2 Forslag om endringar
Kap. 400 Justisdepartementet
Post 01 Diverse utgifter
Som ein delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455, post 21 og kap. 460, post 01 på til saman 6,4 mill. kr, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 400, post 01 med 1,5 mill. kr.
Kap. 3400 Justisdepartementet
Post 01 Diverse inntekter
Løyvinga på kap. 400, post 71 dekkjer tilskot til internasjonale organisasjonar under Justisdepartementet sitt saksfelt. Den ODA-godkjende delen av bidraget til World Intellectual Property Organization (WIPO) blir refundert frå Utanriksdepartementet. Denne delen er redusert frå 30 % til 2,8 %. Utanriksdepartementet har difor berre refundert kr 74 802 til Justisdepartementet i 2004. På bakgrunn av dette foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap. 3400, post 01 med 0,633 mill. kroner.
Kap. 61 Høgsterett
Post 01 Driftsutgifter
Som følgje av at arbeidet med Høgsterett si historie er avslutta, vil det ikkje lenger vere utgifter i samband med dette. Justisdepartementet foreslår difor å redusere løyvinga under kap. 61, post 01 med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 410, post 01, jf. omtale under kap. 410, post 01.
Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane
Post 01 Driftsutgifter
Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 410, post 01 med 0,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 61, post 01.
Kap. 3410 Rettsgebyr
Post 01 Rettsgebyr
Oppdaterte tal frå Brønnøysundregistra viser at talet på tvangsavviklingar i 2004 som følgje av at fristen for aksjeselskapa til å setje opp aksjekapitalen gjekk ut ved utløpet av 2003, vert lågare enn venta, jf. omtale under kap. 475. Justisdepartementet foreslår difor å redusere løyvinga under kap. 3410, post 01 med 5,9 mill. kroner.
Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
Post 01 Driftsutgifter/post 70 Tilskot
Ved handsaminga av budsjettframlegget for 2004 i Stortinget blei løyvinga under kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning, post 01 Driftsutgifter auka med 10 mill. kroner (jf. Budsjett-Innst. S. nr. 4 (2003-2004). 1 mill. kroner av aukinga skulle bli nytta til auka bruk av tenester frå Alternativ til vold (ATV).
Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2004 vedtok Stortinget å auke løyvinga under kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning, post 01 Driftsutgifter med 10 mill. kroner. På bakgrunn av budsjettavtala mellom Arbeidarpartiet og partia i Regjeringa blei tilskotet til Kirkens Sosialtjeneste auka med 0,4 mill. kroner.
Tilskota er utbetalt under kap. 430, post 70 Tilskot.
Som ein delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455, post 21 og kap. 460, post 01 på til saman 6,4 mill. kr, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430, post 01 med 1 mill. kr.
Post 45 Større kjøp og vedlikehald av utstyr, kan overførast
Som ein delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455, post 21 og kap. 460, post 01 på til saman 6,4 mill. kr, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430, post 45 med 0,3 mill. kr.
Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv.
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år foreslår Justisdepartementet å setje ned løyvinga under kap. 430, post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv. med 12 mill. kroner.
Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2004 vedtok Stortinget å auke løyvinga til politiet. Trass i denne auken, er politibudsjettet i 2004 framleis svært stramt.
Den siste tida har ein sett auka omsynsløyse og råskap i dei kriminelle miljøa, m.a. ved gjennomføring av fleire grove ran, også med tap av menneskeliv som ein tragisk konsekvens. Det er difor viktig å sikre tryggleiken for politiet så langt det er mogeleg, m.a. gjennom betre utstyr og materiell for sikring og vern. Den stramme budsjettsituasjonen for politiet i 2004 gjer at ein ikkje finn å kunne dekke inn ekstrautgifter ved omdisponeringar, kostnadsreduserande tiltak m.m. innafor eksisterande ramme for politiet.
