St.prp. nr. 1 (2008–2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3854, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudmål og politiske prioriteringar

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2009 for Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) omfattar programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk og programområde 28 Foreldrepengar.

BLD har følgjande hovudmål for politikkområda sine:

  1. Ein trygg økonomisk og sosial situasjon for barnefamilien.

  2. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom.

  3. Full likestilling mellom kvinner og menn.

  4. Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av seksuell orientering, funksjonsevne, alder, etnisitet og religion.

  5. Eit samfunn utan vald i nære relasjonar.

  6. Gode og trygge rammevilkår for forbrukarane.

  7. Ei kvalitetsbevisst, effektiv og open barne-, familie- og forbrukarforvalting.

1.1 Ein trygg økonomisk og sosial situasjon for barnefamilien

Regjeringa vil framleis prioritere gode vilkår for barnefamiliane, mellom anna gjennom vidareføring av økonomiske overføringsordningar som foreldrepengar og barnetrygd. Kontantstøtteordninga blir vidareført. For regjeringa er det ei viktig målsetjing at dei økonomiske støtteordningane, så vel som bidragsregelverket, i størst mogleg grad byggjer opp under eit likestilt foreldreskap mellom foreldra.

Det er et viktig mål for departementet at fedrar tek ut meir foreldrepermisjon enn i dag. I tråd med Soria Moria foreslår departementet å utvide fedrekvoten i foreldrepengeordninga frå seks til ti veker med verknad for fødslar og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2009. Foreldrepengeperioden blir samtidig foreslått auka med to veker til 56/46 veker ved fødsel og 53/43 veker ved adopsjon. Målet med å utvide fedrekvoten er å få fleire fedrar til å ta meir foreldrepermisjon enn i dag. Dette vil vere eit viktig bidrag til å styrkje fedrane si rolle som omsorgsperson og gjere tilknytinga til arbeidslivet for fedrane og mødrene meir lik.

Regjeringa vil foreslå å innføre ein ny tidsbegrensa inntektssikring, arbeidsavklaringspengar, i lovproposisjon til Stortinget hausten 2008. Det vil bli foreslått å gi den nye stønaden opptening av rett til foreldrepengar. Arbeidsavklaringspengar skal erstatte attføringspengar, rehabiliteringspengar og tidsavgrensa uførestønad. Dette vil gi fleire mødrer og fedrar rett til foreldrepengar enn i dag. Arbeids- og inkluderingsdepartementet tek sikte på at arbeidsavklaringspengar skal ta til å gjelde frå 2009, tidligst med verknad frå 1. mai.

Eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon, som har vore nominelt uendra i ei årrekkje, blir prisjustert i 2009. Stønaden aukar frå 33 584 kroner til 35 263 kroner per barn.

Satsane for barnetrygd og kontantstøtte blir vidareført nominelt. Arbeidet med å greie ut spørsmålet om stans av økonomiske overføringar og ytingar, mellom anna barnetrygd og bidrag, som eit verkemiddel for å hindre barnebortføring og framskunde tilbakeføring av barn skal avsluttast i 2008, og departementet vil deretter vurdere aktuelle tiltak.

Departementet vil følgje opp Stortinget si handsaming av Ot.prp. nr. 69 (2007–2008) om barnebidrag og reisekostnader ved samvær. Eit moderne bidragsregelverk tek høgd for at begge foreldra er viktige i eit barn sitt liv, og byggjer vidare på føresetnaden om at regelverket skal oppmuntre til god kontakt med begge foreldra også etter eit samlivsbrot. Departementet tek sikte på at dei fleste endringane vil tre i kraft våren 2009.

Familievernet er grunnstamma i hjelpetilbodet til familiar i samband med samlivsproblem og konfliktar i parforhold. Familievernet utfører hovudmengda av foreldremekling ved samlivsbrot for både gifte og sambuande foreldre med barn under 16 år. Tenesta har òg i dei seinaste åra fått nye oppgåver i tillegg til dei lovpålagde, mellom anna arbeid mot vald i nære relasjonar. Løyvinga til familievernet har ikkje vorte reelt auka sidan dei vart statlege i 2004. Departementet vil styrkje kapasiteten i familievernet der behovet er størst, og foreslår å auke løyvinga til familieverntenesta med 10 mill. kroner i 2009.

