5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forordninga fører med seg ei plikt for Noreg til å syte for handsaming av saker etter oppmoding frå handhevingsstyresmaktene i andre EØS-statar der norske næringsdrivande gjer lovbrot som rammar utanlandske forbrukarar. Tilsvarande vil handhevingsstyresmakter i andre EØS-statar ha plikt til å hjelpe norske styresmakter med å stoppe lovbrot frå utlandet som rammar norske forbrukarar. I tillegg vil forordninga medføre bruk av ressursar til innrapportering, informasjonsutveksling, deltaking i komiteen osv.
Det vert gjort framlegg om at Barne- og likestillingsdepartementet får makt til å oppnemne dei styresmaktsorgana som skal delta i samarbeidet etter forordninga. Det vert rekna som føremålstenleg at dei styresmaktsorgana som i dag handhevar det einskilde regelverket som vert omfatta av samarbeidet etter forordninga, vert oppnemnde som styresmakter under forordninga. Desse er:
Forbrukarombodet
Medietilsynet
Statens lækjemiddelverk
Sosial- og helsedirektoratet
Vidare har Samferdselsdepartementet gjort framlegg om at Luftfartstilsynet skal oppnemnast som styresmakt til å handheve regelverket om rettane til flypassasjerar. Seinare kan det òg verte aktuelt å oppnemne Lotteritilsynet som styresmakt når det gjeld å handheve forbodet mot visse pyramideliknande omsetnadssystem i direktivet om urimeleg handelspraksis.
Forordninga krev òg at det skal peikast ut eit sentralt kontaktorgan som skal vere ansvarleg for samordning av saker etter forordninga på nasjonalt plan. Det vert rekna som mest føremålstenleg at Forbrukarombodet får denne funksjonen fordi det er Forbrukarombodet som i alle høve vil handsame hovudtyngda av inn- og utgåande saker etter forordninga.
Forbrukarombodet vil måtte rekne med auka saksmengd ved gjennomføringa av forordninga fordi Forbrukarombodet vil handheve hovuddelen av den forbrukarvernlovgjevinga som er omfatta av forordninga. Under dette skal Forbrukarombodet handheve direktiv 2005/29/EF om urimeleg handelspraksis hjå verksemder, som m.a. på bakgrunn av det vide omfanget sitt vil kunne medføre ein del saker som vil falle inn under forordninga. Dette direktivet skal nyttast frå 12. desember 2007, og Utanriksdepartementet fremjer ein eigen St.prp. om dette. I den grad gjennomføringa av forordninga vil føre til auka saksmengd innanfor ansvarsområdet til dei andre rette styresmaktene, vil Ombodet òg få kontakt med desse i rolla si som sentralt kontaktorgan. I St.prp. nr. 1 (2006-2007) er det gjort framlegg om ei styrking på kr 1,75 mill. på driftsbudsjettet til Forbrukarombodet i 2007. Ei grunngjeving for dette er at Forbrukarombodet mellom anna skal ta hand om nye oppgåver som følgje av gjennomføringa av forordninga om forbrukarvernsamarbeid.
Når det gjeld Medietilsynet, Statens lækjemiddelverk, Sosial- og helsedirektoratet og Luftfartstilsynet, vil forordninga neppe føre til større økonomiske og administrative konsekvensar.
Forordninga etablerer ingen nye plikter eller rettar for private. Siktemålet er å sikre ei effektiv og harmonisert handheving av eksisterande regelverk. Gjennomføringa av forordninga er difor ikkje venta å få administrative eller økonomiske konsekvensar av noko omfang for private.