Tilråing
Samferdselsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlegg til proposisjon til Stortinget om kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen - Kirkenes. Avtale for perioden 2005-2012.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjera vedtak om kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen - Kirkenes. Avtale for perioden 2005-2012 og endringar av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2005 i samsvar med eit vedlagt forslag.