St.prp. nr. 21 (2001-2002)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2001

Til innhaldsliste

2 Hovudtrekk i tilleggsløyvingane og omdisponeringane og forklaringar på dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

2.1 Utgifter

2.1.1 Post 01 Driftsutgifter

Postane 01 er foreslått auka med netto 34,089 mill. kroner. Av dette gjeld 210 mill. kroner reduksjonar på løyvingane utanfor ordinær ramme (internasjonale operasjonar), vidare gjeld 100 mill. kroner tilleggsløyvingar til tiltak grunna kampen mot internasjonal terrorisme og til drivstoff, jf. pkt. 1.2. Det reelle meirbehovet er såleis 144 mill. kroner som vert dekt ved meirinntekter og ved at middel vert flytta frå investeringskapitlet.

Følgjande vesentlege endringar er gjort (tala under dei einskilde kapitla er runda av til næraste million):

Kap 1710 Fellesinstitusjonar og statsforetak under Forsvarsdepartementet

Kapitlet er foreslått auka med netto 58 mill. kroner på post 01. 10 mill. kroner er tilleggsløyving grunna beredskapstiltaka i samband med kampen mot internasjonal terrorisme. Dertil skuldast auken i hovudsak auka kostnader ved Forsvarets tele- og datateneste i samband med Microsoft-lisensar (13 mill. kroner). Dertil er det gjort endringar i føring av rekneskap, som òg gir meirinntekter på kap. 4710, post 11 (23 mill. kroner), og det tilførast 16 mill. kroner i samband med horisontal samhandel (drift av eigedom, bygg og anlegg).

Kap 1720 Felles leiing og kommandoapparat

Kapitlet er foreslått auka med netto 44 mill. kroner på post 01. 10 mill. kroner er tilleggsløyving grunna beredskapstiltaka i samband med kampen mot internasjonal terrorisme. Dertil skuldast auken i hovudsak behov for å finansiere drift av program Argus.

Kap 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarets overkommando

Kapitlet er foreslått redusert med netto 89 mill. kr på post 01. Dette skuldast i hovudsak behov for omdisponering av middel til avgangsstimulerande tiltak. Saman med omdisponeringar knytt til program Argus, gjennom post 01 på dette kapitlet, kjem dette fram i hovudsak slik:

  • Ein tilfører 219 mill. kroner frå drift, m.a. frå kap. 1731 (121 mill. kroner), 1732 (6 mill. kroner), 1733 (74 mill. kroner), og 1734 (13 mill. kroner), i samband med avrekning av Argus-tiltak, avgangsstimulerande tiltak og omorganisering av Forsvarets overkommando.

  • Ein omdisponerer 146 mill. kroner til materiellinvesteringar, kap. 1760, post 45, og 38 mill. kroner til drift av program Argus, kap. 1720, post 01.

  • Ein omdisponerer 90 mill. kroner til avgangsstimulerande tiltak, kap. 1725, post 74.

Kap 1731 Hæren

Kapitlet er foreslått auka med netto 1 mill. kroner på post 01. Det inkluderer 21 mill. kroner tilleggsløyva grunna beredskapstiltaka i samband med kampen mot internasjonal terrorisme. Dei viktigaste andre endringane er at 121 mill kroner er nedtrekk i samband med avrekning av avgangsstimulerande tiltak, Argus-tiltak og omorganiseringa av Forsvarets overkommando. Posten er vidare tilført 77 mill. kroner i meirinntekter frå kap. 4731, og 28 mill. kroner er tilført frå andre kapittel i samband med horisontal samhandel (drift av eigedom, bygg og anlegg).

Kap 1732 Sjøforsvaret

Kapitlet er foreslått redusert med netto 35 mill. kroner på post 01. Reduksjonen skuldast i hovudsak overføringar til andre kapittel i samband med horisontal samhandel (drift av eigedom, bygg og anlegg).

Kap 1733 Luftforsvaret

Kapitlet er foreslått auka med netto 82 mill. kroner på post 01. 6 mill. kroner er tilleggsløyving grunna beredskapstiltaka i samband med kampen mot internasjonal terrorisme, og 44 mill. kroner er tilleggsløyving til auke av beredskapslagra av drivstoff.

Dertil har ein tilført middel frå andre kapittel for å kompensere for dei store aukene i drivstoffpris og dollarkurs, som resulterte i auka behov i 2001 (netto 32 mill. kroner). Luftforsvaret ville ikkje kunne dekkje alt av dette sjølv utan vesentlege reduksjonar i produksjonen av flytimar mv. som ein har villet verne om. I hovudsak er desse midlane tatt frå post 01 (netto 26 mill. kroner) og frå post 45 (netto 6 mill. kroner).

