St.prp. nr. 1 (2008–2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3854, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Likestillingsomtale

5.1 Integrering av kjønns- og likestillingsperspektiv i budsjettet

Likestillingslova § 1a pålegg offentlege styresmakter å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling på alle politikkområde. Som eit ledd i oppfølginga av denne aktivitetsplikta er BLD koordinator og pådrivar for arbeidet i departementa med integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i statsbudsjettet. BLD har òg eit ansvar på sitt eige fagområde.

Plan- og administrasjonsavdelinga har koordineringsansvar, og Samlivs- og likestillingsavdelinga bidreg med kompetanse på området. Det vart i 2007 nedsett ei arbeidsgruppe der alle avdelingar var representerte, og som vurderte kjønnsrelevansen på eigne fag- og budsjettområde. Rapporten frå gruppa viser at det ligg føre mykje kjønnsoppdelt statistikk og ein del likestillingsrelevante tiltak og analysar innanfor BLDs saksområde. Arbeidsgruppa konkluderte med at kjønn var relevant på dei aller fleste områda.

Direktoratet for forvalting og IKT sin delevaluering av integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i budsjettarbeidet viser likevel at BLD er blant dei departementa der kjønn berre kjem noko til uttrykk. I fleire andre departement kjem kjønn klart til uttrykk. Ei utfordring er derfor å synleggjere kjønnsperspektivet og kjønnsrelevansen i St.prp. nr. 1, både med kjønnsoppdelt statistikk, mål og tiltak. Ei anna utfordring er å gi opplæring internt i departementet for å sikre eit gjennomgåande medvit om kjønn og likestilling i heile organisasjonen. I den samanhengen vart det hausten 2007 halde eit seminar for leiarar der utfordringar vart drøfta.

Departementet vil i 2009 følgje opp rapporten frå den tidlegare nemnde arbeidsgruppa. Det vil òg bli etablert rutinar for i større grad å sikre integrering av kjønns- og likestillingsperspektiv på fagområda og i budsjettproposisjonen.

Likestilling handlar likevel om meir enn kjønnsperspektiv. Dette er kome meir til syne internt etter at BLD har fått eit utvida ansvar for antidiskrimineringspolitikk. Likestilling dekkjer kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet og seksuell orientering. Det er eit mål å synleggjere relevansen av desse grunnlaga, og område der desse kryssar kvarandre, der det er relevant.

5.2 Likestilling internt i BLD

Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter ei målretta og planmessig pådrivarrolle for likestilling på alle samfunnsområde. Det betyr at alle departementa har eit sjølvstendig ansvar for å fremme likestilling som ein integrert del av politikken på sine fagområde. Den reviderte likestillingsloven av 2002 stiller også krav til alle verksemder om å rapportere om status for likestillingsarbeidet i eiga verksemd. Nedanfor følgjer ein kort omtale av det interne likestillingsarbeidet i BLD.

5.2.1 Organisering

Den enkelte avdelinga i departementet har ansvaret for å ta hand om kjønnsperspektivet på sine respektive fagområde og internt i eiga avdeling. For interne fellesfunksjonar som kompetanseutvikling, rekruttering og sakshandsamingsrutinar har Plan- og administrasjonsavdelinga, med stønad frå Samlivs- og likestillingsavdelinga, eit særskilt pådrivar- og koordineringsansvar.

Funksjonen som likestillingssekretariat i BLD blir teken hand om i Samlivs- og likestillingsavdelinga i samarbeid med Plan- og administrasjonsavdelinga.

Vervet som likestillingstillitsvalt gjeld for eitt år og ambulerer mellom organisasjonane. Den av organisasjonane som ikkje innehar vervet, har vervet som vara. Likestillingsrepresentanten møter i samarbeidsutvalet, og har eit generelt ansvar for likestillingsspørsmål på arbeidstakarsida.

5.2.2 Statistiske data

Kjønnsfordelinga i BLD er framleis skeiv. Samstundes ser vi ein auke i delen av menn i departementet, frå 25 prosent i 2003 til 33 prosent i 2007.

Kjønnsfordelinga varierer mellom avdelingane, frå 26,4 prosent til 66,6 prosent menn. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågast lønna stillingsgruppene, særskild gjeld det kontorstillingane. Vidare er det ein forholdsmessig større del menn i enkelte av dei høgst lønna stillingsgruppene der 50 prosent av ekspedisjonssjefane og 38 prosent av seniorrådgivarane er menn.

Ser ein på departementet samla, ligg gjennomsnittslønna til menn 1,5 lønnstrinn høgare enn gjennomsnittslønna for kvinner. Dette er ein nedgang frå 2006, då gjennomsnittslønna for menn var 3,7 lønnstrinn høgare enn tilsvarande for kvinner. Hovudforklaringa på lønnsskilnaden er den høge delen kvinner i dei lågare stillingskategoriane. Ser vi på dei ulike stillingskategoriane er det inga vesentlege skilnader i avlønning av kvinner og menn.

Overtidsstatistikken for 2007 synar at det er godt samsvar mellom delen kvinner i departementet og delen kvinner som arbeider overtid.

