2 Konkurranseutsetjing
I lys av handsaminga i Stortinget inviterte Samferdselsdepartementet interesserte innanfor EØS-området til å gje tilbod på trafikkering av kyststrekninga Bergen - Kirkenes med heilårlege, daglege seglingar. Eitt tilbod kom. Tilbodet vart sett fram av dei to selskapa som har drive »Hurtigruten» dei siste åra (Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab ASA - OVDS og Troms Fylkes Dampskibsselskap ASA - TFDS). Tilbodssummen var 247,5 mill. kr pr år i avtaleperioden (i 2005-prisar). Totalt summerte tilbodet seg til 1980 mill. kr for avtaleperioden på 8 år.
Konkurransetilsynet har vurdert om samarbeidet mellom OVDS og TFDS er lovleg etter konkurranseloven. Etter Konkurransetilsynet si vurdering bryt eit samla tilbod med hovudregelen i loven. Hovudregelen forbyr samarbeid som har til formål eller verkar slik at det avgrensar konkurransen. Spørsmålet vert då om samarbeidet fyller vilkåra i unntaksreglane etter loven. Unntaksreglane krev mellom anna at det er påviselege effektiviseringsgevinstar av samarbeidet, og at gevinstane kjem både avtalepartane og forbrukarane til gode.
Då det berre kom eitt tilbod, gjorde departementet seg bruk av retten til å gjennomføra etterfølgjande forhandlingar om det tilbodet som var sett fram. Under forhandlingane har selskapa mellom anna gjort greie for eksisterande og potensielle effektar av samarbeidet, og for at synergiar ligg inne i tilbodsgrunnlaget. Samferdselsdepartementet legg dermed til grunn at det er sannsynleggjort at samarbeidet mellom OVDS og TFDS oppfyller krava for å godkjenna samarbeid etter unntaksreglane i konkurranseloven.