe­drifters Landsforeining, Landsorganisasjonen, Norges Fiskarkvinnelag, Fiskeri- og kystdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet.

Arbeidsgruppa meiner det er viktig at marine verksemder meir enn før brukar kvinners kompetanse, og at næringa står fram som attraktiv for både kvinner og menn. Handlingsplanen rettar seg mot alle marine verksemder. Handlingsplanen foreslår konkrete mål og presenterer aktuelle tiltak som verksemdene kan setje i verk for å auke kvinnedelen i marin sektor. I planen blir det og orientert om reglar som gjeld for kjønnsrepresentasjon. Tilslutt foreslår planen at kvar organisasjon utnemner ein kontaktperson for oppfølging, og at departement rapporterer om oppfølginga i St.prp. nr. 1. Arbeidsgruppas forslag til handlingsplan vart overlevert fiskeri- og kystministeren og barne- og likestillingsministeren i august 2007. Handlingsplanen er lagt ut på nettsida til Fiskeri- og kystdepartementet.

Fiskeri- og kystdepartementet sende planen på høyring hausten 2007 for å få ei brei forankring i næringa og for å involvere dei verksemder og organisasjonar som ikkje deltok direkte i arbeidet. For å lukkast i arbeidet med høgre kvinnedel i marin sektor er det viktig at verksemdene sjølve har eit eigarforhold til dette arbeidet. Både arbeidet og handlingsplanen fekk brei støtte. Mange meinte måla var ambisiøse, men realistiske. Det er viktig at alle aktørar får eigarskap til planen og at næringa tek eit ansvar for oppfølging. Mange understreka dette i høyringa og at dette arbeidet må forankrast i leiinga. Fleire stilte spørsmål ved den framtidige oppfølginga i og med at planen ikkje fortel kva konkrete ressursar som er sett av til oppfølging.

Fiskeri- og kystdepartementet har i si handsaming av handlingsplanen og merknadane frå høyringa utarbeidd ein eigen strategi for likestilling. Strategien slår fast:

  • Handlingsplanen står som eige dokument.

  • Departementet stør måla i handlingsplanen (måla er gjevne att nedanfor).

  • Departementet stør forslag til tiltak i handlingsplanen, og vil ta initiativ til ei arbeidsdeling med underliggande etatar og næringa.

  • Departementet har ansvar for å følgje opp arbeidet internt og over for underliggande etatar.

  • Næringa har eit sjølvstendig ansvar for arbeidet på sine område.

  • Departementet vil på utvalde område ta på seg ein rolle som pådrivar.

  • Departementet har eit ansvar for rapportering av oppfølginga i St. prp. nr. 1.

Måla i handlingsplanen

Hovudmålet med handlingsplanarbeidet er at næringa, organisasjonane i næringa, salslaga og forvaltninga skal utnytte heile potensialet i arbeidsstyrken ved å arbeide for ein meir lik kjønnsba­lanse på alle nivå. Då vil også næringa framstå som ein attraktiv arbeidsplass for begge kjønn.

Delmåla er:

  1. Auke kvinnedelen i fiskeflåten (manntallsregister A og B) frå 2,6 pst. til 3 pst. innan 2010, 4 pst. innan 2015 og 8 pst. innan 2020.

  2. Auke kvinnedelen som tek vidaregåande opplæring innan fiske og fangst frå 4 pst. til 6 pst. innan 2010, 10 pst innan 2015 og 30 pst. innan 2020.

  3. Auke kvinnedelen tilsett i havbruksnæringa frå 10 pst. til 12 pst. innan 2010, 20 pst. innan 2015 og 25 pst. innan 2020.

  4. Auke kvinnedelen på vidaregåande opplæring innan havbruk frå 16 pst. til 20 pst. i 2010 og 30 pst. innan 2015.

  5. Auke kvinnedelen blant eigarane i fiskeri- og havbruksnæringa.

  6. Auke kvinnedelen i leiinga i fiskeri- og havbruksnæringa.

  7. Kvinnedelen i underutval og i styra i dotterselskap til salslaga skal minst vere 30 pst. innan 2010 og oppfylle krava sett i likestillingslova innan 2012.

  8. Auke kvinnedelen i styra i fiskerisamvirka.

  9. Auke kvinnedelen i representantskapa i fiskerisamvirka.

  10. Alle nye oppnemningar til offentlege styrer, råd og utval under Fiskeri- og kystdepartementets ansvarsområde skal oppfylle krava i likestillingslova.

  11. Ved alle nye oppnemningar til eksterne styrer, råd og utval skal Fiskeri- og kystdepartementet alltid foreslå to alternative representantar, ein av kvart kjønn.