Ein gjennomgong av eksternt kunngjorte stillingar i 2007 syner at 38,5 prosent av den totale søkjarmassen var menn. 37,8 prosent av søkjarane til intervju var menn, mens delen av tilsette menn var på 33 prosent. 47 prosent av dei intervjua var menn, og 40 prosent av dei nytilsette var menn.

5.2.3 Likestillingstiltak i BLD

Departementet har i dei siste åra hatt som mål å betre den interne kjønnsbalansen, og har bevisst gått inn for å rekruttere fleire menn. Menn har i stillingsannonsane vorte oppfordra til å søkje. Dette gjeld særskilt i avdelingar og type stillingar der delen av kvinner er høg. Departementet har også vore bevisst på å innkalle kvalifiserte mannlege søkjarar til intervju. Gjennomgangen ovanfor syner at medan det i 2007 har vore ein nedgang i talet på menn innkalla til intervju, har delen av tilsette menn gått opp. Målsetjinga om å rekruttere fleire menn kan ikkje gå utover kvalifikasjonsprinsippet, nemleg at den best kvalifiserte søkjaren skal tilsetjast. Departementet har i 2007 praktisert moderat kjønnskvotering. Det vil seie at dersom ein kvinneleg og ein mannleg søkjar er tilnærma likt kvalifiserte for stillinga, er det mannen som skal tilsetjast.

BLD starta i 2006 eit arbeid som omfatta analyse av korleis kjønnsperspektivet blir integrert i politikkområda.

Departementet ønskjer å betre kompetansen i å integrere kjønnsperspektivet i si eiga verksemd. På oppdrag frå departementet føretok dåverande Statskonsult ein analyse av kor godt departementet klarer å integrere kjønnsperspektivet i sine arbeidsrutinar. Rapporten frå Statskonsult syner at BLD treng å auke kjennskapen til metodane og å styrkje leiaransvaret. Departementet arbeider derfor med ein handlingsplan med siktemål å heve kompetansen på kjønnsintegrering i departementet og få etablert arbeidsrutinar som gjer at vurdering av kjønnsrelevans blir ein del av det daglege arbeidet.

Vidare vart det sett ned ei intern arbeidsgruppe som vurderte ulike personalpolitiske verkemiddel for å styrkje rekrutteringa av menn til departementet. BLD vil i 2009 framleis aktivt søkje å rekruttere kvalifiserte menn slik at kjønnsbalansen i departementet blir betra.

Tabell 5.1 Tilsette/årsverk etter kjønn, tenesteforhold og etat per 1. mars 2008

Tilsette

Talet på årsverk totalt

Menn

Kvinner

     

