6 Miljø og estetiske omsyn ved bygging av kraftleidningar
Bakgrunn
Stortinget fatta den 24. mars 1994 følgjande vedtak:
«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at miljø- helsemessige og estetiske hensyn må få økt vekt ved myndighetsgodkjennelse av nye høyspentanlegg.»
Departementet viser til Dokument nr. 8:6 (1993-94), Innst. S. nr. 97 (1993-94) og St. forhandlinger 1994, side 2778-2795. I samband med behandlinga sa energi- og miljøkomiteen mellom anna:
«Komiteen vil vise til den arbeidsgruppen under Helsedepartementet som skal utrede helsefare. Komiteen ber om at Stortinget blir orientert om arbeidsgruppens konklusjoner.»
Helseomsyna er det gjort nærare greie for i St.prp. nr. 65 (1997-98) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 1998, side 41-42, jf. Innst. S. nr. 252 (1997-98), side 69.
Departementet har følgt opp Stortinget si oppmoding om tilrettelegging for miljø og estetiske omsyn på fleire område. NVE gjorde våren 1994 ei utgreiing om miljøkriterium for val av kabel for å få eit betre grunnlag for å avgjere i kva tilfelle kabel kan vere eit alternativ til luftleidning. Arbeidet har særleg vore konsentrert om landskap og estetikk, verknader for fugl og om masteutforming og fargeval.
Hovudarbeidet innan prosjektet har vore om estetikk og landskap. Dette er følgt opp med kurs for konsulentar og utbyggjarar våren 1996 og rapporten «Estetikk, landskap og kraftleidninger», Kraft og Miljø nr. 22. Arbeidet med utvikling av mindre dominerande luftleidningar med masteutforming og betre fargeval, har komme godt i gong.
Når det gjeld fugl, ligg det føre ei god framstilling av berørde fuglearter, skadeomfang og moglege tiltak, til dømes kabling. Det er viktig å ha god kunnskap om dei ulike artene i kvar enkelt sak.
Estetikk og konsekvensar for landskapet er eit tema i alle kraftleidningsaker. Vidare utvikling av måtar å vurdere estetiske ulemper på er viktig. Det er ønskjeleg å kunne klassifisere areal der tiltak bør vurderast. Betre grunnlag for val mellom traséjustering, masteutforming og kabling er også viktig.
Når det gjeld verknader for fugl, andre dyr og planter, treng ein betre kunnskap om dei aktuelle areala i den einskilde saka. Då det ofte finst fleire moglege traséar for ein ny kraftleidning, er god generell kartlegging av landskap, naturmiljø og kulturmiljø i heile området verdfullt bakgrunnsmateriale.
Det er viktig å vere merksam på utviklinga av alternative verkemiddel som nye mastetypar og isolatorar.
Nedanfor følgjer ei utgreiing om miljøverknadene av kraftleidningar, ei oversikt over tiltak for å redusere miljøverknadane, samhaldet mellom miljø og nærføring til bustader, kraftleidningar og verna område, og ein strategi som skal leggjast til grunn for dette forvaltingsområdet i framtida.
Miljøverknader av kraftleidningar
Kraftleidningar kan føre med seg miljøulemper, som t.d.:
Kraftleidningar kan medføre estetiske ulemper i nærleiken av bustadområde.
Kraftleidningar kan påverke friluftsliv og rekreasjon negativt. Særleg vil naturområde, som frå før er lite berørt av inngrep, kunne få redusert verdi.
Kraftleidningar kan direkte eller indirekte påverke verdfulle naturmiljø og kulturmiljø visuelt.
Fuglar kan flyge inn i kraftleidningar, og anna vilt kan bli forstyrra.
Oversikt over tiltak for å redusere miljøeffektar
Ved konsesjonsbehandlinga blir føremonene ved det nye anlegget vurdert opp mot investeringane og miljøverknadene. Konsesjon kan bli nekta ut frå svak nytte i høve til kostnader og ulemper, mellom anna for miljøet. Det blir òg vurdert om ein ny leidning kan erstatte gamle leidningar, som så kan rivast når den nye er sett i drift.
