1 Formål og hovudoversikt
1.1 Formål
I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2001 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og dei endringane i budsjettføresetnader som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2001 vart utarbeidd.
Grunna tiltaka mot terrortrusselen etter åtaka mot USA i september har Regjeringa vurdert særskilde beredskapstiltak, og nokre av dei er sett i kraft. Difor legg Regjeringa òg fram forslag om tilleggsløyvingar til dei naudsynte tiltaka i Forsvaret i 2001.
Saker Stortinget bør informerast særskilt om vert omtala under denne delen av proposisjonen (Formål og hovudoversikt). Endringane på kapittel/post kjem fram under vedtaksdelen.
1.2 Tilleggsløyvingar
Tiltak grunna kampen mot den internasjonale terrorismen
Terroråtaket mot USA i september ga ny fokus på nasjonal og internasjonal beredskap. Regjeringa foreslår difor ei rekkje enkelttiltak tilleggsløyva over forsvarsbudsjettet, i alt 56 mill. kroner, som kan oppsummerast slik:
Beredskapstiltak, drift: 25 mill. kroner. Dette gjeld auka driftsutgifter i hovudsak grunna beredskap for F-16-jagarflya og vakthald/sikring, Heimevernet.
Innkjøp av utstyr: 31 mill. kroner. Utstyret skal styrkje beredskapen i Noreg.
Drivstofflager - Luftforsvaret
Regjeringa ber om å få fylle opp lager for flydrivstoff i Luftforsvaret med ei tilleggsløyving på 44 mill. kroner. I dei seinare åra har ein tært på beredskapslagra av drivstoff for å kunne møte problem med inndekkinga på drift. Difor foreslår Regjeringa ei løyving til å auke lagra.
1.3 Omgruppering: Forhold som har endra ramma for 2001-budsjettet
1.3.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 2000
Avslutninga av rekneskapen for 2000 synte eit meirforbruk under:
1. Kap 1760, post 75 på 0,008 mill. kroner.
Totalt meirforbruk var på 0,008 mill. kroner og vert dekka ved at ramma for 2001 vert foreslått redusert tilsvarande, fordelt på det same kapitlet.
1.3.2 Netto meirinntekter i 2001
I forhold til inntekter løyvde i Blå bok 2001 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 128,604 mill. kroner. Utgiftssida vert foreslått auka med 138,604 mill. kroner som resultat av regelen om at berre 75% av meirinntekter/mindreinntekter vert tillagt/fråtrukka ramma ved sal av eigedom, bygg og anlegg. Dette er i samsvar med romertallsvedtak II i St.prp. nr. 1 (2000-2001) som gjev Forsvaret ein generell meirinntektsfullmakt for alle inntekter under Forsvarsdepartementet, unnateke militære bøter og inntekter frå refusjonar i samband med fleirnasjonale fredsoperasjonar.
1.3.4 Redusert løyving, internasjonale operasjonar
Regjeringa foreslår å redusere løyvinga på kap. 1792 Norske styrkar i utlandet med 210 mill. kroner grunna prognostisert mindreforbruk på kapitlet. 138 mill. kroner vert ført attende til statskassa og 72 mill. kroner vert omdisponert til kap. 1760, post 45 (større utstyrsskaffingar). Mindreforbruket skuldast i hovudsak ubrukte reserver avsett til formål som ikkje har oppstått, og lavere utgifter til styrkeproduksjon som følgje av endra kontraktsmodell.
1.4 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperinga
1.4.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperingane er vedteke budsjett (Blå bok) for 2001 og seinare løyvingsendringar som Stortinget har vedteke, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og middel ført over frå 2000. Det er òg teke omsyn til Forsvarets del av lønekompensasjon for 2001 som var på 114,24 mill. kroner.