I alt

Av desse

Årsverk menn

I alt

Av desse

Årsverk kvinner

Heiltid

Deltid

Heiltid

Deltid

Barne- og likestillings-departementet

161

154,43

33 %

94 %

6 %

33 %

67 %

80 %

20 %

67 %

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

172

164,21

34 %

97 %

3 %

35 %

66 %

82 %

18 %

65 %

Barne-, ungdoms- og familieetaten

4226

3686,47

35 %

72 %

28 %

35 %

65 %

68 %

32 %

65 %

Barneombodet

14

12,6

21 %

100 %

0 %

24 %

79 %

55 %

45 %

76 %

Forbrukarombodet

27

26,3

56 %

93 %

7 %

55 %

44 %

92 %

8 %

45 %

Forbrukarrådet

141

128,2

43 %

88 %

12 %

45 %

57 %

65 %

35 %

55 %

Fylkesnemndene for sosiale saker

76

71,65

24 %

89 %

11 %

25 %

76 %

79 %

21 %

75 %

Likestillings- og diskriminerings-ombodet

36

35,5

28 %

100 %

0 %

28 %

72 %

92 %

8 %

72 %

Likestillings- og diskriminerings-nemnda

3

2,5

33 %

100 %

0 %

40 %

67 %

50 %

50 %

60 %

Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne

7

6,1

29 %

50 %

50 %

25 %

71 %

80 %

20 %

75 %

Sekretariatet for marknadsrådet og forbrukartvist-utvalget

8

7,8

38 %

100 %

0 %

38 %

63 %

80 %

20 %

62 %

Statens institutt for forbruksforsking

48

45,8

35 %

82 %

18 %

33 %

65 %

94 %

6 %

67 %

6 Forsking og utvikling

God forskingsbasert kunnskap gir eit sikrare grunnlag for politiske og faglege avgjerder. Slik kunnskap er naudsynt for at departementet skal kunne vidareutvikle politikken innanfor sine ansvarsområde. BLD har såleis som målsetjing å ta i bruk relevant FoU-basert kunnskap i alle vurderingar. Departementet arbeider for å skaffe fram ny kunnskap på aktuelle saksområde, og for å sikre at kunnskap om og for sektoren blir oppdatert med jamne mellomrom. Dette skjer både gjennom langsiktige løyvingar til programforsking i Noregs forskingsråd, og gjennom direkte prosjektløyvingar til fagmiljø i institutt-, universitets- og høgskolesektoren. I tillegg til å skaffe fram ny kunnskap kan dei same miljøa utføre oppdrag for departementet, som å utarbeide kunnskapsstatusar, gjere utgreiingar, gjennomføre kartleggingar og innhente statistikk. På fleire av ansvarsområda til departementet blir forsøk og utviklingsarbeid nytta for å forbetre og reformere metodar og tenester. Forskingsbasert kunnskap vil ofte vere eit nødvendig grunnlag for dette arbeidet, samtidig som forsøk og utviklingsarbeid bidreg til kunnskaps- og erfaringsproduksjon. Forskingsbaserte evalueringar blir nytta for å undersøkje om tenester og ordningar har behov for fornying og forenkling. BLD tek også ansvaret for den langsiktige kompetanseoppbygginga i FoU-miljøa gjennom å gi basisstøtte til ulike kompetansesenter og universitets- og forskingsinstitutt.

Departementet legg stor vekt på å utvikle eit barnevern bygt på kunnskap. Satsinga på målretta FoU-arbeid med praksisrelatert forsking, utvikling av tiltak bygde på kunnskap, kunnskapsspreiing og implementering er grunnsteinen i eit kunnskapsbasert barnevern. Kunnskap frå forsking skal nyttast for å sikre gode og individtilpassa tenester til barn, unge og familiane deira. I dei siste åra er det satsa på bruk av tiltak som gjennom forsking kan dokumentere positive effektar for einskilde målgrupper innanfor barnevernet. Dette gjeld spesielt behandlingsmetodane PMTO, MST og FFT (sjå utfyllande tekst under kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet).

Saman med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) vil BLD, innan utgangen av 2008, ha utvikla ein revidert langsiktig forskings- og utviklingsstrategi på barnevernsfeltet. Siktemålet med strategien er å utvikle og styrkje forskingsmiljø gjennom strategisk satsing på å hente inn, bruke og setje i verk forsking for å vidareutvikle tenestene. Ei viktig målsetjing er å vere oppdatert på nyare norsk og utanlandsk forsking om tiltak og metodar bygde på FoU, ta desse i bruk og deretter evaluere tiltaka og metodane. Strategien skal òg omfatte forsking på eksisterande tiltak og metodar, pluss ei utvikling av modellar for spreiing og iverksetjing av kunnskap.

BLD ser det som viktig å støtte opp om forsking som bidreg til å framskaffe kunnskap om korleis samfunnsendringar påverkar barn og ungdoms oppvekst- og levekår.

Sjølv om dei aller fleste barn og unge klarer seg godt, er delen barn og unge som blir råka av vanskelege oppvekstvilkår og utrygge nærmiljø, høgre i storbyane enn på landsbasis. Det er derfor viktig å få kunnskap om spesielle oppvekst- og levekår i byane. Departementet har mellom anna prioritert eit forskingsprosjekt om jenter, gjeng og vald (2005–2009). Formålet med forskingsarbeidet er å beskrive og forklare valdsutviklinga slik vi ser ho hos jenter som i dag bruker vald. Intensjonane er å identifisere kritiske punkt i utviklinga. Dette er kunnskap som seinare kan nyttast i målretta førebyggjande arbeid for å hindre at gjengdanning og vald får utvikle seg blant enkeltpersonar og grupper. Studien vil også sjå på jentenes motivasjon for og meining med å vere knytte til jentegjengane. Eit sentralt spørsmål er om gjengdanninga er eit resultat av sosial utstøyting eller snarare ein strategi for sosial integrering. Forskingsarbeidet er eit samarbeid mellom Bydel Sagene i Oslo og Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo.

BLD støttar det nye programmet for Kjønnsforsking (2008–2012) under Noregs forskingsråd. Programmet er eit tverrfagleg humanistisk og samfunnsvitskapleg forskingsprogram. Det overordna målet for programmet er å styrkje kjønnsforskinga som eit eige kunnskapsfelt og å få meir kunnskap om kjønn og likestilling. BLD vil i 2009 støtte Kjønnsforskingsprogrammet med 4 mill. kroner. (Sjå meir om kjønnsforsking under kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.)

BLD har i ei årrekkje teke del i finansieringa av velferdsforskinga i Noregs forskingsråd. Program for velferdsforsking(2004–2008) skal avsluttast ved utgangen av 2008. Forskingsrådet har oppnemnt eit planutval som skal utarbeide eit fagleg grunnlag for den framtidige satsinga på forsking om arbeidsliv, velferd og migrasjon, og foreslå den faglege innretninga for forskinga i eit 10 års perspektiv. BLD har ein representant i planutvalet. BLD vil i 2009 støtte ei vidareføring av velferdsforskinga i Noregs forskningsråd med 11,3 mill. kroner.

BLD og Helse- og omsorgsdepartementet vil òg i 2009 gi midlar til forsking på behandlingsintervensjonar overfor gravide som misbruker rusmiddel. Prosjektet ligg under Noregs forskingsråd sitt program Rusmiddelforsking (2007–2011). Det vil som i tidlegare år bli satt av 0,5 mill. kroner til prosjektet frå BLD.

