3 Regional fordeling
På oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet har Fiskeridirektoratet utarbeidd - etter samråd med Mattilsynet og Havforskingsinstituttet - ein rapport som vurderer kva geografiske område som er meir og mindre eigna for auka oppdrettsverksemd i 2009, sett ut frå omsynet til miljø og fiskehelse. Fiskeridirektoratet vurderer det slik at kysten sør for Hustadvika (Møre og Romsdal) - PD-sona - for tida er mindre eigna for ny vekst i lakseoppdrett, primært på grunn av pankreassjukdom (PD).
Regjeringa har vurdert regional fordeling av løyva med utgangspunkt i miljømessig berekraft og distrikts- og næringspolitiske omsyn. Finnmark har lågast utnyttingsgrad, medan produksjonstaket i form av tildelt MTB er nær ved å bli nådd i Troms, Nordland og Trøndelag. Ein har også vurdert kvar dei viktige villaksstammane er å finne og kvar belastningane er størst som følgje av lakselus og rømming. På grunn av den rådande miljø- og sjukdomssituasjonen meiner regjeringa at det bør tildelast relativt få løyve på Vestlandet, og at dei som blir tildelte blant anna blir nytta aktivt til å stimulere til å endre lokalitetar for å lette PD-nedkjempinga.
Før den neste tildelingsrunden vil Fiskeri- og kystdepartementet samarbeide med Miljøverndepartementet om eit heilskapleg fagleg grunnlag og utvikle kriterium for lokalisering av nye løyve som skal styrke omsynet til berekraft og villaks.
Det går fram av Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen mv. (gjennomføring av forvaltningsreformen), at fordelinga av havbruksløyve skal flyttast til regionalt folkevalt nivå. På denne bakgrunn vil fylkeskommunane bli gitt ei rolle i tildelingsrunden i 2009, jf. pkt. 5. Fylkeskommunane si nye rolle frå 2010 vil ikkje endre rolla til dei statlege fagetatane (Mattilsynet, Kystverket og Fylkesmannen) i behandlinga av nye eller større lokalitetar.
Konsultasjonen i 2009-runden vil innebere at den aktuelle fylkeskommunen uttalar seg om næringspolitiske vurderingar i lys av fylkesplanen, medrekna kvar i fylket det er ønskjeleg med meir oppdrettsverksemd. Løyva vil bli tildelte på fylkesnivå. Fordelinga er framstilt i tabell 3.1.
Tabell 3.1
Fiskeridirektoratets regionar | Talet på matfiskløyve i dag | Fylke | Fordeling av dei nye løyva | |
Finnmark | 83 | Finnmark | 7 | |
Troms | 86 | Troms | 8 | |
Nordland | 144 | Nordland | 15 | |
Nord-Trøndelag | 7 | |||
Trøndelag | 147 | Sør-Trøndelag | 8 | |
Møre- og Romsdal | 103 | Møre og Romsdal | 5 | |
Sogn og Fjordane | 5 | |||
Vest | 233 | Hordaland | 5 | |
Sør | 80 | Resterande kystfylke | 0 | |
Økologiske | 5 | |||
Totalt | 876 | 65 |
Dei økologiske løyva er i utgangspunktet ikkje bundne til fylke eller region.