2 Statsbudsjettet
Kap. 400 Justisdepartementet
Post 11 Varer og tenester
Justisdepartementet skal inngå ny leigekontrakt med Statsbygg i Regjeringskvartalet. Den nye leigekontrakten vil bli gjeldande frå 01.04.97, og Justisdepartementet får som følgje av dette ei auka husleige i 1997 på om lag 3,75 mill kr. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 400, post 11 med 3,75 mill kr.
Kap. 401 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Løyvinga på denne posten blei auka i 1997 som følgje av at Noreg hadde fått observatørstatus i Schengen-samarbeidet. Rekneskapstal viser ei forventa mindreutgift på omlag 2,2 mill kr. Årsaka til dette er at det har vore uvisse om kor stort Noreg sitt tilskot til Schengen-sekretariatet ville bli, samt ein valutagevinst frå 1996 til 1997. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 401, post 70 med 2,2 mill kr.
Kap. 410 Herads- og byrettane
Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast
Posten dekkjer utgifter i samband med flytting og større utvidingar av lokale. Posten dekkjer også utgifter til nødvendig utskifting av datautstyr.
Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 410, post 45 med 2 mill kr, sjå omtale under kap. 414, post 11.
Kap. 3410 Rettsgebyr
Post 01 Rettsgebyr
Posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretningar, skifte, konkurs m.m.
Posten er regelstyrt og blir påverka av saksmengda. Rekneskapstal til no i 1997 viser ei meirinntekt. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 3410, post 01 med 45 mill kr.
Kap. 414 Undersøkings- og domsutgifter
Post 01 Lønn og godtgjersler
Posten skal dekkje godtgjersle og tapt arbeidsinntekt til meddommarar, lagrettemedlemmer, vitne, rettsvitne, tolkar og sakkunnige i straffesaker.
Posten er regelstyrt og blir påverka av saksmengda. Rekneskapstal til no i år viser ei meirutgift. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 414, post 01 med 4 mill kr.
Post 11 Varer og tenester
Posten dekkjer i hovudsak salær og reiseutgifter til advokatar og sakkunnige i straffesaker.
Posten er regelstyrt og blir påverka av saksmengda. Rekneskapstal til no i år viser ei meirutgift. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 414, post 11 med 16 mill kr. Det blir foreslått å dekkje inn totalt 2,7 mill kr av auken ved å redusere løyvinga under kap. 410, post 45 med 2 mill kr, kap. 449, post 11 med 0,165 mill kr, kap. 462, post 45 med 0,185 mill kr og kap. 465, post 01 med 0,350 mill kr. Sjå omtale under kap. 410, kap. 449, kap. 462 og kap. 465.
Kap. 430 Kriminalomsorg i anstalt
Post 38 Oslo krinsfengsel, rehabilitering, kan overførast
Stortinget vedtok i samanheng med revidert nasjonalbudsjett 1997 ei løyving på 20 mill kr til nødvendige utbetringar av Oslo krinsfengsel. For å få ein føremålstenleg bruk av løyvinga vil det gå med noko tid til prosjektering og førebuing av byggesaka, slik at dei fysiske arbeida først vil komme i gang i 1998.
Kap. 440 Politi- og lensmannsetaten
Post 01 Lønn og godtgjersler og post 11 Varer og tenester
Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 440 med 3 mill kr, fordelt med 1,5 mill kr på post 01 og 1,5 mill kr på post 11, sjå omtale under kap. 460.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer straffesaksutgifter som mellom anna godtgjersle til lege og tolk og utgifter til mat til innsette i ventecelle. Posten dekkjer også utgifter i samband med asyl- og utlendingssaker, særleg utgifter til tolk, legeteneste og uttransportering av asylsøkjarar.
Rekneskapstal til no i år viser eit høgt forbruk som har si årsak i etterforsking av tunge drapssaker ved fleire politidistrikt og ein auke i uttransporteringar av utlendingar utan gyldig opphaldsløyve. Det blirderfor foreslåttå auke løyvinga med 8 mill kr.
Kap. 3440 Politi- og lensmannsetaten
Post 01 Gebyr
Stortinget har vedteke ei halvering av passgebyret med verknad frå 19.06.97. Det blei også vedteke at barn under 16 år skal ha eige pass. For denne gruppa er gebyret 0,25 R. Med årsak i dette er det venta ein reduksjon av inntektene under post 01. Reduksjonen blir delvis motverka av ein auke i talet på pass som blir sende ut.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12 mill kr.