I 2008 vart ansvaret for politikken overfor personar med nedsett funksjonsevne ført over frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til BLD. I samband med dette fekk BLD overført midlar til finansiering av satsinga IT Funk (2007–2012) (IT for funksjonshemma) i Noregs forskingsråd. IT Funk skal bidra til at menneske med nedsett funksjonsevne får betre tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi og gjennom det betre tilgang til samfunnet. BLD vil i 2009 støtte IT Funk med 5,6 mill. kroner. (Sjå òg kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne.)

Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne samlar mellom anna inn kunnskap som dokumenterer livssituasjonen til personar med nedsett funksjonsevne. Senteret blir innlemma i Likestillings- og diskrimineringsombodet frå 1. januar 2009. (Sjå meir under kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne.)

Langsiktige demografiske og sosiale endringar vil verke inn på alle politikkområde. Redusert fruktbarheit, auka levealder, endra familiestruktur, auka utdanning og endra kjønnsroller vil påverke pensjoneringsåtferd, folkehelse, utveksling av omsorg og val av bustad og flyttemønster. Departementet har valt å delta i finansieringa av datainnsamlinga Studien av livsløp, generasjon og kjønn (LOGG) (2006–2008) saman med fleire andre interessentar. LOGG blir gjennomført av Statistisk sentralbyrå og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring. Eit viktig formål med studien er å samle inn data som kan gi betre innsikt i konsekvensane av demografiske og sosiale endringar, og i dei mekanismane som formar endringane. Datainnsamlinga er landsdekkjande og retter seg mot ca. 26 000 kvinner og menn mellom 18 og 79 år. LOGG er også internasjonalt forankra gjennom Generations and Gender Programme (GGP) (eit internasjonalt forskingsprogram, initiert og styrt av FNs befolkningseining i Genève) og gir derfor også moglegheit til samanlikning mellom land. Datainnsamlinga er no ferdigstilt, og det er lagt til rette for ei rekkje analyser som vil ha relevans for utviklinga av BLD sitt politikkområde.

Det meste av departementet sine midlar til forbruksforsking går som årsløyving til Statens institutt for forbruksforsking (SIFO). SIFO har gjennom si fagleg uavhengige rolle stor fridom til å prioritere forskingsområde og forskingssatsingar. Departementet ser det som viktig at SIFO utviklar seg vidare som forskingsinstitutt, og fortset innsatsen for å styrkje den vitskaplege profilen sin. Departementet har i dei siste åra styrkt dialogen med SIFO om framtidige kunnskapsbehov og aktuelle satsingar. Eit sentralt forskingstema for SIFO er spørsmål om miljøkonsekvensar av forbrukarsamfunnet og korleis forbruksforsking kan bidra til ei fornuftig forvalting av dei felles ressursane våre. (Sjå meir om SIFO i kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking.)

7 Omtale av miljøprofilen i budsjettet

7.1 Utfordringar knytt til miljø og ressursforvaltning innanfor BLD sitt ansvarsområde.

7.1.1 Miljøutfordringar

7.1.1.1 Forbrukarområdet

Både forbruksvolum og forbruksmønster i samfunnet har innverknad på miljøet, medrekna klimaet. Miljø-, ressurs- og klimabelastinga frå forbruket i Noreg er høgare enn det som svarer til eit berekraftig nivå i global målestokk. Regjeringa sin strategi for ei berekraftig utvikling framhevar behovet for å endre produksjons- og forbruksmønstra. I forbrukarpolitikken er det eit mål å bidra til eit etisk og berekraftig ansvarlig forbruksmønster gjennom informasjon, kunnskapsformidling og haldningspåverknad. Omgrepet bærekraftig forbruk tar opp i seg omsynet til både natur, ressursgrunnlag, helse, etikk og rettvis fordeling. Miljøutfordringa knytt til forbruk handlar om å tilpasse forbruksmønsteret og det samla ressursforbruket i samfunnet til det naturen kan tåle. Strategien er å forsøke å redusere miljøbelastinga ved å påverke samansettinga av forbruket i ei slik retning at den normale forbruksnorma representerer ein berekraftig praksis. Det er viktig å skape ei felles forståing av kva eit etisk og berekraftig forbruk inneber i praksis. Eit endra forbruksmønster og ein redusert samla ressursbruk vil krevje endringar i både haldningar, åtferd og livsstil, så vel som i teknologi og økonomisk politikk.

7.1.1.2 Barn og unge

Tilrettelegging og sikring av areal og miljø for leik og aktivitet for barn og unge i byar og tettstader er viktig sida mykje av utbygginga skjer som fortetting av allereie etablerte bustadområde. Kommunane må ved planlegging og utbygging ta nødvendige omsyn for å sikre barn og unge eit godt oppvekstmiljø, jf. krav i plan- og bygningsloven.

Utvikling av arenaer og metodar for deltaking og innverknad mellom anna gjennom barne- og ungdomsråd og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er ei viktig oppgåve for alle kommunar og fylkeskommunar for at barn og unges stemmer skal bli høyrt i utforminga av oppvekstmiljøet.

