1 Innleiing
Samferdselsdepartementet foreslår i denne proposisjonen endringar i løyvingar under programkategoriane 21.10 Administrasjon m.m., 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål og 22.10 Post og telekommunikasjonar. Vidare vert det gjort framlegg om at fire postar får tilføydd stikkordet «kan overførast». Det blir òg gjort greie for nokre saker som gjeld veg, jernbane og særskilde transporttiltak, m.a. kostnadsoverskridingar.