St.prp. nr. 19 (2000-2001)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2000 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

3 Omlegging av energibruk og energiproduksjon

Løyvinga under kap. 1825, post 72 Tilskudd, dekker investeringsstøtte til varme- og vindkraftanlegg, tilskot til byggesektoren og industrisektoren, BSI-ordninga, gassintroduksjon og investeringsstøtte til enøk i hushald, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001). Støtta vert i dag utbetalt løpande og etterskotsvis på grunnlag av dokumenterte utgifter. Om lag 15 pst. av totalt støttebeløp vert halde tilbake til anlegget er komme i drift og sluttrapport for prosjektet vert lagt fram. Denne praksisen er etablert for å sikre god kontroll med framdrifta i prosjekta, og redusere eventuelle tap ved at påbegynte prosjekt ikkje vert sluttført.

Skal ein nå måla i energimeldinga, må det gjevast støtte til ei rekke ulike prosjekt, også prosjekt av langsiktig karakter. Tida det tek å gjennomføre eit prosjekt, og dermed også utbetalinga av støtte, vil i mange tilfelle strekke seg over fleire år. Dette problemet vert forsterka ved at enkelte anlegg krev formell saksbehandling hos andre styresmakter før arbeida kan starte, mellom anna byggjebehandling, konsesjonsbehandling og/eller behandling av utsleppssøknader. Avklaring av forhold rundt prosjektfinansiering kan også ta tid dersom kommunale og fylkeskommunale budsjettvedtak er utslagsgjevande for iverksetjing.

Prosjektgjennomføring er ofte avhengig av statleg tilsegn i ein tidleg fase for å sikre akseptable vilkår for andre finansieringskjelder. Der den statlege støtta skal stimulere til oppstart av prosjektet, er utbyggjar avhengig av tilsegn for å starte kostbart planleggingsarbeid. Vidare må det reknast med tid til ulike typar planprosessar, sluttforhandling med kundar og innhenting av tilbod. Sjølve byggjearbeida kan vare frå nokre månader og opp til 2-3 år. For nokre større fjernvarmeanlegg kan byggjetida også strekkje seg utover dette.

Alle mottakarar av tilsegn har to år på seg til å starte arbeida frå tidspunktet for tildeling. Mange ønskjer å utnytte denne perioden for å sjå til at rammevilkåra ved oppstart vert mest mogleg optimale. Dersom arbeida ikkje er starta etter to år vil tilskotsmidla verte kanaliserte til andre søkjarar. Så mykje som 40 pst. av midla kan bli «resirkulert» på denne måten. Det er naturleg nok ei medverkande årsak til forskyvinga i tid mellom tildeling og utbetaling.

I budsjettet for 2000 vart det løyvt 280 mill. kroner under posten jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (1999-2000). I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2000 vart løyvinga under posten redusert med 57 mill. kroner, frå 280 til 223 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 61 og Innst. S. nr. 220 (1999-2000). Mykje tyder på at utbetalingane i 2000 vert vesentleg lågare enn løyvinga for året, noko som vil føre til store overføringar til 2001. Utbetalingane i 2000 blir no rekna til om lag 110 mill. kroner. Likevel vil heile den disponible ramma under posten vere bunden opp i forpliktingar pr. 31. desember 2000 slik som vist i tabell 3.1.

Tabell 3.1 

Overførte middel frå 1999127,1
-Totale utbetalingar i løpet av 2000 (anslag)110,0
+Løyving for 2000223,0
=Tilgjengelege middel pr. 31.12 2000 (anslag)240,1
+Tilsegnsfullmakt100,0
=Ramme for forpliktingar pr. 31.12 2000340,1
-Sum forpliktingar pr. 31.12 2000 (anslag)340,1
=Ubrukt del av ramme pr. 31.12 2000 (anslag)0

I samband med nysalderinga for 1999 vart løyvinga redusert og tilsegnsfullmakta auka for å hindre store overføringar mellom budsjetterminer. Regjeringa går ikkje inn for å trekkje inn likviditet på samme vis i år. Det legges i staden opp til å overføre restløyvinga til 2001. Det er fleire årsaker til dette.

Det eine er at tilsegnsfullmakta eller løyvingane for 2001 må aukas tilsvarande inndraging av likviditet i 2000 for å unngå ein reduksjon i ramma for forpliktingar i 2001. Om ikkje vil NVE i liten grad ha moglegheit til å gje nye tilsegn neste år. Ei anna årsak er at Regjeringa i løpet av året vil gjere framlegg om å opprette eit energifond som skal ta seg av arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon og finansieringa av dei ulike støtteordningane, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2000-2001). Fondet vil bli tilført midlar gjennom eit påslag i nettariffen og gjennom løyvingar over statsbudsjettet. Departementet går inn for at fondet blir oppretta medio 2001. Oppgåver knytt til omlegginga av energibruk og energiproduksjon som i dag blir forvalta av NVE, vil gradvis kunne overførast i løpet av siste halvår 2001. Parallelt vil statlege løyvingar over kap. 1825 kunne overførast til fondet. Gjenverande løyvingar over statsbudsjettet for 2001 vil bli overførte til fondet ved utgangen av året.

Med bakgrunn i dette foreslår departementet at det ikkje blir trekt inn likviditet i 2000. Under føresetnad av at det nye energifondet blir etablert i 2001 vil dei statlege midlane bli overførte til energifondet i løpet av neste år, og det vil med den nye organiseringa ikkje lenger vere overføringar av løyvingar mellom budsjetterminar.