I 2001 er det for forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske endringar i løyvingar ved følgjande:
St.prp. nr. 43 (2000-2001), Om endringer i statsbudsjettet for 2001 som kompensering for utgiftene til forsøket på å redde mulige overlevende fra den russiske ubåten Kursk, jf. Innst. S. nr. 168 (2000-2001), medførte å auke utgiftsramma med 9,73 mill. kroner.
St.prp. nr. 84 (2000-2001), Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2001, jf. Innst. S. nr. 325 (2000-2001), medførte å auke utgiftsramma med 18,045 mill. kroner. Forsvarsbudsjettet sin del av det generelle nedtrekket som Stortinget bad Regjeringa fordele, 14,716 mill. kr, er rekna inn i dette beløpet.
St.prp. nr. 90 (2000-2001), Om endringer i «Regulativ for tillegg m. v. til utskrevne vernepliktige mannskaper», jf. Innst. S. nr. 294 (2000-2001), medførte ein rammeauke på 7,472 mill. kroner.
St.prp. nr. 7 (2001-2002), Tilleggsbevilgning på statsbudsjettet for 2001 knyttet til beredskapsformål, jf. Innst. S. nr. 9 (2001-2002) omdisponerte 50 mill. kroner frå kap. 1792, post 01 til kap. 1760, post 45.
Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida før omgruppering 2001 kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Blå bok 2001 | 27 124 948 |
Innst. S. nr. 168 (2000-2001) | 9 730 |
Innst. S. nr. 325 (2000-2001) | 18 045 |
Innst. S. nr. 294 (2000-2001) | 7 472 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 27 160 195 |
Middel ført over frå 2001 | 987 751 |
Lønekompensasjon for 2001 | 114 240 |
Disponible middel i 2001 før omgruppering | 28 262 186 |
Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2001 kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Blå bok 2001 | 727 154 |
= Løyving før omgruppering | 727 154 |
Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):
Nedtrekk grunna meirforbruk i 2000 | -8 |
Redusert løyving, kap. 1792 | -138 000 |
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førte til utgiftssida (sjå pkt. 1.3.2 ovanfor) | 138 604 |
Tilleggsløyvingar i omgrupperinga 2001 | 100 000 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 100 596 |
+ Løyving før omgruppering | 27 274 435 |
= Total løyving etter omgrupperinga | 27 375 031 |
Tabell 1.4 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):
Løyving før omgruppering | 727 154 |
Netto meirinntekter | 128 604 |
= Total løyving etter omgrupperinga | 855 758 |
Departementet foreslår på denne bakgrunnen, under forslag til vedtak, at løyvingane vert auka med 100,596 mill. kroner på utgiftsramma og at dei vert auka med 128,604 mill. kroner på inntektsramma.
1.4.3 Utgifter
Tabell 1.5 (i 1 000 kroner)
Post | Formål | Mindreutg - |
Meirutg + | ||
01 | Driftsutgifter | 34 089 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 10 301 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | -20 000 |
44 | Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid | 20 000 |
45 | Store nyskaffingar | 81 011 |
47 | Nye bygg og anlegg | -15 200 |
48 | Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid | -95 000 |
50 | Overføringar til statsinstitusjonar | 16 000 |
51 | Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt | -444 |
60 | Tilskot til kommunar | 147 |
70 | Rentestønad | 700 |
74 | Avgangsstimulerande tiltak | 90 000 |
75 | Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid | -20 008 |
90 | Lån til private | -1 000 |
Sum | 100 596 |
1.4.4 Inntekter
Tabell 1.6 (i 1 000 kroner)
Post | Formål | Mindreutg - |
Meirutg + | ||
01 | Driftsinntekter | -3 205 |
11 | Salsinntekter | 102 190 |
45 | Store nyskaffingar | 148 619 |
47 | Sal av eigedom | -40 000 |
48 | Fellesfinansierte bygg- og anleggsinntekter | -95 000 |
49 | Sal av bustader | 16 000 |
Sum | 128 604 |
Tala i tabellane ovanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.