2 Nærare om dei enkelte føresegnene i avtalen
Innleiinga viser mellom anna til avtalen av 1981 om økonomisk samarbeid mellom Noreg og Sverige og protokollen om oppretting av SNI.
Det vert vist til brev frå SNI 28. oktober 2003 der styrevedtak om avvikling av stiftinga er referert.
Artikkel I slår fast at det skal opprettast eit program for vidare næringslivssamarbeid mellom Noreg og Sverige, og skisserer innhaldet i programmet.
Artikkel II gjer greie for formålet med programmet, som er å vitalisere det svensk-norske næringslivssamarbeidet gjennom etablering av fellesprosjekt. Det er lagt vekt på at ein del av dei årlege midlane bør gå til tiltak som stimulerer næringslivsutviklinga i grenseregionane, spesielt i område med få selskapsetableringar.
Artikkel III seier at programmet skal gå over minst fem år.
Artikkel IV slår fast at programmet skal finansierast med dei midlane som vert overleverte den svenske og den norske staten ved avviklinga av SNI.
Artikkel V gjer greie for organiseringa av programmet, mellom anna opprettinga av eit sekretariat med representantar for Innovasjon Noreg og NUTEK.
Artikkel VI slår fast at avtalen trer i kraft den dagen partane har meldt frå til kvarandre gjennom noteveksling om at dei nasjonale konstitusjonelle prosedyrane er fullførte.
Artikkel VII regulerer prosedyrane for oppseiing av avtalen.
Artikkel VIII slår fast at avtalen erstattar den opphavlege protokollen om oppretting av eit fond for svensk-norsk industrielt samarbeid av 25. mars 1981.