Ranet av Norsk Kontantservice i Stavanger
Ranet av Norsk Kontantservice og drapet på ein tenestemann i Rogaland politidistrikt krev store ressursar i samband med etterforsking og oppfølging. I revidert nasjonalbudsjett 2004 vart difor politibudsjettet styrka med 40 mill. kroner til dette føremålet. Regjeringa melde samstundes at det på det tidspunktet var usikkert kor store samla løyvingar det ville bli trong for, og at Justisdepartementet ville kome attende til saka på høveleg vis, dersom det skulle bli nødvendig.
Samla meirkostnader i 2004 for politiet etter ranet av Norsk Kontantservice er rekna til om lag 50 mill. kroner, dvs 10 mill. kroner meir enn styrkinga som vart gitt gjennom revidert nasjonalbudsjett 2004. Hovudgrunnen til dette er at aktiviteten i alibiprosjektet har blitt vesentleg større enn venta. Justisdepartementet foreslår ei tilleggsløyving på 9 mill. kroner for å dekke delar av meirkostnadene.
Etterforsking og oppfølging vil også krevje ressursar i 2005. Justisdepartementet vil om nødvendig kome attende til saka på høveleg måte.
Kommunikasjonskontroll blir brukt i alle store saker. I samanheng med ranet av Norsk Kontantservice har politiet drive auka spaning, etterretning og kommunikasjonskontroll også i ei rekkje andre alvorlege saker. Justisdepartementet foreslår ei tilleggsløyving på 6 mill. kroner til å dekke desse kostnadene.
Behov for nytt materiell og utstyr
I revidert nasjonalbudsjett 2004 opplyste Regjeringa at Politidirektoratet har sett ned ei hurtigarbeidande gruppe som m.a. skulle vurdere trongen for nytt og betre utstyr til politiet. Bruk av såkalla pansra køyretøy skulle inngå i denne vurderinga. Justisdepartementet ville om nødvendig kome attende til dette på høveleg måte.
Det er nødvendig å skaffe nytt utstyr og materiell for å gjere politiet betre rusta til å sikre og verne verdiar og personell i samband med Noregs Bank sine pengetransportar.
I tillegg treng politidistrikt køyretøy som kan vernast mot skot. Dette er eit viktig tiltak for å tryggje politiet.
Justisdepartementet tek sikte på å lease nødvendige tungt verna køyretøy og køyretøy som kan vernast mot skot, og vil kome attende til saka på høveleg måte.
Maskinlesbare pass
I 2004 vert det skrive ut vesentleg fleire pass enn venta. Både utgifter og inntekter som knyter seg til dette har difor auka. Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga med 16,4 mill. kroner til dekking av meirutgifter knytt til produksjon av fleire maskinlesbare pass.
Overføring frå kap. 442 Politihøgskulen
Som følgje av at særskilt opplæring og trening av mannskap knytt til utrykkingseiningar i løpet av 2004 er overførd frå Politihøgskulen til politidistrikta, foreslår ein å auke kap. 440, post 01 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 442, post 01, jf. omtale under kap. 442.
Overføring til kap. 441 Oslo politidistrikt
I St.prp. nr. 63 (224-2005) vart det meld at Justisdepartementet ville kome attende til fordelinga mellom kap. 440 Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten og kap. 441 Oslo politidistrikt i samband med Stortinget sitt vedtak om tilleggsløyving for m.a. å tilverke at nyutdanna polititenestemenn og -kvinner får arbeid i etaten, jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004). På bakgrunn av dette foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under kap. 440, post 01 med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 441, post 01, jf. omtale under kap. 441.
Asyl- og utlendingsfeltet
Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 440, post 21, jf. omtale under kap. 440, post 21.
Samla forslag om tilleggsløyving på kap. 440, post 01 blir etter dette 37,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Politiet sine utgifter i samband med asyl- og utlendingssaker vert delvis dekka over kap. 440, post 01 og delvis over kap. 440, post 21. Det er nødvendig å justere noko på fordelinga mellom postane. Justisdepartementet foreslår difor å redusere løyvinga under kap. 440, post 21 med 5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Gebyr
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling for passinntekter foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 01 med 100 mill. kroner.