Departementet vil følgje opp utgreiinga frå barnelovutvalet, som har gjennomgått reglane om foreldreansvar, fast bustad og samvær, NOU 2008:9 Med barnet i fokus, som vart lagd fram i mai 2008 og har vore ute til offentleg høyring. Departementet vil arbeide for at barn som hovudregel skal ha mykje tid med begge foreldra også etter eit samlivsbrot.

Departementet vil vidareføre tilskot til samlivskurs for å styrkje parforhold og førebyggje samlivsbrot. Departementet vil i tildelingskriteria leggje særleg vekt på at samlivskursa skal ha eit likestillingsfokus. Av løyvinga skal 2 mill. kroner nyttast til særlege tiltak for å styrke papparolla, til dømes pappagrupper, og 1 mill. kroner skal nyttast til kompetanseoppbygging for meklarar. Det blir òg foreslått å vidareføre andre kurs og rettleiingsprogram for å støtte familiane, til dømes samlivskurset Hva med oss?, som er samlivskurs for foreldre med barn med nedsett funksjonsevne.

1.2 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

Foreldre er barns viktigaste omsorgspersonar. Der familien ikkje strekkjer til, har samfunnet ei plikt til å sikre barn og unge gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår.

I 2009 ventar ein framleis ein auke i talet på barn som er under offentleg omsorg. Barne-, ungdoms- og familieetaten sitt arbeid med å utvikle vidare tenestetilbodet i barnevernet vil bli ført vidare og styrkt, i samarbeid med BLD.

Mange barn og unge har til dels store og samansette problem, og dei har ofte behov for hjelp frå fleire tenester. Hjelpetilbodet er i mange tilfelle for dårleg koordinert og ikkje godt nok utbygt alle stader i landet. Barna treng eit meir samordna tilbod enn det dei får i dag. For å gi heilskapleg og koordinert hjelp tidleg nok må det utviklast eit betre samarbeid mellom tenestene, både på statleg og kommunalt nivå. BLD har derfor sett ned eit offentleg utval som skal gå igjennom korleis tenestene kan samarbeide betre, og vurdere korleis tenestene kan organiserast for å gi tilfredsstillande hjelp til dei som treng det. Utvalet skal òg vurdere korleis plikta til samarbeid kan nedfellast i lovverket, gå igjennom dagens lovverk og sjå på praktiseringa av teieplikta, og på rutinar og moglege økonomiske hindringar for samarbeid.

Departementet vil ha eit kunnskapsbasert barnevern og vil så langt råd er satse på tiltak og metodar som det er mogleg å dokumentere effekten av. Det inneber ei vidare satsing på så vel kvalitativ som kvantitativ forsking, eit breitt samarbeid mellom forsking og praksis, samt vidareutvikling av samarbeidet med utdanningsinstitusjonane og aktuelle arbeidstakarorganisasjonar. Departementet vil i tråd med Soria Moria-erklæringa styrkje kompetansen i det kommunale barnevernet og aukar rammene for det kommunale kompetanseprogrammet med 5 mill. kroner.

Departementet vil styrkje samarbeidet mellom barnehagar og barneverntenester. Eit slikt samarbeid er avgjerande for å kunne identifisere utsette barn som har behov for hjelp. BLD samarbeider mellom anna med Kunnskapsdepartementet, Fellesorganisasjonen og Utdanningsforbundet om tiltak på området. I løpet av inneverande år vil dei to departementa gi ut ein rettleiar til bruk for barnehagar og barneverntenesta. Det skal vidare utarbeidast informasjonsmateriell til barneverntenesta ved introduksjon av tenesta for andre samarbeidspartar, til dømes barnehage, skole og helsestasjon. Det skal òg utformast eit opplæringsprogram til bruk av tilsette i barnehagar og barnevernet i kommunane. Målet til programmet er å gi oppdatert kunnskap om korleis dei to instansane kan samarbeide til barnets beste.