7.1.2 Rapport om resultata frå 2007

7.1.2.1 Forbrukarområdet

BLD gav i 2007 økonomisk støtte til prosjektet God start nyfødt i regi av Stiftelsen Miljømerking. Formålet med prosjektet er å auke tilbodet av og etterspurnaden etter miljømerkte og økologiske produkt hos nybakte foreldre.

Departementet gav i 2007, saman med Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet, økonomisk støtte til eit informasjonsarbeid mellom Stiftelsen Miljømerking, Debio og Fairtrade/Max Havelaar. Målet er å gjere merkeordningane meir kjende blant folk.

Departementet gav også i 2007 økonomisk støtte til vidareutvikling og marknadsføring av nettstaden etiskforbruk.no, som skal vere eit hjelpemiddel for interesserte til å velje produkt ut frå etiske og miljømessige kriterium. Nettstaden blir driven i regi av Grønn Hverdag og Etisk Forbrukernettverk.

Departementet tok også i 2007 del i ei internasjonal arbeidsgruppe som skal utvikle ein ISO-standard for samfunnsansvaret til bedrifter og organisasjonar. Det er venta at standarden vil vere ferdig i 2010.

Stiftelsen for berekraftig produksjon og forbruk (GRIP) og Initiativ for Etisk Handel (IEH) fekk i 2007 i oppdrag av departementet å utvikle ein rettleiar for korleis ein kan ta etiske omsyn ved offentlege innkjøp, og dessutan utvikle etiske kriterium for offentlege innkjøp av tekstilar. Arbeidet er ledd i oppfølginga til BLD av regjeringa sin handlingsplan for miljø og samfunnsansvar ved offentlege innkjøp, som blei lagt fram i 2007.

BLD, i samarbeid med Miljøverndepartementet, gav i 2007 Vestlandsforsking i oppdrag å lage ein rapport om utviklinga av det «økologiske fotavtrykket» frå forbruket i Noreg dei seinaste 20 åra, frå 1987 til 2007. Oppdragsrapporten Miljøbelastningen fra norsk forbruk og norsk produksjon 1987-2007, som blei lagt fram vinteren 2008, synte mellom anna at den samla miljøbelastinga frå det norske forbruket har auka med i storleiken 10-20 prosent sidan 1987. Tendensen er at betra ressurseffektivitet på dei fleste områda blir «spist opp» av auka forbruk.

7.1.2.2 Barn og unge

BLD har gjennom tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar stimulert til aktivitet i lag og organisasjonar som har kultur- og miljøengasjement som aktivitet. BLD deltek og i Miljøverndepartementets arbeid med oppfølging av arbeidet med Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen (RPR). Eit fleirtal av, og stadig fleire, kommunar og fylkeskommunar har eit systematisk arbeid for deltaking og innverknad frå barn og ungdom i utviklinga av oppvekstmiljøet. Mange barn og unge deltek gjennom tilrettelagte prosesser i kommunar og fylker og kan bidra med synspunkt på utviklinga av oppvekstmiljøet.

7.1.3 Mål for BLD sitt arbeid

7.1.3.1 Forbrukarområdet

Det viktigaste verkemiddelet under ansvarsområdet til BLD når det gjeld etisk og berekraftig forbruk, er informasjon til forbrukarane. Informasjon om miljømessige, etiske og sosiale aspekt knytt til varer og tenester gir forbrukarane høve til å velje produkt som utgjer minst mogleg belasting på miljøet. På det viset kan bevisste, aktive (og godt organiserte) forbrukarar gjennom sin etterspurnad medverke til å påverke næringsdrivande til i større grad å leggje omsyn til etikk- og berekraft til grunn for investeringar og produksjon.

BLD følgjer ein todelt strategi som går ut på å:

  • leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljøaspekt og etiske aspekt ved forbruket, og

  • styrkje kunnskapen og engasjementet til den vanlege forbrukaren om berekraftig forbruk i vid forståing.

For at forbrukarane skal kunne leggje vekt på berekraftsaspekt ved produkta eller produksjonen gjennom etterspurnaden i marknaden, må det finnast relevant, lett tilgjengeleg, standardisert og kvalitetssikra informasjon. Informasjon om miljømessige og etiske aspekt ved varer og tenester kan formidlast gjennom til dømes positiv miljømerking, nettbasert informasjon, produkttestar, marknadsføring frå næringslivet, og via undervising om forbrukstema i skolen. I miljømerkinga blir den relevante informasjonen samanfatta i eit symbol (Svanen eller EU-blomen) som gir eit enkelt signal til forbrukaren. Målet er å vidareutvikle og samordne dei eksisterande offisielle miljømerka, slik at dei kan få enda større gjennomslag i marknaden. Ei anna viktig utfordring er å få offentleg sektor, som er ein stor forbrukar, til å gå føre som et godt døme når det gjeld å leggje vekt på miljø, etikk og rettferdig handel ved offentlege innkjøp.

Ved bevisst og koordinert handling kan forbrukarane gjennom sin etterspurnad bidra til å påverke dei næringsdrivande til å endre både produktsortiment og måten produkta blir produserte på. Styresmaktene kan på si side leggje rammer og gi incentiv slik at dei næringsdrivande finn det lønsamt å produsere og investere etisk, sosialt og berekraftig.

