2 Programkategori 21.10 Administrasjon m.m.
Kap. 1301 Forsking og utvikling mv.
Post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik mv.
Ein stor del av løyvinga på kap. 1301, post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik mv., vil i 2004 gå til ulike oppdrag i samband med prosjektet «Konkurranse om sporet». Dette har ført til at det har blitt noko for lite midlar til andre viktige prosjekt. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1301, post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik mv., med 1 mill. kr, frå 15,5 mill. kr til 16,5 mill. kr. Auken blir dekt inn ved å redusere løyvinga på kap. 1360, post 30, med same beløp, jf. omtalen under kap. 1360.