Departementet vil fremme fleire forbetringstiltak på barnevernområdet, mellom anna med tanke på å styrkje ettervernet, samarbeidet mellom barnevern og andre offentlege etatar, samt ei styrking av det lovmessige grunnlaget for familie og barnsentra.

Arbeidet mot ulike former for vald og overgrep mot både barn og vaksne vil bli vidareført, mellom anna gjennom prosjektet Barn som lever med vold i familien i regi av Alternativ til Vold og Senter for Krisepsykologi. Prosjektet vil leggje særleg vekt på kompetanse- og metodeformidling til barnevernet og familievernet.

Det vil framleis bli gitt støtte til arbeid i kommunane retta mot familiar, barn og unge i barnevernet som er ramma av fattigdomsproblem. BLD fører vidare tiltak mot barnefattigdom gjennom barneverntenesta i 29 utvalde kommunar. Arbeidet skal gjennomførast i samarbeid med Bufdir og Helsedirektoratet, som har ei liknande satsing mot fattigdom knytt til sosialtenesta.

Departementet vidarefører satsinga for å betre hjelpetilbodet retta mot barn av rusmisbrukande foreldre og/eller som har foreldre som er psykisk sjuke, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet.

Barnevernet overtok hausten 2007 omsorgsansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år for perioden fram til dei skal busetjast i ein kommune eller forlate landet etter avslått søknad om opphald. Frå 1. juli 2008 vart eit nytt kapittel 5 A i barnevernlova sett i kraft. Kapitlet regulerer barnevernets omsorgsansvar for einslege, mindreårige asylsøkjarar inntil busetjing eller retur. Bufetat har ansvaret for å gi eit godt bu- og omsorgstilbod som tek vare på dei særskilde behova til dei einslege, mindreårige asylsøkjarane, og som har tilsvarande kvalitet som tilbodet til barn i barnevernet. Det har kome langt fleire einslege, mindreårige asylsøkjarar enn prognosane frå Utlendingsdirektoratet tilsa da ein sette i verk reforma i desember 2007. I tillegg til Eidsvoll omsorgssenter har det vore naudsynt å opprette eitt nytt senter i Skiptvet i 2008. BLD planlegg etablering av ytterlegare to senter i 2008 og tre nye senter i 2009. Departementet vil invitere til eit samarbeide med ideelle organisasjonar i det vidare arbeidet med reforma.

2009-budsjettet er foreslått styrkt med 320,9 mill. kroner grunna auken i talet på barn i denne gruppa samanlikna med saldert budsjett for 2008. Delar av styrkinga blir inntektsført som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende midlar).

Eit offentleg utval er nedsett for å gjere ein heilskapleg gjennomgang av adopsjonsfeltet. Utvalet skal mellom anna sjå nærmare på oppgåvene og ansvaret til styresmaktene på dette feltet. Utgreiinga skal omfatte både innanlands- og utanlandsadopsjon.

Regjeringa har vedteke å styrkje og sikre barns rettar gjennom ei betre overvaking av gjennomføringa av FNs konvensjon om barnets rettar. BLD er tillagt eit ansvar for å fremme og koordinere dette arbeidet. Fleire tiltak blir sette i verk. I 2008 vart det sett i gang ei utgreiing gjennomførd av ein uavhengig juridisk forskar for å vurdere om norsk lov på relevante område tilfredsstiller dei krava som ligg i barnekonvensjonen. Utgreiinga blir avslutta i 2009. For å styrkje barn og unges moglegheiter til medverknad på statleg nivå blir det oppretta eit dialogforum mellom barne- og likestillingsministeren og ungdomsrepresentantar. Som ledd i ei styrkt overvaking har BLD etablert eit kontaktforum og eit styrkt samarbeid mellom dei departementa som har eit fagansvar for barnekonvensjonen. Målet er å få ei meir systematisk oppfølging av barnekonvensjonen og anbefalingane frå FNs barnekomité.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. BLD støttar der lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane. Støtta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking og engasjement, og departementet aukar støtta også i 2009. Eit nytt regelverk for grunnstøtte vart innført frå 2008. Regelverket vart utarbeidd i tett dialog med organisasjonane. Etter deira ønskje er mellom anna kursaktivitet igjen vorte innført som eit kriterium for berekning av tilskot. Ordninga med tilskot til organisasjonar med avgrensa grunnlag for rekruttering er ført vidare. BLD vil halde fram med samarbeidet og dialogen om politikkutvikling, deltaking og engasjement knytt til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Kontakten med barne- og ungdomsorganisasjonane vil halde fram gjennom regelmessige kontaktmøte og den årlege kontaktkonferansen. Kontakt med forskingsmiljø kring frivillig arbeid og ungdoms deltaking vil det òg bli lagt vekt på.