7.1.3.2 Barn og unge

BLD vil gjennom arbeidet med å fremje barn og unges rettar, deltaking og innverknad, mellom anna gjennom RPR og FNs konvensjon om barnerettane, bidra til at barn og unges fysiske oppvekstmiljø blir tillagt stor vekt i regional og kommunal planlegging.

Viktige mål for BLD er at:

  • Alle kommunar og fylkeskommunar utviklar gode og varierte oppvekstmiljø.

  • Kommunane gjer ei samla vurdering av oppvekstmiljøet for barn og unge for å innarbeide mål og tiltak i kommuneplanarbeidet.

  • Alle kommunar og fylkeskommunar har et systematisk arbeid for deltaking og innverknad frå barn og ungdom i utviklinga av lokalsamfunnet.

  • Alle barn og unge har høve til å delta for å kunne påverke utviklinga av nærmiljøet.

7.1.4 Tiltak under BLD

7.1.4.1 Forbrukarområdet

Departementet vil arbeide for å skape større medvit om verdet av eit berekraftig forbruk, og medverke til å konkretisere kva eit berekraftig forbruk betyr i praksis.

Følgjande tiltak er planlagte for 2009:

Økonomisk støtte til arbeidet med miljømerka Svanen og EU-blomen vil bli vidareført i 2009 (jf. kap. 862 Positiv miljømerking). BLD vil arbeide for ei best mogleg samordning mellom Svanen og EU-blomen.

Departementet vil også vurdere å gi økonomisk støtte til andre prosjekt som tek sikte på å gi forbrukarane informasjon om etiske eller miljømessige aspekt ved varer og tenester.

Som ein del av oppfølginga av regjeringa sin Handlingsplan for miljø og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser, vil departementet føre vidare arbeidet med å lage ein rettleiar og opprette ein rådgivingsteneste for innkjøparar om korleis dei kan ta etiske og sosiale omsyn ved innkjøp til det offentlege.

Departementet vil òg i 2009 delta i den internasjonale arbeidsgruppa som skal utvikle ein ISO-standard for samfunnsansvaret til bedrifter og organisasjonar (ISO 26000).

I undervisinga i forbrukaremne i skolen blir det viktig å fremme kunnskap om korleis forbruk innverkar på miljø og klima, og korleis forbrukarane og hushalda kan opptre miljøbevisst. Den nasjonale oppfølginga av FNs tiår for undervisning i bærekraftig utvikling (2005-2014) byggjer på ein norsk versjon av undervisingsmaterialet YouthXchange, utvikla av FNs miljøprogram. Temaet forbruk og miljø vil også bli følgt opp overfor høgskolane som driv med lærarutdanning.

7.1.4.2 Barn og unge

BLD vil medverke til at barn og unges oppvekstmiljø blir tillagt vekt i regional og kommunal planlegging. Departementet vil vidareføre arbeidet med å fremme barn og unges rettar, deltaking og innverknad, blant anna gjennom FNs konvensjon om barnerettane, støtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, arbeidet med RPR og gjennom å stimulere til idé- og erfaringsutveksling mellom kommunar. Kommunen som blir kåra til Årets barne- og ungdomskommune skal vere særskilt god på å gi barn og ungdom reell innverknad.

8 Samla oversikt over løyvingar til barn og unge

Regjeringa har vedteke å styrkje og sikre barnerettane gjennom ei betre overvaking av gjennomføringa av barnekonvensjonen. I dette ligg mellom anna at det skal utarbeidast ein oversikt over den statlege innsatsen for barn i budsjettproposisjonen til Barne- og likestillingsdepartementet. BLD ønskjer å framheve sentrale tiltak og løyvingar som går til barn og unge, som òg er relevante for FNs barnekonvensjon. Formålet er å fremme barneperspektivet i den statlege budsjettprosessen, også på ansvarsområda til andre departement.

Tabellen nedanfor syner utviklinga i inneverande regjeringsperiode 2006–2009 når det gjeld løyvingar til barn i alle aktuelle departement. Han syner utviklinga i løyvingar til ulike formål over tid. Mange departement har løyvingar som berre indirekte gjeld barn, eller til formål der barn er ei av fleire målgrupper. Slike løyvingar er teken med i tabellen berre dersom den delen av løyvinga som går til barn og unge kan skiljast klårt ut.

BLD vil på vanleg måte gje ut publikasjonen Satsing på barn og ungdom i 2009. Denne publikasjonen går nærmare inn på mål og innsatsområde overfor barn og unge i årets statsbudsjett.