Kap 1734 Heimevernet

Kapitlet er foreslått auka med netto 15 mill. kroner. 9 mill. kroner er tilleggsløyving grunna beredskapstiltaka i samband med kampen mot internasjonal terrorisme. Dei andre endingane skuldast i hovudsak at middel tilførast grunna horisontal samhandel (drift av eigedom, bygg og anlegg) og at middel omdisponerast i samband med avrekning av Argus-tiltak, avgangsstimulerande tiltak og omorganisering av Forsvarets overkommando.

Kap 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Kapitlet er foreslått auka med netto 110 mill. kroner på post 01. Auken skuldast i hovudsak kostnader til gjennomføring i samband med prosjekt Fisbasis (75 mill. kroner) og nye fregatter (54 mill. kroner).

Kap 1790 Kystvakta

Kapitlet er foreslått auka med netto 45 mill. kroner på post 01. Auken skuldast i hovudsak middel til dekking av auka drivstoffprisar (25 mill. kroner) og at ein no må betale meirverdiavgift ved leige av kystvaktfartøy (20 mill. kroner) grunna mva.-reformen.

Kap 1791 Redningshelikoptertenesten

Kapitlet er foreslått auka med netto 13 millioner kroner på post 01 for å styrke tenesten.

Kap 1792 Norske styrkar i utlandet

Posten er foreslått redusert med netto 210 mill. kroner på post 01. Dette skuldast mindrebehov på løyvingane til internasjonale operasjonar. Som varsla i St.prp. nr. 1 (2001-2002), vert 72 mill kroner foreslått ført attende til kap. 1760, da dei vart tilført frå investeringsbudsjettet ved utarbeidinga av forsvarsbudsjettet 2001, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001). 138 mill. kroner vert foreslått ført attende til statskassa.

2.1.2 Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten er foreslått auka med 10,301 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak auka miljøavgifter.

2.1.3 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 20 mill. kroner. Løyvinga representerer en reserve for Forsvarsdepartementet som vert foreslått nytta til dekking av ymse meirbehov. Midla er for 2001 foreslått tilført kap. 1760, post 45.

2.1.4 Post 44 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del

Posten er foreslått auka med netto 20 mill. kroner. Dette skuldast utvida gjennomføring av prefinansierte prosjekt.

2.1.5 Post 45 Store nyskaffingar

Posten er foreslått auka med netto 81,011 mill. kroner.

Hovudendringar:

  • Det er tilført 20 mill. kroner frå kap 1719, post 43.

  • Det er tilført 149 mill. kroner i meirinntekter frå kap. 4760.

  • 72 mill. kroner vert omdisponert frå kap 1792, post 01. Dette er ein tilbakeføring av middel som vart ført frå kap 1760, post 45, ved utarbeidinga av forsvarsbudsjettet for 2001.

  • 146 mill. kroner frå program Argus omdisponerast frå andre kapittel, post 01.

  • 127 mill. kroner omdisponerast til post 01 (kap. 1760) grunna kostnader til gjennomføringa. Dei viktigaste prosjekta dette gjeld er Fisbasis (75 mill. kroner), nye sjømålmissil, GSM-kryptotelefon, og nye fregattar.

  • 40 mill. kroner i meirinntekter frå kap. 4760, post 45, i samband med attendeføring av middel frå USA ved FMS-ordninga, som gjeld middel innbetalt til amerikanske bankar som ein tryggleik ved inngåing av materiellkontraktar. Ubrukte middel vert såleis ført attende når prosjekta er sluttførte. I 2001 tilførast midlane Luftforsvaret, kap. 1733, post 01.

2.1.6 Post 47 Nye bygg og anlegg

Postane er foreslått redusert med netto 15,2 mill. kroner.

Kap 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Kapitlet er foreslått redusert med netto 3,3 mill kroner på post 44. Dette kjem fram slik:

  • Posten reduserast med 30 mill. kroner grunna mindreinntekt i samband med sal av eigedom, bygg og anlegg, kap. 4760, post 47 (30 mill. kroner eller 75% av mindreforbruket, jf. meirinntektsfullmakta).

  • Det er tilført 16 mill. kroner i meirinntekt i samband med sal av bustader .

  • Det omdisponerast 14 mill. kroner frå kap. 1795, post 47 grunna mindrebehov.

