St.prp nr. 1 Tillegg nr. 4 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om endring av Kultur- og kyrkjedepartementets budsjettforslag for 2003

Til innhaldsliste

3 Kap. 322 Biletkunst, kunsthandverk og offentleg rom

3.1 Etablering av Nasjonalmuseet for kunst

3.1.1 Innleiing

I St.prp. nr. 1 (2002-2003) gjer Kultur- og kyrkjedepartementet greie for målet med å etablera det nye Nasjonalmuseet for kunst. Det vert òg annonsert at departementet vil koma attende til Stortinget med meir informasjon om etableringa av institusjonen. Departementet har vilja venta på resultatet av dei drøftingane som interimsstyret for prosjektet har gjennomført med dei tre stiftingane som er tenkt å gå inn i Nasjonalmuseet for kunst. Dessutan har departementet arbeidd vidare med utkast til vedtekter og ein meir konkret framdriftsplan for overgangen frå noverande institusjonar og til Nasjonalmuseet for kunst. På bakgrunn av dette legg departementet fram eit konkret forslag i dette tillegget til St.prp. nr. 1 (2002-2003).

3.1.2 Bakgrunn og intensjon

Utgangspunktet for planane om å skapa eit nasjonalmuseum for kunst, er dei kulturpolitiske intensjonane om å styrkja aktivitetsnivået innanfor ein samla arkiv-, bibliotek- og museumssektor, slik dei er formulerte i grunnlagsdokumenta St.meld. nr. 22 (1999-200) Kjelder til kunnskap og oppleving, Innst. S. nr. 46 (2000-2001) og St.prp. nr. 1 (2001-2002). Hovudelementa i satsinga er betre samordning og meir samarbeid mellom institusjonar, og å stimulera til utvikling og nytenking gjennom prosjekt. Innanfor museumssektoren vert det òg lagt opp til ei reell ressursstyrking av enkeltinstitusjonar.

Ein viktig del av denne satsingsstrategien er planen om å etablera ei ny, nasjonal museumseining for biletkunst, kunsthandverk, design og arkitektur, tufta på ei samorganisering av fleire kunstmuseum i hovudstadsområdet. Stortinget har slutta seg til dette både i Innst. S. nr. 46 (2000-2001) og i Budsjett-innst. S. nr. 2 (2001-2002). I budsjettinnstillinga heiter det:

«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til budsjettavtalen mellom Arbeiderpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti og reduserer posten med 2 mill. kroner.

Flertallet viser til at Stortinget våren 2000 vedtok å etablere Norsk Kunstmuseum ved å samordne 6 sentrale institusjoner i Osloområdet, jf. Innst. S. nr. 46 (2000-2001).

Flertallet ser svært positivt på at utviklingen av den nye institusjonen er i gang og vil følge dette arbeidet nøye. Flertallet har tro på at en slik samordnet institusjon vil kunne framstå som et kraftsentrum for kunstformidlingen i hele landet.

Når flertallet i forbindelse med den inngåtte budsjettavtale mellom disse partier har redusert bevilgningen til det nye kunstmuseet, er man innforstått med at dette kan medføre en noe forsiktigere aktivitet i startfasen. Fler-tallet vil imidlertid understreke sterk støtte til planene for Norsk Kunstmuseum. Flertallet legger til grunn at planleggingen av Norsk Kunstmuseum fortsetter i henhold til den opprinnelige målsettingen som skissert i ABM-meldingen, og at Regjeringen vil foreslå bevilgninger i henhold til dette.»

Siktemålet med samorganiseringa er å skapa ei solid og slagkraftig organisatorisk plattform for den statlege museumsinnsatsen innanfor biletkunst, kunsthandverk, design og arkitektur. Vidare er det eit mål å utvikla eit meir robust og målretta kunst- og museumsfagleg miljø, slik at publikumstilbodet og det faglege arbeidet med visuell kunst i alle ytringsformer skal kunna verta betre. Dette målet er det tverrpolitisk semje om.

