St.prp. nr. 10 (1999-2000)

Om endringar på statsbudsjettet og Svalbard-budsjettet for 1999 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

2 Statsbudsjettet

Kap. 410 Herads- og byrettane

Post 01 Driftsutgifter

Rettsstellets IT- og fagteneste (RIFT) har flytta inn i nye lokale, og Politiets datateneste har teke over dei gamle lokala. Som kompensasjon blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 410, post 01 med 193 000 kr mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 440, post 01.

I samband med forhandlingar om ny husleigeavtale for Stavanger tinghus er det bestemt at Rogaland statsadvokatembete skal dekkje leige- og driftsutgifter for eigne lokale. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 410, post 01 med 362 000 kr mot ein tilsvarande auke under kap. 445, post 01.

Totalt blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 410 post 01 med 169 000 kr.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling ut året blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 410, post 21 med 7 mill. kr. Vedteke budsjett i 1999 er på 79,9 mill. kr.

Kap. 3410 Rettsgebyr

Post 01 Rettsgebyr

Posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretningar, skifte, konkurs m.m. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3410, post 01 med 50 mill. kr.

Post 04 Gebyrinntektene til lensmennene

Posten dekkjer i første rekkje gebyra som lensmennene, i eigenskap av namsmenn, krev inn i samband med tvangsforretningar. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, post 04 med 23 mill. kr. Vedteke budsjett for 1999 er på 77,7 mill. kr.

Kap. 414 Domsutgifter

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer i hovudsaka godtgjersle til og tapt arbeidsinntekt for meddommarar, lagrettemedlemmer, vitne og dessutan rettsvitne og reiseutgifter til desse. Posten er regelstyrt og blir påverka av saksmengda. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling ut året blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 414, post 01 med 9 mill. kr. Vedteke budsjett for 1999 er på 47,7 mill. kr.

Kap. 430/3430 Kriminalomsorg i anstalt

Post 21 Spesielle driftsutgifter og post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta

Kap. 3430, post 02 dekkjer inntekter frå arbeidsdrifta i fengselsstellet. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling ut året ser det ut til å bli ein svikt i inntektene.

Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap. 3430, post 02 med 1,4 mill. kr, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 430, post 21.

Post 03 Andre inntekter

I 1998-budsjettet blei inntektene under kap. 3430, post 03 Andre inntekter auka med 1,8 mill. kr, som var eit overslag for sal av bustader for tenestemenn ved Ullersmo landsfengsel.

Beløpet på inntektssida blei ikkje konsekvensjustert ut i 1999. Salet er framleis ikkje iverksett, og tidspunktet for eventuelt sal er usikkert.

Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap. 3430, post 03 med 1,8 mill. kr for 1999.

Kap. 435/3435 Kriminalomsorg i fridom

Post 01 Driftsutgifter og post 03 Andre inntekter

Kap. 3435, post 03 dekkjer i hovudsaka inntekter i samband med refundert kost og husleige og klientavhengige driftstilskot til hybelhusa frå kommunane og frå fengselsstellet ved overføring av innsette som sonar etter fengselslova § 12. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling ut året ser det ut til å bli ein svikt i inntektene til hybelhusa.

Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap. 3435, post 03 med 0,55 mill kr, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 435, post 01.

Kap 440 Politi- og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Spesielle driftsutgifter

Det blir foreslått å overføre 193 000 kr frå kap. 440 Politi- og lensmannsetaten, post 01 til kap. 410 Herads- og byrettane, post 01. Beløpet skal dekkje husleige for Rettstellets IT- og fagteneste (RIFT). Sjå også omtalen under kap. 410.

