3 Støttetiltaka for 2003
For 2003 vart det løyvd 70 mill. kroner i støtte til fiskerinæringa. Avtaleramma vart fordelt slik:
Tabell 3.1
Avtaleramme 2003 | Mill. kroner |
Føringstilskot | 33 |
Garantilott | 9 |
Driftstilskot lineegnesentralar | 11,5 |
Fiskeforsøk og rettleiing | 2,5 |
Reservebeløp | 141 |
Totalt | 70 |
1 I tillegg vart det overført 20 mill. kroner til reserven frå tidlegare års avsetning til strukturtiltak, jf. § 7 i avtalen.
Ved utgangen av 2002 stod det att om lag 77 mill. kroner som vart overført til 2003. Summen av løyvd og overført beløp i 2003 er såleis om lag 147 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Fiskeridepartementet, kap. 1040 post 70 Tilskot til støtte av fiskeria m.m.
Det var per 5. november 2003 utbetalt om lag 90 mill. kroner over kap. 1040 post 70, slik at det på dette tidspunktet stod att om lag 57 mill. kroner. Per 5. november 2003 står det att om lag 1 mill. kroner i udisponert beløp.