3.1.3 Innstillinga frå interimsstyret

I august 2001 oppnemnde Kultur- og kyrkjedepartementet eit interimsstyre med mandat å leggja til rette for den nye institusjonen. Dette interimsstyret har gjennomført ein omfattande prosess med arbeidsgrupper sette i hop av representantar for institusjonane og arbeidstakarorganisasjonane. Det har vorte arbeidd grundig med ulike modellar for korleis den nye institusjonen kan organiserast, og det er gjennomført ei første kartlegging av dei fysiske tilhøva i institusjonane og arealbehova.

På bakgrunn av dette arbeidet presenterer interimsstyret i innstillinga si til Kultur- og kyrkjedepartementet av 1. juli d.å. følgjande framlegg:

  • den nye institusjonen, Nasjonalmuseet for kunst, bør etablerast som ei stifting frå 1. januar 2003. Stiftingsforma er vald for å gje institusjonen fagleg og institusjonell fridom

  • Riksutstillingar skal ikkje innlemmast i denne runden, men bør inkorporerast seinare

  • det forvaltningsmessige tilhøvet til staten og dei tre eksisterande stiftingane skal regulerast i avtaler

  • både personalansvaret og forvaltningsansvaret for samlingane ved stiftingane Kunstindustrimuseet, Norsk Arkitekturmuseum og Henie Onstad Kunstsenter skal overdragast til den nye stiftinga. Den nye stiftinga og dei tre eksisterande stiftingane må inngå avtaler om dette

  • ingen tilsette skal seiast opp som ei direkte følgje av at det vert etablert ein ny institusjon

  • dei noverande styra for Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst skal avviklast, og oppgåvene skal takast over av det nye styret for stiftinga Nasjonalmuseet for kunst, som til dagleg skal verta leia av ein direktør med ansvar for den samla institusjonen

  • det nye styret skal ha ansvaret for å leggja fast den indre organiseringa av den nye institusjonen, men i den første fasen vil hovudavdelingane etter interimsstyret si tilråding vera identiske med dei noverande institusjonane

  • den nye institusjonen må setjast i betre stand til å gjera innkjøp til samlingane. I tillegg til innkjøpsmidlar over det ordinære budsjettet, bør det etablerast eit innkjøpsfond med ei avkastning som kan brukast til samlingsinnkjøp

  • departementet må gå vidare med arbeidet for å skaffa den nye institusjonen gode og føremålstenlege lokale.

I innstillinga er det lagt til grunn at driftsbudsjettet til den nye institusjonen i løpet av fire-fem år bør få ein realauke på 25-30 mill. kroner til naudsynt aktivitet på formidlingsfeltet og til presserande oppgåver innanfor bevaringsområdet. Spesielt legg innstillinga vekt på at det må leggjast til rette for å utvikla fellesfunksjonar på områda administrasjon, økonomi, personal, IKT og informasjon/mediekontakt. Fellestenester innanfor teknisk konservering, foto, bibliotek, arkiv og annan dokumentasjon bør òg etablerast i ein tidleg fase. Interimsstyret meiner at slike fellesfunksjonar vil ha positive verknader for alle dei noverande musea, samstundes som mogelege synergieffektar vert utnytta.

3.1.4 Departementets vurdering og forslag

3.1.4.1 Etablering av Nasjonalmuseet for kunst som ei stifting

I innstillinga foreslår interimsstyret at Nasjonalmuseet for kunst skal etablerast som ei stifting. Hovudgrunnen til dette er at stiftingsforma gjev høveleg fridom og fleksibilitet for institusjonen. Den sikrar at det er ein «armlengds» avstand mellom styresmakter og institusjon i utføringa av det faglege arbeidet. Staten vil likevel ha eit hovudansvar for driftsfinansiering av stiftinga og for å skaffa føremålstenlege lokale til verksemda, slik staten har lang tradisjon for når det gjeld andre museum, som er organiserte som stiftingar.

