2 Kap. 3334 Film- og medieformål
2.1 Konsesjonsvederlag frå TV2
I konsesjonsvilkåra for TV2 for perioden 1. januar 2002 - 31. desember 2009, fastsett av Kultur- og kyrkjedepartementet 15. oktober 2001, er det fastsett at TV2, i tillegg til eit eingongsvederlag, òg skal betale eit årleg:
inntektsuavhengig vederlag til Norsk filmfond, utrekna etter reglar gitt i § 2-2 i konsesjonsvilkåra, og
inntektsavhengig vederlag til statskassa, utrekna etter reglar gitt i § 2-3 i konsesjonsvilkåra.
2.2 Inntektsuavhengig vederlag
Det inntektsuavhengige vederlaget er fastsett til 25 mill. kroner og skal betalast kvart år pr. 1. juli. Vederlaget skal justerast for endringa i konsumprisindeksen. Vederlaget kan etter dette setjast til om lag kr 26 175 000. Endeleg fastsetjing av vederlaget kan først finne stad når konsumprisindeksen pr. juni 2004 er klar.
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at vederlaget blir inntektsført under kap. 3334 Film- og medieformål, ny post 71 Inntektsuavhengig vederlag frå TV2.
2.3 Inntektsavhengig vederlag
Det inntektsavhengige vederlaget skal reknast slik det framgår av § 2-3 i konsesjonsvilkåra. Vederlaget skal justerast for endringa i konsumprisindeksen. I tillegg skal det årlege inntektsuavhengige vederlaget, jf. pkt. 2.2 ovanfor, komme til frådrag i det inntektsavhengige vederlaget. Vederlaget kan etter dette setjast til om lag kr 2 000 000.
Endeleg fastsetjing av vederlaget kan først skje når reklamerekneskapen for TV2 AS for 2003 og konsumprisindeksen pr. juni 2004 er klar.
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at vederlaget blir inntektsført under kap. 3334 Film- og medieformål, ny post 72 Inntektsavhengig vederlag frå TV2.