Tabell 8.1 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Budsjett 2009

Bostønad1

kap. 580 post 70

664 169

685 950

724 620

773 100

1 Anslag til barn: 30 % av totalløyvinga

Tabell 8.2 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Saldert budsjett 2008

Budsjett 2009

Tilskot til partia sine fylkesungdomsorganisasjonar

kap. 1530 post 75

15 914

16 556

17 047

17 797

Tilskot til dei politiske partias sentrale ungdomsorganisasjonar

kap. 1530 post 76

6 007

6 051

6 369

6 649

Informasjon til ungdom om personvern

kap. 1570 post 01

600

2 400

1 600

1 200

Tabell 8.3 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Arbeids- og inkluderingsdepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Budsjett 2009

Gratis kjernetid i barnehage

kap. 651 post 62

10 000

36 100

50 000

70 000

Språkkartlegging av fireåringar

kap. 651 post 62

8 700

9 800

10 000

10 000

Grunn- og hjelpestønad, hjelpemidlar1

kap. 2661 post 70

183 000

185 000

192 000

193 000

Grunn- og hjelpestønad, hjelpemidlar2

kap. 2661 post 71

876 000

912 000

913 000

924 000

Kompetanse og utviklingstiltak for å førebyggje og redusere barnefattigdom

kap. 6213 post 21

8 097

17 120

28 000

28 000

Tiltak retta mot ungdom med rusmiddel- og åtferdsproblem, ungdommar i sviktsona

kap. 6213 post 63

0

0

5 000

5 000

1 Beregnet del av midlane som går til barn og unge

2 Beregnet del av midlane som går til barn og unge

Tabell 8.4 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Miljøverndepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Budsjett 2009

Friluftsliv

kap. 1427 post 74

15 509

14 333

14 520

17 520

Miljøvernorganisasjonar

kap. 1400 post 70

32 000

33 216

38544

40 240

Tabell 8.5 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Budsjett 2009

4H Norge

kap. 1138 post 70

5 850

6 500

6 800

6 800

Lære med skogen ved skogbrukets kursinstitutt

kap. 1150 post 50

1 500

1 100

1 200

1 200

Lokal og økologisk mat til barn og unge

kap. 1150 post 50

0

1 383

1 822

0

Tabell 8.6 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Justis- og politidepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Budsjett 2009

Evaluering av Barnevernvakten1

kap. 400 post 01

427

2 360

0

0

Auke aldersgrensa for dommaravhør frå 14 til 16 år

kap 410 post 01

320

640

Tiltak for barn av fangar

kap. 430 post 70

0

1 000

1 043

1 043

Samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak

kap. 440 post 01

4 990

4 732

5 000

5 000

Handlingsplanen sammen mot barne- og ungdomskriminalitet2

kap. 440 post 01

704

710

560

0

SNU- prosjektet

kap.440 post 01

1 279

273

0

0

Barnehus3

kap. 440 post 01

50

4 600

10 100

25 000

Førebygging av internettrelaterte overgrep mot barn

kap. 440 post 01

0

0

6 000

6 000

Interpols billeddatabase over seksuelt misbrukte barn

kap. 440 post 01

0

0

2 4004

0

Auke aldersgrensa for dommaravhør frå 14 til 16 år

kap. 440 post 01

0

0

225

450

Skien Kommune, guteprosjektet

kap. 440 post 70

80

150

0

0

Kostnadar knytte til sivile vernepliktige som gjer teneste i oppdrag knytte til barn og ungdom

kap. 450 post 01

22 599

16 864

14 144

11 594

Auke aldersgrensa for dommaravhør frå 14 til 16 år

kap. 466 post 01

0

0

1 500

3 000

1 BLD har sett av midlar i 2007 og 2008

2 Midlar fra andre departement kjem på 840 000 pr år 2006-2008

3 Justis- og politidepartementet sin del av løyving i 2008. Totalløyving i 2009

4 Gjeld både 2007 og 2008

Tabell 8.7 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett1

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Frifond - frivillig barne og ungdomsarbeid lokalt

kap.315 post 72

15 000

25 570

30 000

Tilskot til kjøp av musikkinstrument til skolekorps

kap. 320 post 74

2 500

5 095

7 500

Ungdommens kulturmønstring

kap. 320 post 74

5 876

6 598

6 882

Kulturkort for ungdom

kap. 320 post 78

1 000

3 200

3 900

Norsk kulturråd

kap. 320 post 50

9 294

11 294

13 780

Fond for lyd og bilde

kap. 320 post 51

4 700

4 425

*2

Rikskonsertane3

kap. 323

71 000

74 000

77 000

Den Unge Scenen

kap. 324

0

100

1 500

Den kulturelle skolesekken

spillemidlar ifølge overskotsprognose

161 000

167 000

167 000

Tilskot til kulturbygg

Spillemidlar

119 000

124 700

124 700

Barne- og ungdomsarbeid i den norske kyrkje

kap. 340 post 71.16

94 968

98 833

103 250

Barne- og ungdomsarbeid i den norske kyrkje

kap. 340 post 75

79 036

92 722

125 000

Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité

Spillemidlar

54 000

55 000

56 000

Del av overgangsmidlar til NIF

Spillemidlar

56 000

Tilskot til lokale lag og foreningar

Spillemidlar

120 000

125 000

125 000

Kultur- og kyrkjedepartementet spillemidlar, del av post 7 til post 6

Spillemidlar

50 500

Tilskot til inkludering i idrettslag

Spillemidlar

11 500

8 000

8 000

Friluftstiltak for barn og ungdom

Spillemidlar

5 200

5 400

5 600

1 Tall for 2009 ikkje klart

2 Tall for 2008 ikkje klart

3 Anslag for statleg stønad til skolekonsertane

Tabell 8.8 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Samferdselsdepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Budsjett 2009