Å driva museum, med innsamling, forskings- og utviklingsarbeid innanfor det faglege ansvarsfeltet og formidlingsaktivitet mot eit breitt publikum, er ikkje forvaltningsoppgåver i vanleg meining av ordet. Eit museum kan meir samanliknast med ein frittståande kunnskapsorganisasjon med eit mandat til å verka i og for samfunnet. Den internasjonale definisjonen, utarbeidd av International Council of Museums (ICOM), stadfestar samfunnsperspektivet klårt:

«Eit museum er ein ikkje-kommersiell, permanent institusjon som skal tena samfunnet og samfunnsutviklinga. Institusjonen skal vera open for publikum. Eit museum skal samla inn, bevara og sikra, forska i, formidla og stilla ut materielle vitnemål om menneska og omgjevnadene deira. Føremålet er å gje høve til studiar, opplæring og oppleving.»

På denne bakgrunn er det naturleg å finna ei organisasjonsform som gjev stor fagleg fridom og organisatorisk sjølvstende for det nye museet.

Stiftingsforma er svært vanleg innanfor museumsfeltet, og mange av dei største musea, t.d. Norsk Folkemuseum, Maihaugen og alle dei regionale kunstmusea er organiserte som stiftingar. Departementet har sjølv etablert Norsk Bergverksmuseum, Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum og Eidsvoll 1814 som stiftingar. Røynslene med stiftingsforma på museumsområdet er gode, og departementet har ikkje større behov for kontroll og instruksjon enn det som kan utøvast overfor stiftingar.

Dei kunstsamlingane som Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst har ansvar for i dag, vil vera statens eigedom også med den nye institusjonen. Sameleis vil dei stiftingane som sluttar seg til Nasjonalmuseet for kunst, framleis ha eigedomsretten til dei samlingane som dei har på det tidspunktet dei går inn i den nye institusjonen. Slik sett vil Nasjonalmuseet for kunst først og fremst vera ein driftsorganisasjon med ansvar for alle oppgåver som det er naturleg for eit kunstmuseum å arbeida med.

I St.meld. nr. 22 (1999-2000) var Riksutstillingar òg nemnd som ein potensiell deltakar i den nye institusjonen. I innstillinga si tilrår interimsstyret at ein ventar med å inkorporera Riksutstillingar i Nasjonalmuseet for kunst til institusjonen har funne forma si med dei reine museumsinstitusjonane. Departementet sluttar seg til dette synspunktet og vil i mellomtida gjera ei evaluering av Riksutstillingar for på den måten å etablera ei best mogeleg plattform for å utvikla dei sterke sidene ved verksemda til Riksutstillingar.

I samsvar med innstillinga frå interimsstyret gjer departementet framlegg om å etablera Nasjonalmuseet for kunst som ei stifting, jf. forslag til vedtak II. Departementet tek sikte på å effektuera dette så snart som dei formelle avtalene er underskrivne og turvande administrative system er på plass.

Dei noverande styra for høvesvis Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst skal avviklast, og oppgåvene skal overtakast av det nye styret for stiftinga Nasjonalmuseet for kunst, som til dagleg skal leiast av ein direktør med ansvar for den samla institusjonen. Den indre organiseringa av den nye institusjonen skal det nye styret fastsetja, men i den første fasen vil hovudavdelingane i samsvar med interimsstyrets tilråding vera identiske med dei noverande institusjonane.

Inntil den nye institusjonen er formelt etablert, vil interimsstyret for prosjekt Nasjonalt kunstmuseum og styra for Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst vera i verksemd.

Departementet legg til grunn at Nasjonalmuseet for kunst vidarefører ordninga med innkjøpskomitear på dei felta som har det i dag.

Grunnkapital i den nye stiftinga vil vera dei aktiva som Nasjonalmuseet for kunst overtek etter avtale med staten. Dette vil gjelda inventar, utstyr, maskiner og andre driftsmiddel.

3.1.4.2 Driftsføresetnader for Nasjonalmuseet for kunst

Departementet legg ein del føresetnader til grunn for den nye stiftinga Nasjonalmuseet for kunst. Desse føresetnadene skal seinare formast som ei avtale mellom staten ved departementet og Nasjonalmuseet for kunst.

