1 Føremål og hovudoversikt
1.1 Føremål
I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2008. Siktemålet er å skape best mogeleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2008 vart utarbeidd.
På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, kan såleis verte handsama samla og formalisert på rette måte. Regjeringa er opptekne av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lavt nivå som mogleg.
Omgrupperingsproposisjonen tek mellom anna føre seg styrking av prioritert verksemd på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon, Kystvakta, norske styrkar i utlandet og fellesinstitusjonar under Forsvarsstaben, for å dekkje høgare kostnader enn budsjettert. Dette skuldast m.a. høgare drivstoffprisar, seinare frigjering av gevinstar og høgare kostnadar knytt til logistikkverksemda. Styrkinga er foreslått mot ei tilsvarande samla reduksjon på andre budsjettkapittel m.a. omdisponering av 250 mill. kroner frå materiellinvesteringsbudsjettet. Forsvarssjefen har tilrådd ei slik mellombels omdisponering frå investering til drift for å unngå store operative konsekvensar for aktiviteten i 2008. Regjeringa har derfor ut frå ei samla vurdering funne det tilrådeleg å foreslå ei slik omdisponering, men ser den som ekstraordinær grunna prosjektrelaterte forseinkingar. Regjeringa planlegg å styrkje materiellinvesteringsområdet i åra 2010-2012.
Vidare er enkelte kapittel foreslått redusert grunna nødvendig aktivitetsjustering i løpet av året. Ei slik aktivitetsjustering er ein naturlig del av gjennomføringa av verksemda i løpet av året og viktig for at forsvarssjefen kan styre i tråd med dei overordna økonomiske rammene. Alle forslag til omdisponeringar er såleis tilrådd av forsvarssjefen.
Vidare tek omgrupperingsproposisjonen føre seg viktige tekniske endringar, til dømes overføring av budsjettansvar mellom kapitla. I tillegg vert det foreslått ei formalisering av lønnskompensasjonen for 2008 og formalisering av meirinntekter. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 231 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke einskilde bestillingsfullmakter.
1.2 Overskridingsfullmakt
Forsvarsdepartementet har høve til å nytte ubrukte midlar på kapittel 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del (23,1 mill. kroner) frå 2007 som er overført til 2008, til andre føremål på forsvarsbudsjettet i 2008. Sidan disse midlane i 2008-budsjettet berre er ei overføring og ikkje ei løyving, kan midlane ikkje omdisponerast. Midlane skal nyttast til å dekkje inn meirbehov på kapittel 1792, Norske styrkar i utlandet, post 01 driftsutgifter.
1.3 Grunnlaget for omgrupperinga
1.3.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2008, dei seinare endringane gjort av Stortinget, og midlar ført over frå 2007. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2008 (524,675 mill. kroner).
Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2008, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedteke budsjett 2008 | 31 540 172 |
Innst. S. nr. 270 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 59 (2007-2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008 (RNB) | 326 378 |
Innst. S. nr. 316 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 67 (2007-2008) Om endringar i «Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap»(«soldatproposisjonen») | 26 806 |
St.prp. nr. 85 (2007-2008) Om endringer i statsbudsjettet for 2008 under Justisdepartementet og Forsvarsdepartementet i forbindelse med ekstraordinære utgifter for håndtering av skogbrannen i Froland | 8 000 |
Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet | 524 675 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 32 426 031 |
+ Midlar ført over frå 2007 | 2 066 074 |
= Disponible midlar i 2008 før omgrupperinga | 34 492 105 |
Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2008, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedteke budsjett 2008 | 798 200 |
Innst. S. nr. 270 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 59 (2007-2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008 (RNB) | 39 378 |
= Løyvingar før omgruppering | 837 578 |
1.3.2 Inntekter i 2008
I høve til vedteke budsjett for 2008, er det ei meirinntekt på 231,13 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i St.prp. nr. 1 (2007-2008) under romartalsvedtak II.
Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida | 231 130 | |
= | Sum behov ved omgrupperinga | 231 130 |
+ | Løyvingar før omgrupperinga | 32 426 031 |
= | Samla løyvingar etter omgrupperinga | 32 657 161 |
+ | Midlar ført over frå 2007 | 2 066 074 |
= | Samla disponible midlar i 2008 etter omgrupperinga | 34 723 235 |
Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):
Løyvingar før omgrupperinga | 837 578 |
Meirinntekter | 231 130 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 1 068 708 |
Regjeringa foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at utgiftsramma og inntektsramma vert auka med 231,13 mill. kroner.
1.3.3 Utgifter
Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av meirinntekter.
Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)
Post | Føremål | Mindreutg./Meirutg.+ |
01 | Driftsutgifter | 517 591 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | -13 838 |
45 | Store nyskaffingar | -250 000 |
46 | Ekstraordinært vedlikehald | 66 000 |
47 | Nybygg og nyanlegg | -80 623 |
50 | Overføringar Statens pensjonskasse | -8 000 |
Sum | 231 130 |
1.3.4 Inntekter
Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)
Post | Føremål | Mindreinnt./Meirinnt.+ |
01 | Driftsinntekter | 203 130 |
47 | Sal av eigedom | 28 000 |
Sum | 231 130 |