  12. Kvart kjønn skal vere representert med minst 40 pst. i leiarstillingar i fiskeri- og kystforvaltninga. Kvinnedelen i leiinga skal aukast til 40 pst. innan 2015 i Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet, og til 20 pst. innan 2012 og 40 pst. innan 2017 i Kystverket.

Resultat 2007–2008

Departementet har sett i gang fleire tiltak som også skal bidra til styrka kvinnedel i marin sektor. Eit tiltak er eit treårig prosjekt for auka rekruttering til marin sektor. Departementet har i 2008 finansiert prosjektet med 3,6 mill. kroner for å styrke rekrutteringsarbeidet retta mot sektoren. Kvinner er her sett som ei viktig målgruppe.

Fiskeri- og kystdepartementet greier ut ordningar for å gjere det lettare for unge fiskarar å etablere seg med eige fartøy. Aktuelle tiltak kan vere stipend for etablering eller eigne rekrutteringskvotar. I høyringsnotatet departementet har sendt ut, er det forslag om at kvinner skal ha prioritet ved tildeling av stipend eller nye deltakarløyve. I ei anna høyring om forskrift om føring av fiskarmanntalet, er det forslag om nye reglar for opptak på blad B for å lette generasjonsskifte. Dette vil også gjere det lettare for kvinner å overta drifta av eit familieføretak.

9.2 Likestilling i departement og underliggande etatar

Fleire av etatane under Fiskeri- og kystdepartementet har yrkesgrupper som tradisjonelt har vore, og framleis er, mannsdominerte. Arbeidet med å betre kjønnsbalansen i underliggjande etatar generelt, og spesielt blant leiarane, er viktig og tidkrevjande. Dette er ei sak som departementet legg særleg vekt på.

Nedanfor gjer vi greie for statusen i departementet og fortel kort om situasjonen i underliggjande etatar. I tillegg gjer vi greie for igangsette og planlagde tiltak i departementet.

Fiskeri- og kystdepartementet

Kjønnsfordeling

I Fiskeri- og kystdepartementet er 51 pst. av dei tilsette kvinner. I toppleiargruppa er kvinnedelen 20 pst. og på mellomleiarnivå er kvinnedelen 50 pst. Av dei nytilsette i 2007 var 58 pst. kvinner. Sju av ti deltidstilsette er kvinner.

Løn

På mellomleiar-, seniorrådgjevar- og rådgjevarnivå er lønsnivået noko høgare blant menn enn blant kvinner. Skilnadene er ikkje store.

I gangsette og planlagde tiltak

Departementet vil i 2008 vurdere nærare bakgrunnen for lønsforskjellane mellom kvinner og menn på mellomleiar-, seniorrådgjevar- og rådgjevarnivå.

Med unntak av arkiv- og kontortenesta, der det berre er kvinnelege tilsette, er kjønnsfordelinga i departementet tilfredsstillande. Ved rekruttering til arkiv- og kontortenesta vil departementet leggje vekt på å betre kjønnsbalansen.

Departementet vil vidareføre ordninga med heimearbeid/fjernarbeid, og elles leggje til rette for fleksible arbeidstidsordningar. Departementet legg vidare vekt på at alle tilsette skal ha høve til eigenutvikling og kompetanseheving gjennom både interne og eksterne kompetansetiltak. Arbeidet med å leggje til rette for karriere- og eigenutviklingsprogram for tilsette som i mindre grad har fått dekt sine kompetansehevingsbehov, blir vidareført.

Fiskeridirektoratet

I Fiskeridirektoratet er kvinnedelen totalt på 45,5 pst. I toppleiargruppa er kvinnedelen pr. 20 pst. og på mellomleiarnivå er kvinnedelen 35 pst.

Kystverket

I Kystverket er det ein kvinnedel på totalt 14 pst. 15 pst. av toppleiarane er kvinner, medan kvinnedelen på mellomleiarnivå er 18 pst.

Havforskingsinstituttet

Den totale kvinnedelen i Havforskingsinstituttet er på 32 pst. Etter ei omorganisering i fjor er kvinnedelen i leiinga auka frå 13 til 21 pst. Kvinnedelen er minst blant sjøfolk og innanfor IT og forsking.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking

Ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømat­forsking arbeider det totalt 65 pst. kvinner. Kvinnedelen på leiarnivå er 64 pst.

10 Tryggeleik og beredskap

Fiskeri- og kystdepartementet har beredskapsansvar som sektormynde mellom anna knytt til trygg sjømat, fiskehelse, hamnetryggleik, sikker sjøtransport og akutt forureining i sjø. I dette ansvaret ligg at departementet må gjennomføre beredskapstiltak ved hendingar og truslar på området. Departementet skal heile tida vurdere risiko og sårbarheit i sektoren, og ha eit system som sikrar at beredskapen er dimensjonert i høve til risiko og truslar. Dei underliggjande verksemdene til departementet er operative einingar som skal sikre at det blir gjeve korrekt informasjon, at tiltak blir sette i verk og at resultata blir evaluerte. Dette gjeld alt frå miljøtruslar mot norsk sjømat til oljeverntiltak på kysten.

