2 Hovudtrekk ved utgifts- og inntektsendringane på postnivå
2.1 Utgifter
Den totale utgiftsramma er auka med 231,13 mill. kroner. Driftsbudsjettet er totalt foreslått auka med 495,753 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet er foreslått redusert med 264,623 mill. kroner.
Nedanfor er dei viktigaste endringane forklart på post- og kapittelnivå.
2.1.1 Post 01 Driftsutgifter
Post 01 er foreslått auka med totalt 517,591 mill. kroner.
Forsvarssjefen har tilrådd ei aktivitetsjustering på greinkapitla for å omdisponere til meir prioritert verksemd på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon, Kystvakta, norske styrkar i utlandet og fellesinstitusjonar under Forsvarsstaben. Ei slik aktivitetsjustering er viktig for forsvarssjefens samla styring av Forsvarets verksemd.
Post 01 er foreslått tilført 231,13 mill. kroner i meirinntekter frå kap. 4710 Forsvarsbygg og kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Posten er vidare foreslått tilført 250 mill. kroner frå kap. 1760, post 45 Store nyskaffingar grunna omdisponering til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet. Det er vidare foreslått å omdisponere 13,838 mill. kroner frå kap. 1719, post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, 14,623 mill. kroner frå kap. 1710 Forsvarsbygg, post 47 Nybygg og nyanlegg, og 8 mill. kroner frå kap. 1720, post 50 Overføringar Statens pensjonskasse.
Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar basert på analysar og vurderingar, inkludert prognosar.
Kap. 1700 Forsvarsdepartementet
Post 01 er foreslått auka med 7,8 mill. kroner.
Auken gjeld omdisponeringar grunna overføring av budsjettansvar for kommunikasjonseininga frå Forsvarsstaben til Forsvarsdepartementet i 2008 (3,8 mill. kroner). Posten er vidare tilført 4 mill. kroner knytt til naudsynte tilpassingar og ombyggingar av leiingsbygget på Akershus festning.
Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet
Post 01 er foreslått auka med 4,81 mill. kroner.
Auken er i all hovudsak knytt til meirbehov grunna lønstilskot for avhendingsfunksjonen i Forsvarsbygg. Meirbehovet skuldast auka behov for kompetanse knytta til miljøoppryddings-, rive og sikringsoppgåvar.
Kap. 1720 Felles leiings- og kommandoapparat
Post 01 er foreslått redusert med 52,863 mill. kroner.
Reduksjonen gjeld omdisponeringar grunna overføring av budsjettansvaret for kommunikasjonseininga frå Forsvarsstaben til Forsvarsdepartementet i 2008 (3,8 mill. kroner), samt omdisponering til kap. 1725 for finansiering av utgifter i samband med fysisk flytting av Institutt for forsvarsstudier (3,1 mill. kroner). Annan reduksjon gjeld omdisponering til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.
Kap. 1723 Nasjonal sikkerheitsmyndigheit
Post 01 er foreslått auka med 0,9 mill. kroner
Auken er knytt til overtaking av eigedom, bygg og anlegg frå Forsvarets logistikkorganisasjon.
Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og utgifter under Forsvarsstaben
Post 01 er foreslått auka med 94,557 mill. kroner.
Auken er mellom anna knytt til kostnader i samband med innføring av nytt økonomisystem i LOS-programmet (FIF 2.0) i Forsvaret (40 mill. kroner) og finansiering av kryptonøkkelsystemet EKNAS NOR (10 mill. kroner). Post 01 er òg foreslått tilført midlar som følgje av overføring av utgifter for felles opptak og seleksjon for befalsskuleelevar for heile Forsvaret (8,4 mill. kroner), samt i samband med utgifter i samband med fysisk flytting av Institutt for forsvarsstudier (3,1 mill. kroner). Post 01 vert vidare foreslått tilført 24,7 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering, samt 1,3 mill. kroner for å finansiere vidareføring av beredskap for norsk rolle 2 feltsjukehus.
I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein auke på 7 mill. kroner.
Kap. 1731 Hæren
Post 01 er foreslått redusert med 42,408 mill. kroner.
Reduksjonen gjeld i all hovudsak omdisponering av identifisert mindrebehov på posten grunna aktivitetsjustering (24,9 mill. kroner). Midlane vert omdisponerte til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet. Post 01 vert vidare foreslått redusert med 16,4 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 1,1 mill. kroner.
Kap. 1732 Sjøforsvaret
Post 01 er foreslått redusert med netto 23,731 mill. kroner.
Reduksjonen gjeld i all hovudsak omdisponeringar av identifisert mindrebehov på posten grunna aktivitetsjustering (40,8 mill. kroner). Midlane vert omdisponerte til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 1,3 mill. kroner.
Kapitlet vert vidare foreslått auka med 9,3 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering. Vidare er kapitlet foreslått auka ved omdisponeringar som følgje av at Sjøforsvaret utfører grunnleggjande rekrutt- og befalsskuleutdanning på vegne av Luftforsvaret (9,1 mill. kroner).
Kap. 1733 Luftforsvaret
Post 01 er foreslått redusert med netto 2,679 mill. kroner.
Reduksjonen gjeld omdisponeringar til kap. 1732 som følgje av at Sjøforsvaret utfører grunnleggjande rekrutt- og befalsskuleutdanning på vegne av Luftforsvaret (9,1 mill. kroner). I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 2,6 mill. kroner.
Post 01 er òg foreslått tilført 7,7 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering. Post 01 er vidare foreslått auka for å dekkje utgiftene til øvinga Northern Viking 2008 (1,35 mill. kroner).
