5 Utviklinga i statsgjelda
Statens bruttogjeld var i tiårsperioden fram til utgangen av 2002 om lag uendra. Gjennom 2003 auka bruttogjelda, hovudsakleg som følgje av at ein brukte dei statlege låneinstrumenta til å trekkje inn overskotslikviditet frå pengemarknaden. Denne meiropplåninga fekk sitt motstykke i auka kontantbehaldning.
Ved utgangen av 2006 var staten si bruttogjeld vel 269 mrd. kroner. I tillegg utgjorde kontolån frå ordinære fond nær 73 mrd. kroner. Til samanlikning var statens fordringar på same tid om lag 2 614 mrd. kroner. Statens pensjonsfond – Utland inngår i dette talet. Statskassens netto fordringar utgjorde 2 235 mrd. kroner, jf. St.meld. nr. 3 (2006 – 2007) Statsrekneskapen for 2006.
Tabell 5.1 gir ei oversikt over utviklinga i staten si gjeld, saman med ei oversikt over utviklinga i staten si kontantbehaldning og utlån til statsbankane. I desember 2006 blei alle kontolån frå Statens pensjonsfond – Noreg innløyste, noko som isolert sett medførde ein nedgang i statens langsiktige lån med knappe 102 mrd. kroner. Samtidig blei 10 mrd. kroner tilbakeført fondet i form av ein retta emisjon av langsiktige statspapir.
Marknadsgjelda som del av bruttonasjonalproduktet (BNP) fall fram til 2001, jf. figur 5.1B. Frå 2001 til 2003 steig denne delen noko som følgje av auke i marknadsgjelda og svak vekst i BNP. Ved utgangen av 2006 utgjorde marknadsgjelda om lag 11 pst. av BNP.
Ved utgangen av 3. kvartal 2007 var gjennomsnittleg effektiv rente på statens samla marknadsomsette gjeld 4,86 pst. Gjennomsnittleg effektiv rente i andrehandsmarknaden for statspapir var på same tidspunkt 4,88 pst. I avsnitt 6 gjer ein nærare greie for resultata av auksjonane i statspapir det siste året.