2 Talet på løyve
Det står i «Strategi for en konkurransedyktig norsk havbruksnæring»: Det vil bli gjennomført en ny runde med laksekonsesjoner i 2009. Videre tas det sikte på årlige tildelingsrunder tilpasset veksten i markedet, for å skape forutsigbare rammebetingelser for næringen.
I 2002 og 2003 vart til saman 90 løyve delt ut i to rundar med fast vederlag. For dei fleste løyva vart vederlaget sett til 5 mill. kroner, som var i tråd med fleirtalssynet i Innst. O. nr. 123 (2000-2001) om lov om endring i lov 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk, skalldyr m.v. (vederlag ved tildeling av konsesjonar for matfiskoppdrett av laks og aure). 10 av løyva prøvde ein å tildele i Finnmark mot eit vederlag på 4 mill. kroner. Løyva vart tildelte i 2002, men fråfalne pga. manglande innbetaling av vederlag. I 2003 melde ingen søkjarar seg interesserte. I 2006 vart løyva i Finnmark tildelte i ein lukka bodrunde med prekvalifisering.
Etter tildelingane i 2002 og 2004 er rammevilkåra til lakseoppdrettsnæringa endra:
1. januar 2005, då avgrensinga av løyva vart endra frå merdvolum i kubikkmeter til Maksimalt Tillaten Biomasse (MTB) samtidig som fôrkvoteordninga vart avvikla. Dette innebar ein relativt betydeleg auke av produksjonstaket for dei gitte løyva.
1. januar 2006, då akvakulturlova tredde i kraft, jf. Ot.prp. nr. 61 (2004-2005) om lov om akvakultur og Innst. O. nr. 99 (2004-2005).
Gjennom desse endringane er det klargjort at departementet ved konsesjonssystemet set eit øvre tak for produksjonskapasiteten, medan næringsaktørane sjølve har ansvar for å vurdere kor mykje av denne kapasiteten det er marknadsmessig tenleg å utnytte, og dei må uansett halde seg innanfor fastsett MTB, både på konsesjonsnivå og på lokalitetsnivå.
Departementet har, i vurderinga av kor mange løyve som skal tildelast i 2009, sett på omsynet til berekraftig vekst, medrekna miljø- og fiskehelseomsyn, marknadsutviklinga sidan 2005 og vidare marknadsutsikter og utviklinga hos andre store produsentland. Volumveksten i norsk laksenæring har dei seinaste åra vore betydelig (7 % i 2005, 4 % i 2006, 21 % i 2007). Til no i år har slaktekvantumet auka med 4 % i høve til same periode i fjor. Overslag for vekst i slaktevolum for 2008 er på 3,5 - 4 % i høve til 2007 og 9 - 10 % for 2009 i høve til 2008. Dei seinaste åra har det utvikla seg ein vedvarande sjukdomssituasjonen i Chile. Det har samstundes vore ein jamn etterspørselsvekst etter oppdrettslaks, på mellom 5 og 10 % årleg, men som no er venta å gå ned. Dette har ført til at laksenæringa i delar av landet er nær full utnytting av gjeldande MTB-grense.
Det er ikkje lett å seie kor raskt dei nye løyva vil gi auka produksjon fordi det heng saman med kven dei går til. Løyve som blir tildelte oppdrettarar med unytta, klarert lokalitets-MTB, kan bli utnytta i 2009. Aktørar som først må klarere nye lokalitetar og deretter setje ut utstyr og smolt, får ikkje slakteklar fisk før i 2010/2011.
På denne bakgrunn blir det lagt opp til å tildele 65 nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2009.
Regjeringa ønskjer å utvikle og utvide den økologiske produksjonen innanfor havbruk, og ser på det som ein interessant produksjonsnisje med ein veksande marknad, særleg i EU og USA. Regjeringa legg difor opp til at 5 av dei 65 løyva som blir tildelte i 2009 blir øyremerka søkjarar som ønskjer å satse på økologisk havbruk.