5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Ved deltaking i EU sitt nye folkehelseprogram vil dei økonomiske utgiftene for Noreg auke med 10-15 % samanlikna med dei handlingsprogramma som er i bruk i dag, og som går ut 31.12.02. Det totale budsjettet til det nye folkehelseprogrammet ligg på 312 millionar euro over seks år, det vil seie om lag 52 millionar euro per år. Den norske delen av dette vil utgjere om lag åtte millionar kroner per år. I og med at innhaldet i det nye programmet med omsyn til ivaretaking av tiltak mot misbruk av narkotiske stoff førebels ikkje er avklart, vil utgiftene til programmet fordelast med 7/8 på Helsedepartementet og 1/8 på Sosialdepartementet i 2003. Med omsyn til Helsedepartementet vil utgiftene verte dekte over kap. 719 post 21 og kap. 739 post 21. Når det gjeld Sosialdepartementet vil utgiftene verte dekte over kap. 620 post 21.
Deltaking i programmet gjer det mogleg for EØS/EFTA-statane å plassere nasjonale ekspertar i Kommisjonen. Noreg har gjennom dei tidlegare folkehelseprogramma plassert to ekspertar i Kommisjonen. Noreg vil òg i samband med det nye folkehelseprogrammet plassere to ekspertar i Kommisjonen. Lønn og godtgjersle til dei nasjonale ekspertane kjem i tillegg til programkostnadene og vil verte dekte over budsjettet til Helsedepartementet, kap. 719 post 21 og kap. 739 post 21.