Kap. 441 Oslo politidistrikt
Post 01 Driftsutgifter
Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 440, post 01 med 1,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 441, post 01, jf. omtale under kap. 440.
Kap. 442 Politihøgskulen
Post 01 Driftsutgifter
Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 442, post 01 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 440.
Kap. 443 Oppfølging av innsynslova
Post 01 Driftsutgifter
Som ein delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455, post 21 og kap. 460, post 01 på til saman 6,4 mill. kr, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 443, post 01 med 0,5 mill. kr.
Kap. 455 Redningstenesta
Post 01 Driftsutgifter
Overføring av budsjettansvaret for redningshelikoptertenesta frå Forsvarsdepartementet til Justisdepartementet
Justisdepartementet overtok frå og med 2004 budsjettansvaret for redningshelikoptertenesta levert av Luftforsvaret sin 330 skvadron. I den samanheng har det skjedd ein teknisk feil. Justisdepartementet foreslår difor å auke løyvinga under kap. 455, post 01 med 18,35 mill. kroner i 2004. Departementet vil kome attende til konsekvensane for 2005 i samband med revidert nasjonalbudsjett 2005.
Kontinuerleg døgnvakt på Sola
Ei kontinuerleg døgnvakt ved redningshelikopterbasen på Sola vart etablert frå 01.06.2004. Ordninga har m.a. ført til endringar i legeberedskapen, som på Sola er berekna til å utgjøre ein heilårskostnad på 3,6 mill. kroner. Meirkostnadene i 2004 er berekna til 2,1 mill. kroner. Justisdepartementet foreslår derfor ein reduksjon på kap. 455, post 01 på 2,1 mill. kroner mot ei tilsvarande auke på Helse- og omsorgsdepartementet sitt kap. 732, post 73.
Heilårseffekten på 3,6 mill. kroner er rammeoverført frå Justisdepartementet til Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett frå og med 2005.
Som ein delvis inndekning av meirbehovet under kap. 455, post 21 og kap. 460, post 01 på til saman 6,4 mill. kr, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 455, post 01 med 2,5 mill. kr.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, for eksempel helikopterselskap og frivillige redningsorganisasjonar i det einskilde redningstilfellet, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Det er vanskeleg å estimere forbruket på posten, då utgiftene varierer med talet på og omfang av redningsaksjonar.
Det vil bli eit meirforbruk på posten i 2004. Dette skuldast store utgifter for Hovudredningssentralen Sør-Noreg, mellom anna i samband med Rocknesaksjonen (om lag 2 mill. kroner) og auke i talet på søkje- og redningsoperasjonar i 2004 samanlikna med 2003. Det har også vore ein del langvarige søkje- og redningsaksjonar med store mannskapsstyrker. I tillegg er andre halvår vanlegvis meir ressurskrevjande grunna sommaraksjonar, hauststormar o.a.
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og forventa utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga på kap. 455, post 21 med 4,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 400, 430, 443 og 475.
Kap. 460 Dei særskilde etterforskingsorgana
Post 01 Driftsutgifter
Dei særskilde etterforskingsorgana (SEFO) skal leie etterforskinga av om ein tilsett i politiet eller påtalemakta har gjort ei straffbar handling i teneste. Det vil bli oppretta eit nytt sentralt organ, Spesialeininga for politisaker, med hovudkontor i Hamar-området. Endringa vil tre i kraft frå 01.01.2005.
På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460, post 01 med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 400, 430, 443 og 475.
Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9 og 9 a. Dei totale utgiftene på kapitlet avheng av talet på straffesaker, omfanget av sakene og storleiken på den offentlege salærsatsen. Utgiftene på posten er regelbundne.
Ut frå rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 01 med 10 mill. kroner.
