2 Nærare om SAVE
SAVE har følgjande særskilde mål:
å stimulera til energieffektivitetstiltak innan alle sektorar,
å oppmuntra private og offentlege forbrukarar og industrien til å investera i energisparing,
å leggja tilhøva til rette for betring av energiintensiteten i sluttforbruket.
Middel for å nå desse måla er mellom anna informasjon, opplæring, oppbygging av nettverk, infrastruktur og lovgjeving. SAVE er ein viktig del av EU sin politikk for å redusere utsleppa av klimagassar.
Vinklinga i programmet fell godt saman med den norske aktiviteten på området, og vil vere eit godt tillegg til aktivitetane innan forsking, og tiltaka for å fremja bruk av effektiv energiteknologi.