På si side vil staten ha plikt til:

  • å ha hovudansvaret for offentleg driftstilskot, med utgangspunkt i det nivået som dei aktuelle institusjonane har ved samordningstidspunktet. Intensjonen er å følgja opp St.meld. nr. 22 (1999-2000) på dette punktet innanfor dei budsjettrammene som gjeld til kvar tid

  • å syta for føremålstenlege lokale

  • å vidareføra det statlege sjølvassuranseprinsippet på museumssamlingane (kunstgjenstandar, bibliotek og dokumentasjonsarkiv) som Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst har med inn i Nasjonalmuseet for kunst. Samlingane som den nye institusjonen sjølv genererer, vil sameleis vera statens eigedom

  • å leggja til rette for at dei tilsette i Nasjonalmuseet for kunst kan halda fram med pensjonsordning i Statens pensjonskasse

  • å opna for at Nasjonalmuseet for kunst kan inngå avtaler med nye institusjonar som vil vera med i den nye institusjonen.

Nasjonalmuseet for kunst vil ha plikt til:

  • å syta for forsvarleg drift og forvaltning av den samorganiserte museumseininga i samsvar med dei føresetnadene som staten legg til grunn og innanfor dei budsjettrammene som gjeld til kvar tid

  • å utarbeida rekneskapsrapport, årsmelding og budsjettsøknad i samsvar med dei retningslinene som gjeld til kvar tid

  • å overta arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette i dei institusjonane som overfører driftsansvaret til Nasjonalmuseet for kunst

  • å etablera føremålstenlege forsikringsordningar for den delen av eiga som ikkje vert omfatta av statens sjølvassuranseansvar.

Utover dei reint formelle pliktene som Nasjonalmuseet for kunst skal utføra, ligg det i botnen ein sterk kulturpolitisk og museumsfagleg grunn for å etablera den nye institusjonen: det skal skapast ei sterkare og meir robust kunst- og museumsfagleg plattform, som skal gjera det mogeleg å nå ut til stendig fleire brukargrupper med kunnskap om og forståing for biletkunst, kunsthandverk, design og arkitektur.

Den ny institusjonen skal ha eitt styre. Departementet oppnemner det første styret. To av styremedlemene skal oppnemnast etter framlegg frå dei tilsette. Seinare styre skal oppnemnast av eit eige valorgan, slik det er gjort greie for i utkast til vedtekter, jf. pkt. 3.1.4.5 nedanfor.

3.1.4.3 Avtaler med Kunstindustrimuseet, Norsk Arkitekturmuseum og Henie Onstad Kunstsenter

Tre av dei institusjonane som skal gå inn i den nye institusjonen, er stiftingar og sjølvstendige rettssubjekt. Hovudmodellen er at dei tre stiftingane skal leva vidare som avtalepartar med Nasjonalmuseet for kunst og med eigedomsrett til museumssamlingane som følgjer med inn i den nye institusjonen på det tidspunktet Nasjonalmuseet for kunst overtek ansvaret. Sjølve drifta saman med personalet skal overførast til Nasjonalmuseet for kunst, og dette skal regulerast i eigne avtaler.

Med dette som utgangspunkt og på oppdrag av departementet har interimsstyret gjennomført drøftingar med dei tre stiftingane. Resultatet av desse drøftingane er følgjande:

  • stiftingane Kunstindustrimuseet og Norsk Arkitekturmuseum har underskrive avtaler som regulerer overgangen til Nasjonalmuseet for kunst

  • det er slutta ei intensjonsavtale med Henie Onstad Kunstsenter om at senteret skal vidareføra drøftingar med Nasjonalmuseet for kunst etter at det er etablert. Målet er at Henie Onstad Kunstsenter skal slutta seg til Nasjonalmuseet for kunst innan 2005.

Dei underskrivne avtalene er mellom staten ved Kultur- og kyrkjedepartementet og dei tre stiftingane, og avtalene inneheld eit punkt om at statens ansvar skal overførast til Nasjonalmuseet for kunst så snart institusjonen er etablert.

Ved etableringstidspunktet vil Nasjonalmuseet for kunst vera ein driftsorganisasjon tufta på dei noverande musea Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Arkitekturmuseum. Tidspunktet for inkorporering av Riksutstillingar vil verta avgjort seinare, og den nye institusjonen vil føra vidare drøftingane med Henie Onstad Kunstsenter.