Kap. 442/3442 Politihøgskolen
Post 11 Varer og tenester og post 02 Inntekter kurs- og øvingssenter m.m.
Politihøgskolen har nytta nettoføring under kap. 442, post 11 når det gjeld inntekter frå sal i kantine, boksal m.m. Ein skal nytte bruttoføring for slike inntekter. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga under både kap. 442, post 11 og kap. 3442, post 02 med 3,9 mill kr.
Kursaktiviteten viser ein auke. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 442, post 11 og kap. 3442, post 02 med 0,871 mill kr.
I alt blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 442, post 11 og kap. 3442, post 02 med 4,771 mill kr.
Justisdepartementet gjer merksam på at nemninga på kap. 3442, post 02 Inntekter kurs- og øvingssenter m.m. i budsjettet for 1998 er foreslått endra til Diverse inntekter.
Kap. 3444 Politiets materiellteneste
Post 01 Salsinntekter
Inntekter frå sal av spesialutstyr til politidistrikta, fengselsstellet m.m. blir førte under denne posten. Ut frå rekneskapstal til no i 1997 og estimat for salet resten av året ser det ut til å bli ei svikt i inntekta under posten.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,831 mill kr.
Ein reknar med at den korresponderande utgiftsposten, post 21 under kap. 444, vil bli nytta fullt ut. Posten dekkjer utgifter til spesialutstyr som Politiets materiellteneste skaffar for politidistrikta. Av omsyn til kostnadseffektivitet blir det ofte skaffa fleire utstyrseiningar for å redusere stykkprisen. Derfor vil det i nokre høve kunne bli ei tidsforskyving mellom utgiftene og inntektene.
Kap. 449 Statens innkrevjingssentral
Innkrevjing av eigendelar som følgje av endringar i rettshjelpsordninga
Statens innkrevjingssentral førebudde oppstart av innkrevjing av eigendelar til 01.01.97, men fekk dei første krava om lag 2 månader seinare. Alle eingongskostnader er gått med. Dette gjeld og personalkostnadene fordi tilsetjingane blei sette i verk frå planlagt oppstarttidspunkt. Dei direkte innkrevjingskostnadene er reduserte som følgje av at oppstarten blei forseinka.
Det blir foreslått å redusere løyvinga under post 11 med 0,165 mill kr. Reduksjonen vil bli nytta til delvis inndekking av meirutgifter under kap. 414.
Kap. 3449 Statens innkrevjingssentral
Post 81 Bøter, inndragingar
På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1997 blir det foreslått å auke løyvinga.
Ved kgl. res. 05.09.97 blei det fastsett ny føresegn om forenkla førelegg i vegtrafikksaker med verknad frå 01.11.97. I dette ligg mellom anna ein auke av satsane med om lag 25%. I 1997 vil dette grunna naturleg tidsforskyving i innkrevjingsprosessen berre gje effekt på inntektene i desember.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 22 mill kr.
Post 84 Gebyr ved for seint innsendt rekneskap
Innkrevjinga er effektivisert etter at automatiske lønnstrekkrutinar blei tekne i bruk sommaren 1996.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 5 mill kr.
Post 85 Misleghaldne lån i Statens lånekasse
Talet på saker som blir overførte frå Statens lånekasse er monaleg mindre enn ein tidlegare har rekna med. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 30 mill kr.
Kap. 3450 Sivile tenestepliktige, driftsinntekter
Post 01 Inntekter av arbeid
Dei samla inntektene i 1997 under kap. 3450, post 01 ser ut til å bli mindre enn det ein tidlegare har rekna med. Dette kjem mellom anna av at det har vore feil i grunnlagsmaterialet og at fleire mannskap enn venta har blitt avgitt gratis til valdsførebyggjande arbeid. Samstundes har det vist seg at ein ikkje har kunna innkalle like mange mannskap som planlagt, på grunn av reduksjonen i tenestetida med verknad frå 1. august 1997.
På grunnlag av dette, og med utgangspunkt i tal for rekneskap og mannskapsbelegg frå siviltenesteadministrasjonane til no i 1997, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3450, post 01 med 10,5 mill kr.
Kap. 460 Dei særskilde etterforskingsorgana (SEFO)
Post 01 Lønn og godtgjersler og post 11 Varer og tenester
Dei særskilde etterforskingsorgana set i verk etterforsking når det som følgje av melding til politiet eller andre omstende er rimeleg grunn til å undersøkje om ein tilsett i politi eller påtalemakta har gjort seg skyldig i ei straffbar handling i tenesta. I løpet av året har det vore ekstra utgifter i samband med gjennomføring av eit nødvendig kurs for dei nyutnemnde medlemmene og ei stor og omfattande etterforskingssak.
