3 Svalbardbudsjettet
Gruveulykka i Barentsburg
Gruveulykka i Barentsburg 18. september 1997 har medført uventa utgifter for Sysselmannen på Svalbard. Det er rekna med at dei uventa utgiftene vil utgjere 0,58 mill kr.
For å dekkje desse utgiftene blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 5 Sysselmannen med 0,58 mill kr mot at kap. 6 Sysselmannens transportteneste, post 11 blir redusert tilsvarande. Auken under kap. 5 blir fordelt med 0,35 mill kr på post 01 og 0,23 mill kr på post 11.
Departementet gjer også merksam på at det i samband med ulykka har vore andre ekstraordinære utgifter på Svalbardbudsjettet. Utgifter til leige av fly frå Forsvarets overkommando er dekte over kap. 7 Tilfeldige utgifter.