Kap. 470 Fri rettshjelp
Post 71 Fritt rettsråd
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelbundne.
På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 71 med 10 mill. kroner.
Kap. 3470 Fri rettshjelp
Post 01 Eigendel m.m.
Ordninga med eigendel for fri rettshjelp blei avskaffa frå 01.09.2003. Rekneskapstal pr. 31.08.2004 viser ei meirinntekt på posten. Dette har truleg si årsak i ein tregleik i systemet i samband med omlegginga. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 3470, post 01 med 5 mill. kroner.
Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer utbetalingar som følgje av staten sitt erstatningsansvar på grunnlag av alminnelege erstatningsreglar, med unntak av ansvar i kontraktforhold og ansvar i samband med forretningsdrifta til staten. Utgiftene på posten er regelbundne, og har stikkordet overslagsløyving.
På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og forventa utvikling foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga under kap. 471, post 71 med 8 mill. kroner.
Kap. 474/3474 Konfliktråd
Post 01 Driftsutgifter/Post 01 Diverse inntekter
Tidlegare fordelte Justisdepartementet løyvinga til konfliktråda via fylkesmennene over kap. 474 Konfliktråd, post 60 Overføring til kommunane. Frå 01.01.2004 blei arbeidsgjevaransvaret overført til Sekretariatet for konfliktråda i samband med at staten overtok ansvaret for konfliktråda. I motsetning til staten set kommunane av feriepengar i eit fond i oppteningsåret, og betalar dei ut året etter. Kommunane overfører difor avsetjing av feriepengar for 2004 til Sekretariatet for konfliktråda. Kommunane overfører også ubrukte midlar frå 2003. Dette er midlar som blei fordelte til kommunane for 2003 og dermed ført ut av rekneskapen til staten.
På denne bakgrunn blei det i samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 63 ( 2003-2004), jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004), vedteke å opprette ein ny inntektspost post 01 Diverse inntekter under kap. 3474, og å auke løyvinga parallelt under kap. 474, post 01 og kap. 3474, ny post 01 med 2,8 mill. kroner. Anslaget over inntekter for 2004 var usikkert på grunn av at Sekretariatet for konfliktråda ikkje hadde fått tilbakemelding frå alle vertskommunane. Nye opplysingar tilseier at inntektene for 2004 vil kome opp i 3,8 mill. kroner. Justisdepartementet foreslår difor å auke løyvinga under kap. 474, post 01 og kap. 3474, post 01 med 1 mill. kroner.
Kap. 475 Buhandsaming
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer staten sine utgifter i samband med handsaminga av saker om tvangsoppløysing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73. Utgiftene på posten er regelbundne.
Oppdaterte tal frå Brønnøysundregistra viser at talet på tvangsavviklingar i 2004 som følgje av at fristen for aksjeselskapa til å setje opp aksjekapitalen gjekk ut ved utløpet av 2003, vert lågare enn venta. Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2004 vedtok Stortinget å redusere løyvinga under kap. 475, post 01 som følgje av oppdaterte tal frå Brønnøysundregistra på tvangsoppløysingar i 2004, jf. St.prp. nr. 63 (2003-2004) og Innst. S nr. 250 (2003-2004). Det blei i denne samanheng rekna med at 1 000 selskap ville bli tvangsavvikla i 2004. I samsvar med nye oppdateringar frå Brønnøysundregistra legg Justisdepartementet no til grunn at om lag 470 selskap vil bli tvangsavvikla i 2004.
På denne bakgrunn foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga under kap. 475, post 01 med 7,4 mill. kroner. Ein foreslår også å redusere løyvinga under kap. 3410, post 01 med 5,9 mill. kr, jf. omtale under kap. 3410, post 01. Justisdepartementet foreslår å omdisponere 0,6 mill. kr av netto innsparing på totalt 1,5 mill. kr til kap. 455, post 21 og kap. 460, post 01, jf. omtale under kap. 455, post 21 og kap. 460, post 01.