10.1 Mattryggleik og omdømme

Noreg er ein av dei største sjømateksportørane i verda. Internasjonalt er mange opptekne av mat­tryggleik, og det er eit aukande krav til dokumentasjon.

Det konstitusjonelle ansvaret etter matlova er fordelt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet. Ansvaret for alt som har med innsatsvarer og primærproduksjon å gjere er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, avhengig av om produksjonen er akvatisk eller knytt til landbruket. Når det gjeld ledda etter primær­produksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for alle reglar som er fastsette av omsyn til folkehelsa.

Det oppstår ofte situasjonar knytt til sjømat­trygg­leik, marknadstilgang og omdømet til sjø­mat­næringa. Situasjonane blir handterte på bakgrunn av ei avtalt rollefordeling mellom departmenta, Mattilsynet, Vitskapskomiteen for mattryggleik og dei aktuelle fors­kingsinstitusjonane som gjev faglege råd til Mattilsynet. I tillegg samlar Eksportutvalet for fisk informasjon frå heile verda om korleis slike situasjonar påverkar dei ulike marknadane. Vitskapskomiteen og kunnskapsinstitusjonane vurderer risiko og gjev uavhengige faglege råd til Mattilsynet, som har eit operativt ansvar for å setje i verk konkrete tiltak.

10.2 Helse- og miljøberedskap i havbruk

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverket som skal ta vare på helse-, velferds- og miljøtil­høve knytt til etablering og drift av havbruksanlegg. Etter regelverket pliktar alle anlegg alltid å ha ein oppdatert beredskapsplan. Planen skal ha oversikt over smittehygieniske tiltak og dyreverntiltak som er aktuelle å setje i verk for å hindre og eventuelt handtere akutte utbrot av smittsame sjukdomar og massedød, medrekna opptak, behandling, transport, maksimum opphaldstid for fisk i røyrsystem ved systemsvikt, slakting og destruksjon av sjuk og død fisk.

Beredskapsplanen skal også ha oversikt over tiltak for å hindre og eventuelt handtere fiskedød ved skadelege alge- og manetførekomstar, skadeleg vasstemperatur og akutt forureining. Planen skal vidare innehalde oversikt over korleis rømming skal oppdagast og talfestast og korleis gjenfangst skal effektiviserast, medrekna tiltak ved sleping av merdar og handtering av fisk og merdar under lasting og lossing.

10.3 Sjøtryggleik og oljevernberedskap

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for statens beredskap mot akutt forureining og for førebyggjande sjøtryggleik gjennom trygging av farvatna og drift av maritim infrastruktur og tenester for sikker sjøverts ferdsel. Kystverket er operativ etat på området, og er delegert mynde etter forureiningslova. Ein god sjøtryggleik og god handtering av ulukker er avhengig av god samhandling mellom fleire etatar.

St.meld. nr. 14 (2004–2005) inneheld ein analyse av risiko som følgjer med sjøtransporten i nors­ke farvatn. Det er sett i verk og under planlegging ei rekkje tiltak for å førebyggje ulukker.

Terrorberedskap i hamner

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for regelverket knytt til terrorberedskap i hamner. Dette er forankra i regelverk i IMO (FNs sjøfarts­organisasjon) og EU-regelverk, og er innført i norsk rett ved forskrifter. Tilsynsansvaret er delegert til Kystverket, som skal sjå til at hamnene og dei offentleg godkjente tryggleiksorganisasjonane opererer i samsvar med regelverket.

Det operative ansvaret for handtering av konkrete hendingar ligg til politiet, naudetatane osv. Kystverket har ansvaret for handtering av eventuell akutt forureining, regulering av farvatn og stenging av hamner.

10.4 Administrativ beredskap

Fiskeri- og kystdepartementet er eit beredskapsdepartement med ansvar mellom anna for mattryggleik og sjøtryggleik. Departementet har eit sær­skild ansvar for å få i gang og samordne beredskapen i dei underliggande etatane når ein krisesituasjon oppstår. Det er difor ei prioritert oppgåve å styrkje departementet sitt administrative styrings- og koordineringsarbeid internt og i høve til underliggande etatar slik at den operative krisehandteringa blir best mogleg. Det er gjort eit stort arbeid for å oppdatere beredskapsplanverk og interne instruksar. Det er vidare sett i gang arbeid for å utarbeide ein heilskapeleg risiko- og sårbarheitsanalyse for sektoren vår.

Til forsiden