Jordkabel kan ut frå miljøomsyn vere eit alternativ til luftleidning. Kabling er særs kostbart, særleg ved høge spenningsnivå, der mykje straum skal overførast. Normalt er kostnadstilhøvet mellom luftleidning og kabelanlegg for 300 kV alt frå om lag 1:4 til om lag 1:8, avhengig av den kapasitet anlegget måtte ha. Eitkvart pålegg om kabling vert grunngjeve etter skjønn, der ein legg særleg vekt på forholdet mellom miljø og estetikk på den eine sida og kostnader og leveringstryggleik på den andre. Kabling av kraftleidningar er særleg aktuelt ved spenningar under 66 kV. For 132 og 66 kV blir normalt luftleidning valt. I spesielle tilfelle med sterke verneinteresser eller store estetiske ulemper, kan ein velje kabling på kortare strekk. 420/300 kV vert bygd som luftleidning. Berre i heilt spesielle unntakstilfelle med særs sterke miljøomsyn, bør kabling vurderast. Ein bør vere merksam på at kabelarbeid for leidningar med høg spenning også er eit vesentleg naturinngrep.
Kraftleidningar vert i utgangspunktet planlagde den kortaste veg mellom to punkt. Ein kort leidning har mindre miljøverknader enn ein lengre. Omsyn til landskap, kulturminne, vern og arealbruk kan føre til at traséen må justerast. Teknisk kan ein flytte traséen, men det kan oppstå konfliktar og styresmaktene må velje mellom ulike interesser, om traséen skal gå i lite berørt natur eller i nærleiken av bustadsområde. God traséplanlegging er eit viktig verkemiddel for å redusere negative verknader. Ekstrakostnadene ved justering av traséen heng saman med kor mykje lengre leidningen blir og kor mange nye knekkpunkt leidningen får. Moderate justeringar gjev moderate ekstrakostnader.
Parallellføring der fleire kraftleidningar går nær kvarandre og følgjer same rute, gjer at inngrepa vert samla, noko som normalt er ei føremon. Det kan vere teknisk vanskeleg å byggje parallellføring med eksisterande leidningar, då masteavstand, høgde og form kan vere ulik.
Fellesføring med fleire ulike spenningar på same mast, er uvanleg i Noreg. For arealbruk er dette ein føremon, sjølv om mastene vert styggare. Omsyn til tryggleik ved drift og vedlikehald talar mot slike løysingar.
Kraftleidningsmaster er utforma med omsyn til styrke, tekniske forhold og kostnader. Ein har i mindre grad, ved val av form, materiale og fargesetjing, søkt å få fram estetiske kraftleidningar. Det vert no lagt større vekt på val av mastetypar og fargar. Samstundes vert det arbeidd med å utvikle nye master og fargelegging av master, liner og mindre synlege isolatorar. Gjennomtenkte val på dette området kan medverke til å gjere kraftleidningane mindre dominerande i landskapet. På den andre sida kan slik kamuflasje auke faren for at fugl kolliderer med kraftleidningane. Kraftleidningar vil vanlegvis ikkje ha særleg negativ verknad på dyr. I anleggsperioden bør ein somme stader unngå sårbare periodar for enkelte arter. I driftsperioden har kraftleidningar normalt ingen negative verknader. Eit mogleg unntak er villrein som er meir kjenslevar enn andre dyr. I villreinområde må det takast omsyn ved traséplanleggjing og ved val av tidspunkt for anleggsarbeidet.
Når det gjeld fuglar, må ein vere merksam på sjeldsynte arter og spesielle fugleområde. Ved viktige fuglebiotopar og elles der det er registrert sjeldne fuglearter som kan flyge inn i kraftleidningar, bør ein vurdere spesielle tiltak. Dette kan vere endring av trasé, merking av leidningen eller andre tekniske tiltak. I spesielle tilfelle kan ein vurdere kabling.
Det vert lagt opp til å redusere forstyrring av vilt ved å unngå anleggsarbeid somme tider vår og haust, og velje skånsame metodar ved anlegg og vedlikehald. Vidare bør det leggjast opp til anleggsmetodar som helikopterdrift og bygging på tidspunkt når naturen er mindre sårbar for å redusere transportskadar. God opprydding og istandsetjing etter arbeidet er også viktig.
Rydding av vegetasjon under kraftleidningar, for å hindre overslag frå dei straumførande linene, blir gjort berre der det er naudsynt. For å redusere innsyn til kraftleidningar kan trea bli ståande. Enkelte stader blir det planta nye tre for å redusere verknadene.
Når det gjeld å omsyn til plantelivet, har kraftleidningar klart mindre negative verknader enn flatehogst i skogbruket. Dels går det ut over mykje mindre areal, dels vert det rydda moderat under leidningen. Verna planteområde kan innebere at leidningen må flyttast, men leidningar kan ofte gå over eller i nærleiken av slike område utan å ha negativ innverknad.