På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1997 blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460, post 01 med 2,25 mill kr og post 11 med 0,75 mill kr.
Det blir foreslått å dekkje inn auken under kap. 460 ved å redusere løyvinga under kap. 440 Politi- og lensmannsetaten med 3 mill kr, fordelt med 1,5 mill kr på post 01 og 1,5 mill kr på post 11. Sjå omtale under kap. 440.
Kap. 462 Registereininga i Brønnøysund
Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast
Posten skal dekkje utgifter til kjøp og forbetring av teknisk utstyr. Det blir foreslått å redusere løyvinga under kap. 462, post 45 med 0,185 mill kr, sjå omtale under kap. 414, post 11.
Kap. 465 Regjeringsadvokaten
Post 01 Lønn og godtgjersler
Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 465, post 01 med 0,350 mill kr, sjå omtale under kap. 414, post 11.
Kap. 470 Fri rettshjelp
Post 01 Lønn og godtgjersler
Frå 01.01.97 tok nye forskrifter for fri rettshjelp til å gjelde, med høgare inntektsgrenser og utviding av ordninga med eigendel. Forbruket under postane har samanheng med i kor stor grad publikum tar i bruk ordninga. Ordninga ser så langt ikkje ut til å ha verka etter føresetnaden. Departementet tek derfor sikte på å evaluere ordninga i 1998.
På bakgrunn av rekneskapstall til no i 1997 og utviklinga i siste halvår 1996, blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 01 med 1,479 mill kr.
Post 70 Fri sakførsel
På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1997 blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 70 med 23,759 mill kr, sjå omtale under kap. 470, post 01.
Post 71 Fritt rettsråd
På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1997 blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 71 med 38,605 mill kr, sjå omtale under kap. 470, post 01.
Kap. 3470 Eigendelar
Post 01 Eigendelar m.m.
Den nye ordninga med eigendel har så langt ikkje verka etter føresetnaden, og det vil bli ei monaleg mindreinntekt under denne posten i 1997. Forklaringa er truleg først og fremst eit ikkje lite etterslep av saker frå 1996, at utliknarane ikkje i stor nok grad har følgt opp dei oppgåvene dei er pålagte ved lov, og at innføringa av den nye ordninga med rettshjelp har tatt lengre tid enn forventa. Inntektene har også samanheng med i kor stor grad publikum tar i bruk ordninga.
På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1997 og forventa inntekter ut året blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3470, post 01 med 24,8 mill kr.
Kap. 471 Statens erstatningsansvar
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving
Løyvinga går til å utbetale erstatningar når det oppstår erstatningsansvar på grunn av tenestefeil.
På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1997 blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471, post 71 med 3,972 mill kr.
Kap. 472 Trussamfunn m.m.
Post 70 Tilskot til registrerte trussamfunn, overslagsløyving
Løyvinga under kapitlet er regelstyrt og løyvingsforslaga er eit overslag. I 1997 har talet på medlemer i tru- og livssynssamfunn auka meir enn forventa.
På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1997 blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 472, post 70 med 4,2 mill kr.
Post 71 Tilskot til uregistrerte trussamfunn, overslagsløyving
På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1997 blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 472, post 71 med 1 mill kr, sjå omtale under kap. 472, post 70.
Post 72 Tilskot til livssynssamfunn, overslagsløyving
På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1997 blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 472, post 72 med 0,6 mill kr, sjå omtale under kap. 472, post 70.
Kap. 475 Bubehandling
Post 11 Varer og tenester
Løyvinga under posten går i hovudsak til å dekkje utgifter i samband med tvangsoppløysing av aksjeselskap og konkurslova § 73. Utgiftene er å rekne for regelstyrte, da dei i stor grad har samanheng med talet på konkursar.
På bakgrunn av rekneskapstal til no i 1997 blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 475 post 11 med 2,2 mill kr.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Justisdepartementet forventar at forbruket under posten knytt til Anders Jahres dødsbu i 1997 vil bli på ca 17 mill kr. Den delen av løyvinga som ikkje blir brukt, blir overført til 1998. Vi viser elles til omtale av saka i St.prp. nr. 1 (1997-98).