I januar 2008 skipa departementet ei ekspertgruppe som fekk i oppdrag å greie ut ungdoms moglegheiter for eit positivt fritidsmiljø og deltaking og medverknad lokalt. Ekspertgruppa skal leggje fram utgreiinga si innan 31. desember 2008. BLD vil i 2009 arbeide vidare med forslaga til ekspertgruppa.

Satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, blir ført vidare. Gjennom ordninga blir ferie- og fritidstiltak for barn, unge og familiar støtta, tiltak som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, og meir langsiktige og samordna tiltak som skal motverke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. Arbeidet inngår i regjeringa sin Handlingsplan mot fattigdom.

Gjennom Groruddalssatsinga vil BLD framleis bidra til styrking og betring av oppvekstvilkåra for barn og unge i dette området. I 2009 er det føreslått ei særskilt løyving til etablering av Grorud idretts- og kulturpark i bydel Grorud.

BLD vil vidareføre den særskilde satsinga retta mot ungdom i alderen 15–25 år som står utanfor opplæring og arbeidsliv (Unge utanfor). Arbeidet starta i 2007. Som eit ledd i satsinga har åtte kommunar/bydelar sett i gang eit utviklingsarbeid der målsetjinga er å utvikle arbeidsmåtar og samarbeidsformer som gjer at ungdom kjem i opplæring eller arbeid. Satsinga vil vidare ta for seg strategiar for å utvikle meir kunnskap om ungdom i målgruppa og metodar som er tenlege for å fange opp ungdom som treng ekstra oppfølging. Erfaringar og kunnskap frå satsinga vil bli spreidde gjennom konferansar og publikasjonar.

1.3 Full likestilling mellom kvinner og menn

Regjeringa si høge prioritering av arbeidet for likestilling mellom kvinner og menn vil bli ført vidare.

BLD har ei særleg pådrivarrolle for å integrere kjønns- og likestillingsperspektivet på alle politikkområde og forvaltingsnivå. Kvart departement med underliggjande etatar skal utvikle strategiar og tiltak for å fremje likestilling mellom kjønna og setje i verk særskilde kvinneretta tiltak der dette er påkravd. BLD vil hausten 2008 presentere ein samla status på likestillingsfeltet, i tråd med Soria Moria-erklæringa.

Likelønnskommisjonen leverte 21. februar 2008 utgreiinga si NOU 2008:6 Kjønn og lønn. Fakta, analyser og virkemidler for likelønn. Utgreiinga har vore ute til brei høyring. Regjeringa vil no gjere ei samla vurdering av synspunkta og forslaga.

Ei stortingsmelding om menn, mannsroller og likestilling vil bli lagt fram hausten 2008. Målet med meldinga er å få menn meir aktivt med i arbeidet for likestilling mellom kjønna. Meldinga byggjer mellom anna på den store undersøkinga som vart gjennomført i 2007 om haldningar til likestilling hos menn og kvinner, og på innspel frå ulike instansar, mellom anna frå Mannspanelet. Meldinga vil foreslå ei rekkje tiltak som vil bli følgde opp etter at Stortinget handsama meldinga våren 2009.

Departementet er oppteke av tiltak for å styrkje farsrolla og fedrane sitt samvær med barna sine. Prosjektet Bærekraftige familier – likestilte livsløp blir ført vidare i 2009. Erfaringane i prosjektet viser så langt at historiske kjønnsroller verkar inn både på arbeidsgivars haldningar til fedre som omsorgspersonar og på dialogen til dømes mellom barnehage og far.