Forholdet mellom miljø og nærføring til bustader
Ein større kraftleidning nær bustaden vil klart redusere trivselen. Likevel er det mange som bur eller arbeider like ved kraftleidningar, og endring av tilstanden i dag vil innebere særs store kostnader. Dei estetiske verknadene ved nærføring fører til at ein for nye kraftleidningar legg vekt på å unngå slike løysingar. Der alternativet ikkje er urørte eller spesielt verneverdige naturområde eller kulturlandskap, bør traséen ut frå estetiske omsyn om mogleg leggjast utanom bustader. Anlegga bør vidare verte utforma og fargesette slik at den estetiske verknaden for bustader blir dempa.
Når det gjeld nye anlegg, er det ei viktig utfordring å prioritere mellom bustader og natur. Ofte står valet mellom nærføring til bustader eller å leggje nye kraftleidningar i naturområde.
Med nærføring kjem òg spørsmålet om lik handsaming av eksisterande anlegg og nye anlegg. Mesteparten av nærføringa gjeld eksisterande anlegg, fordi det i ettertid er bygd bustader inntil eksisterande leidningar. Moglege tiltak er for det første at kommunar søkjer å unngå ytterlegare nybygging inntil kraftleidningar, mellom anna gjennom bruk av plansystemet i plan- og bygningslova og ved god kontakt med energisektoren. I samband med det viser ein til Rundskriv H-7/97 frå Kommunal- og regionaldepartementet og Miljøverndepartementet «Om endringer av estetikkbestemmelser i plan- og bygningsloven» og tilhøyrande vegleiar (T-1179). For det andre kan ein redusere eksisterande nærføring gjennom ulike tiltak ved opprusting eller fornying av konsesjon, som t.d. endra faseoppheng. Dette kan føre med seg estetiske ulemper i staden.
Det er sjeldan mogleg med traséflytting for eksisterande leidningar av di det ikkje finst alternative traséer. Alternativet er normalt kabling. Dette kan likevel bli svært dyrt, særleg ved høge spenningar. Det er difor berre aktuelt å kable i spesielle høve.
Kraftleidningar og verna område
For område som er verna ved vedtak i medhald av naturvernlova eller kulturminnelova, er situasjonen i regelen enkel. Viss vernevilkåra utelukkar kraftleidningar, må ein finne andre traséar. Dette er område med moderat storleik som normalt kan unngåast med traséjusteringar. Formelt vern gjev klåre rammer for seinare kraftleidningar. Anten må leidningane flyttast, eller så gjev vernevilkåra grunnlag for dispensasjon. Kulturmiljø eldre enn frå år 1537 og samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda etter kulturminnelova. Fredinga gjeld uavhengig av om kulturminna er kjende eller ukjende. Dersom det ikkje er mogleg å finne trasear som ikkje berører automatisk freda kulturminne, må det søkjast om dispensasjon frå fredinga.
Forvaltningsstrategi
Basert på dei utgreiingar som er gjort dei seinare år om miljøspørsmål ved kraftleidningar og etter gjennomgang av nyare praksis, har departementet utarbeidd følgjande strategi for framtidig behandling av kraftleidningsaker:
I alle konsesjonssaker om bygging og drift av kraftleidningar skal styresmaktene kritisk vurdere både behovet for anlegget og om det er mogleg å rive gamle leidningar.
Ut frå estetiske omsyn bør kraftleidningar som hovudregel ikkje lokaliserast for nær bustader. I slike tilfelle bør òg spesielle verneverdige naturområde eller kulturlandskap haldast utanom. Anlegga bør få form og farge slik at den estetiske verknaden for bustader vert dempa.
Ein bør freiste ikkje å ramme område som er vurderte som særs viktige for det biologiske mangfaldet, jf. St.meld. nr. 58 (1996-97) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling, slik som område av verdi for friluftsliv og verneverdige kulturmiljø. Ein bør i tillegg freiste å leggje traséen slik at dei store samanhengande naturområda, som er tilnærma urørt av tekniske inngrep, ikkje vert ramma.
Eitkvart pålegg om kabling vil byggje på skjønn, der ein legg særleg vekt på samhaldet mellom miljø, estetikk og kostnader. Kabling av kraftleidningar er særleg aktuelt ved spenningar under 66 kV. For 132 og 66 kV blir normalt luftleidning valt. I spesielle tilfelle med sterke verneinteresser eller store estetiske ulemper kan ein velje kabling på kortare strekk. 420/300 kV vert bygd som luftleidning, og berre i heilt spesielle unntakstilfelle med særs sterke miljøomsyn, kan det vere aktuelt med pålegg om kabling.
Ved viktige fuglebiotopar og elles der det er registrert sjeldne fuglearter som kan flyge inn i kraftleidningar, bør ein vurdere spesielle tiltak. Dette kan vere endring av trasé, merking av leidningen eller andre tekniske tiltak. I spesielle tilfelle kan ein vurdere kabling.