3.1.4.4 Personalforhold

Med etablering av den nye institusjonen vil dei tilsette i dei noverande institusjonane få tilbod om arbeid i Nasjonalmuseet for kunst med uendra løns- og arbeidsvilkår. For dei som no er statstilsette, vil delar av lovgrunnlaget for tenesteforholdet verta endra, m.a. ved at reglane i arbeidsmiljølova avløyser reglane i tenestemannslova. Dei tilsette vil behalda vilkår fastsette i tariffavtaler fram til avtaleperioden er slutt, med mindre gjeldande tariffavtaler vert erstatta av nye avtaler tidlegare.

Eit sentralt punkt som gjeld kontinuitet og tryggleik for dei tilsette i den nye institusjonen, er spørsmålet om pensjonsordning. Dei fleste tilsette som skal inn i Nasjonalmuseet for kunst, har i dag medlemskap i Statens pensjonskasse. Andre museumsstiftingar har medlemskap i Statens pensjonskasse, og Arbeids- og administrasjonsdepartementet har gjeve tilsegn om at dei tilsette i Nasjonalmuseet for kunst kan få slik medlemskap.

3.1.4.5 Vedtekter

Interimsstyret har laga utkast til vedtekter for Nasjonalmuseet for kunst. Vedtektene er utforma slik at dei stettar både gjeldande stiftingslov og den nye lova av 15. juni 2001 nr. 59.

3.1.4.6 Arealbehov og byggjeprosjekt i samsvar med investeringsplanen for kulturbygg

I St.meld. nr. 22 (1999-2000) vert det gjort greie for at Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Kunstindustrimuseet og Norsk Arkitekturmuseum har problematiske arealforhold. Meldinga presenterer planar om å etablera ein hovudbase i Tullinløkkaområdet med eit bygningskompleks som strekkjer seg frå det noverande Nasjonalgalleriet via nybygg på Tullinløkka, Historisk museum, Frederiks gate 3 (Universitetets gamle kjemibygning) til Statens kunstakademi (tidlegare Norges Geografiske Oppmåling). Det heiter vidare:

«Jamvel om det realistisk rekna vil ta overslagsvis 15 år før ei samla tilrettelegging av lokale for ein nasjonal kunstinstitusjon kan vera gjennomførd, er det likevel avgjerande viktig å ha ein samla plan slik at bit for bit kan leggjast på plass på ein slik måte at resultatet vert ein stendig betre heilskap. Eit overordna prinsipp for lokaliseringa av eit nasjonalt kunstmuseum i Oslo må vera lett tilgjenge for publikum. Tiltaket skal formidlingsmessig vera innretta mot folk frå heile landet, og dessutan vil det vera sentralt i formidlinga av kunst- og kulturinformasjon overfor utlendingar som vitjar landet vårt.

Dei tilgjengelege areala bør i størst mogleg grad nyttast til utstillingar og andre publikumsretta funksjonar.»

Med utgangspunkt i St.meld. nr. 22 (1999-2000) har interimsstyret i samsvar med mandatet gjennomført ei kartlegging av arealbehov i dei institusjonane som skal gå inn i Nasjonalmuseet for kunst. I innstillinga understrekar interimsstyret at estimata for arealbehov er tentative og usikre, og foreslår difor følgjande framdrift for dei bygningsrelaterte spørsmåla:

  • arealbehova for det nye museet må analyserast, m.a. ved å samanlikna med utanlandske institusjonar, som det er relevant å samanlikna med, når det gjeld behov for utstillings- og magasinareal

  • det må gjerast ein analyse av korleis Historisk museum, Frederiks gate 3 og Kunstakademiets bygningar kan brukast av den nye institusjonen og kva konsekvensar dette vil ha for byggjeprosjektet på Tullinløkka

  • det bør òg undersøkjast om ein kan ta i bruk andre lokale i Tullinløkka-området med tanke på å finna løysingar for kontor, mindre møterom, bibliotek, verkstadfunksjonar, om mogeleg også magasin- og konserveringsfunksjonar

  • med utgangspunkt i dei føregåande punkta bør det utarbeidast eit romprogram som grunnlag for ein ny arkitektkonkurranse for heile Tullinløkka-området.