Departementet vil vidareføre innsatsen i det regionale likestillingsarbeidet. Det er stort behov for erfaringsspreiing, opplæring og informasjon om integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet. Dette gjeld både i planlegging og produksjon av tenester lokalt og regionalt. I 2009 vil departementet særleg følgje opp dei regionale sentra og dei regionale prosjekta som starta i 2007. Departementet ser det som viktig at også det regionale likestillingsarbeidet inkluderer eit mannsperspektiv.

Departementet vil styrkje innsatsen for å rettleie kommunar og verksemder om aktivitetsplikta etter likestillingslova.

Departementet vil framleis halde ein høg profil i det internasjonale samarbeidet på familie- og likestillingsområdet. Departementet vil mobilisere for auka deltaking frå norske NGO-ar i EU sitt programarbeid. Dette gjeld òg EØS-midlar der likestilling mellom kjønn er eit tverrgåande tema.

Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) la i august 2008 fram ein forskingsrapport om diskriminering av gravide og permisjonstakarar i arbeidslivet. Departementet har i september 2008 sendt ut til høyring forslag om forbod mot å spørje om graviditet i jobbintervju. Departementet vil òg setje i gang andre tiltak for å motverke diskriminering av gravide og permisjonstakarar.

Departementet vil vidareføre tilskot til organisasjonar som arbeider med kvinnepolitiske, mannspolitiske og familiepolitiske saker.

1.4 Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av seksuell orientering, funksjonsevne, alder, etnisitet og religion

Regjeringa har samla ansvaret for å koordinere arbeidet for likestilling og mot diskriminering på ulike grunnlag i Barne- og likestillingsdepartementet. Målet er eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle.

Departementet vil styrkje innsatsen for at personar med nedsett funksjonsevne skal ha like moglegheiter til å delta på ulike samfunnsområde og få gode levekår på lik linje med befolkninga elles. Departementet tek derfor sikte på å leggje fram ein ny handlingsplan for auka tilgjenge og universell utforming for personar med nedsett funksjonsevne tidleg i 2009.

Departementet vil òg styrkje innsatsen mot etnisk diskriminering og tek sikte på å fremme ein ny handlingsplan mot etnisk diskriminering våren 2009. Regjeringa foreslår ei styrking av løyvinga til Barne- og likestillingsdepartementet til tiltak i planen med 4 mill. kronar i 2009. Andre departement vil òg vere ansvarlege for å setje i verk og finansiere tiltak i planen.

Regjeringa vil i 2009 følgje opp utgreiinga til Diskrimineringslovutvalet, som skal leggje fram forslag til ei meir samla lovgiving mot diskriminering innan 1. juli 2009. Utvalet leverte ei delutgreiing i januar 2008, NOU 2008:1 Kvinner og homofile i trossamfunn. Utgreiinga har vore ute til brei høyring, og på grunnlag av høyringa vil departementet vurdere å føreslå endringar i likestillingslova og arbeidsmiljølova.

Likestillings- og diskrimineringsombodet har fått i oppgåve å handheve den nye diskriminerings- og tilgjengelova som blir sett i kraft 1. januar 2009. I tillegg skal ombodet handheve den nye aktivitets- og rapporteringsplikta i lova mot etnisk diskriminering som òg trer i kraft 1. januar 2009. På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke løyvinga til ombodet med 9 mill. kroner i 2009.

Den auka innsatsen til regjeringa for å sikre lesbiske og homofile sine rettar, støtte dei i å leve ope og aktivt motarbeide diskriminering vil bli vidareført. Regjeringa lanserte i juni 2008 Handlingsplan for bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt). Planen skal bidra til betre levekår og livskvalitet for gruppa. Planen inneheld 64 tiltak forankra i åtte departement og vil bli følgd opp.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har fått i oppdrag å greie ut spørsmålet om seksuell identitet kan inkluderast i levekårsundersøkingar. Arbeidet vart ferdigstilt våren 2008. Det er bestemt at SSB vil inkludere spørsmål om seksuell identitet i levekårsundersøkinga 2008.

