4 Kap. 323 Musikkformål
4.1 Forslag om reduksjon i forslaget til løyving av midlar i 2003 til driftsutgifter
I St. prp. nr. 1 (2002-2003) vart det under post 01 m.a. foreslått 4,9 mill. kroner til Forsvarets Musikk. Det vert no foreslått ei omlegging av Forsvarets distriktsmusikkorps i Halden og Kristiansand, jf. omtalen under pkt. 4.2 nedanfor. Dette forslaget inneber at behovet for driftsmidlar under post 01 vert redusert i 2003.
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at forslaget til løyving i 2003 under kap. 322, post 01 vert redusert med 4,9 mill. kroner til 104,6 mill. kroner.
4.2 Omlegging av Forsvarets distriktsmusikkorps i Halden og Kristiansand
Det vert vist til omtale i St.prp. nr. 1 (2002-2003).
I alt 40 musikarar i dei to korpsa har akseptert overføring til dei sivile stiftingane. Forsvarsdepartementet meiner dette gir grunnlag for vidare drift av dei to korpsa som sivile korps. Det er semje mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og dei fylkeskommunane og kommunane dette gjeld, om premissane for dei nye stiftingane.
4.2.1 Omlegging av Forsvarets distriktsmusikkorps Østlandet
21 av musikarane i Forsvarets distriktsmusikkorps Østlandet har akseptert overføring til den nye stiftinga. For å oppnå eit funksjonsdyktig korps vil det vera behov for nokre fleire musikarar. Stiftinga vil også ha behov for å etablera ein administrasjon som kan utføra dei tenestene som tidlegare har vore utførte av Forsvaret. Det er teke omsyn til dette ved fastsetjing av det offentlege tilskotet.
Kultur- og kyrkjedepartementet, Østfold fylkeskommune og Halden kommune er samde om ei ramme for det totale offentlege tilskotet på 18 mill. kroner, og at dette skal fordelast med 70 pst. på staten og 30 pst. på regionen. Dette inneber eit statleg tilskot på 12,6 mill. kroner. Kultur- og kyrkjedepartementet har akseptert at den delen av tilskotet som Østfold fylkeskommune skal dekkja, vil verta fasa inn over 3 år ved at staten dekkjer 1,7 mill. kroner av denne delen på 2,7 mill. kroner i 2003, og ca. 0,9 mill. kroner i 2004. Frå 2005 dekkjer Østfold fylkeskommune heile sin tilskotsdel.
4.2.2 Omlegging av Forsvarets distriktsmusikkorps Sørlandet
19 av musikarane i Forsvarets distriktsmusikkorps Sørlandet har akseptert overføring til stiftinga. For å oppnå eit funksjonsdyktig korps er det nødvendig med nokre fleire musikarar.
Som følgje av vedtak i Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune er det lagt opp til at korpset skal inngå i same stiftinga som Kristiansand symfoniorkester, men at korpset og orkesteret innanfor denne stiftinga utgjer to kjerneensemble. Fylkeskommunale og kommunale styresmakter har drøfta modellen med dei to institusjonane, som er innforståtte med ei slik løysing. Dei to kjerneensembla vil halda konsertar både kvar for seg og i fellesskap.
Det vil vera behov for ei mindre styrking av administrasjonen når korpset vert innlemma i stiftinga. Ved fastsetjing av det offentlege tilskotet er det teke omsyn til behovet for nytilsetjingar, men samstundes er det lagt til grunn at korpset får lågare utgifter enn det ville fått som ei sjølvstendig stifting.
Kultur- og kyrkjedepartementet, Vest-Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune er samde om ei ramme for det totale offentlege tilskotet på 15,6 mill. kroner, og at dette vert fordelt med 70 pst. på staten og 30 pst. på regionen. Dette inneber eit statleg tilskot på 10,9 mill. kroner.
4.2.3 Konsekvensar for løyvingane
Det statlege driftstilskotet for 2003 utgjer etter dette 25,2 mill. kroner. Av dette vert 9 mill. kroner dekte over Forsvarsdepartementets budsjett.
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at forslaget til løyving for 2003 under kap. 323, post 71 vert auka med 16,2 mill. kroner til 111,6 mill. kroner.