St.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om endringar på statsbudsjettet for 2004 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

3 Andre saker

Pantebokregister

I St.meld. nr. 13 (2001-2002) tilrådde Justisdepartementet at arkivet med pantebøkene blei lokalisert og sentralisert til Ullensvang. Stortinget gjorde 12.06.2002 vedtak nr. 393 om å be Regjeringa opprette eit sentralt pantebokregister i Ullensvang herad.

Pantebøkene blir i stor grad nytta i handsaminga av tinglysingssakene. Den teknologiske utviklinga tilseier at det vil vere meir rasjonelt og effektivt å skanne framtidige pantebokdokument under sakshandsaminga, slik at dei blir elektronisk tilgjengelege. Dei eksisterande pantebokdokumenta skal avleverast frå tingrettane på dei tidspunkta då tinglysingsmyndigheita blir overført til Statens kartverk, og dei bør vere skanna i løpet av 10 – 12 år. At desse dokumenta blir skanna, inneber óg betre service ovanfor publikum. Etter ei totalvurdering meiner departementet at skanninga av eksisterande pantebokdokument vil bli meir kostnadseffektiv enn kva som har blitt lagt til grunn tidlegare. Ved innføring av elektroniske dokument i tinglysinga vil omfanget av papirkopi bli monaleg redusert. Arbeidsplassar knytt til pantebokregisteret i Ullensvang vil difor bli mindre over tid og ikkje vare lenger enn 10 – 12 år. Det er difor nødvendig å etablere alternative løysingar for å sikre varige arbeidsplassar i Ullensvang.

Justisdepartementet rår difor til at det i Ullensvang blir oppretta eit servicesenter for tinglysinga kombinert med brukarstøtte og svarteneste for matrikkelen. Totalt vil dette gje 13 – 14 varige arbeidsplassar i Ullensvang. Dette er stillingar som elles ville blitt knytt til Statens kartverk sitt hovudkontor på Hønefoss. Departementet har vore i tett dialog med Ullensvang herad i prosessen.

Justisdepartementet og Miljøverndepartementet vil halde fram med dialogen med Ullensvang herad for å sjå på moglegheita for å utvikle service­senteret ytterlegare.

Stortinget har ved handsaminga av St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt – et felles fundament for verdiskaping» vedteke store omorganiseringar i Statens kartverk. Dette har frigjort lokale og bygningsmasse ved Statens kartverk, og har skapt ein ny situasjon i høve til då vedtaket om pantebokregisteret i Ullensvang blei gjort. Sett i lys av den teknologiske utviklinga og den nye situasjonen som har oppstått, finn Justisdepartementet det mest formålstenleg at desse lokala hos Statens kartverk blir nytta til pantebokregisteret. Dette inneber at det ikkje er nødvendig å byggje eit nytt spesialtilpassa bygg i Ullensvang til pantebokregisteret. Eventuelle nye lokale for Hardanger tingrett, høyrer under Domstoladministrasjonen.

Dei framtidige årlege meirkostnadene blir redusert med om lag 3,4 mill. kroner ved å nytte eksisterande lokale hos Statens kartverk framfor å leggje pantebokregisteret til Ullensvang. Over ein periode på 10 – 12 år blir dei samla meirkostnadene redusert med om lag 35 – 40 mill. kroner.

Forslaget inneber ingen budsjettmessige konsekvensar for 2005 utover kva det er gjort framlegg om i St.prp. nr. 1 (2004-2005) på kap. 412. Justisdepartementet legg opp til å starte etableringa av eit servicesenter i Ullensvang ved årsskiftet 2005/2006.

Departementet rår til at det blir oppretta eit servicesenter for tinglysinga i Ullensvang herad, og at sentralarkivet for panteboka blir lagt til Statens kartverk sitt hovudkontor i Ringerike kommune, jf. forslag til vedtak.

Til forsida