1 Kap. 334 Film- og medieformål
TV2 skal kvart år betale eit inntektsuavhengig vederlag, jf. omtalen under pkt. 2.2 nedanfor. Det inntektsuavhengige vederlaget skal nyttast til audiovisuelle produksjonar. Departementet foreslår derfor at det blir løyvt eit beløp tilsvarande det inntektsuavhengige vederlaget under kap. 334, ny post 51 Audiovisuelle produksjonar med kr 26 175 000. Beløpet vil bli disponert av Norsk filmfond.