5 Konklusjon og tilråding
For Noreg som energinasjon er det viktig å halde fram samarbeidet med EU på energi- og miljøområdet innanfor EØS. Aktivitetane under SAVE er i godt samsvar med dei nasjonale aktivitetane for energieffektivitet.
Olje- og energidepartementet tilrår godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte EFTA-statane si deltaking i fellesskapsprogrammet for fremming av energieffektivisering (SAVE) (1998-2002). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.