Regjeringa har i 2008 oppretta eit trus- og livssynsråd kor ulike trus- og livssynssamfunn, saman med barne- og likestillingsministeren, skal drøfte aktuelle spørsmål innan familie, likestillings- og antidiskrimineringsfeltet. Dette rådet blir vidareført i 2009.

1.5 Eit samfunn utan vald i nære relasjonar

Arbeidet med å gjennomføre tiltaka i regjeringa sine handlingsplanar mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap held fram. Arbeidet skal følgjeevaluerast i planperioden. Tiltaka i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar og handlingsplanen mot menneskehandel blir gjennomførte i samarbeid med Justisdepartementet.

Tilskotsordningane til krisesentra og incestsentra der kommunalt tilskot på 20 prosent utløyser statleg tilskot på 80 prosent, blir vidareført.

I Soria Moria-erklæringa står det at regjeringspartia vil lovfeste krisesentertilbodet. BLD arbeider med utgreiing av korleis krisesentertilbodet kan lovfestast.

Incestsentra sine tilbod og organisering og hjelpetelefonen for incestoffer blir evaluert i 2008-2009. På grunnlag av evalueringa vil ein utvikle tilbodet slik at det er best mogleg tilpassa behovet til brukarane.

Det skal i 2009 gjennomførast ein internasjonal konferanse om seksuelle overgrep mot gutar og menn. Det er eit mål i Soria Moria-erklæringa å styrkje tilbodet til incestofra. Evalueringa og konferansen vil representere eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet på området.

Departementet vil fortsetje å finansiere Alternativ til Vold (ATV) og Reform – ressurssenter for menn. Løyvinga til Reform er foreslått auka med 1 mill. kroner til 4 mill. kroner. Reform arbeider med menn og likestilling og driv nettstaden sexhandel.no, som tek opp menn sitt ansvar for ikkje å medverke til prostitusjon og handel med kvinner.

Regjeringa vil, i tråd med Soria Moria-erklæringa, at det skal etablerast eit landsdekkande hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. Både familievernet og ATV, som er i ferd med å byggje ut tilbod fleire stader i landet, er sentrale i ei slik etablering. For å sikre at heile landet blir dekt, skal familievernet, i samarbeid med ATV, vere med på å utvikle og tilby eit slikt hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. Det blir foreslått løyvd 2 mill. kroner til dette arbeidet over BLDs budsjett. Denne auken må sjåast i samanheng med Justis- og politidepartementets auke i deira tilskot til ATV.

1.6 Gode og trygge rammevilkår for forbrukarane

Regjeringa vil føre ein politikk som sikrar forbrukarane ei sterk stilling i samfunnet, medverkar til at forbrukarane blir informerte og opplyste, og fremmer eit forbruk som er sosialt og miljømessig berekraftig. Departementet vil leggje vekt på at også personar med nedsett funksjonsevne får god forbrukarinformasjon.

Etter at Stortinget har handsama forslaget om ny marknadsføringslov, som vart fremt i Ot.prp. nr. 55 (2007–2008), vil departementet gå i gang med å setje den nye lova i verk. Sjølv om dei fleste reglane i lova vil vere ei vidareføring av reglane som gjeld i dag, må fleire av forskriftene som no gjeld for marknadsføring, endrast. Det vil også bli gitt informasjon til forbrukarane og dei næringsdrivande om lova og forskriftene.

Regjeringa vil leggje fram ein lovproposisjon om endringar i gjeldsordningslova. Endringane skal mellom anna gi større fleksibilitet i lengda på gjeldsordningsperioden og gjere det enklare for svake grupper å kome igjennom ei gjeldsordning.

Utanrettsleg handsaming i Forbrukartvistutvalet (FTU) og nemnder er eit billig og effektivt alternativ til domstolshandsaming av forbrukartvistar. Departementet vil derfor greie ut korleis FTU og dei bransjevise klagenemndene kan utviklast vidare for å få til eit meir heilskapleg og effektivt system for å løyse slike tvistar.

