3 Økonomiske og administrative konsekvensar
Den norske staten overførte til saman 50 mill. SEK i grunnkapital til SNI i 1987 og 1988 som tilskot over 70-post, men frå 1991 ført som innskotskapital i kapitalrekneskapen. Desse overføringane utgjorde 1/5 av den opphavlege grunnkapitalen i fondet. Den svenske staten tilførte dei resterande 4/5. Når SNI vert avvikla, vil den attverande grunnkapitalen på om lag 50 mill. NOK bli ført tilbake til dei respektive statane etter same fordeling som dei opphavlege innskota, noko som inneber at om lag 10 millionar NOK går tilbake til den norske statskassa. Som ei følgje av endringsavtalen vil desse midlane bli overførte til det nye programmet som Innovasjon Noreg og NUTEK skal forvalte. Innovasjon Noreg vil få sine administrative kostnader dekte av programmidlane. Ratifikasjon av endringsavtalen inneber difor ei omfordeling av midlar og inga netto utgift eller inntekt.
I tråd med ovannemnde, og for å gjennomføre endringsavtalen og styrevedtaket i SNI, vert det gjort framlegg om følgjande budsjettvedtak:
Kap. 2421 Innovasjon Norge
Post 53, (ny) Program for næringslivsamarbeid, fond
Det vert løyvd om lag 10 mill. NOK til Innovasjon Noreg som norsk del av overføringa av den resterande grunnkapitalen i Svensk-Norsk Industrifond. Midlane vert løyvde over kap. 2421 Nærings- og handelsdepartementet, ny post 53 Program for næringslivsamarbeid, fond.
Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet
Post 72, (ny) Tilbakeføring av grunnkapital frå Svensk-Norsk Industrifond
Om lag 10 mill. NOK vert tilbakeført til statskassa og løyvd som inntekt under kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet, ny post 72 Tilbakeføring av grunnkapital frå Svensk-Norsk Industrifond på statsbudsjettet for 2004.