Tilråing
Justis- og politidepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar på statsbudsjettet og Svalbard-budsjettet for 1999 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere endringar på statsbudsjettet for 1999 i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Justis- og politidepartementet ligg ved.