Departementet støttar denne framgangsmåten og vil setja prosessen i gang så snart den nye institusjonen er etablert. Det inneber at eit byggjeprosjekt vil måtta vurderast på eit seinare tidspunkt.

I St.prp. nr. 1 (2002-2003) gjer departementet greie for samarbeidet med Entra Eiendom AS med tanke på å kunna leiga eksisterande bygningar i Kr. Augusts gate til fleire av fellesfunksjonane i Nasjonalmuseet for kunst. Meininga er at Nasjonalmuseet skal kunna ta i bruk eksisterande lokale til kontorfunksjonar, bibliotek, arkiv, konserveringsoppgåver m. m. når budsjettføresetnadene er til stades. Det er ei tilnærming til arealproblema som gjer det mogeleg å få til ei løysing som kan reservera eksisterande museumsbygningar - og eit framtidig nybygg - i all hovudsak til publikums- og andre formidlingsretta funksjonar, medan andre funksjonar kan finna løysingar i eksisterande bygningar i Kr. Augusts gt. I St.prp. nr. 1 (2002-2003) er det lagt inn ein viss auke i budsjettet til Nasjonalgalleriet, post 01, med tanke på å få til noko arealutviding, både for Nasjonalgalleriet og for fellesfunksjonar for Nasjonalmuseet for kunst. Interimsstyret har fått i oppgåve saman med dei aktuelle institusjonane å laga ein analyse over kva funksjonar som bør lokaliserast i dei tilleggsareala som det er mogeleg å ta i bruk i løpet av 2003.

Når det gjeld dei leigeavtalene som Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst har med Statsbygg, legg departementet til grunn at dei vert overførde til Nasjonalmuseet for kunst på uendra vilkår. Det same gjeld leigeavtaler som stiftingane har for sine lokale.

3.1.4.7 Budsjettkonsekvensar

I innstillinga frå interimsstyret er det lagt til grunn at den nye institusjonens driftsbudsjett (utover auka husleigeutgifter) i løpet av fire - fem år bør få ein realauke på 25-30 mill. kroner til naudsynt aktivitet på formidlingsfeltet og til presserande oppgåver innanfor bevaringsområdet. I snitt gjev det ein auke på 5-6 mill kroner årleg innanfor ein femårs periode. Departementet har merkt seg denne opptrappingsplanen for driftstilskot og foreslår i St.prp. nr. 1 (2002-2003) at det i tillegg til midlane til dei einskilde institusjonane, vert løyvd 6,1 mill. kroner over kap. 322, post 73 til etablering av Nasjonalmuseet for kunst i 2003. Summen skal dekkja eit minimum av administrative og faglege fellesfunksjonar for å få institusjonen etablert. Innanfor denne ramma skal ein også halda fram med det felles katalogiseringsprosjektet, designprosjektet m.m. Detaljfordelinga av ramma skal gjerast av styret for den nye institusjonen. I tillegg ligg det inne ein auke i budsjettframlegget for Nasjonalgalleriet som skal gjera det mogeleg å leiga meir areal i Kr. Augusts gate til bruk for fellesfunksjonar og for Nasjonalgalleriet.

I St.prp. nr. 1 (2002-2003) er dei andre institusjonane oppførde under følgjande postar:

  • Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst: kap. 322, post 01 og 45

  • Kunstindustrimuseet: kap. 328, post 72 og 78

  • Norsk Arkitekturmuseum: kap. 328, post 70

  • Henie Onstad Kunstsenter: kap. 322, post 78.

Departementet foreslår at alle løyvingane i 2003 til Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Arkitekturmuseum vert samla på kap. 322, post 73. Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Arkitekturmuseum vil få utbetalt driftstilskot på vanleg måte til det tidspunktet då det er etablert ny ordning i samsvar med avtalene. Den nye posteringa av tilskotsmidlane har såleis ingen praktiske konsekvensar for dei.