Avlytting av mobiltelefonnettet

Å leggje til rette for lovleg avlytting av mobiltelefonnettet er ei høgt prioritert sak for regjeringa i kampen mot kriminaliteten. Av tekniske grunnar har dette til no ikkje vore mogleg, men regjeringa har denne hausten inngått ei avtale med Telenor AS og Netcom GSM as om å leggje teknisk til rette for slik avlytting. Dette gjeld systema GSM 900 og DCS 1800. Dette gjer det nødvendig med store investeringar for dei nemnde selskapa. Det er venta at investeringane for dei to selskapa blir på totalt om lag 57,5 mill. kr. Samferdsledepartementet og Justisdepartementet har funne det nødvendig å inngå ei avtale om deling av investeringskostnadene, ved at staten ved Justisdepartementet dekkjer ein tredel av utgiftene (noko under 20 mill. kr). Ein tek sikte på at arbeidet skal vere ferdig innan hausten 2000. Det er ikkje avtalt korleis betaling skal skje, og det er derfor mogleg at store delar av utgiftene først skal betalast i 2000. Av omsyn til raskast mogleg start og best mogleg framdrift av arbeidet finn regjeringa det riktig å foreslå ei tilleggsløyving i 1999. Det som ikkje blir brukt av løyvinga i 1999, blir ført over til 2000 innafor den ordinære grensa på 5 prosent av totalløyvinga på posten, jf. § 7 i løyvingsreglementet.

For at politiet skal ha nytte av dei nye ordningane for avlytting er det og nødvendig med investeringar og oppgradering av eksisterande teknisk utstyr i politiet. Utgiftene til nødvendige oppgraderingar og kjøp i politiet vil bli på om lag 11 mill. kr. Departementet foreslår at 7 mill. kr blir tilleggsløyvde på kap. 440 Politi- og lensmannsetaten, mens restbeløpet blir dekkt innafor rammene til departementet i 2000.

Det blir foreslått å løyve 27 mill. kr på kap. 440 Politi- og lensmannsetaten, post 01 til å dekkje ein tredel av dei pårekna investeringskostnadene og til nødvendig utstyr for politiet.

Ordinært arbeid med asyl- og utlendingssaker

Gjennom heile 1999 har det vore særleg stor tilstrøyming av asylsøkjarar til landet. Dette har mellom anna ført til at dei ressursane som er sette av til asylsaksbehandling innafor Justisdepartementet sine budsjett for 1999, ikkje har strokke til. Grunnlaget for 1999-budsjettet var eit overslag på 7000 nye asylsøkjarar. Prognosar tyder at dette talet kan kome opp i 10 000 innan utgangen av året. I tillegg har mønsteret endra seg ved at asylsøkjarar i større grad enn tidlegare kjem aleine. Dette krev meir ressursar for politiet enn når asylsøkjarane kjem i grupper eller som familiar.

Også i 1997 og 1998 var tala på asylsøkjarar relativt høge samanlikna med tidlegare år. For politiet slår dette i 1999 ut i stor auke i kostnader til uttransporteringar.

I samband med Kosovo-krisa kom 6000 kosovo-albanske flyktningar til Noreg. Politiet sine direkte utgifter blei dekte ved ei særleg løyving frå Stortinget, jf. Innst. S.nr. 175 (1998-99) på ca. 19 mill. kr, og har såleis ikkje direkte vore ei budsjettmessig meirutgift for politiet. Kosovo-krisa har likevel hatt ein indirekte verknad på politiet si evne og høve til å ta unna dei ordinære asylsakene, fordi innsatsen i nokre månader blei sett inn på registrering av kosovo-albanarar. Dette kom i tillegg til allereie høge tal på søkjarar og stort volum på transporteringar ut av landet.

Dei budsjettmessige følgjene av utgreiinga ovanfor er at det blir foreslått ei tilleggsløyving på totalt 36,2 mill. kr. Av dette utgjer indirekte Kosovo-utgifter 7,3 mill. kr på kap. 440, post 01 og 2,9 mill. kr på kap. 440, post 21. I det siste talet er ei innsparing i dei direkte Kosovo-utgiftene på 1,1 mill. kr i samband med tilleggsløyvinga i St.prp. nr. 59 (1998-99) trekt frå. I tillegg kjem 26,0 mill. kr på post 21 som ordinære utgifter til asyl og uttransporteringar. For ei samla omtale av oppfølginga av St.prp. nr. 59 (1998-99) viser vi til nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Særleg aksjon for å arbeide ned asylrestansar

Som konsekvens av dei særs høge tala på asylsøkjarar i den seinare tid har det bygd seg opp ein stor restanse av asylsøknader som ikkje er behandla i politiet.

Pr. 1. november 1999 var det over 1700 restansesaker, dvs. saker der asylavhøyr ikkje er gjennomført. Dei som ikkje er avhøyrde, er fordelte på mottak over store delar av landet. Dette har samanheng med manglande kapasitet i transittmottaka og at asylsøkjarane må bu ved andre mottak i landet der det er kapasitet til å ta imot på kort sikt. Politiet si gjennomføring av avhøyr blir derfor ekstra ressurskrevjande, mellom anna fordi både polititenestemenn og tolkar får ekstraordinært stort fråvære og lange reiseavstandar.

