4 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking frå EØS/EFTA-statane i EU-programmet for folkehelse (2003-2008), vil EØS-komiteen vedta ei endring av protokoll 31 artikkel 16 i EØS-avtala, slik at avtala òg omfattar det nye folkehelseprogrammet. I innleiinga til utkastet til avgjerda vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til og visse protokollar i avtala. Vidare vert det fastslått at avtalepartane skal utvide samarbeidet til å omfatte avgjerda om fastsetjing av EU-programmet for folkehelse (2003-2008).
I artikkel 1 i utkastet er det slått fast at denne avgjerda vert innlemma i protokoll 31 artikkel 16 nr. 1 i EØS-avtala.
I artikkel 2 er det slått fast at avgjerda tek til å gjelde [...], på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
I artikkel 3 er det slått fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.