For å sikre at relevant forbrukarinformasjon skal bli tilgjengeleg for fleire grupper av forbrukarar, vil departementet samarbeide med Forbrukarrådet om å gjere informasjon om grunnleggjande forbrukarrettar tilgjengeleg på fleire språk på heimesida til Forbrukarrådet forbrukarportalen.no.

Finansportalen.no, som vart lansert tidleg i 2008 for å betre informasjonen til forbrukarane om sparing, lån og forsikring, vil bli vidareutvikla i 2009 med funksjonar for samanlikning av vilkår og pris på forsikringstenester, og for usikra lån og kredittkort (forbrukslån). I utviklingsarbeidet vil det mellom anna bli lagt vekt på løysingar som tek omsyn til brukarar med nedsett funksjonsevne.

I samråd med Justisdepartementet vil departementet utarbeide framlegg til lovreglar som kan sikre informasjonsgrunnlaget for dei som kjøper bustad. Det vil mellom anna bli vurdert om det bør innførast påbod om tilstandsrapport ved marknadsføring og sal av bustader.

Departementet vil medverke til at skolane innanfor Kunnskapsløftet gir elevar kunnskapar om berekraftig forbruk, reklame, kjønnsroller, kjøpepress, personleg økonomi og digitale medium. Elevane skal bli i stand til å opptre som bevisste og sjølvstendige forbrukarar.

Skal forbrukarane kunne leggje vekt på etiske, sosiale og miljømessige aspekt ved produkta eller produksjonen, må det finnast lett tilgjengeleg, standardisert og kvalitetssikra informasjon om dette. Slik informasjon kan mellom anna formidlast gjennom ulike merkeordningar, og departementet vil derfor medverke til å styrkje og vidareutvikle dei offisielle miljømerka Svanen og Blomen, gjennom Stiftelsen Miljømerking. Departementet vil også delta i arbeidet med å utvikle ein ISO-standard for samfunnsansvaret til organisasjonar og bedrifter.

Departementet vil ta vare på norske forbrukarinteresser gjennom samarbeid med dei andre nordiske landa og gjennom arbeid overfor EU/EØS og OECD.

Departementet vil betre situasjonen til gjeldsofra, og har sendt eit forslag til endringar i gjeldsordningslova ut til høyring. Vidare har departementet hatt ute til høyring ei utgreiing om å innføre eit gjeldsregister.

1.7 Ei kvalitetsbevisst, effektiv og open barne-, familie- og forbrukarforvalting

Departementet vil sikre ei kvalitetsbevisst, effektiv og open barne-, likstillings- og forbrukarforvalting gjennom effektiv styring, organisering og drift av sektoren. Det vil bli lagt vekt på samsvar mellom prioriterte oppgåver og bruken av ressursar og kompetanse i departementet.

2 Oversikt over budsjettforslaget for BLD

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelt på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

