1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.10 Administrasjon m.m., 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål og 21.60 Samferdselsberedskap.
Proposisjonen gjeld desse sakene:
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1301, post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik mv., med 1 mill. kr mot tilsvarande reduksjon av kap. 1360, post 30 Transport- og sambandsanlegg, utstyr mv.
Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar, med 75,6 mill. kr.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 35 Vegutbygging i Bjørvika, med 3,2 mill. kr mot tilsvarande reduksjon av kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar.
Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1322, post 92 Opptrekksrenter, med 17 mill. kr.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på kap. 4321, post 80 Utbyte, med 28 mill. kr.
Det blir orientert om kva som er gjort med tilbakebetaling av løyving som blei gitt til Jernbaneverket ved terminering av fiberkabelavtala mellom Jernbaneverket og Telenor.