3 Avgjerda i EØS-komiteen
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 vart det vedteke at delprogrammet COOPENER under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF om vedtaking av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet: «Intelligent energi for Europa» (2003-2006) skal innlemmast i protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane.
Avgjerda i EØS-komiteen har tre artiklar.
Artikkel 1 i avgjerda i EØS-komiteen slår fast at protokoll 31 til EØS-avtala skal endrast som følgje av innlemminga av delprogrammet under vedtak nr. 1230/2003/EF, ved at det vert sett inn eit nytt punkt 2e i protokollen.
Artikkel 2 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen tek til å gjelde 1. januar 2005, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 i avtala.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.