Det er store menneskelege belastningar og samfunnsmessige kostnader ved at asylsøkjarane må vente lenge på behandling av asylsøknaden. Regjeringa meiner vidare at ein må unngå store restansar i politiet på asylområdet når Utlendingsdirektoratet skal overta ansvaret for asylintervjua frå 1.7.2000. Det er såleis no behov for ein særs konsentrert ekstrainnsats for å få ned restansane i asylforvaltninga i politiet.

Justisdepartementet legg fram forslag om ein målretta aksjon for å arbeide ned restansane på ein rask og effektiv måte. Av omsyn til asylsøkjarane bør aksjonen starte i 1999. Men det er knytt store meirkostnader til dette, som ein ikkje finn rom for innafor budsjetta til Justisdepartementet og Utlendingsdirektoratet. Totalkostnaden er rekna til om lag 32 mill. kr. Av dette gjeld 5,5 mill. kr Utlendingsdirektoratet sitt budsjettkapittel 520 og 27 mill. kr politi- og lensmannsetaten sitt budsjettkapittel 440.

Når det gjeld Utlendingsdirektoratet sin del av utgiftene, viser vi til proposisjon frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Av dei 27 mill. kr på kap. 440 kjem om lag 17 mill. kr på post 01, og regjeringa finn det nødvendig å søkje om tilleggsløyving for dette beløpet i 1999.

Prosjektet vil starte i 1999, og det vil etter planen vere avslutta våren 2000. Delar av tilleggsløyvinga på 17 mill. kr vil kunne måtte dekkje utgifter også i 2000. Det som ikkje blir brukt av løyvinga i 1999, blir ført over til 2000 innafor den ordinære grensa på 5 prosent av totalløyvinga på posten, jf. § 7 i løyvingsreglementet.

Aksjonen vil og føre til meirutgifter på kap. 440, post 21 Spesielle driftsutgifter. I hovudsaka vil desse utgiftene kome først i 2000. Departementet vil vurdere løyvingsbehovet på denne posten i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2000. Regjeringa vil i denne samanhengen også vurdere ei innsparing som følje av aksjonen på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.

Minnemarkeringa over tidlegare statsminister i Israel Yitzhak Rabin

Tryggingstiltaka i samband med minnemarkeringa over Yitzhak Rabin 1. og 2. november 1999 var eit stort lyft for norsk politi. Leiarar frå mange land deltok i minnemarkeringa, og særs mange av desse kravde eit særs høgt nivå på beredskapen. I samband med minnemarkeringa blei det høve til mange politiske samtaler mellom anna om fredsprosessen i Midt-Austen. Norsk politi hadde ansvar for tryggleiken rundt alle arrangementa, og det blei meirutgifter på kap. 440, post 01 på om lag 18 mill. kr, som regjeringa finn det nødvendig å søkje om tilleggsløyving for.

I hovudsaka gjeld utgiftene personalkostnader. Den korte tida politiet fekk til planlegging, gjorde det nødvendig å ta i bruk timebetalt overtid i stor grad for å leggje opp tryggingstiltaka på ein forsvarleg måte. Fleire hundre polititenestemenn og -kvinner var i beredskap i kortare eller lengre tid i samband med alle dei ulike møta og hendingane. Det var Politiets overvakingsteneste, Oslo politidistrikt og nokre andre politidistrikt som hadde med hendingane å gjere. Dei aktuelle politidistrikta måtte og leige inn personell frå andre politidistrikt i tillegg til eigne styrkar for å ha nok mannskap. I tillegg til personellkostnadene var det utgifter til planlegging, førebuing, overnatting og kost for mannskapa, leige av køyretøy, helikopter og dessutan utgifter til IT, samband og materiell.

Totalt blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 440 post 01 med 69,107 mill. kr og med 28,9 mill. kr på kap. 440 post 21.

Kap 445 Den høgare påtalemakta

Det blir foreslått å overføre 362 000 kr frå kap. 410, post 01 Herads- og byrettane til kap. 445, post 01 Den høgare påtalemakta i samband med utgifter til husleige for Rogaland statsadvokatembete. Sjå også omtalen under kap. 410.

