St.prp nr. 1 Tillegg nr. 3 (2001-2002)

FOR BUDSJETTERMINEN 2002 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2002

Til innhaldsliste

1 Avtale av 7. november 2001 mellom Norges Fiskarlag og Arbeids- og administrasjonsdepartementet om støttetiltak for fiskerinæringa for 2002

Inngått med atterhald om Stortinget sitt samtykke til løyvingsforslag i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (2001-2002)

§ 1 Avtaleperioden

Denne avtala gjeld i tida 1. januar - 31. desember 2002.

§ 2 Rett på tilskot

Dersom ikkje anna er fastsett, kan tilskot etter denne avtala berre betalast ut til fartøy og for fangst levert frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for fiskefartøy og der høvedsmann på fartøyet er innført i fiskarmanntalet.

Fartøy/fiskar som driv fiskeleiting og forsøk, har rett til tilskot etter same retningslinjer/ praksis som tidlegare.

Etter samråd med Norges Fiskarlag kan det også betalast ut tilskot til personar som er knytte til drift av fartøy som har rett på tilskot.

§ 3 Strukturtiltak i fiskeflåten

Det vert sett av 13 mill. kroner i tillegg til udisponerte midlar avsett tidlegare år, til saman 30 mill. kroner, til tilskot til kondemnering i fiskeflåten. Beløpet blir disponert av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.

§ 4 Fiskeforsøk mv.

Det vert sett av 3 mill. kroner til fiskeforsøk mv. Midlar som ikkje er disponerte 31. desember 2002, kan overførast til same formål etter denne datoen.

§ 5 Føringstilskot

Til føringstilskot blir det sett av 33 mill. kroner. Midlane blir fordelte på salslag av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.

Salslag som får tilskot skal leggje fram ei oversikt over korleis midlane er tenkt brukte for å sikre gjennomføringa av fisket for heile året.

Vedtak om nærare disponering av midlane i samsvar med den framlagde oversikta, treng førehandsgodkjenning av Fiskeridepartementet. Laga får midlane stilt til disposisjon etter kvart som laga treng dei for gjennomføring av godkjende støttetiltak. Det er ein føresetnad at salslaga disponerer midlane slik at dei strekk til for heile den perioden fisket foregår.

Den del av midlane som laga måtte ha att den 31. desember 2002, kan overførast til same formål etter denne datoen.

§ 6 Garantilott

Det blir stilt til disposisjon 4 mill. kroner, i tillegg til udisponerte midlar avsett til garantilott frå tidlegare år, til dekking av utbetaling av garantilott og administrasjonskostnader for Garantikassa for fiskarar. Vekesatsen er 2 200 kroner og eigengarantiperioden er på 13 veker. Eventuelle overskridingar skal dekkjast under § 8 Reservebeløp.

§ 7 Lineegnesentralar

Til tilskot til drift av lineegnesentralar blir det sett av 11 mill. kroner. Tilskotet blir utbetalt med inntil 11 kroner per 100 anglar.

§ 8 Reservebeløp

Det blir sett av 26 mill. kroner til reserve, i tillegg til udisponert reservebeløp frå 2001. Av dette beløpet skal det nyttast midlar mellom anna til selfangststøtte, både som driftsstøtte til selfangst komande sesong og andre tilskot for å kunne oppretthalde norsk selfangst.

Reserven blir disponert av Fiskeridepartementet og Norges Fiskarlag i fellesskap. Unytta beløp frå §§ 6 - 7 blir tilført reserven.

Oslo, den 7. november 2001

For Arbeids- og administrasjonsdepartementet (med atterhald om samtykke frå Stortinget)For Norges Fiskarlag
Magnor NerheimJan Skjærvø

Protokoll

Partane er samde om at det framleis er stor overkapasitet både i havfiskeflåten og kystflåten. Det er viktig å føre vidare arbeidet med kapasitetsreduserande tiltak gjennom fleire heilskaplege grep, for å få til ei effektiv strukturering av flåten. Det vil bli sett i gang ein nær dialog mellom Norges Fiskarlag og Fiskeridepartementet med sikte på å etablere ei ordning med eit strukturfond som kan finansiere ei kondemneringsordning. Dette vil krevje eit eige regelverk. Siktemålet er å få på plass eit lovbestemt avgiftstrekk på flåteleddet gjeldande frå 1. januar 2003.

Partane viser til at det innanfor dei seinare års avtalar er sett av midlar til strukturtiltak, og at det er til disposisjon om lag 30 mill. kroner til kondemnering for 2002, jf. § 3.