  • Det omdisponerast 3,5 mill. kroner til kap. 1731, post 01, i samband med fjellrens og sikring av lager for førehandslagra materiell.

Kap 1795 Kulturelle og almennyttige formål

Posten er foreslått redusert med 14 mill. kroner grunna mindrebehov.

2.1.7 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 95 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak at framdrifta på fleire av NATO sine investeringsprogram i Noreg er forseinka. Dette gjeld særleg følgjande prosjekter: Utstyr for utveksling av data mellom sjø og land, operativt/administrativt datasystem for hovudkvarteret på Jåttå, og luftvarslingsradarprosjekta Sindre I og II.

2.1.8 Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse

Posten er foreslått auka med 16 mill. kroner i samband med avgangsstimulerande tiltak.

2.1.9 Post 51 Tilskott til Forsvarets forskingsinstitutt

Posten er foreslått redusert med 444 000 kroner i samband med avgangsstimulerande tiltak.

2.1.10 Post 60 overføringar til kommunar

Posten vert foreslått auka med netto 147 000 kroner. Dette skuldast i hovudsak utbetaling i samband med bruprosjektet Storfosna - Kråkvåg i Ørland kommune.

2.1.11 Post 70 Rentestønad

Posten er foreslått auka med 700 000 kroner. Dette skuldast auka behov i samband med låneordninga til militært befal.

2.1.12 Post 74 Avgangsstimularande tiltak

Posten er foreslått auka med 90 mill. kroner. Dette er ei omdisponering frå post 01 for å finansiere tiltaka.

2.1.13 Post 75 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 20,008 mill. kroner. 0,008 mill. kroner skuldast meirforbruk i budsjettåret 2000. 20 mill. kroner skuldast at Noregs bidrag til Nato sitt investeringsprogram for trygging vert lavare enn budsjettert.

2.1.14 Post 90 Lån til private

Posten er foreslått redusert med 1 000 000 kroner. Dette skuldast ikkje innmeldte behov.

2.2 Inntekter

2.2.1 Post 01 Driftsinntekter

Posten er foreslått redusert med netto 3,205 mill. kroner. Dette skuldast lavare driftsinntekter i Sjøforsvaret enn budsjettert.

2.2.2 Post 11 Salsinntekter

Posten er foreslått auka med netto 102,19 mill. kroner. Dette skuldast:

  • 23 mill. kroner i meirinntekter på kap. 4710 i hovudsak grunna omlegging av rekneskapsrutinar frå bruk av balansekonti til direkte utgift-/inntektføring

  • 2 mill. kroner på kap. 4725 grunna meirinntekter i samband med vaksenopplæringa

  • 77 mill. kroner på kap. 4731 grunna sal av drivstoff frå Hærens lager.

Salet av drivstoff frå Hæren sine lager er eit eingongstiltak for å tilpasse desse til den nye krigsstrukturen. Før salet hadde ein lager til drift i 17 dager med den gamle krigsstrukturen. No har ein 30 dager med den nye strukturen. Salet har òg gjort at ein vil kunne spare utgifter til leige av lagra.

2.2.3 Post 45 Store nyskaffingar - inntekter

Posten er foreslått auka med netto 148,619 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak tilbakebetaling frå Frankrike ved terminering av materiellprosjektet P5250 Autonome panserbekjempelsesvåpen (75 mill. kroner), sal av materiell og konvensjonalbøter. Kap. 1760 post 45 er auka tilsvarande. Dertil skuldast det meirinntekter ved FMS-ordninga (40 mill. kroner), som omdisponerast til kap. 1733 post 01.

2.2.4 Post 47 Sal av eigedom

Posten er foreslått redusert med 40 mill. kroner. Dette skuldast mindreinntekter ved sal av eigedom, bygg og anlegg. Kap 1760 post 47 er difor redusert med 30 mill. kroner, dvs. 75% av beløpet, jf. meirinntektsfullmakta, vedtak II på forsvarsbudsjettet, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001).

2.2.5 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsinntekter

Posten er foreslått redusert med 95 mill. kroner. Dette skuldast mindreinntekter i samband med refusjonar frå NATO til dekking av utgifter til investeringsprogrammet i Noreg. Kap 1760, post 48 er redusert tilsvarande.

2.2.6 Post 49 Sal av bustader

Posten er foreslått auka med 16 mill. kroner. Dette skuldast meirinntekter ved sal av bustader. Kap 1760 post 47 er auka tilsvarande.

Til forsida