Kap. 1734 Heimevernet
Post 01 er foreslått redusert med netto 3,950 mill. kroner.
Reduksjonen gjeld i all hovudsak omdisponeringar av identifisert mindrebehov på posten grunna aktivitetsjustering (9,6 mill. kroner). Midlane vert omdisponerte til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.
Post 01 er òg foreslått tilført 5,7 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering.
Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon
Post 01 er foreslått auka med netto 336,816 mill. kroner.
Post 01 er foreslått tilført 203,13 mill. kroner grunna meirinntekter. Dette er ei endring av teknisk karakter og skuldast i all hovudsak sal av drivstoff, materiell og tenester til allierte og samarbeidande nasjonar på øving i Noreg (sjå forklaring under post 01 driftsinntekter). Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside i 2008.
Annan auke gjeld i all hovudsak omdisponeringar frå andre delar av forsvarsbudsjettet for å dekkje meirbehov knytt til den løyvingsfinansierte delen av kapitlet. Dette gjeld m.a. auka energikostnadar og auka kostnadar i samband med å betre datakvalitet på materiellrekneskapen, samt manglande effektivisering innanfor regionale støttefunksjonar og forsinka utrangering av eigedom, bygg og anlegg (174,7 mill. kroner).
Post 01 er òg foreslått redusert med 41 mill. kroner m.a. i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering.
Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg
Post 01 er foreslått redusert med 10,74 mill. kroner.
Reduksjonen er i all hovudsak relatert til omdisponering av midlar til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.
Kap. 1790 Kystvakta
Post 01 er foreslått auka med 54,779 mill.
Auken gjeld i all hovudsak omdisponering grunna auka kostnader for innleige av fartøy for å oppretthalde slepebåtberedskap og auka drivstoffprisar i 2008.
Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta
Post 01 er foreslått auka med 6 mill. kroner.
Auken gjeld Forsvarets del av kostnader relatert til auke i talet på flytimar for redningshelikoptertenesta i samanheng med auka tilstedevakt fleire stader.
Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet
Post 01 er foreslått auka med 148,550 mill. kroner til å dekkje auka utgifter i tilknyting til Noregs bidrag i Afghanistan. Auken vert foreslått dekt inn ved omdisponering frå ei rekkje andre kapittel på forsvarsbudsjettet.
Meirbehovet er knytt til endringar i det norske styrkebidraget til International Security Assistance Force (ISAF) i Afghanistan. Det vart lagt til grunn at kostnadane kunne reduserast ved i større grad å samle det norske styrkebidraget, men dårlige vegar og restriksjonar for bruk av flyplassen i Meymaneh har gjort det nødvendig å oppretthalde eit norsk nærvær også i Mazar-e-Sharif. Dette har såleis gitt høgare kostnadar enn først lagt til grunn.
Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål
Post 01 er foreslått redusert med 0,25 mill. kroner.
Reduksjonen er knytt til ei budsjetteknisk justering vedrørande gjennomføring av Norsk Militær Tattoo.
2.1.2 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet
Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet. I 2008 er løyvinga nytta til å dekkje ymse meirbehov, mellom anna økonomisk støtte til gjennomføring av øvinga Northern Viking 2008, vidareføring av beredskap for rolle 2 feltsjukehus og utearena på Akershus festning, samt ei rekkje andre mindre kulturaktivitetar. Posten er foreslått redusert med 13,838 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.
2.1.3 Post 45 Store nyskaffingar
Post 45 er foreslått redusert med 250 mill. kroner.
Reduksjonen er relatert til omdisponering av midlar til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet. Særskilt gjeld dette Forsvarets logistikkorganisasjon, Kystvakta og norske styrkar i utlandet, der det i løpet av gjennomføringsåret 2008 er identifisert meirbehov for å oppretthalde prioritert aktivitet.
2.1.4 Post 46 Ekstraordinært vedlikehald
Det vert foreslått å opprette ei eigen post 46 Ekstraordinært vedlikehald for å synleggjere kostnadar til ekstraordinært vedlikehald på dei nasjonale festningsverka. Posten vert foreslått tilført 66 mill. kroner i 2008 for å starte arbeidet med å setje i stand murar og byggverk som utgjer ein potensiell fare for tryggleiken til dei som nyttar seg av/besøker festningane.
2.1.5 Post 47 Nybygg og nyanlegg
Post 47 vert foreslått redusert med 80,623 mill. kroner.
Reduksjonen gjeld i all hovudsak inndekkjing av utgifter til ekstraordinært vedlikehald ved dei nasjonale festningsverka, jf. post 46 ovanfor. Posten vert vidare foreslått redusert med 14,6 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.
2.1.6 Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse
Post 50 vert foreslått redusert med 8 mill. kroner grunna eit mindrebehov på posten i 2008.
2.2 Inntekter
Det er registrert netto meirinntekter på 231,13 mill. kroner.
2.2.1 Post 01 Driftsinntekter
Kapittel 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon, post 01 driftsinntekter, er foreslått auka med 203,130 mill. kroner. Auken gjeld meirinntekter av teknisk karakter, og skuldast sal av drivstoff, utleige av eigedom, bygg og anlegg, sal av proviant og forpleiing til allierte styrkar på øving i Noreg. Meirinntekta har i hovudsak ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgift i 2008.
2.2.2 Post 47 Sal av eigedom
Kapittel 4710, post 47 vert foreslått auka med 28 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak forsert sal av bustadar som ikkje vert føresett på budsjetteringstidspunktet.