Følgjande fordeling er lagd til grunn:

(i 1 000 kr)
20022003
Nasjonalgalleriet45 35152 015
Museet for samtidskunst37 76039 692
Kunstindustrimuseet9 89310 272
Norsk Arkitekturmuseum4 7304 914
Fellestenester, fellesprosjekt m.m.4 0006 156
Sum101 734113 049

Løyvingsforslaget under post 73 omfattar løyvingane til Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst, som til no har vore løyvd under kap. 322, post 01 og 45. Løyvingane til dei to statlege verksemdene har hatt eit inntektskrav under kap. 3322, post 01. Sidan overgangen til stifting òg vil innebera overgang til nettobudsjettering, er tilskotet for 2003 nedjustert tilsvarande dette inntektskravet. For at talkolonnane skal vera råd å samanlikna, har ein trekt frå inntektsføresetnaden under kap. 3322, post 01 for 2002. Elles er det lagt inn ein liten auke til Museet for samtidskunst for å dekkja inn auka husleigeutgifter. I Nasjonalgalleriets framlegg ligg ein auke som òg skal dekkja det første arealbehovet til Nasjonalmuseet for kunst.

For Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst kan ein del praktiske overgangsspørsmål frå noverande organisasjonsform som forvaltningsorgan til stifting tilseia at det vil vera behov for ein viss overgangsperiode i 2003. For å sikra ein god overgang frå forvaltningsorgan til stifting foreslår departementet at denne posten får stikkordsfullmakta «kan nyttast under postane 01 og 45», slik at dei delane av løyvinga under postane som er øyremerkte desse to verksemdene, jf. grupperinga i tabellen ovanfor, kan utgiftsførast under noverande postar for løns- og driftsutgifter til dei turvande avtalene er på plass, stiftinga er formelt oppretta og dei naudsynte systema er på plass.

Tilskotet til Kunstindustrimuseet i Oslo vert flytt frå kap. 328, post 72, samstundes som ein sum, tilsvarande Oslo kommunes årlege driftstilskot til same institusjonen, er overført frå kap. 328, post 60. Det er altså lagt opp til ei endra ansvarsdeling mellom Oslo kommune og staten, slik at staten overtek det samla ansvaret for Kunstindustrimuseet, medan kommunen tek eit tilsvarande meiransvar for dei andre musea på tilskotsordninga. For Oslo kommune vert dette dermed eit nullsumspel. Dette er i samsvar med føresetnaden i St.meld. nr. 22 (1999-2000), jf. side 113 i nemnde melding. I tabellen ovanfor omfattar talet for tilskot til Kunstindustrimuseet for 2002 statleg og kommunalt driftstilskot, fråtrekt midlane til forvaltninga av Linderud gård, som det vert lagt til grunn skal overførast til annan institusjon frå 2003. I Kunstindustrimuseets tilskot er det for båe åra medrekna eit særskilt statleg tilskot til tekstilkonservering som til no har vore løyvd under kap. 328, post 78.

Tilskotet til Norsk Arkitekturmuseum er flytt frå kap. 328, post 70. Løyvinga er på nivå med 2002.

I lys av intensjonsavtala med Henie-Onstad Kunstsenter og den rolla senteret spelar innanfor samtidskunstfeltet, foreslår departementet at løyvinga vert overførd frå kap. 322, post 78 til ny post 77 Henie-Onstad Kunstsenter.

3.2 Forslag om tilskot til formidling av kunsthandverk i utlandet

Kultur- og kyrkjedepartementet og Utanriksdepartementet har i dei siste åra samarbeidd for å styrkja norsk deltaking i internasjonal kulturutveksling, m.a. ved opprettinga av Office for Contemporary Art, Norway (OCA) i 2001/2002. Det var semje både i biletkunstmiljøet og i kunsthandverkmiljøet om at det ikkje var grunnlag for nokon felles institusjon for utanlandsformidling. Det var difor ein føresetnad ved opprettinga av OCA at Norske Kunsthåndverkere sjølv måtte ta hand om utanlandsformidlinga av kunsthandverk, og at dei trong ekstra midlar til føremålet.

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår ei løyving for 2003 på 0,4 mill. kroner til Norske Kunsthåndverkere til formidling av norsk kunsthandverk i utlandet under kap. 322, post 78.

Til forsida