Administrasjon

800

Barne- og likestillingsdepartementet

99 185

105 556

117 900

11,7

Sum kategori 11.0099 185105 556117 90011,7

Tiltak for familie- og likestilling

830

Foreldreveiledning

23 218

3 726

-100,0

840

Krisetiltak

206 152

252 145

260 093

3,2

841

Samliv og konfliktløysing

24 478

31 970

31 535

-1,4

842

Familievern

292 430

288 498

315 017

9,2

843

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

1 896

2 123

2 247

5,8

844

Kontantstøtte

1 975 747

1 614 500

1 472 000

-8,8

845

Barnetrygd

14 415 273

14 400 000

14 590 000

1,3

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

47 486

60 026

59 442

-1,0

847

Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

187 099

203 492

8,8

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

29 092

30 343

48 574

60,1

Sum kategori 11.1017 015 77216 870 43016 982 4000,7

Tiltak for barn og ungdom

850

Barneombodet

9 465

9 801

10 309

5,2

852

Adopsjonsstønad

15 850

26 456

20 045

-24,2

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

474 967

510 300

650 123

27,4

855

Statleg forvalting av barnevernet

4 255 178

4 315 525

4 650 765

7,8

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

13 266

58 142

384 150

560,7

857

Barne- og ungdomstiltak

181 995

190 300

211 318

11,0

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

145 057

173 385

201 041

16,0

859

EUs ungdomsprogram

5 947

6 139

6 893

12,3

Sum kategori 11.205 101 725 5 290 0486 134 64416,0

Forbrukerpolitikk

860

Forbrukarrådet

84 999

91 654

94 137

2,7

862

Positiv miljømerking

4 162

4 341

4 532

4,4

865

Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

17 251

23 348

25 151

7,7

866

Statens institutt for forbruksforsking

23 979

25 010

25 660

2,6

867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

6 030

7 057

7 449

5,6

868

Forbrukarombodet

19 056

18 497

19 533

5,6

Sum kategori 11.30

155 477

169 907

176 462

3,9

Sum programområde 1122 372 15922 435 94123 411 4064,3

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530

Foreldrepengar

11 247 976

11 610 000

12 856 500

10,7

Sum kategori 28.50

11 247 976

11 610 000

12 856 500

10,7

Sum programområde 28

11 247 976

11 610 000

12 856 500

10,7

Sum utgifter

33 620 135

34 045 941

36 267 906

6,5

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

01-23

Drift

4 905 110

4 959 475

5 631 454

13,5

30-49

Nybygg og anlegg

35 497

60 795

63 288

4,1

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

164 921

182 044

206 269

13,3

60-69

Overføringar til kommuner

471 765

629 151

798 723

27,0

70-98

Overføringar til private

28 042 842

28 214 476

29 568 172

4,8

Sum under departementet

33 620 135

34 045 941

36 267 906

6,5

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

Administrasjon

3800

Barne- og likestillingsdepartementet

4 646

Sum kategori 11.004 646

Tiltak for familie- og likestilling

3830

Foreldreveiledning

522

3842

Familievern

6 252

900

3846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

315

Sum kategori 11.107 089

900

Tiltak for barn og ungdom

3850

Barneombodet

71

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

12 590

13 743

35 623

159,2

3855

Statleg forvalting av barnevernet

892 597

888 080

997 622

12,3

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige personar

254 000

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

3 312

433

433

0,0

3859

EUs ungdomsprogram

2 833

1 922

2 300

19,7

Sum kategori 11.20911 403904 1781 289 97842,7

Forbrukerpolitikk

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

117

3868

Forbrukarombodet

1 557

Sum kategori 11.30

1 674

Sum programområde 11

924 812

904 178

1 290 878

42,8

Sum inntekter

924 812

904 178

1 290 878

42,8

2.2 Poster med stikkordet «kan overførast»

Under Barne- og likestillingsdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2008

Forslag 2009

846

79

Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid

5 084

857

73

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

379

65 463

857

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv.

6 431

30 715

859

01

Driftsutgifter

1 469

6 893

865

21

Spesielle driftsutgifter

218

20 903

865

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk

1 865

4 248

2.3 Meirinntektsfullmakter

BLD foreslår at departementet i 2009 kan:

overskride løyvinga på

mot tilsvarande meirinntekter under

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02, 03 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 859 post 01

kap. 3859 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 01

3 Oppfølging av oppmodningsvedtak

Nedanfor er oppmodningsvedtak frå Stortinget som er omtalt i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Barne- og likestillingsdepartementet omtalt.

Vedtak nr. 343, 16. februar 2007

«Stortinget ber regjeringen utrede om et register over privatpersoners lånesaldi («gjeldsregister») er et hensiktsmessig virkemiddel for å begrense gjeldsproblemer blant privatpersoner. Det skal særlig vurderes om et slikt register kan komme i konflikt med hensynet til personvernet. Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget i egnet form med saken.»

Oppmodningsvedtaket er omtalt i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Barne- og likestillingsdepartementet i kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid under Mål og strategiar under omtale av delmål Ei sterk stilling for forbrukarane i samfunnet og resultatmål Ei lovgiving som tek vare på interessene og rettane til forbrukarane.

Oppmodningsvedtaket er tidlegare omtalt i St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Barne- og likestillingsdepartementet.

Til forsida