Trygg Trafikk

kap. 1300 post 71

18100

18700

19500

21900

Tabell 8.9 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Budsjett 2009

Skolefruktordninga

kap. 719 post 74

24 311

28 521

16 047

16 753

Handlingsplan for fysisk aktivitet

kap. 719 post 73

12 741

13 219

19 287

19 136

Førebygging av uønska svangerskap og abort

kap. 719 post 71

23 892

24 994

24 069

25 128

Tilskot til rusmiddelførebyggjande arbeid1

kap. 0718 post 70

83 561

86 936

90 374

94 350

1 Heile løyvinga

Tabell 8.10 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Barne- og likestillingsdepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Budsjett 2009

Barneombodet

kap. 850

9 179

9 590

9 801

9 900

Barnetrygd

kap. 845 post 70

14 346 170

14 351 300

14 400 000

14 390 000

Kontantstønad

kap. 844 post 70

2 289 991

1 993 000

1 614 500

1 390 000

Foreldrepengar

kap. 2530 post 70

9 625 740

10 145 000

10 764 000

11 581 500

Foreldrepengar

kap. 2530 post 71

432 396

420 875

420 000

380 000

Foreldrepengar

kap. 2530 post 72

266 709

290 000

310 000

325 000

Foreldrepengar

kap. 2530 post 73

115 380

135 000

116 000

110 250

Adopsjonsstønad

kap. 852 post 70

26 456

26 456

26 456

20 045

Foreldrerettleiing

kap. 830 post 21

3 665

3 572

3 726

0

Tilskot til landsomfattande frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar

kap. 857 post 70

72 955

80 151

89 597

95 539

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

kap. 857 post 73

41 364

51 436

48 336

50 463

Statleg forvalting av barnevernet

kap. 0855

3 995 165

3 830 217

4 315 525

4 506 122

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

kap. 0854

447 881

473 835

510 300

633 519

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

kap. 856

24 000

58 142

58 741

Tabell 8.11 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Budsjett 2009

Driftstilskot til barnehagar

kap. 231 post 60

12 110 297

13 735 461

16 209 680

17 804 780

Tilskot til tiltak for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

kap. 231 post 62

736 173

762 675

794 707

829 674

Skjønnsmidlar til barnehagar

kap. 231 post 65

2 310 271

3 130 144

4 159 028

4 911 331

Investeringstilskot og lån

kap. 231 post 61

253 301

266 173

207 500

162 000

Tilskot til midlertidige lokale

kap. 231 post 64

-

21 707

10 000

29 000

Tilskot til samiske barnehagetilbod

kap. 231 post 50

11 435

11 870

12 380

12 925

Tilskot til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklige barn

kap. 231 post 63

98 871

102 523

106 829

106 829

Statlige grunn- og vidaregåande skoler og grunnskoleinternat

kap. 0222 post 01 og 45

107 570

89 200

94 500

98 666

Tiltak i grunnopplæringa - driftsutgifter til eksamen

kap. 0225 post 01

124 386

125 251

122 738

131 108

Tilskot til samisk i grunnopplæringa

kap. 0225 post 63

43 060

41 998

51 196

47 505

Tilskot til barn og unge i statlege asylmottak

kap. 0225 post 64

850 541

66 905

60 867

243 079

Ekstra opplæring for språklige minoritetar i vidaregåande opplæring

kap 225 post 65

28 839

29 880

31 135

5 000

Tilskot til leirskoler

kap 225 post 66

30 797

34 821

37 285

38 926

Tilskot til opplæring i finsk

kap 225 post 67

8 726

7 856

10 566

8 973

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

kap. 226 post 21 og 70

940 368

1 024 388

1 016 133

538 039

Tilskot til private skoler

kap. 228 post 70

2 050 171

2 268 292

2 528 382

954 834

Kompetansesenter for spesialundervisning

kap. 230 post 01, 21 og 45

667 323

661 590

640 013

655 762

Folkehøgskolar

kap. 253

Analyse og utvilkingsarbeid1

kap. 258

4 160

1 4,16 mill brukes til eit prosjekt ved Folkehelsa der data frå mor-barn undersøkinga blir knytt opp mot språkutvikling. Prosjektet er nytt frå 2007 og skal gå over fleire år.

Tabell 8.12 Budsjett og rekneskap for løyvingar til barn og unge på Utanriksdepartementet sitt budsjett

Rekneskap 2006:

Rekneskap 2007:

Budsjett 2008:

Budsjett 2009

Utviklingsbankane - Education for All, Fast Track Initiative

kap. 171 post 72

230 000

95 000

95 000

150 0001

FNs barnefond - UNICEF

kap. 170 post 72

300 000

350 000

400 000

450 000

FNs barnefond - UNICEF

kap. 170 post 76

543 000

545 000

530 000

590 0002

1 Tentativt

2 Tentativt

Til forsida