1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 vart protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane endra til å omfatte eit fleirårig delprogram (COOPENER) under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF av 26. juni 2004 om tiltak på energiområdet.
COOPENER dreier seg om samarbeid mellom EU og utviklingsland om å fremje fornybare energikjelder og energieffektivitet. COOPENER er ein del av det fleirårige handlingsprogrammet «Intelligent energi for Europa» (2003-2006), som vart innlemma i EØS-avtala ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 164/2003 av 7. november 2003.
Avgjerda i EØS-komiteen om å innlemme COOPENER i EØS-avtala vart teken med atterhald om Stortinget sitt samtykke, ettersom norsk deltaking i programmet krev løyvingsvedtak over to år, jfr. § 26 andre leddet i Grunnlova. Stortinget vert gjennom denne proposisjonen oppmoda om å gje samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004.
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.