4 Tilhøvet til norsk rett
Gjennomføringa av forordninga i norsk rett krev lovendringar.
Barne- og likestillingsdepartementet har 22. september 2006 fremja Ot.prp. nr. 102 (2005-2006) om lov om endringar i lov av 16. juni 1972 nr. 47 om kontroll med marknadsføring og avtalevilkår (marknadsføringslova) og einskilde andre lover (kringkastingslova, lækjemiddellova, alkohollova og tobakksskadelova). Her vert det gjort framlegg om at forordninga vert innlemma i marknadsføringslova slik ho er. For å stette minstekrava i forordninga med omsyn til handhevingstiltak som skal kunne setjast i verk av dei rette styresmaktene, vert det òg gjort framlegg om einskilde endringar i sektorlovgjevinga som rører ved desse, dvs. marknadsføringslova, kringkastingslova, lækjemiddellova, alkohollova og tobaksskadelova.
Samferdselsdepartementet vil fremje ein eigen Ot.prp. om endringar i luftfartslova, som vil utstyre Luftfartstilsynet med den kompetansen som er naudsynt etter forordninga.