Kap 3465 Regjeringsadvokaten

Post 01 Erstatning for utgifter i rettssaker

Kap. 3645, post 01 dekkjer inntekter i samband med sakskostnader som staten blir tilkjend i sivile saker. På bakgrunn av rekneskapstal ser det ut til å bli ein auke i inntektene.

Det blir derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3645, post 01 med 1,7 mill. kr.

Kap 466 Advokatutgifter m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Utgiftene er regelbundne og blir påverka av saksmengda. Utgiftene dekkjer i hovudsaka salærutgifter og reiseutgifter til advokatar og sakkunnige m.m.

Justisdepartementet vil auke den offentlege salærsatsen med kr 40,- til kr 625,- frå 1.12.99. Stortinget er i St. prp. nr. 1 (1999-2000) orientert om at ein slik auke vil skje før årsskiftet. Ved denne auken i advokatsalæret blir dei samla meirutgiftene på kap. 440 Politi- og lensmannsetaten, kap. 466 Advokatutgifter m.m. og kap. 470 Fri rettshjelp rekna til ein heilårsverknad på ca. 30 mill. kr, som er innarbeidd i St.prp. nr. 1 (1999-2000). Meirutgiftene i 1999 vil bli på om lag 1,3 mill. kr.

På bakgrunn av rekneskapstal og auken i salærsatsen blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 466, post 01 med 12 mill. kr.

Kap 470 Fri rettshjelp

Post 71 Fritt rettsråd

På bakgrunn av rekneskapstal og ei pårekna meirutgift i samband med hevinga av advokatsalæret med kr 40,- frå 1.12.99 blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 470, post 71 med 12 mill. kr.

Kap 471 Statens erstatningsansvar

Post 70 Erstatning til valdsoffer, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer utbetaling av erstatning til valdsoffer og skal mellom anna dekkje tapt arbeidsinntekt, faktiske utgifter og i visse høve tap av forsørgjar. Utgiftene på posten er regelbundne og vanskelege å vurdere.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 471, post 70 med 5 mill. kr.

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving

Løyvinga går til å utbetale erstatningar der det oppstår statleg erstatningsansvar. Utgiftene er regelbundne og vanskelege å vurdere.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471, post 71 med 4 mill. kr.

Kap 475 Bubehandling

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under posten går i hovudsak til å dekkje utgifter i samband med tvangsoppløysing av aksjeselskap og konkurs, jf. konkurslova § 73. Posten blei i 1999 auka med 10 mill. kr på grunn av nye aksjelover og på bakgrunn av rekneskapstal. Tvangsavvikling skal no skje i buet og betalast over denne posten dersom det ikkje er midlar i buet.

Det låge forbruket gjev grunn til å tru at reglane enno ikkje er tilstrekkeleg kjende, og at forbruket andre halvår vil bli større enn forbruket første halvår.

Rekneskapstala viser eit mindreforbruk, og det blir derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 475, post 01 med 8 mill. kr.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til bubehandling og gransking av bu der det er mistanke om økonomisk kriminalitet. Justisdepartementet reknar med at forbruket under posten knytt til Anders Jahres dødsbu i 1999 vil bli på om lag 13 mill. kr. Dette vil utgjere eit monaleg mindreforbruk i høve til tilgjengeleg løyving på posten. Unytta løyving kan overførast, jf. stikkordet «kan overførast». Unytta løyving kan berre overførast til dei to følgjande budsjetterminane. Av den grunn blir 7,7 mill. kr overførte til 2000. Departementet foreslår ikkje å endre løyvinga for 1999.

Kap 476 Eit historisk og moralsk oppgjer med behandlinga i Noreg av den økonomiske likvidasjonen av den jødiske minoriteten under den 2. verdskrigen

Post 72 Erkjenningsyting, overslagsløyving

Løyvinga går til å utbetale erkjenningsyting til personar som i Noreg blei utsette for antijødiske tiltak under 2. verdskrigen. 28.10.99 var det registrert 923 innkomne søknader om erkjenningsyting. Same dato var 890 av desse behandla. 860 var innvilga og 30 avslått. Fristen for å søkje erkjenningsyting er sett til 1.11.99, men det er venta at søknader også vil kome etter at fristen er gått ut. Det totale forbruket på posten er vanskeleg å fastslå.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 476, post 72 med 60 mill. kr.

Til forsida